Ot.prp. nr. 108 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 5. august 1994 nr. 56 om medisinsk bruk av bioteknologi (forbod mot terapeutisk kloning m.m.)

Til innhaldsliste

7 Departementets vurderingar og forslag

7.1 Stamceller frå befrukta egg

Departementet meiner menneskeverdet har ein sjølvstendig verdi som ikkje er grunna på eit menneske sine eigenskapar eller evne til samfunnsmessig innsats. Ein kan ikkje måle menneskeverdet ut frå at eit menneske er tenleg for bestemte føremål. Mennesket har verdi i seg sjølv, og ein kan derfor ikkje akseptere at menneskelivet blir eit middel for andre menneske. Departementet vil føre vidare ein politikk på dette området som er tufta på ønsket om eit ekstra vern og ekstra omsorg for dei spesielt svake. Å vere avhengig, sårbar og svak kan vere karakteristisk for menneske i alle fasar av livet, men ingen har eit større behov for vern og omsorg frå samfunnet enn menneske ved starten av livet. Mange høyringsinstansar peiker på det potensialet som forsking på stamceller frå befrukta egg ser ut til å ha for å medverke til å utvikle behandlingsmetodar for alvorlege sjukdommar som i dag ikkje kan lækjast.

Departementet er einig i at det er svært viktig å prøve å finne måtar å behandle og lindre sjukdom på. Slik departementet ser det, er det rett å satse på forsking på stamceller frå fødde personar fordi denne forskinga ikkje reiser slike etiske problemstillingar. Sjølv om det per i dag er usikkert kor mykje slik forsking kan resultere i nye behandlingsmetodar, meiner departementet det er rett å utnytte denne alternative vegen til målet framfor forsking som reiser store etiske problem. Mange høyringsinstansar peiker på at overtalige befrukta egg frå IVF-behandling likevel blir destruerte og at det da er meir etisk akseptabelt å utnytte desse til gode for andre. Etter departementet si meining reiser dagens praksis med destruksjon av overtalige befrukta egg vanskelege etiske problemstillingar. Som påpeikt i St. meld. nr. 14 (2001-2002) Evaluering av lov om medisinsk bruk av bioteknologi side 28 er det derfor ei målsetjing i størst mogleg grad å unngå at befrukta egg blir destruerte, eller i alle fall å få ned talet. Departementet er einig i fråsegna frå Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke om at det truleg ikkje blir nok tilgang på overtalige befrukta egg og at det kan føre til fare for press for å generere mange overtalige egg. Ein del høyringsinstansar peiker på at forsking på embryonale stamceller kjem til å skje internasjonalt, at eit norsk forbod vil føre til problem knytte til implementering av resultat frå denne forskinga og at det kan oppstå dilemma knytte til om resultat av slik forsking skal kunne takast i bruk i Noreg. Etter departementet si vurdering bør den norske lovgivinga primært byggje på ei sjølvstendig vurdering av dei etiske problemstillingane og av kva grenser vi meiner det er rett å setje for medisinsk forsking. Kva standpunkt dei tek til desse spørsmåla i andre land kan ikkje vere avgjerande for det norske synet. På bakgrunn av dette og stortingsbehandlinga av St.meld. nr. 14 (2002-2002) foreslår departementet å føre vidare dagens forbod mot forsking på befrukta egg. Føresegna i bioteknologilova § 3-1 er ikkje klar om forbodet også gjeld forsking på stamcellelinjer utvikla frå celler henta frå befrukta egg. Det er i dag mogleg å importere slike stamcellelinjer frå utlandet. Regelverket bør vere klart når det gjeld om det er lovleg å forske på slike importerte cellelinjer. Etter departementet si vurdering bør forbodet også omfatte slik forsking fordi dette er cellelinjer som er eit direkte resultat av forsking på befrukta egg. Dei same omsyn gjer seg gjeldande her som ved forsking på sjølve det befrukta egget. Dersom forbodet ikkje skal gjelde slike cellelinjer, vil det undergrave dagens forbod fordi det da vil vere mogleg å forske på stamceller frå befrukta egg så lenge sjølve isoleringa av stamcellene ikkje blir gjort i Noreg. På bakgrunn av dette foreslår departementet ei presisering av forbodet i § 3-1 slik at det går klart fram at dette også gjeld forsking på cellelinjer etablerte og dyrka fram med utgangspunkt i celler henta frå befrukta egg. Etter departementet si vurdering bør dette forbodet gjelde uavhengig av kor lang tid det er gått frå cellelinja blei etablert. Forbodet bør også gjelde cellelinjer som allereie er etablerte når lova trer i kraft. Vidare bør forbodet omfatte både cellelinjer som består av udifferensierte stamceller og cellelinjer der stamcellene er differensierte og no dannar cellelinjer av spesialiserte celler når cellelinjene er etablerte frå befrukta egg eller menneskeembryo. Departementet foreslår også å presisere forbodet i § 3-1 slik at det er klart at det gjeld både befrukta egg og menneskeembryo. Etter kvart som det befrukta egget deler seg og utviklar seg vil det på eit eller anna tidspunkt vere meir naturleg å bruke nemninga menneskeembryo framfor befrukta egg. Nøyaktig frå kva tidspunkt dette vil gjelde er det for så vidt ikkje nødvendig å ta stilling til i denne samanhengen. Det viktige er å presisere at forbodet gjeld heile utviklingsperioden også etter at det befrukta egget har utvikla seg til eit menneskeembryo.

7.2 Terapeutisk kloning

Det er eit grunnleggjande prinsipp at kvart menneske er eit mål i seg sjølv som ikkje må reduserast til å vere eit middel til gode for andre. Ved terapeutisk kloning blir det framstilt eit liv som truleg har potensial til å utvikle seg til eit menneske dersom det blir sett inn i livmora til ei kvinne. Etter departementet si vurdering inneber det ei krenking av menneskeverdet dersom ein tillet å produsere eit potensielt menneskeliv berre for at det skal fungere som eit middel til bruk for medisinsk forsking. Rett nok er målet også med forsking på terapeutisk kloning å medverke til å utvikle behandlingsmetodar for alvorlege sjukdommar som i dag ikkje kan lækjast. Bruk av terapeutisk kloning kan gi kunnskap som er nyttig i den samanhengen. Departementet meiner likevel at ei slik instrumentalisering av menneskelivet ikkje er etisk akseptabelt, og at det må vege tyngre enn utsikta til å kunne utvikle ny behandling. Som nemnt over er det etter departementet si vurdering rettare å prøve å utnytte eksisterande alternative måtar å oppnå dette på. Det er også eit vesentleg moment at ei opning for terapeutisk kloning kan føre til auka risiko for at nokon tar i bruk denne metoden til reproduktiv kloning. På bakgrunn av dette og stortingsbehandlinga av St.meld. nr. 14 (2001-2002) foreslår departementet å forby framstilling av menneskeembryo ved kloning. Av same grunnar som for forsking på stamcellelinjer etablerte ut frå befrukta egg, foreslår departementet også eit forbod mot å forske på cellelinjer som er etablerte ut frå embryo framstilt ved hjelp av kloningsteknikkar. Kloning ved kjerneoverføring kan gjerast ved å bruke ei cellekjerne frå ei menneskecelle saman med ei eggcelle frå eit dyr der cellekjernen er fjerna. Sjølv om det ved denne framgangsmåten i prinsippet ikkje skal blandast kromosomar frå menneske og dyr, blir dette eit steg mot å krysse artsgrenser. Departementet foreslår derfor eit forbod også mot denne måten å framstille embryo på.

7.3 Stamceller frå fødde personar

Departementet meiner det er viktig å satse på forsking som kan gi nye høve for medisinsk behandling av alvorleg sjuke personar. Forsking på bruk av stamceller henta frå fødde personar reiser ikkje dei same etiske vanskane som forsking på stamceller frå befrukta egg eller embryo framstilt ved kloning. Departementet vil satse på slik forsking.

Til forsida