Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 800–882, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

5 Oppfølging av krava i likestillings- og diskrimineringslova om å gjere greie for likestilling

Barne- og familiedepartementet (BFD) har ansvar for stønadsordningar retta mot barnefamiliane, foreldrepengar ved fødsel, kontantstøtte og barnetrygd. Departementet forvaltar òg lovverk som påverkar likestillinga. Dette gjeld mellom anna barnelova, ekteskapslova og krisesenterlova. Arbeidet mot vald i nære relasjonar er òg ein viktig del av innsatsen for å fremje likestilling.

Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor den einskilde sektoren, i ordinære system og i ordinære tiltak. Denne politikken følgjer òg av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til.

BFD arbeider for å følgje opp inkluderingsdugnaden til regjeringa, der målet er at minst fem prosent av alle nytilsette i staten skal vere personar som har nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en. Verksemdene under BFD har fått vidareformidla desse føringane og rapporterer i årsrapporten om korleis rekrutteringsarbeidet har vore innretta for å nå femprosentsmålet og dei andre måla for inkluderingsdugnaden.

5.1 Familie- og oppvekstområdet

Begge foreldra er viktige omsorgspersonar for barna. Dette gjeld uavhengig av om foreldra bur saman eller ikkje. Regjeringa vil derfor leggje til rette for at begge foreldra skal ha høve til å vere likeverdige omsorgspersonar, både under samlivet, når samlivet blir løyst opp, og i tilfelle der foreldra aldri har budd saman.

Regjeringa nedsette 7. desember 2018 barnelovutvalet, som skal gjennomgå og modernisere barnelova og komme med forslag til ei tidsriktig barnelov. Utvalet skal mellom anna vurdere kva utforminga av systemet for barnebidrag har å seie for likestilt foreldreskap, og med utgangspunkt i det som er best for barna, vurdere korleis foreldre kan bli sikra like rettar som omsorgspersonar. Utvalet starta arbeidet sitt 1. mars 2019 og skal levere utgreiinga innan 1. september 2020.

Foreldrepengeordninga skal sikre inntekt for foreldre i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon. Saman med retten til permisjon etter arbeidsmiljøloven bidrar ordninga til at både mødrer og fedrar kan kombinere omsorg for små barn med yrkesaktivitet. Foreldrepengeperioden er delt i ein mødrekvote, ein fedrekvote og ein fellesdel. Det fedrane tek ut av foreldrepengar, følgjer i stor grad lengda på fedrekvoten; fellesdelen blir ofte teken ut av mor. Frå 1. juli 2018 er fedrekvoten og mødrekvoten auka frå 10 til 15 veker, og fellesdelen er på 16 veker. Frå 1. januar 2019 er kvotane auka til 19 veker for foreldre som vel 80 prosent dekning. Fellesdelen er på 18 veker. Endringane legg til rette for at fedrar skal ta ut ein større del av foreldrepengeperioden. Ved at perioden vert delt i tre like delar, vert det signalisert at foreldra er likeverdige omsorgspersonar. Sjå elles omtale under programkategori 28.50.

Vald i nære relasjonar og valdtekt er eit alvorleg likestillingsproblem. Både kvinner og menn kan bli utsette for vald i nære relasjonar, men langt fleire kvinner enn menn er utsette for alvorleg vald frå partnaren. Valdtekt rammar særleg kvinner. Tal frå krisesenterstatistikken viser at det fyrst og fremst er kvinner og barn som bur på krisesentra. I 2018 budde 1 842 vaksne på krisesentera, og av dei var 135 menn. 64 prosent av bebuarane hadde innvandrarbakgrunn. Det var 1 452 barn ved krisesentera i 2018. Regjeringa arbeider med å vidareutvikle hjelpetilboda til valdsutsette, sjå omtale under programkategori 11.10 av krisesentra, støttesentera mot incest og seksuelle overgrep, Alternativ til Vold og arbeidet i familievernet med familiar som lever med vald.

5.2 Barnevernsområdet

Barn og unge i Noreg som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få hjelp og støtte, uavhengig av kjønn, landbakgrunn og opphaldsstatus, funksjonsevne og seksuell orientering, og utan omsyn til kvar i landet dei bur. Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2018 viser at det var fleire gutar enn jenter som tok imot tiltak frå barnevernet. Gjennom heile 2018 var det rundt 55 prosent gutar og 45 prosent jenter som fekk barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga har vore stabil dei siste åra.

Det var relativt små kjønnsskilnadar i 2018 både når det gjaldt talet på plasseringar i fosterheim og barnevernsinstitusjonar, og i bruken av fleire typar hjelpetiltak. Det var ein tendens til at gutar oftare enn jenter hadde hjelpetiltaka bustad med oppfølging, utdanning/arbeid og støttekontakt. Det var òg fleire gutar enn jenter som fekk tiltak for å styrkje utviklinga si og der foreldra fekk tiltak for å styrkje foreldreferdigheitane (til dømes PMTO). BFD og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) vil i utviklinga av barnevernstiltaka framleis ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønna der det er behov for det. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.

5.3 Den norske kyrkja

Den norske kyrkja arbeider systematisk for å fremje likestilling og hindre diskriminering når det gjeld kjønn, funksjonsevne, etnisitet og seksuell orientering, jf. Strategiplan for likestilling 2015–2023 som blei vedteken av Kyrkjemøtet i 2015. Bispemøtet si arbeidsgruppe om LHBT-kompetanse i Den norske kyrkja leverte sluttrapporten sin i februar 2018. Dette førte mellom anna til at Kyrkjerådet i september vedtok å setje ned eit utval for LHBT-spørsmål. Utvalet skal ha funksjonstid i to år, frå 2018 til 2020, og mellom anna arbeide med å utvikle eit kurs- og samtaleopplegg, gjennomføre ei arbeidslivsundersøking og elles støtte Kyrkjerådet på fagfeltet.

Delen kvinner i bispekollegiet er 58 prosent. Det vil seie at 7 av 12 biskopar er kvinner. Delen kvinnelege prostar, derimot, ligg på 30 prosent, men frå 2017 har det vore kvinneleg prost i alle bispedømma.

For dei kyrkjelege verksemdene sett under eitt er delen kvinner relativt låg. I 2018 var 39 prosent av dei tilsette kvinner og 61 prosent menn. Årsaka til dette er fyrst og fremst at det blant prestane framleis er flest menn. Kvinnedelen blant prestane har likevel auka jamt dei siste 25 åra og var i 2018 på 34 prosent. Framleis er det skilnader mellom bispedømma, med lågast kvinnedel i bispedømma på Vestlandet.

5.4 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2018

Tabell 5.1 Barne- og familiedepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2018. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse pst.

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

30,5

69,5

164

152

91,7

Toppleiing (dep.-råd ekspedisjonssjef, kom.-sjef)

33,3

66,7

6

6

91,2

Avdelingsdirektør

40

60

15

14

93,9

Fagdirektør, fagrådgivar, spesialrådgivar

40

60

20

17,5

95,1

Seniorrådgivar

30,7

69,3

88

81,9

99,2

Rådgivar

23,1

76,9

13

12,9

103,0

Fyrstekonsulent2

0

100

4

4

-

Merkantilt tilsette (seniorkonsulent og fyrstekonsulent)

33,3

66,7

9

8,5

96,7

Lærling

0

1

1

1

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

2 Utanom merkantilt tilsette

Tabell 5.2 Barne- og familiedepartementet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2018. Prosent.

Deltid1

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon2

Legemeldt sjukefråvær3

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

4,0

11,4

2,0

15,8

1,0

4,0

1,6

3,6

1 Prosentdelen kvinner og menn som arbeider deltid på grunn av graderte permisjonar (AAP, omsorg for barn, osv.)

2 Prosentdelen av dagar dei har vore i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2018

3 Prosentdelen av legemeldt sjukefråvær i heile 2018

Tabell 5.3 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, likestilling) per 31. desember 2018. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse pst.

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

37,1

62,9

6 197

3 800,5

108,9

Direktørar og avdelingsdirektørar

52,6

47,4

57

55,2

97,7

Seksjonssjefar

23,3

77,8

27

25,0

104,3

Leiarar av institusjonar, familievernkontor

34,2

65,8

114

104,9

101,1

Avdelingsleiarar i institusjonar

28,6

71,4

217

202,5

101,9

Fagstillingar profesjonsutdanning/masternivå

23,3

76,7

918

711,5

96,3

Seniorrådgivarar og prosjektleiarar

33,0

67,0

588

511,4

97,7

Rådgivarar

16,0

84,0

551

459,5

102,4

Fagstillingar høgskule lågare grad

37,8

62,2

1 934

1 000,6

98,6

Fyrstekonsulentar og seniorkonsulentar

11,0

89,0

181

150,6

123,0

Miljøarbeidarar

60,4

39,6

1 483

503,1

99,8

Kontorstillingar og sakshandsamarar lågare nivå

7,2

92,8

97

62,6

104,7

Andre stillingar hushald, drift, reinhald

33,3

66,7

30

13,5

100,3

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.4 Barne-, ungdoms- og familieetaten (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2018. Prosent.

Deltid1

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

17,9

15,8

42,5

29,4

0,3

2,7

8,3

9,1

1 I tillegg var 23,4 prosent av dei tilsette kvinnene i 2018 timelønte.

Tabell 5.5 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2018. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse pst.

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

26

74

137

129,85

75,5

Dagleg leiar / nemndleiar

42

58

12

12

99

Direktør

0

100

1

1

-

Fagsjef / nemndleiar

0

100

1

1

Fyrstekonsulent

7

93

30

25,7

90,5

Konsulent

0

100

12

9,75

-

Kontorsjef

50

50

2

1,8

90,4

Nemndleiar

43

57

61

60,8

100

Rådgivar

0

100

2

2

-

Seniorkonsulent

0

100

11

10,8

-

Seniorrådgivar

0

100

4

4

-

Stabssjef

100

0

1

1

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.6 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2018. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

18

3

11

3

1

0,2

6,2

Tabell 5.7 Forbrukartilsynet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2018. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

41,4

58,6

29

24,1

87,7

Toppleiing (ombod)

0

100

1

1

-

Mellomleiing (juridisk direktør, fagdirektør, avdelingsdirektør)

40

60

5

3,2

94

Seniorrådgivar

57

43

14

11,8

90,3

Rådgivar

100

0

4

3,9

-

Fyrstekonsulent

0

100

5

4,2

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.8 Forbrukartilsynet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2018. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon1

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

0

3,5

13,8

0

13,6

0,0

2,1

1 Prosentdelen av dagar dei har vore i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2018

Tabell 5.9 Barneombodet (kjønn, lønn) per 31. desember 2018. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

25,0

75,0

20,0

19,8

104,7

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.10 Barneombodet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2018. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda1

-

-

-

-

0,0

0,0

0,2

1,9

1 Fordi Barneombodet er ei lita verksemd, vert det ikkje oppgitt tal for deltidstilsette og mellombels tilsette.

Tabell 5.11 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet (kjønn, lønn) per 31. desember 2018. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Totalt (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

17

83

12

12

94

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.12 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2018. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

0

0

10

0

8

0

6,5

5.5 Barne- og familiedepartementet

Barne- og familiedepartementet (BFD) har som mål å vere ein likestilt og inkluderande organisasjon. Lokale og arbeidsverktøy skal vere universelt utforma, og medarbeidarar i senioralder skal ha like gode høve til jobbutvikling og kompetanseutvikling som andre medarbeidarar. Tala for 2018 gjeld det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet.

Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, særleg til avdelingar og stillingstypar der prosentdelen kvinner er høg. BFD har sett i verk tiltak for å få fleire menn til å søkje stillingar i departementet. I 2018 var 24 prosent av søkjarane menn. Per 31. desember 2018 var 69,5 prosent av dei tilsette kvinner og 30,5 prosent menn.

BFD arbeider for å følgje opp inkluderingsdugnaden til regjeringa. Vidare er det gjennomført tiltak for å få fleire slike søkjarar gjennom tilpassing av utlysingstekstar, rutinar og opplæring av leiarar.

Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, er regelen i BFD at minimum éin søkjar skal kallast inn til intervju om han eller ho er formelt kvalifisert. I stillingsannonsane blei alle kvalifiserte søkjarar uavhengig av bakgrunn oppmoda om å søkje. Departementet legg til grunn prinsippet om moderat kvotering av underrepresenterte grupper.

BFD har gjennom IA-avtalen lagt opp til bruk av støtteordningar som tilretteleggingstilskot, lønnstilskot og praksisplassar gjennom NAV.

Tabellen med tilstandsrapportering for BLD viser at kvinner i gjennomsnitt tener 91,7 prosent av det menn tener. Per 31. desember 2018 arbeidde 4 prosent av mennene og 11,4 prosent av kvinnene i BLD deltid. Tala refererer både til prosentdelen av kvart kjønn som har ein deltidsstilling, og til dei som mellombels arbeider i ein mindre stillingsprosent på grunn av permisjon (til dømes delvis AAP/uføre eller omsorg for barn). Når det gjeld mellombelse tilsetjingar per 31. desember 2018, er prosentdelen menn med mellombels tilsetjing 2 prosent, medan det tilsvarande talet for kvinner er 15,8 prosent.

5.6 Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Likestillingsperspektivet i Bufetat og Bufdir er integrert som ein viktig del i fleire prosessar internt. Kvinnene utgjorde 62,9 prosent av dei tilsette i verksemda per 31. desember 2018. Tilhøvet mellom kjønna er om lag uendra samanlikna med 2017. Bufetat har eit uttalt mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivå i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i den einskilde eininga/avdelinga/seksjonen.

Bufetat følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar og arbeider for å realisere inkluderingsdugnaden til regjeringa. Bufetat ønskjer å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet, og som utnyttar det samla potensialet i befolkninga. Alle kvalifiserte kandidatar blir derfor oppmoda til å søkje jobb i etaten. I tillegg blir søkjarar oppmoda om å opplyse om dei har funksjonshemmingar eller ikkje-vestleg bakgrunn. Bufetat er i tillegg representert med deltakarar i Statens mangfaldsnettverk saman med andre statlege verksemder.

Det er overvekt av kvinner i alle stillingskategoriane i Bufetat, bortsett frå i kategorien miljøarbeidarar, der det er i underkant av 60 prosent menn. Bufetat har flest kvinnelege leiarar på alle nivå i verksemda bortsett frå i kategorien direktørar og avdelingsdirektørar, der det er ei jamn kjønnsfordeling.

Bufetat har ei jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn innanfor dei ulike stillingskategoriane. Samla for verksemda tener kvinner 108,9 prosent av lønna til menn.

5.7 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Per 31. desember 2018 var 26 prosent av dei tilsette i verksemda menn. Hovudårsaka til den ujamne kjønnsfordelinga er at det i all hovudsak er kvinner som er tilsette i merkantile stillingar. Det er større grad av kjønnsbalanse i stillingsgruppa for nemndleiarar, der 43 prosent av dei tilsette var menn.

Alle nemndleiarar har same lønn, uavhengig av kjønn. Dei som er daglege leiarar i tillegg til stillinga som nemndleiar, har eit tillegg som blir regulert av kor mange tilsette det er i nemnda dei leier.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar slik at dei oppmodar alle kvalifiserte, uansett etnisk bakgrunn, kjønn og funksjonsevne, til å søkje ledige stillingar.

Det er eit mål at alle lokala skal vere universelt utforma og tilgjengelege for alle.

5.8 Forbrukartilsynet

Delen kvinner i 2018 var på 58 prosent, ein nedgang på 4 prosentpoeng samanlikna med 2017. I mellomleiinga var det tre kvinner og to menn. For Forbrukartilsynet totalt er lønna til kvinner 87 prosent av lønna til menn. Det er ein nedgang på 7 prosentpoeng frå 2017. Nedgangen kjem mellom anna som følgje av tilsetting av fleire nyutdanna kvinnelege juristar. I dei fleste stillingskategoriane ligg kvinner høgare enn menn.

Ved rekruttering er det stor merksemd rundt kjønnsbalanse. Kunngjering av ledige stillingar inneheld ei mangfaldserklæring der alle som er kvalifiserte blir oppmoda til å søkje uansett alder, kjønn, seksuell orientering, etnisitet og funksjonsevne.

5.9 Barneombodet

Situasjonen i 2018 var i det store og heile som i 2017. Barneombodet har gjennom fleire år hatt eit fleirtal av kvinnelege tilsette. Per 31. desember 2018 var 75 prosent av dei tilsette kvinner. Av dei fire medlemmane i leiargruppa er éin mann, medan resten er kvinner.

Når det gjeld personar med funksjonsnedsetjingar, har dei ikkje vore å finne blant søkjarane til stillingane Barneombodet har lyst ut det siste året. Ti prosent av dei tilsette ved kontoret har ikkje-vestleg bakgrunn.

Barneombodet har ingen lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn, verken i leiargruppa eller i fagstaben. Kvinner tener 104,7 prosent av lønna til menn på kontoret. Dette må ein sjå i samanheng med at Barneombodet er kvinne, og at tre av fire i leiargruppa er kvinner.

5.10 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

Per 31. desember 2018 hadde sekretariatet 12 tilsette – ti kvinner (83 prosent) og to menn (17 prosent). Sekretariatet har fastsett mål om å rekruttere fleire menn ved nytilsetjingar.

Sekretariatet har ikkje lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn.

Når sekretariatet lyser ut ledige stillingar, blir kvalifiserte kandidatar oppmoda om å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Per 31. desember 2018 hadde sekretariatet fire tilsette med minoritetsbakgrunn. Ingen tilsette hadde nedsett funksjonsevne.

Sekretariatet kan enkelt leggje tilhøva til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

For at Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet skal nå betre ut til grupper med framand språkbakgrunn, er viktig informasjon på nettsidene deira omsett til engelsk. Nettsidene er òg utforma slik at dei skal vere lette å lese for svaksynte.

5.11 Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond

Kvinnedelen er på 53,7 prosent i verksemda totalt i 2018. Delen kvinner i leiarstillingar er 46,2 prosent, og 60 prosent av den øvste leiinga er kvinner. I styret er 40 prosent kvinner (to av fem). Det vert lagt vekt på likestilling ved rekruttering og avlønning av leiarar og medarbeidarar i Opplysningsvesenets fond. Det er ikkje funne indikasjonar på systematisk forskjellshandsaming mellom kjønn ved lønnsfastsetjing eller lønnsutvikling.

5.12 Andre kommentarar til omtalen

Forbrukarrådet rapporterer i sin eigen årsrapport.

6 Fornye, forenkle og forbetre

Regjeringa vil fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor. Regjeringa vil byggje politikken sin på målet om mest mogleg effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Nedanfor er dei mest sentrale tiltaka for å fremje fornying, forenkling og forbetring på politikkområda til BFD.

Bufdir omorganiserte verksemda si i 2018 mellom anna for å gi direktoratet auka kraft i gjennomføring av digitalisering og tenesteutvikling. Vidare skal omorganiseringa styrkje arbeidet med å utvikle kunnskapsgrunnlag på fagområda til etaten. I samband med omorganiseringa går direktoratet òg gjennom styringsprosessane i verksemda. Dette omfattar både styringa av Bufetat og den interne styringa i direktoratet. Det har blitt færre årsverk i regionane i Bufetat dei siste åra. I 2018 hadde regionane 3 388 årsverk, ein nedgang frå 3 413 årsverk i 2017. Nedgangen kjem av mellom anna effektivisering av administrative funksjonar i eiga drift. Den nye organisasjonsmodellen, med endringar i leiing og organisering, skal òg styrkje den faglege styringa og redusere avvik.

Bufdir prioriterer arbeidet med digitale løysingar og IKT høgt. I 2020 vil Bufdir nytte innsikt og analyse til å utvikle løysingar og tenester vidare. Direktoratet vil ha eit auka fokus på gode, forenkla løysingar for brukarane, slik den digitale strategien til regjeringa legg opp til.

Prosjektet DigiBarnevern er eit samarbeid med kommunesektoren som vil bidra til eit digitalt løft for det kommunale barnevernet og tenestemottakarane. DigiBarnevern vil gi redusert tidsbruk, lågare kostnader og sikrare kommunikasjon i barnevernet enn det som er tilfellet i dag. Hausten 2020 er det planlagt å lansere ei digital løysing for private og offentlege personar som sender bekymringsmeldingar. I det barnevernsfaglege kvalitetssystemet skal det i 2020 utviklast ulike vurderings- og avgjerdstøttande verktøy for handsaming av undersøkingar. Sjå nærare omtale av prosjektet under programkategori 11.20.

I det langsiktige arbeidet med å betre kvaliteten og effektiviteten i måten Arbeids- og velferdsetaten forvaltar ytingar og ordningar på, står moderniseringa av IKT-systema i etaten heilt sentralt. NAV lanserte i 2019 ei ny løysing for søknad, innsyn i eiga sak og sakshandsaming av eingongsstønad og foreldrepengar. Dette blei levert til avtalt tid og avtalte kostnader. Brukarane er positive til dei nye sjølvbetenings- og dialogløysingane. Det er gjort nærare greie for IKT-moderningseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i Arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S (2019–2020) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Regjeringa nedsette 7. desember 2018 Barnelovutvalet, som skulle gjennomgå og modernisere barnelova, irekna å vurdere om bidragssystemet er utforma slik at det fremjar likestilt foreldreskap, og gjennomgå rettane til barn, særleg i eit internasjonalt perspektiv. På bakgrunn av Granavolden-plattforma er det gitt eit tillegg til mandatet om at utvalet òg skal vurdere sanksjonar ved hindring av samvær. Utvalet starta arbeidet sitt 1. mars 2019 og skal levere utgreiinga innan 1. september 2020.

Departementet har våren 2019 sendt eit forslag til ny barnevernslov på høyring. Målet er betre rettstryggleik og eit meir forståeleg, tidsriktig og brukarvennleg lovverk. Forslaget byggjer på NOU 2016: 16 Ny barnevernslov – sikring av barnets rett til omsorg og beskyttelse. Utvalet hadde som mål å gjennomføre ein språkleg, teknisk og strukturell gjennomgang av barnevernlova og vurdere korleis lova kunne gjerast enklare. Departementet vil arbeide vidare med forslaget til ny barnevernslov på bakgrunn av innspel frå høyringa.

Lovproposisjon med forslag til ny, felles lov for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn er sendt til Stortinget våren 2019. Denne erstattar fleire lover på feltet. Samling i éi lov vil bety ei vesentleg forenkling og skape meir heilskap og samanheng. Moderniseringa av lovgivinga er òg grunna i eit behov for fornying og forenkling av dei økonomiske støtteordningane for trus- og livssynssamfunn. Det er òg eit forenklingsarbeid som blir gjort i regi av Fylkesmennenes fellesadministrasjon i samarbeid med departementet for å forenkle registrering og oppfølging av samfunna.

Forbrukartilsynet fekk frå 1. januar 2018 utvida myndigheit til å gripe inn med vedtak og sanksjonar mot næringsdrivande som bryt marknadsføringslova og andre forbrukarvernlover. Marknadsrådet, som hovudsakleg handsamar saker om marknadsføring, blei frå same dato eit reint klageorgan for vedtaka frå tilsynet. Endringane har gjort det mogleg å gjere vedtak mot næringsdrivande som bryt lovverket, på ein raskare og meir effektiv måte.

For å forbetre og effektivisere verkemiddelapparatet på forbrukarområdet, har regjeringa vedteke at handsaminga av forbrukarklagar i Forbrukarrådet og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet frå 1. januar 2021 skal samlast i Forbrukartilsynet. Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet skal avviklast, og Forbrukarrådet skal reindyrkast som interesseorganisasjon. Omorganiseringa med bakgrunn er nærare omtalt i Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital.

7 FNs berekraftsmål

Noreg har slutta seg til arbeidet med FNs berekraftsmål. Dette rammeverket omfattar 17 mål og 169 delmål. FNs berekraftsmål er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, førebyggje ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn. I nasjonalbudsjettet for 2020 er det gitt ein samla omtale av alle berekraftsmåla. Det er òg omtale av dei ulike måla i budsjettproposisjonane til dei departementa som har koordineringsansvar for målet. Barne- og familiedepartementet har ikkje koordineringsansvar for mål, men bidreg til fleire av måla. Sjå omtale nedanfor.

FNs berekraftsmål nr. 1: utrydde alle former for fattigdom

Arbeidet i BFD mot barnefattigdom er knytt opp til FNs delmål 1.2. Landa skal «før 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar minst halvere prosentdelen kvinner, menn og barn i alle aldrar som lever i fattigdom». Låg inntekt heng for ein stor del saman med manglande eller for låg deltaking i arbeidsmarknaden. NOU 2017: 16 Offentlig støtte til barnefamiliene har peikt på auka yrkesdeltaking som det fremste tiltaket for å redusere barnefattigdom. Strategien Barn som lever i fattigdom (2015–2017) gjekk ut ved årsskiftet 2017–2018. Sjølv om strategiperioden er over, følgjer departementa opp innsatsen på ei rekkje av tiltaka frå strategien. Regjeringa skal fremme ein ny samarbeidsstrategi i 2020. Målet for strategien er å redusere ulikskap i høvet barn og ungdommar har til å delta og utvikle seg, og å førebyggje at levekårsulempene går i arv. Som ei oppfølging av strategien Barn som lever i fattigdom har kommunane, frivillige organisasjonar og staten gått saman om ein felles innsats, Fritidserklæringa. Målet er at alle barn, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra, skal kunne delta jamleg i ein organisert fritidsaktivitet. Vi viser til programkategori 11.10 Familie og oppvekst for meir omtale av arbeidet.

Sjå òg budsjettproposisjonen til Arbeids- og sosialdepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 1.

FNs berekraftsmål nr. 5: oppnå likestilling og styrkje stillinga til jenter og kvinner

Kulturministeren tok over ansvaret for koordinering av likestillingspolitikken til regjeringa, medrekna koordineringsansvaret for oppfølginga av FNs berekraftsmål nr. 5, frå 22. januar 2019.

Delmål 5.2 handlar om å avskaffe alle former for vald mot jenter og kvinner. Regjeringa prioriterer arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og seksuelle overgrep, mellom anna gjennom oppfølging av fleire handlingsplanar på feltet. BFD koordinerer Opptrappingsplan mot vold og overgrep 2017–2021, jf. Prop. 12 S (2016–2017). Planen skal medverke til å redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep. Arbeidet med å følgje opp tiltaka i planen har høg prioritet. BFD, Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet samarbeider om å følgje opp opptrappingsplanen. Sjå nærare omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar i 2020. Sjå òg budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp delmål 5.2.

I 2019 rapporterer Noreg for fyrste gong på konvensjonen frå Europarådet om vern av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk (Lanzarote-konvensjonen). I 2020 skal Noreg rapportere på konvensjonen frå Europarådet om førebygging og kamp mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar (Istanbul-konvensjonen).

Delmål 5.3 om å «avskaffe all skadeleg praksis, til dømes barneekteskap, tidlege ekteskap, tvangsekteskap og kvinneleg omskjering» blir mellom anna følgt opp gjennom reguleringa i ekteskapslova. Departementet greier ut ekteskapslova § 18 a om barneekteskap og bigamiske ekteskap inngått i utlandet, med sikte på eventuelle lovendringar. Sjå òg budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp delmål 5.3.

Noreg har ei god og fleksibel foreldrepengeordning som er med på å «fremje delt ansvar i hushaldet og familien», jf. delmål 5.4. Regjeringa har innført tredeling av foreldrepengeperioden etter fødsel: Éin del er reservert mor, éin del er reservert far, og den siste delen kan delast mellom foreldra. Føremålet med tredelinga er å bidra til auka likestilling heime og i arbeidslivet. Vi viser til programkategori 28.50 for meir omtale av stønad ved fødsel og adopsjon.

Sjå òg budsjettproposisjonen til Kulturdepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 5.

FNs berekraftsmål nr. 12: sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Delmål 12.3 går ut på at delen matsvinn per innbyggjar, både i detaljhandelen og blant forbrukarane, skal halverast. Etter delmålet skal òg svinn i produksjons- og forsyningskjeda reduserast.

Det blei i 2017 inngått ein bransjeavtale mellom dåverande BLD, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og dei største bransjeorganisasjonane i matbransjen om å redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat med 50 prosent innan 2030. Etter at avtalen blei inngått, har enkeltbedrifter underskrive eigne tilslutningsavtalar til bransjeavtalen. Per mars 2019 var til saman 84 bedrifter tilslutta avtalen. Gjennom bransjeavtalen vil BFD halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere matsvinnet.

Departementet har i 2018 og 2019 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD går til forbrukarretta tiltak. Departementet har òg i 2018 gitt Forbruksforskingsinstituttet SIFO eit oppdrag med å kartleggje forskinga på kunnskap om matsvinn på forbrukarleddet.

Sjå òg budsjettproposisjonen til Klima- og miljødepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 12.

FNs berekraftsmål nr. 16: fremje fredelege og inkluderande samfunn med sikte på berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvesen for alle og byggje godt fungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå

Delmål 16.1 handlar om å «oppnå ein monaleg reduksjon i alle former for vald og valdsrelaterte dødsfall», og delmål 16.2 handlar om å «stanse overgrep, utnytting og menneskehandel og alle former for vald mot og tortur av barn». Delmål 8.7 handlar og om å få slutt på menneskehandel.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) over melde lovbrot i 2017 viser at det er stadig fleire melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot mot barn. Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) har på oppdrag frå BFD gjennomført ei nasjonal ungdomsundersøking om erfaringar med vald og overgrep. Resultata frå denne vil vere klare hausten 2019 og gi viktig ny informasjon om omfanget av vald og overgrep mot barn.

BFD koordinerer arbeidet med å følgje opp opptrappingsplanen mot vald og seksuelle overgrep (2017–2021). Planen har særleg vekt på barn. Sjå nærare omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Barnevernet har eit viktig ansvar for barn som kan vere utsette for menneskehandel i Noreg. Barnevernlova blei endra i 2012 for å gi betre vern og omsorg til barn som ein mistenkjer er utsette for menneskehandel. Barn som ein mistenkjer er utsette for menneskehandel, kan plasserast på barnevernsinstitusjon utan samtykke frå foreldra. Føremålet er å verne barnet mot utnyttaren. Barnevernet, politiet, utlendingsstyresmaktene og andre hjelpetenester har ansvar for å sikre at mindreårige som er utsette for menneskehandel, bli tekne hand om på ein forsvarleg måte. Det er utarbeidd eit eige rundskriv om vern av barn som er utsette for menneskehandel. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet med å følgje opp handlingsplanen mot menneskehandel, som blei lagd fram hausten 2016. Tiltak i denne blir følgde opp frå sektorstyresmaktene. Kompetanseheving i barnevernet er ein del av handlingsplanen.

Sjå òg omtale i budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet for korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 16.

8 Klima og miljøprofil

8.1 Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet

Alt forbruk har direkte eller indirekte konsekvensar for miljø og klima. Dei siste tiåra har det samla forbruket til norske hushald auka monaleg.

Det er eit mål at forbrukarane skal kunne gjere medvitne val i marknadene dei handlar i. Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester kan gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som gir mindre belasting på miljøet og ressursane. Gjennom etterspørsel av slike produkt kan forbrukarar påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

BFD arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking).

I 2018 var det ein solid auke i talet på svanemerkte produkt på den norske marknaden, frå 18 400 ved utgangen av 2017 til 23 998 ved utgangen av 2018. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav.

Utvalet av svanemerkte produkt auka innanfor mange produktgrupper i 2018. Størst auke var det for tonarkassettar, kopi- og trykkpapir, golv, tekstilar, møblar, kjemiske byggprodukt og innandørs måling og lakk. BFD er nøgd med utviklinga der forbrukarane får fleire miljøtilpassa produkt å velje blant.

Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BFD vidareførte i 2018 arbeid med å fremje undervising i forbrukaremne som òg tok opp spørsmål knytte til dette.

Det er tverrpolitisk semje om å arbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Den største delen av svinnet (om lag 60 prosent) kjem frå private hushald. I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale om matsvinn mellom styresmaktene og dei største organisasjonane i matbransjen. Per mars 2019 hadde 84 enkeltbedrifter underskrive eigne tilslutningsavtalar til bransjeavtalen.

BFD deltek i arbeidet og støttar opp om forbrukarretta tiltak.

I juni 2019 la BFD fram Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar –grøn, smart og digital. Berekraftig forbruk er eit av temaa i meldinga.

8.2 Mål for det vidare arbeidet på forbrukarområdet

BFD vil føre vidare arbeidet for å gjere det enkelt for forbrukarar å gjere miljømedvitne val. Miljømerka Svana og EU Ecolabel er blant dei fremste verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking, som forvaltar desse ordningane i Noreg, skal arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis aukar.

BFD vil i 2020 arbeide vidare med å redusere matsvinnet i samfunnet gjennom bransjeavtalen om matsvinn.

Departementet vil i 2020 òg arbeide vidare med å fremje undervising i forbrukaremne, medrekna undervising om berekraftig forbruk og berekraftig utvikling.

8.3 Kyrkjebygg og gravplassar

Kyrkjebygga og gravplassane er ein del av Noregs kulturarv. Dei skal forvaltast med respekt for det føremålet dei skal tene, og i samsvar med den kulturhistoriske rolla si, sjå nærare omtale under programkategori 11.50.

Storparten av Den norske kyrkja sine 1 600 kyrkjer er eldre bygg, som har høge kostnader til oppvarming. KA – Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter arbeider saman med Riksantikvaren for å finne nye varmesystem som kan gi både energisparing og eit betre bevaringsmiljø for bygg og interiør. Det er òg etablert regionale energinettverk for kyrkjebygga for å auke kompetansen på området.

8.4 Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond (Ovf) eig og forvaltar ein stor eigedoms- og bygningsmasse. Fondet er i dag òg ein av dei største skogeigarane i landet. Omsynet til klima og miljø er viktig i den finansielle og praktiske forvaltinga av Ovf. Dette gjeld alt frå korleis skogbruket blir forvalta, til kva for fond og næringar det blir investert i.

9 Forsking og utvikling

Kunnskap frå forsking er eit viktig grunnlag for å utvikle politikk og lovverk og for å utvikle tiltak og tenester slik at barn, unge og familiar som treng det, kan få betre hjelp. Budsjettmidlane departementet har til rådvelde til forsking og utvikling, skal nyttast slik at dei best mogleg bidreg til å vareta BFDs sektoransvar for forsking.

I oktober 2018 la regjeringa fram Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Langtidsplanen inneheld tiårige mål og prioriteringar og tre opptrappingsplanar for perioden 2019–2022. For nærare omtale av forslaget frå regjeringa til oppfølging av langtidsplanen i 2020 og den samla FoU-innsatsen, sjå Prop. 1 S (2019–2020) for Kunnskapsdepartementet. Langtidsplanen for forskning og høyere utdanning 2019–2028 gir, saman med forskingsstrategien til departementet, eit viktig grunnlag for forskingsinnsatsen til departementet.

BFD har sett desse måla for forskingsarbeidet sitt:

  • langsiktig og målretta oppbygging av kunnskap

  • høg kvalitet

  • eit godt grunnlag for politikkutvikling og forvalting

I dette ligg ein ambisjon om ei strategisk oppbygging av kunnskapsgrunnlaget på områda innanfor departementet sitt ansvar. Forskingsrådet har vurdert BFDs sektor til å vere forskingssvak, og det er behov for ei langsiktig og målretta styrking av forskingsaktiviteten.

Å byggje forskingskunnskap krev ofte langsiktige investeringar i større prosjekt. Det vil samtidig vere eit kontinuerleg behov for å utvikle kunnskapsgrunnlaget på områda til departementet. Mange av ansvarsområda må sjåast i samanheng med ansvaret som ligg i andre departement. For å vareta måla departementet sjølv har sett seg på forskingsområdet, og for å byggje opp den sektorovergripande forskingskunnskapen om utsette barn og unge, blei det sett i gang ein strategi kalla BarnUnge21 i 2019. Strategien skal leggje grunnlaget for ein målretta, heilskapleg og sektorovergripande nasjonal innsats for forsking, utvikling og innovasjon for utsette barn og unge. Strategien skal bidra til eit godt grunnlag for prioriteringane som regjeringa skal gjere framover, med mål om at færre barn og unge skal falle utanfor gjennom livsløpet. Departementet har forventingar til at strategien vil gi eit godt grunnlag for vidare politikkutvikling og forvalting. Strategien skal vere eit vesentleg bidrag i kunnskapsoppbygginga på feltet.

Departementet vil i 2020 styrkje forskingsinnsatsen om effekten av førebyggjande arbeid og ulike teneste sitt arbeid og tiltak retta mot barn, unge og familiar på området til BFD. Betre kunnskap vil bidra til betre tenester, meir målretta tiltak og meir effektiv offentleg ressursbruk, noko som igjen vil styrkje oppvekst- og levekåra for barn og unge.

I forskingsstrategien til departementet er det peikt på behovet for ein god dialog med Forskingsrådet. Tilsvarande er det naudsynt med ein god dialog med Bufdir. På kvart sitt vis forvaltar dei ein stor del av forskingsmidlane til departementet.

Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Regjeringa har fastsett fem mål for Forskingsrådet. Måla er:

  • auka vitenskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit styringssystem for departementa si styring av Forskingsrådet. Samla måloppnåing for verksemda til Forskingsrådet i 2018 er omtalt i Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon for 2020.

BFD har gjennom ei rekkje år gitt midlar til to program i regi av Forskingsrådet: Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL) og Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM I og II). Dette vil halde fram i 2020. Midlane har bidrege til tverrsektoriell forsking som er viktig for å utvikle kunnskapsgrunnlaget om barn, familiar og familieliv, og forsking om velferdstenestene. Til dømes har Frischsenteret i 2019 blitt tildelt 15 mill. kroner gjennom HELSEVEL til ein registerstudie der ein undersøkjer effekten av intervensjonane til barnevernet. Prosjektet held fram til 2023.

Departementet har vidare starta eit arbeid i samarbeid med Bufdir for å få kartlagt kunnskapshòl, viktige utfordringar og relevante forskingsmiljø på områda til departementet. Dette skal gi grunnlag for ei meir systematisk og langsiktig forvalting av arbeidet med forsking og utvikling. Bufdir har utvikla ein kunnskapsstrategi for perioden 2019–2021. Strategien tek utgangspunkt i forskingsstrategien til departementet og identifiserte utfordringar på området. Strategien har som mål at kunnskapen skal vere relevant og lett å bruke for brukarane, for dei som skal ta viktige avgjerder, i utdanningssektoren, på praksisfeltet og i ålmenta. Eit sentralt mål er at målretta og langsiktig kunnskapsoppbygging skal liggje til grunn for praksis- og politikkutvikling.

Bufdir har halde fram arbeidet med å utvikle indikatorar og gjere statistikk tilgjengeleg på ein brukarvennleg måte, til dømes gjennom kommunemonitorar for barnefattigdom og barnevern. Indikatorane gir kommunar, forskingsmiljø og andre interesserte eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag, til dømes for politiske avgjerder og utvikling av tenester.

Departementet gir òg midlar til ei rekkje kunnskaps- og kompetansemiljø som bidreg til kunnskapsutviklinga på departementsområda, mellom anna gjennom å auke kvaliteten på tenestene og gi tenestestøtte. Dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge og regionsenter for barn og unge si psykiske helse har forskingsaktivitetar og driv tenestestøtte, formidling og kompetanseheving. Mellom anna leier Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, Nord (RKBU Nord) ein femårig studie med føremål å identifisere kva som skal til for å sikre god kvalitet i meldings- og undersøkingsarbeidet i barnevernet. Studien vil bli sluttført i 2020.

Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) arbeider for at barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, familiane deira og skular, skal få hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. NUBU er mellom anna i ferd med å vidareutvikle og evaluere modellen TIBIR (Tidleg innsats for barn i risiko). NUBU fekk i 2018 midlar frå Noregs forskingsråd til det longitudinelle forskingsprosjektet Barns sosiale utvikling, om korleis sosioøkonomisk status og andre faktorar påverkar utviklinga til barn frå spedbarnsalder til ungdomstrinnet.

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) skal bidra til å auke kunnskapen og styrkje kompetansen om menneske som har vore utsette for vald og overgrep. Mellom anna har NKVTS gjennomført ei nasjonal skulebasert undersøking blant ungdom mellom 12 og 16 år for å kartleggje omfang av vald, seksuelle overgrep, psykisk vald og omsorgssvikt. Dei kartlegg òg om ungdommane har søkt hjelp, og korleis dei har blitt møtte av tenestene. Resultata frå undersøkinga vil liggje føre hausten 2019.

BFD har òg eit overordna ansvar for forsking og utvikling i forbrukarsektoren. Målet er å ha eit solid kunnskapsgrunnlag om utfordringane norske forbrukarar møter, som grunnlag for utforminga av politikken. Forbruksforskingsinstituttet SIFO har ei sentral rolle i forbruksforskinga. SIFO var fram til 2015 eit forvaltingsorgan underlagt BFD, men er no eit av fleire forskingsinstitutt under OsloMet – storbyuniversitetet. SIFO tek framleis imot midlar frå BFD til konkrete forvaltingsrelaterte forskingsoppgåver. Målet med forskingsoppdraga er å kaste lys over sentrale problemstillingar i prioriterte saker og å setje nye tema på dagsordenen. BFD hentar òg inn kunnskap om forbruk og forbrukarutfordringar frå Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet, EU-kommisjonen og Statistisk sentralbyrå. For at departementet skal få eit godt og meir heilskapleg kunnskapsgrunnlag som utgangspunkt for utvikling av forbrukarpolitikk, vil eit utvida Forbrukartilsyn på sikt få eit særleg ansvar for kunnskapsgrunnlaget i sektoren.

10 Oversikt – opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Tabellen under gir ei oversikt over tiltaka i opptrappingsplanen mot vald og overgrep, ansvarleg departement og status, jf. omtale av opptrappingsplanen under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Det blir rapportert om dei ulike tiltaka i dei årlege budsjettproposisjonane til departementa som er ansvarlege for tiltak i planen, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Tabell 10.1 Status for tiltak i Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) per 1. juni 2019

Ansvarleg departement

Tiltak

Status

Alle

  • 1. Gjennomgå etablerte strukturar og system for å vurdere korleis dei betre kan vareta arbeidet mot vald og overgrep

  • Byrja

  • Alle

  • 2. Sørgje for at vald og overgrep blir teke inn i samfunnsoppdraget til dei relevante underliggjande etatane

  • Byrja

  • BFD

  • 3. I samband med struktur- og kvalitetsreforma i barnevernet leggje fram ein lovproposisjon som klargjer forventingane til det førebyggjande arbeidet i kommunane

  • Ferdig

  • KD

  • 4. Gjere rammeplanen for innhald og oppgåver i barnehagen tydelegare når det gjeld arbeidet mot omsorgssvikt, vald og overgrep

  • Ferdig

  • BFD

  • 5. Greie ut endringar i krisesenterlova med sikte på å klargjere kva ansvar kommunane har når det gjeld å førebyggje vald og overgrep

  • Byrja

  • HOD

  • 6. Gjere det tydelegare i spesialisthelsetenestelova, helse- og omsorgstenestelova og tannhelsetenestelova kva ansvar dei regionale helseføretaka, kommunane og fylkeskommunane, inkludert leiinga, har for å bidra til at vald og seksuelle overgrep blir førebygd, avdekt og avverja ved yting av helse- og omsorgstenester

  • Ferdig

  • JD/Alle

  • 7. Bidra til at kommunar utarbeider kommunale eller interkommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar

  • Byrja

  • JD

  • 8. Vurdere behovet for å utvide føresegn om avverjeplikta

  • Byrja

  • HOD

  • 9. Sørgje for at RVTS-ane (Regionale sentre for vald og traumatisk stess) i større grad bidreg til lokalt og regionalt samarbeid og samordning av valdsarbeidet

  • Byrja

  • Alle

  • 10. Bidra til systematisk samarbeid mellom relevante tenester, til dømes konsultasjonsteam

  • Byrja

  • KUD

  • 11. Prøve ut ein modell for handtering av vald og overgrep mot sårbare vaksne, TryggEst

  • Byrja

  • BFD/JD

  • 12. Styrkje samarbeidet mellom politi og barnevern

  • Byrja

  • BFD/HOD

  • 13. Styrkje samarbeidet mellom familieverntenesta og helsestasjonane

  • Byrja

  • BFD

  • 14. Klargjere og forenkle avgjerda om opplysingsplikt til barnevernet

  • Ferdig

  • KD

  • 15. Vurdere korleis tema som er knytte til vald, kan inkluderast i 0–24-samarbeidet

  • Byrja

  • JD

  • 16. Føre vidare årleg tiltakspakke for å førebyggje vald i nære relasjonar

  • Byrja

  • HOD

  • 17. Utarbeide indikatorar for vald og overgrep slik at kommunane kan følgje med på utviklinga og setje i verk førebyggjande tiltak

  • Byrja

  • HOD

  • 18. Avklare korleis Folkehelseinstituttet kan vareta temaet vald og overgrep

  • Byrja

  • HOD

  • 19. Gjere det tydelegare kva ansvar RVTS-ane har for å hjelpe kommunal sektor i å førebyggje vald og overgrep

  • Byrja

  • HOD

  • 20. Sikre at jordmødrer ved alle fødeavdelingar informerer foreldre om risikoen ved å riste spedbarn

  • Ikkje byrja

  • HOD

  • 21. Revidere forskrift om helsestasjons- og skulehelsetenesta med tydeleggjering av ansvar for å førebyggje, avdekkje og avverje vald og overgrep

  • Ferdig

  • HOD

  • 22. Styrkje satsinga på helsestasjons- og skulehelsetenestene

  • Byrja

  • BFD

  • 23. Utvikle ein nasjonal strategi for foreldrestøttande tiltak

  • Ferdig

  • BFD

  • 24. Styrkje tilskot til kommunar til foreldrestøttande tiltak

  • Ferdig

  • BFD/HOD

  • 25. Utvide programmet Nurse Family Partnership dersom evalueringa viser gode resultat

  • Byrja

  • BFD

  • 26. Greie ut ei lovfesting av det førebyggjande arbeidet til familieverntenesta

  • Byrja

  • BFD

  • 27. Revidere Veileder for utarbeidelse av plan for krisehåndtering. Mistanke om ansattes seksuelle overgrep mot barn

  • Ikkje byrja

  • BFD

  • 28. Utvikle digitalt informasjonsmateriell om vald og overgrep til bruk i barnehage og skule

  • Ferdig

  • KD

  • 29. Styrkje innsatsen mot mobbing og digitale krenkingar

  • Byrja

  • JD

  • 30. Gjennomføre dialoggrupper mot vald i asylmottak

  • Ferdig

  • JD

  • 31. Gjennomføre opplæring for bebuarar i mottak om temaa vald i nære relasjonar, vald og overgrep mot barn og unge, og seksuell helse

  • Ferdig

  • JD

  • 32. Styrkje den barnefaglege kompetansen i mottak

  • Ferdig

  • Alle

  • 33. Sørgje for informasjon om nettrelaterte overgrep og opprette ein nettressurs med eigne nettkurs for foreldre, barn og profesjonelle aktørar

  • Byrja

  • KD

  • 34. Gjere barnehagane og skulane betre i stand til å informere barn og foreldre om nettvett og korleis ein kan avverje Internett-relaterte overgrep

  • Byrja

  • BFD

  • 35. Styrkje tematikken om Internett-relaterte overgrep i foreldrestøttande tiltak

  • Ferdig

  • BFD

  • 36. Greie ut korleis krav til politiattest kan omfatte yrkesgrupper som er i kontakt med barn, men som ikkje fell inn under særlovgivinga

  • Ferdig

  • BFD /Alle

  • 37. Utvikle ein felles nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep

  • Byrja

  • KD

  • 38. Fremje forslag om ein felles rammeplan for dei helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningane der kunnskap om vald og overgrep er blant dei temaa som skal inngå

  • Ferdig

  • BFD

  • 39. Styrkje kompetansen om vald og overgrep i familievernet

  • Byrja

  • BFD

  • 40. Styrkje kompetansen om vald og overgrep i barnevernet

  • Byrja

  • JD

  • 41. Styrkje kompetansen om vald og overgrep i politiet og domstolane

  • Byrja

  • KD

  • 42. Styrkje kompetansen om vald og overgrep blant tilsette i barnehagar og i skular

  • Byrja

  • KD/JD

  • 43. Styrkje kompetansen om vald og overgrep blant tilsette i asylmottak og tilsette i kommunane som arbeider med integrering og kvalifisering av flyktningar og innvandrarar

  • Byrja

  • HOD

  • 44. Styrkje kompetansen om vald og overgrep i helse- og omsorgstenesta

  • Byrja

  • BFD/HOD

  • 45. Utvikle eit nasjonalt opplæringsprogram for kommunane i å samtale med barn og unge om vald og overgrep

  • Ferdig

  • Alle

  • 46. Gi betre informasjon om vald og overgrep til befolkninga generelt og til særskilde grupper

  • Byrja

  • Alle

  • 47. Greie ut vidare forskingsbehov og utarbeide ein plan for meir forsking på vald i nære relasjonar generelt og vald og overgrep mot barn, eldre og sårbare grupper spesielt

  • Byrja

  • JD

  • 48. Føre vidare forskingsprogrammet om vald i nære relasjonar utover den noverande femårsperioden (2014–2019)

  • Byrja

  • HOD

  • 49. Styrkje forsking på vald og overgrep gjennom HELSEVEL-programmet til Forskingsrådet

  • Byrja

  • Alle

  • 50. Bidra til meir kunnskap om vald og overgrep i samiske område

  • Byrja

  • Alle

  • 51. Bidra til meir kunnskap om vald og overgrep i befolkninga med innvandrarbakgrunn

  • Byrja

  • JD

  • 52. Gjennomføre ei ny omfangsundersøking om vald i nære relasjonar som ein del av forskingsprogrammet om vald i nære relasjonar

  • Byrja

  • HOD

  • 53. Vurdere regulering av høvet barn har til å delta i forsking om sensitive tema

  • Ferdig

  • JD

  • 54. Auke kunnskapen om Internett-bruken blant norske barn ved å delta i internasjonal datainnsamling om risiko og tryggleik for barn på Internett (EU-Kids Online-undersøkinga 2017), og sørgje for forsking på og analysar av tematikken ved hjelp av relevante FoU-miljø

  • Byrja

  • Alle

  • 55. Leggje til rette for at ny forskingsbasert kunnskap om Internett-bruken blant barn blir nytta i relevant politikkutvikling

  • Byrja

  • Alle

  • 56. Føre vidare arbeidet med å betre statistikkgrunnlaget på valds- og overgrepsfeltet

  • Byrja

  • BFD

  • 57. Utarbeide faglege tilrådingar om kvaliteten og innhaldet i krisesentertilbodet, inkludert tilbodet til barn

  • Ferdig

  • BFD

  • 58. Vidareutvikle krisesentertilbodet for utsette grupper

  • Byrja

  • HOD

  • 59. Vurdere korleis samarbeidet mellom helse- og omsorgstenesta og krisesentera fungerer og kan betrast

  • Ikkje byrja

  • BFD

  • 60. Evaluere sentera mot incest og seksuelle overgrep

  • Ferdig

  • BFD

  • 61. Fortsette å støtte Stine Sofie Senteret

  • Ferdig

  • HOD

  • 62. Utarbeide eit kunnskapsgrunnlag for behandling og greie ut forløp for valdsutsette og for valdsutøvarar

  • Byrja

  • HOD

  • 63. Innføre kompetansekrav i lov om kommunale helse- og omsorgstenester, mellom anna ved krav til at kommunen må ha knytt til seg psykolog, lege, jordmor, helsesøster og fysioterapeut

  • Ferdig

  • HOD

  • 64. Styrkje dei kommunale tenestetilboda gjennom auka psykologkompetanse og helsestasjonsverksemd

  • Byrja

  • HOD

  • 65. Leggje til rette for eit meir teambasert helsetenestetilbod

  • Byrja

  • HOD

  • 66. Vurdere effekten av integrert rus- og valdsbehandling og vurdere korleis brukarar ser på arbeid med valds- og traumeerfaringar i rusbehandling

  • Byrja

  • HOD

  • 67. Styrkje behandlingstilbodet for menneske med utfordringar når det gjeld rus og/eller psykisk helse. Dette inkluderer òg menneske med traumeerfaringar.

  • Byrja

  • HOD

  • 68. Utvikle verktøy for å kartleggje valdsrisiko

  • Byrja

  • HOD

  • 69. Sikre at valds- og overgrepserfaringar inngår i arbeidet med pakkeforløp for psykisk helse og rus, ved utgreiing, tiltak og behandling

  • Byrja

  • BFD

  • 70. Sørgje for at barn og unge ved barnevernsinstitusjonar som slit med traume, blir oppdaga og får naudsynt helsehjelp

  • Byrja

  • HOD

  • 71. Betre behandlingstilbodet til unge overgriparar og føre vidare arbeidet med å spreie gode behandlingsmetodar

  • Byrja

  • HOD

  • 72. Vurdere å etablere eit nasjonalt klinisk nettverk for behandling av barn og unge med seksuelle åtferdsproblem

  • Ferdig

  • HOD

  • 73. Føre vidare arbeidet med å utvikle behandlingstilbod for personar som er dømde for å ha utført seksuelle overgrep

  • Byrja

  • BFD

  • 74. Styrkje tilbodet frå familievernet til familiar der det blir utøvd vald, og styrkje samarbeidet mellom familievernet og Alternativ til Vold (ATV)

  • Byrja

  • KD/Alle

  • 75. Bidra til at fleire kommunale tenester og statlege etatar etablerer bestillingssystem og rutinar som kan auke bruken av kvalifisert tolk i tenesteytinga

  • Byrja

  • JD

  • 76. Opprette offeromsorgskontor som er knytte til politiet, i dei tolv politidistrikta i landet

  • Ferdig

  • JD

  • 77. Sørgje for at det i alle politidistrikta blir etablert eigne fagmiljø for nedkjemping av kriminalitet innanfor vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep

  • Ferdig

  • JD

  • 78. Evaluere prøveprosjektet SARA for barn med tanke på å spreie verktøyet til alle politidistrikta

  • Ferdig

  • JD

  • 79. Evaluere besøksforbodet, inkludert korleis politiet følgjer opp brot på besøksforbod

  • Ferdig

  • JD

  • 80. Etablere retningslinjer for korleis politiet skal samarbeide med andre tenester ved bruk av omvend valdsalarm

  • Byrja

  • JD

  • 81. Etablere retningslinjer for korleis politiet skal bruke kode 6 (strengt fortruleg adresse), inkludert korleis dei skal samarbeide med andre tenester

  • Ferdig

  • JD

  • 82. Setje ned ei gruppe / ein kommisjon som skal gå gjennom eit utval av partnardrapssaker

  • Byrja

  • JD

  • 83. Styrkje kapasiteten og kompetansen ved Statens barnehus og ved etterforsking av vald og overgrepssaker mot barn

  • Ferdig

  • JD

  • 84. Utarbeide nasjonale retningslinjer for Statens barnehus

  • Ferdig

  • HOD

  • 85. Utarbeide retningslinjer for medisinske undersøkingar / tannhelseundersøkingar ved Statens barnehus

  • Ferdig

  • HOD

  • 86. Gå gjennom betalingspraksisen for medisinske undersøkingar ved barnehusa for å sikre likskap mellom barnehusa

  • Ferdig

  • JD

  • 87. Greie ut om avhøyr av barn og unge under 16 år som er mistenkte for seksuelle overgrep, skal gjennomførast ved Statens barnehus

  • Byrja

  • BFD

  • 88. Greie ut ei lovendring med sikte på å endre foreldreretten og samværsretten til barn der far/stefar eller mor/stemor har blitt dømd for alvorlege overgrep mot eigne barn eller stebarn

Ferdig

11 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder

11.1 Forbrukarrådet

Tabell 11.1 Utgifter og inntekter etter art – Forbrukarrådet

Utgifter/inntekter

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2016

2017

2018

2019

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

95 724 321

95 882 695

105 591 155

117 012 000

Varer og tenester

50 019 324

52 407 238

53 504 638

55 623 000

Sum driftsutgifter

145 743 644

148 289 933

159 095 794

172 635 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald1

7 778 336

5 762 393

–10 686 015

–500 000

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

7 778 336

5 762 393

–10 686 015

–500 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Andre utbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

9 413

1 828

5 524

25 000

Sum finansielle aktivitetar

9 413

1 828

5 524

25 000

Sum utgifter

153 531 394

154 054 154

148 415 302

172 160 000

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

0

0

0

0

Sum driftsinntekter

0

0

0

0

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

152 067 171

152 809 252

143 044 051

169 660 000

Andre innbetalingar

1 420 938

2 265 484

4 022 477

2 500 000

Sum overføringar til verksemda

153 488 109

155 074 735

147 066 528

172 160 000

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum inntekter

153 488 109

155 074 735

147 066 528

172 160 000

Netto endring i kontantbehaldninga

–43 285

1 020 582

–1 348 774

0

Tabell 11.2 Inntekt etter inntektskjelde – Forbrukarrådet

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2016

2017

2018

2019

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

151 321 318

152 434 592

142 794 051

169 260 000

Løyvingar frå andre departement

37 500

37 500

250 000

400 000

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

151 358 818

152 472 092

143 044 051

169 660 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

2 122 636

1 945 644

1 826 180

2 500 000

Sum bidrag

2 122 636

1 945 644

1 826 180

2 500 000

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre inntekter

6 655

656 999

2 196 298

0

Sum oppdragsinntekter mv.

6 655

656 999

2 196 298

0

Sum inntekter

153 488 109

155 074 735

147 066 528

172 160 000

Tabell 11.3 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av kva føremål kontantbehaldninga skal nyttast til – Forbrukarrådet

Balansedag 31. desember

2016

2017

2018

Endring

Beløp i NOK

2017–2018

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

39 417 593

40 438 492

39 152 867

–1 285 625

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

118 655

118 338

55 189

63 148

Sum kontantar og kontantekvivalentar

39 536 248

40 556 830

39 208 056

–1 348 774

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

8 565 309

9 379 774

8 629 651

–750 124

Skattetrekk og offentlege avgifter

6 897 675

7 041 122

7 611 713

570 591

Gjeld til leverandørar

5 225 252

7 193 434

7 331 189

137 755

Gjeld til oppdragsgivarar

–45 340

540 000

–66 667

473 333

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

3 348 578

2 919 956

5 130 154

2 210 198

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

23 991 474

25 994 286

28 636 039

2 641 753

Avsetjing til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre føremål / ikkje spesifiserte føremål

72 377

72 377

0

–72 377

Fri verksemdskapital

15 472 398

14 490 168

10 572 018

–3 918 149

Sum andre avsetjingar

15 544 775

14 562 545

10 572 018

–3 990 526

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

–1

–1

–1

0

Sum langsiktig gjeld

–1

–1

–1

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

39 536 248

40 556 830

39 208 056

–1 348 774

11.2 Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond (Ovf)

Tabell 11.4 Utgifter og inntekter etter art – Ovf

(i 1 000 kr)

Utgifter/inntekter

Rekneskap 2017

Rekneskap 2018

Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

64 308

67 856

Varer og tenester

22 009

23 360

Sum driftsutgifter

86 317

91 216

Investeringsutgifter

Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald

0

0

Sum investeringsutgifter

0

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

Andre utbetalingar

0

0

Sum overføringsutgifter

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp og sal av aksjar og eigardelar

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

Sum utgifter

86 317

91 216

Tabell 11.5 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember, med spesifikasjon av kva føremål kontantbehaldninga skal nyttast til – Ovf

(i 1 000 kr)

Rekneskapspost

Rekneskap 2017

Rekneskap 2018

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Norges Bank

9 047

11 822

Behaldning på andre bankkonti, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar

0

0

Sum kontantbehaldning

9 047

11 822

Avsetjingar til dekking av kostnader med forfall i neste budsjettår:

Feriepengar m.m.

–5 448

–5 452

Skattetrekk og offentlege avgifter

–5045

–6 102

Gjeld til leverandørar

–959

–1 156

Gjeld til oppdragsgivarar

0

0

Anna netto gjeld/fordring med forfall i neste budsjettår

2 405

886

Sum til dekking av kostnader med forfall i neste budsjettår

–9 047

–11 822

Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

Større fleirårige investeringsprosjekt som er starta opp

finansierte av grunnløyving frå fagdepartementet

0

0

Konkrete igangsette, ikkje fullførte prosjekt

finansierte av grunnløyving frå fagdepartementet

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne, ikkje igangsette føremål

0

0

Konkrete igangsette, ikkje fullførte prosjekt

finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre føremål / ikkje spesifiserte føremål

0

0

Fri kapital for verksemda

0

0

Sum andre avsetjingar

0

0

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

Sum langsiktig gjeld (netto)

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

–9 047

–11 802

Til forsida av dokumentet