Ot.prp. nr. 18 (1996-97)

Endringar i skattelovgjevinga

Til innholdsfortegnelse

4 Ufrivillig realisasjon innanfor Aksjesparing med skattefrådrag (AMS)

4.1 Innleiing

Aksjesparing med skattefrådrag (AMS) har heimel i skattelova § 44 ellevte ledd nr 2, jf føresegn av 8. januar 1993 nr 16. Ved lov av 30. juni 1995 nr 44 vart AMS-ordninga utvida til også å omfatte investering i enkeltaksjar eller grunnfondsbevis i selskap eller foretak registrerte i Verdipapirsentralen (VPS). Departementet viser til Ot prp nr 11 (1994-95) og Innst O nr 72 (1994-95).

Departementet gjer framlegg om endring i skattelova § 44 ellevte ledd nr 2 b, slik at det ikkje skal gjerast tillegg i skatten ved ufrivillig realisasjon av AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis i bindingstida som følgje av tvangsinnløysing etter aksjelova § 3-15 eller som følgje av selskapet sin konkurs.

Departementet sitt framlegg inneheld ikkje noko krav om reinvestering av heile eller delar av vederlaget for aksjane eller grunnfondbevisa.

Etter framlegget skal det framleis gjerast tillegg i skatten ved frivillig realisasjon av AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis i bindingstida.

Departementet gjer framlegg om at lovendringa blir gjennomført med verknad frå og med inntektsåret 1996.

4.2 Gjeldande rett

Ein skattytar som blir likna i skatteklasse 1 eller 2 kan krevje frådrag i skatten med 15 prosent av innskot i verdipapirfond eller investering i aksjar eller grunnfondsbevis, jf skattelova § 44 ellevte ledd nr 2 a. AMS-frådraget blir likevel ikkje rekna av eit høgare beløp enn kr 5 000 i klasse 1 og kr 10 000 i klasse 2. Bindingstida er fire år, rekna frå innskotsdato i verdipapirfond eller frå den dagen erverv av aksjar eller grunnfondsbevis blir registrert som aksjesparing med skattefrådrag i Verdipapirsentralen. Dersom skattytar realiserer innskotet eller investeringa i bindingstida, skal det i realisasjonsåret gjerast eit tillegg i skatten på 15 prosent av det realiserte innskotet eller den realiserte investeringa, jf skattelova § 44 ellevte ledd nr 2 b.

Etter gjeldande rett er bindingstida på fire år absolutt; det skal i realisasjonsåret gjerast tillegg i skatten uansett kva grunnen er til at AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis blir realiserte. Det skal såleis gjerast tillegg i skatten også ved ufrivillig realisasjon av AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis. Det er berre unntak ved dødsfall og skifte.

4.3 Departementet sine vurderingar og framlegg

Etter aksjelova § 3-15 kan styret i eit morselskap som eig «mer enn ni tiendedeler av aksjene i et datteraksjeselskap og har ... en tilsvarende andel av de stemmer som kan avgis på generalforsamlingen ... beslutte at morselskapet skal innløse de øvrige aksjer i datterselskapet». Minoritetsaksjonærane kan ikkje motsetje seg slik tvangsinnløysing. Tvangsinnløysing etter aksjelova § 3-15 kan såleis innebere at AMS-aksjar blir ufrivillig realiserte i bindingstida. AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis kan likeeins bli ufrivillig realiserte i bindingstida som følgje av selskapet sin konkurs.

Etter departementet sitt syn kan det i mange tilfelle vere urimeleg overfor skattytarane at det ved ufrivillig realisasjon i bindingstida skal gjerast tillegg i skatten i realisasjonsåret. Ved frivillig realisasjon bryt ein skattytar AMS-kontrakten på eige initiativ. Ved ufrivillig realisasjon ligg det derimot utanfor skattytar sin kontroll å avgjere om aksjane skal realiserast. Departementet har difor vurdert ulike metodar for å hindre at ein skattytar får tillegg i skatten ved ufrivillig realisasjon av AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis i bindingstida.

Departementet har vurdert om skattytarar som ufrivillig realiserer AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis i bindingstida, ikkje skal få tillegg i skatten på vilkår av at dei reinvesterer vederlaget i nye AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis. Departementet har fått opplyst frå Verdipapirsentralen at dei kan etablere eit system for reinvestering, som kan nyttast ved ufrivillig realisasjon av AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis. Etter Verdipapirsentralen si vurdering er det likevel naudsynt med minimum fire månader for å utvikle og etablere eit system for reinvestering. Kostnadene vil utgjere om lag kr 1 000 000, medan årlege driftskostnader vil utgjere omlag kr 300 000. Etter departementet si vurdering vil såleis eit system for reinvestering bli relativt kostbart, under omsyn til at ordninga i praksis vil gjelde få skattytarar og små beløp frå kvar av dei.

Ei reinvesteringsplikt ved ufrivillig realisasjon vil etter departementet sitt syn innebere at AMS-reglane i seg sjølve blir meir kompliserte, og dessutan komplisere bruken av AMS-ordninga både for skattytarane og skatteetaten. Ordninga vil då bli langt meir ressurskrevjande for skatteetaten. Det må i så fall kontrollerast at reinvestert beløp ikkje er mindre enn påbode eller større enn tillate, og at reinvesteringa er skjedd innan dei fristane ein må setje for at vilkåra om lovleg reinvestering er oppfylte. Departementet seier i Ot prp nr 11 (1994-95) s 19:

«Etter departementet si meining er det særs viktig at reglane vert utforma slik at dei enkelt kan tilpassast eit system med maskinell likning. Eit system som opnar for reinvestering i bindingstida gjer dette vanskeleg.»

Fleirtalet i finanskomiteen seier seg i Innst O nr 72 (1994-95) s 163-164 samd i dette.

Ved ufrivillig realisasjon av AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis som følgje av tvangsinnløysing etter aksjelova § 3-15, skal vederlaget fastsetjast ved skjøn dersom aksjonæren ikkje godtek selskapet sitt tilbod. Det tek gjennomsnittleg tre år før resultatet av eit slikt skjøn ligg føre. Det gjer at ei reinvesteringsordning etter departementet si oppfatning i mange tilfelle blir vanskeleg å praktisere.

Eit alternativ til ei reinvesteringsplikt er å gjere unntak frå reglane om at det skal gjerast tillegg i skatten for visse former for realisasjon i bindingstida. Ei slik løysing vil ikkje gjere AMS-regelverket særleg meir komplisert, og etter departementet sitt syn heller ikkje komplisere bruken av AMS-ordninga merkbart for korkje skattytarane eller skatteetaten. Skatteetaten kan til dømes få melding frå Verdipapirsentralen om kvar einaste realisasjon som er ei følgje av tvangsinnløysing etter aksjelova § 3-15 eller av selskapet eller føretaket sin konkurs.

AMS-frådraget blir rekna av maksimalt kr 5 000 i klasse 1 og kr 10 000 i klasse 2. Det inneber at ein ufrivillig realisasjon av AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis i bindingstida på fire år ikkje kan omfatte større beløp enn til saman kr 20 000 i klasse 1 og kr 40 000 i klasse 2. Den einskilde skattytar vil ved eit unntak maksimalt kunne sleppe eit tillegg i skatten på kr 3 000 i klasse 1 og kr 6 000 i klasse 2. Etter departementet sitt syn kan det aksepterast at ei gruppe skattytarar slepp tillegg i skatten av denne størrelsesorden, dvs at det tidlegare skattefrådraget blir endeleg når det skjer ufrivillig realisasjon. Departementet viser også til at det er svært få tilfelle av ufrivillig realisasjon av AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis. I følgje Verdipapirsentralen er det i perioden januar - september 1996 berre eit einskild tilfelle av ufrivillig realisasjon av AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis, med totalt 15 brot på AMS-kontraktar. Departementet meiner såleis at provenyverknaden av eit unntak for visse former for realisasjon ikkje vil bli merkbar.

På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om eit unntak for visse former for realisasjon frå reglane om at det skal gjerast tillegg i skatten ved realisasjon i bindingstida. Ei slik løysing er etter departementet sitt syn rimeleg overfor skattytarane, og enkel å praktisere for likningsstyresmaktene.

Ved utviding av AMS-ordninga til også å omfatte investering i enkeltaksjar eller -grunnfondsbevis blei det lagt vekt på at ordninga skulle vere likningsteknisk enkel. Dette for at ordninga skulle tilpassast eit system med maskinell likning. AMS-ordninga inneber masseoperasjonar som må gjerast i automatisert form, utan manuell sakshandsaming. I eit slikt system er det ikkje plass for ei nærare vurdering av den einskilde realisasjonen. Dette gjer at skattytarane sine subjektive tilhøve ikkje kan avgjere om realisasjon i bindingstida skal føre med seg tillegg i skatten eller ikkje. Etter departementet si vurdering må «ufrivillig realisasjon» avgrensast til tilfelle der realisasjon er ei følgje av omstende skattytarane ikkje kan kontrollere. Eit formelt frivillig sal før ei mogleg tvangsinnløysing etter aksjelova § 3-15 kan såleis ikkje reknast som ufrivillig realisasjon. Det må vere tilstrekkelege «objektive» haldepunkt for å fastslå om ein realisasjon er frivillig eller ufrivillig. Etter ei totalvurdering finn departementet at berre realisasjon som følgje av tvangsinnløysing etter aksjelova § 3-15 eller som følgje av selskapet eller føretaket sin konkurs, bør reknast som ufrivillig realisasjon i AMS-samanheng.

Departementet gjer framlegg om dette med verknad frå og med inntektsåret 1996. Departementet viser til utkastet til endring i skattelova § 44 ellevte ledd nr 2 b.

Til forsiden