Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 800–882, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858

Til innhaldsliste

Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Under programkategori 11.00 Administrasjon ligg i hovudsak lønns- og driftsutgifter til departementet.

Resultatrapport og strategiar

Departementet hadde 164 tilsette per 31. desember 2018. Hovudoppgåvene til departementet er knytte til familie, oppvekst- og levekår for barn og unge, barnevern, forbrukarpolitikk og tru- og livssyn. Dei ulike fagområda er nærare omtalte under programkategoriane lenger bak i proposisjonen.

Departementet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Departementet skal òg vere ein tydeleg etatsstyrar og ta hand om forvaltingsoppgåvene på ein god måte. For å nå desse måla arbeider departementet mellom anna med innføring av nye arbeidsformer og med kompetanseutvikling. Dette arbeidet held fram i 2020.

Målet for arbeidet med digitalisering i BFD er å fornye, forenkle og forbetre tenester og arbeidsprosessar. Departementet har i 2019 arbeidd med å følgje opp krav om og føringar for digitalisering i offentleg sektor. Departementet vil i 2020 arbeide med å følgje opp den nye digitaliseringsstrategien for offentleg sektor og Nasjonal strategi for digital sikkerheit.

Målet for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i BFD er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle inntreffe. Departementet har arbeidd systematisk med å utvikle samfunnstryggleiks- og beredskapsfeltet. Vi har særleg arbeidd med å følgje opp krava i den nye sikkerheitslova. Som tiltak for å førebu oss på uønskte hendingar i framtida vil BFD i 2020 gjennomføre beredskapsøvingar og gå gjennom erfaringar frå dei for å lære og forbetre planverket.

Den nye lova om nasjonal sikkerheit tok til å gjelde 1. januar 2019. Dei nasjonale tryggingsinteressene skal sikrast gjennom at ein varetek grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF). Departementa skal i medhald av sikkerheitslova § 2-1 identifisere GNF og gjere vedtak overfor verksemder som har avgjerande innverknad på GNF.

BFD har i 2019 fullført arbeidet med å vurdere ansvarsområde knytte til GNF. Det er ikkje identifisert GNF i sektoren til BFD. Departementet tek sikte på å fastsetje GNF for departements- og statsrådsfunksjonen innan utgangen av 2019.

Regjeringa byggjer politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Regjeringa føreset at alle statlege verksemder gjennomfører årlege tiltak for å auke produktiviteten. For å gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skape handlingsrom for prioriteringar innførte regjeringa derfor ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform i 2015. Innhentinga av gevinstar blir sett til 0,5 prosent av driftsutgiftene til verksemda. BFD fører vidare avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma i 2020-budsjettet for alle sine verksemder. I tillegg er driftsstøtte og prosjektstøtte på 70-postar redusert med 0,5 pst. i 2020, før andre endringar på postane.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

800

Barne- og familiedepartementet

161 026

160 854

162 658

1,1

Sum kategori 11.00

161 026

160 854

162 658

1,1

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

151 408

150 743

151 109

21

Spesielle driftsutgifter

9 618

10 111

11 549

Sum kap. 0800

161 026

160 854

162 658

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter for departementet. Departementet føreslår å redusere løyvinga på posten med 2,2 mill. kroner som følgje av endringa i departementsstrukturen som tok til å gjelde frå mai 2019. Posten er òg redusert med 136 000 kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 510, post 01, som følgje av ei endring i finansieringa av fellestenester som Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa leverer.

Departementet føreslår ei løyving på 151,1 mill. kroner i 2020.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til utgreiingsprosjekt i departementet og til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 1,2 mill. kroner som følgje av endringa i departementsstrukturen som tok til å gjelde frå mai 2019.

Departementet føreslår ei løyving på 11,5 mill. kroner i 2020.

Kap. 3800 Barne- og familiedepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Tilfeldige inntekter

324

Sum kap. 3800

324

Programkategori 11.10 Familie og oppvekst

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa vil arbeide for ein familiepolitikk som omfattar alle familiar, og som tek utgangspunkt i kvardagen deira. Familiane bør ha fridom til å forme sin eigen kvardag i størst mogleg grad og til å velje dei løysingane som fungerer best for dei. Familien er eit sterkt og grunnleggjande sosialt fellesskap som skaper ei trygg ramme kring oppveksten til barn og unge. Regjeringa vil styrkje tidleg innsats, førebyggjande tiltak og støtte som legg til rette for at flest mogleg barn kan få ein god oppvekst i sin familie og sitt nærmiljø. Ein god politikk for familiane legg grunnlaget for god livskvalitet og gir helsemessige og samfunnsøkonomiske gevinstar.

Å styrkje familiane er viktig for å gi vaksne og barn ei trygg ramme rundt livet deira. Gode, trygge og stabile samliv er eit mål i seg sjølv. Mykje er nytt for fyrstegongsforeldre: foreldrerolla, ein annan økonomi, amming og barnesjukdommar. Mange foreldre opplever derfor utfordringar i parforholdet den første tida etter at dei har fått barn. For mange barn opplever òg at foreldra går frå kvarandre. Regjeringa vil gi fyrstegongsforeldre tilbod om samlivskurs. Målet er å styrkje parforholdet og å gi foreldra tryggleik i foreldrerolla.

Familieverntenesta utgjer grunnstamma i hjelpetilbodet til familiar når det gjeld samlivsproblem og konfliktar i parforhold, mekling og foreldresamarbeid. Familievernet snakkar med stadig fleire barn i meklingssakene. Departementet vil arbeide for at endå fleire barn nyttar tilbodet om samtale med familievernet. Tilbodet til familiar med eit høgt konfliktnivå skal òg bli betre, og fleire høgkonfliktsaker skal løysast i samband med mekling ved familievernkontora, som alternativ til at foreldretvisten blir handsama av domstolane. Eit offentleg nedsett utval går gjennom dagens organisering, finansiering, juridiske rammeverk og oppgåveløysing i familieverntenesta. Utvalet skal levere innstillinga si innan utgangen av 2019.

Vald i nære relasjonar og vald og seksuelle overgrep mot barn er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Arbeidet mot vald og overgrep held fram med høg prioritet i 2020, mellom anna gjennom oppfølging av Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021). Vald og overgrep mot barn kan vere vanskeleg å oppdage. Barn vegrar seg gjerne for å snakke om vald og overgrep, særleg når den som utøver valden, er ein som står dei nær. Det er viktig å bryte tabua kring vald og overgrep, slik at fleire tør å spørje og fleire utsette tør å snakke om opplevingane sine. Regjeringa vil derfor i 2020 arbeide for å auke kompetansen i tenestene, slik at vald og overgrep mot barn blir avdekt tidlegare.

Dei fleste barna i Noreg veks opp i ein trygg familie med gode økonomiske kår, og ulikskapen i inntekter er liten i Noreg jamført med andre land. Samstundes er det familiar som har så låg inntekt eller levestandard at det avgrensar høvet deira til å delta i samfunnet på ein fullverdig måte. Dette rammar barna. Regjeringa vil arbeide for at alle barn og unge skal ha likeverdige tilbod utan omsyn til kva bakgrunn dei har. Det sosiale tryggingsnettet må styrkjast, slik at fleire blir inkluderte og får delta i samfunnet på linje med andre. Barn som lever i fattigdom, regjeringens strategi (2015–2017) gjekk ut ved årsskiftet 2017–2018. Ei rekkje av dei 64 tiltaka i strategien vart følgde opp vidare av dei ansvarlege departementa. Regjeringa tek sikte på å fremje ein ny samarbeidsstrategi i 2020. Målet for strategien er å redusere forskjellar mellom barn og unge når det gjeld høvet til å delta og utvikle seg, og å førebyggje at levekårsulempene går i arv. Strategien skal òg bidra til betre koordinering på tvers av sektorane og gi meir kunnskap om barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt.

Overføringane til barnefamiliane er ein del av den samla velferdspolitikken. Barnetrygda er universell og kjem alle barnefamiliar til gode, uavhengig av inntekt. Regjeringa føreslår å auke barnetrygda for barn opp til fylte seks år med 300 kroner i månaden. Dette gir ei årleg auke på 3 600 kroner, sjå under omtalen av barnetrygd. Auken har relativt sett meir å seie for dei med låg inntekt enn for dei med høg inntekt, og vil gi barn som veks opp i familiar med låg inntekt, betre høve til utvikling. Kontantstøtteordninga gir småbarnsfamiliane større valfridom når det gjeld korleis dei vil organisere omsorga for små barn. Regjeringa vil derfor oppretthalde ordninga.

Det er i dag mange barn og unge som ikkje deltek i fritidsaktivitetar. Gode aktivitetsarenaer med rom for samvær, utfalding og vennskap er viktige i ein god oppvekst. I tillegg kan mange barn og unge oppleve det som vanskeleg å stå utanfor slike fellesskap med jamgamle. Årsakene til at mange barn og unge ikkje deltek i fritidsaktivitetar kan vere fleire, men auka økonomisk ulikskap og utgifter til organiserte fritidsaktivitetar er to forklaringsfaktorar. Fritida til barn er meir organisert i dag enn tidlegare. Å stå utanfor er derfor ein større risikofaktor og ei større utfordring enn før og kan hindre barn og unge frå å delta i samfunnet. Regjeringa føreslår å bruke 60 mill. kroner til eit forsøk med fritidskortordningar i 2020. Auka deltaking vil gi fleire barn og unge oppleving av meistring, vennskap og av å vere inkludert.

Foreldrepengeordninga er ein sentral del av familiepolitikken. Foreldrepengeområdet er nærare omtalt under programkategori 28.50.

Mål

BFD har for 2020 desse måla på området familie og oppvekst:

Mål

  • Auke deltakinga i sosiale aktivitetar blant barn som veks opp i familiar med låg inntekt.

  • Fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, inngår avtalar.

  • Fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling.

  • Fleire foreldre skal få tilbod om foreldrestøtte.

  • I større grad førebyggje og avdekkje valds- og overgrepssaker mot barn og unge.

Desse måla er nærare omtalte under overskriftene Arbeid mot fattigdom blant barn og unge, Mekling og tilbod til familiar med høgt konfliktnivå, Høyring av barn i mekling, Foreldrestøttande arbeid og Arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og overgrep mot barn og unge.

Resultatrapport og strategiar

Kunnskapsbasert politikkutvikling

For å utvikle god og treffsikker politikk og forvalting er det naudsynt å arbeide kunnskapsbasert. Innanfor programkategorien Familie og oppvekst arbeider departementet systematisk for å auke kunnskapsgrunnlaget. Departementet har derfor sett i gang ein BarnUnge21-strategi i 2019. Strategien vil leggje grunnlaget for ein heilskapleg innsats for utsette barn og unge. Strategien skal bidra til eit godt grunnlag for regjeringa sine prioriteringar framover. Målet er at færre barn og unge skal falle utanfor gjennom livsløpet.

Eit berekraftig velferdssamfunn er avhengig av at tilgjengelege ressursar blir brukte mest mogleg effektivt. For å kunne målrette tiltak, tenester og førebyggjande arbeid retta mot barn, unge og familiar må vi å kjenne effektane av dei. Departementet vil derfor styrkje forskinga på førebyggjande arbeid, tiltak og tenester retta mot barn, unge og familiar med om lag 11 mill. kroner. Ny og forbetra kunnskap vil bidra til at vi kan utvikle meir målretta og effektive tenester og tiltak av høgare kvalitet.

Ein kunnskapsstatus om kva familien har å seie og anna kunnskapsinnhenting vil vere sentrale i den vidare utviklinga av familiepolitikken. Meir konkrete forskingsprosjekt er omtalte under dei ulike områda nedanfor.

I 2020 vil departementet prøve ut ein ny førebyggingsmodell gjennom kunnskapsbasert utvikling av tiltak for ungdom, inspirert av den islandske Planet Youth-modellen. Kjerneelementa i metodikken er å identifisere og handtere utfordringar gjennom tett kontakt og samarbeid mellom politikkutviklarar, forskingsmiljø, lokale aktørar og dessutan barn og unge sjølve.

Dei økonomiske kåra til barnefamiliane

Dei økonomiske kåra til barnefamiliane blir i hovudsak bestemt av inntekt frå arbeid og kapital, overføringar frå det offentlege og det familiane betalar i skatt. Blant desse er arbeid det viktigaste verkemidlet mot fattigdom. Overføringar frå det offentlege kan bestå av kontantytingar, meir eller mindre subsidierte tenester og skatteletter. Desse overføringane har direkte verknader i seg sjølve, ved at familien får ei større disponibel inntekt her og no. Barnetrygda er ei slik ordning. I tillegg kan overføringane vere innretta slik at dei kan gi bestemte insentiv, til dømes kombinasjonen av det å få barn og ha ei tilknyting til arbeidsmarknaden. Foreldrepengeordninga er ei slik ordning.

Overføringar og støtte til barnefamiliane

Overføringane til barnefamiliane er ein del av den samla velferdspolitikken. Barnetrygda er universell og kjem alle barnefamiliar til gode uavhengig av inntekt. Ei raus foreldrepengeordning og offentleg støtte til barnehagar legg til rette for at foreldre kan kombinere barn med yrkesaktivitet. Eingongsstønaden er viktig for dei som frivillig eller ufrivillig ikkje er i yrkesaktivitet. Samstundes gir kontantstøtta familiar fleksibilitet og valfridom og gjer det mogleg for familiane å velje dei løysingane som passar best for dei. Nedanfor går vi gjennom to av dei sentrale overføringsordningane til barnefamiliar – kontantstøtte og barnetrygd – i korte trekk. Arbeids- og velferdsetaten (NAV) forvaltar overføringsordningane. Vi gir òg ein statusrapport om forvaltinga til NAV på området til BFD. I tillegg omtaler vi barnebidrag og utvalet som har sett på støtteordningar til barnefamiliane. Foreldrepengar og eingongsstønad ved fødsel er omtalte under programkategori 28.50.

Kontantstøtte

Kontantstøtte er eit alternativ til bruk av barnehage for barn mellom eitt og to år. Stønadsperioden for kontantstøtte er inntil elleve månader frå og med månaden etter at barnet har fylt eitt år, til og med månaden før barnet fyller to år (13 til 23 månader). Satsen for full kontantstøtte er 7 500 kroner per månad. Det er eit krav om fem års butid i Noreg (eller EØS) for rett til kontantstøtte. Innføring av graderte satsar for kontantstøtte avhengig av barnets opphaldstid i barnehagen frå 1. august 2018 har auka familiane si valfridom.

Per mars 2019 blei det utbetalt kontantstøtte for 31,6 prosent av barna i kontantstøttealder, noko som er 0,5 prosentpoeng lågare enn i mars 2018. Frå 2013 til 2018 blei det utbetalt kontantstøtte med full sats for mellom 98 og 99 prosent av alle barn med kontantstøtte. Ved utgangen av mars 2019 har denne delen blitt redusert til 95,7 prosent. Nedgangen kan ha samanheng med innføringa av graderte satsar for kontantstøtte.

Det er vanlegare å bruke kontantstøtteordninga i familiar med innvandrarbakgrunn enn i familiar utan innvandrarbakgrunn. Tal per 1. september 2018 frå SSB visar at det for eittåringar med innvandrarbakgrunn blei utbetalt kontantstøtte til 28 prosent, medan det for eittåringar utan slik bakgrunn blei utbetalt kontantstøtte til 17 prosent. Ordninga er òg meir brukt blant foreldre med låg utdanning og/eller låg inntekt.

Forslag til satsar for kontantstøtte i 2020 kjem fram av tabellen nedafor.

Tabell 4.1 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2020 (kroner)

Avtalt opphaldstid i barnehage (timar per veke)

Kontantstøtte i prosent av full sats

Kontantstøtte per barn per månad

Ikkje bruk av barnehageplass

100

7 500

Til og med 8 timar

80

6 000

Frå 9 til og med 16 timar

60

4 500

Frå 17 til og med 24 timar

40

3 000

Frå 25 til og med 32 timar

20

1 500

33 timar eller meir

0

0

Barnetrygd

I 2018 var det 671 000 mottakarar av barnetrygd, og over kvar femte stønadsmottakar hadde utvida stønad for einslege forsørgjarar. Menn fekk utvida stønad i om lag ein tredjedel av tilfella. 9 av 10 mottakarar av barnetrygd var kvinner. I 2018 var det om lag 2 000 som fekk småbarnstillegg som einslege forsørgjarar med barn under 3 år. Det har vore ein årleg nedgang i talet på mottakarar av småbarnstillegg over lang tid.

Den ordinære barnetrygda blei auka frå 970 kroner i månaden til 1 054 kroner i månaden frå 1. mars 2019. Dette er den fyrste auken sidan 1996. Til statsbudsjettet 2020 føreslår regjeringa å auke barnetrygda for barn opp til fylte seks år med 300 kroner i månaden frå 1. september 2020. Auken utgjer 3 600 kroner i året. Ordninga er universell, og auken vil relativt sett ha meir å seie for dei med låg inntekt enn for dei med høg inntekt. På den måten bidreg tiltaket til å gi barn som veks opp i familiar med låg inntekt, betre høve til utvikling. Småbarnsforeldre vil ofte ha kortare fartstid i yrkeslivet og kan derfor ha ein svakare privatøkonomi enn foreldre med eldre barn. Auken i barnetrygda for dei minste barna vil avhjelpe dette.

Auken i barnetrygda skal òg komme sosialhjelpsmottakarar til gode. Regjeringa vil auke dei rettleiande statlege satsane for økonomisk stønad til livsopphald for kategorien Barn 0–5 år med tilsvarande beløp som auken i barnetrygda. Sjå Prop. 1 S (2019–2020) for Arbeids- og sosialdepartementet for meir informasjon.

Barnebidrag

Foreldre skal bere utgiftene til forsørging og til utdanning av barnet. Når den eine av eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, skal vedkommande betale barnebidrag. Foreldra kan sjølve avtale kor stort barnebidraget skal vere, eller dei kan be NAV om å fastsetje det. Det har over fleire år vore ein reduksjon i talet på familiar som treng det offentlege tilbodet for å få fastsett barnebidraget. Dette har samanheng med at fleire vel private avtalar i staden for den offentlege ordninga med fastsetjing og innkrevjing av barnebidrag. Om lag 45 prosent av dei delte familiane bruker det offentlege tilbodet. I mars 2019 blei det i saker med offentleg fastsetjing utbetalt barnebidrag og/eller bidragsforskot for 93 765 barn. Det er 3,9 prosent færre enn i mars 2018 og 27,2 prosent færre enn i mars 2010. Til saman er det 8,1 prosent av befolkninga 0-17 år som får bidrag og/eller er innvilga bidragsforskott med offentlig innkrevjing. Dei fleste bidragsmottakarane er kvinner, og dei fleste bidragspliktige er menn. Delen mannlege bidragsmottakarar og delen kvinnelege bidragspliktige har i heile perioden frå 2010 til 2019 vore på 7–8 prosent.1

Barnelovutvalet, som er omtalt under Barnelova, skal mellom anna vurdere kva utforminga av bidragssystemet har å seie for likestilt foreldreskap, og med utgangspunkt i kva som er best for barnet, vurdere korleis foreldre kan sikrast like rettar som omsorgspersonar.

Tabell 4.2 Barn som får barnebidrag gjennom det offentlege, etter alder og storleiken på det gjennomsnittlege bidraget (kroner)

Talet på barn

Gjennomsnittleg bidrag per månad (kroner)

Barn 0–5 år

11 306

1 745

Barn 6–10 år

24 216

1 913

Barn 11–14 år

25 483

2 088

Barn 15–17 år

22 584

2 424

Barn 18+

2 600

4 085

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå utgangen av april 2019. Tala omfattar ikkje barn med ukjend far, barn som ikkje har fått fastsett bidrag, og barn med bidrag i utanlandsk valuta.

Forvaltinga til Arbeids- og velferdsdirektoratet på ansvarsområdet til BFD

Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvaltinga av sentrale ytingar og ordningar på ansvarsområdet til BFD. Det gjeld barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar, eingongsstønad og barnebidrag. Målet er at brukarane skal få rett yting til rett tid. Etaten har òg viktige oppgåver for familiar med vedvarande låg inntekt og er ein viktig samarbeidspart i arbeidet med å betre kåra for barna i desse familiane.

Heile ytingsforvaltinga har vore gjennom ei omfattande omorganisering. I samband med omorganiseringa har sakshandsaminga blitt spesialisert ved at handsaming av einskildytingar er samla i færre forvaltingseiningar.

Arbeids- og velferdsdirektoratet (AVdir) har i 2019 endra måling av sakshandsamingstid til gjennomsnittleg sakshandsamingstid. Den gjennomsnittlege sakshandsamingstida er eit gjennomsnitt av tida som er målt for søknadene frå mottaksdato til vedtaksdato. AVdir sin rapport om verksemda frå 1. tertial viser at den gjennomsnittlege sakshandsamingstida på barnebidragsområdet er noko lengre enn 85 dagar, som er kravet. Årsaka til at kravet ikkje blir oppfylt, er at etaten prioriterer å handsame eldre saker. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid på foreldrepengeområdet er 33 dagar, noko over kravet på 30 dagar. 70 prosent av sakane er handsama innanfor normert tid (kravet er 75 prosent). På foreldrepengeområdet har ein framleis utfordringar når det gjeld utanlandssaker.

I det langsiktige arbeidet med å betre kvaliteten og effektiviteten i måten Arbeids- og velferdsetaten forvaltar ytingar og ordningar på, står moderniseringa av IKT-systema i etaten sentralt. Ei ny foreldrepengeløysing er godt motteken av brukarane, men har gitt nokre oppstarts- og overgangsutfordringar for etaten, sjå òg omtale under Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon. Det er gjort nærare greie for IKT-moderniseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i Arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S (2019–2020) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Utval om støtteordningar til barnefamiliane

Barnefamilieutvalet leverte utgreiinga NOU 2017: 6 Offentlig støtte til barnefamiliene i 2017. Utgreiinga har vore på brei offentleg høyring. Det har vore fleire endringar i overføringsordningane til barnefamiliane dei siste åra. Mellom anna er foreldrepengeperioden delt i tre like delar, eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon er auka, og satsen for barnetrygd er auka for alle barn. Det er òg løyvd 46 mill. kroner til gratis kjernetid i barnehagen for 2-åringar frå familiar med låg inntekt i Statsbudsjettet 2019. Bustøtta er òg auka. I tillegg vil regjeringa i 2020 prioritere å innføre ei nasjonal moderasjonsordning med inntektsgradert foreldrebetaling i skulefritidsordninga og gratis skulefritidsordning for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn. Regjeringa vil òg gi gratiskjernetid i barnehage for eittåringar i asylmottak og heiltidsplass i barnehage for to- og treåringar i asylmottak. Departementet legg ikkje opp til ei ytterlegare samla oppfølging av utgreiinga, men vil eventuelt fremje forslag som ligg innanfor det NOU-en omhandla separat, etter ei konkret vurdering.

Fruktbarheit

Figur 4.1 Samla fruktbarheitstal, kvinner, 1968–2018

Figur 4.1 Samla fruktbarheitstal, kvinner, 1968–2018

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Utviklinga i fruktbarheita har gått ned sidan 2009. Då var det samla fruktbarheitstalet 1,98 barn per kvinne. I 2018 var det samla periodefruktbarheitstalet 1,56 barn per kvinne – det lågaste talet målt i Noreg. Fyrstegongsfødande i Noreg blir stadig eldre, og stadig færre får fleire enn to barn.

Utviklinga i talet på barn per kvinne kan målast på to måtar; ein kan sjå på samla fruktbarheit eller kohortfruktbarheit. Den samla fruktbarheita viser fruktbarheitstalet per kalenderår. Kohortfruktbarheita viser kor mange barn ein kohort (eit årskull) kvinner har fått gjennom livsløpet. Utviklinga i kohortfruktbarheita er meir stabil over tid, ettersom ho ikkje blir påverka av når i livet kvinner får barn. Også dette talet viser ein fallande trend. Kvinner fødde i 1971 og 1972 var dei fyrste årskulla som ved 45 års alder hadde fødd færre enn to barn i gjennomsnitt.

Trendane for fruktbarheita til menn har tilsvarande mønster som fruktbarheita til kvinner, med aukande alder for fyrstegongsfedrar og nedgang i fruktbarheita. Dei har ei periodefruktbarheit i 2018 på 1,41. Omtrent ein fjerdedel av alle menn i Noreg går barnlause gjennom livet. Delen barnlause menn på 45 år har auka frå 14 til 23 prosent mellom 1985 og 2012.

Folkehelseinstituttet har fått i oppdrag å gjennomføre ei brei årsaks- og konsekvensutgreiing av fallet i fruktbarheita dei siste åra. Dette skal skje i samarbeid med Statistisk sentralbyrå og Institutt for samfunnsforskning. Arbeidet består av fem delprosjekt: ein detaljert registeranalyse av determinantar for det norske fruktbarheitsfallet, ei samanlikning av fruktbarheitsfallet i dei nordiske landa, ei spørjeundersøking om ønsket om barn og politiske tiltak, ein analyse av verdiendringar og fruktbarheit og ein gjennomgang av kunnskapen om effekten av politiske tiltak på fruktbarheitsområdet. I tillegg til fem individuelle artiklar/rapportar vil forskargruppa levere ei samla oppsummering av funna på norsk. Den nordiske samanlikninga er alt tilgjengeleg på Internett. Arbeidet skal sluttførast i 2019.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har på oppdrag frå departementet analysert konsekvensar av høvesvis aukande, fallande og stabil fruktbarheitsutvikling. Hovudkonklusjonen i rapporten frå SSB er at auka fødselsratar ikkje vil redusere dei framtidige finansieringsproblema for den norske velferdsstaten. Tvert om vil fleire fødslar redusere nasjonalinntekta per innbyggjar og svekkje offentlege finansar i eit 65-årsperspektiv. Grunnen til det er i hovudsak at ein gjennomsnittsinnbyggjar tek imot meir i velferdsytingar enn det han eller ho genererer av skatteinntekter. Rapporten ser på offentlege finansar og vurderer ikkje den samfunnsøkonomiske lønnsemda av å få barn. Han kan derfor ikkje tolkast som ei tilråding om å føde færre barn. Å vurdere barnefødsler ut frå effektane på berekrafta i velferdsordningane åleine blir ein for snever innfallsvinkel.

Adopsjon

Hovudføremålet med adopsjon er å sikre at barn som ikkje kan takast hand om av dei opphavelege foreldra sine, får ein god og varig heim i ein ny familie. Bufdir har ansvaret for å leggje til rette for ein trygg adopsjonsprosess, slik at rettane og behova til adoptivbarnet blir tekne hand om. Bufdir er sentralstyresmakt etter Haagkonvensjonen av 29. mai 1993 om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar.

Det er framleis ein nedgang i talet på utanlandsadopsjonar. Norske adoptivsøkjarar fekk tildelt totalt 95 barn frå utlandet i 2018, medan talet i 2017 var 127.

Figur 4.2 Utviklinga i talet på utanlandsadopsjonar frå 1999 til 2018

Figur 4.2 Utviklinga i talet på utanlandsadopsjonar frå 1999 til 2018

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

I 2018 tok Bufetat imot 191 søknader om førehandssamtykke til adopsjon frå utlandet. Bufetat handsama 146 søknader, og 89 søknader blei innvilga. Alle nye søkjarar til utanlandsadopsjon og nasjonal stebarnsadopsjon har fått tilbod om adopsjonsførebuande kurs i 2018. Fagleg rådgivande utval, som vurderer tildeling av barn med særlege behov, handsama 48 saker om barn frå utlandet og tre saker om nasjonal spedbarnsadopsjon i 2018. Rådet innvilga adopsjon i totalt 46 saker.

Norske stebarnsadopsjonar utgjer framleis den største gruppa adopsjonar. Bufetat tok imot 324 søknader om stebarnsadopsjonar i 2018 og handsama 306 søknader. 199 søknader blei innvilga. Tida det tek å handsame søknader om innanlandsadopsjonar og førehandssamtykke til utanlandsadopsjon, varierer i regionane, frå 4 månader til nesten 15 månader i dei norske sakene, og frå 6 til 11 månader i utanlandssakene. Bufetat har sett i verk tiltak for å heve kvaliteten på sakshandsaminga og få ned handsamingstida.

Folkehelseinstituttet gjer fram til 2020 ei kartlegging av behova for oppfølging av adoptivbarn og familiane deira. Inntil det ligg føre meir kunnskap, føreslår departementet at Bufdir skal få tildelt midlar til utarbeiding av digital informasjon om adopsjon og vanlege utfordringar som adopterte og adoptivfamiliar kan møte i eit livsløpsperspektiv. Departementet føreslår i tillegg støtte til ei koordinatorstilling i éin av adopsjonsorganisasjonane. Koordinatoren skal rettleie adoptivfamiliar og adopterte, mellom anna der adopterte søkjer hjelp til å finne den opphavelege familien sin.

Deltaking for alle barn og unge

Å delta i fritidsaktivitetar er viktig for å få venner og unngå utanforskap og for å skape ei meiningsfull fritid. Fritidsaktivitetar er òg ein viktig arena for læring og demokrati. Det er i dag forskjell på kven som deltek, basert på kjønn, alder, landbakgrunn og økonomi. Dei som ikkje kan delta i slike fellesskap saman med andre barn og unge, kan oppleve det som vanskeleg. Å leggje til rette for likare moglegheiter til å delta vil gi fleire tilgang til fellesskapet i slike aktivitetar. Regjeringa ønskjer at fleire barn og unge skal få ein god oppvekst som dei har glede av, og som dei kan byggje livet vidare på. Nedanfor omtaler vi arbeidet til regjeringa med fritidskortet, fritidserklæringa og deltakinga i fritidsaktivitetar for barn og unge.

Fritidskort

Det er i dag mange barn og unge som ikkje deltek i fritidsaktivitetar. Det å stå utanfor slike fellesskap med jamngamle er noko mange barn og unge opplever som vanskeleg. Årsakene til at mange barn og unge ikkje deltek i fritidsaktivitetar kan vere fleire, men utgiftene knytte til organiserte fritidsaktivitetar er éin forklaringsfaktor. Andre forhold speler òg inn, slik som nedsett funksjonsevne og psykososiale forhold. Fritida til barn er meir organisert i dag enn tidlegare. Å stå utanfor er derfor ein større risikofaktor og ei større utfordring no enn før, og det kan hindre barn og unge frå å delta i samfunnet på kort og lang sikt.

Regjeringa har derfor byrja eit arbeid med å greie ut fritidskortordningar. Ei fritidskortordning skal dekkje utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar for barn i alderen 6-18 år. Målet med ei slik ordning er at fleire barn og unge skal delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar. Pengane tilhøyrer barna, og ei fritidskortordning vil i større grad føre til at midlane faktisk går til fritidsaktivitetar, enn tilfellet er med reine kontantoverføringar.

I revidert nasjonalbudsjett 2019 blei det omprioritert 10 mill. kroner til ei utgreiing og ein pilot med fritidskortordningar. Utgreiinga skal finne og utvikle fritidskortmodellar som har potensial for overføring til andre kommunar, og som ein kan vurdere å skalere opp til ei nasjonal ordning. Tekniske løysingar blir òg vurderte. Vadsø og Arendal er valde ut til å delta i piloten, og har fått midlar til fritidskortordningar. Føremålet med å ha to pilotkommunar er å hauste erfaringar med fritidskortordningar. Oslo Economics sin kartlegging av eksisterande fritidskortordningar i 2019 fann at 15–20 prosent av kommunane har ei fritidskortordninga.

Regjeringa føreslår å løyve 60 mill. kroner til eit forsøk med fritidskortordningar og til vidareføring av piloten i Arendal og Vadsø. Av desse midla er 10 mill. kroner vidareført frå Revidert nasjonalbudsjett 2019. Føremålet med forsøket er å finne ut korleis ei fritidskortordning kan innrettast på ein treffsikker og effektiv måte som fører til at fleire barn deltek i fritidsaktivitetar. Forsøket skal òg gje svar på kva som hindrar barn frå å delta i fritidsaktivitetar. Forsøket vil starte opp i 2020 og gå over i 2021. I kommunane skal kvart barn i målgruppa få pengar i eit fritidskort. I forsøket vil det vere ein statleg finansieringsandel, og kommunane skal arbeide med å stille supplerande finansiering, anten gjennom kommunale bidrag, lokalt næringsliv eller andre gjevarar.

Fritidserklæringa

Fritidserklæringa er ein intensjonsavtale mellom regjeringa, KS og frivillig sektor.

Regjeringa ønskjer at kommunane skal styrkje samarbeidet mellom tenestene sine og dei frivillige organisasjonane for å få fleire barn og unge med på aktivitetar. Stat, kommune og frivillige skal jobbe saman for at alle barn, uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra, skal få høve til å delta i ein organisert fritidsaktivitet jamleg.

Oppfølginga av erklæringa kan til dømes skje gjennom at det blir laga lokale fritidserklæringar. I 2018 har 11 kommunar oppgitt at dei har ei lokal fritidserklæring. Samstundes seier 13 kommunar at dei har ein annan signert avtale med frivillige om deltakinga til barn og unge.

Fritidserklæringa medverkar til at fleire kommunar har auka interessa for kva frivillig sektor har å seie for å dempe konsekvensar av fattigdom blant barn. Dette ser vi mellom anna i evalueringa av Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom (Fløtten og Hansen 2018), som seier at fleire kommunar har etablert nettverk og møtepunkt som frivillige deltek i, og at fleire ønskjer å utvikle betre system og rutinar for samarbeid med frivillige. Det er gitt ein nærare omtale av ordninga i avsnittet om arbeid mot fattigdom blant barn og unge under. KS har i samarbeid med Frivillighet Norge oppretta eit kommunenettverk. Dette har vore eit møtepunkt for ei rekkje kommunar som har utveksla erfaringar i arbeidet for å få fleire barn og unge med i fritidsaktivitetar i 2018. Dei pedagogiske verktøya og rettleiingane på nettsida til Bufdir for kommunane sitt arbeid mot fattigdom i barnefamiliar må sjåast i samband med fritidserklæringa. Samarbeidet mellom stat, kommunar og frivillige organisasjonar held fram i 2020.

Auke deltakinga til barn og ungdom i frivillige organisasjonar

Det er òg eit mål å auke deltakinga i frivillige organisasjonar. Frivillige organisasjonar skaper aktivitetar å delta på, og frivillig aktivitet fremjar inkludering og hindrar utanforskap. Regjeringa vil halde fram med å gi støtte til målretta tiltak for å rekruttere dei som ikkje deltek i frivillig aktivitet. Dette arbeidet er viktig for at barn som veks opp i låginntektsfamiliar, skal ha dei same moglegheitene til å delta i fritidsaktivitetar og fellesskapsarenaer som andre.

Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2019–2020) for Kulturdepartementet.

Arbeid mot fattigdom blant barn og unge

Regjeringa vil redusere fattigdom gjennom å hindre at levekårsutfordringar går i arv, og ved å skape like moglegheiter for alle barn. Talet på barn og delen barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt, aukar. Tal frå SSB, som er baserte på EU-definisjonen av låg inntekt, viser at delen barn som veks opp i familiar med låg inntekt, var 10,7 prosent i Noreg i 2017. I 2016 var delen 10,3 prosent. Dette viser at auken som vi har sett i lengre tid, held fram. Over halvparten av desse barna kjem frå familiar som har bakgrunn frå andre land, men òg delen barn utan innvandrarbakgrunn som veks opp i familiar med låg inntekt, aukar. Barn av einslege forsørgjarar er særskilt utsette.

OsloMet har på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet kartlagt samvariasjon mellom ein oppvekst i ein familie med låg inntekt og andre ulemper. OsloMet fann at barn og unge som veks opp i låginntektsfamiliar i Noreg har dårlegare helse enn barn og unge som ikkje veks opp i låginntektsfamiliar. Rapporten viser også at ei ustabil inntekt og økonomiske bekymringar påverkar samspelet i familien og gjer det vanskelegare for foreldra å vere gode omsorgspersonar. Risikoen for konflikt mellom foreldra og for skilsmisse aukar når familiane har store økonomiske bekymringar. Nokre familiar har så låg inntekt at ungane ikkje har det same høvet til å ta del i samfunnet som andre har. Mange av barna i familiane med låg inntekt veks opp i større byar. Rapporten om kartlegginga løftar fram at ungdomstida er ein særleg utfordrande periode å oppleve fattigdom og utanforskap i. Vidare peiker rapporten på at vi veit for lite når det gjeld om barn i innvandrarfamiliar med låg inntekt har ulike hindringar og moglegheiter enn barn og unge i majoritetsfamiliar med låg inntekt.

Bufdir har utvikla verktøy for å gjere kunnskap om barnefattigdom tilgjengeleg i kommunane. Nettstaden barnefattigdom.no inneheld indikatorar om barn som veks opp i låginntektsfamiliar på kommune- og bydelsnivå. Indikatorane kan mellom anna nyttast i kommunalt planleggingsarbeid. Bufdir arbeider kontinuerleg med å oppdatere og vidareutvikle nettstaden. I 2018 vart det mellom anna lagt inn tal for delbydelar i Oslo. Nettstaden er ei viktig kunnskapskjelde for kommunane og andre interessentar.

Regjeringa føreslår å styrkje innsatsen mot fattigdom blant barn og unge ytterlegare i 2020.

Strategien Barn som lever i fattigdom (2015–2017) gjekk ut ved årsskiftet 2017–2018. Regjeringa tek sikte på å fremje ein ny samarbeidsstrategi i 2020. Målet for den nye strategien er å førebyggje at fattigdom går i arv frå foreldre til barn, ved å gi barna auka sosial mobilitet, støtte opp om familiane og gi fleire ein veg ut av fattigdom. Den tidlegare varsla statusrapporten om fattigdom i barnefamiliar vil sjåast i lys av dette arbeidet.

Regjeringas arbeid mot fattigdom omfattar innsats på tvers av alle velferdsdepartementa for å førebyggje at fattigdom går i arv, og for å støtte opp om familiane og gi fleire ein veg ut av fattigdom. Arbeid er det viktigaste verkemiddelet mot fattigdom. Tiltak som støttar opp om aktiv deltaking i samfunnet for alle, har prioritet.

For å leggje til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst, er det sosiale tryggingsnettet og den førebyggjande innsatsen rundt utsette familiar styrkt under ansvarsområda til ulike fagdepartement. Dei viktigaste satsingane i 2020 er omtalte nedanfor.

Regjeringa føreslår å auke barnetrygda for barn opp til fylte seks år med 300 kroner i månaden, sjå meir under omtalen av barnetrygd. Ordninga er universell, og auken vil relativt sett ha meir å seie for dei med låg inntekt enn for dei med høg inntekt. Auken vil gi barn som veks opp i familiar med låg inntekt betre høve for utvikling.

Barn i familiar med låg inntekt deltek sjeldnare på fritidsaktivitetar enn andre barn, dei oppgir oftare at dei er einsame, og dei har færre fortrulege venner. Departementet har derfor fastsett dette målet for arbeidet med deltaking i sosiale aktivitetar:

  • Auke deltakinga i sosiale aktivitetar blant barn som veks opp i familiar med låg inntekt.

Å delta i sosiale aktivitetar er viktig for å unngå utanforskap, men slike aktivitetar er òg ein viktig arena for læring, for demokrati, for ei meiningsfull fritid og for det å få venner. Departementet har derfor i fleire år hatt ein målretta innsats for inkludering av barn og unge. I tillegg gjer departementet mykje arbeid for å leggje til rette for at alle barn skal kunne delta i fritidsaktivitetar, organisasjonsliv og samfunnsliv.

Omtalen nedanfor gjeld resultat i 2018 og fyrste halvdel av 2019 og planlagde tiltak i 2020 når det gjeld arbeidet departementet gjer for at alle barn og unge skal ha like moglegheiter til å delta i fritidsaktivitetar, organisasjonsliv og samfunnsliv.

Regjeringa arbeider for at fleire barn skal få høve til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar, og bruker ulike verkemiddel for å oppnå dette. KS har skipa eit nettverk av kommunar som skal gi gode tiltak til barnefamiliar med vedvarande låg inntekt. Bufdir si tilskotsordning for å inkludere barn og unge er sentral i arbeidet, saman med oppfølginga av fritidserklæringa.

Mot slutten av 2018 lanserte Bufdir ei digital rettleiing for arbeid på tvers av sektorar for barn som lever i fattigdom. Rettleiinga gir kunnskap og råd om korleis arbeidet mot barnefattigdom kan rettast inn i kommunane, med vekt på mellom anna kommunal planlegging, samarbeid på tvers av sektorar og medverknad. Ho inneheld òg ei samling konkrete døme på tiltak som kan medverke til å inkludere barn i fritidsaktivitetar. Målgruppa er dei som arbeider i ulike sektorar i kommunane, men òg frivillige organisasjonar og andre kan ha nytte av rettleiinga.

Ordningar for å la ungdom medverke og informasjon som er tilrettelagd for ungdom, er viktig for å gi ungdom meir demokratisk øving og styrkje deltakinga deira i samfunnslivet.

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge gir offentlege instansar, bydelar, frivillige organisasjonar, stiftingar, barne- og ungdomsorganisasjonar og private aktørar høve til å søkje om midlar. Målet er å motverke og/eller dempe konsekvensane av låg inntekt blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra. Løyvinga til tilskotsordninga for 2018 var på nærare 270 mill. kroner, og 747 søknader blei heilt eller delvis innvilga. Fafo evaluerte tilskotsordninga i 2018. Tilskotsmidlane har ført til ekstra merksemd om barnefattigdom og inkludering i kommunane og stimulert til samarbeid mellom etatar og tenester. Samarbeidet mellom det offentlege og dei frivillige organisasjonane har òg auka. Totalt fekk 225 kommunar tilskot i 2018.

Løyvinga til tilskotsordninga for 2019 var på om lag 313 mill. kroner. I 2019 fekk 286 kommunar tilskot, og 766 søknader blei heilt eller delvis innvilga. 10 mill. kroner av tilskotsordninga blei løyvde til utgreiing og pilotering av fritidskortet. Fritidskortet, som er omtalt ovanfor, må sjåast i samanheng med arbeidet mot barnefattigdom, ettersom ei slik ordning vil ha mest å seie for barn frå familiar med låg inntekt.

Andre satsingar for å utjamne sosial ulikskap

Eit godt arbeid for barnefamiliar med vedvarande låg inntekt krev tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid. Nedanfor gir vi ein kort omtale av arbeidet for å utjamne sosial ulikskap som går føre seg under andre departement. Ein viktig del av arbeidet mot fattigdom er arbeidet for å skape gode og trygge oppvekstvilkår for alle barn og unge. BFD forvaltar fleire tilskotsordningar som skal bidra til eit inkluderande oppvekstmiljø. Vi omtaler òg kort desse tilskotsordningane.

Meir sosial likskap i helse og livskvalitet

Det er forskjellar i bruk og kontakt med helsetenestene avhengig av kjønn og sosioøkonomisk status. Helse- og omsorgsdepartementet har i 2019 lansert strategi for å auke helsekompetansen i befolkninga, som eitt tiltak for å redusere systematiske sosiale forskjellar i helsetilstand som følgjer sosiale og økonomiske kategoriar. Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2019–2020) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Dei aller fleste barn og unge i Noreg har god fysisk og psykisk helse. Samtidig er det stadig fleire unge som rapporterer om psykiske plager, einsemd og stress i kvardagen. Regjeringa har i 2019 lansert ein opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse. Med opptrappingsplanen vil regjeringa blant anna bidra til at barn og unges psykiske helse og livskvalitet skal vere tydeleg i nasjonal, regional og lokal planlegging. Barn og unge med psykiske plager og lidingar skal få hjelp som er tilpassa behova deira.

Befolkninga i Noreg har rett til lik tilgang på helsetenester, uavhengig av inntekt. Nær på alle barn og familiar er i kontakt med helsestasjons- og skulehelsetenesta. Regjeringa har i perioden 2014–2019 styrkt helsestasjons- og skulehelsetenesta. I 2019 blei det løyvd til saman 1,3 milliardar kroner gjennom rammetilskot og øyremerkte tilskot. Fastlegar møter mange barn og unge og har ein viktig funksjon når det gjeld å fange opp barn og unge med behov for behandling og oppfølging. Regjeringa vil forbetre og modernisere fastlegeordninga. Helse- og omsorgsdepartementet vil leggje fram ein handlingsplan for allmennlegetenesta våren 2020.

Det har vore satsa på å auke kompetansen på psykisk helse i kommunale helse- og omsorgstenester. Regjeringa har tildelt 212 mill. kroner til rekruttering av psykologar i kommunane, og frå 2020 vil det stillast krav om at alle kommunar skal ha psykologkompetanse.

Bolig for velferd styrker det bustadsosiale arbeidet

Barn i familiar med låg inntekt bur ofte dårlegare og trongare enn andre, og dei bur sjeldnare i ein bustad som familien sjølv eig. Barnefamiliar som bur i kommunale utleigebustader, har oftare ein dårlegare bustandard og meir utrygge bumiljø enn andre. Det er eineforsørgjarane blant barnefamiliane som oftast er vanskelegstilte, og utfordringa er særleg stor i storbyane.

Den nasjonale strategien Bolig for velferd (2014–2020) gir retning for arbeidet med bustader og oppfølgingstenester for vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Barn og unge er ei prioritert målgruppe i Bolig for velferd. Måla i strategien er: 1) Alle skal ha ein god stad å bu, 2) alle med behov for tenester skal få hjelp til å meistre buforholdet, og 3) den offentlege innsatsen skal vere heilskapleg og effektiv. Seks departement er ansvarlege for strategien, mellom anna Barne- og familiedepartementet. Seks underliggjande direktorat gjennomfører strategien.

Å leggje til rette for at vanskelegstilte barnefamiliar bur i ein eigna bustad, er eitt av to prioriterte tiltak for den resterande strategiperioden for Bolig for velferd. Tiltaket inneber mellom anna å medverke til at vanskelegstilte barnefamiliar kan kjøpe bustad, og å etablere oppfølgingsrutinar og foreldrestøttande tiltak i kommunen.

Bustøtte skal hjelpe husstandar med låge inntekter og høge buutgifter til å kunne bu trygt og godt. Frå 2017 tel ikkje lenger inntekta til barna med i utrekninga av bustøtta til husstanden. Som eit ledd i å redusere barnefattigdommen har Stortinget vedteke å styrkje bustøtta for barnefamiliar og andre store husstandar med til saman 126 mill. kroner i 2019. I 2019 har Stortinget òg vedteke å auke løyvinga til tilskot til etablering i bustadmarknaden med 110 mill. kroner, jf. Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet for 2019 og Innst. 391 S (2018–2019). Det vil sikre at fleire familiar får meir stabile og sjølvstendige buforhold, samtidig som fleire utleigebustader blir ledige til andre, meir vanskelegstilte. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Områdesatsingar for betre levekår i utsette byområde

Områdesatsingane er eit viktig tiltak for å medverke til inkludering og likeverdige levekår i utsette byområde. Regjeringa vil derfor halde fram med å støtte dette samarbeidet med kommunane. Det blir samla løyvd om lag 220 mill. kroner til områdesatsingar i Oslo, Drammen, Bergen, Trondheim og Stavanger i 2020.

Områdesatsingane skal forbetre tenester og nærmiljøkvalitetar der behova er størst, slik at fleire blir økonomisk sjølvstendige og aktivt deltakande i lokalsamfunn og storsamfunn. I områdesatsingane har det blant anna blitt sett i verk tiltak for å få fleire i arbeid, ruste opp bu- og nærmiljøa, skape møteplassar og kulturaktivitetar, betre integreringa av innvandrarar, betre resultata i grunnskulen, redusere fråfallet i vidaregåande skule, redusere kriminaliteten og styrkje folkehelsa. Dette er viktige føresetnader for å motverke barnefattigdom på både kort og lang sikt.

Det er i 2019 inngått ein ny intensjonsavtale om områdesatsing i Oslo indre aust i perioden 2019–2026. Sjå nærare omtale av områdesatsingar i Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Betre tverrfagleg samarbeid gjennom 0–24-samarbeidet

Kunnskapsdepartementet leier det femårige 0–24-samarbeidet, der òg Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet deltek. Satsinga gjeld perioden 2015–2020. Målet er å styrkje oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring og seinare utanforskap i samfunnet.

0–24-samarbeidet er avgrensa til område der innsats på tvers av sektorar er vesentleg for å nå målet. Departementa har gitt oppdraget til dei underliggjande direktorata, som arbeider med å skape eit felles kunnskapsgrunnlag og utfordringsbilete, med samordning av verkemiddel, med tverrfaglege utviklingstiltak og med å byggje kapasitet for varig innsats på tvers av sektorane. Arbeidsgrupper leverer forslag til tiltak knytte til regelverk, tilskotsforvalting, språk, læreplassar og organiserings- og samhandlingspraksis. Departementa greier no ut forslag til regelverksendringar for å styrkje dei rettslege verkemidla for å sikre betre tverrfagleg samarbeid. Regjeringa føreslår å slå saman fem tilskotsordningar i éin pilot for programfinansiering frå 2020. På budsjettet til BFD føreslår ein å flytte midlar frå tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom til piloten. Programfinansieringa inneber i denne samanhengen ei samanslåing av delar av dei gjeldande tilskotsordningane retta mot barn og unge. Føremålet er å unngå sektortenking ved at kommunane i større grad kan søkje om midlar som svarer til utfordringane lokalt, og på den måten gi betre lokale tenester og tiltak ut frå dei behova barna og dei unge har. Sjå omtale under kap. 226, post 64, i Prop. 1 S 2019–2020 under Kunnskapsdepartementet.

Gjennom betre samordna tenester skal utsette barn og unge og familiane deira få tilpassa og tidleg hjelp slik at dei kan lukkast i skulen. Dette kan igjen gi grunnlag for varig deltaking i arbeidslivet.

Barnehage, skule og skulefritidsordning

Eit godt utdanningstilbod bidreg til sosial mobilitet ved å gjere det mogleg for unge å komme seg ut av ein negativ fattigdomsspiral, slik at fattigdom ikkje held fram gjennom generasjonar. Å gå i barnehage legg eit godt grunnlag for vidare utvikling, mellom anna ved å stimulere språkutviklinga til barna før skulestart. Samtidig gjer bruk av barnehage det mogleg for begge foreldra å delta i arbeidslivet. For å redusere økonomiske hinder for deltaking i barnehage har regjeringa innført nasjonale ordningar for familiar med låg inntekt, som redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage for barn i alderen 2–5 år. Regjeringa føreslår for 2020 å føre vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling som gjer at ingen familiar må betale meir enn seks prosent av den samla skattbare inntekta si for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense. Regjeringa føreslår at inntektsgrensa blir 574 750 kroner frå 1. januar 2020. Regjeringa føreslår vidare at inntektsgrensa for gratis kjernetid 20 timer per veke for barn i alderen 2–5 år blir sett til 566 100 kroner frå 1. august 2020. Med endringane i inntektsgrensene vil fleire familiar med låg inntekt komme inn under ordningane.

I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil gi rett til barnehageplass for alle barn i mottak. I dag får kommunane tilskot til å dekkje heiltidsplass for alle 4- og 5-åringar og gratis kjernetid for alle 2- og 3-åringar i mottak dersom vertskommunen har ledig kapasitet. I Revidert nasjonalbudsjett 2019 blei det løyvd midlar slik at også eittåringane i mottak kan få gratis kjernetid. Regjeringa føreslår for 2020 å løyve midlar til å dekkje heiltidsplass i barnehage for alle 2- og 3-åringar i mottak frå hausten 2020. I tillegg føreslår Kunnskapsdepartementet å føre vidare tiltaka med gratis kjernetid for eittåringar i mottak.

Låg familieinntekt kan vere til hinder for at barn får gå på skulefritidsordninga (SFO). Regjeringa føreslår for 2020 å innføre ei nasjonal ordning med inntektsgradert foreldrebetaling for SFO som gjer at betalinga maksimalt skal vere seks prosent av husstanden si samla person- og kapitalinntekt for eit heiltidstilbod per barn i SFO på 1.–2. trinn. Regjeringa føreslår òg å innføre gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn.

Integreringsstrategi

Regjeringa la i 2018 fram Integrering gjennom kunnskap – regjeringens integreringsstrategi 2019–2022. Målet med strategien er at fleire i innvandrarbefolkninga skal delta i arbeids- og samfunnslivet. Dei fire innsatsområda er kvalifisering og utdanning, arbeid, kvardagsintegrering og retten til å leve eit fritt liv. Integreringspolitikken er sektorovergripande og omfattar fleire departement. Sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet for meir om oppfølginga av strategien.

Arbeids- og velferdspolitikken

Arbeids- og velferdspolitikken er sentral i innsatsen mot fattigdom. I 2017 blei det sett i verk ein landsdekkjande ungdomsinnsats, og det er innført aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar under 30 år. Sysselsetjingsutvalet leverte i mars 2019 ein fyrste rapport frå ei ekspertgruppe om tiltak som kan få fleire i arbeid, mellom anna ved å løfte deltakinga i arbeidslivet for utsette grupper. Partane i arbeidslivet og fagekspertane skal saman ta fatt på fase to i utvalsarbeidet. Her held drøftingane av tiltak som kan auke sysselsetjing fram, med utgangspunkt i forslaga frå ekspertgruppa.

Deltaking i lønna arbeid betrar levekåra til familien og oppvekstvilkåra til barna. Innsatsen for å få fleire i arbeid er derfor viktig for å motverke at låg inntekt og levekårsutfordringar går i arv. Einskilde grupper kan ha særlege utfordringar med å komme seg i arbeid. Regjeringa har teke initiativ til ein inkluderingsdugnad for å få fleire inn i arbeidslivet.

Arbeids- og velferdsforvaltinga (NAV) skal bidra til at utsette barn og unge og familiane deira får eit samordna tenestetilbod. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i åra 2016–2018 gjennomført ei systematisk utprøving av ein heilskapleg modell for oppfølging av barnefamiliar med låg inntekt i NAV-kontor. Eigne familiekoordinatorar har følgt opp familiane når det gjeld arbeid, økonomi, bustad og situasjonen for barna. Fleire av kontora har forlengt innsatsen ut 2019. Prosjektet er evaluert.

Forsøket med NAV-tilsette i vidaregåande skule har særleg vore retta inn mot elevar som står i fare for å slutte som følgje av levekårsutfordringar og sosiale problem. Målet har vore å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Det nasjonale forsøket varte ut 2018, men mange av dei lokale pilotane held fram i ei eller anna form. Det er gjennomført ei evaluering av utvalde kontor i forsøket. Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2019–2020) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Tiltak for å fremje eit inkluderande oppvekstmiljø

Regjeringa har vidareført arbeidet for å skape gode og trygge oppvekstvilkår for alle barn og unge. BFD forvaltar fleire tilskotsordningar som skal bidra til eit inkluderande oppvekstmiljø.

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn bidreg til å skape opne og inkluderande fritidstilbod til barn og ungdom i bykommunane/bydelane kommunane. Ordninga omfattar 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. I 2018 var løyvinga på om lag 36,5 mill. kroner. I overkant av 60 tiltak fekk støtte i 2018. Løyvinga blei vidareført i 2019 og var på om lag 41,5 mill. kroner. 73 tiltak får støtte i 2019.

Gode og trygge møteplassar for barn og ungdom i byane legg til rette for samkvem på tvers av sosiale og kulturelle skiljelinjer. Forsking viser at opne møteplassar er mest brukte av ungdom som tradisjonelt ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar, og at dei derfor utgjer ein viktig del av det heilskaplege tilbodet. Departementet føreslår at ordninga blir vidareført i 2020.

Det overordna målet med tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom er å styrkje tilknytinga til skulen og gi trivnad og meistring. Ordninga skal medverke til at skuleprestasjonar blir betre, og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Tidlegare evalueringar av Los-ordninga (NOVA-rapport nr. 13/14) viser at ordninga på kort sikt førte til at 70 prosent av ungdommane fekk forbetra situasjonen sin medan dei deltok i prosjektet. Dette vart målt etter kor mange som gjekk på skulen då prosjektet vart avslutta, og kor mange som var i arbeid eller arbeidsmarknadstiltak. Bufdir, som er tilskotsforvaltar, vurderer at kommunane som får tilskot, har høgare merksemd om fråfallsproblematikk. I 2018 var løyvinga på om lag 32,6 mill. kroner, og 78 kommunar fekk støtte gjennom ordninga. Løyvinga i 2019 er på om lag 52,6 mill. kroner, og 109 kommunar får støtte.

Tilskotsordninga blei auka med 20 mill. kroner i 2019. Av desse midlane skal 1 mill. kroner gå til evaluering av og følgjeforsking på tilskotsordninga i perioden 2019–2021. Styrkinga av tilskotsordninga fører til at fleire ungdommar kan få oppfølging av ein såkalla ungdomslos, og vil bidra til å redusere fråfallet i vidaregåande skule. Satsinga er ein viktig del av arbeidet regjeringa gjer mot fattigdom. I 2020 føreslår departementet å flytte 5 mill. kroner frå tilskotsordninga til ein pilot for programfinansiering av 0–24-samarbeidet. Sjå nærare omtale under overskrifta Betre tverrfagleg samarbeid gjennom 0–24-samarbeidet.

Tilskotsordninga Mangfald og inkludering skal støtte opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Ordninga støttar òg tiltak som førebyggjer radikalisering og valdeleg ekstremisme. Det er Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) som forvaltar ordninga. I 2018 fekk dei 87 søknader og gav stønad til 45 av desse. Midlane går til ulike prosjekt i ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar og andre ungdomsmiljø og -grupper. Mange små organisasjonar og ungdomsmiljø får tilskot, og ein stor del av dei er minoritetsorganisasjonar. Ordninga er derfor eit viktig kontaktpunkt mellom LNU og desse organisasjonane. Departementet føreslår at ordninga blir vidareført i 2020.

Foreldrestøtte og førebygging av familiekonfliktar

Familien er den viktigaste ramma rundt barns liv og utvikling. Trygge foreldre gir trygge barn. I kvardagen kan alle foreldre møte vanskar og små og store kriser. For nokre er situasjonen meir alvorleg. Det er viktig at foreldre som ikkje maktar å gi barna sine det dei treng og har krav på, får hjelp frå det offentlege eller frå frivillig sektor så tidleg som mogleg. Førebyggjande arbeid og tidleg innsats kan vere heilt avgjerande for familiar som får ein vanskeleg start eller opplever kriser og utfordringar. Førebygging er samfunnsøkonomisk lønnsamt når det reduserer behovet for meir kostbare tiltak på eit seinare tidspunkt. Regjeringa vil leggje til rette for godt foreldresamarbeid, slik at ein kan førebyggje familiekonfliktar og hindre skadelege konsekvensar for barna. Familieverntenesta skal bidra til trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og eit godt foreldresamarbeid til beste for barna. Nedanfor gjer vi greie for familieverntenesta, arbeidet med mekling og høyring av barn, tilbodet til foreldre som lever med eit høgt konfliktnivå og foreldrestøttande arbeid. Vi gjer greie for resultata som er oppnådde på desse områda i 2018 og fyrste halvdel av 2019, og for tiltaka departementet planlegg i 2020.

Familievern

Familieverntenesta har eit breitt tilbod og skal hjelpe familiar når dei har relasjonelle vanskar og utfordringar. Tenesta er eit gratis lågterskeltilbod, og ho er tilgjengeleg i heile landet. Familievernet er styrkt med 186 mill. kroner under regjeringa Solberg (2014–2019). Talet inkluderer styrkinga frå budsjettavtalen i 2019 på 25 mill. kroner. Auken har gitt gode resultat. Fleire personar får hjelp i familievernet. Ventetida er redusert, og kapasiteten i familievernet er auka. Auken i kapasitet har gjort det mogleg å utvikle og gi betre tilgang og tilbod. Foreldre bruker no i aukande grad tilbodet om å ta med barna både i mekling og i foreldresamarbeidssaker.

Figur 4.3 Talet saker i familievernet (kliniske og mekling med avtale), 2014–2018

Figur 4.3 Talet saker i familievernet (kliniske og mekling med avtale), 2014–2018

Kjelde: Barne- ungdoms og familiedirektoratet.

Spisskompetansemiljøa i familieverntenesta har eit nasjonalt ansvar for opplæring, kvalitetssikring og rettleiing for fagleg praksis i familieverntenesta på sine område. Spisskompetansemiljøa bidreg til eit meir likeverdig tilbod til befolkninga. I familieverntenesta er det spisskompetansemiljø for

  • foreldrestøtte og førebygging

  • foreldreoppfølging etter omsorgsovertaking

  • samtalar med barn

  • arbeid mot vald

Eit godt familievern må vere tilpassa behovet i den einskilde familien. Det offentlege utvalet som skal gjennomgå familieverntenesta, skal levere rapport i november 2019. Utvalet skal mellom anna drøfte dagens organisering, finansiering og oppgåveløysing. Alle etatar som jobbar inn mot barnefamiliar, skal koordinere innsatsen og samarbeide betre om å gi eit heilskapleg tilbod. Samarbeidet mellom familievernet og relevante kommunale tenester held fram og vil òg vere eit tema for familievernutvalet.

Mekling og tilbod til familiar med eit høgt konfliktnivå

Det er solid fagleg dekning for å hevde at barn og unge kan ta skade av å leve med foreldre som har store og vedvarande konfliktar. For at desse barna skal få så gode oppvekstkår som mogleg, tilbyr familievernet støtte til foreldra gjennom mekling og hjelp til samarbeid om felles barn. Målet er å førebyggje og dempe konfliktar mellom foreldra og bidra til at fleire foreldre lagar avtalar om samvær og kvar barnet skal bu, som alternativ til å reise sak for domstolen.

Talet på foreldretvistar som kom inn til domstolane i 2018, var i underkant av 2 700, noko som er ein liten auke frå året før. Sjølv om talet på konfliktsaker som hamnar i rettsapparatet, har vore nokså stabilt dei siste åra, er det likevel høgt. Det er eit mål at saker som er eigna for det, blir løyste på eit tidleg stadium, med hjelp frå familievernet og utanfor domstolane. Å senke konfliktnivået mellom foreldre er eit langsiktig og viktig mål for departementet. Tiltak som kan redusere talet på foreldretvistar i domstolane, kan òg vere samfunnsøkonomisk lønnsame. Departementet har derfor fastsett dette målet for arbeidet med å løyse konfliktsaker på eit tidleg stadium:

  • Fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, inngår avtalar.

Blant dei foreldra som vurderer å bringe ei sak inn for retten, har delen som inngår avtalar, vore stabil over mange år. For dei som gjekk til mekling i familieverntenesta, var delen på 32 prosent i 2018. I denne gruppa er konfliktnivået høgt, og det kan derfor vere krevjande å komme fram til gode avtalar for barna. I mange av sakene ligg det alt føre avtalar eller rettsavgjerder. Partane treng å dempe konfliktane seg imellom og å samarbeide om barna innanfor dei ordningane som er etablerte. Tenesta har over år arbeidd med å utvikle ei brukartilpassa og differensiert meklingsteneste. I 2018 har alle familievernkontora fått opplæring i og teke i bruk meklingsmodellen «prosessmekling», som er særleg tilpassa foreldre som har eit høgt konfliktnivå. Målet er å hjelpe foreldra til å dempe konfliktnivået og ta omsyn til barna sine behov og ønske. Erfaringane så langt er at fleire foreldre vel å ta imot tilbodet om fleire timar med mekling.

I 2019 starta arbeidet med å etablere ei digitalt støtta mekling. Målet er å gi foreldra god digital informasjon om kva dei må ta stilling til i den nye kvardagen, og om kva barna treng på ulike alderstrinn.

Høyring av barn i mekling

Barn har rett til informasjon og til å uttale seg i saker som vedkjem dei. Barn skal få høve til å uttale seg før foreldra lagar avtalar om ordningar for bustad og samvær. Barn skal få tilbod om ein eigen time når foreldra skal møte til mekling. Talet på barn som blir høyrde i meklingssaker, har auka dei seinaste åra, men er framleis ikkje høgt nok. Departementet har derfor sett følgjande mål for arbeidet med meklingsordninga:

  • Fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling.

Målet til Bufdir i 2019 er at 30 prosent av barna over 7 år skal bli høyrde. Dette er i tråd med opptrappingsplanen for samtalar med barn i mekling. Det har vore ein auke i talet på barn som deltek når foreldra møter til mekling. I 2018 blei 26 prosent av barna over 7 år høyrde i meklingssakene i familieverntenesta. Dette er meir enn 4 prosentpoeng høgare enn i 2017. Eksterne meklarar har lågare måloppnåing.

Bufdir og familieverntenesta har i 2018 arbeidd målretta for å gjere tilbodet til barn betre kjent, og for å motivere foreldra til å inkludere barna i mekling og i saker som elles verkar inn på situasjonen og trivselen deira. Det skal òg utviklast ein brosjyre til foreldra som gir informasjon om kva behov barna har når foreldra flyttar frå kvarandre. Stadig fleire foreldre vel å ta med barna både i mekling og i foreldresamarbeidssaker. Særleg gjeld dette barna over sju år. I 2018 var det 25 046 barn som opplevde at foreldra møtte til mekling i familieverntenesta. Av desse barna var 13 279 over sju år. Talet på barn som opplevde at foreldra møtte til mekling hos ein ekstern meklar, var 5 561. Av desse barna var 2 795 over sju år.

Bufdir vil halde fram det langsiktige arbeidet med å gi god informasjon til foreldre og barn om tilbodet til barn. Spisskompetansemiljøet for samtalar med barn vil no utarbeide ein digital rettleiar, og dei arbeider jamt med opplæring og gjennomføring.

Foreldrestøttande arbeid

Regjeringa har som mål at familien skal vere ei trygg ramme rundt livet og utviklinga til barn. Barn treng eit godt oppvekstmiljø og å vere del av ein familie med omsorgsfulle og trygge foreldre som medverkar til å fremje barns psykiske og fysiske helse. Barn har ulike behov, og familiar er ulikt sette saman. Alle foreldre møter utfordringar i foreldreskapet sitt. Nokre treng støtte i ein periode med store forandringar og utfordringar i kvardagen og i parforholdet og til å redusere konfliktar i forholdet. Eit døme på ein slik periode kan vere når ein får sitt fyrste barn. Mykje er nytt for fyrstegongsforeldre: foreldrerolla, ein annan økonomi, amming og barnesjukdommar, og støtte i form av eit samlivskurs kan gjere den utfordrande perioden enklare.

Rett og god foreldrestøtte kan betre oppvekstvilkåra for barn og ungdom, spare familiar for vanskar og leggje til rette for langvarige positive verknader for samfunnet. Tidleg innsats kan førebyggje at vanskar eskalerer, og medverke til at dei som tek imot tenestene, blir betre i stand til å løyse sine eigne vanskar. Det er godt dokumentert at målretta støtte til foreldre med særlege behov reduserer sjansen for at barn vert utsette for vald, overgrep og omsorgssvikt. Målet er:

  • Fleire foreldre skal få tilbod om foreldrestøtte.

Omtalen nedanfor gjer greie for resultat i 2018 og fyrste halvdel av 2019 og for planlagde tiltak i 2020. Familievernet sitt arbeid på området er omtalt under overskrifta Familievern.

Strategi for foreldrestøtte

Regjeringa la i juni 2018 for fyrste gong fram ein foreldrestøttestrategi: Trygge foreldre – trygge barn (2018–2021). Strategien framhevar kor viktig det er å inkludere familieperspektivet i alle sektorar og tenester som møter foreldre og barn. Å støtte foreldra medverkar til å gi barna gode oppvekstvilkår. Bufdir har oppfølgingsansvar for fleire av tiltaka i strategien. Målet er å gi foreldre meir kunnskap og tilpassa hjelp og støtte.

For å få betre innsikt i kva slags haldningar og tankar foreldre har når det gjeld foreldreskapet, har Bufdir fått utført ei foreldreundersøking. Funna tyder på at dei fleste foreldre, både fedrar og mødrer, meiner at dei har ein god relasjon til barnet sitt. Ein relativt stor del foreldre vil søkje hjelp dersom dei opplever utfordringar i foreldrerolla – dei fleste frå venner, familie og helsestasjonen eller skulehelsetenesta.

Ulike utfordringar som foreldre møter, kan påverke foreldreskapet. Nyare studiar av foreldreskap viser òg at fleire faktorar ser ut til å vere avgjerande i utøvinga av foreldreskapet. Dette kan vere støtte i nabolaget, deltaking i nettverk i lokalmiljøet, forsamlingar eller organisasjonar, utdanning og sosioøkonomiske forhold. Det er derfor viktig å sjå foreldrestøttande tiltak i eit breitt perspektiv. Regjeringa vil arbeide for at fleire foreldre får tilpassa hjelp og støtte på alle område der dei har utfordringar.

Studien Foreldre i forandring – foreldreskap i etniske og religiøse minoriteter i Norge vart publisert av Velferdforskingsinstituttet NOVA i 2019 på oppdrag frå Bufdir. Rapporten viser at det å flytte frå eitt land til eit anna fører til at oppsedingsideala endrar seg brått. Nokre foreldre opplever eit krysspress fordi mange har sprikande meiningar om oppsedinga av barna. Andre synest det er vanskeleg å leggje til rette for at barnet skal oppleve tilhøyrsle til både minoritets- og storsamfunnet. Rapporten viser òg at foreldre som er trygge i foreldrerolla, har lettare for å kontakte hjelpeapparatet.

Eit spisskompetansemiljø for foreldrestøtte og førebygging i Bufetat skal vidareutvikle tilbodet om rettleiing til foreldre og ungdom og medverke til kunnskapsbasert praksis. Bufdir og spisskompetansemiljøet skal i 2020 utarbeide rutinar for korleis familievernet bør samarbeide med kommunale tenester, mellom anna om auka opplæring og bruk av foreldrerettleiingsprogrammet International Child Development Programme (ICDP). Arbeidet er forankra i foreldrestøttestrategien.

Bufdir vil utvikle nettstaden foreldrehverdag.no framover, mellom anna ved å auke kjennskapen til og kunnskapen om tenesta og ved å tilpasse innhaldet og tenesta til ulike foreldregrupper og begge kjønn. Samliv og samspel mellom foreldra høyrer naturleg heime på denne nettportalen.

Ein må òg sjå arbeidet på foreldrestøttefeltet i samanheng med innsatsen mot vald og seksuelle overgrep og arbeidet mot fattigdom i barnefamiliar.

Tilskotsordninga foreldrestøttande tiltak i kommunane

Ei rekkje kommunar gir tilbod om foreldrestøtte til innbyggjarane gjennom tilskotsordninga foreldrestøttande tiltak. Det vart i 2018 tildelt om lag 31 mill. kroner. Tilskotsordninga er ikkje evaluert, men det er gjort effektevalueringar av nokre av foreldrerettleiingsprogramma som er nytta i tiltaka. Evalueringane viser at desse programma har positive resultat når det gjeld tilknyting mellom foreldre og barn. Ordninga vart auka med 20 mill. kroner i 2019. I 2020 føreslår departementet ei satsing retta mot fyrstegongsforeldre. Denne satsinga har ei ramme på 17,4 mill. kroner, jf. nærare omtale nedanfor. For å skape rom for denne satsinga føreslår ein å redusere foreldrestøttande tiltak overfor andre grupper tilsvarande.

Familie for første gang

Familie for første gang / Nurse Family Partnership (NFP) er eit førebyggjande tiltak for foreldre i ein særleg utfordrande livssituasjon, med opptil 64 heimebesøk av ein familiesjukepleiar frå tidleg i graviditeten til barnet er 2 år. Programmet har rekruttert 150 familiar, noko som er i samsvar med målet. Utprøvinga av NFP går føre seg i Oslo og Rogaland.

Programmet blir følgjeevaluert av Arbeidsforskingsinstituttet (AFI), og delrapport 2 av 3 blei ferdig i desember 2018. Så langt rapporterer familiane at dei har god nytte av programmet og opplever det annleis enn andre tilbod. Sluttrapporten frå følgjeevalueringa skal etter planen vere ferdig i desember 2019.

Samlivstiltak for fyrstegongsforeldre

I dag tilbyr familievernet og andre aktørar fleire samlivskurs finansiert av ei tilskotsordning som Bufdir forvaltar. Dei fleste er generelle og ikkje retta spesielt mot fyrstegongsforeldre. Perioden etter at det fyrste barnet kjem, kan vere utfordrande. Mange par opplever at det er lite tid til å pleie parforholdet, og at det er krevjande å vere både kjærastar og samarbeidspartnarar i småbarnsperioden. For å komme dette i møte, føreslår departementet å etablere ei eiga tilskotsordning for samlivstiltak retta mot fyrstegongsforeldre. Familievernkontor, frivillige organisasjonar, kommunar, institusjonar og andre tilbydarar av samlivstiltak kan søkje om midlar til å halde kurs. I tillegg er det sett av midlar til å utvikle eit digitalt tilbod. Utviklinga av tilbodet vil basere seg på det eksisterande kurset «Godt samliv», men ein vil oppdatere og revidere innhaldet.

Tilskotsordninga til samlivstiltak

Den eksisterande tilskotsordninga for samlivstiltak er ikkje retta mot fyrstegongsforeldre, men har som mål å støtte opp om samlivet i parforhold og å skape ein trygg og stabil oppvekst for barna. Par som har barn, blir prioriterte. Løyvinga til ordninga var på 10,2 mill. kroner i 2018. Ordninga blir forvalta av Bufdir. Det blei gitt støtte til 133 samlivskurs og 16 utviklingstiltak i 2018. Programma som blir nytta, blir systematisk brukarevaluerte. Tilbakemeldingane frå brukarane er positive. Ordninga er vidareført i 2019 og i budsjettframlegget for 2020.

Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Målet med tilskotsordninga er å utvikle og innføre kommunale modellar som sikrar at utsette barn blir identifiserte og følgde opp systematisk. Utsette barn kan til dømes vere barn av psykisk sjuke eller barn av foreldre som misbruker rusmiddel. Barn og foreldre i ein vanskeleg livssituasjon skal få hjelp så tidleg som mogleg. Kommunane rapporterer at tilskotsordninga har medverka positivt til arbeidet med målgruppa og til kompetanseheving i kommunane.

Tilskotsordninga Systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn vart samordna med ei tilskotsordning på rusfeltet, Betre tverrfagleg innsats – utvikling av lokal samhandling, i 2018. Den samla løyvinga i 2018 var 27,6 mill. kroner. Bufdir forvaltar ordninga i samråd med Helsedirektoratet. Bufdir samarbeider med Helsedirektoratet om å hjelpe og rettleie kommunane i utviklingsarbeidet. Samordninga og løyvinga er vidareførte i 2019. Frå 2020 vil tilskotsordninga for tverrfagleg innsats på rusfeltet bli overført til rammetilskotet til fylkeskommunane, jf. Meld. St. 6 (2018–2019) Oppgaver til nye regioner. Tilskotsordninga Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn under BFD blir ført vidare.

Barne- og familierettsleg utviklingsarbeid

Nedanfor gjer vi greie for utviklingsarbeid på det familierettslege området. Vi gjer greie for resultat som er oppnådde i 2018 og fyrste halvdel 2019, og for planlagde tiltak i 2020.

Ekteskapslova

Departementet vurderer innstrammingar i reglane om godkjenning av ekteskap som er inngått i utlandet. Utgreiinga gjeld særleg tilfelle der éin eller begge partar er mindreårige på tidspunktet for vigselen, og tilfelle der eit tidlegare ekteskap består (bigami). Eventuelle forslag til endringar i desse reglane vil bli sende på høyring.

Folkehelseinstituttet er no i gang med eit forskingsprosjekt som handlar om ekteskap mellom søskenbarn. Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet skal finansiere forskinga saman. Regjeringa vil ta stilling til eit eventuelt forbod i ekteskapslova mot ekteskap mellom søskenbarn når det ligg føre betre kunnskap om omfanget og det er gjort gode nok helsefaglege vurderingar på området.

Barnelova

Regjeringa sette 7. desember 2018 ned barnelovutvalet, som skal gå gjennom og modernisere barnelova. Utvalet skal mellom anna vurdere utforminga av bidragssystemet for likestilt foreldreskap og gå gjennom barns rettar, særleg i eit internasjonalt perspektiv. Det er gitt eit tillegg til mandatet om at utvalet òg skal vurdere sanksjoner ved hindring av samvær. Utvalet starta arbeidet 1. mars 2019 og skal levere utgreiinga si innan utgangen av august 2020.

Endringar i barnelova og statsborgarlova tok til å gjelde 1. april 2019, jf. lov 15. juni 2018 nr. 34 og Prop. 82 L (2017–2018) Endringer i barnelova og statsborgerloven (foreldreskap og statsborgerskap for barn født i utlandet). Endringa gir styresmaktene heimel til å be om DNA-test når ein mann vil erklære seg som far etter barnelova til eit barn født i utlandet. Dette gjeld berre når det er naudsynt for å slå fast farskapen fordi det er ID-tvil eller grunn til å tru at nokon har gitt urette opplysningar om kven som er far, for å få norsk statsborgarskap til barnet. Endringa har òg som følgje at styresmaktene ikkje har jurisdiksjon til å fastsetje farskapen når partane er knytte til eit anna land der dei kan krevje farskapen fastsett, og saka vil bli betre opplyst og handsama i dette landet. Det er gitt ei forskrift om at Arbeids- og velferdsdirektoratet er klageinstans i slike høve.

Endringar i barnelova og straffelova mv. tok til å gjelde 1. januar 2019. Endringane gjeld mellom anna ei plikt for dommaren til å vurdere om den dømde i ei valdssak skal påleggjast kontaktforbod. Sjå lov 20. april 2018 og Prop. 167 L (2016–2017) Endringer i barnelova og straffeloven mv. (bedre rettsvern for barn mot vold og overgrep). Det kom òg endringar i barnelova som gjer at foreldre ikkje pliktar å mekle dersom ein av dei er dømde for alvorleg vald eller overgrep mot eigne barn etter visse føresegner i straffelova. Dette gjer at foreldre i desse tilfella kan reise ei foreldretvistsak for domstolane og søkje om separasjon/skilsmisse og utvida barnetrygd – utan å ha mekla fyrst.

I NOU 2017: 8 Særdomstoler på nye områder føreslo utvalet at foreldretvistar etter barnelova og tvangssaker etter barnevernlova skal handsamast i nokre tingretter i fyrste instans. Regjeringa ønskjer at foreldretvistar og rettsleg overprøving av barnevernsaker skal samlast i nokre tingrettar. Dette vil kunne gi auka kompetanse og erfaring hos dei aktuelle dommarane. Oppfølginga vil i fyrste omgang bli teken inn i arbeidet til Domstolkommisjonen. Sjå nærare omtale i programkategori 11.20 Barnevernet under omtalen av Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.

Regjeringa vil òg sjå nærare på forslaget frå særdomstolsutvalet om å utvide ansvarsområdet til Barnesakkunnig kommisjon til òg å omfatte kvalitetsvurdering av rapportar som er gitte av sakkunnige i foreldretvistsaker. Departementet greier ut konsekvensar og kostnader ved ulike alternative løysingar. I dag kvalitetsvurderer kommisjonen berre rapportar som er gitte av sakkunnige i barnevernssaker. Utvalet har mellom anna lagt vekt på at rapportane utgjer ein viktig del av grunnlaget for avgjerder i foreldretvistsaker, og at det er god grunn til å vere opptekne av kvaliteten på desse rapportane.

Stortinget vedtok 13. mars 2017 ei endring i barnelova om felles foreldreansvar for alle, òg for foreldre som får barn utanfor samliv. Dette vart gjort i samanheng med handsaminga av Prop. 161 (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap). Endringa skal tre i kraft i samanheng med aktuelle endringar i eit modernisert folkeregister, tentativt 1. januar 2020. Det kan tenkjast at eit felles foreldreansvar ikkje er til det beste for barnet i alle tilfelle. Kvar av foreldra kan derfor innan eitt år frå farskapen er etablert, melde frå til folkeregisteret om at foreldreansvaret ikkje skal vere felles. Det kjem nye rutinar for meldingar i folkeregisteret og nye rutinar for å vareta behova til mødrer som bur på sperra adresse.

FNs konvensjon om barnerettane

BFD har ansvaret for å koordinere arbeidet med å følgje opp FN-konvensjonen om barnerettane (barnekonvensjonen). Norske styresmakter fekk i 2018 tilrådingar frå barnekomiteen i FN om kva Noreg bør endre for å betre barnerettane i Noreg. Departementet er i kontakt med Barneombodet og Noregs institusjon for menneskerettar om arbeidet med konvensjonen. Departementet arbeider med korleis merknadene frå barnekomiteen skal følgjast opp. Barnekonvensjonen har trettiårsjubileum i 2019, og Bufdir har fått i oppdrag å førebu ei markering. Fylkesmannen i Troms fekk òg i 2019 tildelt midlar frå BLD for å arbeide med Sjumilssteget. Sjumilssteget handlar om å setje i verk barnekonvensjonen i kommunane og hjelpe kommunane med å konkretisere artiklane i konvensjonen slik at dei kan brukast til å kvalitetssikre tenestene til barn og unge. Fylkesmannen i Troms har formidla metodikken til alle fylka. Over halvparten av kommunane/bydelane i landet har delteke i satsingar som er initierte av fylkesmannsembetet, og innført ein variant av metoden.

Forsking om delt bustad

I Meld. St. 24 (2015–2016) Familien – ansvar, frihet og valgmuligheter stod det at regjeringa vil «vurdere å igangsette ny forskning om samlivsbrudd, delt bosted og flytting, med særlig vekt på barnets perspektiv og opplevelser». Under handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap) vedtok Stortinget dette: «Stortinget ber regjeringen sørge for mer forskning på hvordan barn påvirkes av ulike former for bostedsordninger etter en reorganisering av familien» (oppmodingsvedtak nr. 493, 7. mars 2017).

I 2017 lyste departementet ut eit forskingsoppdrag for å auke kunnskapen om erfaringane til familiar og særleg barn med delt bustad. Sentrale spørsmål i oppdraget var korleis ordninga blir praktisert, kva slags innverknad barn har på valet og praktiseringa av bustadordninga, og kva fordelar og ulemper barn sjølve peiker på ved å leve med delt bustad. Institutt for samfunnsforskning har levert forskingsrapporten Delt bosted. Barns perspektiver og utfyllende kunnskap (Rapport 2019:3).

Det har tidlegare blitt kritisert at barna si stemme ikkje blir høyrd i forsking. Denne rapporten legg hovudvekta på samtalane med barna og gir ny kunnskap om deira perspektiv. Rapporten vil gi nyttig bakgrunn for refleksjon for både meklarar og andre tilsette i familievernet og for det vidare arbeidet i departementet på området. Forskarane skriv mellom anna at: «Delt bosted kan være en god løsning for familier for å sikre at barn får et nært og godt hverdagsforhold til både faren og moren og deres respektive hushold. Det må likevel være tilpasset barnets situasjon og praktiseres fleksibelt, og det må være mulig å endre på ordningen ut fra nye behov og forhold. Barnas beskrivelser uttrykker ambivalens ved og forsiktighet med å formidle tankene de har, fordi de ikke vil såre foreldrene. Medvirkning og mulighet for å kunne reforhandle bo-ordningen er dermed helt vesentlig for at barn skal ha en god bo-ordning over tid. I meklingsmøtet ved familievernkontorene bør derfor foreldre bli gjort kjent med betydningen av å ta opp bo-ordningen som tema med jevne mellomrom».

Vald og overgrep mot barn og unge

Vald og overgrep mot barn er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Det fører til store lidingar for den einskilde og store utgifter for samfunnet. Arbeidet mot vald og overgrep omfattar ansvarsområda til fleire departement. BFD koordinerer innsatsen mot vald og overgrep mot barn og unge, medan Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer innsatsen mot vald i nære relasjonar. Samordning på tvers av sektorar er ein føresetnad for å lukkast i arbeidet med å førebyggje vald og overgrep. Regjeringa vil styrkje arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, mellom anna gjennom å følgje opp Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep(2017–2021). BFD koordinerer arbeidet med opptrappingsplanen. Kunnskapsdepartementet koordinerer arbeidet med oppfølginga av Handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020). Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet med Handlingsplan mot voldtekt (2019–2022), som regjeringa la fram våren 2019. BFD har ansvar for fleire tiltak i desse planane. Arbeidet med å følgje opp tiltaka vil bli ført vidare i 2020. Regjeringa har òg i 2019 starta arbeidet med ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Planen skal ha ein eigen del om vald i samiske område. Arbeidet blir koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet.

Omtalen nedanfor gjeld resultat i 2018 og fyrste halvdel 2019 og planlagde tiltak i 2020 for arbeidet mot vald og overgrep mot barn og unge. Det blir òg rapportert for hjelpetenestene for valdsutsette og utøvarar som BFD er ansvarleg for.

Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021)

Arbeidet med å følgje opp Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) har høg prioritet. Den samla satsinga for 2020 er på i overkant av 1 mrd. kroner.

I planperioden er etterforskinga av vald og overgrep mot barn styrkt, og kapasiteten og kompetansen i Statens barnehus er auka. Behandlingstilbod og tiltak som varetek utsette og familiane deira, er styrkte.

Det har òg vore ein satsing på helsestasjons- og skulehelsetenesta som har fått over 1 mrd. kroner meir frå 2014 til 2019, sjå omtale i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

Familievernet har etablert eit spisskompetansemiljø som spreier kunnskap om vald til familievernkontora og fått fleire årsverk til terapeutar dei seinaste åra. Det er etablert støttesenter for kriminalitetsutsette i kvart politidistrikt. Alternativ til Vold har opna fleire kontor og behandlar fleire valdsutøvarar, barna deira og partnarane deira.

I 2018 blei det lansert fleire tiltak for å styrkje kompetansen i statlege og kommunale tenester. Det er mellom anna utvikla rettleiingar og informasjonsmateriell som blir brukte i tenestene for å oppdage og følgje opp barn og unge som er utsette for vald og overgrep.

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) gjennomfører på oppdrag av BFD ein ny studie om omfanget av vald og overgrep mot barn og unge, sjå meir omtale nedanfor. NKVTS gjennomfører på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet eit prosjekt om bruken og nytten av handlingsplanar i kommunane og om korleis kommunane har gått fram for å lage slike planar. Dei regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) har fått i oppdrag å halde fram med å oppmode og støtte kommunane til å utvikle lokale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar.

Praktiseringa av reglane om teieplikt kan skape samarbeidsutfordringar i arbeidet mot vald og overgrep. BFD har forenkla og klargjort reglane om opplysningsplikt overfor barnevernstenesta. Justis- og beredskapsdepartementet har sett i gang ei utgreiing av reglane om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett. Arbeidet skal resultere i ein praktisk rettleiar i korleis regelverket skal forståast og praktiserast. Ein tek sikte på at arbeidet skal ferdigstillast hausten 2019.

Bufdir har fått ansvar for å følgje opp ei rekkje tiltak i opptrappingsplanen under ansvarsområdet til BFD. Direktoratet leier arbeidet med å utvikle ein nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep i samarbeid med andre relevante direktorat. Bufdir skal gå gjennom og sjå til at temaet vald og overgrep er godt innarbeidd i rettleiarar, rundskriv og retningslinjer. Direktoratet har òg fått i oppgåve å revidere Veileder for utarbeidelse av plan for krisehåndtering – mistanke om ansattes seksuelle overgrep mot barn i samarbeid med Utdanningsdirektoratet.

Kunnskapen om vald og overgrep i offentlege tenester er mangelfull. Ordninga med tverrfaglege konsultasjonsteam er evaluert. Teama er tverrfagleg samansette og gir tilsette i tenester som møter barn og unge, høve til å drøfte saker anonymt. Evalueringa viser at konsultasjonsteam gir betre hjelp i komplekse saker som dreier seg om vald og overgrep. Ho viser òg at det er om lag 33 operative team i Noreg, og at det er store variasjonar mellom teama og i måten dei blir brukte på. Forskarane tilrår at ordninga blir vidareutvikla, og regjeringa vil arbeide for at ho blir meir landsdekkjande.

Det går òg føre seg eit kontinuerleg arbeid i fleire direktorat for å vidareutvikle statistikkgrunnlaget og utvikle indikatorar på valds- og overgrepsfeltet.

Ei samla oversikt over statusen for opptrappingsplanen viser at arbeidet med å setje i verk tiltaka er godt i gang. Tabell 10.1 i del III gir ei oversikt over tiltaka, dei ansvarlege departementa og statusen. Av dei 88 tiltaka («regjeringa vil»-punkt) i planen er 31 alt gjennomførte, 54 er påbyrja, og tre står att å starte opp. Det blir rapportert om oppfølginga av planen i dei årlege budsjettproposisjonane, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet for ei rapportering om dei tiltaka dei er ansvarlege for. Sjå òg statusrapporten for oppfølginga av planen på regjeringen.no under BFD.

I 2020 styrkjer regjeringa satsinga meir og føreslår ei tverrdepartemental satsing på 54 mill. kroner til oppfølging av tiltak i opptrappingsplanen:

  • 19 mill. kroner til å styrkje behandling av personar som er dømt for seksuelle overgrep, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • 12,5 mill. kroner til å styrkje behandlingstilbodet for personar som står i fare for å utføre seksuelle overgrep, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • 7 mill. kroner til å styrkje Alternativ til Vold (ATV)

  • 6,5 mill. kroner til implementering av opplæringsprogrammet SNAKKE og nettressursen Jeg Vet

  • 3 mill. kroner til ein lågterskel-hjelpetelefon for foreldre

  • 5 mill. kroner til forsking om førebygging av seksuelle overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • 1 mill. kroner til forsking om krisesentertilbodet

I årsmeldinga frå Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar (NIM) heiter det i tilråding nr. 16, som har samanheng med opptrappingsplanen:

«Myndighetene bør iverksette effektive tiltak på systemnivå for å forebygge og forhindre at barn utsettes for vold, seksuelle overgrep og omsorgssvikt, samt tiltak for å avdekke slike forhold på et tidlig stadium. Videre bør relevante etaters kompetanse til å gjennomføre gode og trygge samtaler med barn styrkes.»

Regjeringa følgjer opp tilrådinga gjennom arbeidet med opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021). Mellom anna er etterforskinga av vald og overgrep mot barn styrkt og kapasiteten og kompetansen i Statens barnehus auka. Behandlingstilboda og tiltak som varetek utsette og familiane deira, er òg styrkte. Frå 1. januar 2018 er helselovene endra for å tydeliggjere ansvaret for arbeidet mot vald og overgrep. Regjeringa lanserte i juni 2018 ein strategi for foreldrestøtte med mange tiltak som skal bidra til å førebyggje vald. Regjeringa har òg sett i gang eit arbeid med ein strategi mot Internett-relaterte overgrep mot barn.

Arbeidet mot vald og overgrep krev kontinuerleg innsats og samordning på tvers av sektorer. Det er sett i verk tiltak for å auke kompetansen i relevante tenester som møter valdsutsette og valdsutøvarar, mellom anna kompetansen i tenestene på å snakke med barn om vald og overgrep. Regjeringa har òg sett i gang eit arbeid med ein nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep. Det er særleg viktig at god kunnskap om vald og overgrep inngår i relevante profesjonsutdanningar som lærarutdanningane og i dei helse- og sosialfaglege utdanningane i tråd med dei nye rammeplanane for utdanningane.

Sjå òg nærare omtale av vedtak nr. 93 av 4. desember 2018 i Prop. 1 S (2019–2020) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og overgrep mot barn og unge

Regjeringa prioriterer å førebyggje vald og overgrep. Barn og unge treng god kunnskap om kva vald og overgrep er. Vald og overgrep mot barn kan vere særleg vanskeleg å oppdage når barn vegrar seg for å snakke om opplevingane sine, særleg når den som utøver vald, er ein som står dei nær. Mange yrkesutøvarar som møter barn, veit ikkje korleis dei kan spørje når dei har ein mistanke. Å førebyggje og avdekkje vald og overgrep tidleg vil forhindre at nye overgrep skjer.

Departementet har dette målet i arbeidet mot vald og overgrep:

  • I større grad førebyggje og avdekkje valds- og overgrepsaker mot barn og unge

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) over melde lovbrot i 2017 viser at det er stadig fleire melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot mot barn. Dette kjem til dels av større oppmerksemd frå samfunnet si side og at folk er meir opne om vald, mishandling og overgrep. Folk er blitt meir tilbøyelege til å melde frå til politiet og hjelpeapparatet, og aktørane i straffesakskjeda har prioritert desse sakene høgare. Politiets innsats for å avdekkje mørketal er òg med på å forklare at talet på meldingar om denne typen kriminalitet har auka.

Figur 4.4 Offer under 18 år i melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot 2012–2017

Figur 4.4 Offer under 18 år i melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot 2012–2017

Kjelde: SSB

For å kunne målrette arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og overgrep treng vi kunnskap om omfanget og kven som særleg blir råka. Hausten 2019 vil NKVTS leggje fram den fyrste studien av omfanget av vald og overgrep der barn og unge ned til 12 år deltek sjølve. Føremålet med studien er få pålitelege tal på kor mange barn og unge i Noreg i dag som er eller har vore utsette for vald og overgrep. Undersøkinga vil òg kartleggje om ungdommane har søkt hjelp, og korleis dei eventuelt har opplevd møtet med hjelpeapparatet.

Bufdir har i 2018 og 2019 arbeidd med tiltak for å førebyggje og avdekkje vald i tett samarbeid med Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Innsatsen har særleg vore retta mot å prøve ut opplæringsprogrammet SNAKKE og læringsressursen Jeg Vet og å gjere dei kjende i kommunane. Regjeringa føreslår til saman 6,5 mill. kroner i budsjettet for 2020 til å vidareutvikle og implementere desse verktøya, sjå nærare omtale under.

Opplæringsprogrammet SNAKKE

Dei som treff barn og unge i det daglege, gjennom arbeid eller fritidsaktivitetar, må vere trygge på korleis dei kan snakke med barn dei er bekymra for. RVTS utvikla i 2018 kunnskaps- og øvingsportalen SNAKKE (snakkemedbarn.no) på oppdrag frå Bufdir. Ein del av portalen er eit online simuleringsspel som gjer det mogleg å øve på å snakke med barn og unge om vald og overgrep. SNAKKE er prøvd ut i 22 barnehagar i alle regionar i 2018. RVTS har i utprøvingsperioden undervist 408 tilsette. Arbeidet med å utvikle programmet vidare og få fleire yrkesgrupper til å bruke det vil halde fram i 2020. Bufdir vil hausten 2019 setje i gang forsking på resultatet av dette arbeidet og nettressursen Jeg Vet, sjå omtale nedanfor.

Læringsressursen Jeg Vet

Barn har rett til kunnskap om kva vald og overgrep er, og kvar dei kan få hjelp dersom dei er utsette. Bufdir har i 2018 utarbeidd ein digital læringsressurs til arbeid mot vald og seksuelle overgrep i barnehage og skule. Ressursen er tilgjengeleg på jegvet.no. Læringsressursen tilbyr tilsette i barnehagar og skular undervisingsopplegg om mobbing, vald og digitale krenkingar. Å bryte tabua kring vald kan medverke til at fleire utsette tør å snakke om opplevingane sine, og slik får avdekt valden og får hjelp tidlegare. Arbeidet med å ta i bruk Jeg Vet skal halde fram i 2020.

Arbeidet i familievernet med familiar som lever med vald

Familieverntenesta kjem ofte i kontakt med familiar der éin eller fleire medlemmar utøver vald. I om lag 14 prosent av sakene i familieverntenesta gir tenesta tilbod om behandling og oppfølging til familiar som har utfordringar med vald. Dette er stabilt samanlikna med tidlegare år.

Arbeidet familievernet gjer mot vald, er styrkt dei siste åra. Fagutvikling skal sikre at familiar der det er vald, blir møtte av kompetente terapeutar ved familievernkontora, og at dei får eit godt tilpassa tilbod, uavhengig av kvar dei bur i landet. I 2018 har Bufdir, i samarbeid med familieverntenesta sitt spisskompetansemiljø for vald i nære relasjonar, arbeidd med å byggje opp og halde ved like naudsynt kompetanse i tenesta over heile landet. Direktoratet har vidareutvikla ein digital rettleiar for arbeid med vald. Bufdir har gitt NOVA eit forskingsoppdrag om å følgje arbeidet mot vald i familievernet. Fyrste delrapport blir publisert ved årsskiftet 2019/20.

I 2020 skal Bufdir halde fram med å utvikle tilbodet til valdsutsette barn og familiar og til valdsutøvarar i familievernet. Følgjeforskinga i regi av NOVA vil òg halde fram, med vekt på samarbeid med andre tenester og arbeid med brukarar som har ulik bakgrunn og lever i ulike familieformer.

Alternativ til Vold (ATV) er ein viktig samarbeidspart for familievernet. Det går føre seg eit utstrekt samarbeid mellom lokale ATV-kontor og familievernkontor om fagutvikling, rettleiing og einskildsaker. Til dømes kan familievernkontora vise utøvarar av grov vald til ATV, medan ATV kan vise utsette til vidare oppfølging i familievernet. På nasjonalt plan samarbeider ATV med spisskompetansemiljøet for vald ved Enerhaugen familievernkontor. Metoden «enkel og effektiv aggresjonskontroll», som er utvikla av ATV, blir tilpassa og implementert i familieverntenesta i 2019–2020. Bufdir vil i 2020 halde fram samarbeidet med ATV om fagutvikling og metode for å styrkje tilbodet til valdsutsette familiar.

Stiftinga Alternativ til Vold

Stiftinga Alternativ til Vold (ATV) har i 2019 fått tilskot til drift av ATV-kontor. Målet med tilskotet er å få til eit lågterskel-behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og til familien til valdsutøvaren (familiemandat). Ved inngangen til 2019 var det 13 ATV-tilbod i Norge. Til saman fekk 1 485 personar behandling i 2018. Dette er ein auke på 176 personar frå 2017. Den største prosentvise auken i talet gjeld barn.

Figur 4.5 Personar i behandling i ATV 2010–2018

Figur 4.5 Personar i behandling i ATV 2010–2018

Det statlege tilskotet til ATV blei styrkt med 10 mill. kroner i 2018. Denne auken blei i tråd med vilkåra for tildelinga nytta til å tilsetje personar med barneterapeutisk kompetanse og til å styrkje behandlingskapasiteten ved fleire ATV-kontor. I 2018 blei det etablert eit ATV-tilbod på Øvre Romerike. ATV har i 2018 vore i dialog med fleire kommunar om etablering av nye tilbod.

Årsresultatet for 2018 viser at ATV har om lag 2 mill. kroner i ubrukte midlar. Desse midlane vil i 2019 bli nytta til etablering av eit nytt kontor eller til styrking av eksisterande kontor, avhengig av prosessar som er i gang.

Driftstilskotet til ATV blei styrkt med ytterlegare 6 mill. kroner i 2019. Midlane går til styrking av eksisterande ATV-kontor og til etablering av nye ATV-tilbod. Etablering av tilbod i Finnmark med samisk kompetanse er prioritert.

Regjeringa styrkjer driftstilskotet til ATV med ytterlegare 6 mill. kroner i 2020. Midlane skal bidra til at ATV kan gi tilbod til fleire valdsutøvarar og valdsutsette vaksne og barn. Arbeidet med å følgje opp eit familiemandat er eit langsiktig utviklingsarbeid. Det auka tilskotet skal òg bidra til å sikre heilårsdrift av kontor i Finnmark. Regjeringa føreslår òg å gi ATV 1 mill. kroner til arbeid med å spreie informasjon om og utvide bruken av kurset Bryt voldsarven, jf. tiltak i strategien for foreldrestøtte (2018–2021).

Digital tryggleik

Noreg har bidrege med finansiering av datainnsamling og analysar om barn og unges liv på Internett. Universitetet i Oslo sin rapport Tilgang, bruk, risiko og muligheter – norske barn på Internett, av Elisabeth Staksrud og Kjartan Ólafsson (2019), viser at barn og unge for det meste opplever at det er trygt på nettet, men òg at einskilde blir utsette for mobbing, hatytringar og skadeleg innhald. Internett-relaterte overgrep er omtalte på dinutvei.no, ein nasjonal vegvisar ved vald og overgrep. NKVTS-rettleiinga for helse- og omsorgstenesta sitt arbeid mot vald i nære relasjonar frå 2018 omtaler òg digital vald. I 2020 skal arbeidet med å gi informasjon om nettrelatert vald framleis prioriterast på ung.no. Regjeringa arbeider òg med ein strategi mot Internett-relaterte overgrep.

Utval som har gjennomgått alvorlege saker der barn og ungdom har vore utsette for vald og seksuelle overgrep

Dei ansvarlege departementa har gått gjennom dei 58 tilrådingane frå barnevaldsutvalet. Nær halvparten av tilrådingane blir alt følgde opp i ein annan prosess som er i gang, til dømes i samband med oppfølginga av regjeringas opptrappingsplan mot vald og overgrep. Når det gjeld tilrådingane som ikkje alt er under oppfølging, vil regjeringa følgje opp dei fleste av dei. Mange av desse tilrådingane går ut på å heve kompetansen og kunnskapen i tenestene som arbeider med vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn. Regjeringa vil følgje opp tilrådingane gjennom arbeidet med den kommande kompetansestrategien om vald og overgrep. Tiltak for å heve kompetansen på samtalar med barn og på barns medverknad vil inngå i dette arbeidet. Utvalet har òg vurdert å opprette ei permanent ordning, ein kommisjon, for gjennomgang av særs alvorlege saker der barn døyr eller har vore utsette for grov vald, seksuelle overgrep eller omsorgssvikt, slik fleirtalet i barnevaldsutvalet føreslo. Dette må vurderast nærare av dei ansvarlege departementa.

I årsmeldinga frå Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar (NIM) heiter det i tilråding nr. 17, som BFD har ansvaret for å følgje opp:

«Myndighetene bør gjennomgå sakene som inngår i grunnlaget for NOU 2017: 12 Svikt og svik på individnivå, for å vurdere om staten har ivaretatt sin positive forpliktelse til å beskytte barna i hver konkret sak, og hvis dette ikke er tilfellet, sikre at barna er gitt eller gis en ‘effective remedy’ etter EMK artikkel 13.»

Dei konkrete sakene som barnevaldsutvalet har handsama, er anonyme. Berre leiaren, nestleiaren og sekretariatet for utvalet veit kven barna, familiane eller gjerningsmennene er. Stortinget vedtok ei mellombels lov for å gi desse medlemmane av utvalet tilgang til konfidensiell informasjon frå relevante tenester. Dette materialet er no øydelagd, slik lova krev. Det var utvalet som valde ut sakene, som så blei anonymiserte i den endelege rapporten. Departementet veit dermed ikkje kven personane i sakene er. Lova forbyr å bruke denne konfidensielle informasjonen som bevis i rettssaker.

I tråd med mandatet til utvalet har føremålet med gjennomgangen ikkje vore å vurdere juridisk ansvar i sakene. Føremålet har vore å evaluere manglar i tenestene som handterer sakene, for å lære, for å betre systemet og for å unngå likeins feil i framtida. Sjå òg nærare omtale av vedtak nr. 93 av 4. desember 2018 i Prop. 1 S (2019–2020) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Tilskot til tiltak mot vald og overgrep

Frivillig sektor har ei viktig rolle i å førebyggje vald og seksuelle overgrep.

Bufdir forvaltar tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er, eller har vore, utsette for vald eller seksuelle overgrep. Nokre tiltak mot tvangsekteskap får òg støtte.

Mange har søkt om tilskot, og i 2018 blei det gitt tilskot på i overkant av 17,7 mill. kroner gjennom ordninga. Dei organisasjonane som har fått driftstilskot gjennom ordninga, er Landsdekkjande telefon for incest- og seksuelt misbrukte, Fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO), Krisesentersekretariatet, Raudekrossen sin informasjonstelefon om tvangsekteskap og kjønnslemlesting og Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF).

Rapporteringane om tilskot til tiltak mot vald og overgrep syner at eitt eller fleire av måla for ordninga er nådde. Mellom anna har tilskotsordninga medverka til at fleire barn og unge har fått betre kunnskap om vald og overgrep. Fleire av tiltaka har auka kunnskapen om vald og overgrep i ulike minoritetsmiljø og trussamfunn. Tilskotsordninga blei vidareført i 2019 med omlag 18 mill. kroner. Frå 2020 vil krisesenter òg kunne søkje om utviklingsmidlar for å styrkje tilbodet til særleg utsette grupper.

Stine Sofie Senteret

Stine Sofie Senteret i Grimstad er eit nasjonalt senter for valdsutsette barn, dei trygge omsorgspersonane deira og søskena deira. Senteret tilbyr eit seksdagars kursopphald for heile familien. I 2018 var det øyremerkte tilskotet til Stine Sofie Senteret på om lag 30 mill. kroner. Tilskotet blei vidareført i 2019 med om lag 31 mill. kroner.

Senteret har kapasitet til å tilby 500 barn eit kursopphald per år. I 2018 gav dei tilbodet til 413 barn. Bruken av tilbodet fordeler seg ujamt på fylka i landet. Dette er senteret ikkje nøgd med, og dei vil i 2019 jobbe målretta for ei utjamning. I senteret si eiga oppfølgingsundersøking rapporterer foreldre om at dei etter opphaldet har opplevd ei positiv endring. Det kjem òg fram at samarbeidet med hjelpeapparatet har endra seg, og at opphaldet for fleire av barna som har vore utsette for vald og overgrep, har ført til at dei snakkar meir opent om det.

Regjeringa vil i 2020 føre vidare tilskota til ideelle organisasjonar, stiftingar og andre som arbeider for å førebyggje vald og gi oppfølging til valdsutsette. I tillegg føreslår departementet å etablere ein lågterskeltelefon for foreldre. Telefonen skal vere døgnopen, slik at foreldre som har behov for å snakke med nokon der og då, kan få hjelp med ein gong. Mental Helse vil drifte telefonen, og Stine Sofies Stiftelse vil stå for opplæringa av dei tilsette. Ein døgnopen lågterskeltelefon og ein fortruleg samtale kan vere nok for å handtere ein vanskeleg situasjon og førebyggje vald mot dei minste barna.

Krisesentera

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å ha eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Krisesentera er eit hjelpetilbod med særleg kompetanse om vern og tryggleik og gir råd og rettleiing til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. I 2018 var det 47 krisesentertilbod, inkludert eit eige krisesenter for menn.

I 2018 budde 1 842 vaksne på krisesentera. Av dei var 135 menn. I tillegg budde det 1 452 barn på sentra. 64 prosent av bebuarane hadde innvandrarbakgrunn. Talet på dagsbesøk aukar, medan talet på bebuarar og dagbrukarar er stabilt.

Figur 4.6 Bebuarar, dagbrukarar og dagsbesøk på krisesenter 2005–2018.

Figur 4.6 Bebuarar, dagbrukarar og dagsbesøk på krisesenter 2005–2018.

Kjelde: Sentio Reserch.

Utviklingsprosjekta for å styrkje krisesentertilbodet til særleg utsette heldt fram i sju kommunar i 2018. Målet er å sikre eit likeverdig tilbod til valdsutsette som har utfordringar på grunn av rus, psykiske lidingar eller funksjonsnedsetjing. I tillegg vil Alta krisesenter arbeide særskilt for eit tilrettelagt tilbod til den samiske befolkninga. I samband med nedlegginga av samisk krise- og incestsenter i Karasjok har Bufdir etablert kontakt med kommunen for å rette opp att og styrkje krise- og incestsentertilbodet i indre Finnmark.

Erfaringar baserte på utviklingsprosjekta inngår i rettleiinga for innhaldet og kvaliteten i krisesentertilbodet som blei lansert i juni 2018. Fylkesmennene fekk i 2019 i oppdrag å gjere rettleiinga kjend for kommunar og krisesentera.

Det er behov for meir kunnskap for å danne eit godt grunnlag for vidareutvikling av krisesentertilbodet. Bufdir utarbeider i 2019 ei kunnskapsoppsummering om krisesentertilbodet. Resultata skal i 2020 inngå i regjeringa si evaluering av overføringa av ansvaret for krisesentertilbodet til kommunane. I evalueringa skal Bufdir òg vurdere tiltak som sikrar eit godt krisesentertilbod.

Departementet vil i 2020 òg styrkje forskinga om krisesentertilbodet.

Støttesentera mot incest og seksuelle overgrep

Sentera mot incest og seksuelle overgrep er eit lågterskeltilbod utan krav til tilvising, der personar som er blitt utsette for seksuelle overgrep, og pårørande kan få råd, støtte og rettleiing. Sentera blir finansierte gjennom ei tilskotsordning som Bufdir forvaltar, sjå Regelverk for statlig tilskudd til sentre mot incest og seksuelle overgrep og ressurssentre mot voldtekt. Det er til saman 23 incestsenter, og alle fylka har eit slikt tilbod i dag. Det er òg eit senter mot valdtekt.

Talet på brukarar av sentera aukar. I 2018 var det 2 888 personar som brukte sentera, 409 fleire enn i 2017. Av desse var 76 prosent utsette for seksuelle overgrep, 19 prosent var pårørande, medan 5 prosent var både utsette for overgrep sjølve og pårørande til nokon som var utsette. 9 prosent av dei utsette som oppsøkte sentera, hadde innvandrarbakgrunn.

Figur 4.7 Brukarar av støttesentera mot incest og seksuelle overgrep 2009–2018

Figur 4.7 Brukarar av støttesentera mot incest og seksuelle overgrep 2009–2018

Kjelde: Sentio Research

Bufdir starta i 2019 opp arbeidet med tilrådingar om kvaliteten og innhaldet i tilbodet ved sentera mot incest og seksuelle overgrep, medrekna tilbodet til barn. Evalueringa frå NOVA, som kom i 2017, utgjer ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget i det vidare arbeidet med tilboda. I 2020 tek ein sikte på å utarbeide ei fagleg plattform med tilrådingar om kvaliteten og innhaldet i tilbodet og å greie ut endringar i regelverket.

Ungdomspolitikk, -medverknad og -informasjon

Ungdomstida er ei tid prega av utvikling og modning, viktige overgangar og vegval som får verknad langt ut i vaksenåra. Personar mellom 13 og 26 år blir rekna som ungdom og er ei mangfaldig gruppe. For regjeringa er det viktig å sikre at stemma til ungdom blir høyrd i aktuelle saker som til dømes gjeld integrering, psykisk helse og fråfall i vidaregåande skule. Regjeringa vil derfor setje ned fleire ungdomspanel i saker som treng råd frå ungdom. Ungdomspanela byggjer på prinsippa om reell påverknadskraft, representasjon, informasjon, gjensidigheit, kompetanse og involvering. Det er opp til dei ulike departementa å ta stilling til i kva saker dei vil bruke ungdomspanel. Det vil bli utarbeidd eit forslag til korleis departementa kan rekruttere eit panel. Å gi barn og unge høve til å medverke i avgjerder rundt deira eige liv og i samfunnet kring dei er grunnleggjande for bygginga av det demokratiske samfunnet. Retten barn har til medverknad, følgjer mellom anna av Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen artikkel 12.

Etter den nye kommunelova er kommunane pålagde å ha eit medverknadsorgan for ungdom frå kommunevalet hausten 2019. Slike råd finst frå før i mange kommunar – under ulike namn og innrettingar, som ungdomsråd og ungdommens kommunestyre. Departementet har støtta forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor. Forskarane har fått i oppdrag å kartleggje ungdomsråda i kommunane. Forskinga skal gi kunnskap om korleis ungdomsråda fungerer, kven som deltek, kva dei dei har vedteke, med meir. Rapporten skal leverast i 2019.

På oppdrag frå BFD og Kommunal- og moderniseringsdepartementet utarbeider Bufdir materiell til bruk i kommunar og fylkeskommunar i arbeidet med å etablere og drive medverknadsorgan.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar for å sikre deltaking for barn og unge, og dei er ein arena for medverknad og demokratisk praksis. I overkant av 153 mill. kroner blei utbetalte som tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane i 2018. Dette går til nasjonal og internasjonal grunnstøtte og til driftsstøtte til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede. Grunnstøtta skal mellom anna leggje til rette for at barn og ungdom deltek i barne- og ungdomsorganisasjonane, og sikre organisasjonane som arena for aktivitet, fellesskap, medverknad og erfaringar med demokratiske spelereglar. I 2019 er det sett av over 161 millionar kroner til føremålet.

Regjeringa vil styrkje den heilskaplege innsatsen for å skape gode levekår og oppvekstmiljø for barn og unge. Bufdir skal vidareutviklast som fagdirektorat og vere ein ressurs og retningsgivar på det ungdomspolitiske feltet for kommunane og frivillig sektor. Dette følgjer av Innst. 154 S (2016–2017) om eit nasjonalt kompetansesenter for ungdomspolitikk, ungdomsmedverknad og ungdomsinformasjon. Demokratiopplæring gjennom aktiv deltaking i ungdomsråd og anna organisasjonsliv er eit anna viktig område. I 2018 sette Bufdir særleg søkjelyset på ungdomsmedverknad og -deltaking.

I tråd med satsinga på ungdom og medverknad har Bufdir i 2018 arbeidd med å endre den tidlegare Barne- og ungdomskonferansen. Konferansen vert no ein rein ungdomskonferanse med vekt på deltaking, medverknad og erfaringsutveksling mellom ungdom, kommunar og andre aktørar. I 2019 vil ein for fyrste gong kåre «Årets ungdomskommune».

Noreg deltek i EU-programmet Erasmus+ (2014–2020). Erasmus+ gir tilskot til prosjekt innanfor utdanningssektoren, ungdomsfeltet og idretten. Målet er å fremje interkulturell læring, aktiv deltaking og inkludering for alle typar ungdom.

Nettstaden ung.no har ei sentral rolle i det offentlege informasjons- og opplysningsarbeidet retta mot ungdom i alderen 13–20 år. Nettstaden er godt besøkt – og i rask vekst. Ungdom skal få lett tilgang til informasjon om rettar, plikter og moglegheiter og ein enkel inngang til andre aktuelle og kvalitetssikra tenester for ungdom. I 2018 var trafikken på ung.no slik:

  • 34,1 millionar sidevisingar (opp 20 prosent frå 2017)

  • 17,1 millionar besøkjande/økter (opp 18 prosent frå 2017)

  • 52 500 løyste spørsmål (ned 7 prosent frå 2017)

Hausten 2018 initierte Bufdir ei undersøking om spørjetenesta i ung.no. Forskarar frå SINTEF analyserte kven som spurde om kva, og undersøkte om det var eit mønster i temaa som ofte opptrer i lag. Forskinga resulterte i to delrapportar. Resultata syner at det er flest jenter som bruker spørjetenesta, og at dei yngste i alderen 13–16 år bruker tenesta mest.

Undersøkinga viste vidare at ungdommane nyttar ung.no som ein kanal for å ta opp tema som dei kjenner at dei ikkje kan snakke med andre om. Det kan vere tema som pubertet, vald, problem heime og mobbing. Andre nyttar tenesta som eit oppslagsverk, og spørsmåla dei stiller, kunne dei ha funne svar på ved eit enkelt nettsøk. Dette tyder på at dei ønskjer stadfesting på at informasjon som dei kanskje har funne frå før, er korrekt, at dei har tillit til ung.no, eller at dei søkjer kontakt med nokon.

Det er eit mål å samle fleire digitale informasjonstenester for unge på ein stad som dekkjer fleire sektorar. Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Direktoratet for e-helse har derfor sett i gang prosjektet DIGI-UNG. Dette er eit prosjekt for å samordne og vidareutvikle digital informasjon og digitale tenester for ungdommar i alderen 13–20 år. Føremålet er å tilby ungdom eit heilskapleg digitalt hjelpetilbod som går frå lågterskelinformasjon til meir omfattande rettleiing og hjelp. Prosjektet vart etablert i 2019 og vil halde fram i 2020.

Regjeringa ønskjer å arbeide vidare med utvikling av konkrete tiltak innanfor ungdomspolitikken. Mellom anna skal regjeringa ta i bruk ungdomspanel for å styrkje ungdomsmedverknaden i politiske prosessar. Den tidlegare varsla stortingsmeldinga om regjeringas ungdomspolitikk vil ikkje bli lagt fram likevel.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

840

Tiltak mot vald og overgrep

221 602

239 876

262 324

9,4

841

Samliv og konfliktløysing

30 835

35 410

53 408

50,8

842

Familievern

573 486

607 551

605 008

-0,4

843

Adopsjonsstønad

9 694

12 525

11 000

-12,2

844

Kontantstøtte

1 717 389

1 800 890

1 560 000

-13,4

845

Barnetrygd

14 873 987

15 872 000

16 459 000

3,7

846

Familie- og oppveksttiltak

589 649

690 032

749 986

8,7

847

EUs ungdomsprogram

8 873

8 431

8 597

2,0

848

Barneombodet

21 845

21 968

22 364

1,8

Sum kategori 11.10

18 047 360

19 288 683

19 731 687

2,3

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

3842

Familievern

658

736

760

3,3

3847

EUs ungdomsprogram

2 703

2 364

2 364

0,0

Sum kategori 11.10

3 361

3 100

3 124

0,8

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–23

Drift

445 574

487 932

506 015

3,7

50–59

Overføringar til andre statsrekneskapa

3 143

3 218

8 073

150,9

60–69

Overføringar til kommunar

381 900

585 381

613 463

4,8

70–98

Overføringar til private

17 216 743

18 212 152

18 604 136

2,2

Sum kategori 11.10

18 047 360

19 288 683

19 731 687

2,3

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

13 420

25 888

23 683

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

94 321

98 607

101 762

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21 og kap. 858, post 01

83 227

84 291

104 954

73

Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

30 634

31 090

31 925

Sum kap. 0840

221 602

239 876

262 324

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

Midlane på denne posten blir nytta til finansiering av prosjekt og tiltak i arbeidet mot vald, overgrep og valdeleg ekstremisme. Løyvinga blir mellom anna nytta til å finansiere tiltak i opptrappingsplanen mot vald og overgrep.

For å sikre korrekt postbruk føreslår BFD å flytte 1,9 mill. kroner frå posten til kap. 840, post 70, jf. omtale under denne posten. Departementet føreslår òg å redusere posten med 1 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak mot vald og overgrep.

Departementet føreslår ei løyving på 23,7 mill. kroner i 2020.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til 23 incestsenter og 1 valdtektssenter. Målet med tilskotsordninga er å gi personar som er utsette for incest, seksuelle overgrep eller valdtekt, og pårørande til utsette barn og vaksne, eit godt tilgjengeleg tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet. Ein meir utfyllande omtale av tilskotet finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga i 2020. Departementet føreslår ei løyving på 101,8 mill. kroner i 2020.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21 og kap. 858, post 01

Løyvinga har vore nytta til å gi tilskot til stiftinga Alternativ til Vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor og til etablering av nye kontor. Løyvinga har vidare dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane). Det er gjort nærare greie for desse aktivitetane under Resultatrapport og strategiar.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Landsdekkjande telefon for incest- og seksuelt misbrukte, Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting, SEIF sitt informasjons- og krisetilbod til ungdom som er utsette for tvangsekteskap og kjønnslemlesting, ATV, NKVTS og RVTS-ane i 2020. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Løyvinga blir òg nytta til tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å bidra til å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep. Ein meir utfyllande omtale av tilskotet på posten finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet. Midlane på posten dekkjer òg utgifter til personalressursar i samband med handsaminga av tilskotsordninga, jf. stikkordet «kan nyttes under kap. 858, post 01».

På kap. 840, post 21, har det vore løyvd midlar som blir nytta til å betre kvaliteten i krisesentertilbodet og til å tilpasse tilbodet til særleg utsette grupper. Gjennom utviklingsprosjekt er det etablert samarbeid med kommunar og tilhøyrande krisesenter om tilpassing av krisesentertilbodet. For å gjere det mogleg for fleire kommunar/krisesenter å søkje om midlar til å etablere utviklingsprosjekt føreslår departementet å leggje slike prosjekt inn i tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep på denne posten. Departementet føreslår derfor å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner. Midlane blir flytta frå kap. 840, post 21.

Det er behov for å styrkje det spesialiserte behandlingstilbodet frå ATV, og det trengst fleire tilsette i ATV-kontor, slik at dei kan følgje opp eit familiemandat. BFD føreslår derfor å auke løyvinga på posten med 6 mill. kroner for å sikre heilårsdrift av eit nytt ATV-kontor i Finnmark med samisk kompetanse og for å styrkje bemanninga ved nokre av dei eksisterande kontora.

Vidare føreslår BFD å auke løyvinga med 6,5 mill. kroner til arbeidet med å drifte, sikre bruk av og vidareutvikle opplæringsprogrammet SNAKKE og nettressursen Jeg Vet i kommunane. Midlane til SNAKKE og Jeg Vet skal dekkje kostnadene til ei koordinatorstilling ved kvar av dei fem RVTS-ane og utgifter til utvikling av informasjonsmateriell.

BFD føreslår vidare å auke posten med 4 mill. kroner til å utvide bruken av ATVs Bryt voldsarven og til å etablere ein døgnopen telefon for foreldre. Mental Helse vil drifte telefonen, og Stine Sofies Stiftelse vil stå for opplæringa av dei tilsette.

Departementet føreslår ei løyving på 105 mill. kroner i 2020.

Post 73 Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

Posten dekkjer driftstilskot til senter for valdsutsette barn. Løyvinga er nytta til å gi tilskot til Stine Sofies Stiftelse til drift av Stine Sofie Senteret, jf. Innst. 14 S (2017–2018).

Tilskot må vurderast på bakgrunn av søknader frå Stine Sofies Stiftelse.

Departementet føreslår ei løyving på 31,9 mill. kroner i 2020.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

10 835

11 263

11 623

22

Opplæring, forsking, utvikling m.m.

5 548

7 829

11 989

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

4 473

5 813

5 160

70

Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842, post 01 og kap. 858, post 01

9 979

10 505

24 636

Sum kap. 0841

30 835

35 410

53 408

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekking av reiseutgifter til foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter dei same satsane som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 11,6 mill. kroner i 2020.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling m.m.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving i meklarkorpset.

Midlane skal vidare nyttast til å følgje opp meklingsordninga, medrekna å gjennomføre og styrkje kompetansehevande tiltak for meklarar i høgkonfliktsaker og kompetansen deira på å samtale med barn.

Midlane under posten skal òg nyttast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen for å heve kompetansen ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova. Føremålet er å sikre god praksis og samhandling i sakene. Midlane skal nyttast til kompetanseheving knytt til samarbeid mellom familieverntenesta og domstolane, samvær med tilsyn og bruk av sakkunnige i barnelovsaker.

Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak knytte til samliv og konfliktløysing.

BFD føreslår å auke posten med 4 mill. kroner. Midlane skal mellom anna nyttast til utvikling av samlivskurs for fyrstegongsforeldre, samt eit digitalt tilbod og forsking på samlivstiltak, jf. nærare omtale under post 70. Midlane skal òg dekkje utgifter ved bustads- og samværsundersøkinga til SSB.

Departementet føreslår ei løyving på 12 mill. kroner i 2020.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Posten omfattar refusjon av utgifter til DNA-analysar som er rekvirerte av utanriksstasjonane, domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap. Departementet refunderer utgiftene dette fører med seg. Utgiftene til DNA-analysar følgjer direkte av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap. Analysane vert gjennomførte ved Oslo universitetssjukehus.

Departementet føreslår ei løyving på 5,2 mill. kroner i 2020.

Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842, post 01 og kap. 858, post 01

Posten omfattar tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak. Det overordna målet med tilskotsordninga er å støtte opp om samlivet i parforhold. Midlane skal brukast til å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje oppløysing av familiar og samliv. Ein utfyllande omtale av tilskotet finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Departementet føreslår no i tillegg at det blir oppretta ei eiga tilskotsordning for samlivskurs for fyrstegongsforeldre. Det vil bli utforma regelverk for ordninga med utgangspunkt i desse overordna rammene:

Mål og kriterium for måloppnåing

Det overordna målet med tilskotsordninga er å støtte opp om samlivet blant fyrstegongsforeldre. Midlane skal nyttast til å styrkje samlivsforhold og gi inspirasjon, støtte og rettleiing i ein periode med store forandringar og utfordringar.

Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om og i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaka som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte ut frå dei overordna måla for ordninga.

Kriterium for tildeling

Midlane skal nyttast til samlivskurs for fyrstegongsforeldre. Målgruppa for tilskotet er ideelle/frivillige organisasjonar, kommunar, familievernkontor, institusjonar og andre. Organisasjonane må ha eit tydeleg sosialt føremål. Kriteria for tildeling vil bli nærare omtalte i eit eige regelverk for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane blir nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2020

Departementet føreslår ei løyving til tilskotsordninga for samlivskurs til fyrstegongsforeldre på 13,9 mill. kroner i 2020. Dette er ein del av ei større satsing på 17,4 mill. kroner til samlivskurs til fyrstegongsforeldre, jf. nærare omtale på kap. 841, post 22 og kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei samla løyving på 24,6 mill. kroner i 2020.

Kap. 842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

336 095

363 022

353 905

21

Spesielle driftsutgifter

33 493

31 068

31 902

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

203 898

213 461

219 201

Sum kap. 0842

573 486

607 551

605 008

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har forvaltingsansvaret for familieverntenesta. Bufdir leier dei fem regionane i Bufetat. Bufdir har ansvar for den faglege og administrative leiinga og for drifta av familievernet. Familieverntenesta har familierelaterte problem som fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter ekteskapslova § 26 og barnelova § 51. Familievernkontora driv førebyggjande arbeid og utoverretta verksemd om familieretta tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervising retta mot hjelpeapparatet og publikum.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til tilsette og utgifter til varer og tenester knytte til dei offentleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss?, og administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Løyvinga dekkjer òg nasjonale utviklingsoppgåver knytte til familievernet.

Posten har òg i nokon grad dekt lønn til tilsette i Bufetat Senter for administrasjon og utvikling, som er nært knytt til familievernet. Departementet føreslår å flytte desse utgiftene frå kap. 842, post 01, til kap. 858, post 01. Forslaget medfører ein reduksjon på 16 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 858, post 01. Sjå nærare omtale under kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 353,9 mill. kroner i 2020.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, evaluering, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Posten kan òg nyttast til andre tiltak for å utvikle tilbodet til familieverntenesta. BFD legg opp til å bruke 4 mill. kroner av løyvinga til forsking på effektar av tiltak og tenester retta mot barn, unge og familiar i familievernet.

Departementet føreslår ei løyving på 31,9 mill. kroner i 2020.

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltak. Posten blir òg nytta til å gi tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern.

Departementet føreslår ei løyving på 219,2 mill. kroner i 2020.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Diverse inntekter

658

736

760

Sum kap. 3842

658

736

760

Post 01 Diverse inntekter

Departementet føreslår ei løyving på 0,8 mill. kroner i 2020. Inntektene er diverse kursinntekter med meir.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

9 694

12 525

11 000

Sum kap. 0843

9 694

12 525

11 000

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Stønad til adopsjon av barn frå utlandet blir gitt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må vere registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir.

Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg då dei fekk omsorga for barnet, og då adopsjonen blei gjennomført eller registrert i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av tilhøve i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få eingongsstønad dersom barnet har komme til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet då dei fekk omsorga for barnet.

I budsjettet for 2014, jf. Innst. 14 S (2014–2015), blei adopsjonsstønaden for 2015 fastsett til det dåverande grunnbeløpet, tilsvarande 1 G. Dette nivået på adopsjonsstønaden er seinare vidareført i dei årlege budsjetta.

Bufdir, som forvaltar stønadsordninga, godkjende 108 søknader om adopsjonsstønad i 2018, mot 131 søknader i 2017. 95 utanlandsadopsjonar blei formidla i 2018. Adopsjonsstønaden er sett til 99 858 kroner i 2020, tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda som gjeld frå 1. mai 2019. Den nye satsen for stønaden skal gjelde for adoptivbarn som kjem til Noreg frå og med 1. januar 2020.

Departementet føreslår ei løyving på 11 mill. kroner i 2020.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot, overslagsløyving

1 717 389

1 800 890

1 560 000

Sum kap. 0844

1 717 389

1 800 890

1 560 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre.

Målet med ordninga er å bidra til at familiane får meir tid til sjølve å ta omsorga for eigne barn, at familiane får valfridom når det gjeld omsorgsform for barn, og at det blir meir likskap i overføringane den einskilde familien tek imot frå staten, uavhengig av korleis tilsynet er ordna.

Kontantstøtte blir som hovudregel ytt for barn mellom 1 og 2 år som er busette i Noreg, og som ikkje eller berre delvis gjer bruk av barnehageplass det blir ytt offentleg driftstilskot til. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova.

Kontantstøtteordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som administrativt ligg under Arbeids- og sosialdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeids- og sosialdepartementet og BFD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt. Som ledd i styringsdialogen blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom dei nemnde departementa og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Sjå nærare omtale av forvaltinga til Arbeids- og velferdsetaten på ansvarsområdet til BFD under Resultatrapport og strategiar.

Budsjettforslaget byggjer på dei gjeldande stønadssatsane og reglane og på prognosar for det forventa talet på barn i kontantstøttealder (13–23 månader) basert på mellom anna den siste befolkningsframskrivinga til SSB og forventa utvikling i bruken av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet.

I 2019 har full kontantstøttesats vore 7 500 kroner per månad. Det blir gitt 80 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er til og med 8 timar, 60 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er frå 9 til og med 16 timar, 40 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er frå 17 til og med 24 timar, og 20 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er frå 25 til og med 32 timar. Departementet føreslår å føre vidare satsane for kontantstøtte med uendra nivå. Forslag til satsar for 2020 står i tabell 4.1.

Departementet føreslår ei løyving på 1 560 mill. kroner i 2020.

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot, overslagsløyving

14 873 987

15 872 000

16 459 000

Sum kap. 0845

14 873 987

15 872 000

16 459 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til å forsørgje barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd.

Måloppnåing for ordninga blir mellom anna vurdert ut frå om ordninga blir forvalta i samsvar med lova og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Barnetrygd blir som hovudregel ytt for barn under 18 år som er busette i Noreg. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova. Barnetrygda blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

BFD føreslår 427 mill. kroner til å auke barnetrygda med 300 kroner i månaden, for barn opp til fylte 6 år frå 1. september 2020. Auken utgjer 3 600 kroner i året. Heilårseffekten i 2021 er anslått til 1,3 mrd. kroner. Satsane for barn frå 6 år og til og med månaden før fylte 18 år føreslås vidareført. Det same gjeld satsane for utvida stønad og småbarnstillegg. Forslaget til satsar for 2020 står i tabell 4.3, 4.4, 4.5 og 4.6.

Budsjettforslaget byggjer på den nye stønadssatsen for barn under 6 år og nye prognosar for talet på barn med rett til barnetrygd, talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet) og talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn på 0–3 år. Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB.

Departementet føreslår ei løyving på 16 459 mill. kroner i 2020.

Tabell 4.3 Forslag til satsar for barnetrygd for barn under 6 år frå 1. januar 2020 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

1 054

12 648

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

660

7 920

Tabell 4.4 Forslag til satsar for barnetrygd for barn under 6 år frå 1. september 2020 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

1 354

16 248

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

660

7 920

Tabell 4.5 Forslag til satsar for barnetrygd for barn frå fylte 6 år til og med månaden før fylte 18 år for 2020 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

1 054

12 648

Tabell 4.6 Forslag til satsar for utvida barnetrygd til einsleg mor eller far for barn 0–18 år (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Utvida barnetrygd

1 054

12 648

Tabell 4.7 Talet på stønadsmottakarar i 2018. Prognosar for 2019 og 2020

Gjennomsnitt 2018

Gjennomsnitt 20191

Gjennomsnitt 2020

Barn med barnetrygd

1 131 687

1 126 594

1 125 289

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.8 Talet på stønadsmottakarar i 2018. Prognosar for 2019 og 2020

Gjennomsnitt 2018

Gjennomsnitt 20191

Gjennomsnitt 2020

Stønadsmottakarar med barnetrygd for

– eitt barn

308 812

308 519

306 771

– to barn

267 330

264 413

265 563

– tre barn

81 751

81 857

81 211

– fire barn

12 694

12 640

12 610

– fem eller fleire barn

3 374

3 291

3 352

Sum stønadsmottakarar

673 961

670 719

669 507

Stønadsmottakarar med utvida stønad

120 944

119 443

117 046

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

1 983

1 872

1 391

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Talet på stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som får ekstra barnetrygd (utvida stønad). For nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd – mor og far får ei halv barnetrygd kvar. Utrekninga av utgifter til barnetrygd basert på talet på barn, satsar o.a. i tabellane ovanfor vil gi eit noko lågare utgiftsnivå enn budsjettforslaget for 2018 og 2019. Avviket kjem i hovudsak av etterbetalingar.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61 og post 71

10 992

12 650

36 792

50

Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

3 143

3 218

8 073

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

35 791

41 560

42 890

61

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

160 338

311 985

356 969

62

Utvikling i kommunane

91 450

133 229

111 842

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

147 326

156 098

160 288

71

Utviklings- og opplysningsarbeid m.m., kan nyttast under post 21

129 586

19 860

21 393

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast

11 023

11 432

11 739

Sum kap. 0846

589 649

690 032

749 986

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61 og post 71

Posten dekkjer utgifter til førebyggjande tiltak og forskings- og utviklingstiltak på familie- og oppvekstområdet. Posten blir òg nytta til evaluering og oppfølging av tilskotsordningane på familie- og oppvekstområdet. BFDs del av forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor, er finansiert over posten. Ein legg opp til å føre vidare finansieringa av dette programmet i 2020. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak på familie- og oppvekstområdet.

BFD føreslår å flytte 135 000 kroner frå posten mot ein tilsvarande auke på kap. 335, post 01, for å finansiere Medietilsynets undersøking om barn og medier.

Det føreslås vidare å auke posten med 9,5 mill. kroner til forsøksordninga med fritidskortordningar. I tillegg kjem flytting av 5,5 mill. kroner frå post 61. Midlane skal mellom anna nyttast til følgjeevaluering og utreiing og vidare arbeid med tekniske løysingar. Sjå ytterlegare omtale under post 61.

BFD føreslår òg ein auke på 8,9 mill. kroner. Desse midlane vil mellom anna gå til å styrkje kunnskapsgrunnlaget på det familiepolitiske området, til tiltak på adopsjonsområdet og til arbeidet med Planet Youth, ein førebyggingsmodell for kunnskapsbasert utvikling av tiltak for ungdom.

Departementet føreslår å føye til stikkorda «kan overførast» og «kan nyttast under post 61» til posten for å sikre fleksibilitet i forsøket med fritidskortordningar. Stikkordet «kan nyttast under post 50» går ut.

Departementet føreslår ei løyving på 36,8 mill. kroner i 2020.

Post 50 Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

Midlane på posten nyttast til å finansiere delar av forskingsprogrammet Velferd, arbeid og migrasjon (VAM II) i Noregs forskingsråd. VAM II er eit langsiktig program som skal gi ny kunnskap om sentrale samfunnsutfordringar.

Løyvinga skal òg nyttast til strategiarbeidet BarnUnge21 i regi av Forskingsrådet om vidare forskingsinnsats på området utsette barn og unge. Arbeidet medfører auka verksemdskostnader for Forskingsrådet. Verksemdskostnadene til Forskingsrådet er budsjetterte på kap. 285, post 50, for Kunnskapsdepartementet. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 846, post 50, med 0,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 285, post 55. Departementet føreslår òg å auke posten med 5 mill. kroner for å styrkje forskingsinnsatsen på effekten av førebyggjande arbeid og ulike teneste sitt arbeid og tiltak retta mot barn, unge og familiar på BFDs område.

Departementet føreslår ei løyving på 8,1 mill. kroner i 2020.

Post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Løyvinga under posten blir nytta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Føremålet er å medverke til å betre oppvekst- og levekåra i 23 bykommunar: Oslo (8 prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik. Ordninga skal bidra til å skape opne møteplassar for barn og ungdom i alderen 10–20 år med særskilde behov og utsette ungdomsgrupper og -miljø.

Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn står overfor særskilde utfordringar, og arbeid og innsats som fremjar integrering, er høgt prioritert. Søkjarar kan få fleirårige tilskot frå ordninga, med atterhald om budsjettvedtaket i Stortinget. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Det blei i statsbudsjettet for 2009 sett av inntil 15 mill. kroner til etablering av Grorud fleirbrukshall, jf. nærare omtale i Prop. 1 S (2018–2019) for Barne- og likestillingsdepartementet. Oslo kommune reknar no med at hallen vil stå ferdig i 2020.

Departementet føreslår ei løyving på 42,9 mill. kroner i 2019.

Post 61 Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

Løyvinga under denne posten blir nytta til Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, tidlegare Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Målet er å motverke og/eller dempe konsekvensane av låg inntekt blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra. Målgruppa for ordninga er barn og ungdom som er ramma av fattigdomsproblem. Tiltaka skal vere opne, verke inkluderande og ha låge eller ingen kostnader for dei som er med. Ordninga er retta mot alle kommunane i landet, frivillige organisasjonar og private aktørar. Ein meir utfyllande omtale av tilskotet finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

I tillegg har løyvinga på posten vore nytta til tilskot til Blå Kors-tiltaket Barnas Stasjon, Røde Kors’ tiltak Ferie for alle, ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening (DNT) og pilotprosjektet FRI, som Kirkens Bymisjon driv. Det er òg gitt driftstilskot til organisasjonen MOT. Departementet føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til tiltaka Barnas Stasjon, pilotprosjektet FRI, Ferie for alle, ferietiltak i regi av DNT og organisasjonen MOT i 2020. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå tilskotsmottakarane.

I statsbudsjettet for 2019 blei det løyvd 10 mill. kroner på kap. 846, post 61, til ein pilot for dekking av utgifter til fritidsaktivitetar for barn som ikkje har høve til å betale. I Revidert nasjonalbudsjett 2019 blei midlane omdisponerte til oppstart av arbeidet med ei fritidskortordning. Samstundes blei 5,5 mill. kroner av dei 10 mill. kronene flytta til kap. 846, post 21, for å dekkje utgifter i Bufdir og kommunane i samband med utviklingsprosjektet. BFD føreslår same endring for 2020. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 5,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 846, post 21.

Det føreslås vidare å auke posten med 40,5 mill. kroner til forsøk med fritidskortordningar og til vidareføring av piloten i Arendal og Vadsø. I tillegg er det satt av 15 mill. kroner over kap. 846, post 21. Med midlane som blir omdisponert blir det då løyva totalt 60 mill. kroner til fritidskortordningar i 2020. Hensikta med forsøka er å finne ut korleis ein fritidskortordning kan innrettast på ein treffsikker og effektiv måte, som sikrar at fleire barn tar del i fritidsaktivitetar. Det vil leggast vekt på at forsøkskommunane har ulikt innbyggjartal, ligg i ulike landsdelar, har ulik del barn som lev i vedvarande låginntekt, har ulik erfaring med slike ordningar og har ulik erfaring med samarbeid med frivillig sektor. Bufdir vil få i oppdrag å utforme nærare kriterium for kommunane sin deltaking i forsøka. Det vil deretter gjennomførast ei utlysing og utveljing av kommunar til forsøksordninga på bakgrunn av desse kriteria.

Departementet føreslår ei løyving på 357 mill. kroner i 2020.

Post 62 Utvikling i kommunane

Løyvinga på posten skal dekkje tilskot til prosjekt og program på familie- og oppvekstområdet i kommunal sektor.

Løyvinga dekkjer tre tilskotsordningar: Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom, Foreldrestøttande tiltak i kommunane og Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn (som byggjer på det tidlegare modellkommuneforsøket).

Tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonarfor ungdom skal leggje til rette for meir samordna tilbod og tettare oppfølging av ungdom som er i ein vanskeleg livssituasjon. Målet er å styrkje tilknytinga til skulen, auke trivselen og meistringa og gjennom dette bidra til å betre skuleprestasjonane og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Søkjarar kan få fleirårige tilskot frå ordninga, med atterhald om budsjettvedtaket i Stortinget. Det føreslås å opprette ein pilot for programfinansiering av arbeidet retta mot utsette barn og unge frå 0 til 24 år i 2020–2022, jf. nærare omtale i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet. BFD føreslår å flytte 5 mill. kroner frå tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom til programfinansiering av 0–24-samarbeidet. Det føreslås derfor å redusere tilskotsordninga med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 226, post 64.

Tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane har som mål å gi barn tidleg hjelp gjennom å stimulere kommunane til å setje i verk foreldrestøttande tiltak. Tiltaka skal hjelpe foreldre med å skape trygge rammer for oppveksten til barna og utviklinga i familien ved å bli medvitne om kva behov barna har, og få hjelp til å møte desse behova på ein god måte. Søkjarar kan få fleirårige tilskot frå ordninga, med atterhald om budsjettvedtaket i Stortinget. BFD føreslår å redusere tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane med 17,4 mill. kroner for å gi rom for satsinga på tilbod om samlivskurs til fyrstegongsforeldre, jf. nærare omtale på kap. 841, post 70.

Tilskotsordninga Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn har som føremål å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Tilskotsordninga har vore samordna med tilskotsordninga for tverrfagleg innsats på rusfeltet, som har vore forvalta av Helsedirektoratet. Frå 2020 vil tilskotsordninga for tverrfagleg innsats på rusfeltet bli overført til rammetilskotet til fylkeskommunane, jf. Meld. St. 6 (2018–2019) Oppgaver til nye regioner. Tilskotsordninga Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn under BFD blir ført vidare.

Alle dei tre ordningane er retta mot alle kommunane i landet. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordningane finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet. Departementet føreslår ei løyving på 111,8 mill. kroner i 2020.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Løyvinga under posten blir nytta til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar. Føremålet er å leggje til rette for at barn og ungdom skal kunne delta i barne- og ungdomsorganisasjonane. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sørgje for at dei held fram med å vere ein arena for medverknad og demokrati. Tilskot til nasjonal grunnstønad for barne- og ungdomsorganisasjonar er regulerte i ei eiga forskrift som er fastsett av BFD. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Midlar til tilskotsordninga Mangfald og inkludering inngår i posten. Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er mottakar av ordninga. LNU får tilskotet under føresetnad av at dei fordeler det vidare til ulike prosjekt som fokuserer på mangfald, haldningar og deltaking.

LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til drift til nasjonalt arbeid.

Departementet føreslår ei løyving på 160,3 mill. kroner i 2020.

Post 71 Utviklings- og opplysningsarbeid m.m, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til å støtte utviklings- og opplysningsarbeid som kan auke kunnskapen om og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Prisen til årets førebilete blir òg løyvd over posten.

Posten dekkjer òg utgifter til programmet Familie for første gang (Nurse Family Partnership). Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Aust og Sør får midlar til å dekkje lønnskostnadene til sjukepleiarar som deltek i forsøket. Bufdir er i dialog med kommunane i forsøket, Oslo, Stavanger, Sandnes og Time, om overføring av arbeidsgjevaransvar for sjukepleiarane. Ved slik overføring vil kommunane få tilskot fra posten.

Det er i 2019 gitt øyremerkte tilskot til organisasjonane Ungdom mot Vold, Oslo Røde Kors og Barnevakten. Det er òg gitt tilskot til adopsjonsorganisasjonane InorAdopt, Verdens Barn og Adopsjonsforum. I tillegg er det gitt driftsstøtte til den internasjonale ressursorganisasjonen for adopsjon, International Social Service (ISS).

Departementet føreslår at det òg blir gitt øyremerkte tilskot til desse organisasjonane i 2020. Tilskota må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

BFD føreslår å auke posten med 1 mill. kroner. Midlane skal gå til ei koordinatorstilling knytt til ein av adopsjonsorganisasjonane. Koordinatoren skal rettleie adoptivfamiliar og adopterte.

Departementet føreslår ei løyving på 21,4 mill. kroner i 2020.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, einskildpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt, jf. omtale av tilskotsordningane på posten i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Posten dekkjer vidare Noregs bidrag til Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF). I tillegg dekkjer posten tilskot til drift av det europeiske ungdomsnettverket mot valdeleg ekstremisme – Youth Can – gjennom tilskot til Institute for Strategic Dialogue.

Ein tek òg sikte på å gi tilskot til Technical Assistance Program i regi av Haag-konferansen for internasjonal privatrett (ICATAP), som bidrag til internasjonalt arbeid på adopsjonsfeltet.

Posten skal dessutan dekkje kostnader i samband med samarbeidet om barne- og ungdomspolitikk i nærområda, særleg samarbeidet innanfor rammene av Noregs deltaking i Barentsrådet, mellom anna tilskot til fleirnasjonalt samarbeid i Barentsregionen, som blir forvalta av Barentssekretariatet. Barentssekretariatet i Kirkenes får tilskot for å fremje ungdomssamarbeid i Barentsregionen.

Posten kan òg nyttast til at departementet deltek i mellomstatleg samarbeid om barne- og ungdomspolitikken.

Vidare får dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane grunnstønad til internasjonalt arbeid. Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til internasjonalt arbeid. Målet for ordninga er å støtte og fremje internasjonalt ungdomsarbeid og internasjonalt samarbeid på ungdomsfeltet.

Departementet føreslår ei løyving på 11,7 mill. kroner i 2020.

Kap. 847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter, kan overførast

8 873

8 431

8 597

Sum kap. 0847

8 873

8 431

8 597

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og andre driftsutgifter ved det nasjonale kontoret som forvaltar ungdomsdelen av EU-programmet for ungdom, utdanning og opplæring, Erasmus+. Løyvinga må sjåast i samanheng med kap. 3847, som omhandlar bidraget frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Det nasjonale kontoret har ansvaret for handsaminga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspolitiske tiltaka i Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 8,6 mill. kroner i 2020.

Kap. 3847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Tilskot frå Europakommisjonen

2 703

2 364

2 364

Sum kap. 3847

2 703

2 364

2 364

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innanfor ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 2,4 mill. kroner i 2020.

Kap. 848 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

21 845

21 968

22 364

Sum kap. 0848

21 845

21 968

22 364

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet blei oppretta gjennom lov 6. mars 1981 nr. 5 om barneombod. Hovudoppgåva til Barneombodet er å fremje interessene til barn overfor det offentlege og det private og å følgje med på utviklinga av oppvekstvilkåra for barn. Instruksen til Barneombodet gir retningslinjer for arbeidet. Barneombodet skal

  • ta vare på interessene til barn i samband med planlegging og utvikling på alle felt

  • følgje med på om lovgivinga om vern av interessene til barn blir følgd, og om norsk rett og forvaltingspraksis er i samsvar med dei forpliktingane Noreg har etter FN-konvensjonen om barnerettar

  • føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken for barn

  • fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunnet

  • følgje med på om det blir gitt nok informasjon til det offentlege og det private om kva rettar barn har, og om det blir sett i verk naudsynte tiltak

Resultatrapport

Barneombodet avslutta i 2018 prosjektet «Barneombussen», etter å ha besøkt skuler i alle fylka. Undervisingsopplegget om barnekonvensjonen som Barneombodet utarbeidde saman med UNICEF til bruk i skulen, ligg tilgjengeleg på nettstaden til ombodet for lærarar som ønskjer å bruke det i undervisinga.

I 2018 blei lovfesting av medverknadsorgan for ungdom vedteke i Stortinget. Barneombodet har arbeidd for å få dette til, både i samråd med ungdomsråd i heile landet og overfor departement og Stortinget.

Barneombodet fekk 320 skriftlege førespurnader om skule og barnehage i 2018, 106 av desse var om mobbing. Barneombodet fekk òg 436 spørsmål registrerte under kategorien skule/mobbing frå barn og unge via spørjetenesta Spør Barneombodet. Barneombodet har arbeidd med mobbing og krenkingar i skule og barnehage på fire måtar: a) gjennom rettleiing i enkeltsaker om psykososialt skulemiljø, b) gjennom politisk påverknad, c) gjennom overvaking av systemet som skal vareta retten barn har til eit godt psykososialt skulemiljø, og d) gjennom 32 foredrag om skulemiljø og spesialundervising. Barneombodet kravde innsyn i alle fylka sine saker om kapittel 9a i opplæringslova, avgrensa til tidsperioden frå 1. august til 31. desember 2017, gjekk gjennom 220 vedtak om skulemiljø frå fylkesmennene og laga rapporten «God hjelp til rett tid?». Rapporten vart presentert for alle fylkesmennene og Utdanningsdirektoratet.

Barneombodet gjorde våren 2018 ferdig prosjektet Valdsfri barndom – betre helse. Barneombodet lanserte i den eine delen av prosjektet to rapportar 6. mars 2018: «Hadde vi fått hjelp tidligere …» og «Alle kjenner noen som har opplevd det». Den andre delen av valdsprosjektet var retta direkte mot avgjerdstakarar som kan bidra til å førebyggje vald og overgrep mot barn og unge, og Barneombodet arrangerte to høgnivåmøte i 2017 og 2018, med relevante toppolitikarar, direktørar og avgjerdstakarar frå ulike deler av helseforvaltinga, saman med leiarar frå ulike fagrørsler.

Barneombodet var til stades ved høyringa i barnekomiteen i FN i mai 2018 om korleis Noreg følgjer opp sine forpliktingar etter barnekonvensjonen.

Strategiar og tiltak for 2020

I 2020 er Barneombodet i gang med sin treårige strategi 2019–2021. Dei fire arbeidsområda i denne strategien er å arbeide for å førebyggje utanforskap blant barn og unge, å sikre best mogleg psykisk helsehjelp til barn og unge, å betre situasjonen for barn og unge i barnevernet og å arbeide for ein tryggare digital kvardag for barn og unge. I 2020 vil Barneombodet særleg arbeide med barn i konflikt med lova, barn i barnevernsinstitusjon, barn i barne- og ungdomspsykiatrien og samordning av arbeid for ein tryggare digital kvardag for barn.

Barneombodet har fire arbeidsmetodar:

  • overvaking for å samle og arbeide med kunnskap. Kontoret lagar på bakgrunn av dette rapportar og annan skriftleg dokumentasjon til bruk overfor politiske styresmakter og samfunnet elles;

  • påverknad for å gi informasjon om kva Barneombodet meiner i faglege spørsmål;

  • opplæring for å bidra til at offentlege styresmakter får naudsynt kunnskap om barnekonvensjonen;

  • rettleiing for å bidra til at privatpersonar, fortrinnsvis barn og unge, skal få informasjon om rettane sine.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Barneombodet. Departementet føreslår ei løyving på 22,4 mill. kroner i 2020.

Programkategori 11.20 Barnevernet

Hovudinnhald og prioriteringar

Barn og unge skal møtast med tryggleik, kjærleik og forståing. Barnevernet skal gi naudsynt og god hjelp, omsorg og vern til barn som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira. Barnevernet skal vere eit tryggingsnett for barn og unge og medverke til at alle barn og unge får gode og trygge oppvekstvilkår.

Over fire av fem barn som får hjelp frå barnevernet får hjelpetiltak, noko som inneber at dei får hjelp medan foreldra har omsorga for dei. Samstundes er det utfordrande for barnevernstenestene å komme tidleg inn med gode, verksame tiltak som hjelper barna og familiane deira. Barnevernsreforma skal medverke til høgare kvalitet i arbeidet til barnevernstenestene og sterkare prioritering av førebyggjande hjelp. Gjennom barnevernsreforma skal kommunane få større ansvar for barnevernet. Ein viktig del av førebuingane til ansvarsendringane er å utvikle tiltaka i barnevernet vidare. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) utviklar innhaldet i ein ny grunnmodell for hjelpetiltaksarbeidet i det kommunale barnevernet. Modellen skal gjere det tydelegare kva slags oppfølging og hjelp barnevernet bør tilby. Regjeringa føreslår å løyve om lag 11 mill. kroner i 2020 for å prøve ut modellen i utvalde kommunar. Føremålet er at barn og familiar skal få meir verksam hjelp.

Kompetanseheving er viktig for å betre kvaliteten i dei kommunale tenestene og for å førebu kommunane på å ta eit større ansvar for barnevernet. Regjeringa har dei seinare åra hatt ei storstilt satsing på kompetanse. Regjeringa fører vidare Kompetansestrategien for barnevernet (2018–2024), som har som mål å betre kvaliteten på arbeidet i barnevernstenestene. Det er mellom anna oppretta fleire vidareutdanningar, og Bufdir har etablert eigne rettleiingsteam som hjelper kommunane med å utvikle arbeidet i barnevernstenestene. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til vidareutdanningstilbodet i 2020 for å heve kompetansen til fleire tilsette. Rapporteringar frå kommunane og vurderingane til fylkesmennene av tilstanden i tenestene viser at mange kommunar, spesielt i dei tre nordlegaste fylka, strevar med å følgje opp sentrale lovkrav for barnevernet. Regjeringa vil derfor utvide tilbodet om rettleiingsteam i 2020 for å gi rom til å prioritere kommunar i desse fylka.

Regjeringa vil arbeide vidare med eit digitalt løft for det kommunale barnevernet i 2020. Betre kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta og god støtte for dei tilsette i tenestene krev riktige verktøy. Regjeringa starta i 2019 arbeidet med eit digitalt løft for det kommunale barnevernet. Gjennom det kommunal-statlege samarbeidet DigiBarnevern blir det utvikla nye digitale løysingar som skal betre effektiviteten og kvaliteten i sakshandsaminga. DigiBarnevern skal òg leggje til rette for betre styringsinformasjon for leiarar i barnevernet og den øvste leiinga i kommunen.

Over 70 prosent av barna som ikkje kunne bu hos foreldra sine i 2018 budde i fosterheimar. Når barn og unge med samansette utfordringar bur i fosterheim, krev det trygge fosterforeldre som får god oppfølging, stabile rammer og hjelp til å takle vanskelege situasjonar. Det er ei vedvarande utfordring å skaffe tilstrekkeleg med fosterheimar tilpassa det einskilde barnet og å sørgje for ein stabil omsorgssituasjon for barn og unge i fosterheimane. Regjeringa vil rekruttere fleire fosterheimar og involvere familien og nettverket i større grad, slik at barna får eit betre tilpassa tilbod. Fosterforeldre gjer ein viktig innsats for å gi barna tryggleik, omsorg og støtte. Regjeringa vil føre vidare den særlege satsinga på rettleiing av og støtte til fosterheimar. Målet er å auke stabiliteten og tilgangen på gode fosterheimar slik at barna får ein trygg og stabil heim.

Stadig fleire barn som bur på institusjon treng skreddarsydde tiltak og høgare bemanning rundt seg. Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har derfor i større grad enn tidlegare kjøpt spesialtilpassa tiltak til barn. Det er sett i verk tiltak i Bufetat for å gjere den planlagde institusjonskapasiteten betre tilpassa behova til barna. Det er likevel naudsynt å auke løyvinga til institusjonstiltak i det statlege barnevernet, slik at fleire barn får betre hjelp. Regjeringa føreslår derfor ein auke i løyvinga til det statlege barnevernet på 307 mill. kroner i 2020.

Mange av barna som får hjelp frå barnevernet har psykiske lidingar. Satsinga til regjeringa for betre helsetenester til barn i barnevernet vil halde fram i 2020. Målet er å styrkje samarbeidet mellom helsetenestene og barnevernet, slik at barn i barnevernet får naudsynte og forsvarlege helsetenester.

Regjeringa ønskjer å styrkje rettstryggleiken til barn og familiar i barnevernet. Eit forslag til ny barnevernslov har vore på høyring våren 2019. Forslaget er ein fullstendig gjennomgang av språket og strukturen i heile lova for å få eit meir tidsriktig, enklare og meir forståeleg regelverk. Departementet føreslår òg endringar for å styrkje barneperspektivet, for å leggje betre til rette for å vareta barn som har foreldre som ikkje bur saman, og for å styrkje det førebyggjande arbeidet og tidleg innsats. Forslaget legg vekt på at barnevernet skal byggje på ressursane rundt barnet. Målet er betre rettstryggleik for barn og foreldre og at lova skal bli eit betre fagleg verktøy for barnevernet.

Ideelle og kommersielle aktørar står for ein monaleg del av tiltaka i barnevernet. Departementet har sett i verk ein gjennomgang av rammevilkåra for dei private aktørane i barnevernet. Rammevilkåra skal støtte opp under måla om eit godt og effektivt barnevern der rettstryggleiken til barn og familiar vert vareteken.

Mål

BFD har desse måla på barnevernsområdet for 2020:

Mål

  • Barnevernstenesta skal gi hjelpetiltak som møter behova til barn og foreldre.

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit stabilt tilbod som er tilpassa behovet til det einskilde barnet.

  • Auka kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta.

  • Betre vareta retten barna har til medverknad i det kommunale og det statlege barnevernet.

Desse måla er nærare omtalte under overskriftene Tiltak i barnevernet, Kvalitetsutvikling i barnevernet, Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira og Organisering og samordning nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Tiltak i barnevernet

Tidleg innsats og hjelpetiltak i barnevernet

I 2018 fekk barnevernet om lag 57 000 bekymringsmeldingar, og det blei sett i verk undersøkingar i 47 300 saker. Talet på undersøkingar som del av totale bekymringsmeldingar ligg på same nivå som i 2017. Tal frå SSB viser at rundt 55 600 barn og unge (0–22 år) fekk tiltak frå barnevernet i løpet av 2018, om lag det same som i 2017. Over fire av fem barn og unge som fekk hjelp frå barnevernet, fekk hjelpetiltak. Hjelpetiltak inneber hjelp medan foreldra har omsorga for barnet. Barn kan óg bu utanfor heimen som eit hjelpetiltak medan foreldra har omsorga for dei. I underkant av éin av fem fekk omsorgstiltak, noko som inneber at barnevernet tek over omsorga for barnet.

Fleire tilsyns- og forskingsrapportar har vist kvalitetsmessige og strukturelle utfordringar i hjelpearbeidet til barnevernstenestene. Tiltaka som blir brukte, er for ofte ikkje godt nok tilpassa dei behova barn og familiar i barnevernet har. I 2016 fekk Statens helsetilsyn i oppdrag å gå gjennom eit utval akuttsaker og saker som gjaldt omsorgsovertaking i barnevernet. Føremålet med oppdraget var mellom anna å få ei brei skildring av situasjonen ved å sjå på prosessen og innhaldet i eit større utval saker. Rapporten frå Statens helsetilsyn viser stor grad av variasjon i arbeidet til barnevernstenestene. Ofte er det manglar i dokumentasjonen og vurderingane av behovet til det einskilde barnet når tiltak blir sette i verk.

Regjeringa ønskjer å styrkje tidleg innsats, førebyggjande tiltak og støtte som legg til rette for at flest mogleg barn kan vekse opp i nærmiljøet sitt. Det er viktig at tenestene kan komme tidleg inn med gode hjelpetiltak, slik at problema ikkje blir større og barn må flytte frå foreldra sine.

Departementet har derfor dette målet for arbeidet med tiltak i barnevernet:

  • Barnevernstenesta skal gi hjelpetiltak som møter behova til barn og foreldre.

Kompetansesatsinga for det kommunale barnevernet skal bidra til å auke kunnskapen om undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid. Relasjonskompetanse, kulturforståing og kompetanse i vurderingar av det beste for barnet er blant områda som er vektlagde i satsinga. Sjå nærare omtale av tiltaka i kompetansestrategien under Kvalitetsutvikling i barnevernet.

Bufdir har utarbeidd forslag til ein nasjonal plan for hjelpetiltak for at barn og familiar skal få meir verksam og effektiv hjelp som kan førebyggje akuttsaker og saker med omsorgsovertaking. Ei av tilrådingane er å innføre ein kunnskapsbasert grunnmodell for hjelpetiltaksarbeidet. Grunnmodellen skal tydeleggjere kva slags oppfølging og hjelp barnevernet skal tilby, med tilrådingar til arbeidsformer, faglege verktøy og rettleiings- og nettverkstiltak i oppfølginga av barn og familiar i barnevernet. Direktoratet samarbeider med kommunar og relevante forskingsmiljø for å utvikle det konkrete faglege innhaldet i grunnmodellen. Regjeringa føreslår å løyve om lag 11 mill. kroner slik at dei ulike elementa i grunnmodellen kan prøvast ut i utvalde kommunar i 2020. Føremålet er å innhente erfaringar og kunnskap før modellen kan takast i bruk i alle kommunar.

Tidleg innsats er viktig for å førebyggje og hindre omsorgssvikt. Bufdir prøver derfor mellom anna ut programmet Nurse Family Partnership (Familie for første gang) i Noreg. Programmet rettar seg mot fyrstegongsgravide i ein særleg vanskeleg livssituasjon og følgjer familiane tett frå tidlegast mogleg i graviditeten til barnet har fylt to år. Programmet er nærare skildra under omtalen av strategien for foreldrestøtte under programkategori 11.10. Bufdir arbeider òg med å lage retningslinjer for spesialiserte tilbod til sped- og småbarn. Stortinget slutta seg ved handsaminga av barnevernsreformen, jf. Prop. 73 L (2016–2017), til at Bufetat sitt tilbod i større grad skal vris mot utgreiingar. Rammeavtaler med dei private sentra for foreldre og barn går ut ved årsskiftet. Departementet arbeider med å finne ei god løysing for bruken av sentra når dagens avtaler går ut.

Tiltak utanfor heimen

Tal frå SSB viser at det til saman var om lag 15 100 barn som ved utgangen av 2018 ikkje kunne bu hos foreldra sine og budde utanfor heimen. Dette talet er noko lågare enn det var ved utgangen av 2017. Av dei 15 100 var det litt over 70 prosent som flytta til fosterheim, om lag det same som tidlegare år. Vidare budde om lag 8 prosent i barnevernsinstitusjon og 4 prosent i beredskapsheim. Dei resterande barna med tiltak utanfor heimen hadde andre tiltak, mellom anna bustad med oppfølging. Figur 4.8 viser korleis dei ulike plasseringstiltaka fordeler seg på hjelpetiltak og omsorgstiltak.

Figur 4.8 Barn med plasseringstiltak i barnevernet

Figur 4.8 Barn med plasseringstiltak i barnevernet

Det er ei utfordring å finne gode og målretta tiltak utanfor heimen som gir eit tilpassa og stabilt tilbod av høg kvalitet. Mange av barna har komplekse behov etter ein vanskeleg oppvekst, og mange har behov for hjelp frå fleire tenester samtidig. Det er krevjande å rekruttere mange nok fosterheimar som passar behova til barna. Det er òg vanskeleg å gi eit godt institusjonstilbod til barn med store og samansette utfordringar. Mange har utfordringar i grenselandet mellom barnevern, psykiatri og kriminalomsorg. Fleire tilsyn og einskilde hendingar har aktualisert eit behov for ein gjennomgang av institusjonstilbodet.

Departementet har derfor fastsett dette målet for arbeidet med tiltak i barnevernet:

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit stabilt tilbod som er tilpassa behovet til det einskilde barnet.

Fosterheimar

Fosterheim er det mest brukte tiltaket for barn som ikkje kan bu heime hos foreldra sine. Ifølgje tal frå SSB budde om lag 11 700 barn i fosterheim, inkludert beredskapsheimar, ved utgangen av 2018. Det er framleis ei utfordring å skaffe nok fosterheimar. Det er spesielt krevjande å finne fosterheimar som kan ta imot søsken, ungdom, barn med minoritetsbakgrunn og barn med store oppfølgingsbehov. Mange fosterheimsopphald endar med brot, og situasjonen for ein del fosterbarn blir for lite stabil. Målet er at alle barn skal ha ein trygg heim.

I det vidare arbeidet med å betre fosterheimstilbodet vil tiltaka vere konsentrerte om fire område:

  1. vidareutvikle tilbodet til barn som treng tiltak utanfor heimen. Målet er at barn som ikkje kan bu heime, skal få butiltak som er meir tilpassa deira behov;

  2. målrette arbeidet med å rekruttere fosterheimar. Målet er å skaffe fleire fosterheimar som gir ein god og stabil omsorgssituasjon for barnet. Det er særleg viktig å auke rekrutteringa av fosterheimar i slekt og nære nettverk;

  3. arbeide for at fosterheimar får meir føreseielege rammer. Målet er å sørgje for gode vilkår og gjere det lettare for både kommunane og fosterheimane å vite kva for vilkår som gjeld;

  4. leggje betre til rette for at kommunane kan drive godt fosterheimsarbeid. Målet er at kommunane skal bli betre rusta til å rekruttere eigne fosterheimar og sørgje for at fosterheimane får rett og tilpassa støtte.

Bufdir er godt i gang med å følgje opp tiltak frå Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – fosterhjem til barns beste. Departementet vil òg vurdere andre tiltak for å betre fosterheimsomsorga. Dette vil mellom anna omfatte ei vurdering av forslaga som fosterheimsutvalet la fram i NOU 2018: 18 Trygge rammer for fosterhjem. Utvalet har greidd ut rammevilkåra for ordinære fosterheimar og har føreslått endringar som kan føre til meir føreseielege rammer, meir tryggleik og betre tilpassa tiltak til fosterheimar. Utgreiinga var på høyring våren 2019, og departementet vurderer no forslaga og innspela frå høyringa. Departementet vil mellom anna vurdere å utarbeide tydelegare retningslinjer for godtgjersle av fosterheimar og kriterium for frikjøp frå ordinært arbeid.

Arbeidet med å auke rekrutteringa av fosterheimar held fram, og Bufetat har dei siste åra fått auka midlar til dette. Bufdir har utvikla ein langsiktig strategi for kampanjar og marknadsføring for å rekruttere fleire fosterheimar. Hovudtemaet er rekruttering i nettverket og nærmiljøet til barna. Det strategiske arbeidet støttar opp under arbeidet kommunane gjer med rekruttering i slekt og nettverk, og har gitt eit jamt tilsig av potensielle fosterforeldre. Bufetat rekrutterte og gav opplæring til om lag 1 100 nye familiar i 2018. Samstundes har Bufetat, saman med kommunane, auka talet på fosterheimar i slekt og nettverk. Det er eit prioritert område å arbeide aktivt for å rekruttere fosterheimar i slekt og nettverk. Dersom fleire barn kan bu hos familiar dei kjenner frå før, vil det bidra til større kontinuitet og stabilitet for barna. I 2018 vart det teke inn i barnevernlova at barnevernstenesta alltid skal vurdere om nokon i familien eller nettverket til barnet kan veljast som fosterheim. Ved slike vurderingar skal barnevernstenesta leggje til rette for bruk av verktøy eller metodar for nettverksinvolvering, dersom det er føremålstenleg.

Bufetat skal framleis arbeide for å spisse rekrutteringa mot dei målgruppene som har størst behov for fosterheim, og skal òg samarbeide meir med kommunane om rekruttering. Departementet vil òg vurdere andre tiltak for å styrkje rekrutteringa av fosterheimar i regi av kommunane. Bufdir skal innan utgangen av 2020 prøve ut ein modulbasert opplæringsmodell for fosterheimane. Modellen skal sikre at opplærings- og rettleiingstilbodet møter behova til fosterheimane.

I 2019 vart det sett i verk ei særleg satsing på rettleiing og støtte av fosterheimar. Satsinga held fram i 2020 og skal bidra til at kommunane aukar aktiviteten og samarbeider meir om å få på plass gode fosterheimstilbod. Arbeidet skal skje gjennom samarbeid i kommunale læringsnettverk, og fylkesmennene skal tildele stimuleringsmidlar til kommunane sitt arbeid med å få på plass eit betre tilbod om rettleiing og oppfølging av fosterheimane. Sjå meir om læringsnettverka under Kompetansetiltak i barnevernet.

Institusjon

Dei seinare åra har om lag 1 000 barn og unge budd i barnevernsinstitusjon til kvar tid. Vedtak frå kommunane og fylkesnemndene styrer kor mange barn som skal få eit institusjonstilbod, og Bufetat er etter barnevernlova forplikta til å gi barna eit tilbod. Bufetat avgjer kva slags institusjonstilbod det einskilde barnet skal få.

Dei fleste barn som bur på institusjon, har store omsorgsbehov og samansette utfordringar som stiller høge krav om kvalitet i tilbodet. Fleire tilsyn og einskilde hendingar har aktualisert eit behov for ein gjennomgang av institusjonstilbodet. Departementet har derfor sett i verk eit forskingsoppdrag som skal gi ein heilskapleg gjennomgang av tilbodet og styringa på institusjonsområdet. Oppdraget skal sluttførast våren 2020.

I løpet av 2018 fekk institusjonsbarnevernet stor merksemd etter at det blei avdekt uforsvarleg drift ved ein statleg åtferdsinstitusjon. Bufdir gjennomførte to omfattande undersøkingar av behandlingsopplegget ved alle statlege institusjonar som har unge med utfordringar knytt til åtferd og rus som målgruppe, og i tillegg alle private institusjonar som har unge med åtferd med høg risiko for vidare problemutvikling som målgruppe. Ein gjekk òg gjennom femten omsorgsinstitusjonar. Funna frå undersøkingane viste at det var risiko for svikt i kvaliteten ved tre statlege og ti private institusjonsavdelingar. Den samla risikovurderinga peikte likevel mot at drifta ved alle institusjonane var forsvarleg. Avdelingar med risiko blir tett følgde opp av den einskilde regionen i Bufetat.

Helsetilsynet gjennomførte i 2018 eit landsomfattande tilsyn med barnevernsinstitusjonar der temaet var forsvarleg omsorg og bruk av tvang. Det blei konkludert med brot på lovkrav i 36 av 60 undersøkte institusjonar. Sjølv om institusjonane blei valde utifrå ei vurdering av risikoen, og ikkje er representative for heile institusjonsområdet, er dette alvorlege funn. I tillegg til å treffe konkrete kvalitetsforbetrande tiltak har direktoratet styrkt arbeidet med styring på institusjonsområdet. Mellom anna er det innført ein ny styringsmodell som er betre eigna til å fange opp risikoen i den einskilde institusjonen i Bufetat. Som del av modellen rapporterer leiaren for institusjonsavdelinga, dei tillitsvalde og regiondirektørane til direktoratet på utvalde kvalitetsindikatorar. I 2019 vert det lagt til rette for å inkludere rapportering for dei private institusjonane.

Funna frå undersøkingane til Bufdir og dei landsomfattande tilsyna peiker på at mange institusjonsavdelingar må bli betre når det gjeld å skildre og praktisere felles, strukturerte og kunnskapsbaserte faglege opplegg. Nokre avdelingar har utfordringar med leiinga og stabiliteten i personalgruppa. Både dei nasjonale gjennomgangane og ei undersøking av risiko knytt til bruk av tvang ved 24 statlege akuttinstitusjonar, utført på oppdrag frå Bufdir, synleggjer at det er behov for betre praksiskompetanse i bruken av rettigheitsforskrifta. Departementet er i dialog med Bufdir om funna frå alle undersøkingane, og fleire tiltak er starta eller planlagde. Eitt viktig tiltak er å etablere eit spisskompetansemiljø for behandlingsinstitusjonar med ansvar for å utvikle og implementere eit standardisert forløp for behandlingsinstitusjonar. Vidare skal omsorgs- og endringsmodellen implementerast i omsorgsinstitusjonane. Målet er at bruk av modellen skal heve kvaliteten i barnevernstenesta, betre den psykiske helsa og auke livskvaliteten til ungdom i statlege barnevernsinstitusjonar. Direktoratet har òg utvikla eit oppdatert kurs om rettigheitsforskrifta. Dette skal gjerast tilgjengelig for alle tilsette i både statlege, kommunale og private institusjonsavdelingar.

Det statlege barnevernet bruker digitale fagsystem som skal støtte dei tilsette i sakshandsaminga og vareta behov for rapportering og statistikk. Fagsystema er viktige verktøy for å implementere nye arbeidsprosessar og følgje med på tenesteleveransane i det statlege barnevernet. Bufdir satsar på å vidareutvikle fagsystema for å støtte opp under arbeidsprosessane i det statlege barnevernet. Dette gjeld òg digital støtte for dei nye standardiserte forløpa for institusjonar. Auka brukaroppleving i fagsystema skal gi betre kvalitet i sakshandsaminga. Betre informasjonsflyt og vektlegging av informasjonstryggleik er òg sentralt i dette arbeidet.

Barn og unge med behov for institusjonstiltak har større og meir komplekse behov no enn tidlegare, og dei treng i større grad skreddarsydde tiltak og høgare bemanning rundt seg. Bufetat har derfor i fleire tilfelle enn tidlegare måtte kjøpe spesialtilpassa tiltak eller ta i bruk meir enn éin plass i statleg institusjon til eitt barn. Dette gir auka utgifter per opphaldsdag i institusjonstiltak og auka utgifter totalt for Bufetat. Det statlege barnevernet fekk derfor tilleggsløyvingar i samband med nysalderinga av 2018-budsjettet og Revidert nasjonalbudsjett 2019. I statsbudsjettet for 2020 føreslår regjeringa å auke løyvinga til det statlege barnevernet med 307 mill. kroner.

Erfaringar frå saker der det har vore naudsynt å gi barn tilbod utanfor statlege institusjonar og private institusjonar med rammeavtale vil bli lagde til grunn for innrettinga av den framtidige kapasiteten. Ved tildeling av institusjonsplass vil Bufetat leggje stor vekt på å utnytte kapasiteten i statlege institusjonar og private institusjonar med rammeavtalar. Kommunane sitt ønske om ein institusjonsplass nær heimkommunen til barnet eller skreddarsydde tiltak må vegast opp mot behovet for god bruk av dei samla ressursane. Tilbodet som Bufetat gir, skal alltid vere fagleg forsvarleg og gi riktig hjelp til det einskilde barnet. Å tilpasse institusjonstilbodet betre til barnas behov er derfor viktig både for god ressursbruk og for det einskilde barnet.

Akuttberedskapen i barnevernet

Høg kvalitet på arbeidet til barnevernet er viktig, uavhengig av når på døgnet behovet oppstår. Regjeringa har dei siste åra lagt stor vekt på å følgje opp ansvaret kommunane har for å sikre eit forsvarleg tilbod om hjelp i akutte saker heile døgnet. Eit viktig verkemiddel i dette arbeidet har vore eit samarbeid mellom Bufdir og fylkesmennene om å vere pådrivarar overfor kommunane for å få dette på plass. Arbeidet blir ført vidare i 2020. I 2017 var det berre 52 prosent av barnevernstenestene som hadde akuttilbod. Dette auka til 69 prosent i 2018, og våren 2019 synte ei ny undersøking at 95 prosent av alle barnevernstenester hadde etablert ein formalisert akuttberedskap.

Einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

Dei tre siste åra har det komme få einslege mindreårige asylsøkjarar til Noreg. I 2018 kom det 28 nye barn inn i omsorgssentera, og ved utgangen av året budde det 36 barn i dei to attverande omsorgssentera. Samla sett busette Bufetat 45 einslege mindreårige i 2018. Det er forventa at det vil bu 34 barn i omsorgssentera ved utgangen av 2020, og at det vil komme 60 barn til omsorgssentera i løpet av 2020. Frå september 2018 er det Bufetat region aust som på vegner av Bufetat arbeider med busetjinga av einslege mindreårige flyktningar under 15 år.

Bufdir har fått i oppdrag å setje i verk eit prøveprosjekt for hurtigbusetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar etter ein modell frå Nederland.

Kompensasjon for historiske pensjonskostnader

Historisk har partane vore samd om at lønns- og pensjonsordningane for tilsette i dei ideelle verksemdene som leverer helse- og sosialtenester til det offentlege, skulle vere tilnærma like dei som gjeld for tilsette i offentleg teneste. Det er etablert ei tilskotsordning som skal dekkje historiske pensjonskostnader hos ideelle leverandørar som har levert lovpålagde spesialisthelsetenester og barnevernstenester som staten er ansvarleg for. Ordninga vil bidra til å betre rammevilkåra for dei aktuelle ideelle verksemdene med offentleg tenestepensjonsordning. Ordninga er vedteken i lov av 1. mars 2019 nr. 3 om tilskudd til visse private virksomheter med offentlig tjenestepensjonsordning. Sjå nærare omtale av ordninga i Prop. 1 S (2019–2020) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Kvalitetsutvikling i barnevernet

Kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta

Dei siste åra har det vore ein monaleg auke i talet på stillingar i det kommunale barnevernet, men det er framleis stor variasjon mellom kommunane i talet på barn per tilsett i barnevernstenesta. Det er stor utskifting av dei tilsette i mange tenester, og Helsetilsynet har ved fleire høve vist til svak styring og leiing i fleire barnevernstenester.

Helsetilsynet har avdekt svikt i korleis nokre barnevernstenester gjennomfører undersøkingar. Svikten kjem mellom anna til uttrykk gjennom manglande dokumentasjon av faglege vurderingar og medverknad for barna, hjelpetilbod som er for lite tilpassa behova til barn og familiar, og manglande oppfylling av dei krava som barnevernlova stiller til sakshandsaminga. Dette er ei utfordring for rettstryggleiken til dei som treng hjelp frå barnevernet.

Dei digitale systema som blir nytta i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta, er utdaterte og gir ikkje dei tilsette den støtta dei treng i det daglege arbeidet. Systema medverkar i liten grad til systematikk, dokumentasjon og kvalitet i sakshandsaminga, og arbeidsprosessane er lite effektive. Barnevernstenesta manglar eit felles fagleg rammeverk som kan gi likare og meir kunnskapsbasert praksis. Dette gir variasjon som ikkje er ønskjeleg i utøvinga av barnevernsfagleg praksis, både mellom tenester og internt i den einskilde tenesta.

Departementet har derfor dette målet for arbeidet med kvalitetsutvikling i barnevernet:

  • Auka kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta

Kompetansetiltak i barnevernet

Behovet for auka kompetanse i barnevernet er godt dokumentert. Ei betring av situasjonen krev tiltak som gir effekt direkte ut i tenestene her og no, men òg meir langsiktige tiltak. Bufdir følgjer opp Kompetansestrategien for barnevernet (2018–2024), som har som mål å betre kvaliteten på arbeidet i barnevernstenesta. Bufdir har sett i gang ei evaluering av tiltaka i kompetansestrategien. Evalueringa vil følgje arbeidet fram til 2024. Målet er å innhente kunnskap om korleis arbeidet med å implementere tiltaka har gått, og kva som er resultata av tiltaka. Ein vil bruke kunnskap frå evalueringa undervegs for å vidareutvikle tiltaka.

Tenestestøtteprogrammet, som er eit tilbod om etterutdanning og opplæring i undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid, starta opp hausten 2017. Grunnleggjande forståing av traume hos barn er eit sentralt tema i programmet. Auka kompetanse på dette er mellom anna viktig i oppfølginga av barn som er utsette for vald og overgrep. Om lag 400 tilsette deltek i programmet årleg. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har evaluert programmet. Evalueringa tyder på at tilbodet fører til endring av fagleg praksis i kommunane, samstundes som det framleis kan vere rom for forbetringar. På bakgrunn av evalueringane og annan ny kunnskap på området vert det gjort endringar både på innhaldet i og forma på opplæringstilbodet. I tillegg har Bufdir i 2019 utvikla eit eige opplæringstilbod om arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Opplæringa startar opp i 2020, og tilsette i både kommunale barnevernstenester og statlege institusjonar og fosterheimstenester vil kunne delta.

Tilbod om vidareutdanning gir tilsette høve til å heve kompetansen sin på barnevernsfaglege vurderingar, sakshandsaming og barnevernsrett, medverknad, samarbeid og barnevernsfagleg leiing og rettleiing. Tre nye vidareutdanningar starta opp i 2018. Utdanningane har hatt høge søknadstal. Departementet legg opp til å auke vidareutdanningstilbodet ytterlegare i 2020.

Bufdir etablerte i 2019 eit nytt vidareutdanningstilbod på 30 studiepoeng om minoritetskompetanse i barnevernet retta mot dei tilsette i barnevernet. Tilbodet erstatta den eksisterande vidareutdanninga om barnevern i eit minoritetsperspektiv. Grunnen til omlegginga var eit behov for å få på plass ei utdanning på minoritetsområdet som er meir praksisretta og gir større rom for fagleg fordjuping. Basert på kor mange som har fått tilbod om studieplass på den nye vidareutdanninga, ser det ut til at alle studieplassane hausten 2019 vil bli fylte opp.

Fylkesmannsembeta har i dialog med kommunane vurdert risikoar i barnevernstenestene. 13 kommunar har i 2018 og 2019 fått tilbod om rettleiing frå eigne rettleiingsteam som Bufdir har etablert. Rettleiinga skal bidra til at kommuneleiinga og barnevernsleiaren sjølve kan drive utviklingsarbeid gjennom refleksjon over eiga verksemd og utvikling av eigen praksis for å oppnå betre resultat. Rapporteringar frå kommunane og vurderingane til fylkesmennene av tilstanden i tenestene viser at mange kommunar framleis har store utfordringar med å følgje opp sentrale lovkrav for barnevernet. Utfordringane er størst i dei tre nordlegaste fylka. Regjeringa vil derfor utvide tilbodet om rettleiingsteam i 2020. Regjeringa føreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner, slik at fleire kommunar skal få hjelp til å få på plass betre barnevernstenester. Utvidinga av tilbodet skal gi rom for å prioritere kommunar i dei nordlegaste fylka.

Fylkesmannen har hatt i oppgåve å etablere læringsnettverk mellom kommunane i sitt fylke. Kommunane skal i samarbeid, gjennom læringsnettverka, vurdere kva behov dei har for kvalitetsutvikling, og setje i gang utviklingsarbeid som omfattar fleire kommunar. Arbeidet skal mellom anna medverke til at kommunane samarbeider om tilbod til barn og familiar i barnevernet. Fylkesmannen koordinerer arbeidet i nettverka og forvaltar stimuleringsmidlar til lokale utviklingsprosjekt. Det er oppretta nettverk i alle dei nye fylkeskommunane. Det varierer kor formaliserte nettverka er, og kor mange kommunar som deltek i kvart fylke. Utviklingsprosjekta som nettverka har sett i gang, har utgangspunkt i lokale behov, og det er derfor stor breidd i innhaldet i arbeidet. Erfaringane så langt viser at den aktive innsatsen fylkesmennene legg ned for å drive fram utviklingsprosjekta har mykje å seie.

Nye forskrifter om læringsutbyttet i barnevernspedagog- og sosionomutdanningane vart ferdige våren 2019. Dei er utforma i samarbeid mellom universitets- og høgskulesektoren og tenestene og skal mellom anna bidra til at utdanningane blir meir praksisretta. Bufdir har vidare utarbeidd tilrådingar til kompetansekrav og autorisasjon for arbeid i barnevernet og til organiseringa og omfanget av masterutdanningar i barnevern. Departementet vil vurdere tilrådingane i det vidare arbeidet med å utvikle tydelegare krav om kompetanse i barnevernstenestene og i arbeidet med å leggje til rette for etablering av meir praksisretta masterutdanningar.

Styrking av det kommunale barnevernet

Regjeringa har ført vidare satsinga på øyremerkte stillingar i det kommunale barnevernet. Dette har ført til betre kapasitet i tenestene. Tal frå SSB viser òg at kommunane sjølve bruker meir ressursar på barnevernet enn før. I perioden 2013–2018 har talet på årsverk auka med 27 prosent, noko som utgjer omlag 1 300 nye årsverk. Det er samstundes store forskjellar mellom kommunane når det gjeld talet på årsverk og saksomfanget sakshandsamarane har ansvaret for. Tilbakemeldingar frå kommunane tyder på at fleire barnevernstenester framleis opplever utfordringar når det gjeld kapasitet og mangel på tid. Regjeringa føreslår å føre vidare dei øyremerkte midlane til stillingar i barnevernet i 2020. Regjeringa har òg utvida dei økonomiske rammene til kommunane dei siste åra. Betre kommuneøkonomi gir kommunane større rom for å prioritere barnevernet. Kommunane er best eigna til å prioritere ressursar og tiltak der behovet og nytten er størst.

Samstundes vil departementet følgje opp situasjonen i kommunane. Fylkesmennene har møte med kommuneleiinga i alle kommunar for å drøfte situasjonen og bemanninga i barnevernet. Departementet har i forslaget til ny barnevernslov føreslått å innføre krav om ei årleg tilstandsrapportering frå barnevernet til kommunestyret. Målet er å auke den politiske merksemda på barnevernet i kommunane og leggje til rette for at risikoar og avvik vert handterte raskt og på ein forsvarleg måte. Bufdir har i 2019 utarbeidd eit fagleg grunnlag som skal gi god kvalitet og meir lik standard på dei årlege rapporteringane. Bufdir har òg utarbeidd ein kommunemonitor for barnevernet som gjer det mogleg for kommunane å samanlikne seg med andre kommunar og barnevernstenester og å sjå si eiga utvikling over tid. Departementet vil følgje situasjonen i kommunane tett, mellom anna gjennom nasjonale oversikter som gir informasjon om tilstanden i dei einskilde tenestene.

DigiBarnevern

DigiBarnevern utgjer eit digitalt løft for det kommunale barnevernet og har som mål å utvikle nye digitale løysingar som aukar effektiviteten og kvaliteten i sakshandsaminga i barnevernet. Som del av DigiBarnevern skal desse løysingane utviklast: ein nasjonal portal for bekymringsmeldingar, eit nasjonalt barnevernsfagleg kvalitetssystem, ein modell for informasjonsutveksling og ein rapporteringsbank som mellom anna vil sørgje for automatiske uttrekk av data frå sakshandsamingssystemet til barnevernstenesta. Ansvaret for den nasjonale portalen for bekymringsmeldingar skal i 2019 overførast til den kommunale delen av DigiBarnevern, ved KS.

Satsinga er i tråd med måla i den politiske plattforma til regjeringa og Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge om auka effektivisering og digitalisering av offentleg sektor og forsterka samarbeid mellom staten og kommunesektoren om digitalisering som fremjar brukarorientering, innovasjon og effektivitet.

DigiBarnevern vart oppretta som eit felles kommunalt-statleg prosjekt. Tett samarbeid mellom stat og kommune er ein styrke ved DigiBarnevern, men det tette gjensidige sambandet mellom utvikling og implementering av dei statlege og dei kommunale løysingane har òg vore ein risiko ved organisasjonsmodellen. Denne risikoen er i 2019 redusert ved at DigiBarnevern er delt i eitt statleg prosjekt, leidd av Bufdir, og eitt kommunalt prosjekt, leidd av KS og Trondheim kommune.

DigiBarnevern er frå og med 2019 i gjennomføringsfasen. Arbeidet som starta i 2019, skal vidareførast i 2020. Hausten 2020 er det planlagt å lansere ei digital løysing for privatpersonar og for offentlege personar som sender bekymringsmeldingar. I det barnevernsfaglege kvalitetssystemet skal det i 2020 utviklast ulike vurderings- og avgjerdsstøttande verktøy for handsaming av undersøkingar. Dette er ei forlenging av arbeidet i 2019 med å utvikle vurderings- og avgjerdsstøttande verktøy for handsaming av bekymringsmeldingar.

Barnevernet sitt arbeid med innvandrarar, urfolk og nasjonale minoritetar

For at barnevernet skal gi best mogleg hjelp til barn og familiar med hjelpebehov, er det viktig at det eksisterer ein grunnleggjande tillit til tenesta. Mange minoritetsgrupper har av historiske årsaker eller på grunn av erfaringar frå andre land lav tillit til offentlege instansar generelt og barnevernet spesielt. Arbeidet med å betre tilliten er derfor viktig for å komme i posisjon til å hjelpe når behovet er der. Handlingsplan for å bedre tillit mellom etniske minoritetsmiljøer og barnevernet 2016–2021 inneheld ei rekkje tiltak på ulike område som skal bidra til å betre tilliten mellom barnevernet og etniske minoritetsmiljø.

Innsatsen for å utvikle betre kompetanse i barnevernet i arbeidet med barn og familiar med etnisk minoritetsbakgrunn er auka. Det er mellom anna oppretta ei ny vidareutdanning på masternivå om minoritetskompetanse i barnevernet, jf. nærare omtale ovanfor. Bufdir har òg samarbeidd med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og Norsk tolkeforening om tolking i barnevernet. Departementet har i tillegg gitt direktoratet i oppdrag å greie ut bruken av brubyggjarar/linkarbeidarar med sikte på å etablere faglege tilrådingar. Det har òg vore lagt ein særleg innsats i integreringsstrategien til regjeringa og i arbeidet knytt til negativ sosial kontroll og unge som står i fare for å bli utsette for tvang og vald. Bufdir har utarbeidd ein rettleiar for barnevernet om desse temaa, og det er laga ein rettleiar om barn som er etterlatne i utlandet.

Forsking og utvikling

Forsking er eit viktig grunnlag for å utvikle tenestene i barnevernet, slik at barna og familiane deira får hjelp som verkar. Det er behov for eit betre kunnskapsgrunnlag mellom anna om korleis tenestene best bør vere organiserte, om god samhandling mellom tenester og kva slags hjelp ulike målgrupper i barnevernet treng.

Bufdir forvaltar midlar til forsking på barnevernsområdet. Prosjekta på barnevernsfeltet har som mål å utvikle kvaliteten i tiltak og tenester i barnevernet slik at barn og familiar skal få betre hjelp. I 2018 var om lag 20 forskingsprosjekt i gang, mellom anna på felt som fosterheimar, barnevernsinstitusjonar og arbeid med minoritetar i barnevernet. I 2018 og 2019 har særleg institusjonsbarnevernet vore eit høgt prioritert område i forskingsforvaltinga til Bufdir, men det er òg sett i gang studiar om hjelpetiltak, akuttarbeid og LHBTIQ-perspektivet i barnevernet. Bufdir starta i 2018 ein studie basert på informasjon frå ei rekkje offentlege register som omfattar barn som får hjelp frå barnevernet. Føremålet er få meir kunnskap om barn og familiar som kjem i kontakt med barnevernet, kva slags vurderingar tenestene gjer, kva for ressursar og tiltak dei bruker, og kva som er effekten av intervensjonane frå barnevernet. Studien blir utført av Frischsenteret og skal avsluttast i 2021.

Departementet gir midlar til to program i regi av Forskingsrådet – HELSEVEL og VAM II. Gjennom programmet HELSEVEL har Frischsenteret fått støtte til eit prosjekt som er relatert til prosjektet som er omtalt ovanfor. Prosjektet skal undersøkje variasjon i praksisen i dei kommunale barnevernstenestene på lokalt og regionalt nivå, og prøve å finne ut korleis intervensjonane frå barnevernet påverkar livsløpet til barn og unge på område som skule, helse, arbeidsmarknad og kriminalitet. Prosjektet skal mellom anna undersøkje effekten av tiltak i og utanfor heimen, forskjellar mellom kommersielle, ideelle og statlege barnevernsinstitusjonar og korleis økonomiske insentiv påverkar tilgangen på private fosterheimar. Prosjektet varer frå 2019 til 2023.

Arbeidet departementet gjer med forsking og utvikling, inkludert støtta til ulike kunnskaps- og kompetansemiljø, er nærare omtalt i del III.

Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira

Arbeidet med ei ny barnevernslov

Barnevernlova er over 25 år gammal og bør bli meir tilgjengeleg og betre tilpassa dagens samfunn. Eit forslag til ny barnevernslov har vore på offentleg høyring. Forslaget er ein fullstendig gjennomgang av språket og strukturen i heile lova for å få eit enklare og meir forståeleg regelverk. Departementet føreslår òg endringar mellom anna for å styrkje barneperspektivet og for at barnevernet skal byggje på ressursane rundt barnet. Vidare føreslår departementet endringar som skal styrkje den overordna kommunale styringa og leiinga av barnevernstenesta. Målet er at barn og foreldre skal få betre rettstryggleik, og at lova skal bli eit betre fagleg verktøy for barnevernet. Forslaget tek utgangspunkt i det heilskapelege forslaget frå barnevernslovutvalet i NOU 2016: 16 Ny barnevernslov – sikring av barnets rett til omsorg og beskyttelse. Forslaget byggjer vidare på lovendringane som tok til å gjelde 1. juli 2018, då det mellom anna blei lovfesta at barn har rett til tiltak etter barnevernlova og til å medverke i si eiga sak, jf. Prop. 169 L (2016–2017). Departementet vil arbeide vidare med forslaget til ny barnevernslov på bakgrunn av innspel frå høyringa.

I årsmeldinga frå Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar (NIM) heiter det i tilråding nr. 15:

«Norske myndigheter bør i det videre arbeidet med ny barnevernslov klargjøre hvordan samværsomfang skal fastsettes for å være i tråd med våre menneskerettslige forpliktelser.»

Departementet har i høyringsnotatet om ny barnevernslov føreslått endringar i reglane om samvær etter ei omsorgsovertaking. Departementet føreslo mellom anna at barn og søsken som barnet har eit etablert familieliv med, får rett til samvær og kontakt med kvarandre etter ei omsorgsovertaking. Forslaget byggjer på ein grundig gjennomgang av dei menneskerettslege forpliktingane som norske styresmakter er bundne av. Utgreiinga frå barnevernslovutvalet i NOU 2016: 16 har vore utgangspunktet for departementet sitt arbeid med eit nytt lovforslag. Utgreiinga har eit eige vedlegg om barnevern og menneskerettar, og dette har utvalet lagt til grunn for sitt forslag til reglar om samvær. I tillegg har departementet innhenta ein eksternrapport frå OsloMet med ei barnefagleg og juridisk utgreiing. I rapporten er det særleg vurdert kva for krav som følgjer av den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8 om rett til familieliv. Departementet legg derfor til grunn at NIM si anbefaling er oppfylt. Sjå nærare omtale av oppmodingsvedtak nr. 93 av 4. desember 2018 i Prop. 1 S (2019–2020) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Brukarmedverknad i barnevernet

Barnevernlova stadfestar at barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, har rett til å medverke i alle forhold som vedkjem dei etter lova. Departementet påpeiker at medverknad skal skje i alle fasane av ei barnevernssak. Medverknad frå barnet vil heve kvaliteten på dei avgjerdene barnevernet tek, og er ein viktig føresetnad for å finne fram til kva som er det beste for barnet. Resultat frå brukarundersøkingar og tilsyn viser at mange barn og unge melder om liten grad av medverknad i kontakten med barnevernet.

Departementet har derfor fastsett dette målet for arbeidet med rettstryggleik for barn, unge og familiane deira:

  • Betre vareta retten barna har til medverknad i det kommunale og det statlege barnevernet.

Barnet sin rett til medverknad inneber at det skal ha høve til å komme med eigne synspunkt. For at medverknaden skal vere reell, må barnet få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon, og det må kjennast trygt å gi uttrykk for eigne meiningar. I den vidare sakshandsaminga må det vere synleg korleis innspela frå barnet er blitt tekne omsyn til.

Satsinga på familieråd er ei høgt prioritert oppgåve, og bruken av familieråd aukar i barnevernet. Erfaringar har vist at familieråd kan bidra til å fremje medverknad i eiga sak både for barnet og for familien. Dette kan igjen bidra til å styrkje rettstryggleiken for dei involverte i ei barnevernssak. Arbeidet med å implementere familieråd i kommunane held fram i 2020.

Barn har rett til å medverke i alle fasar av saka, òg når saka blir handsama i fylkesnemnda. I fylkesnemnda medverkar barn via ein talsperson, ved samtale direkte med nemnda eller som part i eiga sak. I eit høyringsnotat om ny barnevernslov føreslår departementet å tydeleggjere at barn utan partsrettar skal ha høve til å samtale direkte med nemnda. Departementet føreslår òg å utvide høvet til at barn under 15 år kan vere part i si eiga sak.

Ein legg stor vekt på å sikre at synspunkta til barna blir innhenta og vektlagde ved val av institusjon og formidling av fosterheimar. Bufetat har rutinar for at barn blir inviterte til avklaringsmøte ved alle tilvisingar av nye tiltak der Bufetat hjelper kommunane med å formidle fosterheim. I løpet av 2018 skulle eigentleg alle barnevernsinstitusjonane ha innført effektmålingar og brukarundersøkingar, men det har vore naudsynt med juridiske og tekniske avklaringar før arbeidet kunne setjast i gang. Dei tekniske løysingane er no på plass og skal prøvast ut i løpet av 2019 og 2020.

Departementet har arbeidd med å styrkje medverknaden for barn i klageprosessar. Retten til å klage heng saman med retten barnet har til tilstrekkeleg og tilpassa informasjon. Statens helsetilsyn har lagt fram eit forslag til tiltak som kan gjere det enklare for barn å setje fram ein klage til Fylkesmannen etter barnevernlova. Departementet har i det vidare arbeidet med klageordningar for barn i barnevernet bede Bufdir om å utarbeide meir barnevennleg informasjon om klageretten i barnevernssaker, og bede direktoratet vurdere kva tekniske endringar som kan gjerast for å gjere høvet til å klage betre tilgjengeleg for barn.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Som ledd i oppfølginga av tilrådingane frå Riksrevisjonen si undersøking av sakshandsamingstid og Oxford Research si evaluering av fylkesnemndene frå 2015, har det dei seinare åra vore arbeidd målretta for å redusere sakshandsamingstida og forskjellane i sakshandsamingstida mellom nemndene. Likare rutinar, organisering og oppgåveløysing og likare fordeling av ressursar har vore viktige tiltak for å få ned sakshandsamingstida. Arbeidet har gitt positive resultat. Det er særleg positivt at forskjellen i gjennomsnittleg sakshandsamingstid mellom nemndene har gått ned. I 2018 var forskjellen mellom nemnda med høgast og nemnda med lågast sakshandsamingstid for saker med forhandlingsmøte 17 dagar, mot 72 dagar i 2015.

For å betre tilliten til fylkesnemndene arbeidde dei i 2018 for å gi ålmenta meir informasjon om sakshandsaminga i nemndene. Delen saker som vert anonymiserte og lagt ut på Lovdata.no har auka dei siste åra. I tillegg til at ein har gitt ålmenta innblikk i vedtaka, har ein arbeidd aktivt for å gi befolkninga informasjon om korleis prosessen i ei barnevernssak er, og korleis systemet fungerer.

Fem nemnder har sidan 2016 delteke i eit forsøk med samtaleprosess. Føremålet med samtaleprosess er å kartleggje faktiske forhold og konflikttema, betre kommunikasjonen og samarbeidet mellom partane, auke forståinga deira for synspunkta til den andre parten og leggje til rette for semje om ei heil eller delvis løysing av saka eller ei mellombels prøveordning. Nemndene kan tilby partane samtalemøte som eit alternativ til behandling i forhandlingsmøte dersom ikkje det beste for barnet eller særtrekk ved saka taler imot det. Samtaleprosess krev samtykke frå alle partane i saka, og dei kan trekkje samtykket tilbake når som helst i prosessen. Samtaleprosess vart nytta i 584 saker i 2018. I saker med samtaleprosess ser det ut som at partane oftare vert samde om frivillige hjelpetiltak, og at fleire saker vert trekte før det vert gjort tvangsvedtak enn ved ordinær behandling. Forsøket med samtaleprosess har blitt evaluert av Oxford Research, som tilrår at samtaleprosess blir ei varig ordning i alle nemnder. I høyringsnotatet med forslag til ny barnevernslov føreslår departementet at samtaleprosess blir ei varig ordning.

I NOU 2017: 8 Særdomstoler på nye områder føreslo utvalet at foreldretvistar etter barnelova og tvangssaker etter barnevernlova skal handsamast i nokre tingrettar i fyrste instans. Regjeringa ønskjer at foreldretvistar og rettsleg overprøving av barnevernssaker skal samlast i nokre tingrettar. Regjeringa ønskjer vidare at fylkesnemndene skal bestå som i dag. Sjå nærare omtale av oppfølginga av NOU 2017: 8 i Prop. 1 S (2019–2020) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Barnevern over landegrensene

Regjeringa har som mål å styrkje handteringa av internasjonale saker om vern av barn. Auka globalisering og migrasjon gjer at stadig fleire barn har tilknyting til fleire land. Barnevernssaker der barna har tilknyting til fleire land, kan vere ekstra krevjande for barnevernstenestene å handsame. Eit godt samarbeidsklima med utanlandske styresmakter i internasjonale barnevernssaker er særs viktig. Haagkonvensjonen 1996 om samarbeid når det gjeld foreldremyndigheit og tiltak for vern av barn, har vore gjeldande i Noreg sidan juli 2016. Bufdir er norsk sentralstyresmakt for konvensjonen og handterer oppmodingar til og frå Noreg i saker som gjeld vern av barn. Sentralstyresmakta yter òg hjelp i barnevernssaker utanfor konvensjonssamarbeidet. Behovet er stort, og vi ser ein tydeleg effekt av arbeidet som blir gjort. Konvensjonen, og den konkrete handteringa av kvar sak, styrkjer rettstryggleiken for barn i tilfelle der ein tidlegare ikkje hadde noko internasjonalt regelverk eller ein koordinerande instans som kunne ta dette ansvaret.

Bufdir reviderer i 2019 eit rundskriv om sakshandsaming av internasjonale barnevernssaker for å styrkje kompetansen til barnevernstenesta. Departementet har i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet evaluert sentralmyndigheitansvaret etter Haagkonvensjonen 1996, Haagkonvensjonen 1980 og Europarådskonvensjonen 1980 om barnebortføring. Evalueringa viser at ordninga med delt sentralmyndigheitsansvar etter konvensjonane fungerer etter måten bra. Samstundes viser evalueringa at eit samla sentralmyndigheitsansvar vil kunne vere meir effektivt.

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) melde i tida frå 2015 til vinteren 2019 at dei ville handsame ti barnevernsklagar mot Noreg. EMD har så langt avsagt fire dommar. Hittil har Noreg blitt dømd i to sakar, og frikjend i to sakar. I den eine dommen blei Noreg fyrst frikjend, men saka blei anka inn for storkammeret i EMD. Storkammeret avsa dom 10. september 2019, og då vart Noreg dømt. I juli 2019 melde EMD at dei vil handsame 16 nye barnevernsklagar mot Noreg. Departementet vil følgje opp dommane etter kvart som dei vert avsagde. Dommane kan òg påverke arbeidet med den nye barnevernslova.

Departementet har saman med andre departement arbeidd med å førebu mottak av barn av framandkrigarar. Barn av framandkrigarar som kjem til Noreg, skal bli møtte på ein god måte, og dei skal få forsvarleg omsorg og behandling. Ei barnevernsteneste som får melding om at eit barn av ein framandkrigar har komme til Noreg, må på vanleg måte undersøkje forholda og vurdere behovet for barnevernstiltak. Bakgrunnen til barnet kan i desse sakene stille særlege krav til barnevernstenestene. Bufdir har etablert ein beredskap for å hjelpe barnevernstenester med juridisk og barnevernsfagleg rettleiing. Direktoratet samarbeider med Helsedirektoratet for å sikre at også helsa til barna blir teken hand om på best mogleg måte.

Organisering og samordning

Ny ansvarsdeling i barnevernet (barnevernsreforma)

Stortinget slutta seg ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) til forslaga om ei barnevernsreform, jf. Innst. 354 L (2016–2017). Ansvarsendringane som følgjer av reforma, skal ta til å gjelde i 2022 og gi kommunane eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Departementet vil, i samarbeid med KS og Bufdir, arbeide med å førebu iverksetjinga av endringane i ansvarsdelinga. Sjå mellom anna omtale av kompetansesatsinga i det kommunale barnevernet.

Alta, Røyken og Færder har sidan april 2016 delteke i eit forsøk med auka kommunalt ansvar for barnevernet. Erfaringar og kunnskap frå forsøket skal bidra til gode endringsprosessar ved gjennomføringa av den nasjonale reforma. Tredje delrapport i følgjeevalueringa, som gjer greie for resultat i 2018, viser at kommunane har styrkt arbeidet med tidleg innsats og førebygging, og at dei opplever å ha betre tilgang på kompetanse og tiltak i sin eigen organisasjon no enn då dei gjekk inn i forsøket. Kommunane har brukt det auka handlingsrommet som kjem av forsøket til å styrkje tenestetilbodet. Til dømes har Alta oppretta ein lokal omsorgsinstitusjon, medan Færder har tilsett beredskapsheimar. Evalueringa viser òg at det auka kommunale ansvaret for barnevernet fører med seg utfordringar. Nokre av kommunane har opplevd utfordringar med organiseringa av dei nye oppgåvene og vanskar med å tilsetje personar med riktig kompetanse. Å vareta eit heilskapleg ansvar for fosterheimsrekrutteringa har vore den største utfordringa for alle dei tre forsøkskommunane. Røyken kommune slår seg saman med Asker og Hurum 1. januar 2020 og avsluttar derfor forsøksverksemda ved utgangen av 2019. I Alta og Færder blir forsøket vidareført inntil den nasjonale reforma skal tre i kraft.

Regjeringa har sett i gang ei utgreiing av dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av at Bufetat sitt ansvar på barnevernsområdet eventuelt blir overført til nye regionar. Arbeidet er ei oppfølging av Meld. St. 6 (2018–2019) Oppgåver til nye regionar. Utgreiinga skal særleg syne om ei oppgåveoverføring gir eit styrkt tilbod til barn og unge. Det er Vista analyse som står for utgreiinga, og sluttrapporten skal liggje føre våren 2020.

Private aktørar, både ideelle og kommersielle, står for ein monaleg del av tiltaka i barnevernet. I Prop. 73 L (2016–2017) varsla departementet ein gjennomgang av rammevilkåra for dei private aktørane. Gjennomgangen starta opp hausten 2018 og vil halde fram i 2020. Målet for arbeidet er å etablere rammevilkår som kan sikre at bruken av private aktørar støttar opp under måla om eit godt og effektivt barnevern som varetek rettstryggleiken til barn og familiar. Arbeidet har både statleg og kommunalt barnevern som målgrupper, og det er teke omsyn til at rammevilkåra kan variere mellom dei ulike tiltaksområda. Departementet legg vekt på å involvere relevante aktørar gjennom dialogmøte og annan kontakt.

Betre samordning av helsetenester for barn og unge i barnevernet

Det er ein høg førekomst av psykiske lidingar hos barn i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar. Samstundes er det indikasjonar på at helsetilbodet til denne gruppa ikkje er tilstrekkeleg. I 2020 vil den særlege satsinga på helsetenester til barn i barnevernet halde fram. Målet er å styrkje samarbeidet mellom helsetenestene og barnevernet slik at barn i barnevernet får naudsynte og forsvarlege helsetenester. Satsinga omfattar fleire tiltak retta mot barn både i kommunalt barnevern og på barnevernsinstitusjon. Tiltaka blir utvikla i eit nært samarbeid mellom Bufdir, Bufetat, Helsedirektoratet, dei regionale helseføretaka og brukarrepresentantar.

To nye omsorgs- og behandlingsinstitusjonar til barn med behov for langvarig omsorg utanfor heimen og samtidig stort behov for psykisk helsehjelp er sette i drift i 2019. Bufdir har i samarbeid med Helsedirektoratet starta følgjeforsking på etableringa og drifta av det nye institusjonstilbodet.

For å auke tilgjenget og kontinuiteten legg Bufdir og Helsedirektoratet til rette for bruk av digitale verktøy for oppfølging og behandling frå BUP til barn i barnevernsinstitusjon. Dei utarbeidar óg nasjonale retningslinjer for innhaldet i samarbeidsavtalar mellom helsetenesta og barnevernstenesta.

Bufdir og Helsedirektoratet har utvikla forslag til samhandlingsprosessar som inkluderer ansvar, oppgåver og samarbeid mellom den kommunale barnevernstenesta, det statlege barnevernet, den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta for barn og unge. Målet er å bidra til at barn og unge som får hjelp frå barnevernet, vert kartlagde og undersøkte for eventuelle psykiske vanskar og rusmiddelproblem alt i ein tidleg fase, slik at dei er sikra naudsynt helsehjelp når dei har behov for det i kombinasjon med riktig tiltak frå barnevernet. Modellen skal sendast på høyring i løpet av 2019.

Skulegangen til barn i barnevernet

Det å meistre skulen og fullføre vidaregåande opplæring er ei sterk trygging mot utanforskap i vaksen alder. Forsking viser at barn og unge med tiltak i barnevernet har lågare skuleprestasjonar og sjeldnare fullfører vidaregåande opplæring enn barn på same alder utan tiltak i barnevernet. Bufdir har dei siste åra hatt i oppdrag å setje i verk tiltak for å møte desse utfordringane. Fleire av desse tiltaka blir førte vidare i 2020. Dei fleste tiltaka som er sette i verk, er retta mot tilsette både i barnevernet og i skulen. Bufdir har derfor samarbeidd med Utdanningsdirektoratet om utviklinga av desse tiltaka.

Viktig arbeid i 2018 og 2019 har mellom anna vore å utvikle og setje i gang digitale kurs for å gi tilsette i skule og barnevern betre kunnskap om tilrettelegging og oppfølging av skulegangen til barn med tiltak i barnevernet. Frå 2018 har òg eit nytt hjelpetiltak for å auke skulegjennomføringa til barn og unge vore under utprøving i utvalde fylke og kommunar. Tiltaket skal etter planen vidareførast og evaluerast i 2020. Vidare blei det i 2019 lansert ein revidert versjon av ein digital rettleiar om samarbeid mellom skule og barnevern. For å sjå om innsatsen på dette området har ført til endring, gjennomførte ein både i 2014 og i 2018 ei haldningskartlegging blant tilsette i skule og barnevern. Resultata frå den siste kartlegginga kjem fram i ein rapport som vart lansert våren 2019. Denne viser jamt over det same biletet som blei avdekt i den fyrste kartlegginga. Det er ein monaleg skilnad mellom sektorane i forventingane til skulegangen for barn med tiltak frå barnevernet. Tilsette i skulen har dei same forventingane til barn med barnevernstiltak som andre barn, til skilnad frå tilsette i barnevernet, som i relativt høg grad framleis har låge ambisjonar.

Barn og unge som har gjort seg skuldige i, eller står i fare for, å gjere lovbrot

Å førebyggje kriminalitet blant barn og unge er ei prioritert oppgåve for regjeringa. Barnevernet har eit ansvar for barn og unge som har alvorlege åtferdsvanskar, mellom anna med lovbrot. Regjeringa har i 2019 sett i verk eit større tverrsektorielt samarbeid for å styrkje tiltaksapparatet overfor barn og unge som har gjort seg skuldige i, eller står i fare for, å gjere lovbrot. Arbeidet skal mellom anna munne ut i eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for å vurdere kva slags hjelp målgruppa treng, og om det er behov for nye tiltak og endringar i regelverket og ansvaret til sektorane. Kunnskapsoppsumeringa og tilrådingane skal leverast ved utgangen av 2020.

Det er òg sett i verk ei satsing på barnevernet sitt arbeid med barn som har gjort seg skuldige i eller står i fare for å gjere lovbrot. Satsinga skal medverke til betre og meir målretta tiltak og oppfølging av barn og unge i målgruppa. Som ein del av satsinga samarbeider Oslo kommune med politiet om å utvikle og implementere tiltak som styrkjer barnevernet sitt arbeid med målgruppa. Midlane blir mellom anna nytta til å etablere tverrfaglege team, til å styrkje samarbeidet mellom barnevernet og skulane, til tilbod om foreldrerettleiing og til utvikling av institusjonstilbodet. Det skal setjast i gang forsking på tiltaka. Tiltaka og evalueringa av desse skal byggje på innspel og medverknad frå barn, unge og foreldre, og arbeidet held fram i 2020.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

221 566

230 440

234 427

1,7

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 002 839

1 121 998

1 160 428

3,4

855

Statleg forvalting av barnevernet

7 097 222

6 915 253

7 112 860

2,9

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

177 139

156 429

118 729

–24,1

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

285 205

295 632

610 536

106,5

Sum kategori 11.20

8 783 971

8 719 752

9 236 980

5,9

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

268

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 466 965

1 457 236

1 505 441

3,3

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

52 999

110 127

113 082

2,7

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

2 846

484

499

3,1

Sum kategori 11.20

1 523 078

1 567 847

1 619 022

3,3

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–23

Drift

7 498 670

7 251 518

7 787 679

7,4

30–49

Nybygg og anlegg

21

25 500

20 116

–21,1

50–59

Overføringar til andre statsrekneskapar

18 197

17 631

17 411

–1,2

60–69

Overføringar til kommunar

1 136 006

1 275 280

1 253 230

–1,7

70–98

Overføringar til private

131 077

149 823

158 544

5,8

Sum kategori 11.20

8 783 971

8 719 752

9 236 980

5,9

Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

221 545

230 440

234 427

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

21

Sum kap. 0853

221 566

230 440

234 427

Ansvarsområdet til verksemda

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er eit uavhengig, domstolsliknande forvaltingsorgan som er heimla i barnevernlova. Fylkesnemndene gjer vedtak i tvangssaker etter barnevern-lova, inkludert pålegg om hjelpetiltak, omsorgsovertaking av barn og tvangsplassering av ungdommar med åtferdsvanskar. Etter helse- og omsorgstenestelova gjer fylkesnemndene tvangsvedtak for vaksne rusavhengige og tvangstiltak for gravide rusavhengige. Nemndene avgjer òg klagar på kommunale vedtak om bruk av tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming. Vidare avgjer nemnda spørsmål om tvangsundersøking og tvangsisolering av personar med smittsame sjukdommar etter smittevernlova. Over 90 prosent av sakene i fylkesnemndene er saker etter barnevernlova.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i alle fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og i Sentraleininga for fylkesnemndene.

Departementet føreslår ei løyving på 234,4 mill. kroner i 2020.

Post 45 Større anskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Midlane på posten har tidlegare blitt brukte til å utvikle og implementere sakshandsamingssystemet ProSak i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Departementet føreslår inga løyving på posten i 2020.

Kap. 3853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Diverse inntekter

268

Sum kap. 3853

268

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

63 765

72 371

76 772

22

Barnesakkunnig kommisjon

6 939

8 194

7 814

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

25 500

20 116

50

Forsking og utvikling

18 197

17 631

17 411

60

Kommunalt barnevern

745 826

777 556

800 000

61

Utvikling i kommunane

19 984

50 671

53 871

62

Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 72

17 051

20 252

25 900

71

Utvikling og opplysningsarbeid m.m., kan nyttast under post 21

27 853

36 058

37 026

72

Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 21

103 224

113 765

121 518

Sum kap. 0854

1 002 839

1 121 998

1 160 428

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Posten dekkjer utgifter til utviklingstiltak i barnevernet. Løyvinga på posten blir òg nytta til refusjon av barnevernsutgifter på Svalbard, drift av tvisteløysingsnemnda til barnevernet og tidsavgrensa prosjekt på barnevernsområdet.

Posten dekkjer tiltak i kompetansestrategien for det kommunale barnevernet. Dette gjeld kostnadar til dialogmøte fylkesmannen har med kommunane, og oppgåver med å koordinere kompetansetiltak overfor kommunane. Midlane skal òg dekkje utgifter fylkesmannen har ved å leggje til rette for samarbeid i kommunale læringsnettverk og forvalte midlar til utviklingsprosjekt i nettverka, jf. omtale under kap. 854, post 61.

Posten dekkjer vidare tilbod om rettleiingsteam som kan følgje opp kommunar og barnevernstenester med store utfordringar i barnevernet. Rapporteringar frå kommunane, og fylkesmannen sine vurderingar av tilstanden, tyder på svikt i mange barnevernstenester. Departementet føreslår derfor å løyve 2 mill. kroner i 2020 til å auke talet på rettleiingsteam, slik at fleire kommunar kan få eit tilbod. Undersøkingar viser at utfordringane er størst i Nordland, Troms og Finnmark, og løyvinga skal gi rom for å prioritere kommunar i desse fylka.

Departementet vil heve kvaliteten på det førebyggjande arbeidet barnevernet gjer retta mot barn og unge. Departementet føreslår derfor å løyve om lag 2 mill. kroner til mellom anna å dekkje utgifter til å implementere og evaluere ei utprøving av ein grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet. Målet er å betre kvaliteten på hjelpetiltak til barn og familiar, mellom anna gjennom å førebyggje akuttsaker og saker som gjeld omsorgsovertaking. Sjå òg kap. 854, post 61 og 72, for ytterlegare omtale av denne satsinga.

Posten dekkjer òg utgifter til framhald av arbeidet med barn og unge som er skuldige i, eller står i fare for å bli skuldige i, lovbrot. Midlane dekkjer utgifter Bufdir har til å medverke til og følgje den auka innsatsen i barnevernet i Oslo, og til å utarbeide eit oppdatert kunnskapsgrunnlag på feltet. Sjå òg kap. 854, post 61, for ytterlegare omtale av denne innsatsen.

For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet å auke posten med 15,2 mill. kroner til eit prøveprosjekt med hurtigbusetjing av einslege mindreårige asylsøkjararar, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 856, post 01. Sjå òg omtale under denne posten.

Departementet føreslår òg å redusere løyvinga, mellom anna som følgje av avslutta prosjekt på posten, med om lag 11 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak på barnevernsområdet.

Departementet føreslår ei løyving på 76,8 mill. kroner i 2020.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Løyvinga på posten skal dekkje drifta av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal kvalitetssikre rapportar frå sakkunnige i barnevernssaker, anten dei er bestilte av barnevernstenesta, fylkesnemnda, domstolane eller dei private partane.

Som ei følgje av at det har komme inn færre rapportar dei siste åra, føreslår departementet å redusere posten med om lag 0,4 mill. kroner for å prioritere andre tiltak på barnevernsområdet.

Departementet føreslår ei løyving på 7,8 mill. kroner i 2020.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga blir nytta til Bufdir sitt arbeid med digitaliseringstiltak. Arbeidet tek sikte på å heve kvaliteten og effektiviteten i sakshandsaminga i det kommunale barnevernet, gjennom prosjektet DigiBarnevern. Midlane skal mellom anna nyttast til kjøp av tenester frå eksterne konsulentar til systemutvikling og innføringsstøtte til kommunane.

På grunn av reduserte utviklingskostnader i 2020 føreslår departementet å redusere posten med om lag 5,4 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 20,1 mill. kroner i 2020.

Post 50 Forsking og utvikling

Løyvinga på posten blir nytta til verksemda til Noregs forskingsråd. I 2020 skal midlane mellom anna dekkje ei løyving til arbeid med praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene, som inngår i programmet Effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL). Tenestene som inngår i programmet, er helse- og omsorgstenester, arbeids- og velferdstenester, barnevern og familievern. HELSEVEL skal, gjennom forsking og innovasjon, medverke til god kvalitet, kompetanse og effektivitet i desse tenestene. Midlane på posten skal òg nyttast til å finansiere delar av forskingsprogrammet Velferd, arbeid og migrasjon II (VAM II). Føremålet med programmet er å forske på samfunnsutfordringar på desse områda og å finne moglege løysingar på utfordringane.

Departementet føreslår å redusere løyvinga med om lag 0,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 285, post 55. Dette er for å finansiere utgifter Forskingsrådet vil få som sekretariat for strategiarbeidet for utsette barn og unge (BarnUnge21). Sjå kap. 846, post 50, for ytterlegare omtale av saka.

Departementet føreslår ei løyving på 17,4 mill. kroner i 2020.

Post 60 Kommunalt barnevern

Tal frå SSB viser at kommunane bruker meir ressursar på stillingar i barnevernet. I perioden 2013–2018 har talet på årsverk auka med 27 prosent. Dette utgjer ein auke på rundt 1 300 nye årsverk, medan endringa frå 2017 til 2018 utgjer ein auke på 149 årsverk. Samstundes som tala frå SSB viser at kommunane bruker meir ressursar på stillingar i barnevernet, føreslår departementet at dei øyremerkte midlane til årsverk i kommunane skal vidareførast. Løyvinga på posten skal dekkje særskilde tilskot til om lag 1 020 årsverk i kommunane for å styrkje det kommunale barnevernet. Løyvinga går til stillingar som blei oppretta i perioden 2011–2018.

Departementet føreslår ei løyving på 800 mill. kroner i 2020.

Post 61 Utvikling i kommunane

Posten dekkjer tilskot til utviklingsprosjekt og andre tiltak i regi av kommunar og fylkesmannsembete. Midlane skal mellom anna nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane og utvikle tenestene i barnevernet.

Departementet føreslår å føre vidare løyvinga til tilskotsordninga til utviklingsprosjekt i kommunale læringsnettverk, som er ein del av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet. Målet med ordninga er å styrkje tilbodet i kommunane om tenester og tiltak til utsette barn og familiar som treng særskild oppfølging, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet. Føremålet med delar av løyvinga er å etablere betre kommunale tilbod om rettleiing og oppfølging av fosterheimar.

Som ein del av den styrkte innsatsen med barn og unge som er skuldige i eller står i fare for å bli skuldige i lovbrot, vidarefører departementet midlar til Oslo kommune for å styrkje barnevernet sitt arbeid med målgruppa og familiane deira. Midlane skal mellom anna nyttast til å etablere tverrfaglege team, til å styrkje samarbeidet mellom barnevernstenesta og skulane, til foreldrerettleiingstilbod og til vidareutvikling av institusjonstilbodet. Sjå òg kap. 854, post 21, for omtale av denne satsinga.

Departementet føreslår å løyve om lag 4,4 mill. kroner til å prøve ut ein ny grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet. Midlane skal nyttast til å dekkje kostnader kommunar har gjennom å delta i utprøvinga, mellom anna til å frigjere kapasitet, slik at dei kan ta i bruk nye arbeidsformer som kan gi barn og familiar betre hjelp. Etter søknad frå kommunane blir løyvinga fordelt i tråd med utlysning av prosjektmidlane. Ved val av kommunar skal det leggjast vekt på geografisk spreiing. I tillegg skal utprøvingsprosjektet omfatte barnevernstenester med ulik storleik. Sjå òg kap. 854, post 21 og 72, for ytterlegare omtale av denne satsinga.

Løyvinga på posten dekkjer òg Alarmtelefonen for barn og unge, som Kristiansand kommune er driftsansvarleg for.

Som vanleg vil ei av barnevernsvaktene vere arrangør av den årlege landskonferansen for barnevernsvaktene og politiet i 2020. Denne barnevernsvakta vil få midlar over denne posten.

Departementet si finansiering av den statlege delen av forsøksprosjektet Tverretatlig akuttjeneste for barn og unge i Kristiansand kommune vert avslutta i 2019.

Departementet føreslår ei løyving på 53,9 mill. kroner i 2020.

Post 62 Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 72

Tilskotsordninga skal medverke til auka bruk av vidareutdanningstilbod for tilsette i barnevernet, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet. Målet med vidareutdanningane er å heve kunnskapsnivået i tenestene og gi tilsette høve til å fordjupe seg innanfor prioriterte fagområde i barnevernet. Kommunale arbeidsgivarar kan søkje om tilskot til å dekkje vikarutgifter, reisekostnadar, litteraturkjøp og liknande. Kommunar vil bli prioriterte, men arbeidsgivarar for tilsette i statlege og private barnevernsinstitusjonar kan òg søkje om tilskot. I 2020 gjeld dei prioriterte vidareutdanningane desse temaa: barnevernsfagleg rettleiing, kultursensitiv kompetanse i barnevernet, juss i barnevernsfagleg arbeid, vurdering av det beste for barnet og relasjonsarbeid i samarbeid med barn og familiar. Regelverket for tilskotsordninga vil bli utdjupa i retningslinjer i 2020.

Departementet vil utvide tilbodet om vidareutdanning i 2020 og føreslår derfor å auke tilskotsordninga med 5 mill. kroner, slik at fleire barnevernstilsette kan prioritere kompetanseheving. Sjå òg kap. 854, post 72, for ytterlegare omtale av denne satsinga.

Departementet føreslår ei løyving på 25,9 mill. kroner i 2020.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid m.m., kan nyttast under post 21

Posten dekkjer i hovudsak tilskotsordningane Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet. Ordningane skal bidra til brukarmedverknad og til at alle partar på barnevernsfeltet skal bli høyrde. Nærare prioriteringar og storleiken på løyvinga vil komme fram i dei årlege kunngjeringane av tilskotsordningane. Det er mogleg å søkje om tilskot for inntil tre år om gangen. Innanfor ordningane er 4,5 mill. kroner sette av til Forandringsfabrikken og 4,5 mill. kroner sette av til Landsforeningen for barnevernsbarn.

I tråd med Bestemmelser for økonomistyring i staten skal effekten av tilskotsordningar evaluerast, og på denne bakgrunnen har departementet sett i gang ei evaluering av tilskotsordningane. Evalueringa skal etter planen vere ferdig i slutten av 2019.

Posten dekkjer òg den norske støtta til barneeininga i Austersjørådet (Children at Risk, CAR).

Departementet føreslår ei løyving på 37 mill. kroner i 2020.

Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga på posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg. Dette inkluderer tilskot til kompetansemiljø og midlar til vidareutdanningar som medverkar til å auke kunnskapsnivået.

Om lag 53 mill. kroner av løyvinga dekkjer ei vidareføring av tilskotet til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU). Senteret skal medverke til at barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, familiane deira og skular får hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. NUBU har eit nasjonalt ansvar for tenestestøtte, for å gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet og for forskings- og utviklingsarbeid. Både barnevernet og andre relevante tenester er i målgruppa til senteret. NUBU skal utvikle, halde ved like og spreie kompetanse om førebygging og metodar for behandling. Tilskotet blir forvalta av Bufdir.

Løyvinga dekkjer òg tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt) og driftstilskot til RBUP Aust og Sør. Kunnskapssentera skal utvikle, kvalitetssikre, forvalte og gjere tilgjengeleg vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeidet med barnevern og psykisk helse hos barn og unge. Dei fire fagmiljøa blir òg finansierte av Helse- og omsorgsdepartementet. Bufdir og Helsedirektoratet forvaltar midlane til dei fire fagmiljøa på vegner av dei to departementa.

Løyvinga til opplæringstilbod retta mot barnevernstenestene, i samband med kompetansestrategien for det kommunale barnevernet, blir vidareført. Delar av denne løyvinga blir gitt som tilskot til RKBU Nord, RKBU Vest, RKBU Midt, RBUP Aust og Sør og RVTS Sør, som har ansvaret for å gjennomføre Tjenestestøtteprogrammet om undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid. Dette kjem i tillegg til dei generelle tilskota til kompetansemiljøa, som er omtalte ovanfor.

Departementet fører vidare finansieringa av seks vidareutdanningstilbod, til saman om lag 280 plassar, innanfor barnevern i 2020. Det er eit mål at fleire tilsette i barnevernet har utdanning på masternivå. Dei barnevernsfaglege vidareutdanningane har òg hatt høge søknadstal. Departementet føreslår derfor å løyve 1,8 mill. kroner til å auke talet på studieplassar i 2020, slik at fleire tilsette kan delta. Unytta midlar til vidareutdanningstilbod kan brukast på andre tiltak i kompetansestrategien. Sjå òg kap. 854, post 62, for omtale av denne satsinga.

Departementet føreslår å løyve 4,1 mill. kroner som skal dekkje kostnader ved å førebu utprøvinga av ein ny grunnmodell for hjelpetiltaksarbeidet i barnevernet og følgje opp kommunar som skal delta. Sjå òg kap. 854, post 21 og 61, for ytterlegare omtale av denne satsinga.

Posten omfattar òg løyvinga til Norsk Psykologforening – til sakkunnig opplæring og mentorordninga Nattergalen, tidlegare kalla Positive rollemodellar.

Departementet føreslår ei løyving på 121,5 mill. kroner i 2020.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

3 992 935

3 841 242

3 942 140

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

18 268

24 121

24 768

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

2 732 874

2 623 089

2 772 493

60

Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak, kan nyttast under post 01

353 145

426 801

373 459

Sum kap. 0855

7 097 222

6 915 253

7 112 860

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Løyvinga på posten dekkjer lønn og sosiale kostnadar til tilsette i det statlege barnevernet, medrekna tilsette ved regionkontor, institusjonar og fosterheimstenester med meir. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, til opplæring og til varer og tenester.

Løyvinga har òg i nokon grad dekt lønnsutgifter til tilsette i Bufdir og i Bufetat Senter for administrasjon og utvikling (BSA). Departementet føreslår å flytte løyvinga til desse utgiftene til kap. 858, post 01. Føremålet er at løyvinga på kap. 855, post 01 i større grad enn tidlegare skal vere knytt til omfanget av tiltak og tenester, som i stor grad blir påverka av endringar i aktiviteten i det statlege barnevernet. Driftsutgifter som i mindre grad blir påverka av endringar i aktiviteten i barnevernet, blir derfor flytta frå posten. Dette vil synleggjere den aktivitetsstyrte delen av det statlege barnevernet. Forslaget medfører ein reduksjon på 270 mill. kroner på posten, mot ein tilsvarande auke på kap. 858, post 01. Flytting til kap. 858, post 01, vert òg føreslått for kap. 842, post 01, og kap. 856, post 01. Sjå nærare omtale under kap. 858, post 01.

Barnevernsvedtak blir gjorde av kommunen eller Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Vedtaka styrer inntaket i det statlege barnevernet. Barnevernlova pålegg Bufetat å gi desse barna eit tilbod. I 2018 og 2019 var det ein auke i talet på barn og unge med samansette utfordringar og eit omfattande omsorgs- og behandlingsbehov. Departementet forventar at det vil vere mange barn med samansette behov også i 2020, og at utgiftsnivået dermed framleis vil vere høgt. Etaten har sett i verk tiltak for å handtere utgiftsauken, men utgiftene til etaten vil i 2020 framleis liggje på eit høgare nivå enn saldert budsjett for 2019. Departementet føreslår derfor å auke løyvinga med 295 mill. kroner.

Då forsøket med auka kommunalt ansvar for barnevernet starta i 2016, blei løyvinga redusert, fordi Bufetat venteleg ville oppleve ein noko redusert etterspurnad etter statlege tiltak frå kommunane som blei med i forsøket. Frå 2020 blir forsøket avvikla i Røyken kommune. For å reversere reduksjonen frå 2016 knytt til Røyken kommune føreslår departementet å auke løyvinga med 4,7 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 3 942,1 mill. kroner i 2020.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, i hovudsak for å heve kvaliteten i arbeidet til det statlege og det kommunale barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 24,8 mill. kroner i 2020.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak. Det har dei siste åra vore ein auke i aktiviteten i barnevernet, og fleire barn enn tidlegare treng spesialtilpassa tilbod. Dette har òg ført til at det blir kjøpt fleire institusjonsplasser frå private aktørar. Sjå nærare omtale under post 01. Departementet forventar at denne utviklinga vil halde fram i nokon grad og føreslår derfor å auke posten med 79 mill. kroner i 2020.

Departementet føreslår ei løyving på 2 772,5 mill. kroner i 2020.

Post 60 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjon av utgifter til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak som overstig satsen for kommunale eigendelar. Refusjonane er regulerte i rundskriv om oppgåve- og ansvarsfordeling mellom kommunar og statlege barnevernsstyresmakter. Dei siste to åra har talet på barn i forsterka fosterheim gått ned. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga med 67 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 373,5 mill. kroner i 2020.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Diverse inntekter

13 121

16 021

16 534

02

Barnetrygd

2 135

3 959

3 959

60

Kommunale eigendelar

1 451 709

1 437 256

1 484 948

Sum kap. 3855

1 466 965

1 457 236

1 505 441

Post 01 Diverse inntekter

Størstedelen av inntektene på posten er eit resultat av at kommunen skal dekkje ekstrautgifter som gjeld den einskilde bebuaren ved plassering i statlege tiltak, når utgiftene ikkje er knytte til tiltak som er ein del av institusjonstilbodet. I tillegg blir tilfeldige inntekter rekneskapsførte på posten, til dømes refusjonar for reise.

Departementet føreslår ei løyving på 16,5 mill. kroner i 2020.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter som motsvarer refusjonane, blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner i 2020.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon eller fosterheim og ved tiltak i heimen. Departementet legg opp til ei prisjustering av dei kommunale eigendelane per barn per månad for opphald i institusjonstiltak og for barn i andre typar tiltak til høvesvis 74 600 kroner og 35 130 kroner.

Etter fleire år med nedgang i inntektene har aktiviteten dei to siste åra endra seg i retning av at fleire barn enn tidlegare har hatt behov for spesialtilpassa tilbod. For å tilpasse løyvinga på posten til aktivitetsendringa føreslår departementet å auke løyvinga med 7 mill. kroner i 2020. Sjå nærare omtale under kap. 855, post 01.

Då forsøket med auka kommunalt ansvar for barnevernet starta i 2016, blei løyvinga auka fordi kommunane som deltek i forsøket, betaler meir for tiltak frå det statlege barnevernet enn andre kommunar. Frå 2020 blir forsøket avvikla i Røyken kommune. For å reversere auken frå 2016 knytt til Røyken kommune føreslår departementet å redusere løyvinga med 5,3 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 1 484,9 mill. kroner i 2020.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

177 139

156 429

118 729

Sum kap. 0856

177 139

156 429

118 729

Post 01 Driftsutgifter

Bufetat har eit lovfesta ansvar for å gi barn under 15 år som har komme til landet og søkt vern utan foreldre eller andre med foreldreansvar, tilbod om opphald på eit omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Posten dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgssenter og eventuelle kjøp av plassar i private omsorgssenter, arbeid med godkjenning av private senter, opplæring og oppfølging, arbeid med anskaffingar, administrasjon og arbeidet med busetjing av einslege mindreårige frå omsorgssentera.

Prognosane for talet på einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år tilseier at det i gjennomsnitt vil vere om lag 30 barn i omsorgssentera i 2020. Det er usikkerheit knytt til talet på barn som til ein kvar tid har behov for å bu i omsorgssentera. Talet på barn i omsorgssentera kan derfor variere i løpet av året. Løyvinga legg til rette for å dekkje drift av 50 plassar i 2020.

Posten har òg i nokon grad dekt utgifter til tilsette i Bufdir og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling (BSA). Departementet føreslår å flytte utgiftene til BSA frå kap. 856, post 01, til kap. 858, post 01. Forslaget medfører ein reduksjon på posten med 11 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 858, post 01. Flytting til kap. 858, post 01, vert òg føreslått for kap. 842, post 01, og kap. 855, post 01. Sjå nærare omtale under kap. 858, post 01.

For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet å redusere posten med 15,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 21. Midlane gjeld eit prøveprosjekt med hurtigbusetjing av einslege mindreårige asylsøkjararar, jf. Innst. 14 S (2018–2019).

Departementet føreslår vidare å redusere posten med 14 mill. kroner som har vore nytta til å dekkje omstillingsutgifter i 2019.

Departementet føreslår ei løyving på 118,7 mill. kroner i 2020.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Diverse inntekter

356

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

52 643

110 127

113 082

Sum kap. 3856

52 999

110 127

113 082

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter som er knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar, kan ifølgje statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinjene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan ODA-godkjennast. Det er forventa at alle barn i omsorgssenter vil ha ei butid under eitt år i 2020.

Departementet føreslår at 113,1 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01, blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 179 Flyktningtiltak i Norge, post 21 Spesielle driftsutgifter, på budsjettet til Utanriksdepartementet. Det tilsvarande beløpet blir ført som inntekt på denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 113,1 mill. kroner i 2020.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

271 192

280 076

590 813

21

Spesielle driftsutgifter

14 013

15 556

19 723

Sum kap. 0858

285 205

295 632

610 536

Ansvarsområdet til verksemda

Bufdir skal fremje utvikling for barn, ungdom, vaksne og familiar og har ansvar for å gjennomføre politikken regjeringa har på området. Bufdir skal òg vere ein god kunnskapsforvaltar og fagleg premissleverandør for fagområda:

  • barnevern

  • familievern

  • adopsjon

  • likestilling og ikkje-diskriminering

  • arbeid mot vald og seksuelle overgrep

Bufdir er etatsstyrar for Bufetat. Hovudoppgåva til etaten er å gi hjelp, støtte og tiltak til barn, unge og familiar som treng det. Kvaliteten på tenestene Bufetat tilbyr, skal vere riktig og høg i heile landet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Bufdir. Dette inkluderer opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester.

Bufdir skal òg nytte midlane på posten til å finansiere og bestille forsking og kunnskapssamandrag. Direktoratet skal formidle kunnskap frå forsking og statistikk, og utarbeide faglege dokument og tilrådingar til støtte for utøving av praksis i ulike delar av arbeidet til barnevernet.

Departementet føreslår å auke posten med 1,3 mill. kroner til satsinga på samlivskurs for fyrstegongsforeldre, jf. nærare omtale på kap. 841, post 70.

Prosjektet DigiBarnevern medfører nye oppgåver i direktoratet i samband med utvikling, innføring og forvalting av digitale fellesløysingar for kommunalt barnevern. Departementet føreslår derfor å auke posten med 0,75 mill. kroner.

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 297 mill. kroner, mot ein samla tilsvarande reduksjon på kap. 842, post 01, kap. 855, post 01, og kap. 856, post 01. Midlane departementet føreslår å flytte, er såkalla ikkje-aktivitetsstyrte utgifter, som mellom anna dekkjer lønnsutgifter i Bufetat Senter for administrasjon og utvikling (BSA), Bufdir og utgifter til ulike IKT-prosjekt i Bufdir. Utgiftene kan karakteriserast som sentralisert drift av fellesfunksjonar og utviklingsarbeid. Føremålet med flyttinga er hovudsakleg å skilje ut delen som er direkte knytt til aktiviteten i barnevernet, frå utgifter som i mindre grad heng saman med aktivitetsnivået i barnevernet, slik som driftsutgifter i direktoratet og den administrative delen av etaten. Dette vil medverke til enklare og meir transparent budsjettering. Å samle driftsutgifter i direktoratet og i den administrative delen av etaten på same post vil i tillegg kunne bidra til meir føreseielege rammer, noko som mellom anna gjer det mogleg å effektivisere drifta av direktoratet og etaten. Endringa vil ikkje medføre endringar i dei samla løyvingane eller i talet på administrativt tilsette. Budsjettkapittelet vil med denne endringa innehalde utgifter til administrative fellesfunksjonar i etaten, i tillegg til utgifter til direktoratet. Departementet føreslår derfor at budsjettkapittelet endrar namn til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten.

Posten dekkjer òg midlar til arbeidet med oppfølging og rettleiing av barnevern, og andre relevante etatar, i saker som handlar om mindreårige offer for menneskehandel. Midlane blir vidareførte i 2020.

Departementet føreslår ei løyving på 590,8 mill. kroner i 2020.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, inkludert vidare utvikling av IKT og digitalisering i Bufdir. Løyvinga dekkjer òg utbetalingar av godtgjersle til medlemmane i Fordelingsutvalet.

På grunn av auka drifts- og vedlikehaldskostnader i direktoratet for prosjektet DigiBarnevern føreslår departementet å auke posten med 3,75 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 19,7 mill. kroner i 2020.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Diverse inntekter

2 846

484

499

Sum kap. 3858

2 846

484

499

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak og er knytte til eigendelar i samband med deltaking i foreldrekurset Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 0,5 mill. kroner i 2020.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk

Hovudinnhald og prioriteringar

Forbrukarpolitikken skal styrkje forbrukarane si stilling som den svakare parten i marknaden. Oftast står forbrukarane overfor kommersielle aktørar med betre informasjon og kunnskap om produkt, avtalevilkår og marknadstilhøve. Eitt av føremåla med forbrukarpolitikken er å vege opp for denne ubalansen. Forbrukarane skal sikrast gode rettar, og ha eit best mogleg vern dersom rettane ikkje blir oppfylte. Det gjeld òg i samband med handel på nett. I kjøpssituasjonar skal forbrukarane vere i stand til å ta informerte val, kjenne rettane sine og framgangsmåten dersom dei er misnøgde. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

Den teknologiske utviklinga fører til endringar innanfor dei fleste samfunnsområde – òg i forbrukaråtferda. Nesten grenselaus tilgang til informasjon og kommunikasjon gjennom digitale medium gir forbrukarane nye moglegheiter, men òg utfordringar. På den eine sida kan forbrukarane raskt skaffe seg oversikt i marknadene. Dei kan òg enkelt gjennomføre kjøp og sjølve by fram varer og tenester for sal eller utleige. På den andre sida må forbrukarane handtere aukande mengder informasjon, som kan vere motstridande. Forbrukarane må òg i aukande grad meistre digitale verktøy for å delta på mange marknader. Forbrukarrettane blir utfordra på ein annan måte enn før når personopplysingar blir nytta som ei handelsvare mellom næringsdrivande, ofte utan at forbrukarane er klar over eller ønskjer det.

Barn og unge er særleg sårbare i denne utviklinga. Samstundes som dei er aktive brukarar av sosiale medium, er dei ofte i mindre grad enn vaksne i stand til å forstå ulike former for påverknad og marknadsføring. Bruk av sosiale medium ser ut til å vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress, utviklar uheldige kroppsideal og blir utsette for mobbing og annan skadeleg påverknad.

Regjeringa vil møte desse og andre utviklingstrekk med ein aktiv forbrukarpolitikk. I juni 2019 la regjeringa fram Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital. Målet er å løfte forbrukarpolitikken og føreslå tiltak som kan styrkje forbrukarane si stilling på område med særlege utfordringar. Innrettinga av verkemiddelapparatet på forbrukarområdet, medverknad i utforminga av ein felles europeisk forbrukarpolitikk, den digitale kvardagen til forbrukarane, gjeld og kreditt, bustadmarknaden, berekraftig forbruk, daglegvaremarknaden og forbrukarutfordringar i samband med arbeidslivskriminalitet er tema som blir omtalte særskilt i meldinga. Mest plass er gitt til utfordringane og moglegheitene som digitaliseringa fører med seg. Meldinga peiker ut ei retning for forbrukarpolitikken og legg føringar for tiltak som skal gjennomførast dei neste åra.

Med heimel i gjeldsinformasjonslova blei det frå 1. juli 2019 sett i verk ei ordning med gjeldsinformasjon som gir bankar eit betre grunnlag for kredittvurderingar. Gjeldsinformasjonen blir formidla av føretak med konsesjon frå BFD til å drive med slik verksemd. Gjennom at bankar får meir korrekt informasjon om kor mykje usikra kreditt enkeltpersonar har frå før, er det lagt eit grunnlag for at færre skal få alvorlege gjeldsproblem.

Som ein del av arbeidet med motverke kroppspress mot barn og unge vil BFD i 2020 vurdere om marknadsføringslova bør endrast slik at det blir innført eit krav om at retusjert reklame må merkjast.

For å sikre ei heilskapleg tilnærming til forbrukarutfordringane i den digitale økonomien skal det etablerast eit nasjonalt samarbeidsforum for tilsyn som arbeider med forbrukar- og personvernspørsmål i digitale tenester og produkt. Det skal òg lagast ein strategi som slår fast prinsipp for den digitale kvardagen til forbrukarane, og som legg føringar for aktivitetar og tiltak på dette området framover.

Det som skjer i EU, har mykje å seie for utforminga av regelverk som regulerer tilhøva for forbrukarane i Noreg. BFD vil framover mellom anna følgje forhandlingane om forslag til direktiv om forbrukarane sine kollektive interesser, som er ein del av pakka A New Deal for Consumers. Forslaget inneber mellom anna at interesseorganisasjonar som Forbrukarrådet skal kunne gå til ein domstol eller eit handhevingsorgan for å få stoppa brot på forbrukarvernreglar.

Det dåverande BLD sette i 2018 ned eit ekspertutval (Etikkinformasjonsutvalet) til å greie ut om det er føremålstenleg å påleggje næringsdrivande ei informasjonsplikt knytt til arbeid med samfunnsansvar og oppfølging av leverandørkjeder. Etikkinformasjonsutvalet skal levere utgreiinga si til departementet i løpet av 2019. Sjå òg omtale ovanfor av oppmodingsvedtak nr. 890 av 13. juni 2016.

For å forbetre og effektivisere verkemiddelapparatet på forbrukarområdet har regjeringa bestemt at handsaminga av forbrukarklagar i Forbrukarrådet og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet frå 1. januar 2021 skal samlast i Forbrukartilsynet. Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet skal avviklast, og Forbrukarrådet skal reindyrkast som interesseorganisasjon. Før oppgåvene til Forbrukarrådet og saksførebuinga for Forbrukarklageutvalet kan samlast under Forbrukartilsynet er det naudsynt med lovendringar. Stortinget vil få ein lovproposisjon om dette til handsaming i 2020. Omorganiseringa er nærare omtalt i Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital.

Mål

På forbrukarområdet har BFD desse måla for 2020:

Mål

  • Eit godt system for klagehandsaming som er godt kjent for forbrukarane.

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område .

  • Betre informasjonsløysingar som er godt kjende for forbrukarane.

Måla og bakgrunnen for dei er nærare omtalte under overskriftene Klagehandsaming og tilsyn og Informasjon og kunnskap nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Reglar og rammevilkår

Nedanfor blir relevant lovarbeid i BFD og andre tiltak som skal ta vare på og styrkje rettane og vilkåra til forbrukarane, omtalt. Det blir gjort greie for resultat som er oppnådde i 2018 og i fyrste halvdel av 2019, og for planlagde tiltak i 2020.

Regelverksarbeid

Det som skjer i EU, har mykje å seie for utforminga av det norske regelverket på forbrukarområdet. Å delta i arbeidet EU gjer med å utforme forbrukarpolitikk og -regelverk, er derfor avgjerande for å sikre eit godt forbrukarvern. Det ligg enno ikkje føre eit arbeidsprogram for EU-institusjonane for 2020, men aktuelle tema å setje på dagsordenen er berekraftig forbruk, ytterlegare styrking av handhevinga av forbrukarvernreglar og vurdering av om det er naudsynt med meir regulering av til dømes nettbaserte marknadsplassar.

Nye direktiv om forbrukaravtalar

EU-kommisjonen la i 2015 fram forslag til to nye direktiv om forbrukaravtalar. Det eine gjaldt rettane ved avtalar om digitale ytingar, det andre rettane ved sal av fysiske varer ved netthandel eller anna fjernsal. Noreg utarbeidde saman med EFTA-partnarane Island og Liechtenstein felles posisjonar både til desse forslaga og til seinare reviderte forslag. Det har vore viktig å vere med i prosessen for å medverke til eit godt forbrukarvern. Direktiva blei formelt vedtekne 20. mai 2019, og det endelege resultatet er på viktige punkt i tråd med norske posisjonar. Regelverket for kjøp av varer vil ikkje berre gjelde ved fjernsal, men òg ved til dømes kjøp i butikk. Ei anna viktig endring er at reglane om ansvarsperioden til seljaren ikkje blir fullharmoniserte, som opphaveleg føreslått. Når Noreg tek reglane inn i EØS-avtalen og gjennomfører dei i norsk rett, kan såleis den femårige reklamasjonsfristen for varer førast vidare, i staden for at EU-minstenorma på to år blir innført.

A New Deal for Consumers

Kommisjonen la i april 2018 fram ei pakke med to direktivforslag, A New Deal for Consumers. Forslaga skal både modernisere forbrukarregelverket, styrkje handhevinga av det og medverke til at forbrukarane i større grad får det dei har krav på. Det dåverande BLD sende begge direktivforslaga på nasjonal høyring sommaren 2018.

Det eine forslaget inneber ei modernisering av fire direktiv, mellom anna for å tilpasse reglane betre til digitalisering. Forslaget skal mellom anna sikre betre informasjon, til dømes om dei ein handlar med på plattformer, er næringsdrivande eller forbrukarar. Eit anna sentralt element er å styrkje handhevinga ved nokre felles prinsipp og minstestandardar for fastsetjing av økonomiske sanksjonar ved brot på regelverket. Etter ei nasjonal høyring utarbeidde Noreg saman med EFTA-partnarane Island og Liechtenstein ein felles posisjon til dette forslaget og arbeidde for å fremje synspunkta i EU. EØS/EFTA-landa var mellom anna skeptiske til eit forslag om å innskrenke angreretten. Saka er enno ikkje ferdighandsama i EU, men slik det ser ut, vil ikkje angreretten bli svekt. Samla vil dei nye reglane styrkje forbrukarvernet.

Det andre forslaget gjeld direktivet om vern av dei kollektive forbrukarinteressene. Forslaget inneber at interesseorganisasjonar som Forbrukarrådet skal kunne gå til ein domstol eller eit handhevingsorgan for å få vedtak om å få stoppa brot på forbrukarvernreglar. I tillegg skal dei kunne krevje til dømes erstatning, ny vare, prisavslag eller reparasjon for forbrukarane som er ramma. Dette skal òg gjelde over grensene og for brot på til saman 59 rettsakter. Forslaget reiser prinsipielle spørsmål, som òg kom fram i den nasjonale høyringa det dåverande BLD gjennomførte sommaren 2018. BFD vil saman med Justis- og beredskapsdepartementet følgje forhandlingane og vurdere innspel i form av ein norsk posisjon eller ein felles EØS/EFTA-posisjon.

Forordning om forbrukarvernsamarbeid

Forordning nr. 2017/2394 om forbrukarvernsamarbeid blei vedteken 12. desember 2017. Forordninga erstattar forordning nr. 2006/2004 og inneheld meir detaljerte og forpliktande reglar om samarbeidet mellom handhevingsorgana i EU/EØS-området ved grenseoverskridande forbrukarsaker. Vidare gir forordninga handhevingsorgana utvida undersøkings- og handhevingsmyndigheit. Handhevingsorgana vil mellom anna enklare kunne undersøkje og stanse brot på forbrukarvernreglar i den digitale sfæren. Dei vil, anten sjølve eller via ein domstol, kunne fjerne innhald på nettsider og appar, eller eventuelt stengje tilgangen til dei. Forordninga tek til å gjelde i EU 17. januar 2020. Forordninga blei innlemma i EØS-avtalen i juni 2019 med atterhald om samtykke frå Stortinget. Dette gir Noreg same frist for å gjennomføre forordninga som EU. Forordninga krev endringar i undersøkings- og handhevingsmyndet til Forbrukartilsynet, Helsedirektoratet, Legemiddelverket, Luftfartstilsynet, Lotteritilsynet, Medietilsynet, Statens vegvesen, Statens jernbanetilsyn og Sjøfartsdirektoratet. Sommaren 2018 sendte det dåverande BLD på høyring forslag om gjennomføringa av forordninga i norsk rett for nokre av handhevingsorgana, mellom anna Forbrukartilsynet. Forslag til endringar i regelverk for dei andre handhevingsorgana er sende på høyring av dei ansvarlege fagdepartementa. Ein felles lovproposisjon om gjennomføringa av forordninga i norsk rett skal etter planen leggjast fram for Stortinget hausten 2019.

Personleg økonomi og gjeld

BFD har i 2019 gått i gang med å gå gjennom gjeldsordningslova. Sidan førre revisjon er det hausta mange erfaringar med lova, og det er naudsynt med nokre klargjeringar og forenklingar for å få ordninga til å fungere betre. Særleg bør ein sjå nærare på om prosessreglane bør forenklast. Det tek i mange tilfelle lang tid å få ei gjeldsordning, og for mykje tid blir brukt hos namsstyresmaktene på å få endra eksisterande gjeldsordningar. Det er òg naudsynt å klargjere ein del spørsmål der det er avdekt at lovverket blir praktisert ulikt.

Gjeldsinformasjonslova skal leggje til rette for sikker, ordna og effektiv registrering og utlevering av gjeldsopplysingar. Med heimel i denne lova blei det 1. juli 2019 sett i verk ei ordning med gjeldsinformasjon som gir bankar eit betre grunnlag for kredittvurderingar. Gjeldsinformasjonen blir formidla av føretak med konsesjon frå BFD til å drive med slik verksemd. Gjennom at bankar får meir korrekt informasjon om kor mykje usikra kreditt enkeltpersonar har frå før, er det lagt eit grunnlag for at færre skal få alvorlege gjeldsproblem.

Det er bestemt at BFD skal ta over ansvaret for ei ny kredittopplysningslov. Nokre av reglane på dette området er det føremålstenleg å plassere i forskrift. Ein tek sikte på å utarbeide ei forskrift i 2020.

Forbrukarane i den digitale økonomien

Forbrukarstyresmaktene har dei siste åra sett søkjelyset på problemstillingar som har med forbrukarrettar i den digitale økonomien å gjere.

Det dåverande BLD gav i 2018 støtte til Forbrukarrådets prosjekt Digilab 2018. Hovudmålet med prosjektet var å medverke til at forbrukarane raskt får eit styrkt vern i tråd med den nye felleseuropeiske personvernlovgivinga (GDPR). Som ein del av prosjektet undersøkte ein om Google, Microsoft og Facebook etterlevde reglane2. Arbeidet resulterte i ein likelydande klage mot Google i åtte europeiske land om regelverket. Prosjektet har truleg òg medverka til auka medvit om design av digitale tenester hos både bransjen og styresmakter i Europa og andre delar av verda.

Det dåverande BLD gav i 2018 òg støtte til Forbrukartilsynets prosjekt om avtalevilkår og forbrukardata. Føremålet med dette prosjektet var å auke etterlevinga av forbrukarvernreglane i den digitale økonomien. Som ein del av prosjektet har Forbrukartilsynet mellom anna leidd ein prosess som har fått Airbnb til å gå med på endringar som styrkjer vernet for forbrukarane som nyttar tenestene deira. Airbnb har mellom anna gått med på å innhente informasjon om lokale skattar alle stader dei formidlar overnatting, slik at desse kan inkluderast i prisopplysingane på nettsida til selskapet.

I 2019 har BFD støtta eit nytt prosjekt i regi av Forbrukarrådet som byggjer på Digilab 2018. Dette prosjektet (Digilab 2019) har òg som mål å sikre forbrukarane eit styrkt personvern i tråd med GDPR. Medan prosjektet for 2018 undersøkte store og kjende selskap, fokuserer prosjektet for 2019 på mindre kjende selskap som handsamar store mengder opplysingar om forbrukarane.

Gjennom Digilab-prosjekta har Forbrukarrådet undersøkt vilkår i nye digitale tenester og produkt. Forbrukartilsynet har følgt opp med tilsyn og vedtak i enkeltsaker, og forskingsinstituttet SIFO har gått nærare inn på viktige problemstillingar. Datatilsynet har òg følgt opp funna til Forbrukarrådet med tilsyn og vedtak. Regjeringa vil byggje vidare på dette samarbeidet og gjere det breiare og meir langsiktig og strukturert. BFD vil i tråd med dette utarbeide ein forbrukarpolitisk strategi for den digitale kvardagen. Strategien skal slå fast prinsipp og leggje retninga for aktivitetar og tiltak på dette området framover. Det skal òg etablerast eit nasjonalt samarbeidsforum for tilsyn som arbeider med forbrukar- og personvernspørsmål i digitale tenester og produkt. Føremålet er mellom anna å sikre ei heilskapleg tilnærming til forbrukarutfordringane i den digitale økonomien.

Digital tryggleik for barn og unge

Barn og unge bruker digitale verktøy og tenester aktivt. Dette gjer at barn og unge utviklar gode IKT-ferdigheiter. Samstundes gjer den digitale teknologien barn sårbare. På nettet kan barna kommunisere, bli underhaldne og lære, men samstundes bli utsette for skadeleg innhald og mobbing.

Barn bruker ofte Internett og sosiale medium på ein måte som gjer at dei risikerer å gi frå seg mange personlege opplysingar. På oppdrag frå det dåverande BLD undersøkte Forbruksforskingsinstituttet SIFO i 2018 kva barn gjer for å verne om eigne persondata. Instituttet fann at barna ønskjer å ha kontroll på persondata, og at dei treffer tiltak for å sikre seg. Samstundes viste studien at barna har høg tillit til dei store plattformene, og at dei derfor i liten grad endrar på personverninnstillingane og tek styring over eigne persondata. SIFO såg òg på kva slags marknadsføring barn møter i sosiale medium, og kva erfaringar dei har med kommersielt innhald. Det kom mellom anna fram at marknadsføringa i stor grad er skreddarsydd med ulikt innhald retta mot gutar og jenter, og at dei blir eksponerte for mykje problematisk marknadsføring. I 2019 har SIFO følgt opp funna og kartlagt korleis og i kva grad barn og unge blir eksponerte for og påverka av kjønnsstereotypiar i marknadsføring på nett. Den digitale forbrukarkompetansen deira er òg kartlagd. Funna viser mellom anna at marknadsføringa reproduserer stereotypiske framstillingar av kjønn som kan medverke til kroppspress blant ungdom. Ungdommen i studien ønskjer meir variasjon og mangfald i reklamen dei ser, og støttar merking av retusjert reklame og strengare reglar for marknadsføring av kosmetisk kirurgi. Ungdommane demonstrerer høg grad av digital kompetanse og reflekterer over korleis innhald på sosiale medium kan påverka dei.

Framveksten av sosiale medium, bloggar, spel og andre digitale plattformer har skapt nye marknadsføringskanalar for næringsdrivande. Marknadsføring gjennom desse tenestene ser ofte ut som nøytral informasjon, men kan vere betalt reklame. Barn og unge er i mindre grad enn vaksne i stand til å identifisere og forstå reklame. Dette gjer barn sårbare, særleg for skjult reklame. BFD har bede Forbrukartilsynet om særleg å prioritere tilsynsoppgåver knytte til marknadsføring og avtalevilkår i digitale kanalar i 2019. Dette omfattar mellom anna tilsyn med marknadsføring i sosiale medium og bloggar som rettar seg mot barn og unge.

BFD arbeider òg for at gode læreverktøy om reklame skal vere tilgjengelege til bruk i undervising. For å gi barn og unge medvitne haldningar til reklame distribuerer departementet eit undervisingshefte om reklame. BFD vil oppdatere heftet ved mellom anna å ta inn omtale av nye marknadsføringskanalar, som til dømes sosiale medium.

Bruk av sosiale medium ser òg ut til å vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress og utviklar uheldige kroppsideal. Regjeringa gav derfor i 2018 Medietilsynet og Forbrukartilsynet i oppdrag å utarbeide ei skisse til etiske retningslinjer mot kroppspress i sosiale medium. Skissa blei levert til det dåverande BLD i oktober 2018. Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Annonsørforeningen (ANFO), som representerer bransjen, har nyleg gjort ferdig retningslinjene som skal gjelde for påverkarar, nettverk og annonsørar. Målet er å få bransjen til å ta eit større ansvar for den påverknaden dei har på barn og unge i sosiale medium. Eit fagleg utval (fagutvalet for influencer-marknadsføring) skal handheve retningslinjene. BFD har i 2019 gitt tilskot til at fagutvalet kan starte opp.

BFD arbeider samstundes med endringar i marknadsføringslova for å motverke kroppspress. Som ein del av dette arbeidet vil BFD i 2020 vurdere om marknadsføringslova bør endrast slik at det blir innført eit krav om at retusjert reklame må merkjast.

Matvarebransjens faglige utvalg (MFU), som er ei ordning for sjølvregulering av marknadsføring av mat og drikke retta mot barn og unge, blei fyrste gong evaluert i 2016. Evalueringa viste at ordninga fungerer bra, men burde betrast mellom anna når det gjeld marknadsføring i sosiale medium. MFU følgde opp forbetringspunkta i 2017 og 2018. Helse- og omsorgsdepartementet følgjer opp MFU med to årlege kontaktmøte, der Helsedirektoratet og BFD deltek. Helse- og omsorgsdepartementet har i 2019 gått i gang med ei ny evaluering av MFU.

Forbrukardeltaking i standardiseringsarbeid

Stadig fleire produkt og tenester blir regulerte med standardar. Standardane blir utvikla i samarbeid mellom ulike marknadsaktørar, både nasjonalt og internasjonalt, på europeisk nivå eller gjennom Den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO). For å sikre gode og balanserte standardar er det viktig at representantar for forbrukarinteresser deltek i utviklinga. Talet på forbrukarrepresentantar i relevante standardiseringsprosjekt var i 2018 stabilt samanlikna med 2017.

Forbrukarpåverknad i nasjonalt og internasjonalt standardiseringsarbeid er eit langsiktig arbeid som krev kontinuitet. Samarbeidet mellom BFD, Forbrukarrådet og Standard Norge om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge blei derfor ført vidare i 2018 og 2019. Målet med samarbeidet er mellom anna å få fleire forbrukarrepresentantar til å ta del i utviklinga av standardar, gjennom informasjon og nettverksarbeid. Forbrukarsekretariatet har koordinert og formidla kunnskap om forbrukarinteresser som er viktige i standardisering. Dei har òg rettleidd deltakarar i standardiseringsarbeid og tildelt reisestønad.

BFD vil i 2020 føre vidare samarbeidet med Forbrukarrådet og Standard Norge om å fremje forbrukarinteressene i relevant standardiseringsarbeid.

Forskings- og utgreiingsarbeid

Forbruksforskingsinstituttet SIFO har i mange år vore ein sentral kunnskapsprodusent på forbrukarområdet. BFD vil i 2020 halde fram med å gi instituttet forskingsoppdrag som medverkar til kunnskapsgrunnlaget for forbrukarpolitikken. Som ein del av kunnskapsgrunnlaget for Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital, leverte SIFO i 2018 kunnskapsoppsummeringar om bustadmarknaden, daglegvaremarknaden, det grøne skiftet og digitaliseringa av dagleglivet til forbrukarane.

På oppdrag frå det dåverande BLD undersøkte SIFO i 2018 òg inngåtte gjeldsordningar i 2017 ved tre namsfutembete utanfor Oslo. Tidlegare har kunnskapen om korleis gjeldsordningslova fungerer, stort sett vore basert på empiri frå Oslo. Hovudkonklusjonen var at gruppene som får gjeldsordning, er relativt like i og utanfor Oslo, at årsakene i hovudsak er dei same (helseproblem, lånefinansiert forbruk og låg/varierande inntekt), og at avtalane som blir gjorde, dreier seg om det same spekteret av problematiske gjeldssituasjonar (forbruks- og skattegjeld).3

I 2019 har SIFO mellom anna fått i oppdrag å analysere surveydata for å kartleggje korleis kunnskap om økonomi og erfaringar påverkar kva val forbrukarane gjer, og kva slags økonomisk tryggleik dei oppnår. Føremålet er å identifisere særleg utsette grupper. Det arbeidet instituttet gjer med personleg økonomi, skal mellom anna gi styresmaktene eit betre grunnlag for å vurdere kva tiltak som kan medverke til å styrkje økonomiforståinga i befolkninga. Private låneopptak får særleg merksemd. Arbeidet med forbrukarøkonomi, mellom anna å vidareutvikle og oppdatere referansebudsjettet, vil halde fram i 2020.

Departementet ser det som spesielt viktig at forbruksforskinga framover gir styresmaktene kunnskapar om kva konsekvensar, moglegheiter og utfordringar digital utvikling og ny teknologi har for forbrukarane. I forskinga på digitalområdet har SIFO særleg sett søkjelyset på barn og unge, jf. avsnittet over om digital tryggleik for barn og unge.

Klagehandsaming og tilsyn

Nedanfor blir fyrst arbeidet til Forbrukarrådet, Forbrukarklageutvalet og Forbrukar Europa med forbrukarklagar (tvistar) omtalt, deretter arbeidet til Forbrukartilsynet (tidlegare Forbrukarombodet) og Marknadsrådet. Det blir gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2018 og fyrste halvdel av 2019, og for planlagde tiltak i 2020.

Klagehandsaminga til Forbrukarrådet og Forbrukarklageutvalet

Tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande handlar ofte om små beløp, og domstolshandsaming vil derfor ofte vere for ressurskrevjande. På bakgrunn av dette er det over fleire år utvikla eit system for utanrettsleg handsaming av slike saker. Dette systemet er Forbrukarrådet og Forbrukarklageutvalet sentrale delar av.

Sidan det ikkje er mogleg å føreseie talet på klagesaker, kan det vere utfordrande å unngå at sakshandsamingstida blir lang. I tillegg er det sannsynleg at mange forbrukarar ikkje har god nok kjennskap til systemet for klagehandsaming. Skal systemet tene føremålet og bli brukt, må det vere kjent for forbrukarar som opplever problem.

Departementet har derfor dette målet for arbeidet med klagehandsaming:

  • Eit godt system for klagehandsaming som er godt kjent for forbrukarane.

Talet på saker som er handsama, delen løyste saker, handsamingstider og brukarundersøkingar er indikatorar for kor godt systemet for klagehandsaming er. I tillegg kan talet på innkomne saker og brukarundersøkingar indikere kor godt kjent systemet er.

Forbrukarrådet meklar i nær sagt alle typar tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande som ikkje er omfatta av eit anna klageorgan. I 2018 fekk Forbrukarrådet inn 9 031 klagesaker frå forbrukarar som opplevde problem. 71 prosent av sakene handla om kjøp av varer, handverkartenester og angrerett. 6 prosent var saker som gjaldt tenester som ikkje fell inn under forbrukarlovene eller ei klagenemnd. I tillegg fekk Forbrukarrådet inn rundt 900 saker som fell utanfor ansvarsområdet deira, og som dei derfor viste vidare til rett klageorgan eller avviste. Forbrukarrådet klarte å løyse 68 prosent av klagesakene innanfor ansvarsområdet sitt.

Etter lov om godkjenning av klageorganer for forbrukersaker skal handsamingstida for klagesakene til Forbrukarrådet som hovudregel ikkje vere på meir enn 90 dagar. Den reelle meklingstida var i 2018 på 28 dagar i snitt, rekna frå det tidspunktet rådet hadde fått naudsynt og relevant dokumentasjon frå partane. Tek ein med ventetida frå sakene blei mottekne, til den naudsynte dokumentasjon låg føre, var handsamingstida på 112 dagar i snitt. På grunn av den lange ventetida før meklinga reknar ikkje Forbrukarrådet intensjonen med lovkravet som oppfylt.

For å redusere ventetida etablerte Forbrukarrådet mot slutten av 2018 prosjektet Køfri 2020, som rommar rekruttering av nye meklarar for prosjektperioden, effektivisering av sakshandsamingsrutinar og forbetring av metodikken i meklinga. Med mindre noko uventa skjer, reknar Forbrukarrådet med å nærme seg lovkravet mot slutten av 2019.

Brukarundersøkingar som Forbrukarrådet gjennomførte i 2018, viste at mange – både av klagarane og dei klagane retta seg mot – var tilfredse med klagehandsaminga. På ein skala frå 0 til 5, der 0 var dårlegast, fekk Forbrukarrådet i snitt ein skår på 3,5.

Saker som dreier seg om varer, handverkartenester og angrerett, og som Forbrukarrådet ikkje klarer å løyse, kan klagast vidare til Forbrukarklageutvalet. I 2018 fekk Forbrukarklageutvalet inn 1 440 saker, mot 1 540 i 2017. Handsamingstida var gjennom året på mellom 6 og 8 veker for dei fleste sakene, rekna frå når utvalet fekk inn fullstendige saker. Lovkravet om handsaming innan 90 dagar blei dermed oppfylt.

Klagehandsaminga til Forbrukar Europa

For å gjere det enklare å klage på kjøp over landegrensene i EU og EØS-området har EU-kommisjonen i samarbeid med nasjonale forbrukarorganisasjonar etablert eit nettverk av forbrukarkontor i dei fleste europeiske landa (European Consumer Centre Network). Kontoret i Noreg, Forbrukar Europa, registrerte 3 259 klagar og førespurnader i 2018, ein nedgang på 9,4 prosent frå 2017. Rundt ein fjerdedel var klagar, og rundt tre fjerdedelar var førespurnader. Klagane og førespurnadene kom både frå norske forbrukarar som hadde handla i utlandet, og frå utanlandske forbrukarar som hadde handla i Noreg. Talet på førespurnader til Forbrukar Europa vil venteleg halde seg på eit høgt nivå. BFD er nøgd med at mange nyttar Forbrukar Europa.

Forbrukar Europa er i tillegg utnemnd som norsk kontaktpunkt for den europeiske klageportalen.

Arbeidet til Forbrukartilsynet og sakene til Marknadsrådet

Forbrukarane blir dagleg utsette for store mengder marknadsføring, ikkje berre gjennom trykte medium, radio og TV, men òg gjennom Internett og sosiale medium. Meir av marknadsføringa går no føre seg i kanalar og med metodar som for få år sidan var ukjende. Meir eller mindre tydeleg marknadsføring på sosiale medium og bloggsider er døme på det siste. Ein del marknadsføring, til dømes av kreditt, opplever mange som meir aggressiv enn før. Mange bransjar nyttar òg berekraftargument i marknadsføringa. Er det ikkje god nok dokumentasjon for argumenta, er marknadsføringa villeiande.

Både av omsyn til forbrukarar og andre næringsdrivande set marknadsføringslova rammer for marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande. Sidan lova åleine ikkje er tilstrekkeleg for å sikre gode tilhøve, har Forbrukartilsynet fått i oppgåve å føre tilsyn med at varer og tenester blir marknadsførte i samsvar med lova, og med at vilkåra næringsdrivande nyttar i avtalar med forbrukarar, ikkje er urimelege.

Dei nemnde utviklingstrekka gjer at ansvaret til Forbrukartilsynet er blitt meir omfattande og utfordrande, og departementet har derfor dette målet:

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område.

Forbrukartilsynet skal gjennom forhandlingar og enkeltvedtak få næringsdrivande til å følgje reglane i marknadsføringslova og andre lover som vernar forbrukarane.

Forbrukartilsynet heldt i 2018 fram med å prioritere tilsyn med marknadsføring av forbrukslån og kreditt. Det blei gjennomført to større tilsynsaksjonar. I tillegg blei fleire einskildsaker tekne opp, mellom anna om manglande prisopplysningar og ulovleg innhaldsmarknadsføring i nettaviser. Alle aktørane som tilsynet tok opp saker med, har endra marknadsføringa.

Forbrukartilsynet har gått gjennom avtalevilkåra til landets største selskap for leasing av bil. Fleire urimelege vilkår, mellom anna om prisendringar i bindingsperioden, er no endra. Resten av bransjen er beden om å følgje opp eigne vilkår gjennom eit orienteringsbrev til bransjeorganisasjonen Finansieringsselskapenes Forening.

I 2020 vil Forbrukartilsynet halde fram med å arbeide for at marknadsføring av finansielle tenester skjer i samsvar med lovverket, og at kontraktane som blir brukte, er rimelege og balanserte. Særleg vekt vil bli lagt på forbrukslån og forbrukskreditt. Tilsynet vil nytte økonomiske sanksjonar overfor aktørar som bryt lova i saker der det er grunnlag for dette.

Bustadmarknaden er eit anna område Forbrukartilsynet arbeider mykje med. Hausten 2018 blei det lansert ei ny rettleiing om marknadsføring av bustader tilpassa ny praksis og dagens marknadssituasjon. Rettleiinga skal medverke til at alle former for marknadsføring av bustader skal gi ei balansert framstilling, uansett annonseformat. Som ledd i dette er det òg ført tilsyn med at nye aktørar, innanfor både bustadforsikring og nye bustadkjøpsmodellar, følgjer marknadsføringslova når dei tek i bruk nye konsept og ny teknologi.

Forbrukartilsynet har vidare lagt vekt på å motarbeide at utbyggjarar og meklarar bruker illustrasjonar som gir eit villeiande inntrykk av bustaden eller omgivnadene, for å hindre at forbrukarar blir villeidde. Ei av sakene tilsynet handsama, førte til lovbrotsgebyr.

Forbrukartilsynet har òg prioritert å gi innspel til forslaget til endringar i avhendingslova og forskriftsregulering av tilstandsrapportar for å sørgje for trygge rettslege rammer for bustadhandel.

I 2020 vil Forbrukartilsynet halde fram med å medverke til at marknadsføring og annan informasjon til forbrukarane ved bustadhandel er riktig og tilstrekkeleg, og at kontraktane som blir nytta, er rimelege og balanserte.

Forbrukartilsynet heldt i 2018 fram med å arbeide med digitale utfordringar for forbrukarar. Mellom anna handsama tilsynet saman med Datatilsynet tre saker om GPS-klokker til barn, og stansa ulovlege vilkår og ulovleg marknadsføring og handsaming av personopplysingar. I ei felleseuropeisk sak som tilsynet deltok i, sa Facebook seg villig til å gjere fleire endringar i vilkåra sine. Facebook gjekk mellom anna med på å tydeleggjere at innteninga til selskapet kjem frå målretta marknadsføring som er basert på opplysingar frå forbrukarane. Dette er eit viktig skritt på vegen mot å gjere den digitale økonomien meir gjennomsiktig.

Forbrukartilsynet vil i 2020 arbeide særleg med problemstillingar som den digitale utviklinga reiser. Det overordna målet er å få aktørane til å respektere at reglane som vernar forbrukarar, òg gjeld i den digitale økonomien. Forbrukartilsynet vil avklare korleis regelverket skal nyttast på nye problemstillingar, gjennom rettleiing, dialog og handsaming av einskildsaker i Noreg og internasjonalt.

Reklame i sosiale medium har vore høgt prioritert i Forbrukartilsynet, særleg der barn er i målgruppa. Oppfølging av korleis «påverkarar» og annonsørar innrettar marknadsføringa si, særleg ved merking av reklame, har blitt prioritert. Tilsynet har òg arbeidd med problemstillingar knytte til reklame som medverkar til kroppspress overfor barn og unge, jf. omtale under avsnittet over om digital tryggleik for barn og unge. I forlenginga av dette vil Forbrukartilsynet komme med ei rettleiing for marknadsføring av skjønnheitsprodukt og -behandlingar, slik at bransjen lettare kan få oversikt over og innrette seg etter det gjeldande regelverket. Forbrukartilsynet vil i 2020 halde oppe innsatsen på dette området og slå ned på ulovleg marknadsføring overfor barn og unge i digitale medium.

Det er mange overlappande utfordringar og problemstillingar på politikkområda som gjeld forbrukarar, personvern, IKT-tryggleik og konkurranse. Dei siste åra har Forbrukartilsynet og Datatilsynet etablert eit godt samarbeid om forbrukar- og personvernspørsmål i digitale tenester og produkt. Framover blir det viktig å styrkje samarbeidet mellom fleire av tilsyna i Noreg.

Forbrukartilsynet fekk frå 1. januar 2018 utvida myndigheit til å gripe inn med vedtak og sanksjonar mot næringsdrivande som bryt marknadsføringslova og andre forbrukarvernlover. I perioden frå 1. mai 2018 til 1. mai 2019 gjorde Forbrukartilsynet til saman 14 vedtak med tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr. Til samanlikning blei det i same perioden frå 2017 til 2018 gjort tre vedtak.

Samstundes med at Forbrukartilsynet fekk utvida mynde til å gripe inn med vedtak og sanksjonar, blei Marknadsrådet eit reint klageorgan for vedtaka frå Forbrukartilsynet og einskilde andre myndigheiter. Endringane har gjort det mogleg å gjere vedtak mot næringsdrivande som bryt lovverket, på ein raskare og meir effektiv måte.

Marknadsrådet fekk i 2018 inn fem saker frå Forbrukartilsynet til full handsaming, mot seks i 2017. Dei to sakene som blei avslutta i 2018, hadde i snitt ei handsamingstid på to månader, noko som er godt under kravet om maksimalt tre og ein halv månad. Sakene til Marknadsrådet er ulike i innhald og omfang, og handsamingstida varierer derfor frå år til år. Talet på saker varierer òg, utan at det alltid verkar inn på handsamingstida.

Omorganisering av systemet for klagehandsaming

Regjeringa har bestemt at systemet for klagehandsaming på forbrukarområdet skal omorganiserast. Handsaminga av forbrukarklagar som i dag skjer i Forbrukarrådet og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet, skal samlast under Forbrukartilsynet. Det utvida tilsynet ein dermed får, skal organiserast med utgangspunkt i kontora som Forbrukarrådet no har i Tromsø, Stavanger og Skien. Hovudkontoret skal liggje i Grenlandsområdet, dit alle tilsynsoppgåvene skal flyttast. Her skal òg Forbrukar Europa liggje. Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet skal avviklast, og Forbrukarrådet skal reindyrkast som interesseorganisasjon.

Endringane skal medverke til ei meir heilskapleg og tydeleg styring av forvaltingsoppgåvene i forbrukarsektoren og til eit meir effektivt og brukarvennleg klagehandsamingstilbod til forbrukarane. Endringsprosessen skal vere sluttført 1. januar 2021.

Meklingsoppgåvene til Forbrukarrådet og saksførebuinga for Forbrukarklageutvalet er lovregulerte. Før oppgåvene kan samlast under Forbrukartilsynet, er det derfor naudsynt med lovendringar. Stortinget vil få ein lovproposisjon om dette til handsaming i 2020.

Informasjon og kunnskap

Informasjon og kunnskapsoppbygging er viktige verkemiddel i forbrukarpolitikken.

Særleg i store og kompliserte marknader kan det vere krevjande for forbrukarane å samanlikne prisar og kvalitetar og gjere gode val. Det kan òg vere utfordrande å vite kva konsekvensar produksjonen og bruken av varer og tenester har for til dømes helse, miljø/klima og arbeidstilhøve. Mange forbrukarar kan ikkje nok om eigne rettar og plikter eller om korleis dei skal gå fram dersom dei er misnøgde med kjøp.

Departementet har derfor dette målet for den delen av forbrukarpolitikken som handlar om informasjon og kunnskap:

  • Betre informasjonsløysingar som er godt kjende for forbrukarane.

Både informasjonsløysingane Forbrukarrådet har ansvar for, og miljømerka Svana og EU Ecolabel er omfatta av dette målet.

Nedanfor blir det gjort greie for informasjons- og kunnskapstiltak som skal medverke til at forbrukarane kan ta meir informerte val og betre kjenne rettane og pliktene sine. Det blir gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2018 og fyrste halvdel av 2019, og for planlagde tiltak i 2020.

Informasjonsverksemda til Forbrukarrådet

Ei viktig oppgåve for Forbrukarrådet er å gi forbrukarane relevant informasjon som dei kan nytte både før og etter kjøp. Forbrukarrådet fekk i 2018 rundt 59 900 førespurnader frå forbrukarar via telefon, e-post, sosiale medium og ei ny chat-løysing. Gjennom dei same kanalane fekk rådet òg førespurnader frå næringsdrivande.

Nettstaden forbrukerradet.no hadde i 2018 i snitt 51 250 unike brukarar kvar veke, mot 53 300 i 2017. Forbrukarrådet ser nedgangen i samanheng med at det i 2018 ikkje blei lansert nokon kommunetest, som elles genererer mange besøk. At mange nyttar eller kjenner nettstaden, er ein viktig føresetnad for at Forbrukarrådet skal fylle rolla si.

Forbrukarrådet har dei seinare åra utvikla fleire digitale informasjonsløysingar. Løysingane skal medverke til at forbrukarane får tilgang til god og oppdatert informasjon om kva som er tilgjengeleg i ulike marknader. Pris- og marknadsoversikter skal medverke til å styrkje konkurransen til fordel for forbrukarane og skape betre balanse mellom profesjonelle aktørar og einskilde forbrukarar. Slik skal marknadene bli meir velfungerande.

Finansportalen (finansportalen.no) genererer marknadsoversikter for tenester innanfor bank, forsikring, investeringar og pengeoverføringar til utlandet. Portalen leverer òg data til eksterne digitale verktøy og samanlikningssider for finansielle tenester (distributørar). Medrekna dei som kom inn via distributørar, hadde Finansportalen i snitt 31 900 unike brukarar kvar veke i 2018, ein nedgang på 3,2 prosent frå 2017. Nedgangen hadde samanheng med at forsikringsløysinga i portalen frå 1. juli 2018 blei gjort mellombels utilgjengeleg på grunn av behov for kvalitetsforbetring og modernisering. Ei oppdatert løysing som gir forbrukarane betre pris- og produktinformasjon om bil-, reise- og innbuforsikringar, blei lansert i Finansportalen 1. juli 2019.

Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no) gir informasjon om kva tannlegar tek betalt for ulike typar tenester. I snitt hadde portalen kvar veke 8 900 unike brukarar i 2018, mot 13 750 i 2017. Nedgangen frå 2017 kan ha samanheng med at Forbrukarrådet valde å ikkje marknadsføre tenesta aktivt, for heller å gå i gang med naudsynt kvalitetsarbeid for å sikre korrekte prisar.

Straumprisportalen (strømpris.no) skal gjere det enklare å samanlikne prisane og vilkåra frå ulike straumleverandørar. I snitt hadde portalen kvar veke 21 100 unike brukarar i 2018, mot 7 500 i 2017. Auken frå 2017 kan ha samanheng med at høgare straumprisar gjorde det meir aktuelt for fleire å samanlikne prisar og vilkår frå ulike tilbydarar. I tillegg inkluderer brukartalet for 2018 brukarar som kom via distributørar, noko talet for 2017 ikkje gjorde.

Forbrukarrådet vil i 2020 arbeide vidare med å forbetre og utvikle dei digitale informasjonsløysingane. Rådet vil særleg arbeide med å forbetre datakvaliteten. I tillegg skal brukargrensesnittet til pensjonsmodulen i Finansportalen forbetrast. I 2019 har Forbrukarrådet òg planlagt å utvide pensjonsmodulen med ein kalkulator som skal gjere det enklare for forbrukarar å rekne ut verdien av rentegarantien i fripolisar. Denne ventar rådet vil få full effekt i 2020.

Forbrukarrådet har arbeidd for å realisere ei felles merkevareplattform for dei digitale informasjonsløysingane. Arbeidet med plattforma blir knytt til Forbrukarrådets nye verksemdsstrategi for åra 2020–2025, som er under arbeid.

Forbruk og miljø

Regjeringa vil vere ein pådrivar for frivillig samarbeid og frivillige ordningar som kan medverke til berekraftig forbruk. Forbrukarar, næringsdrivande og andre aktørar treng informasjon og kompetanse for å ta steg i berekraftig retning. Regjeringas arbeid med å leggje til rette for at forbrukarane skal gjere berekraftige forbruksval er nærare omtalt i Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital.

Miljømerka Svana og EU-miljømerket

Dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking), er verkemiddel som gjer det enklare for forbrukarane å ta miljømedvitne val. Regjeringa støttar opp om arbeidet til Miljømerking for ei meir miljøtilpassa produktutvikling og eit mindre miljøbelastande forbruk. Miljømerking arbeider for å auke talet på miljømerkte produkt i Noreg, og informerer om at desse produkta er blant dei minst miljøskadelege på marknaden.

I 2018 var det ein klar auke i talet på svanemerkte produkt på den norske marknaden – frå 18 400 ved utgangen av 2017 til 23 998 ved utgangen av 2018. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav. Utvalet av svanemerkte produkt auka i 2018 innanfor mange produktgrupper. Størst auke var det for tonarkassettar, kopi- og trykkpapir, golv, tekstilar, møblar, kjemiske byggprodukt og innandørs måling og lakk. Departementet er nøgd med at forbrukarane får stadig fleire miljøtilpassa produkt å velje blant.

Ei kjennskapsundersøking i 2018 viste at 94 prosent av befolkninga kjende til Svana (mot 90 prosent i 2017). Den same undersøkinga viste at 23 prosent kjende til EU Ecolabel (mot 22 prosent i 2017). Utbreidd kjennskap til miljømerka kan tyde på at forbrukarane generelt veit at merka gir god rettleiing om kva som er miljøvennlege val.

Svana og EU Ecolabel formidlar standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking vil halde fram med å informere forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt og tenester er enkle og trygge miljøval. Miljømerking skal arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis aukar.

Matsvinn

Matsvinn er eit miljømessig, kostnadsmessig og etisk problem både i Noreg og internasjonalt. Sidan godt over halvparten av svinnet kjem frå private hushald, er det viktig for BFD å støtte matsvinnarbeid som er retta mot korleis forbrukarane sjølve kan redusere matsvinnet sitt. Samstundes blir resultata i forbrukarleddet betre dersom alle ledda i verdikjeda for mat samarbeider om å redusere svinnet.

Det blei i 2017 inngått ein bransjeavtale om å redusere matsvinnet mellom det dåverande BLD, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og dei største organisasjonane i matbransjen. Bransjeavtalen gjeld fram til 2030 og byggjer på ein felles definisjon av matsvinn og eigne grunnlagsrapportar om statistikk og tiltak. Etter at avtalen blei inngått, har einskildbedrifter skrive under på eigne tilslutningsavtalar til bransjeavtalen. Per mars 2019 hadde til saman 84 bedrifter slutta seg til avtalen.

Med utgangspunkt i FNs berekraftsmål 12.3 om matsvinn, som Noreg har forplikta seg til å arbeide for å nå, er det i bransjeavtalen sett eit overordna mål om å redusere matsvinnet i Noreg med 50 prosent innan 2030.

Departementet har i 2018 og 2019 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Matvett er eigd og stifta av sentrale aktørar i matbransjen. Støtta frå BFD går til forbrukarretta tiltak for å redusere matsvinn. I 2018 gav departementet òg Forbruksforskingsinstituttet SIFO i oppdrag å kartleggje forskinga på kunnskap om matsvinn i forbrukarleddet.

Gjennom bransjeavtalen vil BFD i 2020 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere matsvinnet.

Andre informasjonstiltak

Etikkinformasjon

Det dåverande BLD sette i 2018 ned eit ekspertutval (Etikkinformasjonsutvalet) til å greie ut om det er føremålstenleg å påleggje næringsdrivande ei informasjonsplikt knytt til arbeid med samfunnsansvar og oppfølging av leverandørkjeder. Etikkinformasjonsutvalet har i ein førebels statusrapport konkludert med at det er føremålstenleg å innføre ei informasjonsplikt, og arbeider derfor vidare med å greie ut korleis informasjonsplikta bør lovregulerast. Utvalet skal levere utgreiinga si til departementet i løpet av 2019. Utgreiinga vil innehalde forslag til ein konkret lovtekst. Sjå òg omtale ovanfor av oppmodingsvedtak nr. 890 av 13. juni 2016.

Sanntidsinformasjon om norske leverandørar (eBevis)

Nasjonal teneste for dokumentasjonsbevis (eBevis) blei etablert i april 2019. Tenesta gir offentlege oppdragsgivarar digital tilgang til sanntidsinformasjon frå offentlege register om norske tenesteytarar ved anskaffingar og oppfølging av kontraktar. BFD vil greie ut om òg forbrukarar kan og bør få digital tilgang til sanntidsinformasjon om norske tenesteytarar. Målet er at det eventuelt skal bli lettare for forbrukarane å velje seriøse tenesteytarar og dermed medverke til mindre arbeidslivskriminalitet.

Strategi for styrkt kunnskap om personleg økonomi

Utviklingstrekk i velferdsordningar og i finansmarknaden med auka tilgang til finansielle tenester gjer at norske forbrukarar får større ansvar for å forvalte sin eigen økonomi. For å handtere økonomien sin på ein god måte og unngå gjeldsproblem treng folk god økonomiforståing. Samanlikna med andre OECD-land er det gode finansielle kunnskapar i den norske befolkninga, men det er store forskjellar knytte til alder, kjønn, utdanningsnivå og inntekt. Unge er meir sårbare forbrukarar enn eldre, mellom anna på grunn av dårlegare ferdigheiter i rekning, uøkonomisk framferd og at dei i stor grad blir utsette for kommersielt press. Nokre grupper som er i ein særleg krevjande økonomisk situasjon, har behov for kunnskap om korleis dei kan handtere og organisere ein stram økonomi. For å styrkje økonomiforståinga i befolkninga skal departementet i 2019 og 2020 lage ein nasjonal strategi for dette.

Undervising i forbrukaremne

Tverrfaglege forbrukaremne

I 2018 vidareførte departementet arbeidet for at barn og unge skal få god opplæring i forbrukaremne og bli i stand til å opptre som kompetente og medvitne forbrukarar. Forbrukaremne er tverrfaglege, og opplæringa skal gi elevane digital kompetanse, kunnskap om personleg økonomi, berekraftig forbruk, forbrukarrettar og mediebruk. I fagfornyinga i skulen blir folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling løfta fram som tverrfaglege emne som skal prioriterast i alle fag der det er relevant. Elevane skal få innsikt i utfordringar og dilemma innanfor desse emna og lære om konsekvensar av ulike handlingar. Det vil vere viktig for elevane å få kunnskap om til dømes mediebruk, forbruk og personleg økonomi. BFD vil i 2020 føre vidare arbeidet med å heve kunnskapen om og forståinga av desse emna.

Samarbeid med Høgskolen i Innlandet

Departementet har i mange år hatt eit effektivt samarbeid med Høgskolen i Innlandet om undervising i forbrukaremne. Hovudvekta i 2018 låg på forbrukartema knytte til folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. I 2018 arrangerte høgskulen seminar for lærarar, fagdagar og lærarstemne. Høgskulen har òg utvikla og distribuert undervisingsmateriell. Gjennom desse aktivitetane når høgskulen breitt ut til målgruppa, og dei rapporterer om positive tilbakemeldingar frå lærarar. Høgskulen har òg leidd ei gruppe som gir departementet råd i arbeidet med forbrukarundervising. BFD vidareførte samarbeidet med høgskulen i 2019 og vil halde fram med dette i 2020.

Samarbeid med Ungt Entreprenørskap

Departementet førte i 2018 vidare samarbeidet med Ungt Entreprenørskap (UE) om eit undervisingsopplegg som skal fremje forståing av berekraftig forbruk. Om lag 2 000 elevar i seks fylke deltok i prosjektet i 2018. Rundt 1 200 elevar gjennomførte elevbedrifter med bakgrunn i ei innføring i berekraftig forbruk. Prosjektet gir ringverknader, og UE har òg andre prosjektsamarbeid om berekraftig utvikling. BFD held fram med samarbeidet med UE i 2019 og 2020.

Undervisingshefte om reklame

Barn og unge blir utsette for eit sterkt kommersielt press. Med auka bruk av sosiale medium følgjer eksponering for nye marknadsføringsmetodar. BFD arbeider for at gode læreverktøy om reklame skal vere tilgjengelege for lærarar. Departementet vil halde fram med å distribuere undervisingsheftet om reklame. Målet er å gi barn og unge medvitne haldningar til reklame, slik at dei blir betre rusta til å stå imot kjøpepress og reklame som speler på tradisjonelle kjønnsroller og urealistiske kroppsideal. Sidan 2016 er over 60 000 hefte distribuerte, og etterspurnaden er stor. BFD vil oppdatere heftet mellom anna ved å ta inn omtale av nye marknadsføringskanalar.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

860

Forbrukarrådet

159 371

155 094

159 256

2,7

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

10 330

10 630

10 915

2,7

865

Forbrukarpolitiske tiltak

19 621

19 671

20 232

2,9

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

13 329

14 122

14 361

1,7

868

Forbrukartilsynet

26 889

33 485

34 078

1,8

Sum kategori 11.30

229 540

233 002

238 842

2,5

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–23

Drift

42 463

49 851

50 743

1,8

50–59

Overføringar til andre statsrekneskapar

169 371

164 756

169 178

2,7

70–98

Overføringar til private

17 706

18 395

18 921

2,9

Sum kategori 11.30

229 540

233 002

238 842

2,5

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Basisløyving

133 734

134 924

138 545

51

Marknadsportalar

25 637

20 170

20 711

Sum kap. 0860

159 371

155 094

159 256

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukarrådet er oppretta for å vareta interessene til forbrukarane. Som uavhengig interesseorgan skal Forbrukarrådet informere forbrukarane og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med kjøp, og som til dømes treng hjelp til å setje fram ein klage. Forbrukarrådet har òg fått ansvar for å drive ei nøytral meklingsteneste for forbrukarar og næringsdrivande i saker som ikkje er omfatta av andre klageorgan.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter til bruttoføring av inntekter og utgifter utanfor statsbudsjettet, med eigne vedtekter og eit styre.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter, godtgjering til styremedlemmane, utgifter til kontordrift, husleige og interessepolitiske aktivitetar i Forbrukarrådet. Vidare dekkjer posten utgifter til utgreiing av aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, kampanjar, informasjonstiltak, profilering av eigne tenester og kostnadene ved å bringe prinsipielle spørsmål om gjeldande forbrukarrett inn for domstolane. Forbrukarrådet gir tilskot over posten til drift av forbrukarsekretariatet i Standard Norge. Løyvinga kan òg nyttast til å dekkje kostnader knytte til den planlagde omorganiseringa av forbrukarapparatet.

Departementet føreslår ei løyving på 138,5 mill. kroner i 2020.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til drift og utvikling av Finansportalen (finansportalen.no), Straumprisportalen (strømpris.no) og Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no).

Departementet føreslår ei løyving på 20,7 mill. kroner i 2020.

Kap. 862 Stiftinga Miljømerking i Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Driftstilskot

10 330

10 630

10 915

Sum kap. 0862

10 330

10 630

10 915

Ansvarsområdet til verksemda

Føremålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Arbeidet går ut på å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leidd av eit styre der medlemmane er oppnemnde av BFD, Forbrukarrådet, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon, Virke, Landsorganisasjonen (LO), handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2018 10,3 mill. kroner i driftstilskot frå det dåverande BLD. Av dette beløpet blei om lag 1,9 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU. I tillegg fekk Miljømerking 1,2 mill. kroner i tilskot frå Miljødirektoratet. Dei samla driftsinntektene var på om lag 35 mill. kroner. Hovuddelen av inntektene var knytte til lisensiering av Svana.

Post 70 Driftstilskot

Posten dekkjer tilskot til Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU.

Departementet føreslår ei løyving på 10,9 mill. kroner i 2020.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

2 245

2 244

2 304

50

Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

10 000

9 662

9 922

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

1 352

1 453

1 492

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

6 024

6 312

6 514

Sum kap. 0865

19 621

19 671

20 232

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

Posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet.

Departementet føreslår ei løyving på 2,3 mill. kroner i 2020.

Post 50 Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til forsking, undervising, prosjekt og utgreiingar som har særleg relevans for forbrukarområdet.

Midlane til forskingsoppdrag som Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet – storbyuniversitetet utfører, inntil 8 mill. kroner, blir òg dekte over denne posten.

Posten blir vidare nytta til arbeidet med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skulen. BFD vil i 2020 føre vidare samarbeidet med Høgskolen i Innlandet, som utviklar undervisingsmateriell til bruk i skulen, har eit fagleg tilbod til lærarar og studentar og leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervising.

Departementet føreslår ei løyving på 9,9 mill. kroner i 2020.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til tiltak og enkeltprosjekt som fremjar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa.

Departementet føreslår å føre vidare tilskota til tre særskilde tiltak i 2020:

  • støtte til å delfinansiere drifta av Forbrukarsekretariatet i Standard Norge. Delar av tilskotet kan nyttast til ei tilskotsordning for reisestøtte til forbrukarrepresentantar i standardiseringsarbeid. Tilskotet blir fordelt etter kriterium kunngjorde på nettstaden til Standard Norge (standard.no). Fagrådet for forbrukarsaker fører kontroll med tilskotet;

  • støtte til organisasjonen Ungt Entreprenørskap til undervisingsopplegg for ungdomsskulen om berekraftig forbruk;

  • støtte til arbeidet Matvett AS utfører for å redusere matsvinnet i hushald. Arbeidet må sjåast i samanheng med samarbeidet mellom styresmakter og bransjeorganisasjonar om ein bransjeavtale for å redusere matsvinn.

Departementet føreslår ei løyving på 1,5 mill. kroner i 2020.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Løyvinga dekkjer den norske deltakinga i forbrukarprogrammet til EU, Consumer Programme 2014–2020. Dette programmet er i hovudsak ei vidareføring av rammeprogrammet for perioden 2007–2013. Posten kan òg nyttast til eventuell etterbetaling for deltaking i Consumer Programme 2007–2013.

Posten skal òg dekkje departementets del av kontingentutgifta til EU-programmet om samvirkeløysingar for offentleg forvalting i europeiske land, Interoperability Solutions for European Public Administrations (ISA).

Storleiken på dei årlege bidraga varierer med ulike faktorar, mellom anna aktiviteten under programma og valutautviklinga. Det kan derfor vere vanskeleg å talfeste utgiftene.

Departementet føreslår ei løyving på 6,5 mill. kroner i 2020.

Kap. 867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

13 329

14 122

14 361

Sum kap. 0867

13 329

14 122

14 361

Ansvarsområdet til verksemda

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet har som oppgåve å førebu saker som skal avgjerast i Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet. Sakene til Forbrukarklageutvalet legg beslag på størstedelen av ressursane.

Marknadsrådet handsamar hovudsakleg klagar på vedtak av Forbrukartilsynet i saker om brot på marknadsføringslova. I tillegg er Marknadsrådet klageinstans for saker om brot på merkereglane i tobakksskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova.

Forbrukarklageutvalet handsamar hovudsakleg tvistar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande og forbrukarar og mellom private partar. Forbrukarklageutvalet kan òg handsame prinsipielle saker som er mekla av Forbrukarrådet, og som fell utanfor det vanlege saksfeltet til utvalet. Vedtaka er bindande for partane og får verknad som ein dom, med mindre saka blir bringa inn for tingretten. Alle saker som kjem til Forbrukarklageutvalet, må fyrst ha vore behandla av Forbrukarrådet.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn for tilsette og andre driftsutgifter ved sekretariatet, i tillegg til godtgjering m.m. til medlemmane av Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet. Løyvinga kan òg nyttast til å dekkje kostnader knytte til den planlagde omorganiseringa av forbrukarapparatet.

Departementet føreslår ei samla løyving på 14,4 mill. kroner i 2020.

Kap. 868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

26 889

33 485

34 078

Sum kap. 0868

26 889

33 485

34 078

Forbrukartilsynet er ei offentleg styresmakt som arbeider for å gjere marknadene enklare og tryggare for forbrukarane. Hovudmålet for Forbrukartilsynet er å førebyggje og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre former for urimeleg handelspraksis retta mot forbrukarar. Dette blir gjort gjennom dialog og forhandlingar med dei næringsdrivande, ved bruk av tilgjengelege sanksjonar og gjennom rettleiing og informasjonsverksemd. Tilsynet skal gjennom verksemda si medverke til at rettane til forbrukarane blir varetekne, og at forbrukarane kan ta informerte val.

Marknadsføringslova regulerer verksemda til Forbrukartilsynet. Tilsynet fører tilsyn med reglane i marknadsføringslova om rimeleg handelspraksis og avtalevilkår som vernar forbrukarane.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter hos Forbrukartilsynet. Løyvinga kan òg nyttast til å dekkje kostnader knytte til den planlagde omorganiseringa av forbrukarapparatet.

Departementet føreslår ei løyving på 34,1 mill. kroner i 2020.

Programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

Hovudinnhald og prioriteringar

Grunnlaget for trus- og livssynspolitikken er Grunnlova § 16:

«Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.»

Trus- og livssynsfridommen er ein grunnleggjande verdi og rett i eit demokratisk samfunn. Staten skal verne om denne fridommen og leggje til rette for at alle innbyggjarane kan praktisere trua eller livssynet sitt. Ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk legg til rette for eit livssynsope samfunn. Trus- og livssamfunna speler ei viktig rolle i livet for mange. Trus- og livssynssamfunna er dessutan viktige fellesskap i lokalmiljøa. Dei tilbyr mellom anna aktivitetar for barn og unge og omsorgs- og hjelpetenester for dei som treng det. I stor grad byggjer verksemda i trus- og livssynssamfunna på frivillig innsats.

I 2012 oppheva Stortinget dei paragrafane i Grunnlova som hadde regulert statskyrkjeordninga sidan 1814. Ordninga av Den norske kyrkja er dermed ikkje lenger regulert i Grunnlova, men i kyrkjelova frå 1996. Etter lovendringar i 2016 fekk Den norske kyrkja ei rettsleg sjølvstendig stilling overfor staten frå 1. januar 2017. Sjølv om Den norske kyrkja er eit sjølvstendig trussamfunn, står ho etter Grunnlova § 16 i ei særleg stilling. Det er eit krav at Den norske kyrkja er organisert i samsvar med demokratiske prinsipp, og skal kyrkja halde fram som folkekyrkje, må ho ha brei tilslutnad.

Endringane i tilhøvet mellom staten og Den norske kyrkja er førte vidare og forsterka i framlegget til ei ny og felles lov for trus- og livssynssamfunna, jf. Prop. 130 L (2018–2019) Lov om tros- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven). Ny lovgiving for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn har bakgrunn i den rettslege sjølvstendiggjeringa av kyrkja og behovet for å forenkle og sameine dei ulike ordningane som i dag gjeld for dei offentlege tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Lovreguleringa av Den norske kyrkja er innarbeidd i framlegget til ny lov, slik at kyrkjelova kan opphevast. Lovframlegget, som gir kyrkja stor fridom til sjølv å regulere kyrkjeordninga si, er på mange måtar siste leddet i det mangeårige arbeidet med å gjere Den norske kyrkja til ei sjølvstendig folkekyrkje, fri frå statleg styring. Den nye lova vil òg erstatte gjeldande særlovgiving om andre trus- og livssynssamfunn og vere tilpassa det trus- og livssynsmessige mangfaldet.

Den offentlege finansieringa av Den norske kyrkja skal leggje til rette for at kyrkja held fram som ei landsdekkjande folkekyrkje med ei sterk lokal forankring, slik at medlemmar av kyrkja kan gå til gudsteneste og få del i andre kyrkjelege tenester der dei bur. Ved å vere til stades i alle lokalsamfunn er kyrkja ein viktig bidragsytar til det frivillige arbeidet blant barn og ungdom, ikkje minst innanfor trusopplæringa, diakonien og det lokale musikk- og kulturlivet. Skal kyrkja vere ei lokalt forankra folkekyrkje i alle delar av landet, må prestetenesta alle stader ha gode rammevilkår og dei mange kyrkjebygga haldast ved like. Kyrkjebygga tilhøyrer og gir identitet til den einskilde bygda eller bydelen.

Det følgjer av Grunnlova § 16 at alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik linje. På denne bakgrunnen er det gitt reglar om at trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja kan krevje offentlege tilskot som om lag svarer til dei tilskota som Den norske kyrkja får, rekna per medlem.

Departementet ser verksemda i trus- og livssynssamfunna som eit gode for det norske samfunnet. Dette ligg til grunn for trus- og livssynspolitikken, som skal støtte opp om samfunna, i fyrste rekkje ved tilskot frå det offentlege. Den offentlege støtta skal medverke til eit mangfald av trus- og livssynssamfunn. Med offentleg støtte vil dei einskilde samfunna betre kunne leggje til rette for at medlemmane får praktisert si tru eller sitt livssyn.

I Grunnlova § 2 heiter det at lova skal «tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane». Den offentlege støtta til trus- og livssynssamfunna skal byggje opp under dette. Retten til å skipe trus- og livssynssamfunn er ein grunnleggjande del av både religionsfridommen og forsamlingsfridommen og ein føresetnad for eit demokratisk samfunn.

I dei seinaste tiåra har det vore ein auke i talet på trussamfunn i Noreg som får offentleg støtte, særleg som følgje av innvandring frå ulike delar av verda. Kontakt og dialog mellom samfunna er viktig for å auke kunnskapen om dei ulike trusretningane og stimulere til toleranse og gjensidig forståing. Det er etablert paraplyorganisasjonar for dei ulike trus- og livssynssamfunna. Departementet ser det som viktig å gi støtte til det brubyggjararbeidet som desse organisasjonane driv, og til andre tiltak som kan styrkje trus- og livssynsdialogen.

Dei eldre kyrkjebygga er synlege uttrykk for den kristne kulturarven og står i ei særstilling som nasjonale kulturminne. Av dei 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja, er nær 1 000 freda eller utpeikte som kulturhistorisk viktige kyrkjer. Mange av kyrkjene er i dårleg stand og ikkje sikra godt nok mot brann. I budsjettframlegget for 2020 er den statlege innsatsen for sikringa av verneverdige kyrkjer ført vidare med 20 mill. kroner.

Dei offentlege gravplassane er for alle. Det er kommunane som har det økonomiske ansvaret for gravplassane, medan lokale organ for Den norske kyrkja står for forvaltinga dei fleste stadane. Gravplassane er ein konkret stad der vi kan minnast dei som er døde. Gravplassar og gravskikkar i eit land seier mykje om dei verdiane og den kulturen som historisk har prega landet, og korleis samfunnet endrar seg over tid. Lovreglane på området er nedfelte i gravferdslova frå 1996. For å leggje betre til rette for eit aukande religiøst mangfald med ulike gravskikkar og gravferdsrituale, vart lova, med tilhøyrande regelverk, revidert i 2011–2012. I takt med samfunnsutviklinga er det viktig stadig å sjå på behovet for å revidere regelverket og ha kunnskap om korleis gravplassane vert drifta og forvalta. Lovreglane om forvaltingsordningane på området er vurderte i samband med framlegget til ny trussamfunnslov i Prop. 130 L (2018–2019).

Opplysningsvesenets fond vart skipa ved lov i 1821 av det som er omtalt i Grunnlova § 116 som «det benifiserte godset til presteskapet». Det meste av dette godset er avhenda, men fondet er framleis mellom dei største grunneigarane i landet og har ein etter måten stor finanskapital. Eigedomsretten til fondet har vore eit omstridt spørsmål sidan fondet vart skipa. I Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond går departementet inn for at eigedommar av særskild verdi for Den norske kyrkja vert overførte til kyrkja som eigar. Andre eigendelar, som vil utgjere størstedelen av verdiane i fondet, vil staten vere eigar av. Vilkåret er at staten aukar sin innsats for å setje i stand og sikre dei innpå 1 000 kyrkjebygga i landet som er freda eller utpeikte som kulturhistorisk viktige. Denne innsatsen skal svare til dei verdiane i fondet som staten blir eigar av. Fordi fondet er eigar av milliardverdiar, legg meldinga opp til ein stor statleg innsats for bevaring av dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga. Departementet viser til meldinga og elles til omtalen av Opplysningsvesenets fond nedanfor.

Mål

Barne- og familiedepartementet har for 2020 desse måla for trus- og livssynspolitikken:

Mål

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, fri og demokratisk folkekyrkje.

  • Finansieringsordningane for trus- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja skal forenklast og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

  • Kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand.

  • Kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga og drifta av dei offentlege gravplassane skal styrkast.

  • Verdiane i Opplysningsvesenets fond skal forvaltast forsvarleg og til det beste for Den norske kyrkja.

Måla og bakgrunnen for dei er nærare omtalte nedanfor under Resultatrapport og strategiar. Målet for Opplysningsvesenets fond er omtalt i samband med den generelle orienteringa om fondet som kjem etter postomtalen.

Resultatrapport og strategiar

Den norske kyrkja

Den norske kyrkja vert finansiert av staten og kommunane. Dei offentlege løyvingane til kyrkja over kommunebudsjetta og statsbudsjettet blir ikkje fastsette etter medlemstalet i kyrkja, men er til vurdering kvart år i Stortinget og i kommunestyra. Staten finansierer prestetenesta og den regionale og sentrale kyrkjeadministrasjonen (Kyrkjerådet og bispedømmeråda) og gir tilskot til trusopplæringa og diakonale tiltak i kyrkjelydane. Kommunane har det økonomiske ansvaret for mellom anna drifta og vedlikehaldet av kyrkjebygga og dei offentlege gravplassane. I 2018 var dei samla offentlege tilskota til Den norske kyrkja på om lag 6,4 mrd. kroner. Over statsbudsjettet vart det løyvd om lag 2,2 mrd. kroner, medan kommunane løyvde om lag 4,2 mrd. kroner. I dei kommunale løyvingane inngår utgifter til gravplassforvaltninga, sjå nærare omtale av gravplassane under.

Rapporteringa nedanfor gjeld heile verksemda i Den norske kyrkja, med bakgrunn i dei måla for kyrkja som vart fastsette i Statsbudsjettet 2018, sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Kulturdepartementet. Mål, strategiar og tiltak for 2020 er òg omtalte.

Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, lokalt forankra folkekyrkje

Den norske kyrkja er organisert i nær 1 200 sokn. Det blir regelmessig halde gudstenester i dei 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja. Ei landsdekkjande presteteneste er eit vilkår for at Den norske kyrkja framleis skal vere ei folkekyrkje. Talet på årsverk for prestar har dei seinare åra lagt stabilt på om lag 1 250, men i 2017 og 2018 har talet gått noko ned.

Rekneskapen for den delen av Den norske kyrkja som staten finansierer, det vil seie den rettslege eininga som vart oppretta då Den norske kyrkja vart utskild frå staten 1. januar 2017, viser eit overskot på 23,6 mill. kroner i 2018. Eigenkapitalen ved årsskiftet 2018/2019 var på 224 mill. kroner, ein auke på 23 mill. kroner frå året før. Etter at den nye kyrkjelege eininga vart oppretta, har det i regi av Kyrkjerådet vore arbeidd mykje med å forenkle og effektivisere dei administrative funksjonane på regionalt og sentralt nivå.

Dei kommunale løyvingane til Den norske kyrkja vert disponerte av det kyrkjelege fellesrådet i kommunen, som er eit fellesorgan for kyrkjelydane (sokna) i kommunen. Fellesråda har òg andre inntekter, mellom anna frå utleige av kyrkjebygga og gjennom avgifter i samband med den offentlege gravplassforvaltinga, som fellesråda har ansvaret for. Tabell 4.9 viser utviklinga i inntektene og utgiftene til fellesråda frå 2017 til 2018.

Tabell 4.9 Inntektene og utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda 2017–2018

(i mill. kroner)

2017

2018

Endring i pst. 17/18

Driftsinntekter

4 557

4 688

2,9

Driftsutgifter

4 413

4 562

3,4

Investeringsinntekter

1078

1 031

–4,4

Investeringsutgifter

1 201

1 080

–10,1

Kjelde: Rekneskapstal som fellesråda har rapportert til Statistisk sentralbyrå

Driftsinntektene auka med 131 mill. kroner frå 2017 til 2018 og driftsutgiftene med 149 mill. kroner. Netto driftsresultat, som viser driftsoverskotet etter at renter og avdrag er betalte, var for fellesråda samla på 84 mill. kroner i 2018 mot 101 mill. kroner i 2017.

Av driftsinntektene til fellesråda var dei kommunale overføringane på 3,1 mrd. kroner i 2018. Frå 2017 var det ein auke på 3,3 prosent. Auken er større enn lønns- og prisveksten i kommunesektoren, som for same periode er rekna til 3,1 prosent. Det vart overført 699 mill. kroner, i hovudsak frå kommunane, til å dekkje investeringsutgiftene til fellesråda i 2018, mot 702 mill. kroner i 2017.

Den norske kyrkja skal ha ein tilslutnad som vitnar om at ho er ei folkekyrkje

Dei mest brukte måltala for tilslutnaden til Den norske kyrkja som folkekyrkje er utviklinga i talet på medlemmar, oppslutninga om kyrkjelege handlingar (dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd) og talet på gudstenester og gudstenestedeltaking. Tabell 4.10 viser utviklinga frå 2017 til 2018.

Tabell 4.10 Nøkkeltal for oppslutninga om Den norske kyrkja i 2018

2018

Endring frå 2017

Medlemmar og tilhøyrande

3 724 857

–16 063

Del av befolkninga

70,0

–1,0

Innmelde

2 096

–347

Utmelde

11 877

–3 547

Døypte

28 597

–1 734

Døypte av talet på fødde (prosent)

51,9

–1,2

Konfirmerte

35 248

–271

Konfirmerte av alle 15-åringar (prosent)

56,3

–1,7

Konfirmerte av 15-åringar som er medlem av kyrkja

82,4

–1,2

Vigslar

7 048

–283

Gravferder

35 683

–315

Del av alle gravferder totalt

87,4

–1,1

Deltakarer på alle gudstenester

5 318 193

–129 502

Deltakarar per gudsteneste

88,1

–0,9

Kjelde: SSB og medlemsregisteret til Den norske kyrkja

Tala over stadfester at Den norske kyrkja framleis har stor tilslutnad, men nøkkeltala for dei tradisjonelle folkekyrkjeindikatorane viser jamt over ein nedgang. Nedgangen er generelt lågare enn i 2017. Færre deltek på gudstenester på søn- og heilagdagar. Forklaringa på noko av nedgangen i talet på gudstenestedeltakarar på søn- og heilagdagar er at det vert arrangert færre gudstenester. I tillegg viser fleire bispedømme til at nedgangen i dåpstala har innverknad på deltakinga på gudstenesta på søndagar. Etter ein nedgang i fleire år har Oslo i 2018 ein auke i talet på gudstenester og deltakarar.

Talet på gravferder i regi av Den norske kyrkja har lenge halde seg stabilt på om lag 36 000 i året. Målt i prosent av talet på døde har det vore ein svak nedgang dei seinare åra. Om lag 33 prosent av inngåtte ekteskap skjer i regi av Den norske kyrkja. Delen har vore stabil dei tre siste åra, medan det samla talet på vigslar i regi av kyrkja går ned. I 2018 vart det gjennomført om lag 7 000 vigslar i Den norske kyrkja.

Den norske kyrkja er ei folkekyrkje ikkje minst gjennom den kulturarven kyrkja er berar av, og gjennom dei kunst- og kulturuttrykka kyrkja formidlar. Omfanget av profesjonelt og frivillig arbeid er stort, og på dei fleste område aukande, mellom anna innanfor diakonale tenester og kulturarrangement for barn, ungdom, vaksne og eldre. I 2018 vart det arrangert nær 11 000 konsertar og om lag 2 700 andre kulturarrangement i Den norske kyrkja, med innpå 1,8 millionar deltakarar i alt. Talet på frivillige medarbeidarar har vore i stor vekst. I 2018 var det over 98 000 frivillige i kyrkjelydane.

Den norske kyrkja skal formidle evangelisk-luthersk tru og tradisjon og tilby trusopplæring til alle døypte barn

Formidlinga av evangelisk-luthersk tru og tradisjon er i særleg grad eit ansvar for prestane i samband med gudstenestene, dei kyrkjelege handlingane (dåp, vigsel, gravferd) og anna forkynnande verksemd. Kyrkjerådet seier i si årsmelding at ressurssituasjonen i nokre bispedømme er krevjande, og at fleire prestestillingar står vakante. Med svak rekruttering til prestetenesta og store årskull som nyleg har nådd eller i nær framtid når pensjonsalder, vil gudstenestetilbodet kunne bli svekt i åra framover.

Trusopplæringa i kyrkja er eit systematisk og samanhangande tilbod til alle døypte fram til dei fyller 18 år. Den systematiske opplæringa vart sett i verk i 2004 ved statlege tilskot, i samband med at ei reform av trusopplæringa i Den norske kyrkja kom i gang. Alle kyrkjelydane tilbyr i dag ei systematisk trusopplæring. Ifølgje Kyrkjerådet var det i 2018 registrert i overkant av 245 000 deltakarar på trusopplæringstiltak i kyrkjelydane. Desse fordelte seg på nærare 16 000 tiltak. I gjennomsnitt utgjer dette 13 opplæringstiltak per kyrkjelyd (som i 2017) med 205 deltakarar per tiltak. Talet på deltakarar har gått ned med 3 prosent frå 2017.

Den norske kyrkja skal vere organisert i samsvar med demokratiske prinsipp og verdiar

Det kyrkjelege demokratiet er basert på dåpen som det einaste vilkåret for å kunne vere medlem, ha stemmerett og vere valbar. Medlemmar som i valåret vil ha fylt 15 år, har stemmerett, medan ein må ha stemmerett og ha fylt 18 år for å vere valbar. Valperioden er fire år.

Valet av medlemmar til soknerådet og leke medlemmar til bispedømmerådet og Kyrkjemøtet fell i tid og stad saman med valet til fylkesting og kommunestyre. Kyrkjemøtet, som er det øvste demokratisk valde organet i Den norske kyrkja, er i hovudsak sett saman av medlemmar i dei 11 bispedømmeråda og er samla éi veke i året. I Kyrkjemøtet som er valt for åra 2016–2019, er det 53 prosent kvinner. Kyrkjerådet er eit organ valt av Kyrkjemøtet. Kyrkjerådet førebur og set i verk dei vedtaka som Kyrkjemøtet gjer, og har karakter av å vere eit styre for den rettslege og økonomiske eininga som vart oppretta 1. januar 2017.

Rapporteringa ovanfor viser at Den norske kyrkja på fleire område har utfordringar som på lang sikt kan svekkje kyrkja si rolle som folkekyrkje. Nedgangen i dåpstala er særskilt utfordrande. Jamt over er det framleis ein relativt stor del av medlemmane i kyrkja som vel å døype barna sine, men òg her viser tala ein svak nedgang år for år. I 2018 blei 75,4 prosent av alle eittåringar der minst ein av foreldra var medlem av Den norske kyrkja, døypte, mot 76 prosent i 2017 og 76,7 prosent i 2016. Strategiar og tiltak som kan komme utfordringane i møte, må kyrkja finne ut av. Staten si oppgåve er å gi kyrkja høvelege rettslege og økonomiske rammer for arbeidet sitt, slik at kyrkja kan halde fram som folkekyrkje.

Departementet har dette målet for Den norske kyrkja:

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, fri og demokratisk folkekyrkje.

I Prop. 130 L (2018–2019) er det gjort framlegg om at den gjeldande lovreguleringa av Den norske kyrkja vert bygd ned. Den norske kyrkja vil etter framlegget få mynde til å treffe avgjerder på eige og fritt grunnlag, mellom anna om korleis kyrkja skal organisere seg i tenlege einingar, og om korleis dei kyrkjelege vala bør leggjast opp. Spørsmålet om Den norske kyrkja heilt og fullt bør finansierast over statsbudsjettet, eller om kyrkja lokalt framleis bør få det meste av finansieringa frå kommunane, er vurdert i samband med lovframlegget. Departementet rår til at det økonomiske ansvaret for Den norske kyrkja skal vere delt mellom staten og kommunane slik som i dag.

Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja

Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja kan krevje tilskot frå både staten og kommunane. I 2018 vart det utbetalt 345 mill. kroner i statleg tilskot, utrekna etter ein sats på 543 kroner per medlem. Om lag 825 trus- og livssynssamfunn fekk tilskot for i alt 655 000 medlemmar. Det samla kommunale tilskotet per medlem er som regel noko høgare enn det statlege tilskotet per medlem. I 2018 utbetalte kommunane nær 400 mill. kroner i tilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Det samla tilskotet frå staten og kommunane summerte seg dermed til 745 mill. kroner i 2018.

Tabell 4.11 Medlemmar i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, fordelte på religion/livssyn1

2006

2013

2018

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Buddhisme

9 934

2,6

16 001

2,9

20 077

3,1

Islam

72 023

18,8

120 882

22,0

166 861

25,5

Kristendom

216 141

56,4

312 925

57,0

355 070

54,2

Andre religionar

8 141

2,1

13 531

2,5

18 198

2,8

Livssynssamfunn

77 271

20,1

86 061

15,7

95 030

14,5

I alt

383 510

100,0

549 400

100,0

655 236

100,0

1 Tabellen gjeld talet på medlemmar i trus- og livssynssamfunn som det vert gitt tilskot for.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Som det går fram av tabell 4.11, høyrer meir enn 50 prosent av medlemmane utanom Den norske kyrkja til blant kristne kyrkjesamfunn. Av alle innbyggjarane i landet er om lag 85 prosent medlem av eit trus- eller livssynssamfunn. Den delen av befolkninga som ikkje er medlem av noko samfunn, er aukande.

Dei organisasjonane som er etablerte som paraplyorganisasjonar for trus- og livssynssamfunna, har ei viktig oppgåve med å auke kunnskapen om dei ulike trus- og livssyna, både mellom samfunna og ut mot sivilsamfunnet. Eit særtrekk ved den norske trus- og livssynsdialogen er at han femner om både religiøse og sekulære livssyn. Paraplyorganisasjonane byggjer dialog og samarbeid på tvers av livssyn og er viktige dialogpartnarar for offentlege styresmakter i ulike spørsmål.

Departementet gav i 2018 driftstilskot til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) og Norges Kristne Råd med i alt nær 7 mill. kroner. STL har i 2017 og 2018 mellom anna utvikla og lagt til rette for kurs for trus- og livssynssamfunn. Kursa har sett søkjelyset på tema som tilrettelegging for tru og livssyn i arbeidslivet, negativ sosial kontroll, demokrati, menneskerettar og religionsfridom.

Det samla tilskotet til dialogtiltak, som vert tildelt etter søknad, var på 5 mill. kroner i 2018, fordelte på 23 konkrete tiltak. Fleire av prosjekta var samarbeid mellom ulike organisasjonar og trussamfunn.

Lovreglane for trussamfunn utanom Den norske kyrkja vart vedtekne for 50 år sidan, medan lovreglane for livssynssamfunn kom for 40 år sidan. Mange av reglane er ikkje dekkjande for den utviklinga som har skjedd på feltet dei siste tiåra. Framlegget i Prop. 130 L (2018–2019) om ei ny trussamfunnslov tek sikte på å bringe lovgivinga i takt med utviklinga.

Det er særleg i finansieringsordningane for trus- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja at det er behov for fornying. I dag er kommunane forplikta til å utbetale tilskot til alle trus- og livssynssamfunn som har rett på tilskot, og som har eitt eller fleire medlemmar busette i kommunen. Kommunane gjer årleg rundt 24 000 utbetalingar, som alle er enkeltvedtak etter forvaltingslova. Dei administrative prosessane som er knytte til ordningane, er krevjande, både for det offentlege og for dei einskilde samfunna. Bakgrunnen er at dei vart utforma i ei tid då det var få samfunn med få medlemmar som det vart gitt tilskot til.

Den kristne trua var så å seie einerådande i landet for hundre år sidan, medan vi i dag har eit mangfald av trusretningar og livssyn. Dette viser seg i det mangfaldet av trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg støtte ved sidan av Den norske kyrkja. Eit viktig mål for den offentlege støtta til samfunna, er å anerkjenne og støtte opp under mangfaldet av trusretningar og livssyn.

Departementet har dette målet for finansieringsordningane for trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja:

  • Finansieringsordningane for trus- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja skal forenklast og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

Etter framlegget til ny lov om trus- og livssynssamfunn vil grunnlaget for tilskota til samfunna i hovudsak vere som i dag, det vil seie at alle trus- og livssynssamfunn skal understøttast på lik linje og kunne krevje offentleg støtte dersom samfunna fyller visse vilkår. Det viktige nye i lovframlegget er at tilskota fullt ut vil bli finansierte av staten. Kommunane skal ikkje lenger ha ansvaret for å utbetale tilskot. Dei tre tilskotsordningane som er på feltet i dag, skal dessutan sameinast i éi ordning. Dei administrative prosessane, mellom anna i samband med innsending av krav om tilskot og utbetaling, vil bli mindre arbeidskrevjande, både for samfunna og for det offentlege.

Kyrkjebygga

Av dei om lag 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja, er nær 1 000 freda eller utpeikte som kulturhistorisk viktige. Kommunen har det økonomiske ansvaret for drifta og vedlikehaldet av alle kyrkjebygga. Den daglege forvaltinga har det kyrkjelege fellesrådet i kommunen ansvaret for. Det er ei utfordring at mange av kyrkjene har eit stort etterslep i vedlikehaldet. Dette gjeld òg for dei eldste kyrkjene, sjølv om den samla innsatsen for å vareta kyrkjebygga har vore av stort omfang i seinare år. Dei fleste kyrkjebygga er eigde av sokna i Den norske kyrkja. Nokre få er i statleg eller privat eige. Fortidsminneforeininga eig fleire stavkyrkjer. Så godt som alle kyrkjebygga er soknekyrkjer og i vanleg bruk.

For å komme vedlikehaldsetterslepet i møte har staten gjennom mange år gitt tilskot til kommunar til istandsetjingsprosjekt, i fyrste rekkje gjennom rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg. Riksantikvaren har gitt tilskot til restaurering av einskilde kyrkjer av særleg kulturhistorisk verdi.

Departementet har dette målet for kyrkjebygga:

  • Kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand.

Dei årlege investeringsutgiftene i kyrkjebygga har dei siste åra lagt på i overkant av 600 mill. kroner. I 2018 var investeringane på 670 mill. kroner. I perioden 2005–2018 har investeringsramma under rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg blitt utvida fleire gonger. I perioden er det gitt tilsegner om rentekompensasjon for prosjekt med ei samla investeringsramme på 5 mrd. kroner. Av denne ramma har 4 mrd. kroner til no danna grunnlag for utbetaling av rentekompensasjon.

Frå ordninga vart sett i verk i 2005 til og med 2018 er det gitt tilsegner om rentekompensasjon til prosjekt i 975 kyrkjer i 340 kommunar. I 2019 er det ei investeringsramme på 1 mrd. kroner under ordninga. Per 1. september 2019 er det av denne ramma gitt tilsegner for eit beløp på 62,5 mill. kroner.

I 2019 vart det løyvd 20 mill. kroner som tilskot til istandsetjing og sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, særleg til middelalderkyrkjer i stein. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2019 vart det løyvd ytterlegare 20 mill. kroner til sikring av verneverdige kyrkjer. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 20 mill. kroner til sikring av verneverdige kyrkjer i 2020, sjå kap. 882, post 61.

I samband med meldinga om Opplysningsvesenets fond, jf. Meld. St. 29 (2018–2019), har departementet varsla ein stor auke i innsatsen for å sikre dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga. Ein slik innsats må komme over mange år. Korleis han i praksis bør innrettast, dersom Stortinget sluttar seg til konklusjonen i meldinga, vil departementet ta opp med antikvariske styresmakter, kyrkjelege instansar med fleire.

Gravplassane

Dei offentlege gravplassane skal haldast i hevd og forvaltast med den vørdnaden som eigenarten deira tilseier. Undersøkingar viser at gravplassane i det store og heile er godt stelte, og at brukarane er godt nøgde med den offentlege tenesteytinga på området. Det er den lokale kyrkja som har forvaltingsansvaret for gravplassane, om det ikkje er avtalt lokalt at kommunen skal ha ansvaret. Ifølgje tal frå SSB var det 12 kommunar som i 2018 hadde teke over ansvaret for drifta/forvaltinga av gravplassane.

Spørsmålet om å endre ansvarsdelinga mellom kyrkja og kommunane på området har vore drøfta av fleire offentlege utval opp gjennom åra. Alle har konkludert med at kommunane bør overta forvaltingsansvaret frå kyrkja, med noko ulik vurdering av den lokale val- og avtalefridommen mellom kommunen og kyrkja. Spørsmålet blei på ny grundig vurdert under arbeidet med ny trussamfunnslov. I Prop. 130 L (2018–2019) går departementet inn for at forvaltingsansvaret framleis skal liggje til eit lokalt kyrkjeleg organ, og framleis med rom for lokale avtalar mellom kyrkja og kommunen. Årsaka til det er ikkje minst at dette er eit felt som utviklar seg i ulik takt avhengig av kvar i landet ein er. Departementet meiner at ansvaret må kunne overførast til kommunen dersom kommunen ønskjer det. I proposisjonen er det derfor gjort framlegg om at det ikkje lenger vil vere eit vilkår, slik som i dag, at ein treng samtykke frå kyrkja for ei slik overtaking.

I lovframlegget går departementet òg inn for at dei oppgåvene på feltet som i dag ligg til regionale organ i kyrkja, mellom anna oppgåva som klageinstans, vert førte over til fylkesmannsembeta. Føremålet er å understreke at gravplassane skal vere for alle, og at kyrkja forvaltar dette området på vegner av det offentlege. I tillegg til dei endringane i lovgivinga som det er gjort framlegg om, vil departementet vurdere behovet for endringar i dei føresegnene som er gitte i medhald av gravferdslova.

Gravplassane blir finansierte gjennom kommunale løyvingar og ved brukarbetaling. I 2018 hadde fellesråda 836 mill. kroner i driftsutgifter til gravplassforvaltinga, mot 808 mill. kroner i 2017. Investeringsutgiftene var på 378 mill. kroner, mot 431 mill. kroner i 2017. Investeringsutgiftene går mellom anna til utbetring og utviding av gravplassar. I tillegg kjem utgifter til gravplassforvalting i dei kommunane som har teke over drifts- og forvaltingsansvaret. Ifølgje tal frå SSB var dei samla utgiftene til drift av gravplassane på 1 081 mill. kroner i 2018, mot 1 042 mill. kroner i 2017. Fordelt på talet på gravleggingar utgjer dette i snitt nær 26 500 kroner i driftsutgifter per gravlegging. Om lag 39 prosent av utgiftene i 2018 blei finansierte gjennom betaling frå brukarane (mellom anna festeavgift), mot 38 prosent i 2017.

Utgiftene i gravplassektoren er fordelte på kommunerekneskapane og kyrkjerekneskapane. Frå 2016 har SSB publisert nokre nøkkeltal som samanstiller desse rekneskapane, men det er framleis rom for å innhente meir detaljerte statistiske data om forvaltinga, til dømes for å kunne samanlikne tenester, ressursbruk og resultat mellom dei lokale forvaltingseiningane. For å utvikle gode tenester og halde ein effektiv produksjon er det behov for meir kunnskap. I Prop. 130 L (2018–2019) er det derfor gjort framlegg om ei endring i gravferdslova som skal gi heimel for å hente inn statistiske data om gravplassane og verksemda knytt til desse.

Departementet har dette målet for forvaltinga av gravplassane:

  • Kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga og drifta av dei offentlege gravplassane skal styrkast.

Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond er ein formuemasse som vert forvalta av eit særskilt forvaltingsorgan under departementet. Dei måla og strategiane som gjeld for forvaltinga, er omtalte nedanfor, etter postomtalane, i samband med ein breiare omtale av fondet og årsresultatet for 2018.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

880

Den norske kyrkja

2 172 134

2 286 800

2 302 901

0,7

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

359 342

404 110

434 949

7,63

882

Kyrkjebygg og gravplassar

50 999

78 111

98 631

26,3

Sum kategori 11.50

2 582 475

2 769 021

2 836 481

2,4

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

60–69

Overføringar til kommunar

31 023

37 641

80 741

19,4

70–98

Overføringar til private

2 550 668

2 731 380

2 755 740

0,9

Sum kategori 11.50

2 581 691

2 769 021

2 836 481

2,4

I samband med endringane i regjeringa Solberg 22. januar 2019 og medfølgjande endringar i oppgåvefordelinga mellom departementa, vart oppgåvene på trus- og livssynsfeltet overført frå Kulturdepartementet til Barne- og familiedepartementet frå mai 2019. For nærare omtale sjå Prop. 57 S (2018–2019). Alle budsjettkapitla og -postane som er omtalte nedanfor, er av denne grunnen flytta frå Kulturdepartementet.

Kap. 880 Den norske kyrkja

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

784

70

Rammetilskot til Den norske kyrkja

2 077 100

2 184 900

2 198 279

71

Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

94 250

101 900

104 622

Sum kap. 0880

2 172 134

2 286 800

2 302 901

Post 70 Rammetilskot til Den norske kyrkja

Frå posten vert det løyvd eit rammetilskot til Den norske kyrkja. Tilskotet skal dekkje driftsutgiftene for den nye rettslege eininga som vart danna i 2017 då kyrkja vart skild ut frå staten. Verksemda til dette nye rettssubjektet for Den norske kyrkja femner i hovudsak om prestetenesta og dei regionale og nasjonale organa til kyrkja. I tillegg skal tilskotet gå til mellom anna trusopplæringa og diakonien i kyrkjelydane. Det er Kyrkjemøtet som rår over tilskotet og gjer vedtak om korleis det skal nyttast. Tilskotet kan ikkje nyttast til å avlaste kommunane for dei utgiftene dei er pålagde etter kyrkjelova § 15.

I framlegget er det, som tidlegare år, innarbeidd midlar til dekking av pensjonspremie.

Dei kyrkjelege vala vert haldne kvart fjerde år. Det vanlege har vore å løyve eit særskilt tilskot til kyrkjevala det året det er val, slik som i 2019. Det særskilde tilskotet til kyrkjevala i 2019 var på 89 mill. kroner. Neste kyrkjeval er i 2023. Departementet har i framlegget til rammetilskot for 2020 innarbeidd ein fjerdedel av denne summen (prisjustert), som vil bli vidareført dei neste åra, slik at det ikkje vil vere behov for noko ekstratilskot til kyrkja det året det er val. I dag er det eit krav i kyrkjelova at kyrkjevala skal vere på same stad og til same tid som dei offentlege vala. I Prop. 130 L (2018–2019) har departementet gått inn for at Kyrkjemøtet kan avgjere dette spørsmålet.

Departementet føreslår ei løyving på nær 2,2 mrd. kroner i 2020.

Post 71 Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

Frå denne posten vert det gitt tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet.

Sjømannskyrkja tek hand om den kyrkjelege tenesta for nordmenn i utlandet, på vegner av Den norske kyrkja. Sjømannskyrkja har eit nært samarbeid med Utanriksdepartementet for å yte bistand til nordmenn i utlandet. I tillegg til statstilskotet blir verksemda finansiert gjennom gåver frå private og tilskot frå mellom anna oljeselskap og reiarlagsnæringa. Hovudrekneskapen for Sjømannskyrkja, som inkluderer alle personalutgifter, viste i 2018 samla utgifter på 170 mill. kroner. I tillegg kjem utgifter ved utestasjonane.

Departementet føreslår ei løyving på 104,6 mill. kroner i 2020.

Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

344 151

384 600

414 915

75

Tilskot til private kyrkjebygg

2 983

5 000

5 135

78

Ymse faste tiltak

12 208

14 510

14 899

Sum kap. 0881

359 342

404 110

434 949

Post 70 Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er heimla i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna og lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn. Etter gjeldande lov- og regelverk får samfunna tilskot frå både staten og kommunane som om lag svarer til kva staten og kommunane budsjetterer som utgifter til Den norske kyrkja, rekna per medlem. Løyvinga på posten følgjer dermed av tre faktorar: dei budsjetterte utgiftene til Den norske kyrkja over statsbudsjettet, talet på medlemmar i Den norske kyrkja og talet på medlemmar i trus- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja. I framlegget til løyving for 2020 er det teke omsyn til at talet på medlemmar i trus- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja er forventa å auke.

Størstedelen av grunnlaget for tilskotssatsen for 2020 gjeld dei budsjetterte utgiftene under kap. 880, postane 70 og 71. I grunnlaget for 2020 er det som tidlegare år gjort frådrag for ein del av det statstilskotet til Den norske kyrkja som går med til å dekkje pensjonspremien som kyrkja har. Det er òg gjort frådrag for den delen av statstilskotet til Den norske kyrkja som er ein følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane vart avvikla i 2015.

Departementet føreslår ei løyving på 414,9 mill. kroner i 2020.

Post 75 Tilskot til private kyrkjebygg

I 2018 var løyvinga under denne posten på 3 mill. kroner. Tilskotet vert tildelt etter søknad og går til kjøp eller bygging av kyrkjebygg til trussamfunn utanom Den norske kyrkja og til private stiftingar og frivillige organisasjonar innan Den norske kyrkja. Samla søknadsbeløp for 2018 var over 20 mill. kroner. For 2019 er løyvinga på 5 mill. kroner.

Føremålet med løyvinga er å gi dei aktuelle trussamfunna høve til å kjøpe eller byggje kyrkjebygg med lågare eigenfinansiering. Det vert gitt tilskot per kvadratmeter til nybygg, kjøp av lokale eller utviding av lokale. Det er reglar for største og minste tilskotsareal.

Departementet føreslår ei løyving på 5,1 mill. kroner i 2020.

Post 78 Ymse faste tiltak

Posten skal mellom anna dekkje driftstilskot til dialog- og paraplyorganisasjonar på trus- og livssynsfeltet. Driftstilskotet er særleg grunngitt i dei viktige oppgåvene desse organisasjonane har som brubyggjarar mellom ulike trus- og livssynssamfunn og som kontaktledd til det offentlege. Verksemda til organisasjonane er òg retta inn mot sivilsamfunnet for å auke kunnskapen om dei ulike trus- og livssynssamfunna. Posten blir òg nytta til tiltak som kan styrkje arbeidet med mangfald, inkludering og arbeidet mot fattigdom.

Under posten er det sett av ei ramme på inntil 5,4 mill. kroner som tilskot til dialogføremål, offentleg debatt og kunnskapsutvikling på trus- og livssynsfeltet. Midlane vert tildelte på grunnlag av kunngjering og søknad. I Prop. 130 L (2018–2019) har departementet omtalt eit pilotprosjekt med livssynsmedarbeidarar i kriminalomsorga. Prosjektet er under førebuing og vil vere eit samarbeidsprosjekt mellom Barne- og familiedepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Dersom prosjektet vert sett i verk i 2020, vil ein del av ramma på 5,4 mill. kroner bli disponert til føremålet.

Det er òg lagt opp til eit tilskot på 550 000 kroner til kurstilbodet «Å være religiøs leder i det norske samfunn» ved Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Kurset er retta mot religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn i Noreg. Til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn er det sett av 4,85 mill. kroner, til Norges Kristne Råd er det sett av 3,6 mill. kroner, og til Muslimsk dialognettverk er det sett av eit tilskot på 500 000 kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 14,9 mill. kroner i 2020.

Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

60

Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast

31 023

37 641

60 741

61

Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast

20 000

70

Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

19 976

40 470

17 890

Sum kap. 0882

50 999

78 111

98 631

Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast

Rentekompensasjonsordninga for istandsetting av kyrkjebygg skal stimulere til sikring av kyrkjebygga og av utsmykkinga og inventaret i kyrkjene. Ordninga gjeld alle kyrkjebygga i Den norske kyrkja. Freda og verneverdige kyrkjer har prioritet. Husbanken forvaltar rentekompensasjonsordninga, og ordninga har vore verksam sidan budsjettåret 2005. Løyvinga på posten skal dekkje renteutgiftene for dei investeringskostnadene som det er gitt tilsegn om kompensasjon for i perioden 2005–2019.

Departementet føreslår ei løyving på 60,7 mill. kroner i 2020.

Post 61 Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast

Løyvinga under posten skal nyttast til brannsikringstiltak, klimasikring og istandsetting av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, men ikkje til løpande vedlikehald. Det er dei kulturhistorisk viktigaste kyrkjene med det mest presserande sikringsbehovet som skal ha prioritet ved tildeling av midlar. Dei faglege vurderingane som må gjerast for prioritering og utpeiking av tiltak, vil liggje til Riksantikvaren, i dialog med kyrkjelege instansar. Det er ein føresetnad for tildeling av tilskot at kyrkjeeigarane eller kommunen på vegner av kyrkjeeigaren er med på å finansiere tiltaka.

Utbetalingstakten for dei einskilde prosjekta vil vere usikker. Departementet føreslår derfor at posten får stikkordet «kan overførast».

Departementet føreslår ei løyving på 20 mill. kroner i 2020.

Post 70 Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

Løyvinga på posten er flytta frå kap. 342, post 70, under Kulturdepartementet. Løyvinga på kap. 342, post 70, dekte òg midlar til krigsgravtenesta. Kulturdepartementet skal framleis ha ansvar for denne tenesta. Midlane til krigsgravtenesta blir no budsjetterte over kap. 327, post 70, under Kulturdepartementet, sjå Prop. 57 S (2018–2019).

Det er sett av om lag 12 mill. kroner til KA (arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder) sine oppgåver innan kyrkjebyggfeltet og til rådgiving og særlege prosjekt innan gravplassforvaltinga. Ved tilskot frå posten har KA gjennom fleire år bygd opp eit nasjonalt kompetansemiljø som er til hjelp for sokneråd, kyrkjelege fellesråd og kommunar i forvaltinga av kyrkjebygg som høyrer til Den norske kyrkja. Tilskotet skal mellom anna nyttast til dokumentasjon av kyrkjebygga, drifta av kyrkjebyggdatabasen (opplysingar om det einskilde kyrkjebygget), kurs og rettleiingsmateriell innan brann- og innbrotsførebyggjande tiltak, energibruk og andre miljøtiltak.

I 2019 vart det under denne posten løyvd i alt 20 mill. kroner til mellom anna klimasikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Departementet viser til løyvingsframlegget på 20 mill. kroner under post 61 ovanfor. Noko av løyvinga under post 70 i 2020 vil bli nytta til det arbeidet som antikvariske og kyrkjelege instansar må gjere for å finne fram til dei kyrkjene som bør prioriterast for tildeling av midlar frå post 61. Mellom anna kan det vere aktuelt å gi tilskot til bygningstekniske undersøkingar av einskilde kyrkjebygg.

Frå posten er det òg sett av eit tilskot på i overkant av 4 mill. kroner til oppgåvene som bispedømmeråda har innan gravplassforvaltinga.

Departementet føreslår ei løyving på 17,9 mill. kroner i 2020.

Opplysningsvesenets fond

Innleiing

Opplysningsvesenets fond har sitt opphav i eigedommar som frå eldre tid låg til det einskilde presteembetet til underhald av presten. I Grunnlova § 116 er desse eigedommane – det benefiserte godset til presteskapet – gitt eit særleg vern, mellom anna ved at kjøpesummar og inntekter berre skal nyttast til gagn for presteskapet og til å fremje opplysinga.

Fondet vart oppretta ved lov i 1821 og er i dag regulert i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond. Fondet har eigedommar i dei fleste kommunane i landet. Eigedommane fordeler seg på prestebustader, jord- og skogeigedommar, festetomter og kontoreigedommar. Det samla arealet av skog og utmark er på om lag 900 000 dekar. Jordbruksareala er på om lag 25 000 dekar, som er under forpakting eller vert drivne som jordleigebruk. Fondet har om lag 1 360 bygningar med eit samla bygningsareal på 235 000 m2. 345 av bygningane er prestebustader. Om lag 300 bygningar er freda. Talet på festekontraktar som fondet eig, er om lag 6 400, og av desse er om lag 3 800 tomter til bustad- og fritidshus. Til fondet høyrer ein finanskapital på om lag 2,6 mrd. kroner som i hovudsaka er plassert i verdipapir. Gjennom dotterselskap har fondet eigardelar i småkraftverk og i selskap som skal utvikle eigedommar til bustad- og næringsføremål.

Opplysningsvesenets fond er eit sjølvstendig rettssubjekt som er eigar av eigedommane og finanskapitalen. Fondet blir forvalta av Kongen. Kongens mynde er delegert til departementet. Den daglege forvaltinga av fondet er lagd til eit forvaltingsorgan med om lag 60 tilsette og eit eige styre som departementet peiker ut. Forvaltinga av fondet skal skje på forretningsmessige vilkår, vere etisk forsvarleg og gi tilfredsstillande avkasting med moderat risiko. Sentrale retningslinjer for forvaltinga er omtalte i ulike stortingsdokument, særleg St.meld. nr. 64 (1984–1985) Forvaltning av Opplysningsvesenets fonds eiendommer og Ot.prp. nr. 68 (1994–1995) Om lov om Opplysningsvesenets fond. Lovverket set rammer for korleis midlane til fondet kan brukast. Den årlege direkteavkastinga frå eigedommane og finanskapitalen skal dekkje utgiftene til fondet og skal elles leggjast til grunnkapitalen eller disposisjonsfondet eller givast til kyrkjelege føremål. Grunnkapitalen er verna etter Grunnlova § 116 og kan ikkje brukast opp.

Salsverdien av fondet er vurdert til å vere på 10–12 mrd. kroner, men dette er ei usikker og mest teoretisk verdsetting. Noverdien er rekna til mellom 5 og 6 mrd. kroner. Denne verdsettinga byggjer på kva eigedommane gir av årlege inntekter med frådrag for kva det kostar å drifte og investere i dei, og på at eigedommane ikkje vert selde i noko omfang i åra framover. Fondet har over tid skipa ein konsernstruktur med heil- og deleide dotterselskap innan eigedom og småkraft.

Bidrag frå fondet til Den norske kyrkja

Fondet har opphaveleg hatt som oppgåve å holde tenestebustader for prestane. Buplikta for prestane vart avvikla 1. september 2015, men prestane kunne etter dette tidspunktet velje å bu i tenestebustaden med same husleige som før inntil dei skifta stilling eller gjekk av med pensjon. Utgiftene som fondet har til prestebustader, er større enn det prestane betaler i husleige, noko som er å rekne som ein økonomisk fordel for Den norske kyrkja. Frå fondet vert det dessutan tildelt eit årleg tilskot på noko over 40 mill. kroner til Kyrkjemøtet til rådvelde for felleskyrkjelege tiltak og om lag 6 mill. kroner til kommunar som held tenestebustad for prest. Det årlege bidraget frå fondet til Den norske kyrkja kjem i tillegg til løyvingane til Den norske kyrkja over statsbudsjettet og kommunebudsjetta.

Departementet har dette målet for Opplysningsvesenets fond i 2020:

  • Verdiane i Opplysningsvesenets fond skal forvaltast forsvarleg og til det beste for Den norske kyrkja.

Utfordringar for fondet og forvaltingsstrategiar

Kontrakts- og kapitalforvaltinga, skog- og jordbruksforvaltinga, drifta av kontoreigedommar til kyrkjeleg bruk og vedlikehaldet av fondet sine bygningar krev store ressursar. Vedlikehaldsetterslepet er stort. Som følgje av avviklinga av buplikta til prestane vil mange av prestebustadene bli selde. Bustader med ein særleg kyrkje- og kulturhistorisk verdi er det aktuelt at fondet eig. Desse skal sikrast som levande kulturminne, helst som bustad for prest. For å unngå at avviklinga av buplikta gjer det vanskeleg å rekruttere prest til stillingar i visse område, skal fondet kunne tilby tenestebustad der.

Inntektene frå eigedommane er ikkje store nok til å dekkje utgiftene fondet har til eigedommane. Eigedommane er ein del av grunnkapitalen til fondet som ikkje kan brukast opp, og verdiar kan ikkje givast bort. Av denne grunnen kan ikkje fondet selje eigedommar til lågare pris enn marknadsprisen (eventuelt konsesjonsprisen) eller tilby festeavgifter og innløysingspriser for bustad- og fritidstomter som er meir gunstige enn det som følgjer av tomtefesteloven og den einskilde festekontrakten. Når ein eigedom blir seld, skal salssummen leggjast til grunnkapitalen.

Feste- og finansinntektene er dei største inntektskjeldene til fondet. Festeinntektene er i hovudsaka stabile, medan finansinntektene kan svinge mykje frå år til år. Det har derfor vore arbeidd med verdiskaping og betre utnytting av verdiane som fondet har i sine eigedommar, for å få sikrare og meir stabile inntekter. Gjennom ei meir aktiv eigedomsforvalting er det teke initiativ til å regulere om tomter og å vere med i utbyggingsprosjekt til mellom anna bustad-, nærings- og småkraftføremål. Delar av eigendelane til fondet er overførte til heil- og deleigde selskap under fondet, organiserte etter forretningsområde, mellom anna småkraft, som på forretningsmessige vilkår utviklar kommersielle satsingar. Forretningsområda er i ulik grad eksponerte for risiko av strategisk, operasjonell og finansiell art. Det er investert nær 1 mrd. kroner i forretningsområdet småkraft, finansiert dels ved tilførsel av eigenkapital frå Opplysningsvesenets fond, dels ved lån frå fondet og dels ved ekstern finansiering. Ved sal av aksjar i 2017 kom det inn ein medeigar i småkraftsatsinga.

Det er ei utfordring å sikre ein betre balanse mellom inntektene og utgiftene til fondet. Å auke inntektsgrunnlaget og kontantstrømmen og å redusere forvaltingskostnadene er prioriterte oppgåver framover.

Det underliggjande eigarskapet til Opplysningsvesenets fond har vore diskutert sidan 1800-talet. Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet har konkludert med at staten eig fondet, medan det frå kyrkjeleg hald vert hevda at fondet høyrer til Den norske kyrkja. I Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond har departementet drøfta spørsmålet om eigedomsretten til fondet. Departementet legg i meldinga opp til at det meste av fondet kjem under statens eigarskap, på det vilkåret at staten aukar innsatsen sin for å sikre dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga.

Rapport 2018

Fondet hadde eit årsresultat i 2018 på 97,9 mill. kroner, medan resultatet i 2017 var på 235,5 mill. kroner. Hovudårsaka til endringa frå 2017 er lågare inntekter frå innløysing av festetomter og svake resultat frå finansforvaltinga.

Eigedom

Gevinst ved sal av eigedom var netto på 91,6 mill. kroner i 2018, mot 170,5 mill. kroner i 2017. Driftsresultatet, når inntekter frå sal av eigedom ikkje reknast med, var negativt med nær 54 mill. kroner i 2018. I resultatet er det medrekna eit samla finansielt tilskot til kyrkjelege føremål på om lag 48 mill. kroner.

Driftsinntekter frå tomtefeste var på 128 mill. kroner i 2018. Festarar av bustadtomter kan kjøpe (løyse inn) tomta. Det vart i 2018 selt festetomter for netto 46,5 mill. kroner, og av dette gjaldt 6 mill. kroner sal av tomter til næringsføremål. Dei tilsvarande salssummane i 2017 var på høvesvis 113,7 mill. kroner og 68 mill. kroner.

I 2018 brukte fondet 74 mill. kroner på drift, vedlikehald, rehabilitering og modernisering av eigne prestebustader. Det vart kjøpt tre nye bustader i 2018 for 11,4 mill. kroner i alt, og det vart selt 21 bustader for til saman 45 mill. kroner.

Finansforvaltinga

Netto finansresultat var på 52,9 mill. kroner i 2018, mot 157,4 mill. kroner i 2017, 77 mill. kroner i 2016 og 81 mill. kroner i 2015.

Finansporteføljen er strukturert for å redusere svingingsrisiko. Kapitalen er for det meste plassert i ein kjerneportefølje som femner ulike verdipapirfond, med ein marknadsverdi på om lag 2,4 mrd. kroner ved siste årsskifte. I tillegg kjem ein avviklings- og føremålsportefølje på til saman 190 mill. kroner, medrekna mellom anna driftslikviditet og utlån til kyrkjelege føremål. Kjerneporteføljen hadde ei samla verdijustert avkasting i 2018 på minus 1,13 prosent, som er 0,54 prosent lågare enn referanseindeksen. Departementet har fastsett eit avkastningskrav på finanskapitalen på 3 prosent over risikofri rente. Ved utgangen av 2018 hadde fondet ein kursreserve på 208 mill. kroner. Reserven var på 265 mill. kroner på same tid i 2017.

Forvaltingsutgiftene

Utgiftene til forvaltinga av fondet, det vil seie summen av forvaltingsorganet sine utgifter på 82 mill. kroner og betalinga til eksterne tenesteleverandørar og finansforvaltarar, var på 104 mill. kroner i 2018. Til samanlikning var desse utgiftene 112 mill. kroner i 2017, 110 mill. kroner i 2016 og 115 mill. kroner i 2015.

Gjennom eit internt prosjekt (Prosjekt Varig Resultatbetring) er fleire tiltak gjennomførte for å auke inntektene og redusere kostnadene. Effekten av slike tiltak i perioden 2017–2018 er rekna til om lag 21 mill. kroner og vil ha verknad òg i åra framover. Det er i åra 2017–2019 utgiftsført eksterne kostnader til prosjektet på rundt 15 mill. kroner.

Resultatrekneskapen – disponering av årsresultatet

Tabellen nedanfor viser resultatrekneskapen for Opplysningsvesenets fond i 2017 og 2018.

Tabell 4.12 Resultatrekneskapen for Opplysningsvesenets fond 2017 og 2018

(i 1 000 kr)

2017

2018

Inntekter

Salsinntekt eigedom

176 896

99 237

Driftsinntekt

197 893

206 051

Annan driftsinntekt

8 813

10 034

Sum inntekter

383 602

315 322

Utgifter

Av- og nedskriving varige driftsmidlar

–27 895

–22 505

Refusjon forvaltingsorganet

–87 880

–82 216

Annan driftskostnad

–105 980

–117 541

Sum utgifter

–221 755

–222 262

Tilskot kyrkjelege føremål

–83 747

–48 048

Driftsresultat, inkl. sal av eigedommar

78 101

45 012

Finansrekneskap

Renteinntekter, aksjeutbytte og inntekt på investering

107 902

46 351

Gevinst og tap verdipapir

25 018

–5 488

Nedskriving av andre finansielle omløpsmidlar

26 048

7 004

Annan finanskostnad

–1 539

5 072

Netto finansinntekter

157 429

52 938

Årsresultat

235 529

97 950

Disponering av årsresultatet:

Avsetjing av netto salsinntekter til kapitalfondet

170 5161

91 6521

Til/frå disposisjonsfond

65 013

6 299

Sum disponert

235 529

97 950

1 Netto gevinst ved sal av eigedom, der varekostnad og bokført verdi er trekte ut.

Netto inntekter ved sal av eigedom er etter § 5 i lova om Opplysningsvesenets fond lagde til kapitalfondet. Kapitalfondet var per 31. desember 2018 på 3,726 mrd. kroner. Kapitalfondet er bunden eigenkapital (grunnkapital). Disposisjonsfondet, som er den frie eigenkapitalen, var ved inngangen til 2019 på 165 mill. kroner.

Opplysningsvesenets fond har ein konsernstruktur, med dotterselskap innan småkraft og eigedom. For Opplysningsvesenets fond, medrekna dotterselskapa, var driftsinntektene på 367,7 mill. kroner i 2018. Driftsresultatet, utanom vinstar ved sal av eigedom, var negativt med 58,9 mill. kroner. Årsresultatet for 2018 (resultat etter skatt) for heile verksemda (konsernet) var på 63,6 mill. kroner, mot 305,8 mill. kroner i 2017 og 43 mill. kroner i 2016. I 2017 vart det selt aksjar i Clemens Kraft Holding AS, som gav eit ekstraordinært resultat. Dotterselskapa (fondet sin eigardel) hadde i 2018 eit samla negativt resultat etter finanskostnader på om lag 30 mill. kroner.

Fondet har ein trekkfasilitet i kredittinstitusjon som er utnytta med 47,4 mill. kroner per 31.12.2018. Fondet sin tilførsel av eigenkapital og lån til dotterselskap og tilhøyrande selskap innan eigedom og småkraft var ved årsskiftet 2018/2019 på 963 mill. kroner. Av desse var 708 mill. kroner gitt som eigenkapital og 255 mill. kroner som lån. Konsernet har stilt garanti for lån frå kredittinstitusjonar på 703 mill. kroner og stilt garantiar til andre selskap i konsernet på 31 mill. kroner.

Verdiane i fondet (konsern) i form av bokført eigenkapital har auka med 68 mill. kroner frå 2017 til 2018. Vurdering etter noverdimetoden (ikkje bokførte storleikar) viser ein auke i verdiar i same perioden på om lag 600 mill. kroner.

Den samla gjelda i dotterselskapa var på 808 mill. kroner ved siste årsskifte. Frå 2017 til 2018 er den renteberande gjelda i kredittinstitusjonar redusert med om lag 135 mill. kroner.

Det finansielle tilskotet til Den norske kyrkja var på noko over 40 mill. kroner i 2018. I tillegg kjem dei netto utgiftene fondet har til eigne og kommunale prestebustader (medrekna forvaltingsutgiftene) og subsidieeffekten av utlån til kyrkjelege føremål. Dei økonomiske bidraga frå fondet til Den norske kyrkja vert rekna med i grunnlaget for tilskotet som staten gir til andre trus- og livssynssamfunn. I grunnlaget for tilskotet til andre trus- og livssynssamfunn i 2018 var bidraget frå fondet til Den norske kyrkja rekna inn med 93,2 mill. kroner.

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond er ei nettobudsjettert verksemd, sidan utgiftene heilt ut vert dekte av fondet. Frå 2009 har det vore ein felles prosedyre for nettobudsjetterte verksemder om rapportering i statsbudsjettet av kontantbehaldninga for desse verksemdene per 31. desember. Dei to standardtabellane med nøkkeltal for Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond er tekne inn i kap. 11.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa vil ha ei foreldrepengeordning som gir foreldre valfridom og fleksibilitet til å velje den beste omsorgsløysinga for barna sine. Foreldrepengeordninga er ein viktig del av familiepolitikken. Innleiinga til programkategori 11.10 Familie og oppvekst gir ei samla framstilling av politikkområdet.

Mål

BFD har for 2020 dette målet innanfor programkategorien:

Mål

  • Fedrar skal ta ein større del av foreldrepengedagane.

Dette målet er nærare omtalt nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Foreldrepengar

Bruk av foreldrepengeordninga

Foreldrepengeperioden er delt i ein mødrekvote, ein fedrekvote og ein fellesdel. Frå 1. juli 2018 blei kvotane ved uttak med full sats utvida frå 10 til 15 veker. Etter dette var fellesdelen lengre enn kvotane viss foreldra valde 80 prosent dekning. For å leggje til rette for at fedrar skal ta ut ein større del av foreldrepengeperioden, blei perioden delt i tre like delar også for dei som vel 80 prosent frå 1. januar 2019. Kvotane er no på 19 veker kvar og fellesdelen på 18 veker. Målet med endringane er å auke fedrane sin bruk av foreldrepengar. Ved at perioden vert delt i tre like delar òg ved redusert sats, vert det signalisert at foreldra er likeverdige omsorgspersonar.

Departementet har dette målet for foreldrepengeordninga:

  • Fedrar skal ta ein større del av foreldrepengedagane.

Det fedrane tek ut av foreldrepengar, følgjer i stor grad lengda på fedrekvoten; fellesdelen blir ofte teken ut av mor. Det er forventa at endringane vil auke fedrar sitt uttak av foreldrepengar. Lengda på fedrekvoten har vist seg å vere normdannande. Når fedrekvoten har auka, har fedrar auka uttaket sitt, medan då kvoten blei redusert i 2014, reduserte òg fedrane uttaket sitt. Foreldrepengar kan takast ut i løpet av dei tre fyrste åra til barnet, og mødrer er oftast heime med barnet fyrst. Det vil derfor ta noko tid før ein kan sjå kva for effektar dei siste endringane har på kor mykje foreldrepengar fedrane tek ut.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeidd statistikk med utgangspunkt i fødselstidspunkt for barnet, der dei har følgt uttak av foreldrepengar over tre år. I og med at verknadstidspunktet for endringane i fedrekvoten har vore sett til 1. juli (frå 10 til 12 veker 1. juli 2011, frå 12 til 14 veker 1. juli 2013 og frå 14 til 10 veker 1. juli 2014), har direktoratet sett på uttak for barn som er fødde innanfor det einskilde halvåret for dei nemnde åra. Fedrane tek i stor grad imot foreldrepengar for eit tidsrom som er i samsvar med lengda på fedrekvoten. Til dømes tok 63 prosent av menn som blei fedrar fyrste og andre halvår 2015, ut akkurat fedrekvoten.

Det gjennomsnittlege talet på dagar mor og far tek ut, endrar seg i takt med regelverksendringar som omfattar fedrekvote og fellesperiode. I figur 4.9 kan vi sjå at det gjennomsnittlege talet på foreldrepengedagar far tek ut, aukar når fedrekvoten aukar, og minkar når fedrekvoten blir redusert.

Figur 4.9 Det gjennomsnittlege talet dagar med foreldrepengar for mor og far. Barn fødde i det aktuelle halvåret.

Figur 4.9 Det gjennomsnittlege talet dagar med foreldrepengar for mor og far. Barn fødde i det aktuelle halvåret.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Ser ein på alle foreldrepengedagane som blei tekne ut i kalenderåret 2018, finn ein at fedrar tok ut 20 prosent av alle foreldrepengedagane. Dette er 0,3 prosentpoeng høgare enn i 2017 og 0,8 prosentpoeng høgare enn i 2016, men 1,4 prosentpoeng lågare enn i 2015. Delen fedrar som tek ut meir enn 10 veker, er nesten lik som i 2017, og delen som tek ut akkurat 10 veker (fedrekvoten etter regelendringa i 2014), er auka frå 39,2 prosent i 2016 til 40,3 prosent i 2017. Det er viktig å understreke at statistikken over uttak i eit einskilt kalenderår viser ein tendens, og gir eit godt bilete av utviklinga, men viser ikkje det heile og fulle biletet av fedrar og mødrer sitt uttak av foreldrepengar.

71 prosent av dei som tok imot foreldrepengar i 2018, valde 100 prosent dekningsgrad. Dei siste ti åra har det vore ein klar auke i talet foreldre som vel full dekning, sjå figur 4.10. Auken heng sannsynlegvis saman med at 100 prosent dekningsgrad er meir økonomisk lønnsamt enn uttak med 80 prosent.

Figur 4.10 Delen kvinner med 100 prosent foreldrepengar/dekningsgrad 2009–2018. Prosent.

Figur 4.10 Delen kvinner med 100 prosent foreldrepengar/dekningsgrad 2009–2018. Prosent.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Arbeids og velferdsdirektoratet har i 2019 publisert rapporten Fornuft og følelser. En studie av mors og fars uttak av foreldrepenger. Rapporten presenterer funn frå Foreldrepengeundersøkinga 2017. Dette er ei spørreundersøking som blei send ut til par som fekk barn i oktober 2015 eller mars 2016. Hensikta med undersøkinga var å finne ut korleis foreldre nyttar foreldrepengeordninga, mellom anna om dei nyttar høvet til fleksibilitet, og korleis dei deler perioden mellom seg. Rapporten viser at ein større del mødrer og fedrar er nøgde med fordelinga av foreldrepermisjonen samanlikna med tidlegare undersøking. I rapporten svarer 65 prosent av både mødrene og fedrane at dei var nøgde med fordelinga. I 2008 var 25 prosent av mødrene og 38 prosent av fedrane nøgde med fordelinga. Medan auken blant fedrar truleg kjem av at lengda på fedrekvoten er auka, er det vanskelegare å forklare den store endringa blant mødrer. Det kan ha samanheng med at permisjonslengda har auka, og at det er meir naturleg å overlate ansvaret til far og gå litt tidlegare tilbake til jobb. Vidare viser rapporten at inntektstaket på 6 G i foreldrepengeordninga slår ulikt ut mellom fedrar og mødrer, både fordi menn tener meir enn kvinner, og fordi kvinner oftare jobbar i offentleg sektor (der arbeidsgivaren dekkjer mellomlegget). Det tyder på at det er fleire par som taper økonomisk på at far tek ut permisjon, og dette blir stadfesta i undersøkinga. For fedrane som tente over 6 G, var det ein klar samanheng med permisjonslengde, og om dei fekk dekt mellomlegget eller ikkje. Rapporten viser òg at delen mødrer som tek ut ulønt permisjon, har auka monaleg. Nesten éin av tre seier at dei har teke ut ulønt permisjon. Auken har sannsynlegvis noka samanheng med auken i delen som vel 100 prosent dekningsgrad. 100 prosent dekningsgrad gir noko høgare utbetaling, men kortare tid i lønt permisjon. Det at så mange kvinner vel ulønt permisjon, er ikkje uproblematisk sidan ein i permisjonsperioden mister retten til mellom anna sjukepengar. Ein langvarig sjukdomsperiode kan føre til ei økonomisk påkjenning.

Institutt for samfunnsforskning (ISF) har i 2018 laga ein rapport der dei forsøkjer å avdekkje korleis dagens foreldrepengeordning fremjar likestilling og sikrar likestilt foreldreskap. Analysane i rapporten viser at auka fedrekvote frå seks til ti veker frå og med 1. juli 2009 har medverka til at fedrar tek meir permisjon, og mødrer tek ut færre foreldrepengedagar etter at ein gjorde om noko av den delbare permisjonen til fedrekvote. ISF finn ingen eller liten effekt av fedrekvoten på faktisk arbeidstid for mødrer og fedrar i åra etter at dei har byrja å arbeide igjen. Endringa har likevel medverka til å endre tilpassinga i familien slik at begge foreldra no kan satse på å ha ei leiarstilling i større grad enn før endringa. Når det gjeld kva som bestemmer deling av permisjonen, viser analysane at individuelle kjenneteikn ved far, som eiga utdanning, status på arbeidsmarknaden og inntekt, har samanheng med om han tek fedrekvota eller meir. Til dømes tek fedrar med høgare utdanning oftare ut meir enn fedrekvoten enn fedrar med låg utdanning. Dette gjeld for både norskfødde og innvandra fedrar. I intervju kjem det fram at fedrane er positive til ein reservert kvote til far sidan dette reduserer behovet for å forhandle seg fram til ei bestemt lengd på permisjonen. For fedrane handlar foreldrepermisjonen fyrst og fremst om ei oppleving av å knytte tidlege og sjølvstendige band til barnet. Foreldrepengeuttaket varierer mellom grupper, særleg mellom norskfødde og innvandra menn. Nesten 50 prosent av fedrane som er innvandra frå det globale sør, har ikkje rett til å ta fedrekvota, i stor grad fordi mor eller begge ikkje har opparbeidd seg rett til foreldrepengar.

Tabell 4.13 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2015–2018

2015

2016

2017

2018

Endring 2017–2018

Talet på levandefødde barn

59 058

58 890

56 633

55 120

–1 513

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

Kvinner, prosent

78,5

80,8

80,3

79,9

–0,4

Menn, prosent

21,5

19,2

19,7

20,1

0,4

Talet på kvinner med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

85 367

87 802

84 765

82 353

–2 412

Del av desse med 100 prosent lønnskompensasjon, prosent

68,6

69,1

70,1

70,7

0,6

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

58 382

56 607

55 346

53 788

–1 558

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kr)

369 336

378 314

389 281

404 580

15 299

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kr)

422 018

428 760

427 281

463 556

36 275

Delen kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

5,4

5,1

4,9

4,7

–0,2

Delen menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

23,9

22,8

22,1

21,2

–0,9

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 357

1 242

1 238

1 458

220

Talet på personar med eingongsstønad ved fødsel

10 605

10 436

10 957

10 355

–602

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Eingongsstønad ved fødsel

Kvinner utan rett til foreldrepengar får eingongsstønad ved fødsel og adopsjon. Stønaden er auka fleire gonger sidan 2013, og frå 1. januar 2019 blei satsen auka frå 63 140 til 83 140 kroner. Den føreslåtte satsen for 2020 er 84 720. Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at omkring 10 355 personar fekk eingongsstønad i 2018. Dette er ein nedgang på 5 prosent frå 2017, men talet frå 2017 viser ikkje den faktiske bruken sidan det i 2017 blei etterbetalt eingongsstønad til personar som skulle hatt utbetaling i 2016.

Tabell 4.14 Sats for eingongsstønad ved fødsel i perioden 2013–2020

År

Sats

2013

35 263

2014

38 750

2015

44 190

2016

46 000

2017

61 120

2018

63 140

2019

83 140

2020

84 720

Foreldrepengar ved premature fødslar

Fleirtalet i Stortinget blei under handsaminga av statsbudsjettet for 2019 samde om å utvide foreldrepengeperioden for foreldre med barn som er fødde seinast ved utgangen av veke 32 i svangerskapet. Departementet har følgt opp dette gjennom Prop. 73 L (2018–2019) Endringer i folketrygdloven mv. (foreldrepenger ved premature fødsler mv.). Endringa er vedteken av Stortinget og gjeld frå 1. juli 2019. Endringa gjer at ved fødsel før svangerskapsveke 33 blir stønadsperioden forlengd med dei vekene/dagane som barnet er fødd før termindatoen. Viss foreldra har teke pleiepengar, blir det gjort fråtrekk for desse. I dei tilfella der barnet/barna og mora kan dra heim som planlagt, vil foreldra byrje uttaket av foreldrepengar dagen etter at dei blir skrivne ut frå sjukehuset. Foreldrepengeperioden vil då bli forlengd med perioden frå faktisk fødsel til termindato.

Sak om foreldrepengar for EFTA-domstolen

ESA har sendt inn stemning til EFTA-domstolen med påstand om at den norske foreldrepengeordninga er i strid med likestillingsdirektivet, sidan det er ulike krav til uttak og utrekning av foreldrepengar for mor og far. Det var munnleg høyring i saka i EFTA-domstolen 5. februar 2019. Dom i saka er forventa hausten 2019.

Kjøpekraftjustering av barnetrygd og kontantstøtte

Ifølgje Granavolden-plattforma vil regjeringa jobbe for tiltak som kan avgrense og stanse eksport av velferdsytingar, mellom anna arbeide for aksept i EU for kjøpekraftjustering av velferdsytingar.

I Meld. St. 40 (2016–2017) Eksport av norske velferdsytelser føreslo regjeringa å innføre kjøpekraftjustering av barnetrygd og kontantstøtte om ESA meiner at det er høve til dette etter EØS-avtalen. Då meldinga vart handsama i Stortinget 1. mars 2018 støtta Stortinget forslaget.

For å følgje opp vedtaket til Stortinget sendte departementet eit brev til ESA 21. mars 2018. ESA svarte i brev 21. juni 2018 at EØS-avtalen ikkje tillèt kjøpekraftjustering av familieytingar. Austerrike innførte kjøpekraftjustering av familieytingar 1. januar 2019, og EU-kommisjonen har opna traktatbrotprosedyre. Regjeringa følgjer saka.

Ny sjølvbeteningsløysing på foreldrepengeområdet

Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2019 utvikla ei komplett løysing for ytingane eingongsstønad og foreldrepengar, med digital søknadsdialog for kommande foreldre, samt ei løysning med moglegheit for automatisert handsaming av søknadene. Brukarane er særs positive til dei nye løysingane.

Nærare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

18 393 689

19 174 000

19 230 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

610 749

927 000

825 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

476 233

485 000

485 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

56 223

63 000

49 000

Sum kap. 2530

19 536 894

20 649 000

20 589 000

Stønadene under kap. 14 i folketrygdlova skal sikre inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Måloppnåing for ordninga blir mellom anna vurdert ut frå om ordninga blir forvalta i samsvar med lova, og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Tildelingskriteria er omtalte under dei einskilde budsjettpostane nedanfor og går òg fram av folketrygdlova kap. 14.

Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Utgiftsoverslaga under kap. 2530 byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå. Ein reknar med at talet på fødslar vil bli redusert.

Departementet føreslår ei løyving på 20 589 mill. kroner under kap. 2530, postane 70–73. Sjå tabell over for forslag til løyving på dei ulike postane.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Visse trygdeytingar, etterlønn, lønt utdanningspermisjon og avtening av militær- og sivilteneste blir likestilte med yrkesaktivitet etter denne regelen og gir opptening til foreldrepengar. Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med full sats (100 prosent lønnskompensasjon) eller 59 veker med redusert sats (80 prosent lønnskompensasjon), jf. folketrygdlova § 14-9. Val av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden.

Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2019 utgjer grunnbeløpet 99 858 kroner. Ettersom stønadsperioden med 100 prosent er avgrensa til 49 veker, kan det maksimalt betalast ut 564 582 kroner per stønadstilfelle.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 15 veker øyremerkte til seg (mødrekvoten og fedrekvoten). Viss foreldra har valt 80 prosent lønnskompensasjon, er mødrekvoten og fedrekvoten på 19 veker. Mor må starte permisjonen sin seinast tre veker før fødselen, og vekene før fødsel kjem i tillegg til mødrekvoten. Bortsett frå dei vekene som er øyremerkte til kvar av foreldra, kan foreldra dele stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13. Fellesdelen i stønadsperioden er på 16/18 veker avhengig av vald dekningsgrad.

Når berre far har rett til foreldrepengar, kan han ta ut inntil 40/50 veker dersom mor går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet, jf. folketrygdlova § 14-14. Når mor har uføretrygd, kan far ta ut inntil 15/19 veker med foreldrepengar (tilsvarande fedrekvoten) utan at det blir stilt krav til aktiviteten til mor, jf. folketrygdlova § 14-14.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Folketrygdlova § 14-11 gir òg rett til å utsetje stønadsperioden i visse tilfelle. Uttak av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer òg svangerskapspengar som blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Frå 1. juli 2019 er stønadsperioden forlengd med dei vekene/dagane som barnet er født før termindatoen. Endringa gjeld ved fødsel før svangerskapsuke 33.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-17. Stønaden er i 2019 på 83 140 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn. Departementet føreslår i 2020 å sette stønaden til 84 720 kroner.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei fyrste 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 15 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten). Ved 80 prosent lønnskompensasjon er kvar av kvotane på 19 veker.

Sjå elles omtalen under post 70.

Fotnotar

1.

Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå utgangen av mars 2019.

2.

Forbrukarrådet, Deceived by design – How tech companies use dark patterns to discourage us from exercising our rights to privacy, 2018.

Forbrukarrådet, Every step you take – How deceptive design lets Google track users 24/7, 2018.

3.

SIFO-rapport nr. 2-19 Inngåtte gjeldsordninger ved tre namsfogdembeter i 2017.

Til forsida