Ot.prp. nr. 46 (1997-98)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

24 Privat opplæring

24.1 Innleiing

Departementet går i dette kapitlet gjennom den rettslege reguleringa av private skolar og privat heimeopplæring. Kapitlet er avgrensa mot spørsmål som er regulert i privatskulelova. Denne lova blir ført vidare uendra. Sjå også kapittel 4.

24.2 Gjeldande rett

Utgangspunktet for den rettslege reguleringa av privat opplæring er § 13 nr. 1 i grunnskolelova, der det heiter: «Born og ungdom har rett og plikt til å gå i grunnskolen, dersom dei ikkje på annan måte får tilsvarande undervisning». Regelen byggjer på ein føresetnad om at opplæringsplikta også kan oppfyllast gjennom private skoletilbod eller gjennom privat heimeopplæring. Dette blir understreka av § 27 nr. 3, som gir kommunen tilsynsansvar når det gjeld pliktig opplæring som ikkje blir gitt i den kommunale skolen. Når det er grunn til det, skal kommunen kalle barna inn til særskild prøve. Dersom ein elev er borte frå den pliktige grunnskoleopplæringa, kan foreldra eller «dei som er i staden», straffast med bøter, jf. gsl. § 13 nr. 10. Sjå nærmare om opplæringsplikta i kapittel 7 om rett og plikt til opplæring.

Ein privat grunnskole eller ein privat vidaregåande skole må vere godkjend av departementet, jf. gsl. § 14 og lvgo. § 39. Unntak gjeld for skolar som er skipa som eit fagleg-pedagogisk alternativ og som søkjer om statstilskot, jf. gsl. § 14 nr. 2 tredje leddet. Slike skolar blir godkjende berre etter privatskulelova. Det same gjeld skolar som er godkjent etter privatskulelova § 3 bokstav e.

Vilkåra for godkjenning av private grunnskolar er fastsette i gsl. § 14 nr. 2 første punktum, der det heiter at «føresegner om skoletid, undervisningstid, avgangsprøver og avgangsvitnemål etter denne lova, gjeld òg for private skolar». Dessutan set nr. 2 andre punktum som vilkår at undervisningsplanar og lærarar er godkjende av Statens utdanningskontor.

Før departementet godkjenner ein vidaregåande skole, skal fylkeskommunen ha uttalt seg, jf. lvgo. § 39.

24.3 Framlegget frå opplæringslovutvalet

24.3.1 Grunnskoleopplæring utanfor skole. Privat heimeopplæring

Utvalet viser innleiingsvis til framlegget sitt om å føre vidare plikta til grunnskoleopplæring tilsvarande den som blir gitt i den offentlege grunnskolen, sjå kapittel 7 om rett og plikt til opplæring. Når plikta blir oppfylt i godkjende private skolar, bør eleven få ei opplæring som svarer til den som blir gitt i den offentlege grunnskolen. Utvalet viser dessutan til framlegget om å føre vidare det kommunale tilsynsansvaret for heimeopplæringa, sjå kapittel 26 om tilsyn og kontroll. Kommunen skal framleis ha rett og plikt til å kalle inn elevane til særskild prøve dersom det er tvil om at opplæringa er tilfredsstillande.

For å lette tilsynet for kommunen og gi støtte til at elevane får ei forsvarleg opplæring i heimen, gjer utvalet framlegg om også å lovfeste at heimeopplæringa skal følgje dei same reglane om innhaldet i opplæringa som private skolar.

Utvalet meiner at andre reglar som gjeld for skolar (krav som gjeld klassestorleikar, kompetanse for personalet og omfanget av opplæringa i tid og liknande), er lite praktiske for heimeopplæringa. Utvalet gjer derfor ikkje framlegg om at desse reglane skal gjelde heimeopplæringa.

24.3.2 Privat opplæring i skole

Utvalet gjer framlegg om å halde på eit godkjenningskrav for alle private grunnskolar, men at grunnskolar som oppfyller krava i lova og forskriftene, skal ha rett til godkjenning. Dessutan gjer utvalet framlegg om å gi heimel for bøtestraff for skolar som blir drivne utan den nødvendige godkjenninga. Lovutkastet frå utvalet opphevar likevel godkjenningskravet i lvgo. § 39 om vidaregåande skolar.

Ei rekkje av dei krava som lovutkastet frå utvalet stiller til offentlege grunnskolar, gjeld også for private grunnskolar, uavhengig av om skolane skal ta i mot offentlege tilskot. Det gjeld for det første krava om kompetanse for undervisningspersonalet og skoleleiarane. Utvalet viser til at det også i private skolar er behov for å sikre ein god fagleg-pedagogisk standard. Dessutan går utvalet ut frå at slike krav ikkje kjem i konflikt med retten for foreldra til å velje privatskole etter FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar og Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Slike krav sikrar også nasjonale omsyn, blant anna behovet for eit høgt kompetansenivå i folket, og kan vere med på å sikre likeverdig opplæring for elevane i private skolar.

Dessutan gjer utvalet framlegg om at reglane i lov og forskrift om innhaldet i opplæringa i offentlege skolar (sjå kapittel 6 om formålsparagrafar og kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar) skal gjelde for private grunnskolar så langt dei ikkje står i strid med dei internasjonale pliktene som Noreg har eller med tilskotsgrunnlaget for skolen elles (til dømes skolar som er godkjende som fagleg-pedagogisk alternativ). Det blir vist til at prinsippet om likeverdig opplæringstilbod til alle, å sikre eit felles kultur-, verdi- og kunnskapsgrunnlag og omsynet til mobilitet og opptak til vidare utdanning tilseier ein høg grad av felles innhald og felles progresjon i opplæringa.

Utvalet peiker på at departementet etter lovutkastet kan fastsetje kva for delar av læreplanane for den offentlege skolen som skal gjelde for dei private skolane, eventuelt at læreplanane for skolane skal godkjennast av departementet. Departementet skal også kunne gi forskrifter med krav til læreplanarbeidet for ein privatskole. Utvalet nemner også at kompetansen til heilt eller delvis å dispensere frå dei allmenne forskriftene om læreplan også kan brukast i forhold til utanlandske skolar i Noreg.

Utvalet gjer også framlegg om at reglar om skoletid og undervisningstid, klassestorleikar og leiing i offentlege skolar skal gjelde for godkjende private grunnskolar. Dei private skolane bør likevel sjølv fastsetje skoleruta. Dessutan bør reglane om skoletid og undervisningstid berre gjelde «så langt det passar».

Også grunngivingane for andre reglar, om stillingar, tenester, funksjonar, arbeidsmiljø, utstyr, læremiddel, målformer og organ for brukarinnverknad, meiner utvalet står like sterkt for private som for offentlege skolar. Utvalet gjer derfor framlegg om likelydande reglar for private og offentlege skolar.

Private skolar som får statstilskot, bør likevel vere unnatekne frå kravet om samarbeidsutval og skoleutval. Det lovfeste kravet om møte- og talerett for elevar, lærarar, foreldre og andre tilsette i styret for skolen meiner utvalet må gi nok styring av den organiserte medinnverknaden i slike skolar. Dei private skolane bør heller ikkje ta over plikta for kommunen til å halde grunnskoleelevane med gratis skolemateriell. I private skolar er det i utgangspunktet elevane sjølv som må halde seg med skolemateriell til eige bruk.

Endeleg gjer utvalet framlegg om at undervisningspersonalet skal ha den same retten til fritak for undervisning i kristendomsfaget som tilsette i offentlege skolar. Utvalet viser til at omsynet til religionsfridommen i utgangspunktet står like sterkt i private skolar. Dessutan blir det vist til § 55 A tredje punktum i arbeidsmiljølova, som gir arbeidsgivaren opning for i visse tilfelle å krevje opplysningar om korleis søkjarane stiller seg til blant anna religiøse spørsmål.

24.4 Høyringsinstansane

24.4.1 Private skolar

Norske Privatskolers Landsforbund meiner at plikta for kommunen til å halde gratis skolemateriell for elevane ikkje skal vere avhengig av om elevane går på ein privat eller ein offentleg skole.

Norsk Montessori Forbund meiner at det maksimumstalet for elevar i aldersblanda klassar som det er gjort framlegg om, kan skape problem for montessoriskolane. Det blir vist til at ei ideell gruppe på slike skolar har tre alderssteg med åtte til ti barn i kvart steg.

Kristne Friskolers Forbund er usamd i ei rekkje av framlegga om kva for reglar for den offentlege skolen som også skal gjelde private skolar. Det gjeld blant anna fritaksrett for kristendomsfaget og kravet til lærestoffet i læremidla. Dessutan vil forbundet byte ut reglane om maksimale klassestorleikar med lærartimetal. Forbundet ønskjer i alle tilfelle å kunne avvike frå klassedelingsreglane når det skjer på ein ansvarsfull måte.

Steinerskolane meiner at maksimaltalet for elevtalet i klassen, retten for elevane til eit minstetimetal, reglane om læremiddel og reglane om innhaldet i opplæringa ikkje bør gjelde private skolar som er godkjende som eit fagleg-pedagogisk alternativ. Dessutan meiner skolane at utkastet til dispensasjonsregel til reglane om brukarinnverknad er for strengt formulert. Skolane meiner det bør vere nok at ei anna ordning sikrar elevar og foreldre den same innverknaden.

24.4.2 Departementa

Utanriksdepartementet er samd i at private grunnskolar som oppfyller krava i lov og forskrifter, skal ha rett til godkjenning. Utanriksdepartementet er dessutan samd i at det kan stillast opp kompetansekrav for undervisningspersonalet og skoleleiarane ved private skolar utan at det kjem i konflikt med dei folkerettslege pliktene våre. Men utanriksdepartementet er tvilande til at allmennlærarar på private skolar må ha ei utdanning som omfattar fag- og emnestudium i kristendomskunnskap med livssynsorientering.

24.4.3 Kommunene

Få kommunar har uttalt seg om privat opplæring. Det blir uttalt støtte til å presisere tilsynsansvaret for kommunen og at dei fastsette læreplanane også skal gjelde for privat heimeopplæring. Det blir også etterlyst minimumskrav til kompetanse for dei som skal stå for heimeopplæringa.

24.5 Vurderingar og framlegg frå departementet

24.5.1 Private skolar

Departementet sluttar seg til framlegget frå utvalet om å oppheve kravet om godkjenning av private vidaregåande skolar som ikkje mottek statstilskot, sjå lov om vidaregåande opplæring § 39.

Utvalet gjer framlegg om at ei rekkje av reglane for offentlege skolar også skal gjelde private skolar. Det blir i hovudsak vist til at dei same omsyna som grunngir slike krav for offentlege skolar, også gjeld i forhold til private skolar.

Departementet meiner framlegget frå utvalet på fleire punkt ikkje passar for dei private tilskotsskolane. Ei opplisting av kva for krav som skal gjelde for dei private skolane er heller ikkje like nødvendig når privatskulelova blir ført vidare. Departementet meiner at privatskulelova i tilstrekkeleg grad regulerar dei skolane som mottek statstilskot. Departementet viser i denne samanhengen til at det også kan fastsettjast vilkår knytta til den enkelte godkjenninga.

Departementet er samd i framlegget frå utvalet om å føre vidare godkjenningskravet for grunnskolar som ikkje får statstilskot. På same måten som utvalet går departementet inn for at skolen skal ha rett til godkjenning når dei lovfesta og forskriftsfesta krava er oppfylte, og at brot på krav om godkjenning skal sanksjonerast med bøter. Slike skolar skal følgje dei same krava som offentlege grunnskolar, så langt dei ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege plikter. Reglane om godkjenning av private grunnskolar i utkastet til ny opplæringslov er ikkje meint å gjelde for skolar som er godkjende etter privatskulelova.

Endeleg gjer departementet framlegg om at det blir gitt heimel til å gjere unntak frå krava til m.a. innhaldet og omfanget i opplæringa for utanlandske og internasjonale grunnskolar i Noreg. Departementet viser her til at desse skolane også i dag blir drivne etter andre læreplanar og at dei norske elevane får støtte til kompletterande opplæring i norsk m.m.

24.5.2 Opplæringsplikta og privat heimeopplæring

Departementet sluttar seg til klargjeringa frå utvalet i spørsmålet om kva reglar for offentleg opplæring som skal gjelde tilsvarande for privat heimeopplæring. Departementet legg til grunn at utgangspunktet framleis skal vere skoleplikt, men at privat heimeopplæring kan tillatast, der kommunen er sikker på at foreldra kan gi ei opplæring som svarer til den opplæringa som blir gitt i skolen.

Reglane i opplæringslova om formålet med opplæring og reglane om innhaldet i opplæringa med forskrifter skal gjelde for heimeopplæringa så lenge desse reglane ikkje kjem i strid med dei folkerettslege pliktene som Noreg har. Departementet går i den samanheng ut frå at dei internasjonale pliktene til Noreg berre i liten grad avgrensar krava etter § 2-3 første leddet i lovutkastet om kva for hovudelement opplæringa skal innehalde, eller krava etter forskriftene om læreplanar. Barn og unge som får heimeopplæring, skal såleis som hovudregel følgje dei same læreplanane som andre elevar.

Departementet viser dessutan til framlegget om å føre vidare det kommunale tilsynsansvaret for heimeopplæringa, sjå kapittel 26 om tilsyn og kontroll. I denne samanhengen presiserer departementet at kommunen skal krevje at barnet skal gå i den offentlege skolen dersom heimeopplæringa ikkje er tilfredsstillande. Alternativt kan foreldra søkje om at barnet blir oppteke på ein godkjend privat skole.

Departementet er også samd i framlegget frå utvalet om å føre vidare retten og plikta for kommunen til å kalle elevane inn til særskilde prøver. Slike prøver må vere grunngitt med tilsynsansvaret til kommunane og det behovet kommunen har for å kontrollere at den opplæringa barna får er i samsvar med læreplanen.

Til forsiden