Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 20–51, 1600–1650 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4670, 5341, 5351, 5605, 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 3
Andre saker

6 Likestilling og mangfald

Nedanfor kjem ei oversikt over stoda i arbeidet med likestilling og mangfald på Finansdepartementets område, jf. likestillingslova § 1 bokstav a. Som nemnt i pkt. 1.1 i del I omfattar denne proposisjonen av praktiske grunnar òg programkategori 00.30 Regjering, som Statsministerens kontor har ansvaret for. Difor er likestillingsstoda for denne programkategorien òg teken med.

Budsjettkapitla på området til Finansdepartementet gjeld for det aller meste administrasjon og statens gjeld og krav. Disponeringa av desse løyvingane har lite å seie for kjønns- og likestillingstilhøve. Departementet sitt arbeid med til dømes skatte-, avgifts- og pensjonsspørsmål har i nokre tilfelle følgjer for likestillinga. Det same gjeld personalpolitikken til departementet og dei underliggjande etatane.

6.1 Finansdepartementet

Kvinner utgjorde 45 pst. av dei tilsette ved utgangen av 2018. Blant leiarane var talet 35 pst. Av seniorsaksbehandlarane var 41 pst. kvinner, og av juniorsaksbehandlarane var 56 pst. kvinner. 49 pst. av juristane og 39 pst. av økonomane var kvinner.

Det følgjer av tilsettingspolitikken at Finansdepartementet skal leggje til rette for at tilsette med varig eller mellombels nedsett funksjonsevne kan bruke kompetansen sin og røynsla si.

Ved utgangen av 2018 hadde om lag 5 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn. Talet på søkjarar med innvandrarbakgrunn var 13 pst. i 2018.

Sjukefråværet har vore lågt i mange år. Samla legemeldt sjukefråværet var 2,5 pst. – 3,1 pst for kvinner og 1,9 pst for menn.

6.2 Etatane under Finansdepartementet

6.2.1 Likestilling

Tabellen under gjev ei oversikt over prosentdelen kvinner og prosentdelen kvinnelege leiarar ved utgangen av 2018 i verksemdene under Finansdepartementet. Tal i parentes er frå 2017.

Tabell 6.1 Likestilling mellom kjønna

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Tilsette

6 509 (6 650)

1 614 (1 654)

848 (854)

457 (433)

302 (268)

Prosentdelar:

Kvinner i etaten

62 (62)

47 (46)

49 (51)

60 (62)

53 (53)

Kvinnelege leiarar, heile etaten

55 (54)

36 (41)

50 (50)

62 (58)

56 (50)

Kvinnelege leiarar region, direktorat og avdeling nivå 2

46 (49)

36(27)

50(29)

80 (50)

57 (60)

Kvinnelege leiarar nivå 3

55 (54)

38 (44)

54 (54)

57 (60)

59 (50)

Kvinnelege leiarar nivå 4

59 (57)

42 (41)

Tabellen nedanfor syner tal for legemeldt sjukefråvær for 2018 for båe kjønn, kvinner og menn. Tal i parentes er frå 2017.

Tabell 6.2 Legemeldt sjukefråvær i pst. – båe kjønn, kvinner og menn

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Båe kjønn

4,6 (4,6)

4,7 (4,2)

3,1 (3,3)

3,6 (4,2)

3,0 (2,4)

Kvinner

5,8 (5,7)

6,3 (5,4)

4,1 (4,9)

4,7 (5,4)

3,5 (2,9)

Menn

2,9 (2,9)

3,4 (3,3)

2,1 (1,7)

2,0 (2,1)

2,5 (1,9)

Alle etatane i departementsområdet er IA-verksemder og har plikt til å leggje til rette for at tilsette med varig eller mellombels nedsett funksjonsevne kan vere i arbeid.

Skatteetaten arbeider målretta og langsiktig for auka bevisstgjering og styrka innsats for ivaretaking av arbeidsmiljøet. I samband med omstillinga til ny organisering og oppgåveløysing frå og med 1. januar 2019, er det i 2018 gjennomført overordna risikovurdering av Skatteetatens fysiske og psykososiale arbeidsmiljø. Risikovurderinga viste betring i resultata og lågare risiko på fleire område.

Tolletaten starta i 2017 eit etatsovergripande prosjekt «Nærvær og sjukefråværsoppfølging» der måla var eit sjukefråvær under 4,5 pst. i regionane innan utgangen av 2018. Resultatet vart 4,7 pst. I 2017 blei sjukefråværsrutinene reviderte, og i 2018 oppretta etaten eigne nærværsutval i Tollregion Oslo og Akershus og Tollregion Midt-Noreg som støttar leiarar i oppfølginga av dei sjukmelde. Erfaringane med desse utvala er gode, og Tolletaten vurderer å utvide tiltaket til dei andre regionane.

Nokre tiltak

Alle verksemder skal leggje til rette for at ingen vert diskriminerte, jamfør òg krava i diskrimineringslovene. Kvar arbeidsplass skal òg leggje forholda til rette for eit godt arbeidsmiljø som inkluderer alle, òg uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk.

I Skatteetaten var prosentdelen kvinnelege leiarar 55 pst. I «Plan for likestilling og mangfald 2015–2018» har etaten som mål: «- likeverd, likestilling og mangfald skal vere ein del av etaten sin organisasjonskultur». Målet vert støtta av delmål for dei ulike diskrimineringsgrunnlaga og tiltak. For likestilling mellom kjønna vil etaten særleg arbeide for lik løn for arbeid av same verdi. Vidare har etaten mål om å utjamne utilsikta skilnader i løn.

I Tolletaten var prosentdelen kvinnelege leiarar 36 pst. i 2018. Etaten utarbeida i 2017 ein strategi for kjønnsbasert leiing med hovudmål om at kvart kjønn skal vere representert med minst 40 pst. innan 2021 i toppleiargruppa og i dei andre leiarstillingane.

Tabell 6.3 Kvinners andel av menns lønn nokre yrkeskoder

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

1227 Produksjonsdirektører innan offentlig adm.

97

104

96

101

98

2411 Økonomisk og samfunnsvitenskapleg planlegging og utgreiing

90

89

99

99

91

2412 Juridisk planlegging og utgreiing

96

99

101

100

99

3432 Revisorar

94

98

89

97

2122 Statistikarar

93

3441 Tollfunksjonærar

96

97

6.2.2 Etnisitet

Tabell 6.4 Tilsette med innvandrarbakgrunn

Prosentdeler

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Heile dep.omr.

Statleg tariffomr.

I alt

8,1 (7,8)

5,9 (5,8)

14,4 (14,9)

13,0 (12,8)

7,0 (7,5)

8,5 (8,3)

11,5 (11,1)

– Frå landgruppe 11

3,0 (2,9)

2,9 (2,7)

4,8 (5,1)

4,3 (4,0)

3,1 (3,2)

3,2 (3,1)

5,8 (5,7)

– Frå landgruppe 22

5,1(5,0)

2,9 (3,0)

9,6 (9,8)

8,7 (8,8)

3,8 (4,3)

5,3 (5,2)

5,6 (5,4)

1 EU/EFTA-land, Nord-Amerika, Australia og New Zealand

2 Resten av verda

Tabellen over syner prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn i statleg tariffområde, departementsområdet og etatane. Tala er frå 2018, med 2017-tal i parentes.

Nokre tiltak

Alle etatane har innarbeidd statleg praksis om innkalling av minst ein kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til jobbintervju. Fleire av etatane deltek òg i mangfaldsnettverk.

Skatteetaten har i samarbeid med Nav teke i mot personar med nedsett funksjonsevne til praksisplassar. Som følgje av inkluderingsdugnaden vert stillingar kunngjorte i «jobbforalle», ein møteplass for personar som har vanskar med å få arbeid gjennom dei mest brukte rekrutteringskanalane. Rekrutteringsprosessen startar med samtalar med leiarane for både å motivere og å peike på ansvaret etaten har i samband med Inkluderingsdugnaden.

Tolletaten var i 2017 bidragsytar til FAFO-rapporten «profesjonell rekruttering er likestilt rekruttering» som vart ferdig i 2018. Rapporten er eit grunnlag for rekrutteringsprosedyrane og rettleiinga til rekruttering i regionane og innarbeida i leiarprogrammet i etaten. Hausten 2019 skal det utarbeidast eit e-læringsprogram i rekrutteringsprosedyrane.

6.3 Programkategori 00.30 Regjering

Statsministerens kontor

Statsministerens kontor har som mål å fremje likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Kontoret legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit til utvikling i oppgåver og kompetanse, og dermed same høve til lønsutvikling.

Tilstandsrapport kjønn

Tala i tilstandsrapporten er per 1. oktober 2018.

Fordeling tilsette i %

Kvinner sin del av løna til menn i %

Menn

Kvinner

Alle tilsette

58

42

110

Toppleiing

40

60

107

Adm. leiargruppe

71

29

119

Seniorrådgjevarar

52

48

92

Andre saksbehandlarar o.a.

31

69

95

Sjåførar

89

11

99

Målet er ei jamn kjønnsfordeling blant dei tilsette ved kontoret. Kjønnsfordelinga kan verte betre i einskilde grupper, som sjåførgruppa og gruppa andre saksbehandlarar og støefunksjonar. I sekretærgruppa var det ti kvinner og ein mann, og i sjåførgruppa var det 24 menn og tre kvinner.

På leiarnivå har kvinner noko høgare gjennomsnittsløn enn menn. Gjennomsnittsløna for menn og kvinner i andre grupper varierer, avhengig av fagområde, kompetanse og arbeidsrøynsle.

I 2018 var samla legemeldt sjukefråvær 2,8 pst – 1,2 pst. for menn og 5,0 pst. for kvinner.

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Funksjonshemma, personar med «hull i CV-en» og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje ledige stillingar ved kontoret. Dersom det finst kvalifiserte søkjarar i desse gruppene, vert minst ein søkjar kalla inn til intervju.

Statsministerens kontor er IA-verksemd. Kontoret legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr, arbeidsoppgåver og arbeidstid for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller for andre med behov for særskild tilrettelegging, til dømes på grunn av sjukdom, operasjonar, graviditet eller omsorgsoppgåver.

Kontoret ynskjer å leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. For tilsette over 60 år vert det i medarbeidarsamtalen utført ein seniorsamtale for å kartleggje eventuelle ynskjer om endra arbeidsoppgåver, tilrettelegging av arbeidssituasjonen og andre tiltak som kan styrkje moglegheita for å stå lenge i stillinga.

Regjeringsadvokaten

Regjeringsadvokaten har ein likestillingsplan med mål som skal hindre forskjellsbehandling på grunn av kjønn innanfor område som bemanning, leiing, faglege utfordringar, løn, tilrettelegging for omsorgsplikter m.m. Embetet legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit for utvikling gjennom oppgåver og kompetansetiltak.

Tilstandsrapport kjønn

Alle tal i tilstandsrapporten er frå 1. oktober 2018. Tre av sju medlemmer i leiargruppa var kvinner. Kvinnene utgjorde 44 pst. av advokatane ved embetet og heile 79 pst. av dei administrativt tilsette. Alle advokatane, unntatt ein, arbeidde i 100 pst. stilling.

Gjennomsnittsløna for kvinnelege advokatar (inkludert leiarar og vikarar) utgjer 85,6 pst. av løna til menn. Differansen heng saman med alderssamansetjinga i kjønnsgruppene. Hos Regjeringsadvokaten får advokatane eit betydeleg lønshopp når dei får møterett for Høgsterett. Tildeling av prøvesaker for Høgsterett følgjer i stor grad ansienniteten og vil såleis alltid skje på kjønnsnøytrale premiss.

Det samla legemelde sjukefråveret i 2018 var 3,5 pst. for embetet. Sjukefråveret for menn var 1,9 pst. og 5,0 pst. for kvinner.

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Ved utlysing av stillingar i grupper med skeiv kjønnsfordeling, vert det underrepresenterte kjønnet oppmoda til å søkje. Regjeringsadvokaten kallar som hovudregel inn minst ein søkjar, som regel fleire, med innvandrarbakgrunn til intervju. Tilsvarande gjeld dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne eller «hull i CV-en».

Regjeringsadvokaten legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr og arbeidsoppgåver for medarbeidarane. Embetet tilbyr arbeidsplassvurdering til alle tilsette og gjev moglegheit til trening.

For dei som har minimum fem år til fyrste moglege avgangstidspunkt, vert det lagt opp til ein seniorsamtale. Føremålet er å diskutere framtidsutsikter og kva moglegheiter arbeidsgjevar har til å foreslå utfordrande oppgåver og kompetansehevande tiltak som kan gjere det attraktivt å stå lenger i stillinga. For at dei eldre skal stå lenger i stillinga, har embetet innført betre ordningar for seniorar.

7 Omtale av klima- og miljørelevante saker

7.1 Finansdepartementet

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle sektorar i samfunnet har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at ein kan nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. I Prop. 1 S (2018–2019) for Klima- og miljødepartementet finst ei samla omtale av klima- og miljørelevante saker for regjeringa.

Berekraftig utvikling

Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv forvalting av dei økonomiske ressursane. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag.

Oppfølginga av SNs 17 mål for berekraft er integrert i regjeringas ordinære politiske arbeid. Utenriksdepartementet koordinerer oppfølginga internasjonalt, og Finansdepartementet summerer opp hovudpunkta i rapporteringa i nasjonalbudsjettet.

Sektorovergripande klima- og miljøverkemiddel

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innretting av avgifter i miljøpolitikken. Rett utforma miljøavgifter gjev tildriv til å minke utsleppa og sikrar òg at forureinarane betaler.

7.2 Statistisk sentralbyrå

Statistikk over utslepp til luft er eit prioritert område. Statistikken over utsleppa av klimagassar er mellom anna knytt til oppfølginga av Noregs klimamål slik dei mellom anna kjem fram i Kyoto-protokollen og i Paris-avtala, til ei ny forordning om miljørekneskapar i Eurostat, samt rapportering som følgjer av ny klimalov. I tillegg til dei krava som Kyoto-protokollen set, vert det no teke med tal for utslepp frå internasjonal luft- og sjøfart og opptak av CO2 i skog. Norsk klimapolitikk er nært knytt til EU. Regjeringa arbeider for at Noreg og EU frå 2021 skal samarbeide om å stette klimaskyldnadene for 2030. Dette vil auke behovet for å skilje mellom utslepp frå kvotepliktig sektor og ikkje-kvotepliktig sektor. Eit slikt samarbeid set også krav til rapportering av utslepp. Statistikken over langtransportert forureining er mest knytt til oppfølginga av Gøteborg-protokollen. SSB har bygd ei produksjonsløysing for energirekneskapen og energibalansen. Ho vart teken i bruk i statistikkproduksjonen i 2017 og vil gje meir robust og effektiv produksjon av desse rekneskapane. Samstundes med omlegginga av produksjonsløysinga, er metodane gjennomgått. Dette òg vil betre grunnlaget for berekningane av utslepp til luft. Tal frå det nye systemet for heile perioden 1990–2017 vart publisert i juni 2018. Utviklinga av statistikk over verkemiddelbruk, m.a. avgifter og utsleppskvotar, skal halde fram. Fram mot 2020 skal han utvidast med tal for miljøsubsidiar. Statistikk over avfall og attvinning skal dekkje både rapporteringskrav frå EU som følgjer av statistikkforordninga, og nasjonale behov. Statistikken over reinsing og utslepp av kommunalt avløpsvatn vert utvikla vidare. SSB følgjer òg opp statistikkforordninga om materialrekneskapar; «Sirkulær økonomi» (materialstraumar og attvinning). Ein skal finne målepunkt som er tilpassa nytt direktiv, tilpasse innhentinga av data og avklare korleis statistikken skal kunne ta vare på nasjonale og internasjonale behov. Vidare har SSB nyleg, i samarbeid med Miljødirektoratet og andre aktørar, starta utvikling av statistikk om matsvinn i verdikjeda frå produsent til konsument. Statistikk om matsvinn og matavfall skal dekkje både rapporteringskrav frå EU og nasjonale behov. SSB skal oppdatere og publisere arealstatistikken for Noreg (arealbruk og arealressursar) og andre meir analyseprega temastatistikkar om areal. Statistikk og analysar er publisert som planlagd.

Etterspurnaden etter miljøstatistikk til internasjonale publikasjonar og indikatorsystem, særleg i EU og OECD, er aukande.

Frå 2017 gav ei EU-forordning rapporteringsplikt på områda rekneskap for miljøvernutgifter (EPEA), statistikk for produksjon, bruttoprodukt, sysselsetting og eksport av miljørelaterte varer og tenester (EGSS) og næringsfordelt energibruk. Alle desse områda vert utarbeidd etter den internasjonale standarden SEEA (System for Environmental and Economic Accounting) og i tråd med prinsipp i nasjonalrekneskapen.

Innanfor forskingsverksemda i SSB på miljø- og klimafeltet er det fleire analyseprosjekt i gang, knytt til energimarknadstrendar, klimapolitisk utvikling og bruk av naturressursar. I desse nyttar ein økonomiske analysemodellar av norsk, europeisk og global økonomi. Modellar av norsk økonomi (SNOW) vert òg leverte til Finansdepartementet for bruk der. Forskingsprosjekta nyttar norske data, i hovudsak frå SSB, og medverkar til statistikkarbeid på energi-, utslepps- og miljøfeltet. Prosjekta omfattar mellom anna omstilling av norsk økonomi og studiar av Noregs klimapolitiske mål og verkemiddel, løysingar for låge utslepp i transport, energi og industri, samt verdsetjing av naturressursar og tenester frå økosystema. Forskarane arrangerer og deltar i aktivitetar overfor norske brukarar i forvaltninga, nærings- og organisasjonslivet, allmenta, samt nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, mellom anna gjennom det samfunnsfaglege senteret for energiforsking, CREE, som miljø- og energiforskarane i SSB er ein del av.

8 Oppfølging av NOU 2018: 5 Kapital i omstillingens tid

8.1 Innleiing og oversikt over relevante tilrådingar

Regjeringa sette våren 2017 ned eit offentleg utval som skulle vurdere tilgang på kapital til næringslivet. Kapitaltilgangsutvalet leverte si utgreiing, NOU 2018: 5 Kapital i omstillingens tid, i mars 2018. Utvalet hadde ei rekkje tilrådingar på Finansdepartementets område, mellom anna om endringar i finansmarknadsreguleringa og skattesystemet. Som omtalt i Finansmarkedsmeldingen 2019 arbeider regjeringa med finansmarknadsreguleringa for å sikre ein velfungerande kapitalmarknad og for å forenkle tilgangen til risikokapital og kompetente investorar. Utvalet sine tilrådingar på skatteområdet er vurderte i ein heilskapleg samanheng saman med resten av skatteopplegget i statsbudsjettet og vert ikkje omtalt nærare her. I det vidare vert oppfølginga av dei mest sentrale tilrådingane, med vekt på finansmarknadsområdet, omtalt.

Privat pensjon

Utvalet foreslo endringar i regelverket på pensjonsområdet for å betre eigenkapitaltilgangen for næringslivet gjennom ei meir effektiv forvalting av pensjonskapital og god informasjon til kundane.

Utvalet foreslo mellom anna meir fleksibilitet for pensjonsleverandørar til å byggje bufferkapital og til ikkje å måtte innfri avkastningsgarantiar på årleg basis. Vidare meinte utvalet at pensjonsspararar som ynskjer det, bør kunne auke risikoen i forvaltinga av pensjonskapitalen i fripolisar. Utvalet foreslo òg at fripoliseinnehavarar kan få betaling for å gå over frå avkastningsgaranti til investeringsval. Utvalet meinte at styresmaktene og bransjen må sørgje for at dei forsikra får tilstrekkeleg informasjon til å kunne ta informerte val om konvertering til fripolisar med investeringsval og om investeringsstrategi og risikoprofil.

Regulering av bankar

Utvalet meinte utforminga av norsk bankregulering, i tillegg til å leggje vekt på finansiell stabilitet, så langt som mogleg bør ta omsyn til konkurranseevna for norske bankar i lokale marknadar. Vidare meinte utvalet at avvik i reguleringar frå praksis i EØS-området bør grunngjevast særskilt.

Obligasjonar med fortrinnsrett

Den norske ordninga med obligasjonar med fortrinnsrett bør ein ifølge utvalet vurdere å endre, slik at den vert meir på line med det som vert praktisert mellom anna i Sverige og Danmark, og slik at det ikkje lenger vert stilt krav om å skilje verksemda ut i eige kredittføretak.

Skuggerating

Utvalet meiner at bortfallet av skuggerating (ei ikkje-offisiell kredittvurdering) var uheldig for tilgangen til obligasjonsmarknaden for mindre utferdarar. Utvalet tilrår at ein greier ut moglege alternativ.

Offentleg innsyn i kven som eig obligasjonar

Utvalet meiner konsekvensane av offentleg innsyn i kven som eig obligasjonar, bør greiast nærare ut før det eventuelt vert innført.

Verdipapirisering

Utvalet meiner moglegheit for sikker og gjennomsiktig verdipapirisering kan auke storleiken på obligasjonsmarknaden. Det kan bidra til auka likviditet og kan gjere marknaden meir attraktiv for nye utferdarar. Utvalet meiner Noreg bør følgje regelverksutviklinga i EU og sikre rask og effektiv innføring av reglar om verdipapirisering i Noreg, slik at norske finansføretak og investorar får tilgang til denne moglegheita.

Grøne obligasjonar

Utvalet meiner at utferdarar og tilretteleggjarar av grøne obligasjonar må arbeide saman for å styrkje marknaden for slike verdipapir.

Ny finansiell teknologi

Utvalet meiner norske myndigheiter gjennom regelverksutforming aktivt må leggje til rette for at norske aktørar kan tilby nye finansielle tenester gjennom bruk av ny teknologi, både som tilbydarar og etterspørjarar av kapital. Samstundes må reguleringa ta omsyn til finansiell stabilitet og tryggleik og beskytte rettane til dei som bruker finansielle tenester. Dei regulerande myndigheitene bør ifølgje utvalet styrkje teknologikompetansen. Utviklinga vil òg krevje auka internasjonalt samarbeid om regulering og tilsyn av nye fintech-aktørar og innovative finansielle tenester.

Folkefinansiering

Utvalet meiner regelverket for låneformidlingsplattformer bør klargjerast og at utilsikta hinder for etablering og drift av plattformer både for lån og eigenkapital bør fjernast. Medan ein venter på eit felleseuropeisk regelverk for folkefinansiering meiner utvalet ein bør vurdere å etablere eit norsk regelverk for både låne- og eigenkapitalplattformer. I utforminga av eit eventuelt norsk regelverk meiner utvalet at ein bør sjå hen til våre naboland.

Kredittregister

Utvalet meiner etablering av eit sentralt kredittregister for bedriftslån i Noreg bør greiast ut.

Folketrygdfondet

Utvalet meiner Folketrygdfondet har fått ein relativ storleik på Oslo Børs som over tid kan gjere det meir krevjande å oppnå meiravkastning utover referanseindeksane, og at det kan vurderast å gje Folketrygdfondet eit meir fleksibelt mandat for å unngå at fondet sin posisjon på Oslo Børs vert uforholdsmessig stor.

Statsobligasjonar

Utvalet meiner at Finansdepartementet bør vurdere fordelar og ulemper ved å utferde norske statsobligasjonar med lengre løpetid enn i dag (gjerne opptil 30 år).

8.2 Høyringsmerknadar

Pensjon

Akademikerne, Finansforbundet, Finans Norge, LO, Noregs Bank, Norsk Venturekapitalforening og Verdipapirsentralen meiner ein bør sjå på regulatoriske endringar som legg til rette for ein meir effektiv forvalting av garanterte pensjonsprodukt og for høgare aksjedel, med sikte på høgare forventa avkasting, til dømes gjennom framlegget frå utvalet om fleksibel bufferkapital. Finansforbundet tilrår å vente på tilrådingane frå den arbeidsgruppa Finansdepartementet sette ned på området, før ein tek avgjerder. Verdipapirsentralen stør at meir pensjonskapital skal kunne plasserast i aksjar. Noregs Bank meiner det må stillast krav til dekkjande, relevant og forståeleg informasjon frå pensjonsleverandørane. Oslo Børs og Norsk Venturekapitalforening stør òg tilrådinga om at pensjonssparar bør foreta informerte plasseringsval ut frå investeringsstrategi og risikoprofil.

Næringsforeningen i Trondheims-regionen, Innovasjon Norge og SINTEF stør i hovudsak framlegg som opnar for at pensjonsforvaltarar kan investere meir i unoterte aksjar, tidlegfasesegmentet og gründer- og vekstselskap.

NHO meiner at det må finnast gode standardval hos pensjonsleverandørane. Standardvala bør ta omsyn til behovet for god avkastning på pensjonskapitalen til ein akseptabel pris.

Finanstilsynet viser til at det overordna omsynet i forvaltinga av pensjonsmidlar er at framtidige forpliktingar vert oppfylte. Finanstilsynet viser vidare til at ei arbeidsgruppe vil vurdere endringar i produktregelverket.

Forbrukarrådet meiner at utgreiinga i liten grad synleggjer verknader og risiko for pensjonssparar. Dei åtvarar mot å bruke verdiane til noverande og framtidige pensjonistar for å dekkje samfunnsmessig behov for risikokapital. Dei meiner òg at myndigheitene og bransjen må bidra til at det vert gjeve god informasjon om åtgangen til og konsekvensane av konvertering av fripolisar med garanti til fripolisar med investeringsval.

Regulering av bankar

Bergen Næringsråd, Finans Norge, Finansforbundet, Konkurransetilsynet, Næringsforeningen i Trondheimsregionen, Sparebankforeningen og Sparebanken SMN 1 stør utvalets tilråding om at bankreguleringa bør verte tilpassa reglane som gjeld i EU for å sikre like konkurransevilkår i den norske marknaden.

Sparebankforeningen stør vidare tilrådinga om at effektar av bankregulering vert konsekvensutgreid med omsyn på både gevinstar og kostnadar, både for bankane og for finansieringa av norsk næringsliv. Dei meiner at norsk økonomi og næringsliv er tent med ein desentralisert bankstruktur.

Bergen Næringsråd, Næringsforeningen i Trondheimsregionen og Virke seier i tillegg at dei stør innføring av reduserte kapitalkrav for utlån til små og mellomstore bedrifter (SMB-rabatten).

Sparebanken SMN 1 meiner at tilsynsmyndigheitenes sin bruk av Pilar II-regulering gjev særnorske krav som einsidig rammar norske bankar si evne til å finansiere føretak i distrikta.

Finanstilsynet meiner at omsynet til finansiell stabilitet bør tilleggjast avgjerande vekt ved eventuelle målkonfliktar mellom like konkurransevilkår og finansielle stabilitet.

Obligasjonar med fortrinnsrett

Noregs Bank er einig med utvalet i at det er grunn til å stille spørsmål ved om den spesielle lovpålagte organiseringa av OMF-ordninga (obligasjonar med fortrinnsrett) i eigne kredittføretak, framleis er føremålstenleg. Finans Norge stør utvalet i at regelverket i utgangspunktet burde vore innretta på same måte som i andre europeiske land, og at bankane burde kunne utferde OMF direkte. Bankane er no godt tilpassa norske reglar, og det er høg internasjonal tillit til den norske OMF-modellen. Dei er difor ikkje einig i utvalet si tilråding om ny modell for regulering av OMF og meiner at den vil føre til to ulike ordningar for OMF-utferdingar i Noreg.

Finanstilsynet meiner at spørsmålet om i kva grad bankar bør få utferde OMF på eigen balanse bør vurderast på eit breiare grunnlag enn det utvalet legg opp til.

Skuggerating

Finans Norge, Noregs Rederiforbund og Oslo Børs stør utvalet i at bortfall av skuggerating har vore uheldig for mindre utferdarar sin tilgang til obligasjonsmarknaden og at det må utgreiast moglege alternativ.

Finans Norge viser til at EUs ekspertgruppe for forbetring av marknaden for føretaksobligasjonar har gjeve eit framlegg som kan innebere at skuggerating ikkje vil omfattast i krava i EUs kredittvurderingsbyråforordning. Det kan opne for igjen å gje åtgang til skuggerating. Noreg må ifølge Finans Norge følgje opp ekspertgruppas tilråding.

Finanstilsynet meiner ein bør vente med ei utgreiing til eit seinare tidspunkt ettersom ei ekspertgruppa, nedsett av EU-kommisjonen, har rådd til at EU ser på problemstillingar rundt små utferdarar og kredittratingar.

Offentleg innsyn i kven som eig obligasjonar

Finanstilsynet og Verdipapirsentralen (VPS) stør utvalets tilråding om at dei samla konsekvensane av offentleg innsyn i kven som eig obligasjonar, bør utgreiast nærare før det eventuelt vert innført. Finans Norge peiker vidare på at det er essensielt at norske reglar ikkje viker frå internasjonal praksis.

Noregs Rederiforbund meiner ein innsynsrett bør greiast vidare ut, med sikte på implementering så raskt som mogleg.

Tax Justice Network Norway, Norsk presseforbund, Norsk journalistlag og Norsk redaktørforening meiner det bør opnast for innsyn i obligasjonseigarskap.

Oslo Børs meiner utferdar bør gjevast rett til å få innsyn i obligasjonseigarskap, så framt det er inntatt reglar om dette i låneavtalen. Utferdarar bør ikkje kunne utlevere eller offentleggjere opplysningane med mindre dette vert regulert av låneavtala. Vidare stør Oslo Børs at innsyn om reelle eigarar hos forvaltar kan vere avtalebasert. I så fall vil utferdar kunne vurdere i kva grad behov for innsyn veg opp for eventuell auke i lånekostnadar. Oslo Børs føretrekkjer ei lovregulering der innsynsrett er avtalebasert framfor lovfesta.

Verdipapirisering

Finans Norge, Næringsforeningen i Trondheimsregionen, Oslo Børs og Verdipapirsentralen (VPS) stør utvalets tilråding om innføring av verdipapirisering i Noreg. Finans Norge meiner at EUs nyleg vedtekne regelsett for verdipapirisering, som korrigerer for svakheiter ved verdipapirisering som vart avdekt under finanskrisa, snarleg bør verte innlemma i EØS-avtalen. Noregs Bank deler óg ynsket om å sikre sikker og transparent verdipapirisering i Noreg.

Tax Justice Norway er kritisk til tilrådinga frå utvalget om å opne for verdipapirisering. Det fryktar at verdipapirisering vil føre til mindre openheit og større moglegheiter for å skjule informasjon om reelle rettshavarar.

Forbrukarrådet går mot tilrådinga og vil åtvare mot at det opnast opp for verdipapirisering i Noreg. Strukturerte produkt og verdipapirisering vil bidra til at risiko vert kamuflert, men ikkje like sjølvsagt redusert.

Grøne obligasjonar

Finans Norge meiner obligasjonsmarknaden bør gjerast «grønare», både gjennom å inkludere klima i prospekt og ordinære obligasjonsutferdingar, og ved å auke utferdingar av grøne obligasjonar. Ved å stille klimakrav i kredittprosessar, vert grunnlaget lagt for auka omfang av grøne obligasjonar.

Forbrukarrådet meiner at grøne obligasjonar kan vurderast som finansieringskjelde for å få fortgang i arbeidet med energiøkonomiseringstiltak av bustader i stor skala.

Ny finansiell teknologi

Finans Norge stør utvalet i at det må leggjast til rette for digital utvikling innan finansområdet gjennom aktiv og bevisst regelverksutforming. Abelia, Finans Norge, Finansforbundet og IKT-Noreg meiner at det er behov for ei såkalla regulatorisk sandkasse for fintech. Finansforbundet og IKT-Noreg meiner i tillegg at reguleringsmyndigheitene bør auke sin kompetanse og forståing av ny finansiell teknologi.

Verdipapirsentralen (VPS) stør utvalet i at det aktivt må leggjast til rette for nye finansielle tenester, samstundes med at omsynet til finansiell stabilitet og sikkerhet vert tatt hand om.

Finanstilsynet viste til at det har etablert eit kontaktpunkt med fintech-aktører.

Folkefinansiering

Akademikerne, Bergen Næringsråd, Finans Norge, IKT-Noreg, NHO, Næringsforeningen i Trondheimsregionen og Virke stør tilrådinga om å tydeleggjere regelverket og leggje til rette for folkefinansiering. Bedriftsforbundet meiner at folkefinansiering er mangelfullt regulert.

Abelia og NHO stør framlegget om å opprette eit eige regelverk for folkefinansiering, medan ein ventar på eit eige EU-regelverk. Finans Norge meiner at det snarast bør setjast i gang eit arbeid for å utvikle eit norsk regelverk for folkefinansiering som samsvarer med og understøttar EUs reglar. Dei meiner det òg bør utviklast harmoniserte reglar på nordisk nivå.

Innovasjon Noreg meiner det er viktig å leggje til rette for nye finansieringsformer, men er samstundes oppteken av at dette bevarer konkurranselikskap, investorskydd og forbrukarvern gjennom eit godt regelverk.

Finanstilsynet meiner at det ikkje er føremålstenleg å lage eit nasjonalt regelverk før ei sams europeisk regulering. EU-kommisjonen fremja 8. mars 2018 EU-regelverk om finansiell folkefinansiering.

Forbrukarrådet er einig i at det er behov for eit betre regelverk på dette området, så lenge forbrukarvernet er ivaretatt. Samstundes meiner det det er viktig å ivareta behovet for openheit og innsyn, og å motverke kvitvasking. Vidare stør Forbrukarrådet tilrådinga om at ein, medan ein venter på ei sams EU-regulering, bør etablere eit nasjonalt, enkelt og overordna regelverk. Forbrukarrådet har i tillegg synspunkt på kva regelverket bør omfatte.

Kredittregister

Finans Norge meiner at eit sentralt kredittregister for bedriftslån i Noreg bør greiast ut, og Finans Norge stiller seg positiv til å bidra i eit slikt utgreiingsarbeid.

Finanstilsynet viser til at Finansdepartementet har nedsett ei arbeidsgruppe med mandat til å utgreie spørsmålet om innføring av AnaCredit i Noreg. AnaCredit er ei mikrobasert database over utlån frå bankane i eurosona, og som er vedteken oppretta av den europeiske sentralbanken. Finanstilsynet tilrår å avvente konklusjonane frå arbeidsgruppa før eventuelt andre utgreiingar om kredittregister vert sette i gang.

Forbrukarrådet stør etablering av eit sentralt kredittregister i Noreg og meiner at myndighetene bør følgje nøye med på det arbeidet som skjer i eurolanda og i Sverige og Danmark på området. Forbrukarrådet ynskjer òg at gjeldsregister (for forbrukarar) som no er oppretta, vert utvida til også å inkludere sikra gjeld, slik at forbrukarane på ein stad kan få ei fullstendig oversikt over eigen gjeldssituasjon.

Statsobligasjonar

Akademikerne og Finans Norge stør tilrådinga frå utvalet om at det bør vurderast å utferde statsobligasjonar med lengre løpetid enn i dag (som er 10 år). Noregs Bank peiker på at ein ev. auke i løpetida på utferda statsobligasjonar utover 10 år krev meir utgreiing.

8.3 Departementets vurdering og oppfølging

Pensjon

Finansdepartementet legg vekt på effektiv kapitalforvalting og god informasjon til dei forsikra i sitt arbeid med privat pensjon. Samstundes er det avgjerande at regelverket er med på å sikre at leverandørane kan innfri sine pensjonsskyldnadar overfor kundane.

Ei arbeidsgruppe har vurdert regelverket for garanterte pensjonsprodukt. Siktemålet har vore å få fram tiltak som er til føremon for kundane. Finanstilsynet har på oppdrag frå Finansdepartementet utarbeidd ei tilråding om endringar og eit høyringsnotat, med utgangspunkt i arbeidsgrupperapporten.

I april 2019 vedtok Stortinget ei ordning med eigen pensjonskonto i innskotsordningar. Ordninga er meint å gje meir effektiv kapitalforvalting og å gje dei forsikra auka moglegheit til å påverke eigen pensjonssparing. I tråd med omtala i Finansmarkedsmeldingen 2019 har Finansdepartementet starta opp eit samarbeid med leverandørar og arbeidslivspartar for å få systemet godt på plass frå starten.

Krav til informasjon følgjer av regelverket for mellom anna investeringsavgjerder, konvertering av fripolisar og val av pensjonsleverandør for eigen pensjonskonto. Departementet meiner informasjonen gjev kundane eit godt grunnlag for å ta val om pensjon.

Regulering av bankar

Utvalet ynskjer auka EØS-harmonisering av bankreguleringa av omsyn til norske bankar sin konkurranseevne i lokale marknadar. Når EØS-innlemminga av EUs kapitalkravsregelverk (CRR/CRD IV) trer i kraft, inneber det at det norske regelverket vert meir på line med regelverka i EU, m.a. ved at det såkalla Basel I-golvet vert fjerna og SMB-rabatten vert innført. Finansdepartementet har sendt på høyring eit framlegg om tilpassingar i kapitalkrava for bankar og andre finansføretak, der eit av måla er likare kapitalkrav for norske og utanlandske bankar si verksemd i Noreg.

Obligasjonar med fortrinnsrett

Dagens OMF-reglar skal i hovudsak sikre investorane sin rett til sikkerheitsmassa. Finansdepartementet har bedt Finanstilsynet om å greie ut korleis eit nytt EU-regelverk om OMF kan verte gjennomført i Noreg. Det norske regelverket tilfredsstiller allereie dei fleste krava, men det vil vere behov for nokre tilpassingar. Finansdepartementet legg opp til at det nye regelverket kan gjennomførast og settast i kraft i Noreg samstundes som i EU. Ein velregulert OMF-marknad er ei viktig kjelde til finansiering for bankane og gjev eit likvid investeringsobjekt for bankane sjølve og for andre investorar.

Skuggerating

Kredittrating er viktig for finansieringsmoglegheiter for mange bedrifter ved at det gjev potensielle investorar informasjon om kredittrisikoen ved investeringane. Offisielle ratingar kan ha ein uforholdsmessig stor kostnad for mindre bedrifter. Det europeiske verdipapir- og marknadstilsynet signaliserte i 2016 at uoffisielle skuggeratingar var i strid med EU-reglane, og meklarhusa og bankane har slutta å tilby dette. Sidan 2016 har ulike ratingbyrå retta seg mot bedrifter i Norden. Departementet vil følgje med på marknadsutviklinga.

Offentleg innsyn

Ei arbeidsgruppe har vurdert behovet for reglar om offentleg innsyn i obligasjonseigarskap. Arbeidsgruppa foreslo at utferdarane kan avtale innsyn i kven som er registrerte eigarar av obligasjonane, og ho drøfta òg å lovfeste innsynsrett. Rapporten har vore på høyring og er no til vurdering i Finansdepartementet.

Verdipapirisering

Ei arbeidsgruppe har vurdert norsk gjennomføring av nye EU-reglar om verdipapirisering og leverte ein rapport til departementet 29. mai 2019. Arbeidsgrupperapporten har nyleg vore på høyring, og Finansdepartementet vurderer no oppfølginga. I arbeidet med verdipapirisering er det sentralt både å ivareta omsynet til risikoen i det finansielle systemet og å bidra til kapitaltilgangen til næringslivet gjennom ein likvid og attraktivt obligasjonsmarknad.

Grøne obligasjonar

Finans Norge delte i sitt «Veikart for grøn konkurransekraft i finansnæringen» frå juni 2018 i stor grad utvalet si vurdering om at utferdarar og dei som legg til rette for grøne obligasjonar, må samarbeide for å styrkje marknadar for slike verdipapir. Finansdepartementet vurderer behovet for regelverksendringar i lys av regelverksutviklinga i EU.

Ny finansiell teknologi

Finansdepartementet vurderer laupande om regelverket på finansmarknadsområdet utilsikta er til hinder for at næringa tek i bruk ny teknologi, eller om verksemd som burde regulerast, fell utanfor regulering og tilsyn.

Finanstilsynet arbeider i tråd med oppdrag frå Finansdepartementet med å etablere ei regulatorisk sandkasse for fintech innan utgangen av 2019. Siktemålet er å auke både tilsynets forståing av nye teknologiske løysingar og innovative verksemder si forståing av regelverket.

Folkefinansiering

Regjeringa arbeider for å leggje til rette for folkefinansiering både gjennom forenklingar for næringa og gjennom å sikre tryggleik for forbrukarar. Finansdepartementet har nyleg fastsett reglar om at utlån gjennom plattformar for lånebasert folkefinansiering ikkje treng konsesjonsplikt på nærare spesifiserte vilkår. Departementet har òg sendt på høyring framlegg til reglar for folkefinansieringsplattformar, utarbeidd av Finanstilsynet, og ei arbeidsgruppe skal i tillegg vurdere regelverket for formidling av lån til forbrukarar gjennom plattformar.

Kredittregister

Ei arbeidsgruppe med Finansdepartementet, SSB, Finanstilsynet og Noregs Bank har allereie vurdert om Noreg bør delta i ei sams kredittdatabase i Den europeiske sentralbanken (ESB), kalla AnaCredit. Arbeidsgruppa kom til at ein heller bør styrkje eksisterande ordningar enn å innføre ny rapportering. Gruppa meinte at AnaCredit-rapportering kan verte aktuelt seinare når databasane har vorte meir etablerte. Finansdepartementet vil i samråd med Noregs Bank, Finanstilsynet og SSB vurdere korleis tilrådingane frå arbeidsgruppa bør følgjast opp.

Folketrygdfondet

Utviklinga i Statens pensjonsfond Noregs (SPNs) eigardelar i selskap på Oslo Børs er generelt avhengig av fleire forhold, mellom anna aksjedelen i fondet, storleiken på delen av den norske verdsskapninga som er børsnotert, noteringsreglane ved Oslo Børs og marknadsverdiutviklinga i einskildselskap. Desse tilhøva kan trekkje i ulike retningar for den framtidige utviklinga i SPNs eigardel på Oslo Børs. Dei siste åra har fondet sin del på om lag 10 pst. av dei tilgjengelege aksjane på børsen, vore relativt stabil. Folketrygdfondet har varsla at det i løpet av 2019 vil kome med ei vurdering av Finansdepartementets mandat for forvaltinga av SPN, mellom anna av utfordringane med dei store eigardelane på Oslo Børs.

Statsobligasjonar

Gjeldsforvaltinga i staten har som mål å dekkje eige lånebehov til lågast moglege kostnadar. Samstundes ynskjer staten å bidra til effektive kapitalmarknader ved å tilby ein samanhengande rentekurve for statsobligasjonar opp til om lag ti år. Å vedlikehalde ei rentekurve opp til 30 år vil krevje 10–20 fleire uteståande obligasjonslån enn i dag. Gitt det relativt låge lånebehovet er det neppe mogleg å oppretthalde ei likvid rentekurve med så mange uteståande lån. Lånestrategien for statsgjelda vert fortlaupande vurdert. Framlegg om å utferde lån med 20 års løpetid har tidlegare vore greia ut av Finansdepartementet, men vart ikkje anbefalt. Noregs Bank har no ansvaret for den operative forvaltinga av statsgjelda og har vurdert at å utferde obligasjonar med løpetid på over 10 år kan auke statens lånekostnadar. Regjeringa vil difor ikkje følgje opp dette framlegget frå utvalet.

Til forsida av dokumentet