Prop. 124 S (2010–2011)

Delvis bompengefinansiering av Fosenpakka i Sør- og Nord-Trøndelag

Til innhaldsliste

2 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak

Fosenpakka omfattar 17 prosjekt fordelt på 3 delpakker. Alle prosjekta ligg på Fosenhalvøya med unntak av delprosjektet fv 710 Ingdal-Valset, som ligg i Agdenes kommune. Fire prosjekt ligg heilt eller delvis i Nord-Trøndelag, resten ligg i Sør-Trøndelag.

Kvar delpakke omfattar fleire prosjekt som lokale styresmakter har sett i prioritert rekkjefølgje (sjå tabell 2.1). Fleire omsyn ligg til grunn for prioriteringa av prosjekta: Kommunikasjon mellom Fosen og Trondheim, nærleik til stadene for bompengeinnkrevjing, samla trafikk på strekningane, trafikktryggleik og kommunikasjon internt på Fosen. Fosen har om lag 27 500 innbyggjarar og eit allsidig næringsliv. Det er også ein stad for rekreasjon med 9 500 fritidsbustader.

Tabell 2.1 Lokalt forslag til utbyggingsrekkjefølgje (prioritert prosjektliste)

Prioritet

Delpakke 1

1

Fv 717 Sund – Bradden

2

Fv 715 Vanvikan – Olsøy

- Fv 715 Keiseråslia – Olsøy (Kråkmo)

- Fv 715 Vanvikbakkene

3

Fv 755 Leksvik – Vanvikan

4

Fv 710 Ingdal – Valset

5

Fv 715 Rørvik

Prioritet

Delpakke 2

6

Fv 715 Rørvik – Vanvikan

7

Fv 715 Olsøybakkene

8

Fv 715 Haugsdalen – Rødsjø

9

Fv 715 Rødsjø – Krinsvatn

10

Fv 715 Bru over Krinsvatn

11

Fv 717 Bradden – Stadsbygd – Rørvik

12

Fv 715 Krinsvatn – Årnes

Prioritet

Delpakke 3

13

Fv 710 Brekstad – Botngård

14

Fv 710 Botngård – Krinsvatn

15

Fv 715 Reppkleiv – Årgård

16

Fv 14 Roan - Reppkleiv

17

Fv 193 Verrabotn - Meltingen

Delpakke 1

Prosjekta i delpakke 1 omfattar utbetring og omlegging av eksisterande veg i Sør- og Nord-Trøndelag. Prosjektet fv 717 Sund - Bradden hadde høgast prioritet då utbyggingsrekkjefølgja blei vedteken av kommunar og fylkeskommunar. Det blei løyvd 20 mill. kr til omlegging av eksisterande veg på strekninga i 2009 innafor den fylkesfordelte ramma til øvrige riksvegar i Sør-Trøndelag. Grunna kvikkleirefunn blir det no vurdert andre trasear med mindre geotekniske utfordringar.

Fv 715 Vanvikan - Olsøy er det mest omfattande prosjektet. Dagens fv 715 går frå Vanvikan forbi Rissa, på vestre side av Storevatnet, og vidare forbi Olsøy. Strekninga på 29 kilometer har mange avkøyringar, noko som resulterer i låg fartsgrense og dårleg framkomelegheit for den aukande trafikken. Bakken frå Vanvikan har problematiske stigningsforhold og er uoversiktleg, noko som skapar farlege situasjonar. Ny veg vil følgje dagens fv 82 på austsida av Storevatnet.

Fv 755 Leksvik – Vanvikan og fv 710 Ingdal – Valset er dei lengste strekningane; kvar på om lag 30 kilometer. Tiltaka her omfattar utbetring av eksisterande veg. På fv 715 Rørvik er det planlagt ombygging av eit kryss.

Delpakke 2

Prosjekta i delpakke 2 omfattar utbetring og omlegging av eksisterande veg, i hovudsak i Sør-Trøndelag. Det er også planlagt ei ny bru over Krinsvatn. Den lengste strekninga som skal bli utbetra, er fv 715 Krinsvatn – Årnes på om lag 20 kilometer. Dei andre strekningane er på om lag 10 kilometer eller kortare.

Delpakke 3

Prosjekta i delpakke 3 omfattar utbetring av eksisterande veg i Sør- og Nord-Trøndelag. Dette vil betra kommunikasjonen internt på Fosen og til hovudvegnettet mot Trondheim. Oppstart av prosjekt innafor delpakke 3 krev i utgangspunktet ny lokalpolitisk behandling slik at fylkeskommunen kan setja av naudsynte fylkeskommunale midlar.

Figur 2.1 Kart.

Figur 2.1 Kart.

Kjelde: Statens vegvesen

Kostnadsoverslag

Det samla kostnadsoverslaget for prosjekt og tiltak i Fosenpakka er om lag 1,7 mrd. Samla kostnadsoverslag for delpakke 1 og 2 er om lag 1,3 mrd. 2011-kr.

For prosjekta som er prioriterte for oppstart i perioden 2010-2013, ligg det føre godkjende reguleringsplanar eller arbeidet med reguleringsplanar er starta opp. Prosjektet fv 755 Leksvik-Vanvikan er kostnadsrekna til 73 mill. 2011-kr. Fv 715 Vanvikbakkene er kostnadsrekna til om lag 110 mill. 2011-kr. Reguleringsplanen for fv 710 Ingdal - Valset er under arbeid, men framdrifta er noko forsinka grunna kvikkleirefunn. Det pågår også planarbeid for fv 715 Keiseråslia - Olsøy og for fv 715 Rørvik.

Det er framleis knytt stor uvisse til kostnadene for fleire prosjekt og tiltak. Det ligg imidlertid ein fleksibilitet i bompengepakka ved at omfanget på utbygginga kan bli vurdert undervegs. Dersom nokre prosjekt blir dyrare enn venta, vil dei lågast prioriterte prosjekta kunna bli tekne ut av pakka.