Ot.prp. nr. 18 (1996-97)

Endringar i skattelovgjevinga

Til innholdsfortegnelse

1 Endringar i formuesskatten

1.1 Endringar av aksjerabattane

For å unngå at det oppstår auka press i økonomien gjer departementet framlegg om enkelte innstrammingar i skatte- og avgiftsopplegget for 1997.

Som eit ledd i innstrammingane gjer departementet framlegg om endringar i selskapsskattelova § 2-2. Ikkje-børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og andelar i aksjefond skal etter framlegget verdsetjast til 70 prosent (mot no 30 prosent) av den forholdsmessige andelen av selskapet sin samla skattemessige formuesverdi. Børsnoterte aksjar skal verdsetjast til 100 prosent av kursverdien (mot no 75 prosent). Dette inneber også at arveavgiftsgrunnlaget for ikkje-børsnoterte aksjar aukar frå 30 prosent til 70 prosent av aksjeselskapet sin samla skattemessige formuesverdi, dersom arvingane vel redusert verdi i staden for full formuesverdi.

Departementet viser elles til omtale i avsnitt 1.2.2 i salderingsproposisjonen.

1.2 Endringar i satsen og fribeløpet ved formuesskatten til kommunane

Departementet gjer framlegg om at fribeløpet for formuesskatten til kommunane blir auka frå 120 000 kroner til 140 000 kroner og at høgste sats ved utrekninga blir sett ned frå 1 prosent til 0,9 prosent. Departementet viser elles til omtale i salderingsproposisjonen. Som ei forenkling gjer ein også framlegg om at høgste sats skal gjelde når kommunar ikkje har vedteke lågare sats. Dermed slepp kommunane å måtte gjere nytt skattevedtak på grunn av lovendringa.

Til forsiden