Ot.prp. nr. 83 (2003-2004)

Om lov om oppheving av lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd

Til innhaldsliste

3 Nærmare om omdanningsprosessen

Omdanninga av Norsk språkråd har frå starten vore tenkt som ein gradvis prosess utan fastlagde etappar eller eit klart definert endepunkt. Det er lagt opp til å vurdera og utgreia relevante spørsmål undervegs, etter kvart som dei ulike brikkene fell på plass.

I det følgjande gjer vi greie for det viktigaste av det som er skjedd til no, og skisserer nokre hovudtrekk i prosessen vidare.

Departementet utarbeidde først ei prosjektskisse, som låg føre i slutten av mars 2003. Parallelt vart det utlyst ei nyoppretta stilling som direktør. Tilsetjing skjedde i august 2003, og direktøren byrja i stillinga 1. januar 2004.

I samsvar med opplegget i prosjektskissa engasjerte departementet våren 2003 ein uavhengig konsulent til å gjennomføra ein intern organisasjonsanalyse av sekretariatet i Norsk språkråd og for å evaluera institusjonens utoverretta funksjonar. Rapporten frå organisasjonskonsulenten låg føre i slutten av juni 2003 og utgjer ein del av grunnlagsmaterialet for den vidare prosessen.

I viktige fasar av prosessen har departementet stått i nær kontakt med leiar og nestleiar i styret for Norsk språkråd. Det har m.a. vore drøfta korleis ein skulle få til ein smidig overgang frå den gamle til den nye institusjonen.

Den påtenkte omdanninga gjorde at ein fann det lite tenleg å oppnemna nytt råd da den ordinære funksjonstida for det sitjande rådet gjekk ut i februar 2004. I staden er no funksjonstida for det sitjande rådet prolongert inntil vidare. Dette kravde endringar i vedtektene for Norsk språkråd, og desse vart vedtekne gjennom kronprinsregentens resolusjon av 9. januar 2004.

Dei endra vedtektene inneheld også ei føresegn om at dei ordinære styrefunksjonane for Norsk språkråd skal ivaretakast av eit interimsstyre oppnemnt av Kultur- og kyrkjedepartementet. Etter tidlegare vedtekter skulle det vera eit styre på seks medlemmer valt av og blant rådet sjølv, halvparten frå kvar av dei to like store seksjonane som rådet er delt inn i, nynorskseksjonen og bokmålsseksjonen. Av desse skulle dei to seksjonsleiarane skifta om å vera leiar og nestleiar for eitt år om gongen.

Tanken om å oppnemna eit interimsstyre er eitt av elementa i den prosjektskissa som ligg til grunn for omdanningsarbeidet. Det trengst eit styreorgan som ved sida av direktøren, innanfor dei rammene som blir fastlagde av departementet, kan leia omdanningsarbeidet og førebu etableringa av den nye institusjonen.

Det ville ikkje vera naturleg at denne funksjonen låg hos eit styre som er valt av den institusjonen som skal avviklast. For likevel å sikra ein viss kontinuitet i overgangsfasen vil dei to seksjonsleiarane inngå som medlemmer i interimsstyret. Dette er fastsett i dei endra vedtektene, og dei to tidlegare seksjonsleiarane vart attvalde av det prolongerte rådet i februar.

I samsvar med dette har departementet no oppnemnt eit interimsstyre på sju medlemmer, inkludert dei to seksjonsleiarane. Departementet har også fastsett mandat for interimsstyret.

Departementet har lagt til grunn at den nye institusjonen skal byggja opp gode kontaktar til alle delar av det norske språksamfunnet. Dette krev brei deltaking og ein open prosess også i sjølve omdanningsfasen. Prosessen må derfor strekkja seg over noko lengre tid enn det som elles ville vore nødvendig.

Departementet arbeidde gjennom hausten 2003 med å førebu den eksterne fasen av utgreiings- og omdanningsprosessen, og eit særskilt drøftingsdokument vart 20. januar 2004 sendt på høyring til meir enn 300 adressatar med frist 20. april. Mottakarane av dokumentet vart i tillegg bedne om å gjera saka kjend for aktuelle underliggjande institusjonar eller tilknytte foreiningar, organ, medlemmer eller liknande.

I samråd med departementet har dessutan Norsk språkråd som ein del av rådsmøtet i februar 2004 arrangert eit dagsseminar med inviterte føredragshaldarar og gjester. Rapporten frå seminaret vil også inngå som ein del av bakgrunnsmaterialet for den vidare prosessen.

I det nemnde høyringsdokumentet har departementet lagt til grunn at ei av oppgåvene for interimsstyret bør vera å få utarbeidd eit strategidokument for den nye institusjonen. Føresetnaden er at interimsstyret for dette formål kan oppnemna ei særskild arbeidsgruppe. Dette inneber i praksis at arbeidet med strategidokumentet bør strekkja seg over ei viss tid. Dei innkomne høyringsfråsegnene vil utgjera ein del av grunnlagsmaterialet i dette arbeidet.

Ønsket om å utarbeida eit strategidokument er elles i samsvar med signalet i prosjektskissa om at det kunne bli aktuelt å gjennomføra nødvendig fagleg utgreiingsarbeid som ein del av organisasjonsutviklinga. Dette bør også sjåast i samanheng med eit opphavleg framlegg frå Norsk språkråd på rådsmøtet i 2002 om eit meir omfattande utgreiingsarbeid, jf. nærmare omtale under kap. 12.1 i kulturmeldinga.

Det er i grunnlagsdokumenta understreka at den nye institusjonen må kunna arbeida strategisk, både med tanke på prioritering av oppgåver og i måten han opptrer på overfor samfunnet ikring. Strategidokument vil først og fremst ha som funksjon å leggja opp til handlingsretta prioriteringar og må i hovudsak byggja på det kunnskapsgrunnlaget som ligg føre frå før. Dette hindrar ikkje at dokumentet kan identifisera og formulera tema eller problemstillingar som det kan vera behov for å utgreia og analysera nærmare på eit seinare tidspunkt.

Departementet har i høyringsdokumentet lagt til grunn at eit slikt samspel mellom utgreiing og analyse på den eine sida og målretta tiltaksarbeid på den andre sida står fram som den mest tenlege framgangsmåten for det språkpolitiske arbeidet. Den nye institusjonen bør derfor bli eit mest mogleg fleksibelt instrument som raskt kan tilpassa seg nye utfordringar og prioriteringar. I høyringsdokumentet er det lagt til grunn at det samla oppgåvespekteret ikkje må fastleggjast ein gong for alle, jamvel om det naturleg vil vera ein del kjernefunksjonar som den nye institusjonen til kvar tid vil måtta ivareta.

Ein konsekvens av dei føresetnadene som det er gjort greie for ovanfor, er at det førebels ikkje er aktuelt å ta standpunkt til korleis den nye institusjonen bør innrettast, og kva for organisering og styringsordning det bør leggjast opp til på meir varig basis. Det bør ikkje takast endeleg avgjerd om dette før interimsstyret har kome eit godt stykke på veg i arbeidet sitt, m.a. når det gjeld strategiutviklinga.

På denne bakgrunn vil det ikkje vera tenleg å leggja fram forslag for Stortinget om permanent organisering og styring av den nye institusjonen i løpet av hausten 2004. Den interimsbaserte styringsordninga som det er gjort greie for ovanfor, bør i alle høve halda fram lenge nok til at ein kan få gjennomført nødvendig utgreiingsarbeid innanfor ramma av den omtalte strategiplanen. Dette tilseier at funksjonsperioden for det interimsstyret som nettopp er oppnemnt, truleg bør strekkja seg til om lag 1. januar 2006.

Departementet vil likevel leggja opp til at den nye institusjonen formelt blir etablert med verknad frå 1. januar 2005. Dette inneber at den noverande rådsordninga kan avviklast frå same dato, og at ein ikkje treng innkalla til nytt rådsmøte på nyåret 2005. Den etablerte rådsordninga har såleis utspelt mykje av si rolle som resultat av den pågåande omdanningsprosessen og den interimsbaserte styringsordninga som er etablert, og det er mest tenleg å konsentrera ressursane om framtidsretta aktivitetar.

Ein føresetnad for å kunna gjennomføra det formelle skiftet frå gammal til ny institusjon frå 1. januar 2005 er at det noverande lovgrunnlaget blir endra. Dette er bakgrunnen for at departementet i denne proposisjonen fremjar forslag om å oppheva lov om Norsk språkråd.

Dette er i samsvar med det departementet varsla i det nemnde høyringsdokumentet av 20. januar 2004. Det heitte her at departementet tok sikte på å fremja ein lovproposisjon så snart Stortinget hadde behandla kulturmeldinga våren 2004.

Departementet vil elles koma tilbake med nødvendige framlegg om formell etablering av den nye institusjonen i samband med budsjettframlegget for 2005.