Del 3
Omtale av særlege tema
6 Samfunnstryggleik og beredskap
Matsikkerheit er ein viktig føresetnad for alle samfunn. I tryggingspolitisk krise og krig vil tilgang til mellom anna energi, mat og vatn kunne vere vanskeleg. I totalberedskapsmeldinga går det fram at dagens matvareforsyning blir utfordra i situasjonar kor ein ikkje kan halde oppe tilstrekkeleg importtilgang av mengde og utval matvarer. Ein politikk som bidreg til at mest mogleg av matjorda er i bruk, og dermed matproduksjonen i heile landet, er viktig for å handtere eventuelle kriser.
Nasjonal tryggingsstrategi trekkjer fram tre strategiske hovudprioriteringar. Ein farlegare og meir uføreseieleg situasjon krev at vi raskt styrkjer forsvarsevna nasjonalt og i samarbeid med allierte. Vi må gjere samfunnet meir motstandsdyktig, og økonomisk tryggleik må prioriterast høgare. Den politiske tryggingssituasjonen krev at norske verksemder tek ansvar for tryggleik gjennom førebyggjande og risikoreduserande tiltak.
Befolkningsvekst, konfliktar, ustabile forsyningar av mat og energi, stigande råvareprisar og store klima- og miljøutfordringar pregar kvardagen til millionar av menneske verda over. Også i vårt relativt rolege hjørne av verda er det tydeleg at eit aktivt jordbruk og ein berekraftig matproduksjon er grunnleggjande for at vi skal kunne skape ei trygg framtid. Klimaendringane er ein av dei aller største utfordringane i vår tid. Gjentakande ekstremvêr med tørke og flaum har vist kor avgjerande det er med god beredskap for å berge mat og fôr. Storm, skogbrann, beitekriser, tørke, planteskadegjerarar og ekstremvêr vil kunne føre til store utfordringar for reindrifta og jord- og skogbruket. Vi må difor vere budde på klimatilpassingar i landbruket i åra som kjem.
Ivaretaking av produksjonsgrunnlaget ved å halde mest mogleg matjord i bruk og i løpande nasjonal produksjon, er avgjerande for matberedskapen. I tillegg er det potensial for å leggje om kosthald og produksjon i møte med ei større krise. Regjeringa vil gjennomføre ein analyse av dette som ei oppfølging av totalberedskapsmeldinga.
Jordbruket skal både gi oss nok og trygg mat. Dyrevelferda skal også vere god. Det viktigaste bidraget frå regjeringa til å sikra norsk jordbruk og matproduksjon er gjennom jordbruksforhandlingane, som legg til grunnlag for medverknad og moglegheiter til å utarbeide rammevilkår i fellesskap. Resultatet av forhandlingane i jordbruksoppgjeret styrkjer norsk matproduksjon og mattryggleik. Vidare bidreg jordbruksoppgjeret til berekraftig bruk av naturressursar og busetjing i heile landet. Busetjing i heile landet er ein særs viktig del av beredskapen.
Vi må òg nytte dei nasjonale ressursane og ta vare på mangfaldet og dei gode produksjonsmiljøa i jordbruket, reindrifta og skognæringa. Dette samstundes som vi aukar sjølvforsyninga og tilpassar produksjonen til eit endra klima. Satsinga på drenering i jordbruket er eit godt døme på dette.
Landbruks- og matdepartementet skal bidra til at Noreg har god matberedskap. Matsystemet er komplekst med ei lang rekkje heilt naudsynte funksjonar som mellom anna kompetanse, teknologi, organisasjon, logistikk og innsatsfaktorar. Reindrifta er ein sentral beredskapsaktør særleg i dei nordlege delane av landet, der anna matproduksjon på land er avgrensa. Reindrifta er ein desentralisert produksjon, noko som gir robustheit i krisesituasjonar der transport og forsyningsliner kan svikte.
Skogbruket kan bidra til å sikre energi til oppvarming, matlaging og koking av drikkevatn ved straumbrott og andre situasjonar med knappheit på energi. Ved naturhendingar som skogbrann og store trefall som følgje av til dømes ekstremvêr, vil skogsvegnettet vere viktig for å handtere situasjonane og avgrense skadar. Maskinkapasiteten i skogbruket vil kunne vere ein viktig ressurs når slike beredskapssituasjonar oppstår. I ulike andre beredskapssituasjonar, med til dømes stengde offentlege vegar, vil skogsvegnettet mange stader by på alternative ruter for person- og varetransport.
Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen. Forberedt på kriser og krig framhevar at Riksrevisjonen og Totalberedskapskommisjonen peikar på potensialet for å leggje om produksjon og forbruk i ein krisesituasjon. Som ei oppfølging av dette, utarbeider Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet eit mandat for ein analyse av potensialet for omlegging av forbruk og produksjon av mat.
Beredskapslager for matkorn er òg viktig for å bidra til matforsyning og redusert sårbarheit ved ei ekstraordinær forsyningskrise. Innan 2029 skal det etablerast eit beredskapslager av matkorn på 82 500 tonn. Staten eig kornet, men det er kommersielle aktørar som skal lagre det. Beredskapslageret vil vere viktig dersom det skulle oppstå forstyrringar i verdikjeda som følgje av naturhendingar eller tryggingspolitiske kriser.
Landbruks- og matdepartementet og underliggjande verksemder
Landbruks- og matdepartementet har ansvar for eigen beredskap og skal vere klar til å delta i sentral handtering av tiltak ved nasjonale kriser. Gjennom eit godt beredskapsplanverk og god sikkerheit, arbeid med grunnleggjande nasjonale funksjoner (GNF) og tett og god dialog med underliggjande verksemder, skal departementet vere budd på å møte ulike typar kriser i eigen sektor og kriser som gjeld departementet sjølv.
Departementet arbeider òg for ei heilskapleg og forsterka tilnærming til tryggleiks- og beredskapsarbeidet i sektoren. I styringsdialogen med underliggjande verksemder får arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav i tildelingsbrev, i hovedinstruksane og i styringsdialogen.
Landbruksdirektoratet
Landbruksdirektoratet har viktige oppgåver opp mot sikkerheit og beredskap i landbruk og matforsyning. Oppgåvene omfattar handtering av hendingar og kriser innanfor matforsyning, skog, reindrift, naturskadar og avlingsskadar.
Landbruksdirektoratet har ansvaret for drift av Landbruks- og matCERT der Mattilsynet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet inngår. Landbruks- og matCERT er registrert partnar av Nasjonalt cybersikkerhetssenter (NCSC).
Mattilsynet
Mattilsynet har ei sentral rolle i arbeidet med å sikre forbrukarane tilgang til trygg mat. Mattilsynet har eit stort ansvar for å sikre beredskapen i samfunnet innan mat- og drikkevassforsyninga, dyre- og plantehelse og dyrevelferd. Dei handterer beredskapshendingar, samarbeider med andre aktørar, og har beredskapsplanar for å kunne handtere kriser. Dei arbeider for å førebyggje uønskte hendingar gjennom tilsyn, kontroll og regelverk. Mattilsynet har ei viktig rolle i Totalforsvaret, og er mellom anna fast medlem i Kriseutvalet for atomberedskap, og møter som fast aktør i fylkesberedskapsråda.
Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet er eit beredskaps- og forskingsinstitutt, og er den viktigaste kunnskapsleverandøren for førebygging, oppklaring og handtering av zoonosar og alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr.
Norsk institutt for bioøkonomi
Norsk institutt for bioøkonomi er eit nasjonalt leiande institutt for forsking og utvikling av kunnskap om bioøkonomi. Instituttet skal bidra til matsikkerheit, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping innanfor verdikjeda for mat, skog og andre biobaserte næringar.
7 Likestilling
Overordna om departementet sitt arbeid med å fremje likestilling og hindre diskriminering
Arbeidet med likestilling i departementet er basert på dei krava og rettleiingar som er gitte i likestillings- og diskrimineringslova. Departementet har utarbeidd ein eigen policy for arbeidet med likestilling som skal gi retning for alt arbeid i verksemda og i alt arbeid og tenesteyting på myndigheitsområdet til departementet.
Likestilling og mangfald i underliggjande etatar
Departementet sine underliggjande verksemder er Mattilsynet, Landbruksdirektoratet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet. For informasjon om status på likestillings- og mangfaldsarbeidet i desse verksemdene, viser departementet til dei respektive årsrapportane med vedlegg. Av dei underliggjande verksemdene er det Landbruksdirektoratet og Mattilsynet som utøver myndigheit etter § 24 i Likestillings- og diskrimineringslova. Veterinærinstituttet og Norsk institutt for bioøkonomi har ikkje slike oppgåver.
Likestilling i jordbruket
Det følgjer av likestillings- og diskrimineringslova at alle uansett kjønn, alder, etnisitet, religion m.m., skal ha dei same moglegheitene til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og landbruksbaserte næringar. Haldningsskapande arbeid, utdanning, rådgiving, økonomiske verkemiddel og gode, funksjonelle velferdsordningar er vesentlege for å bidra til likestilling og rekruttering til landbruket over heile landet.
Gode velferdsordningar i landbruket er grunnleggjande for å bidra til rekruttering og landbruk over heile landet. Jordbruksavtalen inneber blant anna å auke høgaste maksimale dagsats for avløysartilskott ved sjukdom og fødsel mv. frå 2 600 kroner til 3 050 kroner. Avløysartilskott ved ferie og fritid aukar frå 134 175 kroner til 139 542 kroner per føretak. Heving av satsane for avløysartilskotta vil gi produsentane auka moglegheit til å nytte avløysartenestene. Dette vil gi auka økonomisk tryggleik ved sjukdom og skade, og gi betre moglegheit for å ta ut ferie og meir fritid gjennom året.
Satsing på berekraftig landbruk, sirkulær- og bioøkonomi og teknologiutvikling i, og i tilknyting til landbruket, vil vere viktig i framtida og krevje ny type kompetanse utover den tradisjonelt landbruksfaglege. Regjeringa vil skape interesse og gode forhold for alle som kan støtte opp om ei positiv utvikling i landbruket og reindrifta.
Landbruks- og matdepartementet har dei seinare åra hatt god tilgang på statistikk for kjønnsbalanse og likestilling innanfor landbruket og reindrifta. Det er stort sett under dei ulike velferdsordningane at det ligg føre flest opplysningar om mellom anna kjønn, alder og geografisk fordeling.
Resultatkontrollen for gjennomføringa av landbrukspolitikken er ei årleg utgreiing og publikasjon frå Budsjettnemnda for jordbruket. Resultatkontrollen viser utviklinga i jordbruket i forhold til dei mål og retningsliner Stortinget har trekt opp. Resultatkontrollen inneheld statistikk for mellom anna kjønns- og aldersfordelinga innan landbruket, og viser i tillegg historisk utvikling for kjønn, alder og utdanning på dette området.
Dei siste åra har talet på kvinnelege eigarar av landbrukseigedommar auka noko. I følgje tal frå SSB for 2024, var det 182 528 landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. På 66 pst. av eigedommane var det mannleg eigar, mens kvinner eigde 26 pst. av eigedommane. For dei resterande eigedommane var eigaren til dømes eit aksjeselskap, anna selskap, ein utanlandsk eigar eller at eigaren ikkje var oppgitt.
Statistikk frå søknad om produksjonstilskott viser at det i 2024 var nær 35 106 enkeltpersonføretak (verksemder med personleg brukar) i jordbruket. Over tid har delen jordbruksføretak drivne av kvinner auka, og i 2024 var 17,6 pst. kvinner. I 2023 var talet på 17,4 pst., mens det var på 12,9 pst. i 1999 og 14,4 pst. i 2010. Denne statistikken gir likevel ikkje eit fullstendig bilete av kvinnene si samla deltaking i drifta av norske jordbruksføretak. Ei årsak til dette er at det berre er éin person som kan stå oppført som søkjar per enkeltpersonføretak. Det er òg mange kvinner som deltek i drifta på gardsbruk som ikkje er drivne som enkeltpersonføretak. For slike verksemder har ein ikkje informasjon om det er menn eller kvinner som deltek i drifta.
Arbeidstid i jordbruket går ned både for kvinner og menn, men reduksjonen er størst for kvinner. I 2023 utførte kvinner 24 pst. av arbeidet på garden, mot 26 pst. i 1990.
Tal frå 2023 viser at gjennomsnittsalderen for kvinnelege eigarar er litt høgare enn for menn, høvesvis 60,6 år og 58,8 år. Gjennomsnittsalderen for kvinner som driv jordbruksverksemder er gjennomgåande litt lågare enn for menn. Gjennomsnittsalderen for aktive kvinnelege brukarar var i 2024 på 48 år, noko som var rundt 3,5 år lågare enn for menn. Det kan over tid sjå ut til at kvinner i mindre grad tek over jordbruksbedrifter for å drive jordbruk sjølve. Det er i mange samanhengar òg peikt på at gardsoverdragingar til kvinner ofte gjeld enker som eig garden i ein overgangsperiode.
Tal for 2023 viser at høg utdanning blant nye eigarar er meir vanleg blant kvinner enn blant menn, og det er størst del kvinner med lang utdanning blant dei yngste. Blant kvinnene i den yngste aldersgruppa (under 39 år) har 64,3 pst. utdanning på universitets- og høgskulenivå. Hos menn har 24,1 pst. i den yngste aldersgruppa høgare utdanning. Når det gjeld den eldste aldersgruppa som overtok gard i 2023, har 30,6 pst. av mennene og 27,7 pst. av kvinnene høgare utdanning.
Innanfor dei ulike driftsformene er kvinnedelen høgast blant bønder med driftsforma «andre grovfôretande dyr» med delen 28,3 pst. For sau er delen 20,7 pst. Kvinnedelen er lågast blant produsentar som driv med storfe, mjølk og kjøtt. Kvinner driv generelt jordbruksverksemder med mindre areal enn menn, men delen kvinner har auka for alle arealgruppene utanom ei.
Landbrukssektoren har over tid arbeidd målretta med å få fleire kvinner til å etablere seg i næringa. Fleire verkemiddel i jordbruksavtalen er innretta slik at dei skal stimulere til rekruttering, næringsutvikling, fleire nyetableringar og vekstbedrifter. Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) er eit særleg viktig økonomisk verkemiddel for å nå målet om næringsutvikling i, og i tilknyting til, landbruket. Kvinner er særleg aktive innan andre landbruksbaserte næringar, til dømes lokalmat, reiseliv og aktivitetstilbod på garden som «Inn på tunet». Desse områda krev ofte anna kompetanse enn den tradisjonelle landbruksfaglege kompetansen. Dei siste par åra har om lag 35 pst. av IBU-midla blitt tildelt kvinner. Dette er ein nedgang frå tidlegare, og årsaka kan vere at investeringar innan tradisjonelt landbruk har auka mykje. Kvinnedelen for tildelingar innan andre landbruksbaserte næringar, er på om lag 70 pst.
Likestilling i skogbruket
Det er fleire menn enn kvinner som arbeider innan skog- og trenæringa. Sektoren har behov for best mogleg kompetanse. Det blir difor lagt vekt på å rekruttere og leggje til rette for å behalde fleire kvinner. Sentralt i arbeidet er mellom anna å synleggjere mangfaldet i bransjen og tiltak for å gjere arbeidsplassar og arbeidsoppgåver meir attraktive for kvinner.
Kvinner i skogbruket er ein uavhengig, landsomfattande organisasjon som har til formål å motivere kvinner til deltaking og engasjement på alle plan innanfor skogbruket, og leggje vekt på samhald og samarbeid. Organisasjonen har etablert kontakt med og deltek i nordiske og internasjonale forum på området. Landbruks- og matdepartementet har løyvd midlar til Kvinner i skogbruket over kap. 1138, post 70, Støtte til organisasjonar, over fleire år.
Velg Skog arbeider med rekruttering, kompetanse og omdømmebygging for skognæringa. Næringa sitt behov for betre likestilling er ein del av dette arbeidet. Velg Skog blir mellom anna finansiert over jordbruksavtalen kap. 1150, post 50, Landbrukets utviklingsfond.
Likestilling i reindrifta
Arbeidet med likestilling i reindrifta i Noreg krev ein samla innsats frå fleire aktørar, både frå det offentlege, frå næringa sjølv og frå organisasjonar i næringa.
I 2024 var 87 kvinner eigar av siidaandel, noko som utgjer 16 pst. av alle siidaandelar. Dette er ein reduksjon frå 2023. I 2024 var det 96 siidaandelar som var eigd av ektefelle/sambuar i fellesskap. Dette er ein reduksjon frå 101 siidaandelar i 2023.
262 årsverk blei utførte av kvinner i 2023. Dette utgjer 27 pst. av alle årsverk i reindrifta i 2023. I 2024 hadde kvinner 27 pst. av det samla reintalet i Noreg, og det er det same nivået som i 2023.
I reindriftsavtalen 2019/2020 blei det etablert eit særskilt driftstilskott til kvinner som er leiar av siidaandel, og som har reindrift som hovudnæring. I tillegg kan kvinneretta tiltak få støtte over Reindriftas utviklingsfond. Norske Reindriftsamers Landsforbund kan òg søkje om midlar til utviklingsprosjekt for å fremje likestilling. Det kan vidare søkjast om tilskott for å støtte opp om den familiebaserte reindrifta, ektefelle-/sambuartillegg, for felles siidaandelar.
Norske Reindriftsamers Landsforbund skal ta omsyn til kjønnsfordeling ved val av styre og lokallag. Avtalepartane er òg samde om at styra for reinbeitedistrikta, så langt det er mogleg, bør ha kjønnsbalanse.
Likestilling og mangfald i Landbruks- og matdepartementet
Ved utgangen av 2024 var det 126 tilsette i departementet, der 60 pst. av desse var kvinner.
Kvinnene er i fleirtal i sakshandsamargruppa og blant leiarane. Kvinnene utgjer 83,3 pst. av toppleiarane, 50 pst av mellomleiarane og 60 pst. av leiarane samla sett. Det er omtrent like mange menn og kvinner i mellomleiarposisjonar med personalansvar.
Per 31. desember 2024 var gjennomsnittsalderen i departementet 50,5 år. Gjennomsnittsalderen er omtrent lik for både kvinner og menn, og har vore stabil dei siste fire åra.
Tabell 7.1 Relativ og absolutt kjønnsfordeling i dei ulike stillingsgruppene per 31. desember 2024:
|
Relative |
Absolutte |
||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Stillingsgruppe |
Andel kvinner (pst.) |
Andel menn (pst.) |
Tal kvinner |
Tal menn |
Totalt |
|
Departementsråd |
100 |
0 |
1 |
0 |
1 |
|
Ekspedisjonssjef |
75 |
25 |
3 |
1 |
4 |
|
Kommunikasjonssjef |
0 |
100 |
0 |
1 |
1 |
|
Avdelingsdirektør |
53 |
47 |
9 |
8 |
17 |
|
Underdirektør |
50 |
50 |
1 |
1 |
2 |
|
Fagdirektør |
44 |
56 |
12 |
15 |
27 |
|
Spesialrådgivar |
33 |
67 |
1 |
2 |
3 |
|
Prosjektleiar |
100 |
0 |
4 |
0 |
4 |
|
Seniorrådgivar |
67 |
33 |
28 |
14 |
42 |
|
Rådgivar |
73 |
27 |
16 |
6 |
22 |
|
Førstekonsulent |
33 |
66 |
1 |
2 |
3 |
|
Totalt |
60 |
40 |
76 |
50 |
126 |
Gjennomsnittsløn etter kjønn
Når ein ser på lønnsforskjell mellom kjønna, er det nesten ingen skilnad. Ved utgangen av 2024 var delen av kvinner si løn samanlikna med mennene si løn 99,5 pst, noko som er ein auke frå 98,1 pst. i 2023 og frå 97,7 pst. i 2022.
Mellombelse tilsetjingar
Mellombelse tilsetjingar blir i hovudsak brukte der det er behov for å ta inn vikar for å løyse oppgåver ved permisjonar og anna fråvær. Ved utgangen av 2024 utgjorde mellombelse tilsetjingar 3,2 pst., mot 5,3 pst. i 2023. Ei av desse tilsetjingane var ei mellombels prosjektstilling, og ikkje eit vikariat. Trekk ein frå denne tilsetjinga, blir prosenten 2,4. Bruken av mellombelse stillingar blir drøfta med dei tillitsvalde årleg. I løpet av 2024 har fire mellombelse tilsette gått over i fast stilling.
Sjukefråvær
I 2024 var sjukefråværet 3,5 pst., noko som er ein nedgang frå tidlegare år (4,5 pst. i 2023). Sjukefråværet blant kvinner er framleis høgare samanlikna med sjukefråværet blant menn. Sjukefråværet er eit fast tema i arbeidsmiljøutvalet i departementet, og i dialogen med Bedriftshelsetenesta for å vurdere relevante tiltak.
Permisjonar
I 2024 blei det teke ut få foreldrepermisjonar.
Tabell 7.2 Den relative og absolutte fordelinga av permisjonar både totalt og mellom kjønna
|
Kvinner |
Menn |
|
|---|---|---|
|
Antal permisjonar |
84 |
17 |
|
Andel kvinner (pst.) |
Andel menn (pst.) |
|
|
Foreldrepermisjon 100 pst. |
0 |
0 |
|
Foreldrepermisjon 80 pst. |
100 |
0 |
|
Omsorgspermisjon utan løn |
100 |
0 |
|
Velferdspermisjon med løn |
83 |
17 |
Overtid
Totalt blei det registrert 4 636 timar med overtid i departementet i 2024. Dette utgjer 1,75 pst. av den avtalte arbeidsinnsatsen. Overtid knytt til gjennomføringa av dei årlege jordbruksforhandlingane, utgjer ein vesentleg del av den totale overtida.
Deltid
Alle som blei tilsette fast i departementet i 2024 hadde fulltidsarbeid. Ingen av dei tilsette har etter eige ønskje redusert arbeidstida si i løpet av året.
Inkludering og mangfald
Departementet og sektoren har utarbeidd handlingsplanar for inkludering og mangfald. Rekrutteringsstatistikken viser at det i 2024 blei tilsett 10 personar i departementet, 4 menn og 6 kvinner. Av dei mellombels tilsette er det 1 kvinne. Tala viser at yngste nytilsette var 26 år og eldste 55 år.
Tabellen nedanfor gir ei oversikt over nytilsette innan stillingsgruppene og kjønna i ordinære tilsetjingsprosessar i 2024:
Tabell 7.3 Nytilsette
|
Kvinner |
Menn |
Totalt |
|
|---|---|---|---|
|
1539 Fagdirektør |
1 |
1 |
|
|
1364 Seniorrådgivar |
3 |
2 |
5 |
|
1436 Rådgivar |
2 |
1 |
3 |
|
1408 Førstekonsulent |
1 |
1 |
Når det gjeld personar med hol i CV-en, funksjonsnedsetjingar og innvandrarbakgrunn, blei det ikkje tilsett nokon som oppgav dette i 2024. Det blei i 2024 ikkje tilsett nokon frå NAV-tiltak.
Mobbing og trakassering
Arbeidet med haldningar for å motarbeide mobbing og diskriminering har merksemd i departementet. Eigne varslingsrutinar er utarbeidde, og departementet har system for å vareta varslarar.
8 Oppfølging av FNs berekraftsmål
Berekraftsagendaen set ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot 2030, og er ei overbygning for regjeringa sin politikk nasjonalt og internasjonalt. Våren 2025 la regjeringa fram Meld. St. 35 (2024–2025) Norges arbeid med bærekraftsmålene – status, utfordringer og veien videre. Meldinga omfattar ei samla omtale av status for Noreg sitt arbeid med berekraftsmåla og vektlegg særskilt dei områda der Noreg har eit forbetringspotensial. Meldinga gjer vidare greie for regjeringa sin politikk på desse områda, irekna område som omfattar landbruks- og matpolitikken.
Dei fire hovudmåla for landbruks- og matpolitikken; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar, skal bidra til å nå fleire av berekraftsagendaen sine målsetjingar. I tillegg til at landbruks- og matpolitikken skal sikre eiga befolkning nok og trygg mat med tydelege miljø- og klimaambisjonar, omfattar måla òg ambisjonar knytte til eit berekraftig skogbruk, arealbruk, varetaking av kulturlandskap, og busetjing og sysselsetjing med utgangspunkt i landbruket sine ressursar. Målbiletet speglar med andre ord eit multifunksjonelt landbruk.
Mål 2 Utrydde svolt
Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere det nasjonale arbeidet med berekraftsmål 2 om å utrydde svolt. Målet har fleire dimensjonar, mellom anna å oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig matproduksjon. Status i Noreg for berekraftsmål 2 er i all hovudsak god, men det er utfordringar knytte til overvekt og for lite fysisk aktivitet i delar av befolkninga. Det er generelt for høgt inntak av salt, tilsett sukker og metta feitt, og for lite inntak av frukt, bær, fullkorn og fisk. Å auke berekrafta i landbruket nasjonalt, er òg sentralt for å nå mål 2, og der jordbruksavtalen er det sentrale verkemiddelet.
Delmål 2.1) Innan 2030 utrydde svolt og sikre alle menneske, særleg fattige og personar i utsette situasjonar, spesielt spedbarn, tilgang til nok, trygg og sunn mat heile året.
I ein situasjon med uro i internasjonale marknader for mat og energi, har regjeringa lagt vekt på å sikre nasjonal matproduksjon. Dette omsynet ligg òg til grunn for jordbruksavtalen i 2025, med ei tydeleg prioritering av sjølvforsyning, klima og miljø. Sjå omtale av prioriteringar i landbruks- og matpolitikken i del 1 av proposisjonen. Våren 2024 la regjeringa fram Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntekstmulighetene i jordbruket, som omfattar ein strategi for å nå målet om at sjølvforsyningsgraden, korrigert for import av fôr, skal aukast til 50 pst. på energibasis. Regjeringa sin hovudstrategi er å forbetre og auke produksjonen av planteprodukt, både til mat og fôr, på ein måte som styrkjer konkurransekraft mot import, slik at etterspørselen etter norske jordbruksvarer aukar.
Noreg har høg sjølvforsyning av husdyrprodukt og relativt låg sjølvforsyning for energirike plantevekstar til mat. Regjeringa held fram arbeidet med å etablere beredskapslagring for korn, der målet er at det innan 2029 skal vere på plass eit beredskapslager tilsvarande 3 månaders forbruk av matkorn.
Delmål 2.2) Innan 2030 utrydde alle former for feilernæring, og innan 2025 nå dei internasjonalt avtalte måla som gjeld veksthemjing og avmagring hos barn under fem år, og skjøtte ernæringsbehova til unge jenter, gravide, ammande kvinner og eldre personar.
Det blir arbeidd på fleire måtar for å auke kunnskapen og kompetansen om sunt kosthald, bruk av råvarer, mat og matkultur i befolkninga generelt og målretta mot born, unge og eldre spesielt. Organisasjonsstøtte til stiftinga Geitmyra Matkultursenter for born og Norges Bygdekvinnelag bidreg til å støtte opp om dette. Prosjekta Gylne måltidsøyeblikk og Matgledekorpsa har bidrege til å stimulere til sunt kosthald og matkultur på institusjonar for eldre. Opplysningskontoret for frukt og grønt har ei sentral rolle i arbeidet med å fremje forbruk av norsk frukt og grønt, og eit sunt og berekraftig kosthald til born og unge, og blir finansiert av midlar over jordbruksavtalen. Opplysningskontoret mottek òg støtte til å leie prosjektet Det store norske Grøntløftet, som har som mål å leggje til rette for auka etterspørsel etter norsk frukt, grønt, bær og poteter. Auka etterspørsel vil både gi høgare norskdel og høgare sjølvforsyningsgrad, og vil kunne bidra til betre folkehelse. Landbruks- og matdepartementet sitt bidrag til delmål 2.2, er nærare omtalt under overskrifta Sunt kosthald og gode matopplevingar i programkategori 15.10 Matpolitikk.
Delmål 2.3) Innan 2030 doble produktiviteten og inntektene til småskala matprodusentar, særleg kvinner, urfolk, familiebruk, husdyrnomadar og fiskarar, mellom anna gjennom sikker og lik tilgang til jord, andre produksjonsressursar og innsatsmiddel, kunnskap, finansielle tenester, marknader og moglegheiter for verdiauke og for sysselsetjing utanfor landbruket.
Dei årlege jordbruksforhandlingane mellom staten og næringsorganisasjonane i jordbruket skal sikre medverking og moglegheiter for å utforme rammevilkåra for jordbruket i fellesskap. Verkemiddel og løyvingar skal bidra til at måla for landbrukspolitikken blir nådde. Omsynet til økonomisk og sosial berekraft ligg til grunn òg for jordbruksavtalen i 2025, med ei tydeleg prioritering av sjølvforsyning, klima og miljø. Ein vesentleg del av avtalen er avsett til utviklings- og omstillingstiltak i landbruket gjennom Landbrukets utviklingsfond. Prioriterte tiltak er knytte til omstilling og utvikling i primærproduksjon og innanfor tilleggsnæringar i landbruket, verkemiddel knytt til rekruttering, kompetanseheving og forsking og miljø- og klimaretta tiltak. Investeringsverkemidla er eitt av dei mest sentrale verktøya for å stimulere til omstilling og rekruttering i landbruket. Den samla auken for investeringsverkemidla hittil i denne regjeringsperioden, har vore på nærare 90 pst. Innovasjon Norge si rapportering på verkemiddelbruken for dei bedriftsretta tiltaka viser at kvinner mottek ein stor del av tilskotta som blir løyvde innanfor utvikling av tilleggsnæringar i landbruket, med om lag 55 pst. av tilskotta. Sjå elles omtale av prioriteringar for landbruks- og matpolitikken i del I av proposisjonen.
Dei årlege forhandlingane mellom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund skal leggje til rette for ei utvikling av reindriftsnæringa innanfor dei måla som er sette for reindriftspolitikken. Hovudmålet for reindriftspolitikken er ei berekraftig reindrift, med delmåla økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Gjennom reindriftsavtalen blir dei økonomiske verkemidla for å nå måla vidareutvikla. Sjå omtale av prioriteringar for reindriftspolitikken i del II.
Delmål 2.4) Innan 2030 sikre at det finst berekraftige system for matproduksjon, og innføre robuste metodar som gir auka produktivitet og produksjon, som bidreg til å halde oppe økosystema, som styrkjer evna til å tilpasse seg til klimaendringar, ekstremvêr, tørke, flaumar og andre katastrofar, og som gradvis fører til betre kvalitet på areal og jord.
Det blir arbeidd på fleire måtar for å bidra til eit meir berekraftig system for matproduksjon. Dei årlege næringsavtalane med jordbruket og reindrifta er dei mest sentrale verktøya frå regjeringa si side knytt til den landbaserte matproduksjonen, og der dialog og samarbeid med næringa står sentralt. Dialog og samarbeid med heile verdikjeda for mat er naudsynt for å gjere matsystemet meir berekraftig. Som ei oppfølging av FNs toppmøte for matsystem i 2021, og statusmøtet i 2023, inviterte Landbruks- og matdepartementet, i samarbeid med seks andre departement, til nasjonalt dialogmøte om berekraftige matsystem. Rapporten Bærekraften i det norske matsystemet1, samanfattar nokre hovudliner i regjeringa sitt arbeid på området. Landbruks- og matdepartementet har i 2024 utarbeidd ein rapport om departementet sitt arbeid med berekraftige matsystem2. Rapporten gir ei oversikt over sentrale område departementet arbeider med som ein del av regjeringa sitt arbeid med ei heilskapleg tilnærming til berekraftige matsystem. I februar 2025 sette regjeringa ned eit ekspertutval som skal greie ut om framtidas matsystem, der folkehelse, klima, natur og landbruks-, havbruks-, fiskeri- og matpolitikk blir sett i samanheng. Dette er ei oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget i samband med handsaming av Meld. St. 11 (2023−2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, med sikte på at arbeidet skal leggje grunnlaget for ei melding til Stortinget om framtidas matsystem.
Klimaendringane og andre miljømessige utfordringar vil påverke norsk matproduksjon. Regjeringa har difor lagt til rette for berekraftig og langsiktig forvaltning av naturressursane gjennom ein heilskapleg landbruks- og matpolitikk. Intensjonsavtalen som er inngått mellom staten og organisasjonane i jordbruket er eit konkret døme på korleis det blir arbeidd systematisk og i fellesskap for å nå måla. Målet i intensjonsavtalen er å arbeide for å redusere utsleppa og auke opptaka knytte til jordbruket tilsvarande 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar samla for perioden 2021 til 2030. Som oppfølging av Meld. St. 26 (2022−2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn, er det etablert ei arbeidsgruppe som skal gjennomgå klimatilpassing i landbruket, og korleis landbruket kan rustast for meir krevjande forhold som kan følgje av klimautviklinga.
Ein aktiv bruk av og eit sterkt vern om arealressursane er ein føresetnad for å nå måla i landbruket. Regjeringa følgjer opp jordvernstrategien frå 2023 med eit nytt langsiktig jordvernmål om maksimal omdisponering på 2 000 dekar dyrka mark årleg. Det er òg arbeidd systematisk med å halde den gode statusen for dyrehelse og dyrevelferd ved lag. Regjeringa la i desember 2024 fram ei stortingsmelding om dyrevelferd, som peikar ut ei retning på arbeidet med å styrkje dyrevelferda ytterlegare. Det er òg arbeidd med å vareta arealgrunnlaget for reindrifta, og leggje til rette for auka produksjon og lønsemd i næringa, mellom anna gjennom reindriftsavtalen. Ved å leggje til rette for urbant landbruk i samsvar med nasjonal strategi frå 2021, kan dyrkbare areal som er ueigna for storskala jordbruk haldast i hevd, og kunnskapen om dyrking vil haldast oppe i ein større del av befolkninga. Det er i 2025 arbeidd med å lage ein rettleiar for urbant landbruk i lokal arealplanlegging som ei oppfølging av strategien. Rettleiaren skal gi oversikt over relevante planverktøy og verkemiddel, og er særleg retta mot kommunale plan- og landbruksavdelingar. Norsk institutt for bioøkonomi har utarbeidd ein rettleiar for urbant landbruk i areal som er opne for ålmenta, i tillegg til eit landsdekkjande grønstrukturkart som gir detaljert informasjon om grøne areal og som kan brukast til å identifisere moglege dyrkingsareal. Kartfesta informasjon om jordbruksareal som kan vere ute av drift gir òg nyttig informasjon.
Nasjonalt miljøprogram for jordbruket, er innretta for å følgje opp målet om eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Frå 2022 er jord og jordhelse inkludert som eit eige miljøtema. Det er eit mål å utvikle gode løysingar for jord som er eigna i praktisk jordbruk. Den nasjonale pollinatorstrategien er følgt opp med Tiltaksplan for ville pollinerande insekt (2021). Dei siste års jordbruksoppgjer har lagt vekt på å styrkje miljø- og klimaarbeidet i jordbruket, med ei særskild satsing retta mot klimagassreduserande tiltak og tiltak som skal betre situasjonen i Oslofjorden.
Bionova blei oppretta i 2023 som ei eining under Innovasjon Norge. Bionova er eit verktøy for å nå Noreg sine klimamål for 2030 og 2035 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 ved å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. Bionova skal òg bidra til auka verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare ressursar frå hav og land.
Tiltaket vil vere eit grep for å målrette innsatsen innan berekraftig utvikling i dei biobaserte næringane. Satsingsområde som utvikling innan bioøkonomi og sirkulær økonomi, styrkjer jordbruket sitt bidrag til gjenvinning av restråstoff og sidestraumar frå næringa og frå andre delar av samfunnet, som eit ledd i det grøne skiftet.
Delmål 2.5) Innan 2020 halde oppe det genetiske mangfaldet av frø, kulturplanter, husdyr og ville artar som er i slekt med dei, mellom anna gjennom veldrivne og rikhaldige frø- og plantesamlingar nasjonalt, regionalt og internasjonalt, og fremje tilgang til og ei rettferdig og likeverdig fordeling av dei goda som følgjer av bruk av genressursar og tilhøyrande tradisjonell kunnskap, i tråd med internasjonal semje.
Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk, er avgjerande for å tilpasse matproduksjonen til eit endra klima, nye plantesjukdommar og skadegjerarar. I 2024 starta arbeidet med gjennomføring av tiltaksplanen som set i verk strategien Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk ved å gjere greie for kva for genressursar som er bevaringsverdige i Noreg, etablere eit heilskapleg nasjonalt bevaringsprogram for desse, og dessutan identifisere tiltak for berekraftig bruk, auka kunnskap og formidling og samarbeid med andre land.
Svalbard globale frøhvelv som blei etablert av den norske regjeringa i 2008, bidreg til global matsikkerheit gjennom å sikre mangfaldet av frø innan matplanter. Totalt blei 64 331 sikkerhetskopiar av frø frå 54 innskytarar lagde til samlinga i frøhvelvet i 2024. Ved utgangen av året hadde 123 genbankar verda over totalt sikra 1 331 458 frøprøver i Svalbard globale frøhvelv.
Mål 12 Ansvarleg forbruk og produksjon
Delmål 12.3) Innan 2030 halvere matsvinn per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarane, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, inkludert svinn etter innhausting.
I 2017 signerte staten ein bransjeavtale med aktørane i verdikjeda for mat, der målet er å halvere matsvinn innan 2030. Første hovudrapportering frå partane til avtalen viser at matsvinnet blei redusert med om lag 10 pst. i perioden 2015–2020. Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet nedsette i februar 2023 eit utval som skulle utgreie tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om halvering av matsvinnet innan 2030, og vurdere korleis ein matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Utvalet leverte si utgreiing 3. januar 2024, og regjeringa er i gang med å følgje opp utgreiinga. Ei ny lov om forebygging og reduksjon av matsvinn (matsvinnloven) blei vedteke av Stortinget 20. mai 2025, jf Innst. 373 L (2024–2025). Det er sett i gang utgreiingsarbeid for å få på plass utfyllande forskrifter med sikte på at desse trer i kraft i løpet av 2026. Regjeringa har òg teke initiativ til ein revisjon av bransjeavtalen for reduksjon av matsvinn.
Matsvinn i jordbrukssektoren kjem ofte av at produkta ikkje held høg nok kvalitet, eller har feil, skadar, sjukdommar med meir. Det blir arbeidd kontinuerleg med mellom anna forsking og utvikling, dyrehelse, plantehelse og mattryggleik i dei ulike sektorane, som òg i stor grad gir høg kvalitet på produksjonane og lågt matsvinn.
Landbruksdirektoratet har levert eit kunnskapsgrunnlag om årsaker til matsvinn og føreslått tiltak for å redusere matsvinnet i primærleddet i grøntsektoren. Rapporten blei levert til jordbruksoppgjeret 2024.
Mål 15 Livet på land
Landbruks- og matdepartement har medansvar for å følgje opp delmål under mål 15 Livet på land.
Delmål 15.2) Innan 2020 fremje innføringa av ei berekraftig forvaltning av all slags skog, stanse avskoging, byggje opp att forringa skogar, og i vesentleg grad auke atterreising og nyplanting av skog på globalt nivå.
Om lag 40 pst. av Noreg sitt landareal er dekt av skog. Det er eit krav at det skal leggjast til rette for at det kjem opp ny skog etter hogst, slik at skogarealet si produksjonsevne kan bli utnytta i eit langsiktig perspektiv. Skogen er òg viktig for å binde karbon. Skog i vekst tek opp CO2, og aktiv skogskjøtsel, med hogst, planting, gjødsling og ungskogspleie, bidreg til ein vesentleg klimagevinst. Jordbruksavtalen bidreg til å styrkje innsatsen på dette området. Kommunane kontrollerer skogeigarane sin innsats for forynging årleg. Det blir gjort miljøregistreringar på skogareal der det blir drive skogbruk for å skaffe eit godt kunnskapsgrunnlag om livsmiljø for artar og andre miljøverdiar. Gode avvegingar mellom næringsverksemd og miljøomsyn, og mellom bruk og vern står sentralt i ein berekraftig skogpolitikk.
Delmål 15.3) Innan 2030 motarbeide ørkenspreiing, restaurere forringa land og matjord, inkludert landområde som er ramma av ørkenspreiing, tørke og flaum, og arbeide for ei verd utan landforringing.
Noreg har lite matjord, og jordvernet har difor høg prioritet. Oppdatert jordvernstrategi frå juni 2023 set mål om at nedbygging ikkje skal overstige 2000 dekar, eit mål som skal bli nådd innan 2030. Nasjonalt jordprogram blei lansert i 2020, jf. rapporten Nasjonalt program for jordhelse. Fleire element i jordprogrammet er no implementert: Nasjonalt Miljøprogram og Regionale miljøprogram har fått jord og jordhelse som eige miljøtema med tilhøyrande nye jordhelsefremjande tiltak. NIBIO har sett i gang overvaking av jordsmonn i skog og beitemark. Utfordringar med forringa jord er truleg mindre i Noreg enn i mange andre land, men kunnskapen er mangelfull. God kunnskap og overvaking av jordsmonn er naudsynt for å avdekkje kva problem vi har og tiltak som trengst. NIBIO har ei viktig rolle med å samle inn data og overvake utviklinga av tilstanden til jordsmonnet, og endring i lagring og utslepp av karbon fra jordbruksjord. Overvaking er òg naudsynt for å godtgjere karbonlagring i jord, til dømes gjennom bruk av fangvekstar. Som omtalt under delmål 2.4 ovanfor, er det sett i gang arbeid med å gå gjennom klimatilpassingar i landbruket. Korleis drift og areal kan innrettast for å motstå tørke og flaum, vil vere ein del av gjennomgangen.
Delmål 15.4) Innan 2030 bevare økosystem i fjellområde, inkludert det biologiske mangfaldet der, slik at dei skal bli betre i stand til å yte viktige bidrag til ei berekraftig utvikling.
Arealgrunnlaget for reindrifta har hatt stor merksemd i dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen, og er òg eit prioritert område i reindriftsavtalen 2025/2026. Ivaretaking av areal i reinbeiteområde er ei prioritert oppgåve på alle nivå i reindriftsforvaltninga, og det blir arbeidd med å gjere kommunane meir bevisste på omsynet til reindrift i arealplanlegginga. Regjeringa la i 2023 fram ei tiltakspakke for reindrift og energi som skal leggje til rette for å nå måla om auka utbygging av fornybar energi og berekraftig reindrift. Sjå nærare omtale i del I av proposisjonen. Det er øyremerka midlar over jordbruksavtalen for å styrkje grunnlaget for berekraftig verdiskaping i fjellandbruket. Jordbruksavtalen for 2025 har ei særskild satsing på seter og utmark, og midla til fjellandbruket blei auka for å prioritere prosjekt som støttar opp om seterbruk.
Delmål 15.6) Fremje ei rettferdig og likeverdig deling av goda som er knytte til bruk av genressursar, og fremje formålstenleg tilgang til slike ressursar i tråd med internasjonal semje.
Noreg gir årlege bidrag til fondet til plantetraktaten for fordelsdeling og gir tilgang til plantegenetiske ressursar for mat og landbruk i tråd med føresegnene til traktaten.
9 Oversikt over lønsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder
Tabell 9.1 Statskog SF
|
Utgifter 2024 |
kroner |
|---|---|
|
Løn, adm. direktør |
2 100 000 |
|
Pensjonsutgifter |
169 000 |
|
Anna godtgjersle |
23 000 |