Prop. 1 S Tillegg 4 (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 Endring av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2011 (Fullmakt til å ta opp statslån o.a., og saldering av statsbudsjettet for 2011)

Til innhaldsliste

5 Utviklinga i statsgjelda

Ved utgangen av 2009 var staten si bruttogjeld om lag 628 mrd. kroner. Den kraftige auken i bruttogjelda har samanheng med at uteståande statskassevekslar auka som følgje av byteordninga. Av den total auka frå 2008 til 2009 på 278 mrd kroner var 230 mrd. knytt til byteordninga. Statens fordringar var på same tid om lag 3 989 mrd. kroner, herunder 2 759 mrd. kroner i Statens pensjonsfond utland. Statskassens netto fordringar var dermed om lag 3 172 mrd. kroner, jf. Meld. St. 3 (2009-2010) Statsrekneskapen 2009.

Tabell 5.1 Samansetjinga av statsgjelda. Mill. kroner

31.12.08

31.12.09

30.09.10

Langsiktige lån1

213 007

204 356

230 556

Kortsiktige marknadspapir2 3

94 987

291 564

288 910

Andre kortsiktige lån

41 979

131 745

178 760

Statsgjeld i alt3

349 973

627 665

698 226

Kontantbehaldning

147 360

138 036

200 920

1 Lån med lengre løpetid enn eitt år.

2 Lån med løpetid inntil eitt år.

3 Statskassevekslar som er nytta i byteordninga er medrekna. Pr 30.09 utgjorde dette 225 mrd.

Kjelde: Finansdepartementet.

Figur 5.1 Utviklinga i statsgjelda

Figur 5.1 Utviklinga i statsgjelda

1 Ved utgangen av 3. kvartal for 2010

2 Ikkje medrekna kontolåna

Til forsida av dokumentet