Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Om klima- og miljøutfordringane

Å stanse klimaendringar og tap av natur og å avgrense forureining er dei tre største miljøutfordringane i verda. Dei tre utfordringane må sjåast i samanheng for å kunne løysast. Klimaendringane skjer her og no – ikkje ein gong i framtida. Det same gjeld tap av natur. Forureining som skadar miljøet og helsa til menneske, held fram.

Vi menneske har aldri før påverka hav-, land- og ferskvassområda på jorda så mykje som dei siste tiåra. Utnyttinga har ført til auka klimagassutslepp, tap av naturlege økosystem som skog og våtmark og mindre mangfald i naturen. Å øydeleggje og gjere naturen ringare påverkar klimaet fordi det gjev auka klimagassutslepp direkte og reduserer evna naturen har til å lagre karbon. Naturen er i utgangspunktet variert med mange artar og genetiske former fordi det er gunstig med variasjon. Variasjonen gjer naturen robust ved endringar i klima og andre ytre føresetnader. Når ei aukande, ikkje-berekraftig utnytting av naturen fører til tap av naturmangfaldet, altså variasjonen i naturen, blir naturen dårlegare i stand til å tole slike endringar. Tap av naturmangfald gjer altså naturen – og dermed også samfunnet – si evne til å takle klimaendringane dårlegare. Klimaendringar vil påverke utslepp, frigjering og spreiing av miljøgifter, påverke livsløpet for ulike organismar og dermed økosystema og kva artar som blir mest påverka. Dersom artane allereie er trua, kan endringar som kjem av klima, kombinert med eksponering for miljøgifter, vere det som gjer at bestandane går ned. Klimatiltak som krev mykje areal, kan vere lite berekraftig fordi dei påverkar artane og økosystema negativt, og raske utsleppskutt i andre sektorar er difor nødvendige for å avgrense oppvarminga til 1,5 gradar.

Ifølgje FNs internasjonale ressurspanel1, International Resource Panel (IRP), vil verdsbefolkninga, dersom vi held fram som no, innan 2050 trenge nesten tre klodar. Det globale forbruket av materiale som biomasse, fossilt brennstoff, metall og mineral er forventa å doble seg dei neste førti åra. Dei årlege avfallsmengdene kan auke med opptil 70 pst. før 2050. Utvinninga og opparbeidinga av naturressursar har auka kraftig dei siste 20 åra og står ansvarleg for meir enn 90 pst. av tapet av biologisk mangfald og vasskjelder og om lag 50 pst. av klimapåverknaden globalt sett. Klimaendringane er allereie ein trussel mot matproduksjonen, tilgangen til vatn og levevilkåra mange stader i verda.

Å omstille til ein meir sirkulær økonomi vil bidra til å redusere miljøproblema som følgjer av det store uttaket av naturressursar og det produksjons- og forbruksmønsteret vi har i Noreg og verda elles i dag. Råvarer som blir utvunne og selde på ein global marknad utan at dei samfunnsøkonomiske kostnadene som miljøproblema medfører, er prisa inn, er ei vesentleg årsak til manglande berekraft i den globale økonomien. Ei anna årsak er manglande globalt regelverk eller manglande handheving av slikt regelverk. Gjennom EØS-avtalen er Noreg del av ein større økonomisk fellesskap med Europa. EUs kommande regelverk for sirkulær økonomi utgjer i så måte ei sentral plattform for Noregs bidrag til å løyse manglande berekraft i verdsøkonomien. EUs handlingsplan for sirkulær økonomi tek utgangspunkt i dei globale ressursperspektiva og konkluderer med at det er nødvendig å gjere meir for å halde den økonomiske aktiviteten i EU innanfor tolegrensene til planeten. Å utvikle ein meir sirkulær økonomi kan bidra til å nå internasjonale, regionale og nasjonale mål for berekraft. Den sirkulære økonomien kan vere eit bidrag til fleire av FNs berekraftsmål under Agenda 2030.

Klimautfordringane

I 2019 var den årlege gjennomsnittlege konsentrasjonen av karbondioksid (CO2) og metan i atmosfæren rekordhøg. Den globale gjennomsnittstemperaturen har allereie auka med 1,1 gradar celsius sidan førindustriell tid, og det er eintydig at menneskeleg påverknad har varma opp det globale klimasystemet. Temperaturen har auka meir over land (1,6 °C) enn over havoverflata (0,9 °C).

Eit varmare klima gjev fleire ekstreme naturhendingar. Det blir meir regn som fører til fleire flaumar og meir tørke som fører til mindre trygg mattilgang og fleire skogbrannar. Oppvarminga vil svekkje jordhelsa og økosystemtenester som pollinering, auke presset frå skadedyr og sjukdommar og redusere mengda dyreliv i havet. Lågtliggjande kyst- og øysamfunn står i fare for å forsvinne på grunn av stigande havnivå. Det er grunn til å vente auka sosial uro og flyktningstraumar som følgje av utviklinga. Den mest akutte verknaden vil truleg vere auka behov for bistand og nødhjelp til sårbare område på grunn av ekstreme hendingar. Ei følgje av slike utfordringar er ofte humanitære kriser og fattigdomsutvikling.

I Noreg skaper endringar i klimaet nye utfordringar for menneska og samfunnet. Mellom anna opplever vi større nedbørsmengder, inkludert hyppigare og kraftigare styrtregnepisodar, som kan føre til flaum og jordras. Sommartørke på grunn av lite nedbør påverkar landbruket hardt. Dersom denne tørken går over i ein kald og tørr vinter, gjev det langvarig tørke, noko mange stader i Noreg har opplevd i fleire år. Konsekvensar av det er mellom anna høge vasskraftprisar, vassforsyningsproblem og skog- og lyngbrannar. Mange artar og bestandar må flytte på seg eller kan bli borte frå den norske naturen og havområda. I Nord-Atlanteren har ein stor andel vanlege fiskeartar, mellom anna sei og torsk, flytta lenger nordover på grunn av eit varmare hav. I tillegg til jordbruks-, skog- og fiskerinæringa er både samferdselssektoren og ulike kulturmiljø utsette for konsekvensar av klimaendringane.

Parisavtalen under FNs klimakonvensjon er ei solid ramme for den globale og nasjonale klimainnsatsen. Målet med avtalen er å styrkje den globale innsatsen mot klimaendringane, mellom anna ved å halde den globale temperaturauken til godt under 2 gradar samanlikna med førindustrielt nivå og å søkje å halde oppvarminga til 1,5 gradar. FNs klimapanel viser at det vil vere store gevinstar ved å avgrense oppvarminga til 1,5 gradar, og at det trengst raske og store utsleppskutt om det skal vere mogleg å halde temperaturstiginga under 1,5 gradar. Trass i at mange land har forsterka måla sine under Parisavtalen dei siste åra, er det ikkje nok. Kva verda gjer innan 2030, blir avgjerande for om vi maktar å avgrense oppvarminga i tide til å nå temperaturmålet i Parisavtalen.

Grøn omstilling

Noreg skal i 2050 vere eit lågutsleppssamfunn. Det er nedfelt i klimalova at klimagassutsleppa i 2050 skal reduserast med 90–95 pst. samanlikna med i 1990, inkludert effektane av Noregs deltaking i klimakvotesystemet. Ein føresetnad for ei klimarobust utvikling er å behalde naturmangfald og å ha økosystem i god tilstand. Klimatilpassing i alle delar av samfunnet er ein føresetnad for å lykkast med ei grøn omstilling. Det rustar naturen for å takle klimaendringane. Den grøne omstillinga krev at klimatiltak, miljø og naturmangald blir håndterte saman. Vekst og utvikling må skje innanfor tolegrensene til naturen. Samstundes skal den grøne omstillinga gje arbeidsplassar og eit framhald av velstanden. Det grøne skiftet krev ei stor omstilling som omfattar alle samfunnsområde og aktørar. Til dømes må energisystema vere baserte på fornybar energi eller andre nullutsleppsløysingar, industrien må kutte alle prosessutslepp, og produkta som blir omsette i marknaden, må ha låge miljøfotavtrykk. For å komme dit trengst det mellom anna meir fornybar energi, energieffektivisering, ny teknologi og nye forretningsmodellar. Vi må rette offentlege og private investeringar inn mot løysingar som har ein plass i eit lågutsleppssamfunn og utvikle gode insitament for grøne val, både i offentleg sektor, i næringslivet og hos hushalda. Innovasjon og teknologiutvikling med sikte på redusert ressursbruk og mindre miljøbelastning står sentralt. Vi må utvikle ein sirkulær økonomi der vi held ressursane lenger i krinsløpet, gjennom ombruk, materialattvinning, reparasjon og betre produktdesign. Vi må auke bruken av sekundære råvarer og redusere bruken av primære råvarer. Det offentlege må i større grad bruke rolla si som stor aktør i marknaden til å auke etterspurnaden etter grøne og mindre miljøbelastande varer og tenester. Det er viktig at den grøne omstillinga blir ei positiv endring og fornying av økonomi og samfunn, med nye moglegheiter for vekst og utvikling på mange felt. Samstundes veit vi at omstilling til eit grønare samfunn vil koste i ein overgangsperiode, og at endringar òg kan gje belastningar. Det er viktig at kostnadene og ulempene ved den grøne omstillinga blir rettferdig fordelte i samfunnet, og at dei blir så små som mogleg. Målet er eit betre samfunn for alle, med meir effektiv ressursbruk, låge utslepp og mindre press på natur. Godt samarbeid og dialog mellom alle samfunnsaktørar er eit viktig verktøy i den grøne omstillinga. Alle samfunnsaktørar er eit viktig verktøy i den grøne omstillinga.

Tap av natur og naturmangfald

Naturen er livsgrunnlaget vårt. Han gjev oss mellom anna vatn, mat, medisinar, mineral og byggjemateriale. Berekraftig bruk av naturen er avgjerande for verdiskaping, arbeidsplassar og busetjing over heile landet. Naturen tek opp klimagassar ved naturleg karbonlagring i til dømes myr, tidevassump, skog og tareskog. Robuste økosystem kan òg bidra til klimatilpassing ved å dempe effekten av klimaendringane, til dømes i form av flaumdemping og vassreinsing eller vern mot erosjon.

I dag blir naturen bygd ned i stor skala, det blir drive rovdrift på ressursar, og vi taper naturmangfald. Dette utfordrar grunnleggjande balansar i livsviktige økosystem. I mai 2019 la FNs naturpanel fram den globale rapporten sin om tilstanden i naturen. Rapporten presenterer kunnskap frå nær 15 000 vitskaplege kjelder, som seier at dyr, plantar og økosystem blir utrydda i eit tempo vi aldri før har sett i historia til mennesket. Vi hentar ut stadig meir mat, energi og materiale frå naturen for å dekkje eit aukande forbruk til ei veksande global befolkning. Det samla avtrykket vårt er no så omfattande at vi drastisk reduserer evna naturen har til å levere grunnleggjande tenester som reint vatn, rein luft og stabil tilgang til mat i framtida.

Tap av natur og naturmangfald er ei like stor og viktig utfordring som klimaendringane, og dei to heng tett saman. I Noreg er risiko for tap av naturmangfald særleg ei følgje av arealinngrep, arealbruksendringar og spreiing av framande artar. Kommunane har eit viktig ansvar for å forvalte areala godt. Miljøkriminalitet er òg ei viktig årsak til at nokre artar risikerer utrydding eller overutnytting. I havet gjev forsuring, plastforureining og anna forureining, store utfordringar for naturmangfaldet. Klimaendringane forsterkar truslane mot naturen både på land og i havet og har aukande negativ påverknad.

Berekraftig bruk av areala er avgjerande for å nå klimamåla, tilpasse samfunnet til eit endra klima og ta vare på naturmangfald. Både Naturpanelets globale rapport og Klimapanelets spesialrapport om klimaendringar og landareal viser til at landbaserte tiltak for å restaurere og bevare viktige økosystemtenester kan medverke både til auka karbonbinding og klimatilpassing. Ein makrotrend er at ein er blitt meir oppteken av rolla naturen har i desse prosessane, og at ein bør satse på tiltak som er bra for både naturen og klima på ein gong. Naturmangfald og naturbaserte løysingar vil vere eit dominerande tema framover.

Eit rikt naturmangfald og lett tilgang til naturområde er viktig for folkehelsa. Når naturområde blir bygde ned, vil dette ofte gå ut over høvet til friluftsliv. Særleg i byar er tilgangen til naturområde og naturopplevingar under press, men også i fjellet og langs kysten gjev stadig meir utbygging reduserte moglegheiter for friluftsliv. Det er difor viktig at konsekvensar for friluftsliv blir vurderte i alle saker som omfattar nedbygging av både større og mindre natur- og grøntområde. Ekstremvêr er blitt meir vanleg som følgje av klimaendringar. Dette stiller òg nye krav til tilrettelegging for friluftsliv. Kvar til dømes stiar, turvegar og bruer blir lagde, må vurderast opp mot vêrhendingar som tidlegare var meir uvanlege.

Auka press på havmiljøet

Dei store havområda under norsk jurisdiksjon og tilknytinga vår til havet, både i fortid, notid og framtid, inneber eit særskilt forvaltningsansvar for å sikre velfungerande marine økosystem, reine hav og rein kyst.

Ifølgje Naturpanelet er det globalt fire hovudpåverknader på dei marine økosystema. Den viktigaste påverknaden i global samanheng er fiskeria og anna hausting av marine organismar. Deretter kjem endringar i arealbruken på land og i havet, inkludert utvikling av infrastruktur og akvakultur i kystsona. Så kjem klimaendringar og etter det tilførsel av forureining og avfall. Forholdet mellom desse påverknadsfaktorane varierer mellom ulike delar av verdshava.

Klimaendringar er den påverknaden som aukar raskast globalt. Ifølgje klimapanelet er havet på veg inn i ein ny tilstand med stigande temperaturar, surare havvatn, mindre oksygen, redusert biologisk produksjon og endringar i havsirkulasjonen. Samstundes vil vi sjå ein stadig raskare auke i det globale havnivået. Klimapanelet peiker på at vi no ser verknader av klimaendringane på marine økosystem over heile kloden. I norske hav- og kystområde er klimaendringar allereie blant dei viktigaste påverknadsfaktorene. Klimaendringane forsterkar påverknaden frå andre faktorar som fiskeri, utbygging av kystsona og tilførslar av forureining og avfall.

Naturpanelet har vurdert kva som skal til for å handtere det samla presset frå dei ulike påverknadene på havet. Ifølgje naturpanelet trengst det eit knippe av verkemiddel og tiltak på land, i ferskvatn og i havet for å ta vare på fiskebestandar og marine artar og økosystem. Utviding og styrking av representative nettverk av verneområde er eitt av verkemidla som blir framheva som effektive, føresett at desse blir godt forvalta. Andre tiltak er mellom anna økosystembasert forvaltning, effektive fiskekvotar, marin arealplanlegging og reduksjon av forureining frå land. Det er også nødvendig med koordinering på tvers av sektorar og brukarinteresser i havforvaltninga.

Klimapanelet understrekar at klimatilpassing av forvaltninga i stor grad dreier seg om å redusere eller avgrense andre typar påverknad på det marine miljøet og miljøet i kystsona, som arealbruk, forureining og hausting. Beskyttelse av økosystem gjennom arealbaserte tiltak, inkludert nettverk av verneområde på land og i havet, blir også av dei framheva som spesielt viktig.

Viktige utviklingstrekk i norsk og internasjonal havforvaltning er omstilling i havbaserte næringar, globale diskusjonar under FN om forvaltning av hav og havressursar, ei aukande erkjenning av kva rolle velfungerande økosystem har i havøkonomien, og korleis havet kan vere ein del av løysinga på globale utfordringar. Utgangspunktet for Høgnivåpanelet for ei berekraftig havøkonomi (Havpanelet) er at havområda i verda har stort potensial for økonomisk vekst gjennom nye næringar og utvikling av eksisterande næringar. Samstundes er god miljøtilstand i havet og at havområda blir nytta på ein ansvarleg og berekraftig måte, ein føresetnad for å realisere potensialet i havet fullt ut.

Medan klimaendringar og havforsuring endrar dei økologiske vilkåra for å utnytte havet, vil tiltak som skal gje nødvendige utsleppsreduksjonar, auke behovet for å utnytte havområda, mellom anna til auka produksjon av mat, lagring av karbon og fornybar energi. Dette vil påverke arealbruken til havs og kan forsterke presset på havmiljøet.

Eit giftfritt miljø og trygge forbrukarprodukt

Forureining frå mellom anna miljøgifter er ein av dei tre viktige globale miljøutfordringane saman med klimagassutslepp og tap av naturmangfald. Miljøgiftene blir brotne sakte ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene, og dei kan ha alvorlege langtidseffektar. Stans i bruken og utsleppa av miljøgifter og stoff med ibuande eigenskapar som gjev tilsvarande grunn til bekymring, er grunnleggjande for god folkehelse, eit reint miljø, trygg matproduksjon og for å beskytte økosystema. Det er særleg viktig å vareta sårbare og utsette grupper som foster, barn og eldre og å unngå eksponering i kjønnsmoden alder eller gjennom arbeid. Mykje av norsk verdiskaping, produksjon og velferd er avhengig av eit reint miljø. Utslepp av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege stoff frå norske kjelder har gjennom mange års innsats blitt tydeleg reduserte. Utfordringane no ligg særskilt i langtransportert luft- og havforureining og i produkt som inneheld miljøgifter. Det er difor ei vedvarande utfordring å redusere forureining frå miljøgifter, og utfordringane må løysast ved internasjonalt samarbeid på globalt og europeisk nivå. Arbeidet under EØS-avtalen og globale avtalar er særleg viktig, og Noreg er ein leiande aktør. Miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege stoff i produkt hindrar trygg materialattvinning og er dermed eit hinder for auka bruk av sekundære råvarer. Tiltak mot plastforureining, irekna spreiing av mikro- og nanoplast i miljøet, er òg viktige for eit giftfritt miljø.

Plastforureining og spreiing av mikroplast

Plastforureining og spreiing av mikroplast er eit raskt aukande globalt miljøproblem. Det er ein trussel særleg mot marine økosystem og dyreliv langs kyst og i hav, men plastavfall er også eit problem i vatn og på land. Fiskeutstyr og tau som dyr set seg fast i, er eit særleg alvorleg problem i hav og vatn. Mikroplast finst overalt i miljøet, irekna i luft, vatn og næringsmiddel, og påverkar velferda til menneska. Mikroplast blir teken opp av dyr og spreidd i økosystema og er òg påvist til dømes i blodet hos menneske. Det trengst meir kunnskap på mange av desse områda, særleg når det gjeld miljø- og helseeffektar av dei minste plastpartiklane og gode overvakingsmetodar. Også annan type avfall enn plast skader dyreliv og velferd når det hamnar i miljøet. Opprydding skil ikkje mellom plast og anna avfall og er viktig for å redusere både negative effektar av avfallet og nedbryting av plast til mikroplast. Tilførslane av plastavfall og spreiing av mikroplast til miljøet må stansast. Problemet er globalt, og arbeidet for ein internasjonal rettsleg bindande avtale for å stanse plastforureining er avgjerande. Tiltak må setjast inn tidleg i livsløpet til plast. Produksjonen og bruken av plast må bli meir berekraftig. Arbeidet under EØS-avtalen og under eksisterande globale forum mot spesifikke utfordringar og kjelder er viktig.

Kulturmiljø

Forvaltninga av kulturmiljø er ein integrert del av klima- og miljøforvaltninga. Kulturmiljø er dei kulturhistoriske spora i omgjevnadene våre og utgjer ein verdifull ressurs i møte med samfunnsutfordringane i vår tid.

Overgangen til ein meir sirkulær økonomi inneber at vi skal utnytte alle ressursane best mogleg. Vern gjennom bruk er difor framleis eit viktig prinsipp for ei berekraftig kulturmiljøforvaltning. Det vil både redusere avfall og redusere behovet for produksjon og transport av nye byggjemateriale. Vidareført bruk, innovativ ombruk og gjenbruk av eksisterande bygningar og materiale medverkar til å redusere råvarebruk, avfall, utslepp og energiforbruk. Det er verknadsfulle tiltak som gjev reduserte klimagassutslepp her og no og ikkje berre ein venta gevinst i framtida.

Samstundes som kulturmiljøfeltet kan bidra til ein sirkulær økonomi og reduksjon av klimagassutslepp, er det òg viktig at kulturmiljøfeltet handterer dei uønskte konsekvensane av klimaendringane. Eit fuktigare og varmare klima vil gje auka fare for ròte- og insektskadar. Vidare kan akutte hendingar som flaum, skred, brann og kraftig nedbør true dei kulturhistoriske verdiane. Klimatilpassing er difor ei sentral oppgåve for kulturmiljøforvaltninga framover.

Urbaniseringa og den auka tilflyttinga til byane og tettstadene fører òg til press på areal, kulturminne og kulturmiljø. Utfordringa ligg i å auke tettleiken samstundes som ein forsterkar trivselen og kjensla av tilhøyrsel for innbyggjarane.

Miljøutfordringar i nord – og i polarområda

Klimaendringar og auka menneskeleg aktivitet gjev miljøutfordringar i Arktis og Antarktis. Polområda har ei nøkkelrolle i det globale klimaet, og issmelting i Arktis og Antarktis er avgjerande for havnivået i framtida. Oppvarminga av Arktis er meir enn dobbelt så rask som det globale gjennomsnittet. Klimaendringane er den klart største trusselen mot natur og naturmangfald i Arktis.

Temperaturstiginga skjer særskilt raskt på Svalbard. Klimaendringane har allereie merkbare konsekvensar – både for økosystema, som blir meir sårbare for ferdsel, for kulturmiljø og for befolkninga på Svalbard. Spesielt utsett er artar som er avhengige av is, som ringsel og isbjørn, og artar som er sterkt påverka av endringar i det marine miljø, som sjøfugl. Fjordisen har minka på vestkysten av Svalbard dei siste åra. Fjordområde med brefrontar og stabil fjordis vinterstid, slik som Van Mijenfjorden, blir difor stadig viktigare for isavhengige artar. Samstundes blir desse områda meir attraktive som mål for utflukter.

Dei fleste vegetasjonstypane på Svalbard har dårleg evne til gjenvekst og dårleg slitestyrke. Klimaendringane gjev utslag i auka nedbør og smelting av permafrost som gjer at terrenget blir enda meir sårbart for slitasje frå ferdsel. Klimarelaterte endringar i tilgangen på mat blir rekna for å vere ei av hovudårsakene til nedgang i bestanden hos nokre av dei høgarktiske artane.

Belastninga ved ferdsel, naturlege nedbrytingsprosessar og klimaendringar utgjer den største trusselen mot kulturminna på Svalbard i dag. Fram til pandemien såg vi aukande grad av ferdsel på Svalbard, og denne ferdselen har no teke seg opp igjen til minst same nivået som før pandemien. Bygningar på Svalbard er i all hovudsak bygde på permafrost, og i observasjonar ser ein kontinuerleg auke av temperatur i dei øvre laga i bakken. Ein auke i temperatur i desse laga, som gjer at dei frys og tinar, skaper utfordringar for bygningsfundament og infrastruktur. Klimaendringar fører også til at flaum og skred vil kunne skje oftare og påføre bygg og kulturminne skade.

Klimaendringane i polarområda gjer det lettare for framande artar å få fotfeste.

Klimaendringane kan påverke økosystema også i Sørishavet. Antarktis har ei sentral rolle i dei globale klimasystema og er særskilt viktig med tanke på havnivåstiging. Ei utvikling mot varmare og ferskare vatn og gradvis flytting av frontsystem sørover vil kunne føre til endringar for nøkkelartar, slik som kril, som igjen påverkar livsgrunnlaget for pingvinar og marine pattedyr.

Forsøpling, særleg plastavfall i havet og på land, er ein vesentleg trussel mot mellom anna dyreliv i nordområda og kan auke med aukande skipstrafikk som følgje av klimaendringar. Mikroplastforureininga i Arktis er vesentleg, med særleg høge nivå i is. Fiskeutstyr, tau og hushaldsavfall er blant dei viktigaste typane marin forsøpling i Arktis. Fiskeri, skipsfart og arktiske busetnader er dei største lokale kjeldene. Plastavfall og mikroplast blir også transporterte til Arktis med havstraumar og vind. Plastavfall er funne sjølv på store djup i Antarktis.

Klima- og miljøutfordringane må løysast nasjonalt og internasjonalt

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på føre-var-prinsippet og forvaltaransvaret. Klima og natur skal vere ei ramme rundt all politikk. Klimautfordringane kan berre løysast gjennom globalt samarbeid, men Noreg må òg redusere eigne utslepp. Alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og medverke til å nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. Sektorane har òg ansvar for å sikre at kunnskap om eigen påverknad på klima og miljø og kunnskap om moglege løysingar og tiltak blir varetekne i forsking, overvaking og annan kunnskapsproduksjon.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å samordne og utvikle klima- og miljøpolitikken til regjeringa og arbeider for klima- og miljøvennlege løysingar i alle samfunnssektorar. Dette omfattar òg ansvaret for eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag på klima- og miljøområdet. Klima- og miljødepartementets nye kunnskapsstrategi 2021–2024 definerer mål, delmål og konkrete tiltak for å utvikle kunnskapssystemet for klima og miljø. Strategien peiker mellom anna på behovet for kunnskapssyntesar og å gjere internasjonal kunnskap relevant for norske tilhøve.

I forvaltninga for eit berekraftig samfunn som tek vare på naturkapitalen og beskyttar helsa til befolkninga, står desse prinsippa sentralt:

  • Klima- og miljøpolitikken skal vere basert på kunnskap. Å hente inn kunnskap frå kjelder som forsking, overvaking, kartlegging og kunnskapssamanstillingar står sentralt. Bidrag frå internasjonale kunnskapsprosessar som FNs klimapanel (IPCC) og FNs naturpanel (IPBES) er viktige.

  • Allmenta har rett til kunnskap, tilgang til miljøinformasjon og deltaking i prosessar for å avgjere saker om miljø. Det er viktig for at dei skal kunne vere med på å sikre eit sunt, produktivt og mangfaldig miljø og dermed eit berekraftig samfunn som tek vare på naturkapitalen.

  • Regjeringa har bestemt at FN sine berekraftsmål utgjer det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største nasjonale og globale utfordringane (i vår tid). 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030 ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng.

  • Føre-var-prinsippet, som er nedfelt i forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og svalbardmiljølova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet og kunnskapen er mangelfull, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slik skade eller la vere å gjennomføre aktiviteten.

  • Prinsippet om samla belastning/økosystemtilnærming står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område, naturtypar og artar, når planar skal leggjast og vedtak skal gjerast.

  • Forureinar-betaler-prinsippet inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, skal dekkje kostnadene ved at forureining blir påført samfunnet. Dette er prinsippet for ei rekkje miljøavgifter, til dømes CO2-avgifta. Etter forureiningslova har den som forureinar, òg ansvaret for å rydde opp. Tilsvarande har naturmangfaldlova eit prinsipp om at kostnadene ved at miljøet blir dårlegare, skal berast av tiltakshavaren. Kulturminnelova har ei føresegn om at tiltakshavaren skal betale kostnader ved arkeologiske undersøkingar av automatisk freda kulturminne. Svalbardmiljølova har òg slike føresegner.

Internasjonalt samarbeid er avgjerande for å løyse dei globale klima- og miljøutfordringane.

Klima- og miljødepartementet deltek aktivt i ei rekkje internasjonale prosessar og nyttar fleire verkemiddel for å påverke den globale miljøtilstanden. Departementet arbeider både bilateralt, regionalt i Europa og Norden og globalt. Gjennom internasjonale forhandlingar medverkar Noreg til at landa i verda set seg felles mål for til dømes å redusere produksjonen og bruken av miljøgifter (Stockholmskonvensjonen og Minimatakonvensjonen), betre naturmangfaldet (FNs konvensjon om biologisk mangfold), redusere klimagassutslepp (Parisavtalen og Klimakonvensjonen) og arbeide mot organisert grenseoverskridande miljøkriminalitet (FN-konvensjon mot grenseoverskridende organisert kriminalitet). Noreg vil delta aktivt i forhandlingane om ein internasjonal avtale mot plastforureining. Internasjonale avtalar får òg konsekvensar nasjonalt. Til dømes dannar berekraftsmåla og Parisavtalen viktige rammer for Noregs nasjonale og internasjonale klima- og miljøarbeid.

Vi når verken måla i Parisavtalen eller FNs berekraftsmål utan å redusere og reversere tap av regnskogane i verda. Skogane medverkar til eit stabilt klima, til naturmangfald, og dei utgjer levegrunnlaget for millionar av menneske, spesielt urfolksgrupper, som bur i og omkring skogen. Det er utfordrande for skoglanda å gjennomføre ein berekraftig arealpolitikk som hindrar at regnskogen blir øydelagd. Denne utfordringa veks så lenge dei globale marknadene spør etter varer som aukar avskoginga. Det internasjonale Klima- og skoginitiativet er Noregs innsats for å støtte skoglanda i innsatsen deira og å redusere marknadspresset på skogen.

EU er ein pådrivar i internasjonal klima- og miljøpolitikk og ein viktig samarbeidspartnar for Noreg. Ein stor del av klima- og miljøpolitikken til EU blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtalen, mellom anna regelverk på område som avfall, produkt, kjemikaliar, industriutslepp, luftkvalitet og vassforvaltning. Noreg deltek fullt ut i EUs klimakvotesystem. Noreg skal òg samarbeide med EU i perioden 2021–2030 for å oppfylle klimamålet for 2030. EUs ambisiøse klimamål og oppfølginga av Europas grøne giv kjem til å påverke den grøne omstillinga i Noreg.

Dei globale klima- og miljøutfordringane må òg sjåast i samanheng med internasjonal handel, investeringar og finanssektoren. Handel og investeringar kan auke presset på naturen og gje auka utslepp, men kan òg bidra til å fremje meir berekraftig produksjon og forbruk. Handels- og investeringsavtalar set, til liks med klima- og miljøavtalar, rammer for nasjonal klima- og miljøpolitikk. Det blir difor arbeidd for at slike avtalar blir utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn.

Omstillinga til ei berekraftig økonomi vil krevje store investeringar. I tillegg til endringer i avgiftssystemet og offentlege investeringar, må private kapitalstraumer vris i retning av investeringar som er i samsvar med internasjonale klima- og miljømål. Eit av måla i Parisavtalen er difor å gjere flyten av kapital foreinleg med reduksjon av klimagassutslepp og klimarobust utvikling.

Både dei fysiske virkningane av klimaendringane og omstillinga til ein lågutsleppsøkonomi medfører risiko. Finansforetak må identifisere klima- og miljørelatert risiko dei er eksponert mot. Overvåking og tiltak mot systemvirkningane av risikoene er ein viktig oppgave for myndigheitene. Regjeringa vil omstille Noreg til ein verdiskapende og konkurransedyktig lågutsleppsøkonomi. Ein robust finanssektor er avgjerande for ei vellykka omstilling, og kan bidra gjenom å formidle kapital til berekraftige prosjekt og løysingar. I EU har det dei siste åra blitt vedtatt, eller foreslått, fleire regelverksendringar som har som formål å leggje til rette for at kapitalmarknadene i større grad finansierar berekraftige prosjekt og aktivitetar. EUs klassifiseringssystem (taksonomi) for berekraftig økonomisk aktivitet er eit sentralt tiltak i arbeidet med å leggje til rette for kanalisering av kapital til berekraftige aktivitetar og prosjekt.

Meir informasjon om internasjonalt klima- og miljøarbeid og berekraftig finans er å finne i programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m., 12.20 Klima, naturmangfald og forureining, 12.60 Nord- og polarområda og 12.70 Internasjonalt klimaarbeid og i del III Omtale av særlege tema.

2 Resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken

Klima- og miljøpolitikken er delt opp i seks resultatområde. Resultatområda er etablerte for å vise heilskapen i Klima- og miljødepartementets politikkområde og for å gjere synleg at klima og miljø er eit ansvar for heile samfunnet.

På kvart resultatområde er det tilhøyrande nasjonale klima- og miljømål som speglar av kva Noreg vil oppnå på området, og indikatorar for kvart mål, som viser utviklinga over tid. Klima- og miljødepartementet fastset årleg eit sett med indikatorar for alle dei nasjonale måla. Måla og utviklinga i indikatorane over tid er beskrivne på Miljøstatus.no.

Under følgjer ein nærmare omtale av resultatområda og dei nasjonale måla.

2.1 Naturmangfald

Nasjonale mål:

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Naturen er sjølve grunnlaget for velferda vår, og berekraftig bruk av naturressursane er avgjerande for verdiskaping, arbeidsplassar og busetjing over heile landet. Naturen reinsar vatn og luft, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonn, produserer mat, dempar flaumar, lagrar karbon, beskyttar mot erosjon og syter for pollinering av plantar. Naturen medverkar òg til verdiskaping og opplevingar. Ein mangfaldig natur gjev meir robuste økosystem som er betre i stand til å tilpasse seg endringar i naturen, mellom anna klimaendringane.

I naturmangfaldmeldinga står det at regjeringa vil klargjere kva som er tilstanden i økosystema. Økologisk tilstand er vurdert etter eit nytt fagsystem for fastsetjing av god økologisk tilstand, i fjell, skog og arktisk tundra. Ifølgje fagsystemet er det av desse økosystema berre når det gjeld fjell og arktisk tundra, at tilstanden er god, og i begge er tilstanden venta å bli dårlegare framover. I andre økosystem der ein enno ikkje har gjort vurderingar etter fagsystemet, baserer ein seg på Naturindeks som viser at tilstanden i desse synest å vere middels god, med unntak av hav, der tilstanden er god. Ei vurdering av tilstand i hav etter fagsystemet vil etter planen komme i løpet av 2022.

Boks 2.1 Fagsystem for fastsetjing av god økologisk tilstand

Eit ekspertråd har utvikla eit fagsystem som blir brukt til å måle økologisk tilstand for ulike økosystem i Noreg. På bakgrunn av dette arbeider no ulike forskingsinstitusjonar med å vurdere tilstanden i dei norske økosystema. Fagsystemet vurderer tilstanden til økosystema basert på indikatorar knytte til viktige økologiske eigenskapar. God økologisk tilstand betyr i fagsystemet at eit økosystem ikkje avvik vesentleg frå eit intakt økosystem (referansetilstanden). Fagsystemet kan vidare peike på økologiske funksjonar som avvik frå god tilstand. Denne metodikken har fleire likskapar til korleis vi fastset tilstand med den standardiserte metodikken etter vassforskrifta. Fagsystemet er eit av fleire kunnskapsgrunnlag som gjer oss i stand til å forvalte økosystema meir kunnskapsbasert.

For å hindre at artar og naturtypar blir utrydda i norsk natur, må vi vere spesielt merksame på dei artane og naturtypane som er trua eller nær trua. Dette er artar og naturtypar som står i fare for å forsvinne frå norsk natur. Ein trua art eller naturtype er definert som ein art eller ein naturtype i ein av kategoriane kritisk trua, sterkt trua eller sårbar på Norsk raudliste for artar 2021 eller Norsk raudliste for naturtypar 2018. I tråd med naturmangfaldmeldinga blir arbeidet med å vareta sterkt eller kritisk trua ansvarsartar og trua naturtypar og naturtypar som er viktige for trua artar, prioritert først. Ifølgje Norsk raudliste for naturtypar (2018) er 66 naturtypar trua og 34 nær trua for Fastlands-Noreg og norske havområde. Det betyr at nesten halvparten av dei vurderte naturtypane er trua eller nær trua. Når det gjeld artar, er ifølgje Norsk raudliste for artar (2021) 2 752 artar trua og 1 359 nær trua for Fastlands-Noreg og norske havområde. Det betyr at 18 pst. av dei vurderte artane er trua eller nær trua. Tabell 2.1 gjev ei oversikt over trua artar og naturtypar i dei ulike hovudøkosystema.

Tabell 2.1 Talet på trua artar og naturtypar i hovudøkosystema

Hovudøkosystema i Noreg

Talet på trua artar1

Talet på trua naturtypar2

Hav og kystvatn

62

6

Elvar og innsjøar

195

4

Våtmark

289

8

Skog

1 330

10

Fjell

179

3

Kulturlandskap og opent lågland

1 546

14

Polare område (Svalbard)

67

8

1 Tala er baserte på Norsk raudliste for artar 2021.

2 Tala er frå Norsk raudliste for naturtypar frå 2018.

Dei områda som er verna etter naturmangfaldlova, utgjer ein viktig del av den norske naturen, og det er ei prioritert oppgåve å halde oppe tilstanden i desse områda. Om lag 17,6 pst. av Fastlands-Noreg er no verna som nasjonalparkar, naturreservat, landskapsvernområde eller anna vern. Det er stor variasjon i fordelinga av vern mellom hovudøkosystema. Til dømes er 35 pst. av fjellarealet 900 meter over havet verna, medan 5,1 pst. av skogen er verna. For den produktive delen av skogen er talet 3,8 pst. Stortinget vedtok i 2015 eit mål å verne 10 pst. av skogarealet. Omlag 4,5 pst. av hav og kystvatn innanfor 12 nautiske mil (territorialfarvatnet) er verna. Her er det langt igjen før målet om representativt vern er nådd.

Varetaking av fleire av dei store, samanhengande naturområda vi har att i Noreg, er viktig av mange grunnar. Det sikrar samanhengande landskap, det rustar naturen for klimaendringar, og det held ved lag økologiske nettverk av naturområde som mellom anna er viktig for å vareta trua artar. Miljødirektoratet og statsforvaltarane arbeider med prosessar for å verne viktig natur som ikkje er verna. Dei samarbeider også med aktuelle kommunar om å opprette fleire og utvide eksisterande nasjonalparkar.

2.2 Kulturminne og kulturmiljø

Nasjonale mål:

  • Alle skal ha høve til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.

  • Kulturmiljø skal bidra til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging.

  • Eit mangfald av kulturmiljø skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.

Dei nasjonale måla er forankra i Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold.

Kulturminne og kulturmiljø er viktige delar av det kollektive samfunnsminnet. Historiske bygningar, bymiljø, landskap og arkeologiske spor er kjelder til historia om samfunnsutvikling, om livet til enkeltmenneske og om korleis menneska har brukt og innretta seg etter naturen og ressursane gjennom tidene. Kulturmiljøpolitikken skal forvalte dei kulturhistoriske verdiane i eit langsiktig perspektiv.

Dei nasjonale måla legg vekt på kor viktig kulturarven er for samfunnet og i arbeidet med å nå FNs berekraftsmål. Kulturmiljøpolitikken er ein sentral og integrert del av klima- og miljøpolitikken. Denne koplinga til klima- og miljøforvaltninga er blitt aktualisert gjennom den effekten klimaendringane har på kulturminne, kulturmiljø og landskap. Samstundes kan bevaring av kulturhistoriske bygningar og anlegg medverke til reduksjon av klimagassutslepp og til den sirkulære økonomien. Korleis vi handterer den eksisterande bygningsmassen, vil difor vere ein viktig del av løysinga for å nå utsleppsmåla vi har i 2030.

By- og stadutvikling er ein del av løysinga for ei berekraftig utvikling. Kulturarv kan brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga. Transformasjon og ny bruk av eldre bygningsmasse kan medverke til å bevare og vitalisere dei historiske byområda. God arkitektur, historiske bygningar og bymiljø medverkar til stadidentitet og positive opplevingar av sentrum og er ressursar som bør utnyttast for å utvikle attraktive og levelege byar og stader. Å «styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda» er eit eige delmål under FNs berekraftsmål 11 Berekraftige byar og lokalsamfunn, men kulturmiljø medverkar òg til å nå fleire av dei andre berekraftsmåla.

I samband med regionreforma har fylkeskommunane fått meir mynde og har i hovudsak førstelinjeansvaret for behandling av saker etter kulturminnelova. Riksantikvaren har eit overordna ansvar for gjennomføringa av den nasjonale kulturmiljøpolitikken i Noreg.

Kulturminnefondet er den viktigaste verkemiddelordninga for eigarar av verneverdige kulturminne. Tilskot frå Kulturminnefondet er eit effektivt bidrag til arbeidet med å betre rammevilkåra for private eigarar av kulturminne og til å stimulere til privat verneinnsats. Kulturminnefondet har i 2021 fordelt 141,5 mill. kroner til 867 tiltak som medverkar til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

2.3 Friluftsliv

Nasjonale mål:

  • Friluftslivet sin posisjon skal takast vare på og utviklast vidare gjennom varetaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Friluftsliv og eit nært forhold til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av livet til mange nordmenn. Friluftsliv gjev auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga og interessa for å ta vare på naturverdiar. Det er eit mål å auke deltakinga i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga og spesielt for barn og unge.

Skal målsetjinga om at store delar av befolkninga utøver friluftsliv jamleg bli nådd, er det viktig med attraktive friluftslivsområde i nærleiken av der folk bur. Friluftsliv i nærmiljøet er difor prioritert i friluftslivsarbeidet.

For å oppnå ei høg deltaking i friluftsliv i alle grupper av befolkninga er eit variert nettverk av turstiar og turvegar svært viktig. Miljødirektoratets ferdselsåreprosjekt bidreg til etablering av ferdselsårer for friluftsliv i kommunane.

Det er ein lovfesta rett i friluftslova å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten) og at ferdsel og opphald i naturen skal vere gratis. Dette er ein viktig føresetnad for at friluftsliv er svært utbreidd i Noreg. Den sterke stillinga allemannsretten har i Noreg, heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Informasjon om rettar og plikter etter allemannsretten er prioritert, der eit naturvennleg friluftsliv er sentralt.

2.4 Forureining

Nasjonale mål:

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Bruk og utslepp av kjemikaliar på prioritetslista skal stansast.

  • Eksponering av menneske og miljø for radioaktiv forureining skal haldast så låg som mogleg.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

  • Materialattvinning av avfall skal auke.

  • Å sikre trygg luft for innbyggjarane. Basert på kunnskapsstatusen frå i dag blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

    • årsmiddel PM10: 20 µg/m3

    • årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

    • årsmiddel NO2: 30 µg/m3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 samanlikna med 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå, skal reduserast med 30 pst. innan 2020 samanlikna med 2005.2

Alle har rett til eit miljø som tryggjer helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir teken vare på. Noreg har ambisiøse mål om å redusere forureining. Det overordna målet inneber at forureining ikkje skal skade helse og miljø. Det er òg fastsett meir spesifikke mål for område som har særleg merksemd.

For kjemikalieområdet rettar mykje av arbeidet seg spesielt mot bruk og utslepp av kjemikaliar som er førte opp på den norske prioritetslista for miljøgifter og andre stoff som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø. For tida er 75 stoff og stoffgrupper førte opp på lista.

Mange stoff og stoffgrupper på den norske prioritetslista er forbodne, både i Noreg og i andre land, og strenge krav har gjort at utslepp frå både landbasert industri og olje- og gassverksemd er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land. Bruk og utslepp av andre helse- og miljøfarlege stoff har ei tilsvarande utvikling. Det er difor lågare nivå av dei gamle miljøgiftene – som PCB og DDT – i til dømes fisk og skaldyr no enn for 20–30 år sidan. Slike gamle miljøgifter finst likevel framleis i norsk miljø og i forhøgde nivå i dyr langt oppe i næringskjeda og hos menneske.

Samstundes finn vi stadig nye miljøgifter, som bromerte og klorerte flammehemmarar og fluorerte sambindingar (PFAS-ar), i norsk natur. Noko kjem av lokale utslepp, men ein god del kjem òg langvegs frå, med luft- og havstraumar frå andre land. Produkta vi omgjev oss med, er òg ei viktig kjelde. Kjelder som produkt, avfall, forureina grunn og sediment fører til at utslepp vil skje i lang tid etter at stoffa er fasa ut av bruk. Nye kjemiske stoff blir utvikla raskt. FN anslår at salet av kjemikaliar globalt vil doblast innan 2030, og at store mengder helse- og miljøfarlege stoff vil sleppast ut i miljøet.

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått for seg i fleire tiår. Kvart år blir eit stort tal på lokalitetar i Noreg undersøkt, registrert og ved behov sanert, og i 2020 vart drygt 2000 lokalitetar registrerte eller oppdaterte med ny informasjon om undersøkingar og tiltak, noko som er det høgaste talet på mange år. Totalt er det no drygt 13 000 lokalitetar i databasen Grunnforurensning, irekna 1 000 med alvorleg grunnforureining. Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006. Av dei 17 høgast prioriterte områda for opprydding av forureina sjøbotn er 5 ferdig rydda. I tillegg er det ferdig rydda i delar av tre andre av dei høgast prioriterte områda.

Næringssalt (fosfor og nitrogen) og organisk materiale endrar tilstanden i vatn og påverkar algevekst og oksygenforhold for plante- og dyreliv i vassdrag og i kystområda. Tilførsel av næringssalt til kystområda kjem i hovudsak frå avrenning frå jordbruk, utslepp av kommunalt avløp og fiskeoppdrett og gjennom naturleg avrenning. Langs Skagerrakkysten er jordbruk og kommunalt avløp dei største utsleppskjeldene. Langs dei andre kyststrekningane er fiskeoppdrett den største utsleppskjelda.

Det er eit eige mål for radioaktiv forureining for å få tydeleg fram breidda i arbeidet på området. Nivået på radioaktiv forureining er generelt lågt. Nedfallet frå ulykka i Tsjernobyl i 1986 er framleis ei viktig kjelde til radioaktivitet i norsk natur.

For petroleumsverksemda er det eit mål at utslepp til sjø av dei mest miljøfarlege tilsette kjemikaliane skal stansast, og at utslepp av prioriterte miljøgifter som finst naturleg, skal stansast eller minimerast. Når det gjeld olje og andre stoff, er målet ingen utslepp eller minimering av utslepp som kan gje skade, jf. Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet. Dette nullutsleppsmålet er vidareført i Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene og gjeld for heile den norske sokkelen. Det er framleis behov for tiltak for å nå målet.

Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til attvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. I dag blir nær alt farleg avfall attvunne eller levert til godkjend behandling. Innsats for å redusere helse- og miljøskadelege stoff i produkt medverkar òg til å redusere miljøproblema når slike produkt blir til avfall.

Dei nasjonale avfallsmåla er at veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og at materialattvinning av avfall skal auke. Brutto nasjonalprodukt auka med 2,5 pst. frå 2017 til 2019, medan avfallsmengdene auka med 3,0 pst. i same tidsrom. Med få unntak har avfallsmengdene vakse raskare enn økonomien frå år til år. Vi har såleis ikkje nådd målet, sjølv om avfallsmengda fall meir enn BNP frå 2019 til 2020. Frå 2019 til 2020 auka materialattvinninga frå 41 pst. til 45 pst. (biologisk behandling inngår ikkje i talet). Dette er likevel eit lågare nivå enn for ti år sidan og under dei krava som vart sette av EU for 2020. Vi har bindande mål til materialattvinning og førebuing til ombruk av hushaldsavfall og liknande avfall frå næringslivet, der vi i 2025 skal nå 55 pst., 60 pst. i 2030 og 65 pst. i 2035.

Noreg har mellom anna slutta seg til regionale havmiljømål under konvensjonen om beskyttelse av det marine miljø i Nordaust-Atlanteren (OSPAR). I Noreg er det forbod mot å forsøple. Internasjonalt er det semje om å stanse all tilførsel av plastavfall og mikroplast til havet på sikt. FNs miljøforsamling (UNEA) vedtok i mars 2022 å starte ein prosess for å utvikle ein rettsleg bindande global avtale om plastforureining og mikroplast.

Avfallsførebygging og god handtering av avfall er avgjerande for å førebyggje plastforureining òg. Nasjonal plaststrategi som vart lagd fram i 2021, beskriv dei viktigaste eksisterande verkemidla nasjonalt og internasjonalt for å redusere tilførslane av plast og mikroplast til miljøet og tiltak som er under utgreiing og førebuing.

Gjennom Montrealprotokollen forpliktar medlemslanda seg til å fase ut bruken av gassar som er skadelege for ozonlaget. Bruken av stoffa er på verdsbasis redusert med over 98 pst., og overvakingsresultat viser no at ozonlaget er i ferd med å bli tjukkare. Noreg oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen.

Internasjonale avtalar har redusert tilførslane av langtransportert luftforureining sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg i fleire tiår framover utan ytterlegare utsleppsreduksjonar. Nasjonalt har Noreg redusert dei samla årlege utsleppa av svoveldioksid, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og små helseskadelege partiklar (PM2,5) i tråd med dei internasjonale forpliktingane i Göteborgprotokollen og i EØS-avtalen. For utslepp av ammoniakk må verkemiddelbruken forsterkast for at Noreg skal overhalde forpliktingane i dei internasjonale avtalane.

Frå 1. januar 2022 vart det nasjonale målet for årsmiddelen for nitrogendioksid (NO2) endra frå 40 til 30 mikrogram per kubikkmeter utandørs luft. Oppdateringa er basert på ny kunnskap frå Folkehelseinstituttet og Miljødirektoratet om helseeffektar ved langvarig eksponering for NO2.

Både for nitrogendioksid (NO2) og svevestøv (PM10 og PM2,5) er det i tillegg til nasjonale mål fastsett juridisk bindande grenseverdiar i forureiningsforskrifta. Grenseverdiane for svevestøv vart stramma inn frå 1. januar 2016, og i 2020 leverte Miljødirektoratet, Vegdirektoratet og Folkehelseinstituttet ei utgreiing på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet der dei tilrådde ei ytterlegare skjerping av grenseverdiane for svevestøv (rapport M-1669/2020). Forslaget til nye grenseverdiar var på høyring hausten 2021, og alle høyringsinstansar som hadde fråsegn til forslaget, stilte seg positive til dei foreslåtte grenseverdiane. Regjeringa innførte nye, strammare grenseverdiar for svevestøv frå 1. januar 2022. Grenseverdien for årsmiddel PM10 vart endra frå 25 til 20 mikrogram per kubikkmeter og for årsmiddel PM2,5 frå 15 til 10 mikrogram per kubikkmeter. I tillegg vart talet på tillatne overskridingar av døgnmiddelgrensa for PM10 endra frå maksimalt 30 til maksimalt 25 overskridingar av 50 mikrogram per kubikkmeter.

Vidare har Miljødirektoratet på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeidd forslag til endringar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet som tok til å gjelde 1. juli 2022. Formålet med endringane er å auke gjennomføringsevna til aktørane og å betre etterlevinga av regelverket. Det viktigaste grepet er å forenkle og omstrukturere forskrifta for å gjere henne meir brukarvennleg. I tillegg vil endringane utvide moglegheita kommunane har til å sikre at nødvendige tiltak blir gjennomførte, og gje Miljødirektoratet fleire styringsverktøy for å sikre at regelverket blir følgt opp.

Det er ein nedgåande trend for NO2 i norske kommunar. Alle kommunar heldt seg innanfor grenseverdien for NO2 i 2021, men det (nye) nasjonale målet på 30 mikrogram per kubikkmeter luft vart overskride i Oslo. Svevestøvnivåa varierer frå år til år, og grenseverdien blir framleis overskriden i enkelte kommunar enkelte år. I 2021 vart ingen av grenseverdiane brotne. Det nasjonale målet for PM10 på 20 mikrogram per kubikkmeter luft i årsmiddel vart overskride i Oslo, Bærum, Drammen, Lørenskog og Ringsaker i 2021. Det var ingen overskridingar av grenseverdien for PM2,5, men det nasjonale målet for PM2,5 vart overskride i åtte kommunar (Oslo, Stavanger, Bærum, Porsgrunn, Fredrikstad, Lørenskog og Ringsaker) i 2021.

I 2021 kom Verdas helseorganisasjon (WHO) med nye anbefalingar for kva for nivå av luftforureining som kan reknast som trygge. Miljødirektoratet og Folkehelseinstituttet skal, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, vurdere om dei nasjonale luftkvalitetskriteria bør oppdaterast i lys av dei nye anbefalingane frå WHO i løpet av 2022. Vidare skal Miljødirektoratet våren 2023 vurdere om oppdateringane bør få konsekvensar for norske mål og regelverk på luftkvalitetsområdet.

Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg utandørs støy ved bustaden i 1999, er redusert med 9 pst. mellom 1999 og 2019. I denne utrekninga er det ikkje teke omsyn til befolkningsvekst eller tilflytting til område som er plaga av støy. Generelt vil trafikkvekst og befolkningsvekst i område påverka av støy føre til fleire støyutsette, noko som forklarer kvifor vi samstundes opplever ein generell auke i talet på nordmenn som er utsette for støy. Vegtrafikk er den desidert viktigaste kjelda til støyplager i Noreg i dag og står for over 90 pst. av den utrekna støyplaga. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar. Noreg når i dag ikkje dei fastsette nasjonale måla for reduksjon av støyplage. Det blir arbeidd med oppdatert kunnskapsgrunnlag for å revidere støymålet.

2.5 Klima

Nasjonale mål:

  • Noreg har under Parisavtalen teke på seg ei forplikting om å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. innan 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030.

  • Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 pst. samanlikna med 1990.

  • Medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ei meir berekraftig utvikling.

  • Det er eit politisk mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Resultatområdet Klima omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, internasjonal klimafinansiering og klimatilpassing.

Dei nasjonale måla for klima er forankra gjennom klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk) og Stortingets behandling av stortingsmeldinga om ny utsleppsforplikting for 2030 (Innst. 211 S (2014–2015) til Meld. St. 13 (2014–2015) Nye utslippsforpliktelser for 2030 – en felles løsning med EU), samtykkeproposisjonen om felles oppfylling med EU av utsleppsmålet for 2030 (Prop. 94 S (2018–2019)), stortingsmeldinga om klimatilpassing i Noreg (Meld. St. 33 (2012–2013)), proposisjonen om samtykke til ratifikasjonen av Parisavtalen (Innst. 407 S (2015–2016) til Prop. 115 S (2015–2016)), lov om klimamål (klimalova) av 16. juni 2017, Noregs innmelding av forsterka mål til Parisavtalen den 7. februar 2020 og Klimaplan for 2021–2030 (Meld. St. 13 (2020–2021)). Omstillingsmålet for 2030 er nedfelt i Hurdalsplattforma og presisert i revidert nasjonalbudsjett 2022 (Meld. St. 2 (2021–2022)).

Noregs nasjonalt fastsette bidrag under Parisavtalen er å redusere utsleppa med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivå. Dette målet er lovfesta i klimalova. Målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050, er òg lovfesta i klimalova. Innan 2050 skal klimagassutsleppa reduserast med 90–95 pst. samanlikna med utsleppsnivået i 1990.

Figur 2.1 Tonn utslepp av CO2-ekvivalentar, per person.

Figur 2.1 Tonn utslepp av CO2-ekvivalentar, per person.

Kjelde: SSB-tabell 08940 og 07459.

Figur 2.2 Utslepp per mill. kroner bruttoprodukt (faste 2015-prisar).

Figur 2.2 Utslepp per mill. kroner bruttoprodukt (faste 2015-prisar).

Utsleppsintensitetane blir berekna etter definisjonane i nasjonalrekneskapen, det vil seie at utslepp til luft frå all norsk økonomisk aktivitet blir berekna. For rapportering til Kyotoprotokollen og andre internasjonale rapporteringar for utslepp til luft blir det nytta ein geografisk definisjon av Noreg, og utsleppstala er i hovudsak fordelte etter kjelder (prosessutslepp og utslepp frå stasjonær og mobil forbrenning), uavhengig av kva for næringar som genererer aktivitetane. Produksjon blir erstatta med konsum for hushalda.

Kjelde: SSB-tabell 09298.

I Statistisk sentralbyrås utsleppsrekneskap var Noregs utslepp i 2021 på 49,1 mill. tonn CO2-ekvivalentar, om lag 0,16 mill. tonn lågare enn året før (sjå tabell 2.2). Opptak og utslepp i skog- og arealbrukssektoren er ikkje med i denne utsleppsrekneskapen. Klimagassutsleppa nådde ein topp i 2007 med 56,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar, men har sidan blitt redusert noko – dette trass i at Noreg har hatt ein vesentleg vekst i folketalet og i økonomien. Klimagassutsleppa per person har gått ned frå 12,1 tonn CO2-ekvivalentar per person i 2007 til 9,1 tonn i 2021 (sjå figur 2.1).

Petroleumssektoren er den største utsleppskjelda i Noreg, tett følgd av industri og vegtrafikk. Sjå nærmare i tabell 2.2 og omtale i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

Tabell 2.2 Utslepp av klimagassar. Mill. tonn CO2-ekvivalentar (førebelse tal for 2021)

Mill. tonn 2021

Endring i pst.

Sidan 1990

2007–2021

2015–2021

2020–2021

Utslepp frå norsk territorium

49,1

-4,5

-13,2

-9,8

-0,3

Av dette:

Olje- og gassutvinning

12,2

48,7

-19,7

-18,3

-7,9

Industri og bergverk

11,8

-40,5

-19,1

-1,7

3,0

Vegtrafikk

8,7

17,1

-13,3

-15,3

3,8

Luftfart, sjøfart, fiske, motorreiskap m.m.

7,5

40,8

6,3

-0,2

2,6

Jordbruk

4,6

-4,8

2,5

1,0

1,7

Energiforsyning

1,8

312,5

75,0

-1,0

4,6

Oppvarming i andre næringar og hushald

0,5

-80,8

-69,0

-42,5

-2,4

Andre kjelder

2,2

-21,5

-19,1

-18,3

-4,1

Tala omfattar ikkje utanriks sjø- og luftfart og opptak eller utslepp frå skog og arealbruk.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Den globale klimaavtalen som vart vedteken i Paris i desember 2015, legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. Regjeringa ratifiserte Parisavtalen i juni 2016, i tråd med Stortingets samtykke (Prop. 115 S (2015–2016)). På grunnlag av innstillinga til proposisjonen om samtykke til ratifikasjon av Parisavtalen, Innst. 407 S (2015–2016), har Stortinget vedteke at regjeringa skal leggje til grunn at Noreg frå og med 2030 skal vere klimanøytralt.

Lov om klimamål (klimalova) lovfestar klimamåla for 2030 og 2050. Regjeringa rapporterer om arbeidet med å nå klimamåla for 2030 og 2050 i rapporteringa etter klimalova, sjå særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus- og plan. Noregs klimamål under Parisavtalen er å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 1990. Regjeringa ønskjer å oppfylle det forsterka målet saman med EU. Gjennom klimaavtalen med EU har Noreg allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivå. EU melde i desember 2020 inn eit forsterka klimamål under Parisavtalen. Det forsterka målet deira er å redusere netto utslepp med minst 55 pst. innan 2030.

Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 ble lagt fram i 2021. Meldinga fekk tilslutning i Stortinget òg ble lagd til grunn for Støre-regjeringa sitt arbeid med å oppfylle forpliktinga Noreg har under Parisavtalen om utsleppskutt på minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i samarbeid med EU. Ein sentral del av planen er konkrete verkemiddel for korleis innanlandske ikkje-kvotepliktige utslepp kan reduserast med 45 pst.

Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 pst. samanlikna med 1990. Det inneber at regjeringa har eit nasjonalt mål om å omstille både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor. Formålet er at heile det norske næringslivet skal omstille seg i retning lågutsleppssamfunnet. Ein nærmare omtale av klimamåla og klimaavtalen med EU, og ein omtale av Europakommisjonen sitt forslag til forsterka klimaregelverk som vart lagt fram sommaren 2021, er å finne i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus- og plan.

For 2050 er målet at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Med lågutsleppssamfunn er det meint eit samfunn der klimagassutsleppa – ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende – er reduserte for å motverke skadelege verknader av global oppvarming slik det er gjort greie for i Parisavtalen artikkel 2 nr. 1 bokstav a (temperaturmålet). Klimagassutsleppa skal reduserast i storleiksordenen 90–95 pst. Ved vurdering av måloppnåing skal det takast omsyn til effekten av EUs kvotesystem. Regjeringa sette i august 2021 ned eit offentleg utval som skal gjere ei heilskapleg utgreiing av vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050. Utvalet skal levere rapporten sin 1. november 2023.

I tillegg til den nasjonale innsatsen medverkar Noreg til globale utsleppsreduksjonar gjennom mellom anna innsats for å bevare tropisk skog i utviklingsland. Innsatsen skjer gjennom Klima- og skoginitiativet, som er ein del av norsk offentleg bistand. Klima- og skoginitiativet er eit resultat av klimaforliket i 2008 og vart vidareført i forliket i 2012. Gjennom Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles fremtid er det vedteke at initiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030. Klima- og skoginitiativet har som mål å medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ei meir berekraftig utvikling. Satsinga har inngått partnarskap med ei rekkje sentrale skogland konsentrerte rundt dei tre store regnskogbassenga i verda: Amazonas, Kongobassenget/Sentral-Afrika og Indonesia.

Regjeringa har etablert eit nytt klimafond som skal investere i fornybar energi i utviklingsland med mål om å bidra til reduserte klimagassutslepp. Det er vedteke å setja av 10 mrd. kroner over fem år for å oppkapitalisere klimainvesteringsfondet. Norfund får ansvaret for å forvalte fondet. Det blir òg ei styrkt satsing på bistand til klimatilpassing i 2023 for å følgje opp regjeringa sin strategi Klima, sult og sårbarhet. Det grøne klimafondet er hovudkanalen for klimafinansiering under klimakonvensjonen. Regjeringa gjev eit bidrag til Det grøne klimafondet på 800 mill. kroner årleg i perioden 2020–2023. For å utløyse ytterlegare klimainnsats internasjonalt prioriterer Noreg i tillegg samarbeid om utsleppsreduksjonar gjennom kvotekjøp, utvikling av nye marknadsmekanismar og støttar ulike kapasitetsbyggingsprogram.

Klima- og skoginitiativet og annan internasjonal innsats er nærmare omtalte i del II, programkategori 12.70.

Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane. Klimaet endrar seg allereie, og endringane påverkar både natur og samfunn. Alvoret i klimaendringane blir stadig tydelegare og kan merkast både globalt og i Noreg. Kor omfattande klimaendringane blir, avheng av kor mykje vi greier å redusere utsleppa av klimagassar. Samstundes må vi førebu og tilpasse samfunnet på endringane som allereie er her, og som vi veit kjem. Mange tiltak er iverksette, samstundes er det behov for å leggje til rette for eit enda meir heilskapleg og samordna arbeid. Omfanget av klimaendringane vi ser i dag, og hastigheita på endringane, er også vesentleg større enn dei vi har opplevd tidlegare. Det er eit stadig behov for ny og auka kunnskap for å betre den heilskaplege forståinga av innverknaden klimaendringane har på Noreg, og å tilpasse oss desse endringane vil truleg krevje meir av oss framover. For å styrkje arbeidet med klimatilpassing har regjeringa vedteke å setje i gang eit arbeid med ei ny stortingsmelding for klimatilpassing.

Det er gjeve ein utfyllande omtale av status på klimatilpassingsarbeidet i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

2.6 Polarområda

Nasjonale mål:

  • Omfanget av villmarksprega område skal haldast ved lag, og naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom ei føreseieleg og langsiktig forvaltning.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Noreg har eit særskilt ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard, og eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk er å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Der er det slått fast at innanfor dei rammene traktats- og suverenitetsmessige omsyn set, skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser.

Målet om å halde omfanget av villmarksprega område på Svalbard ved lag, er følgt opp gjennom eit omfattande vern av område og strenge reglar når det gjeld nye naturinngrep som kan påverke villmarksprega område. Gruva i Lunckefjell nord for Svea er tilbakeført til den opphavlege tilstanden. I 2023 blir òg oppryddinga etter gruvedrifta i Svea avslutta. Som ei følgje av denne politikken har det ikkje vore vesentlege reduksjonar av villmarksprega område på Svalbard dei siste tiåra.

Klimaendringane på Svalbard skjer raskt og har allereie konsekvensar for naturen og kulturmiljøa på Svalbard. Desse konsekvensane vil bli større etter kvart som temperaturane held fram med å stige og sjøisen minkar enda meir. Spesielt utsett er artar som er avhengige av sjøis, slik som ringsel og isbjørn, og artar som er sterkt påverka av endringar i det marine miljøet, slik som sjøfugl. Endringar i tilgangen på føde som følgje av klimaendringar blir alt i dag rekna som ei hovudårsak til nedgang i bestandane hos nokre av dei høgarktiske fugle- og dyreartane.

Ein sterk vekst i turisme og forsking på Svalbard over mange år har òg ført til auka belastning på sårbart naturmiljø og kulturminne. Veksten i cruiseturisme med ilandstiging på populære stader som ofte er sårbare, er ei særleg utfordring og kan føre med seg forstyrring av dyrelivet og skadar og slitasje på terreng og kulturminne. Det er dokumentert at forstyrring hos fleire artar kan føre til redusert bruk av viktige leveområde.

Fjordisen på vestkysten av Svalbard har minka særleg raskt dei siste åra. Fjordområde med brefrontar og stabil fjordis vinterstid er viktige leveområde for ringsel og isbjørn. Når isdekket minkar, blir dei fjordområda som framleis har sjøis, viktigare for dyrelivet. Samstundes er desse områda attraktive turmål, noko som kan føre til forstyrring av dyrelivet. Å avgrense forstyrring og påverknad frå lokal verksemd på sårbare artar er såleis ei hovudutfordring. Forvaltninga må sjå til at ferdsel og anna verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor.

Dei fleste artane på Svalbard er freda, men det er opent for avgrensa jakt, fangst og fiske på artar som rein, rype, fjellrev og røye og nokre artar av sel og sjøfugl. Klimaendringane endrar livsvilkåra for desse artane, noko som gjer det meir krevjande å sikre at dei blir forvalta på ein heilskapleg måte i samsvar med målet om at naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

Dei fleste vegetasjonstypane på Svalbard har dårleg slitestyrke og evne til gjenvekst. Klimaendringane fører med seg endringar i terrenget og vegetasjonen som kan gjere terrenget og vegetasjonen meir sårbare for slitasje frå ferdsel.

Freda bygningar på Svalbard er i all hovudsak bygde på permafrost. Ein kan måle ein kontinuerleg auke av temperatur i dei øvre laga i bakken, og laget som tinar kvar sommar, blir stadig djupare. Dette skaper utfordringar for bygningsfundament og infrastruktur og forsterkar naturlege nedbrytingsprosessar. Klimaendringar fører også til at flaum og skred vil kunne skje oftare og påføre bygg og andre kulturminne skade.

Klimaendringar i form av høgare temperaturar og meir nedbør medverkar til auka kysterosjon. Dette utgjer ein aukande trussel mot kulturmiljø og kulturminne som ligg langs kysten. Som følgje av dette opplever forvaltninga ein auke i saker der kulturminne står i direkte fare for å bli øydelagde eller gå tapt. Særeigne forhold knytte til vêr, infrastruktur og geografi gjer det praktisk utfordrande og kostnadskrevjande å ta vare på kulturminne på Svalbard. For å gjere nødvendige prioriteringar i arbeidet med å sikre kulturminna er det også nødvendig å forbetre kunnskapsgrunnlaget på området.

Introduserte, framande artar kan lettare etablere seg når klimaet blir varmare. Dette utgjer ein aukande miljøtrussel i Arktis og på Svalbard.

Forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er eit stort og aukande problem. Noreg deltek aktivt i samarbeidet om dette under Arktisk råd, og Sysselmeisteren bidreg mellom anna med opprydding.

Noreg medverkar til ei sirkumpolar, heilskapleg tilnærming for å handtere miljøutfordringane i Arktis gjennom aktiv deltaking i Arktisk råd og arbeidsgruppene til rådet. Under Arktisk råd samarbeider dei arktiske landa om klima, miljø og berekraftig utvikling og utarbeider vitskapleg baserte vurderingar av klimaendringane og utviklinga av miljøtilstanden i Arktis. Dette arbeidet gjev viktig kunnskapsgrunnlag for internasjonale avtalar som gjeld forureining og klima, og for nasjonal forvaltning. Som følgje av Russlands angrepskrig mot Ukraina har Arktisk råd hatt ein pause i møteverksemda si. Prosjektarbeidet er til dels starta opp att, utan russisk deltaking.

Noreg og Russland har ansvar for forvaltning av miljø, artar og naturressursar i Barentshavet og grenseområda. Difor har det vore eit breitt og omfattande miljøvernsamarbeid under den norsk-russiske miljøvernkommisjonen, der havmiljø og grensenært miljøvernsamarbeid har vore særskilt prioriterte samarbeidsområde. Styresmaktssamarbeidet med Russland på miljøområdet er sett på pause etter Russlands angrepskrig mot Ukraina. Prioriterte prosjekt frå det norsk-russiske samarbeidet vil førast vidare i samarbeid med Sverige, Finland og dei andre arktiske landa.

Barentssamarbeidet har vore viktig for å styrkje grenseoverskridande kontakt og problemløysing og for å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen. Etter Russlands angrepskrig mot Ukraina vil eit miljøsamarbeid med Sverige og Finland i denne regionen halde fram.

I Antarktis har Noreg, som part til Antarktistraktaten, òg forplikta seg til eit omfattande vern av miljøet. Noreg skal vere ein pådrivar for å verne om miljøet i Antarktis og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking i samband med den viktige stillinga dette området har når det gjeld globale klima- og miljøendringar.

Det siste tiåret er det gjennomført ei rekkje miljøtiltak i tråd med miljøprotokollen, og Antarktis står i dag fram som eit av dei siste store urørte naturområda i verda. Marine verneområde er viktige områdebaserte tiltak, mellom anna for å ta vare på og sikre berekraftig bruk av marine ressursar og økosystem. I 2016 vart marine verneområde i Rosshavet vedtekne. Noreg deltek aktivt i arbeidet med nye marine verneområde i Antarktis, og Norsk Polarinstitutt vil i 2023 arbeide vidare med kunnskapen om økosystema i Weddelhavet / Kong Haakon VIIs hav utanfor Dronning Maud Land, basert på data som vart samla inn under toktet til Sørishavet i Antarktis sørsommaren 2019. Norsk Polarinstitutt vil samarbeide med forskarar frå andre partsland om dette.

Dei siste tiåra er det registrert betydeleg oppvarming over enkelte delar av Antarktis, og store flak av isbremmane går av og driv til havs. Spesialrapportene om hav og is frå FNs klimapanel (Special Report on the Ocean and Cryosphere in a Changing Climate) frå september 2019 peiker på at vi treng meir kunnskap om Antarktis og kva endringane der vil ha å seie for det globale klimaet og havnivået i framtida. Det er ei prioritert forskingsoppgåve å få meir kunnskap om samspelet mellom isbremmane, innlandsisen og havet og kva dette inneber for framtidig havnivåstiging og andre globale klima- og miljøspørsmål.

Forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land er den viktigaste plattforma for norsk forsking i Antarktis. Stasjonen nærmar seg slutten av si levetid, og Statsbygg har i 2022 utarbeidd ei konseptutvalutgreiing for oppgradering av forskingsstasjonen i 2023. Norsk Polarinstitutt har nyleg fått støtte frå Forskingsrådet til infrastrukturprosjektet Troll Observing Network. Prosjektet går ut på å etablere eit nettverk av åtte vitskaplege observatorium ved Trollstasjonen og vil vere eit stort løft for norsk Antarktis-forsking.

3 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2023

Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet har ei utgiftsramme på 19 977,8 mill. kroner i 2023, mot 17 869,8 mill. kroner i 2022. Dette er ein netto auke på 2 108 mill. kroner, eller 11,8 pst. frå saldert budsjett 2022.

Regjeringa vil føre ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk. Klimamåla skal nåast, og økonomien må innrettast mot å bli stadig meir fornybar, sirkulær og berekraftig. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet for å nå måla i Parisavtalen og omstille seg slik at vi oppfyller klimaforpliktingane våre.

Regjeringa vil etablere eit system for gode avgjerder for ein rettferdig klimapolitikk. Konsekvensar for klima skal vere ein del av avgjerdsgrunnlaget når alle viktige avgjerder blir tekne. Det blir no difor utvikla eit klimastyringssystem. Klimastatus og -plan er første utgåve av nytt klimastyringssystem, som skal tydeleggjere korleis klimapolitikken skal utformast, følgjast opp og rapporterast på frå år til år. Det skal bidra til at omsynet til klima er vareteke i relevante avgjerdsprosessar, gje informasjon om korleis vi ligg an til å nå klimamåla våre, og synleggjøre eventuelle behov for styrkt innsats.

Utgiftene under Klima- og miljødepartementet aleine gjev ikkje eit fullstendig uttrykk for regjeringa sine samla politiske prioriteringar av klima og miljø. Klimapolitikken er sektorovergripande. Viktige klimapolitiske satsingar ligg òg under budsjetta for andre departement. I tillegg blir mykje av klima- og miljøpolitikken ført ved hjelp av skattar, avgifter og regulering. Rapporteringa og framdrifta i klimapolitikken skal vere godt tilgjengeleg for allmenta. Regjeringas klimastatus og -plan er difor eit særskilt vedlegg til denne proposisjonen.

Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 pst. samanlikna med 1990. Det inneber at regjeringa har eit nasjonalt mål om å omstille både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor, sjå nærare omtale i Revidert nasjonalbudsjett 2022. Tiltak for å redusere klimagassutslepp og tilpasse samfunnet til klimaendringane er ei av hovudprioriteringane for regjeringa.

Enova er eit viktig klima- og energiverkemiddel. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Enova med 500 mill. kroner i 2023. Dette vil gjere det mogleg for Enova å auke innsatsen mot prosjekt som bidreg til ikkje-kvotepliktige utsleppsreduksjonar. Støtta kan til dømes bidra til auka elektrifisering av fartøy, tungtransport og anleggsmaskiner og til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig industri.

Gjennom å støtte opp under seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon medverkar Enova til utsleppsreduksjonar og grøn teknologiutvikling innan område som industri, grøn skipsfart, hydrogen, utsleppsfri landtransport og infrastruktur for nullutsleppsdrivstoff. Enova er eit spesialverktøy for å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar og i oppfølginga av klimaplanen for 2021–2030. Støtte frå Enova skal avlaste risiko og kostnader for dei som er først ute med å teste nye løysingar. Aktiviteten skal innrettast med sikte på å oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan støtte.

Gjennom eit grønt industriløft vil regjeringa leggje til rette for den grøne omstillinga i industrien. Målet er å gjere Noreg til ein grøn industri- og energigigant basert på naturressursane, kunnskapsmiljøa, den industrielle kompetansen og dei historiske fortrinna vi har. I juni 2022 la regjeringa fram «Veikart for et grønt industriløft» med planar og strategiar for korleis Noreg skal auke investeringane i fastlandsindustrien, auke eksporten og redusere utslepp og omstille eksisterande industri til lågutsleppssamfunnet. Dette inneber målretta satsing på skog- og trenæringa og annan bioøkonomi, prosessindustrien og annan landbasert industri, batteri, hydrogen, havvind, CO2-handtering og grøn skipsfart. Vegkartet peiker også på kor viktig samarbeid er, både med industri og med partnarar i arbeidslivet og med andre land. Den grøne omstillinga må skje raskt og vere rettferdig, og regjeringa har etablert eit råd for rettferdig omstilling i arbeidslivet og vil ha dialog om klimapartnarskap med næringslivet.

Grøn skipsfart er ein viktig del av arbeidet for å innfri klimaforpliktingane våre. Det er ein ambisjon om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og stimulere til utvikling av null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøykategoriar. Utviklinga i retning av nullutslepp har komme lengst innanfor ferjesektoren. Regjeringa foreslår å føre vidare ordninga for innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband. Regjeringa foreslår òg å føre vidare satsinga på utvikling av nullutsleppsløysingar for store fartøy under Forskningsrådet.

EUs grøne giv er den mest ambisiøse grøne omstillinga gjennom tidene. Regelverksutviklinga går i eit tempo og med eit ambisjonsnivå som utfordrar forvaltninga vår både i omfang, organisering og når det gjeld måten ho er innretta på. For å sikre konkurransekraft til norsk industri foreslår regjeringa difor at Miljødirektoratet får auka ressursar til ei rask gjennomføring av klimaregelverket og til reguleringa av berekraftige produkt i Noreg.

Heilskaplege, velfungerande økosystem gjer naturen meir robust mot klimaendringane vi står overfor. Regjeringa vil ta eit krafttak for naturen gjennom å bruke og styrkje evna naturen sjølv har til å fange og lagre klimagassar. Arbeidet med å sikre god tilstand i økosystema, hindre tap av artar og naturtypar og sikre eit representativt utval av natur for kommande generasjonar held fram i 2023. Eit godt kunnskapsgrunnlag om naturmangfald er avgjerande i arbeidet med ei økosystembasert forvaltning.

Langsiktig og berekraftig forvaltning av naturressursane er grunnprinsippet i miljøpolitikken til regjeringa. Stortingets behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet vil framleis liggje til grunn for arbeidet med å ta vare på norsk natur. Klima- og miljødepartementet har sett i gang arbeidet med å utvikle gode metodar for korleis ein fører naturrekneskap. Regjeringa er også i gang med å etablere ein meny av ulike tiltak som bidreg til å ta vare på eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand, og skog er første økosystem ut. Som ein del av arbeidet vil regjeringa utarbeide eit felles kunnskapsgrunnlag om den økologiske tilstanden i norsk skog. Kunnskapsgrunnlaget skal baserast på tilgjengeleg kunnskap supplert med eventuell ny kunnskap. Regjeringa har også sett ned eit utval som skal greie ut naturrisiko for norsk økonomi etter modell frå Klimarisikoutvalet. Utvalet skal leggje fram ein NOU innan utgangen av 2023.

Miljøtilstanden i Oslofjorden er dårleg. Økosystemet i Skagerrak er under stort press. Regjeringa foreslår å løyve 20 mill. kroner for å styrkje arbeid med å betre tilstanden i Oslofjorden og arbeidet med å byggje opp igjen økosystem i området Skagerrak–Oslofjorden.

Regjeringa har høge ambisjonar for det internasjonale arbeidet med å stoppe det globale tapet av naturmangfald og tek ei aktiv rolle i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald. Regjeringa vil ha eit sterkt og effektivt rammeverk med eit godt system for etterleving. Noreg har mellom anna slutta seg til viktige koalisjonar for natur som skal arbeide for eit globalt mål om 30 pst. vern og anna langsiktig bevaring innan 2030. Noreg arbeider òg for ei global omlegging til berekraftig bruk av naturen. Regjeringa vil prioritere å følgje opp rammeverket når det er på plass.

Nasjonalparkane representerer det aller flottaste vi har av natur. Her har naturen fått vere seg sjølv gjennom generasjonar. Nasjonalparkane er viktige fordi dei tek vare på heilskapen i økosystema. Dei gjev vern av store område der naturen får betre moglegheit til å tilpasse seg dei klimaendringane som skjer, og dei gjev langsiktig vern mot inngrep som kan øydeleggje livsviktige område for plantar og dyr. Nasjonalparkane våre kan òg vere ei kjelde til verdiskaping, og da særleg gjennom reiselivet. Mange av nasjonalparkane er tilrettelagde for ulike brukargrupper, men bruk kan òg føre til slitasje og forsøpling. Det er nødvendig med førebygging og ivaretaking. Regjeringa tek konsekvensen av dette og foreslår eit nasjonalparkløft med ein auke på 10 mill. kroner til styrkt forvaltning av nasjonalparkane.

Regjeringa fører ein meir restriktiv rovviltpolitikk basert på rovviltforliket og andre relevante føringar frå Stortinget. Regjeringa legg stor vekt på forvaltning av rovviltartane i tråd med bestandsmåla Stortinget har vedteke. Regjeringa har òg varsla i regjeringserklæringa at ein vil vurdere bestandsmåla for ulv og bjørn i Noreg på nytt.

Regjeringa foreslår i budsjettet for 2023 å avvikle ordninga med tilskot til omstilling til anna næringsverksemd knytt til landbrukseigedommen for dyreeigarar med utmarksbasert sauehald som over eit lengre tidsrom har hatt omfattande rovviltskadar. Tilskotsordninga utgjer om lag 10 mill. kroner.

Vidare vil regjeringa styrkje arbeidet med bevaring av villaks. Førre regjeringa la i 2021 fram ein handlingsplan for å oppfylle kvalitetsnorma for villaks. Oppfølginga av planen vil bli prioritert av regjeringa i 2023. I tillegg blir det gjennomført tiltak mot spreiing av pukkellaks og rehabilitering av fisketrapper. Regjeringa fullfører også arbeidet med å fjerne Gyrodactylus salaris frå Driva-vassdraget.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å styrkje friluftslivet gjennom sikring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og å leggje til rette for friluftsliv for alle.

Regjeringa vil vurdere korleis ordninga frivillig skogvern kan sikre et treffsikkert frivillig skogvern, mellom anna slik at staten ikkje tilbyr for høg erstatning for skog med låg lønnsemd med tanke på skogbruk, og slik at ein får verna skog med viktige verneverdiar. Av omsyn til det samla budsjettopplegget i 2023 foreslår regjeringa å redusere løyvinga til frivillig skogvern.

Regjeringa ønskjer å gjere økonomien meir sirkulær for å halde verdiane av ressursane lenger i krinsløpet og bruke dei meir effektivt. Regjeringa fører vidare dei 30 mill. kroner som vart satt av til oppfølging av den nasjonale strategien for sirkulær økonomi. Å omstille til ein meir sirkulær økonomi vil bidra til å nå vedtekne klima- og miljømål og FNs berekraftsmål.

Det grunnleggjande arbeidet for å motverke forureiningar vil halde fram. Arbeidet med å fase ut miljøgifter og andre stoff på den norske prioritetslista blir vidareført. Regjeringa vil halde fram med arbeidet med plastforureining, mellom anna gjennom å føre vidare Noregs internasjonale leiarrolle i dette arbeidet. Under norsk leiing vart landa i verda samde om å starte forhandlingar av ein internasjonal avtale mot plastforureining på FNs femte miljøforsamling. Noreg vil arbeide for å ferdigstille avtalen innan utgangen av 2024.

Regjeringa held fram med arbeidet med å rydde opp i forureina sjøbotn. I statsbudsjettet for 2022 vart det gjeve midlar til oppstart av opprydding i forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvann i Bergen, som er venta å vere ferdig i 2024. Oppryddinga i Hammerfest havn er venta ferdig i 2023.

Kulturarven representerer vår felles historie, har store økonomiske og kulturelle verdiar og medverkar til identitet og fellesskapskjensle. Dei nasjonale måla på resultatområdet Kulturminne og kulturmiljø legg vekt på kulturmiljø som ein ressurs i samfunnsutviklinga og på kulturmiljøforvaltninga som ein del av den heilskaplege klima- og miljøforvaltninga. Som del av oppfølginga av kulturmiljømåla er det mellom anna sett i gang eit arbeid med utvikling av bevaringsstrategiar for utvalde tema.

Det er òg sett i gang arbeid med ei ny kulturmiljølov som skal erstatte kulturminnelova vi har i dag og vere betre tilpassa utfordringane vi opplever no. Regjeringa har sett ned eit utval som i 2024 skal komme med eit forslag til ny kulturmiljølov. Det blir også gjennomført fleire tiltak for å vise fram kva kulturarven bidreg med for å nå FNs berekraftsmål. Oppfølging innanfor desse innsatsområda vil få prioritet i 2023.

Klima- og miljødepartementet legg stor vekt på ansvaret knytt til oppfølginga av Unesco sin verdsarvkonvensjon. Målsetjinga er at dei norske verdsarvområda skal utviklast som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formell beskyttelse. Arbeidet med gjennomføringa av prioritetsplanen for verdsarvsenter (2017–2026) ved dei norske verdsarvområda er eit viktig styringsverktøy. Planen er under revidering.

I tråd med føringane frå regjeringa og Stortinget for Klima- og skoginitiativet er det inngått avtalar som heilt eller delvis omfattar betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar og samstundes støttar berekraftig utvikling i skoglanda. I 2023 legg regjeringa opp til at Noreg betaler for utsleppsreduksjonar i Indonesia, Costa Rica, Gabon og potensielt også i Peru. I 2023 vil Klima- og skoginitiativet halde fram med å satse på berekraftig utvikling i partnarlanda og å auke innsatsen frå det private næringslivet for redusert avskoging, mellom anna gjennom å medverke til å auke privat finansiering av utsleppsreduksjonar frå tropisk skog gjennom LEAF-koalisjonen (Lowering Emissions by Accelerating Forest Finance).

Det bilaterale kvotekjøpsprogrammet under Kyoto-perioden blir avslutta i 2022. Noreg er allereie i gang med utviklinga av nye program i samsvar med Parisavtalen. Det blir foreslått å løyve 85 mill. kroner til dette i 2023.

Av anna oppfølging av internasjonalt klimaarbeid aukar Klima- og miljødepartementet støtta til Coalition for Climate and Clean Air (CCAC) til 8 mill. kroner. Koalisjonen jobbar for reduserte utslepp av kortliva klimaforureinarar. Raske utsleppsreduksjonar er viktige, da dette vil kunne føre til klimaeffekt på kort sikt, og vil vere nødvendige om verda skal kunne nå måla i Parisavtalen. Auken skjer òg i samband med CCACs utvida rolle som implementerande partnar for Global Methane Pledge, som Noreg slutta seg til i 2021.

Ein betydeleg auke i turisme og forsking på Svalbard dei seinare åra har ført til meir belastning på sårbart naturmiljø og kulturminne. Regjeringa vil sjå til at ferdsel og anna verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor, og er i samsvar med dei miljømåla som er sette i Innst. 88 S (2016–2017). Mellom anna vil ei vidare utvikling av miljøregelverket og utarbeiding av forvaltningsplanar vere viktige oppgåver.

Endringar i permafrosten i Ny-Ålesund vil framover krevje omfattande tiltak, for å halde ved like, sikre og setje i stand bygningar og annan infrastruktur som Kings Bay AS har ansvaret for. Det blir difor foreslått å auke det årlege tilskotet til Kings Bay AS varig med 10 mill. kroner. Kostnadene til lufttransport til Ny-Ålesund har auka etter at ein trepartsavtale med Store Norske Spitsbergen Kulkompani vart avslutta 1. august 2022 som følgje av nedlegginga av Svea. Frå og med 2023 er heilårseffekten av den nye flytransportavtalen 17 mill. kroner, og det blir foreslått at tilskotet blir auka tilsvarande.

På grunn av innlemminga av eigenkraft kombinert med auka kvoteprisar er det venta at kostnadene ved CO2-kompensasjonsordninga for industrien kjem til å auke til drygt 100 mrd. kroner over perioden 2021–2030. Estimatet er usikkert. I 2023-budsjettet blir det foreslått ei løyving på 4,7 mrd. kroner. Regjeringa ønskjer å bevare kompensasjonsordninga og sikre føreseielege vilkår for industrien på ei berekraftig måte for statsbudsjettet. Regjeringa foreslår difor å innføre eit kvoteprisgolv på 200 kroner. Eit kvoteprisgolv betyr at bedrifter med rett på støtte får kompensert auken i kraftprisen som kjem av kvoteprisen på over 200 kroner. Kvoteprisgolvet inneber at staten ber heile risikoen for auka kvoteprisar. Sjølv med ei justering av ordninga aukar løyvinga med 1,9 mrd. kroner, eller drygt 68 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2022. Utan justering ville løyvinga vore om lag 7,4 mrd. kroner i 2023-budsjettet.

Kompensasjonsutrekningar i samband med innføring av ny premiemodell for statlege verksemder frå 2022

Statens pensjonskasse (SPK) innførte frå og med 2022 ein ny hendingsbasert og verksemdsspesifikk premiemodell for statlege verksemder. Det vart lagt opp til at omlegginga skulle vere om lag budsjettnøytral på innføringstidspunktet, ved at dei verksemdene dette gjeld, fekk ein reduksjon eller auke i løyvinga i tråd med endra premie, samanlikna med kva som ville følgt av gammalt premiesystem. Saka var omtalt i Prop. 1 S (2021–2022) Arbeids- og sosialdepartementet, på sidene 28 og 29.

Etter at ein gjennomførte utrekningane av kompensasjonen, er det registrert forhold som gjer at verksemdene samla er noko overkompenserte. Dette kjem av at utrekningane i saldert budsjett 2022 av pensjonspremiar etter gammal premiemodell var baserte på estimert pensjonsgrunnlag per 1. januar 2022. Grunnlaget vart ved ein feil ikkje oppjustert med lønnsveksten gjennom året. Det inneber at premieoverslaga etter gammal modell skulle vore noko høgare, og at kompensasjonen skulle vore noko lågare. Regjeringa vil som følgje av dette redusere løyvinga under Klima- og miljødepartementet med 2,4 mill. kroner frå 2023. Sjå Arbeids- og inkluderingsdepartementets Prop. 1 S (2022–2023) for nærmare omtale.

Budsjettgevinstar frå endra jobbreisevanar

Pandemien har ført til endra jobbreisevanar. Redusert reiseaktivitet vil både redusere reiseutgifter i verksemdene og spare reisetid for dei tilsette. Sjølv om reiseaktiviteten er høgare no enn under pandemien, vil nivået på reiseaktiviteten truleg vere varig redusert. I Saldert budsjett 2022 vart det lagt til grunn eit gevinstuttak på om lag 7 pst. av reiseutgiftene før pandemien. I samband med RNB 2022 vart gevinstuttaket auka til om lag 14 pst. i andre halvåret 2022. Regjeringa foreslår å auke gevinstuttaket i 2023 til om lag 20 pst. av reiseutgiftene før pandemien. Dette inneber eit auka gevinstuttak under Klima- og miljødepartementet samanlikna med saldert budsjett 2022 på om lag 13 mill. kroner. Det blir vist til omtale på den enkelte budsjettpost.

4 Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet

For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar verkemiddel på resultatområda omtalte i kapittel 2 og verkemiddel innanfor ansvarsområda til andre departement.

Det er samstundes viktig å understreke at klima- og miljøpolitikken ikkje først og fremst er løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining.

Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet omfattar satsingar på heile miljøområdet, det vil seie innsats for å ta vare på naturmangfaldet og kulturminne og kulturmiljø, medverke til auka friluftsliv, redusere forureining og klimagassutslepp og negative verknader av klimaendringane.

Det er ikkje enkelt å avgrense utgifter til slike tiltak på ein god måte. Mange tiltak kan grunngjevast på fleire måtar og skal medverke til å nå ulike mål. Tiltaka er svært ulike òg: Nokre tiltak er langsiktige, slik som forsking, medan andre har meir direkte verknader. Tabellane og beløpa under må difor tolkast med varsemd og bør berre sjåast som ei omtrentleg oversikt over dei viktigaste nye klima- og miljøpolitiske satsingane til regjeringa.

Tabell 4.1 Viktige satsingar i statsbudsjettet for 2023 under Klima- og miljødepartementet (auke frå saldert budsjett 2022)

(i 1 000 kroner)

Tiltak

Kap. og post

Utgifter

Betre miljøtilstanden i Oslofjorden og Skagerrak

1400.21, 1420.01, 21, og 80

20 000

Forsking på skrantesjuke hos villrein

1410.51

4 000

EUs grøne giv og Klar for 55

1420.01

15 000

Utvikling av naturrekneskap

1420.21

5 000

Nasjonalparkløft

1420.21, 31 og 85

10 000

Auka tiltak mot invasjon av pukkellaks

1420.21

10 000

Auka løyving til Enova til auka elektrifisering av fartøy, tungtransport og anleggsmaskiner og til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig industri

1428.50

500 000

Troll forskingsstasjon i Antarktis – tryggleik og beredskap

1471.21

8 800

Auka drift- og investeringstilskot til Kings Bay AS

1473.70

10 000

Satsingsforslaga til Klima- og miljødepartementet er omtalte i kapittel 3 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2023.

Tabell 4.2 Viktige satsingar i statsbudsjettet for 2023 med tydeleg klima- og miljøgevinst, på andre departement sine område

(i 1 000 kroner)

Tiltak

Departement

Utgifter

Auka kapasitet i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik

HOD

10 000

Bionova1

LMD

87 500

Grøn plattform (total utlysning for perioden 2023 til 2025)

NFD

600 000

Nysnø klimainvesteringer

NFD

100 000

Miljøopprydding Folldal

NFD

16 000

Tiltak på de nukleære området

NFD

169 000

Raskere utbygging av havvind og fornybar kraft

OED

105 000

Havvind, undersøkelse av Utsira nord og Sørlige Nordsjø

OED

30 000

Langskip – fangst og lagring av CO2

OED

510 000

Tilskot til byområder

SD

278 000

Bistand til klimatilpassing

UD

150 000

1 I saldert budsjett 2022 vart det løyva 30 mill. kroner til Bionova. Denne løyvinga vidareførast i 2023. I revidert nasjonalbudsjett 2022 vart summen omdisponert til andre formål.

Regjeringa vil føre ein offensiv klima- og miljøpolitikk og medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi. Som det går fram av tabell 4.1 og 4.2, er klima eit hovudsatsingsområde for regjeringa. Innrettinga av avgifter og eit grønt skatteskifte er sentrale verkemiddel for klimapolitikken til regjeringa. For detaljar om avgifter og avgiftsendringar i 2023-budsjettet, sjå Prop. 1 LS frå Finansdepartementet.

For ein omtale av klima- og miljøpolitikken til dei ulike departementa, sjå kapittel 8 i denne proposisjonen. Alle departementa har òg ein eigen klima- og miljøomtale i sine respektive proposisjonar.

Under er ein kort omtale av satsingane i forslag til statsbudsjett for 2023 som ikkje er i Klima- og miljødepartementets budsjett. Ein nærmare omtale er å finne i fagproposisjonane frå dei ulike departementa.

Auka kapasitet i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) blir styrkt med 10 mill. kroner. Midlane skal gå til etablering av ein Teknisk fagleg støtte organisasjon innan strålevern og atomtryggleik (TSO) og til auka kapasitet i DSA til råd og rettleiing knytt til dekommisjoneringsarbeidet.

Bionova

Regjeringa foreslår å løyve 87,5 mill. kroner til å opprette Bionova. Bionova skal vere eit verktøy for å nå klimamåla til Noreg for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 gjennom å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og- lagring, samt å bidra til verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare biologiske ressursar frå land og hav.

Spissing av det næringsretta verkemiddeapparatet for grøn omstilling

Regjeringa foreslår å omprioritere deler av midla i det næringsretta verkemiddelapparatet og setja av 600 mill. kroner til nye Grøn plattform-prosjekt for perioden 2023–2025, å auke øremerkinga for grøne vekstlån i innovasjonslåneordninga under Innovasjon Norge og å auka tilførselen av kapital til Nysnø med 100 mill. kroner samanlikna med 2022-nivå.

Miljøtiltak til Folldal

Folldal gruver var i drift frå 1748 til 1993. Oppryddinga vil måtte gå over fleire år og inneber utbetring av grøftesystemet og survatnsnett, sikring av gruvemassane mot avrenning og etablering av eit reinseanlegg.

Tiltak på de nukleære området

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til Norsk nukleær dekommisjonering og Institutt for energiteknikk med til saman 169 mill. kroner i samband med opprydding og sikring av atomanlegga på Kjeller og i Halden. I tillegg ber regjeringa om Stortinget sitt samtykke til ei bestillingsfullmakt på 150 mill. kroner til prosjekt med fleirårige plikter.

Raskere utbygging av havvind og fornybar kraft

Regjeringa foreslår at 105 mill. kroner skal gå til raskare utbygging av havvind og fornybar kraft. Midlane skal gå til ulike formål, mellom anna auka kapasitet i sakshandsaminga og utvikling av betre digitale verktøy.

Havvind, undersøkelse av Utsira nord og Sørlige Nordsjø

Regjeringa foreslår 30 mill. kroner til undersøkingar av Utsira nord og Sørlige Nordsjø II.

Langskip – fangst og lagring av CO2

Langskip er eit norsk demonstrasjonsprosjekt for fullskala CO2-handtering som omfattar fangst, transport og lagring av CO2. I april i år inngjekk staten og Hafslund Oslo Celsio AS ein avtale om tilskot til etablering og drift av eit CO2-fangstanlegg hos Hafslund Oslo Celsio sitt avfallsforbrenningsanlegg på Klemetsrud. Staten vil bidra med 510 mill. kroner til prosjektet i 2023.

Prosjektet på Klemetsrud vil etter planen være i drift frå 2026 og vil redusere klimagassutsleppa frå avfallsforbrenningsanlegget med om lag 400 000 tonn CO2 årleg. Av desse 400 000 tonna vil om lag 50 pst. vere CO2 frå forbrenning av biogent avfall.

Tilskot til byområde

Regjeringa foreslår 35 mill. kroner til å inngå byvekstavtale for Tromsø dersom dei pågåande forhandlingane fører fram. Det er òg sett av 30 mill. kroner til å vidareføre tilskotsordninga til mindre byområde som ikkje er omfatta av ordninga med byvekstavtalar. Ordninga skal leggje til rette for klima- og miljøvennleg byutvikling og god framkomst. Vidare blir tilskotet til mindre investeringstiltak på kommunal og fylkeskommunal veg i byvekstavtalane for Oslo-området, Bergens-området, Trondheims-området og Nord-Jæren auka med til saman 213 mill. kroner, frå 105 mill. kroner i 2022 til 318 mill. kroner i 2023.

Bistand til klimatilpassing

Regjeringa foreslår auka satsing på klimatilpassing på 150 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa ei løyving på 200 mill. kroner til oppfølging av den nye strategien for mattryggleik i utviklingspolitikken. Strategien vil fokusere på afrikanske land og klimarobust matproduksjon. Deler av dette vil kunne reknast som klimatilpassing.

5 Oversiktstabellar

5.1 Merknader til budsjettframlegget

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Klima- og miljødepartementet på 19 977,8 mill. kroner på utgiftssida og 3 601,1 mill. kroner på inntektssida.

5.2 Utgifter

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

1400

Klima- og miljødepartementet

654 530

673 098

637 388

-5,3

1410

Kunnskap om klima og miljø

1 114 664

1 127 539

1 130 597

0,3

1411

Artsdatabanken

71 376

70 455

80 560

14,3

1412

Meteorologiformål

506 962

489 386

504 703

3,1

Sum kategori 12.10

2 347 532

2 360 478

2 353 248

-0,3

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

1420

Miljødirektoratet

6 161 193

6 832 276

8 482 096

24,1

1422

Miljøvennleg skipsfart

40 235

41 293

42 448

2,8

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

27 796

36 907

37 650

2,0

1424

Senter mot marin forsøpling

24 643

55 449

125,0

1425

Fisketiltak

15 985

17 043

17 465

2,5

1428

Enova SF

3 344 178

4 134 013

4 536 183

9,7

Sum kategori 12.20

9 589 387

11 086 175

13 171 291

18,8

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

1429

Riksantikvaren

712 118

670 679

672 173

0,2

1432

Norsk kulturminnefond

135 614

121 318

124 638

2,7

Sum kategori 12.30

847 732

791 997

796 811

0,6

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

1471

Norsk Polarinstitutt

381 141

345 142

358 178

3,8

1472

Svalbards miljøvernfond

6 778

10 329

13 000

25,9

1473

Kings Bay AS

56 610

36 946

64 995

75,9

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

53 802

54 268

54 274

0,0

Sum kategori 12.60

498 331

446 685

490 447

9,8

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

1481

Klimakvotar

181 396

102 611

87 649

-14,6

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

3 011 269

3 081 854

3 078 387

-0,1

Sum kategori 12.70

3 192 665

3 184 465

3 166 036

-0,6

5.3 Inntekter

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

4400

Klima- og miljødepartementet

31 347

30 067

30 969

3,0

4411

Artsdatabanken

271

429

442

3,0

Sum kategori 12.10

31 618

30 496

31 411

3,0

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

4420

Miljødirektoratet

132 327

148 751

154 857

4,1

4423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

615

1 048

1 079

3,0

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

736 688

708 264

708 686

0,1

Sum kategori 12.20

869 630

858 063

864 622

0,8

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

4429

Riksantikvaren

5 627

6 141

6 326

3,0

Sum kategori 12.30

5 627

6 141

6 326

3,0

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

4471

Norsk Polarinstitutt

126 688

88 542

91 198

3,0

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

5 786

10 341

13 012

25,8

Sum kategori 12.60

132 474

98 883

104 210

5,4

Inntekter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

4481

Sal av klimakvotar

1 858 244

1 642 921

2 594 562

57,9

Sum kategori 12.70

1 858 244

1 642 921

2 594 562

57,9

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

3 182 528

3 178 021

3 252 859

2,4

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

613 206

629 942

387 765

-38,4

50–89

Overføringar til andre

12 679 913

14 061 837

16 337 209

16,2

Sum under departementet

16 475 647

17 869 800

19 977 833

11,8

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

01–29

Sal av varer og tenester

2 155 119

1 917 899

2 871 933

49,7

30–49

Inntekter i samband med nybygg, anlegg o.a.

1 500

100,0

50–89

Overføringar frå andre

742 474

718 605

727 698

1,3

Sum under departementet

2 897 593

2 636 504

3 601 131

36,6

Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

**Under Klima- og miljødepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2022

Forslag 2023

1400

74

Tilskot til AMAP

60

5 447

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

13 133

99 013

1410

23

Mareano

9 268

54 121

1411

21

Spesielle driftsutgifter

10 938

1411

70

Tilskot til å styrkje kunnskap om og formidling av naturmangfaldet

477

30 929

1420

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd

150 261

1420

61

Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing

22 291

196 528

1420

62

Tilskot til grøn skipsfart

7 147

40 523

1420

69

Oppryddingstiltak

48 322

138 762

1420

70

Tilskot til vassmiljøtiltak

6 815

1420

71

Marin forsøpling

7 260

1420

73

Tilskot til rovvilttiltak

9 153

64 751

1420

78

Friluftsformål

9 457

192 299

1420

79

Oppryddingstiltak

100

462

1420

80

Tilskot til tiltak for å ta vare på natur

127 364

1420

81

Verdiskaping basert på naturarven

2 099

12 400

1420

82

Tilskot til trua artar og naturtypar

2 145

1420

83

Tilskot til tiltak mot framande artar

115

1420

85

Besøkssenter for natur og verdensarv

1 727

99 761

1424

71

Marin forsøpling

30 417

1425

70

Tilskot til fiskeformål

237

17 165

1429

22

Fleirårige prosjekt kulturminneforvaltning

16 004

30 361

1429

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne

12

39 026

1429

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap

3 181

142 759

1429

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne

482

58 554

1429

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring

32 533

59 072

1429

74

Tilskot til fartøyvern

1 105

70 605

1429

75

Tilskot til fartøyvernsenter

5 401

15 557

1429

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde

4 166

8 446

1429

79

Tilskot til verdsarven

53 372

1471

21

Spesielle driftsutgifter

11 366

113 866

1474

01

Lønn og godtgjersler

253

1474

50

Tilskot til statlege mottakarar

25 020

1474

70

Tilskot til private mottakarar

330

29 001

1481

01

Driftsutgifter

2 649

1481

22

Internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar

85 000

1482

73

Klima- og skogsatsinga

111 615

2 976 847

6 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er det gjort greie for oppfølginga av oppmodingsvedtak under Klima- og miljødepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2021–2022 og vedtak frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 141 S (2021–2022) meinte ikkje var kvitterte ut. I tabellen nedanfor blir det òg angjeve i kva grad departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år òg.

Tabell 6.1 Oversikt over oppmodingstiltak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (ja/nei)

2021–2022

35.4

Verkemiddel for raske utsleppskutt for store punktutslepp

Nei

2021–2022

35.6

Enøktiltak i hushalda

Ja

2021–2022

35.10

Krav om nullutslepp og fossilfrie byggje- og anleggsplassar i offentlege anbod

Nei

2021–2022

35.11

Forbod mot bruk av fossile brensel på byggjeplassar

Nei

2021–2022

35.16

Erstatte fossile brensel i industrien

Nei

2021–2022

35.20

Oppfylle målet om 10 pst. vern av kyst- og havområde og fremje nasjonal plan for marint vern

Nei

2021–2022

512

Greie ut produsentansvarsordning for tekstilar

Nei

2021–2022

513

Gjennomgå regelverk og vurdere endringar for å sikre at klesbransjen bruker uselde tekstilvarer om att

Nei

2021–2022

668

Status for arbeidet med ein heilskapleg tiltaksplan for ein rein og rik Oslofjord

Ja

2021–2022

711

Endre omgrepet «nullutslepp» i alle statlege mål og planar til «nullutslepp og biogass»

Ja

2021–2022

713

Verkemiddel som kan bidra til å gjere direkte karbonfangst frå luft (DAC) lønnsamt

Nei

2021–2022

753

Levere ein plan for harmonisering av rammeverk for biogass i Norden

Nei

2021–2022

756

Leggje til rette for auka bruk av avansert flytande biodrivstoff og biogass i transportsektoren

Ja

2021–2022

830

Sørgje for at Enova aukar støtta til elvarebilar frå 30 pst. til 40 pst. av meirkostnaden

Ja

2021–2022

837

Utarbeide rapporteringssystem for bruk av berekraftig biodrivstoff utanfor omsetningskravet

Nei

2020–2021

690

Bidra til gjennomføring av tiltak initierte av lokale og regionale styresmakter som reduserer utslepp i verdsarvfjordane

Nei

2020–2021

691

Tiltak som sikrar verdsarvfjordane som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026 – etablering av landstraum i Flåm mv.

Nei

2020–2021

751

Verkemiddel for meir effektiv og einskapleg skadefelling av rovvilt

Nei

2020–2021

752

Kompetanseoverføringsprosjekt om skadefelling

Nei

2020–2021

753

Forslag om verkemiddel for meir effektiv lisensfelling

Nei

2020–2021

831

Nasjonal plan for å gjere land- og ladestraum, hydrogen, ammoniakk og andre grøne drivstoff tilgjengelege

Nei

2020–2021

973

Forslag om revidering av motorferdsellova

Nei

2020–2021

976

Oppfølging av globalt rammeverk for naturmangfald

Nei

2020–2021

977

Ny vurdering av innstrammingane av sjølaksefisket

Ja

2020–2021

979

Evaluere status for små og sårbare bestandar av villaks

Ja

2020–2021

1001

Greie ut insentivordning for at frivillige, inkl. lag og organisasjonar, vil bidra til rydding av plast

Nei

2020–2021

1004

Tilskotsordning som dekkjer kostnadene med leveranse av avfall etter frivillige ryddeaksjonar

Nei

2020–2021

1009

Harmonisere rammevilkåra for biogassproduksjon i Norden

Nei

2019–2020

708

Nye mål i kulturmiljøpolitikken

Nei

2018–2019

383

Erstatningsreglane ved tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordninga (FKT)

Nei

2017–2018

481

Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar

Nei

2017–2018

482

Utleige av avfallskonteinarar frå godkjende avfallsselskap

Nei

2017–2018

485

Krav til utsortering og materialattvinning av plast og matavfall

Ja

2017–2018

486

Avfall frå offentlege tenester og andre som produserer avfall som liknar hushaldsavfall

Ja

2017–2018

487

Reinsing av flygeoske

Ja

2017–2018

489

Matkastelov

Nei

2017–2018

502

Pålegg om utsortering og materialattvinning av plast- og matavfall

Ja

2017–2018

661

Greie ut strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip

Nei

2017–2018

672

Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m.

Nei

2017–2018

674

Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar

Nei

2016–2017

529

Gratis levering av marint avfall

Nei

2016–2017

914

Forslag til tiltak og verkemiddel for overvass-problematikk

Nei

2015–2016

669

Klargjering av kva som er god tilstand, og kva areal som er å rekne som ringare økosystem

Ja

2015–2016

670

Kvalitetsnormer for økosystem som del av utviklinga av nye forvaltningsmål

Ja

2015–2016

674

Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfugl

Nei

2015–2016

681

Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt

Nei

Stortingssesjon 2021–2022

Verkemiddel for raske utsleppskutt for store punktutslepp

Vedtak nr. 35.4, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringa vurdere ulike verkemiddel som kan bidra til raske utsleppskutt for store industrielle punktutslepp, irekna system for differansekontraktar.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket er under oppfølging.

Enøktiltak i hushalda

Vedtak nr. 35.6, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen vurdere å overføre ansvaret for arbeidet med enøktiltak med kjent og velprøvd teknologi og egen strømproduksjon i husholdningene til Husbanken innen revidert 2022. Stortinget ber regjeringen sikre at Enova benytter rammen på 300 millioner kroner til husholdninger som følger av Enova-avtalen, i tillegg til 100 millioner kroner som kommer av enigheten mellom partiene. Regjeringen skal i statsbudsjettet for 2023 redegjøre for arbeidet med ENØK-tiltak i husholdningene»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Regjeringa har i 2022 sett av 400 mill. kroner til klima- og energitiltak hos hushald og forbrukarar gjennom Enova si styringsavtale. Dette er ei auking på 100 mill. kroner frå førre regjering. Regjeringa er oppteken av at hushald med låge inntekter også skal ha moglegheit til å få energioppgradert bustadane sine. I februar 2022 lanserte regjeringa difor ei ordning på 100 mill. kroner gjennom Enova, kor kommunar kan søkje om stønad til energitiltak i kommunale bustadar. Frå 2023 legg regjeringa opp til å overføre 200 mill. kroner til Husbanken for å støtte energitiltak for hushald med låge inntekter. Her vil det i stor grad vere snakk om kjend og velprøvd teknologi.

Enova har over mange år hatt ein viktig innsats retta mot energitiltak hos hushalda. Over avtaleperioden frå 2021 til 2024 vil Enova totalt stille til disposisjon 1,1 mrd. kroner til i hovudsak energitiltak hos hushald og forbrukarar. I februar 2022 lanserte Enova stønad til fleire nye tiltak. Mellom anna auka stønad til solcellepanel, stønad til smart straumstyring, smarte varmtvasstankar, og kartleggingsstønad til burettslag og bustadsameige. Det blei også lansert stønad til energikartlegging for burettslag og sameige som skal gje konkrete anbefalingar om smarte energi- og klimatiltak. Enova opplever monaleg auke i søknadspågangen til denne ordninga og ventar å betale ut opp mot 300 mill. kroner i 2022 i tillegg til stønaden til dei kommunale bustadane. Stønaden til hushald vert betalt ut etterskottsvis, så det tek noko tid før auka pågang fører til auka utbetaling.

Regjeringa har til saman sett av 500 mill. kroner årleg til å styrke satsinga på energitiltak gjennom Husbanken frå 2023, inkludert ei overføring av 200 mill. kroner frå Enova. Husbanken vil frå 2023 gje stønad til energitiltak i kommunalt eigde utleigebustadar, sjukeheimar og omsorgsbustadar, og studentbustadar. Stønaden til energitiltak i kommunalt eigde utleigebustadar vil kome hushald med låge inntekter til gode. Det blir og vist til Kommunal- og distriktsdepartementet sitt budsjett for ein nærare omtale av dette. Det blir og vist til omtale av energieffektivisering i bygg, irekna hushald, i Olje- og energidepartementet sitt budsjett.

Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Krav om nullutslepp og fossilfrie byggje- og anleggsplassar i offentlege anbod

Vedtak nr. 35.10, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om krav om nullutslipp og fossilfrie bygge- og anleggsplasser i offentlige anbud i løpet av 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket er under oppfølging. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å greie ut utsleppsreduserande tiltak på byggje- og anleggsplassar. Oppdraget vil gje eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om barrierar og potensial for utsleppskutt i bransjen. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når oppdraget er levert.

Forbod mot bruk av fossile brensel på byggjeplassar

Vedtak nr. 35.11, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede forbud mot bruk av fossile brensler på byggeplasser og melde tilbake til Stortinget senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket er under oppfølging. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å greie ut utsleppsreduserande tiltak på byggje- og anleggsplassar. Oppdraget vil gje eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om barrierar og potensial for utsleppskutt i bransjen. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Erstatte fossile brensel i industrien

Vedtak nr. 35.16, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man kan erstatte fossile brensler i industrien og komme tilbake til Stortinget i løpet av 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

På bakgrunn av oppmodingsvedtaket fekk Miljødirektoratet våren 2022 i oppdrag å utarbeide ei oversikt over moglegheitene for å erstatte fossile brensel i fastlandsindustrien. For ikkje-kvotepliktige utslepp skulle det gjerast ei oppdatert vurdering av underlaget frå Klimakur 2030-rapporten og ei ytterlegare vurdering av moglege verkemiddel for å erstatte fossil fyring, som effekt av avgift til 2 000 kroner i 2030 og mogleg forbod frå 2030, eventuelt i kombinasjon med støtteordningar. For dei kvotepliktige utsleppa skulle svaret gje ei oversikt over moglege tiltak og barrierar for å redusere utslepp frå forbrenning. Oppdraget vart levert 9. juni i år.

Miljødirektoratet har i svaret lagt til grunn at utgangspunktet er stasjonær forbrenning av fossile brensel til energiformål. Fossile brensel blir brukte til ulike energiformål, som oppvarming, tørking og til å drive kjemiske prosessar. Indirekte fyring skjer som regel utanfor sjølve prosessane, og ein kan produsere varmen ved bruk av ei rekkje energikjelder. Dermed kan også energikjelda bytast ut utan å gjere store endringar i prosessen. Til dømes kan ein byte ut ein oljekjel med ein elektrisk kjel. Direkte fyring skjer ofte i sjølve prosessen, slik at det ikkje alltid er like enkelt å skifte energikjelde utan modifikasjonar eller utskifting av utstyr eller endringar i prosessen.

Gjennomgangen til Miljødirektoratet viser at om lag 2/3 av utsleppa frå ikkje-kvotepliktige industriverksemder er frå stasjonær forbrenning, hovudsakleg frå bruk av fossil olje og gass til varmeproduksjon og noko direktefyring, til dømes til tørking. Ei CO2-avgift på 2 000 kroner er av Miljødirektoratet estimert til å gje utsleppsreduksjonar på 0,8 mill. tonn CO2 samla for perioden 2022 til 2030. Miljødirektoratets grove estimat er at effekten av eit forbod mot fossil forbrenning i ikkje-kvotepliktig industri vil kunne gje ytterlegare utsleppsreduksjonar på nærmare 0,8 mill. tonn utover effekten av CO2-avgifta samla for perioden 2022 til 2030. Dette føreset at eit forbod frå 2030 blir varsla i 2022, og at det fører til at verksemdene gjennomfører klimaløysingar frå 2024.

Av forbrenningsutsleppa frå dei kvotepliktige verksemdene er ein betydeleg andel av utsleppa ikkje berre for energiformål. I fleire anlegg blir dei fossile brensla brukte inn i integrerte prosessar og som råstoff i dei kjemiske prosessane. Ein del utsleppseiningar, til dømes kjelar, er derimot heilt tilsvarande i kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig industri. Dersom eit forbod mot forbrenning av fossile brensel også omfattar dei kvotepliktige utsleppa, anslår Miljødirektoratet at mellom 0,25 og 0,30 mill. tonn CO2 er utslepp som årleg stammar frå kjelar, i all hovudsak til produksjon av damp, som relativt enkelt kan bytast med fornybare alternativ.

Miljødirektoratet peiker i sin leveranse på at eit forbod mot fossil fyring vil måtte greiast ut i tråd med utgreiingsinstruksen, med ei fullstendig konsekvensutgreiing. På bakgrunn av dette har Miljødirektoratet fått eit nytt oppdrag med frist i 2023

Oppfylle målet om 10 pst. vern av kyst- og havområde og fremje nasjonal plan for marint vern

Vedtak nr. 35.20, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen oppfylle målet om 10 pst. vern av kyst- og havområder innen 2030, og fremme nasjonal plan for marint vern».

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur står sentralt i det vidare arbeidet med vern av kyst- og havområde. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte med status for arbeidet.

Greie ut produsentansvarsordning for tekstilar

Vedtak nr. 512, 3. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede en produsentansvarsordning for tekstiler».

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:111 S (2021–2022) Representantforslag om en mer bærekraftig og sirkulær tekstilindustri, jf. Inns. 259 S (2021–2022), tilråding romartal I i innstillinga.

Departementet vil hausten 2022 setje ned ei arbeidsgruppe for å greie ut produsentansvarsordning for tekstilar. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Gjennomgå regelverk og vurdere endringar for å sikre at klesbransjen bruker uselde tekstilvarer om att

Vedtak nr. 513, 3. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket og vurdere endringer for å sikre at klesbransjen i større grad gjenbruker usolgte tekstilvarer i stedet for å destruere dem, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:111 S (2021–2022) Representantforslag om en mer bærekraftig og sirkulær tekstilindustri, jf. Inns. 259 S (2021–2022), tilråding romartal II i innstillinga.

Regjeringa arbeider med saka. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Status for arbeidet med ein heilskapleg tiltaksplan for ein rein og rik Oslofjord

Vedtak nr. 668, 14. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med forslag til statsbudsjett for 2023 oppgi status for arbeidet med Helthetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv, og foreslå hvordan arbeidet med å bedre vannkvaliteten i Oslofjorden spesielt og langs hele kysten kan forseres.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:209 S (2021–2022) Representantforslag om en helhetlig plan for å beskytte norsk natur mot nitrogenforurensning, jf. Innst. 351 S (2021–2022).

Helthetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv vart lansert i mars 2021 av den førre regjeringa og presenterer dei viktigaste prioriteringane for Oslofjorden i første omgang fram mot 2026. Regjeringa vil raskt følgje opp tiltaksplanen. Regjeringa har i tillegg retta særleg merksemd mot dei største utfordringane, utslepp frå avløp og avrenning frå jordbruk, som vil bidra til å forsere arbeidet med å betre vasskvaliteten i Oslofjorden.

Tiltaksplanen presenterer 63 tiltak og 19 punkt for kunnskapsinnhenting. Kvart tiltak har ei hovudansvarleg styresmakt, som skal stå for gjennomføringa av tiltaket og rapportere på status til Oslofjordrådet. Oslofjordrådet består av klima- og miljøministeren, andre ministrar det gjeld, og relevante ordførarar og fylkesordførarar. Rådet skal sikre god lokal- og regionalpolitisk forankring, samordning og framdrift i arbeidet. Rådet vart oppretta i august 2021. Rådet har hatt to ekstraordinære møte i 2022 og eit ordinært møte 5. september.

På rådsmøtet den 5. september 2022 lanserte Miljødirektoratet ein rapport om status og gjennomføring av tiltak, basert på rapporteringa frå dei tiltaksansvarlege. Rapporten syner at arbeidet er godt i gang, og at fleire av innsatsområda har fått eit løft i det første året av planperioden. Likevel er det langt fram til alle nødvendige tiltak er gjennomførte, og det er eit stort gap mellom tilstanden i dag og dei ambisiøse måla sette av Stortinget. Alle sektorar må auke innsatsen. Rapporten syner òg at den nødvendige suppleringa og forsterkinga av innsatsen for Oslofjorden må styrkjast ytterlegare i åra framover.

Dersom tiltak ikkje blir gjennomførte som planlagt, vil Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet vurdere korleis dette bør følgjast opp for å sikre gjennomføring av dei aktuelle tiltaka.

Vassforskrifta gjennomfører EU sitt vassdirektiv i Noreg. Det er utarbeidd regionale vassforvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram for kvar av vassregionane i Noreg. Dette skal sikre ei heilskapleg forvaltning av vatnet vårt. Vassforvaltningsplanane er eit viktig verktøy i arbeidet med å sikre betring av vasskvaliteten i Oslofjorden og langs heile kysten. Planane set miljømål for alle vassførekomstane i Noreg. Dei oppdaterte regionale vassforvaltningsplanane for planperioden 2022–2027 er no i ferd med å godkjennast av regjeringa, og gjennomføring av dei oppdaterte planane vil bidra til å styrkje innsatsen for å nå miljømåla etter vassforskrifta.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Endre omgrepet «nullutslepp» i alle statlege mål og planar til «nullutslepp og biogass»

Vedtak nr. 711, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen om å følge opp vedtak om å endre bruken av begrepet nullutslipp i alle statlige målsettinger og planer til nullutslipp og biogass, dette i den hensikt å likestille biogass med elektrisitet og hydrogen, og det skal gjelde allerede vedtatte og fremtidige planer.»

Vedtaket vart gjort i behandlinga av Meld. St. 11 (2021–2022), tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021), jf. Innst. 446 S (2021–2022), tilråding romartal XLIV i innstillinga.

Vedtaket Stortinget viser til, er vedtak nr. 1007 (2020–2021). Stortinget gav tilslutninga si til å oppheve dette vedtaket i behandlinga av Meld. St. 4 Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen2022–2021, Innst. 141 S (2021–2022).

Regjeringa reknar difor vedtaket som utkvittert.

Verkemiddel som kan bidra til å gjera direkte karbonfangst frå luft (DAC) lønnsamt

Vedtak nr. 713, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere virkemidler som kan bidra til å gjøre direkte karbonfangst fra luft (DAC) lønnsomt, herunder hvordan CO2-avgiften og handlingsrommet innenfor kvotehandelssystemet kan innrettes for å få til dette.»

Vedtaket vart gjort i behandlinga av Meld. St. 11 (2021–2022), tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021), jf. Innst. 446 S (2021–2022), tilråding romartal XLIV i innstillinga.

Vedtaket er under oppfølging. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Levere ein plan for harmonisering av rammeverk for biogass i Norden

Vedtak nr. 753, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen om å følge opp initiativ til å harmonisere rammevilkårene for biogassproduksjon i Norden og komme tilbake til Stortinget med en plan for dette i forbindelse med budsjett for 2023, samtidig gjennomgå virkemidler for biogass i andre nordiske land og vurdere endringer for å sikre at norske biogassprodusenter er mer konkurransedyktige i møte med utenlandsk gassproduksjon.»

Vedtaket vart gjort i behandlinga av Meld. St. 11 (2021–2022), tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021), jf. Innst. 446 S (2021–2022), tilråding romartal XLV i innstillinga.

Miljødirektoratet har, på oppdrag frå departementet, levert ein rapport som gjennomgår verkemidla for biogass i Noreg, Sverige og Danmark. Rapporten er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Leggje til rette for auka bruk av avansert flytande biodrivstoff og biogass i transportsektoren

Vedtak nr. 756, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for økt bruk av avansert flytende biodrivstoff og biogass i transportsektoren.»

Vedtaket vart gjort i behandlinga av Meld. St. 11 (2021–2022), tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021), jf. Innst. 446 S (2021–2022), tilråding romartal XLVIII i innstillinga.

Regjeringen auke omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikk til 17 pst. og innfører omsetningskrav til ikkje-veggåande maskiner på 7 pst. i 2023 og 10 pst. i 2024.

Miljødirektoratet har også levert konsekvensutgreiing og forslag til forskriftsendring for eit omsetningskrav til innanlands sjøfart og fiske, samstundes som ein følgjer med på reduksjonsplikta EU har foreslått til delar av den europeiske skipsfarten, som vil ha konsekvensar for norske skip. Saka er til behandling i departementet. Direktoratet har også levert konsekvensutgreiing og forslag til opptrapping av omsetningskravet. Saka er til behandling i departementet

Miljødirektoratet har også fått i oppdrag å evaluere omsetningskravet til luftfart som tok til å gjelde i 2020, og vurdere eventuell opptrapping. Leveransen frå direktoratet konkluderte med at omsetningskravet i stor grad har vore vellykka.

Regjeringa har gjeve Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut eit system for rapportering på berekraftseigenskapane til avansert biodrivstoff selt utanfor omsetningskravet som vil kunne gje større moglegheiter til aktørar som ønskjer å ta i bruk meir biodrivstoff enn det omsetningskravet tilseier.

Regjeringa har også gjeve Statens vegvesen i oppdrag å utarbeide ei løysing med eiga takstgruppe for alle gassdrivne køyretøy (GA) i takstgruppe 2 (tunge køyretøy), slik at biogasskøyretøy kan få reduserte takstar.

Enova bestemte i 2022 å gje støtte til bygging av 14 nye fyllestasjonar for biogass og til innkjøp av 120 biogasskøyretøy.

Vidare oppfølging av biogass i transportsektoren vil rapporteres under oppmodingsvedtak nr. 753, 10. juni 2022.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Sørgje for at Enova aukar støtta til elvarebilar frå 30 pst. til 40 pst. av meirkostnaden

Vedtak nr. 830, 17. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet 2023 sørge for at Enova øker støtten til el-varebiler fra 30 pst. til 40 pst. av merkostnaden.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2021–2022), revidert nasjonalbudsjett, jf. Innst. 450 S (2021–2022).

Regjeringa foreslår ei auka løyving til Enova på 500 mill. kroner som skal bidra til utsleppsreduksjonar og omstilling. Denne løyvinga gjer at Enova kan auke innsatsen mot transportsektoren. Løyvinga vil mellom anna gjere det mogleg å framleis støtte opp om utviklinga i marknaden for elvarebilar.

Det er fleire utfordringar ved å detaljstyre Enova til å auke støtte til elvarebilar frå 30 pst. til 40 pst. av meirkostnaden. Vi har ambisiøse mål i klimapolitikken og skal på kort tid omstille oss til eit lågutsleppssamfunn. Vi har samstundes avgrensa midlar til å utløyse dei nødvendige endringane. Enova er difor sett opp for effektivt å kunne bruke dei midlane som er stilte til rådvelde. Hovudelementet er ei overordna styring gjennom fireårige styringsavtalar mellom departementet og Enova om forvaltninga av midlane frå Klima- og energifondet. Innanfor rammene av avtalen er Enova gjeve monaleg fagleg fridom til å prioritere mellom område, utforme program og tildele stønad til enkeltprosjekt slik at midlane blir nytta mest mogleg effektivt. Stortinget har ved gjentekne høve stilt seg bak denne styringsmodellen. Detaljstyring av Enova sitt stønadsprogram for elvarebilar vil bryte med prinsippet om overordna styring og fagleg fridom. Enova har avgrensa midlar og prioriterer innsatsen der han gjev best effekt. Meir stønad til elvarebilar betyr at det blir mindre til noko anna.

Dersom utviklinga for elvarebilar held fram som venta, vil det å auke stønaden frå 30 til 40 pst. av meirkostnadene for ein viss modell heller ikkje nødvendigvis utgjere den store forskjellen i støttesum. Per i dag får fleire modellar lite eller ingenting i stønad, ettersom dei har låge eller ingen meirinvesteringskostnader. Ein auke i støtteintensiteten frå 30 pst. til 40 pst. vil for dei fleste modellane utgjere mellom 0 og 6000 kroner per i dag. I dag er det fleire titals elektriske modellar som allereie har lågare pris enn tilsvarande konvensjonelle varebilar, og som dermed ikkje får stønad. Ei auke i stønad vil tilgodesjå dei som allereie mottar stønad og kan dermed bidra til konkurransevriding.

Grunna positiv utvikling i salet av elvarebilar justerte Enova i 2021 ned støttesatsen frå 40 til 30 pst. av meirkostnadene ved kjøp av elvarebil. Den positive utviklinga har fortsett inn i 2022. I seks av årets sju første månadar har delen elvarebilar lege stabilt over 20 prosent av nyvarebilsalet. Det er kome mange nye modellar inn i marknaden, det er auking i konkurransen, og meirkostnaden har gått ned. Ei auking i stønad kan òg ha den ulempen at det forstyrrar konkurransen i marknaden og held prisane oppe.

Frå 1.1.2022 blei CO2-komponenten i eingongsavgifta for varebilar auka. Dette aukar konkurransekrafta til elvarebilar.

Departementet ser på vedtaket som fulgt opp.

Utarbeide rapporteringssystem for bruk av berekraftig biodrivstoff utanfor omsetningskravet

Vedtak nr. 837, 17. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med tilsvarende modell som Sverige for Norge for avansert biodrivstoff, og snarest mulig utarbeide et rapporteringssystem for bruk av bærekraftig biodrivstoff utover omsetningskravet, som oppfyller bærekraftskriteriene for biodrivstoff, og som ikke inneholder biodrivstoff med avskogingsrisiko. Dersom Sverige i prosessen med EU-kommisjonen ikke får gjennomslag for den foreslåtte modellen, bes regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til ny modell.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2021–2022), revidert nasjonalbudsjett, jf. Innst. 450 S (2021–2022).

I Sverige er reine og høginnblanda biodrivstoff friteke for avgift, mens biodrivstoff som blir blanda inn i fossilt drivstoff, er avgiftspliktig. Fritatt biodrivstoff kan ikkje nyttast til å oppfylle dei svenske reduktionsplikten (tilsvarer det norske omsetningskravet). Den svenske regjeringa sende 27. desember 2021 på høyring eit forslag om å innføre avgifter også på reine og høginnblanda biodrivstoff, men samtidig inkludere reine og høginnblanda biodrivstoff i reduktionsplikten. Lovendringane blir foreslåtte med verknad frå 1. januar 2023. Forslaget begrunnes med at det sannsynlegvis ikkje vil vere mogeleg å få godkjent ei forlenging av gjeldande system når kommisjonen si godkjenning stoppar 31. desember 2022. Forslaget er i prinsippet identisk med gjeldande norsk regelverk.

Den svenske regjeringa varsla 14. februar 2022 at den likevel vil søkje Kommisjonen om avgiftsfritak for reine og høginnblanda biodrivstoff. Bakgrunnen er at den svenske regjeringa meiner at nylege endringar i EU sine miljøstytteretningslinjer bør styrkje Sveriges moglegheiter til å behalde avgiftsfritaket for høginnblanda biodrivstoff i si noverande form, dvs. avgiftsfritak for høginnblanda og reint biodrivstoff kombinert med at slikt drivstoff ikkje er omfatta av reduksjonsplikta (omsetningskravet). Finansdepartementet er ikkje kjent med utfallet av prosessen mellom Sverige og Kommisjonen.

I oppmodingsvedtaket blir vi bedt om å kome tilbake til Stortinget med ein «tilsvarande modell som Sverige». Det er framleis usikkert korleis det framtidige svenske regelverket vil bli utforma. Den svenske regjeringa vil måtte leggje fram forslaget den seinaste sitt medio september i forslaget til statsbudsjett for 2023. Vi må avvente vidare regelverksutforming i Sverige før vi kan vurdere eventuelle endringar i vegbruksavgifta på reint og høginnblanda avansert biodrivstoff etter svensk modell. Oppmodingsvedtakets punkt om avgifter må derfor vurderast fram mot 2024-budsjettet.

Departementet arbeider med oppfølging av den andre delen av vedtaket, om rapporteringssystem for biodrivstoff utanfor omsetningskravet. Departementet har gjeve Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut eit slikt system.

Stortingssesjon 2020–2021

Bidra til gjennomføring av tiltak initierte av lokale og regionale styresmakter som reduserer utslepp i verdsarvfjordane

Vedtak nr. 690, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen bidra til gjennomføring av tiltak initiert av lokale og regionale myndigheter, som reduserer utslipp i verdensarvfjordene.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:23 S (2020–2021) Representantforslag om utsettelse av kravet om nullutslipp i verdensarvfjordene fra 2026, jf. Innst. 251 S (2020–2021).

Oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp i samband med oppfølginga av vedtak nr. 691, 25. februar 2021, og vedtak nr. 672, 3. mai 2018. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tiltak som sikrar verdsarvfjordane som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026 – etablering av landstraum i Flåm mv.

Vedtak nr. 691, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen foreslå tiltak som sikrer verdensarvfjordene som anløpshavn for cruisebåter også etter 2026, blant annet ved at staten sikrer etablering av landstrøm i Flåm som planlagt innen 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:23 S (2020–2021) Representantforslag om utsettelse av kravet om nullutslipp i verdensarvfjordene fra 2026, jf. Innst. 251 S (2020–2021).

Oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp i samband med oppfølginga av vedtak nr. 690, 25. februar 2021, og vedtak nr. 672, 3. mai 2018. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Verkemiddel for meir effektiv og einskapleg skadefelling av rovvilt

Vedtak nr. 751, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om egnede virkemidler som gjør skadefelling av rovvilt mer effektivt og enhetlig.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:86 S (2020–2021), Representantforslag om mer effektiv skadefelling av store rovdyr, jf. Innst. 255 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet har motteke ei fagleg vurdering og tilråding om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket frå Miljødirektoratet.

Regjeringa vurderer den faglege tilrådinga frå Miljødirektoratet og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Kompetanseoverføringsprosjekt om skadefelling

Vedtak nr. 752, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen iverksette et kompetanseoverføringsprosjekt for at de metodene og de erfaringene som er gjort av skadefellingslagene i Nord-Østerdal og Engerdal, blir overført til skadefellingslag andre steder i landet. Det bør utarbeides et kursopplegg og etableres et permanent nettverk som sikrer overføring av kunnskap og kompetanse.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:86 S (2020–2021), Representantforslag om mer effektiv skadefelling av store rovdyr, jf. Innst. 255 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet har motteke ei fagleg vurdering og tilråding om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket frå Miljødirektoratet.

Regjeringa vurderer den faglege tilrådinga frå Miljødirektoratet og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Forslag om verkemiddel for meir effektiv lisensfelling

Vedtak nr. 753, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til hvordan virkemidler knyttet til skadefelling også kan bidra til å gjøre lisensfelling mer effektiv.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:86 S (2020–2021), Representantforslag om mer effektiv skadefelling av store rovdyr, Innst. 255 S (2020–2021). Klima- og miljødepartementet har motteke ei fagleg vurdering og tilråding om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket frå Miljødirektoratet.

Regjeringa vurderer den faglege tilrådinga frå Miljødirektoratet og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Nasjonal plan for å gjere land- og ladestraum, hydrogen, ammoniakk og andre grøne drivstoff tilgjengelege

Vedtak nr. 831, 22. april 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en nasjonal plan for å gjøre land- og ladestrøm, hydrogen, ammoniakk og andre grønne drivstoff tilgjengelig.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring, jf. Innst. 338 S (2020–2021).

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har DNV levert ein underlagsrapport om føresetnader, status, behov og barrierar for tilgjengeleggjering av ulike alternative berekraftige drivstoff til skipsfarten. Departementet arbeider no med utforminga av den nasjonale planen. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Forslag om revidering av motorferdsellova

Vedtak nr. 973, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på økt lokalt selvstyre og redusert byråkrati knyttet til praktiseringen av loven, samtidig som hensyn til natur og friluftsliv blir ivaretatt.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:155 S (2020–2021), Representantforslag om lokalt selvstyre over motorisert ferdsel i utmark, og Dokument 8:161 S (2020–2021), Representantforslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på redusert byråkrati, jf. Innst. 429 S (2020–2021)

Vedtaket frå Stortinget er bakgrunnen for at Kongen i statsråd 3. september 2021 sette ned eit offentleg utval som skal gjennomgå regelverket om motorferdsel i utmark og vassdrag og foreslå endringar i dette. Utvalet skal levere utgreiinga innan 1. desember 2023. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med saka på eigna måte.

Oppfølging av globalt rammeverk for naturmangfald

Vedtak nr. 976, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget om oppfølgingen av det globale rammeverket for naturmangfold på egnet måte så fort som mulig etter at rammeverket er på plass.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:174 S (2020–2021), Representantforslag om en strategifor arbeidet med FNs naturavtale, jf. Innst. 434 S (2020–2021).

Forhandlingane om eit globalt rammeverk for naturmangfald skal avsluttast under COP 15 i Montreal i Canada, 7.–19. desember 2022. Regjeringa vil følgje opp stortingsvedtaket så fort som mogleg etter at rammeverket er på plass. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Ny vurdering av innstrammingane i sjølaksefisket

Vedtak nr. 977, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en ny vurdering av innstrammingene i sjølaksefisket og hvordan de vil virke konkret for sjølaksefiskerne på Sørlandet. Stortinget ber videre regjeringen om å foreta lempelige vurderinger av søknader om dispensasjon for fiskerne som mister en stor del av sin inntekt uten andre muligheter.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:148 S (2020–2021) Representantforslag om å stoppe innstramminger i sjølaksefisket i 2021, jf. Innst. 430 S (2020–2021).

I brev 2. juli 2021 bad Klima- og miljødepartementet Miljødirektoratet om å gjere ei vurdering av korleis innstrammingane i sjølaksefisket vil verke konkret for sjølaksefiskarane på Sørlandet. Miljødirektoratet gav Menon Economics i oppdrag å gjere ei vurdering av dette. Menon leverte den endelege rapporten sin hausten 2021. Basert på resultata frå undersøkinga slår Menon fast at det ikkje er grunnlag for å seie at sjølaksefiskarane på Sørlandet blir spesielt hardt ramma av innstrammingane i sjølaksefisket. Vurderinga av situasjonen for sjølaksefiskarar på Sørlandet, jf. første del av vedtak 977, tilseier at dei ikkje blir hardare ramma av reguleringane i sjølaksefisket enn fiskarar andre stader i landet.

I lys av at den gjeldande dispensasjonsføresegna i forskrift om fiske av anadrome laksefisk i sjø ikkje dekkjer dispensasjonssøknader frå enkeltfiskarar, bad departementet òg Miljødirektoratet vurdere om det i lys av naturmangfaldlova, lakse- og innlandsfisklova og anna relevant lovverk kan gjevast ei dispensasjonsføresegn i den aktuelle forskrifta som inneber at dispensasjon til fiske kan bli innvilga til fiskarar som mistar ein stor del av inntekta som følgje av reguleringane, og som ikkje har andre moglegheiter til inntening.

Miljødirektoratet si vurdering var her at ei ordning som gjev dispensasjon til enkeltfiskarar, ikkje er i tråd med formålet i lakse- og innlandsfisklova og vil òg truleg utløyse erstatningskrav jf. Grunnlova § 105. Ei slik ordning vil òg innebere usakleg forskjellsbehandling av personar med i utgangspunktet like rettar, noko som igjen vil gjere ordninga ugyldig etter allmenne forvaltningsrettslege reglar. I tillegg vil ei slik ordning vere svært arbeidskrevjande for forvaltninga, ettersom det inneber at ei regulering som i utgangspunktet er forskriftsfesta, blir basert på enkeltvedtak der den økonomiske situasjonen til kvar enkelt fiskar skal dokumenterast og vurderast. Både samla og kvar for seg tilseier desse forholda at ein ikkje gjennomfører ei dispensasjonsordning, jf. andre del av vedtak 977.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Evaluere status for små og sårbare bestandar av villaks

Vedtak nr. 979, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en evaluering av status for små og sårbare bestander av villaks og at en slik evaluering forelegges Stortinget på egnet måte etter sesongen 2021.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:148 S (2020–2021) Representantforslag om å stoppe innstramminger i sjølaksefisket i 2021, jf. Innst. 430 S (2020–2021).

I brev 2. juli 2021 gav Klima- og miljødepartementet i oppdrag til Miljødirektoratet å gjennomføre ei evaluering i tråd med oppmodingsvedtaket og bad om at evalueringa skulle bli oversend til departementet.

Miljødirektoratet gav Vitskapleg råd for lakseforvaltning (VRL) i oppdrag å gjere ei slik vurdering og bad også om ei oppdatert vurdering av risiko for overutnytting av dei same bestandane i sjølaksefisket etter innføringa av dei nye fiskeføresegnene i 2021. VRL leverte den endelege rapporten våren 2022.

I rapporten oppdaterer VRL status for omsynskrevjande laksebestandar (små eller sårbare bestandar og bestandar under reetablering etter kalking og nedkjemping av G. salaris) i Noreg og vurderer risikoen for overutnytting i 13 fjordregionar og 10 kystregionar. Vidare konkluderer VRL med at dei nye fiskereguleringane som vart innførte i 2021, har gjort at risikoen for overutnytting som truar omsynskrevjande bestandar har blitt fjerna frå så godt som heile landet. Unntaket er den ytre kysten av Finnmark der det framleis blir fiska på bestandane i Tanavassdraget.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Greie ut insentivordning for at frivillige, inkl. lag og organisasjonar, vil bidra til rydding av plast

Vedtak 1001, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede en incentivordning for at flere frivillige, inkludert lag og organisasjoner, vil bidra til rydding av plast.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:236 S (2020–2021) Representantforslag om globale og nasjonale tiltak for renere hav og håndtering av plast, jf. Innst. 445 S (2020–2021).

Etter oppdrag frå Klima- og miljødepartementet gjennomfører Senter mot marin forsøpling (Marfo) no ei evaluering av ordninga for tilskot til tiltak mot marin forsøpling og av andre tiltak for styrkt tilrettelegging og koordinering av opprydding av marin forsøpling. Det frivillige oppryddingsarbeidet er ein sentral del av dette. Marfo skal levere evalueringa si til departementet innan utgangen av 2022. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Tilskotsordning som dekkjer kostnadene med leveransar av avfall etter frivillige ryddeaksjonar

Vedtak 1004, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen vurdere å innføre en tilskuddsordning som dekker kostnadene forbundet med leveranser av avfall etter frivillige ryddeaksjoner. Stortinget ber regjeringen legge frem en sak om dette i forbindelse med statsbudsjettet for 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:236 S (2020–2021) Representantforslag om globale og nasjonale tiltak for renere hav og håndtering av plast, jf. Innst. 445 S (2020–2021).

Senter mot marin forsøpling, Marfo, har overteke forvaltninga av ei tilskotsordning for støtte til tiltak mot marin forsøpling etter Miljødirektoratet. I 2022 vart det delt ut om lag 50 mill. kroner til ulike oppryddingstiltak og førebyggjande tiltak. Dekning av kostnader til levering av avfall kan inngå som del av større prosjekt. Refusjonar av mindre utgifter til ryddeutstyr, transport og levering av rydda avfall har i fleire år vore handterte ved at Hold Norge Rent forvaltar ei eiga refusjonsordning med midlar frå denne tilskotsordninga, der frivillige kan få dekt like utgifter om dei registrerer ryddeaksjonar i forkant. Hold Norge Rent har kvart år søkt om midlar frå tilskotsordninga til dette, der dei igjen fordeler til ei lang rekkje aktørar. På oppdrag frå departementet har Marfo sett i gang ei evaluering av tilskotsordninga for tiltak mot marin forsøpling og refusjonsordninga for ryddekostnader i lys av utviklinga i oppryddingsarbeidet og behovet for føreseielege vilkår for aktørane. Evalueringa skal leverast departementet innan utgangen av 2022. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Harmonisere rammevilkåra for biogassproduksjon i Norden

Vedtak 1009, 27. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen om å ta initiativ til å harmonisere rammevilkårene for biogassproduksjon i Norden og komme tilbake til Stortinget med en plan for dette for å bidra til å utvikle biogassnæringen i Norge.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:231 S (2020–2021) Representantforslag om å fjerne de statlige barrierene for produksjon og bruk av biogass, jf. Innst. 468 S (2020–2021).

Miljødirektoratet har, på oppdrag frå departementet, levert ein rapport som gjennomgår verkemidla for biogass i Noreg, Sverige og Danmark. Rapporten blir no behandla i departementet. Vi viser òg til vedtak nr. 753, 10. juni 2022 om harmonisering av rammevilkåra for biogass i Norden. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Stortingssesjon 2019–2020

Nye mål i kulturmiljøpolitikken

Vedtak 708, 16. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at en av de nye bevaringsstrategiene skal handle om kirker, og at det i den forbindelse legges til grunn en målsetting om at alle steinkirker fra middel-alderen skal ha ordinært vedlikeholdsnivå innen 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad i 2030.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken –Engasjement, bærekraft og mangfold, jf. Innst. 379 S (2019–2020).

Klima- og miljødepartementet arbeider med å følgje opp Meld. St.16 (2019–2020). Utvikling av bevaringsstrategiane er ei prioritert oppgåve som er sett i gang hausten 2020. Kva tema som skal prioriterast, vil bli avklart som ein del av prosessen. Korleis kyrkjer skal inkluderast i dette arbeidet, vil inngå i vurderinga. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Stortingssesjon 2018–2019

Erstatningsreglane ved tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordninga (FKT)

Vedtak nr. 383, 31. januar 2019

«Stortinget ber regjeringen foreta en vurdering av erstatningsordningene for tap av beitedyr til rovvilt og kompensasjonsordningen (FKT) og rapportere til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:239 S (2017–2018) Representantforslag omerstatningsreglene ved tap av beitedyr til rovvilt, jf. Innst. 140 S (2018–2019).

Departementet er i gang med oppfølginga av dette vedtaket. Når det gjeld erstatningsordninga for tap av tamrein til rovvilt er departementet si førebelse vurdering at det er behov for å sjå på endringar i ordninga. Departementet arbeider for å få gjennomført dette og vil involvere aktuelle partar i arbeidet. Når det gjeld erstatningsordninga for tap av husdyr til rovvilt er departementet si vurdering at det kan vere behov for enkelte justeringar i ordninga, men at det mellom anna av ressursmessige omsyn er hensiktsmessig at vidare vurderingar ventar på arbeidet med erstatningsordninga for tamrein. Når det gjeld ordninga med tilskot til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak (FKT-ordninga) har Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norsk institutt for naturforskning (NINA) utarbeidd rapporten «Vurdering av FKT-ordningen» (NIBIO rapport, vol. 6, nr. 130, 2020). Forvaltninga følgjer opp dette, mellom anna gjennom arbeid med forslag til revidert forskrift for tilskotsordninga. Forslag til revidert forskrift vil bli sendt på høyring.

Stortingssesjon 2017–2018

Gjenbruk gjennom kommunane sine gjenbruksstasjonar

Vedtak nr. 481, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen gi kommunene ansvar for å legge til rette for gjenbruk gjennom kommunenes gjenbruksstasjoner.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal II.

Det er vurdert at kommunane allereie har dette ansvaret, sjølv om det ikkje går uttrykkjeleg fram av forureiningslova, og at dette kan dekkjast over avfallsgebyret, jf. Prop. 1 S (2018–2019). Energi- og miljøkomiteen tok regjeringa si vurdering til orientering og bad om ei orientering som fortel om kommunane følgjer opp dette ansvaret, jf. Innst. 9 S (2018–2019).

Klima- og miljødepartementet vil komme tilbake til Stortinget med ei orientering som fortel om kommunane følgjer opp.

Utleige av avfallskonteinarar frå godkjende avfallsselskap

Vedtak nr. 482, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen gi kommunene anledning til selv å bestemme om de ønsker samtykke ved utleie av avfallskonteinere fra godkjente avfallsselskaper.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal III.

Departementet arbeider med saka. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Krav til utsortering og materialattvinning av plast og matavfall

Vedtak nr. 485, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen stille krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall fra husholdninger og lignende avfall fra næringslivet.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal VI.

Departementet har fastsett forskrift om krav til utsortering og materialattvinning av matavfall og plastavfall, med verknad frå 1. januar 2023.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Avfall frå offentlege tenester og andre som produserer avfall som liknar hushaldsavfall

Vedtak nr. 486, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og legge til rette for at alt avfall fra offentlige tjenester og andre som produserer avfall som likner husholdningsavfall, skal ha de samme kravene til materialgjenvinning i norsk regelverk som husholdningsavfall.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal VII.

Departementet har fastsett forskrift om krav til utsortering og materialattvinning av matavfall og plastavfall, med verknad frå 1. januar 2023.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Reinsing av flygeoske

Vedtak nr. 487, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede påbud om rensing av flyveaske og komme til Stortinget med dette på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XI.

Flygeoske oppstår ved forbrenning av avfall og blir rekna som farleg avfall. Ved å vinne att salt og tungmetall i slik oske kan behovet for deponi for denne fraksjonen farleg avfall reduserast. Ekspert-utvalet om farleg avfall, som overleverte tilrådinga si til regjeringa i november 2019, peikte på ei betydeleg teknologiutvikling knytt til slik materialattvinning/reinsing av flygeoske. Dei viste samstundes til at det tek tid å kommersialisere teknologiane, men at anlegg under utvikling indikerer at teknologiane er i ferd med å bli modne. Sidan 2019 har det skjedd vidare utvikling på området, mellom anna i Sverige og Noreg, men det er ikkje grunnlag for å innføre eit påbod om reinsing. Departementet følgjer utviklinga på området. Stortinget vil bli orientert på eigna måte fremover, i tråd med Kontroll- og konstitusjonskomiteen sin merknad i Innst. 141 S (2021-2022). Departementet ser med dette vedtaket som følgt opp.

Matkastelov

Vedtak nr. 489, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og matvarebransjen. Loven bør omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr, samt påbud om å offentliggjøre nøkkeltall knyttet til matsvinn og reduksjon av matsvinn.»

Vedtaket vart gjort ved behandling av Meld. St. 45 (2016–2017), jf. Innst. 127 S (2017–2018) om Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. tilrådinga i innstillinga romartal XV.

Det har vore viktig å sjå resultat frå arbeidet under Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn og dra vekslar på erfaringar frå dette arbeidet før ein konkluderer med korleis ei matkastelov skal sjå ut, slik at ei eventuell lov utfyller eksisterande verkemiddel på best mogleg vis. Første hovudrapporteringa under avtalen vart publisert i desember 2021. Basert på denne informasjonen vil regjeringa arbeide vidare med saka. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Pålegg om utsortering og materialattvinning av plast- og matavfall

Vedtak nr. 502, 27. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen pålegge kommuner og næringsaktører utsortering og materialgjenvinning av plast- og matavfall i tråd med anbefalingene fra Miljødirektoratet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm om eit løft for norsk sirkulærøkonomi gjennom attvinning av avfall for næringsaktørar og kommunar, jf. Dok. 8:31 S (2017–2018) og Innst. 129 S (2017–2018).

Departementet har fastsett forskrift om krav til utsortering og materialattvinning av matavfall og plastavfall, med verknad frå 1. januar 2023.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Greie ut strengare krav til svartvass- og gråvassutslepp frå cruiseskip

Vedtak nr. 661, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede strengere krav til svartvanns- og gråvannsutslipp fra cruiseskip.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018), jf. tilrådinga i innstillinga romartal VIII.

Sjøfartsdirektoratet har greidd ut forslag til endring i regelverket for innføring av strengare krav til utslepp av kloakk frå skip langs kysten. Ei kartlegging frå Miljødirektoratet om mottakskapasiteten for kloakk og kloakkslam i hamnene inngår i faggrunnlaget. Saka er til behandling i departementet. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar m.m.

Vedtak nr. 672, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og null-utslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).

1. mars 2019 innførte Sjøfartsdirektoratet som eit første steg strengare utsleppskrav til skip i verdsarvfjordane. I 2020 greidde Sjøfartsdirektoratet ut konsekvensane av å innføre nullutsleppskrav for turistskip og ferjer i verdsarvfjordane så snart det kan gjennomførast teknisk og seinast innan 2026. Utgreiinga viste mellom anna at det er teknologiske utfordringar med å kunne oppnå nullutslepp for større turistskip, som cruiseskip, innan 2026.

Ved Stortingets behandling 25. februar 2021 av Dokument 8:23 S (2020–2021) Representantforslag om utsettelse av krav om nullutslipp i verdsarvfjordane fra 2026 vart det gjort to nye oppmodingsvedtak, høvesvis vedtak nr. 690, 25. februar 2021 «Stortinget ber regjeringen bidra til gjennomføring av tiltak initiert av lokale og regionale myndigheter, som reduserer utslipp i verdensarvfjordene» og vedtak nr. 691, 25. februar 2021 «Stortinget ber regjeringen foreslå tiltak som sikrer verdensarvfjordene som anløpshavn for cruisebåter også etter 2026, blant annet ved at staten sikrer etablering av landstrøm i Flåm som planlagt innen 2022».

På bakgrunn av oppmodingsvedtaka har regjeringa sendt oppdrag til Sjøfartsdirektoratet, der dei blir bedne om ein statusgjennomgang og forslag til korleis krav om nullutslepp for turistskip og ferjer i verdsarvfjordane frå 2026 kan gjennomførast og innrettast. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar

Vedtak nr. 674, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig utrede et nasjonalt forbud mot salg av heliumballonger, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, representantforslag frå stortingsrepresentantane Audun Lysbakken, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Arne Nævra og Torgeir Knag Fylkesnes om å gjennomføre Stortingets mål i klimaforliket om å kutte norske klimagassutslepp fram mot 2020, jf. Dok. 8:16 S (2017–2018) og Innst. 253 S (2017–2018).

Departementet vurderer vidare behov for utgreiing av eit slikt nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Stortingssesjon 2016–2017

Gratis levering av marint avfall

Vedtak nr. 529, 28. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen særskilt belyse hvordan gratis levering av marint avfall bør organiseres, og komme tilbake til dette på egnet måte.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 213 S (2016–2017), jf. Dok. 8:31 S (2016–2017), tilrådinga i innstillinga romartal I.

Noreg skal gjennomføre EUs reviderte skipsavfallsdirektiv. Miljødirektoratet har oversendt forslaga sine til endringane i norsk regelverk som følgje av direktivet etter høyring. Forslag til endringar inneber mellom anna at krav om avfallsgebyr i hamn skal innførast også for fiskefartøy slik det no gjeld for andre typar fartøy. Samstundes blir det foreslått at gebyret ikkje berre skal gå til mottak og handtering av avfall frå skipsdrift, men også til oppfiska avfall (marint avfall). Dette vil innebere at det ikkje blir kravd særskilt gebyr for innlevering av avfall som er fått opp frå havet. Det skal også vere tilrettelagt for at oppfiska avfall skal kunne leverast. Forslaget er til vurdering i departementet.

Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Forslag til tiltak og verkemiddel for overvassproblematikk

Vedtak nr. 914, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene fra overvannsutvalget (NOU 2015: 6), og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med forslag til tiltak og virkemidler for overvannsproblematikk, inkludert en vurdering av en egen sektorlov for vann- og avløp.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandling av Dok. 8:78 S (2016–2017), jf. Innst. 436 S (2016–2017), jf. tilrådinga i innstillinga romartal I.

Overvassutvalet foreslo ein pakke av verkemiddel som må sjåast i samanheng, og som til saman vil medverke til å oppnå måla om å førebyggje skade på busetnad, infrastruktur, helse og miljø. Forslag til endringar i forureiningslova og vass- og avløpsanleggslova vart sendt på høyring i mars 2020 og er til behandling i Klima- og miljødepartementet. Forslag til endringar i plan- og bygningslova vart sendt Stortinget i juni 2022. Kommunal- og distriktsdepartementet vil vedta endringar i byggjesaksforskrifta og byggteknisk forskrift før lovendringane tek til å gjelde. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Stortingssesjon (2015–2016)

Klargjering av kva som er god tilstand, og av kva areal som er å rekne som ringare økosystem

Vedtak nr. 669, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen klargjøre hva som er god tilstand og hvilke arealer som er å regne som forringede økosystemer, og trappe opp arbeidet med å bedre tilstanden i økosystemene, med sikte på at 15 pst. av de forringede økosystemene skal være restaurert innen 2025.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandling av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, innstillinga romartal III.

Klima- og miljødepartementet oppretta i 2016 Ekspertrådet for økologisk tilstand. Rådet kom med tilrådingane sine i 2017, og ulike fagmiljø har gjennomført nødvendig utvikling og utprøving av fagsystemet. I 2020 starta arbeidet med å ta fagsystemet i bruk, samstundes som delar av systemet framleis vart utvikla vidare. I 2021 vart tilstandsvurdering basert på fagsystemet for økologisk tilstand for økosystema skog og arktisk tundra presentert, medan i 2022 vart tilstandsvurdering for fjell presentert. I tillegg blir det arbeidd med å ferdigstille vurdering for havområda Barentshavet, Nordsjøen og Norskehavet. I tillegg vart det starta eit arbeid med å styrkje faggrunnlaget, med særleg vekt på våtmark og ope lågland der kunnskapsgrunnlaget ikkje er tilstrekkeleg til å vurdere tilstand etter fagsystemet. Arbeidet med å styrkje faggrunnlaget vil halde fram i 2023.

Tilstanden i økosystema med godt nok datagrunnlag kan deretter vurderast med jamne mellomrom, inkludert kva som er sett på som ringare økosystem.

I 2021 vart «Naturstrategi for våtmark» lagt fram. Regjeringa har sett i gang arbeidet med å etablere ein meny av ulike tiltak som bidreg til å halde ved lag eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand for dei andre økosystema på land. Restaureringstiltak vil i samband med dette bli vurderte saman med andre miljøtiltak som kan bidra til å betre tilstanden i økosystema. Globale mål om restaurering vil bli lagt til grunn for arbeidet.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Kvalitetsnormer for økosystem som del av utviklinga av nye forvaltningsmål

Vedtak nr. 670, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere kvalitetsnormer for økosystemer som en del av utviklingen av nye forvaltningsmål.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal IV.

I 2021 vart «Naturstrategi for våtmark» der det er sett forvaltningsmål for våtmark, lagt fram. Dette målet er å (1) bremse nedbyggingstakta for våtmark som er i dag, og (2) forbetre den økologiske tilstanden i våtmark. Naturstrategien fyller ei liknande rolle som ei kvalitetsnorm gjennom det målet som er sett, ei forbetring av kunnskapsgrunnlaget og gjennomføring av konkrete tiltak etter nærmare utgreiing. Kunnskapsgrunnlaget for våtmark bør vidareutviklast før det eventuelt blir fastsett ei kvalitetsnorm for våtmark etter naturmangfaldlova. Myr er ein del av økosystemet våtmark, og Klima- og miljødepartementet vil sjå eventuell utarbeiding av ei kvalitetsnorm for myr i samanheng med denne vidareutviklinga av dette kunnskapsgrunnlaget. Naturstrategien vil bli evaluert etter seks år og revidert etter tolv år. Behovet for eventuelle nye mål og verkemiddel vil da bli vurdert på nytt.

Regjeringa har sett i gang arbeidet med å etablere ein meny av ulike tiltak som bidreg til å halde ved lag eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand. Arbeidet med å følgje opp naturmangfaldmeldinga og utvikle forvaltningsmål held med dette fram for dei andre økosystema på land. Vurdering av kvalitetsnormer vil vere ein integrert del av dette arbeidet.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp.

Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfugl

Vedtak nr. 674, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for å bedre situasjonen for sjøfugler. I handlingsplanen må det gjøres en vurdering av hvilke øvrige sjøfugler som bør få status som prioritert art.»

Vedtaket vart gjort ved stortingsbehandlinga av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. Innst. 294 S (2015–2016), innstillinga romartal IX.

Ei direktoratsgruppe leidd av Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide eit utkast til handlingsplan for sjøfugl. Utarbeidinga av handlingsplanen har vore meir omfattande og krevjande enn ein først trudde. Dette er eit komplekst og samansett fagområde som involverer mange ulike sektorar. Det tek tid å få på plass kunnskapsgrunnlaget som handlingsplanen skal byggje på. Som ledd i dette har Miljødirektoratet gjeve Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) i oppdrag å levere eit kunnskapsgrunnlag og vurdere nytte og kostnad av relevante tiltak. VKM skal levere sin rapport i desember 2023. Siktemålet er ferdigstilling av ein handlingsplan i løpet av 2024. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt

Vedtak nr. 681, 23. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen om fremme forslag med sikte på å forby mikroplast i kroppspleieprodukter.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av Dok. 8:44 S (2015–2016), jf. Innst. 282 S (2015–2016), tilrådinga i innstillinga romartal I.

Eit forslag til restriksjon frå EUs kjemikaliebyrå under EU/EØS-regelverket REACH mot mikroplast tilsett i produkt som blir marknadsførte i Europa, vart ferdigstilt i 2019. EU-kommisjonen fremja forslag til endring av regelverket den 31. august 2022. Dette vil også omfatte forbod mot mikroplast tilsett i kroppspleieprodukt. Eit forbod er dermed ikkje venta endeleg vedteke før i 2023. Norske miljøstyresmakter vil aktivt følgje arbeidet. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Fotnotar

1.

Det internasjonale ressurspanelet (International Resource Panel, IRP) er eit globalt kunnskapspanel som skal styrkje samspelet mellom forsking og forvaltning for å fremje god ressursforvaltning, ressurseffektivitet og sirkulær økonomi. Oppgåva til panelet er òg å gi uavhengige, faglege vurderingar som er relevante for forvaltning og avgjerdstakarar. FNs miljøprogram er sekretariat, og Noreg deltek i styringskomiteen til ressurspanelet.

2.

Det blir arbeidd med oppdatert kunnskapsgrunnlag for å revidere støymålet.

Til forsida