Ot.prp. nr. 46 (1997-98)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

2 Bakgrunnen for lovutkastet

2.1 Innleiing

På bakgrunn av dei behova for revisjon som det er gjort greie for i kapittel 1, oppnemnde Regjeringa 10.11.1993 eit utval som skulle gi ei samla vurdering av opplæringslovene som styringsmiddel for å nå dei nasjonale måla for opplæringa. Vurderinga skulle omfatte grunnskolelova, lov om vidaregåande opplæring, fagopplæringslova, privatskulelova, vaksenopplæringslova, folkehøgskolelova og lærarutdanningslova.

Utvalet skulle etter mandatet leggje fram eit forslag til ny opplæringslovgivning. Professor Eivind Smith vart oppnemnd til leiar for utvalet, som elles fekk desse medlemmene:

  • Kari Berg, utdanningsdirektør

  • Anders Folkestad, leiar

  • Eva Hildrum, avdelingsdirektør

  • Christine Hjortland, rådgivar

  • Harald Hove, advokat

  • Hanna Marit Jahr, ekspedisjonssjef

  • Lars Loe, rådgivar

  • Sr. Marie-Kristin Riosianu, rektor

  • Halvdan Skard, leiar

  • Kristin Solberg, universitetslærar

  • Johan Sverdrup, advokat

  • Rune Sørensen, professor

  • Per Wøien, leiar

  • Knut Aagesen, rektor

Målet for arbeidet var å få eit lovverk som samla sett framstod som eit betre og klarare styringsmiddel. Utvalet skulle også gå nøye gjennom kva for spørsmål som skulle styrast nasjonalt og på kva vis dette skulle gjerast. Framlegga skulle ta sikte på løysingar som tok vare på omsynet til nasjonal styring, samstundes som kommunane og fylkeskommunane fekk nødvendig fridom til å finne passande løysingar lokalt og til å nytta ressursane best mogleg. Det skulle også vurderast kva reglar om standardar og rettar som burde gjevast for framtida.

Utgreiinga frå opplæringslovutvalet vart oversend kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren 4. juli 1995 og vart trykt som NOU 1995: 18 Ny lovgivning om opplæring.

Opplæringslovutvalet gjer framlegg om ei ny felles opplæringslov, som omfattar både grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring. I tillegg går eit fleirtal i utvalet inn for at privatskulelova, fagopplæringslova og dei delane av vaksenopplæringslova som omhandlar grunnskole og vidaregåande opplæring særskilt organisert for vaksne blir tekne inn i ei ny opplæringslov. Resten av vaksenopplæringslova og folkehøgskolelova blir etter framlegget frå fleirtalet ført vidare som eigne lovar. Fleirtalet i utvalet går også inn for at delar av lærarutdanningslova blir tekne inn i den nye opplæringslova medan dei andre delane blir viste til styring etter universitets- og høgskolelova.

2.2 Høyring

Innstillinga frå utvalet blei send ut på ei brei høyring 21. juli 1995. Fristen for å uttale seg vart først sett til 1. november, men seinare utsett til 15. november 1995.

Departementet har teke mot 157 høyringsfråsegner frå nasjonale instansar, 16 fråsegner frå fylkeskommunar, 286 frå kommunar, 53 frå private grunnskolar og vidaregåande skolar og 33 frå folkehøgskolar - det vil seie totalt 545 høyringsfråsegner.

Nokre høyringsinstansar har meldt at dei ikkje har merknader til innstillinga. Det gjeld Miljøverndepartementet, Samferdselsdepartementet, Sivilombodsmannen og Forbrukarombodet.

Skolenes Landsforbund har i brev av 17.11.95 til departementet presisert at den felles høyringsfråsegna frå LO og Norsk Lærarlag representerer det synet forbundet har.

Frå Foreldreutvalet for grunnskolen har departementet fått ei samanstilling av høyringsfråsegner frå 21 grunnskolar og 14 kommunale foreldreutval.

Elles har departementet teke mot underskrifter frå rundt tusen foreldre i Østfold mot kommunal fridom til å fastsetje klassedelingstala og mot at rektor skal kunne vere leiar for fleire skolar, og ei rekkje fråsegner frå offentlege skolar, musikkskolar, enkeltpersonar, lokale organisasjonar og liknande.

2.3 Nærmare om innhaldet i proposisjonen - avgrensing mot andre arbeid

2.3.1 Høyringsinstansane

Ein del høyringsinstansar - blant andre ein del kommunar - meiner at dei kommunale musikkskolane bør lovregulerast. Det blir blant anna peikt på at lovfesting gir større stabilitet og gjer musikkskolane til ein naturleg del av det offentlege utdanningssystemet, og at lovfesting sikrar økonomien på ein betre måte. Lovfesting er også med på å motverke ei generelt manglande satsing på kulturfaga i skoleverket elles.

Kontaktutvalet mellom innvandrarar og norske myndigheter (KIM) kritiserer at opplæringslovutvalet fekk melding om å ikkje ta opp spørsmål knytte til utgreiinga frå framandspråkutvalet (NOU 1995: 12 Opplæring i et flerkulturelt Norge). KIM ser dette som uheldig fordi det har gjort at spørsmål om lovgrunnlaget for undervisningstilbodet og organiseringa av tilbodet til dei språklege minoritetane ikkje har vore ein del av det overordna arbeidet med å få lova i samsvar med dei endringane som har skjedd i samfunnet dei siste tiåra.

Lærarforbundet meiner at opplæringslova må omfatte ein klar individuell rett til førstegongs morsmålsopplæring for tospråklege elevar. LO og Norsk Lærarlag og Høgskolen i Sør-Trøndelag har teke eit liknande standpunkt.

Lærerforbundet og LO og Norsk Lærarlag meiner at dei tekniske fagskolane må lovregulerast.

Enkelte kommunar tek opp spørsmålet om lovfesting av skolefritidsordninga.

2.3.2 Vurderingar frå departementet

Departementet viser til kapittel 25 om opplæring spesielt organisert for vaksne, der det blir gjort framlegg om lovreglar i vaksenopplæringslova om tekniske fagskolar.

Departementet har i denne omgang ikkje hatt høve til å gjere noka gjennomgåande vurdering av etter- og vidareutdanningsfeltet. Departementet viser her til at det hausten 1996 blei sett ned eit utval som skulle greie ut etter- og vidareutdanninga for vaksne, jf. kgl. res. 27.09.1996. Utvalet leverte sin innstilling 1. oktober 1997, sjå NOU 1997:25 Ny kompetanse - Grunnlag for en helhetlig etter- og videreutdanningspolitikk. Departementet ser det som naturleg at det i etterkant av dette arbeidet blir gjort ein lovgjennomgang av heile vaksenopplæringsfeltet.

Departementet viser også til behandlinga i Stortinget av St. meld. nr. 55 (1996-97) Om skolefritidsordningen, jf. Innst. S. nr. 234 (1996-97). Departementet vil på denne bakgrunnen leggje fram ein eigen lovproposisjon om skolefritidsordninga.

Endeleg viser departementet til lovvedtak 19.06.1997 nr. 83 om heimel til å gi forskrifter om opplæring for elevar frå språklege minoritetar og plikt for kommunane til å ha eit musikk/kulturskoletilbod. Lovvedtaket er begrunna i Innst. O. nr. 95 (1996-97). Lovvedtaket er ført vidare i lovutkastet frå departementet.

Til forsiden