Ot.prp. nr. 18 (1996-97)

Endringar i skattelovgjevinga

Til innholdsfortegnelse

5 Konto til konto - overføring av tilgodebeløp ved skatteavreKningA

5.1 Innleiing og samandrag

Etter dagens ordning er bankar mv pålagde å gje opplysningar om saldo og påløpte renter på bankkonto mv. Departementet gjer i denne proposisjonen framlegg om å endre likningslova slik at det blir gjeve heimel for at bankar mv også blir pålagde å markere visse typar konti, typisk lønnskonti, når dei oppgjev innskotskonti til likningsstyresmaktene. Ei slik endring vil gjere det mogleg å overføre tilgodebeløp ved skatteavrekninga direkte til skattytar sin konto.

5.2 Bakgrunnen for departementet sitt framlegg

Etter dagens ordning vert overskytande etter skatteavrekning utbetalt til skattytar ved bruk av Postbanken sitt utbetalingskort. Dersom ein vesentleg del av utbetalingane blir overførte direkte til skattytar sin konto, vil dette auke tryggleiken ved overføringane samt redusere toppbelastninga på bankane og posten sine ekspedisjonsnett. Ordninga vil også vere eit godt tilbod for den enkelte skattytar. Skattedirektoratet reknar med at omlag 2,2 millionar skattytarar fekk tilgodebeløp for inntektsåret 1995. Konto til konto-overføring er i tillegg vesentleg rimelegare enn bruk av utbetalingskort.

5.3 Høyringsnotat

Departementet gjekk ved høyringsnotat av 26. august 1996 inn for ei endring av likningslova som medfører at bankar mv blir pålagde å markere visse typar konti når dei oppgjev innskotskonti til likningsstyresmaktene. Ei slik endring vil gjere det mogleg med direkteoverføring av tilgodebeløp til skattytar sin bankkonto. Ved at bankar mv er pålagde å melde frå om innskotskonti og påløpte renter, jf likningslova § 6-4 nr 2 og forskrift av 22. desember 1992 nr 1190 om levering av ligningsoppgaver over innskudd og lån i banker, forsikringsselskaper m.v. § 3, har Skattedirektoratet allereie opplysningar om skattytarar sine konti i sitt saldo- og renteregister. Skattedirektoratet kan likevel ikkje identifisere dei enkelte kontotypane. Det er derfor behov for ytterlegare opplysningar frå bankar mv for at overføring av tilgodebeløp kan skje til eigna konto, til dømes lønnskonto.

Datatilsynet har i brev av 9. april 1996 til Skattedirektoratet uttala at det ikkje er nødvendig med endringar i direktoratet sin konsesjon for rente- og saldoregister for at registeret skal kunne nyttast i samband med direkte overføring av tilgodebeløp ved skatteavrekninga til skattytar sin konto.

Departementet går derfor inn for at det blir innført eit nytt nr 4 i likningslova § 6-4 som pålegg bankane mv å markere kva som er eigna konto, etter nærare spesifikasjon frå Skattedirektoratet. Departementet føreset at opplysningane skal gjevast i maskinlesbar form. Med heimel i likningslova § 6-16 c kan ein i forskrift bestemme at saldo- og renteoppgåve ved årsskifte eller ved oppgjer av konti i løpet av siste inntektsår etter § 6-4 skal overførast i maskinlesbar form. Departementet vil seinare gjere dei nødvendige endringane i forskrift av 22. desember 1992 nr 1190 om levering av ligningsoppgaver over innskudd og lån i banker, forsikringsselskaper m.v.

Før tilgodebeløpet blir overført til skattytar sin konto, er det ein føresetnad at skattytaren blir informert om at tilgodebeløpet vil bli overført direkte til oppgjeve kontonummer. Skattytar vil då kunne reservere seg mot å vere med på ordninga eller oppgje eit anna kontonummer, ved å gje skriftleg melding til kommunekasseraren.

5.4 Høyringsintansane sine merknader

Departementet sitt høyringsnotat av 26. august 1996 gjekk ved brev av same dato ut på høyring til 10 organisasjonar. Frist for fråsegn var den 7. oktober same år.

Følgjande har svara:

Datatilsynet

Den norske Bankforening

Landsorganisasjonen i Norge

Norges Kemner- og kommunekassererforbund

Skattebetalerforeningen

Sparebankforeningen

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

LO ønskjer ikkje å uttale seg til saka, og YS har ingen merknader til framlegget. Nedanfor er det gjort nærare greie for dei synspunkta som elles framkom.

Den norske Bankforeningmeiner at skattytar sjølv bør kunne ta stilling til om han vil ha beløpet kontant utbetalt (utbetalingsanvisning) eller direkte godskrive den bankkonto han oppgjev. Dei peikar på at ein skattytar kan ha fleire bruks- eller lønnskonti med ulike disposisjonsforhold som ikkje vil kome fram ved merking av konto. Skattytar kan vidare ha bruks- eller lønnskonti i forskjellige bankar slik at det kun er skattytar som kan oppgje kva bank han ønskjer beløpet overført til. Fordi bankane sitt produkttilbod heile tida er under utvikling, vil nye kontoformer krevje ei stadig oppdatering av den merkinga som det her er gjort framlegg om. Ut frå dette gjev Den norske Bankforening uttrykk for at ingen andre enn skattytar sjølv bør gje opplysningar om konto for eventuell kreditering av for mykje betalt skatt.

Sparebankforeningenmeiner at det prinsipalt bør vere kunden sjølv som bør oppgje til skattestyresmaktene kva konto eit eventuelt tilgodebeløp etter skatteavrekninga skal innbetalast til, til dømes ved å føre opp kontonummeret i ein særskilt rubrikk i sjølvmeldinga. Subsidiært, dersom bankane skal gje likningsstyresmaktene opplysningar, peikar dei på at styresmaktene må gje klare og eintydige kriteriar («plukkriteriar») for kva konti som skal merkast. Bankane/datasentralane bør imidlertid takast med på råd når «plukkriteriane» skal veljast. Uansett vil det vere kundar som ikkje har ein konto som det er aktuelt å nytte for tilbakebetaling av skatt. Bankane kan etter foreininga sitt syn ikkje påleggjast noko form for ansvar i tilfelle det i oppgåvene til Skattedirektoratet finst kundekonti som ikkje er merka.

Skattebetalerforeningenpeikar på at skattytar må sikrast fri valrett når skattebeløp skal overførast frå konto til konto. Vidare blir det sagt at det er prinsipielt uheldig at nye tiltak for å gjere «livet enklere» for skatteetaten blir gjennomført ved at oppgåvegjevarane blir pålagde nye arbeidsoppgåver uten at det blir gjeve nokon kompensasjon for det meirarbeidet dei blir påførte, men har elles ingen merknader til framlegget.

Norges Kemner- og kommunekassererforbundgår inn for at overføring av tilgodebeløp skal skje direkte til skattytar sin bankkonto, men tilrår visse rutiner av omsyn til tryggleik og kontroll. Dersom skattytar vil ha pengane overført til eit anna enn det oppgjevne bankkontonummeret, må kommunekasseraren verifisere at skattytaren disponerer det nye kontonummeret. Det må vidare avklarast korleis bankane skal forholde seg dersom kontoen ikkje lenger er i bruk, kven som har ansvaret dersom tilgodebeløp blir sendt feil konto, tilgodebeløp som oppstår etter endring av likninga og korleis ein skal forholde seg i dei tilfella tilgodebeløp i medhald av skattebetalingslova § 49 skal til arbeidsgjevar i staden for til skattytar.

Datatilsynetpeikar på at skattestyresmaktene vil kunne få tilgang til ein del overskotsinformasjon ved at bankane rapporterer opplysningar om langt fleire skattytarar enn dei som har beløp til gode ved avrekning, samt opplysningar om dei skattytarar som reserverer seg mot konto til konto-overføring av tilgodebeløp. Opplysningar om kontotype for desse personane bør etter tilsynet si oppfatning slettast så snart det er klart at det ikkje vil bli aktuelt med konto til konto-overføring til dei aktuelle konti.

5.6 Departementet sine vurderingar og framlegg

Departementet går inn for at det blir lagt til rette for konto til konto-overføring av tilgodebeløp ved skatteavrekninga, ved at bankar mv blir pålagde å merke visse av dei innskotskonti dei i dag gir rente- og saldoopplysningar om. Dette gir både betre service, betre tryggleik og vil vere kostnadssparande. Den gjeldande ordninga med generell bruk av betalingskort i posten er ikkje lengre tidsmessig.

Fleire av høyringsinstansane meiner at det ved ei direkteoverføring av tilgodebeløp burde vere skattytar sjølv som oppgjev til skattestyresmaktene kva konto eit slikt beløp skal overførast til. Dersom skattytar sjølv skulle gje opplysningar om konto for eventuell kreditering av for mykje betalt skatt, måtte registreringa skje manuelt. Ei kvar form for manuell registrering vil innebere at potensialet for reduserte kostnader vert vesentleg mindre. Manuell registrering vil generelt stille store krav til trygging, m a rutiner som kan redusere faren for feil og misbruk. Under ei ordning med heilt ut manuell registrering er det grunn til å tru at oppslutninga om ordninga vil bli vesentleg redusert. Ordninga vil då måtte byggjast opp over tid, slik tilfellet har vore i andre etatar som har teke manuell registrering i bruk.

Ei ordning der bankane mv blir pålagde å markere visse typar konti når dei oppgir innskotskonti til likningsstyresmaktene, vil etter departementet sitt syn vere den klart beste og sikraste måten å innhente slike opplysningar på.

Etter departementet sitt syn er det viktig at skattytaren har valrett både med omsyn til oppgjersform og med omsyn til kva kontonummer som i tilfelle skal nyttast. Skattytaren vil bli tilskriven med opplysningar m a om det kontonummeret som skattestyresmaktene vil bruke og om høvet til å reservere seg mot ordninga. Departementet gjer framlegg om at bankane spesifiserer konti der det regelmessig går inn lønn eller pensjon. Kriteria for utplukking vil bli utarbeidd av Skattedirektoratet i samråd med bankane. Dersom det ut frå dei kriteria som bankane skal nytte finst fleire aktuelle konti på ein og same skattytar, vil Skattedirektoratet gjere eit tilfeldig val av konto og opplyse om skattytaren sitt høve til å velje ein annan konto eller eventuelt å reservere seg mot å vere med på ordninga. Det vil ikkje vere bankane sitt ansvar dersom dei ikkje finn ein eigna konto etter dei plukkriteriane som blir utarbeidd. Personar som ein ikkje finn eigna kontonummer på, vil som før få tilgodebeløpet ved utbetalingskort.

For ytterlegare å sikre at tilgodebeløpet vert overført til rett konto, vil Skattedirektoratet køyre ein maskinell kontroll der fødselsnummer knytte til skattytar og kontohavar blir samanlikna i Skattedirektoratet sitt rente- og saldoregister. Der det ikkje er samsvar, vil det i staden bli sendt ut utbetalingskort. Utbetalingskort vil også verte nytta ved tilbakebetaling av tilgodebeløp som følgje av endring av likning.

Departementet syner til vedlagte framlegg til endring av likningslova § 6-4 nr 4. Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad for oppgåver som skal gjevast frå og med inntektsåret 1996.

5.7 Økonomiske og administrative konsekvensar

For inntektsåret 1995 var det omlag 2,2 millionar skattytarar som hadde tilgodebeløp ved skatteavrekninga. Ved ein overgang til konto til konto-overføring er det grunn til å tru at kostnadane ved tilbakebetaling av tilgodebeløp på noko lengre sikt vil kunne reduserast med mellom 10 og 20 millionar kroner årleg. Ordninga vil representere ein kostnad for bankane ved utvikling og køyring av dataprogram der eigna konti er merka. På den andre sida vil bankane ha fordel av at tilgodebeløp kjem rett inn på skattytar sin konto. Samla sett kan det leggjast til grunn at det ikkje vil bli meirkostnader for bankane av noko særleg omfang.

Bankane har frå før av plikt til å oppgje innskotskonti til likningsstyresmaktene. Merkinga av eigna konto for tilbakebetaling av skatt som det blir gjort framlegg om her, vil derfor berre vere eit lite tillegg i deira oppgåveplikt.

Til forsiden