Ot.prp. nr. 18 (1996-97)

Endringar i skattelovgjevinga

Til innholdsfortegnelse

6 avvikling av skattefordelingsfondet - endring I lov av 1. mars 1946 nr 3 om den norske stats husbank § 3

I samanheng med Stortingets vedtak om å leggje ned Skattefordelingsfondet, jf Ot prp nr 1 (1996-97) og Innst O nr 13 (1996-97), er det naudsynt å endre lov av 1. mars 1946 om Den Norske Stats Husbank § 3. Skattefordelingsfondet har eit tilgodehavande på Husbanken på 4 millioner kroner, som saman med eit tilgodehavande frå staten på 6 millioner kroner utgjer risikofondet til Husbanken. Med heimel i husbanklova § 3 kan ein ikkje krevje at fondet blir betalt attende før banken er lagt ned og skulda er innfridd.

Ved avskipinga av lov av 24. april 1964 nr 2 om Skattefordelingsfondet blir det tilgodehavande på 4 millioner kroner som Skattefordelingsfondet har skote inn i risikofondet til Husbanken ført over til staten. Såleis vil det totale innskot frå staten no utgjere til saman 10 millioner kroner.

Til forsiden