Ot.prp. nr. 18 (2003-2004)

Om lov om endring i lov 27. februar 1930 nr. 3 om Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Maud Land m.m.

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Det har tidlegare vore heimel for å gi slike forskrifter i bilandslova § 2 andre ledd som seier at forskriftsheimelen i svalbardlova § 4 skal gjelde tilsvarande. Heimelen har vore brukt til å gi forskrift 17. desember 1971 nr. 9 som fredar Bouvetøya og territorialfarvatna rundt som naturreservat. Heimelen for å gi forskrifter om miljøvern fall bort da svalbardlova § 4 vart endra i samband med vedtaking av lov 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard. Formuleringa «fredning av dyr, planter, naturformasjoner, landstrekninger og fortidslevninger» vart da teken ut. Ein ny heimel for miljøforskrifter på Svalbard vart gitt i svalbardmiljølova. Det er ikkje noko som tyder på at ein ved endringa meinte å fjerne heimelen for å gi forskrifter om miljøvern i bilanda. Om bakgrunnen for endringa heiter det i Ot.prp. nr. 38 (2000-2001) s. 167 at «forskrifter innenfor svalbardmiljølovens område heretter bør gis med hjemmel i svalbardmiljøloven, og det bør ikke kunne oppstå uklarhet om en forskrift med hjemmel i svalbardloven kan avvike fra svalbardmiljøloven. Av den grunn foreslås det at hjemmelen for miljøvernforskrifter i svalbardloven oppheves».

I lov 27. februar 1930 nr. 2 om Jan Mayen har ein òg ei formulering om at svalbardlova § 4 gjeld tilsvarande, jf. § 2 andre ledd. I denne lova vart det i samband med vedtakinga av svalbardmiljølova gitt eit nytt tredje ledd i § 2 der det heiter at «Kongen kan gi forskrifter om miljøvern på Jan Mayen», jf. svalbardmiljølova § 103. Ved ein feil vart det ikkje samstundes gjort ei tilsvarande endring i bilandslova. Det er ei slik endring det no vert gjort framlegg om.

Sanksjonsføresegna som tidlegare òg hadde heimel i bilandslova § 2, jf. svalbardlova § 4 andre ledd, foreslår ein å innføre på nytt ved å la svalbardlova § 4 andre ledd gjelde tilsvarande for forskrifter gitt i medhald av heimelen ein her gjer framlegg om.

Til forsida