Prop. 1 S Tillegg 4 (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 Endring av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2011 (Fullmakt til å ta opp statslån o.a., og saldering av statsbudsjettet for 2011)

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om endring av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2011 (Fullmakt til å ta opp statslån o.a., og saldering av statsbudsjettet for 2011)

I

I statsbudsjettet for 2011 blir det løyvd under følgjande kapittel:

Utgifter:

Kap

Post

Formål

Kroner

2309

Tilfeldige utgifter:

1

Driftsutgifter

9 873 000 000

mot tidlegare foreslått kr 9 825 000 000

II

Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye langsiktige innanlandske statslån i 2011 til eit beløp av 50 000 mill. kroner.

III

Finansdepartementet får fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån til eit beløp av 300 000 mill. kroner i 2011.

IV

Finansdepartementet får fullmakt i 2011 til å ta imot innskot i form av kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og frå institusjonar som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere likviditet som kontolån til staten.

V

Finansdepartementet får fullmakt til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar i 2011.

VI

Forslag til romartalsvedtak X under Forsvarsdepartementet i Prop. 1 S (2010-2011) vert teken ut.

Til forsida av dokumentet