Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 20–51, 1600–1650 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4670, 5341, 5351, 5605, 5692–5693

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkåra for leiarane i heileigde statlege føretak

1.1 Noregs Bank

Sentralbanksjefen er tilsett på åremål frå 1. januar 2017 og ut 2022. Sentralbanksjefen leier òg hovedstyret i Noregs Bank.

Løna til sentralbanksjefen utgjorde 2 397 011 kroner i 2018. Verdien av andre føremoner utgjorde same året 163 396 kroner. Sentralbanksjefens pensjon er regulert gjennom ei eiga pensjonsordning for sentralbanksjef og visesentralbanksjef. Maksimalt pensjonsgrunnlag er 12 ganger Folketrygdens grunnbeløp (12 G).

1.2 Folketrygdfondet

Folketrygdfondet er eit særlovselskap, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet. Avgått administrerande direktør sa opp si stilling 30. oktober 2017. Ho hadde 6 månaders oppseiingstid med dei siste tre månadene utan arbeidsplikt. Arbeidsavtalen gav rett til etterløn i 12 månader, rekna frå oppseiingsstidas slutt. I 2018 utgjorde løna til avgått administrerande direktør 3 383 000 kroner og anna godtgjersle 35 000 kroner. Det er ikkje knytt feriepengar eller pensjonsrettigheter til etterløn.

Ny administrerande direktør byrja i stillinga 1. september 2018 med avtalt årsløn 3 450 000 kroner. I 2018 utgjorde løna 1 158 000 kroner. Han pliktar å fråtre stillinga ved fylte 70 år. Oppseiingstida er seks månader. Administrerande direktør har rett til etterløn tilsvarande seks månaders løn, rekna frå utgangen av oppseiingstida, dersom han vert oppsagd eller sjølv seier opp etter avtale med styret. Det er ikkje knytt rett til feriepengar eller pensjon til etterløna.

Folketrygdfondet har ein avtale om innskottsbasert pensjonsordning for dei tilsette. Dersom administrerande direktør i perioden frå han er 65 til 67 år tek imot yting knytt til sjukdom eller arbeidsuførleik, frå Nav og/eller tenestepensjonsordningar, vil desse ytingane kome til frådrag i pensjonen frå Folketrygdfondet i denne perioden. Pensjon for administrerande direktør vil verte samordna med alderspensjon frå folketrygda, oppsett rettighet i Statens pensjonskasse og innskottspensjon frå 67 år.

Til forsida