Ot.prp. nr. 108 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 5. august 1994 nr. 56 om medisinsk bruk av bioteknologi (forbod mot terapeutisk kloning m.m.)

Til innhaldsliste

4 Gjeldande rett

Det er ikkje tillate å forske på befrukta egg, jf. bioteknologilova § 3-1. Det inneber at det ikkje er tillate å isolere stamceller frå befrukta egg. Dette forbodet blei vedteke før det var aktuelt å forske på cellelinjer som er dyrka fram ut frå celler isolert frå befrukta egg. Spørsmålet er derfor ikkje direkte regulert i ordlyden eller omtalt i forarbeida, og det er noko uklart kor langt forbodet rekk i forhold til forsking på slike cellelinjer.

Eit kjernetransplantert egg kan neppe sjåast som eit befrukta egg i forhold til bioteknologilova § 3-1. Terapeutisk kloning er derfor truleg ikkje lovregulert og heller ikkje forbode.

Reproduktiv kloning er forbode, jf. § 3a-1.

Bruk av stamceller henta frå provosertaborterte foster til medisinsk forsking og behandling er regulert i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m §§ 8a - 8h. Celler og vev frå provosertaborterte foster (fostervev) kan brukast til medisinsk forsking dersom det ikkje finst andre likeverdige metodar. Fostervev kan brukast til medisinsk behandling dersom det ligg føre alvorleg sjukdom eller skade og andre behandlingsformer har avgrensa effekt. Bruk av fostervev til behandling eller forsking krev godkjenning av departementet og samtykke frå kvinna som fosteret stammar frå.

Til forsida av dokumentet