Del 1
Innleiande del
1 Landbruks- og matpolitikken til regjeringa
Verda har blitt meir farleg og meir uføreseieleg. Noreg står i den mest alvorlege tryggingssituasjonen sidan andre verdskrig. Å ha nok, trygg mat er ein føresetnad for alle samfunn. Difor prioriterer regjeringa å styrkje norsk matproduksjon og føre ein politikk som aukar matsikkerheita. Matsikkerheit er eitt av fire hovudmål for landbrukspolitikken. Å produsere nok, trygg og variert mat av god kvalitet er den viktigaste oppgåva jordbruket løyser for samfunnet. Det allsidige bondeyrket har difor ei viktig rolle for heile det norske samfunnet, og ikkje minst gjeld dette beredskap.
Desse overordna perspektiva ligg til grunn for regjeringa sine prioriteringar for jordbruket i framlegget til statsbudsjett for 2026.
Regjeringa vil ha eit aktivt og berekraftig jordbruk over heile landet. Jordbruket sitt samfunnsoppdrag er å produsere nok og trygg mat på norske naturressursar, og dermed gi arbeid, god ernæring og helse. Dyrevelferda skal òg vere god, og bøndene skal ha rammevilkår som gjer at dei kan utnytte potensialet for inntekt på garden best mogleg.
Regjeringa la i Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, fram ein strategi for å auke sjølvforsyninga av jordbruksvarer. Dette skal mellom anna skje gjennom å leggje til rette for auka inntektsmoglegheiter i jordbruket og auka planteproduksjonen til mat og fôr på ein måte som styrkjer konkurransekrafta for norsk mat mot import. Konkurransekraft i matsektoren er avgjerande for å oppretthalde ein høg marknadsdel i heimemarknaden. For regjeringa er dette ein sentral del av arbeidet med å styrkje beredskapen. Regjeringa la vidare i Meld. St. 10 (2024–2025) Prinsipper for tallgrunnlag m.m. i jordbrukspolitikken, fram ein avtale om prinsippa for talgrunnlaget og nokre andre spørsmål i jordbrukspolitikken.
Gjentakande ekstremvêr med tørke, flaum, storm og beitekriser har vist kor avgjerande det er med god beredskap for å tryggje jordbruksproduksjon, reindrift og skogbruk. Vi må difor vere budde på klimatilpassingar i landbruket i åra som kjem. Dette er ein viktig del av beredskapsarbeidet til regjeringa.
Vi må òg nytte dei nasjonale ressursane etter beste evne, vidareutvikle mangfaldet og dei gode produksjonsmiljøa i jordbruket, reindrifta og skognæringa.
All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg. Dette er sentralt for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skaper tillit, sikrar avsetnad av varer og legitimitet for eit levande landbruk og for næringsmiddelindustrien. God dyre- og plantehelse er viktig, og avgjerande for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, samstundes som det er eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat. Regjeringa har lagt fram Meld. St. 8 (2024–2025) Dyrevelferd, som gjeld for alle dyr som er omfatta av dyrevelferdslova, inkludert fisk. Ny kunnskap om dyrevelferd og utviklinga i norsk dyrehald, husdyrproduksjon og havbruk har stått sentralt i dette arbeidet.
Reindriftsnæringa nyttar marginale utmarksressursar, og næringa er avgjerande for å bevare samisk kultur og språk. Regjeringa sitt framlegg til endringar i reindriftslova, som skal bidra til å sikre ei berekraftig reindrift, er vedteke av Stortinget. Tilgjengelege areal er ein føresetnad for ei berekraftig reindrift. Regjeringa held fram med å følgje opp tiltaka i tiltakspakka for reindrift og energi. Tiltaka skal leggje til rette for at ein betre kan vareta beiteareala til reindrifta.
Ansvarleg og langsiktig forvaltning av skogen er ein føresetnad for å produsere skog med kvalitetstømmer, og slik bidra til verdiskaping. Skogen kan bidra til å løyse klimaproblemet gjennom auka opptak av CO2 og lagring av karbon i tre og skogsjord, og ved at biomasse kan erstatte materiale med høgare klimagassutslepp. Biomasse frå skog er òg ein føresetnad for mange karbonnegative teknologiar som kan trekkje karbon ut av kretsløpet. Skogen gir òg ei rekkje fellesgode og rekreasjonsverdiar.
Berekraftsmåla til FN er ein felles, overordna handlingsplan for ei berekraftig utvikling for alle land og samfunnsområde. Måla for landbruks- og matpolitikken skal, på same måte som berekraftsagendaen, byggje på miljømessig, økonomisk og sosial berekraft. Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som mellom anna skal gjere greie for moglegheiter, utfordringar og dilemma i det norske matsystemet, kome med tilrådingar og tiltak som kan styrkje berekrafta i det norske matsystemet framover i tid, og bidra til at det globale matsystemet blir meir berekraftig. Matsystemutvalet skal levere si utgreiing i form av ein NOU innan 1. november 2026.
Arbeidet med å redusere klimagassutsleppa frå landbruket skal førast vidare og opptaket av karbon skal aukast, samstundes som vi aukar sjølvforsyninga og tilpassar produksjonen til eit endra klima. Det blir difor lagt vekt på å redusere utsleppa per produsert eining. Ein variert bruksstruktur som er tilpassa naturressursar og geografi, er avgjerande for å produsere mat på ein berekraftig og klimavenleg måte. Reduksjon av matsvinn er òg eit tiltak for å redusere utsleppa. Som eit ledd i dette arbeidet blei regjeringa sitt framlegg til lov om forebygging og reduksjon av matsvinn (matsvinnloven) vedteke av Stortinget. Regjeringa vil òg styrkje bransjeavtalen for reduksjon av matsvinn.
Regjeringa har følgjande mål for ein berekraftig landbruks- og matsektor:
Figur 1.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet.
I del II av proposisjonen er det gjort nærare greie for resultata knytte til dei landbruks- og matpolitiske måla. Programkategorien der rapportering på mål finst, er vist i parentes etter kvart mål i figuren. Enkelte mål og tverrgåande mål kan rette seg mot fleire programkategoriar, sjølv om rapporteringa er samla under éin programkategori. Ein berekraftig landbruks- og matsektor er eit gjennomgåande omsyn for alle dei landbruks- og matpolitiske måla. Det kan vere ulike omsyn som må balanserast både innad i sjølve målstrukturen til Landbruks- og matdepartementet og opp mot andre samfunnsmål.
Prioriteringar i landbruks- og matpolitikken
Samfunnstryggleik, beredskap og auka sjølvforsyning
God matvareberedskap er ei prioritert og viktig oppgåve for regjeringa. Landbruks- og matdepartementet skal bidra til at Noreg har god matvareberedskap. Matsystemet er komplekst med ei lang rekkje heilt naudsynte funksjonar som mellom anna kompetanse, teknologi, organisasjon, logistikk og innsatsfaktorar. Matvareberedskapen i dag byggjer på nasjonal produksjon, fungerande handelssystem og ivaretaking av produksjonsgrunnlaget. Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen. Forberedt på kriser og krig, peikar på potensialet for å leggje om produksjon og forbruk i ein krisesituasjon.
Den globale usikkerheita aukar, og gjer det enda viktigare med ein nasjonal matproduksjon. Jordbruket sitt samfunnsoppdrag er å sikre befolkninga nok og trygg mat produsert på norske naturressursar, og gjennom dette bidra til sysselsetjing i heile landet, god ernæring og helse. Den 8. mars 2024 la regjeringa fram Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Hovudstrategien som er lagt til grunn for arbeidet med å auke sjølvforsyningsgraden er å forbetre og auke produksjonen av planteprodukt, både til mat og til fôr, på ein måte som styrkjer jordbruket si konkurransekraft mot import. Auka sjølvforsyning må anten komme som følgje av auka innanlandsk produksjon av varer med låg sjølvforsyningsgrad, endring i det innanlandske forbruket, endring i norskandel i fôr og fôrråvarer, eller ein kombinasjon av desse. Regjeringa sin strategi er delt inn i tiltak retta mot styrkt konkurransekraft, styrkt planteproduksjon til mat og fôr og tiltak for å oppretthalde dagens høge sjølvforsyningsgrad på husdyrprodukt. Alle tiltak i jordbrukspolitikken framover må vurderast opp mot korleis desse påverkar målet som er sett om auka sjølvforsyning korrigert for import.
For primærprodusentar i jordbruket og veksthusnæringa, blei det etablert ei ordning med straumstøtte frå desember 2021. Formålet med ordninga er å bidra til at norsk matproduksjon og produksjon i veksthus kan halde fram trass i dei ekstraordinære, høge utgiftene til straum. Ordninga med straumstøtte til jordbruk, veksthus og vatningslag blir vidareført ut 2029. Dette gir føreseielege rammer for næringa, og bidreg til å sikre norsk matproduksjon framover.
Beredskapslager for matkorn
Klimaendringar og meir ekstremvêr i framtida kan påverke tilgangen på mat og gjere forsyningstryggleiken frå verdsmarknaden meir utfordrande. Uro i verdikjedene for matvarer og sikkerheitspolitiske kriser kan òg gjere matforsyninga meir utrygg.
I tråd med ambisjonane til regjeringa blei det etablert beredskapslagring av matkorn i 2024. Tiltaket skal bidra til at befolkninga i Noreg har tilgang til forsyning av matkorn i ein krisesituasjon.
Staten skal eige kornet, som skal vere integrert i det kommersielle lagerhaldet til marknadsaktørane. Lagera skal byggjast opp så raskt som råd med inntil 15 000 tonn korn per år. Målet er at det skal vere nok korn på lager til tre månaders forbruk innan 2029. Landbruksdirektoratet forvaltar ordninga med beredskapslagring, og har underteikna avtalar for lagring frå 2026–2029 og 25 år framover.
Opptrapping av inntektsmoglegheitene
Gode inntektsmoglegheiter er eit viktig verkemiddel for å nå målet om auka sjølvforsyning og dei andre måla i jordbrukspolitikken. I tillegg til å vere eit verkemiddel for å nå dei andre måla i jordbrukspolitikken, er også gode inntektsmoglegheiter eit mål i seg sjølv. I Meld. St. 11 (2023–2024), la regjeringa fram ein opptrappingsplan for inntektsmoglegheitene. I planen går det fram at ein med utgangspunkt i tala for 2021 i ein modifisert totalkalkyle, legg opp til å auke inntektsmoglegheitene, med sikte på å lukke den gjennomsnittlege inntektsforskjellen til eit justert gjennomsnitt av løn for arbeidstakarar fram til 2027. Då Stortinget handsama Meld. St. 10 (2024–2025) i april 2025, blei det vedteke at talgrunnlaget skal nyttast slik det blei utarbeidd til forhandlingane i 2024. Det gjaldt med unntak for tal timar per årsverk i jordbruket, som skal reduserast i to trinn til 1 700 timar i 2027. Jordbruksavtalepartane nytta desse prinsippa for talgrunnlaget ved forhandlingane i 2025, og Budsjettnemndas grunnlagsmateriale viste at inntektsmålet kan bli nådd allereie i 2025. Ved handsaminga av jordbruksoppgjeret i 2025 vedtok Stortinget at inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet skal vere tetta framover.
Jordbruksavtalen styrkjer norsk matproduksjon
Den 16. mai 2025 blei staten og Norges Bondelag samde om ein jordbruksavtale, etter at Norsk Bonde- og Småbrukarlag valde å bryte forhandlingane tidlegare same dag. Jordbruksavtalen blei fremja for Stortinget i Prop. 149 S (2024–2025) Endringer i statsbudsjettet 2025 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2024), og vedteken 18. juni 2025. Nivået på budsjettoverføringane over jordbruksavtalen vil, etter inngått avtale, vere på 29 674 mill. kroner i 2026, noko som er ein auke på 75 pst. frå rekneskap 2021. Med jordbruksavtalane dei fire siste åra har regjeringa bidrege til eit stort inntektsløft for bøndene, og det berekna inntektsgapet til jordbruksoppgjeret 2025 er tetta. Berre forsvaret har hatt ein større prosentvis auke over statsbudsjettet i same periode.
På avtaletidspunktet hadde jordbruksavtalen 2025 ei samla ramme for 2026 på 29 674 mill. kroner. Av den auka ramma på 1 107 mill. kroner i 2026, skulle auka løyvingar over statsbudsjettet finansiere 747 mill. kroner. På bakgrunn av volumjusteringar i ettertid, blir det fremja forslag om å auke løyvingane med 410 mill. kroner i statsbudsjettet for 2026. Bøndene får kompensert for den prognoserte kostnadsveksten i 2026, og det blir vidare lagt til rette for ein inntektsvekst på 33 000 kroner per familieårsverk frå 2025 til 2026.
To hovudprioriteringar for partane var auka sjølvforsyning og eit vidare løft for klima- og miljøarbeidet. Partane har i avtalen særleg styrkt produksjonen av korn og grønt, og økonomien i sauehaldet og i spesialisert storfekjøttproduksjon. Satsane blei auka for ei rekkje av tilskottsordningane som er retta mot det grovfôrbaserte husdyrhaldet. Det blei lagt vekt på å vidareføre marknadsbalanse i denne delen av kjøttsektoren og å utnytte beiteressursane.
Auka berekraft i verdikjeda for mat
Regjeringa styrkjer berekrafta i verdikjeda for mat gjennom verkemiddel både innanfor og utanfor jordbruksavtalen. Særleg viktige område er jordvern, klima- og miljøarbeidet i jordbruket, berekraftige fôrråvarer, plante- og dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Regjeringa legg òg vekt på medverknad og samarbeid med landbruket gjennom jordbruksavtalen.
Sosial, økonomisk og miljømessig berekraft heng tett saman og skal bidra til å oppnå berekraftsmåla til FN. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere det nasjonale arbeidet med berekraftsmål 2; Utrydde svolt, og har delansvar under fleire andre mål, mellom anna berekraftsmål 12; Ansvarleg forbruk og produksjon og mål 15; Livet på land. Status og nasjonal oppfølging av berekraftsmåla til FN er omtalt i del III av proposisjonen.
Landbruks- og matdepartementet har vidare ei koordinerande rolle nasjonalt med oppfølging av det FN-initierte arbeidet med utvikling av eit meir berekraftig matsystem. Regjeringa deltek aktivt i globale fora for matsikkerheit og berekraftige matsystem, for å fremje internasjonalt samarbeid og å utveksle erfaringar om arbeid nasjonalt.
Regjeringa har sett ned eit offentleg utval om framtidas matsystem som ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak nr. 560 av 18. april 2024. Vedtaket blei fatta i samband med Stortinget si handsaming av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).
Landbruket som del av løysinga for klima og miljø
Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine, og for å medverke til at vi når dei nasjonale klima- og miljømåla. For ein samla omtale av prioriteringar på klima- og miljø, sjå Prop. 1 S (2025–2026) frå Klima- og miljødepartementet.
Eit aktivt landbruk over heile landet er ein føresetnad for å vareta kulturlandskapet med eit stort mangfald av naturtypar, kulturminne og kulturmiljø. Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen skal bidra til å halde ved lag kulturlandskapet og redusere miljøbelastninga. Regjeringa sin intensjonsavtale med organisasjonane i jordbruket om å arbeide for reduserte utslepp og auka opptak av karbon i jordbruket, ligg til grunn for klimaarbeidet i sektoren. Gjennom Bionova har regjeringa styrkt arbeidet med klimatiltak i landbruket og utviklinga av den sirkulære bioøkonomien. Bionova er eit viktig verktøy for grøn omstilling i landbruket, og for omstilling til ein meir sirkulær bioøkonomi i næringslivet generelt.
I jordbruksoppgjeret 2025 blei miljø- og klimainnsatsen i jordbruket styrkt ytterlegare. Denne satsinga skal bidra til å følgje opp klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket og til arbeidet med å nå andre miljømål, til dømes innan vassmiljø og kulturlandskap, bruk av beite og artsmangfald. Oppfølging av planen Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv, er òg prioritert i forhandlingane dei siste åra. Regjeringa fastsette nytt gjødselregelverk i januar 2025. Sentralt i regelverket er å sørgje for at gjødsel blir spreidd til rett tid, i rett mengd, og med rett kvalitet. Regjeringa vil etablere eit verktøy til forvaltning av nytt gjødselregelverk. Verktøyet vil òg vere til hjelp for at næring og forvaltning kan vareta si plikt til rapportering mellom anna av resultat frå jordprøver.
Reduksjon av matsvinn er òg eit sentralt tiltak for auka berekraft og reduksjon av klimautslepp. Etter framlegg frå regjeringa har Stortinget vedteke ei ny lov om førebygging og reduksjon av matsvinn. Formålet med lova er å betre utnyttinga av ressursane ved å hindre at næringsmiddel går ut av verdikjeda. Det er vedteke fleire krav som skal bidra til å førebyggje og redusere matsvinnet. Regjeringa vil òg styrkje bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn.
Regjeringa har òg mål om å auke CO2-opptaket i norsk skog. Igangsette og planlagde klimatiltak i skog og på anna areal, er omtalte i Regjeringens klimastatus og plan. Tettare skogplanting, gjødsling av skog, ungskogpleie og skogplanteforedling er sentrale tiltak. Det er særleg viktig å prioritere ungskogpleie, sidan dette tiltaket både styrkjer skogen sitt karbonopptak, og bidreg til ein meir klimatilpassa og robust skog som toler klimapåkjenningar og klimaskadar. Elles ligg Meld. St. 25 (2024–2025) Klimamelding 2035 – på vei mot lavutslippssamfunnet, til grunn for klimapolitikken for skog- og arealbrukssektoren.
Meir berekraftig fôr
Matsikkerheita er under press som følgje av befolkningsvekst, auka press på areal og ressursar, klimaendringar og meir usikre forsyningsliner. Dei globale matsystema står for over éin tredel av klimagassutsleppa. Auka bruk av norske, berekraftige råvarer til fiskefôr og kraftfôr til husdyr, er viktig for sjølvforsyning og beredskap, og for å redusere presset på klima og miljø.
På bakgrunn av dette har regjeringa lansert eit målretta samfunnsoppdrag om berekraftig fôr. Målet er at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema innan 2034. Samfunnsoppdraget skal bidra til å bevare naturmangfald, utvikle ein sterk fôringrediensindustri og auke forsyningssikkerheita i Noreg.
Innsatsen på området er styrkt, og det er nedsett ei styringsgruppe som skal gi faglege råd om korleis vi skal nå dei måla som er sette.
Eit sterkt importvern er avgjerande for norsk matproduksjon
Regjeringa set ambisiøse mål for norsk landbruk og matindustri. Eit solid importvern er ein føresetnad for å nå måla om auka sjølvforsyning, betre inntektsmoglegheiter og landbruk over heile landet. Regjeringa forhandlar om rammevilkår for handel med jordbruksvarer i WTO, EØS og som ein del av EFTA. I slike forhandlingar legg regjeringa vekt på at det ikkje blir gitt konsesjonar for sensitive norske jordbruksvarer som til dømes meieri- og kjøttvarer. Regjeringa legg vidare vekt på retten til å innføre tiltak som påverkar handelen av omsyn til folke-, plante- og dyrehelse.
Levande landbruk og jordvern styrkjer beredskapen
Regjeringa vil at matjorda skal bli brukt til matproduksjon, og vil leggje til rette for eit levande landbruk i heile landet gjennom verkemidla i eigedomslovgivinga. Departementet vil i 2026 halde fram med lovutviklingsarbeidet som er sett i gang, mellom anna i jordlova. Forslag til nye reglar for omdisponering frå skog til beite vil bidra til at plikta om forynging etter hogst ikkje blir omgått. Det er vidare sett i gang arbeid med reglar for eit sterkare vern av dei viktigaste jordbruksareala.
Dyrka mark er ein knapp ressurs. Ved å ta vare på dyrka mark, styrkjer ein beredskapen. Ein ny nasjonal jordvernstrategi blei lagt fram i Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.) Strategien fastset at målet for omdisponering av dyrka mark skal vere maksimalt 2 000 dekar per år. Målet skal vere nådd innan 2030. Regjeringa vil i 2026 fortsetje å følgje opp strategien.
Dyrevelferda og plante- og dyrehelsa skal varetakast
Dyrevelferda og plante- og dyrehelsa skal vere god. Dette er avgjerande for at bøndene skal kunne produsere trygg mat og for at matproduksjonen skal ha eit godt omdømme.
Regjeringa har lagt fram ei ny dyrevelferdsmelding, som gjeld for alle dyr som er omfatta av dyrevelferdslova, inkludert fisk. Ny kunnskap om dyrevelferd og utviklinga i norsk dyrehald, husdyrproduksjon og havbruk har stått sentralt i dette arbeidet. Regjeringa legg i meldinga opp til at arbeidet med dyrevelferd kan utviklast vidare på ein kunnskapsbasert måte, samstundes som ein tek omsyn til næringane sine behov for føreseielege rammevilkår. Mattilsynet har ei viktig rolle med å overvake dyrevelferda og å utvikle regelverket. Innsatsen på dette området har blitt styrkt dei siste åra.
Helsesituasjonen i norsk husdyrhald er god. Samtidig har det dei siste åra vore fleire utbrott av smittsam dyresjukdom. Utbrotta viser behovet for kontinuerleg arbeid, overvaking og god beredskapsevne. Også plantehelsa er god, men meir import av planter og plantemateriale aukar risikoen for nye sjukdommar og skadegjerarar. Tilsyn med kontrollrutinane hos importørane er difor viktig. Mattilsynet arbeider med å utvikle planverk og tiltak, overvakar og handterer hendingar på plante- og dyrehelseområdet. Dette arbeidet er avgjerande for å styrkje og bevare den gode plante- og dyrehelsa i Noreg.
Det er utfordringar med tilgang på veterinærtenester i jordbruket. Tilstrekkeleg tilgang på slike tenester er vesentleg av omsyn til dyrehelsa, dyrevelferda, mattryggleiken og landbruk i heile landet. På oppdrag frå departementet har ei arbeidsgruppe laga ei utgreiing. I oppfølginga av utgreiinga er det mellom anna tildelt midlar til eit pilotprosjekt som skal bidra til å få nyutdanna til å etablere seg i produksjonsdyrpraksis i distrikta. Ein viktig del av prosjektet er mellom anna å etablere ei mentorordning for veterinærar.
Næringsmiddelindustrien og jordbruket
Det er om lag 40 000 arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien i Noreg. Mange av verksemdene ligg i distrikta, og har stor verdi for verdiskaping, sysselsetjing og busetjing.
Jordbruket er avhengig av ein livskraftig næringsmiddelindustri for å kunne foredle råvarer. Samtidig er industrien avhengig av norske råvarer i produksjonen. Til saman dekkjer jordbruket og industrien heile verdikjeda for matproduksjon. Regjeringa har lagt fram Meld. St. 16 (2024–2025) Industrien – konkurransekraft for en ny tid, som er ei oppdatering av dei samla utfordringane og moglegheitene for heile industrien, og inneheld tiltak innanfor rammevilkåra som har størst innverknad for industrien. I meldinga blir det slått fast at for å sikre framleis vekst, vil regjeringa føre ein aktiv næringspolitikk som bidreg til auka verdiskaping, legg til rette for lønsamme private investeringar og eit meir omstillingsdyktig næringsliv. I tråd med Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, la regjeringa fram eit vegkart for næringsmiddelindustrien 16. juni 2025. Vegkartet skal bidra til å leggje til rette for ein robust, innovativ og marknadsretta industri som avtakar av norske råvarer.
Importvernet for jordbruksvarer bidreg til å oppretthalde ein levedyktig industri. Auka konkurranse stiller samtidig krav til omstillingsevne, effektivisering og innovasjon i verksemdene. Jordbruksavtalen har ordningar som skal kompensere for prisforskjellar på jordbruksråvarer mellom Noreg og utlandet, slik at næringsmiddelindustrien i Noreg kan produsere og omsetje industrielt foredla jordbruksvarer basert på norskproduserte jordbruksråvarer.
Auka rekruttering til mat- og måltidsbransjen
Regjeringa føreslår å styrkje samarbeidet mellom aktørane i verdikjeda for mat med 10 mill. kroner, med mål om auka rekruttering til matfagleg utdanning og auka rekruttering til mat- og måltidsbransjen. Det er ein relativt høg del unge vaksne som står utanfor utdanning og arbeidsliv, samstundes som det er eit aukande behov for fagarbeidarar i alle bransjar, også innan landbruks- og matsektoren. Interessen for matfaga i vidaregåande skule og i høgare utdanning, har gått jamt nedover over tid. For at primærlandbruket, lokalmatprodusentar, reiselivsbedrifter og næringsmiddelindustrien skal levere nok mat av god kvalitet, og saman byggje Matnasjonen Noreg, er ein avhengig av rekruttering til utdanning og næring i alle delar av denne verdikjeda.
Matnasjonen Noreg
Matnasjonen Noreg er ei felles ramme for arbeid med næringsutvikling og verdiskaping innan verdikjeda for mat, basert på ressursar frå hav og land. Arbeidet med Matnasjonen Noreg skal styrkje norsk matproduksjon, synleggjere norsk matkultur og -tradisjonar, fremje berekraft i heile verdikjeda og styrkje samarbeidet mellom ulike aktørar.
Det blei i 2025 lagt fram både ei Oppskrift for mer lokalmat og -drikke og ein ny Nasjonal strategi for økologisk jordbruk. Samtidig blir det arbeidd med ei offentleg utgreiing om framtidas matsystem, som skal vurdere berekrafta i det norske matsystemet.
Skogen skaper verdiar
Regjeringa la i 2023 fram eit oppdatert Veikart 2.0 Grønt industriløft, der skog- og trenæringa og anna bioøkonomi er eitt av satsingsområda. Bioressursane frå hav og land skal bli brukte til klimavenlege og lønsame produkt, inkludert biodrivstoff, og bidra til å utvikle industriarbeidsplassar og lange verdikjeder i Noreg.
Eit berekraftig skogbruk, saman med ein lønsam foredlingsindustri, gir positive nærings-, energi- og klimabidrag. Hovudprioriteringane er auka planting, gjødsling av skog, ungskogpleie og skogplanteforedling for større produksjon av trevirke og auka opptak av CO2 i skogen. Målet er at skogbruket skal kunne gi større bidrag til verdiskaping og grøn omstilling av økonomien.
Avskogingsforordninga
Avskogingsforordninga blei vedteken i EU i 2023. Forordninga erstattar tømmerforordninga, som er gjennomført i norsk rett, der Landbruksdirektoratet er ansvarleg myndigheit for innanlands produksjon og omsetning av tømmer, og Miljødirektoratet er ansvarleg myndigheit for import. Målet med avskogingsforordninga er å minske EU sitt globale fotavtrykk som følgje av avskoging og skogforringing. Forordninga skal sikre at produkt som blir omsett i EU eller eksportert til land utanfor, ikkje bidreg til avskoging og skogforringing. Regjeringa har vedteke at Noreg skal gjennomføre dei delane av forordninga som er EØS-relevante. Landbruksdirektoratet sitt budsjett blir styrkt i 2026 for å førebu gjennomføring av forordninga. Det blir òg lagt fram for Stortinget ein samtykkeproposisjon og forslag til forskriftsheimel i jordlova. Forskriftsheimelen vil saman med naturmangfaldlova vere heimel for gjennomføring av forordninga som forskrift i norsk rett.
Haustbare viltressursar, rekreasjon og næringsutvikling
Regjeringa vil leggje til rette for ei berekraftig forvaltning av dei haustbare viltartane og gode rammer for jakt og fangst. Regjeringa sitt framlegg til ny viltressurslov blei handsama av Stortinget våren 2025, jf. Prop. 78 L (2024–2025) Lov om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven), og Innst. 301 L (2024–2025). Arbeidet med å følgje opp oppmodingsvedtak frå Stortinget og føresegner til den nye lova er starta opp. Regjeringa tek sikte på at lova skal tre i kraft i 2026.
Ei berekraftig reindriftsnæring
Reindriftsnæringa nyttar marginale utmarksressursar og er avgjerande for å bevare samisk kultur og språk. I heile verdikjeda frå vidde til bord har det vore ei positiv utvikling dei siste åra. Utviklinga i prisen per kilo kjøtt til reineigaren har vore svært god i perioden fram til 2022. Marknadssituasjonen for reinkjøtt har i seinare tid blitt meir krevjande. I denne situasjonen er det avgjerande at ein nyttar dei etablerte ordningane over reindriftsavtalen på ein god måte for å leggje til rette for ei god utvikling i marknaden til reinkjøtt. Potensialet for auka inntening i og i tilknyting til reindrifta, er framleis stort. Dette gjeld særleg innanfor vidareforedling av reinkjøtt, det reindriftsbaserte reiselivet og lærings- og omsorgsbaserte tenester.
Reindriftsavtalen 2025/2026 legg til rette for vidareutvikling av ei berekraftig næring. Viktige prioriteringar er dei direkte tilskotta, ivaretaking av reindrifta sine areal, rådgiving og klimatilpassing og beredskap. Avtalen vidarefører prioriteringa av dei som har reindrift som hovudverksemd.
Ei velfungerande reindriftslov er viktig både for reindriftsnæringa, forvaltninga og andre interesser i samfunnet. Regjeringa la våren 2025 fram Prop. 63 L (2024–2025) Endringar i reindriftsloven og jordskiftelova. Etter Stortingets handsaming, jf. Innst. 256 L (2024–2025), tredde endringane i kraft 1. juli 2025. Med desse endringane får reindriftsnæringa betre styringsverktøy, nye reglar for reduksjon av reintal og tilgang til verkemidla i jordskiftelova, på tilnærma lik line med andre rettshavarar til fast eigedom. Det er lagt opp til at reindrifta sitt skadebotansvar i så stor grad som mogleg blir likestilt med andre beitenæringar. Reindriftslova legg med desse endringane til rette for ei positiv utvikling for alle dei reindriftspolitiske måla om ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift.
Ei berekraftig reindrift er avhengig av naudsynte areal. Areal er ein knapp ressurs, og det er aukande konkurranse om areala. Konfliktnivået mellom reindrift og utbyggingsinteresser, til dømes fornybar energi, har dei siste åra vore høgt. Særleg har dette vore tydeleg etter Høgsterett sin dom i Fosen-saka. Regjeringa arbeidar no med oppfølging av staten si forplikting etter meklingsavtalane i Fosen-saka, og har starta arbeidet med å leggje til rette for eit tilleggsareal for Fosen reinbeitedistrikt. Regjeringa arbeider vidare med å følgje opp tiltaka i tiltakspakka for reindrift og energi.
Reindrifta er ei næring som i stor grad blir påverka av klimaendringane. Årlege hendingar med låste beite i store område gir eit behov for langsiktig klimatilpassing i reindrifta, samstundes som ein må handtere beitekrisene som oppstår. Dette er avgjerande for å nå målet om ei berekraftig reindrift som har god produksjon og lønsemd.
Dei genetiske ressursane må forvaltast godt
Dei genetiske ressursane hos husdyr og matvekstar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon og for å tilpasse den til klimaendringar. For å ta vare på det genetiske forrådet for mat- og landbruksproduksjonen i framtida, vil departementet følgje opp den nasjonale tiltaksplanen for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk. Omstrukturering av bevaringsarbeidet med etablering av klonbankar for fem vekstgrupper er ei høgt prioritert oppgåve.
Landbruk i nord gir god beredskap
Landbruk og næringsmiddelindustri i Nord-Noreg er viktig for totalberedskapen i landsdelen. Regjeringa har hatt ei sterk satsing på landbruket i Nord-Noreg på fleire område. Jordbruksavtalen i 2025 byggjer vidare på denne satsinga med ei prioritering av Nord-Noreg, noko som bidreg til å betre produsentøkonomien. Det er sett av ei rekrutteringskvote på 4 mill. liter kumjølk i Troms og Finnmark, og satsane for distriktstilskott er auka. For investeringsverkemidla er tilskottsandelen for investeringar i omlegging til lausdrift og i svineproduksjon heva til 65 pst. i heile Nord-Noreg. I tillegg er satsinga på Bærekraftig matproduksjon og verdiskaping i nord, vidareført. Satsinga skal bidra til å styrkje sårbare produsentmiljø i Finnmark, Troms og Nordland, motverke nedgang i tal bruk og fremje regionale fortrinn og moglegheiter knytte til det arktiske landbruket.
Kunnskap er ein føresetnad for eit berekraftig landbruk
Landbruks- og matforskinga skal byggje opp under næringa sine kunnskapsbehov, og bidra til at dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla blir nådde. I tillegg til løyvingar til Noregs forskingsråd, gir midlar til kunnskapsutvikling hos dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta viktige bidrag til utvikling av relevant kunnskap til næring og forvaltning. Rekruttering til landbruksutdanningane, på alle nivå, vil òg vere avgjerande for at næringa skal ha tilgang til naudsynt kompetanse.
Forsking og ny kunnskap skal bidra til sunn og trygg mat basert på norske ressursar og til auka sjølvforsyning i tråd med ambisjonane i Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Samtidig skal landbruket tilpassast eit klima i endring, klimagassutsleppa frå jordbruket reduserast, opptaket av karbon aukast og miljøet varetakast. Kunnskap og teknologiutvikling legg òg grunnlaget for best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar og auka verdiskaping i dei landbaserte bionæringane.
Internasjonalt samarbeid
Dei store globale utfordringane med ustabile forsyningar og klima- og miljøkriser, krev eit forpliktande internasjonalt samarbeid.
Noreg har eit ansvar for å bidra til global matsikkerheit, både gjennom eigen produksjon og ved å støtte opp om internasjonalt arbeid på området. Regjeringa har dei globale berekraftsmåla som utgangspunkt for sitt internasjonale engasjement i dette arbeidet. Matsikkerheit er prioritert i utviklingspolitikken, både multilateralt og bilateralt.
Noreg er aktivt med i ei rekkje internasjonale forum på landbruks- og matområdet, både innanfor og utanfor FN-systemet. Mandatet for FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) omfattar global matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar. Auka utfordringar for matsikkerheit globalt inneber stor merksemd på FAOs mandat. Noreg følgjer aktivt opp arbeidet i organisasjonen. Noreg er i 2025 gjesteland i G20 under Sør-Afrika sitt formannskap, og er mellom anna med i ei arbeidsgruppe for landbruk. Ei overordna prioritering for Sør-Afrika er global matsikkerheit og styrking av matproduksjonen blant land i sør, i tillegg til auka produksjon i landbruket, velfungerande handel og teknologisk utvikling.
Innanfor skogområdet deltek Noreg i FN sitt skogforum (UNFF) som har fastsett mål for forvaltning av skogane i verda, og legg overordna premissar for berekraftig skogforvaltning globalt.
Noreg har vidare slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, mattryggleik, plante- og dyrehelse, skog, klima og forsking.
Regelverket på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Noreg deltek i WTO/SPS-avtalen, som regulerer medlemsstatane si moglegheit til å vedta tiltak for å verne om folke-, dyre- og plantehelse, og i dei standardsetjande organa Codex Alimentarius Commission (Codex), Verdas dyrehelseorganisasjon (WOHA) og i Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC).
Gjennom EØS-avtalen er det etablert eit omfattande harmonisert regelverk på matområdet, mellom anna for mat, dyr og innsatsvarer. Regelverket på matområdet utgjer ein stor del av regelverket som blir teke inn i EØS-avtalen. Landbrukspolitikken er ikkje omfatta av EØS-avtalen, men blir i aukande grad påverka av anna regelverk som blir teke inn i EØS-avtalen, til dømes regelverk på klima- og miljøområdet.
2 Oversikt over budsjettframlegget for Landbruks- og matdepartementet
Utgifter fordelte på programkategoriar
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kat. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Budsjettets stilling pr. 1. halvår |
Forslag 2026 |
|
15.00 |
Administrasjon m.m. |
202 001 |
207 993 |
212 493 |
216 027 |
|
15.10 |
Matpolitikk |
1 588 693 |
1 649 295 |
1 765 289 |
1 701 152 |
|
15.20 |
Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling |
1 016 174 |
1 054 784 |
938 790 |
1 052 982 |
|
15.30 |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak |
29 232 077 |
30 700 667 |
30 966 473 |
31 876 127 |
|
Sum programområde 15 |
32 008 945 |
33 612 739 |
33 883 045 |
34 846 288 |
Løyvinga til Veterinærinstituttet har bytta programkategori frå 2026. Frå 2026 blir løyvinga flytta frå programkategori 15.10 til programkategori 15.20. Tal for saldert budsjett 2025 og rekneskap 2024 på programkategorinivå, er også korrigert for dette.
Inntekter fordelte på programkategoriar
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kat. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Budsjettets stilling pr. 1. halvår |
Forslag 2026 |
|
15.00 |
Administrasjon m.m. |
3 763 |
146 |
146 |
151 |
|
15.10 |
Matpolitikk |
240 807 |
239 446 |
239 446 |
245 722 |
|
15.20 |
Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling |
20 935 |
21 437 |
21 437 |
|
|
15.30 |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak |
378 682 |
394 611 |
394 611 |
403 817 |
|
15.40 |
Forretningsdrift |
209 296 |
53 800 |
58 300 |
34 000 |
|
Sum programområde 15 |
853 483 |
709 440 |
713 940 |
683 690 |
Programkategori 15.00
Programkategori 15.00 Administrasjon m.m. omfattar drift av Landbruks- og matdepartementet og diverse andre løyvingar forvalta av departementet. Forslag til utgiftsløyving under denne kategorien utgjer 216,0 mill. kroner, noko som er ein auke på 3,9 pst. frå saldert budsjett 2025. Endringane gjeld stort sett løns- og prisjusteringar. Sjå omtale av programkategorien i del II av proposisjonen.
Programkategori 15.10
Programkategori 15.10 Matpolitikk omfattar løyving til Mattilsynet. Forslag til utgiftsløyving under denne kategorien utgjer 1 701,2 mill. kroner, noko som er ein auke på 3,1 pst. frå saldert budsjett 2025. Endringane gjeld stort sett løns- og prisjusteringar. Løyvinga til Veterinærinstituttet er flytta frå programkategori 15.10 til 15.20 frå 2026. Sjå omtale av programkategorien i del II av proposisjonen.
Programkategori 15.20
Programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling omfattar løyving til Veterinærinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi, forskingsaktivitet i regi av Forskningsrådet og andre løyvingar til forsking og innovasjon i landbruks- og matsektoren. Løyvinga til Veterinærinstituttet er flytta til programkategorien frå 2026. Forslag til utgiftsløyving under denne kategorien utgjer 1 053,0 mill. kroner, noko som er ein reduksjon på 0,2 pst. frå saldert budsjett 2025. Reduksjonen i løyvinga gjeld i stor grad tekniske nedjusteringar i løyvinga til NIBIO og grunnløyvingar under Forskingsrådet. Desse tekniske justeringane påverkar ikkje aktivitetsnivået på desse postane i 2026. Sjå omtale av programkategorien i del II av proposisjonen.
Programkategori 15.30
Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak er den største programkategorien under Landbruks- og matdepartementet. Programkategorien omfattar løyvingane til gjennomføring av jordbruksavtalen og reindriftsavtalen. Andre større område som inngår er løyving til drift av Landbruksdirektoratet og diverse tilskottsordningar forvalta av direktoratet, løyving til Bionova og løyving til naturskadeerstatningar. Forslag til løyving under denne kategorien utgjer 31 876,1 mill. kroner, noko som er ein auke på 3,8 pst. frå saldert budsjett 2025. Auken gjeld stort sett inngått jordbruks- og reindriftsavtale, i tillegg til løns- og prisjusteringar. Det er òg estimert større behov for løyving til straumstøtte og naturskade i 2026. I motsett retning trekk redusert behov for løyving til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald. Sjå omtale av programkategorien i del II av proposisjonen.
Programkategori 15.40
Programkategori 15.40 Forretningsdrift omfattar inntektsløyvingar frå avdrag, renter og utbytte i Statskog SF. Sjå omtale av programkategorien i del II av budsjettproposisjonen.
Utgifter fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post- gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
01–29 |
Statens eigne driftsutgifter |
2 159 491 |
2 312 665 |
2 412 666 |
4,3 |
|
30–49 |
Nybygg, anlegg o.a. |
13 902 |
15 786 |
16 216 |
2,7 |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
29 835 547 |
31 284 288 |
32 417 406 |
3,6 |
|
Sum under departementet |
32 008 945 |
33 612 739 |
34 846 288 |
3,7 |
Inntekter fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post- gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
01–29 |
Sal av varer og tenester |
282 127 |
289 653 |
299 140 |
3,3 |
|
30–49 |
Inntekter i samband med nybygg, anlegg o.a. |
24 685 |
21 437 |
-100,0 |
|
|
50–89 |
Overføringar frå andre |
536 671 |
388 350 |
374 550 |
-3,6 |
|
90–99 |
Attendebetalingar o.a. |
10 000 |
10 000 |
10 000 |
0,0 |
|
Sum under departementet |
853 483 |
709 440 |
683 690 |
-3,6 |
3 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak
Tabell 3.1 viser ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Landbruks- og matdepartementet.
I siste kolonne i tabellen nedanfor går det fram om departementet legg opp til at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet òg vil rapportere på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.
Tabell 3.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
|
Sesjon |
Vedtak nr. |
Stikkord |
Rapportering blir avslutta (Ja/Nei) |
|---|---|---|---|
|
2024–2025 |
1248 |
Midlar til handverksysting ved fagskulen Vestland |
Ja |
|
2024–2025 |
1123 |
Konfliktførebyggjande tiltak i framtidige reindriftsavtalar |
Ja |
|
2024–2025 |
1122 |
Rammevilkår for lokalmatproduksjon og agroturisme |
Nei |
|
2024–2025 |
1121 |
Opphavsmerking av produkt |
Nei |
|
2024–2025 |
1120 |
Reduksjon av nitrogentilførsel i Oslofjorden |
Nei |
|
2024–2025 |
1117 |
Tang, tare og mikroalgar i dyrefôr |
Ja |
|
2024–2025 |
1116 |
Rammevilkår for miljøvenleg gjødsel, jordforbetring og bioenergi |
Nei |
|
2024–2025 |
1115 |
Utvikling av grøntsektoren i norsk matproduksjon |
Ja |
|
2024–2025 |
1114 |
Sikre at inntektsgapet held fram å vere tetta framover |
Ja |
|
2024–2025 |
1113 |
Auka verdiskaping i grøntsektoren |
Ja |
|
2024–2025 |
1112 |
Styrkje satsinga på produksjon av plantevekstar til mat |
Ja |
|
2024–2025 |
1095 |
Vidareføre straumstøtte for jordbruks- og veksthusnæringa |
Ja |
|
2024–2025 |
772 |
Lov om førebygging og reduksjon av matsvinn |
Nei |
|
2024–2025 |
747 |
Regulering av jakttid for elg i Finnmark |
Ja |
|
2024–2025 |
746 |
Bruk av termiske siktemiddel ved hjortejakt |
Ja |
|
2024–2025 |
745 |
Bruk av drone ved ettersøk av påskutt storvilt |
Ja |
|
2024–2025 |
744 |
Krav om merking av feller ved bruk av jegernummer |
Ja |
|
2024–2025 |
743 |
Bandtvang for førar- og servicehundar |
Ja |
|
2024–2025 |
716 |
Matkornpartnarskapet |
Ja |
|
2024–2025 |
715 |
Strategi for å styrkje innovasjon og agritech i norsk landbruk |
Nei |
|
2024–2025 |
700 |
Reindriftslova og tvangsmulkt |
Nei |
|
2024–2025 |
645 |
Lagring av korn på gardsbruk |
Ja |
|
2024–2025 |
568 |
Ta vare på villgeitene |
Ja |
|
2024–2025 |
566 |
Naturleg lys i fjørfefjøs |
Nei |
|
2024–2025 |
565 |
Fiksering av svin |
Nei |
|
2024–2025 |
564 |
Fødebingar for svin |
Nei |
|
2024–2025 |
563 |
Gjennomgå og endre forskrift om hald av svin |
Nei |
|
2024–2025 |
561 |
Faktorar som skal liggje fast i talgrunnlaget |
Ja |
|
2024–2025 |
560 |
Prioritering av Nord-Noreg i jordbruksoppgjeret |
Ja |
|
2024–2025 |
559 |
Tiltak for auka etterspørsel økologisk mat |
Ja |
|
2024–2025 |
558 |
Produksjonsmål økologisk mat |
Ja |
|
2024–2025 |
557 |
Jordbrukskonto |
Ja |
|
2024–2025 |
556 |
Offentleg utval om inntekter i jordbruket |
Ja |
|
2023–2024 |
850 |
Tiltakspakke for å redusere jordbruksareal ute av drift |
Ja |
|
2023–2024 |
847 |
Prinsipp for berekning av inntekt i jordbruket |
Ja |
|
2023–2024 |
846 |
Prisutjamningsordninga for mjølk |
Ja |
|
2023–2024 |
569 |
Gjennomgang av tilskottsystemet i jordbruket |
Ja |
|
2023–2024 |
567 |
Revidert strategi for økologisk landbruk |
Ja |
|
2023–2024 |
566 |
Plan for meir plantebasert mat |
Ja |
|
2022–2023 |
702 |
Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet |
Ja |
|
2022–2023 |
701 |
Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet |
Ja |
|
2022–2023 |
700 |
Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet |
Nei |
|
2022–2023 |
519 |
Innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdiar i norsk skog |
Nei |
|
2022–2023 |
95 |
Utval matkastelov |
Ja |
|
2021–2022 |
754 |
Bransjeavtalar for biogassproduksjon |
Ja |
|
2021–2022 |
381 |
Melding til Stortinget om dyrevelferd som byggjer på oppdatert kunnskap |
Ja |
|
2021–2022 |
382 |
Dyrevelferda i svinenæringa |
Nei |
|
2021–2022 |
383 |
Konkrete tiltak i melding til Stortinget om dyrevelferd |
Ja |
|
2021–2022 |
384 |
Alternativ til CO2-bedøving av dyr |
Ja |
|
2017–2018 |
489 |
Fremje forslag til ein matkastelov |
Ja |
3.1 Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2024–2025
Midlar til handverksysting ved fagskulen Vestland
Vedtak nr. 1248, 20. juni 2025:
«Stortinget ber regjeringen tilføre utdanningstilbudet innen håndverksysting i regi av fagskolen Vestland 2 mill. kroner for 2025.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 2 (2024–2025) Revidert nasjonalbudsjett, jf. Innst. 540 S (2024–2025).
Vedtaket er følgt opp gjennom overføring av midlar til Vestland fylkeskommune med kriterium for bruk av midlane og krav til rapportering på desse i 2026. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1248, 20. juni 2025, med dette er følgt opp.
Konfliktførebyggjande tiltak i framtidige reindriftsavtalar
Vedtak nr. 1123, 18. juni 2025:
«Stortinget ber regjeringen prioritere konfliktforebyggende tiltak i fremtidige reindriftsavtaler og legge til rette for å etablere sperregjerder i beitegrenser der det er en konflikt mellom grunneier og reindrift, selv om en av partene ikke ønsker det.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 143 S (2024–2025) Reindriftsavtalen 2025/2026, jf. Innst. 533 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp prioritering av konfliktforebyggjande tiltak i forhandlingane om reindriftsavtale for 2026/2027. Landbruks- og matdepartementet har etablert eit utval for sameksistens mellom reindrift og jordbruk, som mellom anna vurderer behovet for sperregjerde i Nord-Østerdalen. Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Rammevilkår for lokalmatproduksjon og agroturisme
Vedtak nr. 1122, 18. juni 2025:
«Stortinget ber regjeringen styrke rammevilkårene for lokalmatproduksjon og agroturisme for å bidra til økt regional verdiskaping og bosetting.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 S (2024–2025) Jordbruksoppgjeret 2025, jf. Innst. 534 S (2024–2025).
Regjeringa vil bidra til å styrkje rammevilkåra både for lokalmatprodusentar og turisme basert på garden sine ressursar gjennom oppfølging av Oppskrift for meir lokalmat og -drikke. Regjeringa vil følgje opp vedtaket, og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Opphavsmerking av produkt
Vedtak nr. 1121, 18. juni 2025:
«Stortinget ber regjeringen innføre krav om opprinnelsesmerking av produkter slik at forbrukerne kan ta opplyste valg.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 S (2024–2025) Jordbruksoppgjeret 2025, jf. Innst. 534 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Reduksjon av nitrogentilførsel i Oslofjorden
Vedtak nr. 1120, 18. juni 2025:
«Stortinget ber regjeringen sikre at det i arbeidet med «Helhetlig plan for bærekraftig bruk av nitrogen i jordbruket» foreslås løsninger som raskt reduserer nitrogentilførselen i Oslofjorden.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 S (2024–2025) Jordbruksoppgjeret 2025, jf. Innst. 534 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket ved å supplere mandatet for arbeidet med Helhetlig plan for berekraftig bruk av nitrogen. Arbeidet har frist 15. mars 2026 for oppfølging i jordbruksoppgjeret 2026. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget i samband med jordbruksoppgjeret 2026.
Tang, tare og mikroalgar i dyrefôr
Vedtak nr. 1117, 18. juni 2025:
«Stortinget ber regjeringen vurdere tiltak for å legge til rette for økt bruk av tang og tare til dyrefôr, og muligheten for å utvikle mikroalger til bruk i dyrefôr for å redusere metanutslipp i landbruket.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 S (2024–2025) Jordbruksoppgjeret 2025, jf. Innst. 534 S (2024–2025).
Regjeringa har sett i gang eit samfunnsoppdrag med mål at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder, og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema innan 2034. Eventuelle tiltak for å leggje til rette for auka bruk av tang, tare og mikroalgar i dyrefôr er relevante for samfunnsoppdraget, og anna forskings- og utviklingsaktivitet på området. Forskingsinnsatsen på fôrområdet er styrkt, og det er nedsett ei styringsgruppe for samfunnsoppdraget som skal gi faglege råd om korleis ein kan nå dei måla som er sette. Ein første rapport frå styringsgruppa er forventa i november 2025. Ei vurdering av ulike fôrråvarer med omsyn til auka berekraft i matsystema, inkludert reduserte klimagassutslepp, vil inngå i det vidare arbeidet med samfunnsoppdraget. Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Rammevilkår for miljøvenleg gjødsel, jordforbetring og bioenergi
Vedtak nr. 1116, 18. juni 2025:
«Stortinget ber regjeringen bedre rammevilkårene for utvikling av miljøvennlig gjødsel, jordforbedring og bioenergi.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 S (2024–2025) Jordbruksoppgjeret 2025, jf. Innst. 534 S (2024–2025).
Regjeringa har i januar 2025 fastsett nytt gjødselregelverk. Regjeringa rustar no opp rettleiings- og støtteverktøy som skal setje føretak og forvaltning i stand til å følgje opp regelverket på ein god måte. I jordbruksoppgjeret 2025 var det semje om auka løyvingar til mellom anna tilskott til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. I dag blir det gitt tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg, og det skal no greiast ut om ordninga skal leggjast om til ei teknologinøytral ordning. Bruk av fangvekstar bidreg til jordforbetring, og dei siste åra er det innført både krav og tilskott for å fremje bruk av fangvekstar.
Regjeringa vil følgje opp vedtaket vidare og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Utvikling av grøntsektoren i norsk matproduksjon
Vedtak nr. 1115, 18. juni 2025:
«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at grøntsektoren skal utvikles til å spille en større rolle i norsk matproduksjon frem mot 2035, og at dette skal reflekteres i målformuleringene og prioriteringene i jordbruksforhandlingene fremover.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 S (2024–2025) Jordbruksoppgjeret 2025, jf. Innst. 534 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp dette mellom anna i jordbruksoppgjeret i 2026, og departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Sikre at inntektsgapet held fram å vere tetta framover
Vedtak nr. 1114, 18. juni 2025:
«Stortinget ber regjeringen sikre at inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet forblir tettet fremover.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 S (2024–2025) Jordbruksoppgjeret 2025, jf. Innst. 534 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp dette i dei årlege jordbruksoppgjera, og departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Auka verdiskaping i grøntsektoren
Vedtak nr. 1113, 18. juni 2025:
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for økt verdiskaping i grøntsektoren gjennom målrettede tiltak som styrker denne sektorens konkurranseevne.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 S (2024–2025) Jordbruksoppgjeret 2025, jf. Innst. 534 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp dette mellom anna i jordbruksoppgjeret i 2026, og departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Styrkje satsinga på produksjon av plantevekstar til mat
Vedtak nr. 1112, 18. juni 2025:
«Stortinget ber regjeringen fremover styrke satsingen på produksjon av plantevekster til mat, for å øke selvforsyningen.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 S (2024–2025) Jordbruksoppgjeret 2025, jf. Innst. 534 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp dette mellom anna i jordbruksoppgjeret i 2026, og departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Vidareføre straumstøtte for jordbruks- og veksthusnæringa
Vedtak nr. 1095, 16. juni 2025:
«Stortinget ber regjeringen om å videreføre strømstøtteordningen for jordbruks- og veksthusnæringen til 31. desember 2029»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 148 L (2024–2025) Lov om Norgespris og strømstønad til husholdninger.
Regjeringa har følgt opp dette gjennom endring i forskrift, og vil følgje opp vidare gjennom løyvingar i dei årlege statsbudsjetta. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1095, 16 juni 2025 med dette er følgt opp.
Lov om førebygging og reduksjon av matsvinn
Vedtak nr. 772, 27. mai 2025:
«Stortinget ber regjeringen gjøre de nødvendige tiltak for å sikre at det ikke lønner seg for virksomheter å destruere mat, fremfor å gi maten bort.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga Prop. 130 L (2024–2025) Lov om førebygging og reduksjon av matsvinn, jf. lovvedtak 68 (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Regulering av jakttid for elg i Finnmark
Vedtak nr. 747, 26. mai 2025:
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om nødvendige endringer i viltressursloven §§ 10 og 42 som gjør at Finnmarkseiendommen, etter forslag fra den enkelte kommune, kan regulere jakttida for elg i perioden 1. september-23. desember i Finnmark.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 78 L (2024–2025) Lov om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket gjennom ei lov- og forskriftsendring. Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Bruk av termiske siktemiddel ved hjortejakt
Vedtak nr. 746, 26. mai 2025:
«Stortinget ber regjeringen raskt utforme forskrift som fortsatt tillater bruk av termisk sikte i hjortejakt.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 78 L (2024–2025) Lov om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket gjennom ei endring i forskrift av 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst. Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Bruk av drone ved ettersøk av påskutt storvilt
Vedtak nr. 745, 26. mai 2025:
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige endringer i viltressursloven § 29 slik at jegere på land kan ha anledning til å benytte luftfartøy (drone) ved ettersøk av påskutt storvilt, tilsvarende som ved ettersøk av påskutt sjøfugl.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 78 L (2024–2025) Lov om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket gjennom ei lovendring. Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Krav om merking av feller ved bruk av jegernummer
Vedtak nr. 744, 26. mai 2025:
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige endringer i viltressursloven § 25 slik at det innføres krav om merking av feller ved bruk av jegernummer. Merkingen skal sikre oppsynets mulighet for identifisering og at eiers navn blir unntatt offentlighet.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 78 L (2024–2025) Lov om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket gjennom ei lovendring. Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Bandtvang for førar- og servicehundar
Vedtak nr. 743, 26. mai 2025:
«Stortinget ber regjeringen, senest innen 1. oktober 2025, forskriftsfeste unntak fra sikringsreglene for servicehunder.»
Vedtaket blei fatta ved handsaming av Dokument 8:160 L (2024–2025) Representantforslag om likestilling av førar- og servicehundar i spørsmål om bandtvang, jf. Innst. 309 L (2024–2025) Regjeringa følgjer opp vedtaket med eit forslag til forskriftsfesting. Landbruks- og matdepartementet sendte Forskrift om unntak fra båndtvang for servicehunder på offentleg høyring i juni 2025, med høyringsfrist 10. august 2025. Forskrifta blei fastsett 20. august 2025. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 743, 26. mai 2025, med dette er følgt opp.
Matkornpartnarskapet
Vedtak nr. 716, 22. mai 2025:
«Stortinget ber regjeringen videreføre Matkornpartnerskapet etter 2030.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:234 S (2024–2025) Representantforslag om å styrke innovasjon og AgriTech i norsk landbruk, jf. Innst. 293 S (2024–2025).
Matkornpartnarskapet er eit forpliktande samarbeid mellom aktørar i verdikjeda for matkorn og planteprotein, og staten er ikkje ein del av dette partnarskapet. Regjeringa er positive til det gode arbeidet som blir gjort for å leggje til rette for auka produksjon og forbruk av norsk matkorn og planteprotein gjennom Matkornpartnarskapet. Regjeringa har gjennom dei siste jordbruksoppgjera prioritert kornproduksjon og særleg tiltak for å auke delen norsk matkorn. Regjeringa legg til grunn at det er aktørane som har etablert partnarskapet som kan føre dette vidare, utan at staten kan styre dette initiativet. Regjeringa har arbeidd med å leggje til rette for auka produksjon av matkorn gjennom jordbruksforhandlingane. I den siste jordbruksavtalen blei det mellom anna prioritert satsing på matkveite.
Regjeringa er oppteken av at Matkornpartnerskapet blir ført vidare for å kunne bidra til å nå målsetjingane for auka verdiskaping og sjølvforsyning med norsk matkorn.
Regjeringa vil komme tilbake til tiltak for auka norsk matkornproduksjon gjennom dei årlege jordbruksoppgjera, og departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Strategi for å styrkje innovasjon og agritech i norsk landbruk
Vedtak nr. 715, 22. mai 2025:
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en egen strategi for hvordan Norge kan lykkes med agritech, herunder styrke utvikling, forskning, økt kommersialisering av agritech i Norge og økt adapsjon i landbruket.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Representantforslag om å styrkje innovasjon og agritech i norsk landbruk (Dokument 8:234 S (2024–2025), jf. Innst. 293 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket. Departementet vil starte arbeidet med å utarbeide ein strategi og kjem tilbake til Stortinget på eigna måte.
Reindriftslova og tvangsmulkt
Vedtak nr. 700, 20. mai 2025:
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige lov- og forskriftsendringer som medfører at det er Landbruksdirektoratet eller statsforvalteren, og ikke reindriftsstyret, som har kompetanse til å fatte vedtak om pålegg etter reindriftsloven § 75 og ilegge tvangsmulkt etter reindriftsloven § 76 i konfliktsaker mellom reindrift og landbruk som gjelder ulovlig beiting, herunder på innmark. Dette inkluderer nødvendige lov- og forskriftsendringer som medfører at Landbruks- og matdepartementet er klageinstans for Landbruksdirektoratets vedtak i slike saker.».
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 63 L (2024–2025) Endringer i reindriftsloven og jordskiftelova (distriktsstyring, reintallsreduksjon, erstatning og tilgjengeliggjøring av jordskiftelova på interne forhold i reindriften), jf. Innst. 256 L (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Lagring av korn på gardsbruk
Vedtak nr. 645, 6. mai 2025:
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for mindre, lokale anlegg for spredt lagring av korn på gårdsbruk.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen. Forberedt på kriser og krig.
Regjeringa følgjer opp dette i dei årlege jordbruksoppgjera, mellom anna i jordbruksoppgjeret i 2026, og departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Ta vare på villgeitene
Vedtak nr. 568, 10. april 2025:
«Stortinget ber regjeringa ta initiativ til at Mattilsynet, i staden for å avvikle heile villgeitflokken innan fristen som no er sett, arbeider vidare for å finne løysingar som sikrar dyrevelferda til Kvistgeitene og tar vare på genressursane i vidare husdyrhald.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:95 S (2024–2025) som omhandlar Representantforslag om å ta vare på villgeitene, jf. Innst. 192 S (2024–2025).
Landbruks- og matdepartementet har vore i dialog med Mattilsynet om saka, og legg til grunn at Mattilsynet finn gode løysingar i samarbeid med andre interessentar. Desse interessentane er eigar av flokken, Norsk genressurssenter ved Norsk institutt for bioøkonomi og verten for ei planlagd bevaringsbesetning. Det går føre seg arbeid for å etablere ei bevaringsbesetning og å avvikle resten av den forvilla geiteflokken. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 568, av 16. april 2025, med dette er følgt opp.
Naturleg lys i fjørfefjøs
Vedtak nr. 566, 10. april 2025:
«Stortinget ber regjeringen innføre krav om naturlig lys i eksisterende fjørfefjøs og alle nye fjørfefjøs. I eksisterende fjørfefjøs kan LED-lys med dagslysspekter erstatte naturlig lys.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 8 (2024–2025) Dyrevelferd, jf. Innst. 200 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Fiksering av svin
Vedtak nr. 565, 10. april 2025:
«Stortinget ber regjeringen avvikle unntakene om fiksering av svin og avslutte bruken av fiksering senest innen utgangen av 2027.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 8 (2024–2025) Dyrevelferd, jf. Innst. 200 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Fødebingar for svin
Vedtak nr. 564, 10. april 2025:
«Stortinget ber regjeringen endre totalareal i fødebinger for svin slik at det fastsettes til minst 7,5 m2 for nybygg.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 8 (2024–2025) Dyrevelferd, jf. Innst. 200 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Gjennomgå og endre forskrift om hald av svin
Vedtak nr. 563, 10. april 2025:
«Stortinget ber regjeringen snarest gjennomgå og endre forskrift om hold av svin for å øke dyrevelferden i svinenæringen, med formål om å innføre økt krav til areal og krav til mykt underlag og bedre miljøberikelse og stille strengere krav til dyrevelferd ved oppgraderinger av driftsbygninger eller ved nybygg.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 8 (2024–2025) Dyrevelferd, jf. Innst. 200 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket med ei forskriftsendring og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Faktorar som skal liggje fast i talgrunnlaget
Vedtak nr. 561, 8. april 2025:
«Stortinget ber regjeringa leggje til grunn at normeringsfaktoren, avsetning til investeringar i avskrivbar eigenkapital og samanlikningsgruppe ligg fast i talgrunnlaget slik det vart nytta ved jordbruksoppgjeret 2024, men at timetalet per årsverk i jordbruket vert redusert med 50 timar til 1 700 timar i to like trinn med verknad for kalenderåra 2026 og 2027.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 10 (2024–2025) Prinsipp for talgrunnlag m.m. i jordbrukspolitikken, jf. Innst. 197 S (2024–2025).
Vedtaket blei lagt til grunn i jordbruksoppgjeret 2025, og vil bli lagt til grunn for oppgjeret i 2026. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 561, 8. april 2025, med dette er følgt opp.
Prioritering av Nord-Noreg i jordbruksoppgjeret
Vedtak nr. 560, 8. april 2025:
«Stortinget ber regjeringa ha ei kraftig prioritering av Nord-Noreg i jordbruksoppgjeret 2025.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 10 (2024–2025) Prinsipp for talgrunnlag m.m. i jordbrukspolitikken, jf. Innst. 197 S (2024–2025).
Regjeringa la i jordbruksoppgjeret 2025 opp til ei kraftig prioritering av Nord-Noreg, mellom anna gjennom aukingar i tilskott for produksjon og areal, oppretting av ei eiga rekrutteringskvote for mjølk og auke av tilskottsdelen for investeringar i omlegging til lausdrift for storfe og svineproduksjon.
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 560, 8. april 2025, med dette er følgt opp.
Tiltak for auka etterspørsel etter økologisk mat
Vedtak nr. 559, 8. april 2025:
«Stortinget ber regjeringa våren 2025, i «Nasjonal strategi for økologisk jordbruk», kome med framlegg til korleis ein kan auke etterspurnaden etter økologisk mat gjennom ulike konkrete tiltak som legg til rette for auka etterspurnad både frå private og det offentlege. Det skal mellom anna vurderast om det er tiltak i Danmark og Sverige som kan nyttast i Noreg. Det skal vere eit særleg fokus på at norsk økologisk produksjon skal kunne møte ein auka etterspurnad.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 10 (2024–2025) Prinsipp for talgrunnlag m.m. i jordbrukspolitikken, jf. Innst. 197 S (2024–2025).
Regjeringa la våren 2025 fram strategien Fra økologisk jord til middagsbord. Nasjonal strategi for økologisk jordbruk 2025–2032 i tråd med Stortinget sitt vedtak. Strategien er utgangspunkt for regjeringa si satsing på økologisk jordbruk, og er omtalt og følgt opp i jordbruksoppgjeret 2025, jf. Prop. 149 S (2024–2025) og Innst. 534 S (2024–2025). Strategien skal følgjast vidare opp fram mot 2032. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 559, 8. april 2025, med dette er følgt opp.
Produksjonsmål økologisk mat
Vedtak nr. 558, 8. april 2025:
«Stortinget ber regjeringa leggje til grunn følgjande målsetting om produksjon av økologisk mat: Eit produksjonsmål der 10 pst. av det totale jordbruksarealet skal vere økologisk innan 2032, kombinert med verkemiddel som stimulerer til auka omsetnad av og etterspurnad etter økologisk mat i marknaden.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 10 (2024–2025) Prinsipp for talgrunnlag m.m. i jordbrukspolitikken, jf. Innst. 197 S (2024–2025).
Regjeringa la våren 2025 fram strategien Fra økologisk jord til middagsbord. Nasjonal strategi for økologisk jordbruk 2025–2032. Mål for strategien er det same som målformuleringa i vedtak nr. 558, og ligg til grunn for regjeringa sitt arbeid med økologisk jordbruk. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 558, 8. april 2025, med dette er følgt opp.
Jordbrukskonto
Vedtak nr. 557, 8. april 2025:
«Stortinget ber regjeringa våren 2025 kome med framlegg til jordbrukskonto, med verknad frå og med inntektsåret 2025.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 10 (2024–2025) Prinsipp for talgrunnlag m.m. i jordbrukspolitikken, jf. Innst. 197 S (2024–2025).
Regjeringa har fremja forslag til jordbrukskonto med verknad frå og med inntektsåret 2025. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 557, 8. april 2025, med dette er følgt opp.
Offentleg utval om inntekter i jordbruket
Vedtak nr. 556, 8. april 2025:
«Stortinget ber regjeringen snarest mulig sette ned et offentlig utvalg som skal vurdere inntektene i jordbruket i forhold til inntektene til sammenlignbare næringsdrivende.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 10 (2024–2025) Prinsipp for talgrunnlag m.m. i jordbrukspolitikken, jf. Innst. 197 S (2024–2025).
I NOU 2022: 14 Inntektsmåling i jordbruket blei det gjort vurderingar av om inntektene i jordbruket kunne samanliknast med andre næringsdrivande. NOU-en gav òg omfattande statistikk over inntekter på personnivå for jordbruk samanlikna med andre grupper i samfunnet. Departementet viser til at statistikken korkje har tilstrekkeleg detaljnivå eller ei løpande måling av arbeidsforbruket hos andre næringsdrivande, noko som gjer at ho ikkje kan nyttast til å følgje opp inntektsmålet for jordbruket.
Departementet meiner at eit nytt utval ikkje vil kunne gi ny informasjon som vil forbetre grunnlaget for å gjere ei inntektssamanlikning mellom jordbruket og andre grupper.
Regjeringa tilrår difor at oppmodingsvedtaket blir oppheva jf. forslag til vedtak.
3.2 Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2023–2024
Tiltakspakke for å redusere jordbruksareal ute av drift
Vedtak nr. 850, 21. juni 2024:
«Stortinget ber regjeringen frem til jordbruksoppgjøret for 2025 utrede en tiltakspakke for å redusere jordbruksareal som er ute av drift.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjeret 2024, jf. Innst. 448 S (2023–2024).
Vedtaket blei følgt opp i jordbruksoppgjeret i 2024 og 2025, med utprøving av eit teigbasert tilskott. Det er sett i gang ei prøveordning i utvalde kommunar i Nord-Noreg med stor andel areal som det ikkje blir søkt tilskott til. Landbruksdirektoratet har ansvar for prosjektet, og skal rapportere på resultata frå prosjektet til avtalepartane våren 2026. Evaluering og utvikling av tilskottet vil bli følgt opp i jordbruksoppgjeret i 2026. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 850, 21. juni 2025, med dette er følgt opp.
Prinsipp for berekning av inntekt i jordbruket
Vedtak nr. 847, 21. juni 2024:
«Stortinget ber regjeringen innen februar 2025 på nytt komme tilbake med egen sak med forslag til prinsipper for beregning av inntekt i jordbruket og sammenligning med andre grupper, for å sikre demokratisk forankring av tallgrunnalet til bruk i jordbruksoppgjørene og legitimitet til forhandlingsinstituttet.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjeret 2024, som eit laust forslag til Innst. 448 S (2023–2024).
Den 8. april 2025 handsama Stortinget Meld. St. 10 (2024–2025) Prinsipper for tallgrunnlag m.m. i jordbrukspolitikken. Stortinget sitt vedtak 561, 8. april 2025, avklarar dei politiske premissa for talgrunnlaget:
«Stortinget ber regjeringa leggje til grunn at normeringsfaktoren, avsetning til investeringar i avskrivbar eigenkapital og samanlikningsgruppe ligg fast i talgrunnlaget slik det vart nytta ved jordbruksoppgjeret 2024, men at timetalet per årsverk i jordbruket vert redusert med 50 timar til 1 700 timar i to like trinn med verknad for kalenderåra 2026 og 2027.»
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 847, 21. juni 2024, med dette er følgt opp.
Prisutjamningsordninga for mjølk
Vedtak nr. 846, 21. juni 2024:
«Stortinget ber regjeringen sørge for at ny markedsordning for melk har fungert minst ett år, før det vurderes å gjennomføre reduksjon av de konkurransefremmende tiltakene i prisutjevningsordningen for melk.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjeret 2024, som eit laust forslag til Innst. 448 S (2023–2024).
Det blei gjort vesentlege endringar i marknadsordninga for mjølk frå 1. november i 2024, då målprismodellen blei avvikla og volummodellen for mjølk blei innført. Den 1. november i 2025 har denne modellen verka eitt år, og det er ikkje gjort endringar i dei konkurransefremjande tiltaka i prisutjamningsordninga for mjølk i denne perioden. Departementet legg med det til grunn at vedtaket er følgt opp.
Gjennomgang av tilskottsystemet i jordbruket
Vedtak nr. 569, 18. april 2024:
«Stortinget ber regjeringen gå gjennom tilskuddssystemet for å vurdere om overføringene til jordbruket fører til en styrking av norsk selvforsyning, og at mer jord i Norge tas i bruk til matproduksjon.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).
Dei årlege jordbruksoppgjera inneber ein gjennomgang av alle tilskottsordningane i jordbruket, med sikte på å styrkje produksjonen av norske jordbruksprodukt og jordbruk over heile landet. I Prop. 149 S (2024–2025) Jordbruksoppgjøret 2025, er det ei liste over tiltak i jordbruksavtalen som særskild bidreg til auka sjølvforsyning. Ei partssamansett arbeidsgruppe leverte ein gjennomgang av korn- og kraftfôrpolitikken 7. mars 2025. Rapporten blei følgt opp i jordbruksoppgjeret 2025. Regjeringa har nedsett eit offentleg utval som skal lage ei utgreiing om framtidas matsystem. Utvalet skal levere sin rapport 1. november 2026.
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 569, 18. april 2025, med dette er følgt opp.
Revidert strategi for økologisk landbruk
Vedtak nr. 567, 18. april 2024:
«Stortinget ber regjeringen revidere strategien for økologisk landbruk i 2024.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).
Regjeringa la våren 2025 fram strategien Fra økologisk jord til middagsbord. Nasjonal strategi for økologisk jordbruk 2025–2032. Dette dokumentet erstattar strategien om økologisk jordbruk frå 2018, og er den gjeldande nasjonale strategien for økologisk jordbruk fram til 2032. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 567, 18. april 2024, med dette er følgt opp.
Plan for meir plantebasert mat
Vedtak nr. 566, 18. april 2024:
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget våren 2025 med en plan for mer plantebasert mat, hvor målet er at den samlede norske plantebaserte produksjonen skal styrkes og sammenhengen mellom de ulike leddene i verdikjeden skal økes.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).
I tråd med Meld. St. 11 (2023–2024), skal alle tiltak i jordbrukspolitikken framover vurderast opp mot korleis dei påverkar målet om auka sjølvforsyning. I Prop. 149 S (2024–2025) Jordbruksoppgjøret 2025, er det ei liste over tiltak i jordbruksavtalen som særskilt bidreg til auka sjølvforsyning. Dette blir følgt opp mellom anna i dei årlege jordbruksoppgjera. I jordbruksoppgjera i 2024 og 2025 har partane blitt samde om å auke tilkotta til produksjon av plantebasert mat substansielt. Regjeringa har nedsett eit offentleg utval som skal lage ei utgreiing om framtidas matsystem. Utvalet skal levere sin rapport 1. november 2026.
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 566, 18. april 2025, med dette er følgt opp.
3.3 Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2022–2023
Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet
Vedtak nr. 702, 25 mai 2023:
«Stortinget ber regjeringen sikre at Mattilsynet i større grad anmelder alvorlige brudd på dyrevelferdsloven.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:219 S (2022–2023), jf. Innst. 369 S (2022–2023), som omhandlar representantforslag om strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet.
Mattilsynet har styrkt arbeidet med dyrevelferdskriminalitet og har utarbeidd retningsliner for samarbeid mellom politiet og Mattilsynet. Tal på meldingar til politiet har auka dei siste åra, og dette vil bli følgt opp vidare framover. Temaet er òg omtalt i dyrevelferdsmeldinga som er handsama i Stortinget. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 702, 25. mai 2023, med dette er følgt opp.
Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet
Vedtak nr. 701, 25 mai 2023:
«Stortinget ber regjeringen sikre at dyreeiere som ikke etterkommer pålegg fra Mattilsynet etter alvorlige og gjentatte brudd på dyrevelferdsloven, lettere fratas retten til å drive med husdyrhold.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:219 S (2022–2023), jf. Innst. 369 S (2022–2023), som omhandlar representantforslag om strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet.
Oppfølging av kronisk dårlege dyrehald har vore eit prioritert område for Mattilsynet dei siste åra, og retningsliner for oppfølging av desse dyrehalda er reviderte. Departementet har motteke fleire innspel om tilsynet sin verkemiddelbruk, og temaet er omtalt i Meld. St. 8 (2024–2025) Dyrevelferd som er handsama i Stortinget. Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodningsvedtaket som avslutta.
Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet
Vedtak nr. 700, 25 mai 2023:
«Stortinget ber regjeringen fremme lovforslag om å inkludere dyrevelferdsloven § 37 i opplistingen i straffeprosessloven § 216 b første ledd bokstav b.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:219 S (2022–2023), jf. Innst. 369 S (2022–2023) som omhandlar representantforslag om strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet.
Dyrevelferdskriminalitet og strafferamma etter dyrevelferdslova, er omtalt i Meld. St. 8 (2024–2025) Dyrevelferd. Det er varsla i meldinga at regjeringa vil greie ut ein auke i strafferamma ved grove brott på dyrevelferdslova, i tillegg til konsekvensar og lovtekniske spørsmål som utforming og plassering av ei slik endring. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdiar i norsk skog
Vedtak nr. 519, 14. mars 2023:
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå dagens metode for innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdier i norsk skog, og vurdere tiltak for å sikre at intensjonen med miljøregistrering er ivaretatt, og at miljøregistreringen har tilstrekkelig kvalitet.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:40 S (2022–2023), jf. Innst. 191 S (2022–2023) som omhandlar representantforslag om ein ny skogpolitikk.
Landbruks- og matdepartementet gav i mai 2023 Landbruksdirektoratet i oppdrag å setje i gang ein feltkontroll av miljøregistreringar i skog. Landbruksdirektoratet har, saman med Landsskogtakseringa ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), utvikla eit kontrollopplegg. Opplegget blei starta opp i feltsesongen 2024 og er vidareført i 2025. NIBIO har òg gått gjennom instruksen for miljøregistreringar i skog, med sikte på å kunne evaluere både instruksen og oppfølginga av den etter over 20 år med miljøregistreringar. Målet er å sluttføre dette arbeidet i feltsesongen 2025. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når arbeidet er sluttført.
Utval matkastelov
Vedtak nr. 95, 1. desember 2022:
«Stortinget ber regjeringen sette ned et utvalg for å utrede matkastelov med mål om at loven skal tre i kraft i 2024.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).
Regjeringa sette i februar 2023 ned eit utval som skulle greie ut heilskapleg tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om 50 pst. reduksjon av matsvinnet innan 2030, og korleis ei matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Rapport frå utvalet kom i januar 2024.
Regjeringa la i april 2025 fram forslag til lov om førebygging og reduksjon av matsvinn for Stortinget, og lova blei vedteke av Stortinget i juni 2025. Det er òg sett i gang utgreiingsarbeid for å få på plass utfyllande forskrifter med sikte på at desse trer i kraft i løpet av 2026. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 95, 1. desember 2022, med dette er følgt opp.
3.4 Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2021–2022
Bransjeavtalar for biogassproduksjon
Vedtak nr. 754, 10. juni 2022:
«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til å opprette bransjeavtaler med landbruket og fiskeri- og havbruksnæringen med mål og tiltak for å øke leveransen av råstoff til biogassproduksjon. Klyngesamarbeid på tvers av bionæringene vil spille en viktig rolle i dette arbeidet.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 36 (2020–2021) og Meld. St. 11 (2021–2022) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, jf. Innst. 446 S (2021–2022). Eit breitt spekter av verkemiddel bidreg til å fremje bruk og produksjon av biogass i Noreg. Som omtalt i Meld. St. 25 (2024–2025) Klimamelding 2035, er kostnader for biogasshandsaming og utfordringar med å skaffe avsetning for den næringshaldige bioresten viktige barrierar for auka biogassproduksjon. Gjennom arbeidet som er sett i gang med samfunnsoppdrag sirkulærøkonomi, og oppfølging av ekspertutval sirkulærøkonomi, vil regjeringa gjennomgå verkemiddel for å oppnå meir sirkulære verdikjeder. Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Melding til Stortinget om dyrevelferd som byggjer på oppdatert kunnskap
Vedtak nr. 381, 15. februar 2022:
«Stortinget ber regjeringen legge fram en dyrevelferdsmelding som bygger på oppdatert kunnskap om dyrevelferd med utgangspunkt i faglige og faktiske forhold. Meldingen bør se faglig og politisk på problemstillinger knyttet til dyrehold, og gi oversikt over det vi gjør bra i dag, og om det er noe som kan gjøre annerledes og bedre i framtida. Det er sammenheng mellom menneskevelferd og dyrevelferd. Meldingen bør omtale dette.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022) som omhandlar representantforslag om å styrkje dyrevelferda for produksjonsdyr.
Meld. St. 8 (2024–2024) Dyrevelferd, blei lagd fram for Stortinget 20. desember 2024 og handsama i Stortinget 8. april 2025. I tråd med oppmodingsvedtaket byggjer meldinga på oppdatert kunnskap med utgangspunkt i faglege og faktiske forhold. Relevante problemstillingar er vurderte både fagleg og politisk. I meldinga er det gjort greie for positive sider ved norsk dyrehald. Det er òg gitt konkrete tilvisingar på kva som kan og bør forbetrast. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 381, 15. februar 2022, med dette er følgt opp.
Dyrevelferda i svinenæringa
Vedtak nr. 382, 15. februar 2022:
«Stortinget ber regjeringen se på insentiver som vil øke dyrevelferden i svinenæringen, særlig med hensyn til areal, underlag og miljøberikelse, og stille strengere krav til dyrevelferd ved oppgraderinger av driftsbygninger eller nybygg.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022), som omhandlar representantforslag om å styrkje dyrevelferda for produksjonsdyr.
I Meld. St. 8 (2024–2024) Dyrevelferd, blir det varsla fleire tiltak for å betra dyrevelferda i svinenæringa, mellom anna å greie ut korleis areal og kvaliteten på areal til svin kan aukast og utviklast for framtidas driftssystem i svineproduksjonen. Det blir gjort framlegg om å innføre forbod mot fiksering av purker i fødebingar etter ei overgangstid for eksisterande driftsbygningar. Landbruks- og matdepartementet arbeider no med å følgje opp dette, og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Konkrete tiltak i melding til Stortinget om dyrevelferd
Vedtak nr. 383, 15. februar 2022:
«Stortinget ber regjeringa legge fram ei heilskapleg stortingsmelding om dyrevelferd som omfattar både produksjonsdyr i landbruket, kjæledyr og fiskeoppdrett, seinast i vårsesjonen 2023. Regjeringa vert beden om å greie ut og foreslå konkrete tiltak i meldinga både for betra dyrevelferd generelt og for spesifikke artar/grupper av dyr, herunder følgjande tema:
-
å greie ut korleis økonomiske verkemiddel i landbrukspolitikken kan innrettast på ein måte som løner god dyrevelferd.
-
å greie ut korleis norsk regelverk vil måtte endrast ved implementering av EU sitt varsla forbod mot hald av dyr i bur og trange bingar.
-
å greie ut Mattilsynet sin kontroll- og rettleiingsfunksjon og trong for ressursar for å sikre tilstrekkeleg oppfølging av dyrevelferden i landbruket.
-
å greie ut merkeordningar som gjer det lettare for forbrukaren å velje dyrevenlege produkt. Ei slik merkeordning kan vere statleg eller privat.
-
å greie ut korleis grisar kan sikrast betre tilgang til uteareal, til dømes gjennom tilskots- eller merkeordningar, eventuelt gjennom endringar i lovverket.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022), som omhandlar representantforslag om å styrkje dyrevelferda for produksjonsdyr.
Meld. St. 8 (2024–2024) Dyrevelferd, blei lagd fram for Stortinget 20. desember 2024 og handsama i Stortinget 8. april 2025. Dyrevelferdsmeldinga gir, i tråd med oppmodingsvedtaket, ein heilskapleg gjennomgang av dyrevelferda og omfattar både produksjonsdyr i landbruket, kjæledyr og fiskeoppdrett. Konkrete tiltak blir utgreidd og foreslått, både for å forbetre dyrevelferda generelt og for spesifikke artar og grupper av dyr.
-
Innretning av økonomiske verkemiddel i landbrukspolitikken blir avklart i dei årlege jordbruksforhandlingane og fell etter vurderinga til regjeringa utanfor rammene av stortingsmeldinga. Det blir i dag ytt investeringsmidlar over jordbruksavtalen mellom anna til omlegging av mjølkeproduksjonen til lausdrift.
-
Potensielle endringar i norsk regelverk som følgje av eventuelt endra EU-regelverk, er ikkje utgreidd fordi det ikkje er klart korleis EU-regelverket i tilfelle blir utforma. Meldinga omtaler likevel ulike tiltak for å fase ut burhald og gi dyr større plass.
-
Meldinga drøftar forhold som kan styrkje Mattilsynet sin kontroll- og rettleiingsfunksjon, under dette forbetre oversikta over tilstanden i dyrehalda og styrking av Mattilsynet sine verkemiddel. Ressursspørsmål for Mattilsynet vil bli handtert i den ordinære budsjettprosessen.
-
Moglege merkeordningar, i statleg eller privat regi, for å gjere det lettare for forbrukarane å velje dyrevenlege produkt, er drøfta, jf. meldinga sitt kap. 7.4.1 om dyrevelferdsmerking.
-
Meldinga signaliserer at departementet vil greie ut korleis areal og kvaliteten på areal til svin kan aukast og utviklast for framtidige driftssystem i svineproduksjonen.
Landbruks- og matdepartementet arbeider no med å følgje opp meldinga. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 383, 15. februar 2022, med dette er følgt opp.
Alternativ til CO2-bedøving av dyr
Vedtak nr. 384, 15. februar 2022:
«Stortinget ber regjeringa sørge for at det vert forska på alternativ til CO2-bedøving av dyr i slakteri og kverning av hanekyllingar (maserasjon), med mål om at det vert innført betre metodar for avliving, og at det på sikt kan innførast eit forbod mot dagens praksis.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022), som omhandlar representantforslag om å styrkje dyrevelferda for produksjonsdyr.
Det går føre seg internasjonal forsking på alternativ til bedøving av dyr med CO2 og alternative metodar til kverning av daggamle hanekyllingar. Landbruks- og matdepartementet følgjer med på denne forskinga. Metodar for avliving av dyr er regulerte i EØS-harmonisert regelverk. Så langt synest det krevjande å identifisere fullgode alternativ til CO2-bedøving. I Noreg har eitt av to verpehønerugerier installert sorteringsmaskin som sorterer ut egg med hanekyllingar tidleg i rugeprosessen, slik at hanekyllingembryo blir avliva i egget. I stortingsmeldinga uttrykkjer regjeringa støtte til satsinga til næringa på metodar for kjønnssortering i egget, og signaliserer at det skal arbeidast for eit europeisk forbod mot kverning av daggamle kyllingar. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 384, 15. februar 2022, med dette er følgt opp.
3.5 Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018
Fremje forslag til ei matkastelov
Vedtak nr. 489, 27. februar 2018:
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og matvarebransjen. Loven bør omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr, samt påbud om å offentliggjøre nøkkeltall knyttet til matsvinn og reduksjon av matsvinn.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. Innst. 127 S (2017–2018).
Regjeringa sette i februar 2023 ned eit utval som skal greie ut heilskapleg tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om 50 pst. reduksjon av matsvinnet innan 2030, og korleis ei matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Rapport frå utvalet kom i januar 2024.
Landbruks- og matdepartementet har følgt opp saka i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet og Barne- og familiedepartementet. Regjeringa la fram forslag til lov om førebygging og reduksjon av matsvinn for Stortinget i april 2025, og lova blei vedteken av Stortinget i juni 2025. §§ 4 og 5 i lova følgjer opp del 2 av oppmodingsvedtaket om påbod om offentleggjering av nøkkeltal og donasjon av overskottsmat. Det er òg sett i gang utgreiingsarbeid for å få på plass utfyllande forskrifter med sikte på at desse trer i kraft i løpet av 2026. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 489, 27. februar 2018, med dette er følgt opp.
4 Oversiktstabellar for budsjettet
Utgifter fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
| Administrasjon m.m. | |||||
|
1100 |
Landbruks- og matdepartementet |
202 001 |
207 993 |
216 027 |
3,9 |
|
Sum kategori 15.00 |
202 000 |
207 993 |
216 027 |
3,9 |
|
| Matpolitikk | |||||
|
1115 |
Mattilsynet |
1 558 693 |
1 649 295 |
1 701 152 |
3,1 |
|
Sum kategori 15.10 |
1 588 693 |
1 649 295 |
1 701 152 |
3,1 |
|
| Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | |||||
|
1135 |
Veterinærinstituttet |
113 008 |
115 994 |
118 494 |
2,2 |
|
1136 |
Norsk institutt for bioøkonomi |
272 785 |
278 450 |
279 978 |
0,5 |
|
1137 |
Forsking og innovasjon |
630 381 |
660 340 |
654 510 |
-0,9 |
|
Sum kategori 15.20 |
1 016 174 |
1 054 784 |
1 052 982 |
-0,2 |
|
| Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
|
1138 |
Støtte til organisasjonar m.m. |
72 757 |
72 534 |
77 414 |
6,7 |
|
1139 |
Genressursar, miljø- og ressursregistreringar |
34 828 |
34 535 |
34 558 |
0,1 |
|
1140 |
Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m. |
77 886 |
85 890 |
85 890 |
0,0 |
|
1141 |
Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m. |
12 971 |
13 306 |
13 565 |
1,9 |
|
1142 |
Landbruksdirektoratet |
1 131 992 |
886 550 |
847 648 |
-4,4 |
|
1148 |
Naturskade – erstatningar |
105 732 |
136 300 |
173 100 |
27,0 |
|
1149 |
Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket |
133 261 |
113 044 |
93 932 |
-16,9 |
|
1150 |
Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. |
27 308 922 |
28 925 568 |
30 083 683 |
4,0 |
|
1151 |
Til gjennomføring av reindriftsavtalen |
199 966 |
225 000 |
250 000 |
11,1 |
|
1152 |
Bionova |
119 959 |
173 247 |
185 000 |
6,8 |
|
1161 |
Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn |
33 800 |
34 693 |
31 337 |
-9,7 |
|
Sum kategori 15.30 |
29 232 077 |
30 700 667 |
31 876 127 |
3,8 |
|
|
Sum programområde 15 |
32 008 945 |
33 612 739 |
34 846 288 |
3,7 |
|
|
Sum utgifter |
32 008 945 |
33 612 739 |
34 846 288 |
3,7 |
Inntekter fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
| Administrasjon m.m. | |||||
|
4100 |
Landbruks- og matdepartementet |
3 763 |
146 |
151 |
3,4 |
|
Sum kategori 15.00 |
3 763 |
146 |
151 |
3,4 |
|
| Matpolitikk | |||||
|
4115 |
Mattilsynet |
240 807 |
239 446 |
245 722 |
2,6 |
|
Sum kategori 15.10 |
240 807 |
239 446 |
245 722 |
2,6 |
|
| Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | |||||
|
4136 |
Norsk institutt for bioøkonomi |
20 935 |
21 437 |
-100,0 |
|
|
Sum kategori 15.20 |
20 935 |
21 437 |
-100,0 |
||
| Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
|
4141 |
Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m. |
4 486 |
4 680 |
4 900 |
4,7 |
|
4142 |
Landbruksdirektoratet |
50 463 |
52 381 |
55 367 |
5,7 |
|
4150 |
Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. |
1 688 |
50 |
1 050 |
2000,0 |
|
5576 |
Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet |
322 045 |
337 500 |
342 500 |
1,5 |
|
Sum kategori 15.30 |
378 682 |
394 611 |
403 817 |
2,3 |
|
| Forretningsdrift | |||||
|
4162 |
Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap |
10 000 |
10 000 |
10 000 |
0,0 |
|
5652 |
Statskog SF – renter og utbytte |
199 296 |
43 800 |
24 000 |
-45,2 |
|
Sum kategori 15.40 |
209 296 |
53 800 |
34 000 |
-36,8 |
|
|
Sum programområde 15 |
853 483 |
709 440 |
683 690 |
-3,6 |
|
|
Sum inntekter |
853 483 |
709 440 |
683 690 |
-3,6 |
Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49.
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Post |
Nemning |
Overført til 2025 |
Forslag 2026 |
|
1100 |
21 |
Spesielle driftsutgifter |
11 253 |
20 645 |
|
1137 |
70 |
Innovasjonsaktivitet m.m. |
0 |
2 993 |
|
1137 |
71 |
Forskingsaktivitet – Noregs forskingsråd |
0 |
198 200 |
|
1138 |
71 |
Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar |
468 |
1 000 |
|
1139 |
71 |
Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak |
812 |
9 669 |
|
1140 |
21 |
Spesielle driftsutgifter |
22 |
33 183 |
|
1140 |
71 |
Tilskott til viltformål |
53 |
38 578 |
|
1141 |
23 |
Jegerprøve m.m. |
533 |
4 900 |
|
1142 |
71 |
Tiltak for berekraftig reindrift |
4 426 |
5 900 |
|
1142 |
77 |
Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald |
575 011 |
50 000 |
|
1149 |
71 |
Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket |
1 019 |
37 932 |
|
1149 |
73 |
Tilskott til skog- og klimatiltak |
2 019 |
56 000 |
|
1150 |
21 |
Spesielle driftsutgifter |
1 901 |
39 200 |
|
1150 |
70 |
Marknadstiltak |
11 492 |
317 550 |
|
1150 |
74 |
Direkte tilskott |
16 190 |
17 886 445 |
|
1150 |
77 |
Utviklingstiltak |
19 398 |
452 791 |
|
1150 |
78 |
Velferdsordningar |
14 922 |
2 041 741 |
|
1151 |
75 |
Kostnadssenkande og direkte tilskott |
8 205 |
153 300 |
|
1151 |
79 |
Velferdsordningar |
617 |
4 400 |