Ot.prp. nr. 18 (1996-97)

Endringar i skattelovgjevinga

Til innholdsfortegnelse

3 Skattehandsaminga av erstatning ved ekstraordinær nedslakting av buskap på gardsbruk på grunn av sjukdom

3.1 Innleiing

Departementet gjer med dette framlegg om endringar i skattelova § 45 åttande ledd. Bakgrunnen for endringa er at det ved utbrott av sauesjukdomane scrapie og mædi har vist seg at bøndene i ein del tilfelle ikkje kjem inn under den gunstige ordninga om vilkårsbunde skattefritak (betinget skattefritak) i skattelova § 45 åttande ledd. Framlegget går ut på å utvide området for vilkårsbunde skattefritak slik at reglane om vilkårsbunde skattefritak ved ufrivillig realisasjon også skal omfatte nedslakting av buskap på gardsbruk når den blir sett på som ønskeleg ifølgje attest frå veterinærstyresmaktene. Departementet gjer vidare framlegg om at fristen for reinvestering etter skattelova § 45 åttande ledd bokstav b, der nedslakting er pålagt av veterinærstyresmaktene, forlengjast med lengda av den pålagde stengingsperioden. Departementet gjer framlegg om at lovendringa blir gjennomført med verknad frå og med inntektsåret 1996.

3.2 Gjeldande rett

Utgangspunktet i skattelova er at når eit formuesobjekt blir realisert må ein betale skatt av gevinsten. I skattelova § 45 åttande ledd er det gjort unntak frå denne fråsegna. Regelen gir høve til vilkårsbunde skattefritak ved ufrivillig realisasjon av formuesobjekt. I utgangspunktet gjeld ikkje regelen omløpsmidlar, men den er gjort gjeldande for buskap på gardsbruk mv når realisasjonen omfattar minst 25 prosent av behaldninga, jf skattelova § 45 åttande ledd bokstav d.

Uttrykket ufrivillig realisasjon omfattar tre hovudkategoriar av hendingar. For det første at formuesobjektet går tapt ved «brann eller annen ulykke», for det andre at formuesobjektet blir oreigna og for det tredje odelsløysing.

Vilkåret for skattefritak er at vederlaget blir nytta til å skaffe seg nytt objekt av same art og at tileigninga eller bindande avtale om tileigning er inngått innan utgangen av året etter realisasjonsåret.

Både for dei tilfella der det blir pålagt slakt av veterinærstyresmaktene, og for dei tilfella der slakt er ønskeleg ifølgje attest frå slik styresmakt, har det i praksis vist seg vanskeleg å oppfylle vilkåra om vilkårsbunde skattefritak i skattelova § 45 åttande ledd, slik at ein må betale skatt av gevinsten. Problema har særleg vist seg ved utbetaling av erstatning eller tilskott i samband med sauesjukdomane scrapie og mædi.

For dei tilfella der det blir pålagtslakt av veterinærstyresmaktene (til dømes ved sauesjukdomen scrapie), vil dette bli rekna som ein «ufrivillig realisajon» etter gjeldande rett. Eit ytterlegare pålegg ved sauesjukdomen scrapie, vil gjerne vere at fjøset må stå tomt - stengjast - etter reingjering og desinfeksjon i ein periode på minst to år. I desse tilfella kan ein ikkje setje inn dyr i fjøset innan den gjeldande fristen for reinvestering i skattelova § 45 åttande ledd bokstav b. Det er heller ikkje særleg aktuelt for bonden å inngå bindande avtale om kjøp innan fristen, då det i praksis kan vere vanskeleg å få kjøpt avlsdyr med levering så langt fram i tid.

Etter departementet sitt syn kan skattelova § 45 åttande ledd slik den no lyder, vanskeleg bli tolka slik at fristen for reinvestering først startar frå det tidspunktet det er mogleg å reinvestere, dvs etter at stengingstida er over. Ordlyden i skattelova § 45 åttande ledd er klår; reinvesteringa må finne stad «innen utgangen av året etter realisasjonsåret».

Det er også innført ei ordning med frivillig slakt der styresmaktene ser på dette som ønskeleg, til dømes der sauesjukdomen mædi er påvist, eller der sauebesetningar har vore i nær kontakt med buskap som er ramma av scrapie.

Etter departementet sitt syn gir ikkje slik nedslakting rett til vilkårsbunde skattefritak etter skattelova § 45 åttande ledd slik den no lyder, fordi vilkåret om «ufrivillig realisasjon» ikkje vil vere oppfylt i desse tilfella.

3.3 Departementet sine vurderingar og framlegg

3.3.1 Uttalebrev

Departementet ser eit klårt behov for vilkårsbunde skattefritak i dei nemnde tilfella. Departementet utforma derfor eit framlegg til endring i skattelova § 45 åttande ledd som har blitt lagt fram for ein del relevante instansar for uttale. Framlegget til lovtekst lydde som følgjer:

«Nedslakting fra buskap på gårdsbruk anses som ufrivillig realisasjon når den pålegges av veterinærmyndighet eller er ansett ønskelig ifølge attest fra slik myndighet. Når karantene er pålagt av veterinærmyndigheten, begynner reinvesteringsfristen etter bokstav b først å løpe fra utløpet av karantenetiden.»

Framlegget blei sendt den 11. oktober 1996 til Skattedirektoratet, Landbruksdepartementet, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norsk Sau- og Geitalslag for uttale. Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag blei også bede om å sende framlegget vidare til eventuelle relevante medlemsorganisasjonar. Fordi det er ønskeleg at lovendringa får verknad frå og med inntektsåret 1996, blei fristen for eventuelle merknader sette til 23. oktober 1996.

3.3.2 Fråsegner

Norsk Sau- og Geitalslag og Norges Bondelag seier seg tilfreds med framlegget. Norsk Bonde- og Småbrukarlag har «ingen merknader» til utkastet. Skattedirektoratet og Landbruksdepartementet var samde i realiteten i framlegget, men hadde i tillegg framlegg til enkelte endringar.

Skattedirektoratetgjer framlegg om at lovforslaget også bør omfatte «rein i reindriftsnæring, pelsdyr i pelsdyrnæring og fisk i oppdrettsanlegg» i tilfelle desse næringsdrivande skulle kome opp i liknande situasjonar.

Landbruksdepartementetmeiner at ordet «karantene» ikkje bør nyttast i andre setning i framlegget. Det blir opplyst at karantene vanlegvis skildrar den situasjonen at det er dyret som ikkje får røre seg utanfor dyrerommet og dermed er i karantene. Landbruksdepartementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at andre setning blir endra til:

«Når nedslakting er pålagt av veterinærmyndighetene, begynner reinvesteringsfristen etter bokstav b først å løpe når restriksjonene pålagt med hjemmel i husdyrloven oppheves.»

3.3.3 Departementet sine vurderingar

Departementet meiner det er rimeleg at skattereglane medverkar til å oppfylle dei målsetjingane som ligg bak veterinærstyresmaktene sine pålegg og oppmodingar om nedslakting. Departementet ser det som viktig å samarbeide med landbruksstyresmaktene for å oppnå ei tilfredsstillande løysing på dette området.

Gevinsten ved realisasjon, i alle fall for dei tilfella som no har oppstått ved sauesjukdomane scrapie og mædi, kan ofte bli monaleg. Full skattlegging av gevinsten for realisasjonsåret kan derfor svekke evna til å skaffe seg ny besetning. I tilfelle der gevinsten er realisert på bakgrunn av pålegg eller oppmodingar ifølgje attest frå veterinærstyresmaktene, vil skattytaren ofte ha eit særleg behov for å gjenopprette situasjonen slik den var før realisasjonen. Departementet har forståing for dette.

Departementet meiner at nedslakting som er sett på som ønskelegetter attest frå veterinærstyresmaktene bør omfattast av regelen om vilkårsbunde skattefritak i skattelova § 45 åttande ledd. Det er i slike tilfelle nærliggjande å leggje til grunn at dyra blir slakta fordi den enkelte gardbrukar oppfattar det slik at han er i ein slags tvangssituasjon. Skattereglane bør ikkje motverke ei nedslakting som blir sett på som ønskeleg frå veterinærstyresmaktene si side. Departementet vil likevel gjere den merknad at nedslakting av andre grunnar, som til dømes omsynet til bestanden sin storleik, ikkje vil bli omfatta.

Departementet meiner vidare, for dei tilfella der nedslakting er pålagtav veterinærstyresmaktene, at det er vanskeleg å akseptere at den lengste fristen for reinvestering som skattestyresmaktene skal praktisere etter skattelova § 45 åttande ledd ikkje er i samsvar med den stengingsperioden fjøset eller anlegget må stå tomt etter pålegg frå veterinærstyresmaktene.

Etter departementet si oppfatning er det såleis i samsvar med føremålet til regelen at dei her nemnde tilfella av nedslakting blir omfatta av føresegna i skattelova § 45 åttande ledd.

Skattedirektoratethar som nemnt gjort framlegg om at regelen også bør omfatte «rein i reindriftsnæring, pelsdyr i pelsdyrnæring og fisk i oppdrettsanlegg i tilfelle disse næringsdrivende skulle komme opp i lignende situasjoner». Departementet meiner den lempinga som her blir foreslått bør avgrensast til nedslakting av buskap på gardsbruk. Det er på dette området at særlege dyresjukdomar fører med seg urimelege skattekonsekvensar etter gjeldande reglar. Men dersom ein liknande situasjon skulle oppstå for andre grupper næringsdrivande, kan det vurderast ei eventuell ytterlegare lovendring på same måte som det her er gjort.

Landbruksdepartementethar gjort framlegg om at uttrykket «karantene» ikkje bør nyttast i lovteksten. Landbruksdepartementet uttaler om dette: «Med karantene forstår vi vanligvis at det er dyret som ikke får bevege seg utenfor dyrerommet og dermed er i karantene». Finansdepartementet er samd i at ein bør finne fram til eit anna uttrykk. Det sentrale i den situasjonen som skal regulerast, er at sauebonden sitt faste anlegg på bruket (sauefjøset mv) må stengjast for å stå tomt ei tid på grunn av smittefaren. Dette gir grunn for å forlenga fristen for reinvestering. Der det berreblir gitt pålegg om tiltaki samband med pålagt nedslakting, som til dømes at ein ikkje kan ta inn dyr i fjøset før reingjering, utbetring etc, er det ikkje same grunn til ein utsett frist for reinvestering. Det same gjeld pålegg om slakting og stenging av annan grunn enn smittefare, til dømes ved vanskjøtting av buskapen. Ein har utforma utkastet til lovteksten i samsvar med dette.

Finansdepartementet vil vidare gjere merknad om at dersom det blir pålagt tiltak, som til dømes reingjering eller desinfeksjon, førden pålagde stengingsperioden startar, blir fristen forlenga etter departementet sitt forslag berremed lengda av den pålagde stengingstida (og ikkje med lengda av andre tiltak).

Departementet gjer framlegg om at den foreslåtte endringa blir gjennomført med verknad frå og med inntektsåret 1996.

3.3.4 Lovtekst med merknader

Departementet gjer framlegg om at skattelova § 45 åttande ledd bokstav a nytt tredje og fjerde punktum skal lyde:

«Nedslakting fra buskap på gårdsbruk som omfattes av bokstav d annet punktum, anses som ufrivillig realisasjon når den pålegges av veterinærmyndighet eller er ansett ønskelig ifølge attest fra slik myndighet. Når fjøs eller annet anlegg for slik buskap av veterinærmyndigheten er pålagt å stå tomt en periode etter pålagt nedslaktning på grunn av smittefaren etter sykdom, forlenges reinvesteringsfristen etter bokstav b med lengden av nevnte stengningsperiode.»

Framlegget inneber at nedslakting blir rekna som ufrivillig realisasjon også når dette blir sett på som ønskeleg ifølgje attest frå veterinærstyresmaktene, jf første setning i framlegget.

Den forlenga reinvesteringsfristen i andre setning i framlegget gjeld berre i dei tilfella nedslaktinga er pålagt. I dei tilfella nedslaktinga berre er ønskeleg etter attest frå veterinærstyresmaktene, gjeld den alminnelege fristen for reinvestering i skattelova § 45 åttande ledd bokstav b.

Også i påleggstilfella startar fristen for reinvestering ved nedslaktinga, men blir forlenga med lengda av stengingsperioden. Dette tyder til dømes at om det går eit halvt år frå nedslakting på nyåret til stengingsperioden startar (på grunn av forutgåande rensingstiltak), og stengingsperioden er 2 år, utløper fristen omlag 1 1/2 år etter at stengingsperioden er over. Ein slik regel gir sauebonden rimeleg tid til tilpassing.

Til forsiden