Ot.prp. nr. 108 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 5. august 1994 nr. 56 om medisinsk bruk av bioteknologi (forbod mot terapeutisk kloning m.m.)

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til § 3-1

Føresegnene i § 3-1 er foreslått endra slik at forbodet mot forsking på befrukta egg også gjeld forsking på cellelinjer som er etablerte og dyrka fram med utgangspunkt i celler som er isolerte frå eit befrukta egg. Forbodet skil ikkje mellom cellelinjer som nyleg er etablerte og linjer som har vore dyrka ein periode eller mellom cellelinjer som består av udifferensierte stamceller og cellelinjer der stamcellene er differensierte til spesialiserte celler. Forbodet gjeld òg forsking på cellelinjer som er etablerte før lova tek til å gjelde. Forbodet er også presisert slik at det går fram at forbodet også gjeld etter at det befrukta egget er utvikla vidare til eit stadium der det er meir naturleg å bruke nemninga embryo framfor befrukta egg. Føresegna regulerer forsking på menneskeembryo før ei eventuell innsetjing i ei kvinne. Føresegna regulerer ikkje forsking på embryo/foster som er i livmora til ei kvinne eller som er abortert. Forsking på provosertaborterte foster er regulert i transplantasjonslova (lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m) §§ 8a-8h.

Grensa mellom forsking og klinisk arbeid kan ofte vere flytande. Forbod mot forsking på befrukta egg, menneskeembryo og cellelinjer vil i denne føresegna også seie bruk av slike til opplæring, metodeutvikling og kvalitetsutvikling. Sjå elles føresegna i § 2-11 som set forbod mot annan bruk av befrukta egg enn innsetjing i den kvinna egget stammar frå.

Til ny § 3-2

Føresegna i § 3-2 er ny. Etter denne føresegna er det ikkje tillate å framstille menneskeembryo ved hjelp av kloning ved kjerneoverføring eller andre kloningsteknikkar. Vidare er det ikkje tillate å forske på cellelinjer som er etablerte med utgangspunkt i celler henta frå slike embryo. Det er heller ikkje tillate å framstille embryo ved hjelp av kloningsteknikkar der ein bruker kjernemateriale (DNA) frå menneske og overfører det til ei eggcelle frå dyr der kjernematerialet er fjerna.

Med kloning meiner ein her teknikkar for å framstille arvemessig like kopiar, som til dømes somatisk kjernetransplantasjon, deling av embryo og utvikling av embryo frå ubefrukta egg (partenogenese). Ved nokon av dagens kloningsteknikkar vil resultatet ikkje bli eit klon med eit arvestoff som er fullstendig identisk med opphavet. Arvemessig lik treng derfor ikkje her tyde 100% arvemessig identisk, men at kopien er tilnærma fullstendig arvemessig identisk med opphavet.

Til forsida