Prop. 1 S Tillegg 4 (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 Endring av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2011 (Fullmakt til å ta opp statslån o.a., og saldering av statsbudsjettet for 2011)

Til innhaldsliste

6 Opplåninga

6.1 Langsiktige lån

Statens opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden har sidan 1991 i hovudsak skjedd gjennom auksjonar av obligasjonar. Det vert lagt vekt på å konsentrere opplåninga om eit fåtal lån spreidde over fleire løpetidssegment opp til 9-11 år. Eit nytt obligasjonslån med om lag 11 års løpetid vert normalt opna kvart anna år og vert etter kvart bygd opp til relativt store volum. Med denne strategien søkjer staten å bidra til ein likvid og velfungerande andrehandsmarknad, jf. avsnitt 4.2. Det er for tida seks referanselån i marknaden, jf. tabell 6.1.

Tabell 6.1 Statsobligasjonar. Uteståande i referanselån per 15. oktober 20101

Børsnummer

Første gong lagt ut

Forfall

Nominelt pålydande beløp (mill. kroner)

Kupongrente (pst.)

NST469

09.06.00

16.05.11

46 150

6,00

NST470

30.05.02

15.05.13

60 544

6,50

NST471

02.06.04

15.05.15

48 125

5,00

NST472

19.05.06

19.05.17

36 737

4,25

NST473

22.05.08

22.05.19

26 000

4,50

NST474

25.05.10

25.05.21

16 000

3,75

1 Inkluderer statens eigenbehaldning til bruk i marknadspleia.

Kjelde: Finansdepartementet.

Så langt i 2010 har det vore avvikla seks auksjonar, med eit samla volum på 25 mrd. kroner. Resultat av auksjonane i fjerde kvartal i fjor og hittil i år er oppsummert i tabell 1.1 i vedlegg 1.

Ein indikator på kor vellukka ein auksjon har vore, er den effektive renta ein har oppnådd i auksjonen sett i høve til rentenivået i andrehandsmarknaden på same tidspunkt. Ei slik samanlikning er enklast å gjere i dei tilfella der ein utvidar eit lån som allereie er prisnotert i marknaden. Det normale i ein auksjon av norske statsobligasjonar er at den effektive renta ein oppnår ligg mellom kjøps- og salsrenta i andrehandsmarknaden på auksjonstidspunktet.

Den gjennomsnittlege renta i auksjonane hittil i år har vore 63 rentepunkt lågare enn midtrenta i rentebytemarknaden. I 2009 var renta i gjennomsnitt 50 rentepunkt under midtrenta.

Det er viktig for staten at det er interesse for auksjonane, slik at ein kan oppnå best mogleg resultat i form av låge lånekostnader. Ein måte å måle denne interessa på er forholdet mellom samla bodvolum og volum som blir lagt ut i auksjonen ("bid-to-cover"). I dei auksjonane som har vore gjennomførde hittil i år har dette forholdstalet variert mellom 1,9 og 3,5.

6.2 Kortsiktige lån

6.2.1 Statskassevekslar

Den alminnelige kortsiktige opplåninga i marknaden skjer gjennom sal av statskassevekslar. Dette er papir utan kupongrente der avkastninga er knytt til underkursen dei vert lagde ut til. Med dagens opplegg vert det opna nye veksellån med 12 månaders løpetid fire gonger i året. Forfall er knytt til oppgjersdato for standardkontraktar i dei internasjonale marknadene, såkalla IMM-datoar. Den kortsiktige opplåninga medverkar til eit komplett tilbod av statspapir med ulike løpetider. I tillegg er den kortsiktige opplåninga lagt opp slik at ein tek omsyn til balansen i pengemarknaden.

Jamfører ein resultatet av auksjonane i kortsiktige statspapir med tilsvarande rente i pengemarknaden, ventar ein at renta på statspapir skal liggje under denne, jf. at investeringar i statspapir blir rekna som kredittrisikofrie. Renta staten har oppnådd i auksjonane hittil i år har gjennomsnittleg lege 50 rentepunkt under midtrenta i pengemarknaden på auksjonstidspunktet. I 2009 var renta i gjennomsnitt 59 rentepunkt under midtrenta. Resultat av auksjonane i fjerde kvartal i fjor og hittil i år er oppsummert i tabell 1.2 i vedlegg 1.

6.2.2 Andre kortsiktige lån

Andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og dessutan eventuelle kontolån frå institusjonar som ved særlege høve kan verte pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten, jf. avsnitt 2.3.3.

Per 30. september 2010 var dei totale plasseringane under fullmakta for andre kortsiktige lån nær 179 mrd. kroner. Ein har då ikkje rekna med kontolån frå ordinære fond (kontogruppe 81 i statsrekneskapen)1. Den største plasseraren er operatørbanken som forvaltar likviditeten i samband med visse skatte- og avgiftsbetalingar. Denne operatørbanken skal etter dagens ordning plassere den likviditeten banken får ved slike statlege betalingar som uforrenta kontolån til staten. Slike kontolånsplasseringar varierer mykje gjennom året. Per 30. september 2010 var det uteståande kontolån på om lag 77 mrd. kroner under denne ordninga. Hovuddelen av kontolåna frå operatørbanken er no knytt til ordninga for innbetaling av folketrygdavgift og skatt på inntekt til kommunekasserarane. Desse er pålagde å ha eigen kassefunksjon og eigen bankkonto for innbetalte skatte- og trekkbeløp. Denne skattebetalingsordninga er ikkje omfatta av staten si ordinære konsernkontoordning.

Fotnotar

1.

Kontolån av denne typen er ikkje å rekne som lån i vanleg forstand, mellom anna fordi kreditor, som er eit fond under eit departement, ikkje på noko tidspunkt kan disponere hovudstolen.

Til forsida av dokumentet