Forsida

Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 2
Klima- og miljødepartementets budsjett for 2023

7 Omtale av kapittel og post

Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet medrekna tilskot som blir behandla i departementet, og løyvingar for å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning, under dette kartlegging, overvaking og forsking på klima- og miljøområdet og anna arbeid knytt til miljødata. Delar av løyvingane kan bli stilte til disposisjon for etatane som er underlagde departementet, når det er naturleg at etatane utfører oppgåvene.

Internasjonalt arbeid

Omtale av Noregs internasjonale arbeid med klima og miljø finst òg under dei ulike resultatområda og dei andre programkategoriane. Omtalen i dette kapittelet gjeld i stor grad internasjonalt arbeid som går på tvers av resultatområda.

Multilateralt klima- og miljøsamarbeid

FN er ein viktig aktør i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. Noreg er ein vesentleg bidragsytar til dei organisasjonane og programma som har miljø som kjerneoppgåve, og har fortløpande dialog med nær alle FN-institusjonane om integrering av klima- og miljøomsyn i verksemda deira. Noreg legg vekt på å følgje opp Rio+20-vedtaket om å styrkje FNs miljøprogram. Programmet har eit særskilt ansvar i FN-systemet for å fremje ivaretakinga av miljødimensjonen i berekraftig utvikling og for å innarbeide omsynet på tvers i organisasjonen. Noreg vil i 2023 følgje aktivt opp vedtaka frå FNs femte miljøforsamling (UNEA-5) under Noregs presidentskap. Særleg viktige er vedtaka om å starte forhandlingar om ein rettsleg bindande internasjonal avtale mot plastforureining og å etablere eit nytt sjølvstendig, mellomstatleg vitskapspanel for kjemikaliar, avfall og forureining. Noreg tek aktivt del i desse forhandlingane og vil vere ein pådrivar. Noreg vil framleis ha høg merksemd på havmiljø, grønt økonomisk skifte, miljøkriminalitet, naturen si rolle i klimaløysinga, tilpassing og konfliktførebygging og rolla FNs miljøprogram har som kunnskapsleverandør. Klima, naturmangfald og forureining er anerkjende som dei viktigaste miljøutfordringane som krev sterkare global respons. Noreg vil halde fram med arbeidet med å utvikle den normative rolla til FNs miljøprogram og sikre eit tettare samarbeid med andre FN-organ. Noreg er òg ein sentral bidragsytar til FNs program for å redusere utslepp gjennom avskoging og skogdegradering i utviklingsland (UN-REDD) og til fleire verdsbankfond som finansierer investeringar for å redusere utslepp frå skog i utviklingsland, til dømes FCPF Karbonfond og BioCarbon-fondet. Sjå omtale av Klima- og skoginitiativet under programkategori 12.70.

FNs berekraftsmål føreset at både einskilde land og internasjonale organisasjonar skal betre integreringa av dei tre dimensjonane av berekraft (økonomiske, sosiale og miljøvise omsyn) på ei rekkje samfunnsområde. Måla kan såleis gje draghjelp til det globale grøne skiftet og fremje heilskaplege løysingar over «silotilnærming». Noreg har oppnådd mykje, men er òg utfordra av ein del av måla. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 vart behandla i Stortinget våren 2022. Oppgåva med å følgje opp gjennomføringa av berekraftsmåla globalt årleg er lagd til FNs høgnivåforum for berekraftig utvikling (HLPF), og kvart fjerde år skal leiarane i verda få ei særskild oversikt over framdrifta og område som krev større innsats. Noreg la fram sin andre frivillige rapport om framgangen på måla til FNs høgnivåforum sommaren 2021. Sjå omtale av berekraftsmåla under del III, kap. 8.2.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) omfattar bevaring og berekraftig bruk av naturmangfaldet på landjorda og i havet og rettferdig fordeling av utbytte frå bruk av genetiske ressursar. På det neste partsmøtet skal eit nytt globalt rammeverk for naturen vedtakast. Det nye rammeverket vil erstatte dei 20 Aichi-måla som vart vedtekne i 2010. Aichi-måla er godt integrerte i Agenda 2030 og i berekraftsmåla, og det er viktig med ei tett kopling mellom berekraftsmåla og andre eksisterande mål for naturmangfald i utviklinga av eit nytt strategisk rammeverk.

Noreg deltek aktivt i forhandlingane for å sikre eit effektivt, nytt globalt rammeverk som kan snu den negative trenden med tap av natur. Ein effektiv avtale inneber at landa i verda blir samde om både eit sett med ambisiøse mål og robuste system som gjer at landa i større grad gjennomfører dei nye måla. Noreg arbeider for ein avtale som forpliktar landa til å auke innsatsen over tid. Noreg ønskjer vidare ei utvikling av konvensjonen innanfor berekraftig bruk og har mellom anna retta merksemda mot berekraftige verdikjeder i forhandlingane om det nye rammeverket. Integrering av omsyn til naturmangfald i andre sektorar og i alle ledd i verdikjedene er avgjerande for å sikre at den totale belastninga på naturen ikkje blir for stor. Noreg arbeider for økosystembaserte tilnærmingar til bevaring av naturen og bruk av naturbaserte løysingar på klimautfordringa. Noreg støttar målet om at 30 pst. av hav- og landområde skal bevarast gjennom vern eller andre bevaringstiltak.

Det globale miljøfondet (GEF) skal medverke til at utviklingsland og land med overgangsøkonomi kan nå måla i dei globale miljøavtalane om klima, naturmangfald, forørkning, kjemikaliar og kvikksølv. GEF er med på å betre klima- og miljøtilstanden globalt ved å kvalitetssikre nasjonale og regionale tiltak og finansiere meirverdien av dei for det globale miljøet. Arbeidet blir utført gjennom ei rekkje ulike partnarorganisasjonar i FN og det sivile samfunn. Medan det i internasjonalt miljøsamarbeid ofte kjem krav om å opprette nye fond for å støtte u-landa, ser Noreg at GEF har opparbeidd god kunnskap og sterke nettverk som gjer dei i stand til å yte hjelpa som landa ber om. Noreg auka sitt bidrag til GEF ved førre påfyllinga (GEF7) og aukar bidraget til påfyllinga for neste fireårsperiode (GEF8) med 50 pst. Behovet for eit ambisiøst post-2020-rammeverk for naturmangfald og natur, og planen om å ha ein ny global avtale mot plastforureining klar i 2024 som GEF kan bli finansieringsmekanisme for, er blant miljøutfordringane som har motivert mange land til auka bidrag. GEF konsentrerer seg i stadig større grad om store, integrerte program som kan medverke til å nå måla i fleire miljøkonvensjonar samstundes. Effektiviteten til slik tilnærming skal evaluerast.

Omtale av Noregs hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet finst under programkategori 12.20 og 12.70.

Miljøkriminalitet

Miljøkriminalitet er eit alvorleg og aukande problem med store negative konsekvensar for naturmangfald og klima. Å stoppe ulovleg avskoging er ein viktig del av klimaløysinga og ei nødvendigheit for at land med mykje ulovleg avskoging skal kunne oppfylle forpliktingane sine. Ei rekkje artar er trua av utrydding på grunn av internasjonal flora- og faunakriminalitet, skogkriminalitet og gruvekriminalitet, både på grunn av handel med trua artar og på grunn av arealfragmentering og ringare leveområde.

Miljøkriminalitet medverkar òg til tap av inntekter for statar, auka fattigdom, auka ulikskap og underminering av demokratiske institusjonar. Internasjonal miljøkriminalitet er i tillegg knytt til annan organisert kriminalitet, som ulovleg handel med våpen, narkotikasmugling og menneskehandel, og blir nytta til såkalla trusselfinansiering, det vil seie finansiering av terrorgrupper og andre ikkje-statlege væpna grupper. Dette medverkar til å føre vidare ustabilitet i sårbare statar og truar regional og internasjonal tryggleik.

Internasjonalt blir det viktig å få global merksemd om at miljøkriminalitet er ei grenseoverskridande og alvorleg form for organisert kriminalitet som må sjåast i samanheng med økonomisk kriminalitet som korrupsjon, kvitvasking, dokumentfalsk, skatteunndraging og tollsvindel. Tiltaka her omfattar utvikling av internasjonal politikk, internasjonal rettsutvikling, utviklingspolitiske verkemiddel, arbeid i internasjonale organisasjonar og sivilsamfunn, motverking av ulovleg netthandel og bruk av teknologi, verdikjedesporing og handelsavtalar.

Medverknad i EU-samarbeidet og effektiv gjennomføring av EØS-rettsakter

EU har ei klar pådrivarrolle i det internasjonale klima- og miljøsamarbeidet, og ein stor del av klima- og miljøpolitikken til EU blir gjennomført i norsk regelverk som følgje av EØS-avtalen. Regjeringa følgjer tett med på Europas grøne giv. Dette er EUs grøne vekststrategi der målet om klimanøytralitet i EU i 2050 er gjort styrande for eit gjennomgripande grønt skifte som omfattar nær alle samfunnsområde. Europas grøne giv medfører omfattande ny politikk- og regelverksutvikling, også på område som er omfatta av EØS-avtalen. Klima- og miljødepartementet har interesser på område som klima, avfall og produkt i den sirkulære økonomien, plastforureining, kjemikaliar og grøn finans.

Medverknadsarbeidet overfor EU skjer gjennom å delta i Kommisjonens ekspertgrupper og komitear, politiske møte med Kommisjonen og Europaparlamentet, andre innspel til sentrale aktørar i EU og gjennom å delta i ambisiøse «vennegrupper» som REACH UP-gruppa på kjemikalieområdet, som no omfattar plast òg, og Green Growth Group (GGG) på klimaområdet. Noreg har òg ein nasjonal ekspert i Europakommisjonens generaldirektorat for miljø for å styrkje EU-arbeidet med plastforureining. Nordisk samarbeid er òg viktig for å påverke utviklinga av EU-regelverket og andre internasjonale prosessar. Dei nordiske statsministrane vedtok i august 2019 ein ny visjon for det nordiske samarbeidet, som seier at Norden skal bli den mest berekraftige og integrerte regionen i verda fram mot år 2030. I oppfølginga av visjonen til Nordisk ministerråd har det nordiske samarbeidet på klima- og miljøområdet blitt tilført vesentleg auka ressursar. Det har gjeve eit forsterka samarbeid mellom dei nordiske landa innanfor sentrale område som klima, biomangfald og sirkulær økonomi.

Noreg er medlem i Det europeiske miljøbyrået (EEA) og deltek i arbeidet i Det europeiske kjemikaliebyrået (ECHA). Miljøbyråa er ei viktig informasjonskjelde for alle som er med på å utforme, vedta, setje i verk og evaluere miljøpolitikk. Gjennom EØS-avtalen er Noreg medlem av fleire av EU-programma som skal bidra til å nå måla i Europas grøne giv. Noreg deltek i EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa 2021–2027, der klima og miljø er eit sentralt satsingsområde. Minst 35 pst. av totalbudsjettet til Horisont Europa skal vere klimarelevant. Noreg deltek også i EUs romprogram 2021–2027, som inkluderer jordobservasjonssystemet Copernicus. Systemet etablerer omfattande satellittovervaking av miljø globalt, regionalt og nasjonalt, ikkje minst i havområda og i Arktis. Gjennom norsk deltaking i programmet for eit digitalt Europa (DIGITAL) blir det lagt til rette for investering og kapasitetsbygging for digital og grøn omstilling og for bruk av innovative digitale teknologiar i samfunn og næringsliv.

Enkelte sentrale område er ikkje omfatta av EØS-avtalen. Det gjeld naturvern og forvaltning av naturressursar, landbruk og fiskeri, men Noreg og EU er tett bundne saman gjennom EUs indre marknad på alle område. Nye forslag og omlegging i EU-politikken får stor verknad for norsk politikk. Kvart år blir ei rekkje rettsakter innlemma i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk regelverk for miljø- og klimapolitikken.

Ved å delta gjennom heile prosessen sikrar departementet ein grundig gjennomgang og vurdering av forslag til nye EU-rettsakter og moglege konsekvensar av gjennomføringa før regelverket eventuelt blir teke inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett.

EØS-midlane er også ein del av EU/EØS-arbeidet i miljøforvaltninga. Dei medverkar til sosial og økonomisk utjamning i Europa og til gjennomføringa av EUs rettsakter i mottakarlanda. Klima, energi, miljø og lågutsleppsutvikling er eitt av tre prioriterte hovudområde i inneverande periode, som vil gå fram til og med 2024. Klima-, miljø- og kulturarvprogramma, inkludert dei bilaterale fonda under EØS-midlane, stimulerer til godt bilateralt fagleg samarbeid med mottakarlanda og stimulerer landa til oppfølging av EU-regelverk og internasjonale avtalar innan klima, miljø og naturmangfald.

Berekraftig finansiering

Finanssektoren har ei viktig rolle i omstillinga til ein lågutsleppsøkonomi gjennom å kanalisere kapital til berekraftige prosjekt og løysingar. I EU har det dei siste åra blitt vedteke eller foreslått fleire regelverksendringar som skal leggje til rette for at kapitalmarknadene i større grad finansierer berekraftige prosjekt og aktivitetar. Som oppfølging av handlingsplanen frå 2018 la Europakommisjonen i juli 2021 fram ein ny strategi for berekraftig finans. Regjeringa stiller seg bak det overordna målet i strategien om å leggje til rette for finansiering av omstillinga til ein miljømessig berekraftig økonomi. EUs klassifiseringssystem for berekraftige økonomiske aktivitetar, den såkalla taksonomien, er eit sentralt tiltak. Regjeringa støttar målet om å gjere det lettare for aktørar i finansmarknadene å identifisere berekraftige aktivitetar. For at taksonomien skal vere eit effektivt og truverdig verktøy for å kanalisere kapital til berekraftig verksemd og gje selskap insentiv til omstilling, må kriteria vere ambisiøse og vitskapsbaserte.

Stortinget vedtok 17. desember 2021 ei ny lov om berekraftig finans som gjennomfører mellom anna taksonomiforordninga i norsk rett. Sjå nærmare omtale i Meld. St. 12 (2021–2022) Finansmarkedsmeldingen 2022, og på Finansdepartementets temaside om taksonomien på regjeringen.no.

Klima og miljø i handels- og investeringsvernavtalar

Handels- og investeringsvernavtalar påverkar kva som blir produsert og selt, og korleis ein gjer det, og dermed også klima- og miljøverknadene av handel. Dei påverkar òg kva tiltak som kan setjast i verk av omsyn til klima og miljø. I motsetning til EØS-avtalen inneheld dei ikkje felles klima- og miljøregelverk. Det er difor nødvendig å syte for at dei blir utforma slik at dei òg legg til rette for lågare utslepp globalt og sikrar klima- og miljøomsyn. Difor bidreg vi til at slike avtalar får eigne kapittel om handel og berekraftig utvikling, senkar toll på klima- og miljøvennlege varer og gjev rom for støtte, avgifter og reguleringar som gjer det enklare og billigare å produsere, forbruke og transportere med mindre ressursar og utslepp. Fleire land legg stadig større vekt på klima- og miljømessig berekraft i handelspolitikken òg. EU og USA er no blant dei fremste her. EUs nye handelspolitikk har fått ei større rolle i arbeidet med berekraftig utvikling. Det internasjonale handelssystemet blir sett under stadig sterkare press på grunn av økonomiske, politiske og tryggingsmessige interesser, ringverknadene av globaliseringa. Presset har blitt forsterka av covid-19-pandemien og Russlands angrepskrig mot Ukraina, som viser kor utsett globale leveransekjeder kan vere i krise- og konfliktsituasjonar. Utviklinga av slike avtalar skjer no i aukande grad utanfor Verdshandelsorganisasjonen (WTO). Departementet følgjer difor med på og bidreg etter behov i forhandlingane mellom Noreg og andre land bilateralt og gjennom den europeiske frihandelsorganisasjonen EFTA. Samstundes tek medlemsland i WTO fleire nye initiativ for å styrkje bidraget frå handelen til å løyse klima- og miljøutfordringane. Eit initiativ som Noreg er med på, har mellom anna handel med miljøvarer og -tenester, sirkulær økonomi og berekraftige leveransekjeder i fokus. Vi bidreg etter behov i forhandlingane om ein ambisiøs, bindande avtale om klima, handel og berekraft som Noreg saman med New Zealand, Costa Rica, Fiji og Island vart samde om å starte hausten 2019.

Klima- og miljøsamarbeid med utviklingsland

Samarbeid med økonomiar i framvekst og utviklingsland er òg ein viktig pilar i Noregs internasjonale klima- og miljøarbeid. Med bilaterale samarbeidsavtalar og støtte til internasjonale initiativ skal Noreg medverke til ei grøn utvikling gjennom oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø og naturressursar.

Det største internasjonale initiativet frå regjeringa innan klima og miljø er Klima- og skoginitiativet. Sjå nærmare omtale av dette under programkategori 12.70. Klima- og miljødepartementet har òg særskilde avtalar om samarbeid med miljøstyresmaktene i dei store framveksande økonomiane Kina, India og Sør-Afrika. Desse landa har stor innverknad på den globale miljøtilstanden og er heilt sentrale i utviklinga av globale miljøavtalar. I Kina, Sør-Afrika og India har Klima- og miljødepartementet medverka til ein portefølje av prosjekt som er retta inn mot evna det enkelte landet har til å gjennomføre internasjonale forpliktingar under miljøkonvensjonane. Finansiering skjer i hovudsak over budsjettet til Utanriksdepartementet.

Prosjekta er hovudsakleg forvaltningssamarbeid. Miljødirektoratet er ein viktig partnar på norsk side. Mange av prosjekta byggjer òg på kompetansen i dei norske miljøinstitutta. I Kina har Miljødirektoratet sidan 2012 vore ein sentral partnar for å utvikle klimakvotemarknaden. Kinas nasjonale kvotemarknad vart offisielt lansert i juli 2021 og er den største i verda. Noregs kvotesamarbeid med Kina held fram i ein ny fase. Andre prosjektsamarbeid som er i gang styrkjer Kina sitt arbeid med å regulere og redusere utslepp av miljøgifter, marin forsøpling og svart karbon. I tillegg til å styrkje gjennomføringa av viktige miljøavtalar som FNs klimakonvensjon, Minamatakonvensjonen om kvikksølv og Stockholmkonvensjonen om persistente organiske forureiningar har samarbeidet slik også bidrege til arbeidet med ein ny global avtale mot plastforureining. Noreg gjev òg støtte til, og deltek med ekspertar i, høgnivårådet China Council for International Cooperation on Environment and Development (CCICED). I 2021 vart tidlegare finansminister og leiar av CICERO Senter for klimaforsking, Kristin Halvorsen, utnemnd som ny nestleiar i rådet, etter tidlegare klima- og miljøminister Vidar Helgesen. Rådet er oppretta av, og gjev tilrådingar til, den kinesiske toppleiinga. I tillegg til å sjå på og gje råd om Kinas nasjonale utfordringar rettar høgnivårådet no meir merksemd mot Kinas rolle internasjonalt, mellom anna Kinas utlandsinvesteringar gjennom det nye silkeveginitiativet deira.

I India er klimagassutslepp frå kuldemedium ei stor og aukande klimautfordring. Noreg støttar arbeid som kan medverke til raskare innfasing av meir miljøvennlege kuldemedium. Gjennom det bilaterale samarbeidet støttar Noreg også bruk av meir miljøvennleg brensel i sementproduksjon og attvinning av avfall frå byggjeplassar til sementblokker. India og Noreg samarbeider om integrert havforvaltning og har ei rekkje samarbeidsprosjekt for å motverke plastforsøpling og plastforureining.

Klima- og miljødepartementet samarbeider med Sør-Afrikas miljødepartement om å betre forståinga for digitale gensekvensar (digital sequencing information – DSI) og kapasitetsbygging i Afrika knytt til dette. Miljødirektoratet er i dialog med Sør-Afrika om utarbeidinga av avfallssystem med sikte på å redusere tilførselen av marin forsøpling. Tidlegare har Miljødirektoratet medverka til å utvikle ein utsleppsrekneskap i Sør-Afrika.

Meteorologisk institutt (MET) er involvert i bistandsarbeid innanfor vêrvarsling og klimaanalysar i sju land i Afrika og Asia, med finansiering frå Norad. Arbeidet støttar opp under FN sine berekraftsmål. Bistandsprosjekta er i hovudsak konsentrerte om kapasitetsbygging i dei ulike landa, og MET samarbeider med dei nasjonale meteorologiske institusjonane. MET bruker digitale verktøy som er gratis, opne og tilgjengelege i samarbeidet. I 2021 vart data bak Yr (developer.yr.no / locationforecast 2.0) registrerte som eit globalt digitalt fellesgode. Vêrvarsel som digitalt fellesgode kan få store positive verknader, især for bønder og fiskarar som er avhengige av å vite korleis vêret blir, slik at dei til dømes kan avgjere når dei skal så, eller når vêret er stabilt nok til at ein kan dra ut og fiske. Dette er viktig for regjeringa sitt arbeid for å hindre svolt og sikre trygg nok mattilgang.

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

1400

Klima- og miljødepartementet

654 530

673 098

637 388

-5,3

1410

Kunnskap om klima og miljø

1 114 664

1 127 539

1 130 597

0,3

1411

Artsdatabanken

71 376

70 455

80 560

14,3

1412

Meteorologiformål

506 962

489 386

504 703

3,1

Sum kategori 12.10

2 347 532

2 360 478

2 353 248

-0,3

Kap. 1400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

286 568

291 829

304 294

21

Spesielle driftsutgifter

59 152

75 973

72 636

50

Heilskapleg profilering, grøne løysingar

10 785

10 757

10 757

51

Den naturlege skulesekken

10 400

70

Frivillige klima- og miljøorganisasjonar samt klima- og miljøstiftelsar

52 540

53 907

53 907

71

Internasjonale organisasjonar

89 454

88 814

91 334

74

Tilskot til AMAP, kan overførast

5 102

5 296

5 447

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

140 529

146 522

99 013

Sum kap. 1400

654 530

673 098

637 388

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Posten er samla sett foreslått auka med 12,5 mill. kroner til 304,3 mill. kroner. Den foreslåtte løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er nødvendige for at Klima- og miljødepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredjedelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. Om lag ein tredjedel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, mellom anna drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IKT-utgifter dei største. Posten er styrkt med tilsaman 9 mill. kroner til blant anna det omfattende arbeidet med EUs grønne giv samt auka oppgaver på klimaområdet. Det er lagt inn 4,6 mill. kroner til å dekkje kostnadene ved lønnsoppgjeret i staten i 2022 og ei prisjustering på 1,4 mill. kroner. Løyvinga under posten er redusert med om lag 0,5 mill. kroner grunna ny premiemodell for betaling av pensjonspremie og om lag 1,8 mill. kroner grunna gevinstuttak som følgje av forventa lågare reiseutgifter, sjå nærmare omtale under del I, kap. 3.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4400, post 02, jf. forslag til vedtak II.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Lønn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt, kan òg førast over posten. Posten dekkjer heile ansvarsområdet til miljøforvaltninga.

Klima- og miljøpolitikken står overfor store utfordringar, og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagd opp. Det er difor viktig at Klima- og miljødepartementet har nok ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere klima- og miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.

Det er foreslått ei løyving på 72,6 mill. kroner. Samla sett er løyvinga redusert med 3,3 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2022. Reduksjonar på posten kjem bl.a. av at 7 mill. kroner som går til arbeidet med sirkulær økonomi er foreslått flytta til Nærings- og fiskeridepartementet. Vidare har posten ei prisjustering på 2 mill. kroner I 2023 er det foreslått 7,5 mill. kroner (og 2,5 mill. kroner under post 01), totalt 10 mill. kroner, til Klimautvalet 2050 som skal levere sin rapport 1. november 2023. Det er foreslått ei styrking på 1,5 mill. kroner til å styrkje arbeidet med å byggje opp igjen økosystem i Skagerrak.

Rapport 2021

I 2021 vart midlane på posten nytta til tiltak knytte til alle resultatområda, hovudsakleg innanfor klima, forureining og naturmangfald.

Post 50 Heilskapleg profilering, grøne løysingar

Posten vart oppretta i 2018 for å profilere norske grøne løysingar internasjonalt. The Explorer er ei nettside der internasjonale kjøparar og investorar kan sjå norske grøne løysingar i eit digitalt utstillingsvindauge og enklare komme i kontakt. Formålet er å auke eksport og trekkje investorar ved å posisjonere Noreg som ein pioner for grøne løysingar i internasjonale marknader. Tiltaket skal medverke til å løfte fram fleire gode gründerar og vekstkraftige bedrifter som utviklar grøn teknologi og produkt tilpassa lågutsleppssamfunnet, og som har moglegheiter internasjonalt.

Satsinga blir sett i samanheng med det arbeidet Innovasjon Noreg gjer med profilering for å medverke til auka internasjonalisering. Innovasjon Noreg legg til rette for eit samarbeid om vidare finansiering av satsinga med privat næringsliv. Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har sett i gang ei felles evaluering av ordninga hausten 2022.

Det er foreslått ei løyving på 10,757 mill. kroner for 2023.

Rapport 2021

Ved utgangen av 2021 var 460 løysingar og 145 artiklar publiserte på tenesta. Volumet av løysingar profilerte på plattforma er 98 pst. grøne og 2 pst. berekraftige, sistnemnde innanfor definerte kategoriar som helse, utdanning og tryggleik. Gjennomsnittleg tal på besøkjande til TheExplorer.no i 2021 har vore over 100 000 i månaden. Totalt har over 1,2 millioner besøkt sidene om grøne løysingar frå Noreg på The Explorer i 2021. Hausten 2021 hadde Innovasjon Noreg eit mål om brukarbetaling av ti annonsekampanjar. Resultatet vart fem brukarbetalingar på totalt 50 000 kroner og tre til åtte bedrifter som uttrykte interesse for brukarbetaling, men som ikkje hadde anledning eller ikkje fann ein passande kampanje å delta på. The Explorer blir aktivt brukt av norske ambassadar, Innovasjon Noregs utekontor og andre representantar for det offisielle Noreg.

Post 51 Den naturlege skulesekken

Rapport 2021

Posten vart lagt ned frå og med 2022-budsjettet. I 2021 fekk 97 skular midlar til å utvikle undervisningsopplegg i skuleåret 2021/2022. Totalt har 745 skular gjennomført skuleprosjekt i Den naturlege skulesekken i perioden 2009–2021/2022. Skulane som deltok, fekk pedagogisk rettleiing gjennom regionale nettverk ved universitet og Naturfagsenteret.

Det har vore ti regionkontaktar ved fem høgskular/universitet, i tillegg til staben på Naturfagsenteret, som i 2021 var ei full stilling og fem deltidsstillingar som prosjektmedarbeidar og/eller regionkontakt. Det var oppretta lærarnettverk i regionane, og det vart arrangert regionale samlingar rundt om i landet. Det var òg oppretta eit eige nettverk med tolv eksterne aktørar som alle er i samarbeid med kvar sin skule. Naturfagsenteret følgde opp dette nettverket med fleire nettverkssamlingar i året, som våren 2021 var digitale og hausten 2021 fysiske.

Naturfagsenteret, i samarbeid med regionkontaktane, arrangerte ein nasjonal konferanse for deltakarskulane i februar. Konferansen samla 300–400 lærarar, skuleleiarar, lærarutdannarar og eksterne aktørar. Den nasjonale konferansen i 2021 var digital.

Post 70 Frivillige klima- og miljøorganisasjonar og klima- og miljøstiftelsar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Det er foreslått ei løyving på 53,9 mill. kroner for 2023.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for klima- og miljøsaker og stimulere til klima- og miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt. Tilskotsordninga gjeld for landsdekkjande frivillige organisasjonar, stiftelsar og paraplyorganisasjonar som har nasjonal innverknad, og med eit hovudformål for verksemda som ligg innanfor ansvarsområdet til miljøforvaltninga.

Tildelingskriterium

Dette er ei søkbar tilskotsordning som gjev grunntilskot til frivillige klima- og miljøorganisasjonar og klima- og miljøstiftelsar. Ordninga er heimla i forskrift og er bygd opp med både objektive og fagleg skjønnsmessige kriterium. Det blir årleg gjennomført ein søknadsrunde der nye søkjarar kan kvalifisere seg inn på ordninga. Tildeling av tilskot til dei enkelte organisasjonane vil bli fastsett etter at Stortinget har vedteke budsjettet for 2023.

Oppfølging og kontroll

Bruken av midlar blir følgd opp mellom anna ved å kontrollere søknad med årsrapport og årsrekneskap som tilskotsmottakarane sender inn. Departementet kan føre tilsyn med at tilskotsmottakarane oppfyller krava i forskrifta, at opplysningane i søknaden er riktige, og at organisasjonane blir drivne i medhald av vedtektene sine. Riksrevisjonen kan også gjennomføre slik kontroll.

Rapport 2021 og 2022

Tabell 7.1 Tilskot til organisasjonar i 2021 og 2022 (i 1000 kr)

Organisasjon/stiftelse

Tilskot 2021

Tilskot 2022

Klima- og miljøorganisasjonar

Den Norske Turistforening

6 670

6 440

Forbundet Kysten

4 513

4 458

Fortidsminneforeininga

3 954

4 507

Framtida i våre hender

4 513

4 706

Noregs Jeger- og Fiskarforbund

4 900

4 541

Noregs Naturvernforbund

7 650

7 265

Besteforeldrenes Klimaaksjon

0

1 981

Barne- og ungdomsorganisasjonar

Natur og Ungdom

4 390

4 095

Miljøagentane

3 866

3 517

Paraplyorganisasjonar

Sabima

1 367

1 402

Kulturvernforbundet

1 367

1 402

Regnskogfondet

1 367

1 402

Norsk Fyrhistorisk Forening

1 367

1 402

Klima- og miljøstiftelsar

Miljøstiftelsen Bellona

1 700

1 744

Norsk Kulturarv

933

958

WWF Noreg

2 502

2 567

Zero

1 110

1 139

Norsk klimastiftelse

371

381

Sum

52 540

53 907

Post 71 Internasjonale organisasjonar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Det er foreslått ei løyving på 91,3 mill. kroner for 2023. Samla er posten auka med om lag 2, mill. kroner som følgje av priskompensasjon på posten.

Mål

Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar, avtalar, konvensjonar og sekretariat som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.

Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar, avtalar, konvensjonar og sekretariat der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Noreg har ratifisert avtalar med budsjettbindingar, eller at regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gjeve bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.

Følgjande internasjonale organisasjonar, avtalar, konvensjonar og sekretariat får bidrag:

  • International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)

  • Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)

  • FNs miljøprogram (UNEP)

  • Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)

  • Interimssekretariat for konvensjonen om vern av våtmarker (Ramsar-konvensjonen)

  • Konvensjonen om internasjonal handel med trua artar (CITES)

  • Konvensjonen om trekkjande artar av ville dyr (Bonn-konvensjonen)

  • Vassfuglavtalen under Bonn-konvensjonen (AEWA)

  • Albatrossavtalen under Bonn-konvensjonen (ACAP)

  • Flaggermusavtalen under Bonn-konvensjonen (EUROBATS)

  • Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)

  • Konvensjonen om biologisk mangfald (Naturmangfaldskonvensjonen/CBD)

  • Protokoll om genmodifiserte organismar (Cartagena-protokollen)

  • Nagoya-protokollen under konvensjon om biologiske mangfald om tilgang til genressursar og ei rettferdig og likeverdig fordeling av fordelar som følgjer av bruken av slike ressursar

  • Konvensjonen om vern av ville europeiske plantar og dyr og leveområda deira (Bern-konvensjonen)

  • Konvensjonen om beskyttelse av ozonlaget (Wien-konvensjonen)

  • Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget og HFK-gassar (Montreal-protokollen)

  • FNs klimapanel (IPCC)

  • FNs rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)

  • Protokoll som skal redusere utslepp av skadelege klimagassar (Kyoto-protokollen)

  • Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)

  • Fellessekretariat for Oslo- og Paris-konvensjonen og Bonn-avtalen (oljeforureining)

  • Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (LRTAP-konvensjonen)

  • Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)

  • Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Basel-konvensjonen)

  • Konvensjonen om persistente organiske sambindingar (Stockholm-konvensjonen)

  • Konvensjonen om notifikasjon og førehandssamtykke ved eksport av kjemikaliar (Rotterdam-konvensjonen)

  • Konvensjonen om kvikksølv (Minamata-konvensjonen)

  • Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)

  • Oppfølging av REACH-regelverket på kjemikaliar

  • Konvensjonen om tilgang til miljøinformasjon, deltaking i avgjerdsprosessar og høve til klage- og domstolsprøving på miljøområdet (Århus-konvensjonen)

  • Protokoll om forureina utslepp og utsleppsregister under Århus-konvensjonen (PRTR)

  • Espoo-konvensjonen om grenseoverskridande miljøkonsekvensutgreiingar

  • Kontingent til Unescos Verdsarvfond

Oppfølging og kontroll

Kontroll og oppfølging av organisasjonar, avtalar, konvensjonar og sekretariat skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i partsmøte, generalforsamlingar, årsmøte og liknande.

Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast

Løyvinga på 5,4 mill. kroner er retta mot resultatområdet Polarområda. Posten er auka med 0,1 mill. kroner.

Mål

Målet med løyvinga er å sikre kunnskap om miljøsituasjonen i Arktis gjennom programmet for arktisk miljøovervaking, Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP). AMAP er ei arbeidsgruppe under Arktisk råd som skal kartleggje nivå og effektar av forureining og klimaendringar på arktiske økosystem. Noreg, som vertsland for AMAP-sekretariatet, har teke på seg ei internasjonal forplikting til å ta hand om drifta av arbeidsgruppa. Stiftelsen Sekretariatet til den arktiske miljøovervakings- og vurderingsprogrammet AMAP vart oppretta av Klima- og miljødepartementet for dette formålet.

Oppfølging og kontroll

Klima- og miljødepartementet nemner opp styret i stiftelsen og får årsrapportar, rekneskapar og revisjonsmeldingar.

Rapport 2021

AMAP-sekretariatet har hatt stor fagleg produksjon i 2021 og har lagt ned stor innsats for å følgje opp oppdrag frå Arktisk råd knytte til overvaking, vurderingar og samanstilling av informasjon om miljøtilstand og klimaendringar i Arktis. AMAP-sekretariatet har ferdigstilt sju leveransar til Arktisk råds ministermøte i 2021, inkludert fem vitskaplege utgreiingsrapportar. Desse omhandlar klimaendringar i Arktis, kortliva klimaforureiningar, samverke mellom klimaendringar og miljøgifter, endring i kvikksølvnivå og helseeffektar av forureining. AMAP-sekretariatet har i tillegg brukt mykje tid og ressursar på formidlingsaktivitetar. Covid-19-pandemien har ikkje forårsaka større forseinkingar eller svikt i leveransane. AMAPs arbeid er viktig for å dokumentere tilstanden for det arktiske miljøet, som grunnlag for tilrådingar om tiltak, som kunnskapsgrunnlag for nasjonal forvaltning og som bidrag til internasjonale prosessar som Stockholm-konvensjonen, Minamata-konvensjonen og FNs klimapanel.

Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

Tilskotsordninga skal medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller dei internasjonale forpliktingane sine for naturmangfald, klima og forureining og nasjonale mål innanfor alle resultatområda. Tilskotsordninga skal òg medverke til å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og til å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt. Løyvinga dekkjer fleire bidrag til nasjonale og internasjonale organisasjonar, avtalar, konvensjonar og sekretariat der Noreg deltek aktivt.

Posten er delt mellom alle resultatområda, jf. omtale under.

Forslag til løyving er 99,0 mill. kroner, ein nedgang på 47,5 mill. kroner. Nedgangen i løyvinga kjem av ei rammeoverføring av 11,1 mill. kroner til andre departement for deira arbeid til oppfølging av strategien for sirkulær økonomi.

Vidare er 14,6 mill. kroner avsette til verdsarvsenter overførte til kap. 1420, post 85 Besøkssenter for natur og verdsarv. Det er også flytta 3 mill. kroner til kap. 1400, post 01, til arbeidet med EUs grøne giv og gjennomføring av nytt klima- og miljøregelverk. Endringar elles er flytting av midlar til korrekt budsjettpost i samsvar med løyvingsreglementet og at tidsavgrensa prosjekt er avslutta.

Naturmangfald og friluftsliv

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på naturmangfalds- og friluftslivsområdet.

Mål

Posten skal medverke til at Noreg oppfyller dei nasjonale og internasjonale forpliktingane sine innan naturmangfalds- og friluftsområdet.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområda Naturmangfald og friluftsliv.

I 2023 gjer ein framlegg om å gje tilskot til

  • GRID-Arendal (4,5 mill. kroner)

  • Norsk deltaking i Naturpanelets ekspertgrupper (2,2 mill. kroner)

  • Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS) (0,3 mill. kroner)

  • Foreininga Norges nasjonalparkkommuner (1,0 mill. kroner)

  • Driftsstøtte til Nordhordland Biosfæreområde (0,5 mill. kroner)

Tilskot til stiftelsen Norsk Naturarv på 0,75 mill. kroner teke ut fordi regjeringa har satt i gang eit arbeid med innsparing og reduksjon i talet på navngjevne tilskotsmottakare. Av same grunn er 3 mill. kroner som tidligare har vore øyremerkt SABIMA til drift av kartleggingskoordinatorar og gjennomføring av kartlegging i Artsobservasjonar, flytta til søkbar tilskotsordning under kap. 1411 Artsdatabanken post 70 Tilskot til å styrkje kunnskap om og formidling av naturmangfaldet der også SABIMA kan søke.

Det vises til omtale og grunngjeving for arbeidet i Gul bok 2023 der det også er gjort greie for det vidare arbeidet med problemstillinga i 2024-budsjettet.

Støtten til Norsk institutt for vassforsking (NIVA) for deltaking i European Topic Center for Water med 0,45 mill. kroner er teke ut fordi prosjektet avsluttast, og fordi regjeringa har satt i gang eit arbeid med innsparing og reduksjon i talet på navngjevne tilskotsmottakare.

Oppfølging og kontroll

Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.

Rapport 2021

På det internasjonale området er det gjeve driftsstøtte til GRID-Arendal. Støtta til GRID-Arendal er eit generelt basistilskot til drifta og utgjer knapt 10 pst. av GRID-Arendals samla inntekter. GRID-Arendal har som hovudformål å støtte arbeidet til FNs miljøprogram gjennom utvikling, innhenting og bruk av vitskapleg basert miljøinformasjon og er ein viktig aktør i den globale innsatsen for å redusere marin plastforsøpling og plastforureining og styrkje kunnskapen om blå skog og blått karbon.

0,45 mill. kroner vart utbetalte til NIVA, knytt til det internasjonale arbeidet i samband med European Topic Center for Water.

Tilskotet til Sabima vart nytta til koordinering og gjennomføring av kartlegging i hovudsak i samarbeid med medlemsforeiningane, men også andre organisasjonar. Samarbeidet er formalisert i fleirårige avtalar. 57 prosjekt fekk tilsegn om midlar innanfor ei samla ramme på 1,2 mill. kroner. Resultata frå kartlegginga er rapportar i Artsobservasjonar.

I 2021 fekk Miljødirektoratet totalt 9 søknader om tilskot til deltaking i ekspertgrupper under Naturpanelet/IPBES på til saman i overkant av 3,8 mill. kroner. Den totale potten på 2,2 mill. kroner vart delt på dei ulike søknadene.

Kulturminne og kulturmiljø

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på kulturmiljøområdet, jf. resultatområdet Kulturminne og kulturmiljø.

Kriterium for måloppnåing

Alle midlane på posten blir gjevne til øyremerkte formål og disponerte til oppfølging av etablerte samarbeidsavtalar og målretta utviklingstiltak.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområdet Kulturminne og kulturmiljø.

I 2022 blir det innanfor kulturmiljøområdet foreslått å gje tilskot til

  • Verdsarv/Unesco-World Heritage Leadership Programme (4,3 mill. kroner) Som del av Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen blir det etablerte samarbeidet mellom Klima- og miljødepartementet og Unescos rådgjevande organ IUCN og ICCROM vidareført. Arbeidet er organisert som eit programsamarbeid for perioden 2023–2028 (Fase II) og byggjer vidare på det arbeidet som er gjort for å styrkje arbeidet med kapasitetsbygging innanfor den internasjonale verdsarvforvaltninga.

  • Foreininga Freda (0,2 mill. kroner)

    Foreininga Freda vart etablert i 2006 som ein landsdekkjande interesseorganisasjon for private eigarar av hus og eigedom freda etter kulturminnelova.

  • Bygg og Bevar (3,9 mill. kroner)

    Bygg og Bevar er ein nettportal mellom det offentlege, næringslivet og dei private eigarane. Tilskotet går til Byggenæringens Landsforbund (BNL). Bygg og Bevar er ei kommunikasjonsplattform for kunnskap og kompetanse på freda og verneverdige bygningar, ein sentral møteplass for eigarar av kulturhistoriske eigedommar og kvalifisert handverkskompetanse.

  • Arbeid med brearkeologisk tryggingssarbeid i Innlandet (0,5 mill. kroner)

    Midlane til dette formålet går til å tryggje dei kulturhistoriske verdiane som kan gå tapt ved at funn som kjem fram ved smelting av snøfonner og isbrear, blir utsette for nedbryting. Den globale oppvarminga fører til at isen i høgfjellsområda gradvis smeltar. Frå 2011 har eit brearkeologisk tryggingsprogram, under leiing av Kulturarveininga ved Innlandet fylkeskommune, berga arkeologiske funn frå isen. Det brearkeologiske tryggingsprogrammet i Innlandet har sidan 2006 samla inn meir enn 3 500 funn frå 53 funnstader, noko som utgjer meir enn halvparten av funna globalt og meir enn 85 pst. nasjonalt. Dei arkeologiske funna frå isen gjev eit sjeldan blikk inn i ei fortidsverd. Nasjonale og internasjonale klimaaktørar samarbeider rundt koplinga mellom funna og klimaet i fortid og notid.

  • Kulturminnedagen (0,6 mill. kroner)

    Noregs Kulturvernforbund er ein paraplyorganisasjon for frivillige organisasjonar som arbeider innanfor områda historie og kulturminnevern. Noregs Kulturvernforbund har koordineringsansvaret for den årlege markeringa av kulturminnedagen, og tilskotet går til dette formålet. Tilskotet blir vidareført på same nivået som for 2022 (Frivillighetens år).

  • Etter- og vidareutdanning (EVU) (1,5 mill. kroner)

    Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) bachelorprogrammet i tradisjonelt bygghandverk. Tilskotet skal medverke til å sikre tilgang på kvalifiserte handverkarar som kan setje i stand den freda bygningsmassen.

  • Fortidsminneforeininga (5 mill. kroner)

    Fortidsminneforeininga er den eldste kulturvernorganisasjonen i landet, stifta i 1844, og har som mål å sikre verneverdige bygnings- og kulturmiljø. Foreininga er ein stor eigedomsforvaltar. Foreininga eig eigedommar rundt omkring i landet, mellom anna åtte stavkyrkjer, Steinvikholm festning, to mellomalderloft, to gardar på Røros og lystgarden Vøienvolden i Oslo. Dei fleste av eigedommane er opne for publikum, og foreininga driv ei form for museumsverksemd. Foreininga får 5 mill. kroner øyremerkte til museumsdrift.

  • Overføring av statens eigedommar på Røros (7,2 mill. kroner)

    Forvaltninga av statens eigedommar, som vart kjøpte i 1980 etter koparverket på Røros, vart frå 2018 overført til Statsbygg. Dette skal sikre at byggverka blir i samsvar med krav frå styresmaktene, at staten etterlever forpliktingane etter verdsarvkonvensjonen, og at vidare bruk og bevaring av eigedommane er i tråd med fredingsformålet. Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet i Musea i Sør-Trøndelag as (MiST) skal utføre antikvarisk istandsetjing og vedlikehald på eigedommane som ledd i forskinga, dokumentasjonen og formidlinga av bergverksverksemda som museet driv. Tilskotet skal dekkje dei årlege forvaltningskostnadene.

  • Norges Verdensarv (1 mill. kroner)

    Norges Verdensarv er ein organisasjon som tek vare på interessene til dei åtte norske verdsarvområda. I dag er 19 kommunar og 7 fylkeskommunar medlemmer.

  • Rassikring Øvre Storwartz (2 mill. kroner)

    Midlane er til prosjektering og tiltak for sikring av dei øvre og svært grunne gruvegangane under freda bygg på Øvre Storwartz, som inngår i eigedommane staten har på Røros. Sikringa tener òg omsyn til publikum og personell i eit populært friluftsområde. Delar av gruvegangane kollapsa i 2018 som følgje av erosjon.

  • Norges metallsøkerforeningen (0,3 mill. kroner)

    Som oppfølging av ambisjonen til regjeringa om støtte til landsdekkjande frivillige kulturvernorganisasjonar blir Norges metallsøkerforening tildelt eit driftstilskot på 0,3 mill. kroner.

  • Kartlegging av freda hytter på Svalbard (1 mill. kroner)

    Midlane skal gå til kartlegging og tilstandsvurdering av statens freda hytter på Svalbard for å få eit betre grunnlag for å prioritere kva for bygningar som skal sikrast og setjast i stand. Tiltaket vil òg bidra til betre utnytting av Sysselmeisterens ressursar til forvaltning av dei freda bygningane på Svalbard.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2021

Desse tiltaka fekk tilskot i 2021: Internasjonal verdsarv, kapasitets- og kompetansebyggingsaktivitetar i regi av Unescos rådgjevande organ IUCN og ICCROM som oppfølging av Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen, og dei seks autoriserte verdsarvsentera (Vega, Vestnorsk fjordlandskap, Alta, Røros og Circumferensen, Industriarven Rjukan-Notodden og Urnes). I tillegg fekk desse tiltaka tilskot i 2021: Foreininga Freda, Etter- og vidareutdanning (EVU), Bygg og Bevar, Klimapark 2469, Fortidsminneforeininga, Kulturminnedagen, Norges Verdensarv, Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet i Musea i Sør-Trøndelag as (MiST).

Forureining

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på forureiningsområdet.

Mål

Posten skal

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller dei internasjonale pliktene sine innan forureiningar

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt

  • medverke til ein meir grøn og sirkulær økonomi

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområdet Forureining.

I 2023 blir det foreslått å gje tilskot til

  • Matvett AS til arbeidet med reduksjon av matsvinn og for deira medverknad til oppfølginga av avfallsstrategien (0,8 mill. kroner)

  • Norsk institutt for luftforsking (NILU) (5,0 mill. kroner). NILU leier i perioden 2022–2026 «European Topic Centre on Human health and Environment» under «The European Environment Agency» (EEA). NILU er i same perioden òg deltakar i «European Topic Centre on Climate Change Mitigation» og «European Topic Centre on Digitalisation and data Integration» under EEA. Vidare har NILU leiaroppgåver i «Forum for Air Quality Modelling» (FAIRMODE) under EU-kommisjonens Joint Research Centre (JRC).

  • Meteorologisk institutt til internasjonale oppgåver under EMEP (0,3 mill. kroner)

  • Sekretariat for Conservation of Arctic Floraand Fauna (0,22 mill. kroner)

  • Sekretariat for avtalen om vern av isbjørn (0,3 mill. kroner)

  • GRID-Arendals arbeid med marin forsøpling (5 mill. kroner)

  • Tilskot til NHO – til nasjonalt program for leverandørutvikling for klimasmarte offentlege anskaffingar (0,25 mill. kroner)

  • Tilskot til European Forum of Judges for the Environment (0,4 mill. kroner)

  • Styrking av det internasjonale kjemikaliearbeidet (2 mill. kroner)

  • Tilskot til internasjonale og nasjonale organisasjonar som arbeider med marin forsøpling globalt (7 mill. kroner)

  • NILU og NIVAs internasjonale og nasjonale arbeid med effektar av luftforureining under konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (NILU 0,31 mill. kroner og NIVA 2,26 mill. kroner)

  • PAME-sekretariatet (0,27 mill. kroner)

  • Oppfølging av strategien for sirkulær økonomi (9,45 mill. kroner), som fordeler seg slik:

    • 3,65 mill. kroner til Matvett for å styrkje arbeidet mot matsvinn

    • 1,2 mill. kroner til KS for å vidareutvikle arbeidet deira med å sikre sirkulær omstilling i kommunane

    • 2 mill. kroner til Virke for arbeid med utgreiing av produsentansvar for tekstilar

    • 2 mill. kroner til LOOP for å bidra med kommunikasjonsarbeid mot befolkning og næringsliv i samband med krav om utsortering av bioavfall og plastavfall

    • 0,6 mill. kroner til NILU for å delta og koordinere arbeid med sirkulær økonomi i EEA

I tillegg er 11,1 mill. kroner rammeoverførte til Barne- og familiedepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet for oppfølging av -strategien for sirkulær økonomi på områda deira.

Tilskot til Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) blir ikkje vidareført i 2023 fordi regjeringa har satt i gang eit arbeid med innsparing og reduksjon i talet på navngjevne tilskotsmottakare.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2021

Det er gjeve støtte til Matvett AS for arbeid med å kartleggje og redusere matsvinn som ei oppfølging av avfallsstrategien og betalt kontingent til NHO for at Klima- og miljødepartementet skal medverke til leverandørutviklingsprogrammet.

Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) er Arktisk råds arbeidsgruppe for bevaring av arktisk naturmangfald. Klima- og miljødepartementet har gjeve støtte til drifta av det internasjonale CAFF-sekretariatet i Akureyri på Island. Departementet har òg gjeve støtte til Isbjørn-sekretariatet i 2021 og støtte til det Europeiske Forum av dommarar for miljø òg.

Vidare er det gjeve tilskot til institutt som arbeider internasjonalt innanfor resultatområdet til departementet. Institutta har viktige internasjonale oppgåver og representerer Noreg i ulike samanhengar. Meteorologisk institutt har rolla som internasjonalt meteorologisenter under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining og Det europeiske samarbeidsprogrammet for overvaking og måling av luftforureiningar (EMEP). NIVA og NILU fekk støtte til det internasjonale og nasjonale arbeidet sitt med effekter av luftforurensingar.

Norsk institutt for luftforsking (NILU) arbeider som temasenter på ulike fagområde under The European Environment Agency (EEA). Instituttet er valt ut til arbeidet for EEA i konkurranse med liknande institutt i andre europeiske land. EEA har som føresetnad at institutta kan finansiere delar av kostnadene som Topic Centre nasjonalt. Tilskotet frå Klima- og miljødepartementet dekkjer delar av kostnadene ved NILUs arbeid for EEA. Arbeidet Meteorologisk institutt og NILU utfører for EMEP og EEA, utgjer òg eit viktig grunnlag for utvikling av lovgjeving i EU på desse fagområda.

Midlane til internasjonale tiltak på miljøgifter vart i 2021 utbetalte til dei internasjonale konvensjonane på kjemikaliar.

Det er gjeve støtte til det globale arbeidet mot marin forsøpling, mellom anna eit tilskot til GRID-Arendal.

Det er òg gjeve støtte til å følgje opp handlingsplanen for sirkulær økonomi, mellom anna med støtte til Miljømerking, LOOP, Eyde-klyngja, Standard Norge, Kommunenes Sentralforbund og Virke.

Klima

Klimaområdet er delt inn i to underområde, nasjonalt og internasjonalt.

Nasjonalt

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på det nasjonale klimaområdet.

Mål

Posten skal

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller dei internasjonale pliktene sine innanfor klima og nasjonale mål innanfor dette resultatområdet

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og for å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområdet Klima.

I 2023 blir det foreslått innanfor det nasjonale klimaområdet å gje tilskot til

  • reisestøtte i samband med internasjonale klima- og miljømøte (0,5 mill. kroner)

  • oppstart av arbeidet med 7. hovudsyklus ( IPCC) (6 mill. kroner)

  • ForUM for Utvikling og Miljø (0,55 mill. kroner)

  • tilskot til NHO – Grønt Landtransportprogram (1,5 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2021

Det vart gjeve tilskot til Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) på 0,5 mill. kroner. Midlane har mellom anna blitt brukte til å støtte etableringa av nye nabolagsnettverk som arbeider med lokale berekraftsløysingar.

ForUMs verksemd i 2021 var i tråd med handlingsplanen deira. ForUM lagar samstemte og koordinerte innspel frå norsk sivilsamfunn til regjeringa og Stortinget og er bindeledd mellom sivilsamfunn og norske styresmakter under fleire internasjonale prosessar. I 2021 arbeidde dei mellom anna på nasjonale og internasjonale prosessar knytte til naturmangfald og klima og på FNs miljøforsamling. I 2021 gav Klima- og miljødepartementet 0,55 mill. kroner i driftsstøtte til ForUM.

Det vart gjeve tilskot til etablering av Grønt Landtransportprogram (GLP) i 2021 på 1,5 mill. kroner. Midlane har gått til etablering og oppstart av programmet. Formålet med programmet er å bidra til betre informasjonsflyt mellom aktørane i bransjen. Forumet blir til dømes brukt til å dela erfaringar frå diverse pilotprosjekt. Det er mellom anna igangsett pilotprosjekt om elektrisk varetransport i Oslo-området, fossilfrie langdistansebusser og prosjekt med biogass som brensel.

Det vart gjeve reisestønad til ulike norske ideelle organisasjonar for deltaking i møte i dei internasjonale klimaforhandlingane.

Noreg har støtta arbeidet med rapportar i tilknyting til FNs klimapanels 6. hovudrapport, i form av tilskot til institusjonar som har medlemmer i forfattarteam til dei ulike arbeidsgruppene, og byrået til FNs klimapanel.

Internasjonalt

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på det internasjonale klimaområdet.

Mål

Posten skal styrkje arbeidet og internasjonale prosessar på klimaområdet som er viktige for Noreg, og få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor klimaområdet der styrkt internasjonalt samarbeid er heilt nødvendig for å møte klimautfordringa og oppnå det langsiktige temperaturmålet.

I 2023 blir det foreslått innanfor det internasjonale klimaområdet å gje tilskot til

  • Climate and Clean Air Coalition, (CCAC) (8 mill. kroner), Noregs bidrag til Koalisjonen for klima og rein luft sitt Trust Fund under UNEP for arbeidet med å redusere utslepp med klimaeffekt på kort sikt og negative helseeffektar

  • internasjonalt klimaarbeid som støttar opp under utvikling av forpliktande internasjonalt samarbeid under Parisavtalen, 5,0 mill. kroner (støtte til konferansar, møte, seminar, tilskot til internasjonale organisasjonar osv.)

Vidare skal midlane nyttast til

  • Klimasekretariatets arbeid med å støtte gjennomføring av Parisavtalen og Klimakonvensjonen (10,0 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2021

Klima- og miljødepartementet gav i 2021 støtte på 7,5 mill. kroner til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC) sitt arbeid med å redusere utslepp med klimaeffekt på kort sikt, hovudsakleg metan, hydrofluorkarbon og svart karbon. Innsatsen er retta mot kunnskapsutvikling, kapasitetsbygging på myndigheitsnivå og tiltak i sektorar som mellom anna avfall, olje og gass og landbruk.

Det vart gjeve støtte til internasjonale prosessar for å styrkje internasjonalt klimasamarbeid. Klima- og miljødepartementet har mellom anna prioritert prosessar som støttar opp om arbeidet til sekretariatet med gjennomføring og utvikling under Parisavtalen, klimaarbeid under OECD, arbeid for å fremje marknadssamarbeid under Parisavtalen, samarbeid mellom ambisiøse land i Cartagena-dialogen og den uformelle forhandlingsdialogen under C2ES.

Tilskot har også blitt gjeve til aktivitetar som støttar arbeid i den sjette hovudsyklusen til FNs klimapanel, mellom anna til førebuande arbeid til utvikling av metodikk for kortliva klimadrivarar og delfinansiering av ei teknisk støtteeining i Sør-Afrika. Det vart òg gjeve støtte/tilskot til ymse møte i samband med internasjonalt klimaarbeid der Klima- og miljødepartementet har ei sentral rolle.

Kap. 4400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

02

Ymse inntekter

965

482

496

03

Refusjon frå Utanriksdepartementet

30 382

29 585

30 473

Sum kap. 4400

31 347

30 067

30 969

Post 02 Ymse inntekter

Det er budsjettert med om lag 0,5 mill. kroner frå diverse inntekter. Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter. Meirinntekter under denne posten gjev grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400, post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II.

Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet

Det er budsjettert med 30,5 mill. kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN), Konvensjon om internasjonal handel med trua artar, FNs klimasekretariat, FNs rammekonvensjon om klimaendringar, Montrealprotokollen og FNs miljøprogram, som alle er utgiftsførte over kap. 1400, post 71 Internasjonale organisasjonar.

Kap. 1410 Kunnskap om klima og miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Miljødata

272 308

414 306

398 462

22

Miljøkartlegging

126 826

23

Mareano, kan overførast

62 469

52 730

54 121

50

Grunnløyvingar under Noregs forskingsråd til miljøforskingsinstitutta

220 552

221 190

227 547

51

Forskingsprogram under Noregs forskingsråd

379 503

385 690

393 720

53

Internasjonalt samarbeid om klima- og miljøkunnskap

7 267

7 419

7 532

70

Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

39 729

40 756

43 613

72

Tilskot til NORCE – Senter for biotryggleik

6 010

5 448

5 602

Sum kap. 1410

1 114 664

1 127 539

1 130 597

Kap. 1410 Kunnskap om klima og miljø omfattar midlar til å utvikle eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag på tvers av alle resultatområda. Dette omfattar mellom anna miljødata, basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta, forskingsprogram i Noregs forskingsråd og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta.

Klima- og miljøpolitikken skal vere kunnskapsbasert. I Klima- og miljødepartementets kunnskapsstrategi 2021–2024 er kunnskapssystemet for klima og miljø nøkkelordet. Systemet består av mange byggjesteinar og ulike aktørar. Strategien definerer mål, delmål og konkrete tiltak. Strategien peiker òg på viktige kunnskapsbehov framover og behovet for strategisk arbeid med kunnskapsproduksjon, samanstilling og formidling. Eit godt felles kunnskapsgrunnlag føreset eit godt samarbeid mellom dei ulike sektorane. Klima- og miljødepartementet har difor våren 2022 oppretta ein interdepartemental dialogarena for klima- og miljøkunnskap.

Regjeringa legg fram ein ny langtidsplan samtidig med årets budsjettproposisjon: Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning (2023–2032). Det er stor kontinuitet i måla og prioriteringane mellom den nye planen og den førre, men òg nokre viktige endringar for å løfte fram berekraft, helse, samfunnssikkerheit og tillit på ein tydelegare måte. Dei tre måla er:

  • styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne

  • miljømessig, sosial og økonomisk berekraft

  • høg kvalitet og tilgjenge i forsking og høgare utdanning

I tillegg til måla har regjeringa seks prioriterte område:

  • hav og kyst

  • helse

  • klima, miljø og energi

  • mogleggjerande og industrielle teknologiar

  • samfunnssikkerheit og beredskap

  • tillit og fellesskap

Planen lanserer samfunnsoppdrag som eit nytt verkemiddel for å finne løysingar på definerte problem innan ei viss tidsramme. Planen tek også for seg temaet tillit til forskingsbasert kunnskap og akademisk fridom, og varslar ei stortingsmelding om forskingssystemet. Nærare omtale av Langtidsplan for forskning og høyere utdanning og den samla FoU-innsatsen er å finne i del III, kap. 5 i Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet.

Post 21 Miljødata

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda. Det er foreslått ei samla løyving på om lag 398,5 mill. kroner for 2023. Posten er samla sett foreslått redusert med om lag 15,9 mill. kroner frå saldert budsjett 2022. Av omsyn til det samla budsjettopplegget har regjeringa redusert posten med 20 mill. kroner. For meir riktig postplassering er det flytta 6 mill. kroner til posten frå kap. 1420, post 73, til finansiering av kunnskapsdata om rovvilt som et viktig basiselement for rovviltforskinga i Skandinavia. Det er teke ut 5 mill. kroner som har vore avsatt til forsterka overvaking av tilstanden i økosystema i ei avgrensa periode. I tillegg er det flytta 0,3 mill. kroner til posten frå kap. 1410, post 70, for å finansiere ein del av kostnadene knytte til nasjonalt referanselaboratorium for luftkvalitetsmålingar. I 2023-budsjettet er det rammeoverført 1,98 mill. kroner til Finansdepartementet som gjeld kontraktsfesta midlar til løpande produksjon av offisiell statistikk i Statistisk sentralbyrå (SSB). I samband med arbeidet blir grensene mellom oppdrag og offisiell statistikk avklarte. Til kap. 1411 Artsdatabanken post 01 Driftsutgifter er det flytta 5,5 mill. kroner som allereie i lengre tid har finansiert stillingar i Artsdatabanken til arbeid med Natur i Norge, Økologisk grunnkart, Artskart og Egenskapsbanken.

Posten har fått ei prisjustering på 10,3 mill. kroner.

Posten dekkjer utgifter til å hente inn miljødata og skaffe kunnskap ved å utføre kartlegging og overvaking av tilstand, påverknader og effektar av desse på miljøet. Posten inneheld òg midlar til infrastruktur for miljødata, inkludert etablering og drift av ulike databasar og statistikk. Oversikt over status og utvikling for indikatorar for dei nasjonale klima- og miljømåla går fram av Miljøstatus.no.

For å få kunnskap om korleis miljøtilstanden utviklar seg, treng vi tidsseriar med overvakingsdata samla over lang tid. Vi treng òg overvaking av klimaendringar, forureiningar og andre viktige faktorar som påverkar miljøet.

Forsking er nødvendig for å sikre best moglege metodar for innsamling av overvakingsdata. Kompetansen i forskingsmiljøa er òg sentral når overvakingsresultat skal tolkast. Miljøforvaltninga skal sikre bruk av ny teknologi og kostnadseffektive løysingar i kartleggings- og overvakingsarbeidet. Der det er relevant og formålstenleg, skal anskaffingar vere «teknologinøytrale» og baserte på ytings- og funksjonsspesifikasjonar.

Miljøovervaking gjev grunnlag for å setje mål for miljøpolitikken og vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde, og kva slags miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtalar å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden. Noreg deltek òg i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtalar og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. Overvakingsprogramma må difor gå over fleire år for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for tiltak og politikkutvikling for å nå nasjonale mål.

Naturovervakinga omfattar overvaking av status og utvikling for artar og naturtypar. Døme på dette er sjøfuglprogrammet SEAPOP (inkludert SEATRACK), arealrepresentativ naturovervaking (ANO), bestandsovervaking av rovvilt og overvaking av verneområde og tareskog. Overvaking av påverknader og effektar omfattar mellom anna overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar og effektar av klimaendringar. Nokre midlar går òg til overvaking av kulturminne og kulturmiljø.

Økologisk grunnkart er ei satsing for å få meir og betre kunnskap om norsk natur på kart. Hovudformålet er å leggje til rette for at avgjerder som blir tekne i arealplanprosessar, blir gjorde på grunnlag av eit relevant og oppdatert stadfesta kunnskapsgrunnlag om natur.

Miljødirektoratet har laga ein ny strategisk plan for økologisk grunnkart (2022–2026), og midlar er målretta innretta for å følgje opp denne. Denne strategien legg opp til ein større innsats for å lage heildekkjande kart av Noreg med miljøinformasjon og at det skal arbeidast vidare med å utvikle standardiserte anerkjende kartleggingsmetodar til bruk i konsekvensutgreiingar. Dette er slik at kartlegging av natur i større grad kan bli utført av andre enn staten, i tillegg til kartlegginga i regi av staten. Midlane frå posten blir nytta til innhenting av ny stadfesta miljøinformasjon, i hovudsak gjennom kartlegging av naturtypar baserte på Natur i Norge-systemet i område med stor aktivitet og stort utbyggingspress. Midlar frå posten går òg til innhenting av andre typar stadfesta miljøinformasjon, mellom anna artar, landskapstypar og landskapsøkologiske samanhengar (grøn infrastruktur), miljøvariablar og til arbeid med nasjonale og heildekkjande kart med stadfesta miljøinformasjon. Det blir òg brukt midlar til utvikling og oppdatering av anerkjende metodar for innhenting av stadfesta miljøinformasjon til arealplanprosessar. I tillegg dekkjer posten utgifter til digital infrastruktur for innsamling, deling og formidling av den stadfesta miljøinformasjonen, inkludert drift og nødvendig utvikling av portal for økologiske grunnkart.

Etablering og drift av offisiell statstikk er også ein del av kunnskapsgrunnlaget for å vurdere tilstand og utvikling over tid. Arbeidet med utvikling av eksisterande miljøstatistikk og utvikling av nye statistikkar knytte til nasjonalt statistikkprogram og til internasjonale rapporteringsforpliktingar blir mellom anna finansierte over miljødataposten. Kontraktsfesta midlar til løpande produksjon av offisiell statistikk i SSB skal frå 2023 finansierast frå Finansdepartementets budsjett, sjå omtale innleiingsvis for post 21 Miljødata.

Data frå miljøkartlegging er, som data frå miljøovervaking og -statistikk, ein viktig del av grunnlaget for Miljøstatus.no.

Rapport 2021

Midlane på posten vart i 2021 nytta til ei rekkje langsiktige overvakingsprogram som dekkjer ulike miljøtema som naturmangfald, klima, forureining og miljøgifter i tillegg til kulturminne. Overvakinga blir koordinert av direktorata, og resultata blir rapporterte til departementet. Lange tidsseriar og data frå miljøovervakinga inngår i nasjonale miljøindikatorar og blir formidla på Miljøstatus.no og nettsidene til direktorata. Resultat frå overvakinga blir òg publiserte gjennom fagrapportar som blir gjevne ut av direktorata og dei institutta og forskingsmiljøa som gjennomfører overvakinga. I tillegg blir resultata nytta i internasjonale miljøavtalar. Miljøovervaking gjev dermed effektar på nasjonale og internasjonale tiltak og regelendringar. Til dømes er resultata frå miljøgiftovervakinga viktige i internasjonale diskusjonar om å forby eller regulere farlege kjemikaliar. Overvakingsdata frå naturovervakinga er grunnlag for indikatorsystemet knytt til fagsystem for fastsetjing av økologisk tilstand. I 2021 har Miljødirektoratet sett i gang overvaking av open grunnlendt kalkmark og seminaturleg eng. Data frå desse programma vil gje verdifull informasjon når tilstanden i hovudøkosystema skal setjast av fagsystemet for økologisk tilstand. I 2021 vart det bestemt at overvakingsprogrammet terrestrisk naturovervaking (TOV) skulle leggjast ned, grunna lite bruk i forvaltninga og at det var dårleg eigna for fagsystem for økologisk tilstand. Relevante overvakingsdata frå naturovervaking blir nytta som grunnlag for Naturindeks for Noreg, som er ein hovudindikator for det nasjonale målet om at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Overvakingsdata blir oppdaterte kvart år, medan ei samla oppdatering av heile naturindeksen skjer kvart femte år.

Ein ny avtale om nasjonalt overvakingsprogram for rovvilt er inngått med Rovdata for perioden 2022–2026. Avtalen sikrar vidare drift og utvikling av overvakingsmetodane vi har i dag. Miljødirektoratet er nasjonalt samordningsorgan for miljødata og kartlegg og overvaker miljøtilstand og -utvikling i samarbeid med andre etatar og kunnskapsmiljø. Polarinstituttet koordinerer polarovervaking, og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik koordinerer overvaking knytt til radioaktivitet. Riksantikvaren koordinerer overvakinga av kulturminne og kulturmiljø.

Post 22 Miljøkartlegging

Posten er frå 2022 slått saman med post 21 til ny felles post med namnet Miljødata.

Rapport 2021

Ein stor del av midlane vart nytta til kartlegging av naturtypar på land som er raudlista eller har sentrale oppgåver i eit økosystem, og til kartlegging av artane i desse naturtypane. I 2021 kartla feltbiologar om lag 3 000 kvadratkilometer på oppdrag frå Miljødirektoratet. Det er eit areal nesten sju gonger større enn Oslo kommune. Område frå nord til sør som er utsette for utbyggingspress, vart prioriterte. Statsforvaltaren medverka i å velje ut område. Midlar frå posten har òg gått til å utvikle og drifte tekniske verktøy knytte til kartlegginga av naturtypar. Resultata frå kartlegginga utgjer eit viktig kunnskapsgrunnlag i arealplanprosessar. Kartleggingsinstruksen for kartlegginga av naturtypar på land vart anerkjend metode til bruk i konsekvensutgreiingar i 2021.

Ekspertgrupper har jobba med å utvikle kartleggingsinstruksar for kartlegging av naturtypar i marine område og i ferskvassområde etter Natur i Norge-systemet. Det vart utført uttesting i felt i samband med dette. Vidare vart det jobba med å utvikle kunnskapsgrunnlag for landskapsøkologiske samanhengar (grøn infrastruktur). Det vart òg nytta midlar til å kartleggje natur ved hjelp av teknikkar som miljø-DNA, fjernmåling og modellering. Resultat frå slik kartlegging vil etter kvart inngå i portal for økologiske grunnkart.

Artsdatabanken driftar og utviklar kartportalen for økologisk grunnkart, som vart lansert i slutten av 2020. Direktoratsgruppa for økologisk grunnkart bidreg med å peike ut kva kart som bør inngå i portalen, og leggje til rette nye kartlag. Eit sentralt kart i portalen er kartet som viser resultata frå kartlegginga av naturtypar.

Nokre midlar vart nytta til vedlikehald og vidareutvikling av Natur i Norge.

Post 23 Mareano, kan overførast

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Det er foreslått ei løyving på posten på 54,1 mill. kroner for 2023. Posten er auka med prisjustering på posten.

Posten dekkjer Klima- og miljødepartementets del av utgiftene til Mareano-programmet. Mareano-programmet kartlegg havbotnen i norske havområde gjennom systematisk innsamling av data om djupn og om geologi, landskap, naturmangfald og forureining på havbotnen. Formålet med kartlegginga er å medverke til ei kunnskapsbasert forvaltning av dei havbaserte næringane og dei marine økosystema. Mareano-programmet set ein ny standard for kunnskap om havbotnen og har vekt internasjonal merksemd.

Rapport 2021

Frå starten og til og med 2021 har Mareano-programmet djupnemålt totalt cirka 288 750 km2, og det blir i tillegg nytta djupnedata frå andre aktørar. Djupnemålingane dannar grunnlaget for planlegging og kartlegging av geologisk, biologisk og kjemisk miljøtilstand på sjøbotnen, og totalt 260 000 km2 sjøbotn er kartlagd i felt med omsyn til geologi, biologi og kjemi. Dei høgoppløyselege djupnekarta er òg eit viktig datagrunnlag for å modellere utbreiing av naturtypar og biotopar og for å identifisere sannsynlege førekomstar av korallrev på havbotnen. I 2021 prioriterte Mareano-programmet å samle inn djupnedata frå Spitsbergenbanken og Hopendjupet i Barentshavet, og til saman 1 090 km2 vart djupnekartlagde. Kartlegging og innsamling av geologiske, biologiske og kjemiske data som gjev nærare dokumentasjon av naturtypar og miljøtilhøve på havbotnen, vart gjorde av område i Norskehavet og Barentshavet, over eit areal på totalt 24 388 km2.

Mareno har mellom anna produsert nye oversiktskart som viser organisk karbonlagring i Nordsjøen og Skagerrak, og biotopkart for Kongsfjorden og Rijpfjorden på Svalbard. Rapporteringa av resultat skjer gjennom www.mareano.no og Noreg digitalt (www.geonorge.no). Sedimentkart er gjorde tilgjengelege for bruk om bord på fiskefartøy. Fleire metodeprosjekt vart òg ferdigstilte i 2021, mellom anna knytt til oseanografisk modellering av botnstraum.

Post 50 Grunnløyvingar under Noregs forskingsråd til miljøforskingsinstitutta

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 227,5 mill. kroner for 2023.

Posten er samla sett auka med om lag 6,3 mill. kroner. Posten dekkjer grunnløyvinga til fordelingsarena for miljøinstitutta.

Kunnskapsdepartementet har justert det statlege grunnfinansieringssystemet for institutt som tek imot grunnfinansiering frå Forskingsrådet. Endringane tok til å gjelde i 2022. Delar av grunnløyvinga skal framleis vere resultatbasert og tildelast ut ifrå skåren institutta får på indikatorar for kvalitet og relevans, men indikatorane og utrekningsmåten er noko endra.

Mål

Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center), Transportøkonomisk institutt (TØI) og NORCE (Miljø og klima). Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor forvaltninga, og dei skal innanfor områda sine tilfredsstille behovet samfunnet har for å løyse problem på kort og lang sikt.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane frå Noregs forskingsråd, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2021

Midlane på posten vart nytta til å dekkje grunnløyvinga til fordelingsarena for miljøinstitutta.

Post 51 Forskingsprogram under Noregs forskingsråd

Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innanfor alle resultatområda. Midlane under posten blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd.

Mål for miljøforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøarbeid med stor vekt på relevans og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøforskinga skal gje eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøsamarbeid. Tildelinga over kap. 1410.51 skal finansiere forsking som bidreg til å nå dei nasjonale og internasjonale klima- og miljømåla og fremjar grøn og rettferdig omstilling.

Klima- og miljødepartementets Kunnskapsstrategi 2021–2024 beskriv kunnskapsbehova fram mot 2030 og skal leggjast til grunn for forskingsprioriteringane. I tillegg gjev dei langsiktige prioriteringane i Langtidsplanen for forskning og høyere utdanning (2023–2032) overordna føringar for Klima- og miljødepartementet sine tildelingar til Forskingsrådet. Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 393,7 mill. kroner for 2023. Posten er samla sett auka med om lag 8 mill. kroner, der delvis prisjustering står for 5,6 mill. kroner. 5 mill. kroner av øvrig prisjustering er flytta til kap. 1420 post 21 for å styrke innsatsen mot den store invasjonen av pukkellaks som er venta i 2023. Det er lagd inn 4 mill. kroner til forsking på skrantesjuke på villrein. Det er rammeoverført 1,5 mill. kroner til Kunnskapsdepartementets sitt kap. 285 post 55 til oppfølging av MAROFF-programmet som skal bidra til raskere grøn omstilling i maritim næring og styrket norsk grøn konkurransekraft. Midlene skal gå til prosjekter som gir betydelige utslippskutt også i internasjonal skipstrafikk, og prosjekter som er industrielt skalerbare. Forskings- og utveklingsinnsatsen på nullutsleppsløysingar for store skip (Maritim zero 2050) blir vidareført.

Mål for Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd er eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Forskingsrådet har fem mål:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgjeving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit system for departementa si styring av Forskingsrådet. Den samla måloppnåinga for verksemda og økonomisituasjonen i Noregs forskingsråd er omtalt i Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon for 2023.

Oppfølging og kontroll

Departementet har styringsmøte med Noregs forskingsråd kvart halvår.

Rapport 2021

I 2021 vart løyvinga nytta til finansiering av aktivitetane Miljøforsk, Marinforsk, Klimaforsk, Energix, Bionær, Bedre helse, Polarforskingsprogram, Romforsk og Transport. Forskingsrådets departementsvise årsrapport for Klima- og miljødepartementet gjev meir detaljert rapportering om bruken av midlane.

Post 53 Internasjonalt samarbeid om klima- og miljøkunnskap

Det er foreslått ei løyving på om lag 7,5 mill. kroner på posten for 2022. Posten er auka med om lag 0,1 mill. kroner.

Mål

Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA). IIASA er eit internasjonalt forskingsinstitutt som mellom anna medverkar med analysar til arbeidet med internasjonale miljøavtalar. Instituttet medverkar til internasjonale forhandlingar om klima og luftforureiningar med kompetanse innanfor scenarioutvikling, integrert vurdering av langsiktig policy for utsleppsreduksjonar på tvers av land og utvikling av strategiar for å redusere effektane av klimaendringar. Bidrag frå instituttet er eit nødvendig grunnlag for dei internasjonale forhandlingane om reduksjon av sur nedbør og andre konsekvensar av luftforureiningar. Instituttet speler òg ei sentral rolle som rådgjevar i EU-arbeidet med klima og luftforureiningar.

Oppfølging og kontroll

Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd, som tek hand om den norske medlemskapen.

Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

Det er foreslått ei løyving på posten på 43,6 mill. kroner for 2023. Posten er samla sett auka med om lag 2,8 mill. kroner.

Mål

Målet er å syte for at Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (Cicero) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har ressursar til fagleg rådgjeving til miljøforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i nasjonale og internasjonale organ ved behov, til informasjons- og databasetenester overfor forvaltninga, inkludert vedlikehald av relevante nasjonale databasar, og driftstilskot til ulike forskingsstasjonar.

Det ligg òg inne driftsstøtte til Forskingssenter for miljø og samfunn (CIENS) som har ansvaret for å drifte Miljøprøvebanken. Det er sett av 2 mill. kroner til å støtte drift og vedlikehald av NILUs database EBAS for overvaking av miljøgifter, andre forureiningar og klimadrivarar i luft. Det er omdisponert 300 000 kroner til kap. 1410, post 21, for å dekkje internasjonalt samarbeid knytt til NILUs rolle som nasjonalt referanselaboratorium for luft.

Det blir gjort ei evaluering av nasjonale oppgåver i 2022, i tråd med Klima- og miljødepartementets kunnskapsstrategi 2021–2024.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at institutta drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med relevante etatar og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2021

I 2021 vart løyvinga mellom anna nytta til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i nasjonale og internasjonale organ, databasetenester, til å halde oppe algesamling som nasjonal referansesamling, til nasjonal beredskap for konservering av kulturhistorisk viktige gjenstandar, til driftsstøtte for målestasjonane på Zeppelinfjellet og Trollhaugen i polarområda, til referanselaboratorium for målingar av luftforureining og atmosfærisk korrosjon og til vidareutvikling og drift av Miljøprøvebanken.

Post 72 Tilskot til NORCE – Senter for biotryggleik

Det er foreslått ei løyving på posten på 5,6 mill. kroner for 2023. Posten er auka med om lag 0,2 mill. kroner.

Mål

Løyvinga skal støtte utviklinga av fagmiljøet ved tidlegare GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi i NORCE, med nytt namn Genteknologi, miljø og samfunn (GEMS). Fagmiljøet skal drive forsking, informasjon og rådgjeving om helse- og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering for å sikre trygg bruk av genteknologi. Fagmiljøet skal drive forsking som bidreg til kunnskap om miljø, helse og samfunn, og ha eit tverrfagleg og heilskapleg perspektiv innan genteknologifeltet. Fagmiljøet skal framleis vere lokalisert i Tromsø.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at dei beste organisatoriske vilkåra blir lagde til grunn, slik at fagmiljøet kan utvikle ny og verdifull kunnskap på tvers av fagområde, og slik at fagmiljøet kan vidareutviklast som eit uavhengig kompetansesenter på biotryggleik innan genteknologi. Det er ein føresetnad at styringsdialogen med Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet held fram, og at representantar frå fagmiljøet ved Senter for biotryggleik deltek. Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med fagmiljøet for å drøfte faglege prioriteringar.

Rapport 2021

I 2021 vart løyvinga nytta av NORCE ved GenØk – Senter for biotryggleik til forskingsprosjekt for å utvikle vidare kunnskapsgrunnlaget for vurdering av helse- og miljøkonsekvensar av genmodifiserte organismar. Dette er prosjekt innan mikro- og molekylærbiologi, immunepidemiologi og økologi, virologi, økotoksikologi og økosystem og samfunnsvitskaplege aspekt ved moderne bio- og nanoteknologi.

Kap. 1411 Artsdatabanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

34 314

32 640

38 693

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

11 942

10 656

10 938

70

Tilskot til å styrkje kunnskap om og formidling av naturmangfaldet, kan overførast, kan nyttast under post 21

25 120

27 159

30 929

Sum kap. 1411

71 376

70 455

80 560

Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank om naturmangfald i Noreg. Den viktigaste oppgåva til Artsdatabanken er å gjere oppdatert kunnskap om naturtypar, artar og populasjonar lett tilgjengeleg for samfunnet. Mellom anna lagar Artsdatabanken raudliste for artar og raudliste for naturtypar, dei gjer risikovurderingar for framande artar i Noreg, utviklar type- og beskrivingssystem for natur (Natur i Norge) og har viktige oppgåver i arbeidet med å drifte og vidareutvikle det økologiske grunnkartet.

Artsdatabanken er ein fagleg uavhengig og bruttobudsjettert etat med eige styre. Det faglege sjølvstendet og ansvar og oppgåver styret har, er nedfelte i mandatet til Artsdatabanken.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald.

Det er foreslått ei løyving på posten på 38,7 mill. kroner, ein auke på 6 mill. kroner. Frå kap. 1410 post 21 er det flytta 5,5 mill. kroner som allereie i lengre tid har finansiert stillingar i Artsdatabanken til arbeid med Natur i Norge, Økologisk grunnkart, Artskart og Egenskapsbanken. Arbeid med desse oppgåvene går fram av mandatet til Artsdatabanken, og er å rekne som faste oppgåver på lik line med bankens øvrige oppgåver.

Det er lagd inn 0,6 mill. kroner for å dekkje kostnadene ved lønnsoppgjeret i staten i 2022 og ei prisjustering på 0,1 mill. kroner.

Løyvinga er redusert med 0,1 mill. kroner grunna gevinstuttak som følgje av at det i saldert budsjett 2022 vart rekna ut for mykje i kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse og 0,1 mill. kroner grunna gevinstuttak som følgje av forventa lågare reiseutgifter etter pandemien.

Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene for Artsdatabanken. Resten av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, mellom anna drift og utvikling av IT-anlegget, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling.

Rapport 2021

Om lag 83 pst. av løyvinga vart nytta til lønn.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Midlane under posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Det er foreslått ei løyving på 10,9 mill. kroner, ein auke på 0,3 mill. kroner som skuldast prisjustering.

Posten dekkjer utgifter til mellom anna Artsdatabankens kjøp av tenester til risikovurderingar av framande artar, Artsprosjektet, Artsobservasjonar, kommunikasjon og Artsorakelet. Til langsiktige kontraktar om tenestekjøp er det behov for ei bestillingsfullmakt på 12 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4411, post 02.

Rapport 2021

I 2021 vart løyvinga nytta til kjøp av tenester til arbeidet med ny raudliste for artar og oppstart for arbeidet med ny framandartsliste, inkludert potensielle dørstokkartar, til vidareutvikling av Artsobservasjonar og til kommunikasjon. Midlar har òg vore nytta til arbeidet med DNA-strekkoding i NorBOL-nettverket, noko som har løfta kunnskapsgrunnlaget om norske artar vesentleg, og vidare til Forskarskulen i biosystematikk (ForBio), som har styrkt og vidareutvikla kompetansen og kapasiteten i dei taksonomiske fagmiljøa i Noreg.

Post 70 Tilskot til å styrkje kunnskap om og formidling av naturmangfaldet, kan overførast, kan nyttast under post 21

Midlane under posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald.

Det er foreslått ei løyving på posten på 30,9 mill. kroner, ein auke på 3,8 mill. kroner. Frå kap. 1400 post 76 er det flytta 3 mill. kroner for å styrke den søkbare ordninga under Artsdatabanken, jfr. omtale under kap. 1400 post 76. I tillegg har posten fått ei prisjustering på 0,8 mill. kroner.

Posten dekkjer tilskot til kunnskapsoppbygging om artar og naturtypar i Noreg.

Mål

Tilskotsordninga skal styrkje kunnskapen om mangfaldet av artar i Noreg til beste for allmenta, forvaltning og forsking slik at vi i framtida er betre rusta til å forvalte naturmangfaldet.

Kriterium for måloppnåing

Det skal leggjast særleg vekt på kartlegging og dokumentasjon av dårleg kjende artar og artsgrupper i Artsprosjektet. Tilskotsordninga kan òg nyttast til å byggje kunnskap om naturvariasjon basert på Natur i Norge (NiN), styrkje kompetansebygging innanfor naturmangfald og styrkje formidling av artar og naturtypar i Noreg. Tilskot kan vidare nyttast til å fremje brukarstøtte og kvalitetssikring av artsfunn i Artsobservasjonar og til å medverke til at data om artar og naturtypar blir tekne i bruk.

Tildelingskriterium

Midlane til Artsprosjektet er særleg retta mot vitskaplege institusjonar. For andre formål kan institusjonar, stiftelsar, føretak og frivillige organisasjonar òg få tilskot.

Oppfølging og kontroll

Alle tilskotsmottakarar leverer rapportar som syner den kunnskapsproduksjonen som tilskotet har finansiert, og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt. Det blir stilt krav om open datadeling og bruk av opne lisensar for datadeling og gjenbruk.

Rapport 2021

Størstedelen av midlane vart nytta som tilskot til kartlegging og dokumentasjon av dårleg kjende artar og artsgrupper i Artsprosjektet. Også i 2021 har Artsprosjektet komme med mykje ny kunnskap om dårleg kjende artar. Frå 2009 til 2021 er det funne over 3 700 nye artar for Noreg.

Artsobservasjonar er framleis ein stor suksess, mellom anna som plattform for folkeforsking. Databasen har no passert 25 mill. observasjonar og er den største enkeltdatabasen for artar i Noreg. Artsdatabanken har i 2020 lagt stor vekt på arbeidet med kvalitetssikring av artsfunna og nytta midlar frå posten til dette.

Kap. 4411 Artsdatabanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

02

Ymse inntekter

271

429

442

Sum kap. 4411

271

429

442

Post 02 Ymse inntekter

Forslag til inntekt på posten er 0,4 mill. kroner i 2023.

Kap. 1412 Meteorologiformål

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

50

Meteorologisk institutt

379 917

360 286

367 315

70

Internasjonale samarbeidsprosjekt

127 045

129 100

137 388

Sum kap. 1412

506 962

489 386

504 703

Post 50 Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt (MET) står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. Arbeidet til Meteorologisk institutt med å overvake og varsle vêr er ein kritisk samfunnsfunksjon. Instituttet har ei viktig rolle i arbeidet med tryggleik og beredskap og deltek jamleg i øvingar med Forsvaret og andre etatar der vêr og klima speler ei rolle.

Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo og Yr. Observasjonsnettverket til MET dekkjer Noreg, havområda våre og Svalbard. Meteorologisk institutt er blant dei fremste kunnskapsmiljøa i Noreg på klimaendringar. Instituttet har ei viktig rolle i å førebu Noreg på eit endra klima, mellom anna gjennom leiinga av Norsk klimaservicesenter (KSS). Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen og sikrar i så måte norsk nærvære og støtte til søk og redning.

Forskingsverksemda til MET har som formål å utvikle samfunnsnyttige tenester. Forskinga blir raskt operasjonalisert, og tilbakemeldingar frå både interne og eksterne brukarar skal drive forskinga framover. Det er utbreidd nasjonalt og internasjonalt samarbeid på forskings- og utviklingsområdet.

Foreslått løyving på posten i 2023 er 367,3 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med 4 mill. kroner for å leggje til rette klimadata gjennom ei nasjonal dataplattform. Utviklinga går over fire år med ei total ramme på 14 mill. kroner. «Klimakverna» skal vareta samanhengen frå globale og regionale klimaanalysar til lokal klimatilpassing. Etter ein oppstarts- og utviklingsfase skal Klimakverna tilby visualisering av data med moglegheit for nedlasting, integrasjon i saksbehandlingssystem og vising på mellom anna nettsidene til Norsk klimaservicesenter. Avgjerdstakarar vil kunne bruke klimadata (klimaframskrivingar) frå Klimakverna til å gjere betre tiltak for klimatilpassing

I 2019 vart det løyvd 5 mill. kroner til lagring og forvaltning av dynamiske geodata og at dynamiske geodata blir samordna og tilgjengelege for brukarar. Tiltaket har gått over fire år med ei total ramme på 20 mill. kroner, og løyvinga i 2023 er difor redusert med 5 mill. kroner.

Posten er prisjustert med 10,4 mill. kroner.

Løyvinga under posten er redusert med 2,2 mill. kroner grunna gevinstuttak som følgje av forventa lågare reiseutgifter etter pandemien. Posten er òg redusert med 0,2 mill. kroner som er flytta til kap. 1605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring post 01 som gjeld tilleggstenester.

Mål

Meteorologisk institutt overvaker og varslar vêret med høg kvalitet og regularitet og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og befolkninga kan sikre liv og verdiar og verne miljøet.

Meteorologisk institutt driv forsking og utvikling på alle fagområda sine, så instituttet kan yte tenester i verdsklasse.

Rapport 2021

Samla sett er kvaliteten på varsla for temperatur, vind og nedbør stadig betre. For temperatur, vind og nedbør er varselkvaliteten på same høge nivået som i 2019 og 2020. Varslingsmodellane til MET er svært gode, og tilgangen til observasjonar, reknekraft og god kompetanse gjer det mogleg å gje svært lokale vêr- og havvarsel av gjennomgåande høg kvalitet.

I 2021 byrja oppføringa av ein vêrradar på Finnmarksvidda, og denne vil stå ferdig i 2022. Når vêrradaren på Finnmarksvidda er etablert, manglar berre ein radar på Hardangervidda i planen som ligg til grunn for radarutbygginga.

I 2021 har det vore ei positiv utvikling for det eine resultatkravet frå 2020 som ikkje vart nådd (fullføre automatisering av observasjonsinnhentingane på Jan Mayen og byrje på automatisering av observasjonar på Bjørnøya). Frå vintersesongen 2022–2023 vil MET redusere bemanninga på Jan Mayen frå fire til to personar, medan bemanninga på Bjørnøya vil kunne reduserast når ein har vurdert korleis den automatiske sonden fungerer gjennom ein vintersesong.

Boks 7.1 Farevarslinga

I januar 2021 kom ekstremvêret «Frank» langs vestkysten av Noreg, med vindkast opp i 47 m/s og mykje ising på skip. Det var òg ei vindhending på oransje nivå (svært kraftige vindkast) i søraust-Noreg i november 2021 med store konsekvensar, mellom anna mykje trevelt.

Det har vore fleire store nedbørhendingar i 2021, som ekstremværet Gyda som traff Trøndelag og Møre og Romsdal januar 2022, med etterfølgande flomhendingar. Ein styrtregnrekord vart sett 29. juli 2021, då det på Tjøme regna 50,7 mm på 30 minutt.

Samarbeidet mellom MET og NVE om fornying av naturfarevarsling held fram. Etter fleire styrtregnhendingar i 2020 er konsekvenser av styrtregn som flaum og jordskred inkludert i styrtregnvarslet fra MET, og innarbeidd i samarbeidsavtalen med NVE. I 2022 blei kriteria for utsending av farevarsel for styrtregn forenkla.

Post 70 Internasjonale samarbeidsprosjekt

Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i internasjonale meteorologiorganisasjonar.

Regjeringa foreslår ei løyving på 137,4 mill. kroner. Auken kjem av at langtidsbudsjettet for enkelte satellittprogram i EUMETSAT er endra og framskunda i tid. I tillegg er det nye program under planlegging i EUMETSAT, mellom anna Doppler Wind Lidar (DWL) og mikrosatellittar (AWS).

Mål

Målet med løyvinga er å medverke til å dra nytte av utvikling og betring av meteorologiske tenester gjennom internasjonalt samarbeid.

Kriterium for måloppnåing

Kriteriet for måloppnåing er at Noreg innfrir forpliktingane sine ved å delta i definerte internasjonale meteorologiske organisasjonar og samarbeidsprosjekt i samsvar med inngåtte avtalar. I tillegg skal deltaking i organisasjonane og samarbeidsprosjekta bidra til utvikling og til å dra nytte av meteorologiske tenester.

Tildelingskriterium

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:

  • Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Eventuelle overskot av kontingentinnbetalingar til EUMETSAT blir overførte til eit fond, Working Capital FUND (WCF). Fondet er heimla i EUMETSATs statuttar.

  • Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta. (EUMETNET og ECOMET er dei største samarbeidsnettverka.)

  • Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)

Noreg er medlem i EUMETSAT, ECMWF og WMO gjennom å ha slutta seg til internasjonale konvensjonar. Budsjettvedtak i dei styrande organa er dermed forpliktande for Noreg. Det prosentvise bidraget frå eit land til budsjettet er proporsjonalt med bruttonasjonalinntekta i landet. Når det gjeld dei andre internasjonale organisasjonane, er det Meteorologisk institutt som er medlem.

Storleiken på løyvinga på posten er òg avhengig av svingingar i valutakursane og aktivitetsnivået i dei ulike organisasjonane. Mesteparten av utgiftene er knytte til Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT).

Oppfølging og kontroll

Meteorologisk institutt peiker ut norske delegatar til dei styrande organa i organisasjonane, unnateke for WMO. For WMO nemner utanriksministeren opp norske delegatar til styrande organ etter forslag frå Permanent Representative of Norway with WMO. Budsjettdokument, rekneskapar, revisorstadfesting, årsrapportar og andre rapportar blir lagde fram og vedtekne i samband med verksemda til organisasjonen/samarbeidsprosjektet. Dette inneber at Meteorologisk institutt utfører kontroll med at utført arbeid er i samsvar med formåla organisasjonen/samarbeidsprosjektet har vedteke.

Rapport 2021

Samla forbruk under kap. 1412, post 70, var på 127 mill. kroner i 2021 og dekte i 2021 medlemskontingenten i dei internasjonale organisasjonane som er lista opp under «Tildelingskriterium» over.

EUMETSAT er den største og viktigaste samarbeidsorganisasjonen, og i 2021 var bidraget frå Noreg på 106 mill. kroner. EUMETSAT driftar ei rekkje ulike satellittar for meteorologiske data. Særleg polarbanesatellittane er viktige for varslinga av vêret i Noreg. Eit nytt polarbanesatellittprogram (EPS-SG) vart starta i 2015. Første nye satellitten i dette programmet skal etter planen sendast opp i oktober 2023 og den andre satellitten eitt år seinare. Viktig er òg det geostasjonære satellittprogrammet METEOSAT, som no førebur tredje generasjons satellittar (MTG). Det har vore nokre forseinkingar i programmet, og første nye satellitten i dette programmet skal etter planen skytast opp i første kvartal 2023.

Noreg er eitt av 23 medlemsland i det europeiske reknesenteret ECMWF. I tillegg har elleve land status som samarbeidsland og dermed tilgang til produkt frå ECMWF. ECMWF har dei beste globale tidøgnsvarsla i verda og er leiande på utvikling av numeriske berekningsmodellar for vêrvarsling. ECMWF har òg ei sentral rolle i det europeiske Copernicus-samarbeidet. I 2021 var bidraget frå Noreg på 12 mill. kroner.

Datasenteret til ECMWF har flytta frå Reading i England til Bologna i Italia. I 2020 vart det avgjort at ECMWF skal etablere eit forskingssenter i Bonn i Tyskland, med full tilgang til relevante forskingsprogram i EU. Aktiviteten i Bonn starta i 2021.

EUMETNET er eit nettverk mellom dei 31 nasjonale meteorologiske institutta i Europa for å nytte ressursane mest mogleg effektivt. EUMETNET driv felles program innanfor det europeiske meteorologiske observasjonssystemet. For å nå måla sine er MET heilt avhengig av europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta. 2021 var bidraget frå Noreg på 2,2 mill. kroner.

EUMETNET, saman med EUMETSAT og ECMWF, speler ei viktig strategisk rolle som overbygning for den meteorologiske infrastrukturen i Europa og som kontaktpunkt overfor EU når det gjeld meteorologi.

ECOMET syter for at observasjonane og dei numeriske prognosane frå dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa er tilgjengelege for private kommersielle aktørar, og for at den kommersielle aktiviteten i dei nasjonale meteorologiske institutta oppfyller konkurranselovgjevinga.

Det er i stor grad felles medlemmer i EUMETNET og ECOMET, og oppgåvene innanfor dataforvaltning overlappar til dels. I 2021 vart medlemmene i dei to organisasjonane samde om ei samanslåing av dei to organisasjonane. Det er eit mål å gjennomføre den formelle prosessen i 2022.

FN-organisasjonen WMO syter for global utveksling av meteorologiske observasjonar i nær sanntid mellom dei 193 medlemslanda og -territoria. Vitskaplege nyvinningar innanfor varsling av vêr blir òg i stor grad gjorde tilgjengelege for alle dei meteorologiske institutta i verda gjennom WMO. WMO har mellom anna satsingar knytte til jordsystemvarsling, varsling av ekstreme naturhendingar, kryosfæren og høgtliggjande område og ei satsing retta mot å utnytte sesongvarsling og klimaprognosar betre i u-land som er sårbare for tørke og flaum (Global Framework for Climate Services). Tilskotet frå Noreg til WMO i 2021 var på 6 mill. kroner.

Programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld resultatområda Naturmangfald, Kulturmiljø, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Programkategorien omfattar verksemda til Miljødirektoratet, Enova, Senter mot marin forsøpling og noko av verksemda til Sjøfartsdirektoratet og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Klima er ei av hovudprioriteringane til regjeringa. Klimatilpassing vil være avgjerande for å kunne leve med dei klimaendringane som uansett kjem. Regjeringa vil styrke klimaberedskapen og vil i 2023 legge fram ein ny strategi for klimatilpassing i form av ei stortingsmedling. For å redusere utsleppa, auke CO2-opptaket og omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn i tråd med klimalova forsterkar regjeringa stadig verkemiddelbruken. Av særleg prioriterte tiltak i 2023 er auken av CO2-avgifta og auka satsing gjennom Enova. Regjeringa foreslår òg å føre vidare ordninga for innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband med ei ramme for nye tilsegner på 40 mill. kroner i 2023.

Regjeringa foreslår å styrkje Miljødirektoratets arbeid med EUs grøne giv med 15 mill. kroner.

Enova er eit viktig klima- og energiverkemiddel. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Enova med 500 mill. kroner i 2023. Dette vil gjere det mogleg for Enova å auke innsatsen mot prosjekt som bidreg til ikkje-kvotepliktige utsleppsreduksjonar. Støtta kan til dømes bidra til auka elektrifisering av fartøy, tungtransport og anleggsmaskiner og til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig industri.

Gjennom å støtte opp under seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon medverkar Enova til utsleppsreduksjonar og grøn teknologiutvikling innan område som industri, grøn skipsfart, hydrogen, utsleppsfri landtransport og infrastruktur for nullutsleppsdrivstoff. Auken i løyvinga på 500 mill. kroner vil gjere det mogleg for Enova å forsterke denne satsinga, og med det bidra til ytterlegare utsleppsreduksjonar og omstilling. Enova er eit spesialverktøy for å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar og i oppfølginga av klimaplanen for 2021–2030. Formålet til Enova er å bidra til å nå Norges klimaforpliktelser og bidra til omstillingen til lavutslippsamfunnet. Støtte frå Enova skal avlaste risiko og kostnader for dei som er først ute med å teste nye løysingar. Aktiviteten skal innrettast med sikte på å oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan støtte.

Vi står overfor ein svært utfordrande situasjon der det er knapt om energien i Europa og medfølgjande høge straumprisar. Å få meir effektiv bruk av energi er noko av det viktigaste vi kan gjere i denne situasjonen. Enova har over mange år hatt ein viktig innsats retta mot energitiltak hos hushald og bedrifter.

Langsiktig og berekraftig forvaltning av naturressursane er grunnprinsippet i miljøpolitikken til regjeringa. Oppfølginga av dei tre nasjonale måla for naturmangfald skjer i hovudsak med utgangspunkt i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold. Regjeringa vil arbeide i tråd med intensjonane i Aichi-måla og følgje opp naturmangfaldmeldinga i tråd med Stortingets innstilling. Eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald er venta sluttført i 2022, og regjeringa vil prioritere oppfølginga av dette. Prioriterte tiltak i 2023 er å etablere ein meny av ulike tiltak som bidreg til å ta vare på eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand, og utvikle gode metodar for føring av naturrekneskap.

Regjeringa har etablert eit utval som skal greie ut naturrisiko etter modell frå Klimarisikoutvalet, og som skal levere ei utgreiing (NOU) innan utgangen av 2023. Naturrisiko handlar om det økonomiske tapet som kan følgje av at naturmangfald og økosystem forsvinn eller blir svekte. Regjeringa vil føre vidare tilskotsordninga for kommunedelplan for naturmangfald. Regjeringa vil òg leggje til rette for at kommunane får god rettleiing om varetaking av naturmangfald.

Regjeringa vil arbeide vidare med verneplanprosessane for nye mindre verneområde for å ta vare på verdifull natur og med prosessane med nye nasjonalparkar og landskapsvernområde. Arbeidet med å ta vare på trua natur og verdiane i verneområda vil halde fram, og Regjeringa foreslår eit nasjonalparkløft for å styrke forvaltninga av nasjonalparkane. Det er foreslått auka driftsstøtte til verneområdestyra, tre nye stillingar for forvaltarar knytte til kvar av verneområdestyra i Dovrefjell-Sunndalsfjella, Blåfjella-Skjækerfjella-Lierne og Midtre Norland og auka løyvingar til to nye besøkssenter for nasjonalpark for å ta imot gjestar frå vestida av Jotunheimen og vestsida av Reinheimen, slik at tilreisande kan lære meir om den flotte naturen, historia rundt og korleis ein bør te og kle seg i norsk natur.

Vi er inne i FN sitt tiår for naturrestaurering. Restaureringa av ulike naturtypar, som sanddyner og open grunnlendt kalkmark, og restaureringstiltak i vassdrag og myr og anna våtmark vil halde fram.

Regjeringa vil òg styrkje arbeidet med å betre tilstanden i Oslofjorden og arbeidet med å byggje opp igjen økosystem i området Skagerrak–Oslofjorden.

Arbeidet med å følgje opp Oppfølgingsplan for trua natur og oppfølginga av tiltaksplanane Bekjempelse av fremmede skadelige organismer og Tiltaksplan for ville pollinerende insekter vil halde fram.

Andre viktige prioriteringar i 2023 er ivaretaking av vill laksefisk, som no er ein raudlista art. Dette blir mellom anna gjort gjennom tiltak mot den framande arten pukkellaks, rehabilitering av fisketrapper og andre gongs behandling for å fjerne lakseparasitten Gyrodactylus salaris frå Driva-vassdraget.

Regjeringa vil òg i 2023 prioritere innsatsen for å ta vare på villrein.

Regjeringa vil føre ein meir restriktiv rovviltpolitikk der tapet av beitedyr er lågast mogleg, og der vi ligg så nær bestandsmåla for alle rovviltartane som mogleg.

Regjeringa er oppteken av å ta vare på Noregs sterke tradisjonar for friluftsliv med utgangspunkt i allemannsretten. Å leggje til rette for friluftsliv i nærmiljøet og eit aktivt friluftsliv for alle grupper i befolkninga er prioritert.

For å motverke og redusere forureining blir det grunnleggjande og langsiktige arbeidet med forvaltning av nasjonalt regelverk, internasjonale avtalar og løyvingar til tiltak vidareført. Noreg har ei viktig rolle i det internasjonale samarbeidet for å redusere spreiing av miljøgifter. Arbeidet mot plastforureining nasjonalt og internasjonalt skal framleis ha høg prioritet. Internasjonalt vil Noreg halde fram med leiarrolla si og delta aktivt i forhandlingane for å få på plass ein rettsleg bindande internasjonal avtale mot plastforureining. Arbeidet mot plastforureining vil vere viktig og ressurskrevjande dei neste åra. Dette gjeld også eit omfattande EU/EØS-regelverk på området som skal gjennomførast i norsk rett.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ein sirkulær økonomi som vil medverke til betre utnytting av plast som ressurs, samstundes som det vil vere med på å redusere plastforureininga.

Regjeringa arbeider også for sirkulær økonomi på andre område, slik at produkt blir utforma for å vare lenger, kan brukast om att, reparerast og materiala vinnast att i giftfrie krinsløp. Meir effektiv bruk av ressursar reduserer klimagassutslepp, bremsar tapet av naturmangfald og reduserer forureiningsbelastninga. Også her er det eit viktig og omfattande EU/EØS-regelverk for meir berekraftige produkt som vil komme dei nærmaste åra.

Tilskotsordninga Klimasats vart oppretta i 2016. Utgangspunktet var ei femårig tilskotsordning, som deretter har blitt vidareført eitt år om gongen. Ordninga har vore vellykka og har bidrege til å fremje klimatiltak i kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyens lokalstyre ved å støtte prosjekt som medverkar til reduksjon i utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Totalt er det gjeve tilsegner om 1 252 mill. kroner til rundt 1 804 prosjekt. På grunn av mindre budsjettmessig handlingsrom har regjeringa ikkje funne rom for å føre vidare ordninga i 2023-budsjettet.

Resultatområde

Tabell 7.2 Resultatområde under programkategori 12.20

Resultatområde

Nasjonale klima- og miljømål

Naturmangfald

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Friluftsliv

  • Posisjonen friluftslivet har, skal takast vare på og utviklast vidare gjennom varetaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Forureining

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Bruk og utslepp av kjemikaliar på prioritetslista skal stansast.

  • Eksponering av menneske og miljø for radioaktiv forureining skal haldast så låg som mogleg.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

  • Materialattvinning av avfall skal auke.

  • Å sikre trygg luft. Basert på kunnskapsstatusen i dag blir desse nivåa sett på som trygg luft:

    • Årsmiddel PM10: 20 µg/m3

    • Årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

    • Årsmiddel NO2: 30 µg/m3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 samanlikna med 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå, skal reduserast med 30 pst. innan 2020 samanlikna med 2005.1

Klima

  • Noreg har under Parisavtalen teke på seg ei forplikting til å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. innan 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030.

  • Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 pst. samanlikna med 1990.

  • Medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ei meir berekraftig utvikling

  • Det er eit politisk mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

1 Det blir arbeidd med oppdatert kunnskapsgrunnlag for å revidere støymålet.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald

Kunnskap om natur

Den økologiske tilstanden i fjell, skog, og arktisk tundra er vurdert etter fagsystemet for økologisk tilstand. Tilstanden for hav er planlagt vurdert i 2022. Samstundes skal fagsystemet for vurdering av økologisk tilstand vidareutviklast. I 2023 skal datagrunnlaga og metodikk vidareutviklast for å kunne vurdere den økologiske tilstanden for andre økosystem på land. Fagsystemet er basert på naturvitskaplege metodar for å fastsetje ei samla kunnskapsbasert vurdering av tilstand i norske hovudøkosystem og vil gje eit viktig kunnskapsgrunnlag til bruk for økosystembasert forvaltning av natur.

Artsdatabankens kartportal Økologiske grunnkart er open for brukarar, og innhaldet blir jamleg oppdatert. Dei økologiske grunnkarta gjev kunnskap om mellom anna kvar ulike typar natur finst, og annan relevant informasjon knytt til førekomst av natur. Dei økologiske grunnkarta er eit felles verktøy på tvers av sektorane som gjev kunnskap for meir heilskapleg arealforvaltning og dermed betre avgjerdsprosessar.

Artsdatabanken legg fram dei tre listene Norsk raudliste for artar, Norsk raudliste for naturtypar og Framandartslista kvart sjette år. I 2023 vil ny Framandartsliste bli lansert.

Vitskapskomiteen for mat og miljø utfører risikovurderingar på oppdrag frå Miljødirektoratet i hovudsak innan framande organismar, genmodifiserte organismar og handel med trua artar (CITES). I 2023 er ein ny hovudkomité og nye faggrupper på plass.

Klima- og miljødepartementet har sett i gang arbeidet med å lage ein naturrekneskap for Noreg. Ein naturrekneskap er ei samanstilling av data som viser utviklinga i naturen frå ein tidsperiode til ein annan. Rekneskapen skal etablerast i tråd med internasjonale forpliktingar og inneber delrekneskapar om utbreiinga av naturen, tilstanden og tilhøyrande økosystemtenester. Kunnskapen frå naturrekneskapen skal bidra til ei meir heilskapleg forvaltning av naturen i Noreg.

Arbeidet til Naturrisikoutvalet vil gje oss ny kunnskap om korleis næringar og sektorar avheng av naturgrunnlaget, og om det økonomiske tapet som kan følgje av at natur forsvinn eller blir svekt. Utvalet skal òg greie ut metodar for at naturrisikoen blir rapportert, evaluert og integrert i avgjerder som verksemdene tek om investeringar og drift.

Heilskapleg forvaltning av økosystema på land

Føringane i naturmangfaldmeldinga knytt til det å setje mål for tilstanden i økosystema på land og å rette tiltak og verkemiddelbruk inn mot å nå måla vil bli følgde opp. Regjeringa har sett i gang arbeidet med å etablere ein meny av ulike tiltak som bidreg til å ta vare på eit mangfald av økosystem på land i god økologisk tilstand. For våtmark inneheld Naturstrategi for våtmark som vart lagd fram i juni 2021, ei rekkje slike tiltak. Arbeidet er viktig for å oppfylle grunnprinsippet i miljøpolitikken til regjeringa – ei langsiktig og berekraftig forvaltning av naturressursane. Regjeringa vil elles halde fram med å restaurere fleire typar natur kommande år etter faglege prioriteringar av Miljødirektoratet.

Heilskapleg vassforvaltning

Arbeidet med å styrkje vassforvaltninga held fram i 2023. Vassforskrifta, som gjennomfører EUs vassdirektiv i norsk rett, gjev oss eit godt system for å forvalte vassførekomstane til Noreg på eit heilskapleg vis. Dei regionale vassforvaltningsplanane med tilhøyrande tiltaksprogram er eit viktig verktøy for å nå måla om godt vassmiljø i ferskvatn, kystvatn og grunnvatn i Noreg. Det er framleis store utfordringar med å tette gapet mellom tilstanden i dag og miljømåla i vassdirektivet, og det vil framleis bli gjennomført ei rekkje tiltak for å nå måla.

Vassforvaltningsplanane for 2022–2027 med tilhøyrande tiltaksprogram er oppdaterte og vedtekne i alle fylkesting, og regjeringa er no i ferd med å godkjenne planane. I samband med godkjenninga vil regjeringa styrkje innsatsen for å nå miljømåla. Alle ansvarlege sektorstyresmakter må gjennomføre tiltak for å nå måla i planane. Overvakinga av vassførekomstane i Noreg vil halde fram i 2023. Dette er ein føresetnad for eit godt kunnskapsgrunnlag, som legg grunnlaget for mellom anna tiltak og politiske avgjerder.

Heilskapleg forvaltning av havområda

Noverande og framtidig havbasert verdiskaping er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i Noregs kyst- og havområde. Gjennom forvaltningsplanane for havområda er det fastsett heilskaplege rammer og tiltak for berekraftig bruk og bevaring av økosystema. Formålet med forvaltningsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursane og økosystemtenestene i havområda og samstundes halde oppe strukturen, verkemåten, produktiviteten og naturmangfaldet til økosystema. Dei gjeldande forvaltningsplanane for Barentshavet–Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen–Skagerrak går fram av Meld. St. 20 (2019–2020).

Arbeidet med det faglege grunnlaget for forvaltningsplanane er organisert gjennom dei rådgjevande gruppene Overvakingsgruppa og Fagleg forum for dei norske havområda, leidde av høvesvis Havforskingsinstituttet og Miljødirektoratet. Det faglege grunnlaget for forvaltningsplanane vil bli oppdatert fram mot neste melding til Stortinget. Forskinga og konklusjonane frå Havpanelet så vel som rapportane frå Naturpanelet og FNs klimapanel er viktige i dette arbeidet. Den nasjonale planen for bevaring av viktige område for marin natur (Meld. St. 29 (2020–2021)) vil også vere viktig i vidareutviklinga av den heilskaplege havforvaltninga.

Miljøtilstanden i dei produktive og ressursrike norske havområda er i mange samanhengar god, men blir i aukande grad påverka av klimaendringar. Denne påverknaden er tydeleg når vi ser på tilstanden i økosystema i Nordsjøen og i Barentshavet. Den vidare utviklinga av havforvaltninga i Noreg må byggje på ei forståing av korleis klimaendringar og andre storskala endringar påverkar og vil forandre Noregs havområde og måten vi bruker dei på.

Regjeringa vil styrkje kunnskapsgrunnlaget om marine økosystem og korleis dei blir endra som følgje av auka menneskeleg aktivitet, klimaendringar og forureining. Regjeringa vil også styrkje kunnskapsgrunnlaget om kva rolle havøkosystema har for den globale klimautviklinga. Mareano har gjeve monaleg ny kunnskap om marin natur. Kartleggings- og overvakingsprogrammet for sjøfugl, SEAPOP med arealmodulen SEATRACK, har gjeve mykje ny kunnskap som er viktig for forvaltninga av sjøfugl. Begge programma vil bli førte vidare i 2023.

Det er òg behov for vidare forsking knytt til forvaltningstiltak for å styrkje naturlege bestandar og auke potensialet for hausting. Døme på slike forvaltningstiltak er marine verneområde og bevaringsområde for hummar og kysttorsk. Det er sett i gang arbeid med eit pilotprosjekt for naturmangfald og auka biologisk produksjon for å byggje opp igjen økosystema i området Skagerrak–Oslofjorden.

Heilskapleg plan for Oslofjorden

Tilstanden for livet i Oslofjorden er svært alvorleg. Store delar av Oslofjorden har ikkje god nok økologisk og kjemisk miljøtilstand. Avrenning frå jordbruk og utslepp frå avløp er blant dei største påverknadene. Regjeringa vil at Oslofjorden skal vere rein, rik og tilgjengeleg for alle. Med bakgrunn i oppmodingsvedtak (575 (2017–2018)) frå Stortinget la den førre regjeringa i mars 2021 fram ein heilskapleg plan for Oslofjorden, Helhetlig tiltaksplanfor en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv. Planen tek tak i dei største utfordringane for Oslofjorden og presenterer tiltak og punkt for kunnskapsinnhenting, i første omgang fram mot 2026. Regjeringa vil raskt følgje opp tiltaksplanen. Regjeringa rettar i tillegg særleg merksemd mot dei største utfordringane: avløp, jordbruk og fiskeri.

Regjeringa vil mellom anna styrkje arbeidet med å redusere utslepp frå avløp til Oslofjorden. Det er mellom anna nødvendig å sørgje for at kommunane får strengare reinsekrav i utsleppsløyve etter forureiningslova og -forskrifta. Regjeringa vil difor styrkje arbeidet til Miljødirektoratet og statsforvaltarane med å revidere utsleppsløyva og sørgje for god oppfølging og rettleiing av kommunane.

Ansvaret for å gjennomføre tiltaka i Oslofjordplanen ligg hos miljømyndigheitene og hos dei enkelte sektormyndigheitene. Felles innsats på tvers av sektorar ligg til grunn for tiltaksplanen. I tillegg til fleire departement er kommunane, statsforvaltaren og dei underliggjande etatane til departementa sentrale aktørar for gjennomføring av tiltaka. Måla i planen er å oppnå god miljøtilstand, at viktige naturverdiar skal restaurerast, at eit aktivt friluftsliv skal fremjast, og at naturmangfaldet i fjorden skal varetakast. For å nå måla presenterer planen 63 tiltak mot ei rekkje av påverknadene og 19 punkt for kunnskapsinnhenting.

Oslofjordrådet vart etablert i august 2021 for å sikre framdrift i arbeidet og gjennomføring av tiltak. Rådet er leidd av klima- og miljøministeren og består mellom anna av ordførarar, fylkesordførarar og dei departementa som det gjeld. I tillegg deltek statsforvaltarane det gjeld, og Oslofjorden friluftsråd. Regjeringa vil i 2023 prioritere å følgje opp den heilskaplege tiltaksplanen.

Tiltak mot framande artar

Framande artar kan redusere det stadeigne naturmangfaldet. Tiltaksplan 2020–2025 om bekjempelse av fremmede skadelige organismer har ei overordna føring om at tidleg innsats er avgjerande for å hindre at framande artar etablerer seg i Noreg og spreier seg. I 2023 blir fleire av tiltaka i planen følgde opp under denne føringa.

Artsdatabanken skal publisere nye risikovurderingar av framande artar i 2023. Dette blir den fjerde lista over framande artar sidan 2007. Denne gongen blir langt fleire dørstokkartar, nye framande artar som kan komme til å etablere seg i Noreg, vurderte for første gongen. Klima- og miljødepartementet skal arbeide med ei revidert forbodsliste til forskrift om framande organismar, der den nye Framandartslista frå Artsdatabanken blir eit sentralt kunnskapsgrunnlag. Fleire framande artar vil bli vurderte for forbod.

Som del av tiltaksplanen skal det i 2023 gjevast ut informasjon om fjerning av nokre utvalde hageplantar for å hindre spreiing ut i naturen. Det skal òg utviklast nærmare rettleiing om framande hageplantar og korleis ein kan unngå spreiing.

Bruk av utanlandske treslag til skogbruksformål er regulert i ei eiga forskrift. Klima- og miljødepartementet har motteke ei samla tilråding frå Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet om endringar i forskrifta. Hensikta med forskriftsendringa er å redusere spreiing av sitkagran og andre utanlandske treslag med høg eller svært høg økologisk risiko i norsk natur. Departementet tek sikte på at ny forskrift er sett i verk i løpet av 2023.

Regulering av genmodifiserte organismar (GMO)

Genteknologiutvalet vart sett ned hausten 2020. Utvalet skal gjere ein brei fagleg gjennomgang av spørsmål knytte til framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (GMO) og oppdatere kunnskapsgrunnlaget om genteknologi. Utvalet skal òg vurdere tilrådingane frå Bioteknologirådet om ei oppmjuking av genteknologilova og foreslå endringar i norsk lov og praksis der utvalet finn det nødvendig eller formålstenleg. Regjeringa vil 1. juni 2023 få levert tilrådingane frå utvalet. Regjeringa vil vurdere og følgje opp tilrådingane frå utvalet på eigna måte.

Tiltak for å ta vare på trua artar og naturtypar

Det er mange verkemiddel i bruk for å ta vare på og betre utviklinga for trua natur, mellom anna områdevern, utvald naturtype og prioritert art. Departementa har slutta seg til ein oppfølgingsplan for arbeidet med trua natur utarbeidd av ei direktoratsgruppe. Oppfølgingsplanen er utarbeidd med bruk av kriterium gjevne i naturmangfaldmeldinga og omhandlar 23 artar og 12 naturtypar. Planen beskriv korleis forvaltninga vil bruke verkemiddel som prioritert art, utvalde naturtypar, områdevern og ulike verkemiddel i sektorane. Forslag om korallrev og typisk høgmyr som utvalde naturtypar, i tråd med planen, var på høyring i 2022. I 2023 vil regjeringa halde fram med å følgje opp planen.

Rovviltforvaltning

Regjeringa fører ein meir restriktiv rovviltpolitikk med lågast mogleg tap av beitedyr og der bestandsmåla for alle rovviltartane blir nådde. Regjeringa byggjer rovdyrpolitikken på rovviltforlika, den todelte målsetjinga, naturmangfaldlova og Bernkonvensjonen. Regjeringa vil også greie ut ein reduksjon av bestandsmåla for ulv og bjørn, med mål om å redusere belastninga for beitenæring og lokalsamfunn.

Samspelet med dei lokale skadefellingslaga skal førast vidare, og regjeringa vil følgje opp dei tre vedtaka frå Stortinget i mars 2021 som omhandla dette temaet.

Pollinerande insekt

Regjeringa vil ta vare på bier og andre pollinerande insekt i Noreg og vil i 2023 halde fram med arbeidet med å følgje opp Tiltaksplan for ville pollinerende insekter. Oppfølgingsarbeidet gjennom 2023 vil vere knytt til å klargjere kartlegging av viktige leveområde, styrkje nasjonal overvaking av viktige leveområde, bidra til auka restaurering og skjøtsel for å vareta god tilstand i leveområde og til å bidra til tilrettelegging som styrkjer omsynet til ville pollinatorar i kommunal arealforvaltning. Tap og øydelegging av leveområde blir sett på som den største trusselen mot pollinerande insekt, og tiltak som reduserer denne trusselen, har høgast prioritet.

Villrein

Regjeringa vil i 2023 følgje opp kvalitetsnorma for villrein. Klima- og miljødepartementet vil i samråd med andre aktuelle departement framover vurdere planar for korleis kvaliteten kan bli nådd for dei villreinområda som i 2022 vart klassifiserte til dårleg tilstand.

Skrantesjuke (CWD) vart påvist på villrein i Nordfjella villreinområde sone 1 i 2016. Villreinbestanden i det området vart teken ut som eit ledd i kampen mot sjukdommen. Regjeringa vil prioritere arbeidet for å leggje til rette for reetablering av villrein i Nordfjella sone 1.

I 2020 vart skrantesjuke (CWD) oppdaga hos villreinstamma på Hardangervidda. Etter råd frå Mattilsynet og Miljødirektoratet set regjeringa i verk nødvendige tiltak for å avgrense og utrydde denne svært alvorlege sjukdommen. Det er viktig å få god kunnskap om sjukdommen, og regjeringa vil halde fram med å overvake og forske vidare på sjukdommen.

Sjøfugl

Fleire av sjøfuglartane har vore i kontinuerleg tilbakegang sidan overvakinga av dei starta. Det har teke tid å få på plass kunnskapsgrunnlaget som handlingsplanen skal byggje på. Regjeringa vil difor etter planen fremje ein handlingsplan for sjøfugl i 2024. Handlingsplanen blir eit viktig strategi- og planleggingsverktøy for å koordinere tiltak på tvers av sektorar. Målet med planen er å bidra til ein betre tilstand for norske sjøfuglbestandar.

Forvaltning av vill laksefisk

Den førre regjeringa la i 2021 fram ein handlingsplan for å oppfylle kvalitetsnorma for villaks. Oppfølginga av planen vil bli prioritert av regjeringa i 2023.

Regjeringa vil halde fram med å kalke vassdrag som er ramma av forsuring. Tiltaka mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris (gyro) vil bli vidareførte i tråd med faglege tilrådingar. I 2023 vil det som i 2022 bli satt av midlar til gyrobehandling av Drivaregionen. Første gongs behandling skjedde i 2022 og må gjentas i 2023. Vidare vil òg rehabilitering av fisketrapper bli prioritert.

Departementet vil halde fram med arbeidet med ei forskrift om særleg beskyttelse av laksen i nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar. Forskrifta skal etter planen regulere mellom anna laksefiske, kultivering av anadrome laksefisk og innlandsfisk, akvakultur, vassdragstiltak og andre tiltak som kan innverke på laksen. Føringar i St.prp. nr. 32 (2006–2007) Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder vil med dette bli forskriftsfesta.

Nedkjemping av pukkellaks

Frå 2017 har det vore ein urovekkjande trend med eksponentiell vekst i talet på pukkellaks i norske elvar. Invasjonen av denne framande arten var rekordstor i 2021. Ein ny stor invasjon er forventa i 2023. Utfordringa er særleg stor i Aust-Finnmark, og stoda er mange stader kritisk. Dersom utviklinga held fram, vil pukkellaks bli den dominerande laksefisken i Troms og Finnmark i år med invasjonar. Dersom han etablerer seg i norske elvar, vil pukkellaksen kunne spreie seg til andre land rundt Nord-Atlanteren òg. Målet for arbeidet med pukkellaks i åra som kjem, er å avgrense gytinga av pukkellaks i Noreg mest mogleg.

Pukkellaksen utgjer ein stor risiko for skade på heimehøyrande laksebestandar og det naturlege biologiske mangfaldet i norske vassdrag. I 2021 vart det sikra midlar til innkjøp av flyteristfeller i prioriterte vassdrag i Finnmark. Fleire av desse er installerte sommaren 2022. Miljødirektoratet har etter oppdrag frå departementet oppretta ei nasjonal kompetansegruppe for pukkellaks. Kompetansegruppa skal koordinere fangstuttak på regionnivå og hjelpe til med tilråding av utstyr og fangstmetodar. Miljødirektoratet har også, i tråd med tilrådinga frå den nasjonale kompetansegruppa, gjeve oppdrag til ei allereie etablert «sperregruppe» som skal jobbe spesifikt med uttak i store vassdrag. Klima- og miljødepartementet vil auke innsatsen mot pukkellaks i 2023.

Skogvern

Skogvern er eit viktig verkemiddel for å nå nasjonale mål for naturmangfald, særleg fordi mange trua artar og naturtypar finst i skog, og fordi skogvernet hittil ikkje dekkjer eit representativt utval av norsk skognatur. Regjeringa vil gjennomføre skogvernet på ein måte som får minst mogleg konsekvensar for avverkinga og moglegheitene for skognæringa til å bidra i det grøne skiftet. Det er difor frå februar 2022 sett i verk ei ordning for å avvege omsyn til verneverdiar mot omsyn til skogbruksinteresser. Den nye ordninga vil bidra til eit treffsikkert skogvern. Eit treffsikkert skogvern er i tillegg viktig for å sikre effektiv bruk av midlane som blir brukte til skogvern. Det vil difor bli sett i verk tiltak mellom anna for å sikre at kartlegginga og prosessane i skogvernet best mogleg fangar opp dei viktigaste skogareala for trua artar og naturtypar. Vidare vil ein vurdere korleis ein kan sikre eit treffsikkert frivillig skogvern ved å nytte handlingsrommet slik at staten til dømes ikkje tilbyr for høg erstatning for skog med låg lønnsemd med tanke på skogbruk, og slik at ein oppnår vern av skog med viktige verneverdiar. Regjeringa legg vekt på at skog som blir verna på privateigd grunn, skal vere frivillig vern.

På grunn av redusert løyving vil aktiviteten i 2023 reduserast.

Bevaring av verdifull natur

Regjeringa meiner vern av naturtypar og dyre- eller planteartar er nødvendig i einskilde tilfelle. Vern er eit middel for å bevare natur, ikkje eit mål i seg sjølv. Vern av sjeldne artar og naturtypar må vere kunnskapsbasert og skje etter naturvitskaplege kriterium. Tap av sårbar natur skal bli førebygd og reparert, og vern av representativ norsk natur skal sikrast.

Dette skal òg skje etter naturvitskaplege kriterium. Dei naturvitskaplege utgreiingane har vist at i områda som er verna i dag, er særleg natur i lågtliggjande område i Sør-Noreg under 300 moh. ikkje godt nok representerte. Natur som er trua av utrydding, er heller ikkje i tilstrekkeleg grad bevart i verneområda. For å nå dei nasjonale måla for naturmangfald og FNs berekraftsmål nr. 15 Liv på land er det difor nødvendig følgje opp Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet og fylle manglane i nettverket av verneområde med supplerande vern. Prosessen med å vurdere nye område for slikt supplerande vern starta i 2020. Kommunane blir involverte i å velje ut kandidatområde før det blir starta formelle verneplanprosessar i regi av statsforvaltarane. Arbeidet har starta i fylka i Sør-Noreg. I 2023 vil prosessen halde fram. Det er venta vernevedtak for dei første områda i denne kategorien vern i 2023. Desse nye verneområda skal ikkje omfatte skog eller marine område, som vil skje gjennom eigne prosessar.

I område der vern er aktuelt, skal verneplanprosessane vere gode og inkluderande. Alle det gjeld, kan uttale seg i opne høyringar. Statsforvaltarane har dialog med kommunane, grunneigarorganisasjonar, naturvern- og friluftslivsorganisasjonar m.fl. Det blir gjort grundige avvegingar mellom verneinteresser og andre samfunnsinteresser før eit eventuelt vedtak om vern blir gjort. Sametinget og andre relevante samiske interesser blir konsulterte der det er aktuelt. Lokal forankring er viktig for eit godt resultat i vernearbeidet.

I 2023 vil regjeringa gjennom Miljødirektoratet og statsforvaltaren òg gjennomføre vidare prosessar med sikte på vern i område som eignar seg for å bli nasjonalpark eller landskapsvernområde, som har tilstrekkelege verneverdiar, og der det er mogleg å få lokal aksept for vern. Arbeidet starta i 2022 i fylka Innlandet, Møre og Romsdal og Vestland. Dei aktuelle områda omfattar fire heilt nye verneområde – Sunnmørsalpane i Møre- og Romsdal og Hornelen, Masfjordfjella og Øystesefjella i Vestland. I tillegg er det aktuelt at fleire område kan bli gjort om frå landskapsvernområde til nasjonalpark og med ei rekkje større og mindre utvidingar av noverande verneområde. Bevaring av fleire av desse store, samanhengande naturområda som vi har att i Noreg, er viktig av mange grunnar. Det sikrar samanhengande landskap, gjer at nokre artar kan tole klimaendringane betre, og bevarer økologiske nettverk av naturområde.

Marine verneområde

Oppfølging av tiltaka i Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur står sentralt i arbeidet med å ta vare på viktig natur i havet gjennom etablering av marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak.

Marint vern skal medverke til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller trua marine naturtypar og naturverdiar blir tekne vare på for framtida. I arbeidet med marin verneplan går det for seg verneprosessar for 12 av dei 36 områda som vart foreslått som marine verneområde i 2004, medan 18 område er verna. To av dei 36 områda ligg utanfor 12 nautiske mil. I 2023 vil det bli arbeidd vidare med å etablere nye marine verneområde. Ein tek sikte på å ha starta opp verneprosessar for dei resterande områda innan 2024. Marin verneplan frå 2004 vil òg bli supplert med nye område. Regjeringa vil no utarbeide ei ny lov med heimel til å opprette marine verneområde i norske havområde utanfor 12 nautiske mil. Den nye lova skal byggje på reglane i naturmangfaldlova om områdevern og fungere godt saman med eksisterande næringslovgjeving. Ei slik lov vil styrkje systemet vårt for bevaring av marin natur og gjere oss betre i stand til å ta vare på havområda våre i framtida.

Regjeringa vil òg hente meir erfaring med bevaring og restaurering av økosystem og kartleggje område som er viktige for karbonlagring.

Sikring av verdiane i verneområda

Regjeringa vil halde fram med arbeidet for å betre forvaltninga av dei eksisterande verneområda.

Langsiktig forvaltning av områda er avgjerande for å nå det nasjonale målet om at eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar. Vidareføring og prioritering av feltarbeidet til Statens naturoppsyn (SNO) gjennom eit effektivt og målretta naturoppsyn er også avgjerande for å nå dette målet. Innsatsen i 2023 vil følgje prioriteringane i Miljødirektoratets strategi for bruk av midlar til tiltak i verneområde for perioden 2020–2025. I 2023 vil regjeringa halde fram med å prioritere skjøtsel av verneområde for å motverke gjengroing og spreiing av framande artar, som er dei største truslane mot verneverdiane.

Regjeringa aukar satsinga på nasjonalparkar gjennom eit nasjonalparkløft som skal leggje til rette for betre forvaltning av nasjonalparkane. Løyvinga er foreslått auka til tiltaksmidlar til verneområdestyra, tre nye stillingar som verneområdeforvaltarar og styrking av besøkssentera for nasjonalparkane med to nye besøkssenter. Regjeringa vil leggje til rette for at nasjonalpark- og verneområdestyra gjennom besøksstrategiar får eit verktøy for å styre ferdselen til område som toler det, i nasjonalparkar og andre store verneområde. Nokre nasjonalparkar manglar framleis besøksstrategiar, og det vil bli arbeidd vidare med dette i 2023. Regjeringa vil halde fram med å prioritere tilrettelegging, med mellom anna skilting og vedlikehald av stiar. All informasjon om nasjonalparkar og andre store verneområde skal ha høg kvalitet, mellom anna ved å følgje merkevara Noregs nasjonalparkar og vere i tråd med besøksstrategien for området. Utvikling av nettstaden Norgesnasjonalparker.no vil halde fram i 2023.

Norsk natur er òg ein ressurs for både lokalbefolkning og for turistar. Regjeringa vil i 2023 gjennom nasjonalparkløftet styrkje dei autoriserte nasjonalparksentera som viktige formidlarar av nasjonalparkar og anna norsk natur. Sentera skal formidle informasjon om nasjonalparkar og andre verna område, og dei skal stimulere til å bruke naturen til friluftsliv som læringsarenaer og møteplassar for samarbeid mellom forvaltning, naturoppsyn, næringsliv, skular, barnehagar, frivillige organisasjonar og andre aktørar. I 2023 er det sett av midlar til to nye nasjonalparksenter.

Ordninga med lokal forvaltning av nasjonalparkar og andre store verneområde og forsøksordninga med grunneigar- og partssamansette verneområdestyre er evaluerte (NF-rapport nr.: 1/2021 og NF-rapport nr.: 9/2020). Klima- og miljødepartementet vurderer rapportane og vil avklare den nærmare oppfølginga av dei.

Kulturlandskap

Gjennom dei årlege jordbruksforhandlingane blir det arbeidd med klima- og miljøvennlege verkemiddel. Dette medverkar til at vi kan nå dei nasjonale klima- og miljømåla.

Regjeringa vil i 2023 halde fram med arbeidet med å ta vare på kulturlandskap. Ordninga for Utvalde kulturlandskap i jordbruket blir finansiert over budsjettet til Klima- og miljødepartementet og til Landbruks- og matdepartementet og omfattar no totalt 49 område. Ordninga skal sikre verdiar knytte til landskap, naturmangfald, kulturminne og kulturmiljø saman med aktiv jordbruksdrift. To nye område (Kaupang og Vestvågøy) vil bli innlemma i ordninga i 2023.

Internasjonalt samarbeid for å ta vare på naturmangfaldet

Tapet av natur går raskare enn nokon gong. Det internasjonale naturpanelet (IPBES) anslår at bortimot 1 mill. artar kan døy ut, og at leveområda stadig blir mindre. Vi treng ei felles løysing på eit globalt problem. Landa i verda forhandlar no om eit nytt globalt rammeverk for bevaring av natur under konvensjon om biologisk mangfald (CBD). Eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald er venta sluttført i 2022. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av det globale rammeverket for naturmangfald på eigna måte så fort som mogleg etter at rammeverket er på plass.

Noreg deltek aktivt og samarbeider tett med ei rekkje land for å sikre ei forpliktande løysing som kan snu den negative trenden med tap av natur. Semje om eit sett med ambisiøse mål er ein viktig del av rammeverket, men det er også avgjerande å få på plass effektive verktøy som medverkar til at landa gjennomfører måla. Gradvis opptrapping av innsats over tid, jamleg rapportering og transparens i dei nasjonale strategiane landa har, er viktige element. Det nye rammeverket må leggje til grunn ei heilskapleg forståing der bevaring av naturmangfald blir sett i samanheng med reduksjon i klimagassutslepp og tilpassing til klimaendringar. Hovudrapporten til Naturpanelet om tilstanden til naturen er, saman med Klimapanelets 1,5-gradarsrapport og spesialrapport om klimaendringar og landareal, eit heilt sentralt kunnskapsgrunnlag for det nye rammeverket.

Noreg leier styringsgruppa for den nordiske satsinga på naturbaserte løysingar i Norden. Nordisk ministerråd har løyvd 26 mill. DKK til det fireårige programmet som skal auke kunnskapen om naturbaserte løysingar og korleis dei bidreg til betre måloppnåing for klima, klimatilpassing og naturmangfald i dei nordiske landa. Forskrift om utnytting i Noreg av genetisk materiale med opphav i andre land blei fastsett i 2022.

International Maritime Organization (IMO) er i gang med ein revisjon av retningslinjene for tilgroing på skip med sikte på å unngå overføring av framande artar frå eitt farvatn til eit anna. Dette er viktig for å unngå å øydeleggje naturmangfaldet gjennom introduksjon av framande artar som kan skade naturverdiar i sjøen. Noreg har ei nøkkelrolle i arbeidet med revideringa av retningslinjene.

Miljøkriminalitet

Arbeidet med å følgje opp stortingsmeldinga om miljøkriminalitet vil halde fram i 2023. Meldinga har totalt 97 tiltak for å styrkje innsatsen mot miljøkriminalitet. Nasjonalt omfattar tiltaka informasjons- og haldningsskapande arbeid, tilsyn/kontroll, sanksjonar, administrativ handheving, auka bruk av teknologi og samarbeid med andre tilsynsmyndigheiter, Tolletaten og politi. Arbeidet i 2023 vil mellom anna omfatte å vurdere lovendringar for å styrkje den strafferettslege forfølginga av miljøkriminalitet, særleg vurderingar av å auke strafferammer.

Internasjonalt er det viktig å få global merksemd om at miljøkriminalitet er ei grenseoverskridande og alvorleg form for organisert kriminalitet som må sjåast i samanheng med økonomisk kriminalitet som korrupsjon, kvitvasking, dokumentfalsk, skatteunndraging og tollsvindel. Tiltaka her omfattar utvikling av internasjonal politikk, internasjonal rettsutvikling, utviklingspolitiske verkemiddel, arbeid i internasjonale organisasjonar og sivilsamfunn, bruk av teknologi, verdikjedesporing og handelsavtalar og motverking av ulovleg netthandel.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for friluftsliv

Sikring, varetaking og tilrettelegging av friluftslivsområde

Miljødirektoratets ferdselsåreprosjekt vil bli prioritert i 2023 òg. I 2023 vil Miljødirektoratet i nært samarbeid med fylkeskommunane arbeide vidare med at alle kommunane lagar eigne planar for ferdselsårene i sin kommune. Det vil òg arbeidast med ordningar om korleis ein kan hjelpe kommunane til å realisere desse planane.

Ein sentral del av den heilskaplege tiltaksplanen for Oslofjorden er å betre tilgangen til fjorden for friluftsliv og rekreasjon. Det er viktig at allmenta sin lovlege ferdsel og opphald i strandsona ikkje blir hindra av ulovlege stengsel og installasjonar. Tilskotsordninga som gjev midlar til juridisk bistand til kommunane langs Oslofjorden for å halde allemannsretten i hevd, er viktig for å bidra til dette.

Arbeidet med bevaring av viktige friluftslivsområde gjennom sikring vil halde fram i 2023. Bevaring av friluftslivsområde i nærmiljøet som kan nyttast av mange, vil bli prioritert. Landfaste område i strandsona og område langs vassdrag med lett tilgjenge har òg høg prioritet. Gjennom øyremerkte midlar bidreg regjeringa til utvikling av blågrøne område som ein del av områdesatsingane i Oslo.

Regjeringa vil leggje til rette for nasjonale vandringsstiar. I 2023 vil det bli gjeve midlar til tilretteleggingstiltak på nokre av dei mest brukte turstiane våre gjennom tilskotsordninga Nasjonale turiststiar, og arbeidet med å autorisere nye Nasjonale turiststiar vil halde fram.

Motivering til friluftsliv

Regjeringa vil halde fram med å prioritere motivering til friluftsliv for heile befolkninga. Regjeringa vil i 2023 halde fram med å prioritere tiltak som særleg kan rekruttere barn, unge, personar som er lite fysisk aktive, og personar med innvandrarbakgrunn til friluftslivsaktivitet. Regjeringa stiller seg positiv til at friluftslivsorganisasjonane gjennomfører eit nytt Friluftslivets år i 2025. Regjeringa vil i 2023 øyremerkje midlar til Norsk Friluftsliv, slik at desse kan starte arbeidet med planlegginga av året.

Allemannsretten

Regjeringa vil saman med friluftslivsorganisasjonane halde fram med å informere om rettane og pliktene som allemannsretten gjev. Å spreie kunnskap om naturvennleg ferdsel er viktig for å vareta opplevingskvalitetar, naturmangfald og nærings- og grunneigarinteresser i utmarka.

Motorferdsel i utmark

I samband med behandlinga av Dokument 8:155 S (2020–2021) og Dokument 8:161 S (2020–2021), jf. Innst. 429 S (2020–2021), bad Stortinget regjeringa om å fremje forslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Siktemålet er «økt lokalt selvstyre og redusert byråkrati knyttet til praktiseringen av loven, samtidig som hensyn til natur og friluftsliv blir ivaretatt». Med bakgrunn i oppmodinga sette Kongen i statsråd 3. september 2021 ned eit offentleg utval som skal gjennomgå regelverket om motorferdsel i utmark og vassdrag og foreslå endringar i dette. Vedtaket gjev sentrale føringar for arbeidet til utvalet. Mandatet frå regjeringa opnar for ein brei gjennomgang av regelverket, og utvalet står fritt til å foreslå endringar i motorferdsellova eller ei heilt ny lov. Utvalet skal leggje vekt på å skape klare reglar som er enklare å praktisere. Formålet i motorferdsellova om å «ut fra et samfunnsmessig helhetssyn […] regulere motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremme trivselen», jf. § 1, ligg fast. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. desember 2023.

Omfanget av ulovleg motorferdsel er for høgt. Ulovleg motorferdsel er mellom anna ei utfordring for vilt og anna naturmangfald og for friluftslivet. Den forsterka innsatsen frå naturoppsynet knytt til kontroll av lovleg og avdekking av ulovleg motorferdsel vil difor bli vidareført.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for forureining

Forureining til vatn, jordsmonn, luft og vegetasjon har ofte alvorlege følgjer for helse og miljø. Regjeringa er særleg oppteken av å redusere spreiing av plastforureining, særleg spreiing av mikroplast, og redusere spreiing av miljøgifter og hindre at miljøgifter hopar seg opp i næringskjeda. Dei viktigaste verkemidla er forureiningslova og produktkontrollova.

Forureiningslova skal medverke til å verne det ytre miljøet mot forureining, redusere eksisterande forureining og til å redusere avfallsmengda og fremje betre avfallshandtering. Formålet er å sikre at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader evna naturen har til produksjon og sjølvfornying. Lova byggjer mellom anna på prinsippet om at forureinaren betaler, og prinsippet om føre var og set eit generelt forbod mot forureinande utslepp. Verksemder kan søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve. I slike løyve blir det sett vilkår for utsleppa.

Produktkontrollova skal førebyggje at produkt og forbrukartenester gjev helseskade eller miljøforstyrring, mellom anna gjennom å fremje effektiv bruk av energi i produkt. Lova inneheld mellom anna ei plikt om aktsemd for alle som har å gjere med produkt som kan medføre helseskade eller miljøforstyrring, og eit krav om at ei verksemd må vurdere kjemikaliebruken sin og nytte mindre skadelege alternativ der det kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe.

Til både forureiningslova og produktkontrollova er det fastsett ei rekkje krav i forskrifter. Det er òg fastsett forskrifter med heimel i fleire lover der formålet er å regulere helse- og miljøskadeleg forureining samstundes som ein regulerer andre faktorar som påverkar miljø og samfunn. Forskrift om rammer for vannforvaltningen er eit slikt døme.

Tilsyn blir nytta for å avdekkje eventuelle brot på regelverket. Miljøstyresmaktene gjennomfører risikobasert tilsyn ved at dei prioriterer område der påverknad eller risiko for påverknad av miljøet er størst, og der det er stor risiko for brot på miljøregelverket. Når dei finn brot på regelverket, vil miljøstyresmaktene vedta sanksjonar av ulike slag. Miljøstyresmaktene kan mellom anna nytte gebyr ved brot på reglane.

Andre viktige verkemiddel i forureiningspolitikken er regelverk som er forvalta av andre styresmakter, avgifter som reflekterer dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved utsleppa, og som stimulerer til redusert forureining, tilskot over statsbudsjettet og kunnskap om utslepp, spreiing og effektar av forureining.

Forureining kryssar landegrenser. Eit ambisiøst EU/EØS-regelverk og internasjonale avtalar der landa tek på seg å redusere utsleppa sine, er difor viktige for å redusere forureining som skader miljøet og helsa til menneske.

Kjemikaliar

Kjemikaliepolitikken skal redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. Føre-var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker. Miljøgifter og andre stoff som er rekna for å utgjere ein alvorleg trussel mot helse og miljø, blir sette på den norske prioritetslista1 – som for tida omfattar 75 stoff og stoffgrupper. Regjeringa arbeider for å redusere spreiinga av slike stoff. Prioritetslista spesifiserer kva stoff som skal reduserast vesentleg med sikte på at stoffa skal fasast ut, og gjev føringar om at nasjonalt og internasjonalt arbeid med desse stoffa skal prioriterast. Utsleppa av stoffa på lista blir reduserte gjennom streng regulering av produkt både nasjonalt og internasjonalt, gjennom tiltak for opprydding av forureining og gjennom krav til industriutslepp og avfallshandtering. Ein viktig del av arbeidet vidare er å følgje opp prioritetslista nasjonalt og internasjonalt og å identifisere fleire miljøgifter som skal omfattast av prioritetslista. I arbeidet med nye prioriterte stoff blir ikkje berre enkeltstoff vurderte, det er òg lagt vekt på å vurdere grupper av stoff med like eller nærliggjande eigenskapar som potensielt kan takast i bruk som erstatningar for kvarandre. På den måten kan ein unngå til dømes uheldige erstatningar med like farlege, nesten like stoff.

Prioritetslista vart presentert første gongen i 1997. Tre lineære siloksanar, bisfenol B og dekloran 602 er vurderte å oppfylle kriteria for prioritetslista, og desse stoffa blir no inkluderte i lista – sjå nærmare omtale i boks 7.2.

Miljøgifter blir transporterte over lange strekningar med luft- og havstraumar, gjennom handel med produkt og gjennom avfallsstraumar. Difor er arbeid på både nasjonalt, europeisk og internasjonalt nivå svært viktig og ein føresetnad for å handtere utfordringane vi står overfor. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtalen. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og i EU. Noreg medverkar aktivt i arbeidet for å styrkje og gjennomføre EU-regelverket på kjemikalieområdet. Sentralt er også oppfølging av EUs kjemikaliestrategi for berekraft som vart lansert hausten 2020. Mellom anna skal mange kjemikalieregelverk reviderast for å få på plass regulering av fleire helse- og miljøfarlege stoff raskare.

EU har eit omfattande regelverk for registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH) og for klassifisering, merking og emballering av helse- og miljøfarlege stoff (CLP). Vidare utvikling av desse regelverka er svært viktig i kjemikaliepolitikken.

Noreg har òg felles reglar med EU om produkt med biocid som blir nytta til å øydeleggje uønskte organismar, og norsk innsats med vurdering av aktive stoff og biocidprodukt skal aukast. Noreg gjev godkjenning til biocidprodukt for den norske marknaden.

Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemicals Agency) er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget for kjemikaliearbeidet til EU. Noreg deltek aktivt i ECHAs arbeid.

Boks 7.2 Fem nye stoff til prioritetslista

Det er eit nasjonalt mål at bruk og utslepp av kjemikaliar på prioritetslista skal stansast, og formålet med prioritetslista er å gje føringar for arbeid med utfasing av desse farlegaste stoffa. Stoffa siloksan L3, siloksan L4, siloksan L5, bisfenol B og dekloran 602 er moglege erstatningsstoff for kjende miljøgifter og har i stor grad dei same bekymringane knytte til seg.

Dei lineære siloksanane L3, L4 og L5 er svært like i struktur og eigenskapar. Stoffa har mange bruksområde, mellom anna i kosmetikk, smørjemiddel, bilpleieprodukt og vaskemiddel. Studiar viser ei halveringstid langt over kriteria for å bli definert som veldig persistent og at stoffa har ei betydeleg evne til å hope seg opp i levande organismar. Vidare er stoffa påviste i både menneske, dyr, innemiljø og ytre miljø. Når stoffet først har hamna i miljøet, vil det brytast ned sakte, og utslepp over tid vil kunne medføre akkumulering i visse delar av miljøet. Dei lineære siloksanane L3, L4 og L5 blir inkluderte på prioritetslista på dette grunnlaget.

Stoffet bisfenol B (BPB) har ein struktur som er svært lik bisfenol A (BPA), som allereie står på prioritetslista. Hormonforstyrrande stoff er av stor bekymring sidan dei kan påverke reproduksjonen, vekst og utvikling, og i testar er det gjennomgåande at BPB har tilsvarande eller sterkare hormonforstyrrande effektar enn BPA. I EU er det semje om at BPB er hormonforstyrrande for menneske og stoffet er på kandidatlista i REACH med bakgrunn i denne eigenskapen. Basert på at BPB er tilsvarande hormonforstyrrande for menneske og miljøet som BPA, blir BPB inkludert på prioritetslista.

Den klorerte flammehemmaren dekloran 602 har liknande fysisk-kjemiske eigenskapar som dekloran Pluss, som allereie står på prioritetslista, og har truleg liknande eigenskapar for persistens og bioakkumulering. Strukturen til stoffet tilseier at dekloran 602 vil brytast svært sakte ned i miljøet, og stoffet oppfyller kriteria for stoff som er svært lite nedbrytelege. Dette er underbygd av data som viser at dekloran 602 hyppig dukkar opp i miljøet og i biota over heile verda. Vidare viser ei stor mengd studiar tydeleg at dekloran 602 akkumulerer i organismar i tilsvarande eller større grad enn liknande stoff, som til dømes dekloran pluss, som har blitt stempla som svært lite nedbryteleg og svært bioakkumulerande. På dette grunnlaget blir dekloran 602 inkludert på prioritetslista.

Noreg arbeider aktivt og er ein pådrivar for globale tiltak for å redusere forureining og sikre meir forsvarleg handtering av kjemikaliar og avfall, til dømes under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar, Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av avfall, Rotterdamkonvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, Minamatakonvensjonen om kvikksølv og miljøgiftprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa. Noreg arbeider kontinuerleg for global regulering av fleire stoff under Stockholmkonvensjonen. Noreg deltek også i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for miljøforsvarleg handtering av kjemikaliar og avfall for tida etter 2020. Forhandlingane har blitt utsette fleire gonger på grunn av pandemien. Målsetjinga er at landa skal bli samde om det nye rammeverket hausten 2023. Noreg jobbar også for å få på plass eit nytt globalt vitskapspanel for kjemikaliar, avfall og forureining etter mal av Klimapanelet (IPCC) og Naturpanelet (IPBES). Forhandlingane om panelet skjer i perioden 2022–2024. Dette vil bidra til å drive fram ny kunnskapsbasert politikk og regelverk.

Kunnskap gjennom forsking, kartlegging av potensielt skadelege stoff i produkt, avfall og utslepp og miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt for å få på plass regionale eller globale avtalar fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem.

Mål om nullutslepp frå petroleumsverksemda

Utsleppa frå petroleumsverksemda av miljøfarlege tilsette kjemikaliar, stoff som finst naturleg, inkludert dispergert olje, og radioaktive stoff som finst naturleg, har totalt sett auka dei siste åra. Det er difor behov for å føre vidare arbeidet og framleis følgje opp nullutsleppsmålet for petroleumsverksemda.

Gammal forureining i grunn og sjøbotn

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått føre seg i fleire tiår, og kvart år blir eit stort tal lokalitetar i Noreg undersøkte, registrerte og, ved behov, sanerte. Totalt er det no drygt 13 000 lokalitetar i databasen Grunnforurensning, irekna 1 000 med alvorleg grunnforureining. Oppryddinga har i hovudsak skjedd etter pålegg med heimel i forureiningslova, retta mot ansvarleg forureinar eller grunneigar.

Hittil har mykje av arbeidet vore konsentrert om kartlagde, prioriterte forureina lokalitetar og tiltak i barnehagar. I dag er opprydding av alvorleg blyforureining ved Forsvarets skyte- og øvingsfelt og opprydding av perfluorerte stoff (PFAS) frå brannøvingar ved norske lufthamner høgt prioriterte. Dei fleste andre oppryddingstiltaka i forureina grunn blir gjorde i tilknyting til at byggje- og gravearbeid eller terrenginngrep skal gjennomførast i forureina område, og blir i hovudsak behandla av kommunane.

Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006 (jf. St.meld. nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø). I fleire år har hovudvekta av arbeidet på dei prioriterte områda med forureina sjøbotn vore tiltak i innleiande fasar med undersøkingar, pilotprosjekt og liknande. Arbeidet er no komme over i ein fase der fleire område i åra framover blir klare for opprydding av forureina sjøbotn. Dette er det mest kostnadskrevjande i arbeidet.

Av dei 17 høgast prioriterte områda, som er omtalte i handlingsplanen om forureina sediment, er 5 område ferdig rydda. I tillegg er det ferdig rydda i delar av fleire av dei andre prioriterte områda. Av nyare arbeid vart arbeidet med å rydde opp i forureina sjøbotn i Hammerfest hamn påbegynt i 2021 og er forventa å vere ferdig i 2023. Forutan dei 17 områda er det mellom anna også rydda opp i Horten hamn.

I statsbudsjettet for 2022 vart det gjeve midlar til oppstart av opprydding i forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvann i Bergen. Oppryddinga er venta å vere ferdig i 2024.

Handlingsplanen for forureina sediment inneheld også mål om undersøkingar og tiltak i forureina sjøbotn ved prioriterte skipsverft, store hamner og småbåthamner. Miljødirektoratet og statsforvaltarane arbeider med å syte for at områda blir kartlagde, og at det blir rydda opp der det er nødvendig.

Opprydding i forureina grunn og sjøbotn er kostbart og tidkrevjande, og hovudregelen er at prinsippet om at forureinar betaler, skal leggjast til grunn ved opprydding av forureina område. I nokre tilfelle vil likevel statlege styresmakter medverke med finansiering. Statleg medverknad kan til dømes vere aktuelt og nødvendig der den ansvarlege av ulike årsaker ikkje kan identifiserast eller ikkje kan stå for ei god opprydding, eller der det vil vere urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene, jf. omtale av tildelingskriterium for oppryddingspostane kap. 1420, post 39, 69 og 79.

Farleg avfall

Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Farleg avfall på avvegar kan føre til at miljøgifter blir spreidde og hopar seg opp i naturen. Difor må dette avfallet samlast inn og behandlast forsvarleg. Farleg avfall skal ikkje blandast saman med anna avfall, men handterast for seg. Det skal takast forsvarleg hand om og anten gå til materialattvinning eller energiutnytting eller vere sikra god nok nasjonal sluttbehandlingskapasitet. Det er òg strenge reglar som skal hindre at slikt avfall blir eksportert til land utan kapasitet til å behandle det forsvarleg. Auka materialattvinning av farleg avfall som kan skje utan ukontrollert spreiing av miljøskadelege stoff, er i tråd med intensjonen om sirkulær økonomi og norsk avfallspolitikk.

Farleg avfall oppstår i landbasert industri, i petroleumsindustri og bergverksdrift, i hushalda og ved avfallsforbrenning. I 2020 vart det ifølgje SSB levert 1,75 mill. tonn farleg avfall i Noreg til godkjend behandling. Dette er ein liten auke frå året før, men ei dobling frå mengda i 2003. Auken frå 2003 kan dels forklarast med auka aktivitet i industrien, dels med at meir avfall frå petroleumsindustrien til havs har blitt ført til land. I tillegg har strengare regelverk både i EU og i Noreg ført til at fleire avfallstypar er klassifiserte som farleg avfall. Det blir òg produsert og omsett stadig fleire produkt, og mange av desse inneheld helse- og miljøfarlege stoff. For å medverke til å førebyggje farleg avfall er det viktig å arbeide for at det blir utvikla meir miljøvennlege produkt.

Det er i utgangspunktet industrien som sjølv har som ansvar å sikre forsvarleg behandling av avfallet sitt, også farleg avfall. Samstundes er det viktig at Noreg held oppe ein nasjonal behandlingskapasitet for farleg avfall i samsvar med dei internasjonale pliktene som følgjer av Baselkonvensjonen og EUs rammedirektiv om avfall. Klima- og miljødepartementet følgjer difor utviklinga med etablering av ny behandlingskapasitet for farleg avfall.

Klima- og miljødepartementet er òg oppteke av å sjå på korleis mengdene farleg avfall kan reduserast, og korleis kunnskapsoppbygging knytt til FoU og innovasjon kan bidra til dette. Forskingsrådet fekk i 2021 i oppdrag å greie ut moglegheiter og hindringar for korleis forsking og innovasjon kan bidra til reduksjon og auka materialattvinning av farleg avfall i Noreg. Rapporten er venta hausten 2022.

Ein sirkulær produkt- og avfallspolitikk

Dei seinaste åra har det vakse fram ei erkjenning av at dersom ein skal redusere det samla fotavtrykket frå produksjon og forbruk og halde dette innanfor tolegrensene til planeten, må ein redusere det samla forbruket og gjere større endringar i måten ein produserer og forbruker varer på. Det er heilt sentralt i ein sirkulær økonomi at vi aukar utnyttinga av ressursane i heile verdikjeda, inkludert i avfallet, ved at desse ressursane blir haldne i krinsløpet lengst mogleg og kjem til nytte som råvarer for nye produkt og slik erstattar ny råvare. Utvikling av ein heilskapleg produktpolitikk som støttar opp om sirkulær økonomi, inkludert å leggje om på avfallspolitikken for at han skal fremje auka ressurseffektivitet frå avfallet, er ein viktig del av arbeidet for ein meir sirkulær økonomi.

Den nasjonale strategien for sirkulær økonomi frå 2021 ligg til grunn for politikken for sirkulær økonomi i Noreg. Noreg er ein del av den indre marknaden og arbeider aktivt saman med og overfor EU i aktuelle prosessar. Døme på dette er utvikling av avfallspolitikken og produktpolitikken. Eit felles europeisk miljøregelverk vil gje størst miljømessig gevinst.

Det er eit nasjonalt mål at veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten. Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at belastninga på klima og miljø som følgje av råvareuttak, produksjon og forbruk, irekna utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt, vil auke om ein ikkje lykkast med å førebyggje avfallsgenerering. Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvennleg teknologi medverka til store reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall. Dei store grepa i avfallspolitikken er difor ikkje lenger knytte berre til utsleppa frå sluttbehandling av avfall, men til å redusere avfallsmengdene gjennom førebyggjande tiltak lenger opp i verdikjeda, slik som produktdesign for auka levetid og moglegheit for reparasjon, auka ombruk av produkt og auka materialattvinning. På den måten reduserer vi utsleppa frå uttak av ressursar og frå produksjonen og transporten av nye produkt.

Avfallspolitikken blir gjennomført i eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel: forureiningslova og forskrifter gjevne i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtalar og informasjonstiltak og kombinasjonar av desse. Verkemidla skal sikre ein samfunnsøkonomisk og miljøvis god balanse mellom det som blir attvunne som materiale, og det som blir energiutnytta eller deponert. Regjeringa legg opp til tiltak og verkemiddel som skal styrkje rolla avfallspolitikken har som drivkraft for ein sirkulær økonomi i heile verdikjeda. Nøkkelen er eit tett samspel mellom avfalls- og produktpolitikken.

Det er eit nasjonalt mål at materialattvinninga skal auke. EU/EØS-regelverk inneber mellom anna ambisiøse mål om materialattvinning for avfall frå hushalda og liknande avfall frå næringslivet og av emballasjeavfall. For slikt avfall er det krav om 55 pst. materialattvinning innan 2025, 60 pst. innan 2030 og 65 pst. innan 2035. For emballasjeavfall er det ulike delkrav om materialattvinning for dei ulike materialslaga for 2025 og 2030. For all emballasje er det eit samla krav om 65 pst. materialattvinning i 2025 og 70 pst. i 2030. Dette avfallsregelverket er innlemma i EØS-avtalen og er gjeldande for Noreg òg. Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet analysert tiltak for førebuing til ombruk og materialattvinning av hushaldningsavfall og liknande avfall frå næringslivet som kan innførast for å nå måla. Analysen fortel oss at det vil bli svært krevjande å nå måla, men at fleire tiltak kan gje innsparingar for kommunale og private verksemder. Klima- og miljødepartementet gav Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut aktuelle verkemiddel for å nå dei nye måla. Miljødirektoratet anbefaler mellom anna nye krav til alle kommunar og næringslivet om å samle inn utsortert papp, papir, glas, metall og tekstilavfall. Miljødirektoratet skal også vurdere korleis produsentansvarsordningar kan styrkjast for å underbyggje ein meir sirkulær økonomi og for å sikre at ordningane blir meir framtidsretta og robuste.

Klima- og miljødepartementet følgjer arbeidet i EU tett og arbeider for at regelverksutviklinga i størst mogleg grad er i tråd med norske posisjonar.

Dei neste åra er det fleire område innan sirkulær økonomi som blir viktige. Klima- og miljødepartementet vil følgje opp relevante delar av nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi. Klima- og miljødepartementet vil jobbe for å finne gode løysingar for mellom anna tekstilprodukt og -avfall og emballasje. Sentralt står EU-kommisjonens forslag til eit rammeverk for berekraftige produkt med ei ny økodesignforordning, EUs oppfølging av tekstilstrategien frå 2022 og forslag til revidert emballasjeregelverk.

Det blir stadig viktigare å sjå på korleis produkt blir designa og utforma, da dette speler ei avgjerande rolle for handteringa i avfallsfasen til produktet. Nye måtar å regulere produkt på, som til dømes forslag til ny batteriforordning og utviklinga av ei ny økodesignforordning, understrekar behovet for framover å sjå avfallspolitikken meir i samanheng med produkt- og kjemikaliepolitikken mellom anna for å oppnå giftfrie materialkrinsløp. EU-kommisjonens forslag til revidert regelverk for eksport og import av avfall som no blir forhandla i EU, blir viktig for overgangen til ein meir sirkulær økonomi. Det same gjeld meir målretta bruk av offentlege innkjøp for å styrkje etterspurnadssida i den sirkulære økonomien.

I tekstilstrategien til EU vart det varsla fleire tiltak, mellom anna at det vil komme harmoniserte EU-reglar for utvida produsentansvar for tekstil. Klima- og miljødepartementet vil hausten 2022 setje ned ei arbeidsgruppe som skal komme med anbefaling til korleis utvida produsentansvar kan innrettast i Noreg. Arbeidsgruppa skal levere eit kunnskapsgrunnlag om tekstilsektoren våren 2023 og ei endeleg anbefaling i september 2023. Miljødirektoratet leverte sommaren 2022 ei anbefaling om krav om separat innsamling av tekstilavfall frå 2025. Krav til utsortering av tekstilar er nødvendig for å sikre meir ombruk og materialattvinning. Da er det også viktig at tekstilar som blir sette på marknaden, er laga for å vare lenge, kunne reparerast, ombrukast og i større grad materialattvinnast, og her har EU varsla at det kan komme fleire produktdesignkrav.

Å førebyggje matsvinn er ei viktig prioritering for regjeringa. Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn er det fremste verktøyet regjeringa har for å halvere matsvinnet innan 2030, jf. FNs berekraftsmål på området. Første hovudrapportering frå partane i avtalen viser at matsvinnet vart redusert med omlag 10 % i perioden 2015–2020. Det er altså mykje som står att for å nå målet for 2030, og framover vil regjeringa vurdere kva for tiltak og verkemiddel som best mogleg kan sikre at vi når dette målet. Det blir viktig å halde fram med det gode arbeidet under bransjeavtalen og styrkje matsvinnarbeidet meir generelt.

Nasjonal avfallsplan, inkludert avfallsførebyggingsprogram, vart oppdatert i 2019 og inneheld status og planar for avfallshandtering i perioden 2020–2025.

Særleg om plast og plastforureining

Marin plastforsøpling og tilførsel av mikroplast til havet er ei av dei mest alvorlege globale miljøutfordringane. Dette er ei omfattande og kompleks problemstilling som krev tiltak på mange område, både nasjonalt og internasjonalt. Det er behov for gode løysingar for alle fasar i livsløpet til plasten, for å utnytte ressursane betre og hindre at plast kjem på avvegar i miljøet.

Den nasjonale plaststrategien som vart lagd fram i 2021, ligg generelt til grunn også for prioriteringane til denne regjeringa. Samstundes vil behovet for ytterlegare tiltak og verkemiddel bli vurderte i lys av stadig ny kunnskap på området. Strategien gjer greie både for tiltak som er sette i verk, og nye tiltak som blir førebudde.

Regjeringa vil i 2023 framleis leggje vekt på å følgje opp og gjennomføre tiltaka i strategien, både på nasjonalt og internasjonalt nivå. I mars 2022 vart det semje i UNEA om å starte forhandlingar om ein rettsleg bindande internasjonal avtale mot plastforureining. Målet er å ferdigstille avtalen i 2024. Dette arbeidet vil framleis bli prioritert svært høgt. Det vil òg bli løfta under det norske formannskapet i 2023 i samarbeidet under Nordisk ministerråd. Noreg, saman med Rwanda, vil leie ein koalisjon av ei rekkje land som vil arbeide for ein ambisiøs og effektiv avtale.

Avtalen bør fremje førebyggjande tiltak og støtte opp om redusert avfallsgenerering, høgare attvinningsgrad og tiltak for meir berekraftige plastprodukt. Eit viktig mål for ein ny avtale vil vere å setje nasjonale styresmakter betre i posisjon til å stille krav til produkta i marknadene sin, og å gjere produsentar og andre marknadsaktørar ansvarlege for ein større del av kostnadene med å redusere klimagassutslepp og andre miljøkonsekvensar frå plast. I tillegg til arbeidet for ein internasjonal rettsleg bindande plastavtale er gjennomføring i norsk rett av relevant EU/EØS-regelverk på området særleg viktig.

Regjeringa arbeider mellom anna for å redusere bruken av eingongsartiklar i plast. I plaststrategien blir partane i arbeidslivet oppmoda om å vere med på å utvikle ei norsk «plastpakt». Reduksjon av forbruk av enkelte eingongsprodukt vil vere ein viktig del av ei slik pakt.

Forbruket av plastbereposar har ikkje gått ned som ønskt. Regjeringa vil vurdere behovet for nye verkemidler og tiltak på dette området og har utfordra bransjen på å få til ein varig reduksjon i forbruket.

Regjeringa vil no innføre utvida produsentansvarsordningar for fleire plastprodukt, irekna for fiskeri- og akvakulturutstyr som inneheld plast. For enkelte eingongsprodukt av plast skal produsentansvaret også innehalde eit ansvar for forsøpling.

EUs reviderte skipsavfallsdirektiv skal gjennomførast i norsk rett. Etter det reviderte direktivet skal mellom anna kravet om betaling av eit generelt avfallsgebyr, som er uavhengig av mengda avfall som blir levert, også gjerast gjeldande på eit tilpassa nivå for fiskefartøy og fritidsbåtar. Endringa vil innebere at avfall frå sjøen kan leverast i hamn utan noka ekstra betaling utover det generelle avfallsgebyret. Tilsynet med skip og pliktene hamner har etter dette regelverket, skal òg styrkjast. Hamnemyndigheitene blir pålagde å utferde avfallskvittering for avfallet som blir motteke frå eit skip.

Departementet vil vurdere ytterlegare tiltak mot identifiserte kjelder til spreiing av mikroplast. Mellom anna vil det vurderast moglege tiltak for å redusere spreiing av mikroplast frå småbåthamner. Det er samstundes viktig at produktreguleringar skjer på europeisk nivå, og Noreg følgjer opp EUs arbeid med ulike tiltak retta mot utslepp av mikroplast.

EU-kommisjonen fremja 31. august forslag under kjemikalieregelverket REACH om forbod mot tilsett mikroplast i produkt, som til dømes kroppspleieprodukt og vaskemiddel. EU-kommisjonens endelege vedtak er venta i 2023, med ulike ikraftsetjingstidspunkt for forskjellige produktgrupper eller bruksområde. Slik regulering av mikroplast på EU-nivå vil òg gjelde for Noreg gjennom EØS-avtalen.

EU-kommisjonen ser også på korleis utilsikta utslepp av mikroplast kan reduserast gjennom standardisering, sertifisering og spesifikk lovgjeving. Førebels er arbeidet konsentrert om dei største kjende kjeldene til utslepp av mikroplast som dekkslitasje, syntetiske tekstilar og plastpellets.

EU-kommisjonen har våren 2022 gjennomført ei høyring av behovet for tiltak overfor mikroplastkjelder som måling (irekna bygg, marine konstruksjonar og veg), vaskekapslar for vaske- og oppvaskmaskiner og geotekstilar. Det er venta at EU-kommisjonen legg fram forslag til ein oppfølgjande prosess mot slutten av 2022. Noreg følgjer med på dette og vil bidra med vår kunnskap, mellom anna om skipsmåling.

Noreg har god kompetanse om forsøpling og plastforureining frå sjøbaserte kjelder. Noreg er ein sentral aktør i oppfølginga av handlingsplanen mot plastforureining frå skip under FNs sjøfartsorganisasjon IMO, og dette vil ha høg prioritet også framover. Noreg bidreg mellom anna med bistandsmidlar til å opprette og drifte samarbeidsprosjektet IMO og FAO – GloLitter partnerships, som går ut 2024. Under IMO vart det med norsk støtte nyleg vedteke å innføre bindande krav om merking av fiskeutstyr. Noreg vil framleis støtte eit forslag om krav om rapportering av tapt fiskeutstyr til IMO, kompatibelt med det vi har i Noreg. Tiltaka kan bidra til lettare sporing, attfinning og førebygging av tap og redusere risiko for ulykker. Noreg la i 2022 også fram forslag til vedtak under IMO om spesifikke tiltak for å redusere risiko for utslepp av plastpellets under transport med skip.

Overvaking av plastforureining vil vere viktig framover. Miljødirektoratet har starta opp eit miljøovervakingsprogram for mikroplast. Den første fasen av overvakingsprogrammet varar frå 2021 til 2023 og skal dekkje både luft, kystvatn, ferskvatn og urbane område.

Senter mot marin forsøpling (Marfo) som frå 1. januar 2022 vart eit statleg organ underlagt Klima- og miljødepartementet, vil framleis utvikle oppgåvene sine mellom anna knytte til samordningsverktøy og forum for opprydding og spreiing av kunnskap om sjøbaserte kjelder.

Noreg bidreg til å styrkje arbeidet med kontroll av plastavfall for å unngå plastforureining under Baselkonvensjonen om avfall og grensekryssande transport av avfall. Grensekryssande handel med plastavfall er frå 2019 regulert i Baselkonvensjonen, etter forslag frå Noreg. Noreg arbeider òg for høgare standardar for miljøforsvarleg handtering av plastavfall globalt under Baselkonvensjonen. Partane til Baselkonvensjonen vedtok i 2022 også strengare kontroll med handel med elektronisk og elektrisk avfall.

Oppfølging av handlingsplanar mot marin forsøpling under OSPAR og Arktisk råd, det bilaterale samarbeidet med andre land og samarbeidet under Global Partnership on Marine Litter vil også framleis vere blant oppgåvene framover.

Næringssalt og organisk materiale som forureinar vassdrag og kystområde

For mykje næringssalt (fosfor og nitrogen) og organisk materiale er blant dei tre største påverknadene på vassdraga og kystområda våre. Næringssalt endrar tilstanden i vatn og påverkar algevekst og oksygenforhold for plante- og dyreliv. Tilførsel av næringssalt til kystområda kjem i hovudsak frå avrenning frå jordbruk, utslepp av kommunalt avløp og fiskeoppdrett og gjennom naturleg avrenning.

Det blir stilt krav etter lov og forskrifter for å redusere utslepp av næringssalt frå kommunalt avløp, fiskeoppdrett og jordbruk. Desse omfattar mellom anna krav til utslepp av avløpsvatn og krav til utslepp og avfallshandtering ved oppdrettsanlegg etter forureiningslova og -forskrifta, og krav til lagring og bruk av gjødsel i forskrifta om organisk gjødsel. Desse regelverka er viktige verkemiddel for å nå vassmiljømåla i vassforvaltningsplanane etter vassforskrifta. Vassmiljømåla seier mellom anna at alt vatn i utgangspunktet skal ha god tilstand. I vassforvaltningsplanane er det sett konkrete miljømål for alle elvar og innsjøar, kystvatn og grunnvatn i Noreg. Det er òg laga tiltaksprogram der det mellom anna er foreslått tiltak for å redusere tilførsel av næringssalt og organisk materiale som forureinar vassdrag og kystområde. Desse tiltaka skal vurderast og følgjast opp av den ansvarlege sektorstyresmakta. Det er nødvendig å redusere utslepp av næringssalt, særleg frå landbruk og avløp, for å nå miljømåla i vassforskrifta.

For oppdateringa av vassforvaltningsplanane for planperioden 2022–2027 er det gjeve nasjonale føringar for arbeidet. Desse føringane slår mellom anna fast at alle avløpsanlegga i den enkelte kommunen skal oppfylle reinsekrava i forureiningsforskrifta, slik at vi kan nå miljømåla innan 2027 og seinast innan 2033. Dette vil mellom anna krevje at mange kommunar oppgraderer og fornyar det kommunale leidningsnettet og avløpsreinseanlegg. Utslepp av næringssalt frå kommunalt avløp er ein av hovudpåverknadene til den dårlege tilstanden i Oslofjorden. Regjeringa vil styrkje arbeidet med å redusere utsleppa frå avløp til Oslofjorden. Det er mellom anna nødvendig å sørgje for at kommunane får strengare reinsekrav i utsleppsløyva etter forureiningslova og -forskrifta. Regjeringa vil difor styrkje arbeidet til Miljødirektoratet og statsforvaltarane med å revidere utsleppsløyva, i tillegg til å sørgje for god oppfølging og rettleiing av kommunane.

Når det gjeld jordbruk, skal det i område der tiltaka som er sette i verk ikkje er tilstrekkelege til at miljømålet god tilstand blir nådd, innførast meir forpliktande krav. Statsforvaltarane og kommunane skal stille krav til gjennomføring av miljøtiltak der det er nødvendig for å nå miljømåla etter vassforskrifta. Kommunane kan stille strengare krav til lagring og bruk av gjødsel. Statsforvaltarane kan stille krav til bestemte rutinar for jordarbeiding og krav om buffersoner for dyrka mark nærliggjande opent vatn mv. Statsforvaltarane, mellom anna rundt Oslofjorden, vurderer no innføring av slike regionale krav som vil bidra til å redusere avrenninga av næringssalt. I tillegg er revisjon av forskrifta om organisk gjødsel, irekna krava til lagring og bruk av gjødsel, høgt prioritert av regjeringa.

Radioaktiv forureining

Det er lite radioaktiv forureining i Noreg. Utslepp og avfall er nær knytte til aktiviteten i ulike sektorar. Radioaktive stoff er nytta til mellom anna behandling av pasientar på sjukehus og i forsking og utdanning. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt, til dømes røykvarslarar. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall følgjer òg av oppkonsentrasjon av naturlege radionuklidar som finst i berggrunnen, som ved utvinning av olje og gass og ved framstilling av radioaktive stoff.

Arbeidet knytt til forvaltning, tilsyn og opprydding av den norske atomverksemda i Halden og på Kjeller er forventa å auke i 2023. Det er viktig at det blir lagt til rette for trygg, sikker og miljømessig forsvarleg behandling av radioaktivt avfall og brukt brensel, inkludert lagrings- og deponikapasitet.

Ein nasjonal strategi for handtering av radioaktivt avfall blir no utarbeidd. Strategien vil gje føringar som avfallsaktørar må ta omsyn til når dei utarbeider planar og strategiar for handtering av det avfallet dei har ansvar for.

Radioaktiv forureining av norske land- og havområde skjer vidare frå internasjonale kjelder, som historiske atomsprengingar i atmosfæren og Tsjernobyl-ulykka. Ulykker knytte til anlegg i nærområda våre vil kunne ha store konsekvensar for Noreg. Forureining frå tidlegare tider gjer også naturen sårbar for nye nedfall.

Langtransportert luftforureining

Det internasjonale arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er framleis viktig for å redusere tilførslar av sur nedbør og andre forureiningar til Noreg. Arbeidet skjer innanfor ramma av UNECEs konvensjon om langtransportert grenseoverskridende luftforurensning, som vart vedteken i 1979. Landa som deltek i samarbeidet under denne konvensjonen, har i Göteborgprotokollen av 1999 teke på seg talfesta forpliktingar om å redusere dei årlege utsleppa sine av svovel (SO2), nitrogenoksid (NOX), flyktige organiske sambindingar utanom metan (nmVOC), ammoniakk (NH3) og små helseskadelege partiklar (PM2,5). Protokollen har som overordna mål å redusere forureiningar som overskrid kritiske belastningsgrenser for skadar på menneskehelse, økosystem, avlingar og materiale. For å nå målet arbeider partane til protokollen stegvis og tek jamleg på seg nye og strengare forpliktingar om å redusere utsleppa sine.

Noreg er no forplikta til å gjennomføre følgjande reduksjonar i dei årlege utsleppa, samanlikna med nivået i 2005: SO2: 10 pst., NOX: 23 pst., nmVOC: 40 pst., ammoniakk: 8 pst. og PM2,5: 30 pst. Pliktene gjeld for 2020 og åra deretter.

Noreg nyttar ei rekkje juridiske og økonomiske verkemiddel for å redusere utsleppa av desse stoffa i tråd med forpliktingane i Göteborgprotokollen. Avgifta på utslepp av NOX og NOX-avtalen mellom Klima- og miljødepartementet og 15 næringsorganisasjonar for åra 2018–2025 er viktige verkemiddel overfor sektorar med store utslepp. Regjeringa har i 2022 forlengd NOX-avtalen med næringsorganisasjonane med to år, for 2026–2027.

Statistisk sentralbyrå publiserte 3. november 2021 utsleppstala for 2020. Førebelse utsleppstal for 2021 vart publiserte 8. juni 2022.

Noreg overheldt både i 2020 og 2021 utsleppsforpliktingane i Göteborgprotokollen for svoveldioksid, nitrogenoksid og små helseskadelege partiklar. For flyktige organiske sambindingar overheldt Noreg forpliktinga i 2019 og 2021. Som følgje av unormalt stort forbruk av desinfeksjonsmiddel under pandemien overskreid desse utsleppa forpliktinga i 2020.

Noregs utslepp av ammoniakk har gått ned med 6 pst. frå 2005, altså ei positiv utvikling, men utan at vi enno har komme innanfor forpliktinga om ein reduksjon på 8 pst. Jordbruket står for om lag 95 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg. Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet er samde om at meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel vil vere eit viktig tiltak for å oppnå nødvendige utsleppsreduksjonar. Det er etablert ei tilskotsordning for dette formålet under jordbruksavtalen.

Arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er basert på omfattande kunnskap gjennom overvaking, forsking og analysar av utslepp, tilførslar og effektar av luftforureiningar og gjennom modellscenario som viser moglege strategiar for å redusere utslepp i tråd med felles miljømål på tvers av landa i Europa. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforsking og Norsk institutt for vassforsking medverkar i vesentleg grad til kunnskapsutviklinga gjennom funksjonane sine som internasjonale fagsenter under konvensjon om langtransportert grenseoverskridende luftforurensning. Dei internasjonale fagmiljøa speler ei vesentleg rolle i arbeidet som no skjer for å evaluere effektane av dei noverande forpliktingane i Göteborgprotokollen og for å vurdere kva for ytterlegare utsleppsreduksjonar som er nødvendige for å nå det overordna målet om å beskytte helse og miljø.

Globalt er luftforureining sett på som ein av dei største miljørelaterte truslane mot helsa vår. Helseeffektane av luftforureining medfører store samfunnsøkonomiske kostnader i form av mellom anna for tidleg død, behandlingskostnader og sjukefråvær. Noreg tek del i fleire internasjonale samarbeidsforum som har som oppgåve å betre kunnskapen om effektane luftforureiningar har på menneskehelsa, og å overføre erfaringar frå arbeidet under UNECEs luftkonvensjon til andre regionar og hjelpe til med å greie ut og gjennomføre tiltak for å redusere luftforureiningane.

Noreg har ei pådrivarrolle i arbeidet til FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) med å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten.

Lokal luftforureining

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for å nå måla om lokal luftkvalitet og ei koordinerande rolle mot andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining. Noreg deltek òg aktivt i relevante prosessar på EU-nivå om endringar og innstrammingar i EUs regelverk for lokal luftkvalitet.

Kommunane er lokal forureiningsstyresmakt etter forureiningsforskrifta kapittel 7, som er det sentrale verkemiddelet for lokal luftkvalitet. Forureiningsforskrifta kapittel 7 følgjer opp krava i EUs luftkvalitetsdirektiv, som er bindande for Noreg gjennom EØS-avtalen.

Samanlikna med ein del andre land i Europa har Noreg få som døyr for tidleg av luftforureining, men også i norske byar og tettstader fører luftforureining til meir sjukdom og høgare dødelegheit. 1 200 menneske er berekna å ha døydd for tidleg i Noreg i 2019 på grunn av eksponering for fint svevestøv (PM2,5). Luftforureining, som nitrogendioksid og svevestøv, kan føre til eller forverre både luftvegssjukdommar og hjarte- og karlidingar. Barn, eldre og personar med luftvegssjukdommar og hjarte- og karlidingar er spesielt utsette for luftforureining.

Noreg har hatt strengare grenseverdiar for svevestøv enn EU frå og med 2016. Miljødirektoratet, Statens vegvesen, Vegdirektoratet og Folkehelseinstituttet (med bidrag frå Meteorologisk institutt) kom i 2020 med ei tilråding om å skjerpe grenseverdiane for svevestøv i forureiningsforskrifta ytterlegare, og endringa vart etter ei offentleg høyring innført frå 1. januar 2022. Årsmiddelen for fint og grovt svevestøv, PM10, er endra frå 25 til 20 mikrogram per kubikkmeter. I tillegg er talet på tillatne overskridingar av døgnmiddelgrensa for PM10 endra frå maksimalt 30 til maksimalt 25 overskridingar av 50 mikrogram per kubikkmeter. Årsmiddelen for fint svevestøv, PM2,5, er endra frå 15 til 10 mikrogram per kubikkmeter.

Både nasjonale og lokale styresmakter har over fleire år jobba aktivt for å betre luftkvaliteten i byar og tettstader, og nivåa av luftforureining har gått nedover. Det skjer framleis brot på grenseverdiane enkelte år. Brota er gjerne knytte til for høge nivå av svevestøv, der vegtrafikk og vedfyring er dei viktigaste lokale kjeldene. Nokre stader kan utslepp frå lokal industri gje brot. Nivåa av luftforureining blir bestemte av meteorologiske forhold, variasjon i lokale utslepp, langtransportert luftforureining og av kva slags tiltak som blir sette i verk for å forbetre luftkvaliteten frå år til år. Fleire av desse faktorane kan variere frå år til år.

Vidare har Miljødirektoratet på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeidd forslag til endringar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet som tok til å gjelde 1. juli 2022. Formålet med endringane er å auke gjennomføringsevna til aktørane, å betre etterlevinga av regelverket og forenkle og omstrukturere forskrifta for å gjere henne meir brukarvennleg. I tillegg vil det utvide moglegheita kommunane har til å sikre at nødvendige tiltak blir gjennomførte, og gje Miljødirektoratet fleire styringsverktøy for å sikre at regelverket blir følgt opp.

Luftsamarbeidet, som består av Miljødirektoratet, Statens vegvesen, Meteorologisk institutt, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, har dei siste åra utarbeidd ei rekkje tenester som gjer informasjon om luftkvalitet meir tilgjengeleg for befolkninga, og som har som mål å lette arbeidet for kommunane i arbeidet deira med lokal luftforureining. Luftvarslingstenesta Luftkvalitet i Noreg (https://luftkvalitet.miljodirektoratet.no) gjev folk i heile Noreg tilgang til informasjon om luftkvaliteten der dei er, i sanntid og tre dagar fram i tid. Tenesta inneheld helseråd, og kommunane kan formidle lokal informasjon om luftkvaliteten gjennom nettsida. Tenesta er unik i europeisk skala. Ei fagbrukarteneste (https://www.miljodirektoratet.no) med historisk informasjon, som til dømes måledata og berekna forureiningskart, vart lansert i 2020. Det vart òg ein tiltakskalkulator (https://www.miljodirektoratet.no/tjenester/tiltakskalkulator-for-luftkvalitet/) der ein kan teste effekten av ulike tiltak på luftkvaliteten i alle norske kommunar. Desse tenestene skal gje støtte til det arbeidet kommunane gjer med å setje inn treffsikre langsiktige tiltak for å betre luftkvaliteten. Ei teneste der ein kan hente ut utsleppstal for lokal luftforureining i høg tid- og romoppløysing, vart lansert som testversjon i 2021 (https://www.miljodirektoratet.no/tjenester/luftforurensning-utslippssystem-og-database/). Denne tenesta leverer data til modellen som blir brukt i dei andre tenestene til Luftsamarbeidet, og vil òg vere nyttig for forskarar og konsulentar. Her finst det ei oversikt over tenestene til samarbeidet: https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/forurensning/luftkvalitet/tjenester-for-luftkvalitet/.

Støy

Regjeringa vil arbeide for å redusere støyplager gjennom å følgje opp krav i nasjonalt regelverk og i EU-regelverk. Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for støy og ei koordinerande rolle overfor andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager, og sektordepartementa har ansvaret i sin samfunnssektor.

Dei fastsette nasjonale måla for reduksjon av støyplaga blir ikkje nådde i dag. Med sikte på å lage nye nasjonale støymål har Folkehelseinstituttet og Miljødirektoratet fått i oppdrag å gjere eit førebuande arbeid med kunnskapsinnhenting og på bakgrunn av oppdatert kunnskap foreslå nye støymål og indikatorar.

Forureiningsforskrifta stiller krav om støyreduserende tiltak, kartlegging av støy og utarbeiding av handlingsplanar for å redusere støy. Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er òg eit viktig og kostnadseffektivt verkemiddel for å førebyggje støyproblem, og vareta stilla som grunnlag for friluftsliv og rekreasjon. Det er gjeve felles retningslinjer (T-1442/2021) for behandling av støy i plansaker, med vekt på dei største støykjeldene.

Politikk for å nå dei nasjonale klimamåla

Regjeringa fører ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som byggjer på forvaltaransvaret og føre-var-prinsippet. Regjeringa legg vekt på å styrkje Noregs konkurransekraft og skape grøn vekst og nye grøne arbeidsplassar. Det er nødvendig med ei omstilling til eit moderne, berekraftig lågutsleppssamfunn. Noreg har høg kompetanse, teknologi og tilgang på kapital som gjer det mogleg å medverke sterkt til denne omstillinga. Klimakonvensjonen og Parisavtalen legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. Informasjon om internasjonalt klimaarbeid, inkludert Parisavtalen, finn ein i Programkategori 12.70 (Internasjonalt klimaarbeid).

Noregs klimamål under Parisavtalen er å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 1990. Regjeringa ønskjer å oppfylle det forsterka målet saman med EU. Gjennom klimaavtalen med EU har Noreg allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivået.

Regjeringa meiner det er behov for høge ambisjonar i klimapolitikken og har sett eit ambisiøst mål for å forsterke og vidareutvikle omstillinga for at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Som eit delmål på vegen mot netto nullutslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er formulert i regjeringsplattforma som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 pst. samanlikna med 1990. Det inneber at regjeringa har eit nasjonalt mål om å omstille både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor, sjå nærare omtale i Revidert nasjonalbudsjett 2022. Hensikta er at heile det norske næringslivet skal omstille seg i retning lågutsleppssamfunnet.

Regjeringa vil følgje opp målet om at Noreg skal vere klimanøytralt frå og med 2030, og medverke til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn i 2050. I august 2021 blei det nedsett eit offentleg utval som skal vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Utvalet skal gjere ei heilskapleg utgreiing om vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050. Utvalet skal sjå på korleis utsleppsreduksjonar og omstillinga kan skje på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv. Omstillinga må òg medverke til ei utvikling som sikrar naturmangfaldet og eit berekraftig velferdssamfunn. Utvalet la i juni i år fram sine foreløpige vurderingar og bad om innspel frå offentlegheita. Det skal levere rapporten sin innan 1. november 2023. Sjå nærmare omtale om utvalet i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

Klimamåla skal nås, og økonomien må innrettast mot å bli stadig meir fornybar, sirkulær og berekraftig. Dei viktigaste verkemidla i norsk klimapolitikk er CO2-avgifta og EUs kvotesystem, som set ein pris på utslepp av klimagassar. Om lag 80 pst. av dei samla norske utsleppa er omfatta av desse verkemidla. Miljødirektoratet har ansvaret for kvotesystemet og den norske kvoterekneskapen under Kyotoprotokollen. Nærmare detaljar om CO2-avgifta står i Prop. 1 LS (2022–2023) Skatter, avgifter og toll 2023 frå Finansdepartementet.

I tillegg er andre verkemiddel viktige for å auke CO2-opptaket og redusere klimagassutsleppa, mellom anna direkte regulering, standardar, avtalar og tilskot til utsleppsreduserande tiltak. Klimagassutsleppa er mellom anna regulerte i forureiningslova, plan- og bygningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter. Dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging har mellom anna som mål at utbyggingsmønster og transportsystem skal fremje kompakte byar og tettstader og leggje til rette for klima- og miljøvennleg transport.

Regjeringa vil støtte utvikling og spreiing av nullutsleppsløysingar og medverke til å skape marknader for nullutsleppsteknologi. Enova er eit viktig verkemiddel i denne samanhengen og har som formål å medverke til å nå Noregs klimaforpliktingar og til omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

Noregs forskingsråd har ei rekkje verkemiddel som medverkar til omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Ein stor del av innsatsen er innretta for å utvikle ny lågutsleppsteknologi, og Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Siva har både breie og tematiske ordningar som medverkar til å støtte opp om utviklinga av klimateknologi.

Det er sett ambisiøse måltal for å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren. For at Noreg skal nå desse måla, må bruken av null- og lågutsleppsløysingar i næringstransporten auke kraftig. Dette føreset tilgang på teknologisk modne løysingar i tilstrekkeleg omfang som kan takast i bruk i ulike delar av transportsektoren. Noreg er avhengig av både den globale utviklinga av kostnadseffektive null- og lågutsleppsteknologiar og eit raskt, storskala skifte til bruk av null- og lågutsleppstransport i Noreg. Norsk næringsliv har difor ei viktig rolle i å spørje etter og ta i bruk låg- og nullutsleppsteknologiar i transportsektoren etter kvart som dei blir tilgjengelege.

Det er ein ambisjon om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøykategoriar. Regjeringa foreslår å føre vidare ordninga med øyremerkte midlar til innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband med ei ramme for nye tilsegner på 40 mill. kroner i 2023. Regjeringa foreslår óg å føre vidare satsinga på utvikling av nullutsleppsløysingar for store fartøy under Forskningsrådet.

Biodrivstoff er viktig for å erstatte fossilt drivstoff og redusere utsleppa frå eksisterande køyretøy og fartøy. Frå 1. januar 2023 aukar omsetningskravet for biodrivstoff i vegtrafikk til 17 volumprosent. Delkravet til avansert biodrivstoff vart auka til 12,5 pst. Regjeringa vil også innføre eit omsetningskrav for avansert biodrivstoff til ikkje-veggåande maskiner på 7 volumprosent frå 1. januar 2023. Omsetningskravet blir auka til 10 volumprosent frå 1. januar 2024. Eit eige omsetningskrav for 0,5 pst. avansert biodrivstoff til luftfart tok til å gjelde frå 1. januar 2020. Avansert biodrivstoff er framstilt av avfall og restar og aukar i utgangspunktet ikkje presset på tropisk avskoging.

I juni 2019 inngikk regjeringa Solberg og organisasjonane i jordbruket ein intensjonsavtale med mål om å redusera klimagassutsleppa og auke opptaket av karbon tilsvarande 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2021–2030. Regjeringa Støre legg intensjonsavtalen til grunn for klimaarbeidet i jordbruket. Det er etablert ein regnskapsgruppe som består av Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og staten. Regnskapsgruppa skal gjere opp status for framdrift og utvikling i arbeidet med å følgja opp avtalen. Gruppa blir leidd av Landbruks- og matdepartementet. Rapportane frå gruppa vil liggje til grunn for å vurdere om progresjonen og utviklinga er som føresette i avtalen.

Klimatilpassing

Klima- og miljødepartementet har ansvar for å leggje til rette for det heilskaplege arbeidet med klimatilpassing i regjeringa. Miljødirektoratet har sidan 2014 vore den fagetaten som støttar Klima- og miljødepartementet i dette arbeidet og koordinerer det heilskaplege klimatilpassingsarbeidet.

Den 3. mars 2022 offentleggjorde Riksrevisjonen sin forvaltningsrevisjon av arbeidet til myndigheitene med å tilpasse infrastruktur og bygningsmasse til eit klima i endring (Dokument 3:6 (2021–2022)). Sett i lys av dei store utfordringane klimaendringane bringar med seg, vurderer Riksrevisjonen samordninga mellom departementa i dag som for svak til å kunne gjennomføre nødvendige førebuingar og tilpassingar av samfunnet til å møte klimaendringane. Den svake samordninga og mangelen på ein oppdatert tverrsektoriell plan for arbeidet med klimatilpassing er, etter Riksrevisjonens vurdering, kritikkverdig. Vi får stadig ny og oppdatert kunnskap om både konsekvensar og tiltak, og omfanget av klimaendringane og hastigheita på endringane er vesentleg større i dag enn dei vi har opplevd tidlegare. Regjeringa har difor vedteke å setje i gang eit arbeid med å utarbeide ein ny nasjonal strategi for klimatilpassing, i form av ei stortingsmelding. Ein heilskapleg gjennomgang vil kunne bidra til å samle trådane, avdekkje manglar, rette ytterlegare merksemd mot og styrkje arbeidet med klimatilpassing. Funn og anbefalingar frå Riksrevisjonen vil vere viktige innspel i arbeidet med ei ny stortingsmelding.

Midlane til klimatilpassing på Klima- og miljødepartementets budsjett blir vidareførte på same nivå somi 2022 under Miljødirektoratet. Sjå nærmare omtale av arbeidet med klimatilpassing i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

Klimaavtalen med EU

Noreg har inngått ein klimaavtale med EU. Gjennom klimaavtalen med EU har Noreg forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med utsleppsnivået i 1990. Ein slik avtale mellom Noreg og EU inneber at Noreg vil medverke til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 pst. samanlikna med 2005 innanfor EUs kvotesystem (kvotepliktig sektor). Noreg vil òg medverke til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor, der dei samla utsleppa i EU skal kuttast med 30 pst. frå 2005 til 2030. Innsatsen som er nødvendig for å få til dette, skal fordelast mellom landa gjennom bindande utsleppsmål. Noreg har gjennom avtalen fått eit bindande mål om å redusere dei ikkje-kvotepliktig utsleppa med 40 pst. samanlikna med 2005-nivået. Gjennom EU-regelverket for skog- og arealbruk (LULUCF-forordninga) har landa ei forplikting om at utslepp ikkje skal overskride opptaket i sektoren. Forordninga inneheld reglar for korleis opptak og utslepp frå skog- og arealbrukssektoren skal reknast inn mot utsleppsforpliktinga for sektoren.

I desember 2020 melde EU inn eit forsterka klimamål under Parisavtalen. Målet er å redusere nettoutslepp med minst 55 pst. innan 2030 samanlikna med referanseåret 1990. Europakommisjonen la i juli 2021 fram ein omfattande pakke med forslag til lovverk som skal sikre at EU oppfyller det forsterka klimamålet sitt for 2030 (Klar for 55-pakka). Det må bli semje mellom Europakommisjonen, Europaparlamentet og Rådet før regelverket kan bli vedteke og sett i verk. Miljøforvaltninga vil stå i spissen for den norske gjennomføringa av relevant regelverk. Arbeidsomfanget er så stort at det krev auka ressursar i Miljødirektoratet. Det er difor foreslått 15 mill. kroner til arbeidet til direktoratet med EUs grøne giv, som mellom anna omfattar Klar for 55-pakka. Sjå nærmare omtale av klimaavtalen med EU i særskilt vedlegg Regjeringas klimastatus og -plan.

Nærmare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien er på om lag 13,2 mrd. kroner i 2023. Tabellen under syner ein auke på 2,1 mrd. kroner tilsvarande auken på 18,8 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2022. Auken skriv seg i hovudsak frå auka utgifter til CO2-kompensasjonsordningafor industrien og ein auke i løyvinga til Enova.

Budsjettmidlar til arbeidet med å betre kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging og forsking) er omtalte under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

1420

Miljødirektoratet

6 161 193

6 832 276

8 482 096

24,1

1422

Miljøvennleg skipsfart

40 235

41 293

42 448

2,8

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

27 796

36 907

37 650

2,0

1424

Senter mot marin forsøpling

24 643

55 449

125,0

1425

Fisketiltak

15 985

17 043

17 465

2,5

1428

Enova SF

3 344 178

4 134 013

4 536 183

9,7

Sum kategori 12.20

9 589 387

11 086 175

13 171 291

18,8

Kap. 1420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

722 418

724 250

767 880

21

Spesielle driftsutgifter

319 401

317 333

621 089

22

Statlege vassmiljøtiltak

244 153

284 449

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

133 420

149 508

150 261

30

Statlege tileigningar, bevaring av viktige friluftslivsområde, kan overførast

36 556

30 891

21 309

31

Tiltak i verneområde og annan natur, inkludert restaureringstiltak, kan overførast

95 280

93 419

133 509

32

Statlege tileigningar, vern av naturområde, kan overførast

740

1 025

215 344

33

Statlege tileigningar, nytt landbasert vern, kan overførast

1 184

6 700

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

6 494

2 256

35

Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

434 426

435 727

36

Statlege tileigningar, marint vern, kan overførast

790

1 231

37

Skogplanting, vidareføring av pilotprosjekt for stadeigne treslag, kan overførast

5 120

5 120

38

Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast

21 675

41 090

39

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

16 061

12 483

12 483

60

Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegging

2 750

3 026

3 026

61

Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

161 130

272 838

196 528

62

Tilskot til grøn skipsfart, kan overførast

21 731

87 157

40 523

63

Returordning for kasserte fritidsbåtar

700

319

64

Skrantesjukeprøver frå fallvilt

927

1 200

1 200

65

Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold

20 560

66

Tilskot til kommunar for å betre tilgangen til strandsona langs Oslofjorden

3 000

3 000

69

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

32 362

125 962

138 762

70

Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

43 841

47 905

71

Marin forsøpling, kan overførast

61 349

50 290

72

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

151 890

144 548

148 878

73

Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

78 439

79 575

64 751

74

CO2-kompensasjonsordning for industrien

2 526 162

2 800 000

4 710 000

75

Utbetaling for vrakpant og tilskot til køyretøy og fritidsbåtar, overslagsløyving

463 905

528 000

528 000

76

Refusjonsordningar, overslagsløyving

157 514

175 500

267 500

77

Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

16 416

16 843

14 357

78

Friluftsformål, kan overførast

175 819

181 798

192 299

79

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

350

450

462

80

Tilskot til tiltak for å ta vare på natur, kan overførast

127 364

81

Verdiskaping basert på naturarven, kan overførast

66 446

69 527

12 400

82

Tilskot til trua artar og naturtypar, kan overførast

42 649

43 919

83

Tilskot til tiltak mot framande artar, kan overførast

4 000

4 104

84

Internasjonalt samarbeid

5 467

5 651

5 971

85

Besøkssenter for natur og verdensarv, kan overførast

94 888

84 801

99 761

Sum kap. 1420

6 161 193

6 832 276

8 482 096

Midlane under budsjettkapittelet er retta mot alle resultatområde med unntak for resultatområda Kulturminne og kulturmiljø og for Polarområda.

Miljødirektoratets rolle og oppgåver

Miljødirektoratet er Klima- og miljødepartementets sentrale rådgjevande og utøvande fagorgan innan klima, naturforvaltning, forureining og friluftsliv. Hovudoppgåvene er å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturmangfaldet og sikre den naturlege produksjonsevna, hindre forureining og leggje til rette for friluftsliv. Dette inneber mellom anna å leggje til rette for å ta vare på naturen, berekraftig bruk og verdiskaping.

Omsynet til miljø og berekraftig utvikling og dei nasjonale miljømåla gjev hovudramma for arbeidet i Miljødirektoratet. Funksjonane til etaten er å skaffe og formidle miljøinformasjon, utøve forvaltningsmynde, styre og rettleie regionalt og kommunalt nivå, gje faglege råd og delta i internasjonalt miljøarbeid. Direktoratet har eit sektorovergripande ansvar i alle funksjonane.

Arbeidet som Miljødirektoratet utfører, er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal klima- og miljøpolitikk og å få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.

På klimaområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med tiltaksanalysar for reduksjon i klimagassutslepp, utvikling og rapportering av klimagassrekneskapen til FN, utvikling og rapportering av klimagassrekneskapen for kommunar, utsleppsreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet i kommunar og fylkeskommunar, overvaking av klimaendringar og verknader av klimaendringar på naturmangfaldet. Direktoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er direktoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerer alle prosessar knytte til arbeidet klimapanelet gjer. Miljødirektoratet er også nasjonalt kontaktpunkt for FNs internasjonale ressurspanel (IRP). Dei lagar mellom anna rapportar om korleis ei meir berekraftig forvaltning av naturressursar kan bidra til å redusere klimagassutslepp.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å leggje til rette for det heilskaplege arbeidet til regjeringa med klimatilpassing, og Miljødirektoratet er fagetaten til departementet på dette området. Direktoratet støttar departementet i oppfølginga av stortingsmeldinga om klimatilpassing, medverkar til at arbeidet til regjeringa på området blir følgt opp av forvaltninga og i samfunnet, og støttar departementet i det internasjonale arbeidet med klimatilpassing under dette i klimaforhandlingane.

På naturforvaltningsområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning der økosystema har god tilstand og leverer økosystemtenester, etablering og forvaltning av verneområde, naturrestaurering og forvaltning av trua artar og naturtypar, under dette forvaltning av prioriterte artar og utvalde naturtypar og følgje opp oppfølgingsplanen for trua natur og tiltaksplan for ville pollinerande insekt. Andre viktige oppgåver er forvaltning av rovvilt, vassforvaltning, heilskapleg havforvaltning, marin naturforvaltning og forvaltning av villaks, innlandsfisk og villrein. På Svalbard har Miljødirektoratet ei viktig rolle for å sikre at kunnskapsgrunnlag, natur- og artsforvaltning er tilpassa effektar av klimaendringar. Miljødirektoratet er òg fagetat for viltartar, både haustbart og ikkje-haustbart vilt. Haustbart vilt blir styrt frå Landbruks- og matdepartementet etter at dette ansvaret vart flytta dit i 2018. På same måten som på klimaområdet deltek etaten i dei internasjonale forhandlingane under Konvensjon om biologisk mangfold. Direktoratet er Noregs nasjonale kontaktpunkt for Det internasjonale naturpanelet (IPBES) og koordinerer alle prosessar knytte til Naturpanelets arbeid. Ei teknisk støtteeining for kapasitetsbygging er etablert i Miljødirektoratet.

Etaten medverkar vidare til at det blir teke omsyn til langsiktig disponering av naturressursane i arealplanlegging etter plan- og bygningslova.

Statens naturoppsyn er ein del av Miljødirektoratet og har med heimel i lov om statleg naturoppsyn ansvar for å føre tilsyn med naturtilstanden, ha oppsyn med at reglane i miljølovgjevinga blir følgde, og avdekkje og førebyggje miljøkriminalitet. Statens naturoppsyn er òg kompetansemiljø for gjennomføring av skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområda.

Tilrettelegging for friluftsliv, motivering av befolkninga til å drive med friluftsliv og sikring og forvaltning av friluftslivsområde er òg viktige oppgåver for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet samordnar det sektorovergripande arbeidet på forureiningsområdet og samarbeider med sektorane om faktagrunnlag, analysar og vidareutvikling av tiltak og verkemiddel. Viktige oppgåver på forureiningsområdet er arbeidet med å redusere marin forsøpling og mikroplast, redusere og førebyggje bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, reinske opp i forureina sjøbotn og forureina grunn, hindre forureining i vassdrag og langs kysten, førebyggje og hindre oljeforureining, redusere luftforureiningar og auke ressursutnyttinga og redusere miljøproblem frå avfall. Direktoratet er aktivt involvert i internasjonalt samarbeid på desse områda. Etaten har vidare ansvar for å gjennomføre risikobaserte tilsyn.

Miljødirektoratet har rolla som nasjonalt samordningsorgan for miljødata og ansvar for å samle miljødata på tvers av sektorar til Miljøstatus.no. Miljødirektoratet har brei oversikt over naturtilstand og forureining i Noreg og formidlar dette til resten av miljøforvaltninga, andre sektorar og allmenta mellom anna gjennom Miljøstatus.no.

Etaten har òg fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane hos statsforvaltarane og hos Sysselmeisteren på Svalbard.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til verksemda ved Miljødirektoratets hovudkontor i Trondheim, kontoret i Oslo og Statens naturoppsyn i heile landet. Meir spesifikt dekkjer posten lønn til fast og mellombels tilsette, husleige, reiser, IKT-utgifter, informasjon, formidling og drift av miljøinformasjonssystem og ulike nettstader. Posten dekkjer òg drift av CO2-kompensasjonsordninga og Klimasatsordninga. For ei vidare utgreiing om kva slags formål løyvinga går til, viser vi til omtalen under «Miljødirektoratets rolle og oppgåver» over. Utgifter knytte til felles administrative tenester i miljøforvaltninga og oppdrag som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog, er dekte av posten. Inntektene for desse er førte under kap. 4420, post 01. Utgifter finansierte av overføringar til ulike formål frå andre statsrekneskapar blir også førte på posten. Overføringane har tidlegare blitt inntektsførte under kap. 4420, post 01, men er no flytta til ny post 50 Overføringar frå andre statlege rekneskapar.

Posten er samla sett auka med 43,6 mill. kroner til 767,9 mill. kroner.

Posten er auka med 15 mill. kroner for å finansiere auka driftskostnader knytte til auka arbeidsmengd som følgje av EUs grøne giv, særleg til «Klar for 55»-regelverket og arbeidet med meir berekraftige produkt og verdikjeder. Det er lagt inn 13,7 mill. kroner til å dekkje kostnadene ved lønnsoppgjeret i staten i 2022 og i tillegg ei prisjustering på 2,4 mill. kroner. Posten er auka med 8,3 mill. kroner i samband med at post 22 Statlege vassmiljøtiltak er lagd ned. Midlane skal dekkje kostnader til lønn og drift som tidlegare har vore finansierte over post 22. I tillegg er posten auka med 8 mill. kroner som følgje av auka inntekter under kap. 4420, med 2 mill. kroner på post 01 og 6 mill. kroner på nyoppretta post 50.

I samband med at Miljødirektoratet skal utføre arkivtenester for Riksantikvaren, er det frå post 01 under kap. 1429 flytta 1,7 mill. kroner. Det er lagt inn 1,5 mill. kroner til å styrkje arbeidet med å byggje opp igjen økosystem i Skagerrak.

Løyvinga er redusert med 5,8 mill. kroner grunna gevinstuttak som følgje av forventa lågare reiseutgifter. Vidare er løyvinga redusert med 1,2 mill. kroner som følgje av at det i saldert budsjett 2022 vart rekna ut for mykje i kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse.

Av løyvinga er 1,2 mill. kroner finansierte av fiskaravgifter som blir inntektsførte i Statens fiskefond. Fondet overfører midlar til inntektssida i statsbudsjettet over kap. 5578, post 72. Midlane dekkjer Miljødirektoratets utgifter knytte til forvaltning av fondet og saksbehandling og forvaltning av tilskotsordningar for fisketiltak under kap. 1425, post 70.

På same viset er 3,281 mill. kroner av løyvinga finansierte av jeger- og fellingsavgifter som blir inntektsførte i Viltfondet. Viltfondet overfører midlar til inntektssida i statsbudsjettet over kap. 5576, post 72, under Landbruks- og matdepartementet. Midlane dekkjer utgifter knytte til Miljødirektoratets forvaltning av fondet og saksbehandling og forvaltning av tilskotsordningar for vilttiltak under kap. 1140, post 71.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4420, post 01 og 50.

Rapport 2021

Av rekneskapsførte utgifter i 2021 vart om lag 76 pst. nytta til lønn. Resten gjekk til husleige, energi, drift og vedlikehald av IKT, reiseutgifter og kompetanse- og organisasjonsutvikling.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til nødvendige tenestekjøp, utgreiingar, planlegging og gjennomføring av tiltak og prosjekt på alle resultatområda. Posten dekkjer òg kostnader til digitalisering og drift av operative digitale løysingar og andre utgifter som ikkje blir dekte over post 01. Vidare dekkjer posten drift av ulike styrer, nemnder og utval i tillegg til langsiktige avtalar Miljødirektoratet har med andre statlege instansar. I posten inngår også midlar som statsforvalterane nyttar til ulike oppgåver innanfor Miljødirektoratets ansvarsområde.

Lønn til tilsette som er knytte til tidsgrensa faglege prosjekt, kan òg førast over posten.

Posten dekkjer heile ansvarsområdet til Miljødirektoratet, og for ei vidare utgreiing om kva slags formål løyvinga går til, viser vi til omtalen lenger ned i teksten.

Posten er samla sett auka med 303,8 mill. kroner, og foreslått løyving er 621,1 mill. kroner. Det er lagt inn ei prisjustering på 8,4 mill. kroner.

Til posten er det flytta 291,1 mill. kroner i samband med at post 22 Statlege vassmiljøtiltak er lagd ned og midlar flytta hit. Formålet med omlegginga er å redusere talet budsjettpostar under kap. 1420 og leggje til rette for ei meir heilskapleg rammestyring av direktoratet. I beløpet ligg prisjustering på 6,6 mill. kroner.

Frå midlane til vassmiljøtiltak er det flytta 8,3 mill. kroner til post 01. Midlane skal dekkje kostnader til lønn og drift som tidlegare har vore finansierte over post 22. Av omsyn til det samla budsjettopplegget har regjeringa redusert midlane til generell vassforvaltning med 10 mill. kroner. Frå posten er det teke ut 9 mill. kroner som mellombels var lånt frå annan budsjettpost til førstegongs behandling i 2022 av Driva-vassdraget mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, men der det er bruk for å tilbakeføre midlane til fagområdet i 2023. Frå kap. 1410 post 51 er det teke ut 5 mill. kroner av postens prisjustering og flytta hit for å styrke innsatsen mot den store invasjonen av pukkellaks som er venta i 2023.

Frå postane 78, 80 og 85 er det flytta 5 mill. kroner til andregongs behandling av Driva-vassdraget mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Frå andre, ikkje spesifiserte, formål internt på post 21 er det likeins lagt inn 13 mill. kroner til behandlinga i Driva. Frå avslutta vilthelseprosjekt på brunbjørn på post 21 er det lagt inn 2,5 mill. kroner til Driva. Samla er det flytta 20,5 mill. kroner frå andre postar og andre formål internt på post 21 for å finansiere fjerninga av gyro-smitta i Driva.

I tillegg er posten auka med 6,5 mill. kroner til arbeidet med å redusere utslepp frå kommunalt avløp til Oslofjorden, som vi her har kategorisert under omtalen av midlar til Generell vassforvaltning.

Dette gjer 295,8 mill. kroner til fordeling på vassmiljøtiltak slik:

69,4 mill. kroner dekkjer tiltak som er omtalte i revidert handlingsplan for kalking for perioden 2022–2026, ein reduksjon på 4,5 mill. kroner. Desse midlane går til kalking i laksevassdrag, innsjøar og bekker og lå tidligare på underpost 1 på nedlagd post 22 under kap. 1420. I dette ligg at det er flytta 5 mill. kroner til kategorien «Anadrom laksefisk (tidligare underpost 2 på nedlagd post 22 under kap. 1420).

155,3 mill. kroner dekkjer tiltak, forsking og utvikling knytte til forvaltning av viltlevande anadrom laksefisk, inkludert tiltak mot pukkellaks, mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris i Driva-vassdraget og til bevaring i genbank. Det er ein auke på 21,9 mill. kroner samanlikna med i 2022. I dette ligg ein auke på 10 mill. kroner til innsatsen mot den store invasjonen av pukkellaks som er venta i 2023.

71,1 mill. kroner dekkjer midlar til heilskapleg vassforvaltning etter vassforskrifta og anna arbeid med generell vassforvaltning, mellom anna utvikling av klassifiseringssystem og midlar til vassregionstyresmaktene og arbeidet i vassområda. Det er ein reduksjon på 6 mill. kroner. Her ligg òg oppfølging av Nasjonal strategi for restaurering av vassdrag 2021–2030, arbeidet med å hindre ureining frå jordbruket og oppfølging av Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv.

Til andre formål enn vassforvaltning under post 21 er det flytta 5 mill. kroner frå post 31 for å styrkje kapasiteten til statsforvaltarane i arbeidet med naturrestaurering. Det er lagt inn 5 mill. kroner til utvikling av naturrekneskap og 2 mill. kroner til økosystemutgreiingar. Vidare er det lagt inn 4,5 mill. kroner til å styrkje arbeidet med å byggje opp igjen økosystem i Skagerrak.

Når det gjeld øvrig arbeid med naturrestaurering, er posten auka med 3 mill. kroner som, som følgje av særleg stort arbeidspress. Midlane skal brukast til å tilsetje ein ekstra forvaltar knytt til kvar av verneområdestyra i Dovrefjell-Sunndalsfjella, Blåfjella-Skjækerfjella-Lierne og Midtre Nordland. Det er lagt inn 0,5 mill. kroner i prosesskostnader ved sal av friluftseigedommar, jf. løyvingsforslag under kap. 4420, ny post 40.

Det er flytta 2 mill. kroner til kap. 1400 post 01, til styrking av arbeidet i departementet med sirkulær økonomi under EUs grøne giv.

Det er teke ut 1 mill. kroner til evaluering av verneområdeforvaltninga og 1 mill. kroner til den 6. hovudrapporten frå klimapanelet. Det er rammeoverført 0,65 mill. kroner til Finansdepartementet for å dekkje kontraktsfesta midlar til løpande produksjon av offisiell statistikk i Statistisk sentralbyrå (SSB). Til post 84 er det flytta 0,16 mill. kroner til medlemsskap i The International Transaction Log. Til slutt er det teke ut 0,1 mill. kroner i samanheng med korrigering i samband med ny premiemodell i Statens pensjonskasse.

Omtale av nokre av formåla som posten dekkjer (ikkje uttømmande)

Posten finansierer oppgåver innanfor resultatområda Naturmangfald, Kulturminne og kulturmiljø, Friluftsliv, Forureining, Klima, Polarområda.

Posten finansierer fleire av oppgåvene direktoratet har innan klima. Dette gjeld til dømes arbeid knytt til utvikling og drift av utsleppsrekneskapen for klimagassar og langtransportert luftforureining, utgreiing for å støtte etaten i arbeidet med tiltak for auka opptak og reduserte klimagassutslepp og kortliva klimadrivarar, for å møte norske forpliktingar, utvikling av verktøy for lokal klima- og energiplanlegging og utvikling av verktøy for å rekne ut lokal luftkvalitet. Posten dekkjer òg finansiering av ulike oppgåver innan klimatilpassing, til dømes støtte til Klimaservicesenteret og andre tiltak for auka kunnskap og kompetanse.

Posten dekkjer kostnader med prosess og utgreiingar for gjennomføring av vern som Stortinget har slutta seg til, inkludert delar av utgiftene hos aktuelle statsforvaltarar. I tillegg dekkjer posten kostnader til nasjonalparkstyre og tilsynsutval, utarbeiding av forvaltningsplanar inkludert besøksstrategiar, planarbeid ved restaurering av myr og våtmark, ved uttak av framande treslag i verneområde og innføringa av merkevara Noregs nasjonalparkar.

Ein del av tenestekjøpa av oppsynsoppgåver som Statens naturoppsyn gjer hos fjellstyra og Statskog fjelltjenesten, blir dekt over posten. Posten dekkjer òg forsterka motorferdselsoppsyn, ymse utgifter knytte til nasjonal koordinering av Skjærgårdstjenesten og utgifter knytte til arbeidet med ferdselsåreprosjektet.

I samband med forvaltning av rovvilt dekkjer posten drift av dei regionale rovviltnemndene og sekretariata. Posten dekkjer òg midlar til tenestekjøp i regi av direktoratet og rovviltnemndene.

Posten dekkjer utarbeiding og oppfølging av avgjerdsgrunnlag og handlingsplanar for trua artar og naturtypar. Midlane blir òg nytta til tenestekjøp knytte til planlegging og gjennomføring av tiltak i statleg regi for å ta vare på trua artar og naturtypar. Slike tiltak kan til dømes vere aktiv skjøtsel, biotopforbetrande tiltak og fjerning av framande skadelege organismar. Posten dekkjer vidare utgifter knytte til Naturindeks for Noreg og til etablering av klassifiseringssystem for økologisk tilstand og gjennomføring av klassifisering av økologisk tilstand.

Fagsystem for nasjonal styring og rapportering, driftsutgiftene til direktoratet i oppfølginga av internasjonale konvensjonar og arbeid knytt til det internasjonale naturpanelet (IPBES) og FNs klimapanel (IPCC) blir dekte av posten. Avtalen med Vitskapskomiteen for mat og miljø om risikovurderingar knytte til framande organismar, genmodifiserte organismar, internasjonal handel med trua artar og mikroorganismar blir òg dekt over posten.

Posten blir brukt til kjøp av spisskompetanse for å vurdere helse- og miljøfare ved stoff som Noreg foreslår for reguleringar i EU og globalt. Han blir òg brukt til å få fram betre kunnskap om ulike kjelder til spreiing av miljøgifter som eit ledd i å nå dei nasjonale måla på miljøgiftområdet og til å sikre eit brukarvennleg elektronisk system for deklarering av kjemikaliar til Produktregisteret. Midlar frå posten går òg til å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for å følgje opp arbeidet med plast i havet.

På avfallsområdet dekkjer posten utgifter til utgreiingar og til å utvikle og drifte refusjonssystemet for spillolje. Vidare dekkjer posten utgifter direktoratet eventuelt får ved å måtte fjerne eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu, farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, eller andre typar avfall som må fjernast raskt, til dømes som følgje av luktproblem, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.

Rapport 2021

Midlane på posten vart i fjor nytta til tiltak knytte til utgreiingar og forvaltningstiltak innanfor alle resultatområda som Miljødirektoratet har ansvar for. I tillegg vart det nytta midlar til utvikling av digitale løysingar og drift av ulike styre og nemnder.

Ein del av midlane er òg nytta til kjøp av naturoppsynstenester. Meir enn ein fjerdedel av løyvinga på posten vart fordelt vidare til statsforvaltarane til bruk i dei enkelte fylka.

Post 22 Statlege vassmiljøtiltak

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

22.1

Kalking

73 967

73 936

0

22.2

Anadrome laksefisk

114 014

133 446

0

22.3

Generell vassforvaltning

56 172

77 067

0

Sum post 22

244 153

284 449

0

Posten er lagd ned og midlane flytta til post 21, unnateke 8,3 mill. kroner som er flytta til post 01. Sistnemnde er midlar som har vore sette av til lønn og drift til vassmiljøtiltak på post 22 heilt sidan posten vart oppretta. Når posten no blir lagd ned, er det meir riktig at midlane blir lagde på post 01 og ikkje post 21.

Rapport 2021

Miljødirektoratet og statsforvaltaren brukte 244 mill. kroner til ulike statlege vassmiljøtiltak i 2021. Om lag 30 pst. av midlane har vore nytta til kalking av vassdrag. Om lag 50 pst. har vore nytta til forvaltning av og tiltak for å ta vare på anadrom laksefisk, inkludert tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Om lag 20 pst. av midlane er nytta til generell vassforvaltning.

Kalking

Kalking av forsura laksevassdrag og kalking av forsura innsjøar og bekker (innlandsvassdrag) er gjennomført i tråd med handlingsplanen for kalking av vassdrag 2016–2021, og 24 lakseførande elvar er kalka. Det vart i 2021 i tillegg starta kalking i Otravassdraget. Kalkingsaktiviteten er tilpassa forsuringsforholda (optimalisering), ein sentral del av arbeidet for å gjere kalkinga så målretta og effektiv som mogleg.

I dei elvane der laksen har gått tapt på grunn av sur nedbør, er det etablert nye laksestammar. Det har vore godt laksefiske i mange av dei kalka elvane, med ein årleg totalfangst på 40–60 tonn (12–15 pst. av all laks fanga i norske elvar).

I dag reknar ein med at det enno er om lag 5 pst. av arealet i Noreg som er skadd av forsuring, og fram mot 2030 er det berre venta små betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa ned med meir enn målsetjingane i Göteborgprotokollen.

Anadrom laksefisk

Eit storskala forsøk med klor som tiltak mot Gyrodactylus salaris vart gjennomført i Driva etter planen. Forsøket var svært vellykka, og klor blir nytta som hovudmetode i Drivavassdraget. Drifta av fiskesperra i Driva, mellom anna oppflytting av sjøaure, held fram. Genbankarbeidet er framleis omfattande som følgje av at mange bestandar er tekne vare på og under reetablering i vente på, eller etter, nedkjempingstiltak mot Gyrodactylus salaris. Etablering og drift av genbank for laksefisk frå Hardanger har i hovudsak gått som planlagt. Løyvinga er òg brukt til arbeidet med å følgje opp ny avtale om forvaltning av Tanavassdraget. Innsatsen på bestandsovervaking av villaks var stabil, og eit opplegg for særskild overvaking for sjøaure er utvikla vidare.

Generell vassforvaltning

Den viktigaste milepålen for vassforvaltninga i 2021 var ferdigstillinga av forslag til oppdaterte regionale vassforvaltningsplanar og tiltaksprogram som vart vedtekne av fylkestinga ved årsskiftet 2021/2022. Gjennom overvaking vart kunnskapsgrunnlaget for vassforvaltninga og utviklinga av klassifiseringssystemet for ferskvatn og kystvatn vidareførte. Ei samanstilling av kunnskapsgrunnlaget om tilstanden og utviklinga i utvalde eutrofipåverka vassdrag vil mellom anna danne grunnlag for vidare arbeid med eutrofiproblematikken. Eutrofi skjer mellom anna når næring frå menneskeleg aktivitet, som frå jordbruk og avløp, renn ut i bekker og anna vatn og endrar næringsinnhaldet og dermed levekåra der. Restaurering av vassdrag er eit satsingsområde i 2023, og innsatsen på området fell saman med FNs tiår for restaurering av natur fram mot 2030. Målet med satsinga er å auke mengda restaurerte vassførekomstar, betre kunnskaps- og erfaringsutveksling og sikre nødvendig samarbeid og koordinering av restaureringa av vassdrag. Ein strategisk plan for restaurering av vassdrag for perioden 2021–2030 er utarbeidd og godkjend, og handlingsplan for restaurering er under utarbeiding.

Løyvinga er òg brukt til å utarbeide forslag til forvaltningsstrategi knytt til storauretiltak og tiltak og innhenting av kunnskap knytt til krypsiv.

Post 23 Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

Løyvinga er knytt til utgifter som direktoratet har ved gebyrfinansiert verksemd, og til utgifter ved oppdrag finansierte frå andre instansar. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining og Klima.

Posten er samla sett auka med 0,8 mill. kroner til 150,3 mill. kroner.

Posten er auka som følgje av prisjusteringar med 1,9 mill. kroner. Posten er redusert med 1,1 mill. kroner grunna endringar under korresponderande inntektspostar under kap. 4420, jf. nærmare omtale under desse.

Med heimel i fleire forskrifter utfører direktoratet oppgåver som er gebyrfinansierte i samsvar med prinsippet om at forureinaren betaler. Inntektene til desse gebyra er førte under kap. 4420, post 04.

På same viset utfører statsforvaltarane oppgåver i samband med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova. Gebyrinntekter for dette arbeidet er førte under kap. 4420, post 06. Inntektene blir tilbakeførte til statsforvaltarane.

Til utgiftene ved kontroll og verifisering av kvotepliktige verksemders klimautslepp er det i samsvar med EU-reglane knytte gebyr, som er førte under kap. 4420, post 07.

Posten dekkjer òg utgifter ved internasjonale oppdrag som direktoratet får refunderte over kap. 4420, post 09, hovudsakleg frå andre statsinstansar.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4420, postane 04, 06 og 09, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2021

Om lag 37 mill. kroner av midlane vart i 2021 nytta av statsforvaltarar, i hovudsak knytt til gebyrfinansierte tiltak på forureiningsområdet. Posten blir vidare nytta til lønn og direkte kostnader knytte til internasjonal aktivitet og til lønn og driftskostnader knytte til dei andre gebyrordningane som er nemnde over.

Post 30 Statlege tileigningar, bevaring av viktige friluftslivsområde, kan overførast

Midlane på posten er retta mot resultatområdet Friluftsliv. Midlane blir nytta til å vareta viktige friluftslivsområde, anten ved offentleg erverv eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale med grunneigar). Foreslått løyving er 21,3 mill. kroner, ei reduksjon på 9,6 mill. kroner. Av omsyn til det samla budsjettopplegget har regjeringa redusert posten med 10 mill. kroner. Prisjusteringa er på 0,4 mill. kroner.

Kommunane og dei interkommunale friluftsråda kan søkje Miljødirektoratet om økonomisk medverknad til å bevare viktige friluftslivsområde gjennom sikring. Miljødirektoratet kan òg i samarbeid med kommunane overta friluftslivsareal frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i verksemda si. I tillegg kan kommunale friluftslivsområde vederlagsfritt gjerast om til sikra friluftslivsområde. Slike område blir tinglyste som sikra friluftslivsområde.

Midlane på posten kan òg nyttast til grunnleggjande istandsetjingstiltak i samband med at nye område blir sikra. Midlane på posten kan òg nyttast til istandsetjing av statleg eigde bygningar på dei sikra områda, inkludert utarbeiding av forvaltningsplanar og istandsetjing av freda og verna bygningar på sikra område.

For friluftsområde med nasjonal og regional bruk kan staten medverke med inntil 100 pst. av kostnadene, og for område med i hovudsak lokal bruk kan staten medverke med inntil 50 pst. av kostnadene. Område som er prioriterte i arbeidet med å bevare viktige friluftslivsområde, er friluftsområde i og ved bustadtette område, landfaste område i kystsona som har lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala, og sentrale område ved innlandsvassdrag.

Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak frå dette er bygningar som anten skal rivast eller nyttast i friluftslivssamanheng i området.

Midlane på posten kan òg dekkje utgifter knytte til dei sikra områda, til dømes grenseoppgangar, frådelingar og tinglysingar. Investeringsmidlane blir utbetalte når Miljødirektoratet har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført, og at vilkåra til staten er oppfylte.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 45 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2021

Det vart i 2021 sikra 41 nye friluftslivsområde med midlar frå posten. To tredjedelar av områda kan definerast som nærområde til bustadområde. Områda som vart sikra i 2021, ligg i ni ulike fylke. Områda gjev allmenta tilgang til flotte naturopplevingar og fysisk aktivitet. Døme på område og formål er:

  • Randineborg i Færder kommune – etablering av badeplass i nedbygd strandsoneareal. Også ei oppfølging av Oslofjordplanen, der eit av innsatsområda er å ta vare på og betre tilgangen allmenta har til strandsona langs fjorden.

  • Blisterhaugen i Trondheim kommune – sikring og istandsetjing av nærfriluftslivsområde som medverknad til «Områdeløft Saupstad»

  • Kragerøbanen i Drangedal kommune – etablering av turveg på nedlagt jernbanespor

Det blir framleis sikra mange friluftslivsområde nær bustadområde. Desse områda har jamt over høgare sikringskostnader enn område utanfor bustadområda. Både kommunar og interkommunale friluftsråd har initiert sikringsprosessane og vil stå for vidare drift og tilsyn i områda framover. For fleire av desse områda har statleg medverknad vore heilt avgjerande for at dei har blitt sette i stand og tilgjengelege for allmenta.

I tillegg til å gjennomføre sikringssaker søkte kommunar og friluftsråd om statleg medverknad til å sikre nye område, og tilsegn om statleg medverknad til 49 nye område vart innvilga i 2021. Kommunane og friluftsråda arbeider no med å gjennomføre sikring av desse områda og med tilrettelegging av areala.

Post 31 Tiltak i verneområde, og annan natur, inkludert restaureringstiltak, kan overførast

Posten er slått saman med post 38 Restaurering av myr og anna våtmark og har derfor fått ny postnemning. Tidlegare nemning var «Tiltak i verneområde». Formålet med å slå saman post 31 og 38 er å redusere talet budsjettpostar under kap. 1420 og leggje til rette for ei meir heilskapleg rammestyring av direktoratet.

Posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Klima. Midlane dekkjer statlege investeringsutgifter i verneområde, nærområde til verneområde og annan natur. Midlane går til tiltak som er nødvendige for å ta vare på verneverdiane, vedlikehald av slike tiltak og til utgreiingar som er nødvendige før tiltak, informasjonstiltak og skjøtsels- og tilretteleggingstiltak.

Skjøtselstiltak blir sette inn for å betre naturtilstanden og for å sikre at viktige naturtypar og artar ikkje går tapt.

Tilretteleggingstiltaka omfattar opparbeiding av stiar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdselen i og rundt sårbar natur. Informasjonstiltak i alle typar av verneområde blir utarbeidde i samband med merkevara for Noregs nasjonalparkar.

Alle tiltak i verneområde skal prioriterast i tråd med Miljødirektoratet sin Strategi for bruk av midler til tiltak i verneområder (2020–2025) og skal i utgangspunktet vere forankra i godkjend forvaltningsplan, skjøtselsplan eller besøksstrategi.

Posten skal vidare nyttast til å restaurere natur som har blitt ringare, i økosystem på land som våtmark, skog, fjell og kulturlandskap og opent lågland. Vi er no inne i FNs tiår for naturrestaurering (2021–2030). Restaurering er nødvendig for å stoppe tapet av naturmangfald og under dette verknader av klimaendringar. Restaurering av myr kan i tillegg sikre store karbonlager og på sikt redusere klimagassutsleppa. Midlane skal nyttast til å gjennomføre konkrete restaureringstiltak prioriterte av Miljødirektoratet. Til grunn for prioriteringa ligg mellom anna Plan for restaurering av våtmark i Norge (2021–2025) og ei utgreiing frå direktoratet med tilråding om konkrete, terrestriske restaureringstiltak. Kostnadseffektive tiltak skal prioriterast.

Posten blir òg nytta til båtinvesteringar for Statens naturoppsyn. På grunn av alder og slitasje har Statens naturoppsyn behov for utskifting og fornying av båtar for å tilfredsstille krav til eigen tryggleik og stabil drift. Til materiellbestillingar (hovudsakleg båtkjøp) er det behov for ei bestillingsfullmakt på 8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Foreslått løyving er på 133,5 mill. kroner, ein auke på 40,1 mill. kroner. Posten er auka med 41,1 mill. kroner som er flytta frå nedlagd post 38, og 4 mill. kroner i tiltaksmidlar for nasjonalpark- og verneområdestyra. Posten er redusert ved at 5 mill. kroner er flytta til post 21 for å styrkje kapasiteten til statsforvaltarane på naturrestaurering.

Rapport 2021

I 2021 finansierte posten ikkje restaureringstiltak, og rapporteringa her omfattar difor berre midlar brukte på tiltak i og i tilknyting til verneområde.

Midlane er brukte til tiltak og investeringar for å ta vare på og betre verneverdiane i verneområde over heile landet. Mange hundre tilretteleggings- og informasjonstiltak vart gjennomførte i 2021, mellom anna opparbeiding av stiar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdselen i og rundt sårbar natur. Tiltak i verneområde der verneverdiane er trua, vart prioriterte.

Framande artar er framleis ein av dei største truslane mot verneverdiane, og det blir gjort ein stor innsats mot ei rekkje slike artar for å forhindre at desse tek over for stadeigen natur i verneområda. Det treårige pilotprosjektet for uttak av framande treslag i verneområda vart avslutta i 2021 og har gjeve gode resultat. Mange verneområde er no rydda for framande treslag, mellom anna edellauvskog og kystlynghei, slik at desse områda på noko sikt får att det naturlege artsmangfaldet. Dei mange og til dels omfattande hogstane har òg gjeve verdifulle erfaringar om val og bruk av ulike metodar i arbeidet, og det vart i 2021 jobba fram ein brukarmanual for arbeid med større hogstar i verneområde. Merkevara Noregs nasjonalparkar blir nytta i stadig aukande grad, ettersom mange nasjonalparkar og andre verneområde no har ferdige besøksstrategiar. Auka tilrettelegging har ført til at fleire har teke i bruk dei verneområda som toler besøk.

Post 32 Statlege tileigningar, vern av naturområde, kan overførast

Posten har fått ny og meir generell nemning «Statlege tileigningar, vern av naturområde», mot tidlegare «Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar». Dette skjer fordi følgjande postar er lagde ned og løyvingane flytta hit til post 32: Post 33 Statlege tileigningar, nytt landbasert vern, post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, post 35 Statlege tileigningar, skogvern og post 36 Statlege tileigningar, marint vern.

Målsetjinga med omlegginga er å redusere talet budsjettpostar under kap. 1420 og leggje til rette for ei meir heilskapleg rammestyring av direktoratet. Formåla med dei ulike postane blir viste i eigne omtalar nedanfor.

Posten blir foreslått med ei løyving på 215,3 mill. kroner. I tillegg er det behov for ei samla bestillingsfullmakt på 516,2 mill. kroner jf. forslag til vedtak V. Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald.

Fylkesvise verneplanar

Midlane til dette formålet dekkjer utgifter til gjennomføringa av planen for fylkesvise tematiske verneplanar, slik det er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur, og einskilde tilleggsområde. Verneprosessar er avslutta for alle aktuelle område. For nokre verneplanar og einskildområde er vern ikkje gjennomført etter avveging mot andre interesser. Av dei som er verna, står det att å sluttføre erstatningsoppgjer for nokre få. Midlane skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtalar eller ved rettslege skjønn. Midlane skal òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane dekkje andre kostnader som er direkte knytte til etableringa av dei konkrete verneområda.

Til formålet er det sett av 0,6 mill. kroner for å dekkje venta utbetalingar. Til formålet er det behov for ei bestillingsfullmakt på 0,2 mill. kroner, som inngår i framlegget til samla bestillingsfullmakt for posten, jf. forslag til vedtak V.

Nytt landbasert vern

Midlane skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nytt landbasert vern utover skogvern og vern som er oppfølging av St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur og St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge. Midlane skal òg dekkje utgifter til bevaring av verdifull natur (omtalt som supplerande vern i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold). Midlane låg tidlegare på post 33.

På posten blir det ført utgifter i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtalar eller ved rettslege skjønn. Posten kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane på posten dekkje andre kostnader som er direkte knytte til etableringa av dei konkrete verneområda, inkludert registrering og vurdering av verneverdiar.

Til nytt landbasert vern er det sett av 2,8 mill. kroner for å dekkje venta utbetalingar i 2023. Til formålet er det behov for ei bestillingsfullmakt på 5,5 mill. kroner, som inngår i framlegget til samla bestillingsfullmakt for posten, jf. forslag til vedtak V.

Nasjonalparkar

Midlane dekkjer utgifter til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge, og einskilde tilleggsområde. Midlane låg tidlegare på post 34.

Verneprosessar er avslutta for alle aktuelle område. For nokre område er vern ikkje gjennomført etter avveging mot andre interesser. Av dei som er verna, står sluttføring av erstatningsoppgjer att for nokre få område. Midlane skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiska tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Midlane kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar.

Forutan erstatning og vederlag skal midlane dekkje andre kostnader som er direkte knytte til etableringa av dei konkrete verneområda i nasjonalparkplanen.

Innanfor formålet er det sett av 4,9 mill. kroner til å dekkje venta utbetalingar grunna pårekna erstatningsutbetalingar.

Skogvern

Midlane til formålet dekkjer utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova og markalova, jf. erstatningsreglane i lovene. Midlane låg tidlegare på post 35. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettslege skjønn. Midlane skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova og markalova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, vederlagsordning for frivillig skogvernområde som er i verneprosess, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.

Midlane skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking og utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene.

Regjeringa tek sikte på å avklare spørsmålet om nasjonalpark i Østmarka og eventuelle andre nye verneområde etter naturmangfaldlova eller markalova i dette området i 2023. Utgiftene i samband med slike vernevedtak skal dekkast av midlar på posten. Av omsyn til det samla budsjettopplegget har regjeringa redusert delløyvinga til skogvern med 235 mill. kroner til 200,7 mill. kroner.

For å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak om vern av skog på Statskog SFs areal og sikre god framdrift i skogvernet og gjere det mogleg å verne skog i Østmarka som del av nasjonalparkprosessen, er det behov for ei bestillingsfullmakt på 508,3 mill. kroner, som inngår i framlegget til samla bestillingsfullmakt for posten, jf. forslag til vedtak V.

Marint vern

Midlane til formålet skal dekkje utgifter til gjennomføringa av marint vern som omtalt i St.meld. nr. 43 (1998–1999) Vern og bruk i kystsona, Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet, Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene og Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur. Midlane låg tidlegare på post 36.

Midlane skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtalar eller ved rettslege skjønn. Midlane kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane dekkje andre lovpålagde kostnader som er knytte til etablering av dei konkrete verneområda, inkludert registrering og vurdering av verneverdiar. Midlane dekkjer òg utgifter til konsekvensutgreiing og kan vidare nyttast til kartlegging som grunnlag for forvaltning av område.

Innanfor formålet er det sett av 6,3 mill. kroner til venta utbetalingar i 2023.

Til formålet er det behov for ei bestillingsfullmakt på 2,2 mill. kroner, som inngår i framlegget til samla bestillingsfullmakt for posten, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2021

Her følgjer berre rapport for fylkesvise verneplanar, sidan posten var avgrensa til dette formålet i 2021. Rapportering for 2021 for andre verneplaner og verneprosessar er gjevne under postane dei låg på i 2021.

Fylkesvise verneplanar

I 2021 var hovudtyngda av utbetalingane knytt til grensemerking av område i verneplan for Tyrifjorden og grensemerking av fleire einskildområde, mellom anna i Vestland fylke.

Post 33 Statlege tileigningar, nytt landbasert vern, kan overførast

Posten er lagd ned og midlane flytta til post 32.

Rapport 2021

I 2021 var hovudtyngda av utbetalingar over posten knytt til grensemerking i nasjonalparkane Raet og Lofotodden.

Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

Posten er lagd ned og midlane flytta til post 32.

Rapport 2021

Det vart ikkje gjennomført vern av nye nasjonalparkar i 2021. Hovudtyngda av utbetalingar i 2021 var knytt til erstatningsoppgjeret for nasjonalparkane Dovrefjell-Sunndalsfjella, Blåfjella-Skjækerfjella og Langsua og landskapsvernområda Hjerkinn, Brattefjell-Vindeggen og Nærøyfjorden.

Post 35 Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

Posten er lagd ned og midlane flytta til post 32.

Rapport 2021

Hovudtyngda av utbetalingane er knytt til erstatningar i samband med frivillig vern av skog, der 381,5 mill. kroner er utbetalte i erstatningar og vederlag. Det er i 2021 ikkje utbetalt erstatning for vern på grunn som Statskog SF eig. Resterande del av løyvinga er utbetalt til andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet.

Post 36 Statlege tileigningar, marint vern, kan overførast

Posten er lagd ned og midlane flytta til post 32.

Rapport 2021

Vernevedtak vart gjort i 2021 for området Rauerfjorden. Utbetalingane var i hovudsak knytte til kartlegging i foreslåtte marine verneområde i Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark. Dette var nødvendig for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for avgjerda om oppretting av verneområde.

Post 37 Skogplanting, for stadeigne treslag, kan overførast

Pilotordninga for skogplanting er avslutta, og sluttrapport vart levert til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet våren 2019. Etter avtalar mellom grunneigarar og kommunar skal kostnader til etterarbeid på skogplantingsfelt inntil fem år frå tidspunktet for planting dekkjast av prosjektet. I brev av 25. mai 2021 vart Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet bedne om å ta utgangspunkt i dei anbefalte endringane gjevne i evalueringa av pilotfasen og Meld. St. 13 og om å ferdigstille eit forslag til eit rammeverk for tilskotsordning, med ei tilhøyrande rettleiing. Forslag til løyving på posten er på same nivået som i 2022. Midlane går til vidareføring av klimatiltaket planting av skog på nye areal med klare miljøkriterium.

Rapport 2021

Pilotordninga for skogplanting var i gang i perioden 2015–2018 og hadde ei årleg finansiering på 15 mill. kroner i 3 år. Dei første åra vart det lagt vekt på å utarbeide rettleiingsmateriale for planting i pilotfasen, å kartleggje areal for planting og å setje plantar i produksjon. Dei første plantefelta vart realiserte i 2016. I 2017 vart det i hovudsak planting i pilotfylka, og frå sentralt hald vart det prioritert å etablere rutinar for saksbehandling i pilotfylka og å planleggje intern og ekstern evaluering av ordninga. I 2018 vart pilotordninga avslutta i pilotfylka. Alle fylka leverte sluttrapport frå pilotfasen, og dei siste trea vart planta ut hausten 2018. Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har arbeidd med å følgje opp pilotfylka i avslutningsfasen. Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har i 2021 jobba med å ferdigstille eit forslag til rammeverk for ordning og rettleiing for korleis den kan bli implementert.

Post 38 Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast

Posten er lagd ned og midlane flytta til post 31.

Rapport 2021

I perioden 2016–2021 vart det gjennomført restaureringstiltak i 105 myrar, dei fleste i verneområde, men i aukande grad på Statskog SF sin grunn.

Den femårlege overvakinga av klimagassar i Regnåsen-Hisåsen naturreservat held fram. I 2021 vart ei av dei overvakte myrane restaurert, og ein kan no følgje utviklinga i gassfluksar frå dei to myrane. Dette vil etter kvart gje verdifull kunnskap om klimagassrekneskapen for restaurert myr i Noreg.

Det skjer fortløpande metodeutvikling i arbeidet med restaurering av myr som følgje av ny kunnskap. Forskinga fortel oss mellom anna at demningane som tettar grøftene, bør dekkjast til med vegetasjon for å redusere klimagassutslepp ytterlegare etter restaurering av myr. I 2021 starta vi opp denne praksisen.

Det er mange høgmyrar som blir restaurerte – myrar som er sterkt trua på Norsk raudliste for naturtypar (Artsdatabanken, 2018). Desse myrane har djupe lag med torv, der mykje karbon er lagra. Ein ser at vasstanden raskt blir heva i myrane etter restaurering, og dei viktige torvmosane etablerer seg att. Det same gjer ei rekkje insekt- og fugleartar.

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

Posten er knytt til resultatområdet Forureining. Utgiftene må sjåast i samanheng med midlar til same formålet under postane 69 og 79.

Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunnen på land og i botnen i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og til arbeidet med å rydde opp i forureina jord. Opprydding i forureina sjøbotn gjeld i hovudsak oppfølging av 17 prioriterte område. Foreslått løyving er på 12,5 mill. kroner på posten for 2023, det same som for 2022.

Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen, til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeid og til anna kunnskapsoppbygging.

Prinsippet om at forureinaren betaler, ligg til grunn for arbeidet med oppryddinga, og det ligg til grunn for alle tre postane. Så langt det er rimeleg, vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekkjer heile eller delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak, til dømes

  • der staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for forureininga

  • der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding

  • der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten kan forskotere oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang og krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant.

  • der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling

  • der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område

  • der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene

Mange av dei store oppryddingsprosjekta i forureina sjøbotn er delfinansierte av kommunar og andre aktørar. Ettersom prosjekta strekkjer seg over fleire år, er det nødvendig å kunne inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gje tilsegn om tilskot utover gjeven løyving under kap. 1420 Miljødirektoratet postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak. Ut frå behovet blir det fremja forslag om ei slik fullmakt på 17,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.

Rapport 2021

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2021er samla under post 79.

Post 60 Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegging

Tilskotsordninga er knytt til resultatområdet Naturmangfald.

Posten er oppretta som følgje av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold, der det går fram at ein vil leggje til rette for at kommunane betrar kompetansen om naturmangfald. Midlane skal gje støtte til kommunar i arbeidet med kommunedelplan om natur. Løyvinga for 2023 er 3 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje den kommunale naturforvaltninga. Det er ønskjeleg at kommunane har større medvit om eigne naturverdiar, slik at dei kan gjere politiske val på eit betre kunnskapsgrunnlag tidleg i planprosessane. Dette kan gje meir effektive planprosessar og kompetanseløft i kommunane, i tillegg vil det skape eit lokalt engasjement for naturen og betre ivaretaking av naturmangfald.

Kriterium for måloppnåing

Midlane må brukast på å lage og vedta kommunedelplanar for naturmangfald i tråd med plan- og bygningslova eller til ein temaplan som del av ein meir heilskapleg plan der naturmangfald inngår som ein eigen del med mål og handlingsplan.

Tildelingskriterium

Kommunar kan søkje om midlar.

Oppfølging og kontroll

Alle kommunar som får tilskot, må rapportere til Miljødirektoratet om korleis midlane er brukte, og om resultatet.

Rapport 2021

Miljødirektoratet fekk søknader om tilskot til å lage ein kommunedelplan for naturmangfald frå 45 kommunar i 2021. 23 av desse fekk tilskot på 125 000 kroner kvar. Tilskotsordninga bidreg til auka politisk merksemd i kommunane, både blant innbyggjarar, næringsliv og politisk leiing. Dette er positivt for å vareta naturmangfaldet i det vidare planarbeidet til kommunen.

Post 61 Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

Posten er knytt til resultatområdet Klima.

Posten har vore omfatta av dei to tilskotsordningane Klimasats (ordning for tilskot til kommunale klimatiltak for å kutte utslepp av klimagassar) og tilskot til klimatilpassingstiltak i kommunane.

Løyvinga på posten for begge ordningane er på 196,5 mill. kroner for 2023, og skal dekkje utbetalinger for allereie gitte tilsagn. Utbetalingane strekkjer seg over fleire år, og løyvingar er knytte til utbetalingar til kommunane for tilsegn til prosjekt som er gjevne tidlegare år. Løyvinga må sjåast i samanheng med tilsegnsfullmakta på posten.

Løyvinga til klimatilpassing er ført vidare på same nivå som i 2022.

Klimasats

Tilskotsordninga Klimasats vart oppretta i 2016. Utgangspunktet var ei femårig tilskotsordning, som deretter har blitt vidareført eitt år om gongen. Ordninga har vore vellykka og har bidrege til å fremje klimatiltak i kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyens lokalstyre ved å støtte prosjekt som medverkar til reduksjon i utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. På grunn av mindre budsjettmessig handlingsrom har regjeringa ikkje funne rom for å føre vidare Klimasatsordninga ytterlegare eit år.

Rapport 2021

I 2021 fekk Miljødirektoratet 474 søknader om til saman 446 mill. kroner til den ordinære Klimasats-ordninga. Til saman 289 prosjekt fekk tildelt 181,5 mill. I 2021 var det fire søknadsfristar, mot éin tidlegare år. Formålet var å gjere det lettare å søkje støtte til meirkostnader for klimakrav i anskaffingar. 161 kommunar fekk støtte til deltaking i interkommunale klimanettverk i 2021. Det var ein stor nedgang frå 2020 då 252 kommunar fekk nettverksstøtte. Hovudårsaka er at mange kommunar hadde pengar att frå 2020 då dei måtte redusere nettverksaktiviteten kraftig grunna covid-19 og difor ikkje søkte. Interkommunalt samarbeid er viktig i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. I tillegg kom det ni søknader om støtte til innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar. Seks av desse fekk øyremerkte hurtigbåtmidlar.

Klimasats-støtta har i 2021 mellom anna utløyst utsleppsfrie løysingar på 21 byggjeplassar spreidde utover landet, 14 elbussar i bussanbod som elles ville nytta dieselbussar, arbeid med klimakrav i anskaffingar i ei rekkje kommunale innkjøpssamarbeid, kartlegging av klimatiltak tidleg i 35 byggje- og anleggsprosjekt, prosjekt om sirkulærøkonomi med tydeleg klimagevinst, klimavennleg mat, styrking av Klimapartnar-arbeidet til fylkeskommunane, ladepunkt som gjev tilhøyrande utskifting av fossile tenestebilar i 92 kommunar som har få eller ingen elbilar frå før. 2021 var siste året kommunane fekk støtte til ladepunkt. Full oversikt: Klimasats-prosjekt – Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no).

Klimatilpassing

Mål

Tilskotsordninga skal fremje arbeidet med klimatilpassing i kommunar og fylkeskommunar ved å medverke til å auke kunnskap om korleis klimaendringane rammar dei, og kva tiltak som må setjast i verk for å måle klimaendringane. Dette omfattar kunnskap om korleis klimaendringane kan verke inn på ansvarsområda til kommunane og fylkeskommunane, og utgreiingar om kva slag tiltak kommunane må setje i verk for å møte klimaendringane.

Kriterium for måloppnåing

Midlane må brukast på tiltak som gjer samfunnet betre rusta mot klimaendringane.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til kunnskapsoppbygging og til utgreiing av konkrete tilpassingstiltak. Midlane kan ikkje brukast til gjennomføring av fysiske klimatilpassingstiltak.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging av tilskot til klimatilpassing skjer ved at det blir følgt opp at tilskotsmottakarane nyttar midlane som føresett, og at tiltaka blir gjennomførte. Kontroll av bruken av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon i sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren.

Rapport 2021

I 2021 fekk Miljødirektoratet 48 søknader for til saman 22,6 mill. kroner på ordninga tilskot til klimatilpassing. Av desse fekk 16 prosjekt til saman 6,6 mill. kroner i støtte. Av dette er 200 000 kroner som vart trekte inn frå 2020, frå prosjekt som ikkje vart gjennomførte, og lagde til løyvinga på 6,4 mill. kroner for 2021.

Midlane for 2021 vart fordelte mellom små og store kommunar i heile landet. Mange av søknadene var om overvatn, flaum, havnivåstiging og stormflod. Prosjekt knytte til mellom anna modellering av påverknad av bølgjer, formidling og visualisering av klimadata og digital analysemodell for påverknad av klima i kystsona fekk støtte. Det var også fleire søknader om naturbaserte løysingar for klimatilpassing som fekk støtte.

Post 62 Tilskot til grøn skipsfart, kan overførast

Posten er knytt til resultatområdet Klima. Løyvinga er redusert med 46,6 mill. kroner i tråd med venta utbetalingar i 2023. Regjeringa foreslår å føre vidare ordninga for innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband med ei ramme for nye tilsegner på 40 mill. kroner i 2023 òg. Som følgje av at tilskot blir utbetalte på etterskot, er det behov for ei samla tilsegnsfullmakt på 156,2 mill. kroner til posten, jf. forslag til vedtak VI.

Mål

Ordninga har som formål å auke bruken av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan få tilskot til tiltak som oppfyller følgjande tildelingskriterium:

  • Tiltaket skal bidra til reduserte klimagassutslepp, løysingar som kan bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet, eller til begge delar.

  • Søknaden skal vere politisk forankra i fylkeskommunen/kommunen.

  • Tilskotet skal vere utløysande for at tiltaket blir gjennomført.

  • Søkjar må bidra med eigeninnsats.

Detaljerte opplysningar finst på www.miljødirektoratet.no.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapport med resultat, dokumentasjon og stadfesta rekneskap. Dei ulike prosjekta har individuelle rapporteringskrav og fristar, slik at ein får formålstenleg rapportering. Endringar i prosjektet blir melde inn undervegs. Fleirårige prosjekt har krav om årleg delrapport. Enkelte prosjekt har òg krav om etterrapportering, der dei skal gjere greie for erfaringane når tiltaket har hatt noko verknadstid. Tilskot kjem som regel til utbetaling når prosjektet er gjennomført, og på grunnlag av sluttrapporten og rekneskapen deira.

Rapport 2021

I 2021 fekk Miljødirektoratet 4 søknader for til saman 132,5 mill. kroner på Hurtigbåtprogrammet i Klimasats. Av desse fekk 2 prosjekt til saman 80 mill. kroner i støtte.

Midlane for 2021 vart fordelte mellom Rogaland fylkeskommune, Viken fylkeskommune og Oslo kommune. Søknadene omhandla støtte til meirkostnader ved elektriske hurtigbåtar i kommande anbod. Ein av søknadene fekk ikkje støtte i 2021, men fekk støtte under utlysinga i 2022.

Post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar, kan overførast

Posten gjev tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar. Tilskot til private behandlingsanlegg og til kommunale og interkommunale verksemder som er organiserte som sjølvstendige rettssubjekt, blir utbetalte frå post 75. Ordninga rettar seg mot resultatområdet Forureining. Posten er redusert med om lag 400 000 kroner frå 2022. Foreslått løyving er på 319 000 kroner på posten for 2023.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å stimulere båteigarar til å levere kasserte båtar til godkjend returplass, slik at fritidsbåten kan takast hand om på ein forsvarleg måte og materiala frå han kan vinnast att. Posten dekkjer utbetaling av tilskot for kostnader ved behandling ved ein kommunal eller interkommunal behandlingsplass.

Frå 1. oktober 2017 blir det utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar over denne posten. Det blir utbetalt eit beløp per kilo båt som blir levert inn til behandlingssystemet, for å dekkje kostnadene kommunane har ved å behandle båtvraka.

Kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal medverke til å auke innleveringa av fritidsbåtar som skal vrakast, slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte og ikkje blir etterlatne i naturen, ulovleg senka eller brende.

Tildelingskriterium

Miljødirektoratet betaler ut tilskot til behandlingsanlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar. Tilskotet i kroner per båt er basert på kostnadene ved å behandle fritidsbåtane. Tilskot til private behandlingsanlegg og kommunale og interkommunale verksemder organiserte som sjølvstendige rettssubjekt blir utbetalte frå post 75.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet kontrollerer dokumentasjon frå behandlingsanlegget i samband med at kasserte fritidsbåtar blir behandla.

Rapport 2021

Tilskotsordninga er viktig for å sikre eit tilgjengeleg tilbod med mottaks- og behandlingsanlegg for kasserte fritidsbåtar, noko som har sikra høg innlevering, utnytting av ressursane i båtane i ein sirkulær økonomi og reduksjon av forsøpling og anna forureining. Ordninga vart vedteken i statsbudsjettet for 2017 og var verksam frå 1. oktober 2017. I 2021 vart det levert totalt om lag 10 300 kasserte fritidsbåtar over både post 63 og post 75. Det var inga utbetaling til kommunale anlegg på post 63 i 2021.

Post 64 Skrantesjukeprøvar frå fallvilt

Tilskotsordninga er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Skrantesjuke er ein sjukdom som er dødeleg for hjortedyr. Det er påvist to typar skrantesjuke i Noreg. I Nordfjella sone 1 og på Hardangervidda er det påvist éin smittsam type skrantesjuke. Ein annan type skrantesjuke, atypisk skrantesjuke, er funnen hos fleire elgar og hjortar i Noreg. For å auke kunnskapen om skrantesjuke skal det gjennomførast målretta kartlegging av hjortevilt felt under jakt i alle områda der sjukdommen er funnen. I tillegg skal all vaksen villrein felt i alle villreinområda testast, og elg og hjort i eit utval kommunar skal testast.

Skrantesjuke kan påvisast i prøvar frå hjerne og lymfeknutar. Dette krev tilgang til døde dyr og relativt ferske prøvar. Tilgangen til døde hjortevilt og høvet til å ta ut prøvar av hjerne og lymfeknutar er størst i samband med jakt. I tillegg skal fallvilt som er eitt år og eldre, av alle artar hjortevilt testast for skrantesjuke i alle kommunar og villreinområde i Noreg. Ettersøkspersonellet i kommunen er den gruppa som er mest i kontakt med fallvilt, og det er difor ofte formålstenleg at dei tek ut nødvendige prøvar. For å auke kunnskapen om korleis sjukdommen opptrer i ulike aldersgrupper, sender utvalde kommunar inn kjevar frå fallvilt for aldersbestemming. Kommunen skal alltid registrere fallvilt i Miljødirektoratets database Hjorteviltregisteret, inkludert om det er teke skrantesjukeprøve. Prøvetaking av fallvilt kan føre til ekstra utgifter for kommunen. Posten er oppretta for å dekkje utgifter kommunar har i samband med kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.

Målsetjinga med tilskotsordninga er kartlegging av mogleg spreiing av skrantesjuke.

Foreslått løyving i 2023 er på 1,2 mill. kroner, uendra samanlikna med 2022.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til auka kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.

Tildelingskriterium

Det er oppretta eit eige skjema i Miljødirektoratets elektronisk søknadssenter der kommunar kan søkje om tilskot innan den årlege rapporteringsfristen for fallvilt. Søknadssenteret hentar automatisk så mange skrantesjukeprøvar som kommunen har registrert frå fallvilt i Hjorteviltregisteret. Det blir gjeve ein fast sats per registrerte prøve og ein fast sats per kjeve. Summen blir utbetalt som tilskot til kommunane.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet gjennomfører oppfølging og kontroll gjennom Elektronisk søknadssenter og Hjorteviltregisteret.

Rapport 2021

Rapportering av fallvilt følgjer jaktåret (1. april–31. mars), og for jaktåret 2020–2021 søkte til saman 108 kommunar om tilskot for 1 827 prøvar til ein samla sum på 0,927 mill. kroner. Summen inkluderer tilskot til kommunar som leverer kjevar i regi av kartleggingsprogrammet. Talet prøvar det er søkt om tilskot for, har auka, medan talet kommunar som søkte, er lågare samanlikna med førre året. Dette tyder på at kommunar som tek mange prøvar, nyttar ordninga. Det er framleis mykje fallvilt det ikkje blir søkt om tilskot for. Det blir arbeidd fortløpande for å få inn fleire prøvar frå fallvilt.

Post 65 Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold

Posten var lagd ned i 2022-budsjettet, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 og Innst. 9 S (2021–2022).

Rapport 2021

17 av dei 19 kommunane som kunne få tilskot, søkte om tilskot i 2021. I tillegg søkte to kommunar som ikkje hadde revirhevdande flokk eller par i kommunen. Det vart tildelt til saman 20,56 mill. kroner. Inntil 20 pst. av midlane kunne nyttast til forsking og utgreiing frå og med 2020. 12 av dei 17 kommunane søkte midlar til slike formål. Andre tiltak som har fått tilskot, er informasjonstiltak, rovviltgjerder, beskyttelsesvestar for hund, jakt og friluftsliv, Nofence (styrt beiting ved hjelp av GPS-teknologi) til storfe i utmark, belysning for skulebarn, kompensasjon av tapte elgjaktinntekter med meir. I alt fire kommunar søkte om eit mindre beløp enn kva like andelar av totalbeløpet ville ha gjeve dei. Desse kommunane fekk tilskot som søkt om, medan dei 13 kommunane elles fekk tildelt 1,26 mill. kroner. Tilskotsordninga vart evaluert for perioden 2017–2019. Effekten av tiltaka og måloppnåinga er vanskelege å måle. Det er usikkert om ein får «mest mogleg konfliktdemping» for tilskot som er gjevne.

Post 66 Tilskot til kommunar for å betre tilgangen til strandsona langs Oslofjorden

Tilskotsordninga er knytt til resultatområde Friluftsliv. Foreslått løyving på posten er 3 mill. kroner, det same som i 2022.

Posten finansierer ei tilskotsordning som gjev midlar til kommunane langs Oslofjorden til juridiske avklaringar i arbeidet med å klargjere grensene mellom innmark og utmark langs strandsona og arbeidet med fjerning av ulovlege stengsel og hindringar i strandsona. Etablering av tilskotsordninga er ein del av oppfølginga av den heilskaplege tiltaksplanen for Oslofjorden.

Primært skal midlane gå til juridiske avklaringar knytte til konkrete saker, men kan òg nyttast til kompetanseheving i kommunane innanfor temaet, i form av til dømes seminar.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å betre tilgangen for allmenta til ferdsel og opphald langs Oslofjorden gjennom å gje midlar til juridisk bistand til kommunane i arbeidet deira med å fjerne ulovlege stengsel og hindringar til og langs Oslofjorden og arbeidet med klargjering av grensene mellom innmark og utmark.

Kriterium for måloppnåing

Betre moglegheiter for allmenta til å utøve friluftsliv langs Oslofjorden i form av at tidlegare ulovleg privatiserte eller utilgjengelege areal blir tilgjengelege for friluftsliv.

Tildelingskriterium

Oslo kommune, kommunar i Viken og i Vestfold og Telemark med grense til Oslofjorden kan søkje om midlar.

Oppfølging og kontroll

Alle kommunar som får tilskot, må rapportere til Miljødirektoratet om korleis midlane er brukte, og om resultatet.

Rapport 2021

Tilskotsordninga er ny frå 2022.

Post 69 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same formål under postane 39 og 79. Midlane er retta mot resultatområdet Forureining. I dei fleste områda som får støtte, stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79, er difor nødvendige for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Elles vil den samla løyvinga på postane 39, 69 og 79 gå til vidareføring og gjennomføring av allereie vedtekne oppryddingstiltak, inkludert tiltak der det er blitt gjeve finansieringstilsegn frå miljøstyresmaktene, og til ei rekkje mindre tiltak, særleg innanfor forureina sjøbotn.

Løyvinga er auka i tråd med venta utbetalingar i 2023, som er 138,8 mill. kroner. Store delar av midlane på posten skal gå til oppryddinga av miljøgifter i forureina sjøbotn i Hammerfest hamn og Store Lungegårdsvann i Bergen. For dei tre oppryddingspostane er det behov for ei fullmakt til å pådra forpliktingar for framtidige år på til saman 17,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøkje og gjennomføre oppryddingstiltak i grunnen på land og i botnen i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruken av midlane knytt til det nasjonale målet «forureining skal ikkje skade helse og miljø» og målet «utslepp av helse- og miljøskadelege stoff skal stansast».

Tildelingskriterium

I dei prioriterte tiltaksplanområda for forureina sjøbotn vil kommunen ofte stå for førebuing og gjennomføring av oppryddingstiltak. Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt i kommunal regi og der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt medverke med midlar sjølv òg. Sjå òg omtale under kap. 1420, postane 39 og 79.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruken av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren.

Rapport 2021

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2021 er samla under post 79.

Post 70 Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70.1

Kalking

3 752

3 865

0

70.2

Anadrom laksefisk

15 951

19 859

0

070.3

Generell vassforvaltning

24 138

24 181

0

Sum post 70

43 841

47 905

0

Posten er lagd ned og midlane flytta til ny post 80.

Kalking

Rapport 2021

Det meste av midlane under ordninga vart i 2021 brukt til kalking av innsjøar og bekker, hovudsakleg i Agder, Oslo og Viken. Det vart òg gjeve tilskot til Voss klekkeri og informasjonstiltak, mellom anna til bladet pH-status.

Anadrom laksefisk

Rapport 2021

Midlane vart i 2021 nytta til tiltak i regi av organisasjonar og til informasjonstiltak og formidling av kunnskap. Tanavassdragets fiskeforvaltning har fått tilskot til den delen av drifta som ikkje kan finansierast gjennom sal av fiskekort grunna nye restriksjonar på fiske. I tillegg vart det gjeve tilskot til overvaking av bestandssituasjonen for laks og sjøaure og til forsking og utvikling. Samla har dette medverka til betre forvaltning og styrkt kunnskapsgrunnlag for anadrom laksefisk.

Generell vassforvaltning

Rapport 2021

Midlane vart i 2021 nytta til tiltak i regi av kommunar, interkommunale vassområde og organisasjonar, til både konkrete tiltak og utgreiing av tiltak for å betre vassmiljøet. Restaureringstiltak har hatt hovudprioritet. Det vart gjeve tilskot til tiltak over heile landet.

Det vart òg gjeve tilskot til organisasjonar som har medverka i vassforvaltningsarbeidet. Samla har dette medverka til satsinga på restaurering av vassdrag og betre vassmiljø lokalt.

Post 71 Marin forsøpling, kan overførast

Posten er flytta til kap. 1424 Senter mot marin forsøpling som forvaltar tilskotsordninga frå 2022. Midlane blir frå 2023 også flytta over til det kapittelet i statsbudsjettet som høyrer til senteret.

Rapport 2021

Det vart i 2021 tildelt 63,7 mill. kroner til 44 ulike søknader (totalt 90 søknader). Om lag 61 mill. kroner gjekk til oppryddingsprosjekt og førebyggjande arbeid. 2,7 mill. kroner gjekk til vidareføring av prøveordninga Fishing for Litter. Tilskotsmidlane har bidrege til at store mengder marin forsøpling er rydda frå strandsona og langs vassdrag. Fleire har også fått kunnskap om marin forsøpling og kva for konsekvensar det kan føre med seg. Tilskotsmidlane er viktige for å støtte opp om det store frivillige engasjementet rundt dette miljøproblemet.

Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

72.1

Erstatning for husdyr

44 505

53 951

55 567

72.2

Erstatning for tamrein

107 385

90 597

93 311

Sum post 72

151 890

144 548

148 878

Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Posten omfattar erstatningar for husdyr og tamrein som er drepne eller skadde av rovvilt. Erstatningane kan variere frå år til år, mellom anna på grunn av naturgjevne forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er difor budsjettert som overslagsløyving.

Løyvinga er på 148,9 mill. kroner, ein auke på 4,3 mill. kroner som kjem av prisjustering.

Mål

Ordninga skal sikre full erstatning for rovviltskadar på husdyr og tamrein som er dokumenterte og sannsynlege, slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at ordninga sikrar den lovfesta retten dyreeigaren har til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsaka til tap av dyr.

Tildelingskriterium

Erstatningar blir utbetalte i samsvar med forskrift om rovvilterstatning for husdyr, fastsett 30. mai 2014, og forskrift om rovvilterstatning for tap av tamrein, fastsett 4. mai 2001.

Oppfølging og kontroll

Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjon av rovviltskadane, som blir gjennomført av Statens naturoppsyn, er eit viktig grunnlag for erstatning. Bestandregistreringa for rovvilt er omfattande, held høg kvalitet og gjev høve for publikum og dyreeigar til å melde inn rovviltobservasjonar.

Rapport 2021

Erstatningsoppgjeret for husdyr og tamrein er gjennomført i medhald av gjeldande reglar. Det er framleis stor variasjon i tapsutviklinga i ulike område, men på nasjonalt nivå er det god samanheng mellom auka innsats på førebyggjande tiltak og reduksjon i sauetapa. For reinnæringa ser ein ikkje nokon tilsvarande samanheng. For denne næringa er det vanskelegare å finne eigna tiltak, og tapsforholda varierer i større grad med naturgjevne forhold knytte til klima, beitegrunnlag og anna.

Post 73 Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, inkludert godtgjersle til lokale fellingslag. Løyvinga på posten kan òg nyttast til tiltak for å auke kunnskapsgrunnlaget som kjem den todelte målsetjinga til gode. Foreslått løyving er 64,8 mill. kroner, ein reduksjon på 14,8 mill. kroner samanlikna med 2022.

Posten er redusert med 8,8 mill. kroner fordi regjeringa har vedteke å legge ned ordninga for tilskot til omstilling for dyreeigarar med utmarksbasert sauehald som over eit lengre tidsrom har hatt omfattande rovviltskadar og ønskjer ei omstilling til anna næringsverksemd knytt til landbrukseigedommen. Ordninga har i tidlegare år hatt ei ramme på 10 mill. kroner, og resterande 1,2 mill. kroner blir lagt inn i dei tiltaka som elles er finansierte frå posten.

Vidare er det for meir riktig postplassering frå posten flytta 6 mill. kroner til kap. 1410, post 21, til finansiering av kunnskapsdata om rovvilt som eit viktig basiselement for rovviltforskinga i Skandinavia.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane nyttast til godtgjersle ved forsøk på skadefelling av rovvilt og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomstar av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003–2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003–2004) og rovviltforliket på Stortinget våren 2011 (jf. Representantforslag 8:163 S (2010–2011)).

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar knytte til førekomstar av rovvilt i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak.

Tildelingskriterium

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter gjeldande forskrifter. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gjev eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka.

Den todelte målsetjinga og målet om ei tydelegare soneforvaltning har ført til at vi har område som er beiteprioriterte, og område som er rovdyrprioriterte. Tilskotsmidlane skal nyttast til å støtte opp om den todelte målsetjinga, og ein må vurdere søknadane ut frå om tiltaka gjev auka eller redusert konflikt mellom rovdyr og beitedyr. I dette ligg det at ein bør vere varsam med å støtte tiltak gjennom ordninga som stimulerer til auka tal beitedyr i rovviltprioriterte område.

Oppfølging og kontroll

Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar, følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.

Rapport 2021

I 2021 vart det behandla i alt 540 søknader om konkrete førebyggjande tiltak, og det vart behandla 226 søknader om tiltak for å dempe konfliktar kring rovvilt. Det kom inn 96 søknader om akutte tiltak, og det vart avslutta omstilling for tre bruk som hadde opplevd vesentleg rovviltskade i besetningane over fleire år. Tilskot til førebygging har truleg effekt for skade og tap av sau. Reduksjonen i tap kan òg henge saman med den geografiske differensieringa av rovviltførekomstar. For tamrein er det vanskeleg å finne eigna førebyggjande tiltak.

Post 74 CO2-kompensensasjonsordning for industrien

Posten er knytt til resultatområde Klima. På grunn av innlemminga av eigenkraft kombinert med auka kvoteprisar er det venta at kostnadene ved CO2-kompensasjonsordninga for industrien kjem til å auke til drygt 100 mrd. kroner over perioden 2021–2030. Estimatet er usikkert. I 2023-budsjettet blir det foreslått ei løyving på 4,7 mrd. kroner. Regjeringa ønskjer å bevare kompensasjonsordninga og sikre føreseielege vilkår for industrien på ei berekraftig måte for statsbudsjettet. Regjeringa foreslår difor å innføre eit kvoteprisgolv på 200 kroner. Eit kvoteprisgolv betyr at bedrifter med rett på støtte får kompensert auken i kraftprisen som kjem av kvoteprisen på over 200 kroner. Kvoteprisgolvet inneber at staten ber heile risikoen for auka kvoteprisar. Sjølv med ei justering av ordninga aukar løyvinga med 1,9 mrd. kroner, eller drygt 68 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2022. Utan justering ville løyvinga vore om lag 7,4 mrd. kroner i 2023-budsjettet. Dei årlege utbetalingane er også tett knytte til utviklinga av kvoteprisane.

Kompensasjonen blir utbetalt etterskotsvis. Det betyr at løyvinga for 2023 gjeld for støtteåret 2022.

Mål

CO2-kompensasjonsordninga kompenserer norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Formålet med ordninga er å redusere faren for karbonlekkasje frå Europa og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Ordninga er basert på ESAs retningslinjer for CO2-kompensasjon, som opnar for statsstøtte til utvalde industrisektorar som er vurderte som særleg utsette for karbonlekkasje. ESAs retningslinjer svarer til EUs retningslinjer. EFTAs overvåkingsorgan (ESA) har godkjent en ny norsk ordning for perioden 2021-2030. Miljødirektoratet har åpnet for at bedriftene kan søke om støtte for støtteåret 2021, som vil bli utbetalt innen utgangen av 2022.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga reduserer faren for karbonlekkasje.

Tildelingskriterium

Ordninga omfattar industriverksemder i 10 sektorar og 20 undersektorar som det etter EUs retningslinjer er mogleg å gje støtte. Dette inkluderer mellom anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling. I tillegg arbeider regjeringa for å få inkludert ytterlegare to sektorar i den norske ordninga, det vere seg produksjon av andre organiske kjemiske råvarer og produksjon av gjødsel, nitrogensambindingar og vekstjord. Regjeringa er i dialog med ESA om dette.

Ordninga gjeld for perioden frå 1. januar 2021 til 31. desember 2030. EU-kommisjonen og ESA kan endre retningslinjene for CO2-kompensasjon når dei ser det nødvendig. Ei endring i retningslinjene kan bety at den norske forskrifta må endrast tilsvarande.

Oppfølging og kontroll

Ordninga blir administrert av Miljødirektoratet, som i behandlinga av søknadene kontrollerer om dei enkelte verksemdene fyller vilkåra for utbetaling av kompensasjon. Det blir årleg rapportert om bruken av midlar til EFTAs overvakingsorgan ESA og til Stortinget i samband med budsjettet.

Rapport 2021

Det er enno ikkje betalt ut kompensasjon for støtteåret 2021, ettersom ny forskrift ikkje er fastsett.

Post 75 Utbetaling for vrakpant og tilskot til køyretøy og fritidsbåtar, overslagsløyving

Ordninga rettar seg mot resultatområdet Forureining. Tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar ligg under post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar. Post 75 er uendra frå statsbudsjettet for 2022. Foreslått løyving er på 528 mill. kroner på posten for 2023.

Mål

Målet med vrakpantordninga for køyretøy er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass, slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og materiala frå det kan vinnast att. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte kjøretøy gjev produsentar og importørar ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er ein del av avfallsforskrifta kapittel 4 om kasserte køyretøy.

Vrakpantordninga vart frå og med 1. januar 2018 utvida til å gjelde nye køyretøygrupper som tidlegare ikkje var omfatta av ordninga, under dette mopedar, lette og tunge motorsyklar, lastebilar, bubilar og campingvogner. For desse køyretøygruppene blir panten utbetalt som eit tilskot til behandlingsanlegget der eigaren får ein fastsett del av beløpet for å levere køyretøyet til vraking hos ein godkjend biloppsamlar, medan ein del av beløpet går til behandlingsanlegget for å dekkje kostnadene anlegget har med å miljøsanere vraket. Ordninga vart vedteken av Stortinget under behandlinga av statsbudsjettet 2017. Det har vore nødvendig å greie ut ei rekkje problemstillingar for å få eit godt system på plass, og ordninga vart sett i verk frå 1. januar 2018.

I statsbudsjettet for 2017 vart det òg vedteke ei tilskotsordning for å stimulere til innlevering av kasserte fritidsbåtar. Frå 1. oktober 2017 vart det utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar over denne posten. Det blir utbetalt eit beløp på 1 000 kroner per båt til båteigaren. Samstundes blir det utbetalt eit tilskot til verksemda som handterer båtane. Dette beløpet er eit tilskot per kilo båt som blir handtert, og skal dekkje kostnadene med miljøsanering av båten, handtering, attvinning av det som er aktuelt å vinne att, og levering av avfallet frå båten til eit anlegg for avfallsbehandling. I dei tilfella båten blir handtert av eit kommunalt anlegg som ikkje er sjølvstendig rettssubjekt, blir handteringstilskotet betalt ut over post 63.

Kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal medverke til auka innlevering av køyretøy og fritidsbåtar som skal vrakast, slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte.

Tildelingskriterium

Vrakpanten for køyretøy blir utbetalt av Skatteetaten på vegner av Miljødirektoratet mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling. Ordinær vrakpant for 2022 er 3 000 kroner. Vrakpant til dei nye køyretøygruppene og tilskot til handteringsanlegg for desse gruppene blir òg utbetalte av Skatteetaten.

Tilskot til båteigar og tilskot til handtering av kasserte fritidsbåtar blir utbetalte av Miljødirektoratet. Tilskot til kommunale anlegg for handtering av fritidsbåtar blir utbetalte frå post 63.

Oppfølging og kontroll

For å sikre at det kasserte køyretøyet har rett til vrakpant eller tilskot, blir vrakmeldinga for køyretøy kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. For varebilar og fritidsbåtar blir dokumentasjon frå behandlingsanlegget sjekka av Miljødirektoratet. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.

Rapport 2021

Saman med produsentansvarsordninga for køyretøy bidreg vrakpantordninga for køyretøy til at om lag 95 %2 av de utrangerte bilane leverast inn. Dette sikrar at ressursane blir utnytta i ein sirkulær økonomi og farleg avfall handtert miljømessig forsvarleg. Av dette blir om lag 84 pst. materialattvunne og 4 pst. av delane går til ombruk. I 2021 vart det samla inn i overkant av 132 200 bilvrak, som er ein liten nedgang frå året før. Talet på vrak svingar frå år til år, men har vore relativt stabilt dei siste åra. Det var samla inn 711 lastebilar i klasse N2 (1 009 i 2020), 601 lastebilar i klasse N3 (819 i 2020), 4 425 mopedar og motorsyklar (5 020 i 2020), 3 189 campingvogner (3 990 i 2020) og 217 bubilar i 2021 (254 i 2020).

Tilskotsordninga for kasserte fritidsbåtar har vore effektiv for å sikre innlevering av fritidsbåtar, noko som sikrar utnytting av ressursane i ein sirkulær økonomi og redusert forsøpling og forureining. Evalueringa av ordninga frå 2019 peiker på at mangelen på eit register over fritidsbåtane gjer det vanskeleg å føre kontroll med at det faktisk er båteigaren som leverer båten. Det har vore døme på misbruk.

Etter evalueringa ble ordninga utvida til å omfatte aluminiumsbåtar og kjølar og ballast i metall frå 1. januar 2020. Kostnaden er neglisjerbar, men det får ordninga til å fungere betre.

Det vart utbetalt tilskot til om lag 10 300 båteigarar i 2021. I 2020 vart det utbetalt tilskot til om lag 13 090 båteigarar. Det er ved utgangen av 2021 etablert 250 handteringsanlegg for små kasserte fritidsbåtar, medan det er 76 handteringsanlegg for større kasserte fritidsbåtar over 15 fot. Det er utbetalt om lag 44,0 mill. kroner til behandling av kasserte fritidsbåtar i 2021, medan det vart utbetalt 43,5 mill. kroner i 2020.

Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving

Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområda Forureining og Klima. Posten er auka med 92 mill. kroner til 267,5 mill. kroner.

Samla er det til refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK) budsjettert med om lag 200 mill. kroner, og til refusjonar for spillolje er det budsjettert med om lag 67,5 mill. kroner i 2023.

Refusjon av smørjeoljeavgifta

Mål

Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjend behandling. Spillolje er brukt smørjeolje og transformatorolje og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagd smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542, post 71.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er totalt innsamla kvantum av spillolje.

Tildelingskriterium

Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typane brukt smørjeolje og andre brukte oljar (transformatoroljar og anna) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av mellom anna spillolje som kjem frå større skip (større enn 76 meter / 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakaren har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte opp mot førehandstilsegna.

Refusjonssatsen blir fastsett årleg av Miljødirektoratet med utgangspunkt i nivået på smørjeoljeavgifta.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet bruker ein tredjepart til å kvalitetssikre og kontrollere søknadene om refusjon. Miljødirektoratet gjennomfører tilsyn ved nokre refusjonsanlegg kvart år. Ved kontroll av mottaksanlegga dei siste åra er det konstatert enkelte brot på ordninga for refusjonar. Miljødirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.

Rapport 2021

Innsamlingsgraden for spillolje (med og utan rett til refusjon) har vore stabil dei siste åra og er berekna til i underkant av 90 pst. Effekten av refusjonsordninga for brukt smørjeolje er god og sikrar forsvarleg handtering av dette avfallet. I 2021 vart det totalt samla inn i underkant av 27 000 m3 olje som har krav på refusjon. Det vart i 2021 utbetalt om lag 64,4 mill. kroner i refusjon. Refusjonssatsen var på 2,66 kroner per liter.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)

Mål

Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) kapittel 8. Hydrofluorkarbon (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.

Formålet med ordninga er å redusere utslepp til luft av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Parisavtalen. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege kuldemedium og mindre bruk av dei HFK- og PFK-gassane som har høgast klimaverknad (globalt oppvarmingspotensial), stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppa for refusjonsordninga er aktørar som har avfallsgass eller kassert utstyr som HFK- eller PFK-gass.

Tildelingskriterium

Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon av avgift på HFK og PFK. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva mengd og typar av HFK og PFK som er leverte og forsvarleg destruerte.

Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent anlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere like dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3. Mengda HFK og PFK som blir samla inn og send til destruksjon, varierer mykje frå år til år. Grunnen er spesielt at hos den største aktøren som nyttar ordninga, blir gassen innsamla på store tankar. Når ein tank er full, blir han send til forsvarleg destruksjon. Kvar tank som blir send til destruksjon, utløyser med avgiftssatsen vi har i dag, 30 mill. kroner i refusjon, avhengig av samansetjinga av gassane i tanken.

Rapport 2021

I 2021 vart det utbetalt eit samla refusjonsbeløp på 93 mill. kroner som følgje av at fem tankar med gass vart leverte til destruksjon, og noko mindre volum av HFK-gass frå hushaldskjølemøbel som vart tappa av på same anlegget som gassen vart destruert. Utbetaling av refusjonar har halde seg på eit høgt nivå dei siste åra fordi avgiftssatsen har auka, og som eit resultat av at meir gass, særleg av dei med høg avgiftssats, har blitt samla inn og destruert.

Innhaldet i tankane er i all hovudsak ulike blandingar av HFK-gassar, da PFK-gassar er svært lite brukte i Noreg. Det vart destruert gass tilsvarande om lag 150 000 tonn CO2-ekvivalentar i 2021. Ressursbruken under ordninga var i 2021 retta mot dei nasjonale måla under resultatområdet Klima.

Post 77 Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

Posten er tredelt, jf. omtale under. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima. Løyvinga er redusert med 2,5 mill. kroner til 14,4 mill. kroner. Posten er redusert med 2,9 mill. kroner fordi «Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja» har vedteke å leggje seg ned. Midlane til «Omatt – Bransjeforeningen for idéelle gjenbruksaktører» er også teken ut fordi regjeringa har sett i gang eit arbeid med innsparing og reduksjon i talet på namngjevne tilskotsmottakarar. Det blir vist til omtale og grunngjeving for arbeidet i Gul bok 2023 og vidare arbeid i 2024-budsjettet. Samstundes er det lagt inn ei prisjustering på 0,4 mill. kroner.

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å halde i gang eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med arbeid mot forureining som formål for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Målet er òg å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Ordninga omfattar tilskot til

  • Norsk vannforening (398 000 kroner)

  • Norsk forening mot støy (1,234 mill. kroner)

  • LOOP (575 000 kroner)

  • Foreininga Hold Norge Rent (2,131 mill. kroner)

  • Den europeiske standardiseringsorganisasjonen (CEN) for arbeid med å lage ein ny standard for måling av utslepp frå vedomnar (211 000 kroner)

Det er ein føresetnad at organisasjonane og stiftelsane sender inn søknad om tilskot. Det blir fortløpande vurdert om organisasjonane og stiftelsane tilfredsstiller kriteria for å få støtte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar bli følgde opp for å kontrollere at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går for seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.

Rapport 2021

Midlane er brukte til grunnstøtte til drift, opplæringstiltak og informasjonstiltak og førebyggjande arbeid generelt i dei ulike organisasjonane.

Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon

Mål

Gjenbruk, miljømerking og standardar for miljøleiing, produkt og tenester er viktige verktøy i ein førebyggjande miljøpolitikk. Standardisering inneber utarbeiding av krav og spesifikasjonar for varer, tenester, prosessar og verksemder. Miljømerking skal gje informasjon til og gjere forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder medvitne om miljøvennlege val. Dei offisielle miljømerkeordningane som Svana og Blomen er eit viktig supplement til lovpålagde krav og medverkar til redusert bruk av prioritetslistestoff. Merkeordningane er nærmare omtalte i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon. Gjenbruk er eit godt miljøtiltak for å redusere avfall og forbruk og bidreg til måloppnåing for fleire av FNs berekraftsmål. Posten omfattar driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking (1,266 mill. kroner) og Standard Norge (1,688 mill. kroner).

Kriterium for måloppnåing

Klima- og miljødepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med verkemiddel som fremjar prioriterte miljø- og berekraftsmål. Innan standardiseringsarbeidet er det viktig med arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for miljøleiing og klima- og miljøomsyn i produkt og tenester. For miljømerking er det sentralt med utvikling av miljøkriterium, slik at fleire produktgrupper blir merkte. Det skal særleg leggjast vekt på å utvikle og vidareutvikle kriteriesett for produktgrupper som medfører stor miljøbelastning. Det skal òg leggjast vekt på tiltak for å få fleire produsentar til å søkje om merket innanfor områda der det er utvikla kriterium, og for å gje forbrukarar informasjon om spekteret av miljømerkte produkt på marknaden.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på resultata organisasjonane hadde føregåande år, og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2021

Midlane til Stiftelsen Miljømerking er brukte til å utvikle miljømerkingskrav for nye produktområde, skjerpte krav for eksisterande produktområde og til å auke kunnskapen om, kjennskapen til og aksepten av miljømerkinga. Midlane til Standard Norge er brukte til arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for klima- og miljøomsyn i produkt og tenester. Midlane til Omatt – Bransjeforeningen for idéelle gjenbruksaktører er brukte til å gjennomføre kurs for frivillige medarbeidarar om drift av gjenbruksbutikkar og til lover og avtaleverk som er relevante for slik verksemd.

Naturfaglege organisasjonar

Mål

Ordninga skal medverke til å halde i gang eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innanfor naturområdet for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Det er rekna med tilskot til

  • Foreningen Våre Rovdyr (378 000 kroner)

  • Norsk Biologforening (306 000 kroner)

  • Norsk Botanisk Forening (306 000 kroner)

  • Norsk entomologisk foreining (297 000 kroner)

  • BirdLife Norge (2,355 mill. kroner)

  • Norges sopp- og nyttevekstforbund (2,942 mill. kroner, inkludert 2,5 mill. kroner til soppkontroll)

  • Norsk Zoologisk Forening (270 000 kroner)

Tilskot til den enkelte organisasjonen blir utbetalt etter søknad.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp med kontroll av at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går for seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar. I tillegg kjem fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2021

Midlane vart nytta til grunnstøtte til drift, informasjonsverksemd og prosjekt i dei ulike organisasjonane.

Post 78 Friluftslivsformål, kan overførast

Posten er retta mot resultatområdet Friluftsliv.

Foreslått løyving er på 192,3 mill. kroner, ein auke på 10,5 mill. kroner frå 2022. Tilskotsordninga for Nasjonale turiststiar er flytta inn på posten frå post 81. Ordninga hadde i 2022 ei budsjettramme på 12,7 mill. kroner, men det er teke ut 1 mill. kroner som har lege inne til mellombels styrking av ordninga og i 2023 skal bidra til finansiering av andregongs behandling av Driva-vassdraget mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris under post 21. Vidare er 1,4 mill. kroner flytta frå ordninga til finansiering av marint vern under post 32. Det er lagt inn 1,2 mill. kroner til prosjektleiing i organisasjonen Norsk Friluftsliv for førebuing av Friluftslivets år 2025 og teke ut av posten 1 mill. kroner til Norsk Friluftsliv sitt prosjekt innanfor friluftslivsaktivitetar i skule og barnehage.

Til posten ligg fleire tilskotsordningar som er omtalte under.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 3 mill. kroner til anskaffingar i samband med kjøp og reparasjonar av båtar i Skjærgårdstjenesten, jf. forslag til vedtak VI.

Friluftslivsaktivitet

Tilskot til friluftslivsaktivitet har ei ramme på 57,3 mill. kroner, ein auke på 11,2 mill. kroner frå 2022. Auken kjem av at tilskotsordninga «Friluftsliv for personer med innvandrerbakgrunn» blir integrert i denne tilskotsordninga, samstundes som personar med innvandrarbakgrunn blir prioriterte i den samanslåtte ordninga. Auken skriv seg vidare frå at den øyremerkte løyvinga til DNT for å drifte og utvikle prosjektet Historiske Vandreruter blir avvikla frå 2023 og overført til denne tilskotsordninga.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av organisasjonane.

Tildelingskriterium

Det blir primært gjeve tilskot til friluftslivsaktivitet. Det er òg mogleg å få støtte til enkelt materiell og utstyr når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til. Det kan dessutan bli gjeve tilskot til informasjonstiltak om rettar og plikter etter allemannsretten. Det blir ikkje gjeve midlar til kostnadskrevjande utstyr, utstyrssentralar eller supplering av utstyrslager.

Desse typane aktivitetar blir prioriterte:

  • aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper

  • tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader

  • tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuelle målgrupper

  • tiltak som medverkar til auka deltaking i friluftsliv over tid

  • tiltak som fører til auka integrering av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles

Personar som er lite fysisk aktive, barn, unge og barnefamiliar, personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne er prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp med kontroll av at midlane blir nytta som føresett, og at tiltaka blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2021

Totalt vart det i 2021 gjeve 42,5 mill. kroner i tilskot til lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Av dette fekk landsomfattande friluftslivsorganisasjonar 21,25 mill. kroner direkte frå Miljødirektoratet, medan lokale og regionale lag og organisasjonar fekk 21,25 mill. kroner frå fylkeskommunane. Totalt kom det inn 769 søknader om statleg støtte frå posten, og det totale søknadsbeløpet var på 146,2 mill. kroner.

Midlane er i all hovudsak brukte til å støtte tiltak for barn, unge og barnefamiliar, tiltak som stimulerer nye grupper til å delta i friluftslivsaktivitetar, til dømes personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar i Noreg, og tiltak som medverkar til å utvikle samarbeidet mellom friluftsliv og kulturminne. Tilskota har medverka til at ei rekkje barn, unge og familiar har fått positive opplevingar og betre kunnskap om friluftsliv. Døme på tiltak som fekk tilskot frå Miljødirektoratet, er Friluftsrådenes Landsforbunds prosjekt «Læring i friluft» og «Friluftsliv og folkehelse» og Norsk Friluftslivs prosjekt «Friluftslivets uke». Det er òg gjeve tilskot til Norges sopp- og nyttevekstforbund til «Soppens dag», til Norsk Botanisk Forening sitt arrangement «Villblomstenes dag», til Norges Naturvernforbunds prosjekt «Opplev naturen – livsgrunnlaget vårt» og til Mental Helse Ungdom sitt tiltak «Frisk Pust og Mestring». 10,8 mill. kroner vart tildelte Norsk Friluftsliv, som fordelte dette vidare til sine eigne medlemsorganisasjonar.

Friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn

Ordninga er slått saman med tilskotsordninga for friluftslivsaktivitet sidan ordningane elles er identiske. Personar med innvandrarbakgrunn blir frå 2023 ei av dei prioriterte gruppene i tilskotsordninga for friluftslivsaktivitet.

Rapport 2021

Ordninga hadde ei ramme på 9 mill. kroner i 2021. Totalt var det 16 søkjarar som til saman søkte om 14,4 mill. kroner. Alle dei 16 laga og organisasjonane vart tildelte tilskot.

Tiltaka omfatta tilbod om turar og aktivitetar, men òg tiltak for inkludering og opplæring av personar med innvandrarbakgrunn til å bli leiarar i lag og organisasjonar. Leiarar med innvandrarbakgrunn er viktige for vidare rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn.

Døme på tiltak er Wild Xs ungdomsprosjekt «Wild X aktivitetsprogram» med opplæring og tilbod om turar knytte til jakt, fiske og anna friluftsliv, Friluftsrådenes Landsforbunds prosjekt «Friluftsrådenes friluftstiltak for innvandrere», Norsk Friluftslivs prosjekt «Integrering gjennom friluftsliv», Den Norske Turistforenings prosjekt «Nøkkelen til inkludering i DNT», Raudekrossens prosjekt «Til Topps lokalt» og Skiforeningens tiltak «Friluftsglede for alle».

Driftsstøtte til friluftslivsorganisasjonar

Ordninga har ei ramme på 41,42 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje interessa for deltaking i friluftsliv i allmenta gjennom det arbeidet som skjer i dei store friluftslivsorganisasjonane og dei lokale laga og foreiningane deira.

Friluftsrådenes Landsforbund (FL) er paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. Det er for tida 28 interkommunale friluftsråd. Det er sett av 16,95 mill. kroner i administrasjonsstøtte til FL og dei interkommunale friluftsråda. Det er eit mål at flest mogleg kommunar er med i eit interkommunalt friluftsråd.

Norsk Friluftsliv er paraplyorganisasjon for 18 friluftslivsorganisasjonar med til saman over 950 000 medlemmer. Det er sett av 7,97 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Norsk Friluftsliv, ein auke på 2,4 mill. kroner frå 2022. Dette er fordi den øyremerkte driftsstøtta til Norsk Friluftsliv til prosjekta «Integrering gjennom friluftsliv» og arbeidet med å fremje friluftsliv i skulen, irekna å drifte «Forum for friluftsliv i skolen», blir avvikla frå 2023 og overført til driftstilskotet til Norsk Friluftsliv. Det er føresett at Norsk Friluftsliv nyttar midlane til å føre vidare det målretta arbeidet som er i dag innanfor desse felta.

FL, Norsk Friluftsliv og Samarbeidsrådet for naturvernsaker (SRN) har etablert fylkesvise samarbeidsnettverk for natur og friluftsliv (FNF – Forum for natur og friluftsliv). Til FNF er det sett av 13,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte.

Organisasjonen Wild X tilbyr friluftslivsaktivitetar med personar med innvandrarbakgrunn i alderen 12–25 år som hovudmålgruppe. Det er sett av 1,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Wild X.

Tjukkasgjengen driv med lågterskeltilbod innanfor friluftsliv og fysisk aktivitet, og hovudmålgruppa er personar som er lite fysisk aktive. Det er sett av 1,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Tjukkasgjengen.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og gjennom eit årleg kontaktmøte med kvar organisasjon.

Rapportering om bruk av tilskotsmidlar skjer i årlege kontaktmøte med FL, Norsk Friluftsliv, FNF, Wild X og Tjukkasgjengen.

Rapport 2021

I 2021 vart det løyvd 39 mill. kroner i statleg driftsstøtte til 6 nasjonale friluftsorganisasjonar. Totalt vart det tildelt 15,55 mill. kroner til FL og interkommunale friluftsråd i 2021. Midlane er nytta til drift, til å styrkje arbeidet i FL, til å utvide FL sitt engasjement geografisk og gjev FL og friluftsråda eit bidrag til å halde i gang ei god drift. Det er stor interesse for interkommunalt samarbeid om friluftsråd, og i 2021 var det 28 interkommunale friluftsråd med 228 medlemskommunar. Frå 2021 er alle friluftsråda samla i FL igjen, etter at Oslofjordens Friluftsråd på ny vart medlem i FL. Friluftsråda femner no over 75 pst. av befolkninga i heile landet.

Det vart i 2021 inngått avtale med grunneigarar om 133 km med nye turstiar, skiløyper og turvegar, og friluftsråda har saman med medlemskommunane arbeidd med å sikre 30 nye friluftsområde. Det er tilrettelagt 60 km med nye turstiar og mellom anna bygd 7 nye toalett, 5 nye bryggjer og 3 nye parkeringsplassar.

Trass i koronasituasjonen i 2021 har FL og friluftsråda hatt stor aktivitet. Friluftsråda har hatt opne turar med 10 300 deltakarar, tiltak for barn og ungdom med 21 500 deltakarar og tiltak for personar med minoritetsbakgrunn med 6 400 deltakarar. I tillegg har over 61 000 personar vore med på turar der friluftsråda har vore medarrangørar. Friluftsråda har framleis stor innsats retta mot friluftsliv og bruk av naturen i læringsarbeidet i barnehage og skule, og 3 600 lærarar og barnehagetilsette var på kurs i regi av FL og friluftsråda i 2021. Friluftsråda engasjerer seg òg i arbeidet med å ta vare på arealgrunnlaget for friluftsliv, gjennom deltaking i fylkesvise Forum for natur og friluftsliv og gjennom fråsegner i ulike arealsaker. 4 900 turmål har 121 300 deltakarar brukt, og til saman har dei gått 2,3 mill. turar. I arbeidet med forsøpling har friluftsråda engasjert 27 000 frivillige som har samla inn 960 tonn søppel. Turregistreringsopplegga har vore ein stor suksess også i koronaåret 2021 med ein ytterlegare vekst på om lag 45 pst.

Friluftsråda forvaltar 814 offentleg eigde friluftsområde med omfattande oppgåver knytte til mellom anna skjøtsel, vask av toalett og bosshandtering og forvaltar over 2 500 km turstiar, 217 km turvegar og 176 km skiløyper.

Norsk Friluftsliv vart tildelt 5,57 mill. kroner i administrasjonsstøtte. Norsk Friluftsliv får dessutan aktivitets- og prosjektmidlar frå Miljødirektoratet for vidare tildeling til sentralledda i Norsk Friluftsliv sine medlemsorganisasjonar. Arbeidet omfattar i stor grad påverknads- og informasjonsarbeid overfor offentlege styresmakter og andre organisasjonar, med sikte på å skape best mogleg vilkår for friluftslivet.

Forum for natur og friluftsliv (FNF) vart i 2021 tildelt 13,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte via sekretariatet med sentral leiing av organisasjonen. Arbeidsgjevaransvaret er plassert sentralt for alle tilsette. Statleg tilskot bedreg til at FNF ved utgangen av 2021 har 16 lokale FNF med i alt 18 fulltidsstillingar som koordinatorar og ei stilling sentralt som dagleg leiar. FNF-koordinatorane gjer eit stort og viktig arbeid for natur- og friluftsinteressene i dei enkelte fylka.

Wild X fekk i 2021 utbetalt 1,5 mill. kroner i driftsstøtte. Statleg driftsstøtte og aktivitetstilskot bidreg til at mange barn og unge med innvandrarbakgrunn får eit godt tilbod om å delta i friluftslivsaktivitetar. Organisasjonen er under stadig utvikling, mellom anna med oppretting av fleire lokallag.

Tjukkasgjengen fekk i 2021 utbetalt 1,5 mill. kroner i driftsstøtte. Organisasjonen arbeider med å skape aktivitet, særleg gjennom å motivere og støtte lokale «chapter».

Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde

Ordninga har ei ramme på 33,6 mill. kroner, ein auke på 1 mill. kroner frå 2022. Auken kjem av at den øyremerkte løyvinga til Oslofjordens Friluftsråd til arbeid med friluftsliv og miljø i Oslofjorden blir avvikla frå 2023 og overført til denne tilskotsordninga.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til naturvennleg fysisk tilrettelegging og skjøtsel i friluftslivsområde som er bevarte gjennom statleg sikring, og i område verna som friluftsområde etter markalova, slik at områda blir tilgjengelege og attraktive.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftslivområde.

Tildelingskriterium

Det blir tildelt tilskot til tilrettelegging som har eitt eller fleire av følgjande mål:

  • minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftslivsaktivitet for alle

  • ta vare på opplevingskvalitetane i området og leggje til rette for gode naturopplevingar

  • hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring av plante- og dyrelivet, kulturminne og kulturmiljø

Tilskot kan berre bli gjevne der tiltaket inngår i ein gjeldande og godkjend forvaltningsplan knytt til tilrettelegging av sikra friluftslivsområde. For område verna som friluftslivsområde etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltningsplan for området.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll i fylkeskommunane av innsende rapportar.

Rapport 2021

Budsjettet for 2021 var 31 mill. kroner, som vart tildelt fylkeskommunane for vidare tildeling til kommunar og interkommunale friluftsråd. Fordelinga vart utført på grunnlag av omfanget av sikra friluftslivsområde og om det låg føre forvaltningsplanar for friluftslivsområda som dokumenterte behov for tiltaksmidlar. I gjennomsnitt vart fylka i 2021 tildelte 2,82 mill. kroner. Eit fylke fekk tildelt 6,5 mill. kroner, medan det fylket som fekk minst, vart tildelt 0,5 mill. kroner. I alt fekk 4 av fylka tildelt meir enn 2 mill. kroner.

Totalt fekk fylkeskommunane 288 søknader frå kommunar og interkommunale friluftsråd, og totalt søknadsbeløp var 72,4 mill. kroner. Tiltaka var kostnadsberekna til nær 125 mill. kroner, noko som viser at mange søkjarar medverkar sjølve med eigne midlar og dugnadsinnsats. Det vart i 2021 gjeve statleg støtte til 211 ulike tiltak. Ein stor del av tiltaka omfatta universell tilrettelegging slik at fleire grupper av befolkninga får høve til å nytte områda. Dei fleste tilretteleggingstiltaka stimulerer til aktivitet, til dømes etablering og merking av turvegar og stiar. Gjennom ei rekkje nye toalett på friluftslivsområda, skilt- og informasjonstavler, gapahukar, parkeringsplassar, opparbeidingstiltak, baderamper, bord og benker, bålplassar, skjøtselstiltak med vidare har tilskota bidrege til ei oppgradering av mange område til glede for brukarane.

Skjærgårdstjenesten

Ordninga har ei ramme på 35,5 mill. kroner.

Mål

Ordninga gjev statlege budsjettmidlar til drift av Skjærgårdstjenesten, inkludert kjøp og større reparasjonar av båtar knytte til tenesta og Skjærgårdstjenestens arbeid med tiltak mot marin forsøpling.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert mellom anna ut frå talet på friluftslivsområde som er drifta i dei enkelte driftsområda, kor mange dagsverk dei enkelte driftsområda har brukt til fjerning av marin forsøpling, og kor mange dagar dei enkelte driftsområda har brukt til hjelp til Statens naturoppsyn.

Tildelingskriterium

Fordelinga til dei ulike driftsområda i 2023 står i tabellen under. Midlane blir fordelte til fylkeskommunane.

Miljødirektoratet kan i samband med overføring konkretisere vilkår og føresetnader knytte til dei statlege driftstilskota.

Tabell 7.3 Fordeling til driftsområde i Skjærgårdstjenesten

Driftsområde som midlane blir fordelte til

(i 1 000 kr)

Ytre Oslofjord Øst (Viken fylkeskommune)

3 250

Indre Oslofjord (Viken fylkeskommune)

3 355

Ytre Oslofjord Vest (Vestfold og Telemark fylkeskommune)

3 500

Telemark (Vestfold og Telemark fylkeskommune)

3 555

Aust-Agder (Agder fylkeskommune)

3 425

Vest-Agder (Agder fylkeskommune)

4 380

Vestkystparken (Vestland fylkeskommune)

5 325

Møre og Romsdal (Møre og Romsdal fylkeskommune)

1 450

Sum

28 240

5 mill. kroner av løyvinga er øyremerkte til arbeidet med fjerning av marint søppel. Midlane til dette blir fordelte til dei einingane i Skjærgårdstjenesten som søkjer om å få øyremerkte midlar til fjerning av marint søppel. Tildelinga blir samordna med dei ordinære tilskotsmidlane til tiltak mot marin forsøpling.

Andre midlar på posten er øyremerkte til båtinvesteringar og opplæring.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar sende til fylkeskommunane.

Rapportering om bruk av tilskotsmidlar blir òg teken opp i møte mellom Miljødirektoratet/fylkeskommunen og Skjærgårdstjenesten i dei tre regionområda, og det skal rapporterast i samband med søknader om tilskot kommande år.

Rapport 2021

Skjærgårdstjenesten hadde i 2021 god drift og gode resultat i alle driftseiningar. Det vart teke i bruk ein ny arbeidsbåt i 2021. Skjærgårdstjenesten har også i 2021 gjennomført nye tiltak for å utvikle tenesta vidare og bidreg til at dei sjønære friluftslivsområda blir haldne i hevd. Mellom anna er det gjennomført fleire tiltak på kompetansesida, tiltak for oppfølging av nye forskrifter for bygging av mindre lasteskip, tiltak for å styrkje styrings- og rapporteringsrutinane og oppfølging av fylkeskommunane som har den regionale styringa av Skjærgårdstjenesten. I 2021 vart det oppstart av ei nyoppretta driftseining i Fjordane Friluftsråd.

Nasjonale turiststiar

Ordninga er flytta frå post 81 Naturarv og kulturlandskap. Ordninga har ei ramme på 10,3 mill. kroner.

Mål

Tilskotsordninga Nasjonale turiststiar gjev midlar til stiar med ekstraordinært stort besøk, der internasjonale turistar utgjer ein stor del av dei besøkjande. Tilstrøyminga fører til stor slitasje på stiane og naturen rundt, utfordringar med søppel/avfall, behov for informasjon både før og under besøket og utfordringar med tryggleiken til dei besøkjande. Gjennom ulike tiltak kan desse utfordringane reduserast i stor grad.

Ordninga skal ikkje leggje til rette for meir utbygging og tiltak enn det som er nødvendig, og alle tiltak skal vere innanfor rammene av allemannsretten og norsk friluftslivstradisjon. Eventuelle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet, ha minst mogleg omfang og ta omsyn til natur- og opplevingskvalitetane i området.

Det kan autoriserast inntil 15 Nasjonale turiststiar. Stiar med ekstraordinært stort besøk og der internasjonale turistar utgjer ein stor del, kan bli autoriserte. Vidare må noverande situasjon og framtidige planar i nærområdet til stiane ta omsyn til naturmangfald, friluftsliv, tryggleik og landskapskvalitetar for at stiane skal kunne bli autoriserte. Dei autoriserte stiane skal ha stor opplevingsverdi og attraksjonskraft og skal vere eit utval av stiar og turmål som gjennom heilskapleg besøksforvaltning toler mange besøkjande utan at natur- og kulturverdiar blir ringare. Vidare skal tryggleiken vere godt vareteken på desse stiane. God lokal forankring av arbeidet og langsiktig planlegging gjennom heilskapleg besøksforvaltning som skal munne ut i ein besøksstrategi, er eit krav for å bli autorisert som Nasjonal turiststi.

Stiar som er autoriserte som Nasjonal turiststi blir prioriterte ved tildeling av midlar frå ordninga, men å vere autorisert er ikkje eit krav for å få midlar frå ordninga. Stiar som er autoriserte, vil i tillegg få eit årleg grunntilskot på 300 000 kroner, slik at desse stiane får ei føreseieleg forvaltning. Grunntilskotet blir utbetalt frå og med året etter autoriseringa og kan berre nyttast til tiltak som gjev rett til midlar i tilskotsordninga. Dei autoriserte stiane kan i tillegg søkje om midlar i den ordinære søknadsprosessen.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet medverkar til betre planlegging, redusert slitasje og færre ulykker og utrykkingar frå hjelpemannskap i samband med ferdsel på stiane, og om tilskotet medverkar til å halde oppe naturverdiar og miljøverdiar på og i tilknyting til stiane. I tillegg vil det bli lagt vekt på om ordninga medverkar til brei lokal verdiskaping.

Tildelingskriterium

Destinasjonsselskap, kommunar, kommunale eller interkommunale føretak, stiftelsar, frivillige organisasjonar og verneområdestyre kan søkje på ordninga. Søknader med vekt på heilskapleg planlegging og breie samarbeidsrelasjonar mellom reiseliv, frivillige, kommune og forvaltning vil bli prioriterte.

Tilskot blir gjevne til prosjekt som handlar om turstiar med store opplevingskvalitetar der internasjonale turistar utgjer ein stor del av dei besøkjande.

Det skal liggje føre ei prosjektbeskriving for stien og området som det blir søkt om tilskot til. Prosjektbeskrivinga skal vise omfanget av besøk på den aktuelle stien, gjere greie for kva som er utfordringane for det aktuelle området, og innehalde ein plan der ein syner kva tiltak som kan ta hand om desse utfordringane. Kva stien har å seie for lokalt reiseliv, skal òg inngå i prosjektbeskrivinga.

Alle fysiske tiltak som får tilskot, skal i utgangspunktet vere opne for allmenta. Alle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet og natur- og opplevingskvalitetane i området.

Tildelte midlar skal i utgangspunktet brukast til tiltak på og i tilknyting til stiane. Det kan òg bli gjeve tilskot til enkelte andre tiltak, til dømes informasjonstiltak og forprosjekt og prosjektleiing knytt til besøksforvaltning som førebuing til å søkje om autorisasjon. Det blir ikkje gjeve tilskot til drift knytt til stiområda.

Det blir berre gjeve tilskot til søkjarar som medverkar med minst 25 pst. eigeninnsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats som kan dokumenterast).

Prioriterte tiltak:

  • prosjektleiing og planlegging knytt til besøksforvaltning

  • tilrettelegging og merking av sti

  • sikringsbuer og andre beredskapstiltak

  • tilrettelegging av tilkomstsoner

  • toalett/sanitæranlegg

  • søppelhandtering

  • informasjonstiltak, under dette også fjellvaktteneste, stipatruljar og vertskap ved til dømes startområdet for stien

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2021

Rapportering for 2021 ligg under post 81.

Andre friluftslivstilskot

Det er sett av 6 mill. kroner til Miljødirektoratets ferdselsåreprosjekt, som har som mål å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv i kommunane.

Det er sett av 5 mill. kroner til utvikling av blågrøn infrastruktur i områdesatsingane i Oslo. Dette omfattar Groruddalssatsinga, områdesatsing i Oslo sør og områdesatsing i Oslo indre aust. Områdesatsingane er eit samarbeid mellom Oslo kommune og staten.

Det er sett av 2 mill. kroner til Den Norske Turistforening, øyremerkte drift og vidareutvikling av den digitale turplanleggjaren UT.no.

Regjeringa stiller seg positiv til at friluftslivsorganisasjonane gjennomfører eit nytt Friluftslivets år i 2025. Det er sett av 1,2 mill. kroner til Norsk Friluftsliv, øyremerkte arbeidet med å planleggje eit nytt Friluftslivets år i 2025.

Rapport 2021

Miljødirektoratet starta i 2019 eit ferdselsåreprosjekt. Prosjektet har som mål å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv i kommunane. I 2021 vart det fordelt 6 mill. kroner i tilskot til dei fylkeskommunane som har ei sentral rolle i prosjektet. Fylkeskommunane etablerer regionale prosjekt for å stimulere kommunane til å utarbeide planar for ferdselsårene til friluftslivet. Planen skal utarbeidast etter Miljødirektoratets rettleiing M-1292 frå 2019, «Plan for friluftslivets ferdselsårer». Så langt i prosjektet har 184 kommunar starta arbeidet med å lage eigne planar. 140 kommunar har gjennomført kartlegging og registrering av eksisterande ferdselsårer i sin kommune. Elleve kommunar har vedteke ein plan for ferdselsårene i sin kommune.

Miljødirektoratet har også i 2021 delteke på møte i programstyret for nærmiljø i Områdesatsinga i Oslo og har utbetalt prosjektmidlane for dette prosjektet til Oslo kommune. Det er rapportert for tildelte midlar gjennom den samla rapporteringa for arbeidet til programstyret. Tilskotet har bidrege til utvikling av ei rekkje grøntområde for friluftsliv i dei aktuelle bydelane.

Post 79 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same formålet under postane 39 og 69. Midlane er retta mot resultatområdet Forureining. I dei fleste områda som får støtte, stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Foreslått løyving er på cirka 0,5 mill. kroner. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79, er difor nødvendige for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap og verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og gjennomføre oppryddingstiltak i grunnen på land og i botnen i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og for forureina grunn er bruken av midlane knytt til dei nasjonale måla «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og «Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast».

Tildelingskriterium

Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt. Prinsippet om at forureinaren betaler, ligg til grunn ved vurderinga av om det skal gjevast tilskot. Sjå òg omtale under kap. 1420, postane 39 og 69.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruken av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren.

Rapport 2021

Det blir her rapportert samla for oppryddingsarbeidet finansiert frå postane 39, 69 og 79.

Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn går framover. Fram til no er undersøkingar gjennomførte i dei fleste av dei prioriterte områda, og i fleire av områda har dei viktigaste oppryddingstiltaka starta eller blitt gjennomførte. Arbeidet held òg fram for opprydding i forureina grunn der det trengst. Av dei viktigaste arbeida som vart gjennomførte i 2021, er oppstart av oppryddingsprosjektet i Hammerfest hamn.

Post 80 Tilskot til tiltak for å ta vare på natur, kan overførast

Posten er ny og inneheld tilskotsordningar som er flytta frå post 70, post 81, post 82 og post 83. Tilskotsordningane under posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald og Forureining. Foreslått løyving på posten er 127,4 mill. kroner.

Kalking

Til formålet er det sett av 3,9 mill. kroner, det same som i 2022.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å redusere dei negative effektane av sur nedbør på naturmangfaldet i vassdrag.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av handlingsplanen for kalking.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli gjeve til kjøp, transport og spreiing av kalk, til informasjon om effektar av tiltak som er gjennomførte, og til rettleiing om kalking i vassdrag. Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og der det kan påvisast eller er sannsynleg at skadar på naturmangfaldet kjem av forsuring. I område der tolegrensa ikkje lenger er overskriden, men der tidlegare forsuring har ført til at det opphavlege mangfaldet er borte, kan det bli gjeve tilskot til å setje i stand opphavleg naturmangfald. Det blir ikkje gjeve tilskot til naturleg sure lokalitetar. Ved tildeling av midlar kan det stillast vilkår om at fisket i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gjevne av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering eller arbeidsinnsats.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarane går for seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2021

Resultat for 2021 er ført opp under nedlagd post 70.

Anadrom laksefisk

Til formålet er det sett av 18,9 mill. kroner, ein reduksjon på 1 mill. kroner samanlikna med i 2022. Av omsyn til det samla budsjettopplegget har regjeringa redusert løyvinga med 10 mill. kroner. Til bygging av laksetrapper i Beiarelva er det lagt inn 9 mill. kroner. Til same formålet ligg det inne ei tilsegnsfullmakt på 8 mill. kroner for å dekkje lovnad om utbetaling etter planen i 2024.

4 mill. kroner av løyvinga på posten er sett av til mogleg tilskot til den delen av drifta av Tanavassdragets fiskeforvaltning som ikkje kan finansierast gjennom sal av fiskekort grunna nye restriksjonar på fiske i dette grensevassdraget med Finland.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for bevaring og forvaltning av vill anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er å medverke til å nå måla for viltlevande anadrom laksefisk.

Tildelingskriterium

Det kan bli gjeve tilskot til tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, inkludert bevarings- og kultiveringstiltak, og til bruksretta FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for mellom anna lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar. Det kan òg bli gjeve tilskot til tiltak for å betre tilgangen til og høvet til å fiske for allmenta.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2021

Resultat for 2021 er ført opp under nedlagd post 70.

Generell vassforvaltning

Til formålet er det sett av 20,2 mill. kroner, ein reduksjon på 4 mill. kroner samanlikna med i 2022. Av omsyn til det samla budsjettopplegget er ordninga redusert med 10 mill. kroner. Det er samstundes lagt inn 6 mill. kroner til tiltak for å redusere utslepp frå kommunalt avløp til Oslofjorden.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for god økologisk og kjemisk tilstand i vatn, jf. vassforskrifta. Restaureringstiltak har prioritet, mellom anna som del av den norske satsinga i FNs tiår for restaurering av økosystema 2021–2030. Ordninga skal også gje tilskot for å redusere utslepp frå kommunalt avløp til Oslofjorden.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tiltaka medverkar til at måla om god økologisk og kjemisk tilstand i vassførekomstane blir nådde. Lokal involvering vil òg vere eit viktig kriterium. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av vassforskrifta og dei regionale vassforvaltningsplanane og tiltaksprogramma.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli gjeve til tiltak som betrar miljøet i vassområde med særskilde utfordringar. Restaureringstiltak vil bli særleg høgt prioriterte. Det kan òg bli gjeve tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar og til utgreiingar og andre tenestekjøp knytte til særskilde utfordringar i vassområda. I tillegg gjev ordninga tilskot til tiltak for å redusere utslepp av kommunalt avløpsvatn til Oslofjorden.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2021

Resultat for 2021 er ført opp under nedlagd post 70.

Tiltak for å ta vare på natur i verdsarvområde

Til formålet er det sett av 12,1 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskot til tiltak i norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er å sikre at naturverdiane som låg til grunn for innskriving av områda på Unescos liste, blir bevarte og overførte til kommande generasjonar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om tilstanden til naturverdiane er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus og forvaltningsplanane for områda.

Tildelingskriterium

Mottakarar er stiftelsane Vegaøyan Verdensarv, Geirangerfjorden Verdsarv og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Posten dekkjer òg tilskot til Foreininga Noregs verdsarv til gjennomføring av arrangementet Verdsarvforum. Tilskotet skal gå til konkrete naturtiltak i verdsarvområde og til prosessar som fører fram til slike tiltak.

I tillegg er ein del av bevilgninga satt av til tiltak i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Midlane til tiltak er søkbare gjennom ordningen utvalde kulturlandskap i jordbruket som forvaltes av Landbruksdirektoratet, og er regulert av Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap.

Midlane må sjåast i samanheng med midlar til verdsarvområda i Noreg under kap. 1429, post 79 Tilskot til verdsarven, og med midlar til autoriserte verdsarvsenter i Geiranger og Vega under kap. 1420 post 85.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet for å sjå til at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2021

Resultat for 2021 er ført opp under nedlagd post 81.

Tiltak i Utvalde kulturlandskap i jordbruket

Til formålet er det sett av 20 mill. kroner, ein reduksjon på 3 mill. kroner frå 2022 som er flytta til post 21 for å bidra til finansiering av andregongs behandling av Driva-vassdraget mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Ordninga omfattar midlar til oppfølging av ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei felles nasjonal satsing mellom landbruks- og miljøstyresmaktene frå 2009. Talet på område innanfor denne frivillige ordninga har stige i takt med auka budsjett sidan starten. Frå 2022 er 49 område fordelte over heile Noreg innlemma som utvalde kulturlandskap, og i 2023 blir ytterlegare to område lagde til, i tråd med planen for styrking og utvikling innanfor satsinga i perioden 2021–2025.

Mål

Formålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å bidra til å sikre verdiar knytte til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø og under dette sikre langsiktig skjøtsel og drift.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om tilstanden til verdiane som er omfatta av formålet og forvaltninga av områda, er i tråd med kriteria for å bli med i utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Tildelingskriterium

Eit nasjonalt sekretariat leidd av Landbruksdirektoratet, saman med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, følgjer forvaltninga av områda i samarbeid med fylka. Kommunane fekk frå 1. januar 2020 ansvaret for administrasjon, tilskotsforvaltning og prioritering av tiltak i samråd med områdeutval i dei enkelte områda. Midlane blir tildelte med grunnlag i godkjende forvaltningsplanar. Landbruks- og miljøvernavdelingane hos statsforvaltarane, i samarbeid med regional kulturmiljøforvaltning, er sentrale faglege rådgjevarar for ordninga. Landbruksavdelingane koordinerer fylkesvise budsjettinnspel og rapportering frå ordninga til nasjonale styresmakter.

Oppfølging og kontroll

Budsjettramma for ordninga blir forvalta gjennom Landbruksdirektoratet. Kommunane behandlar søknader og tildeler midlar, medan statsforvaltaren kontrollerer og rapporterer til nasjonale styresmakter gjennom landbruksforvaltninga sitt forvaltningssystem for tilskot (Agros). Kontrollen av tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Fylkesvis rapportering utgjer grunnlaget for årleg rapport for ordninga frå dei tre samarbeidande direktorata til Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Rapport 2021

Resultat for 2021 er ført opp under nedlagd post 81.

Tiltak i kulturlandskapsområde registrerte som verdifulle kulturlandskap

Til formålet er det sett av 1,1 mill. kroner, det same som i 2022.

Mål

Målet med ordninga er å sikre berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap som inngår i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om tiltaka sikrar naturmangfaldet i kulturlandskapsområde med store naturverdiar.

Tildelingskriterium

Det er utvikla eit eige sett med kriterium for tildeling med ei liste over prioriterte område som kan søkje om tilskot. Blant søknader som gjeld tilskot til tiltak i kulturlandskapsområde registrerte som verdifulle kulturlandskap, vil dei som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan, bli prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2021

Resultat for 2021 er ført opp under nedlagd post 81.

Tiltak for ville pollinerande insekt

Til formålet er det sett av 3,2 mill. kroner, det same som i 2022.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til å sikre eller betre leveområda for ville pollinerande insekt.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tiltaka sikrar gode leveområde for ville pollinerande insekt.

Tildelingskriterium

Søknader som gjeld areal med førekomst av mange artar eller artar på raudlista, vil bli prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Mottakarane av tilskot blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2021

Resultat for 2021 er ført opp under nedlagd post 81.

Trua artar

Til formålet er det sett av 13,5 mill. kroner, det same som i 2022.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på trua plante- og dyreartar, under dette artar som er valde ut som prioriterte artar. Ordninga inkluderer òg økologiske funksjonsområde for prioriterte artar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytte til trua artar.

Tiltak for å bevare hubro er òg inkluderte i ordninga med vekt på tiltak mot elektrokusjon (at fugl kjem nær to straumførande leidningar samstundes og døyr). Måloppnåinga for hubro blir vurdert ut frå talet på stolpar og konstruksjonar som er sikra mot skade på hubro, og utviklinga i hubrobestanden i desse områda.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelte til konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, biotopforbetrande tiltak, restaurering, aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som er nødvendige for å ta vare på eller rette opp økologiske funksjonsområde for trua og prioriterte artar, gjerding, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og tiltak for å hindre at hubro døyr som følgje av at dei bruker straumstolpar som sitjeplass.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2021

Resultat for 2021 er ført opp under nedlagd post 82.

Trua naturtypar

Til formålet er det sett av 30,5 mill. kroner, det same som i 2022.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å ta vare på utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova kap. VI og trua naturtypar, jf. definisjon av trua naturtypar i Norsk raudliste for naturtypar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå målsetjingane for å ta vare på naturtypar i dei enkelte handlingsplanane, under dette talet på lokalitetar som blir tekne vare på, og talet på tiltak knytte til førekomstar av trua og utvalde naturtypar.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til restaurering, skjøtsel og vedlikehald, tilpassa bruk på areal som inngår i drifta av landbruksføretak, gjerding, kartlegging og overvaking knytt til tiltak, utarbeiding av skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr til tiltak og informasjon om naturtypane.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane rapporterer korleis midlane blir nytta, og om gjennomførte tiltak og resultat. Kontrollen går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakarar til statsforvaltaren.

Rapport 2021

Resultat for 2021 er ført opp under nedlagd post 82.

Tiltak mot framande artar

Til formålet er det sett av 4,1 mill. kroner, det same som i 2022.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å hindre negativ påverknad på naturmangfaldet frå framande skadelege artar.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om tiltaka som får støtte frå posten, medverkar til at trusselen frå framande skadelege organismar blir mindre.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til tiltak for å nedkjempe framande skadelege organismar, informasjonstiltak og kartlegging og overvaking knytt til konkrete tiltak.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane rapporterer korleis midlane blir nytta, og om gjennomførte tiltak og resultat. Kontrollen går for seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakar.

Rapport 2021

Resultat for 2021 er ført opp under nedlagd post 83.

Post 81 Verdiskaping basert på naturarven, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Foreslått løyving på posten er 12,4 mill. kroner. Posten hadde tidlegare nemninga «Naturarv og kulturlandskap», men ordningane knytte til kulturlandskap og nasjonale turiststiar er flytta til andre postar.

Frå posten er følgjande tilskotsordningar flytta til ny post 80: Naturskjøtsel i verdsarvområde, tiltak i Utvalde kulturlandskap i jordbruket, tiltak i kulturlandskapsområde registrerte som verdifulle kulturlandskap og tiltak for ville pollinerande insekt. Tilskotsordninga for Nasjonale turiststiar er flytta til post 78.

Attståande tilskotsordningar på posten er verdiskaping basert på naturarven (3,9 mill. kroner) og villreinfjella som verdiskapar (8,5 mill. kroner). Under førstnemnde ordning er 5 mill. kroner som tidlegare var øyremerkte til regionalparkane ved organisasjonen deira Norske parkar, tekne ut av ordninga. Dette er gjort fordi regjeringa har sett i gang eit arbeid med innsparing og reduksjon i talet på namngjevne tilskotsmottakarar. Midlane til villreinfjella som verdiskapar er dei same som i 2022.

Naturskjøtsel i verdsarvområde

Ordninga er flytta til post 80.

Rapport 2021

Oppfølginga av norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er organisert gjennom ideelle stiftelsar på staden som blir tildelte tilskot til drift og gjennomføring av forvaltningstiltak innanfor rammer sette i forvaltningsplanar og retningslinjer for oppfølging av verdsarvkonvensjonen. Midlane har i 2021 medverka til gjennomføring av tiltak og satsingar på ulike tema for verdsarvforvaltning i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Desse omfattar mellom anna kunnskapsinnhenting, besøksforvaltning, nettverksbygging, lokal involvering og organisering av samarbeid. Det er lagt vekt på samarbeid og samfinansiering med andre aktørar i gjennomføringa av tiltak. Forpliktingane knytte til formidling og informasjon om kultur- og naturverdiar er tekne hand om og vidareutvikla gjennom tiltak retta mot barn, unge og besøkjande. Arrangementet Verdsarvforum 2021 vart gjennomført i Geiranger 7.–9. september 2021 med temaet «Verdsarvstadane – livsvilje og tolekraft».

Tiltak i Utvalde kulturlandskap i jordbruket

Ordninga er flytta til post 80.

Rapport 2021

I 2021 var dei samla løyvingane til arbeidet med utvalde kulturlandskap på 38 mill. kroner (15,5 mill. kroner gjennom jordbruksoppgjeret og 22,5 mill. kroner over budsjettet til Klima- og miljødepartementet).

Midlane til utvalde kulturlandskap blir fordelte på tiltak innanfor planlegging og prosess, skjøtsel og andre typar tiltak for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø, biologisk mangfald og landskapsverdiar, overvaking og dokumentasjon, formidling, tilrettelegging og tiltak som held oppe landbruksdrift i områda (næringsutvikling, seterdrift m.m.). I 2021 gjekk 32 pst. av midlane til kulturminne- og kulturmiljøtiltak, 29 pst. til landskapsskjøtsel, 7 pst. til målretta tiltak for å ta vare på biologisk mangfald og 10 pst. til næringsretta tiltak. Dei resterande 22 pst. vart nytta til tiltak knytte til ferdsel og friluftsliv, planlegging, kartlegging og dokumentasjon og formidling. Særskild årsrapport for ordninga utarbeidd av Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren gjev nærmare oversikt over fordelinga av midlane på ulike formål og informasjon om viktige utviklingstrekk i områda.

Tiltak i kulturlandskapsområde registrerte som verdifulle kulturlandskap

Ordninga er flytta til post 80.

Rapport 2021

Det vart innvilga 30 søknader i 2021, hovudsakleg til tiltak for å hindre gjengroing, gjennomføre skjøtsel i biologisk viktige areal og gjennomføre andre tiltak for å ta vare på naturverdiar knytte til verdifulle kulturlandskap.

Tiltak for ville pollinerande insekt

Ordninga er flytta til post 80.

Rapport 2021

I underkant av 2,7 mill. kroner vart fordelte gjennom statsforvaltarane til ulike skjøtsels-, restaurerings- og tilretteleggingstiltak i felt som betrar kvaliteten på leveområde for pollinerande insekt. Med støtte frå ordninga bidrog også fleire regionale kunnskaps- og informasjonstiltak til auka kunnskap i befolkninga om artsgruppa og korleis ein tek vare på gode leveområde. To nasjonale kunnskapsformidlingstiltak vart støtta frå Miljødirektoratet – fagleg rådgjevingsteneste ved etablering og skjøtsel av blomsterrike areal (NIBIO) og utvikling av kunnskapsformidling om humler og ville bier tilrettelagd for skulen (NTNU Vitskapsmuseet).

Verdiskaping naturarv

Mål

Målet med ordninga er å medverke til at verneverdiane i verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping som har ein langsiktig positiv effekt på natur, lokalsamfunn og næringsutvikling.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping der natur, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Kommunar, regionråd, frivillige organisasjonar, verksemder, grunneigarar, naturinformasjonssenter, tilsynsutval og verneområdestyre kan få tilskot til tiltak for å kanalisere ferdsel, tiltak for å utvikle besøksforvaltning av nasjonalparkar, naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder, tiltak for å betre samarbeidet mellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn og til ulike typar av informasjon og leiing av prosjekt som fell inn under desse tiltaka.

Tilskot kan også bli gjeve til implementering av merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkar i regi av nasjonalparkkommunar godkjende etter nye kriterium, nasjonalparklandsbyar og nasjonalparksenter. Det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats).

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og prosjekta som får tilskot. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskap.

Rapport 2021

Det kom inn 42 søknader i 2021. 13 av søknadene vart tildelte midlar. Det vart gjeve tilskot til ulike typar av informasjons- og formidlingstiltak og tilrettelegging av turstiar, utkikkspunkt og andre attraksjonar for å fremje naturopplevingar og auke verdiskapinga i nasjonalparkkommunar og -landsbyar og andre område. Dette har bidrege til betra besøksforvaltning ved verneområde og andre naturområde og til at fleire besøkjande har fått ei god oppleving i møtet med desse områda utan skade på naturen. Desse fekk tilskot i 2021: Folgefonna Ecotourism AS, Futurum AS, Grane kommune, Hol kommune, iTrollheimen AS, Maren Myrvold, Namsskogan kommune, Nordveggen AS, foreininga Norges nasjonalparkkommuner, Røyrvik kommune, Sciencemonastery AS, Stiftelsen Nordland nasjonalparksenter og Tolga kommune.

Villreinfjellet som verdiskapar

Mål

Målet er å stimulere til brei verdiskaping knytt til dei ti nasjonale villreinområda, særleg retta inn mot ulike delar av reiselivet. Ordninga skal medverke til god gjennomføring av dei regionale planane for villreinområda og til å utvikle og spreie kunnskap om villreinen og villreinfjellet til ulike målgrupper.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at dei nasjonale villreinområda blir del av ei brei verdiskaping der villrein, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelte til prosjekt i samsvar med den fastsette programplanen. Prosjekta skal omfatte fleire ulike tiltak og må vere knytte til eit geografisk område eller eit tema innanfor dei kommunane som er omfatta av dei nasjonale villreinområda. Det er utvikla eit eige sett med søknadskriterium der det mellom anna blir lagt vekt på god samanheng med handlingsprogramma knytte til dei regionale planane. Det blir òg lagt vekt på at prosjekta skal ha geografisk spreiing og dekkje ulike tema og problemstillingar knytte til dei ulike nasjonale villreinområda. Prosjekta skal femne både miljøvis, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats i form av arbeid eller andre økonomiske midlar.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av jamleg kontakt mellom Miljødirektoratet og dei prosjekta som får tilskot, og ved at statsforvaltaren deltek i dei styrande organa for prosjekta. Kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskapar. Norsk villreinsenter har ei viktig rolle i fagleg oppfølging og rådgjeving for prosjekta og arrangerer òg årlege nettverkssamlingar for alle prosjekta i samarbeid med Miljødirektoratet.

Rapport 2021

Følgjande prosjekt fekk tilskot i 2021: Villreinløypa (Gudbrandsdalsmusea AS), Forollhogna – det hele fjellet (Forollhogna nasjonalparkstyre), Mennesket og reinen (Viken fylkeskommune), Villrein og istid (Norsk institutt for naturforsking mfl.), DNT i villreinfjellet (Den Norske Turistforening), Budeiene og villreinfjellet (Rjukan Næringsutvikling), Heiplanen – handlingsprogram (Rogaland fylkeskommune), Fjellrein og Fjellreinskulen (Fjellrein AS), Tilrettelegging, styring av ferdsel og informasjon (Eidfjord kommune), Mulighetsstudien Spranget – Mysusæter (Innlandet fylkeskommune), Utvikling av opplevelsespakker i Vingelen NPL (Bunåva SA), Hensynsfull ferdsel i villreinens leveområder (Villreinutvalget for Rondane Nord), Felles sti- og løypeplan for Nordfjella (Viken fylkeskommune), Felles sti- og løypeplan for Hardangervidda (Viken fylkeskommune), Sti- og løypeplan (Sølnkletten villreinområde), Tilstandsvurdering av løer og buer i Vingelen (Vingelen sameie). Alle prosjekta er knytte til dei regionale planane for nasjonale villreinområde, og dei har ført til brei mobilisering til samarbeid mellom ulike aktørar lokalt og regionalt. Prosjekta har også ført til at det er etablert gode koplingar til arbeidet med besøksstrategiar for verneområda. Det er oppretta eigne temasider for prosjekta på nettstaden til Norsk villreinsenter, villrein.no.

Nasjonale turiststiar

Ordninga er flytta til post 78 Friluftslivsformål.

Rapport 2021

Det kom inn 22 søknader i 2021, og 16 søkjarar fordelte på 7 fylke fekk tildelt midlar. Mange stiar er rusta opp med mellom anna drenering av vatn og steinlegging. Ulike sikrings- og beredskapstiltak, under dette fjellvaktordning, vart finansierte. Viktige informasjonstiltak vart gjennomførte, og enkelte startpunkt vart tilrettelagde. Desse fekk tilskot i 2021: Segla på Senja, Kjerag og Preikestolen i Lysefjorden, Dronningruta i Vesterålen, Trolltunga og Dronningstien i Ullensvang, Bondhusdalen i Kvinnherad, Romsdalseggen i Rauma, Rødøyløva i Rødøy, Kvalvika-Ryten i Lofoten, Engenbreen i Meløy, Besseggen i Vågå, Gaustatoppen i Tinn og Hjartdal kommunar, Aurlandsdalen i Aurland, Kongevegen i Lærdal og Fosseråsa i Geiranger.

Post 82 Tilskot til trua artar og naturtypar, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

82.1

Tilskotordning – trua artar

10 985

13 448

0

82.2

Tilskotordning – trua naturtypar

31 663

30 471

0

Sum post 82

42 649

43 919

0

Posten er lagd ned og tilskotsordningane flytta til post 80.

Trua artar

Rapport 2021

Det kom inn 328 søknader i 2021. Det vart søkt om 33,7 mill. kroner, og totalt tildelte Miljødirektoratet og statsforvaltaren om lag 13,4 mill. kroner til slike søknader. Midlane er gjevne til konkrete tiltak, til dømes skjøtsel av lokalitetar, styrking av bestandar og informasjon. Av dette er det samla gjeve om lag 1,7 mill. kroner til 3 tiltak for hubro for å unngå at arten døyr som følgje av elektrokusjon. Dei ulike nettselskapa nyttar i tillegg eigne midlar på dei same strekningane.

Trua naturtypar

Rapport 2021

Det kom inn 1 121 søknader i 2021, likt som omfanget i 2020. Søknadsmengda har generelt auka betydeleg dei siste åra, og det er stor interesse for ordninga. I 2021 kom det inn søknader for tiltak i 24 ulike naturtypar. Talet på søknader er framleis størst innanfor naturtypane slåttemark (691 søknader), kystlynghei (199 søknader) og hole eiker (67 søknader). Om lag 1 010 søknader omfatta skjøtsel og vedlikehald. I tillegg kom det inn søknader om tilskot til gjerding, informasjonstiltak, kartlegging og overvaking knytt til tiltak, tilpassa drift på areal som inngår i drifta av landbruksføretak, og innkjøp av utstyr til skjøtsel.

I 2021 vart det søkt om 73 mill. kroner til tiltak for å ta vare på trua og utvalde naturtypar, mot 63,5 mill. i 2020 og 51,5 mill. kroner i 2019. Den tilgjengelege budsjettramma var om lag 29,7 mill. kroner. Miljødirektoratet tildelte nesten alt av dette til statsforvaltaren for vidare tildeling, med unntak av 120 0000 kroner, som Miljødirektoratet tildelte eitt informasjonstiltak for den nyleg utvalde naturtypen open grunnlendt kalkmark.

Handlingsplanar for naturtypar og skjøtselsplanar for enkeltområde legg det faglege grunnlaget og dei overordna rammene for ein stor del av tiltaka som blir gjennomførte med støtte frå tilskotsordninga. Desse planane bidreg til å sikre at tiltaka har effekt for naturtypane, og dermed at tilskota blir nytta i tråd med målet for ordninga. Talet på skjøtselsplanar som er utarbeidde for enkeltområde, stig jamt. I mange område er det inngått langsiktige avtalar med grunneigarar om skjøtsel. Dette er viktige verkemiddel for å motivere grunneigarar til å søkje om tilskot og drive skjøtsel. Det er flest skjøtselsplanar og avtalar for slåttemark og kystlynghei.

Post 83 Tilskot til tiltak mot framande artar, kan overførast

Posten er lagd ned og tilskotsordninga flytta til post 80.

Rapport 2021

I 2021 var løyvinga på 4 mill. kroner. Det kom inn 153 søknader til ordninga på til saman 40 mill. kroner. Det vart tildelt midlar til 24 prosjekt. Ein stor andel av prosjekta som vart gjennomførte, bestod i å nedkjempe høgt prioriterte framande skadelege artar som mink, sitkagran, kjempespringfrø, platanlønn, stillehavsøsters og pukkellaks. I tillegg vart det gjeve støtte til informasjonstiltak, som mellom anna har resultert i at det er publisert korte filmar om utfordringane med framande skadelege artar og om kva befolkninga kan gjere for å forhindre innførsel og spreiing.

Post 84 Internasjonalt samarbeid

Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområda Naturmangfald og Forureining, men òg til Friluftsliv, Klima og Polarområda. Foreslått løyving er 6 mill. kroner, ein auke på 0,32 mill. kroner frå 2022. Frå post 21 er det flytta 0,16 mill. kroner til medlemsskap i The International Transaction Log. I tillegg har posten fått ei prisjustering på 0,16 mill. kroner.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor, i det internasjonale arbeidet for vern av naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar og å setje Miljødirektoratet og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimeleg grad medverkar til at dei kan utføre oppgåvene sine, og at Miljødirektoratet og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.

Tildelingskriterium

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:

  • Naturpanelet (Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services, IPBES)

  • Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)

  • International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)

  • Wetlands International (WI)

  • Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)

  • Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)

  • Konvensjon om langtransportert luftforureining (LRTAP-konvensjonen), kjerneoppgåver som ikkje blir omfatta av bidraget til EMEP-protokollen

  • Common Forum on Contaminated Land

  • The International Transaction Log (ITL)

  • Enforcement of Environmental Law (IMPEL)

  • Organization of Economic Co-operation and Development (OECD)

  • Det internasjonale ressurspanelet (The international Resource Panel)

Posten skal òg dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til mottakarar nemnde ovanfor eller som er nemnde som mottakarar av tilskot under kap. 1400, post 71. Vidare skal posten dekkje utgifter Noreg har som følgje av plikter i grensevassdrag til Finland og Sverige.

Det skjer ei kontinuerleg vurdering av målsetjingane til organisasjonane og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtalar og av kva nytte Miljødirektoratet har av medlemskapen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i dei styrande organa i organisasjonane, der det blir teke avgjerder mellom anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper eller ved direkte kontakt med prosjektet.

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Miljødirektoratet på møte i styrande organ i organisasjonane der det blir teke avgjerder mellom anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.

Rapport 2021

Midlane dekte i 2021 medlemskontingenten i dei internasjonale organisasjonane som er lista opp under «Tildelingskriterium» over, i tillegg til eit avgrensa tal oppfølgingsprosjekt.

Post 85 Besøkssenter for natur og verdsarv, kan overførast

Midlane er i hovudsak retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv og Kulturminne- og kulturmiljø.

Besøkssenter for natur og verdsarv skal formidle kunnskap av høg kvalitet om nasjonalparkar, verdsarv, villrein, våtmark, rovvilt, fugl og villaks til lokalbefolkninga og tilreisande. Barn og unge er spesielt prioriterte.

Posten er samla sett auka med 15 mill. kroner til 99,8 mill. kroner. Auken kjem av at støtte til verdsarvsentera er flytta frå post 76 under kap. 1400 (14,6 mill. kroner inkludert prisjustering). Posten er i tillegg auka med 2,5 mill. kroner for å leggje til rette for autorisasjon av Struve Verdsarvsenter og 3 mill. kroner til autorisasjon av to nye besøkssenter i samband med nasjonalparker, for å ta imot besøkande frå vestsida av Jotunheimen og vestsida av Reinheimen. Øyremerkte tilskot til Atlanterhavsparken (1,1 mill. kroner) og Runde Miljøsenter (5,5 mill. kroner) er tekne ut av posten. Bakgrunnen er at regjeringa har sett i gang eit arbeid med innsparing og reduksjon i talet på namngjevne tilskotsmottakarar. Det blir vist til omtale og grunngjeving for arbeidet i Gul bok 2023 og vidare arbeid i 2024-budsjettet.

I tillegg er 1 mill. kroner flytta til post 21 for andregongs behandling av Driva mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, ein reduksjon som blir teken i andelar på alle ordningar under posten. Posten har fått ei prisjustering på 2,3 mill. kroner.

Dei seks verdsarvsentera ved verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap (Geiranger), Vegaøyan, Bergkunsten i Alta, Røros bergstad og Circumferensen, industriarven Rjukan-Notodden og Urnes stavkyrkje får årlege driftstilskot. Sentera er autoriserte som verdsarvsenter etter ei felles autorisasjonsordning for besøkssenter på bakgrunn av gjevne krav til drift og innhald i sentera. Den totale ramma for verdsarvsenterordninga utgjer 17,1 mill. kroner i 2023. Midlane til verdsarvsentera låg tidlegare under kap. 1400, post 76.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til drift, utvikling og etablering av besøkssenter for natur og verdsarv

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga for sentera blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar der sentera viser at dei fyller autorisasjonskrava.

Tildelingskriterium

Autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv kan søkje om eit årleg grunntilskot til aktivitet knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, naturrettleiing og anna. Miljødirektoratet publiserer eigne retningslinjer for autorisasjon av besøkssenter.

Grunntilskotet blir for 2023 på 1,133 mill. kroner per senter for besøkssenter nasjonalpark, våtmark, rovdyr, skog, villrein og Oslofjorden og inntil 2 mill. kroner for besøkssenter for verdsarv.

Autoriserte senter kan i tillegg søkje om tilskot til utvikling, som til ekstra publikumstiltak, kompetanseheving, utstillingar og informasjonstiltak.

Frå og med 2023 vil utviklingsmidlar for besøkssenter nasjonalpark fordelast likt mellom dei autoriserte sentera for nasjonalparkane. Dermed treng ikkje besøkssenter nasjonalpark lenger å sende separat søknad for utviklingsmidlar, men skal søkje både grunntilskot og utviklingsmidlar under søknaden for grunntilskot.

Andre som arbeider med naturinformasjon (til dømes museum og stiftelsar), og senter som ikkje er autoriserte, kan søkje om tilskot til utstillingar og informasjonstiltak for andre tema enn nasjonalpark.

Tabell 7.4 Typen senter

Tema for senter

(i 1 000 kr)

Besøkssenter nasjonalpark

38 430

Norsk villreinsenter

9 117

Besøkssenter våtmark

7 596

Besøkssenter rovdyr

8 648

Naturrettleiing

7 214

Det nasjonale villakssenteret

8 916

Besøkssenter for skog

1 241

Besøkssenter for Oslofjorden

1 524

Verdsarvsentera

17 075

Sum

99 761

Naturrettleiing vil seie formidling av kunnskap om naturen og samanhengar i naturen med eit formål å styrkje innsikt, respekt, engasjement og omsorg for natur- og kulturmiljøet. Naturrettleiingstenester blir utførte av ein person, naturrettleiaren, som i hovudsak gjev deltakarane direkte opplevingar ute i naturen.

Mottakarar av tilskot til naturrettleiing er Norsk villreinsenter (Hjerkinn og Skinnarbu), besøkssenter rovdyr Flå og Namsskogan, besøkssenter nasjonalparkane i Nordland, besøkssenter Færder nasjonalpark og Hardangervidda nasjonalpark, Skinnarbu, og besøkssenter våtmark Ilene og Nordre Øyeren.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer årsmelding, revidert rekneskap, budsjettforslag, plan for verksemda og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Sentera rapporterer om tal på besøkjande, aktivitetar og naturrettleiing, sal av logoprodukt, resultat frå brukarundersøkingar og eventuelle evalueringar av innhald og aktivitet ved senteret og om andre forhold som var sentrale for å få tildelt tilskotet. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, mellom anna ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gjeve støtte til.

Det nasjonale villakssenteret må rapportere om bruken av midlane på den same måten som dei autoriserte sentera.

Rapport 2021

Det vart gjeve grunntilskot til 17 autoriserte besøkssenter nasjonalpark, fire autoriserte besøkssenter rovdyr og seks autoriserte besøkssenter våtmark. Det vart òg gjeve grunntilskot til Norsk villreinsenter, som har ei utvida rolle som informasjons- og kompetansesenter og har driftseiningar på Hjerkinn og Skinnarbu, under dette besøkssenter villrein på Hjerkinn. I tillegg vart det gjeve driftstilskot til Det nasjonale villakssenteret, Runde Miljøsenter og Atlanterhavsparken. Det vart òg løyvd 1,2 mill. kroner til eit forprosjekt i samband med eit nytt nasjonalt naturinformasjonssenter knytt til Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat. Besøkssenter Jomfruland nasjonalpark vart autorisert, medan besøkssenter Lierne nasjonalpark og nasjonalparkane i Nordland, besøkssenter våtmark Ilene, Jæren, Nordre Øyeren, Oslo og Ørland og besøkssenter rovdyr Namsskogan, Ytre Hvaler nasjonalpark, Hardangervidda nasjonalpark, Skinnarbu og kompetansedelen av Stiftelsen Norsk Villreinsenter vart reautoriserte i 2021. Desse sentera fekk tilskot til utstillingar, informasjonstiltak, kompetanseheving og publikumstiltak som auka kvaliteten på formidlinga i 2021: Norsk villreinsenter, besøkssenter rovdyr Bardu, Flå, Namsskogan og Østerdalen, besøkssenter nasjonalpark: Hardangervidda, Eidfjord og Skinnarbu, Øvre Pasvik, Stabbursdalen, Reisa, Lierne, Femundsmarka, Folgefonna, Færder, Ytre Hvaler, Jotunheimen, Jostedalsbreen, Jostedalen, Lierne og besøkssenter nasjonalparkane i Nordland, Klimapark 2469, Vollan Gard – Kvikne nasjonalpark, Sážžá Senja naturhus & museum – Midt-Troms museum, Kulturlandskapssenteret i Telemark og Klimahuset/Universitetet i Oslo, besøkssenter våtmark Ilene, Jæren, Oslo, Lista, Nordre Øyeren og Ørland. Trondheimsfjorden våtmarkssenter, Dokkadeltaet våtmarkssenter, Balsfjord Fjordmuseum og våtmarkssenter – Midt-Troms museum, Museet Midt og NINA.

Kap. 4420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Oppdrag og andre ymse inntekter

16 250

8 028

10 269

04

Gebyr, forureiningsområdet

41 397

49 270

56 895

06

Gebyr, miljøvernavdelingane hos statsforvaltarembeta

36 676

37 595

37 595

07

Gebyr, kvotesystemet

13 261

5 980

4 720

08

Gebyr, naturforvaltningsområde

34

09

Internasjonale oppdrag

24 709

47 878

37 878

40

Sal av eigedom og festetomter i statleg sikra friluftslivsområde

1 500

50

Overføringar frå andre statlege rekneskapar

6 000

Sum kap. 4420

132 327

148 751

154 857

Post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter

På posten er det budsjettert med ulike oppdragsinntekter og sal av tenester knytte til felles administrative funksjonar i miljøforvaltninga. Oppdragsinntektene er hovudsakleg knytte til tenester som Statens naturoppsyn utfører for andre. På posten blir det òg ført ymse inntekter, mellom anna diverse leigeinntekter frå eigedommar Miljødirektoratet eig, inntekter frå sal av rapportar utarbeidde av Miljødirektoratet og enkelte andre produkt. Posten er auka med 2,3 mill. kroner til 10,3 mill. kroner. Av auken er 0,3 mill. kroner prisjustering, medan 2 mill. kroner kjem av pårekna auka inntekter i 2023.

Det er merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilkjem Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om handtering av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet, skal betale eit gebyr. Gebyret blir vidareført på same nivået som i tidlegare år, det vil seie 450 kroner. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. I tillegg krev Miljødirektoratet refusjon for utgifter det har knytt til kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Gebyret er heimla i vassdragsreguleringslova § 12 punkt 19, i vassressurslova §§ 57–58 og i den enkelte konsesjonen.

Kap. 1420, post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 04 Gebyr, forureiningsområdet

I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innanfor forureiningsområdet.

Posten omfattar Miljødirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:

  • gebyr frå dei som får utferda sertifikat under ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (produktforskrifta kapittel 6 a). Ordninga er ein del av EØS-avtalen som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til mellom anna dokumenterte kvalifikasjonar for teknisk personell og bedrifter som utfører arbeid på utstyr med nokre av desse gassane. Den praktiske gjennomføringa av sertifiseringsordninga blir i dag utført av Isovator AS (HFK i kuldeanlegg o.a.) og Incert AB (SF6 i høgspentbrytarar).

  • gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forureiningsforskrifta

  • gebyr for tilsyn og kontroll med importørar og produsentar av kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av deklareringsforskrifta, inkludert vedlikehald og vidareutvikling av Produktregisteret som verktøy for effektiv kjemikaliekontroll

  • årsgebyr for godkjende biocidprodukt og gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidaktive stoff og biocidprodukt, i medhald av biocidforskrifta. Gebyret skal dekkje alle kostnader til søknadsbehandling og tilsyn og kontroll med at forskrifta og vedtak gjorde i medhald av forskrifta blir overhaldne, inkludert drift, utvikling og vidareutvikling av tiltak og system for forbetring og effektivisering av saksbehandling og søknadsevaluering.

  • gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall, skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om opphavet til, innhaldet i og eigenskapane til avfallet. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Miljødirektoratets kostnader ved drift og utvikling av systemet, inkludert kjøp av tenester.

  • gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (Produsentansvar) i medhald av avfallsforskrifta. Produsentansvar erstatta i 2019 EE-registeret og er det nye registeret for EE-produkt og EE-avfall. Alle som importerer og produserer elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg, pliktar å vere medlem av eit godkjent returselskap. Returselskapa finansierer drifta og utviklinga av dette registeret gjennom eit gebyr som er avhengig av marknadsdelen deira.

  • gebyr for eksport og import av avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall, må innhente samtykke til dette. Gebyret skal dekkje kostnader knytte til behandling av søknader om eksport og import av avfall, Miljødirektoratets kostnader ved drift og utvikling av saksbehandlingssystem inkludert kjøp av tenester.

I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar.

Tabell 7.5 Budsjettet for 2023 fordeler seg slik på dei ulike gebyrordningane:

Gebyrordning

Budsjett inntekt 2022 (tal i tusen kroner)

Sertifisering for fluorerte klimagassar

7 000

Konsesjonsbehandling etter forureiningsforskrifta

8 350

Tilsyn etter forureiningslova

9 325

Kvotetilsyn

345

Tilsyn med kjemikaliar

6 825

Deklarasjon av farleg avfall

9 500

Drift av produsentansvar

400

Eksport og import av avfall

6 900

Godkjenning av biocid, biocidprodukt og årsgebyr for godkjent biocidprodukt

8 250

Totalt kap. 4420, post 04

56 895

Samanlikna med 2022 er posten auka med 7,6 mill. kroner.

Kap. 1420, post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 06 Gebyr, miljøvernavdelingane hos statsforvaltarembeta

Posten omfattar inntekter til statsforvaltaren frå gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og tilsyn. Kap. 1420, post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 07 Gebyr, kvotesystemet

Miljødirektoratet forvaltar klimakvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta, må ha løyve frå Miljødirektoratet til kvotepliktige utslepp i tillegg til å ha eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei årlege utsleppsrapportane frå kvotepliktige verksemder blir kontrollerte og verifiserte av Miljødirektoratet. Verksemder kan søkje om vederlagsfri tildeling av kvoter. Dei årlege tildelingsrapportane frå verksemder som har rett på tildeling, blir kontrollerte og godkjende av Miljødirektoratet.

I tråd med føresegnene i kap. 39 i forureiningsforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved utarbeiding av løyve til kvotepliktige utslepp finansierast av gebyr.

I tråd med føresegnene i kap. 9 i klimakvoteforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved saksbehandling og kontroll finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EU-reglane. Miljødirektoratet har òg ansvaret for å drifte det elektroniske kvoteregisteret.

Forventa gebyrinntekt i 2023 er 4,7 mill. kroner. Inntektene er 1,3 mill. kroner lågare enn i 2022 og skriv seg frå at inntektene i 2022 var noko høgare knytt til innføring av fase 4 av klimakvotesystemet.

Post 08 Gebyr, naturforvaltningsområde

Posten er lagd ned grunna mindreinntekt over fleire år, så også i 2021 da inntekta berre var 34 000 kroner. Pårekna resterande inntekt på 0,1 mill. kroner er flytta til post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter. Sjå omtale under denne.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene under posten kjem frå andre statsinstansar og frå internasjonale organisasjonar, og dei skal finansiere Miljødirektoratets utgifter under kap. 1420, post 23, til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid, til dømes institusjonsbygging i samarbeidsland. Posten er redusert med 10 mill. kroner grunna færre forventa oppdrag til 37,9 mill. kroner.

Kap. 1420, post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 40 Sal av eigedom og festetomter i statleg sikra friluftsområde

Miljødirektoratet eig ein del område gjennom statleg sikring av friluftslivsområde. På ein del av desse har det frå tidlegare tider eksistert festeforhold. Ein del av festarane vil få moglegheita til innløysing av festetomtene sine, jf. krav i tomtefestelova. I tillegg vil det i få tilfelle vere aktuelt å selje eigedommar. Det blir foreslått å løyve 1,5 mill. kroner som følgje av inntekter frå dette.

Post 50 Overføringar frå andre statlege rekneskapar

På posten er det budsjettert med overføringar frå andre statlege rekneskapar til tidsavgrensa prosjekt i Miljødirektoratet. Overføringane vil variere noko frå år til år, og for 2023 er overslaget 6 mill. kroner.

Kap. 1420, post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1422 Miljøvennleg skipsfart

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Spesielle driftsutgifter

8 047

8 268

8 486

70

Tilskot til private, kan nyttast under post 21

32 188

33 025

33 962

Sum kap. 1422

40 235

41 293

42 448

Miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i klimapolitikken og i den maritime strategien til regjeringa. Bruk av meir klima- og miljøvennleg drivstoff og energieffektive skip er nøkkelfaktorar i å redusere utsleppa frå skipsfarten. Noreg er i dag leiande i utvikling og bruk av mellom anna gassdrivne skip og batteridrivne ferjer – eit fortrinn som kan utnyttast og utviklast vidare.

Sjøfartsdirektoratets rolle og oppgåver

Sjøfartsdirektoratet er underlagt Klima- og miljødepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljøet, og utfører viktig arbeid innanfor dette området. Arbeidet omfattar mellom anna utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører oppgåver knytte til internasjonalt miljøsamarbeid under FNs sjøfartsorganisasjon (IMO), EU, Nordsjøsamarbeidet og det arktiske samarbeidet.

Sjøfartsdirektoratet har som ei av hovudmålsetjingane sine å medverke til at skipsfarten er ei klima- og miljøvennleg transportform. Direktoratet skal òg medverke til god sikring mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining og Klima.

Det er lagt inn ein priskompensasjon på posten. Foreslått løyving er på om lag 8,5 mill. kroner på posten for 2023.

Posten medverkar til å dekkje lønn til fast og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOX og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande artar i ballastvatn. Posten dekkjer òg midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relaterte til miljøspørsmål.

Rapport 2021

Midlane til Sjøfartsdirektoratet har mellom anna gått til nasjonalt og internasjonalt arbeid med å redusere klimagassutslepp frå skipsfarten, redusere eller hindre forureining til luft og sjø, førebyggje spreiing av framande organismar, opphogging av skip og arbeid med forvaltningsplanar for havområda.

Post 70 Tilskot til private, kan nyttast under post 21

Om lag 7,5 mill. kroner er løyvde til den statlege delen i det offentleg-private samarbeidet Grønt Skipsfartsprogram. Desse skal i hovudsak brukast til å utvikle grøne løysingar for fleire fartøykategoriar. I 2023 foreslår regjeringa å løyve om lag 26,4 mill. kroner til vidareføring av arbeidet til Grønt Skipsfartsprogram med å realisere grøn flåtefornying av lasteskip. Gjennom grøn flåtefornying vil lasteskip kunne ta i bruk null- og lågutsleppsløysingar. Foreslått løyving er på om lag 33,9 mill. kroner på posten for 2023.

Rapport 2021

Midlane har vore retta inn mot å støtte arbeidet til Grønt Skipsfartsprogram, som i 2021 hadde 93 private og 11 offentlege deltakarar frå heile den maritime verdikjeda. Arbeidet i programmet har bidrege til å stimulere til samarbeid i næringa for å realisere nye låg- og nullutsleppsløysingar i skipsfarten og fjerne barrierar mot introduksjon av slike løysingar. Programmet har sidan oppstarten i 2015 totalt initiert 40 pilotprosjekt der fleire er knytte til bygging av nye skip. I 2021 vart sju nye pilotstudiar initierte, og nye viktige aktivitetar vart oppretta i form av GSP Teknologiradar og GSP Vareeierforum. Arbeidet med grøn flåtefornying rettar seg både mot reiarlag og mot vareeigarar. Det er svært stor interesse for denne ordninga.

Kap. 1423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

27 796

36 907

37 650

Sum kap. 1423

27 796

36 907

37 650

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Forureining. Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4423, post 01. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under denne posten, jf. forslag til vedtak II. Posten dekkjer utgifter som Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har til lønn og godtgjersle for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til den samla utgreiings- og rådgjevingsverksemda etaten driv på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet. Posten er auka med prisjustering og lønnskompensasjon for 2023.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik er Klima- og miljødepartementets direktorat på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet og forureiningsstyresmakt etter forureiningslova.

Den fremste oppgåva til direktoratet er å utøve forvaltningsmynde, skaffe fram informasjon og kunnskap og gje faglege råd. Dette omfattar forvaltning og kartlegging av radioaktivt avfall og avfallsstraumar med heimel i forureiningslova.

Verksemder som er omfatta av DSAs forvaltningsmynde, er mellom anna petroleumsverksemd, sjukehus og forsking, avfallsdeponi, atomanlegga i Halden og på Kjeller og noko prosess- og mineralindustri.

Atomreaktorane på Kjeller og i Halden er permanent nedstengde, og overgangen mot avviklings- og oppryddingsfasen er påbegynt. Oppryddinga skaper nye oppgåver og utfordringar både for operatør og for DSA som forvaltnings- og tilsynsstyresmakt. Det krev betydeleg utgreiing, planlegging og kartleggingsarbeid.

Oppryddinga vil krevje løyve etter forureiningslova. Operatøren har ansvaret for å sikre tilstrekkeleg lager- og deponikapasitet for eksisterande og framtidig avfall frå atomverksemd. Dette omfattar også løysingar for det brukte brenselet frå reaktorane og etablering av nytt lager for anna radioaktivt avfall. DSA rettleier operatør i arbeidet med avvikling og opprydding av norsk nukleær verksemd. Dei gjev òg råd til departementa i arbeidet med opprydding etter norsk nukleær verksemd og handtering av det brukte brenselet.

DSA arbeider med å vareta Noregs forpliktingar etter felleskonvensjonen om radioaktivt avfall under IAEA (Joint Convention) for å sikre at forpliktingane i konvensjonen er varetekne i norsk regelverk og forvaltningspraksis. DSA deltek også i anna relevant internasjonalt samarbeid knytt til radioaktivt avfall.

DSA har ansvaret for å støtte og gje råd i oppfølginga av beredskapsansvaret til departementet. DSA deltek òg i arbeidet med forvaltningsplanane for norske havområde.

DSA ser behov for meir kunnskap om eksponeringssituasjonen i avløpssystemet og oppførselen til dei radioaktive stoffa i Oslofjorden og har starta arbeidet med ei miljøkartlegging. Kartlegginga vil gje auka kunnskapsgrunnlag om radioaktiv forureining frå helsesektoren og forureiningssituasjonen i Oslofjorden, og DSA tek del i heilskapleg plan for Oslofjorden.

Overvaking av radioaktiv forureining skal gje oppdatert informasjon om miljøtilstanden og medverke til å oppdage eventuelle nye utslepp. Vidare skal overvakinga medverke til kunnskap om tilførslar og langtidsutvikling av forureininga. DSA har ansvar for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktivitet og stråling i det ytre miljøet, i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø.

Rapportane til dei nasjonale overvakingsprogramma til Miljøstatus og resultatet frå det marine miljøet er sentrale i vurderingane av måloppnåinga i Oslo-Paris-konvensjonen (OSPAR), rapportering til AMAP og for det bilaterale samarbeidet med Russland om miljøovervaking.

DSA bidreg til auka kunnskap for forvaltning av radon og naturleg førekommande radioaktive stoff (NORM) gjennom samarbeidet i EURATOM-prosjektet RadoNorm. For å redusere risiko for forureining frå utanlandske kjelder har DSA løpande dialog med relevante styresmakter for å auke kunnskap og beredskap rundt transport av radioaktivt avfall og trafikk av reaktordrivne fartøy i nærområda våre. Dette blir mellom anna gjort som del av deltakinga vår i Arktisk råds AMAP- og EPPR-arbeidsgrupper der DSA leier ekspertgruppene innan radioaktivitet. DSA følgjer òg opp Espoo-konvensjonen.

DSA leier ekspertgruppa for radioaktiv forureining under Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen.

Som følgje av Russlands angrepskrig mot Ukraina frå februar 2022 har det konkrete prosjektsamarbeidet under ekspertgruppa blitt lagt på is. Noreg ønskjer likevel å føre vidare ein dialog med Russland om tema under ekspertgruppa, da dette er viktig for Noregs atomberedskap og for å hindre radioaktiv forureining.

Rapport 2021

DSA har gjeve betydeleg rettleiing knytt til opprydding etter atomverksemd og handtering av brukt kjernebrensel.

DSA har bidrege til utarbeidinga av Forurensning i de norske havområdene – Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen. Rapport frå Overvåkningsgruppen 2021. DSA har også delteke i Fagleg forum med oppdatering av faggrunnlaget for forvaltningsplanane for norske havområde.

DSA deltek også i samarbeidet i dei europeiske strålevernplattformene som er sentrale i utviklinga av strategiske forskingsagendaer (SRA) for strålevern. DSA deltek i fleire prosjekt ved Senter for framifrå forsking (CERAD) og bidreg i arbeidsgrupper som skal identifisere behov for kunnskap og kompetanse nasjonalt innan dekommisjonering og radioaktivt avfall. DSA deltok i eit prosjekt under Miljøgiftflaggskipet i Framsenteret i 2021 i samarbeid med Havforskingsinstituttet og Noregs geologiske undersøking om å kartleggje NORM i sediment i norske farvatn. Prosjektet samlar kunnskap om utslepp og spreiing av radionuklidar som finst naturleg i det marine miljøet, og skal styrkje forvaltninga av petroleumsindustrien.

DSA har bidrege inn i arbeidet med utvikling av ny OSPAR-strategi og med å vurdere om ein har oppfylt noverande strategi.

DSA har i 2021 følgt opp samarbeidet med russiske styresmakter om forvaltning av utslepp og avfall med radioaktive stoff som finst naturleg (NORM), og planlagt aktivitetar for 2022.

Den norsk-russiske ekspertgruppa under miljøvernkommisjonen (radioaktivitetsgruppa) utarbeidde eit arbeidsprogram for 2022–2024 det er semje om.

DSA har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet følgt opp arbeidsgruppa under Espoo-konvensjonen om vurdering av levetidsforlenging for kjernekraftverk. DSA har også følgt opp ordinære Espoo-saker på det nukleære området.

DSA har utarbeidd miljøovervakingsprogram for anløpsstadene for dei reaktordrivne fartøya og analyserer i tillegg rutinemessig miljøprøvar ved kvart hamneanløp i samarbeid med Forsvaret.

Dei nasjonale miljøovervakingsprogramma (marint, terrestrisk og limnisk) er gjennomførte som planlagt, i samarbeidet med Havforskingsinstituttet, NINA og UiO. DSA har vidareført overvakinga av UV-stråling og samarbeidde med MET. Det norsk-russiske miljøovervakingssamarbeidet heldt fram i 2021, og det er utarbeidd eit nytt arbeidsprogram for overvakingsverksemda i miljøet som var meint å dekkje 2021–2023.

DSA har gjeve 33 løyve til utslepp av radioaktiv forureining og handtering av radioaktivt avfall, fordelte på petroleumsverksemd, sjukehus og deponi. Dette er både nye løyve og endringar i eksisterande løyve. Det har blitt gjennomført fire tilsyn etter forureiningslova i 2021. Enkelte av desse er ikkje avslutta.

Kap. 4423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Gebyr, radioaktiv forureining

615

1 048

1 079

Sum kap. 4423

615

1 048

1 079

Posten dekkjer inntekter som Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har i samband med gebyr forankra i forureiningslova § 52 a, forskrift om avgrensa utslepp kapittel 39. Kap. 1423, post 01, kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1424 Senter mot marin forsøpling

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

23 643

24 006

21

Spesielle driftsutgifter

1 000

1 026

71

Marin forsøpling, kan overførast

30 417

Sum kap. 1424

24 643

55 449

Senter mot marin forsøpling er eit ordinært forvaltningsorgan under Klima- og miljødepartementet.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Forureining. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under kap. 4424, post 01, jf. forslag til vedtak II. Posten dekkjer utgifter som Senter mot marin forsøpling har til lønn og godtgjersle for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og til utvikling og drift av dei digitale verktøya Rydde og Reint Hav med kartfesta informasjon.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Forureining. Løyvinga på posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar.

Resultatrapport 2021

Senteret har i 2021 gjennomført ei politisk initiert omstilling. Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) har blitt til Senter mot marin forsøpling (Marfo) og er Noregs dedikerte satsing i arbeidet mot marin forsøpling.

Gjennom omstruktureringa vart senteret flytta frå Samferdselsdepartementet til Klima- og miljødepartementet, fekk ny hovudinstruks og endra organisasjonsform. Fagområdet oljevern vart flytta over til Kystverket.

I løpet av 2021 har senteret levert på oppdrag gjevne i tildelingsbrev og samstundes førebudd nye oppgåver og ny driftsform. Etablerte digitale verktøy og plattformer er vidareutvikla gjennom året. Rydde, Rent hav og Marfo.no vil halde fram med å vere ein viktig base for arbeidet mot marin forsøpling i Marfo.

Post 71 Marin forsøpling, kan overførast

Posten er retta mot resultatområdet Forureining og delt opp i to tilskotsordningar. Foreslått løyving er på om lag 30 mill. kroner på posten for 2023. Det er òg behov for ei tilsegnsfullmakt på denne posten på 15 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Tilskot til SALT Lofoten for arbeid med Fishing for Litter

Fishing for Litter er ei ordning der eigarlaust marint avfall frå fiskeflåten kan leverast vederlagsfritt. Ordninga vil omfatte 11 hamner og er på om lag 2,4 mill. kroner i 2023.

Tilskot til tiltak for å redusere marin forsøpling

Mål

Ordninga skal gå til tiltak for å redusere marin forsøpling gjennom å dekkje utgifter knytte til opprydding av marint avfall og til førebyggjande arbeid. Stor merksemd skal rettast mot strandsona og rydding av marint avfall på sjøbotnen. Opprydding av avfall langs elvar, vatn og innsjøar er også omfatta av ordninga. Prinsippet om at forureinaren betaler, skal liggje til grunn for arbeidet. Opprydding der det finst ein ansvarleg for avfallet, er ikkje omfatta av ordninga. I slike tilfelle kan styresmaktene gje pålegg om opprydding, og utgiftene skal dekkjast av den ansvarlege forureinaren.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at midlane er knytte til det nasjonale målet om at «veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialattvinning og energiutnytting».

Tildelingskriterium

Det er utarbeidd ei forskrift med kriterium for bruken av ordninga. Denne vart sett i kraft 1. januar 2019. Følgjande tiltak kan støttast:

  • opprydding av marin forsøpling og koordinering av slike prosjekt

  • prosjekt for å førebyggje marin forsøpling

Følgjande kriterium skal vektleggjast ved vurdering av tiltak:

  • at prosjektet samlar aktørar, har mange deltakarar og dekkjer større geografiske område

  • at tiltaket sikrar ein effektiv bruk av midlane med godt dokumenterte utgiftspostar

  • at tiltaket medverkar i stor grad med eigenfinansiering eller medfinansiering frå andre kjelder

  • at tiltaket inneheld konkrete og realistiske/gjennomførlege planar for gjennomføring av prosjektet

  • at søkjaren har spesiell kompetanse innanfor tiltaket det er søkt om støtte til

Årlege satsingsområde og prioriteringar blir kunngjorde av Senter mot marin forsøpling i utlysingsteksten for tilskotsordninga, som blir kunngjord i fjerde kvartal 2022.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruken av midlane skjer mellom anna gjennom sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren. I tillegg kan Miljødirektoratet og Riksrevisjonen utan forvarsel føre kontroll med at tilskotet er eller blir nytta etter føresetnadene.

Resultatrapport 2021

Sjå under kap. 1420, post 71, der pengane vart løyvde i 2021.

Kap. 1425 Fisketiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Spesielle driftsutgifter

300

300

300

70

Tilskot til fiskeformål, kan overførast

15 685

16 743

17 165

Sum kap. 1425

15 985

17 043

17 465

Kap. 1425 Fisketiltak omfattar utgifter til fisketiltak og delar av fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er primært retta mot resultatområdet Naturmangfald, men involverer òg resultatområdet Friluftsliv gjennom tilrettelegging for fiske.

Samla sett er løyvinga under kap. 1425 auka med 0,4 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2022. Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgift på fiske, som saman med utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420, post 01, korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet post 72 Fiskaravgifter.

For nærmare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1425, 1420, 5578 og inntektene til fondet viser vi til omtale under kap. 5578.

Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Statsforvaltarane.

Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet er basert på driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå den same målsetjinga.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten dekkjer utgifter til drift av betalingstenesta for fiskaravgiftene, informasjonstiltak og faglege prosjekt og oppdrag. Løyvinga er den same som i 2022, 0,3 mill. kroner.

Rapport 2021

Løyvinga er nytta til drift av betalingstenesta for fiskaravgift.

Post 70 Fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Løyvinga er auka med 0,4 mill. kroner til 17,2 mill. kroner. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å sikre og utvikle bestandar av vill anadrom laksefisk og leggje til rette for og motivere til fiske etter anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga medverkar til å nå målsetjingane for anadrom laksefisk. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje målast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Tildelingskriterium

Tiltak som kan få tilskot, er tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette kultiveringstiltak, driftsplanlegging, bruksretta forsking og overvaking. Det kan vidare bli gjeve tilskot til tiltak som betrar tilgangen på og høvet til fiske for allmenta, og tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Rapport 2021

I 2021 vart det gjeve tilskot til tiltak i regi av landsdekkjande organisasjonar knytte til informasjon og forvaltning av anadrom laksefisk, til tiltak retta mot rekruttering og stimulering til fiske og til utbetring av laksetrapper. Det er vidare gjeve tilskot til bruksretta forsking og overvaking.

Ein stor del av tilskotsposten er disponert av statsforvaltarane for å støtte tiltak som informasjon, bruksretta forsking og overvaking, tilrettelegging og arrangement, kultiveringstiltak og driftsplanlegging. Samla har dette medverka til betre forvaltning av laks, sjøaure og sjørøye og ei meir berekraftig hausting av desse fiskeressursane. Tilskota har òg medverka til å styrkje kunnskapsgrunnlaget, til informasjon og formidling av tilstand og utfordringar knytte til anadrom laksefisk, og dei har medverka til å auke interessa for friluftsliv og fiske, særleg blant barn og unge.

Kap. 1428 Enova SF

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

50

Overføring til Klima- og energifondet

3 344 178

4 134 013

4 536 183

Sum kap. 1428

3 344 178

4 134 013

4 536 183

Statsføretaket Enova forvaltar midlane frå Klima- og energifondet og er eit spesialverktøy for å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar og i oppfølginga av klimaplanen for 2021–2030. Formålet til Enova er å bidra til å nå Noregs klimaforpliktingar og bidra til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Støtte frå Enova skal avlaste risiko og kostnader for dei som er først ute med å teste nye løysingar. Nedslagsfeltet til Enova er knytt til seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon. Aktiviteten skal innrettast med sikte på å oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan støtte. Enova er lokalisert i Trondheim og hadde om lag 82 årsverk i 2021.

Vi har ambisiøse mål i klimapolitikken og skal på kort tid omstille oss til eit lågutsleppssamfunn. Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 pst. samanlikna med 1990. Vi har samstundes avgrensa med midlar til å utløyse dei nødvendige endringane. Enova er difor sett opp for effektivt å kunne bruke dei midlane som er stilte til rådvelde. Hovudelementet er ei overordna styring gjennom fireårige styringsavtalar mellom departementet og Enova om forvaltninga av midlane frå Klima- og energifondet.

Regjeringa foreslår ei monaleg styrking av Enova med ei aukning på 500 mill. kroner. Dette vil gjere det mogleg for Enova å auke innsatsen mot prosjekt som gjev ikkje-kvotepliktige utsleppsreduksjonar. Støtta kan til dømes bidra til auka elektrifisering av fartøy, tungtransport og anleggsmaskiner og til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig industri. Berekningar basert på utsleppsresultata frå prosjekt støtta i tidsrommet januar 2021 til mai 2022 tilseier at ei auka løyving på 500 mill. kroner kan bidra til eit årleg utsleppsresultat på om lag 62 500 tonn CO2-ekvivalentar. Det hefter naturlegvis uvisse ved overslaget, ikkje minst ettersom Enova reknar resultat mot referanseprosjekt. Det vil gå noko tid frå Enova gir tilsegn om støtte til eit prosjekt, til prosjektet er i drift. Dette betyr at utsleppseffekten kjem noko forseinka. Klimaeffekten av ei løyving til Enova i 2023 kjem truleg først i 2024, og sjølv då må det ventast at effekten ikkje er full. Utover dei direkte utsleppsresultata frå prosjekta vil støtta frå Enova bidra til teknologiutvikling og marknadsendring, noko som vil utløyse ytterlegare utsleppsreduksjonar på lengre sikt. Midlane skal forvaltast i samsvar med måla og føringane i styringsavtalen mellom Enova og Klima- og miljødepartementet, der Enova har fått monaleg fagleg fridom og fleksibilitet til å utforme ordningar og gje tilsegn til prosjekt slik at midlane blir utnytta mest mogleg effektivt. Klima- og miljødepartementet legg opp til å inngå ein tilleggsavtale med Enova om forvaltninga av den auka løyvinga. Regjeringa auka også i 2022 løyvingane til Klima- og energifondet, da med 750 mill. kroner.

Regjeringa foreslår for 2023 ei samla løyving for Enova på 4,5 mrd. kroner, inkludert påslaget på nettariffen. Samstundes med auken i løyvinga nemnd over blir løyvinga for 2023 justert som følgje av ei prisomrekning og overføring av 200 mill. kroner til Husbanken for å støtte energitiltak hos låginntektshushald, sjå omtalen lenger ned og under Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD). I 2023-budsjettet er det ei rammeoverføring frå Klima- og miljødepartementet til Finansdepartementet av kontraktsfesta midlar til løpande produksjon av offisiell statistikk i SSB. Frå kap. 1428 post 50 blir det rammeoverført 0,85 mill. kroner.

Mål

Styringsavtalen legg rammer for verksemda til Enova, set mål for aktiviteten og stiller krav til rapportering. Avtalen skal sikre at midlane frå fondet blir forvalta i samsvar med dei måla og føresetnadene som ligg til grunn for Stortingets vedtak om oppretting av fondet og andre rammer som gjeld for bruken av midlane i fondet. Styringsavtalen gjev Enova langsiktige økonomiske rammer og stor fagleg fridom. Styringsmodellen gjev Enova høve til å utnytte effektivt dei ressursane som er stilte til rådvelde.

Enovas formål, nedfelt i styringsavtalen, speglar behovet for handling både på kort og på lang sikt og at arbeidet med å nå 2030-måla våre må skje på ein måte som også lèt oss nå måla våre mot 2050. Formålet blir utdjupa og konkretisert gjennom delmål om å medverke til a) reduserte ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp mot 2030 og b) teknologiutvikling og innovasjon som medverkar til utsleppsreduksjonar fram mot lågutsleppssamfunnet i 2050.

For å nå klimamåla våre og greie omstillinga til lågutsleppssamfunnet krevst det omfattande elektrifisering, ikkje minst i transportsektoren og industrien. Den utfordrande situasjonen der det er knapt med energi i Europa, gjev eit behov for monaleg ny fornybar kraftproduksjon og effektiv bruk av krafta i åra som kjem. I tillegg til sjølve krafta vil elektrifiseringstiltak i mange tilfelle krevje utbygging og forsterking av kraftnettet. Utbygging av kraftnett tek tid, og enkelte tiltak har høge investeringskostnader. Både tilgang til ny kraft, effektiv bruk av krafta vi har, og evna til kraftnettet til å overføre kraft er difor faktorar som har stor betydning for om og når elektrifiseringstiltak kan bli realiserte, og oppnåinga av klimamåla våre. Effektiv energi- og ressursbruk er i tillegg ein føresetnad for raske nok utsleppskutt og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Enova skal finne gode løysingar som tek omsyn til behovet for eit effektivt energisystem. Eit effektivt energisystem krev tiltak som både medverkar til effektiv nytting av eksisterande nett, effektiv bruk av energi og utvikling av nye energiteknologiar.

Gjennom å forsere tidleg marknadsintroduksjon av klimavennlege teknologiar og løysingar med sikte på å gjere dei føretrekte utan stønad på sikt er Enova eit viktig verkemiddel i arbeidet med å redusere dei ikkje-kvotepliktige klimagassutsleppa våre. Transportsektoren utgjer ein stor del av Enovas aktivitet på grunn av store utslepp, stort behov for teknologiutvikling i dei tyngre segmenta og etter kvart stadig fleire køyretøy og fartøy som er klare for marknadsintroduksjon. Enova er òg eit viktig verkemiddel for stønad til infrastruktur for nullutsleppsdrivstoff for køyretøy og fartøy i den tidlege fasen der det er nødvendig med offentleg stønad. Mellom anna tildelte Enova i juni 2022 stønad til 70 ladestasjonar for elbil som følgje av ei auka løyving på 100 mill. kroner for etablering av hurtigladarar. Dette legg til rette for auka utbreiing og bruk av elbil i alle delar av landet. Sjå under for utvida omtale.

Vi er avhengige av teknologiutvikling og innovasjon i alle sektorar for å redusere utsleppa våre og greie omstillinga til lågutsleppssamfunnet utan reduksjon i velferda. Dette gjeld så vel innanfor transportsektoren som i industrien. I kvotepliktig industri er det til dømes behov for vedvarande innsats retta mot teknologiutvikling for å omstille sektoren. Utviklingsløpa her er til dels svært lange. Teknologiutviklinga i åra framover er avgjerande for å ha det rette utgangstempoet frå 2030 og dermed halde fram med å redusere utslepp også etter 2030. Vi er òg avhengige av ei tilstrekkeleg teknologiutvikling i ikkje-kvotepliktig sektor for å gjere det mogleg å redusere utsleppa fram mot 2030. Mykje utvikling og pilotering står til dømes att før nullutsleppsløysingar er klare for marknaden i dei tyngre transportsegmenta og i skipsfarten.

Innanfor rammene av avtalen har Enova stor fagleg fridom til å rette innsatsen mot dei områda der moglegheitene for å påverke utviklinga er størst, og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet. Denne faglege fridommen og fleksibiliteten i avtalen gjer det mogleg for Enova å snu seg raskt etter nye moglegheiter og tillèt Enova å støtte dei prosjekta og dei sektorane der moglegheitene viser seg, når moglegheitene viser seg.

Fagleg fridom og overordna styring inneber lite øyremerking av midlar eller aktivitetar. Øyremerking gjer Enova mindre fleksibel og vil medverke til mindre effektiv måloppnåing. Det er dessutan vanskeleg å føresjå i dag kva som treng kor mykje stønad i morgon. I lys av uvissa rundt farten på teknologiutviklinga i forskjellige sektorar vil fleksibiliteten innanfor rammene av avtalen vere enda viktigare i åra framover. Vi har store utfordringar framfor oss dei neste åra.

Enova er som verkemiddel retta mot seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon. Seinfase teknologiutvikling inneber at den viktigaste forskingsaktiviteten er avslutta og løysingane er modne for å utprøvast i større skala. Stønad skal medverke til å auke tempoet og omfanget av pilotering, demonstrasjon og fullskala testing, slik at nye teknologiar og løysingar kjem raskare ut på marknaden. Dersom løysingane skal medverke til utsleppsreduksjonar, må dei takast i bruk i tilstrekkeleg omfang, noko som avheng av om dei kan konkurrere med fossile løysingar. Enovas aktivitet skal difor innrettast med sikte på å oppnå varige marknadsendringar, slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan stønad. Etter at Enova har medverka til tidleg marknadsintroduksjon av ei løysing, til dømes elektriske varebilar, tek andre verkemiddel som prising av utslepp og regulering over for å fremje utbreiinga av løysingane i marknaden.

Avtalen inneheld to målindikatorar, som reflekterer dei to delmåla, ein utsleppsindikator og ein innovasjonsindikator. Målindikatorane skal saman med anna kvalitativ og kvantitativ rapportering gje indikasjon på måloppnåinga til Enova undervegs i avtaleperioden og vil utgjere ein del av grunnlaget for styringsdialogen mellom departementet og Enova. Formål, delmål og resterande føringar i avtalen vil vere bestemmande for korleis Enova innrettar aktiviteten sin. Nivået på målindikatorane var opphavleg 1,2 mill. tonn ikkje-kvotepliktige CO2-ekvivalentar for utsleppsindikatoren og 6 mrd. kroner i utløyst innovasjonskapital for innovasjonsindikatoren. Desse vart i januar 2022 auka til høvesvis 1,3 mill. tonn ikkje-kvotepliktige CO2-ekvivalentar og 10 mrd. kroner i utløyst innovasjonskapital i samband med tilleggsløyvinga på 750 mill. kroner.

I tillegg til målindikatorar har Enova ei brei og tilgjengeleg rapportering om aktiviteten sin. Årsrapporten for 2021 er den første som berre blir gjort tilgjengeleg i digitalt format. Han inneheld dessutan omtalar som i større grad enn tidlegare søkjer å teikne lengre linjer i skildringa av effekten Enova har på marknadene dei er inne i.

Styringsavtalen stiller opp avtalefesta aktivitetar på enkelte område, som Enova skal følgje opp gjennom programma sine. Enova skal

  • som staten sitt verkemiddel for støtte i ein tidleg fase bidra til utvikling av drivstoffinfrastruktur for utsleppsfri transport, under dette el og hydrogen

  • som del av aktiviteten retta mot tidleg marknadsintroduksjon ha eit tilbod til næringstransport, Nullutsleppsfondet, med formål om å redusere klimagassutslepp frå næringstransport og bidra til omstillinga til lågutsleppssamfunnet gjennom ein raskare marknadsintroduksjon og -vekst av nullutsleppsteknologi i næringskøyretøy og -fartøy.

  • årleg stille til disposisjon minimum 300 mill. kroner til tiltak hos hushald og forbrukarar for å bidra til reduserte klimagassutslepp og omstilling til lågutsleppssamfunnet

  • ha eit landsdekkjande tilbod av informasjons- og rådgjevingstenester

  • ta hand om drifta og utviklinga av energimerkeordninga og ordninga for energivurdering av tekniske anlegg

  • vareta drifta og utviklinga av ei rapporteringsløysing for energikartlegging retta mot store bedrifter

  • vareta drifta og utviklinga av NOBIL-databasen

Enova har over mange år hatt ein viktig innsats retta mot energitiltak hos hushalda. Over avtaleperioden frå 2021 til 2024 vil Enova totalt stille til disposisjon 1,1 mrd. kroner til i hovedsak energitiltak hos hushald og forbrukarar. I februar lanserte Enova ei rekkje nye tiltak, mellom anna auka stønad til solcellepanel, stønad til smart straumstyring og smarte varmtvasstankar. Det blei og lansert støtte til energikartlegging for burettslag og sameiger som skal gi konkrete anbefalingar om smarte energi- og klimatiltak. Anbefalingane kan inkludere tiltak som reduserar energibehov, effektbehov eller klimagassutslepp, og moglegheit for lokal kraftproduksjon. Dersom ein etter kartlegginga signerar kontrakt på gjennomføring av kartlagte tiltak kan ein få opptil 50 prosent meir i kartleggingsstøtte. Enova opplever betydeleg aukt søknadspågang til denne ordninga og forventar å betale ut opp mot 300 mill. kroner i 2022. Støtta blir betalt etterskottsvis, så det tar noko tid før auka pågang fører til auka utbetaling.

Enova er eit spesialverktøy for å bidra til seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon. Dette er reflektert i Enovas innsats overfor hushald og forbrukarar òg. Stønad frå Enova skal avlaste risiko og kostnader for dei som er først ute med å teste nye løysingar. Når teknologiar blir modne, må andre verkemiddel ta over. Stønad til modne løysingar i modne marknadar kan fort resultere i auka prisar som i stor grad kjem forhandlarar til gode. Mykje av stønaden vil dessutan gå til dei som gjennomfører tiltak allereie.

Regjeringa er oppteken av at hushald med låge inntekter også skal ha moglegheit til å få energioppgradert bustadene sine. Som varsla i Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) gjev regjeringa frå 2023 Husbanken i oppdrag å støtte energitiltak for hushald med låge inntekter. Ordninga bli finansiert gjennom å overføre 200 mill. kroner av midlane øyremerkte hushald og forbrukarar frå Enova si årlege løyving til Husbanken frå og med 2023. Midlane øyremerkte hushald og forbrukarar i styringsavtalen blir justerte ned gjennom eit tillegg til avtalen. Enova vil framleis spele ei viktig rolle for stønad til seinfase teknologiutvikling og tidlegfase marknadsintroduksjon av klima- og energitiltak i hushalda, medan Husbanken vil støtte bruk av meir modne løysingar. Sjå Olje- og energidepartementet sit busjett for ei heilskapleg omtale av energieffektivisering i bygg.

Resultatrapport 2021

I Enovas årsrapport, tilgjengeleg på 2021.enova.no, finst ei utdjupande rapportering frå verksemda i 2021. Årsrapporten inneheld mellom anna ‘Enova – på lag med markedet’ og ‘Historier’ der ein kan lese om enkeltsektorar som Enova har aktivitet mot. Førstnemnde tek for seg status i enkeltsektorar og korleis Enova arbeider med desse sektorane for å realisere utsleppskutt og omstilling gjennom varig marknadsendring på kort og lang sikt. Historier tek for seg korleis Enova har arbeidd med utsleppsreduksjonar og teknologiutvikling i enkeltsegment, og kva stønad frå Enova har medverka til.

I 2021 rekneskapsførte Enova eit administrasjonstilskot på 156,1 mill. kroner. Enova hadde eit årsresultat på om lag 2,4 mill. kroner. Annan eigenkapital var om lag 31,1 mill. kroner per 31. desember 2021.

Enova skal vere ein liten og fleksibel organisasjon som forvaltar offentlege ressursar på ein mest mogleg effektiv måte. Enova har dei siste åra retta stor innsats mot digitalisering og automatisering av arbeidsprosessar som gjev ei meir effektiv saksbehandling og det nødvendige handlingsrommet til å behandle eit aukande tal søknader. I fleire av programma som er lanserte dei siste åra, til dømes Enovatilskotet, stønad til elektriske varebilar og stønad til tunge elektriske køyretøy og batteri i fartøy, har Enova teke i bruk del- eller heilautomatiserte løysingar. Som følgje av at Enova er oppteken av effektiv drift, behandlar Enova no fleire søknader og tildeler meir stønad per krone administrasjonskostnad enn tidlegare.

Enova gav i 2021 tilsegn om støtte på om lag 4,6 mrd. kroner til meir enn 5 500 store og små prosjekt og over 7 100 tiltak i norske bustader. Desse prosjekta er forventa å utløyse om lag 8 mrd. kroner i investering frå marknaden. Dette vil gje ei samla investering på om lag 13 mrd. kroner i prosjekt vedtekne i 2021.

Transportsektoren

Til saman gav Enova tilsegn om tilskot på om lag 2,1 mrd. kroner til 4 949 prosjekt i transportsektoren i 2021. Av dei totale disponerte midlane gjekk 44 pst. til denne sektoren. Det høge talet transportprosjekt er i stor grad ei følgje av støtteordninga til kjøp av elektrisk varebil, som Enova lanserte i 2019. I 2021 har Enova disponert totalt 1,6 mrd. kroner til prosjekt under Nullutsleppsfondet, fordelt ganske jamt mellom sjø og land. Stønad til elektriske varebilar med tilhøyrande ladar utgjer om lag 250 mill. kroner.

På land støttar Enova nullutsleppskøyretøy og -anleggsmaskiner og bidreg med det til at den kommersielle bruken aukar i omfang, og til at marknaden veks. Som eit døme gav Enova stønad til 153 el-lastebilar i 2021. Marknaden for elektriske lastebilar har inntil nyleg vore i ein seinfase teknologiutviklingsfase. Dei første prosjekta med støtte frå Enova gav viktig erfaring i drift, og fleire av tidlegbrukarane har gått vidare med fleire anskaffingar av elektriske køyretøy. Vi er no inne i ein tidleg marknadsintroduksjonfase for elektrisk lastebil, og dei store internasjonale køyretøysprodusentane har meldt auka leveransar i dei tyngre segmenta.

På sjøen har Enova opp gjennom åra støtta ei lang rekkje ulike prosjekt. Det har skjedd ei monaleg utvikling i delar av sjøfarten, og det blir utvikla og demonstrert løysingar i stadig nye segment. Ein marknad der utviklinga har vore stor dei seinare åra, er innan oljeservice-bransjen. Stadig fleire aktørar i denne bransjen satsar på elektrifisering i form av hybridisering der batteria bli kombinerte med eksisterande dieselelektriske framdriftssystem. Slike satsingar bidreg til å halde ved lag konkurranseevna og til å posisjonere aktørar for framtidige kontraktar der batteri og landstraum har eit monaleg fortrinn. Den positive utviklinga i marknaden gjorde at Enova valde å avslutte stønadsprogrammet for denne bransjen i 2021.

For å støtte opp om elektrifiseringa av land- og sjøtransporten har Enova også ei monaleg satsing retta mot drivstoffinfrastruktur for utsleppsfri land- og sjøtransport. Denne satsinga byggjer opp under ei marknadsdriven utbygging av infrastruktur. I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at vi ville setje fart på utbygging av ladeinfrastruktur for elbilar i dei delane av landet der slik infrastruktur ikkje var godt utbygd. For å få til dette vart Enova løyvd 100 mill. kroner for å støtte etablering av hurtigladarar for elbilar, slik at det blir lagt til rette for auka bruk av elbil i alle delar av landet. Resultatet av løyvinga kom i juni i år, da Enova støtta til saman 70 ladestasjonar rundt omkring i landet. Dette medfører at talet på kommunar utan offentleg hurtigladestasjon er redusert frå 70 til 15. I tillegg til dette har Enova i 2021 støtta utbygging av 12 ladestader i Namdalen og Nordland med 14,8 mill. kroner. Sidan 2015 har Enova til saman støtta utbygginga av ein grunnleggjande hurtigladeinfrastruktur for elbilar med om lag 250 mill. kroner fordelte på 320 hurtigladestader. Med dette har Enova bidrege til etablering av infrastruktur for hurtiglading langs dei nasjonale transportkorridorane og i kommunar med låg eller ingen dekning.

Hydrogen

Enova har ei sterk satsing retta mot hydrogen, frå produksjon gjennom distribusjon til forbruk innan både transport og industri. Her har det skjedd ei rivande utvikling berre dei siste to til tre åra, noko som blir spegla av i at Enova sine løyvingar til hydrogenprosjekt har blitt mangedobla frå 2018 til 2021. Til saman 1,2 mrd. kroner vart løyvde frå Enova til hydrogenprosjekt i 2021. For å kunne auke innsatsen mot hydrogenprosjekt slutta Noreg seg i 2020 til den europeiske satsinga for innovasjons- og industrisamarbeid (IPCEI) for hydrogen. Enova fekk ansvaret for å forvalte deltakinga nasjonalt. Norsk deltaking i IPCEI for hydrogen gjev norske selskap moglegheita til å ta del i den europeiske satsinga. I desember 2021 fekk to hydrogenprosjekt, eit hos TIZIR og eit i regi av Horisont Energi, status som IPCEI hydrogen-prosjekt og fekk til saman om lag 750 mill. kroner i støtte frå Enova. Førstnemnde tek i bruk hydrogen som reduksjonsmiddel som erstatning for kol i produksjon av titanoksid, medan Horisont Energi byggjer det første storskala industrielle ammoniakkproduksjonsanlegget i Europa basert på naturgass med CCS.

I juni 2021 gav Enova støtte til hydrogenprosjekt i maritim sektor på 1,12 mrd. kroner i tillegg til 121,4 mill. kroner i stønad til Celsa for å ta i bruk hydrogen som energikjelde i stålproduksjon. Prosjekta i maritim sektor Enova inkluderte støtte på 669 mill. kroner til etableringa av fem produksjonsanlegg for fornybart hydrogen langs norskekysten og stønad på 451,3 mill. kroner til sju hydrogen- og ammoniakkdrivne fartøy. Til saman ser vi no konturane av ein heilskap i hydrogensatsinga langs hele verdikjeda: produksjon av både blått og grønt hydrogen, bruk i industri og i maritim transport, i tillegg til infrastruktur.

Industri

I 2021 løyvde Enova om lag 1,7 mrd. kroner i støtte til 240 prosjekt i industrien. Gjennom teknologiprogramma sine bidreg Enova til at teknologisk risiko og teknologikostnaden for ny innovativ teknologi blir redusert, slik at teknologien blir hjelpt frå utviklingsstadiet og ut i den kommersielle marknaden. Støtte frå Enova bidreg til å flytte bransjestandarden og dermed presse internasjonale aktørar til stadig større forbetringar. Støtte frå Enova gjev dermed klimaeffekt langt utanfor noregsgrensene.

Døme på industriprosjekt som er støtta av Enova i 2021, er Horisont Energi AS sitt Barents Blue-prosjekt for storskala utsleppsfri ammoniakkproduksjon i Hammerfest kommune. Dette prosjektet vart tildelt 482 mill. kroner frå Enova. Også Freyr Battery Norway sitt planlagde pilotanlegg for litium-ion-batteri-produksjon i Mo i Rana, med 142 mill. kroner i støtte frå Enova, representerer eit stort prosjekt i denne samanhengen. Vidare har Kværner AS fått støtte til flytande vindturbin, Tizir Titanium & Iron AS til hydrogenbasert reduksjonsprosess, og Vow Green Metals AS har fått støtte til framstilling av biokarbon til industriell bruk – teknologiar og løysingar vi treng for å nå klimamåla våre og greie omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

Energisystem

Det er venta ein sterk vekst i etterspurnaden etter elektrisitet i åra framover. For å få til utsleppsreduksjonar og gjere overgangen til lågutsleppssamfunnet enklare støttar Enova prosjekt som bidreg til eit meir effektivt energisystem. Enova støtta over 200 prosjekt under energisystemet i 2021. Enova vil få til marknadsendring innanfor energisystemet på to måtar. Den eine er å bidra til termiske løysingar som aleine eller saman med elektrisitet bidreg til avlasting, medan den andre er å stimulere til å utnytte den fleksibiliteten som allereie finst. I tillegg har Enova ei eiga satsing mot innovativ havvind.

Tenesteyting og sluttbruk

Innan tenesteyting og sluttbruk støtta Enova i 2021 7 300 prosjekt, der om lag 7 100 av desse var under Enovatilskotet der Enova støtta hushald med 127 mill. kroner i 2021. På Enovas nettsider kan ein fortløpande følgje med på statistikken for Enovatilskotet.

Sidan 2001 har Enova bidrege til utvikling og introduksjon av ei rekkje teknologiar og løysingar for energieffektivisering og fornybar energibruk og -forsyning av bygg. Støtte frå Enova skal avlaste risiko og kostnader for dei som er først ute med å teste nye løysingar. Det er viktig at nokon går føre for at alle andre i neste omgang skal ha betre og billigare teknologiar å velje mellom. Når teknologiar blir modne, må andre verkemiddel ta over. Mange av løysingane Enova har støtta opp gjennom åra, er modne og blir tekne i bruk utan stønad. Enova støttar innovative løysingar som bidreg til at bygg kan støtte opp under eit fleksibelt og effektivt energisystem. Enova har i 2022 også lansert ordningar som støttar utvikling av løysingar som kuttar utslepp og reduserer klimafotavtrykket til byggsektoren, gjennom til dømes ombruk.

Sjølv om mykje av læringa er knytt til førebuing og gjennomføring av prosjekt, har Enova òg ei brei satsing på informasjon og rådgjeving. Samla medverkar dette til auka kunnskap i samfunnet om høva til å ta i bruk energieffektive og klimavennlege løysingar. Mellom anna har Enova lansert «Enova kunnskap», der dei har samla nyttig informasjon og rettleiing for bedrifter som ønskjer å komme i gang med energileiing. «Enova svarer» er ei nasjonal svarteneste for hushald og profesjonelle aktørar. Svartenesta svarte på om lag 34 500 førespurnader i 2021.

Målindikatorar

I tillegg til andre rammer i avtalen er det utarbeidd to målindikatorar som undervegs i avtaleperioden skal gje indikasjon på Enovas måloppnåing og utgjere eitt av fleire grunnlag for styringsdialogen mellom departementet og Enova. For avtaleperioden 2021 til 2024 er det lagt til grunn at følgjande nivå indikerer god måloppnåing:

  • klimaresultat tilsvarande 1,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar i ikkje-kvotepliktig sektor

  • innovasjonsresultat tilsvarande utløyst innovasjonskapital på 10 mrd. kroner

I 2021 gav Enova tilsegn til prosjekt med klimaresultat på 0,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar og innovasjonsresultat på 3,6 mrd. kroner i privat innovasjonskapital. Enova gav tilsegn om tilskot til om lag 5 500 små og store prosjekt og om lag 7 100 tiltak hos hushald og forbrukarar. Resultata er venta årleg resultat frå prosjekt som har fått tilsegn om støtte. Støtta blir utbetalt etter kvart som støttemottakaren kan dokumentere framdrift i prosjektet.

Tabell 7.6 Klima- og energifondets resultat og disponeringar i 2021, korrigerte for kanselleringar

Område

Disponerte midlar (mill. kroner)

Klimaresultat (kilotonn CO2-ekv.)

Innovasjonsresultat (mill. kroner)

Industri

1 684

73

2 664

Transport

2 091

218

178

Energisystemet

402

10

385

Tjenesteyting og sluttbruk

375

0

335

Internasjonalt

2

Rådgjeving og kommunikasjon

22

Eksterne analysar og utviklingstiltak

37

Administrasjon

195

Sum disponerte midlar og resultat

4 808

301

3 561

Utvikling i målindikatorar over avtaleperioden 2017–2020

Som det kjem fram av tabell 7.7, nådde Enova nivået på alle målindikatorane over avtaleperioden 2017–2020.

Tabellen viser sum av tilsegn, samt dei rapporterte resultata på dei fire målindikatorane for perioden 2017-2020. Målindikatorane skal gje indikasjon på Enovas måloppnåing og utgjere eitt av fleire grunnlag for styringsdialogen mellom departementet og Enova. For avtaleperioden 1. januar 2017 til 31. desember 2020 er det lagt til grunn at følgjande nivå indikerer god måloppnåing:

  • klimaresultat tilsvarande 1 mill. tonn CO2-ekvivalentar i ikkje-kvotepliktig sektor

  • energiresultat tilsvarande 4 TWh

  • effektresultat tilsvarande 400 MW

  • innovasjonsresultat tilsvarande utløyst innovasjonskapital på 4 mrd. kroner

Tala er oppgjeve både for opphaveleg resultat/tilsegn gitt, tal korrigert for kanselleringar, og tal korrigert for sluttrapporterte resultat.

Enova skal ta noko risiko, men dei skal ikkje overkompensere prosjekt. Då er det rimeleg å vente at ein viss del av dei prosjekta som får tilsegn om stønad blir kansellert. Resultata frå dei sluttrapporterte prosjekta avvik noko frå resultata som blir rapportert under prosjekt korrigert for kanselleringar. Avviket skuldast at når eit prosjekt er sluttrapportert så har resultata i fleire tilfelle forandra seg noko frå det som blei lagt til grunn ved tilsegn om stønad. Også stønadsbehovet kan forandre seg frå opphaveleg tilsegn gitt.

Tabell 7.7 Klima- og energifondets resultat og tilsegn i 2017–2020

Opphaveleg resultat/tilsegn gitt

Resultat korrigert for kanselleringer

Resultat korrigert for sluttrapporterte resultat

Energiresultat (GWh)

7 228

6 403

6 159

Effekt (MW)

630

613

619

Utløyst innovasjonskapital (i 1000 kr)

10 240

9 869

9 957

Utsleppsresultat (CO2)

1 120

946

916

Tilsegn

14 629

13 475

13 065

Post 50 Overføring til Klima- og energifondet

Løyvinga omfattar samla overføringar til Klima- og energifondet, inkludert inntekter frå påslag på nettariffen, jf. kap. 5578 post 73.

Det er foreslått ei løyving på 4 536 mill. kroner og ei fullmakt til å gje tilsegn på inntil 400 mill. kroner utover gjeven løyving, jf. forslag til vedtak VI. Inntektene frå påslaget på nettariffen utgjer 690 mill. kroner. Løyvinga inkluderer ein priskompensasjon på 103 mill. kroner. Løyvinga er også fråtrekt 200 mill. kroner, som blir rammeoverførte til Husbanken for å støtte opp energitiltak for hushald med låge inntekter, og 0,85 mill. kroner som er rammeoverført til Finansepartementet i samband med overføring av kontraktsfesta midlar til løpande produksjon av offisiell statistikk.

Tildelings- og oppfølgingskriterium

Enova har fullmakt til å utforme verkemiddel i samsvar med rammene i styringsavtalen med departementet, oppdragsbrev, føresegner og statlege regelverk. Midlane frå Klima- og energifondet skal forvaltast på ein slik måte at måla blir nådde og pålagde oppgåver utførte mest mogleg kostnadseffektivt. Verkemidla som blir nytta, skal utformast for å utløyse tiltak som elles ikkje ville ha blitt realiserte, og skal ta sikte på å oppnå varige marknadsendringar. Enovas verkemiddel skal ikkje intervenere i allereie velfungerande marknader.

Enovas tildeling av midlar frå Klima- og energifondet bør skje etter objektive og transparente kriterium. Kriterium for kvart enkelt verkemiddel eller ordning skal publiserast.

EFTAs overvakingsorgan (ESA) er ansvarleg for å overvake at norske styresmakter overheld reglane om offentleg støtte i EØS-avtalen. Notifisering av ordninga Enova har for støtte til demonstrasjonsprosjekt, føreset at Enova nyttar lån på vilkår som verkemiddel for store demonstrasjonsprosjekt. Dersom eit demonstrasjonsprosjekt er vellykka, beheld mottakaren verdien av teknologien. Ved å gje lån på vilkår unngår ein å overkompensere industrien. Det er lagt opp til at Enova kan gje tilsegn om inntil 60 pst. av godkjende kostnader i lån. Renter på lån skal ikkje vere lågare enn marknadsrentene i tråd med ESAs retningslinjer. I dei tilfella der teknologien lykkast, skal lån frå Enova nedbetalast når den teknologiske risikoen i prosjektet er avklart.

Venteleg vil ikkje alle demonstrasjonsprosjekt oppnå ønskt resultat, og enkelte lån på vilkår må gjerast om til tilskot som følgje av at teknologiar ikkje lykkast. Det er difor foreslått at Enova får fullmakt til å gjere om lån på vilkår til tilskot etter førehandsdefinerte og føreseielege vilkår, jf. forslag til vedtak XII.

Søknader om lån skal behandlast etter dei same kriteria og rutinane som i dag gjeld for tilskot. Søknad om tilskot eller lån skal innehalde informasjon som fortel korleis tiltaket vil underbyggje relevante delmål og tilfredsstille dei krava som er stilte til resultatrapportering. Enovas utlysingar under kvart enkelt verkemiddel skal spesifisere ytterlegare kva opplysningar som er påkravde knytte til det enkelte programmet, ordninga eller verkemiddelet.

Styringsavtalen pålegg Enova å sikre at dei ikkje unødig forstyrrar dei marknadene dei rører ved med verkemidla sine, men heller rettar opp marknadssvikt og byggjer ned barrierar. Enova skal nytte tredjepartsvurderingar framfor å byggje opp særleg kredittvurderingskompetanse.

Tilsegn om tilskot, lån og andre forpliktingar må haldast innanfor disponibel ramme og fullmakter for Klima- og energifondet. Midlar frå tilbakebetalte eller refinansierte lån skal resirkulerast i fondet.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

72

Fiskaravgifter

18 254

18 264

18 686

73

Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet

718 434

690 000

690 000

Sum kap. 5578

736 688

708 264

708 686

Post 72 Fiskaravgifter

Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond, er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten. I 2021 var innbetalingane til Statens fiskefond lågare enn budsjettert. For å unngå at fondskapitalen skulle bli lågare enn ønskt, vart posten for innbetalingene redusert i samband med revidert nasjonalbudsjett 2022 med 2 mill. kroner, jf. Prop. 115 S og Innst. 450 S (2021–2022). Same reduksjonen var gjord på utgiftssida under kap. 1425, post 70.

I 2023 er det venta høgare inntekter, og utgiftene er difor oppe igjen på same nivået som i 2021 med ein liten auke utover dette.

Nærmare om Statens fiskefond

Fiskaravgift til staten skal betalast for fiske i vassdrag med anadrom laksefisk. Det skal òg betalast avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Det er innført visse unntak, mellom anna for fiske i medhald av reindriftslovgjevinga, til undervisnings- eller behandlingsformål og til tidsavgrensa arrangement for rekruttering.

Bruken av midlane blir fastsett gjennom statsbudsjettet.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrom laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskeartar, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.

Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk gjeld frå og med 1. januar til og med 31. desember og vart sist justerte i 2021. For 2023 gjer regjeringa framlegg om å endre avgiftene i tråd med prisauken dei to siste åra. Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag i 2023 er 310 kroner for enkeltpersonar, medan familieavgifta er 494 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefellar/sambuarar med eventuelle barn mellom 18 og 20 år.

Personavgifta for fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli blir på 772 kroner, medan satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli, blir 469 kroner.

Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabellen nedanfor.

Tabell 7.8 Berekning av kapital til Statens fiskefond i 2023

Saldo pr. 31.12.21:

2 110

Budsjettert innbetalt i 20221:

18 264

Budsjettert refusjon i 2022 (utbetalingar frå fondet):

-16 264

Budsjettert saldo pr. 31.12.22:

4 110

Budsjettert innbetalt i 20232:

18 686

Budsjettert refusjon i 2023 (utbetalingar frå fondet):

-18 686

Budsjettert saldo pr. 31.12.23

4 110

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Statens fiskefond blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.

Inntektene over kap. 5578, post 72, finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (post 21 og 70) og kap. 1420 (post 01).

Tabell 7.9 Samla ressursbruk av inntekter til Statens fiskefond i 2023

Formål

Prosjekt, utgreiingar (kap. 1425.21)

300

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

25

Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70):

17 165

Sum under kap. 1425:

17 490

Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet (kap. 1420.01)

1 196

Totalsum

18 686

Spesielt om lokale tiltak

I fordelinga av fondsmidlane, frårekna nødvendige driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gje effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.

Post 73 Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet

Omsetningskonsesjonærar som tarifferer for uttak av elektrisk energi, skal i samband med fakturering leggje eit påslag på tariffen til alle sluttbrukarar på alle nettnivå.

For hushaldsbruk skal påslaget utgjere 1 øre/kWh. For andre sluttbrukarar enn hushald skal påslaget utgjere 800 kroner/år per målepunkt-ID.

Bidraget omsetningskonsesjonærar skal betale til Klima- og energifondet, er 1 øre/kWh multiplisert med den energimengda som er fakturert hushaldsbruk, og summen av påslag per målepunkt-ID som er fakturert andre sluttbrukarar enn hushald, i gjeldande termin. Enova står for innkrevjing og oppfølging av påslaget mot nettselskapa som blir innbetalt til Klima- og energifondet.

Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø

Hovudinnhald og prioriteringar

Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområdet Kulturminne og kulturmiljø. Løyvingane omfattar verksemda til Riksantikvaren og Kulturminnefondet.

Budsjettforslaget på området byggjer opp under dei nasjonale måla og prioriteringane i Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold (kulturmiljømeldinga). Det er utarbeidd indikatorar for dei nasjonale måla.

Dei nasjonale måla er knytte til omgrepa «engasjement», «berekraft» og «mangfald». Dei nasjonale måla legg vekt på kor viktig kulturarven er for samfunnet og for arbeidet med å nå FNs berekraftsmål. Med desse måla skal kulturmiljøforvaltninga bli målt på samfunnsbidraget. Kulturmiljøet skal framleis sikrast, og arbeidet for å redusere tap og skade skal halde fram.

Riksantikvaren fordeler mellom anna tilskot til freda kulturminne og kulturmiljø, inkludert verna og freda fartøy. Dette blir gjort ved at Riksantikvaren fordeler tilskot til kvar fylkeskommune, som deretter fordeler tilskota til enkeltprosjekt i fylket etter søknad. Riksantikvaren fordeler òg tilskot til arbeid med kulturarv i kommunane, til verdiskapingsprosjekt og til verdsarvområda. Kulturminnefondet er ei reindyrka tilskotsordning for verneverdige kulturminne og kulturmiljø i privat eige.

Kulturmiljøpolitikken er ein sentral og integrert del av klima- og miljøpolitikken. Regjeringa er oppteken av at kulturarven skal løftast fram. I oppfølginga av stortingsmeldinga skal det mellom anna utarbeidast bevaringsstrategiar for utvalde tema, og det skal utarbeidast forslag til ei ny kulturmiljølov. Regjeringa har sett ned eit lovutval som skal levere forslag til ei ny lov. Med regionreforma har fylkeskommunane fått meir mynde og har i hovudsak førstelinjeansvaret for behandling av saker etter kulturminnelova. Også Sametinget har fått meir mynde og fleire oppgåver. Riksantikvaren har eit overordna ansvar for gjennomføring av den nasjonale kulturmiljøpolitikken. Regionreforma inneber òg at Riksantikvaren skal vidareutvikle rolla si som fagdirektorat. Å «styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda» er eit eige delmål under FNs berekraftsmål 11 Berekraftige byar og lokalsamfunn, men kulturmiljø medverkar òg til å nå fleire av dei andre berekraftsmåla.

Vidareføring av den internasjonale innsatsen på kulturmiljøfeltet er viktig for å styrkje arbeidet for ei berekraftig utvikling nasjonalt og globalt. Noreg legg særleg vekt på arbeidet med kapasitetsbygging for å ta vare på verdsarven og vil halde fram med å føre vidare dei norske prioriteringane frå medlemskapen (2017–2021) i Unescos verdsarvkomité.

Dei ti bevaringsprogramma er knytte direkte til dei tidlegare nasjonale måla (2020-måla), men blir vidareførte inntil vidare, sjå delkapittelet Bevaringsstrategiar.

Resultatområde

Tabell 7.10 Resultatområde under programkategori 12.30

Resultatområde

Nasjonale mål

Kulturminne og kulturmiljø

  • Alle skal ha høve til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.

  • Kulturmiljø skal medverke til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging.

  • Eit mangfald av kulturmiljø skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for kulturminne og kulturmiljø

Engasjement

Private eigarar av kulturminne og kulturmiljø og frivillige organisasjonar gjer ein uvurderleg innsats for å bevare ein viktig del av kulturarven i landet. Regjeringa vil at fleire skal føle eigarskap til og ta ansvar for kulturmiljø. Dette er òg i samsvar med Europarådets rammekonvensjon om kulturarvens verdi for samfunnet, Faro-konvensjonen, som slår fast at alle har rett til å ta del i den kulturarven som dei sjølve vel, samstundes som dei skal respektere rettane og fridommane til andre.

I samband med Frivillighetens år 2022 vart det løyvd tilskot til istandsetjing, tilrettelegging og merking av lokale historiske stiar og ferdselsårer. Over 40 ulike lag og foreiningar fekk til saman 2,5 mill. kroner, og det var sendt inn 190 søknader. Det er eit stort potensial for samarbeid mellom frivilligheita, friluftslivet og kulturmiljøforvaltninga med omsyn til å nye målgrupper og nærrekreasjon.

Den private og frivillige innsatsen for kulturminne og kulturmiljø medverkar sterkt til arbeidet med å nå dei nasjonale måla og er viktig for at kulturmiljø blir brukte og tekne vare på. Sjølv om hovudansvaret for å ta vare på eigen eigedom ligg hos eigaren, skal offentlege verkemiddel medverke til at eigarane er i stand til å ta sin del av ansvaret for å sikre eit mangfald av kulturmiljø. Staten har ulike støtteordningar der eigaren kan få dekt meirkostnader som følgje av krav frå kulturmiljøforvaltninga.

Kunnskap om tradisjonshandverk og materialkunnskap er heilt avgjerande for å ta vare på freda og verneverdige bygningar, anlegg, fartøy og annan kulturarv. Det er viktig at denne kunnskapen går i arv. Fartøyvernsentera, bygningsvernsentera og andre rådgjevingstenester for kulturmiljø har mykje å seie for det praktiske istandsetjings-, skjøtsels- og vedlikehaldsarbeidet. Dei fungerer som eit lett tilgjengeleg tilbod for både eigarar og handverkarar og speler ei viktig rolle for å sikre tilgang til kompetanse innan tradisjonshandverk.

Kulturminnefondet forvaltar tilskotsordningar retta mot private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Kulturminnefondet har vist seg å vere eit effektivt verkemiddel både for å ta vare på eit mangfald av verneverdige kulturmiljø og for å gje private eigarar betre høve til å engasjere seg og ta ansvar.

Bygg og Bevar vart oppretta i 2009 og er eit samarbeidsprogram mellom Klima- og miljødepartementet og Byggenæringens Landsforening (BNL). Bygg og bevar er vidareført i ein ny samarbeidsavtale med BNL til 2024.

Berekraft

Det er eit mål at «Kulturmiljø skal medverke til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging». Samfunns- og arealplanlegginga er viktig for å sikre kulturmiljø, og målet viser korleis kulturmiljø kan bidra til dei tre dimensjonane av berekraftig utvikling: miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Målet understrekar samstundes Noregs ansvar for og regjeringa sine ambisjonar om å følgje opp FNs berekraftsmål og Agenda 2030. Det er utvikla indikatorar for nasjonalt miljømål 2.2 «Berekraft».

By- og stadutvikling kan gje viktige bidrag til ei berekraftig utvikling. Transformasjon og ny bruk av eksisterande bygningsmasse kan vere med på å bevare og vitalisere dei historiske byområda. Riksantikvaren har utarbeidd ei samling med døme som syner gode løysingar for tilpassing og endring for verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø. Samlinga med døme, som viser at eldre bygningar kan nyttast, og viser dei gode løysingane andre har funne for moderne bruk av eldre bygningar, har difor eit viktig klimaperspektiv. God arkitektur, historiske bygningar og bymiljø medverkar til stadidentitet og positive opplevingar og er ressursar som bør utnyttast for å utvikle levelege og attraktive byar og stader. Riksantikvaren har utarbeidd ein bystrategi med anbefalingar for god kulturmiljøforvaltning i byane og ein klimastrategi for kulturmiljøforvaltning.

Regjeringa vil fremje bruk, ombruk, gjenbruk og transformasjon av hus og bygningsmiljø gjennom koordinert verkemiddelbruk. Regjeringa vil òg vurdere kor godt eigna lovverket vi har i dag, er til å verne kulturmiljø ut frå eit klimaperspektiv. Samstundes bør det offentlege bruke rolla som eigar av mange kulturhistoriske eigedommar til å vere ein aktiv pådrivar og gje gode døme på bruk, ombruk og gjenbruk av den historiske bygningsmassen.

Målet med verdiskapingsarbeidet er å tydeleggjere kulturmiljø som innsatsfaktor i lokalt og regionalt utviklingsarbeid. Kulturmiljø er ein viktig attraksjon for produksjonen av opplevingsprodukt og andre næringar. Samstundes veit vi at kulturmiljø, kunnskapen dei representerer, og kulturhistoriske forteljingar betyr mykje for enkeltmenneska og livet i lokalsamfunna.

Mangfald

I Noreg er det spor etter menneskeleg liv og virke over ein periode på meir enn 11 000 år. Desse spora vitnar om ulike kulturtradisjonar og historiske hendingar. Det som blir teke vare på, skal vise eit kulturelt, sosialt og geografisk mangfald frå ulike tidsperiodar og bidra til å dokumentere og forstå den historiske utviklinga. Omgjevnader med eit rikt og variert historisk innhald er med på å gjere område attraktive og å gje omgjevnadene særpreg.

Riksantikvaren utarbeider ei samla oversikt over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Riksantikvaren har dei siste åra utarbeidd fleire fagstrategiar, mellom anna for arkeologiske kulturminne og for arbeid med kulturarv i kommunane.

Riksantikvaren, Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet samarbeider om ei felles satsing – Utvalde kulturlandskap i jordbruket. I 2022 inngår 49 landskap i ordninga, og i løpet av 2023 blir to nye område inkluderte innanfor denne ordninga.

Prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar (SKE-prosjektet) vart starta opp i 2002 og er eit døme på korleis sektoransvaret medverkar til at departement og underliggjande etatar og verksemder tek ansvar for å nå miljømål innanfor eigne ansvarsområde. Evaluering av ordninga skal gjennomførast i 2023.

Kulturarvpolitikken er delt mellom fleire departement. Klima- og miljødepartementet har etablert eit kulturarvforum for samarbeid mellom departementa. Det skal gjere det lettare å sjå forvaltninga av den materielle og immaterielle kulturarven i samanheng.

Bevaringsstrategiar

Utvikling av tematiske bevaringsstrategiar er ein del av oppfølginga av Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken. Med dei nye nasjonale måla som femner breiare enn dei tidlegare måla og i større grad vektlegg betydninga kulturmiljøet har for samfunnet, er det behov for å justere på korleis bevaringsarbeidet er innretta. Bevaringsstrategiane skal bidra til å strukturere, samordne og organisere innsatsen slik at dei nasjonale måla blir nådde, med særleg vekt på målet om å ta vare på eit mangfald av kulturmiljø.

I bevaringsstrategiane skal alle verkemiddel sjåast i samanheng og brukast slik at dei saman sikrar kulturmiljøverdiar. Det inneber at både vern gjennom plan- og bygningslova og freding etter kulturminnelova skal sjåast i samanheng. Tilsvarande gjeld ulike former for økonomiske verkemiddel. Tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid, kunnskap og formidling skal inngå som ein del av strategiane.

Riksantikvaren har fått i oppdrag å starte arbeidet med utvikling av bevaringsstrategiar for prioriterte tema. I 2021–2022 er det gjennomført eit forprosjekt der det mellom anna er utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag og ein verkemiddelanalyse. Basert på dette skal det lagast ein overordna bevaringsstrategi som definerer kva struktur bevaringsarbeidet i kulturmiljøforvaltninga skal ha, og korleis det skal innrettast. Denne skal vere utgangspunktet for utforminga av forslag til tematiske bevaringsstrategiar.

Tema skal vere uavhengige av typen kulturmiljø og tidsperiode, og dei skal femne geografisk, sosial, etnisk og næringsmessig breidd. I samsvar med Stortingets vedtak 708 (2019–2020) skal det leggjast til grunn at éin av dei nye bevaringsstrategiane skal omhandle kyrkjer. I samband med det blir det lagt til grunn ei målsetjing om at alle steinkyrkjer frå mellomalderen skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad i 2030. Eit samarbeid mellom Riksantikvaren og Barne- og familiedepartementet om dette er sett i gang.

Riksantikvaren vil leggje fram forslag til overordna bevaringsstrategi for departementet i løpet av 2022.

Departementet vil seinare leggje fram forslag til bevaringsstrategiar for prioriterte tema for Stortinget på eigna måte.

Kunnskap og forsking

Miljøovervaking inneber ei systematisk innsamling av data med metodar som kan etterprøvast, basert på hypotesar om samanhengen mellom årsak og verknad. Data frå miljøovervakingsprogramma vil vere viktige for å følgje opp dei nye nasjonale måla. Eksisterande program vil bli gjennomgått og behov for nye program vurderte.

Riksantikvarens nye verksemdsstrategi vektlegg kunnskapsfeltet i større grad enn tidlegare. Verksemdsstrategien har som ei av fleire strategiske satsingar at Riksantikvaren skal bidra til å utvikle og formidle kunnskap om kulturmiljø og bruke kunnskapen målretta i forvaltninga.

Riksantikvarens FoU-strategi skal leggje til rette for heilskap og langsiktig tenking i arbeidet og prioriteringane til direktoratet knytte til forsking og utvikling.

Samarbeid mellom europeiske land om forskingsprogram gjennom Joint Programming Initiatives, JPI, har frå 2010 medverka til å samordne offentleg finansiert forsking i Europa innanfor ti område. Området kulturmiljø er eitt av desse. Noregs deltaking er med på å styrkje det norske forskingssystemet og mobilisere nye forskingsmiljø og brukargrupper på kulturmiljøfeltet. I regi av Noregs forskingsråd deltek Riksantikvaren i utviklinga av eit nytt Horisont Europa rammeprogram for 2023–2024 – «Kultur, kreativitet og inkluderende samfunn».

Verdsarv (Unesco)

Det går fram av Meld. St. 27 (2018–2019) Norges rolle og interesser i multilateralt samarbeid at regjeringa vil bruke FN og andre relevante multilaterale institusjonar aktivt for å sikre ei god handtering av globale miljøutfordringar og oppfølging av berekraftsmåla, under dette ein ambisiøs politikk på mellom anna kultur- og naturarvområdet.

Verdsarvkonvensjonen har som mål å verne kultur- og naturarv som har framståande universell verdi. Statar som har ratifisert konvensjonen, forpliktar seg til å samarbeide internasjonalt, identifisere verdsarv i eige territorium, verne og formidle verdsarven. Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å følgje opp konvensjonen.

Noreg har høge ambisjonar for forvaltninga av verdsarvområda og har som mål at verdsarvområda skal utviklast til fyrtårn for god natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern. Riksantikvaren og Miljødirektoratet arbeider saman for å betre forvaltninga av verdsarvområda, mellom anna gjennom forvaltningsplanar, betre lokal organisering, kompetansebygging og formidling. Direktorata bidreg med rettleiing i korleis Unesco sin standard for konsekvensutgreiingar for verdsarv skal praktiserast i Noreg, og i handtering av klimautfordringane i verdsarvområda. Fylkeskommunane og kommunane har ei viktig rolle i å oppfylle forpliktingane med verdsarven.

Forvaltninga av dei norske verdsarvområda inneber forpliktingar for alle sektorar. God forvaltning av verdsarvområda avheng òg av betre samordning mellom dei sektorane som påverkar utviklinga i områda. Det er etablert eit tverrdepartementalt verdsarvforum der dei aktuelle departementa deltek. Klima- og miljødepartementet leier forumet, som vart etablert i 2018.

Noreg har dei siste åra styrkt innsatsen for forvaltninga av dei åtte norske verdsarvområda. Ambisjonen er at det skal etablerast verdsarvsenter ved alle dei norske verdsarvområda. Klima- og miljødepartementet har utarbeidd ein plan for prioriteringar av dette arbeidet for perioden 2017–2026, og det er autorisert verdsarvsenter ved seks av dei. I 2022 vart det sett i gang eit arbeid med å justere planen i tråd med status ved dei ulike stadene og tilgjengelege budsjettmidlar. Formålet er å gje god informasjon om verdsarven og styrkje den lokale forankringa. Basisutstillinga om verdsarven globalt og i Noreg er no i produksjon.

Departementet er kjend med at Fortidsminneforeningen og Luster kommune har konkrete planer for utbygging og etablering av verdensarvsenter på Ornes knytt til Urnes stavkyrkje. Departementet har inga eiga søknadsordning for etablering av eit slikt bygg og hovudregelen er at etablering av slike sentre skal skje ved samlokalisering med eksisterande relevante institusjonar. Departementet har ikkje funne rom for denne satsinga i dette budsjettet. Realisering av prosjektet vil krevje ei særskilt statlig ordning då det her ikkje er mulig å få til samlokalisering med andre, eller etablering i eksisterande lokaler.

Noreg var i perioden 2017–2021 medlem av Unescos verdsarvkomité. Ei av hovudprioriteringane for den norske innsatsen i komiteen har vore å styrkje institusjonar, ekspertar og lokalsamfunn slik at dei kan ta vare på verdsarven og sikre dei universelle verdiane til verdsarven. Noreg legg prioriteringane frå komitéarbeidet til grunn for det vidare arbeidet med verdsarven internasjonalt. Oppfølging av reforma for å betre prosessen med nominasjonar til verdsarvlista, som vart vedteken i Noregs medlemsperiode, vil ha høg prioritet.

Kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen er eit viktig innsatsområde både nasjonalt og internasjonalt. Noreg medverkar til denne satsinga gjennom kapasitetsbyggingsprogrammet World Heritage Leadership, som har vore organisert som eit seksårig samarbeidsprogram (2016–2021) med International Union for Conservation of Nature (IUCN) og International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM). Arbeidet er av langsiktig karakter, og inneverande fase av programmet blir sluttført i løpet av 2022. Ei midtvegsevaluering av programmet vart ferdigstilt hausten 2020, og samarbeidet vil bli vidareført i seks nye år frå 2023 til 2028.

Som ledd i oppfølginga av Noregs prioriteringar for arbeidet i verdsarvkomiteen vart det i 2019–2021 årleg løyvd 25 mill. kroner over Utanriksdepartementets budsjett for å styrkje verdsarvarbeidet i Afrika med særleg vekt på naturområde. Det blir lagt til grunn at innsatsen blir vidareført i åra framover.

Europeisk og nordisk samarbeid

Dei siste åra har kulturarvfeltet fått stadig større merksemd i EU. Dette har mellom anna komme til uttrykk gjennom markeringa av det europeiske kulturarvåret i 2018 og i EUs oppfølging etter dette. Eit av resultata er ein ny europeisk handlingsplan for kulturarv, European Framework for Action on Cultural Heritage. Gjennom handlingsplanen er det etablert ei ekspertgruppe som skal drøfte og utveksle erfaringar for å kunne utforme ein berekraftig og deltakande kulturarvpolitikk i Europa. Regjeringa meiner det er eit stort potensial for erfaringsutveksling og gjensidig støtte, og prioriterer difor norsk deltaking i ekspertgruppa Commission Expert Group on Cultural Heritage og arbeidet med å følgje opp handlingsplanen.

Noreg deltek i Europarådets mellomstatlege komité for kultur, kulturarv og landskap (CDCPP), der både Kulturdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Klima- og miljødepartementet er representerte. Gjennom ei rekkje tiltak medverkar Europarådet til å fremje mangfald og dialog gjennom tilgang til kulturarv og til å skape ei forståing av identitet, felles minne og forståing mellom folkegrupper. Regjeringa vil leggje særleg vekt på arbeidet med å sjå kulturarv, menneskerettar, demokrati og berekraftsmåla i samanheng.

Strategien Norge i Europa frå regjeringa framhevar EØS-midlane som det viktigaste finansielle verkemiddelet i europapolitikken. Gjennom kultur- og kulturarvprogramma under EØS-midlane har norsk kulturmiljøsektor høve til å tileigne seg ny kunnskap ved å diskutere felles utfordringar med europeiske kollegaer.

Nordisk ministerråd er det offisielle samarbeidsorganet til dei nordiske regjeringane. Statsministrane i Norden har gjennom ein deklarasjon frå 20. august 2019 vedteke som visjon at Norden skal bli den mest berekraftige og integrerte regionen i verda fram mot år 2030. Samarbeidet i Norden skal byggje opp under denne visjonen. I ein deklarasjon frå 30. oktober 2019 oppfordrar dei nordiske kulturministrane sektorane til å integrere kultur og kulturarv som ein viktig premiss for arbeidet med FNs berekraftsmål. I regi av ei arbeidsgruppe under dei nordiske miljøministrane, arbeidsgruppa for biologisk mangfald, er det sett i gang eit arbeid som ser på sosial berekraft i samanheng med kulturmiljø.

Oppfølging av regionreforma

Fylkeskommunane og Sametinget har førstelinjeansvaret for dei fleste kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren følgjer opp regionalforvaltninga i ei rekkje arenaer for å bidra til kompetansebygging, samarbeid og for å effektivisere forvaltninga. Ei følgjeevaluering for å klargjere effektar og gevinstar av overføringa av auka mynde til fylkeskommunane og endringane i ansvars- og oppgåvefordelinga er sett i gang. Første delrapport i ein serie på fleire kom i 2021. Sluttrapport kjem i 2024 – med opsjon eitt år (2025).

Bevaringsprogramma

Ei av dei viktigaste strategiske satsingane i arbeidet med å nå dei tidlegare nasjonale måla var å etablere ti bevaringsprogram. Hovudinnsatsen i bevaringsprogramma har sidan oppstarten i 2007 vore retta mot å forbetre vedlikehaldsnivået for utvalde kulturminnekategoriar.

Bevaringsprogramma var opphavleg direkte knytte til dei tidlegare nasjonale måla (2020-måla), som no er avløyste av nye nasjonale mål. Bevaringsprogramma blir førte vidare inntil vidare, sjå delkapittelet Bevaringsstrategiar.

Kort om dei enkelte bevaringsprogramma – mål og status

  • 1. Freda bygningar i privat eige

Målet for bevaringsprogrammet har vore at alle freda bygningar i privat eige skal vere sette i stand til eit ordinært vedlikehaldsnivå. Bevaringsprogrammet omfattar rundt 3 400 bygningar. Det har sidan starten av bevaringsprogramma vore ei positiv utvikling. Om lag 38 pst. av bygningane har ordinært vedlikehaldsnivå (tilstandsgrad 1), medan 31 pst. har eit moderat behov for istandsetjing (tilstandsgrad 2). Om lag 12 pst. har behov for omfattande istandsetjingsarbeid (tilstandsgrad 3).

  • 2. Samiske kulturminne

Målet for bevaringsprogrammet har vore at automatisk freda samiske bygningar skal vere kartlagde innan 2017, og prioriterte bygningar skal sikrast og setjast i stand. Om lag 900 automatisk freda samiske bygningar vart kartlagde. Sametinget skal utarbeide ein forvaltningsplan for dei freda bygningane.

  • 3. Stavkyrkjene

Målet for bevaringsprogrammet har vore at dei 28 stavkyrkjene skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2015. Målet for stavkyrkjeprogrammet vart nådd i 2015.

  • 4. Verdsarven

Målet for bevaringsprogrammet har vore at dei norske verdsarvområda skal utviklast som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern. Dei åtte verdsarvområda er av svært ulik karakter og omfang og med variasjon i den tekniske tilstanden. Mange bygningar er sette i stand, skjøtsel og formidling er forbetra, men mykje står att. Fleire av kulturminna innanfor kvart av verdsarvområda høyrer også inn under andre bevaringsprogram.

  • 5. Tekniske og industrielle kulturminne

Målet for bevaringsprogrammet har vore å sikre, setje i stand og halde ved like eit utval prioriterte anlegg. Bevaringsprogrammet omfatta ved oppstarten ti anlegg, i ettertid er fem lagde til. Dermed er det i dag 15 anlegg som er definerte som nasjonalt prioriterte anlegg. Ti av anlegga er rekna som sette i stand.

  • 6. Brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer

Målet for bevaringsprogrammet har vore å halde brannsikringa av stavkyrkjene på eit høgt nivå og medverke til brannsikring av rundt 180 tette trehusmiljø med gammal verneverdig trehusbusetnad. Om lag 60 pst. av dei tette trehusområda har laga brannsikringsplanar som grunnlag for vidare arbeid med sikring mot områdebrann. Det er eit høgt tryggleiksnivå ved alle dei 28 stavkyrkjene.

  • 7. Fartøy

Målet for bevaringsprogrammet er å bevare og sikre eit representativt utval bevaringsverdige fartøy for framtida og løfte dei til eit ordinært vedlikehaldsnivå. Det er i dag om lag 250 historiske fartøy på Riksantikvarens verneliste. 14 av fartøya er freda, dei andre har status som verna skip. 19 pst. av fartøya har eit ordinært vedlikehaldsnivå. Av dei andre har 25 pst. eit moderat behov for tiltak, medan 56 pst. har stort behov for tiltak og utbetring.

  • 8. Ruinar

Målet for bevaringsprogrammet har vore at eit utval ruiner skal sikrast og gjerast tilgjengelege for publikum. Kompetanseutvikling, forsking og formidling er også viktige oppgåver innanfor programmet. Bevaringsprogrammet har til no omfatta 53 av totalt 124 ruinar etter kyrkjer, klosteranlegg og borg- og festningsanlegg frå mellomalderen. 27 av ruinane er ferdig konserverte og skal vere tilrettelagde for publikum med ønskt standard i 2020.

  • 10. Utvalde arkeologiske kulturminne

Målet for bevaringsprogrammet har vore at eit representativt utval arkeologiske kulturminne og kulturmiljø skal sikrast gjennom skjøtsel og gjerast tilgjengeleg for publikum. Per 1. januar 2021 har ein nådd det realitetsjusterte målet om at minst 450 prioriterte arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå, og minst 300 av lokalitetane skal vere tilrettelagde for publikum med ønskt standard i 2020.

Nærmare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2023 på om lag 796,8 mill. kroner på utgiftssida. Dette er ein auke på 4,8 mill. kroner, eller 0,6 pst., samanlikna med saldert budsjett for 2022.

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

1429

Riksantikvaren

712 118

670 679

672 173

0,2

1432

Norsk kulturminnefond

135 614

121 318

124 638

2,7

Sum kategori 12.30

847 732

791 997

796 811

0,6

Kap. 1429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

147 712

151 575

153 620

21

Spesielle driftsutgifter

31 451

31 155

31 977

22

Fleirårige prosjekt kulturminneforvaltning, kan overførast

37 997

23 734

30 361

60

Kulturminnearbeid i kommunane

8 600

8 824

8 824

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

57 710

39 026

39 026

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

159 721

142 759

142 759

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

58 001

58 554

58 554

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

45 562

59 072

59 072

74

Tilskot til fartøyvern, kan overførast

78 599

72 605

70 605

75

Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

13 064

15 557

15 557

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde, kan overførast

6 450

8 446

8 446

79

Tilskot til verdsarven, kan overførast

67 251

59 372

53 372

Sum kap. 1429

712 118

670 679

672 173

Rolle og oppgåver for Riksantikvaren

Riksantikvaren, direktoratet for kulturmiljøforvaltning, er Klima- og miljødepartementets rådgjevar og skal setje i verk kulturmiljøpolitikken til regjeringa og gje faglege innspel i arbeidet med politikkutvikling. Riksantikvaren har vidare eit ansvar for utvikling av rettleiingsmateriell, digitale tenester med meir, som sikrar ei einskapleg kulturmiljøforvaltning. Dei skal òg forvalte sentrale data om kulturmiljø i offentleg forvaltning.

Riksantikvaren er fredings-, motsegns- og klagestyresmakt og har også ansvar for den nasjonale fordelinga av tilskotsmidlar mellom fylkeskommunane. Riksantikvaren har òg ansvar for å føre kontroll med at regionalforvaltninga og Sametingets tilskotforvaltning følgjer forskrifter om tildeling, reglement for og føresegner om økonomistyring i staten.

Riksantikvaren er også dispensasjonsstyresmakta for nokre utvalde kulturminne. Dette gjeld dei fire store mellomalderbyane og enkelte bygningar og anlegg. Riksantikvaren skal òg inntil vidare ha forvaltninga av freda og listeførte kyrkjebygg.

Med heimel i kulturminnelova vart det ved kgl. res. av 13. august 2021 fastsett forskrifter om tildeling av tilskot for postane 70–79. Hovudvilkåra for stønad følgjer av forskriftene.

Post 01 Driftsutgifter

Hovuddelen av løyvinga dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IKT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer i tillegg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar, under dette kostnader knytte til Riksantikvarens drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltninga. Inntekter knytte til dette blir førte under kap. 4429, post 02 og 09.

Det er foreslått at løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429, post 02 og 09, jf. forslag til vedtak II.

Det er foreslått ei løyving på 153,6 mill. kroner på posten for 2023. Posten har totalt auka med om lag 2,0 mill. kroner. Posten er auka med 1,4 mill. kroner grunna auka administrasjonsutgifter for arbeidet med tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg. Posten er redusert med 1,653 mill. kroner som følgje av tenesteavtale for arkiv mellom Miljødirektoratet og Riksantikvaren. Løyvinga under posten er redusert med 246 000 kroner som følgje av at det i saldert budsjett 2022 vart rekna ut for mykje i kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse. Løyvinga er redusert med 415 000 kroner grunna gevinstuttak som følgje av forventa lågare reiseutgifter.

Rapport 2021

Størsteparten av midlane er lønnskostnader, som utgjer om lag 54 pst. av dei samla driftsutgiftene.

Driftskostnadene har vore reduserte over tid som følgje av effektivisering av drift, reduksjon i arealleige, bortfall av driftsoppgåver, reduserte innkjøp og anna.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Post 21 dekkjer prosjektmidlar til fagleg samarbeid med andre land i samsvar med norske prioriteringar, medlemsutgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtalar og utgreiingsarbeid og utgifter knytte til forvaltning og vidareutvikling av digitale tenester som Askeladden og Kulturminnesøk. Midlar til det internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology) blir òg dekte over denne posten. Midlane blir elles nytta til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltningsansvar for.

Riksantikvaren kan lyse ut forskings- og utviklingsmidlar innanfor denne potten og bestiller utgreiingar mellom anna på klima- og energifeltet.

Det er foreslått ei løyving på 32 mill. kroner på posten for 2023.

Rapport 2021

I 2021 vart 31,5 mill. kroner nytta innan post 21.

Aktivitet

Lønn, reise og kompetansemidlar knytte til prosjekt

4 506

Husleige til Kongsvoll fjellstove

2 912

Kjøp av tenester1

24 034

Sum

31 452

1 Digitalisering, forskings- og utviklingsmidlar mv.

Fredningsstrategi mot 2020 for kulturminneforvaltningen set opp ti prioriterte tema for nye fredingar, slik at fredingslista skal bli meir representativ, både tematisk og geografisk. Betre framdrift i fredingssakene er òg eit viktig tema i strategien. Det vart vedteke tolv fredingar i 2021. Nye fredingssaker blir behandla raskare og betre, noko som er til fordel for eigarane.

Med forankring i Fredningsstrategi mot 2020 for kulturminneforvaltningen er det brukt midlar til satsing på kulturminna til dei nasjonale minoritetane. I 2020 er det starta eit prosjekt om jødiske kulturminne i tett samarbeid med representantar frå den jødiske minoriteten. Kartlegging og utval av kulturminne etter historia til den jødiske befolkninga vart gjennomførte i 2021, og dei første fredingane blir vedtekne hausten 2022.

Post 22 Fleirårige prosjekt kulturminneforvaltning, kan overførast

Tunge nasjonale bevaringsoppgåver er det i visse tilfelle verken formålstenleg eller mogleg å gjennomføre ved å dele ut tilskot til lokale prosjekteigarar. I desse tilfella må Riksantikvaren fungere som prosjekteigar. Dette gjeld fleire store prosjekt, som brannsikring av stavkyrkjer og grunnvassmåling under Bryggen i Bergen, som er avhengig av fleirårige avtalar med leverandørar.

Forslag til løyving på posten gjeld òg større digitaliseringsprosjekt som utviklar nasjonale digitale tenester for kulturmiljøforvaltninga, som er planlagt å gå over fleire år. Riksantikvaren har i gang to digitaliseringsprosjekt, Spor, ei teneste for søk i Riksantikvarens arkivmateriale, og Digisak, Kulturmiljøforvaltninga si søk- og saksbehandlingsteneste for tilskot og dispensasjonar.

Riksantikvaren kjøper tenester knytte til drift og vedlikehald av brann- og sikringsanlegg ved stavkyrkjene.

Riksantikvaren har sett i gang eit toårig prosjekt, om ivaretaking av kompetanse innanfor tradisjonelt handverk og ivaretaking av arbeid med kunnskapsutvikling og rådgjeving om vedlikehald av dei eldste tømmerkonstruksjonane som blir påverka av klimaendringar i eit varmare og våtare klima.

Det er foreslått ei løyving på 30,4 mill. kroner på posten for 2023. Posten er auka med 6,6 mill. kroner. Auken kjem av ei ompostering frå post 79 i samband med Basisutstillinga til verdsarvstadene og prisjustering.

Rapport 2021

Det har vore tilfredsstillande drift og vedlikehald av den tekniske og organisatoriske brannsikringa av stavkyrkjene i 2021. Det vart brukt 10,1 mill. kroner til sikringa over post 22 til kjøp av tenester til planlagd og uføresett service og vedlikehald og til rådgjevarar for prosjektering og til vakttelefonordning for tilsynshavarar med meir. Det er utvikla ei ny og betre løysing på utvendig sløkkjekonsept, og arbeidet med å oppgradere og utvide områdeovervakinga ved stavkyrkjene er vidareført.

Post 60 Kulturminnearbeid i kommunane

Tilskot frå post 60 skal bidra til å byggje kulturmiljøkompetanse i kommunane. Det blir mellom anna gjeve tilskot til kulturminneplanarbeid i kommunar. Tilskot blir òg gjevne til ulike kompetanse- og samarbeidsmodellar som styrkjer arbeidet lokalt. Dette gjeld samarbeid mellom fylkeskommunar, kommunar, museum, Sametinget og frivillige.

Det er foreslått ei løyving på 8,8 mill. kroner på posten for 2023. Det er ei nominell vidareføring i budsjettet for 2023 samanlikna med 2022.

Rapport 2021

Satsinga Kulturminne i kommunane (KIK-satsinga) har vart i over ti år og har medverka til auka kompetanse om kulturmiljø i kommunesektoren. Satsinga har bidrege til å utarbeide kommunale kulturminneplanar, slik at kommunane får oversikt over verdifulle kulturminne og kulturmiljø og kan forvalte dei i plan- og byggjesaksbehandlinga si. Per 31. desember 2021 har 204 av 356 kommunar vedteke ein kulturminneplan, medan 134 kommunar har fått midlar via satsinga (100 000 kroner per kommune) og er i gang med å utarbeide kommunal kulturminneplan. Totalt har 57,3 pst. av kommunane vedteke ein kulturminneplan.

Det er òg gjeve tilskot til kompetansemodellar i kommunar og fylkeskommunar, til dømes til samarbeid mellom fleire kommunar som nyttar felles kompetanse for å lage kulturminneplan eller samarbeid mellom kommunar og museum.

Post 70 Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

Det er foreslått ei løyving på 39 mill. kroner på posten for 2023. Det er ei nominell vidareføring i budsjettet for 2023 samanlikna med 2022

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvaltning, sikring, restaurering, skjøtsel, tilrettelegging, formidling og dokumentasjon av automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.

Tildelingskriterium

Tilskot kan gjevast til dekning av heile eller delar av utgiftene til arkeologisk arbeid i samsvar med forpliktingane til staten omtalte i kulturminnelova §§ 8, 9 og 10. Delar av midlane under posten er knytte til Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) og Bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK). Posten dekkjer òg tilskot til arkeologiske museum, sjøfartsmuseum og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU). Posten er òg nytta til finnarlønn.

Innanfor det samla løyvingsforslaget blir det lagt opp til at inntil om lag halvparten blir nytta til dei lovpålagde oppgåvene på området (refusjon av utgifter knytte til mindre private tiltak og særlege grunnar). Resterande løyving skal nyttast til tilskot til bevaringsprogramma BERG og BARK, tilskot til museum og NIKU og finnarlønn. Ved særskilde høve kan det bli aktuelt å avvike frå denne fordelinga av løyvinga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir brukte som føresett, og innsende rapportar og rekneskap blir kontrollerte. Dei tilskota som gjeld statleg kostnadsdekning ved tiltak som krev arkeologiske arbeid, blir gjevne til den institusjonen som utfører arbeidet, og denne rapporterer om bruken.

Rapport 2021

Det er gjennomført dokumentasjon, formidling, skjøtsel og sikring av bergkunstlokalitetar over heile landet i regi av Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) i 2021. Tiltaka gjeld 170 bergkunstlokalitetar og er utførte av fylkeskommunane, Sametinget og dei arkeologiske forvaltningsmusea, ofte i samarbeid med lokale partnarar. Gjennom Interregprosjektet Samhell har det òg vore nasjonalt og regionalt samarbeid om metodeutvikling, forvaltning og formidling av bergkunst i Sverige og Noreg.

Totalt er det gjeve 6,7 mill. kroner i tilsegn om tilskot til nye tiltak innanfor BERG i 2021, og det vart utbetalt 3,0 mill. kroner.

I løpet av 2021 er det gjennomført skjøtsel og tilrettelegging for publikum i regi av Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK) over heile landet. Det omfattar 67 lokalitetar i Askeladden.

Eit BARK-prosjekt (tilretteleggingsprosjekt) omfattar i dei fleste tilfella ei gruppe kulturminne eller kulturmiljø som utgjer ein samanheng. Fleire lokalitetar i Askeladden kan difor inngå i eit prosjekt i BARK. I 2021 vart det sett i gang skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i 20 slike BARK-prosjekt. Arbeidet blir utført av fylkeskommunar og Sametinget i samarbeid med kommunane, lokale lag, foreiningar og frivillige.

Totalt vart det gjeve 1,6 mill. kroner i tilsegn om tilskot til tiltak innanfor BARK i 2020, og det vart utbetalt 1,1 mill. kroner.

Det er gjennomført mange arkeologiske undersøkingar i 2021 knytte til ordningane der staten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar i samband med mindre, private tiltak og dersom det ligg føre særlege grunnar. 6,6 mill. kroner vart gjevne i tilsegn om tilskot til arkeologiske undersøkingar i samband med drenering i landbruket.

Tabell 7.11 Tiltak til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne 2021

Tiltak

Tal på saker

Tilskot (i 1000 kr)

Mindre private tiltak: utbetalte tilskot til arkeologiske granskingar

50

13 556

Særlege grunnar: utbetalte tilskot til arkeologiske granskingar

16

10 981

Sikring av arkeologiske kulturminne og vitskapleg kjeldemateriale

16

4 321

Andre prioriterte styresmaktoppgåver ved dei arkeologiske forvaltningsmusea

481

Saksbehandling ved sjøfartsmusea

5 252

Finnarlønn

464

1 104

Øyremerking (Gjellestad)

17 900

Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG): utbetalte tilskot

3 027

Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK): tilsegn om tilskot

1 089

Sum

57 907

Post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

Det er foreslått ei løyving på 142,8 mill. kroner på posten for 2023. Det er ei nominell vidareføring i budsjettet for 2023 samanlikna med 2022.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å bevare freda kulturminne og kulturmiljø i privat eige og å bidra til at slike blir sette i stand etter antikvariske retningslinjer. Tilskotsordninga skal sikre verdien kulturminne og kulturmiljø har som kjelde, og at føresetnadene for å gje opplevingar blir varetekne, og leggje til rette for berekraftig verdiskaping og bruk.

Tildelingskriterium

Tilskot kan gjevast til istandsetjings- og vedlikehaldstiltak av kulturminne og kulturmiljø som er freda, mellombels freda, eller der ei fredingssak er under behandling. Kulturminne eigde av privatpersonar skal prioriterast ved fordeling av tilskot. Tilskot skal dekkje meirkostnader, heilt eller delvis, som følgjer av krav til antikvarisk utføring ved sikring, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel. Det kan i særlege tilfelle tildelast tilskot til ikkje-freda kulturminne dersom dette blir gjort med forankring i nasjonale strategiske satsingar.

Oppfølging og kontroll

Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Fylkeskommunane og Sametinget rapporterer til Riksantikvaren.

Rapport 2021

Post 71 var på 159 mill. kroner i 2021. Fylkeskommunane og Sametinget fekk søknader frå om lag 545 eigarar av freda kulturminne, på til saman 344 mill. kroner. Det er framleis eit etterslep for å nå eit ordinært vedlikehaldsnivå i nokre av fylka. Behovet for tilskot er svært ulikt hos dei ulike fylkeskommunane, og dette vart også lagt til grunn i Riksantikvarens fordeling av tilskot til fylkeskommunane og Sametinget.

Tilskot frå post 71 skal gjevast til private eigarar av kulturminne og kulturmiljø. Totalt seks fylkeskommunar gav tilskot til museum. Av desse gav 5 av 12 under 10 pst. av tilskota til museum, medan ein fylkeskommune gav mellom 20 og 30 pst. av tilskota til museum. I overkant av 10 mill. kroner vart gjevne som tilskot til museum i 2021 Omfanget av tilskot til museum skal ikkje auke.

Tilstanden til dei freda bygningane blir kartlagde jamleg. Målet er at alle bygningane skal ha tilstandsgrad 1 der det berre er behov for ordinært vedlikehald. Mange av bygningane har likevel tilstandsgrad 2 (behov for moderate istandsetjingsarbeid) eller tilstandsgrad 3 (omfattande istandsetjingsbehov).

Bygningar med ulike tilstandsgradar fordeler seg som følgjer:

Tal totalt

TG1 (ordinært vedlikehaldsnivå)

TG2 (moderat behov for istandsetjing)

TG3 (omfattande behov for istandsetjing)

TG9 (ikkje tilstandsvurdert)

Agder

203

131

54

13

9

Innlandet

784

187

314

203

79

Møre og Romsdal

123

47

45

9

22

Nordland

415

175

34

8

5

Oslo

157

67

32

14

44

Rogaland

487

176

70

33

274

Sametinget

889

265

298

221

88

Troms og Finnmark

253

56

57

22

25

Trøndelag

416

152

175

32

54

Vestfold og Telemark

654

307

249

84

14

Vestland

570

287

213

38

32

Viken

435

110

155

76

94

Sum

5386

1960

1696

753

740

36 %

31 %

14 %

14 %

Post 72 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

Det er foreslått ei løyving på 58,6 mill. kroner på posten for 2023. Det er ei nominell vidareføring i budsjettet for 2023 samanlikna med 2022.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å setje i stand og halde ved like tekniske og industrielle kulturminne (TIK) for å bidra til kunnskap, opplevingar, bruk og verdiskaping.

Tildelingskriterium

Tilskot kan gjevast til eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne til sikring; istandsetjing; vedlikehald; kulturminne- og tilstandsregistrering; dokumentasjon; moglegheitsstudiar; lønn til stillingar som er direkte knytte til forvaltning, drift og vedlikehald.

Det er viktig at tilskot til forvaltning, drift og vedlikehald (FDV) av dei 15 anlegga som inngår i bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne, inklusive lønn til stillingar, er føreseielege. Desse skal prioriterast ved fordeling av tilskot, samstundes som behovet blir vurdert kritisk og opp imot andre prioriteringar på posten.

Oppfølging og kontroll

Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Regionalforvaltninga rapporterer til Riksantikvaren.

Rapport 2021

Post 72 var på 58 mill. kroner i 2021. 10 fylkeskommunar fekk søknader frå 56 tekniske og industrielle anlegg på til saman 150 mill. kroner.

Frå 2020 til 2021 var det ein auke i talet på søknader frå anlegg utanfor bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne. Fylka Møre og Romsdal, Troms og Finnmark og Rogaland har ikkje hatt anlegg i bevaringsprogrammet, men har opplevd ein auke i talet på søknader på tilskotsposten.

Riksantikvarens fordeling til fylkeskommunane i 2021 la vekt på å nå målet med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne, og dette gav betydeleg utslag i fordelinga mellom fylkeskommunane. Riksantikvaren prioriterte samstundes at alle fylkeskommunar som hadde fått inn søknader frå tekniske og industrielle anlegg, skulle få tilskot.

Post 73 Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

Det er foreslått ei løyving på 59,1 mill. kroner på posten for 2023. Det er ei nominell vidareføring i budsjettet for 2023 samanlikna med 2022.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre bevaring, istandsetjing og konservering av stavkyrkjer, kyrkjekunst og bygg, anlegg og ruinar frå mellomalderen som unike kjelder til bygningshistoria og kunsthistoria i Noreg og å bidra til brannsikring av bestemte tette trehusmiljø. Tilskotsordningane skal sikre kjeldematerialet og bidra til berekraftig bruk og formidling av historia desse kulturminna og kulturmiljøa fortel.

Tildelingskriterium

Tilskot kan gjevast til vedlikehald, konservering, dokumentasjon og sikring av stavkyrkjer; konservering av ruinar frå mellomalderen; istandsetjing av freda mellomalderhus frå før 1537; brannsikring av tette trehusområde av kulturhistorisk verdi og mellomalderkyrkjer i stein; konservering av kunst og interiør i kyrkjer.

Ved tilskot til brannsikring av tette trehusområdet skal det prioriterast tilskot til utarbeiding av brannsikringsplanar for dei områda som manglar eller ikkje har oppdaterte planar. Det bør som hovudregel stillast krav om eigenandel ved tilskot til brannsikring. Også freda kulturmiljø kan få tilskot til brannsikring.

Oppfølging og kontroll

Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Fylkeskommunane og Sametinget rapporterer til Riksantikvaren.

Rapport 2021

Post 73 var på 57,5 mill. kroner i 2021. Riksantikvaren fordelte tilskot til dei enkelte ordningane som følgjer:

Ordning

Tilskotsbeløp 2021 (i 1 000 kr)

Mellomalderruinar (FK)

10 000

Mellomalderruinar (RA)

2 000

Brannsikring tette trehusområde (FK)

8 000

Profan mellomalder (FK)

7 000

Stavkyrkjer – brannsikring (RA)

19 000

Stavkyrkjer – istandsetjing (RA)

6 500

Kyrkjekunst (RA)

2 000

Sikring steinkyrkjer

2 000

Diverse

1 000

Ruinar

Det var avsett 12 mill. kroner til konservering av ruinar frå mellomalderen i 2021. Det vart fordelt 1,6 mill. kroner frå Riksantikvaren til fire prosjekt og 10 mill. kroner frå fylkeskommunane. Dei fire fylka som har i gang konserveringsprosjekt på mellomalderruinane, fekk til saman 8 søknader til ein sum av 12,3 mill. kroner. I Riksantikvarens fordeling av tilskot til fylkeskommunane vart det prioritert tilskot til fylkeskommunar som har konserveringsprosjekt som nærmar seg fullføring, og som har igangsette prosjekt der det er nødvendig å føre vidare arbeidet.

Brannsikring av tette trehusområde

Tilskot frå post 73 brannsikring av tette trehusområde kan berre gjevast til område som er definerte som tette trehusområde av kulturhistorisk verdi, og til tiltak som er innanfor formålet med tilskotsposten.

Det var avsett 8 mill. kroner til tilskot til brannsikring av tette trehusområde i 2021.

Profan mellomalder

Mellomalderbygningar i tre er ein del av ein unik kulturarv i tre i Noreg. Det vart fordelt 7 mill. kroner i 2021. Tilgang på relevant handverkskompetanse og dei rette materialane for å ta vare på mellomalderbygningane er ei utfordring. Riksantikvaren løyvde i 2021 tilskot til etablering av materiallager i to fylke.

Om lag 40 pst. av bygningane er registrerte med tilstandsgrad 1, om lag 40 pst. med tilstandsgrad 2 og i underkant av 15 pst. med tilstandsgrad 3.

Brannsikring stavkyrkjene

Riksantikvaren driv eit kontinuerleg arbeid med sikring av stavkyrkjene i samarbeid med eigarane og med teknisk rådgjevar for drift og vedlikehald av dei ulike tekniske sikringssystema. I sikringsarbeidet ligg det også mykje arbeid i å fremje og jobbe for gode organisatoriske tiltak, først og fremst av eigarane, men også lokalt ved stavkyrkjene og av andre som har ansvar, irekna brannvesen, teknisk etat, politi med meir.

Av særlege tiltak i 2021 er det prosjektert nye sløkkjeanlegg og tekniske rom ved to av stavkyrkjene. Det er utvikla ei ny og betre løysing på utvendig sløkkjekonsept, og arbeidet med å oppgradere og utvide områdeovervakinga ved stavkyrkjene er vidareført.

Istandsetjing stavkyrkjene

Det blir gjeve tilskot til bygningsmessig restaurering/istandsetjingstiltak og til tjærebreing av stavkyrkjene. Istandsetjinga i stavkyrkjeprogrammet forbetra tilstanden på kyrkjene vesentleg, og det har berre vore behov for sporadiske enkeltreparasjonar sidan 2015. Det vart gjeve 0,6 mill. kroner i tilskot til istandsetjingstiltak i 2021.

Konservering av kyrkjekunst

Tilskotsordninga skal sikre kjeldematerialet og bidra til berekraftig bruk og formidling av historia desse kulturminna fortel. Det var avsett tilskot på 2 mill. kroner til konservering av kyrkjekunst i 2021. Ved fordelinga av tilskota vart verdien, alderen og tilstanden til kunsten vurderte. Tilskota gjekk til 15 prosjekt. Det blir arbeidd med å gjere ordninga meir synleg, slik at fleire kyrkjeeigarar kan nytte denne tilskotsposten.

Sikring av steinkyrkjer

Det har vore tildelt tilskot til brannsikringstiltak ved mellomalderkyrkjer av stein frå post 73 i ei årrekkje. Status i 2021 er at meir enn 25 pst. av steinkyrkjene har sløkkjeanlegg.

Det vart gjeve tilskot til automatisk sløkkjeanlegg ved tre mellomalderkyrkjer i 2021.

Post 74 Tilskot til fartøyvern, kan overførast

Det er foreslått ei løyving på 70,6 mill. kroner på posten for 2023. Det er ei nominell vidareføring i budsjettet for 2023 samanlikna med 2022.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at verna og freda fartøy kan bli vedlikehaldne og sette i stand etter antikvariske retningslinjer og bli nytta som ressursar i ei berekraftig samfunnsutvikling. Tilskotsordninga skal medverke til å stimulere kompetansen til og innsatsen frå frivillige i verdiskaping lokalt og regionalt og til å halde ved lag kunnskapen om eldre handverk og teknikkar i tilknyting til tre- og stålfartøy og fagmiljø med slik kunnskap.

Tildelingskriterium

Tilskot kan gjevast til sikring, vedlikehald, istandsetjing og restaurering av freda og verna fartøy. Eigarar og forvaltarar av freda eller verna fartøy kan få tilskot. Det same gjeld organisasjonar, foreiningar og prosjekt som opererer innanfor formålet med tilskotsordninga.

Oppfølging og kontroll

Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjeven i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Fylkeskommunen og Sametinget rapporterer til Riksantikvaren.

Rapport 2021

Post 74 var på 76,6 mill. kroner i 2021. Samla søknadssum inn til regionalforvaltninga og Sametinget var 233,8 mill. kroner fordelte på i overkant av 140 søknader. Dei frivillige utgjer berebjelken i fartøyvernet og bidreg med viktig verdiskaping både i samband med istandsetjing og bruk av fartøya.

Av tilskotsposten vart 9,3 mill. kroner tildelte fylkeskommunar og kommunar gjennom SAVOS-ordninga. SAVOS er ei samarbeidsordning der kommunar, fylkeskommunar og Sametinget, med bakgrunn i eigne midlar til verna og freda fartøy, kan søkje Riksantikvaren om tilsvarande beløp frå post 74 fartøyvern. På den måten kan dei fordele det dobbelte av det dei sjølve bidreg med.

2,3 mill. kroner vart gjevne som grunntilskot til Norsk Forening for Fartøyvern. Ca. 39 mill. kroner vart fordelte til fylkeskommunane og Sametinget etter ei vurdering av behov det er søkt om, tal på objekt, tilstandsgrad og igangsette prosjekt, i tråd med forskrifta for tilskotsordninga.

Post 75 Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

Det er foreslått ei løyving på 15,6 mill. kroner på posten for 2023. Formålet blir også vareteke av forslag til løyvingar på Kulturdepartementets budsjett. Det er ei nominell vidareføring i budsjettet for 2023 samanlikna med 2022.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å vareta og føre vidare kunnskap om handverk knytte til antikvarisk istandsetjing og vedlikehald av verna og freda fartøy. Målet er vidare å medverke til å skape solide fagmiljø gjennom å stimulere til samarbeid mellom dei nasjonale fartøyvernsentera og andre aktørar.

Tildelingskriterium

Tilskot kan gjevast til dei nasjonale fartøyvernsentera og andre aktørar med relevant kompetanse. Tilskot kan gjevast til kjerneaktivitetar og fagutviklingsprosjekt. Tilskot til kjerneaktivitetar er meinte for dei nasjonale fartøyvernsentera. I samsvar med Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken er ikkje tilskotsmidlane støtte til drift.

Tilskot til fagutviklingsprosjekt skal leggje til rette for tovegskunnskapsdeling mellom dei nasjonale fartøyvernsentera og andre aktørar og bidra til auka antikvariske kvalitet på istandsetjings- og restaureringsarbeid. Prosjekta kan vere akademisk og/eller praktisk retta og bør som hovudregel vere fleirårige.

Oppfølging og kontroll

Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Oppfølging på staden og i kvartalsvise samarbeidsforum med dei tre fartøyvernsentera er viktig. Kontrollen av tilskotsbruken skjer i samsvar med økonomireglementet, gjennom møte, generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentera.

Rapport 2021

I statsbudsjettet for 2021 var post 75 på 16,4 mill. kroner. 2021 var det første året der andre aktørar enn dei tre nasjonale fartøyvernsentera kunne søkje om tilskot frå posten. I tillegg til søknadene frå dei tre fartøyvernsentera på til saman 18,9 mill. kroner fekk Riksantikvaren søknader frå tre andre aktørar på til saman 1,5 mill. kroner.

Tilskotsmidlane vart fordelte til dei tre fartøyvernsentera Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen, Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund og Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter og til tre andre aktørar som hadde søkt om tilskot: Midtnorsk trebåtverksted, Maritime Center Fredrikstad og Neiden helselag.

På bakgrunn av ei utgreiing, gjennomført av Agenda Kaupang, utarbeider Riksantikvaren i 2022 eit forslag til ein ny måte å innrette tilskot frå post 75.

Post 77 Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast

Det er foreslått ei løyving på 8,4 mill. kroner på posten for 2023. Det er ei nominell vidareføring i budsjettet for 2023 samanlikna med 2022.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at kulturmiljø blir tekne i bruk som ein ressurs, og medverke til at kulturmiljøfeltet får ei tydelegare plass i lokal og regional utvikling.

Tildelingskriterium

Tilskot kan gjevast til prosjekt der offentlege og private aktørar inngår forpliktande samarbeid om formidling og tilrettelegging for berekraftig bevaring og bruk; kompetanseutvikling, nettverk og samarbeid; næring-, stads- og lokalsamfunnsutvikling.

Oppfølging og kontroll

Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Prosjekta blir mellom anna følgde opp systematisk i statusmøte. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap.

Rapport 2021

I 2021 er det gjeve tilskot til tolv større og mindre prosjekt som tek i bruk kulturmiljø som ressurs i samfunnsutviklinga. Totalt har det i 2021 vore aktivitet i 23 prosjekt med tilskot frå post 77. I åtte av dei er fylkeskommunane prosjekteigarar, ni blir leidde av kommunar, medan museum mv. er ansvarlege for dei fire siste prosjekta.

Prosjekta medverkar til at kulturmiljø blir tekne i bruk som ressurs for reiseliv og næringsutvikling, bu- og livskvalitet, friluftsliv, folkehelse, utdanning og kultur.

Nokre av prosjekta er større regionale, fleirårige fellessatsingar med koordinering av verkemiddel frå alle tre forvaltningsnivåa. Det regionale programmet Ein bit av historia i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune har fullført første treårige fase. Det er lagt eit vidare grunnlag for arbeid med den historiske postvegen. Vestland og Trøndelag fylkeskommunar sluttar seg til ei interregional vidareføring. Den digitale satsinga på attskaping og formidling av kulturarv på Edøy, Veøy og Borgund blir òg vidareført.

Agder fylkeskommune arbeider for å etablere ei europeisk kulturrute med vekt på dei historiske uthamnene og den maritime handelsruta mellom Austersjøen og Nordsjøen i perioden frå ca. 1650 til 1900. Satsinga krev både eit europeisk samarbeid og eit tverrgåande samarbeid mellom aktørar innan kultur, kulturarv og opplevingsnæringar. Prosjektet Kystopplevelser på Agder arbeidet i 2021 med uttesting av kulturhistoriske båtruter.

Andre verdiskapingsprosjekt i regi av fylkeskommunane har i 2021 vore Fotefar mot nord i dei nordlegaste fylka, Kulturarvopplevelser og Bygdemiljøpakker i Viken, Kraftturisme i Rogaland og Vestland, Samfunnsutviklerrollen i Innlandet fylkeskommune og Bølareinen som ein del av Bergkunstreisen i Trøndelag.

Dette er døme på verdiskapingsprosjekt leidde av kommunar eller andre aktørar:

Levande kystkultur på Kvitsøy inngår i satsinga til kommunen og regionen på reiseliv og stadsattraktivitet. Prosjektet har i første omgang sett i verk ein kulturmiljøanalyse som grunnlag for vern og bruk av den historiske busetnaden og moglegheitsstudiar for ein særeigen kulturminnekategori, hummarparkane.

Verdiskapingsprosjektet i regi av natur og kulturparken på Finnskogen evaluerer parksamarbeidet om varetaking og bruk av kulturarven til skogfinnane for å utvikle kunnskap, engasjement, bulyst, besøksattraktivitet og næringsutvikling.

Verdiskapingsprosjektet Lys i gamle hus handlar om attraktivitet og busetjing i distrikta. Fortidsminneforeninga bruker sosiale medium for å kople tomme hus med folk som vil setje i stand og busetje seg. Pilotkommunane Sør-Aurdal, Rollag, Kvitsøy og Heim og Vinje integrerer prosjektet med dei lokale strategiane sine for attraktivitetsbygging, busetjing og kompetanseutvikling.

Post 79 Tilskot til verdsarven, kan overførast

Det er foreslått ei løyving på 53,4 mill. kroner på posten for 2023. Løyvinga er redusert med 6 mill. kroner som følgje av ei ompostering til post 22 i samband med Basisutstillinga til verdsarvstadene.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å oppfylle forpliktingar Noreg har etter Unescos verdsarvkonvensjon. Ordninga skal òg medverke til at verdsarvområda blir utvikla som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formell beskyttelse.

Tildelingskriterium

Tilskot kan gjevast til fylkeskommunar, kommunar, museum, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar. Tilskot kan gjevast til prosjekt og tiltak som er knytte til områda i Noreg som er innskrivne på Unescos verdsarvliste, med tilhøyrande buffersoner. I særlege tilfelle kan det gjevast tilskot til prosjekt og tiltak i område som er oppførte på Noregs tentative liste.

Oppfølging og kontroll

Rapporteringskrava blir gjevne i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsbruken skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet blir utført i samsvar med retningslinjer og vilkår. Regionalforvaltninga rapporterer til Riksantikvaren.

Rapport 2021

I 2021 vart det frå post 79 samla brukt 67,2 mill. kroner på verdsarv. Av dette vart 65,3 mill. kroner brukte på dei 8 norske verdsarvområda. I tillegg er det gjeve støtte til tiltak i verdsarvområda frå andre postar.

Tabell 7.12 Tilskot til verdsarvområda i 2021 frå post 79

Verdsarvområda

Tilskot (i 1 000 kr)

Bryggen i Bergen

18 950

Røros bergstad og Circumferensen

12 513

Bergkunsten i Alta

4 700

Vegaøyan

5 2651

Vestnorsk fjordlandskap

5 3001

Urnes stavkyrkje

993

Struves meridianboge

2 100

Rjukan–Notodden industriarv

15 500

Foreninga Norges Verdensarv

1 9292

Sum

67 250

1 I tillegg kjem tilskot frå Miljødirektoratet, kap. 1420, post 81, og tilskot gjennom verdsarvsatsinga over Landbrukets utviklingsfond (LUF).

2 Norges Verdensarv har fått tilskot til Verdsarvforum og arbeidet med Basisutstillinga.

Kap. 4429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

02

Refusjonar og ymse inntekter

1 739

2 721

2 303

09

Internasjonale oppdrag

3 888

3 420

4 023

Sum kap. 4429

5 627

6 141

6 326

Post 02 Refusjonar og ymse inntekter

Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.m., jf. omtale under kap. 1429, post 01. Under posten er det budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt og driftsvederlag frå Kongsvoll fjellstove. Meirinntekter under posten gjev grunnlag for meirutgifter under kap. 1429, post 01, jf. forslag til vedtak II, nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til internasjonale oppdrag. Meirinntekter under posten gjev grunnlag for meirutgifter under kap. 1429, post 01, jf. forslag til vedtak II, nr. 1.

Kap. 1432 Norsk kulturminnefond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

50

Til disposisjon for kulturminnetiltak

135 614

121 318

124 638

Sum kap. 1432

135 614

121 318

124 638

Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak

Norsk kulturminnefond er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Midlane skal nyttast til kulturminnetiltak og til drift av administrasjonen og styret.

Kulturminnefondet har i hovudsak ansvaret for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Det er foreslått ei løyving på 124,6 mill. kroner på posten for 2023.

Mål

Medverke til å styrkje arbeidet med å bevare verneverdige kulturminne og kulturmiljø og til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Gjennom målretta og systematisk oppfølging legg Kulturminnefondet vekt på «vern gjennom aktiv bruk». Prosjekta medverkar til utvikling av lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Satsing på kulturminne som ressurs medverkar til positiv utvikling av byar og stader.

Kulturminnefondet vedtok i 2021 ein ny strategi med tre klare mål. Det er å spisse eiga rolle som lågterskeltilbod til dei private eigarane av verneverdige kulturminne og vidareutvikle organisasjonen og å formidle moglegheitene for ombruk og gjenbruk. Dette er for å støtte opp under nasjonale mål og satsinga på sirkulærøkonomi og for å bidra til det grøne skiftet.

Den siste brukarundersøkinga viser at 83 pst. av alle søkjarane er nøgde med kontakten med Kulturminnefondet og meiner den faglege oppfølginga av prosjekta som Kulturminnefondet tilbyr, er svært viktig. Fire av fem prosjekt som har fått tilsegn om midlar, ville ikkje blitt realiserte utan støtta frå fondet.

Tilskot frå Kulturminnefondet løyser ut stor privat innsats. I eit gjennomsnittleg prosjekt kjem 28 pst. av midlane frå staten gjennom Kulturminnefondet. 72 pst. kjem frå eigaren sjølv i form av eigne midlar eller eigen innsats i prosjektet. Menon Economics har i evalueringa «Kulturminnefondets samfunnsnytte» funne at for kvar krone som blir løyvd frå Kulturminnefondet, blir det brukt ytterlegare 2,5 kroner på istandsetjing av kulturminnet. Dei dokumenterer samstundes at dei fleste kulturminna som blir sette i stand, ofte får ein ny bruk, og at det dermed blir etablert både verdiskaping, arbeidsplassar og næringsverksemd som følgje av istandsetjing av kulturminne.

I 2020 vedtok styret i Kulturminnefondet eit prøveprosjekt med støtte til rullande og rørlege kulturminne. Ordninga vart evaluert av styret i 2021 og blir ført vidare.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om tiltak retta mot verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø.

Tildelingskriterium

Tilskotsmidlane blir fordelte av styret i Kulturminnefondet etter søknad. Kulturminnefondet skal vere eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Tilskota blir i hovudsak tildelte istandsetjings- og sikringsprosjekt. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet, er prioriterte. Dette gjeld òg prosjekt som gjev synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller mykje eigeninnsats. Samarbeid med eigarane av kulturminne og kulturmiljø er den viktigaste strategien for arbeidet i Kulturminnefondet.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer overfor tilskotsmottakarane gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I nokre tilfelle er det aktuelt med kontroll på staden for å sikre at tiltaka er gjennomførte etter gjevne retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Rapport 2021

Kulturminnefondet behandla 2 112 søknader fortløpande gjennom året i 2021. Dette var ein auke på 71 pst. frå året før. Av desse var 40 søknader om tilskot til fag- og handverksseminar og 131 var søknader om støtte til rullande og rørlege kulturminne. Samla søknadssum frå private eigarar av verneverdige kulturminne var på 617 mill. kroner. Dette er ein auke på 87 pst. frå året før. Det er ein rekordarta auke i talet på søknader og syner ei stabilt stor interesse for å søkje Kulturminnefondet om støtte til istandsetjing av verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Programkategori 12.60 Nord- og polarområda

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards Miljøvernfond, Kings Bay AS, Bjørnøen AS og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking.

Løyvingane vil gå til forvaltninga av miljøet på Svalbard, miljøsamarbeidet under Arktisk råd, til miljøforvaltninga i Antarktis, til forsking og miljøovervaking og til drift av den polare forskingsinfrastrukturen vår i både nord og sør.

Regjeringa har som eit av dei overordna måla for svalbardpolitikken å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Innst. 88 S (2016-2017). Miljøregelverket og måla for miljøvernet på Svalbard set rammer for all verksemd. Det ligg i dette at innanfor dei rammene traktats- og suverenitetsomsyn set, skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser.

Klimaendringar har allereie merkbare konsekvensar for både økosystema, som blir meir sårbare for ferdsel, for kulturmiljøa og for infrastrukturen og befolkninga på Svalbard. Hovudprioriteringane for miljøarbeidet på Svalbard i 2023 er å sjå til at ferdsel, hausting og annan aktivitet skjer innanfor rammer som sikrar at samla miljøbelastning ikkje blir for stor.

Forsking og høgare utdanning er eit av dei viktigaste satsingsområda for norsk aktivitet og nærvære på Svalbard. Forskingsaktivitetane på Svalbard har vore ramma av pandemien, men aktiviteten har teke seg opp att til minst same nivå i 2021 som det var i 2019. Norsk Polarinstitutt har den norske vertskapsrolla i Ny-Ålesund og ansvaret for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund i dialog med Forskingsrådet og relevante departement og aktørar. Kings Bay AS skal sørgje for ei mest mogleg effektiv drift, vedlikehald og utvikling av Kings Bay sin eigedom, bygningsmasse og infrastruktur, slik at Ny-Ålesund forskingsstasjon blir utnytta best mogleg som ei norsk plattform for internasjonal, naturvitskapleg forskingssamarbeid i verdsklasse. Endringar i permafrosten i Ny-Ålesund vil framover krevje omfattande tiltak for å halde ved like, sikre og setje i stand bygningar og annan infrastruktur som Kings Bay AS har ansvaret for.

Av Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis går det fram at eit av dei overordna måla for norsk Antarktis-politikk er at Noreg skal vere ein pådrivar for å verne om miljøet og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking. Gjennom aktiv deltaking i arbeidet under Antarktistraktaten med tilhøyrande miljøprotokoll og forskingsinnsats skal Noreg medverke til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis, både i havet og på land.

All norsk aktivitet i Antarktis skal planleggjast og gjennomførast på ein sikker og sjølvforsynt måte. Det er dessutan mykje merksemd på den aukande flytrafikken i Antarktis. Noreg har medverka til å setje handtering av dette, inkludert flytrafikken, på dagsordenen i samarbeidet under Antarktistraktaten.

Noreg skal gjennom Norsk Polarinstitutts forsking medverke til den internasjonale kunnskapsutviklinga i og om Antarktis og om kor viktig Antarktis er for globale klimaspørsmål.

Noreg deltek òg aktivt i arbeidet med nye marine verneområde i Antarktis, og det er ei prioritert oppgåve å styrkje kunnskapen om økosystema i Weddelhavet / Kong Haakon VII hav utanfor Dronning Maud Land.

Den norske heilårlege forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land er den sentrale plattforma for norsk forsking i Antarktis. Utgiftene til drifta aukar, mellom anna på grunn av internasjonale marknads- og valutaforhold. Samstundes er det naudsynt å byggje opp eit større drivstofflager for å vareta sikker drift og beredskap. Ettersom stasjonen no nærmar seg slutten av si levetid, aukar også utgifter til drifta knytte til vedlikehald og utskifting av utstyr. Statsbygg, som er eigar av bygningane på stasjonen, har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeidd ei konseptvalutgreiing for framtidig oppgradering for at Trollstasjonen skal kunne vere ei effektiv, trygg og driftssikker plattform for heilårleg norsk nærvære i Antarktis også i åra framover.

Miljø og klima er sentrale samarbeidstema i Arktisk råd. Noreg er ein pådrivar for dette samarbeidet og deltek aktivt i prosjektsamarbeidet i alle arbeidsgruppene i rådet. Innanfor Arktisk råd prioriterer Noreg spesielt klimaendringar, tiltak mot utslepp av kortliva klimaforureiningar, bevaring av arktisk biodiversitet, heilskapleg havforvaltning, marin forsøpling, tiltak mot forureining og miljøovervaking i Arktis. Som følgje av Russlands angrepskrig mot Ukraina har Arktisk råd hatt ein pause i møteverksemda si i 2022. Grensekryssande utfordringar innan klima, miljø og biologisk mangfald må framleis handterast regionalt, og regjeringa støttar difor vidareføring av aktivitetar i Arktisk råd så lenge det er formålstenleg.

Miljøsamarbeidet i Barentsregionen vil halde fram med prosjekt innan naturmangfald, forvaltning av grensevassdrag og berekraft- og klimaspørsmål i samarbeid med Sverige og Finland.

Det bilaterale miljøsamarbeidet med Russland er sett på pause inntil vidare. Aktivitetar som er viktige for Noreg, vil halde fram på norsk side og i samarbeid med Sverige, Finland og dei andre arktiske landa. Dette gjeld særskilt innhenting av kunnskap om klima i nordområda, miljøet i Barentshavet, sårbare og trua artar og forvaltning av dei grensenære områda i nord.

I 2020 vart det fastsett ny organisatorisk struktur og leiing for Framsenteret i Tromsø for å leggje til rette for effektiv styring og dynamisk vidareutvikling av det faglege samarbeidet. I 2023 blir vidareutvikling og oppfølging av forskingsstrategien frå 2022 og dei fem nye forskingsområda ei viktig oppgåve.

Resultatområde

Tabell 7.13 Resultatområde under programkategori 12.60

Resultatområdet

Resultatområdet

Polarområda

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag og naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvaltning.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Politikk og verkemiddel for å nå dei nasjonale måla for polarområda

Svalbard

Miljøvernarbeidet på Svalbard skal leggje vekt på å beskytte villmarksområda på Svalbard med naturverdiar, biologisk mangfald og kulturminne i ein situasjon med raske endringar i klimaet, der både natur og kulturminne er meir sårbare for belastninga frå ferdsel og anna verksemd. Reduksjon av påverknadsfaktorar som ferdsel, naturinngrep, forureining og hausting er den mest effektive og ofte den einaste moglege forma for klimatilpassing når det gjeld å ta vare på biologisk mangfald og kulturmiljø på Svalbard.

Forvaltninga vil sjå til at ferdsel og anna verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor og er i samsvar med dei miljømåla som er sette i Innst. 88 S (2016-2017). Mellom anna vil ei vidare utvikling av miljøregelverket og utarbeiding av forvaltningsplanar vere viktige oppgåver.

Oppryddingsarbeidet etter avviklinga av gruveaktivitetane i Svea blir avslutta i 2023 og er inne i siste fase. Miljøstyresmaktene vil følgje opp føresegner om opprydding i svalbardmiljølova og vilkår som er gjevne for oppryddinga.

Det er ei prioritert oppgåve for miljøforvaltninga å redusere lokale kjelder til forureining og avfall på Svalbard. Sysselmeisteren vil rettleie og følgje opp krava i forskrift om forureining og avfall som vart sett i kraft 1. januar 2021. Miljøforvaltninga jobbar med å auke kunnskap om moglegheiter og utfordringar knytte til sirkulær økonomi på Svalbard og vil halde fram med dette i 2023.

Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna, er særleg viktige for reiselivet og lokalbefolkninga. For å bevare dei verdiane som skaper opplevingar, må dei vernast om. Nokre kulturminne er solide tekniske konstruksjonar etter gruveverksemd, medan andre er skjøre og lause gjenstandar og leivningar som er utsette for ulovleg tråkk og plukk. Miljøstyresmaktene er i nær dialog med lokale aktørar om dette. Prioriterte kulturminne skal sikrast med utgangspunkt i kulturminneplanen for Svalbard for 2013–2023. Planen er under revisjon, og å ferdigstille planen er ei høgt prioritert oppgåve i 2023. Planen skal mellom anna gje grunnlag for prioriteringar som er nødvendige for å nå målet om å sikre dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard.

Folk som bur på Svalbard, blir òg ramma direkte av klimaendringane, som fører til auka fare for skred og flaum. Ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga framover blir difor å sjå til at areal- og samfunnsplanlegging tek omsyn til klimaendringane og til natur og kulturminne innanfor planområda rundt lokalsamfunna.

Antarktis

Noreg vil delta aktivt i arbeidet med oppfølginga av klimahandlingsplanen til Antarktistraktat-systemet.

Det er aukande flytrafikk i Antarktis, og arbeidet med å vurdere nye reguleringar av flytrafikken av omsyn til miljø og tryggleik vil halde fram.

Områdebaserte tiltak, som marine verneområde, er eit viktig element for å ta vare på og sikre berekraftig bruk av marine ressursar og økosystem. Noreg deltek aktivt i arbeidet med nye marine verneområde i Antarktis. For å styrkje kunnskapen om økosystema i Weddelhavet / Kong Haakon VII hav utanfor Dronning Maud Land vart data innhenta under det omfattande toktet til Antarktis sørsommaren 2019 med det nye forskingsfartøyet FF «Kronprins Haakon». Norsk Polarinstitutt vil i 2023 arbeide vidare med kunnskapen basert på data frå toktet og vil samarbeide med andre partsland om eit best mogleg faggrunnlag for marint vern i dette havområdet.

På grunn av covid-19 vart det konsultative møtet under Antarktistraktaten avlyst i 2020, og eit nettbasert møte vart gjennomført i juni 2021. I 2022 vart det avhalde eit møte i hybridformat, der dei fleste landa var til stades fysisk. Samarbeidet om vern og andre tiltak for å avgrense menneskeleg påverknad, drøftingar av konsekvensane av global oppvarming, auka forsking og overvaking av miljøet og sjøkartlegging, i tillegg til arbeidet med kunnskap om effektane av turismen og vidare utvikling av retningslinjer for besøkjande, vil halde fram i 2023.

Spesialrapporten om hav og is frå FNs klimapanel (Special Report on the Ocean and Cryosphere in a Changing Climate) frå september 2019 og Klimapanelets 6. hovudrapport frå 2021 og 2022 peiker på at vi treng meir kunnskap om Antarktis og kva endringane der vil ha å seie for det globale klimaet og havnivået i framtida. Det er mellom anna viktige kunnskapsutfordringar knytte til havsirkulasjon, havforsuring og marine og kryosfæriske økosystem.

Norsk Polarinstitutt har ei nøkkelrolle i norsk Antarktis-administrasjon og har òg som viktig oppgåve å skaffe fram forskingsbasert kunnskap som medverkar til at Noreg på best mogleg måte oppfyller forpliktingane sine som traktatpart. Noreg skal gjennom Norsk Polarinstitutts forsking medverke til den internasjonale kunnskapsutviklinga i og om Antarktis. Det er ei prioritert forskingsoppgåve å få meir kunnskap om samspelet mellom isbremmane, innlandsisen og havet i Antarktis og kva dette inneber for framtidig havnivåstiging og andre globale klima- og miljøspørsmål. Mellom anna på grunn av klimaendringane og arbeidet med marine verneområde i Antarktis er denne oppgåva svært viktig.

Arktisk råd

Som følgje av Russlands angrepskrig mot Ukraina bestemte sju av dei åtte arktiske statane i mars 2022 at Arktisk råd skulle ta ein pause og stanse all møteverksemd. Prosjektsamarbeidet er til dels starta opp att, utan russisk deltaking. Regionalt samarbeid er også i den noverande situasjonen avgjerande for å handtere utfordringane i Arktis. Noreg vil framleis arbeide for at Arktisk råd skal vere den sentrale møteplassen for klima- og miljøsamarbeidet i regionen. Noreg vil ta over leiarskapen i Arktisk råd frå mai 2023. Noreg vil halde fram med å spele ei aktiv rolle i arbeidsgruppene i rådet, der samarbeid om klima og miljø står sentralt. Arktisk råd har ei viktig rolle i å setje saman og vurdere vitskapleg kunnskap om klimaendringane og miljøet i Arktis. Dette er viktig som grunnlag for samarbeid om forvaltning av miljøet i Arktis og for internasjonale avtalar som gjeld forureining og klima. Rådet har konkrete samarbeidsprosjekt som gjeld bevaring av naturmangfaldet og det marine miljøet i Arktis, og tiltak for å redusere kjelder til forureining. Tiltak for å redusere klimaendringane er det viktigaste vi kan gjere for å ta vare på det arktiske miljøet, og tiltak for å redusere utslepp av svart karbon (sot) vil ha særskilt stor betydning i Arktis. Arktisk råd har vedteke eit kollektivt reduksjonsmål for svart karbon, og landa skal rapportere resultat annakvart år (sjå omtale i programkategori 12.70). Her er utslepp frå Russland viktig, og det er særs viktig å tilpasse arbeidet til den nye situasjonen. Rådet arbeider òg med å styrkje samarbeidet mellom dei arktiske landa om å ta vare på dei arktiske havområda og har utvikla ein regional handlingsplan mot marin forsøpling i Arktis. Noreg er ein pådrivar i rådet sitt arbeid for å redusere utslepp av svart karbon, styrkje havsamarbeidet og dokumentere effektane av klimaendringar på økosystema i Arktis. Vurderingar av klimaendringar og forureining i Arktis, bevaring av biologisk mangfald og heilskapleg forvaltning av det marine miljøet står sentralt for Noregs arbeid i Arktisk råd. Noreg vil medverke aktivt i Arktisk råds arbeid med prosjekt og oppfølgingsplanar på desse områda og leggje til rette for at kunnskap og tilrådingar som blir skaffa fram, blir tekne i bruk og implementerte i forvaltninga.

Miljøvernsamarbeidet med Russland

Som følgje av Russlands angrepskrig mot Ukraina er det bilaterale miljøvernsamarbeidet med Russland sett på pause inntil vidare. Aktivitetar som er viktige for Noreg, vil bli førte vidare på norsk side og i samarbeid med Sverige, Finland og dei andre arktiske landa. Miljøovervaking i grenseområda mot Russland vil halde fram for å dokumentere effekten av reduserte utslepp av svoveldioksid og tungmetall etter at smelteverket i Nikel vart lagt ned i 2020. Det er òg viktig å halde fram med å gje god miljøinformasjon til lokalbefolkninga. Andre sentrale arbeidsområde er tiltak for betre miljøtilstand i Pasvikvassdraget og Grense Jakobselv og samarbeid med Finland om forvaltning av verneområda ved grensa. Det er òg viktig å halde fram med kunnskapsinnhenting om miljøet i Barentshavet på norsk side, mellom anna når det gjeld miljøgifter og klima. Noreg vil halde fram med å overvake bestandane av trua og sårbare fuglar og dyr som Noreg og Russland har felles ansvar for å forvalte, slik som isbjørn, kvalross, kvalar, sel og sjøfugl.

Miljøsamarbeidet i Barentsregionen vil halde fram med prosjekt innan naturmangfald og forvaltning av grensekryssande vassressursar i samarbeid med Sverige og Finland. Reduksjon av forureining og samarbeid om berekraft- og klimaspørsmål står òg sentralt i samarbeidet.

Forsking og miljøovervaking i nord- og polarområda

Situasjonen i polarområda gjev nye kunnskapsutfordringar knytte til miljø og klima. Å utvikle kunnskap og forståing av korleis miljø i Arktis og Antarktis blir påverka av klimaendringar, havforsuring, forureining og auka aktivitet, er difor ein særs viktig del av både det nasjonale arbeidet og det internasjonale samarbeidet i nord- og polarområda. Grunnlaget for Noregs bidrag til dette samarbeidet er den nasjonale satsinga på kunnskap om klima og miljø.

Sentrale verkemiddel med omsyn til polar kunnskapsproduksjon er Norsk Polarinstitutt, Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking og infrastrukturen vår for polarforsking, inkludert det isgåande forskingsfartøyet FF «Kronprins Haakon» og forskingsstasjonane Ny-Ålesund på Svalbard og Troll i Antarktis.

Det blir arbeidd med å betre parametrar for miljøovervaking av kulturminna.

Svalbard er ei særs viktig plattform for internasjonalt samarbeid om naturvitskapleg forsking i Arktis. Ny-Ålesund forskingsstasjon skal nyttast best mogleg som ei norsk plattform for internasjonalt naturvitskapleg forskingssamarbeid i verdsklasse, som bidreg til å støtte under dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk, og Kings Bay AS skal sørgje for drift, vedlikehald og utvikling av infrastrukturen i Ny-Ålesund i tråd med dette. Polarinstituttet har ansvaret for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund i dialog med Forskingsrådet og relevante departement og aktørar.

Framsenteret har vore ei svært vellykka satsing på forskingssamarbeid i nord, med høg produksjon av tverrfagleg forvaltningsrelevant forsking på klima og miljø i nordområda. Den faglege satsinga i Framsenteret vil bli ført vidare. Den nye styringsmodellen som vart innført i 2020, har lagt til rette for ei strategisk vidareutvikling av forskingssamarbeidet. Ein ny strategi og fem nye forskingsprogram legg rammene for satsinga i femårsperioden frå 2022.

Nærmare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2023 er på 490,4 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 43,8 mill. kroner, eller 9,8 pst., samanlikna med saldert budsjett for 2022. Auken kjem i hovudsak av 10 mill. kroner ekstra til drifts- og investeringstilskot til Kings Bay AS, 17 mill. kroner til inngåing av ein ny flyavtale til Ny-Ålesund, 8,8 mill. kroner til prisauken knytt til drift og oppbygging av drivstofflager ved forskingsstasjonen Troll i Antarktis, ein venta auke av inntektene til Svalbards miljøvernfond og prisjustering.

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

1471

Norsk Polarinstitutt

381 141

345 142

358 178

3,8

1472

Svalbards miljøvernfond

6 778

10 329

13 000

25,9

1473

Kings Bay AS

56 610

36 946

64 995

75,9

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

53 802

54 268

54 274

0,0

Sum kategori 12.60

498 331

446 685

490 447

9,8

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

265 049

242 232

243 751

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

115 557

102 364

113 866

50

Stipend

535

546

561

Sum kap. 1471

381 141

345 142

358 178

Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis, Meld. St. 33 (2014–2015) Norske interesser og politikk for Bouvetøya. Norsk Polarinstitutt er fagleg og strategisk rådgjevar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgjevar for Miljødirektoratet og Sysselmeisteren i polarspørsmål. Norsk Polarinstitutt varetek infrastruktur og strukturar for forskingssamarbeid i nord- og polarområda.

Norsk Polarinstitutt skal vidare

  • utøve myndigheit for å følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgjeving i Antarktis

  • drive kunnskapsutvikling og formidling gjennom forvaltningsretta forsking og miljøovervaking i Arktis og Antarktis. Klima, miljøgifter, biologisk mangfald og geologisk kartlegging er særleg viktige arbeidsfelt for instituttet.

  • bidra til relevante internasjonale prosessar knytte til klima og miljø i nord- og polarområda og delta i internasjonale forum som jobbar for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for miljøforvaltninga.

  • vareta forskingsinfrastruktur og tilby logistikk- og støttetenester knytte til forskingsaktivitet i Arktis og Antarktis. Dette omfattar mellom anna å drifte forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land, forvalte eigarskapen av det isgåande forskingsfartøyet FF «Kronprins Haakon» og vareta vertskapsrolla i Ny-Ålesund.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda. Foreslått løyving er på om lag 243,8 mill. kroner på posten for 2023. Løyvinga under posten er lønns- og prisjustert, men også redusert grunna gevinstuttak knytt til forventa lågare reiseutgifter, sjå nærmare omtale under del I, kap. 3.

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og fartøy og utgifter knytte til den samla forskings- og ekspedisjonsverksemda til instituttet.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd. Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471, postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2021

Polarinstituttet har i 2021 brukt om lag 38 pst. av løyvinga si til lønns- og driftsutgifter knytte til administrasjon, kommunikasjon, drifta til bygningar på Svalbard og i Tromsø, drift av forskingsfartøyet «Kronprins Haakon» og andre felleskostnader. Resterande 62 pst. er lønn og andre utgifter knytte til forskingsavdelinga, programområde Polhavet, programområde Ny-Ålesund, programområde Antarktis, programområde Svalbard og miljø- og kartavdelinga.

Av forbruket på denne posten korresponderer om lag 84 mill. kroner med inntekter på kap. 4471. Dette er nesten alt saman knytt til ekstern finansiering av forskingsaktivitet frå mellom anna Forskingsrådet og EU.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Polarområda. Foreslått løyving er på om lag 113,9 mill. kroner på posten for 2023, ein auke på 11,5 mill. kroner samanlikna med 2022. Av desse er 8,8 mill. kroner knytt til drift og oppbygging av drivstofflager ved forskingsstasjonen Troll i Antarktis. Løyvinga er elles prisjustert.

Posten dekkjer utgifter til vitskapleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.

I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Noregs forsking i Antarktis medverkar til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda. Noregs forsking medverkar òg til å styrkje kunnskapen om Antarktis si nøkkelrolle i det globale klimasystemet og om klimaendringane i Antarktis. Forskinga er særleg konsentrert om samspelet mellom innlandsisen, isbremmane og havet i Antarktis og korleis klimaendringar vil påverke dette, og kva dette vil ha å seie for det globale klimaet.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471, post 21. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2021

Av midlane på denne posten vart ca. 94 pst. brukt til lønn for dei som arbeider på Troll-stasjonen, drift av bygningar i Antarktis, fartøyleige, helikopterleige og andre logistikkutgifter. Resterande del av løyvinga, ca. 6 pst., går til forsking. Av forbruket på denne posten korresponderer om lag 28. mill. kroner med inntekter på kap. 4471.

Post 50 Stipend

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Forureining, Klima og Polarområda. Foreslått løyving er på om lag 0,6 mill. kroner på posten for 2023.

Mål

Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gjeven til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Kriterium for måloppnåing

Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgradar med polarforsking som emne.

Tildelingskriterium

Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.

Oppfølging og kontroll

Kravet er rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.

Rapport 2021

Noregs forskingsråd saksbehandlar og administrerer stipendordninga på vegne av Norsk Polarinstitutt. Av 89 søknader vart 72 finansierte med totalt 4,9 mill. kroner. Av dette var 0,5 mill. kroner midlar frå Norsk Polarinstitutt. Dei viktigaste norske institusjonane som får støtte, var Universitetssenteret på Svalbard (24), UiT Noregs arktiske universitet (10), Norsk Polarinstitutt (9) og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (8).

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Sals- og utleigeinntekter

14 806

6 814

7 018

03

Inntekter frå ymse tenesteyting

83 890

66 804

68 808

21

Inntekter, Antarktis

27 992

14 924

15 372

Sum kap. 4471

126 688

88 542

91 198

Post 01 Sals- og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, medan utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, mellom anna utleige av forskingsfartøy, og andre inntekter. Kap. 1471, post 01, kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gjev grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471, post 01, jf. forslag til vedtak II.

Post 21 Inntekter, Antarktis

Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gjev grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471, post 21, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1472 Svalbards miljøvernfond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

50

Overføringar til Svalbards miljøvernfond

6 778

10 329

13 000

Sum kap. 1472

6 778

10 329

13 000

Svalbards miljøvernfond gjev tilskot til tiltak for å verne om naturmiljø og kulturminne på Svalbard, i samsvar med svalbardmiljølova, forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond, instruks for fondet, vedtekta til fondet og det årlege tildelingsbrevet. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard, jf. forskrift om miljøavgift for tilreisende til Svalbard. Sysselmeisteren er sekretariat for fondet. Vedtak om tildelingar blir gjorde av eit styre som er oppnemnt av Klima- og miljødepartementet. Både fondskapitalen og avkastninga blir nytta til skjøtsel, vedlikehald og gransking av kulturminne, informasjons- og opplæringstiltak og prosjekt med formål om å undersøkje eller gjenreise miljøtilstanden. Fondet skal ikkje brukast til å dekkje forvaltninga sine ordinære administrative utgifter, oppgåver eller drift.

Inntektene til Fondet frå miljøavgifta gjekk ned under pandemien i 2020–2021 på grunn av redusert reiseaktivitet til Svalbard, men vil i 2022 og 2023 truleg auke tilbake til 2019-nivå eller meir. Regjeringa foreslår for 2023 ei løyving på kap. 1472, post 50 Svalbards miljøvernfond, på 13 mill. kroner, som er ein auke på 2,6 mill. kroner.

Post 50 Overføringar til fondet

Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578, post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond.

Rapport for 2021

I 2021 er det ikkje tildelt midlar til nye prosjekt frå Svalbards miljøvernfond. Dette kjem av bortfall av inntekter som følgje av færre reisande under koronapandemien. Utbetalingar til tildelte tilskot frå tidlegare år er blitt utbetalte som normalt. Til samanlikning vart det i 2019 tildelt 18,6 mill. kroner over fondet. Informasjon om alle prosjekta til fondet finst på nettsida til fondet: https://www.miljovernfondet.no. Sidan fondet vart operativt i 2007 og til og med 2021, er det gjeve støtte til 710 prosjekt med ein samla sum på 170 mill. kroner.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

5 786

10 341

13 012

Sum kap. 5578

5 786

10 341

13 012

Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

Denne posten blir nytta til avgifter som i samsvar med svalbardmiljølova skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort med meir. Løyvinga på denne posten er òg auka med om lag 2,6 mill. kroner, sjå også kap. 4472, post 50.

Meirinntekter under kap. 5578, post 70, gjev grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1473 Kings Bay AS

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Tilskot

56 610

36 946

64 995

Sum kap. 1473

56 610

36 946

64 995

Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Polarområda. Tilskotet skal gå til investeringar og drift i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS. Posten er auka som følgje av prisjustering og ein auke på 10 mill. kroner fordi selskapet er underfinansiert på drifts- og investeringssida med tanke på behova for å ta vare på bygningsmasse og annan infrastruktur i Ny-Ålesund forskingsstasjon. I tillegg aukar tilskotet med 17 mill. kroner, knytt til inngåing av ein ny flyavtale til Ny-Ålesund. Foreslått løyving på posten er på om lag 65 mill. kroner for 2023.

Kings Bay AS eig grunnen og dei fleste bygningane i Ny-Ålesund og har ansvar for drift og utvikling av infrastruktur på staden. Selskapet er 100 pst. eigd av staten, og Klima- og miljødepartementet utøver eigarinteressene til staten. Eigarskapen medverkar til å støtte dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk og føringane for Ny-Ålesund. Ny-Ålesund skal vere ei plattform for internasjonalt naturvitskapleg forskingssamarbeid i verdsklasse, der Noreg har ei tydeleg vertskapsrolle med fagleg tyngd og leiarskap på relevante område. Målet med den statlege eigarskapen i Kings Bay AS er å syte for mest mogleg effektiv drift, vedlikehald og utvikling av eigedommen, bygningsmassen og infrastrukturen slik at Ny-Ålesund blir utnytta best mogleg i tråd med dette. Driftskonseptet til selskapet er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund. Selskapet er avhengig av tilskot over statsbudsjettet for å utføre dei samfunnsoppgåvene som det er pålagt. Tilskotet skal dekkje investeringar, eventuelt driftsunderskot, i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS.

Utvikling og forvaltning av bygningsmasse, infrastruktur og tenestetilbod i Ny-Ålesund skal byggje opp under føringane i Innst. 88 S (2016–2017) og Noregs forskingsråds strategi for Ny-Ålesund forskingsstasjon frå mai 2019. Forskinga i Ny-Ålesund skal konsekvent utnytte det særeigne ved staden som eit reint, naturvitskapleg laboratorium, og utvikling og forvaltning av bygningsmasse, infrastruktur og tenestetilbod skal byggje opp under prioriterte, heilskaplege satsingar.

I 2023 vil vedlikehald og reparasjonar av bygningsmasse og infrastruktur i Ny-Ålesund vere ei viktig oppgåve for selskapet.

Etter at store delar av inntektene til selskapet fall bort i 2020 og 2021 på grunn av innreiserestriksjonane til Svalbard under pandemien, er talet på besøkjande forskarar no i ferd med å ta seg opp att etter pandemien.

Den økonomiske situasjonen til selskapet er krevjande. Klimaendringar er ein sentral drivar i at infrastrukturen på Svalbard blir ringare. Forskingsbygningane i Ny-Ålesund er hardt ramma av dette. Riksrevisjonen gjennomførte i 2021 ei undersøking av korleis svalbardselskapa handsama klimaendringane. Her peiker dei på at nødvendig refundamentering av bygningar ofte blir sett i gang så seint at det allereie har oppstått følgjeskadar på bygningane, i nokre tilfelle uopprettelege skadar. Det å utsetje nødvendig vedlikehald og refundamentering kan difor auke kostnadene betydeleg. Det gjeld også i høgaste grad i Ny-Ålesund, der Kings Bay ikkje har økonomi til å halde ved lag eit tilfredsstillande nivå på alle bygningar og annan viktig infrastruktur. For at selskapet skal kunne gjennomføre nødvendige investeringar og vedlikehald av bygningar og infrastruktur, slik at Ny-Ålesund kan driftast vidare som ein trygg og driftssikker norsk forskingsstasjon, vil Klima- og miljødepartementet auke tilskotet til selskapet varig med 20 mill. kroner innan 2024. For 2023 blir det foreslått ein auke på 10 mill. kroner.

Trepartssamarbeidet om flytransport mellom Lufttransport, Store Norske Spitsbergen Kulkompani (SNSK) og Kings Bay AS tok slutt 1. august 2022 på grunn av nedlegging av gruvedrifta i Svea. Kings Bay AS har inngått ein mellombels transportavtale med Lufttransport som gjeld vidare fram til 31. juli 2024, og jobbar aktivt med å skaffe ein leverandør for ein ny langsiktig lufttransportavtale mellom Longyearbyen og Ny-Ålesund frå 1. august 2024. Under trepartsavtalen som gjaldt fram til 1. august 2022, delte selskapet kostnadene med Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Ein ny avtale der Kings Bay AS må bere heile kostnaden sjølv, vil bli dyrare for selskapet. Utan ein ny avtale kan ikkje Ny-Ålesund drivast vidare. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2022 vart tilskotet auka med 7 mill. kroner, for å dekkje meirutgiftene i 2022. Frå og med 2023 er heilårseffekten av den nye flytransportavtalen 17 mill. kroner, og tilskotet blir auka tilsvarande.

Rapport 2021

Inntektene til selskapet frå besøkjande forskarar tok seg raskare opp enn venta etter nedgangen under covid-19-pandemien. Totale forskardøgn i 2021 vart 12 875, som utgjer 85 pst. av talet på forskardøgn i 2019. Selskapet tok til saman imot 56,6 mill. kroner i tilskot for 2021. Selskapet fekk tilført ekstra midlar til drift i ekstraordinær koronaproposisjon i 2021 for å dekkje opp for noko av svikten i inntekter under pandemien, men planlagde nødvendige investeringar og vedlikehald av bygningar og infrastruktur måtte likevel utsetjast på grunn av svikten i inntekter.

Endringar i grunnforholda på grunn av klimaendringane påverkar fundamenta for nesten heile bygningsmassen i Ny-Ålesund, og det vil krevjast betydeleg ressursinnsats for å sikre denne.

Styret i Kings Bay AS vedtok eit nytt strategidokument for perioden 2021–2024 som gjev retning og prioriteringar for framtidig drift.

Kings Bay AS har i løpet av året gjennomført ein forstudie for nytt energisystem som vil kunne minimalisere bruken av fossil energi og ta i bruk nye berekraftige energiformer. Studien gjev selskapet eit godt grunnlag for det vidare arbeidet.

Selskapet har også delteke aktivt i viktige forskingsprosjekt om klimaendringar og bevaring/restaurering av kulturminne som tema. Kings Bay har verdifull erfaring knytt til bygningsvedlikehald, fundamentering av nybygg og refundamentering av freda busetnad og er ein sentral part i forskingsarbeidet.

Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70

247

253

50

Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

26 906

25 020

25 020

70

Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

26 896

29 001

29 001

Sum kap. 1474

53 802

54 268

54 274

Midlane under dette kapittelet skal gå til å styrkje og skaffe framifrå ny kunnskap om klima og miljø og om miljøkonsekvensar av ny næringsverksemd i nord. Kunnskapen skal setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord og dei ressursane som finst der, på ein enda betre måte og sikre at ny næringsverksemd på dette området skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Betre kunnskap om klima og miljø har avgjerande verdi for ressursforvaltning, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord.

Det vart etablert ei ny organisering for Framsenter-samarbeidet i 2020 med ei styringsgruppe som det leiande organet. Styringsgruppa fastsette ein ny strategi for forskingssamarbeidet i Framsenteret i 2021, og den faglege aktiviteten i 2023 vil skje innanfor fem forskingsområde.

Dei fem forskingsområda er:

  • Forsking for god forvaltning av Polhavet

  • Korleis blir nordlege økosystem påverka

  • Frå fjell til fjord

  • Areal under press

  • Tanaelva

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70

Foreslått løyving på posten er 0,3 mill. kroner og dekkjer godtgjering og reiseutgifter til leiar av styringsgruppa for Framsenteret.

Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

Foreslått løyving på posten er på om lag 25 mill. kroner.

Mål

Midlane skal gå til dei statlege partnarane i Framsenteret, med mål om å gjennomføre forvaltningsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale nettverk og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum.

Kriterium for måloppnåing

  • skaffe fram og publisere ny kunnskap av framifrå kvalitet

  • medverke til etablering av forskarutdanning og mastergradutdanning gjennom samarbeid med relevante institusjonar innan høgare utdanning innanfor klima og miljø

  • etablere fagleg forskingssamarbeid mellom relevante nasjonale institusjonar, fylle «kunnskapshòl» og gje nasjonal meirverdi

  • etablere gode forskingsretta nettverk nasjonalt og internasjonalt og samarbeide med dei andre FoU-miljøa i landsdelen

  • fleirfaglege og tverrfaglege samarbeidsprosjekt mellom institusjonane og forskarar med naturvitskapleg, teknologisk og samfunnsvitskapleg kompetanse

  • formidle forskingsresultat til brukarane, til dømes forvaltninga, næringslivet, skuleverket, andre relevante brukarar og eit breitt publikum

Tildelingskriterium

Prosjekta må liggje innanfor dei vedtekne faglege satsingsområda, må vere tverrfaglege, forvaltningsrelevante for nordområda og vere eit samarbeid mellom medlemmene i senteret.

Oppfølging og kontroll

Leiarane for kvar av dei faglege satsingsområda er pålagde saman med dei andre deltakarane i forskingsområdet å rapportere årleg om forskingsaktivitet som er sett i gang, og oppnådde resultat.

Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

Midlane skal gå til dei ikkje-statlege partnarane i Framsenteret, til dei same formåla som for post 50, og kriterium for måloppnåing, rapportering og tildeling, oppfølging og kontroll er dei same. Foreslått løyving er på om lag 29 mill. kroner på posten for 2023. Sjå elles omtalen under post 50 ovanfor. Posten dekkjer òg driftstilskot til Framsenteret Drift AS.

Rapport 2021

Framsenteret har vore involvert i nasjonal og internasjonal forskingsaktivitet i 2021 og har finansiert 67 forskingsprosjekt. Gjennom desse forskingsprosjekta har 82 vitskaplege artiklar blitt publiserte i fagtidsskrift, og 34 artiklar er under fagleg vurdering. I tillegg har Framsenteret formidla ei rekkje foredrag og populærvitskaplege bidrag i ulike medium, radio og avisartiklar. Utgåva av Fram Forum for året vart produsert og gjeve ut på engelsk i elektronisk utgåve med global distribusjon.

Gjennom 2021 har styringsgruppa i Framsenter-samarbeidet jobba med målet om å opprette nye forskingsområde.

Programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.70 gjeld resultatområdet Klima. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet med kjøp og sal av kvotar og arbeidet departementet gjer med Klima- og skoginitiativet.

Klimautfordringa kan berre løysast gjennom eit globalt samarbeid. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet. Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klima- og natursatsing og saman med kjøp av klimakvotar det viktigaste bidraget vårt til å redusere utslepp i utviklingsland. Andre hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet – Parisavtalen, klimafinansiering, utviklinga av internasjonale karbonmarknader og utfasing av subsidiar til fossile brensel, utslepp frå internasjonal transport og kortliva klimaforureiningar – er også omtalte i dette kapittelet.

Budsjettmidlar knytte til Parisavtalen og kortliva klimaforureiningar er omtalte under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. Mykje av det internasjonale klimaarbeidet som er omtalt i dette kapittelet, er finansiert over Utanriksdepartementets budsjett.

Parisavtalen

Parisavtalen representerer saman med Klimakonvensjonen eit solid rammeverk for global klimainnsats. 193 partar har ratifisert avtalen.

Det overordna formålet med Parisavtalen er å styrkje den globale innsatsen mot klimaendringane. Målet er å halde den globale temperaturauken til godt under 2 gradar samanlikna med førindustrielt nivå og å søkje å halde oppvarminga til 1,5 gradar. Dessutan skal evna til å handtere skadeverknadene av klimaendringane styrkjast i landa. Det er òg eit formål at finansstraumar skal bli meir i samsvar med ei klimarobust lågutsleppsutvikling. Med Parisavtalen tek alle statar på seg å utarbeide, melde inn, halde ved lag og rapportere på suksessive nasjonalt fastsette bidrag (Nationally Determined Contributions) og å setje i verk nasjonale tiltak med sikte på å nå dei.

Noreg melde inn eit forsterka mål under Parisavtalen den 7. februar 2020, som det tredje landet i verda. Målet er å redusere utsleppa med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. innan 2030, samanlikna med 1990-nivået. Noreg har allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030. Vi ønskjer òg å oppfylle forsterkinga saman med EU. EU melde inn eit mål om å redusere netto utslepp med 55 pst. innan 2030 i desember 2020. USA har meldt inn eit forsterka mål om å redusere utsleppa med 50–52 pst. innan 2030 samanlikna med utsleppa i 2005, og innan 2050 er målet at USA har netto null utslepp. Storbritannia, Japan, Canada og Australia har òg meldt inn ambisiøse forsterka klimamål under Parisavtalen. Mange andre land har òg forsterka måla sine, blant annet Kina og India. Kina har sett eit mål om netto nullutslepp i 2060 og India i 2070, og det er eit positivt signal.

Dei nasjonalt fastsette bidraga som no ligg til grunn for Parisavtalen, er likevel langt unna den utviklingsbanen som er i tråd med temperaturmålet i avtalen. Det er difor framleis stort behov for å auke ambisjonane. Ifølgje Parisavtalen vil dei suksessive nasjonalt fastsette bidraga frå landa utgjere ein progresjon ut over gjeldande nasjonale bidrag og vere uttrykk for den høgast moglege ambisjonen i landa. Ifølgje FNs klimapanel bør dei globale klimagassutsleppa nå toppen innan 2025, og dersom temperaturauken skal avgrensast til 2°C, må globale utslepp reduserast med om lag 27 pst. innan 2030 samanlikna med 2019. Dersom oppvarminga skal haldast til 1,5 gradar, med inga eller avgrensa overskriding, må globale utslepp reduserast med om lag 43 pst. innan 2030. Partane i Parisavtalen vart på COP 26 i Glasgow samde om at alle land skulle sjå på måla sine igjen, sjå om dei var i tråd med temperaturmåla i avtalen og eventuelt forsterke måla. For å nå temperaturmålet i Parisavtalen er det nødvendig at fleire land, særleg blant dei store utsleppslanda, forsterkar dei nasjonale måla sine under Parisavtalen.

Landa er no blitt samde om heile regelverket til Parisavtalen etter at det under COP26 i Glasgow vart semje om regelverket for marknadssamarbeidet, det vil seie samarbeid der land kan kjøpe og selje utsleppsreduksjonar. Det vart òg semje om rettleiing for felles tidsrammer for nasjonale utsleppsmål.

Klimafinansiering

Norsk klimafinansiering til utviklingsland, utover Klima- og skoginitiativet og kjøp av klimakvotar, blir betalt over Utanriksdepartementets budsjett. Klima- og miljødepartementet omtaler likevel klimafinansiering breitt i denne budsjettproposisjonen for å gje ei samla framstilling.

Noreg har eit mål om å doble klimafinansieringa frå 7 mrd. i 2020 til minst 14 mrd. kroner seinast i 2026. Noregs klimafinansiering auka med 1,3 mrd. frå 2020 til 8,3 mrd. kroner i 2021. Klimafinansieringa vår til utviklingsland består av øyremerkt støtte til klima og multilateral kjernestøtte til klima. Vi rapporterer også private klimarelevante investeringar utløyste av Norfunds offentlege investeringar. Auken i klimafinansieringa på 1,3 mrd. kroner i 2021 kjem hovudsakleg av auken i Norfunds investeringar og ein auke i private investeringar i fornybar energi, mobilisert av Norfund. Klimafinansieringa vår blir rapportert til OECD og klimakonvensjonen basert på årlege tilskot bilateralt og multilateralt markert med Rio-markørane klimatilpassing eller utsleppsreduksjonar. Desse rapportane blir først laga etter at tilskotet er utbetalt, så difor kan ikkje totaltalet for norsk klimafinansiering lesast direkte ut av forslaget til statsbudsjett.

Regjeringa oppretta i 2022 Statens klimainvesteringsfond for fornybar energi i utviklingsland (Klimainvesteringsfondet). Fondets formål er å redusere eller unngå klimagassutslepp ved å bidra til å finansiere utbygging av fornybar energi i utviklingsland som har store utslepp frå fossil kraftproduksjon, særleg kolkraft. Det er vedteke å setje av 10 mrd. kroner over fem år for å oppkapitalisere fondet. Finansieringa kjem frå Stortingets årlege løyving over statsbudsjettet og overføring av totalt 5 mrd. kroner fra Norfunds overskotskapital over fem år.Regjeringa vil i 2023 styrke innsatsen for klimatilpassing med 150 mill. kroner med utgangspunkt i strategien Klima, sult og sårbarhet frå 2021. I tillegg foreslår regjeringa ei løyving på 200 mill. kroner til oppfølging av den nye strategien om mattryggleik i utviklingspolitikken. Strategien vil fokusere på afrikanske land og klimarobust matproduksjon. Deler av dette vil kunne reknast som klimatilpassing.

Norsk støtte til klimatiltak i utviklingsland er svært viktig for ei effektiv gjennomføring av Parisavtalen. Noreg har vore eit føregangsland i å innrette klimafinansieringa til utviklingsland på ein langsiktig og føreseieleg måte. Særleg gjeld dette Klima- og skoginitiativet (sjå eigen tekst etter tabell 7.14). Gjennomføring av Parisavtalen og støtte til å setje i verk dei nasjonalt fastsette bidraga (NDC) frå utviklingsland vil vere ei viktig føring for norsk klimafinansiering framover. Det er vidare bestemt at norsk bistand i hovudsak skal vere i samsvar med Parisavtalen. Det er i gang ein prosess for å leggje til rette for å styrkje klimaprofilen for all norsk bistand i Prop 1 S. for 2023 og framover.

Klimafinansiering gjennom multilaterale kanalar som Det grøne klimafondet (GCF), Den globale miljøfasiliteten (GEF) og Verdsbanken er også viktig. Regjeringa gjev eit bidrag til Det grøne klimafondet på 800 mill. kroner årleg for perioden 2020–2023. Utanriksdepartementet betaler 700 mill. kroner over sitt budsjett, og 100 mill. kroner blir dekte over Klima- og miljødepartementet og budsjettet til Klima- og skoginitiativet.

Klima- og miljødepartementet har bilaterale miljøsamarbeid med Kina, India og Sør-Afrika og støttar internasjonale initiativ for grøn økonomi i utviklingsland. Noreg støtter òg arbeid for å redusere kortliva klimadrivarar gjennom Arktisk råd og Koalisjonen for klima og rein luft. I tillegg støttar Noreg klimatiltak og lågutsleppsutvikling i EU-landa med svakast økonomi gjennom EØS-midlane. Meir informasjon om dette finst under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt samarbeid m.m.

Auka ambisjonar ved bruk av fleksible mekanismar

I Parisavtalen er det opna for at land kan samarbeide om tiltak for å redusere utslepp av globale klimagassar. Marknadssamarbeid inneber at utsleppsreduksjonar blir kjøpte og selde og blir overførte mellom utsleppsrekneskapane til forskjellige land og/eller private selskap. Slikt samarbeid opnar for at land kan auke ambisjonane sine, og kan såleis bli viktig for å realisere temperaturmålet i Parisavtalen, i tråd med prinsippet for berekraftig utvikling. Noreg har eit mål om å bli klimanøytralt frå og med 2030. Det inneber at frå 2030 skal norske utslepp av klimagassar motsvarast av klimatiltak i andre land gjennom EUs kvotemarknad, internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid. Noreg deltek difor i internasjonale karbonmarknader med eit mål om å auke farten og omfanget til dei globale utsleppskutta.

Noreg er ein aktiv pådrivar for å mogleggjere marknadsbasert samarbeid med høg miljøintegritet. For perioden etter 2020 er det artikkel 6 i Parisavtalen som vil setje ramma for bruken av fleksible mekanismar mellom land. Arbeidet med å utvikle reglar og prosedyrar under artikkel 6 har vore krevjande og har teke tid. Det detaljerte regelverket for marknadsbasert samarbeid under Parisavtalen vart vedteke under COP26 i november 2021.

Klima- og miljødepartementet deltek i Transformative Carbon Asset Facility (TCAF), som vart lansert i samband med klimakonferansen i Paris og erklært operativt i mars 2017. Fondet skal utvikle pilotar for samarbeidsformer tilpassa eit nytt regelverk under Parisavtalen. Formålet med slikt samarbeid er å medverke til varig omlegging i utviklingsland gjennom program som støttar utvikling av lågutsleppsløysingar. Fondet skal medverke til at utviklingslanda aukar ambisjonane sine.

Departementet inngjekk i 2019 ein avtale med Global Green Growth Institute (GGGI) om utvikling av program under artikkel 6 i Parisavtalen. Ein har så langt inngått intensjonsavtalar med Vietnam, Senegal, Indonesia og Marokko. Det kan også vere ønskjeleg å supplere TCAF og GGGI med utprøving av samarbeid gjennom andre kanalar, til dømes bilateralt samarbeid eller samarbeid gjennom ein annan institusjon.

Noreg deltek i Verdsbankprogrammet Partnership for Market Implementation (PMI). PMI arbeider med å hjelpe land med å utvikle og implementere karbonprising og operasjonalisere marknadssamarbeid mellom land innanfor ramma av artikkel 6 i Parisavtalen. Noreg bidreg med 7 mill. US dollar til PMI. Noreg er også partnar i The Carbon Pricing Leadership Coalition (CPLC), som er eit globalt initiativ leidd av Verdsbanken. Initiativet arbeider saman med styresmakter, akademia, privat sektor og sivilsamfunn for å støtte utviklinga av karbonprising internasjonalt.

Bruken av fleksible mekanismar i utviklingsland har ført til store investeringar og grøn omstilling og har vist korleis ein kan gjennomføre tiltak som ikkje berre reduserer utslepp av drivhusgassar, men også har stor utviklingseffekt til dømes gjennom redusert lokal forureining og tilgang på rein energi. Den grøne utviklingsmekanismen (CDM), som låg til grunn for statens kvotekjøpsprogram i perioden 2008–2020, har ifølgje berekningar gjorde av FNs klimasekretariat (UNFCCC) så langt ført til om lag 2,2 mrd. tonn CO2-ekvivalentar i verifiserte utsleppsreduksjonar.

Prising av utslepp og utfasing av subsidiar til fossile brensel

Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet for å setje ein pris på CO2 og for utvikling av effektive, fungerande internasjonale karbonmarknader. I innmeldingane av nasjonale mål (NDC) til FNs klimakonvensjon er det mange land som opplyser at dei har sett, eller vurderer å setje, ein pris på utslepp av klimagassar. Felles for dei fleste av dei landa som har ein pris på utslepp, er prisar som er for låge til å fremje teknologisk utvikling og omstilling. Ein ny og meir ambisiøs klimapolitikk globalt vil krevje høgare prisar.

Regjeringa arbeider òg for utfasing av subsidiar på fossilt brensel. I 2021 blei det, ifølgje OECD og IEA, brukt nesten 700 milliarder amerikanske dollar globalt på subsidiar til produksjon og forbruk. Utfasing av fossile subsidiar er eit viktig tiltak land kan gjennomføre for å medverke til at utsleppa av drivhusgassar går ned. Det er ein aukande tendens til at land i ulike verdsdelar set i gang reformarbeid for fossile subsidiar. Noreg støttar reform av fossile subsidiar på landnivå mellom anna gjennom Verdsbanken og gjennom Global Subsidy Initative (GSI). Noreg arbeider òg for å fase ut fossile subsidiar gjennom andre kanalar, slike som Vennegruppa for reform av fossile subsidiar saman med dei andre nordiske landa og Costa Rica, Etiopia, New Zealand, Uruguay og Sveits. Noreg deltek også i forhandlingane om ein ny avtale om klima, handel og berekraft (ACCTS), der utfasing av fossile subsidiar er eit sentralt tema.

Utslepp frå internasjonal transport

Noreg arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) og FNs organisasjon for sivil luftfart (ICAO) med å utvikle regelverk for å redusere klimagassutsleppa frå internasjonal transport. I IMO vedtok partsmøtet i 2018 ein strategi som stadfestar målsetjinga om 50 pst. reduksjon i internasjonale utslepp frå skipsfarten innan 2050 samanlikna med 2008. Juni 2021 vedtok IMO nye krav for utsleppsreduksjonar frå skipsfarten i tråd med 2030-målet. Vidare vart forslag om forbod mot tungolje i Arktis frå 2024 vedteke. Noreg har jobba aktivt for begge delar. I tråd med pådrivarmandatet har Noreg no teke initiativ til ein vidare prosess for å utarbeide neste generasjons klimakrav til internasjonal skipsfart, som må sikre at utsleppa blir reduserte i tråd med IMOs mål mot 2050 og eventuelle auka ambisjonar som følgje av revisjonen av IMOs klimastrategi fram mot 2023. På COP26 slutta Noreg seg til ei ministererklæring om å jobbe for ein ambisjon om utsleppsfri internasjonal skipsfart i 2050. Noreg slutta seg også til Clydebank-erklæringa om å etablere seks utsleppsfrie grøne korridorar til sjøs.

Noreg har hatt og har framleis ei sentral rolle i regelverksutviklinga under IMO. I oktober 2016 vedtok generalforsamlinga i FNs luftfartsorganisasjon (ICAO) å innføre eit marknadsbasert verkemiddel for å medverke til at vidare vekst i internasjonal luftfart etter 2020 ikkje aukar netto CO2-utslepp, såkalla karbonnøytral vekst. På engelsk blir dette verkemiddelet kalla Carbon Offsetting Reduction Scheme for International Aviation (CORSIA). ICAO har vedteke utfyllande føresegner i seinare rådsmøte, mellom anna i juni 2018, november 2018, mars 2019 og juni 2020. Noreg er eitt av over 80 land, inkludert 43 andre europeiske land, som så langt har meldt at vi ønskjer å delta i den frivillige fasen 2021–2026 for ICAO CORSIA. Andre fase, som er obligatorisk for dei fleste landa, er frå 2027 til 2035. To norske luftfartøyoperatørar vil vere omfatta av ICAO CORSIA. ICAO CORSIA vart gjennomført i norsk rett i 2019 gjennom endringar i klimakvotelova og klimakvoteforskrifta, jf. Prop. 109 L (2018–2019).

Tabell 7.14 Nasjonale mål under programkategori 12.70

Resultatområde

Resultatområde

Klima

Medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ei meir berekraftig utvikling

Klima- og skoginitiativet

Klimaet i verda endrar seg. Å hindre øydelegging av regnskogen er heilt sentralt for å avgrense klimaendringane og for å bevare naturmangfaldet i verda. FNs klimapanel har vist at for å oppnå måla i Parisavtalen krevst det stans i avskoginga nesten med det same, i tillegg til ei enorm restaurering av skog og andre økosystem. Stans i avskoging er eit av delmåla under FNs berekraftsmål, og redusert avskoging er ein føresetnad for å nå ei rekkje andre berekraftsmål. Skogen gjev sentrale økosystemtenester til urfolk og andre som bur i og rundt skogen, bevaring av skogen gjev beskyttelse mot klimaendringar og sikrar tilgang til mellom anna reint vatn og andre naturressursar.

Hovudmålet til Klima- og skoginitiativet er å medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ei meir berekraftig utvikling. Hovudmålet er delt inn i to delmål: (i) å medverke til berekraftig skog- og arealforvaltning i utviklingsland og (ii) å medverke til redusert press på tropiske skogareal frå globale marknader. Delmål (i) blir målt på nasjonalt nivå eller delstatsnivå i prioriterte land, medan delmål (ii) blir målt både i særskilde geografiar og globalt. Noreg, gjennom Klima- og skoginitiativet, vil sjølvsagt ikkje kunne oppnå desse globale måla aleine. Gjennom målretta og strategisk innsats skal initiativet medverke til at verda skal kunne nå måla. Innsats som mest effektivt medverkar til kostnadseffektive og målbare utsleppsreduksjonar, er prioritert.

Strategien til Klima- og skoginitiativet er laga ut frå at det til sjuande og sist er betre arealpolitikk i skoglanda som vil gjere det mogleg å redusere avskoginga. Dette skjer på nasjonalt nivå gjennom vedteken og gjennomført politikk i skoglanda. Difor har Klima- og skoginitiativet bilaterale samarbeidsavtalar med viktige skogland der det er politisk vilje til å bevare skogen, og der det er potensial for utsleppskutt. Styrkte rettar og betre levekår for urfolk er ein del av ein berekraftig arealpolitikk i landa. Det globale samfunnet kan leggje til rette for landa gjennom å skape effektive internasjonale insentiv for redusert avskoging, mellom anna gjennom karbonmarknader og internasjonal finansiering og krav til berekraftig handel med råvarer kopla til risiko for avskoging.

Indonesia og Noreg har hausten 2022 inngått eit nytt skogpartnarskap. Indonesia har hatt ein betydeleg nedgang i avskoging sidan 2015, frå eit nivå på 1,22 mill. ha avskoging på det høgaste til dei seinaste skogtala som viser avskoging på 115 500 ha i 2020. Noreg har no forplikta seg til å betale for ein del av desse. Indonesia har levert eit betydeleg bidrag til klimainnsatsen i verda, og Noreg vil støtte dette viktige arbeidet. I Kongobassenget har Gabon sett seg mål om å ta vare på heile 98 pst. av skogen sin. Gabon er eit av dei mest skogdekte landa i verda, med 88 pst. av landmassen dekt av skog. I 2020 kunne Gabon vise til 5 mill. tonn reduserte utslepp frå skogen, og i 2021 betalte Noreg 148 mill. kroner for 3,4 mill. av desse, den første utbetalinga for resultat på nasjonalt nivå til eit land i Afrika. Brasil var lenge ei suksesshistorie og kunne vise til utsleppsreduksjonar på fleire milliardar tonn reduserte utslepp fram mot 2015. Noreg støtta innsatsen. Da Bolsonaro vart sett inn som president i 2019, endra forholda for skogsamarbeidet seg. Bolsonaro-regjeringa har redusert sin innsats mot avskoging og for urfolks rettar betydeleg. Noreg har, saman med EU, Tyskland, Storbritannia, USA og Frankrike, uttrykt tydeleg uro over utviklinga i Brasil.

Å skape ein berekraftig arealpolitikk er svært utfordrande, og det blir vanskelegare av at dei globale råvaremarknadene framleis spør etter produkt som er knytte til avskoging. Rundt ein fjerdedel av globale klimagassutslepp kjem frå jordbruk, skog og annan arealbruk, med konvertering av skog til jordbruksland som viktigaste årsak. Etterspurnaden etter råvarer som storfekjøtt, soya, palmeolje, tømmer, papirmasse og kakao har auka, driven av at verdsbefolkninga blir større og stadig rikare. Auka etterspurnad etter mat og andre råvarer kan i stor grad møtast med meir effektiv arealbruk. Dette må skje gjennom politiske reformer i skoglanda. I tillegg må produsentar, næringsmiddelselskap og forbrukarar ansvarleggjerast, og investorar, bankar og regulatoriske myndigheiter i større grad inkorporere avskogingsrisiko i rammeverka og avgjerdene sine.

Mykje av avskoginga som skjer er ulovleg, og handel med ulovlege råvarer aukar presset på skogen. Ein sentral del av innsatsen til Klima- og skoginitiativet rettar seg mot skogkriminalitet. Ein føresetnad for innsatsen til styresmaktene på nasjonalt nivå, og næringslivet i marknaden, er tilgang til data om kvar og korleis skogen forsvinn. Difor satsar Klima- og skoginitiativet på å betre tilgangen til data om skogen og aktørane som direkte eller indirekte øydelegg han.

Som oppfølging av Hurdalsplattforma gjennomfører Klima- og miljødepartementet ein prosess for å fornye Klima- og skoginitiativet ved å kritisk gjennomgå situasjonen i inneverande mottakarland, og behovet for støtte til vern av skog i nye land. Prosessen tek utgangspunkt i det gjeldande strategiske rammeverket for initiativet. Det blir gjort ein gjennomgang av innsatsen i samarbeidslanda, og eventuelle andre justeringar av strategien vil vurderast.

Ein meir utførleg omtale av måla, strategien og endringsteorien til Klima- og skoginitiativet finst i Prop. 1 S (2019–2020) for Klima- og miljødepartementet.

Prioriteringar

Under klimatoppmøtet i Glasgow i desember 2021 fekk naturen og skogen ei meir framståande rolle enn tidlegare. 142 land kom saman i Glasgow-erklæringa med mål om å stanse og reversere tap av tropisk skog innan 2030. På papiret er dette eit gjennombrot, men det må følgjast opp av ambisiøs politikk, samarbeid og finansiering. På toppmøtet lovde offentlege gjevarar til saman 12 mrd. dollar til skog dei neste fem åra, inkludert betydeleg auka finansiell støtte til urfolk. Fleire gjevarar er no større enn Noreg også på skog, mellom anna Tyskland og Storbritannia.

Privat finansiering har potensial til å bli viktigare enn bistand. I 2021 annonserte Noreg, USA og Storbritannia, saman med store selskap som Amazon, Unilever og Nestlé, LEAF-koalisjonen. Koalisjonen ga eit samla løfte om minst 1 mrd. dollar til betaling for utsleppsreduksjonar frå skog i utviklingsland i perioden 2022–2026. Utover å krevje ein høg standard for utsleppsreduksjonar, krev LEAF at kjøparane betaler for utsleppsreduksjonar som kjem i tillegg til betydelege kutt i eigne utslepp i tråd med vitskapen («science based targets»). Over 30 land og jurisdiksjonar sende inn prospekt for å inngå avtalar med LEAF i 2021, og fleire har kome til i 2022. Dei første fem intensjonsavtalane vart inngått i 2021.

Noreg har støtta etableringa av miljøorganisasjonen Emergent, som er administrator for LEAF-koalisjonen, og som skal hjelpe skogland med å få betalt for utsleppsreduksjonar med høg integritet (i tråd med standarden ART/TREES). For transaksjonar gjennom Emergent gjev Noreg ein prisgaranti til skoglanda ved sal av utsleppsreduksjonar målt i tonn CO2. Det inneber at Noreg kjøper tonna av skogland dersom ikkje private selskap byr ein høgare pris. Norske forpliktingar som blir frigjevne når landa sel til private selskap i staden for til Noreg, kan dermed brukast til å garantere ein ny kjøpsavtale eller til å betale for tonn utover dei som blir selde til private kjøparar. Oppsettet inneber ei juridisk forplikting om betaling for tonn – dersom dei blir leverte og Noregs prisgaranti blir brukt. Dette er innarbeidd i tilsegnsfullmakta på posten, i Klima- og miljødepartementets romartalsvedtak VI.

På klimatoppmøtet i Glasgow i desember 2021 kom ti av dei største forhandlarane av råvarer som driv avskoging med løfte om berekraftige forsyningskjeder, og det kom løfte om avskogingsfrie investeringsporteføljar frå leiande investorar. Slike frivillige forpliktingar, og press frå industrien om like konkurransevilkår, har gjort det politisk mogleg å vedta reguleringar. I EU og Storbritannia er det no forslag til reguleringar som skal forhindre sal av råvarer og produkt som er kopla til avskoging. Desse reguleringane vil kunne gjere det meir attraktivt å produsere avskogingsfrie råvarer. Noreg har støtta verktøy for å få gode data for avskogingsrisiko i verdikjeder, som vil vere avgjerande for å kunne gjennomføre både frivillige forpliktingar og reguleringar mot avskoging i råvaremarknader.

Tilgang til data om skogen, slik som kvar og kvifor han blir øydelagd, er ein føresetnad for at skoglanda skal kunne målrette innsatsen sin, og for å stille dei som står bak til ansvar. Store delar av den globale avskoginga er ulovleg. Auka transparens kan endre den politiske viljen til å ta tak i dette. Også lovleg avskoging kan reduserast dersom forbrukarar blir klare over kva produktet dei kjøper har medverka til. Klima- og skoginitiativet har vore ein leiande aktør i å etablere ein infrastruktur for offentleg tilgjengelege data om skogen. I dag er høgoppløyselege satellittbilete av den tropiske skogen gratis og offentleg tilgjengelege for verda. Skogland, organisasjonar og privat næringsliv får støtte og verktøy for å bruke dataa. Sjå omtale av den samla innsatsen for auka transparens i rapporteringa for 2021.

Støtte til sivilsamfunnsaktørar er ein sentral del av Klima- og skoginitiativets innsats. Sivilsamfunnsorganisasjonar fungerer som «vaktbikkje», som kunnskapsprodusentar og -formidlarar, og aukar forankring på tvers av politiske skiljelinjer og regjeringar. Klima- og skoginitiativet har ein portefølje med støtte til rundt 40 sivilsamfunnsprogram globalt, som blir ført vidare i 2023. Prioriterte innsatsområde er urfolk og lokalsamfunn, avskogingsfrie forsyningskjeder og finansmarknader, innsats mot skogkriminalitet og auka transparens, i tillegg til høgare klimaambisjonar og skogvennleg arealpolitikk.

Risiko

Skogbevaring er heilt sentralt for å redusere risiko for klimaendringar med alvorlege konsekvensar for menneskeslekta. Risiko knytt til skogbevaring er størst ved å ikkje gjere noko. Risikoen som ligg i sjølve innsatsen, er i stor grad den same som han har vore i dei 14 første åra til initiativet. Dette inkluderer mellom anna låg kapasitet hos styresmakter i skogland, skiftande politisk vilje i skogland, korrupsjon, sterke økonomiske særinteresser i industriar som driv avskoging, marknadssvikt og fattigdom. Politiske skifte vil også framover kunne føre til forseinkingar eller endra strategi i samarbeida og korleis dei er innretta. Globalt er marknadskreftene som driv avskoging enorme. Sjølv om skoglanda skulle lykkast med å rasjonalisere arealforvaltninga, er presset på skogen sterkt. Å stanse tropisk avskoging vil ei betydeleg endring i det globale matsystemet.

Alle skoglanda som Klima- og skoginitiativet samarbeider med har utfordringar når det gjeld styresett. Fleire av satsingane inneber òg betydeleg risiko for økonomisk misleghald. Risikovurderingar og risikohandtering er difor ein sentral del av alle innsatsane til initiativet. Grundig kvalitetssikring før inngåing av tilskotsavtalar er eitt sentralt element i dette arbeidet. Som for alle bistandsprosjekt er nulltoleranseprinsippet lagt til grunn for økonomisk misleghald, sjå nærmare i omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Utanriksdepartementet.

I 2023 vil den globale matkrisa gjere arbeidet med å bevare skog ekstra utfordrande. Auka fattigdom og høgare mat- og råvareprisar legg ekstra press på skogen. Dette kjem i tillegg til det som framleis er ein krevjande situasjon etter covid-19-pandemien. Den bilaterale, politiske dialogen er svekt med fleire land fordi ein ikkje har kunna møte kvarandre fysisk sidan starten av 2020. Dette aukar risikoen for komplikasjonar, og gjer det i nokre tilfelle vanskelegare å finne gode løysingar som begge partar kan einast om. Pandemien og den økonomiske krisa har gjort arbeid mot avskoging utfordrande for skoglanda, både finansielt og praktisk. I 2022 har det blitt opna for å reise igjen, men ein opplever enda forseinkingar etter pandemien.

Kortliva klimaforureiningar

Noreg har i fleire år prioritert kunnskapsutvikling og internasjonalt engasjement for å redusere utslepp som gjev klimaeffekt på kort sikt, og som gjev tilleggseffektar som betre helse og auka matproduksjon. Arbeidet blir konsentrert om å redusere kortliva klimadrivarar som metan, svart karbon (BC) og nokre hydrofluorkarbon (HFK). Desse har relativt kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2, og reduksjon kan difor gje rask klimaeffekt og bremse farten på oppvarminga. Dette vil vere viktig for land som er særleg sårbare for konsekvensane av klimaendringane. Sidan ein del av tiltaka for å redusere desse utsleppa òg har ei rekkje andre fordelar, som betre luftkvalitet, helse og jordbruksproduktivitet, kan vi redusere skadeverknadene av klimaendringane og samstundes medverke til å nå fleire av berekraftsmåla.

Miljødirektoratet har sidan 2013 gjort fleire utgreiingar og medverka til viktig metodeutvikling nasjonalt og internasjonalt. Våren 2020 publiserte direktoratet ein rapport om klimaeffekt på kort sikt og tilleggsgevinstar av tiltaka som vart greidde ut i Klimakur 2030.

Noreg arbeider internasjonalt for å redusere utsleppa av kortliva klimaforureiningar både gjennom Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC) og Arktisk råd.

CCAC jobbar for å redusere utslepp av kortliva klimadrivarar globalt. Koalisjonen vart oppretta i 2012 og har no over 150 land og organisasjonar som medlemmer. Noreg har sete i styringskomiteen mellom 2014 og 2020. Noreg har vore særleg engasjert i å utvikle metodar for å vurdere tiltak som gjev klimaeffekt, både på kort og på lang sikt, og helsegevinstar.

Hausten 2021 slutta Noreg seg også til Global Methane Pledge. CCAC har her fått ei rolle som hovudpartnar for gjennomføring. Noreg bidreg i arbeidet til Global Methane Pledge for å redusere dei globale metanutsleppa med 30 pst. samanlikna med 2020-nivået innan 2030. Noreg har mellom anna slutta seg til underinitiativet Global Methane Pledge Energy Pathway som arbeider med å redusere metanutslepp frå olje- og gassektoren. Noreg har også tatt leiarskap i CCAC sitt sektorarbeid innan olje- og gass.

Utanriksministermøtet under Arktisk råd vedtok i 2017 eit kollektivt mål om å redusere dei samla utsleppa av svart karbon (sot) med mellom 25 og 33 pst. innan 2025 samanlikna med 2013. Det felles målet er ikkje juridisk bindande. Svart karbon har ein særskilt oppvarmande effekt når det blir sleppt ut i nærleiken av dei arktiske områda, sidan partiklane legg seg på is og snø og hindrar at solstrålane blir reflekterte tilbake til atmosfæren. Dei arktiske landa står for 10 pst. av dei globale utsleppa av svart karbon, men medverkar til 30 pst. av oppvarmingseffekten i Arktis. Arktisk råd samanstiller regelmessig tilgjengeleg kunnskap om utslepp og effektar og gjennomfører ei rekkje konkrete pilotprosjekt for å redusere kortliva klimadrivarar. Noreg har teke i bruk mange verkemiddel som reduserer eigne utslepp av svart karbon, men denne utfordringa må framleis handterast regionalt. Noreg har hatt ei pådrivarrolle for å få landa med størst utslepp med på eit kollektivt mål for reduksjon av svart karbon og vil vurdere korleis det er mest tenleg å føre vidare dette arbeidet under den norske leiarskapen i Arktisk råd i 2023–2025.

I oktober 2016 vart det vedteke å fase ned produksjon og forbruk av hydrofluorkarbon (HFK) under Montrealprotokollen (Kigali-endringane). HFK-gassar blir nytta som erstatning for fleire av dei ozonreduserande gassane og er sterke klimagassar. Dei fleste HFK-gassane har kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2. Endringane gjeld frå 2019. Noreg ratifiserte Kigali-endringane i september 2017, og revidert norsk produktforskrift tok til å gjelde i desember 2018. For å oppfylle Noregs skyldnader vart eit system for lisensiering av import innført i 2019. Noreg arbeider bilateralt med India for å redusere utsleppa av HFK der.

Nærmare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2023 er på 3,2 mrd. kroner. Dette er ein nedgang på om lag 3,5 mill. kroner eller om lag 0,1 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2022.

Overslaget overinntekter frå kvotesal er sett til om lag 2,6 mrd. kroner. Budsjettmidlar knytte til Parisavtalen og kortliva klimaforureiningar er omtalte under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

1481

Klimakvotar

181 396

102 611

87 649

-14,6

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

3 011 269

3 081 854

3 078 387

-0,1

Sum kategori 12.70

3 192 665

3 184 465

3 166 036

-0,6

Kap. 1481 Klimakvotar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter, kan overførast

390

2 611

2 649

22

Internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar, kan overførast

180 828

100 000

85 000

23

Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast1

178

Sum kap. 1481

181 396

102 611

87 649

1 ordninga er avvikla

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar utgifter til kjøp av eksterne tenester som kommersiell og juridisk rådgjeving og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med kjøp og eventuelt sal av utsleppsreduksjonar/kvotar. Det blir foreslått ei løyving på om lag 2,6 mill. kroner på denne posten.

Post 22 Internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar, kan overførast

Posten omfattar utgifter til utvikling av nye kvoteprogram under Parisavtalen og kjøp av klimakvotar og andre utsleppsreduksjonar.

Klima- og miljødepartementet foreslår at det blir løyvd 85 mill. kroner til utvikling av nye program under artikkel 6 i Parisavtalen og til betaling for kvotar og andre utsleppsreduksjonar som blir leverte i 2023. Overslaget inkluderer mellom anna utbetalingar til fond under Verdsbanken (TCAF og CPF), GGGI og utbetalingar knytte til programutvikling for perioden etter 2022. Forvaltningskostnadene til TCAF og CPF blir også førte på denne posten. Posten omfattar òg bidrag til norsk deltaking i Partnership for Market Implementation, jf. omtale i Prop. 21 S (2019–2020).

I 2019 gav Klima- og miljødepartementet øyremerkte midlar til Global Green Growth Institute (GGGI) for å identifisere og utvikle program i utviklingsland som i sin tur kan gje grunnlag for kjøp av utsleppsreduksjonar i perioden 2023–2030. Programmet er no gjennom første fase, og departementet har inngått intensjonsavtale med Indonesia, Marokko, Senegal og Vietnam. For å sikre at GGGI har tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å utvikle gode sektor- og policyprogram under Artikkel 6 i åra framover, blir det foreslått ei årleg løyving på 8 mill. kroner i kjernestøtte til GGGI i perioden i 2021–2023 som blir dekt over kapittel 1481, post 22, jf. omtale i Prop. 195 S (2020–2021). Ytterlegare omtale av arbeidet til GGGI finst under Post 73 Klima- og skogsatsinga.

I gjennomføringa av statens kvotekjøpsprogram vart det lagt vekt på at Noreg skal overhalde dei internasjonale forpliktingane sine under Kyotoprotokollen (2013–2020). Noreg vil ha eit monaleg overskot av kvotar, drygt 30 mill. kvotar. Det blir bede om løyve til å kunne selje overskotskvotane til land for oppfylling av forpliktinga deira under Kyotoprotokollen.

Ved utgangen av august 2022 forvalta Klima- og miljødepartementet avtalar om levering av til saman 54 mill. kvotar (tonn CO2-ekvivalentar). Dei aller fleste kvotane er leverte, men det står att nokre aktive avtalar under mellom anna CPF i Verdsbanken. I tillegg til avtalar som er inngått for levering i perioden 2013–2020, vart det overført om lag 3 mill. kvotar som ikkje vart nytta i den første Kyoto-perioden (2008–2012). Ved utgangen av august 2022 stod det om lag 41 mill. kvotar på statens konto i det internasjonale kvoteregisteret.

Langsiktige avtalar om kjøp av utsleppsreduksjonar blir inngått etter fullmakter gjevne av Stortinget. I samsvar med innarbeidd praksis ber Klima- og miljødepartementet om at fullmakta blir fornya, slik at ho dekkjer framtidige skyldnader. Det kan vere ønskjeleg å supplere TCAF og GGGI med utprøving av samarbeid gjennom andre kanalar, til dømes bilateralt samarbeid eller samarbeid gjennom andre institusjonar. Dette vil kunne styrkje arbeidet med å utvikle program i utviklingsland og medverke til at vi kan dekkje eit behov for utsleppsreduksjonar når Noreg skal bli klimanøytralt frå og med 2030. På denne bakgrunnen ber departementet om ei fullmakt på 1 150 mill. kroner for å dekkje utbetalingar som følgjer i åra etter 2023. I tillegg til avtalar knytte til TCAF, kjernestøtte til GGGI og nye samarbeidsavtalar om utsleppsreduksjonar etter 2022 vil denne ramma òg omfatte betalingar som knyter seg til avtalar som vil gje utbetalingar i 2024 og seinare år, jf. forslag til romartalsvedtak IV.

Rapport 2021

Til saman i den andre Kyoto-perioden (2013–2020) har Klima- og miljødepartementet inngått 17 bilaterale avtalar om levering av nær 21 mill. kvotar frå 24 prosjekt i utviklingsland. Dei fleste bilaterale prosjekt vart avslutta i 2021. Så langt er i underkant av 13 mill. kvotar leverte frå desse prosjekta.

I perioden 2013–2020 vart det òg inngått avtalar gjennom fond i Verdsbanken (Carbon Partnership Facility) og NEFCO (NEFCO Carbon Fund og Norwegian Carbon Procurement Facility) med forventa levering av 25 mill. kvotar. I 2021 vart det levert om lag 2 mill. kvotar frå desse fonda. Fonda har levert om lag 24 mill. kvotar sidan 2014. CPF vil halde fram med å levere eit mindre tal på kvotar til og med 2023, når Kyoto-rekneskapen skal gjerast opp. Ei meir detaljert oversikt over inngåtte avtalar ligg på www.carbonneutralnorway.no og på heimesidene til Klima- og miljødepartementet.

Kap. 4481 Sal av klimakvotar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Salsinntekter

1 858 244

1 642 921

2 594 562

Sum kap. 4481

1 858 244

1 642 921

2 594 562

Post 01 Salsinntekter

EUs reviderte kvotedirektiv, med underordna rettsakter, vart innlemma i EØS-avtalen i juli 2012. Reglane er harmoniserte på EU-nivå, og kvotar som ikkje blir tildelte gratis, skal seljast i den europeiske marknaden. Kommisjonen har fordelt mengda av kvotar som skal seljast, etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Noregs del av totalt salsvolum er om lag 0,87 pst.

Å gjere kvotar tilgjengelege i marknaden gjennom auksjonar er eit sentralt element i EU ETS, og frå 2013 skal salet av klimakvotar skje på ei felleseuropeisk auksjonsplattform, for tida energibørsen European Energy Exchange (EEX) i Leipzig.

Basert på kvoteprisen i marknaden sommaren 2022 er inntekta frå sal av klimakvotane berekna til om lag 2,6 mrd. kroner. Kvoteprisen har auka mykje det siste året, men prisane kan svinge sterkt i denne marknaden, og overslaget er difor usikkert.

Kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

94 252

100 311

101 540

73

Klima- og skogsatsinga, kan overførast

2 917 017

2 981 543

2 976 847

Sum kap. 1482

3 011 269

3 081 854

3 078 387

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsmidlane knytte til Klima- og skoginitiativet. Posten dekkjer alle driftskostnader til satsinga, under dette lønn, administrasjon, reiseutgifter, informasjonsverksemd, evalueringar m.m. i Klima- og miljødepartementet, Utanriksdepartementet (med ambassadane) og Norad. I tillegg dekkjer løyvinga kjøp av varer og tenester knytte til drift, slik som utgreiingar, konsulenttenester, seminar og internasjonale møte m.m.

For 2023 er det foreslått ei løyving på 101,5 mill. kroner på posten. Det er lagt inn omlag 1,4 mill. kroner til å dekkje kostnadene ved lønnsoppgjeret i staten i 2022. I medhald av OECD/DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 01, er godkjend som utviklingshjelp.

Klima- og skoginitiativet er eit internasjonalt nybrotsarbeid. Å drive dette arbeidet framover er krevjande, både politisk og fagleg. Tilgang på variert og høg kompetanse og kapasitet gjennom målretta bruk av eksterne fagmiljø er avgjerande for å lykkast. Dette gjeld både for å drive det globale arbeidet med løysingsutvikling og klimapolitisk konsensusbygging vidare, og for å kunne støtte arbeid som partnarland gjer med å utvikle og implementere klima- og skogstrategiane sine.

Rapport 2021

Kap. 1482 post 01 har blitt nytta til lønns- og driftsutgifter for Klima- og skoginitiativet. Midlane dekkjer lønns-, drifts- og reiseutgifter til satsinga i Klima- og miljødepartementet, Norad og ved norske utanriksstasjonar som forvaltar midlar for Klima- og skoginitiativet. Ein stor del av personellressursane i initiativet har vore nytta til å følgje opp dei bilaterale samarbeida og internasjonale prosessar som medverkar til å nå måla om utsleppsreduksjonar frå skog i utviklingsland.

Klima- og skoginitiativet har som mål å medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og meir berekraftig utvikling. Å nå målet krev kompetanse og deltaking i prosessar som ikkje kan dekkjast av norsk forvaltning aleine. Klima- og miljødepartementet har ei rammeavtale for konsulenttenester som gjev tilgang til kompetanse og kapasitet som departementet ikkje kan dekkje. Dette medverkar til auka måloppnåing for Klima- og skoginitiativet.

Klima- og skoginitiativet samarbeider med ei rekkje partnarland og organisasjonar internasjonalt. Dette inneber å delta på- og å arrangere internasjonale møte og konferansar, og å medverke i prosessar for å etablere internasjonalt samarbeid, ofte med fleire aktørar. Denne delen av drifta har blir redusert i 2021 som følgje av covid-19-pandemien. Midlar på posten har vore brukte til å dekkje utgifter knytte til konsensusbygging, utvikling av analysar og løysingar m.m. Midlar har òg vore brukte til å innhente eksterne vurderingar av framdrifts- og utsleppsrapportar frå partnarland og til evalueringar av tilskotet.

Post 73 Klima- og skogsatsinga, kan overførast

For 2023 er det foreslått løyvd 2 976,9 mill. kroner på posten. Posten er redusert litt i 2023 for å gjere rom for andre prioriteringar på bistandsbudsjettet. Klima- og skoginitiativet har sidan lanseringa i 2007 inngått ei rekkje samarbeid og partnarskap, i hovudsak med sentrale tropiske skogland, der hovudvekta av finansieringa er sett av til å betale for verifiserte, reduserte utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden. Utbetalingane på posten blir tilpassa budsjettramma.

Det er fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt på 1 706 mill. kroner på posten, sjå romartalsvedtak VI. Klima- og skoginitiativet inngår langsiktige avtalar om betaling for resultat i skoglanda. Partnarskapane til Klima- og skoginitiativet inneber fleire juridiske forpliktingar om fleirårige utbetalingar. Skyldnader blir utløyste når partnarlandet leverer resultat som avtalt i form av verifiserte utsleppsreduksjonar eller når milestolpar i reformer for betra skogforvaltning og redusert avskoging. Fullmakta dekkjer òg Klima- og skoginitiativets juridiske forpliktingar til betalingsmekanismen Emergent for utsleppsreduksjonar frå skog, avtalar med organisasjonar som inneber utbetalingsforpliktingar over fleire år, og kontrakt om innkjøp av høgoppløyselege satellittbilete som inneber økonomisk forplikting i fleire år. Av fullmakta er 100 mill. kroner knytte til resten av Klima- og miljødepartementets del av den fireårige lovnaden (2020–2023) om norsk bidrag til Det grøne klimafondet (GCF).

I medhald av OECD/DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 73, er godkjend som utviklingshjelp.

Mål

Hovudmål for tilskotet er at det skal medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gjev eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og meir berekraftig utvikling. Under hovudmålet er det to delmål:

  • 1. å medverke til berekraftig arealforvaltning av tropisk skog i utviklingsland

  • 2. å medverke til redusert press på skogen frå globale marknader

Desse måla skal vere styrande for ressursbruk og prioriteringar og for vedtak om støtte frå posten.

Tildelingskriterium

Tilskotet dekkjer tre kategoriar av tiltak: betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, finansiering av program- og prosjektporteføljar, og fondsoppbygging. I tillegg skal tilskotet vere med på å utvikle og å spreie kunnskap som medverkar til å nå måla til Klima- og skoginitiativet. Nedanfor er det gjort greie for kriteria for utbetaling av tilskot i kvar kategori.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar

Det er eit hovudmål for Klima- og skoginitiativet å medverke til reduksjon av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Kriteria for å utløyse tilskotsmidlar er verifiserte reduksjonar av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. I tråd med Stortingets føringar er det eit mål å auke delen av tilskotet som blir utbetalt for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Slike utbetalingar er avhengige av effektive og robuste system for å måle og verifisere resultat, og storleiken på utbetalinga må stå i eit rimeleg forhold til det oppnådde resultatet. Blir det ikkje levert dokumentasjon på reduserte utslepp eller auka klimagassopptak i skog, skal midlane ikkje utbetalast.

Finansiering av program- og prosjektporteføljar

For å nå målet om redusert og reversert tap av tropisk skog er det i mange land behov for førebuande innsats for å starte dei nødvendige prosessane, etablere strategiar og arenaer og støtte program for omlegging til nye forretningsmodellar og produksjonsmetodar i landbruk. Eit godt forvaltningsregime er ein føresetnad for å få resultat av satsinga og sikre framdrift i arbeidet. Klima- og skoginitiativet vil difor føre vidare arbeidet med å styrkje gjennomføringstakta og hindre forseinkingar ved å medverke til reformer og institusjonsbygging i mottakarlanda. Dette vil òg møte forventningar og behov i mottakarlanda og styrkje moglegheiter landa har til varig betra skogforvaltning.

Styresmakter, organisasjonar, næringslivsaktørar og andre aktørar som kan medverke til reformprosessar og til å nå måla til Klima- og skoginitiativet, kan få tilskot frå posten.

Midlane skal nyttast til prosjekt eller program som fremjar institusjonsbygging, planprosessar, kartleggingsarbeid, kompetansebygging, kunnskapsutvikling eller liknande som medverkar til å nå måla for tilskotsposten. Midlar kan nyttast til tiltak som fremjar samarbeid med privat sektor, og som styrkjer insentiva for privat sektor til å investere i berekraftig og avskogingsfri produksjon av råvarer. Det kan mellom anna gjevast tilskot til private aktørar for å direkte redusere risikoen for investorar knytt til investeringar i avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon. Sjå romartalsvedtak knytt til posten for unntak frå økonomireglementet i visse tilfelle.

For øyremerkte tilskot til utviklingsretta aktivitetar i regi av FN kan opptil 1 pst. av bidraget brukast til å finansiere FNs stadlege koordinatorsystem (jf. FN-res. 72/279 vedteken i 2019).

Fondsoppbygging for framtidige utbetalingar for verifiserte utsleppsreduksjonar

Varig skogbevaring i utviklingsland krev store investeringar for berekraftig utvikling. Tilgang til føreseieleg finansiering av REDD+-investeringar er dermed ein føresetnad for å nå måla til Klima- og skoginitiativet. Det kan difor utbetalast midlar frå posten til multilaterale satsingar for framtidig betaling for utsleppsreduksjonar, til dømes Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) i Verdsbanken. I tråd med romartalsvedtak IX kan det òg betalast til finansieringsmekanismen Emergent for vidare betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar frå tropisk skog i tråd med måla for Klima- og skoginitiativet.

Fondsoppbygging gjennom multilaterale satsingar skal vurderast separat for kvart enkelt tilfelle og berre når følgjande kriterium er oppfylte:

  • Betaling for resultat. Fondsoppbygging bør avgrensast til initiativ der Noreg medverkar til å byggje opp fond med eksplisitt formål å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog.

  • Utfall av forhandlingar. Nye unntak skal berre vurderast for initiativ der Noreg må ta omsyn til ein eller fleire andre store bidragsytarar og/eller praksis og behov hos multilaterale samarbeidspartnarar. Noreg skal i forhandlingar først ha prøvd å få gjennomslag for at midlane blir utbetalte til fondet etter at utsleppsreduksjonane er oppnådde.

  • Forsvarleg forvaltning. Det må etablerast juridiske rammeverk og styringsstruktur knytte til fonda som sikrar god forvaltning av midlane. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar, skal Noreg prøve å etablere felles forvaltningskrav som sikrar effektiv forvaltning.

Utvikle og spreie kunnskap om måla til Klima- og skoginitiativet

Global oppslutning er ein premiss for å nå måla til Klima- og skoginitiativet. For å medverke til dette blir det støtta tiltak for å utvikle og spreie kunnskap som er relevant for målsetjingane til Klima- og skoginitiativet slik dei er beskrivne over. Det kan søkjast om tilskotsmidlar til kunnskapsformidling retta mot endringsaktørar og premissleverandørar globalt eller nasjonalt, mot marknadsaktørar og mot befolkning i skogland, gjevarland eller globalt. Tiltak med mål om å formidle kunnskap kan få tilskot. Opplæring og kunnskapsproduksjon kan inngå som ein del av prosjektet.

Oppfølging og kontroll

For kvar utbetaling skal det rapporterast på oppnådde resultat i samsvar med dei inngåtte avtalane og måla med tilskotet. Tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar skjer etterskotsvis. Utbetalingane vil skje til fond, der fondsforvaltaren er tilskotsmottakar. På visse vilkår vil utbetalingane kunne skje til nasjonale eller subnasjonale myndigheiter, sjå nedanfor. I visse høve vil det vere ønskjeleg å betale ein viss del vidare frå eit fond på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. Ved delegert samarbeid om betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar kan forvaltninga delegerast til ein annan donor. Klima- og miljødepartementets oppfølging av midlane blir da teken vare på gjennom avtalen mellom Noreg og den forvaltninga er delegert til. Eit døme på eit slikt delegert samarbeid er REDD Early Movers (REM)-samarbeidet med det tyske KfW. For tilskot til FN-organisasjonar skal regelverket i den enkelte organisasjonen leggjast til grunn for oppfølgings- og kontrolltiltak.

Avtalar om utbetalingar til fond bør gje høve til kontroll og tilbakebetaling av tilskotet innanfor eit rimeleg tidsrom dersom det ikkje er forvalta i tråd med intensjonen. Ved utbetalingar til fond, og til nasjonale eller subnasjonale styresmakter, må det avtalast at fondet berre kan bruke norske midlar på tiltak som er godkjende som offisiell bistand (ODA). I tillegg skal avtalane slå fast at tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar i dei vidare utbetalingane til ODA-godkjende aktivitetar, og at det blir rapportert eller offentleggjort informasjon om oppnådde resultat. Avtalane skal vidare medverke til måla til Klima- og skoginitiativet om reduserte klimagassutslepp, biologisk mangfald og berekraftig utvikling.

Som omtalt i revidert nasjonalbudsjett for 2022 kan etterskotsvis betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar vurderast gjort direkte til nasjonale eller subnasjonale styresmakter i dei tilfella der regelverket, systemet og kapasiteten landet har for handtering og rapportering på mottekne midlar, er tilstrekkeleg solide til å sikre god forvaltning. I dei tilfelle eit lands styresmakter vurderast å kunne sikre god forvaltning, vil styresmaktene kunne rapportere på utbetalingane basert på den finansforvaltninga og den budsjett- og rekneskapsrapporteringa landet har. Kriteria for når denne modellen kan nyttast, skal fastsetjast i ordningsregelverket for tilskotsposten. Dei skal stille krav til at alle økonomiske mislegheiter blir følgde opp og sanksjonerte, og at det er openheit om korleis pengane blir brukte.

Rapport 2021

Meir informasjon om innsatsen under Klima- og skoginitiativet finst på www.nicfi.no.

Måla til Klima- og skoginitiativet er at redusert og reversert tap av tropisk skog medverkar til eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og meir berekraftig utvikling. Under hovudmålet er det to delmål: (i) berekraftig arealforvaltning av tropisk skog i utviklingsland og (ii) redusert press på skogen frå globale marknader. Klima- og skoginitiativet utvikla i 2019 eit strategisk rammeverk for innsatsen som viser samanhengen mellom desse måla og set resultatmål som styrer innsatsen til initiativet, sjå figur 7.1.

Figur 7.1 Det strategiske rammeverket til Klima- og skoginitiativet

Figur 7.1 Det strategiske rammeverket til Klima- og skoginitiativet

  • Rapporten for Klima- og skoginitiativet for 2021 er strukturert etter rammeverket:

  • Rapportdel 1: Resultat opp mot det overordna målet om redusert og reversert tap av tropisk skog

  • Rapportdel 2: Gjennomgang av resultat i land der initiativet har eit bilateralt samarbeid om redusert avskoging

  • Rapportdel 3: Rapportering på resultat i samsvar med resultatmåla, det nedste nivået i det strategiske rammeverket

  • Rapportdel 4: Tverrgåande innsats på tvers av resultatmåla i det strategiske rammeverket

Rapportdel 1: Overordna mål om redusert og reversert tap av skog

Trass i ei aukande erkjenning av rolla skogen spelar for eit stabilt klima og bevart naturmangfald, syner Global Forest Watch sine uavhengige analysar av satellittdata at utviklinga går i feil retning. Tropisk avskoging held fram å vere på eit høgt nivå, sjølv om tap av tropisk naturskog gjekk noko ned i 2021 samanlikna med toppåret 2020. Samla sett mista verda 3,75 mill. ha naturskog i 2021. Dette er den skogtypen som har høgast biologisk mangfald og dei største karbonlagra.

Også FNs mat- og jordbruksorganisasjon, FAO, viser at avskoginga held fram. I den femårige rapporten Forest Resource Assessment 2020 blir det slått fast at verda mista 10 mill. ha skog kvart år mellom 2015 og 2020. Det er særleg verdt å merke seg at det etter sterk auke dei siste åra no er Afrika som er verdsdelen med høgast netto avskoging. Ei aukande befolkning og fattigdomsdrive småskalajordbruk fører til meir intensiv bruk av skogen og ekspansjon inn i tidlegare urørt naturskog.

Klima- og skoginitiativet skal medverke til å redusere tapet av tropisk skog, sjå det strategiske rammeverket for initiativet i figur 7.2. Dette skjer gjennom fleire inngangsvinklar (jf. resultatmål i det strategiske rammeverket). I dei landa som har gjort mest framgang i arbeidet med å forvalte areala sine på ein berekraftig måte, betaler Klima- og skoginitiativet land etterskotsvis for dokumenterte reduserte utslepp frå skogen. Ein indikator på måloppnåing for Klima- og skoginitiativet er difor talet på tonn reduserte utslepp initiativet har betalt for. I tillegg støttar Klima- og skoginitiativet innsatsen og investeringane for å redusere utslepp i landa.

Frå Klima- og skoginitiativet starta i 2008, til 2021 har initiativet samla betalt 10 mrd. kroner for 292 mill. tonn reduserte utslepp frå tropisk skog i Brasil, Guyana, Colombia, Ecuador og Gabon. Det gjev utsleppsreduksjonar tilsvarande meir enn seks års utslepp frå Noreg, til ein gjennomsnittleg pris på under 35 kroner per tonn. Noreg har berre betalt for ein brøkdel av dei samla utsleppa landa har gjennomført i perioden, samla utsleppsreduksjonar frå skogen er på over 4 mrd. tonn CO2-ekvivalentar. Den største delen er frå brasiliansk Amazonas for resultat i åra 2007–2017. Reduksjonen her utgjer meir enn 70 gonger årlege norske utslepp. Samstundes har vi mekanismar som inneber at når land sluttar å levere utsleppsreduksjonar, slik tilfellet har vore i Brasil dei siste åra, stoppar betalingane opp òg. Likevel har støtta til reformer i Brasil hatt varig effekt: Trass i tilbakegang under Bolsonaro-regjeringa er avskoginga framleis om lag 40 pst. lågare enn nivået før reformperioden vart innleidd.

Rapportdel 2: Innsats i Klima- og skoginitiativets partnarland

Bakgrunn og utfyllande informasjon om dei enkelte landsamarbeida er å finne på www.nicfi.no.

Indonesia

Indonesia har hatt ein vedvarande og betydeleg nedgang i avskoging sidan 2015, frå eit nivå på 1,22 mill. ha avskoging på det høgaste til dei seinaste skogtala som viser avskoging på 115 500 ha i 2020. Denne trenden har halde fram gjennom 2021 òg. Resultata er betydelege og har global klimarelevans. Indonesia oppdaterte i juli 2021 det nasjonalt fastsette bidraget sitt til klimakonvensjonen. Dei introduserte eit ambisiøst mål om at skog- og landsektoren skal ha netto karbonopptak innan 2030, og at landet skal vere karbonnøytralt seinast innan 2060.

Noreg har sidan 2010 samarbeidd tett med Indonesia gjennom ein bilateral intensjonsavtale om klima og skog. Som ei følgje av oppnådde og innrapporterte resultat stadfesta Noreg i 2020 den første utbetalinga på 530 mill. kroner for 11,2 mill. tonn reduserte CO2-utslepp for skogåret 2016–2017. Noreg jobba gjennom første halvåret i 2021 for å få på plass ein avtale for overføring av resultatutbetalinga. Indonesia valde i september 2021 å seie opp den bilaterale intensjonsavtalen og grunngav det med manglande framdrift for utbetalinga. Styresmaktene understreka likevel at dei nasjonale klimamåla deira ligg fast, og viste til eigne forpliktingar etter Parisavtalen. Noreg prioriterte i 2021 støtte til dei viktigaste reformene for framhald av redusert avskoging, slik som lisensgjennomgangar, lovhandheving og landrettane til urfolk.

Innsatsen til nasjonale institusjonar for å forhindre skogbrannar og beskytte våtmarksområde held fram. På tampen av 2020 fekk det nasjonale torvmyrbyrået (BRGM) også ansvaret for å samordne innsatsen for å rehabilitere øydelagde mangroveområde, og Indonesia har som mål å rehabilitere 600 000 ha innan 2024. BRGMs arbeid i sju provinsar medverka elles til at torvmyrbrannar målte ut frå talet på brannar og storleiken på brende område gjekk ned med høvesvis 60 pst. og 70 pst. I 2021 rapporterte BRGM at om lag 300 000 ha med torvmyr vart restaurerte.

Arbeidet til styresmaktene med å kartleggje områda til urfolk over heile landet, slik at dei kan søkje om å få anerkjent landrettane sine, held fram. I 2021 har eit prosjekt i regi av sivilsamfunnsorganisasjonen Samdhana mellom anna dokumentert fire urfolksområde på til saman 1,8 mill. ha i provinsen Kalimantan Utara. I provinsen Papua Barat er data for to urfolksområde samla inn og er i ferd med å bli validerte av lokalsamfunna, slik at konsesjonssøknad kan sendast Skog- og miljødepartementet. Fire urfolksområde er under såkalla teknisk verifikasjon frå departementet. Arbeid med innsamling av nødvendig dokumentasjon for å søkje om anerkjenning av tre andre urfolksområde har vore i gang gjennom 2021.

Noreg støtta i 2021 Indonesias nasjonale kapasitet til å nyttiggjere seg internasjonale klimafinansieringsstraumar, inkludert løpande bidrag til operasjonalisering av det nasjonale miljøfondet Indonesia Environmental Fund (IEF). IEF vart operativt i 2021 og har på kort tid etablert seg som det sentrale instrumentet til regjeringa for framtidig finansiering av reformene for skog- og arealbruk. IEF har inngått avtalar med Det grøne klimafondet (GCF) og Verdsbanken. Noreg støtta også tiltak for implementering av resultatbaserte provinsprogram i Øst-Kalimantan og Jambi og det lokale arbeidet til provinsstyresmaktene med konsesjonsgjennomgangar, sosial skogforvaltning og grøn jobbskaping i Papua og Vest-Papua.

Noreg heldt i 2021 fram med å støtte fleire tiltak som fremjar avskogingsfrie landbruksprodukt og reduserer avskogingsrisiko ved palmeoljeproduksjon. Eit slikt tiltak er eit forskingsprosjekt som arbeider for å synleggjere korleis Indonesias småbønder konkret og kostnadseffektivt kan utnytte potensialet for auka palmeoljeproduksjon på eksisterande plantasjeareal. Etter tre års implementering, og med støtte frå indonesiske forskingsinstitusjonar og lokale sivilsamfunnsorganisasjonar i seks provinsar, har prosjektet oppnådd 50 pst. produksjonsauke i snitt. Noreg har også støtta gjennomgangar av lisensar for produksjon av palmeolje gjennom lokale partnarar i samarbeid med provinsstyresmakter og antikorrupsjonsbyrået (KPK) på Vest-Papua og Papua. Dette har ført til at ei rekkje konsesjonar som dekkjer store område med intakt skog, og som mangla lovleg lisens, vart kalla tilbake av styresmaktene.

Gjennom Nordic Microfinance Initiative og Norfund bidreg Noreg til at småbønder i provinsen Øst-Kalimantan blir gjevne tilgang til mikrofinans, og fondet &Green investerer i selskap som legg om til berekraftig drift. Noreg heldt også i 2021 fram med å samarbeide med Indonesia og selskap i palmeoljesektoren om avskogingsfrie verdikjeder via den internasjonale Tropical Forest Alliance.

Med norsk finansiering støtta organisasjonane Global Green Growth Institute (GGGI) og World Resources Institute (WRI) i 2021 det indonesiske planleggingsdepartementet (Bappenas) med kapasitetsbygging av lokale styresmakter for å sikre at Low Carbon Development Initiative (LCDI) er godt integrert i subnasjonale planleggingsdokument.

Noreg har i 2021 gjennom Verdsbanken, GGGI og IDH også støtta arbeidet med utvikling av ei ny regulering for karbonskatt, ein nasjonal karbonmarknad, resultatbaserte utbetalingar og insentiv for reduserte klimagassutslepp. IDH har bidrege til Indonesias grøne taksonomi innan grøn finansiering og arbeider med tiltak for å oppnå 100 pst. berekraftige forsyningskjeder for palmeolje, kaffi, tømmer og papir, kakao og krydder.

Covid-19-pandemien ramma Indonesia svært hardt og bidrog gjennom heile 2021 til store forseinkingar. Dei negative effektane på økonomi og helse har vore betydelege. Det er grunn til å tru at det vil ta tid før dei reelle langtidseffektane både for folk og natur avteiknar seg.

Det vart utbetalt 150,5 mill. kroner frå Noreg til innsatsen i Indonesia i 2021. I tillegg støtta Noreg ei rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar med til saman 47,8 mill. kroner gjennom Klima- og skoginitiativets sivilsamfunnsportefølje.

Brasil

Brasil var lenge ei suksesshistorie. Partnarskapen med Noreg frå 2008 medverka til ein reduksjon på nær 80 pst. i avskoginga i Amazonas samanlikna med gjennomsnittet for åra 1996–2005. Dette gav utsleppsreduksjonar på fleire mrd. tonn CO2-ekvivalentar i åra fram mot 2015. Dei politiske forholda for skogsamarbeidet i Brasil endra seg drastisk med innsetjinga av Jair Bolsonaro som president 1. januar 2019. Regjeringa hans har redusert innsatsen sin mot avskoging og for urfolk sine rettar betydeleg. Noreg har, tett koordinert med EU, Tyskland, Storbritannia, USA og Frankrike, uttrykt tydeleg uro over utviklinga i Brasil, og parallelt med diskusjonar med styresmaktene også auka støtta til ikkje-statlege aktørar.

Noreg prioriterte i 2021 dialog med delstatar og støtte til ikkje-statlege aktørar si innsats for urfolk sine rettar og berekraftige forsyningskjeder.

Dialogen med delstatane og delstatsguvernørane vart vidareført og intensivert i 2021. Konsortiet av dei ni Amazonas-guvernørane har peikt seg ut som den beste arenaen for dialog om klima og skogagendaen i Brasil sidan godkjenninga av nye prosjekt i Amazonasfondet vart stansa i 2019. Åtte av dei ni Amazonas-delstatane viste stor interesse for LEAF-koalisjonen (sjå eigen omtale under rapport om effektive internasjonale insentivstrukturar) og skreiv ein Memorandum of Understanding (MoU) med koalisjonen under klimatoppmøtet i Glasgow i 2021.

Amazonasfondet har i 2021 halde fram med å betale ut kontraktsfesta midlar til den eksisterande prosjektporteføljen på om lag 50 prosjekt. Diskusjonar om ei mogleg gjenopning av fondet held fram også i 2021, utan at Brasil så langt har møtt dei krava Noreg stiller til dette.

Noreg har i 2021 ytterlegare styrkt innsatsen for å fremje urfolk sine rettar og sikre berekraftig utvikling i urfolksområde i Amazonas gjennom eit eige urfolksprogram. Programmet støtter direkte og indirekte over 50 urfolksorganisasjonar og frivillige organisasjonar. Dette medverkar til betre styresett i skog- og arealforvaltninga, og vil setje organisasjonane i stand til å på sikt kunne ta imot direkte støtte frå Amazonasfondet og andre finansieringskjelder. I 2021 har Noreg til dømes medverka til å utvikle nye modellar for å finansiere arbeidet til urfolk med å sikre kontroll over territoria sine, mellom anna gjennom skiping av spesielle urfolksfond. Over ein million sider med dokumentasjon om urfolk sine rettar og avgrensingsprosessar er digitaliserte og katalogiserte gjennom prosjektet med IPR og Armazém Memória. Desse dokumenta er no også gjorde tilgjengelege på internett. Arbeidet med å operasjonalisere urfolksfonda Fundo Podaali og Fundo Rio Negro vart fullført i 2021. Fundo Rio Negro har gjennomført godkjenningsprosessar for dei første prosjekta frå lokale urfolksorganisasjonar og begynt å betale ut midlar. I 2021 støtta også Klima- og skoginitiativet Regnskogfondets arbeid med å leggje til rette for berekraftige, inntektsgenererande aktivitetar i verneområde og urfolksområde i Amazonas.

Utan ein landbruksøkonomi som legg til rette for private investeringar i avskogingsfrie forsyningskjeder, vil det truleg bli vanskeleg å nå Brasils klimamål. I 2021 styrkte Noreg satsinga på meir direkte kontakt med enkelte delstatar og private aktørar om utviklinga av ein grøn økonomi. Norskstøtta initiativ som legg vekt på privat-offentleg samarbeid, er og førte vidare. Eitt av desse er det globale initiativet Tropical Forest Alliance (TFA). TFA støttar selskap som har lovd å fjerne tropisk avskoging i eigne forsyningskjeder knytte til viktige globale råvarer, mellom anna soya og kjøtt. Noreg støttar òg sekretariatet til eit nytt initiativ frå ei gruppe progressive investorar med mellom anna Storebrand i spissen, som har innleidd ein policydialog direkte med styresmaktene i Brasil. TFA er saman med det nederlandske berekraftinitiativet IDH særleg aktive i delstaten Mato Grosso. Noreg støttar implementering av berekraftstrategien Produce, Conserve, Include (PCI) i delstaten gjennom IDH og TFA. Mato Grosso kvalifiserte seg tidleg som mogleg mottakar av investeringar frå det norskfinansierte &Green Fund, som investerer i berekraftige forsyningskjeder. I 2021 vart det signert ein låneavtale med selskapet Marfrig, ein av dei største kjøttprodusentane i verda, som krev at selskapet set i verk tiltak for å unngå avskoging i heile forsyningskjeda til selskapet i Amazonas og Cerrado-områda.

Om lag ein tredjedel av Amazonasskogen er privateigd, og landeigarar har ofte lovleg rett til å avskoge (ofte opptil 20 pst. av eigedommen). Noreg held i 2021 fram arbeidet med å støtte det brasilianske sivilsamfunnet, akademia og privat sektor med å utvikle nye tilnærmingar for å implementere den brasilianske skoglova, redusere både lovleg og ulovleg avskoging, og oppnå berekraftige forsyningskjeder. I 2021 støtta til dømes Klima- og skoginitiativet Climate Policy Initiative i Brasil, som arbeider med å forbetre implementeringa styresmaktene gjer av skoglova, til å innføre miljøkriterium for jordbrukssubsidiar og til å gjere infrastrukturutbygging meir berekraftig. Ein avtale med Igarape Institute for å kartleggje og synleggjere miljøkriminalitet i Amazonasbassenget vart vidareført. I 2021 arrangerte Noreg i samarbeid med Igarape dialogmøte med ambassadane landa i Amsterdam Declaration Partnership (ADP) har i Brasilia, for å løfte skogkriminalitetsagendaen. Ein avtale med sivilsamfunnsorganisasjonen Imazon om å forbetre varslinga av avskoging og ulovleg hogst med sikte på å auke effektiviteten i lovhandhevinga vart òg vidareført i 2021.

Det vart i 2021 ikkje utbetalt midlar frå Noreg til Amazonasfondet. Noreg utbetalte til saman 128,7 mill. kroner til tiltak omtalte over, av dette 73,7 mill. kroner til urfolksprogrammet. I tillegg vart sivilsamfunnsorganisasjonar støtta med om lag 77 mill. kroner gjennom sivilsamfunnsporteføljen forvalta av Norad.

Guyana

Guyana har lykkast med å halde avskoginga svært låg sidan Noreg og Guyana inngjekk eit bilateralt klima- og skogsamarbeid i 2009. Av totalt rundt 1,5 mrd. kroner utbetalte i avtaleperioden er 1,3 mrd. kroner utbetalte for oppnådde resultat under avtalen (dei resterande 200 mill. kronene har gått til førebuande tiltak). Pengane som Guyana har tent opp gjennom klima- og skogpartnarskapen, skal brukast til å gjennomføre Guyanas nasjonale lågkarbonsstrategi. Strategien legg vekt på framleis låg avskoging og behov for nye politiske reformer for å sikre auka involvering av mellom anna urfolka som forvaltar skogen. Styresettet i skogsektoren i Guyana er blitt betydeleg betra dei siste åra. Mellom anna har Guyana bygd eit robust skogovervakingssystem av svært god kvalitet.

Klima- og skoginitiativet prioriterte i 2021 å støtte Guyanas arbeid for å bruke ART/TREES-standarden for å verifiserte klimagassutslepp frå REDD+, og å støtte effektiv forvaltning av Guyanas REDD+ Investment Fund (GRIF).

Som det første landet i verda sette Guyana i 2021 i gang med verifisering av utsleppsreduksjonar gjennom ART/TREES-standarden. Samstundes leverte landet inn interessemelding om sal av utsleppsreduksjonar til kjøparkoalisjonen LEAF, som Noreg er ein del av. LEAF kjøper berre utsleppsreduksjonar som er ART/TREES-sertifiserte.

Auka vasstand grunna klimaendringar er eit stort problem i Guyana, og den store flaumen våren 2020 har blitt kategorisert som ein av dei mest øydeleggjande katastrofane landet har opplevd. Guyana planlegg i nasjonalt budsjett 2022 å bruke store delar av dei resterande midlane i GRIF på klimatilpassing og flaumsikringstiltak. Dei siste åra har det vore funn i Guyana av nokre av dei største olje- og gassreservane i verda, og i desember 2019 starta ExxonMobil opp oljeproduksjon. Presidenten og visepresidenten har erklært at det framleis er ønskjeleg med ei lågkarbon utvikling for Guyana.

Guyana var hardt ramma av covid-19-pandemien også i 2021. Det er framleis forseinkingar knytte både til oppstart av nye GRIF-prosjekt og i eksisterande prosjekt, slik som arbeidet med å styrkje landrettar for urfolk. Likevel var det større framgang i GRIF-porteføljen i 2021 enn føregåande år.

North Pakaraimas District Council, ein av Rainforest Foundation US sine partnarar i Guyana, ferdigstilte i 2021 innsamlinga av kartdata og GPS-punkt for eit område på 560 000 ha i Guyanas distrikt 8. Området er tradisjonelt brukt av urfolk frå 32 ulike busetnader, først og fremst frå urfolksgruppa Patamona, til jakt, fiske og sanking. Skogen er førebels intakt, men lokalsamfunna er uroa for om gullgravarar vil ta seg inn på området. Før karta kan brukast til å fremje kravet om kollektiv eigedomsrett basert på tradisjonell bruk, må dei gjennom ein valideringsprosess med lokalsamfunna.

Det vart i 2021 utbetalt om lag 26 mill. kroner til Guyana gjennom organisasjonen Conservation International til arbeid knytt til skogovervakingssystemet i landet. I tillegg vart det utbetalt 30 mill. kroner til sivilsamfunnsorganisasjonar i Guyana gjennom Norads støtteordning for klima og skog.

Colombia

I 2019 vart klima- og skogsamarbeidet mellom Colombia, Noreg, Tyskland og Storbritannia forlengt. Gjevarlanda lovde å støtte opp om Colombias ambisiøse mål om å halvere avskoginga nasjonalt innan 2025 med opptil 3,3 mrd. kroner i perioden 2020 til 2025. Noregs del er på opptil 400 mill. kroner årleg for reduserte klimautslepp fram til 2025, dersom Colombia lykkast med å redusere avskoginga nasjonalt. I tillegg har Noreg lova opptil 470 mill. kroner fram til og med 2022 som betaling for gjennomførte reformer og andre tiltak.

Noreg hadde innan utgangen av 2021 betalt i alt 325 mill. kroner til Colombia for oppnådde reduksjonar i utslepp frå avskoging i colombiansk Amazonas gjennom REDD Early Movers-samarbeidet (REM), som er forvalta av den tyske utviklingsbanken (KFW). Utbetalingane gjeld ein del av Colombias reduserte avskoging i Amazonas i perioden 2013–2016, som til saman gav utsleppsreduksjonar berekna til 60 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Under den fornya skogavtalen frå 2019 er målet så snart som mogleg å kunne betale Colombia for utsleppsreduksjonar frå redusert avskoging på nasjonalt nivå.

I 2021 prioriterte Noreg å støtte opp under innsatsen frå styresmaktene for å redusere utslepp frå skogen, og innsatsen frå sivilsamfunnet på område som skogkriminalitet og urfolk sine rettar.

Etter at avskoginga gjekk opp i 2020 som følgje av covid-19-pandemien og svekt myndigheitskontroll, særskilt i Amazonas, tyder førebelse tal på at avskoginga gjekk ned i 2021. Førebelse tal for første halvdelen av 2021 viser ein betydeleg reduksjon i avskoginga i fleire Amazonas-fylke samanlikna med same perioden i 2020. Tal frå Global Forest Watch syner at nedgangen nasjonalt kan vere så mykje som 18 pst. Endelege avskogingstal for 2021 vil først stadfestast når Colombia offentleggjer den årlege avskogingsrapporten sin i 2022.

Sjølv om pandemien og sikkerheitssituasjonen har ført til vanskar i arbeidet mot avskoging, såg ein likevel framgang på ei rekkje område i 2021. Colombianske styresmakter har i løpet av året særskilt trappa opp innsatsen mot ulovleg avskoging og organisert kriminalitet. I januar 2021 presenterte regjeringa Duque ein ny nasjonal politikk for avskogingskontroll og berekraftig bruk av skogen, der styresmaktene stadfestar målet om nullavskoging (netto) innan 2030. Ei ny lov mot miljøkriminalitet vart vedteken av kongressen. I løpet av det siste året har fleire leiarar av kriminelle nettverk, tenestemenn i den colombianske hæren og i politiet blitt gripne for kopling til avskoging. Riksadvokaten har vedteke å opprette ei eiga avdeling for miljøkriminalitet og har styrkt innsatsen på dette i regionane i samarbeid med andre institusjonar. Noreg støttar dette arbeidet gjennom UNODC og Interpol.

Størsteparten av avskoginga i Colombia skjer i Amazonas, og i 2021 vart nærmare 20 000 km2 i Amazonas underlagde planar for berekraftig skogforvaltning. Colombia har investert midlar som Noreg har betalt for oppnådde resultat tidlegare år, i Amazonasvisjonen. Programmet har støtta forvaltningsplanar i 172 urfolksterritorium, som til saman representerer over ¾ av alle urfolksterritoria i Amazonas og eit område på 165 000 km2. Trass i ein komplisert sikkerheitssituasjon har ein lykkast i å setje i verk program for berekraftig produksjon, betaling for økosystemtenester og insentiv for skogvern i buffersona til Amazonas. Kriterium for null avskoging har blitt inkludert i ulike finansieringsordningar i landbrukssektoren, og i fleire fylke har ein utvikla planar for teknisk assistanse til småbønder for å produsere avskogingsfritt som del av å stanse utviding av landbruksgrensa. I tråd med regjeringa Duques mål om å verne 30 pst. av Colombias territorium innan 2022 har styresmaktene i perioden 2020–2021 etablert 219 nye verneområde på totalt 4740 km2.

Colombia gjer stadig forbetringar i overvakings- og varslingssystemet sitt for avskoging. Avskoging blir målt heilt ned på dagleg basis og for kvar veke, og varslingsrapportar blir sende ut til relevante institusjonar. I 2021 leverte Colombia inn sitt femte samandrag om sikringsmekanismar til FNs klimakonvensjon. Rapporten vart konsultert med urfolk og sivilsamfunn, og i løpet av året vart det halde fleire møte med urfolk og sivilsamfunn gjennom ulike rundebord for REDD+. Colombia fekk elles godkjent konseptnotatet sitt til ART-sekretariatet i desember 2021.

På basis av oppnådde tiltak og reformer, som mellom anna nemnde over, annonserte Noreg og Tyskland ei utbetaling på til saman 300 mill. kroner til Colombia under klimatoppmøtet i Glasgow i november 2021, i tråd med lovnaden som vart gjeven i 2019. Den største andelen av midlane skal gå til tiltak under Colombias handlingsplan for å redusere avskoginga i Amazonas, Amazonasvisjonen. Ein mindre andel skal gå til Colombias fond for berekraftig utvikling, som støttar tiltak i heile landet.

Til saman utbetalte Noreg 212 mill. kroner til Colombia i 2021. I tillegg vart i underkant av 53 mill. kroner utbetalte til organisasjonar i Colombia gjennom Norads sivilsamfunnsportefølje.

Ecuador

I 2018 inngjekk Noreg, Tyskland og Ecuador ein avtale om skogsamarbeid, der Noreg og Tyskland forplikta seg til å bidra med opptil 50 mill. USD i resultatbasert støtte gjennom den tyske utviklingsbanken KfWs REDD Early Movers Program (REM). Noregs del av forpliktinga er på 300 mill. kroner. Ecuador har lenge vore leiande i utvikling av strukturar for iverksetjing av REDD+ på nasjonalt nivå, slik som skogmåling, prosedyrar for konsultasjonar og sosial inkludering. Landet har delteke aktivt i og motteke støtte frå FNs skogprogram, UN REDD.

Fram til og med 2021 har Tyskland og Noreg utbetalt til saman 31 mill. USD til Ecuador for verifiserte utsleppsreduksjonar i landet i åra 2015–2018. Av dette har Noreg utbetalt 170 mill. kroner. I løpet av desse fire åra oppnådde Ecuador samla utsleppsreduksjonar på 41,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Av desse har Noreg betalt for 3,8 mill. tonn.

I 2021 arbeidde Ecuador med å ferdigstille oppdaterte utsleppstal for å utløyse ei siste utbetaling under avtalen frå 2018 på 130 mill. kroner for reduserte utslepp i 2019. Arbeidet vart ikkje ferdigstilt, og utbetalinga er venta å skje først i 2022.

Under klimatoppmøtet i Glasgow i 2021 signerte Ecuador ein intensjonsavtale med den norskstøtta kjøparkoalisjonen LEAF for å selje utsleppsreduksjonar opptente i perioden 2022–2026. Som ein overgang til LEAF annonserte Noreg samstundes nye 200 mill. kroner til Ecuador for utsleppsreduksjonar opptente i åra 2020–2021.

Ecuador bruker betalingane for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog til å investere i berekraftig utvikling på landsbygda. Minst 70 pst. av midlane går direkte til lokalsamfunn og organisasjonar, deriblant urfolk. Eit av programma som tek imot støtte er Ecuadors skogbevaringsprogram, Socio Bosque, som medverkar til å halde ved lag livsgrunnlaget til lokalsamfunn ved å betale dei for arbeidet med skogvern. Dei resterande 30 pst. går til å støtte viktige styringsreformer og institusjonar for bevaring av skogane.

Peru

Etter fleire år med relativt stabil avskoging, gjekk avskoginga i Peru betydeleg opp i 2020 samanlikna med året før. Auken var knytt til covid-19-pandemien som har ført til migrasjon frå byane til landsbygda, budsjettkutt i miljøsektoren og auka spelerom for ulovlege aktivitetar. I 2021 kan avskoginga på nytt vere på veg ned. Global Forest Watch anslår at avskoginga gjekk ned med bortimot 20 pst. i 2021 samanlikna med 2020. Redusert avskoging er ein av hovudpilarane i Perus handlingsplan for å få ned nasjonale klimagassutslepp. Størstedelen av avskoginga (berekna til om lag 75 pst.) kjem frå småskala nyrydding av område for å produsere kaffi, kakao og andre landbruksprodukt. Avskoging er også knytt til utbreidd ulovleg hogst, gruvedrift og utbygging av infrastruktur. Peru heldt presidentval i 2021, der Pedro Castillo vart sett inn som president. Castillos regjering har vore prega av hyppige skifte, og det politiske landskapet i Peru har vore uoversiktleg.

I 2021 forlengde Peru, Tyskland og Noreg ei felleserklæring om støtte til Perus arbeid for å redusere avskoging i peruansk Amazonas fram til 2025, og Storbritannia og USA kom inn som nye partnarar. Norsk innsats i 2021 retta seg mot støtte til gjennomføring av felleserklæringa og å støtte sivilsamfunnsorganisasjonar på områda urfolk sine rettar og skogkriminalitet.

Peru var i 2021 framleis hardt ramma av covid-19-pandemien, noko som truar innsatsen mot avskoging. På grunn av omsyn til smittevern har det vore vanskeleg å arbeide med lokalbefolkninga i regnskogen for å gjennomføre tiltak mot avskoginga. Mange av desse er urfolk, som er særskilt sårbare. I 2020 gav Noreg tilsegn på 15 mill. kroner for tiltak retta mot situasjonen til urfolk under pandemien, og i 2021 bidrog prosjektet til å styrkje innsatsen til offentlege instansar for smittevern og beskyttelse av urfolk.

Sjølv om pandemien har avgrensa arbeidet under klima- og skogsamarbeidet, har det vore framgang på ei rekkje område i 2021. I tråd med forlenginga av samarbeidet til 2025 tok peruanske styresmakter i 2021 initiativ til å oppdatere handlingsplanen under felleserklæringa. Planen legg eit viktig grunnlag for å oppnå sentrale mål for mellom anna å titulere land til urfolk og arealplanlegging i åra framover.

Peruanske styresmakter har dei siste åra gjennomført ei rekkje tiltak for å styrkje urfolk og rettane deira. Sidan 2014 har urfolk fått rettar til nærmare 20 000 km2, og i 2021 fekk ytterlegare 44 urfolkssamfunn i Amazonas landrettar til 420 km2. I april 2021 vart ein viktig milestolpe nådd da peruanske styresmakter slo fast ved lov at området Yavarí Tapiche skal avsetjast til ukontakta urfolksgrupper. Området er på nesten 11 000 km2, eit område tilsvarande Jamaica. For å sikre tilstrekkeleg kapasitet til beskyttelse av reservatet vart også ein beskyttelsesplan vedteken i 2021, og 15 kontrollpostar er etablerte i urfolksreservat rundt i landet for auka beskyttelse.

Mesteparten av avskoginga i Peru skjer på område kor arealbruken ikkje er bestemd, og fram til 2021 har 66 000 km2 skog blitt kategorisert under klima- og skogsamarbeidet. Utover etablering av rettar til urfolksland har Peru utvida betydelege verneområde i Amazonas, og skogarealplanar er under utvikling i fleire fylke. Gjennom felleserklæringa fullførte delstaten San Martin i 2019, som første delstat i Peru, ein arealplan for skogen i sitt fylke, på over 30 000 km2. I 2021 har dette arbeidet blitt vidareført, mellom anna i delstaten Ucayali.

Styresmakter har i løpet av året slått ned på ulovleg avskoging og korrupsjon i skogsektoren. I Amazonas-fylket Madre de Dios vart det i 2021 gjennomført fleire omfattande operasjonar mot kriminelle organisasjonar involverte i ulovleg handel med trevirke. Operasjonane vart støtta av mellom anna Interpol og UNODC, som tek imot finansiering gjennom det norskstøtta prosjektet LEAP. Peru har også med støtte frå mellom anna LEAP oppretta ei ny spesialeining i politiet som etterforskar ulovleg avskoging.

Miljøkriminalitet har stadig blitt eit meir anerkjent politikkområde i Peru, og dette vart særskilt stadfesta i 2021 da President Castillo etablerte ein høgnivåkommisjon for førebygging og nedkjemping av miljøkriminalitet. Vidare har Miljøverndepartementet etablert ei eiga eining for miljøkriminalitet for å styrkje innsatsen mot mellom anna ulovleg hogst og gruvedrift. Peru har også utvikla eit sporingssystem for tømmer, som i 2021 vart sett i verk i fleire delstatar i Amazonas. Dette systemet gjer det mogleg å følgje tømmeret via eit serienummer heilt frå hogstkonsesjon til sals- eller eksportpunkt. Arbeidet mot skogkriminalitet og for sporing av tømmer vart i 2021 støtta av Noreg via USAID.

På basis av oppfylte milestolpar under felleserklæringa annonserte Noreg ei utbetaling på 85 mill. kroner til Peru under klimatoppmøtet i Glasgow i november 2021. Midlane vil gå til å finansiere tiltak i handlingsplanen Peru har utarbeidd under felleserklæringa. Sjølve utbetalinga vil skje så snart Peru og Noreg har blitt samde om ein finansieringsmekanisme for samarbeidet.

Det vart i 2021 utbetalt 63 mill. kroner til prosjekt i Peru i regi av UNDP, GGGI og USAID. I tillegg vart det utbetalt om lag 23 mill. kroner til peruanske organisasjonar gjennom sivilsamfunnsporteføljen forvalta av Norad.

Sentral-Afrika og Central African Forest Initiative (CAFI)

Sentral-Afrika har den nest største tropiske skogen i verda. Nyare forsking peiker på at Sentral-Afrika har eit årleg netto opptak av CO2 som er om lag seks gonger større enn Amazonas. I 2015 vart Central African Forest Initiative (CAFI) oppretta som eit regionalt fleirgjevarinitiativ med mål om redusert avskoging i regionen. CAFI vart etablert etter initiativ frå Norge, og dei første åra var Norge bortimot einaste gjevar. CAFI har etter kvart utvikla seg til eit reelt fleirgjevarfond. I 2021 var Tyskland det største gjevarlandet og hadde framleis presidentskapet. I styret deltek alle gjevarland aktivt, og samarbeidet er svært godt. CAFI omfatta i 2021 åtte gjevarland (Belgia, EU, Tyskland, Frankrike, Storbritannia, Nederland, Sør-Korea og Noreg) og alle dei seks skoglanda i Sentral-Afrika (Kamerun, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo), Ekvatorial-Guinea, Gabon og Republikken Kongo).

For 2021 og 2022 har Noreg ein avtale om totalt 800 mill. kroner i støtte til CAFI. I tillegg gav Noreg i 2019 ei lovnad om ekstra støtte til ein resultatbasert avtale med Gabon (sjå nedanfor).

Det vart i 2021 utbetalt i underkant av 648 mill. kroner til CAFI (inkludert resultatbasert utbetaling til Gabon). Det vart òg utbetalt om lag 33 mill. kroner til sivilsamfunnsorganisasjonar i regionen gjennom sivilsamfunnsporteføljen forvalta av Norad.

DR Kongo

I november 2021 vart det under klimatoppmøtet i Glasgow underteikna ein ny intensjonsavtale mellom CAFI og DRK. Avtalen vart underteikna av president Tshisekedi og statsminister Boris Johnson på vegner av CAFI. For dei første 5 avtaleåra har gjevarane forplikta seg til støtte på inntil 500 mill. USD. DRK på si side forpliktar seg til stabilisert avskoging og omfattande reformer innan ulike sektorar som påverkar avskoging og skogforringing.

Under den førre intensjonsavtalen inngått mellom CAFI og DRK i 2016 har dei norske tilskotsmidlane gått gjennom CAFI-fondet og vidare til det nasjonale REDD+-fondet i DR Kongo (FONAREDD), som begge er forvalta av FN. I 2021 har det vore særleg god framdrift innan arbeidet med nasjonal landreform. Ny politikk er no vedteken av regjeringa, og ei arealplanleggingslov er oversend parlamentet. I reformprosessen har det vore lagt til rette for brei deltaking frå sivilsamfunn, urfolk og kvinner. CAFI har finansiert kompetanse- og kapasitetsutvikling i både arealplanleggingsdepartementet og departementet for landrettar.

Saman med Verdsbanken har urfolksstøtta frå FONAREDD medverka til at forslag til ny urfolkslov er utarbeidd og til behandling i parlamentet. I tillegg til å styrkje urfolk i DR Kongo sine kollektive landrettar til store naturskogsområde dei er avhengige av for levesettet sitt, styrkjer lova rettane til urfolkskvinner særskilt, ettersom dei opplever ei dobbel diskriminering som del av ein undertrykt minoritet. Lova skal òg sikre urfolk helsetenester, utdanning og rettshjelp.

Gjennom FONAREDD blir det finansiert program i utvalde provinsar med tiltak i ulike sektorar, slik som jordbruk, energi og arealplanlegging, for å redusera avskoging og skogforringing. Covid-19-pandemien har påverka framdrifta i desse. Likevel har programma i 2021 utarbeidd arealplanar på provinsnivå som til saman dekkjer 5 mill. ha, etablert 1 200 lokale komitear som arbeider med utvikling av lokale arealforvaltningsplanar, revitalisert 40 lokale jordbrukskomitear og medverka til betre tilgang på innsatsfaktorar til jordbruket. Dette er nødvendige føresetnader for å auke jordbruksproduksjonen lokalt utan at det medfører auka avskoging, og har medverka til at det i 2021 vart etablert ytterleg fleire titusen ha med berekraftig matproduksjon, avskogingsfri palmeolje og berekraftige treplantasjar for produksjon av brensel til matlaging. Det er også aukande merksemd om naturleg gjenvekst av skog, med 87 000 ha etablerte berre i provinsen Maï Ndombe.

For energisektoren er hovudfokuset knytt til alternativ til trekol for koking, effektive kokeomnar og auka berekraft i trekolproduksjonen. Koking med ved og trekol utgjer over 90 pst. av energiforbruket til matlaging i DR Kongo. Det har i 2021 med støtte frå FONAREDD blitt selt 30 000 energieffektive kokeomnar i dei store byane. Ny nasjonal energipolitikk i DR Kongo er under utvikling, og det er gjeve støtte til tolv bedrifter gjennom eit inkubatorprogram i regi av FN sitt kapitalfond (UNCDF). Gjennom Least Developed Country Investment Platform (LDCIP) har energiprogrammet også medverka til at to bedrifter har motteke lån på til saman 350 000 USD for å skalere opp aktivitetane i DR Kongo for reduserte utslepp på energiområdet.

Familieplanleggingsprogrammet finansiert av FONAREDD medverkar til betre tilgang til prevensjon, slik at kvinner i større grad kan bestemme når og kor mange barn dei ønskjer, og dermed medverka til ein demografisk overgang i retning færre barn per kvinne. Trass i dei store pandemiutfordringane i 2020 og 2021 har programmet levert om lag 1,7 mill. «Couple Years of Protection» (prevensjonsbehovet til eitt par i eitt år) i 2021, ei fordobling frå 2020. I 2021 har DRK utvikla ein ny nasjonal familieplanleggingsstrategi.

Samla sett har fleire av dei implementerande organisasjonane brukt lang tid på å komme i gang med aktivitetane. CAFI har sett i verk fleire tiltak for å bøte på dette, men det er òg ei kjensgjerning at datainnhenting og informasjon om økonomiske og sosiale forhold er tidkrevjande. Dette er viktige tiltak for å få meir kvalitet i resultatrapportering og for å rapportere betre på tverrgåande spørsmål.

Ved utgangen av 2021 hadde CAFI utbetalt 171 mill. USD til FONAREDD. Av dette hadde FONAREDD overført om lag 160 mill. USD til dei implementerande organisasjonane.

Gabon

Gabon er eit av dei mest skogdekte landa i verda, med 88 pst. av landmassen dekt av skog. Samstundes har landet sett seg mål om å ta vare på heile 98 pst. av skogen. Dette gjer Gabon til eit svært ambisiøst land i skogsamanheng. Norsk innsats i Gabon er retta mot å betale for verifiserte utsleppsreduksjonar.

I 2017 inngjekk CAFI ein intensjonsavtale med Gabon med ei ramme på 150 mill. kroner, utvida med 100 mill. i 2019. I tillegg til investeringsavtalen frå 2017, utvida i 2019, inngjekk CAFI og Gabon i 2019 ein resultatbasert avtale. Under denne avtalen innleverte Gabon i 2020 ein resultatrapport til CAFI for resultatåra 2016–2017. Rapporten dokumenterte utsleppsreduksjonar på om lag 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar (3,4 mill. tonn etter fråtrekk av ein buffer), samanlikna med den historiske referanseperioden 2006–2015. Resultata vart stadfesta gjennom ei uavhengig verifisering i 2021, og Noreg betalte i 2021 gjennom CAFI i alt 148 mill. kroner for desse resultata. Pengane vil bli utbetalte til CAFI-akkrediterte organisasjonar for å implementere ulike prosjekt i tråd med nasjonale planar utvikla av Gabon.

CAFI støttar tre større program i Gabon. Det første har som mål å bidra i utviklinga av ein nasjonal arealbruksplan og eit nasjonalt system for å overvake naturressursar og skog. Programmet har i løpet av 2021 bidrege til naturressursrekneskapen til Gabon, kartlagt 22 landsbyar som ledd i den nasjonale arealbruksplanlegginga og bidrege med droneovervaking av skogen rundt 27 landsbyar. Programmet støtta i 2021 også den nasjonale arealplanleggingskommisjonens gjennomgang av hogstkonsesjonssøknader. Dei to andre programma har som mål å auke skogvernet med 400 000 ha i omtvista grenseområde mot Republikken Kongo, utvikle avskogingsfritt jordbruk og å bidra med innføring av obligatorisk, internasjonalt anerkjend hogstsertifisering. Programma er forseinka, men det har blitt sett opp eit laboratorium for jordanalysar og eit geografisk informasjonssystem.

Republikken Kongo

I 2019 inngjekk CAFI ein intensjonsavtale med Republikken Kongo med ramme på 65 mill. USD. Av dette har Noreg lovd eit bidrag gjennom CAFI på inntil 200 mill. kroner. I intensjonsavtalen set Republikken Kongo seg som mål å verne om skogen og dei store torvmyrområda i landet. Arbeidet med utvikling og implementering av program for å nå målsetjinga er sett i gang. I 2021 vart fire program for til saman 11 mill. USD godkjende av CAFI. Desse programma er knytte til støtte til statsministerens kontor for overvaking av implementeringa av intensjonsavtalen, operasjonalisering og modernisering av det nasjonale skogovervakingssystemet, planting av 2700 ha tre til energibruk og til å redusere bruken av trekol i 8300 hushald.

Etiopia

2021 har, til liks med 2020, vore eit vanskeleg år for Etiopia. Borgarkrigen i Nord-Etiopia har dominert den innanrikspolitiske agendaen sidan utbrotet i slutten av 2020, og etiopiske styresmakter har blitt sterkt kritiserte for handteringa av krisa. Grashoppesvermar, tørke og covid-19-pandemien har ført til ytterlegare utfordringar for landet i 2021.

På klimafeltet har det vore meir positivt. I 2021 leverte Etiopia oppdaterte nasjonale klimamål (NDC) til FNs klimakonvensjon, med ytterlegare skjerpt mål om 68 pst. reduksjon av klimagassutslepp i 2030 samanlikna med ei utvikling utan tiltak frå 2010. Måla er i samsvar med den nye tiårs utviklingsplanen til landet, som òg vart lansert i 2021. Både NDC og tiårsplanen er basert på Etiopias ambisiøse, grøne utviklingsstrategi frå 2011, Climate Resilient Green Economy Strategy (CRGE-strategien), som ligg til grunn for det norsk-etiopiske samarbeidet. I 2021 støtta Noreg Etiopias implementering av nasjonale skogsektorplanar under CRGE-strategien på område slik som skogbevaring, skogrestaurering og eit forbetra skogovervakingssystem. Det vart og gjeve støtte til sivilsamfunnsorganisasjonar sitt arbeid med lokal skogforvaltning og alternative inntektskjelder.

I 2021 vart det gjennomført nasjonalt val i Etiopia, og i september forma statsminister Abiy Ahmed si andre regjering. I ei omstrukturering av styresmaktapparatet som følgde, vart den eksisterande klima- og skogkommisjonen oppløyst, og Ethiopia Forest Development (EFD) vart etablert som ei sjølvstendig eining med ansvar for skogsektoren under Landbruksdepartementet. Mykje ressursar har blitt lagt ned i å utvikle eit sterkt mandat for EFD, og Noreg har vore godt informert i prosessen.

Trass i store nasjonale utfordringar har programma og prosjekta som Noreg støttar hatt god framgang. Det vart i 2020 påbyrja ei midtvegsevaluering av flaggskipprogrammet REDD+ Investment Programme (RIP), og sluttrapporten vart ferdig i løpet av 2021. På overordna nivå syner denne særs gode resultat i to hovudkomponentar om skogbevaring og skogrestaurering/påskoging. Framdrifta i komponenten som arbeider for innovative samarbeid med privat sektor og sivilsamfunn, har vore tregare.

I 2021 fekk ulike kooperativ avgrensa til saman over 2000 km2 skog gjennom RIP. Dette er eit viktig steg i prosessen fram til juridisk bindande avtalar med styresmaktene som sikrar desse lokalsamfunna bruksrett til skogen, samstundes som dei forpliktar seg til å ta vare på han. Kooperativa får òg hjelp med å utvikle inntektsgjevande aktivitetar for å betre levekåra til dei som bur i og rundt skogen.

Skogplantingsagendaen har fått fornya merksemd etter at statsminister Abiy i 2019 lanserte sin Green Legacy-plan med mål om å plante 20 mrd. tre i løpet av 5 år. I 2021 rapporterte prosjektet å ha planta 5 mrd. tre. Gjennom RIP vart det planta til saman 80 km2 skog, og det vart i tillegg gjennomført ulike aktivitetar for å rehabilitere i underkant av 2000 km2 degraderte skogområde.

I 2021 inngjekk etiopiske styresmakter ein avtale med FNs mat- og jordbruksorganisasjon (FAO) om bistand til forbetring av systema sine for måling og rapportering av skogdata. Avtalen er finansiert av Noreg under RIP. Gode overvakingssystem er nødvendige for å kunne rapportere skogdata til FNs klimakonvensjon og for å kunne kvalifisere for resultatbaserte utbetalingar frå REDD+, og er ei prioritet for styresmaktene.

Noreg gav i 2021 støtte til fem sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom Klima- og skoginitiativet: Farm Africa, World Agroforestry Center (ICRAF), Norwegian Forestry Group (NFG), Wondo Genet College og Kirkens Nødhjelp. Tematisk støttar dei opp om arbeidet til styresmaktene beskrive ovanfor. Dei fleste avtalane gjekk opphavleg ut i 2021, men fleire fekk kortare forlengingar inn i 2022. Av resultat frå 2021 er det verdt å nemne fire individuelle bønder og fem kooperativ som til saman greidde å selje meir enn 67 tonn skogskaffi til svært gode prisar på den internasjonale marknaden, under Farm Africa sitt prosjekt i skogområdet Bale. Slike alternative inntektskjelder er nødvendige for å stoppe avskoginga.

Noreg støttar Verdsbankens program for berekraftige skoglandskap (BioCarbon Fund Initiative for Sustainable Forest Landscape), som samarbeider med Etiopia om å redusere utslepp og skape nye inntekter frå skogen i den største regionen i Etiopia, Oromia. I 2021 gjekk forhandlingane om ein kjøpsavtale om utsleppsreduksjonar mellom Verdsbanken og etiopiske styresmakter framover, og det er forventa at Etiopia blir det første landet i fondet som vil ta imot resultatbasert utbetaling for redusert avskoging.

Totalt vart det utbetalt cirka 150 mill. kroner til klima- og skogtiltak i Etiopia i 2021. I tillegg vart om lag 8 mill. kroner utbetalte til sivilsamfunnsorganisasjonar i Etiopia gjennom Norads sivilsamfunnsportefølje.

Liberia

Om lag halvparten av den attverande vestafrikanske regnskogen ligg i Liberia. Dette er ein unik og sterkt trua skogtype med global verneverdi. Noreg har hatt ein avtale om samarbeid for å betre forvaltninga i skogsektoren i Liberia sidan 2014, med ei finansiell ramme på opptil 1 mrd. kroner, avhengig av framdrift og resultat.

Sjølv om Liberia har unike skogar og store naturressursar, er det eit av dei fattigaste landa i verda. Akutte økonomiske utfordringar har prega dagsordenen dei siste åra. Ein avtale med Det internasjonale pengefondet (IMF) i 2019 gav håp om ein meir stabil økonomisk situasjon. Den globale covid-19-pandemien har likevel ført til at kortsiktig krisehandtering har blitt prioritert framfor langsiktig forvaltning.

I 2021 har Klima- og skoginitiativet støtta Liberias innsats for berekraftig arealforvaltning gjennom eit program i Verdsbanken. Arbeidet med oppretting av verneområde vart vidareført, likeins arbeidet med utvikling av økoturisme i to pilotområde. I 2021 vart også State of the Environment Report og National Environmental Action Plan ferdigstilte og publiserte. Arbeidet med gjennomgang av hogstkonsesjonar, og med gjennomgang av lovgjeving som regulerer gruvedrift i Liberia, vart vidareført. Ukontrollert gruvedrift er ei aukande utfordring i regnskogområda.

Klima- og skoginitiativet støttar også arbeidet til organisasjonen IDH i Liberia. IDH bidrog i 2021 med støtte til formalisering og registrering av landrettar og deltakande arealplanlegging for lokalsamfunn på eit område på 887 000 ha. Som eit resultat av arbeidet IDH gjer i Liberia, har også seks lokalsamfunn signert intensjonsavtalar med private selskap om samarbeid om berekraftig og skogvennleg produksjon av kakao.

I 2021 støtta Noreg gjennom Norad også arbeidet til organisasjonane FERN og Client Earth med styrking av lokalsamfunnsbasert skogforvaltning i Liberia.

Det vart i 2021 utbetalt 3,6 mill. kroner til Verdsbankens Liberia Forest Sector Project for skogsamarbeidet med Liberia. I tillegg vart det utbetalt om lag 7,5 mill. kroner gjennom Norads sivilsamfunnsportefølje.

Tanzania

Noreg heldt i 2021 fram med støtta til Tanzanias National Carbon Monitoring Centre (NCMC) og styresmaktene sitt REDD+ Readiness-prosjekt ved visepresidentkontoret.

Til saman utbetalte Noreg 1,6 mill. kroner til Tanzania i 2021 frå kap. 1482, post 73.

Rapportdel 3: Rapportering på resultatmålnivå

Styrkte rettar og betre levekår for urfolk og lokalsamfunn

Urfolk forvaltar ein stor del av tropisk skog gjennom tradisjonell kunnskap opparbeidd gjennom tusenvis av år, men manglar ofte anerkjenning frå nasjonale skogstyresmakter og sikre landrettar for å halde fram med å utøve denne rolla. Det inneber høg risiko for at skogen blir utnytta for andre formål, til dømes gjennom tildeling av konsesjonar for hogst, gruvedrift eller plantasjar. Dette misforholdet ligg bak mykje av avskoginga som skjer i tropisk skog. På klimatoppmøtet i Glasgow i 2021 vart innsatsen urfolk gjer for skogen anerkjend, og fekk eit løft gjennom at til saman 1,7 mrd. USD vart lovd frå offentlege og private kjelder for å styrkje urfolk sine rettar til land fram til 2025.

Støtte til urfolk og lokalsamfunn skjer i hovudsak gjennom dei bilaterale samarbeida med skoglanda. I dei fleste av partnarskapane til Klima- og skoginitiativet står urfolksinnsatsen sentralt, mellom anna er det eit eige urfolksprogram i Brasil. Sjå omtale under Brasil og dei andre landa over. I tillegg blir urfolk og sivilsamfunn støtta gjennom sivilsamfunnsporteføljen som er forvalta av Norad, og gjennom strategiske instrument som The International Forest and Land Tenure Facility (Tenure Facility).

Tenure Facility har som mål å styrkje landreformer og rettar for urfolk og lokalsamfunn i utviklingsland. Så langt har Tenure Facility medverka til å styrkje landrettane for urfolk og lokalsamfunn til 19 mill. ha, av desse 5 mill. ha i 2021. Dei fleste av resultata er oppnådde i Klima- og skoginitiativets prioriterte land. I Peru har Tenure Facility bidrege til å sikre 1,3 mill. ha for urfolk i frivillig isolasjon. I Liberia er 24 lokalsamfunn i ferd med å få formell anerkjenning for eit areal på nær 600 000 ha. I Colombia er nær 300 000 ha kartlagde og avgrensa, første steget fram mot formell anerkjenning som urfolksterritorium.

Gjennom Norads tilskotsordning for sivilsamfunn har Noreg gjennom 2021 støtta ei rekke frivillige organisasjonar som arbeider i fleire land og globalt med urfolksspørsmål. Mellom anna vart det gjennom eit konsortium av sivilsamfunnsorganisasjonar i Amazonas-landa som arbeider for sosial og miljømessig berekraft i Amazonas (RAISG), lagt til rette for dialog mellom urfolksorganisasjonar og styresmakter frå Brasil, Colombia, Ecuador og Peru om kor viktige landområda til urfolk er for å ta vare på naturskog og evna skogen har til å binde karbon. Bodskapen er underbygd av forskinga RAISG har gjort på feltet, som dokumenterer at mesteparten av det biologiske mangfaldet, og ein vesentleg del av karbonet bunde i skog, er å finne i urfolka sine leveområde. The Governors’ Climate and Forest Initiative er eit anna døme. Nettverket arbeidde gjennom 2021 mellom anna med innsats for urfolksrettar på regionalt nivå i fleire sentrale skogland.

Gjennom 2021 fekk private selskap som investerer i karbonmarknader med høgare sosiale og miljømessige standardar, aukande merksemd om styrking av rettane til urfolk og lokalsamfunn – dette med sikte på å tryggje investeringane og auke sjansane for at jurisdiksjonane dei investerer i lykkast med å redusere utslepp. Mellom anna stiller ART-standarden for utsleppsreduksjonar (sjå under) høge krav til involvering og ivaretaking av urfolk sine rettar.

Noregs oppkjøp og tilgjengeleggjering av høgoppløyselege satellittdata gjorde i 2021 urfolk og lokalsamfunn i stand til å dokumentere landrettar og varsle ansvarlege styresmakter om ulovleg hogst, gruvedrift og avskoging.

Noreg arbeidde gjennom året vidare med å få plattforma for urfolk og lokalsamfunn i klimaforhandlingane til å konsentrere seg meir om rolla til urfolk og lokalsamfunn i tropisk skog, Arktis og andre økosystem som er kritiske for å avgrense global oppvarming til halvannan grad over førindustrielle nivå. Som del av arbeidet med plattforma søkte urfolk og lokalsamfunn mellom anna å påverke dei nasjonale klimamåla (NDC) som landa melder inn til Klimakonvensjonen. Til sist kunne ein gjennom dei siste rapportane frå Klimapanelet som kom ut i løpet av 2021, slå fast at den tradisjonelle kunnskapen til urfolk og lokalsamfunn har blitt ein integrert del av kunnskapsgrunnlaget for å ta tak i klimaendringane. Tilsvarande arbeid for å integrere den tradisjonelle kunnskapen til urfolk og lokalsamfunn skjedde også i Naturpanelet, som speler ei tilsvarande rolle under konvensjonen for biologisk mangfald. Regnskogsfondet og Sametinget bidrog også aktivt i dette arbeidet.

Tiltak for styrkte rettar og betre levekår for urfolk og lokalsamfunn vart i 2021 støtta gjennom innsatsen i samarbeidslanda. I tillegg vart det samla utbetalt om lag 130 mill. kroner til urfolks- og lokalsamfunnsorganisasjonar gjennom Norads sivilsamfunnsportefølje. Midla er òg omtalt under landinnsatsane.

Effektive internasjonale insentivstrukturar

Tropisk skog er ein sentral del av klimaløysinga, og tropisk skog og REDD+ er godt integrerte i FNs klimakonvensjon. Som ein del av løysinga må ein skape ein marknad for utsleppsreduksjonar, der skoglanda kan få føreseieleg finansiering på eit høgt nivå når dei oppnår utsleppsreduksjonar. Utsleppsreduksjonane som blir leverte, må vere reelle og med høg integritet. I 2021 skjedde eit gjennombrot for finansiering av utsleppsreduksjonar frå tropisk skog. Saman med USA, Storbritannia og private selskap danna Noreg kjøparkoalisjonen LEAF. LEAF sitt tilbod til skogland steig til over 1 mrd. USD i løpet av året. Over 23 skogland og delstatar melde i 2021 formell interesse for å selje utsleppsreduksjonar til LEAF. Av desse signerte Ghana, Vietnam, Ecuador, Nepal og Costa Rica intensjonsavtalar med Emergent på vegne av koalisjonen. LEAF vil betale for resultat oppnådde frå og med 2022. Costa Rica og Ecuador har vist tydeleg interesse for å verifisere utsleppsreduksjonar under ART også tidlegare enn 2022. Med ei hensikt om å setje i gang marknaden for ART-verifiserte utsleppsreduksjonar annonserte Noreg i 2021 støtte til desse to landa på til saman 300 mill. kroner.

For å sikre høg sosial og miljømessig integritet for REDD+-utsleppsreduksjonar i den frivillige og regulerte karbonmarknaden har Noreg støtta arbeidet med utvikling av ein ny, uavhengig høgkvalitetsstandard for REDD+. Innan utgangen av 2021 hadde totalt elleve land eller delstatar sendt inn konseptnotat til Architecture for REDD+ Transactions (ART), som er det første steget for å kunne registrere seg som leverandørar av utsleppsreduksjonar under ART og The REDD+ Environmental Excellency Standard (TREES). Standarden har blitt godt kjend blant skogland og andre aktørar som er engasjerte i arbeidet med redusert avskoging, og det er tydeleg at aktørane legg merke til og blir påverka av arbeidet gjort i ART, mellom anna når det gjeld miljøintegritet. I 2021 fekk ART utvida løyve til å selje utsleppsreduksjonar frå 2016 til 2023 under FNs luftfartsorganisasjon (ICAO) sitt program for reduserte klimagassutslepp, CORSIA.

Noreg har over fleire år gjeve støtte til ulike multilaterale program med mål om å gje insentiv for varige nasjonale reformer. Den multilaterale satsinga skal hjelpe skogland å setje i verk inkluderande prosessar, å styrkje rettane til urfolk og lokalsamfunn, å oppnå større likestilling, å ta vare på biologisk mangfald og å oppnå utviklingsmål. Multilateralt arbeid er òg viktig for å gje insentiv for tropiske skogland til å redusere avskoging og for auka global merksemd om kor viktig internasjonal innsats er for å bevare regnskogane i verda.

Noreg har støtta UN-REDD sidan 2008. UN-REDD yter fagleg støtte til UN-REDDs medlemsland som ønskjer å redusere utslepp frå skog og arealbruk. Frå og med 2020 har UN-REDD ei særskilt rolle i å støtte skogland og jurisdiksjonar med å kvalifisere seg for finansiering av reduserte utslepp frå skog, i samsvar med ART/TREES-standarden. I 2021 har UN-REDD arbeidd vidare med å støtte skogland i utvikling og forbetring av nasjonale system for skogovervaking og referansenivå, REDD+-strategiar og arealbruk, sikringsmekanismar for natur, urfolk og lokalsamfunn og med styrking av naturbaserte løysingar i dei nasjonale klimamåla (NDC) som landa melder inn til Klimakonvensjonen.

I 2021 vart den første utbetalinga for reduserte klimagassutslepp frå Verdsbankens Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) gjennomført da FCPF betalte 6,4 mill. USD for 1,28 mill. tonn utsleppsreduksjonar i Mosambik. Noreg har støtta FCPF sitt Readiness-fond med til saman 787 mill. kroner frå 2008 til 2018 og FCPF sitt Karbonfond med 2 mrd. kroner frå 2009 til 2019. 25 skogland har fått tilslutning til Readiness-planar og fått tilskot til å jobbe med dei. Av desse 25 landa har 15 gått vidare til forhandlingar med FCPF sitt Karbonfond om kontraktar om kjøp av tonn utsleppsreduksjonar frå skogsektoren. I 2021 hadde alle dei 15 landa i porteføljen skrive under kjøpekontraktar med fondet. Kjøpsvolumet i desse kontraktane er på nesten 145 mill. tonn CO2-ekvivalenter over dei neste fire åra, med ein samla verdi på over 720 mill. USD, eller over 6,9 mrd. kroner. Midlar blir utbetalte frå Verdsbanken når landa har verifiserte utsleppsreduksjonar.

Noreg har sidan 2013 støtta Initiative for Sustainable Forest Landscapes (ISFL) gjennom BioCarbon Fund i Verdsbanken. Initiativet har både ein finansieringsmekanisme for kapasitetsbygging og teknisk assistanse, og ein for resultatbaserte utbetalingar. ISFL dekkjer jurisdiksjonar i fem land, Etiopia, Indonesia, Mexico, Colombia og Zambia, som til saman utgjer eit landareal på over 1,2 mill. km2. Dei siste to åra har det vore forseinkingar i fondet på grunn av covid-19-pandemien, spesielt knytt til utvikling og ferdigstilling av programdokumenta til landa. I løpet av 2021 har fleire aktivitetar i landa teke seg opp igjen i tråd med letta pandemirestriksjonar.

Til saman vart det utbetalt 56 mill. kroner til tiltak for effektive internasjonale insentivstrukturar for REDD+ i 2021.

Auka transparens

Auka transparens kring avskoging er eit av hovudsatsingsområda for Klima- og skoginitiativet. Ny teknologi og raskt fallande kostnader for satellittar og satellittinformasjon gjer det mogleg å overvake avskoging i nær sanntid. Teknologien gjer det også mogleg å følgje råvarer og finansstraumar og korleis dei heng saman med avskoging.

I 2020 inngjekk Klima- og skoginitiativet kontrakt med Kongsberg Satellite Services med underleverandørane Planet og Airbus for å gjere høgoppløyselege satellittbilete gratis og offentleg tilgjengelege. Tenesta var operativ frå oktober 2020. Kvar månad blir oversiktsbilete over alle tropiske landområda gjorde offentlege. Desse kan brukast til å oppdage mindre endringar i skogen, til dømes frå ulovleg hogst eller for å spore gjenvekst, og dei er ein viktig reiskap for å forbetre dei nasjonale skogovervakingssystema. Ved årsslutt 2021 var det meir enn 10 000 registrerte brukarar av satellittprogrammet, frå 145 ulike land. Satellittbilete av meir enn 3 mill. km2 areal har blitt lasta ned. Bileta var også tilgjengelege via tre offentleg tilgjengelege dataplattformer.

I 2021 har miljøforvaltninga i Colombia, Peru og Guatemala brukt satellittbileta til å forbetre berekninga av avskoging og skogforringing, og for å kartleggje plantasjar. Miljøorganisasjonar som Mighty Earth og Rainforest Alliance har brukt satellittbileta for å få informasjon om avskoging knytt til palmeolje og annan landbruksproduksjon. Også fleire store selskap gjer bruk av satellittbileta for styringa si av forsyningskjeder. UNODC har nytte av bileta i arbeidet sitt mot illegal verksemd. For FNs matvareorganisasjon (FAO) er dei høgoppløyselege satellittbileta viktige for forsking og utvikling av betre metodar for skog- og arealovervaking.

Klima- og skoginitiativet støtta i 2021 FAOs opplæring i metodar for å analysere satellittdata og berekne skogressursar. Sidan oppstarten av prosjektet i 2019 har det vore gjennomført opplæring av nasjonale ekspertar frå 83 land, inkludert Brasil, Colombia, DR Kongo, Peru og Venezuela. Eit anna FAO-prosjekt som Klima- og skoginitiativet støttar, SEPAL (System for Earth Observation Data Access, Processing and Analysis for Land Monitoring), har utvikla ei fritt tilgjengeleg internettbasert løysing for analysar som gjer det mogleg for skogland å gjere avanserte analysar utan å investere i eiga datalagring.

I dei bilaterale samarbeida medverkar Klima- og skoginitiativets innsats til å utvikle system for måling, rapportering og verifisering, mellom anna i Indonesia, Guyana, Peru og Etiopia. I tillegg tek skoglanda imot støtte gjennom UN-REDD, spesielt for å møte krava i bokføringsstandarden ART/TREES, som beskriven over.

På globalt nivå er Noreg den største gjevaren til prosjektet Global Forest Watch, som gjer oversikt over tap av skogdekke i verda gratis tilgjengeleg via nettsidene sine. Global Forest Watch har òg vore ein sentral kanal for å gjere satellittbileta tilgjengelege for allmenta. Trafikken på nettsidene deira auka etter at dei høgoppløyselege bileta vart tekne i bruk. Mellom anna viser tal at styresmakter i område i Afrika som lykkast i innsatsen mot avskoging, bruker skogdata frå Global Forest Watch. Ein veksande del av arbeidet til Global Forest Watch er konsentrert om å dekkje behova til kommersielle selskap for å analysere risiko for avskoging i eigne porteføljar. Dette arbeidet påverkar selskapa til å offentleggjere tidlegare hemmeleg informasjon og gjer at dei ikkje lenger kan orsake seg med manglande informasjon eller konkurranseomsyn.

Klima- og skoginitiativet støttar òg sekretariatet til Global Forest Observations Initiative (GFOI), ei plattform for samarbeid og utvikling av støtte til skogland for betre skogovervaking. GFOI er ein viktig arena for koordinering av innsatsen Noreg støttar, og andre store donorar som USA, Storbritannia og Tyskland. Det er òg ein viktig fagleg arena. GFOI driv også ei nettside med rådgjeving og metodar for skoganalysar.

Ei rekkje store selskap har sett seg mål om at forsyningskjedene deira skal vere utan avskoging. Plattforma Transparency for Sustainable Economies (TRASE) medverkar til å auke tilgangen på informasjon om selskap som handlar med dei råvarene som er mest knytte til avskoging i verda, det vil seie soya, palmeolje, storfekjøtt, kakao m.m. Plattforma dekkjer over 60 pst. av global handel med slike råvarer og syner kva for selskap som importerer frå område med mykje nyleg avskoging. Informasjonen er kopla med informasjon om konsesjonar og landregistreringar og er tilgjengeleg for alle interesserte. Ei tilsvarande plattform som inneheld informasjon om finansstraumar og eigedelar i dei same selskapa, er i ferd med å bli utforma. I 2021 vart det inngått samarbeid med UK Soy manifesto, Responsible Luxury Initiative, ForestMind og Retail Soy Group. Innan finanssektoren har TRASE vidareført samarbeid med Storebrand, Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland og NASDAQs Quandl platform. Data frå TRASE har også blitt tekne i bruk av europeiske styresmakter og sivilsamfunnsorganisasjonar i samband med utvikling av reguleringar av import av jordbruksvarer for å motverke avskoging.

I perioden 2019–2021 vart kapittelposten styrkt med til saman 600 mill. kroner til innsats for offentleg tilgjengeleg infrastruktur for skogdata. Midlane har vore nytta til innkjøp av høgoppløyselege satellittbilete (400 mill. kroner) og til styrkt kapasitet hos styresmakter og sivilsamfunn gjennom FN-organisasjonar og NGO-ar (til saman 200 mill. kroner). Mesteparten av midlane er utbetalt i 2019–2021, resten er kontraktsfesta for utbetaling framover.

Det vart i 2021 utbetalt om lag 206 mill. kroner til innsats for auka transparens og betre data om skogen. 100 av desse vart brukte på høgoppløyselege satellittbilete.

Råvaremarknader stimulerer til avskogingsfri produksjon

Meir enn halvparten av all avskoging i dag kjem av produksjon av mat og andre landbruksråvarer. Samstundes aukar mengda menneske på jorda svært raskt, og innan 2050 vil verda måtte dekkje matbehovet til 9–10 mrd. menneske med høgare gjennomsnittleg levestandard enn i dag. Berekraftig landbruk er difor sentralt for å redusere avskoging i tropiske skogland.

Viktige stikkord for eit berekraftig landbruk er effektivisering av og innovasjon i jordbruket, god skog- og arealforvaltning, restaurering av landareal med utarma jord, skifte i kosthald og innsats mot matsvinn. For å oppnå dette er ein avhengig av at styresmakter legg til rette gjennom regulering, selskap må ta ansvar for at produksjonen ikkje medverkar til avskoging, og sluttbrukarane må stille både styresmakter og selskap til ansvar.

I 2021 har Klima- og skoginitiativet medverka til at internasjonale standardar og reguleringar set krav til avskogingsfrie forsyningskjeder, at leiande globale matverksemder har komme med nye lovnader om avskogingsfrie forsyningskjeder, at styresmakter, lokalsamfunn og private verksemder samarbeider betre om avskogingsfritt jordbruk, og at private verksemder investerer i nye løysingar for korleis råvareproduksjon kan bli avskogingsfri.

Dei siste åra har mange store selskap engasjert seg i kampen mot avskoging. Om lag 500 selskap har teke på seg forpliktingar om å gjere forsyningskjedene sine avskogingsfrie. Det er likevel stor variasjon mellom selskapa når det gjeld gjennomføring.

Klima- og skoginitiativet støtta i 2021 sivilsamfunnsorganisasjonar som fremjar strategiar for å få privat næringsliv til å arbeide mot avskoging i forsyningskjedene sine. Desse organisasjonane har medverka til gjennombrot ved å fremje No Deforestation, No Expoitation-policyar i gummiindustrien, avskogingsfri produksjon av soya og storfe i Latin-Amerika, avskogingsfri forsyning av palmeolje frå Indonesia og Malaysia, auka merksemd om ulovleg tømmerhogst på Papua Ny-Guinea og i DR Kongo, utfasing av avskogingsdrivande biodrivstoff i EU og selskapsrapportering på avskogingsrisiko.

Klima- og skoginitiativet støtta i 2021 arbeidet til Tropical Forest Alliance (TFA) med å styrkje globale matvareselskap sine ambisjonar om avskogingsfrie forsyningskjeder. Som eit ledd i dette arbeidet la dei 10 største råvarehandlarane fram ei forplikting på klimatoppmøtet i Glasgow om å utarbeide eit vegkart for korleis verksemdene deira kan bli avskogingsfrie og redusere klimagassutslepp i tråd med Parisavtalens 1,5-gradersmål. Dersom selskapa følgjer opp desse lovnadene på ein truverdig måte, kan det bli eit vendepunkt for skogbevaring i viktige produsentland som Brasil og Indonesia. TFA har i tillegg etablert og styrkt fleire samarbeidsplattformer knytte til internasjonal marknadsregulering og lokale/regionale spørsmål i produsentland som Indonesia, Brasil, Peru og importlandet Kina. Plattformene bringar saman grupper med forskjellige interesser for å saman søkje konkrete tiltak for å redusere presset på skogane.

Klima- og skoginitiativet støtta i 2021 The Sustainable Trade Initiative (IDH) i innsatsen deira for å fremje samarbeid mellom styresmakter, lokalt busette og privat sektor for utvikling av avskogingsfritt jordbruk i viktige område i Brasil, Indonesia og Liberia. I 2021 har prosjektet mellom anna medverka til avtalar om berekraftig arealforvaltning på landskaps-/jurisdiksjonsnivå, formalisering av landrettar til småbønder i Liberia og meir effektiv landbruksproduksjon blant småbrukarar. I Brasil lanserte IDH, i samarbeid med supermarknadkjeda Carrefour og kjøttverksemda Marfrig, i 2021 ein teknisk protokoll for berekraftig oppdrett av kalvar som skal hindre at kvegproduksjon bidreg til avskoging. Næringslivssamarbeidet i jurisdiksjonane blir utvikla med tanke på framtidige investeringar gjennom &Green-fondet (omtalt nedanfor). Dette har resultert i fleire konkrete investeringar frå &Green-fondet i landskap der IDH har støtta avtalar om berekraftig arealforvaltning. Dei to initiativa er komplementære, slik at offentlege reguleringar og private investeringar dreg i lag.

Samarbeid med andre marknader som står for ein stor del av etterspurnaden etter råvarer som fører til avskoging, er viktig for å redusere presset på regnskogen. Noreg underteikna difor i 2016 Amsterdamerklæringane om berekraftig palmeolje og avskogingsfrie forsyningskjeder for landbruksvarer til Europa. I oppfølginga av desse erklæringane arbeider Noreg saman med åtte andre ambisiøse europeiske land om å stanse avskoginga som europeisk etterspurnad etter palmeolje, soya, kjøtt, lêr og kakao medverkar til, og med å påverke EU til sterkare tiltak for å kutte klimagassutslepp frå skog. Noreg leidde Amsterdampartnerskapen våren 2021 og retta spesielt søkjelyset mot den høge avskoginga i Brasil og manglande system for berekraftig omsetning av storefekjøtt og lêr frå Brasil. Det vart innleidd dialog med store kjøttprodusentar og med interesseorganisasjonar for lêr på den europeiske marknaden.

Dialogen med interesseorganisasjonen til soyaprodusentane heldt fram i 2021. Det brasilianske soyamoratoriet har vore viktig for å hindre avskoging knytt til soya i Amazonas. Det er framleis risiko for avskoging i samband med soyadyrking på det brasilianske savannelandskapet og for at ein del av denne soyaen hamnar på den europeiske marknaden. Fleire norske lakseprodusentar har komme med lovnader om å få lovleg og ulovleg avskoging ut av den direkte og indirekte verdikjeda si. Fleire store kjøttprodusentar har òg komme med forpliktingar om å få både ulovleg og lovleg avskoging ut av heile verdikjeda.

I 2021 utbetalte Noreg dei siste 300 mill. kroner av ein total norsk lovnad på 800 mill. kroner til &Green-fondet for avskogingsfritt landbruk i tropiske skogland. Nederlandske og britiske styresmakter har saman med selskapet Unilever samla lovd eit tilsvarande bidrag. Fondet investerer i verksemder som kan demonstrere omstilling til avskogingsfri råvareproduksjon i tropiske skogland, og bidreg dermed til utvikling av modellar som kan repliserast og skalerast opp for å gjere heile sektorar avskogingsfrie. I 2021 investerte fondet i ei leiande brasiliansk kjøttverksemd som vil gjere forsyningskjeda si i Amazonas avskogingsfri, og ein colombiansk kvegfarm som ønskjer å oppskalere berekraftig kjøtproduksjon. Ved utgangen av 2021 hadde &Green ei investeringsportefølje på 6 prosjekt med total verdi på cirka 100 mill. USD. Fondet hadde medverka til å beskytte 1,4 mill. ha skog, intensivere produksjonen på 200 000 ha jordbruksland og betra levevilkåra til nær 30 000 småbønder.

Det vart i 2021 utbetalt til saman om lag 485 mill. kroner frå kap. 1482, post 73 til tiltak for avskogingsfrie råvaremarknader. I tillegg betalte Norad samla ut om lag 87 mill. kroner til sivilsamfunnsorganisasjonar som jobbar for avskogingsfri råvareproduksjon. 50 mill. kroner av desse er rapporterte på under landinnsatsane.

Finansmarknader stimulerer til avskogingsfri produksjon

Den globale landbruksindustrien er årsak til størsteparten av tropisk avskoging. Andre industrielle drivkrefter for avskoging inkluderer gruvedrift og infrastrukturutbygging. Det meste av denne aktiviteten er avhengig av ei eller anna form for ekstern finansiering for både investeringar og drift. Det er dermed mogleg for finansaktørane å utøve avgjerande påverknad på kva for prosjekt som blir gjennomførte, og korleis dei blir gjennomførte. Dei siste åra har det blitt aukande merksemd om klimarisiko, og sterkare krav til rapportering på slik risiko. Likevel er det framleis berre eit fåtal aktørar som trekkjer utsleppa frå indirekte avskoging gjennom forsyningskjeder inn i vurderingane sine.

Arbeidet til Klima- og skoginitiativet overfor finanssektoren er basert på ei forventning om at meir kompetanse om systemisk risiko knytt til avskoging, saman med kartlegging og offentleggjering av avskogingsrisiko, vil bidra til meir merksemd om problemstillingane og press på bransjen. I kombinasjon med høgare miljøstandardar vil dette bidra til å presse fram ei omlegging i berekraftig retning.

Gjennom støtte til Tropical Forest Alliance (TFA) bidrog Noreg til fleire finansinitiativ som vart lagde fram under klimatoppmøtet i Glasgow i 2021. 30 leiande finansinstitusjonar som forvaltar 8 700 mrd. USD, forplikta seg til å oppnå avskogingsfrie porteføljar innan 2025. Åtte selskap forplikta også meir enn 3 mrd. USD i innovativ finansiering for investeringar i avskogingsfri kjøtt- og soyaproduksjon i Amazonas, Cerrado og Chaco.

Gjennom samarbeid med sivilsamfunnspartnarar heldt Klima- og skoginitiativet fram med å løfte rolla finanssektoren har i å redusere avskoging frå råvareproduksjon. CERES lanserte i 2021 ei arbeidsgruppe av investorar med ein samla forvaltningskapital på 25 mrd. USD for å diskutere rolla finanssektoren har i å redusere klimagassutslepp og bevare regnskog og andre verdifulle økosystem. Climate Disclosure Project (CDP) bidrog i 2021 til at stadig fleire finansinstitusjonar og råvareselskap rapporterte på avskogingsrisiko som ein del av berekraftsarbeidet sitt. I tråd med innspel frå norske sivilsamfunnspartnarar anbefalte Task Force for Climate Related Financial Disclosure (TCFD) i 2021 at indirekte avskogingsrisiko frå forsyningskjeder må gjerast obligatorisk i rapportering på klimarisiko.

Frå sivilsamfunnsporteføljen til Norad vart det betalt i underkant av 21 mill. kroner til organisasjonar som stimulerer finansmarknaden til å oppnå avskogingsfrie porteføljar.

Redusert skogkriminalitet

Ulovleg hogst utgjer ein stor del av hogsten i tropiske skogland, og i mange av Klima- og skoginitiativets samarbeidsland er det estimert at opp mot 80–90 pst. av hogsten er ulovleg. Internasjonal skogkriminalitet omfattar hogst og sal av tømmer og treprodukt der det har skjedd kriminelle handlingar i heile eller delar av produksjonskjeda. Ulovleg konvertering av skog til landbruksformål er omfatta av denne definisjonen. Internasjonal skogkriminalitet kan omfatte korrupsjon, dokumentfalsk i lisensutferdingsprosessen, påtvinga og ulovleg arbeid, manglande miljøkonsekvensanalysar og konsultasjonar med lokalsamfunn og urfolk, kvitvasking av pengar og tømmereksport som går utanom skattestyresmaktene.

Den økonomiske verdien av handelen med ulovleg tømmer er stor, og FN og Interpol reknar ulovleg avskoging som den største forma for miljøkriminalitet når ein ser på den økonomiske verdien av handelen. Å kjempe mot ulovleg hogst og handel med ulovleg tømmer er viktig for Klima- og skoginitiativets samarbeidsland som ønskjer å få kontroll over avskoginga si og slik oppfylle utsleppsforpliktingane sine etter Parisavtalen. Innsats mot skogkriminalitet er òg viktig for å stanse tap av natur.

I 2021 støtta Klima- og skoginitiativet innsatsen styresmaktene i samarbeidsland gjer for å redusere ulovleg hogst. Ei rekkje sivilsamfunnsaktørar fekk òg støtte, mellom anna til arbeid med å eksponere selskap og individ som profitterer på skogkriminalitet. Initiativet medverka også til utvikling av ny teknologi og nye verktøy for å spore og avdekkje ulovleg verksemd. Satellittovervaking av dei tropiske regnskogane i verda, med høgoppløyselege bilete som alle kan nyttiggjere seg gratis, er eit døme på korleis Klima- og skoginitiativet i 2021 bidrog til betre kunnskap om og kontroll med skogen i tropiske skogland (sjå rapportering under auka transparens).

Sidan 2018 har Klima- og skoginitiativet støtta programmet Law Enforcement Assistance Programme to Reduce Tropical Deforestation (LEAP) for å styrkje evna til politi-, toll- og påtalemakter til å kjempe mot ulovleg avskoging i sentrale samarbeidsland i Asia og Latin-Amerika. Interpol og FNs kontor mot narkotika og kriminalitet (UNODC) samarbeider om implementeringa av programmet. Trass i utfordringar knytte til gjennomføringa av planlagde aktivitetar på grunn av covid-19-pandemien gjennomførte LEAP i 2021 ei rekkje etterforskingar og operasjonar som medførte beslag, arrestasjonar og rettsforfølging av selskap og personar som var involverte i ulovleg hogstverksemd. Til dømes starta LEAP i 2021 den taktiske fasen i ein ny operasjon i tolv land i Latin-Amerika og Karibia. I løpet av november og desember vart det gjort 69 arrestasjonar og beslag verde meir enn 700 000 USD, mellom anna av ulovleg tømmer og kol. LEAP var i 2021 også del av ein global operasjon retta mot ulovleg handel med fauna og flora, som mellom anna førte til beslag av 7,5 tonn ulovleg tømmer, inkludert 313 kubikkmeter rosentre.

Som eit bidrag til innsatsen mot internasjonal miljøkriminalitet har Klima- og skoginitiativet i 2021 støtta utviklinga av Nature Crime Alliance, ein internasjonal allianse som mellom anna skal styrkje arbeidet mot skogkriminalitet, ulovleg gruveverksemd og ulovleg handel med dyr og plantar. Alliansen har som formål å skape auka politisk merksemd om og engasjement i arbeidet mot miljøkriminalitet, bidra til auka finansiering av effektive tiltak, og til styrkt samarbeid mellom organisasjonar og land om lovhandheving.

Klima- og skoginitiativet har gjeve økonomisk støtte til fleire sivilsamfunnsorganisasjonar som jobbar med å avdekkje og rapportere lovbrot i skogsektoren eller på anna vis arbeider med å kjempe mot skogkriminalitet i tropiske land. Eitt døme på dette er Environmental Investigation Agency (EIA), som etter fleire års etterforsking medverka til å eksponere eit av dei aller største handelsnettverka for ulovleg tømmer mellom Kongo-bassenget og Vietnam. I 2020 starta styresmaktene i Gabon eit formelt samarbeid med EIA og partnarane deira om utviklinga av eit sporingssystem for tømmer. Dette sporingssystemet vart pilotert i 2021.

Ein annan mottakar av tilskot, Amazon Conservation, har medverka til å styrkje evna Perus nasjonale skogbruksteneste, SERFOR, har til å handtere skogkriminalitet, ved å utvikle system, verktøy og retningslinjer som trengst for dette arbeidet. Prosjektet har medverka til å setje Peru betre i stand til å handtere og redusere ulovleg avskoging og skogforringing. I 2021 signerte Amazon Conservation ein ny femårig avtale med Norad for å halde fram med dette arbeidet i både Peru og Ecuador.

Det vart utbetalt 97 mill. kroner til tiltak mot skogkriminalitet frå Klima- og skoginitiativet i 2021. I tillegg vart det utbetalt om lag 83 mill. kroner til arbeid mot skogkriminalitet gjennom sivilsamfunnsporteføljen forvalta av Norad i 2021. 56 mill. kroner av desse er rapportert på under landinnsatsane.

Rapportdel 4: Resultat av tverrgåande innsats

Global oppslutning om skogbevaring

Oppslutning om skogbevaring er ein føresetnad for at det globale samfunn skal ta vare på regnskogen, og er difor viktig for å få til resultat på tvers av alle resultatmåla til Klima- og skoginitiativet.

Skog og arealbruk utgjer om lag ein tredjedel av løysinga for å nå temperaturmålet i Paris-avtalen. I 2021 gjorde det britiske presidentskapet for klimatoppmøtet i Glasgow skog og arealbruk til ei stor global prioritering. Noreg medverka til dette gjennom partnarskapen med Storbritannia og Tyskland i GNU-samarbeidet (Germany, Norway and UK). På høgnivåmøtet med regjeringssjefar underteikna 143 land Glasgow-erklæringa om å stanse tap av skog før 2030. Noreg og 11 andre land kom med ein lovnad om å støtte tropisk skog med 12 mrd. USD fram til 2025, og private kjelder lovde 7,2 mrd. USD. Noreg jobba aktivt for å auke finansiering til område som hittil har fått lite merksemd, men som er viktige dersom vi skal nå globale mål: til saman 1,7 mrd. USD vart lovde frå offentlege og private kjelder for å styrkje urfolk sine rettar til land fram til 2025 og 1,5 mrd. USD til skogane i Sentral-Afrika. Det er oppretta eigne mekanismar for å overvake desse forpliktingane og for å rapportere på korleis pengane blir brukte.

Noreg var gjennom 2021 ein aktiv deltakar i Forest Agriculture Commodities and Trade (FACT)-dialogen, leidd av Storbritannia og Indonesia, om korleis vi kan få ned avskoging i globale forsyningskjeder. Saman med råvareselskapa sitt mål om vegkart for forsyningskjeder i tråd med 1,5-gradarsmålet om global oppvarming og med lovnaden frå finansinstitusjonane som avskogingsfrie porteføljar innan 2025 (omtalt under rapportering om finansmarknader, over) er det auka håp om at verda greier å nå målet om å stanse tap av skog innan 2030.

Store samanhengande skogområde gjev ei rekkje gratistenester i form av biologisk mangfald og sikring mot tørke og flaum. Skogane er heilt grunnleggjande for at vi skal nå mange av berekraftsmåla. Den norske støtta til Food and Land Use Coalition (FOLU) bidrog i 2021 til utvikling av særskilde vegkart for berekraftig arealbruk og matsystem i ei rekkje av Noregs skogpartnarland. FOLUs synteserapport Growing Better frå 2019 synte korleis mat- og arealbrukssystema i verda gjennom ti transformative grep kan bli berekraftige også i ei tid med ei aukande verdsbefolkning. Bygd på kunnskapsutviklinga frå dette arbeidet vil koalisjonen dei neste åra støtte Indonesia, Colombia, Etiopia, India og Kina i arbeidet deira for berekraftige matsystem.

Rainforest Journalism Fund (RJF) er eit journalistisk uavhengig fond drifta og forvalta av Pulitzer Center on Crisis Reporting, som fremjar journalistikk om betydninga av regnskogen og årsakene til avskoginga. Nedslagsfeltet er dei tre store skoggeografiane Amazonas, Sentral-Afrika og Søraust-Asia/Indonesia. Frå oppstarten i 2018 og fram til 2021 har fondet finansiert over 500 journalistiske saker fordelte på 295 mediehus lokalt og regionalt og i leiande internasjonale medium. Trass i utfordringar knytte til covid-19-pandemien lykkast RJF i 2021 med publisering av saker, samarbeid og kapasitetsbygging mellom anna gjennom nettbaserte møte og samlingar. Fordi undersøkjande journalistikk kan vere svært farleg, arrangerer Pulitzer Center også omfattande tryggingskurs for journalistar.

I 2020 inngjekk Klima- og skoginitiativet ytterlegare ein avtale med Pulitzer Center om etableringa av Rainforest Investigations Network (RIN). RIN er eit treårig prosjekt som skal drive grundig og langsiktig gravejournalistikk lokalt, regionalt og globalt. RIN skal også samarbeide med ei lang rekkje universitet i Amazonas, Kongobassenget og Søraust-Asia. I 2021 bestod RIN av 13 journalistar frå 10 land. Trass i utfordringar knytte til covid-19-pandemien lykkast RIN i løpet av 2021 å publisere 76 journalistiske saker. Totalt hadde desse sakene ei estimert rekkjevidde på 10 mill. visningar, med nyheitssaker i store mediehus som The New York Times, Bloomberg, NBC News og El País.

Frå 2018 har Klima- og skoginitiativet støtta Climate and Land Use Alliance (CLUA) sitt arbeid for reduserte klimagassutslepp gjennom forbetra arealbruk og realisert potensial for skog. I både Brasil og Indonesia har CLUA etablert samarbeid med veletablerte organisasjonar med stort nettverk og rekkjevidde, som også når ut til unge målgrupper. Spesielt i Brasil har CLUAs arbeid med informasjonsdeling og å få opp medvitet vore viktig, i ei tid prega av polarisering og spreiing av feilinformasjon. I begge landa har CLUA i 2021 arbeidd vidare med rettane til urfolk og lokalsamfunn, inkludert landrettar. Dette arbeidet utfyller Klima- og skoginitiativet sitt arbeid på urfolksområdet.

Det vart i 2021 inngått avtale om vidareføring av norsk støtte fram til 2024 til arbeidet med Interfaith Rainforest Initiative. FNs miljøprogram (UNEP) forvaltar midlane og koordinerer arbeidet. Formålet med initiativet er å mobilisere trussamfunn, religiøse institusjonar og religiøse leiarar i kampen for vern av tropisk skog i Indonesia, DR Kongo, Peru, Colombia og Brasil. Initiativet når ut til nye aktørar og til geografiske område som er vanskeleg tilgjengelege, og har etablert seg som ein viktig kanal for formidling og kommunikasjon. I 2021 har initiativet halde fram med å spreie kunnskap om klima, naturmangfald og berekraftig utvikling i dei fem partnarlanda og formidla forskingsbasert kunnskap om kor viktig tropisk skog er for å nå berekraftsmåla og oppfylle Parisavtalen.

Global Green Growth Institute (GGGI) hjelper styresmakter med å utvikle planar og strategiar for utsleppsreduksjonar og betre klimatilpassing innanfor energi, byutvikling, vassressursforvaltning og skog- og arealforvaltning. I 2021 gjennomførte GGGI totalt 186 enkeltprosjekt i 40 land. I skog- og arealsektoren rettar GGGI særleg merksemda si mot å arbeide saman med nasjonale styresmakter for å fremje breie sektortilnærmingar og å leggje til rette for berekraftige og sosialt inkluderande investeringar frå privat sektor. Noregs kjernebidrag til GGGI blir samfinansiert av Klima- og skoginitiativet og statens kvotekjøpsprogram (sjå kap. 1481, post 22).

Noreg har støtta eit tverrfagleg forskingsprosjekt i regi av CIFOR, som følgjer policyutvikling og iverksetjing av REDD+, sidan 2009. Dette er eit globalt følgjeforskingsprosjekt for REDD+, inkludert resultat av norsk innsats, som utfyller evalueringar av Klima- og skoginitiativet, som Norad har ansvaret for. Frå og med 2021 rettar prosjektet merksemda mot Peru, Brasil, DRK og Indonesia.

Det vart utbetalt 155 mill. kroner til tiltak for å fremje global oppslutning om skogbevaring frå Klima- og skoginitiativet i 2021. Det vart òg utbetalt om lag 74 mill. kroner til same formål gjennom Norads sivilsamfunnsportefølje. 54 mill. kroner av desse er rapporterte på under landinnsatsane.

Fotnotar

1.

Ei oversikt over stoffa og stoffgruppene på prioritetslista og status for utslepp og utsleppsreduksjonar finst https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/miljogifter/prioriterte-miljogifter og lenkjer vidare derifrå.

2.

Bilvrak og kasserte bildekk – Miljøstatus (miljodirektoratet.no)

Til forsida av dokumentet