Ot.prp. nr. 37 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp

Til innhaldsliste

4 Andre endringar i reglane om eigendelar

I samband med framlegget til lovendringar om innkrevjing ser departementet behov for endringar i forskrifta om eigendel, slik at systemet blir enkelt. Departementet legg særleg vekt på at reglane skal vere oversiktlege for brukarane, slik at dei på tidspunktet for søknaden kan vite kor stor eigendelen vil bli.

Om storleiken på eigendelen m.m.

Eigendelane er ei kjelde til inntekt til fri rettshjelp. I 1998 blei det budsjettert med 27,3 millionar kroner i inntekter frå eigendelane, medan det blei betalt inn om lag 8,9 millionar kroner. Det dekte i overkant av 4 % av dei samla offentlege utgiftene til fri rettshjelp. I 2000 blei det betalt inn 13,3 millionar kroner og i dei tre første kvartala i 2001 blei det betalt om lag 10,5 millionar kroner. Forklaringa på dei låge inntektene er etter departementet si erfaring mellom anna at mange av dei som får fri rettshjelp har så låg inntekt at dei berre skal betale grunndel, ikkje tilleggsdel. Tal frå Statens innkrevjingssentral for 2000 viser at det i 54,7 % av fritt rettsrådssakene og 43,6 % av fri sakførselssakene berre blei betalt grunndel. Gjennomsnittleg blei det i 2000 betalt inn om lag 1200 kroner pr. krav, og ein kan rekne med at 550 kroner gjekk til administrasjon og innkrevjing.

I høyringsbrevet av 06.09.2001 skreiv departementet at det beste ville vere å ha berre ein eigendel fastsett til ein sum, men konkluderte slik:

«Ut fra en samlet vurdering av de ulike hensyn, foreslår departementet at egenandelen bør utgjøre et fast beløp (grunnandel) i rettsrådssakene, dvs. de sakene som løses utenfor rettergang. I sakførselssakene bør dagens ordning opprettholdes med en kombinasjon av grunnandelen og en tilleggsandel som utgjør 25 % av de totale utgiftene i saken utover grunnandelen. Departementet legger her vekt på at mottakeren skal ha egeninteresse i å begrense sakens omfang. I likhet med hva som ble foreslått i stortingsmeldingen om fri rettshjelp bør det imidlertid settes et tak på den totale egenandelen i en fri sakførselssak. Dette taket kan passende settes til 10 ganger grunnandelen for å hindre for store egenandelskrav og sikre forutberegnelighet. Det bør fremdeles være adgang til å søke fylkesmannen om fritak for tilleggsandelen.».

Grunndelen er i dag 300 kroner. I rettshjelpsmeldinga gjorde departementet framlegg om å auke grunndelen til 500 kroner.

I Innst. S. nr. 181 (1999-2000) side 12 slutta justiskomiteen seg til forslaget om å auke grunndelen til eit beløp rundt 500 kroner. Komiteen opna òg for å knytte grunndelen til storleiken på rettsgebyret, pr. i dag 670 kroner.

Etter at rettshjelpsmeldinga blei skrive, har inntektene frå eigendelane auka. Dersom eigendelsordninga blir slik departementet skisserer i denne proposisjonen, må storleiken på grunndelen liggje i overkant av rettsgebyret for at inntektene frå eigendelane skal liggje på same nivå som i dag.

I høyringsbrevet gjorde departementet framlegg om å knytte den faste eigendelen (grunndelen) til den offentlege salærsatsen. Salærsatsen er i dag 735 kroner. Med eit tak på tilleggsdelen på 10 gonger grunndelen, vil maksimal eigendel i saker for retten bli 7350 kroner.

Fylkesmennene sluttar seg i hovudsak til forslaget i høyringsbrevet. Nokre embeter meiner at den foreslåtte eigendelen blir for høg sett i forhold til brukarane sine evner til å betale.

Domstolane sluttar seg òg i hovudsak til departementet sitt forslag.

Den Norske Advokatforening vil som nemnt ikkje ha eigendelar, men støttar subsidiært forslaget i høyringsbrevet om faste eigendelar med eit tak på tilleggsdelen. Foreininga peikar likevel på at beløpa som er foreslått vil bli ei stor belastning for brukarane som gjennomgåande har låge inntekter.

Forbrukarrådet gjer uttrykk for nokre av dei same synspunkta som Advokatforeininga. Forbrukarrådet uttalar at omsynet til eigendelar som kjelde til finansiering ikkje bør veie tungt. På bakgrunn av lova sitt formål og brukarane sin økonomiske situasjon meiner Forbrukarrådet at grunndelane ikkje bør bli auka. Forbrukarrådet meiner òg at eigendelane berre i liten grad verkar preventivt og går difor inn for at systemet med tilleggsdelar blir sløyfa. Dersom brukarane må betale tilleggsdel, er Forbrukarrådet for at det blir innført eit tak, men at taket blir sett lågare enn departementet sitt forslag.

Juss-Buss meiner at ordninga med eigendelar bør bli fjerna, i det rettshjelpsordninga ikkje bør vere brukarfinansiert. Dersom det framleis skal vere eigendelar, støttar Juss-Buss departementet sitt forslag, men er usamd i å knytte eigendelen til den offentlege salærsatsen. Dei foreslår at den faste eigendelen blir sett til 1 % av grunnbeløpet i folketrygda, som i dag vil utgjere 513 kroner og at departementet sitt forslag til tak på tilleggsdelen blir på om lag 5000 kroner.

Drammen tingrett er skeptisk til tilleggsdel, i det brukarane ofte har svak økonomi. Framfor krav om tilleggsdel reiser tingretten spørsmål om det bør vere eit tak på kor store kostnader det offentlege dekkjer i rettshjelpssaker. Tingretten peikar på at reglane om fri rettshjelp opnar for at personar med små eller ingen inntekter kan føre rettssaker som personar med vanleg økonomi ikkje har råd til.

Etter departementet sitt syn er det tenleg å knyte eigendelen til den offentlege salærsatsen, fordi salærsatsen sakleg sett ligg nær ordninga med fri rettshjelp. Ein eigendel lik salærsatsen tyder at klienten sjølv betaler den første timen med advokathjelp. Dei argumenta som låg til grunn for framlegget om ein eigendel på om lag 500 kroner, kan ein gjere gjeldande for eit høgare beløp. Dei økonomiske og preventive omsyn tilseier i dag eit noko høgare beløp enn 500 kroner. Departementet legg vekt på at fri rettshjelp er ei offentleg støtteordning. Med ein eigendel som det er gjort framlegg om, vil støtta frå det offentlege likevel utgjere mange gonger dette beløpet i den einskilde saka. Klienten skal ikkje betale meirverdiavgift av eigendelen. Det gjer ikkje klienten i dag heller. Det offentlege dekkjer meirverdiavgifta, som blir betalt til advokaten saman med at han/ho får sitt salær i saka. Departementet har merka seg forslaget om eit tak på kostnadsbruken i saker med fri rettshjelp og vil vurdere spørsmålet i samband med den komande revisjonen av rettshjelpslova.

Om inntektsgrensa for tilleggsdel

I høyringsbrevet blei det ikkje gjort framlegg om å auke inntektsgrensa for kven som skal betale tilleggsdel.

Fleire høyringsinstansar har likevel teke opp spørsmålet og meiner at inntektsgrensa for når ein skal betale tilleggsdel er for låg. Fylkesmennene viser til at dei får mange søknader om fråfall av tilleggsdel frå personar med inntekter som ligg noko høgare enn grensa og at mange får heilt eller delvis fråfall av tilleggsdelen.

Departementet sluttar seg til det syn som kjem fram i høyringsutsegna, og tenkjer seg ei auke i inntektsgrensa for kven som skal betale tilleggsdel. Som nemnt ovafor i punkt 3, ligg grensa i dag på 70 000, 80 000 eller 90 000 kroner avhengig av forsørgingsbyrda. Inntektsgrensa for å få innvilga fri rettshjelp ble auka frå 1. juli 2001. Grensa blei då sette til 200 000 kroner for personar utan forsørgingsbyrde og 210 000 kroner for personar med forsørgingsbyrde. Tidlegare var grensa differensiert i tre grupper. For å få eit samsvar med inntektsgrensene for å få innvilga fri rettshjelp, finn departementet det rimeleg å sette grensene for å betale tilleggsdel til 100 000 kroner og 110 000 kroner avhengig av forsørgingsbyrde. Departementet kan ikkje sjå at ein auke i inntektsgrensene vil føre med seg ein nemneverdig auke i kostnadene. Departementet legg då vekt på at søknader om fråfall av tilleggsdel frå personar som overstig grensa ofte blir innvilga i dag.

Om fritak for tilleggsdelen

I høyringsbrevet la departementet opp til at det framleis bør vere høve til å søkje om fritak for plikta til å betale tilleggsdel slik som også justiskomiteen gjekk inn for i innstillinga til rettshjelpsmeldinga (innstillinga side 12). Komiteen meinte kravet på eigendel måtte kunne fråfallast «i spesielle tilfelle der det vil være umulig for søkeren å betale en slik». I det utkastet til forskrift som departementet har hatt på høyring, er kriteriet at det må vere «svært byrdefullt» å betale tilleggsdelen.

I høyringsutsegna peikar fylkesmennene på at kompetansen til å fråfalle eigendelen bør liggje hos den instansen som har innvilga rettshjelpa, slik at domstolane heretter òg får kompetanse til å fråfalle tilleggsdelane. I dag har fylkesmannen kompetanse til å fråfalle kravet heilt eller delvis.

Departementet har merka seg dette, og vil vurdere spørsmålet i samanheng med den komande revisjonen av rettshjelpslova.