Prop. 1 S Tillegg 1 (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 Endring av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2011 under Landbruks- og matdepartementet

Til innhaldsliste

1.2 Omtale av forslaga til endringar i statsbudsjettet for 2011

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Post 70 Marknadsregulering, kan overførast

Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga

Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg og for norske varer som blir eksportert. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.

På grunn av at prisane på verdsmarknaden fall igjen i 2009, auka prisnedskrivinga og forbruket på RÅK-ordninga frå 122,5 mill. kroner i 2008 til 197,6 mill. kroner i 2009. Auken i målprisane i dei seinaste jordbruksoppgjera gjer òg at løyvingane til RÅK må aukast. Verdsmarknadsprisane har no stabilisert seg og forbruket til prisnedskriving i 2010 blir lågare enn budsjettert.

Frå 2011 blir det flytta 16 mill. kroner i prisnedskrivingstilskott til potetstivelse og glykose til ei ny ordning under post 73.21.

For 2011 gjer ein framlegg om ei løyving på 179,0 mill. kroner til ordninga.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

Underpost 73.21 Tilskott til prisnedskriving av potetsprit og potetstivelse

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit og potetstivelse gjennom marknadsordninga for poteter. Det er ikkje gjort satsendringar for prisnedskrivingstilskottet for potetsprit i jordbruksoppgjeret.

Det blir innført eit nytt tilskott for sal av potetstivelse til industri med ein sats på 2,50 kroner per kg innanfor ei ramme på 16 mill. kroner. Tilskottet blir utbetalt til produsentar av potetstivelse etter mal frå prisnedskrivingstilskottet for rektifisert potetsprit.

Tilskottet til potetsprit blir vidareført med ei løyving på 20 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 36 mill. kroner til ordninga i 2011.

Til forsida av dokumentet