Prop. 141 LS (2019–2020)

Endringer i lov 14. desember 2012 nr. 81 om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 302/2019 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 2016/589 om et europeisk nettverk for arbeidsformidling (EURES), tilgang til mobilitetstjenester for arbeidstakere og ytterligere integrasjon av arbeidsmarkedene og syv gjennomføringsbeslutninger

Til innholdsfortegnelse

2 Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, og om endring av forordning (EU) nr. 492/2011 og (EU) nr. 1296/2013

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, særleg artikkel 46,

med tilvising til framlegget frå Europakommisjonen,

etter oversending av utkast til regelverksakt til dei nasjonale parlamenta,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet1,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet2,

etter den ordinære regelverksprosessen3 og

ut frå desse synsmåtane:

  • 1) Fri rørsle for arbeidstakarar er forankra i artikkel 45 i traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen (TVEU), og er ein av dei grunnleggjande fridommane til unionsborgarane og ei av søylene i den indre marknaden. Gjennomføringa av denne fridommen er utvikla vidare i unionsretten og har som føremål å sikre at unionsborgarane og familiemedlemmene deira kan utøve rettane sine fullt ut.

  • 2) Fri rørsle for arbeidstakarar er eitt av dei grunnleggjande elementa for å utvikle ein meir integrert arbeidsmarknad i Unionen, medrekna grenseregionar, som skal gjere det lettare for arbeidstakarar å flytte på seg og dermed auke mangfaldet og medverke til sosial integrasjon i heile Unionen og til integrasjon av personar som er stengde ute frå arbeidsmarknaden. Fri rørsle medverkar òg til å finne dei rette kvalifikasjonane til ledige stillingar og fjerne flaskehalsar på arbeidsmarknaden.

  • 3) Ved europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/20114 vart det innført ordningar for arbeidsformidling og utveksling av opplysningar, og ved Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU5 vart det fastsett føresegner om verkemåten til eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES-nettverket) i samsvar med den nemnde forordninga. Dei nemnde rammereglane må reviderast for å spegle av nye mobilitetsmønster, auka krav til mobilitet på rettferdig grunnlag, endringar i teknologien for deling av opplysningar om ledige stillingar, måten arbeidstakarar og arbeidsgjevarar kan nytte ulike rekrutteringskanalar på, og den stadig viktigare rolla som andre formidlarar på arbeidsmarknaden enn dei offentlege arbeidsformidlingane spelar i samband med ytinga av rekrutteringstenester.

  • 4) For å gjere det lettare for arbeidstakarar med rett til å arbeide i ein annan medlemsstat å utøve ein slik rett på ein effektiv måte, kan alle unionsborgarar som har rett til å ta arbeid, få hjelp til dette i medhald av denne forordninga, både til seg sjølv og til familiemedlemmene sine i samsvar med artikkel 45 i TVEU. Medlemsstatane bør gje den same tilgangen til alle tredjestatsborgarar som i samsvar med unionsretten eller nasjonal lovgjeving har rett til å verte handsama på same måte som deira eigne borgarar på dette området. Denne forordninga rører ikkje ved dei reglane som tredjestatsborgarar har til å få tilgang til nasjonale arbeidsmarknader, og som er fastsette i den relevante unionsretten og nasjonale lovgjevinga.

  • 5) Arbeidsmarknadene vert stadig meir avhengige av kvarandre, noko som krev ei styrking av samarbeidet mellom arbeidsformidlingar, òg i grenseregionane, for å skape fri rørsle for alle arbeidstakarar gjennom frivillig arbeidskraftmobilitet innanfor Unionen på eit rettferdig grunnlag og i samsvar med unionsretten og nasjonal lovgjeving og praksis i medhald av artikkel 46 bokstav a) i TVEU. Difor bør det innførast ei ramme for samarbeid mellom Kommisjonen og medlemsstatane om arbeidskraftmobilitet i Unionen. Denne ramma bør samle ledige stillingar frå heile Unionen og gjere det mogleg å søkje desse ledige stillingane, innføre ordningar for tilhøyrande støttetenester for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, og fastsetje ein felles metode for å utveksle dei opplysningane som er naudsynte for å leggje til rette for eit slikt samarbeid.

  • 6) Domstolen til Den europeiske unionen (heretter kalla «Domstolen») har vurdert det slik at omgrepet «arbeidstakar» i artikkel 45 i TVEU må få ei EU-rettsleg tyding og verte definert i samsvar med objektive kriterium som kjenneteiknar rettane og pliktene til arbeidstakarar i eit arbeidstilhøve. For å verte rekna som arbeidstakar må ein person utøve ei faktisk og reell verksemd, bortsett frå verksemd av eit så lite omfang at ho vert rekna som ei marginal tilleggsteneste. Det viktigaste kjenneteiknet på eit arbeidstilhøve vert rekna for å vere at ein person i eit visst tidsrom yter tenester for og under leiing av ein annan person mot vederlag6. Omgrepet «arbeidstakar» har i visse tilfelle vorte rekna for å omfatte personar som har ein lærlingplass7 eller ein praktikantplass8.

  • 7) Domstolen har konsekvent slått fast at fri rørsle for arbeidstakarar er ein av hjørnesteinane i Unionen, og at føresegnene om denne fridommen difor må gjevast ei vid tolking9. Domstolen har slått fast at fri rørsle for arbeidstakarar i medhald av artikkel 45 i TVEU òg medfører visse rettar for medlemsstatsborgarar som flyttar innanfor Unionen for å søkje arbeid10. For føremåla med denne forordninga bør difor omgrepet «arbeidstakar» forståast som å omfatte arbeidssøkjande, uansett om dei er i eit arbeidstilhøve på det aktuelle tidspunktet, eller ikkje.

  • 8) For å lette arbeidskraftmobiliteten innanfor Unionen bad Det europeiske rådet i pakta om vekst og sysselsetjing om at det skulle undersøkjast om EURES-nettverket kan utvidast til òg å omfatte lærling- og praktikantplassar. Lærling- og praktikantplassar bør vere omfatta av denne forordninga, så framt dei utvalde søkjarane er i eit arbeidstilhøve. Medlemsstatane bør kunne utelate visse kategoriar av lærling- og praktikantplassar frå arbeidsformidlinga for å sikre samanhengen i og verkemåten til utdanningssystema sine, og for å ta omsyn til behovet for å utforme aktive arbeidsmarknadstiltak med utgangspunkt i behova til dei arbeidstakarane som desse tiltaka er retta mot. Det bør takast omsyn til rådsrekommandasjon av 10. mars 2014 om ei kvalitetsramme for praktikantplassar11 for å betre kvaliteten på praktikantplassar, særleg når det gjeld lærings- og utdanningsinnhald og arbeidsvilkår, med sikte på å forenkle overgangen frå utdanning, arbeidsløyse eller inaktivitet til arbeid. I samsvar med den nemnde rekommandasjonen bør rettane og arbeidsvilkåra til praktikantar i medhald av gjeldande unionsrett og nasjonal lovgjeving respekterast.

  • 9) Dei opplysningane om tilbod om lærling- og praktikantplassar som er nemnde i denne forordninga, kan utfyllast med nettbaserte verktøy og tenester som Kommisjonen eller andre aktørar har utvikla, noko som gjev arbeidsgjevarar høve til å kome i direkte kontakt med arbeidstakarar om moglege lærling- og praktikantplassar i heile Unionen.

  • 10) Sidan starten i 1994 har EURES vore eit nettverk for samarbeid mellom Kommisjonen og dei offentlege arbeidsformidlingane som tilbyr arbeidstakarar og arbeidsgjevarar og alle unionsborgarar som ønskjer å dra nytte av prinsippet om fri rørsle for arbeidstakarar, informasjon, råd og rekruttering eller arbeidsformidling gjennom nettverket sitt av personar og gjennom verktøy som er tilgjengelege på den europeiske jobbmobilitetsportalen på internett (EURES-portalen). Det trengst ein meir einsarta bruk av arbeidsformidling, støttetenester og utveksling av opplysningar om arbeidskraftmobilitet innanfor Unionen. For å verte ytterlegare styrkt, bør EURES-nettverket difor innførast på nytt og omorganiserast som ein del av dei reviderte rammereglane. Det bør fastsetjast kva roller og ansvarsområde dei ulike organisasjonane som deltek i EURES-nettverket, skal ha.

  • 11) Samansetnaden til EURES-nettverket bør vere fleksibel nok til å kunne tilpasse seg endringar i utviklinga på marknaden for rekrutteringstenester. Framveksten av ei rekkje ulike arbeidsformidlingar tyder på at det trengst ein samordna innsats frå Kommisjonen og medlemsstatane for å utvide EURES-nettverket til å verte hovudverktøyet for yting av rekrutteringstenester i heile Unionen. Ei utviding av medlemskapskrinsen i EURES-nettverket vil kunne gje sosiale, økonomiske og finansielle føremoner og kan òg medverke til å utvikle nyskapande former for læring og samarbeid, mellom anna for kvalitetsstandardar for ledige stillingar og støttetenester på nasjonalt, regionalt og lokalt plan og på tvers av landegrensene.

  • 12) Ei utviding av EURES-nettverket vil effektivisere tenesteytinga ved å fremje partnarskap og styrkje komplementariteten og kvaliteten, og vil kunne auke marknadsdelen til EURES-nettverket i og med at nye deltakarar vil gjere ledige stillingar, jobbsøknader og CV-ar tilgjengelege og tilby støttetenester til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar.

  • 13) Alle organisasjonar, medrekna offentlege og private arbeidsformidlingar eller arbeidsformidlingar innanfor den tredje sektoren, som pliktar seg til å oppfylle alle kriteria og utføre alle dei oppgåvene som er fastsette i denne forordninga, bør kunne verte EURES-medlem.

  • 14) Visse organisasjonar vil ikkje vere i stand til å utføre alle dei oppgåvene som krevst av EURES-medlemmer etter denne forordninga, men vil likevel kunne gje eit vesentleg bidrag til EURES-nettverket. Difor bør dei unntaksvis få høve til å verte EURES-partnarar. Eit slikt unntak bør berre gjevast dersom det er velgrunna og kan grunngjevast ut ifrå at søkjaren er liten, har avgrensa økonomiske midlar, at han vanlegvis ikkje utfører alle dei påkravde oppgåvene, eller at han er ein ideell organisasjon.

  • 15) Ein struktur på unionsplan (heretter kalla «Det europeiske samordningskontoret») vil kunne gjere det lettare å gjennomføre tverrnasjonalt og grenseoverskridande samarbeid og gje støtte til alle EURES-medlemmer og -partnarar som driv verksemd i medlemsstatane. Det europeiske samordningskontoret bør tilby felles informasjon, verktøy og rettleiing, opplæringsverksemd som er utvikla i samarbeid med medlemsstatane, og ein brukarstøttefunksjon. Opplæringsverksemda og brukarstøttefunksjonen bør særleg vere til hjelp for personale i organisasjonar som deltek i EURES-nettverket og er sakkunnige innanfor jobbmatching, arbeidsformidling og rekruttering og innanfor informasjon, rettleiing og hjelp til arbeidstakarar, arbeidsgjevarar og organisasjonar som er interesserte i spørsmål som gjeld tverrnasjonal og grenseoverskridande mobilitet, og som difor er i direkte kontakt med desse målgruppene. Det europeiske samordningskontoret bør òg ha ansvaret for drift og utvikling av EURES-portalen og ei felles IT-plattform. Som ei rettleiing i dette arbeidet bør det utarbeidast fleirårige arbeidsprogram i samråd med medlemsstatane.

  • 16) Medlemsstatane bør skipe nasjonale samordningskontor for å sikre at tilgjengelege data vert overførte til EURES-portalen og for å yte generell støtte og hjelp til alle EURES-medlemmer og -partnarar på territoriet sitt, medrekna handtering av klager og problem i samband med ledige stillingar, eventuelt i samarbeid med andre relevante offentlege styresmakter, til dømes arbeidstilsyn. Medlemsstatane bør støtte samarbeidet med motpartane sine i andre medlemsstatar, òg på tvers av landegrensene, og med Det europeiske samordningskontoret. Dei nasjonale samordningskontora bør òg ha som oppgåve å kontrollere at det er samsvar med standardane for innhaldsmessig og teknisk datakvalitet og for vern av personopplysningar. For å lette kommunikasjonen med Det europeiske samordningskontoret og hjelpe dei nasjonale samordningskontora med å fremje etterlevinga av desse standardane blant alle EURES-medlemmer og -partnarar på territoriet deira, bør dei nasjonale samordningskontora sikre ei samordna overføring av data til EURES-portalen gjennom éin samordna kanal, eventuelt ved bruk av eksisterande nasjonale IT-plattformer. For å kunne levere kvalitetstenester til rett tid bør medlemsstatane sikre at dei nasjonale samordningskontora deira har tilstrekkeleg med utdanna personale og andre ressursar som trengst for å kunne utføre dei oppgåvene som er fastsette i denne forordninga.

  • 17) Partane i arbeidslivet si deltaking i EURES-nettverket medverkar særleg til å analysere hindringar for mobiliteten og til å fremje frivillig arbeidskraftmobilitet på eit rettferdig grunnlag i Unionen, òg i grenseregionar. Representantane for partane i arbeidslivet på unionsplan bør difor kunne delta på møte i den samordningsgruppa som er skipa i medhald av denne forordninga, og bør ha ein jamleg dialog med Det europeiske samordningskontoret, medan nasjonale arbeidsgjevarorganisasjonar og fagforeiningar bør delta i samarbeid med EURES-nettverket som dei nasjonale samordningskontora legg til rette for gjennom ein jamleg dialog med partane i arbeidslivet i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis. Partane i arbeidslivet bør kunne søkje om å verte EURES-medlem eller -partnar når dei har oppfylt dei relevante pliktene i medhald av denne forordninga.

  • 18) Ettersom dei har ein særskild status, bør dei offentlege arbeidsformidlingane utpeikast til EURES-medlemmer av medlemsstatane utan å måtte gjennomgå godkjenningsprosedyren. Medlemsstatane bør sikre at offentlege arbeidsformidlingar oppfyller dei felles minstekriteria som er fastsette i vedlegg I (heretter kalla «dei felles minstekriteria»), og pliktene i medhald av denne forordninga. I tillegg kan medlemsstatane i medhald av denne forordninga delegere generelle oppgåver eller generell verksemd som er knytt til organiseringa av arbeidet, til dei offentlege arbeidsformidlingane sine, medrekna utvikling og drift av dei nasjonale systema for godkjenning av EURES-medlemmer og -partnarar. For å kunne oppfylle pliktene sine i medhald av denne forordninga bør alle offentlege arbeidsformidlingar ha tilstrekkeleg kapasitet, teknisk hjelp og økonomiske og menneskelege ressursar.

  • 19) I samsvar med kompetansen deira med omsyn til organisering av arbeidsmarknadene bør medlemsstatane ha ansvaret for å godkjenne organisasjonar som EURES-medlemmer og -partnarar på territoriet sitt. Ei slik godkjenning bør vere underlagd dei felles minstekriteria og eit avgrensa sett med grunnleggjande reglar for å sikre klarleik og like høve ved tilslutnad til EURES-nettverket, samstundes som det bør vere rom for den fleksibiliteten som er naudsynt for å ta omsyn til ulike nasjonale modellar for og samarbeidsformer mellom offentlege arbeidsformidlingar og andre aktørar på arbeidsmarknaden i medlemsstatane. Medlemsstatane bør kunne kalle tilbake ei slik godkjenning dersom ein organisasjon ikkje lenger oppfyller dei gjeldande kriteria eller krava som ligg til grunn for godkjenninga.

  • 20) Føremålet med å fastsetje felles minstekriterium for å verte EURES-medlem eller -partnar er å sikre at minstestandardar for kvalitet vert etterlevde. Difor bør søknader om godkjenning minst vurderast mot dei felles minstekriteria.

  • 21) Eitt av måla for EURES-nettverket er å støtte rettferdig og frivillig arbeidskraftmobilitet innanfor Unionen, og difor bør dei felles minstekriteria for godkjenning av organisasjonar til å delta i EURES-nettverket òg omfatte kravet om at desse organisasjonane har plikt til fullt ut å etterleve gjeldande arbeidsnormer og lovfesta krav, medrekna prinsippet om lik handsaming. Medlemsstatane bør difor kunne avslå eller kalle tilbake godkjenninga av organisasjonar som bryt arbeidsnormene eller dei lovfesta krava, særleg dei som gjeld løn og arbeidsvilkår. Ved avslag på ei godkjenning eller tilbakekalling på grunnlag av manglande etterleving av desse standardane eller krava, bør dei relevante nasjonale samordningskontora melde frå til Det europeiske samordningskontoret, som deretter bør sende opplysningane vidare til dei andre nasjonale samordningskontora. I samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis kan dei nasjonale samordningskontora gjere eigna tiltak når det gjeld organisasjonar som driv verksemd på territoriet deira.

  • 22) Verksemda til organisasjonar som er godkjende i EURES-nettverket, bør overvakast av medlemsstatane for å sikre at organisasjonane nyttar føresegnene i denne forordninga på rett måte. Medlemsstatane skal gjere eigna tiltak for å sikre at føresegnene vert etterlevde best mogleg. Overvakinga bør framfor alt byggje på data som organisasjonane har lagt fram for dei nasjonale samordningskontora i samsvar med denne forordninga, men kan òg innebere kontroll- og revisjonstiltak, til dømes stikkprøvekontrollar. Etterlevinga av gjeldande krav til tilgang bør òg overvakast.

  • 23) Det bør skipast ei samordningsgruppe som skal samordne verksemda og verkemåten til EURES-nettverket. Ho bør tene som ei plattform for utveksling av opplysningar og beste praksis, særleg når det gjeld utarbeiding og spreiing i heile EURES-nettverket av høveleg informasjon og rettleiing til arbeidstakarar, medrekna grensearbeidarar, og til arbeidsgjevarar. Gruppa bør òg rådspørjast under utarbeidinga av malar og tekniske standardar og format, og når det skal fastsetjast einsarta detaljerte spesifikasjonar for datainnsamling og -analyse. Partane i arbeidslivet bør kunne ta del i drøftingar i samordningsgruppa, særleg dei som gjeld strategisk planlegging, utvikling, gjennomføring, overvaking og vurdering av dei tenestene og den verksemda som er nemnde i denne forordninga. For å skape samverknad mellom arbeidet i EURES-nettverket og i det nettverket av offentlege arbeidsformidlingar som er fastsett ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 573/2014/EU12, bør samordningsgruppa samarbeide med styret i nettverket av offentlege arbeidsformidlingar. Eit slikt samarbeid vil kunne føre til utveksling av beste praksis og til at styret vert informert om noverande og planlagd verksemd i EURES-nettverket.

  • 24) EURES-varemerket og logoen som kjenneteiknar det, er registrert som eit EU-varemerke hjå Den europeiske unionens kontor for immaterialrett. Det er berre Det europeiske samordningskontoret som kan gje tredjemann løyve til å nytte EURES-logoen samsvar med rådsforordning (EF) nr. 207/200913. Det europeiske samordningskontoret bør gje melding om dette til dei organisasjonane som det gjeld.

  • 25) For å kunne gje pålitelege og ajourførte opplysningar til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar om ulike sider ved arbeidskraftmobilitet og sosial tryggleik i Unionen bør EURES-nettverket samarbeide med andre organ, tenester og EU-nettverk som fremjar mobilitet og informerer unionsborgarar om rettane deira i medhald av unionsretten, til dømes det europeiske nettverket for likestillingsorgan (Equinet), portalen «Ditt Europa», Den europeiske ungdomsportalen og Solvit, organisasjonar som arbeider for samarbeid over landegrensene, dei organisasjonane som er ansvarlege for godkjenning av yrkeskvalifikasjonar, og dei organa som skal fremje, analysere, overvake og støtte lik handsaming av unionsarbeidstakarar og er utpeikte i samsvar med europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/54/EU14. For å sikre samverknad bør EURES-nettverket òg samarbeide med relevante organ som har med koordinering av trygd å gjere.

  • 26) Det ville vore lettare å nytte retten til fri rørsle for arbeidstakarar dersom det vert innført tiltak som støttar opp om arbeidsformidling, med sikte på å gjere arbeidsmarknaden tilgjengeleg fullt ut for både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar. Ei felles IT-plattform på unionsplan bør difor utviklast vidare og forvaltast av Kommisjonen. Sikring av denne retten vil gje arbeidstakarar tilgang til arbeid i heile Unionen.

  • 27) Til digital bruk kan jobbsøknader og CV-opplysningar kome til uttrykk i form av arbeidssøkjarprofilar.

  • 28) Den felles IT-plattforma, som samlar ledige stillingar og gjev høve til å søkje desse stillingane, og samstundes gjer det mogleg for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar å kople saman data automatisk i samsvar med ulike kriterium og nivå, bør gjere det lettare å oppnå jamvekt på arbeidsmarknadene i Unionen, og såleis medverke til å auke sysselsetjinga i Unionen.

  • 29) For å fremje fri rørsle for arbeidstakarar bør alle ledige stillingar som vert offentleggjorde gjennom offentlege arbeidsformidlingar og andre EURES-medlemmer eller, dersom det er relevant, EURES-partnarar, offentleggjerast på EURES-portalen. I særlege tilfelle og for å sikre at EURES-portalen berre inneheld opplysningar som er relevante for mobilitet innanfor Unionen, bør medlemsstatane likevel kunne gje arbeidsgjevarar høve til å ikkje offentleggjere ei ledig stilling på EURES-portalen etter at arbeidsgjevaren har gjort ei objektiv vurdering av kva krav som er knytte til den aktuelle stillinga, det vil seie dei særskilde ferdigheitene og kompetansane som krevst for å utføre arbeidsoppgåvene på ein tilfredsstillande måte, og som arbeidsgjevaren meiner gjev grunn nok i seg sjølv til å ikkje offentleggjere den ledige stillinga.

  • 30) Arbeidstakarar bør til kvar tid kunne trekkje tilbake samtykket sitt og krevje sletting eller endring av delar av eller alle data som er gjorde tilgjengelege. Arbeidstakarane bør kunne velje mellom ei rekkje alternativ for å avgrense tilgangen til data som gjeld dei sjølve, eller til visse attributt.

  • 31) Det rettslege ansvaret for å sikre den innhaldsmessige og tekniske kvaliteten til dei opplysningane som vert gjorde tilgjengelege på den felles IT-plattforma, særleg til data om ledige stillingar, ligg på dei organisasjonane som gjer opplysningane tilgjengelege i samsvar med lovgjevinga og standardane i medlemsstatane. Det europeiske samordningskontoret bør leggje til rette for samarbeid med sikte på å avdekkje alle former for svik og misbruk i samband med utveksling av opplysningar på unionsplan. Alle involverte partar bør syte for at data som vert stilte til rådvelde, held høg kvalitet.

  • 32) For å gjere det mogleg for personalet til EURES-medlemmer og -partnarar, til dømes sakshandsamarar, å utføre søking og matching på ein snøgg og eigna måte, er det viktig at det ikkje finst tekniske hindringar i desse organisasjonane som heftar bruken av offentleg tilgjengelege data frå EURES-portalen, slik at slike data kan handsamast som ein del av dei rekrutterings- og formidlingstenestene som vert tilbodne.

  • 33) Kommisjonen er i ferd med å utarbeide ei europeisk klassifisering av ferdigheiter/kompetansar, kvalifikasjonar og yrke (heretter kalla «den europeiske klassifiseringa»). Den europeiske klassifiseringa er ein standardterminologi for yrke, ferdigheiter, kompetansar og kvalifikasjonar som skal leggje til rette for jobbsøking på nett i Unionen. Det bør utviklast eit samarbeid mellom Kommisjonen og medlemsstatane når det gjeld samverknad og automatisert matching av ledige stillingar med jobbsøknader og CV-ar (heretter kalla «automatisert matching»), mellom anna på tvers av landegrensene, gjennom den felles IT-plattforma. Eit slikt samarbeid bør omfatte krysstilvisingar mellom lista over ferdigheiter/kompetansar og yrke i den europeiske klassifiseringa og i dei nasjonale klassifiseringssystema. Medlemsstatane bør jamleg få melding om utviklinga av den europeiske klassifiseringa.

  • 34) Data som medlemsstatane har utvikla i samband med den europeiske ramma for kvalifikasjonar (EQF – European Qualification Framework), kan tene som grunnlag for den europeiske klassifiseringa av kvalifikasjonar. Beste praksis og røynsler som er gjorde med EQF, kan medverke til å utvikle tilhøvet vidare mellom datamengdene frå EQF og den europeiske klassifiseringa.

  • 35) Innføringa av ei innhaldsliste som skal kartleggje nasjonale klassifiseringar og lenkje dei til lista over ferdigheiter/kompetansar og yrke i den europeiske klassifiseringa, eller eventuelt ei utskifting av dei nasjonale klassifiseringane med den europeiske klassifiseringa, kan medføre kostnader for medlemsstatane. Desse kostnadene vil variere frå medlemsstat til medlemsstat. Kommisjonen bør syte for teknisk og om mogleg økonomisk støtte i medhald av gjeldande reglar for relevante tilgjengelege finansieringsordningar, til dømes europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1296/201315.

  • 36) EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane bør sikre at alle arbeidstakarar og arbeidsgjevarar som søkjer hjelp frå dei, har tilgang til støttetenester. Det bør innførast ein felles strategi for desse tenestene, og prinsippet om lik handsaming av arbeidstakarar og arbeidsgjevarar som søkjer hjelp med omsyn til arbeidskraftmobilitet i Unionen, utan omsyn til kor dei held til i Unionen, bør sikrast i størst mogleg grad. Difor bør det fastsetjast prinsipp og reglar for tilgang til støttetenester på territoriet til kvar einskild medlemsstat.

  • 37) Ved yting av tenester i medhald av denne forordninga bør det vere lik handsaming av situasjonar som kan jamførast, og ulike situasjonar bør ikkje handsamast likt med mindre slik handsaming kan grunngjevast objektivt. Ved yting av slike tenester bør det ikkje finne stad skilnadshandsaming på grunnlag av nasjonalitet, kjønn, rase eller etnisk opphav, religion eller tru, funksjonsevne, alder eller seksuell legning.

  • 38) Eit større og meir omfattande utval av hjelpetiltak for arbeidskraftmobilitet innanfor Unionen er til gagn for arbeidstakarane. Støttetenester vil medverke til å redusere dei hindringane som arbeidstakarar opplever når dei utøver rettane sine i medhald av unionsretten, og til å utnytte alle jobbtilbod meir effektivt, og såleis sikre at utsiktene til tilsetjing og karrierevegar vert betre for kvar einskild arbeidstakar, medrekna dei som tilhøyrer sårbare grupper. Alle arbeidstakarar som det gjeld, bør difor ha tilgang til allmenne opplysningar om kva jobbtilbod og kva arbeids- og levevilkår som finst i ein annan medlemsstat, i tillegg til tilgang til grunnleggjande hjelp til å utarbeide CV-ar. Desse arbeidstakarane bør òg, etter ei grunngjeven oppmoding, kunne få meir individuell hjelp, samstundes som det vert teke omsyn til nasjonal praksis. Ytterlegare hjelp med jobbsøking og andre tilleggstenester kan omfatte tenester som utveljing av passande ledige stillingar, hjelp med å utarbeide jobbsøknader og CV-ar og hjelp til å innhente nærmare opplysningar om konkrete ledige stillingar i andre medlemsstatar.

  • 39) Støttetenestene bør òg gjere det lettare å finne ein passande kandidat i ein annan medlemsstat for dei arbeidsgjevarane som er interesserte i å rekruttere innanfor Unionen. Alle aktuelle arbeidsgjevarar bør kunne få informasjon om særlege reglar og faktorar som er knytte til rekruttering frå ein annan medlemsstat, i tillegg til grunnleggjande hjelp til å utarbeide stillingsomtaler. Dersom rekruttering vert rekna som sannsynleg, bør det kunne ytast meir individuell hjelp til dei arbeidsgjevarane som det gjeld, samstundes som det vert teke omsyn til nasjonal praksis. Ytterlegare hjelp bør kunne gjevast til ei første utveljing av kandidatar, tilrettelegging for direkte kontakt mellom arbeidsgjevarar og kandidatar gjennom særskilde nettbaserte verktøy eller tilskipingar, til dømes jobbmesser, og administrativ støtte i rekrutteringsprosessen, særleg for små og mellomstore føretak.

  • 40) Når dei gjev arbeidstakarar og arbeidsgjevarar grunnleggjande opplysningar om EURES-portalen og EURES-nettverket, bør EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES- partnarane syte for å gje effektiv tilgang til støttetenester i medhald av denne forordninga, ikkje berre ved å sikre at slike tenester er tilgjengelege når ein arbeidstakar eller arbeidsgjevar uttrykkjeleg ber om det, men òg, når det er føremålstenleg, ved å informere arbeidstakarar og arbeidsgjevarar om EURES på eige initiativ ved den første kontakten deira («integrering av EURES») og ved å proaktivt tilby hjelp på dette området gjennom heile rekrutteringsprosessen.

  • 41) Ei inngåande forståing av etterspurnaden etter arbeidskraft med omsyn til yrke, sektorar og behova til arbeidsgjevarane vil gagne retten til fri rørsle for arbeidstakarar innanfor Unionen. Støttetenestene bør difor omfatte hjelp av god kvalitet til arbeidsgjevarar, særleg små og mellomstore føretak. Eit nært samarbeid mellom arbeidsformidlingar og arbeidsgjevarar har som føremål å auke talet på ledige stillingar, betre formidlinga av eigna kandidatar og auke den allmenne kunnskapen om arbeidsmarknaden.

  • 42) Støttetenester for arbeidstakarar er knytte til utøvinga av den grunnleggjande retten til fri rørsle som arbeidstakarar har i medhald av unionsretten, og tenestene bør vere gratis. Støttetenester for arbeidsgjevarar kan derimot vere betalingstenester, i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis.

  • 43) For å gjere det mogleg å delta i EURES-nettverket for organisasjonar som søkjer om godkjenning og tek sikte på å gje opplysningar og hjelp på internett, bør desse organisasjonane få høve til å yte dei støttetenestene som er nemnde i denne forordninga, i form av elektroniske tenester. Den digitale kompetansen i medlemsstatane varierer sterkt, og difor bør i det minste dei offentlege arbeidsformidlingane òg kunne tilby støtte gjennom andre kanalar enn internett, dersom det er naudsynt. Medlemsstatane bør gjere eigna tiltak for å sikre at det er høg kvalitet på den informasjonen og støtta som EURES-medlemmene og -partnarane gjer tilgjengeleg på internett. Dei kan gje dei nasjonale samordningskontora sine i oppgåve å overvake informasjon og støtte som vert gjeven på internett.

  • 44) Det bør særleg satsast på å lette mobiliteten i grenseregionar og å yte tenester til grensearbeidarar som er underlagde ulik nasjonal praksis og ulike nasjonale rettsskipnader, og som møter særlege administrative, rettslege eller skattemessige hindringar for mobilitet. Medlemsstatane kan velje å innføre særlege støttestrukturar, til dømes partnarskap over landegrensene, for å fremje denne forma for mobilitet. Innanfor ramma av EURES-nettverket bør slike strukturar rettast inn mot dei særlege behova som grensearbeidarar har med omsyn til informasjon og rettleiing, og mot formidlings- og rekrutteringstenester og eit samordna samarbeid mellom dei deltakande organisasjonane.

  • 45) Det er viktig at EURES-medlemmene og -partnarane kan samarbeide med organisasjonar utanfor EURES-nettverket om å yte tenester til grensearbeidarar, utan å gje desse organisasjonane rettar eller påleggje dei plikter i medhald av denne forordninga.

  • 46) Aktive arbeidsmarknadstiltak som gjev hjelp til jobbsøking i éin medlemsstat, bør òg vere tilgjengelege for unionsborgarar som søkjer arbeid i andre medlemsstatar. Denne forordninga bør ikkje røre ved den avgjerdsmakta dei einskilde medlemsstatane har til å fastsetje sakshandsamingsreglar og nytte allmenne innreisevilkår for å sikre ein føremålstenleg bruk av offentleg tilgjengelege ressursar. Denne forordninga bør ikkje røre ved europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 883/200416, og bør ikkje utgjere ei plikt for medlemsstatane til å eksportere aktive arbeidsmarknadstiltak til territoriet til ein annan medlemsstat dersom borgaren alt bur der.

  • 47) Det er viktig for arbeidskraftmobiliteten i Unionen at arbeidsmarknadene er opne og at kapasiteten er tilstrekkeleg, mellom anna ved at ferdigheiter og kvalifikasjonar vert kopla saman med behova til arbeidsmarknaden. Eit effektivt system på unionsplan for å utveksle opplysningar om tilbod og etterspurnad etter arbeidskraft nasjonalt, regionalt og etter sektor kan skape ein betre balanse mellom tilbod og etterspurnad gjennom ei betre matching av ferdigheiter og ledige stillingar. Eit slikt system bør opprettast mellom Kommisjonen og medlemsstatane og nyttast som grunnlag for medlemsstatane til å støtte opp under det praktiske samarbeidet innanfor EURES-nettverket. I ei slik utveksling av opplysningar bør det takast omsyn til straumar og mønster i arbeidskraftmobiliteten i Unionen, som Kommisjonen og medlemsstatane skal overvake.

  • 48) Det bør fastsetjast ein programplanleggingssyklus for å støtte samordninga av tiltak for mobilitet innanfor Unionen. Under planlegginga av dei nasjonale arbeidsprogramma til medlemsstatane bør det takast omsyn til data om straumar og mønster i arbeidskraftmobiliteten, analysar av eksisterande og forventa under- og overskot av arbeidskraft, og rekrutteringsrøynsler og -praksis innanfor EURES-nettverket. Planlegginga bør omfatte ei gjennomgåing av dei eksisterande ressursane og verktøya som organisasjonar i medlemsstatane har til rådvelde for å lette arbeidskraftmobiliteten i Unionen.

  • 49) Ei utveksling av utkast til nasjonale arbeidsprogram mellom medlemsstatane i programplanleggingssyklusen bør gjere det mogleg for dei nasjonale samordningskontora, saman med Det europeiske samordningskontoret, å rette ressursane i EURES-nettverket inn mot føremålstenlege tiltak og prosjekt, slik at utviklinga av EURES-nettverket kan styrast i retning av eit meir resultatorientert verktøy som kan tilpassast behova til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar sett i høve til dynamikken i arbeidsmarknaden. Dette kan støttast ved utveksling av beste praksis på unionsplan, mellom anna gjennom rapportar om EURES-verksemd.

  • 50) For å få tilstrekkeleg med opplysningar til å kunne måle resultata til EURES-nettverket, vert det ved denne forordninga fastsett kva data som minst skal samlast inn av medlemsstatane. For å kunne overvake EURES-nettverket på unionsplan bør medlemsstatane samle inn samanliknbare kvantitative og kvalitative opplysningar på nasjonalt plan. Ved denne forordninga vert det difor fastsett ei ramme for innføring av einsarta detaljerte spesifikasjonar for datainnsamling og -analyse. Desse spesifikasjonane bør vere til hjelp til å vurdere den framgangen som vert gjord for å nå dei måla for EURES-nettverket som er fastsette i medhald av denne forordninga, og til å byggje vidare på eksisterande praksis innanfor offentlege arbeidsformidlingar. Ettersom arbeidstakarar og arbeidsgjevarar ikkje har noka rapporteringsplikt, kan det vere vanskeleg å oppnå direkte resultat av rekruttering og formidling, og difor bør dei organisasjonane som deltek i EURES-nettverket, nytte andre tilgjengelege opplysningar, til dømes talet på ledige stillingar som vert handsama og fylte opp, der dette kan vere ein rimeleg indikasjon på slike resultat. Sakshandsamarar i desse organisasjonane bør jamleg rapportere om kontaktane sine og om sakene dei handsamar, for å sikre eit stabilt og påliteleg grunnlag for datainnsamlinga.

  • 51) Når tiltaka i denne forordninga inneber handsaming av personopplysningar, skal dette gjerast i samsvar med unionsregelverket for vern av personopplysningar, særleg europaparlaments- og rådsdirektiv 95/46/EF17 og europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 45/200118, i tillegg til dei tilhøyrande nasjonale gjennomføringstiltaka. I denne samanhengen bør det leggjast særleg vekt på spørsmål om lagring av personopplysningar.

  • 52) EUs datatilsyn er vorte rådspurt i samsvar med artikkel 28 nr. 2 i forordning (EF) nr. 45/2001 og gav ei fråsegn den 3. april 201419.

  • 53) Denne forordninga er i samsvar med dei grunnleggjande rettane og med dei prinsippa som er sannkjende særleg i pakta til Den europeiske unionen om grunnleggjande rettar, slik det er nemnt i artikkel 6 i traktaten om Den europeiske unionen (TEU).

  • 54) Ettersom målet for denne forordninga, som er å innføre ei felles ramme for samarbeid mellom medlemsstatane for å samle ledige stillingar, gje høve til å søkje desse ledige stillingane og gjere det lettare å oppnå ein balanse mellom tilbod og etterspurnad i arbeidsmarknaden, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, men betre kan nåast på unionsplan, kan Unionen vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten om Den europeiske unionen. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne forordninga lenger enn det som er naudsynt for å nå dette målet.

  • 55) For å endre dei områda med EURES-verksemd som medlemsstatane krev datainnsamling for, eller for å leggje andre område med EURES-verksemd som vert utført på nasjonalt plan innanfor ramma av denne forordninga, til dei områda som det krevst innsamling av data for av omsyn til skiftande behov på arbeidsmarknaden, bør Kommisjonen gjevast fullmakt til å vedta rettsakter i samsvar med artikkel 290 i traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen. Det er særleg viktig at Kommisjonen held føremålstenlege samråd med sakkunnige under det førebuande arbeidet sitt, medrekna sakkunnige frå medlemsstatane. Under førebuinga og utarbeidinga av delegerte rettsakter bør Kommisjonen syte for at relevante dokument vert sende over til Europaparlamentet og Rådet på same tid, til rett tid og på ein eigna måte.

  • 56) For å sikre einsarta vilkår for gjennomføringa av dei tekniske standardane og formata for arbeidsformidling og automatisert matching, modellar og framgangsmåtar for utveksling av opplysningar mellom medlemsstatane og einsarta detaljerte spesifikasjonar for datainnsamling og -analyse, og med sikte på å vedta lista over ferdigheiter/kompetansar og yrke i den europeiske klassifiseringa, bør Kommisjonen gjevast gjennomføringsfullmakt. Denne fullmakta bør utøvast i samsvar med europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 182/201120.

  • 57) For å fastsetje samansetnaden til EURES-nettverket i ein overgangsperiode og sikre kontinuitet i arbeidet til EURES-nettverket slik det er innført innanfor ramma av forordning (EU) nr. 492/2011, bør organisasjonar som er utpeikte som EURES-partnarar eller som assosierte EURES-partnarar i medhald av gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU på tidspunktet då denne forordninga tek til å gjelde, framleis få vere EURES-medlemmer eller partnarar i ein overgangsperiode. Dersom slike organisasjonar framleis ønskjer å ta del i EURES-nettverket etter at overgangsperioden er gått ut, bør dei sende inn ein søknad om dette så snart det gjeldande systemet for godkjenning av EURES-medlemmer og -partnarar er innført i samsvar med denne forordninga.

  • 58) Forordning (EU) nr. 492/2011 og (EU) nr. 1296/2013 bør difor endrast.

VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:

Kapittel I

Allmenne føresegner

Artikkel 1

Føremål

Ved denne forordninga vert det fastsett ei ramme for samarbeid for å gjere det lettare for arbeidstakarar å utøve retten sin til fri rørsle innanfor Unionen i samsvar med artikkel 45 TVEU, ved fastsetjing av prinsipp og reglar for

  • a) organisering av EURES-nettverket mellom Kommisjonen og medlemsstatane,

  • b) samarbeid mellom Kommisjonen og medlemsstatane om å utveksle relevante tilgjengelege data om ledige stillingar, jobbsøknader og CV-ar,

  • c) tiltak som er sette i verk av eller mellom medlemsstatane for å oppnå jamvekt mellom tilbod og etterspurnad i arbeidsmarknaden, med sikte på å oppnå eit høgt nivå for sysselsetjing av god kvalitet,

  • d) verkemåten til EURES-nettverket, medrekna samarbeid med partane i arbeidslivet og deltaking frå andre aktørar,

  • e) støttetenester for mobilitet i samband med verkemåten til EURES-nettverket, som skal ytast til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, og som dermed fremjar mobilitet på eit rettferdig grunnlag,

  • f) fremjing av EURES-nettverket på unionsplan gjennom effektive kommunikasjonstiltak frå Kommisjonen og medlemsstatane.

Artikkel 2

Verkeområde

Denne forordninga skal nyttast på medlemsstatane og unionsborgarane, med atterhald for artikkel 2 og 3 i forordning (EU) nr. 492/2011.

Artikkel 3

Definisjonar

I denne forordninga tyder

  • 1) «offentlege arbeidsformidlingar» dei organisasjonane i medlemsstatane som er ein del av relevante departement, offentlege organ eller offentlegrettslege selskap, og som er ansvarlege for å gjennomføre ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk og tilby arbeidsformidling av god kvalitet i interessa til ålmenta,

  • 2) «arbeidsformidlingar» juridiske personar som driv lovleg verksemd i ein medlemsstat, og som leverer tenester til arbeidstakarar som søkjer arbeid, og til arbeidsgjevarar som ønskjer å rekruttere arbeidstakarar,

  • 3) «ledig stilling» eit tilbod om arbeid som vil gjere det mogleg for søkjaren som har fått tilbodet, å gå inn i eit arbeidstilhøve som vil gjere han eller henne til arbeidstakar i medhald av artikkel 45 i TVEU,

  • 4) «arbeidsformidling» utveksling av opplysningar og handsaming av ledige stillingar, jobbsøknader og CV-ar,

  • 5) «felles IT-plattform» den IT-infrastrukturen og tilhøyrande plattformer som i samsvar med denne forordninga er oppretta på unionsplan av innsynsgrunnar og med tanke på arbeidsformidling,

  • 6) «grensearbeidar» ein arbeidstakar som utfører lønna arbeid i ein medlemsstat og er busett i ein annan medlemsstat, som arbeidstakaren reiser tilbake til dagleg eller minst ein gong per veke,

  • 7) «EURES-partnarskap over landegrensene» ei gruppe av EURES-medlemmer eller -partnarar og eventuelt andre interessepartar utanfor EURES-nettverket, som tek sikte på langsiktig samarbeid innanfor regionale strukturar i grenseregionar mellom arbeidsformidlingar på regionalt, lokalt og eventuelt nasjonalt plan, partane i arbeidslivet og eventuelt andre interessepartar i minst to medlemsstatar eller i éin medlemsstat og ein annan stat som deltek i EU-ordningar til støtte for EURES-nettverket.

Artikkel 4

Tilgang

  • 1. Tenester som er omfatta av denne forordninga, skal vere tilgjengelege for alle arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i heile Unionen, og skal etterleve prinsippet om lik handsaming.

  • 2. Personar med nedsett funksjonsevne skal vere sikra tilgang til opplysningane i EURES-portalen og til støttetenester som er tilgjengelege på nasjonalt plan. Kommisjonen og EURES-medlemmene og -partnarane skal fastsetje korleis dette skal sikrast med omsyn til dei respektive pliktene dei har.

Kapittel II

Nyinnføring av EURES-nettverket

Artikkel 5

Nyinnføring av EURES-nettverket

  • 1. EURES-nettverket vert innført på nytt.

  • 2. Rammereglane for EURES, som er fastsette i kapittel II i forordning (EU) nr. 492/2011 og i gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU, som vart vedteken på grunnlag av artikkel 38 i den nemnde forordninga, vert bytte ut ved denne forordninga.

Artikkel 6

Måla for EURES-nettverket

Innanfor ramma av verksemda si skal EURES-nettverket medverke til å nå følgjande mål:

  • a) Lette utøvinga av dei rettane som følgjer av artikkel 45 i TVEU og forordning (EU) nr. 492/2011.

  • b) Gjennomføre den samordna strategien for sysselsetjing, særleg for å fremje ein kvalifisert, utdanna og tilpassingsdyktig arbeidsstyrke slik det er nemnt i artikkel 145 i TVEU.

  • c) Betre verkemåten til og utjamninga og integrasjonen av arbeidsmarknadene i Unionen, òg på tvers av landegrensene.

  • d) Fremje frivillig geografisk mobilitet og arbeidsmobilitet i Unionen, òg i grenseregionar, på eit rettferdig grunnlag og i samsvar med unionsretten og nasjonal lovgjeving og praksis.

  • e) Støtte overgangen til arbeidsmarknaden og dermed fremje dei sosiale måla og sysselsetjingsmåla i som er nemnde i artikkel 3 i TEU.

Artikkel 7

Samansetnaden til EURES-nettverket

  • 1. EURES-nettverket skal omfatte følgjande kategoriar av organisasjonar:

    • a) Eit europeisk samordningskontor som skal skipast under Kommisjonen, og som skal ha ansvar for å hjelpe EURES-nettverket til å utføre verksemda si.

    • b) Nasjonale samordningskontor som har ansvar for bruken av denne forordninga i den aktuelle medlemsstaten, som skal vere utpeikte av medlemsstatane, og som kan vere dei offentlege arbeidsformidlingane deira.

    • c) EURES-medlemmene, det vil seie

      • i) dei offentlege arbeidsformidlingane som er utpeikte av medlemsstatane i samsvar med artikkel 10, og

      • ii) organisasjonar som er godkjende i samsvar med artikkel 11 eller, for ein overgangsperiode i samsvar med artikkel 40, til å gje arbeidstakarar og arbeidsgjevarar støtte i form av arbeidsformidling og støttetenester på nasjonalt, regionalt eller lokalt plan, òg på tvers av landegrensene.

    • d) EURES-partnarane, det vil seie organisasjonar som er godkjende i samsvar med artikkel 11 og særleg i samsvar med nr. 2 og 4 i den nemnde artikkelen, eller for ein overgangsperiode i samsvar med artikkel 40, til å gje arbeidstakarar og arbeidsgjevarar støtte i form av arbeidsformidling og støttetenester på nasjonalt, regionalt eller lokalt plan, òg på tvers av landegrensene.

  • 2. Organisasjonane til dei europeiske partane i arbeidslivet kan verte ein del av EURES-nettverket som EURES-medlemmer eller partnarar i samsvar med artikkel 11.

Artikkel 8

Ansvarsområda til Det europeiske samordningskontoret

  • 1. Det europeiske samordningskontoret skal hjelpe EURES-nettverket med å utføre verksemda si, særleg ved å utvikle og gjennomføre følgjande, i nært samarbeid med dei nasjonale samordningskontora:

    • a) Utforming av eit samanhengande rammeverk og yting av tverrgåande støtte til EURES-nettverket, medrekna

      • i) drift og utvikling av EURES-portalen og tilhøyrande IT-tenester, mellom anna system og framgangsmåtar for utveksling av ledige stillingar, jobbsøknader, CV-ar og andre opplysningar, i samarbeid med andre relevante tenester, nettverk eller initiativ for informasjon og rådgjeving i Unionen,

      • ii) opplysnings- og kommunikasjonsverksemd som er knytt til EURES-nettverket,

      • iii) eit felles opplæringsprogram og kontinuerleg fagleg utvikling for personalet til EURES- medlemmene og -partnarane og for dei nasjonale samordningskontora, for å sikre den sakkunnskapen som trengst,

      • iv) ein brukarstøttefunksjon for personalet til EURES-medlemmene og -partnarane og dei nasjonale samordningskontora, særleg for personale som er i direkte kontakt med arbeidstakarar og arbeidsgjevarar,

      • v) fremjing av nettverksbygging, utveksling av beste praksis og gjensidig læring innanfor EURES-nettverket.

    • b) Analyse av geografisk mobilitet og arbeidsmobilitet, samstundes som det vert teke omsyn til dei ulike tilhøva i medlemsstatane.

    • c) Utvikling av ein føremålstenleg struktur for samarbeid og arbeidsformidling i Unionen med omsyn til lærling- og praktikantplassar, i samsvar med denne forordninga.

  • 2. Det europeiske samordningskontoret skal forvaltast av Kommisjonen. Det europeiske samordningskontoret skal ha ein jamleg dialog med representantar for partane i arbeidslivet på unionsplan.

  • 3. Det europeiske samordningskontoret skal utarbeide dei fleirårige arbeidsprogramma sine i samråd med den samordningsgruppa som er nemnd i artikkel 14.

Artikkel 9

Ansvarsområda til dei nasjonale samordningskontora

  • 1. Medlemsstatane skal peike ut nasjonale samordningskontor i samsvar med artikkel 7 nr. 1 bokstav b). Medlemsstatane skal melde frå til Det europeiske samordningskontoret om desse utpeikingane.

  • 2. Kvart nasjonale samordningskontor skal ha ansvar for

    • a) å organisere arbeidet i samband med EURES-nettverket i medlemsstaten, mellom anna ved å sikre ei samordna overføring til EURES-portalen av opplysningar om ledige stillingar, jobbsøknader og CV-ar i samsvar med artikkel 17 gjennom éin samordna kanal,

    • b) å samarbeide med Kommisjonen og medlemsstatane om arbeidsformidling innanfor den ramma som er fastsett i kapittel III,

    • c) å gje Det europeiske samordningskontoret alle tilgjengelege opplysningar om mishøve mellom det innmelde talet på ledige stillingar og det samla talet på ledige stillingar på nasjonalt plan,

    • d) å samordne tiltak i den aktuelle medlemsstaten i samarbeid med andre medlemsstatar i samsvar med kapittel V.

  • 3. Kvart nasjonale samordningskontor skal organisere gjennomføringa på nasjonalt plan av dei tverrgåande støttetiltaka frå Det europeiske samordningskontoret som er nemnde i artikkel 8, eventuelt i nært samarbeid med Det europeiske samordningskontoret og andre nasjonale samordningskontor. Desse tverrgåande støttetiltaka skal særleg omfatte

    • a) innsamling og validering med tanke på offentleggjering, særleg på EURES-portalen, av ajourførte opplysningar om EURES-medlemmer og -partnarar som driv verksemd på territoriet til det nasjonale samordningskontoret, om verksemda deira og om omfanget av støttetenestene som dei yter til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar,

    • b) utarbeiding av opplæringsførebuande verksemd i samband med EURES-verksemd og utveljing av personale som skal ta del i det felles opplæringsprogrammet og i verksemd for gjensidig læring,

    • c) datainnsamling og -analyse som er knytt til artikkel 31 og 32.

  • 4. Med sikte på offentleggjering, særleg på EURES-portalen, og i interessa til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, skal kvart nasjonale samordningskontor gjere tilgjengeleg, jamleg oppdatere og til rett tid spreie informasjon og gje rettleiing på nasjonalt plan om situasjonen i medlemsstaten når det gjeld

    • a) levekår og arbeidsvilkår, medrekna allmenne opplysningar om sosial tryggleik og betaling av skatt,

    • b) relevante administrative prosedyrar og reglar som gjeld for arbeidstakarar når dei tek lønna arbeid,

    • c) nasjonale rammereglar for lærling- og praktikantplassar, og eksisterande EU-reglar og -ordningar,

    • d) utan at det rører ved artikkel 17 nr. 2 bokstav b), tilgang til yrkesretta utdanning og opplæring,

    • e) situasjonen for grensearbeidarar, særleg i grenseregionar,

    • f) generell støtte etter rekruttering, og informasjon om kor ein kan få slik støtte innanfor, og om mogleg, utanfor EURES-nettverket.

    Dei nasjonale samordningskontora kan eventuelt gjere tilgjengeleg og spreie opplysningane i samarbeid med andre tenester og nettverk for informasjon og rådgjeving og med relevante organ på nasjonalt plan, mellom anna dei som er nemnde i artikkel 4 i direktiv 2014/54/EU.

  • 5. Dei nasjonale samordningskontora skal utveksle opplysningar om dei ordningane og standardane som er nemnde i artikkel 17 nr. 5, og om standardar for trygging og vern av personopplysningar som er relevante for den felles IT-plattforma. Dei skal samarbeide med kvarandre og med Det europeiske samordningskontoret, særleg om klager og om ledige stillingar som ikkje vert rekna for å oppfylle desse standardane i medhald av nasjonal lovgjeving.

  • 6. Kvart nasjonale samordningskontor skal yte generell støtte til EURES-medlemmer og -partnarar når det gjeld samarbeidet med EURES-motpartane deira i andre medlemsstatar, og gje råd til EURES-medlemmene og -partnarane om handtering av klager i samband med ledige stillingar og rekruttering innanfor EURES, og råd om samarbeid med relevante offentlege styresmakter. Dersom det nasjonale samordningskontoret har tilgang til desse opplysningane, skal resultatet av prosedyrane for klagehandsaming sendast over til Det europeiske samordningskontoret.

  • 7. Det nasjonale samordningskontoret skal fremje samarbeid med aktørar som til dømes partane i arbeidslivet, karriererådgjevingstenester, institusjonar for yrkesretta opplæring og høgare utdanning, handelskammer, sosialtenester og organisasjonar som representerer sårbare grupper på arbeidsmarknaden, og organisasjonar som arbeider med lærling- og praktikantordningar.

Artikkel 10

Utpeiking av offentlege arbeidsformidlingar som EURES-medlemmer

  • 1. Medlemsstatane skal peike ut dei offentlege arbeidsformidlingane som er relevante for verksemda i EURES-nettverket, til å vere EURES-medlemmer. Medlemsstatane skal melde frå til Det europeiske samordningskontoret om desse utpeikingane. Utpeikinga skal gje desse offentlege arbeidsformidlingane ein særskild status i EURES-nettverket.

  • 2. Medlemsstatane skal syte for at dei offentlege arbeidsformidlingane, i rolla deira som EURES-medlemmer, oppfyller alle dei pliktene som er fastsette i denne forordninga, og oppfyller minst dei felles minstekriteria som er oppførte i vedlegg I.

  • 3. Offentlege arbeidsformidlingar kan oppfylle pliktene sine som EURES-medlemmer gjennom organisasjonar som handlar under ansvaret til den offentlege arbeidsformidlinga, gjennom delegering, utsetjing av kontraktar eller særskilde avtaler.

Artikkel 11

Godkjenning av EURES-medlemmer som ikkje er offentlege arbeidsformidlingar, og av EURES-partnarar

  • 1. Kvar medlemsstat skal snarast mogleg, men seinast 13. mai 2018, ha innført eit system for å godkjenne organisasjonar som EURES-medlemmer og -partnarar, for å overvake verksemda deira og om dei etterlever det gjeldande regelverket når dei nyttar denne forordninga, og om naudsynt, for å kalle tilbake godkjenninga deira. Dette systemet skal vere ope og avpassa, etterleve prinsippa om lik handsaming av søkjarorganisasjonar og rettstryggleik, og tilby dei rettsmidla som trengst for å sikre eit effektivt rettsleg vern.

  • 2. Medlemsstatane skal fastsetje krava og kriteria for godkjenning av EURES-medlemmer og -partnarar innanfor ramma av det systemet som er nemnt i nr. 1. Desse krava og kriteria skal minst innehalde dei felles minstekriteria som er fastsette i vedlegg I. Medlemsstatane kan fastsetje tilleggskrav eller -kriterium som er naudsynte for rett bruk av dei reglane som gjeld for verksemda til arbeidsformidlingar, og for effektiv forvalting av arbeidsmarknadspolitikken på territoriet deira.

  • 3. Organisasjonar som driv lovleg verksemd i ein medlemsstat, kan søkje om å verte EURES-medlem på dei vilkåra som er fastsette i denne forordninga, og i samsvar med det systemet som er nemnt i nr. 1. Ein organisasjon som søkjer om å verte EURES-medlem, skal i søknaden sin plikte seg til å oppfylle alle dei pliktene som medlemmene er pålagde i medhald av denne forordninga, mellom anna å utføre alle oppgåver som er nemnde i artikkel 12 nr. 2 bokstav a), b) og c).

  • 4. Ein organisasjon som driv lovleg verksemd i ein medlemsstat, kan søkje om å verte EURES-partnar på dei vilkåra som er fastsette i denne forordninga og i samsvar med det systemet som er nemnt i nr. 1, så framt han på tilbørleg måte grunngjev at han kan utføre høgst to av dei oppgåvene som er oppførte i artikkel 12 nr. 2 bokstav a), b) og c), på grunn av omfanget, økonomiske midlar og typen tenester som organisasjonen vanlegvis yter, medrekna det å vere ein ideell organisasjon. Ein organisasjon som søkjer om å verte EURES-partnar, skal i søknaden sin plikte seg til å oppfylle alle dei krava som EURES-partnarar er pålagde i medhald av denne forordninga, og til å utføre minst éi av dei oppgåvene som er nemnde i artikkel 12 nr. 2 bokstav a), b) og c).

  • 5. Medlemsstatane skal godkjenne søkjarorganisasjonar som EURES- medlemmer eller -partnarar dersom dei oppfyller dei gjeldande kriteria og krava som er nemnde i nr. 2, 3 og 4.

  • 6. Dei nasjonale samordningskontora skal melde frå til Det europeiske samordningskontoret om dei systema som er nemnde i nr. 1, medrekna dei tilleggskriteria og -krava som er nemnde i nr. 2, om dei EURES-medlemmene og -partnarane som er godkjende i samsvar med dette systemet, og om eventuelle avslag på søknader om godkjenning som følgje av manglande etterleving av nr. 1 i avsnitt 1 i vedlegg I. Det europeiske samordningskontoret skal sende desse opplysningane over til dei andre nasjonale samordningskontora.

  • 7. Medlemsstatane skal kalle tilbake godkjenninga av EURES-medlemmer og -partnarar dersom desse ikkje lenger oppfyller dei gjeldande kriteria eller krava som er nemnde i nr. 2, 3 og 4. Dei nasjonale samordningskontora skal melde frå til Det europeiske samordningskontoret om alle slike tilbakekallingar og om grunngjevingane for dei. Det europeiske samordningskontoret skal sende desse opplysningane over til dei andre nasjonale samordningskontora.

  • 8. Ved hjelp av gjennomføringsrettsakter kan Kommisjonen vedta ein mal som gjer greie for det nasjonale systemet og framgangsmåtane for utveksling av opplysningar mellom medlemsstatane om dei systema som er nemnde i nr. 1. Desse gjennomføringsrettsaktene skal vedtakast i samsvar med den rådgjevingsprosedyren som er nemnd i artikkel 37 nr. 2.

Artikkel 12

Ansvarsområda til EURES-medlemmene og -partnarane

  • 1. EURES-medlemmene og -partnarane skal medverke til EURES-nettverket når det gjeld oppgåvene som dei er utpeikte til i samsvar med artikkel 10 eller godkjende for i samsvar med artikkel 11 nr. 3 og 4 eller, i ein overgangsperiode, i samsvar med artikkel 40, og dei skal oppfylle dei andre pliktene sine i medhald av denne forordninga.

  • 2. EURES-medlemmene skal delta i EURES-nettverket, mellom anna ved å utføre alle dei følgjande oppgåvene, og EURES-partnarane skal delta i EURES-nettverket, mellom anna ved å utføre minst ei av dei følgjande oppgåvene:

    • a) Medverke til ei felles samling av ledige stillingar i samsvar med artikkel 17 nr. 1 bokstav a).

    • b) Medverke til ei felles samling av jobbsøknader og CV-ar i samsvar med artikkel 17 nr. 1 bokstav b).

    • c) Yte støttetenester til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i samsvar med artikkel 23 og 24, artikkel 25 nr. 1, artikkel 26 og, dersom det er relevant, artikkel 27.

  • 3. EURES-medlemmene og, dersom det er relevant, EURES-partnarane skal leggje inn i EURES-portalen alle ledige stillingar som er offentleggjorde hos dei, i tillegg til alle jobbsøknader og CV-ar der arbeidstakaren har gjeve samtykke til at opplysningane òg vert gjorde tilgjengelege på EURES-portalen i samsvar med artikkel 17 nr. 3. Artikkel 17 nr. 1 andre leddet og nr. 2 skal nyttast på ledige stillingar som vert offentleggjorde gjennom EURES-medlemmene og, der det er relevant, gjennom EURES-partnarane.

  • 4. EURES-medlemmene og -partnarane skal i samsvar med nasjonale kriterium peike ut eitt eller fleire kontaktpunkt, til dømes arbeidsformidlingskontor og rekrutteringsbyrå, telefonsenter og sjølvhjelpsverktøy, der arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i samsvar med denne forordninga kan få hjelp til arbeidsformidling og/eller tilgang til støttetenester. Kontaktpunkta kan òg byggje på utvekslingsprogram for personale og utstasjonering av kontaktpersonar, eller involvere felles arbeidsformidlingskontor.

  • 5. EURES-medlemmene og, dersom det er relevant, EURES-partnarane skal syte for at dei kontaktpunkta som dei har utpeikt, gjer tydeleg greie for omfanget av støttetenestene som dei yter til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar.

  • 6. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve kan medlemsstatane, gjennom sine nasjonale samordningskontor, krevje at EURES-medlemmene og -partnarane medverkar til

    • a) innsamling av opplysningar og rettleiing som skal offentleggjerast på EURES-portalen, slik det er nemnt i artikkel 9 nr. 4,

    • b) utveksling av opplysningar, slik det er nemnt i artikkel 30,

    • c) programplanleggingssyklusen, slik det er nemnt i artikkel 31,

    • d) datainnsamling, slik det er nemnt i artikkel 32.

Artikkel 13

Felles ansvarsområde

I samsvar med dei høvesvise rollene og ansvarsområda sine skal alle organisasjonar som deltek i EURES-nettverket, i nært samarbeid med kvarandre, aktivt fremje dei føremonene som arbeidskraftmobilitet innanfor Unionen gjev, og prøve å styrkje dei midla og evnene som arbeidstakarar og arbeidsgjevarar har til å nyte godt av mobilitet på eit rettferdig grunnlag, og til å utnytte desse føremonene på unionsplan, nasjonalt, regionalt og lokalt plan og på tvers av landegrensene.

Artikkel 14

Samordningsgruppe

  • 1. Samordningsgruppa skal vere samansett av representantar på høveleg nivå ved Det europeiske samordningskontoret og dei nasjonale samordningskontora.

  • 2. Samordningsgruppa skal støtte gjennomføringa av denne forordninga ved å utveksle opplysningar og utarbeide retningslinjer. Ho skal særleg gje Kommisjonen råd om dei malane som er nemnde i artikkel 11 nr. 8 og artikkel 31 nr. 5, utkasta til tekniske standardar og format som er nemnde i artikkel 17 nr. 8 og artikkel 19 nr. 6, og dei einsarta detaljerte spesifikasjonane for datainnsamling og -analyse som er nemnde i artikkel 32 nr. 3.

  • 3. Samordningsgruppa kan mellom anna organisere utveksling av beste praksis for dei nasjonale systema for godkjenning som er nemnde i artikkel 11 nr. 1, og dei støttetenestene som er nemnde i artikkel 23–27.

  • 4. Det europeiske samordningskontoret skal organisere arbeidet og leie møta i samordningsgruppa. Det skal jamleg gje andre relevante organ eller nettverk melding om arbeidet i samordningsgruppa.

    Representantar for partane i arbeidslivet på unionsplan skal ha rett til å delta på møta i samordningsgruppa.

  • 5. Samordningsgruppa skal samarbeide med styret i nettverket av offentlege arbeidsformidlingar, særleg ved å gje dei melding om verksemda til EURES-nettverket og ved å utveksle beste praksis.

Artikkel 15

Felles identitet og varemerke

  • 1. Namnet «EURES» skal berre nyttast til verksemd innanfor EURES-nettverket i samsvar med denne forordninga. Namnet skal illustrerast ved ein standardisert logo, og bruken av logoen er fastsett i eit grafisk dokument og vedteken av Det europeiske samordningskontoret.

  • 2. Alle organisasjonane som er nemnde i artikkel 7, og som deltek i EURES-nettverket, skal nytte EURES-varemerket og -logoen i all verksemd som gjeld EURES-nettverket, for såleis å sikre ein felles visuell identitet.

  • 3. Organisasjonar som deltek i EURES-nettverket, skal sikre at dei opplysningane og det salsfremjande materiellet som dei legg fram, stemmer overeins med den overordna kommunikasjonsverksemda, dei felles kvalitetsstandardane for EURES-nettverket og dei opplysningane som vert gjevne av Det europeiske samordningskontoret.

  • 4. Dersom dei organisasjonane som deltek i EURES-nettverket, får kjennskap til at ein tredjemann eller tredjestat misbrukar EURES-varemerket eller -logoen, skal dei straks melde frå til Det europeiske samordningskontoret om dette.

Artikkel 16

Samarbeid og andre tiltak

  • 1. Det europeiske samordningskontoret skal lette samarbeidet mellom EURES-nettverket og andre tenester og nettverk for informasjon og rådgjeving i Unionen.

  • 2. Det nasjonale samordningskontoret skal samarbeide med dei tenestene og nettverka som er nemnde i nr. 1, på unionsplan og på nasjonalt, regionalt og lokalt plan, med sikte på å oppnå samverknad og unngå overlapping, og skal trekkje inn EURES-medlemmene og -partnarane der dette er relevant.

  • 3. Det nasjonale samordningskontoret skal lette samarbeidet mellom EURES-nettverket og partane i arbeidslivet på nasjonalt plan ved å sikre ein jamleg dialog med partane i arbeidslivet, i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis.

  • 4. Medlemsstatane skal oppmuntre til nært samarbeid på tvers av landegrensene mellom regionale, lokale og, der det er relevant, nasjonale aktørar, til dømes gjennom praksis og tenester som vert ytte innanfor ramma av EURES-partnarskap over landegrensene.

  • 5. Medlemsstatane skal leggje vinn på å utvikle eitt einskilt felles kontaktpunkt for kommunikasjon, mellom anna på internett, med arbeidstakarar og arbeidsgjevarar med omsyn til dei felles områda med EURES-verksemd og dei tenestene og nettverka som er nemnde i nr. 1.

  • 6. Medlemsstatane og Kommisjonen skal alltid undersøkje om det er mogleg å prioritere unionsborgarar ved tilsetjing i ledige stillingar, med sikte på å oppnå jamvekt mellom tilbod og etterspurnad på arbeidsmarknaden i Unionen. Medlemsstatane kan vedta alle dei tiltaka som er naudsynte for dette føremålet.

Kapittel III

Felles IT-plattform

Artikkel 17

Organisering av den felles IT-plattforma

  • 1. Med sikte på å samle ledige stillingar og jobbsøknader skal kvar medlemsstat stille følgjande til rådvelde for EURES-portalen:

    • a) Alle ledige stillingar som er offentleggjorde gjennom offentlege arbeidsformidlingar, i tillegg til dei som er melde inn av EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane i samsvar med artikkel 12 nr. 3.

    • b) Alle jobbsøknader og CV-ar som er tilgjengelege gjennom offentlege arbeidsformidlingar, i tillegg til dei som er melde inn av dei andre EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane i samsvar med artikkel 12 nr. 3, så framt dei aktuelle arbeidstakarane har gjeve samtykke til å gjere opplysningane tilgjengelege for EURES-portalen på dei vilkåra som er definerte i nr. 3 i denne artikkelen.

    Med omsyn til bokstav a) i første leddet kan medlemsstatane innføre ei ordning som gjer det mogleg for arbeidsgjevarane å velje å ikkje offentleggjere ei ledig stilling på EURES-portalen dersom dette er tilbørleg grunngjeve ut ifrå dei ferdigheitene og den kompetansen som krevst til stillinga.

  • 2. Når medlemsstatane gjer data om ledige stillingar tilgjengelege på EURES-portalen, kan dei utelate

    • a) ledige stillingar som på grunn av arten sin eller nasjonale reglar berre er opne for borgarar i ein særskild stat,

    • b) ledige stillingar i samband med kategoriar av lærling- og praktikantplassar som hovudsakleg har eit læringselement og dermed inngår i det nasjonale utdanningssystemet, eller som vert finansierte av det offentlege som ein del av den aktive arbeidsmarknadspolitikken til ein medlemsstat,

    • c) andre ledige stillingar som er ein del av den aktive arbeidsmarknadspolitikken til ein medlemsstat.

  • 3. Samtykket frå dei arbeidstakarane som er nemnde i nr. 1 bokstav b) , skal vere uttrykkjeleg, eintydig, frivillig, konkret og velgrunna. Arbeidstakarane kan når som helst trekkje tilbake samtykket sitt og krevje sletting eller endring av delar av eller alle data som er gjorde tilgjengelege. Arbeidstakarane kan velje mellom ei rekkje alternativ for å avgrense tilgangen til data som gjeld dei sjølve, eller til visse attributt.

  • 4. Når det gjeld mindreårige arbeidstakarar, skal desse leggje fram eige samtykke saman med samtykke frå foreldre eller verjer.

  • 5. Medlemsstatane skal ha innført eigna ordningar og standardar som er naudsynte for å sikre den innhaldsmessige og tekniske kvaliteten til data om ledige stillingar, jobbsøknader og CV-ar.

  • 6. Medlemsstatane skal sikre at datakjeldene kan sporast, slik at datakvaliteten kan overvakast.

  • 7. For å gjere det mogleg å kople ledige stillingar saman med jobbsøknader og CV-ar skal kvar medlemsstat syte for at dei opplysningane som er nemnde i nr. 1, vert lagde fram i samsvar med eit einsarta system og på ein open måte.

  • 8. Ved hjelp av gjennomføringsrettsakter skal Kommisjonen vedta dei tekniske standardane og formata som er naudsynte for å oppnå det einsarta systemet som er nemnt i nr. 7. Desse gjennomføringsrettsaktene skal vedtakast i samsvar med den granskingsprosedyren som er nemnd i artikkel 37 nr. 3.

Artikkel 18

Tilgang på nasjonalt plan til den felles IT-plattforma

  • 1. EURES-medlemmene og -partnarane skal syte for at EURES-portalen er klart synleg og lett å søkje igjennom alle jobbsøkingsportalar som dei forvaltar, anten på sentralt, regionalt eller lokalt plan, og at desse portalane har lenkjer til EURES-portalen.

  • 2. Dei offentlege arbeidsformidlingane skal syte for at dei organisasjonane som er underlagde ansvarsområdet deira, har ei klart synleg lenkje til EURES-portalen på alle nettportalar som dei forvaltar.

  • 3. EURES-medlemmene og -partnarane skal syte for at alle ledige stillingar, jobbsøknader og CV-ar som er gjorde tilgjengelege på EURES-portalen, er lett tilgjengelege for det personalet deira som arbeider med EURES-nettverket.

  • 4. Medlemsstatane skal syte for at den overføringa av opplysningar om ledige stillingar, jobbsøknader og CV-ar som er nemnd i artikkel 9 nr. 2 bokstav a), vert gjord gjennom éin samordna kanal.

Artikkel 19

Automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma

  • 1. Medlemsstatane skal samarbeide med kvarandre og med Kommisjonen når det gjeld samverknad mellom nasjonale system og den europeiske klassifiseringa som er utarbeidd av Kommisjonen. Kommisjonen skal melde frå til medlemsstatane om utviklinga av den europeiske klassifiseringa.

  • 2. Ved hjelp av gjennomføringsrettsakter skal Kommisjonen vedta og oppdatere ei liste over ferdigheiter, kompetansar og yrke i den europeiske klassifiseringa. Desse gjennomføringsrettsaktene skal vedtakast i samsvar med den granskingsprosedyren som er nemnd i artikkel 37 nr. 3. Dersom utvalet ikkje gjev noka fråsegn, skal Kommisjonen ikkje vedta utkastet til gjennomføringsrettsakt, og artikkel 5 nr. 4 tredje leddet i forordning (EU) nr. 182/2011 skal nyttast.

  • 3. Med tanke på automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma skal kvar medlemsstat snarast mogleg, men seinast tre år etter vedtakinga av den lista som er nemnd i nr. 2, utarbeide eit første register der dei nasjonale, regionale og sektorvise klassifiseringane vert jamførte med den nemnde lista, og skal, når registeret er teke i bruk og på grunnlag av ein søknad som er gjort tilgjengeleg av Det europeiske samordningskontoret, jamleg oppdatere registeret for å halde det à jour med utviklinga av rekrutteringstenester.

  • 4. Medlemsstatane kan velje å byte ut dei nasjonale klassifiseringane sine med den europeiske klassifiseringa når ho er fullført, eller halde ved lag sine eigne samverkande nasjonale klassifiseringssystem.

  • 5. Kommisjonen skal yte teknisk og, dersom det er mogleg, økonomisk støtte til medlemsstatane når dei utarbeider registeret i medhald av nr. 3, og til dei medlemsstatane som vel å byte ut nasjonale klassifiseringar med den europeiske klassifiseringa.

  • 6. Ved hjelp av gjennomføringsrettsakter skal Kommisjonen vedta dei tekniske standardane og formata som er naudsynte for å gjennomføre automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma, ved bruk av den europeiske klassifiseringa og samverknaden mellom nasjonale system og den europeiske klassifiseringa. Desse gjennomføringsrettsaktene skal vedtakast i samsvar med den granskingsprosedyren som er nemnd i artikkel 37 nr. 3.

Artikkel 20

Ordning for lettare tilgang for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar

  • 1. EURES-medlemmene og -partnarane skal på oppmoding hjelpe arbeidstakarar og arbeidsgjevarar som nyttar tenestene deira, med å registrere seg på EURES-portalen. Denne hjelpa skal vere gratis.

  • 2. EURES-medlemmene og -partnarane skal syte for at dei arbeidstakarane og arbeidsgjevarane som nyttar tenestene deira, har tilgang til allmenne opplysningar om korleis, kvar og når dei kan oppdatere, endre og trekkje tilbake aktuelle data.

Kapittel IV

Støttetenester

Artikkel 21

Prinsipp

  • 1. Medlemsstatane skal syte for at arbeidstakarar og arbeidsgjevarar snarast mogleg kan få tilgang, anten med eller utan internett, til støttetenester på nasjonalt plan.

  • 2. Medlemsstatane skal støtte utarbeidinga av ein samordna nasjonal strategi for støttetenester.

    Det skal takast omsyn til særskilde regionale og lokale behov.

  • 3. Dei støttetenestene for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar som er nemnde i artikkel 22, artikkel 25 nr. 1, artikkel 26 og, der det er relevant, artikkel 27, skal vere gratis.

    Dei støttetenestene for arbeidstakarar som er nemnde i artikkel 23, skal vere gratis.

    Dei støttetenestene for arbeidsgjevarar som er nemnde i artikkel 24, kan vere betalingstenester.

  • 4. Eventuelle gebyr for tenester som EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane tilbyr i medhald av dette kapittelet, skal ikkje vere høgare enn dei som gjeld for andre tenester som kan jamførast, og som EURES-medlemmene og -partnarane tilbyr. EURES-medlemmene og -partnarane skal, der det er relevant, gje arbeidstakarar og arbeidsgjevarar melding om alle eventuelle kostnader på ein klar og tydeleg måte.

  • 5. Dei EURES-medlemmene og -partnarane som det gjeld, skal gjennom informasjonskanalane sine på ein tydeleg måte opplyse arbeidstakarar og arbeidsgjevarar om kva tenester dei tilbyr, kor og korleis desse tenestene er tilgjengelege, og kva vilkåra er for å få tilgang til dei. Desse opplysningane skal offentleggjerast på EURES-portalen.

  • 6. Utan at det rører ved artikkel 11 nr. 2 kan dei EURES-medlemmene som er nemnde i artikkel 7 nr. 1 bokstav c) ii), og EURES-partnarane tilby tenestene sine berre som nettenester.

Artikkel 22

Tilgang til grunnleggjande opplysningar

  • 1. EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane skal på ein lett tilgjengeleg og brukarvennleg måte gje arbeidstakarar og arbeidsgjevarar grunnleggjande opplysningar om EURES-portalen, medrekna jobbsøknads- og CV-databasen, og om EURES-nettverket, medrekna kontaktopplysningar om relevante EURES-medlemmer og -partnarar på nasjonalt plan, opplysningar om rekrutteringskanalane som dei nyttar (elektroniske tenester, personleg tilpassa tenester, plassering av kontaktpunkt) og relevante lenkjer til nettstader.

    EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane skal om naudsynt vise arbeidstakarar og arbeidsgjevarar vidare til ein annan EURES-medlem eller -partnar.

  • 2. Det europeiske samordningskontoret skal støtte utarbeidinga av grunnleggjande opplysningar i medhald av denne artikkelen og hjelpe medlemsstatane med å sikre tilstrekkeleg språkdekning, samstundes som det vert teke omsyn til behova på arbeidsmarknadene i medlemsstatane.

Artikkel 23

Støttetenester for arbeidstakarar

  • 1. EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane skal snarast mogleg gje arbeidstakarar som søkjer arbeid, høve til å nytte dei tenestene som er nemnde i nr. 2 og 3.

  • 2. Dersom ein arbeidstakar ber om det, skal EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane gje informasjon og individuell rettleiing om utsikter til sysselsetjing, og særleg tilby arbeidstakaren følgjande tenester:

    • a) Framskaffing av eller tilvising til allmenne opplysningar om levekår og arbeidsvilkår i mottakarstaten.

    • b) Hjelp og rettleiing til å skaffe fram dei opplysningane som er nemnde i artikkel 9 nr. 4.

    • c) Dersom det er relevant, hjelp til å utarbeide jobbsøknader og CV-ar for å sikre samsvar med dei europeiske tekniske standardane og formata som er nemnde i artikkel 17 nr. 8 og artikkel 19 nr. 6, og til å laste opp slike jobbsøknader og CV-ar i EURES-portalen.

    • d) Dersom det er relevant, vurdering av ei mogleg stillingsplassering innanfor Unionen som del av ein individuell handlingsplan, eller støtte til å utarbeide ein individuell mobilitetsplan med sikte på å verte plassert i ei stilling innanfor Unionen.

    • e) Dersom det er relevant, tilvising av arbeidstakaren til ein annan EURES-medlem eller -partnar.

  • 3. Etter ei rimeleg oppmoding frå ein arbeidstakar skal EURES-medlemmene og, dersom det er relevant, EURES-partnarane gje ytterlegare hjelp til jobbsøking og med andre tenester, samstundes som det vert teke omsyn til behova til arbeidstakaren.

Artikkel 24

Støttetenester for arbeidsgjevarar

  • 1. EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane skal snarast mogleg gje arbeidsgjevarar som ønskjer å rekruttere arbeidstakarar frå andre medlemsstatar, høve til å nytte dei tenestene som er nemnde i nr. 2 og 3.

  • 2. Dersom ein arbeidsgjevar ber om det, skal EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane gje informasjon og rettleiing om korleis han kan rekruttere, og skal særleg tilby følgjande tenester:

    • a) Framskaffing av opplysningar om særlege reglar for rekruttering frå ein annan medlemsstat, og om faktorar som kan lette ei slik rekruttering.

    • b) Dersom det er relevant, opplysningar om og hjelp til å utarbeide individuelle jobbkrav til ei ledig stilling, og til å sikre at det er samsvar med dei europeiske standardane og tekniske formata som er nemnde i artikkel 17 nr. 8 og artikkel 19 nr. 6.

  • 3. Dersom ein arbeidsgjevar ber om ytterlegare hjelp, og det er rimeleg sannsynleg med rekruttering innanfor Unionen, skal EURES-medlemmene og, dersom det er relevant, EURES-partnarane syte for ytterlegare hjelp og tilleggstenester, samstundes som det vert teke omsyn til behova til arbeidsgjevaren.

    Dersom dei vert bedne om det, skal EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane gje individuell rettleiing om utforminga av krav til ledige stillingar.

Artikkel 25

Støtte etter rekruttering

  • 1. Dersom ein arbeidstakar eller arbeidsgjevar ber om det, skal EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane syte for følgjande:

    • a) Allmenne opplysningar om støtte etter rekruttering, til dømes opplæring i tverrkulturell kommunikasjon, språkkurs og støtte til integrasjon, medrekna allmenne opplysningar om tilgang til sysselsetjing for medlemmer av familien til arbeidstakaren.

    • b) Kontaktopplysningar til organisasjonar som tilbyr støtte etter rekruttering, dersom det er mogleg.

  • 2. Utan at det rører ved artikkel 21 nr. 4, kan dei EURES-medlemmene og -partnarane som yter direkte støtte til arbeidstakarar eller arbeidsgjevarar etter rekruttering, krevje eit gebyr for dette.

Artikkel 26

Lettare tilgang til opplysningar om skattlegging, spørsmål om arbeidskontraktar, pensjonsrettar, sjuketrygd og sosial tryggleik, og aktive arbeidsmarknadstiltak

  • 1. Dersom ein arbeidstakar eller arbeidsgjevar ber om det, skal EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane sende over førespurnader om konkrete opplysningar om rettar i samband med sosial tryggleik, aktive arbeidsmarknadstiltak, skattlegging, arbeidskontraktar, pensjonsrettar og sjuketrygd til dei rette nasjonale styresmaktene og eventuelt til andre relevante organ på nasjonalt plan som hjelper arbeidstakarar med å utøve rettane sine innanfor ramma av fri rørsle, medrekna dei organa som er nemnde i artikkel 4 i direktiv 2014/54/EU.

  • 2. For føremålet med nr. 1 skal dei nasjonale samordningskontora samarbeide med dei rette nasjonale styresmaktene som er nemnde i nr. 1.

Artikkel 27

Støttetenester i grenseregionar

  • 1. Dersom EURES-medlemmene eller -partnarane deltek i særskilde samarbeids- og tenestestrukturar i grenseregionar, til dømes partnarskap over landegrensene, skal dei gje grensearbeidarar og arbeidsgjevarar informasjon om den særlege situasjonen til grensearbeidarar, og informasjon som er relevant for arbeidsgjevarar i slike område.

  • 2. Oppgåvene til partnarskapa over landegrensene kan omfatte formidlings- og rekrutteringstenester, koordinering av samarbeid mellom dei deltakande organisasjonane og utføring av verksemd som er relevant for mobilitet over landegrensene, medrekna informasjon og rettleiing til grensearbeidarar, med særleg vekt på fleirspråklege tenester.

  • 3. Andre organisasjonar enn EURES-medlemmer og -partnarar som deltek i dei strukturane som er nemnde i nr. 1, skal ikkje reknast som ein del av EURES-nettverket på grunnlag av ei slik deltaking.

  • 4. I dei grenseregionane som er nemnde i nr. 1, skal medlemsstatane leggje vinn på å utvikle løysingar med eitt einskilt felles kontaktpunkt som skal gje informasjon til grensearbeidarar og arbeidsgjevarar.

Artikkel 28

Tilgang til aktive arbeidsmarknadstiltak

Ein medlemsstat skal ikkje avgrense tilgangen til nasjonale aktive arbeidsmarknadstiltak som gjev arbeidstakarar hjelp til jobbsøking, berre fordi ein arbeidstakar søkjer slik hjelp for å finne arbeid på territoriet til ein annan medlemsstat.

Kapittel V

Utveksling av opplysningar og programplanleggingssyklus

Artikkel 29

Utveksling av opplysningar om straumar og mønster

Kommisjonen og medlemsstatane skal overvake og offentleggjere opplysningar om straumar og mønster i arbeidskraftmobiliteten i Unionen på grunnlag av statistikk frå Eurostat og tilgjengelege nasjonale data.

Artikkel 30

Utveksling av opplysningar mellom medlemsstatane

  • 1. Kvar medlemsstat skal særleg samle inn og analysere opplysningar som er fordelte på kjønn, om

    • a) under- og overskot av arbeidskraft på nasjonale og sektorvise arbeidsmarknader, med særleg vekt på dei mest sårbare gruppene på arbeidsmarknaden og dei regionane som er hardast råka av arbeidsløyse,

    • b) EURES-verksemd på nasjonalt plan og, dersom det er relevant, på tvers av landegrensene.

  • 2. Dei nasjonale samordningskontora skal ha ansvar for å dele tilgjengelege opplysningar innanfor EURES-nettverket og medverke til den felles analysen.

  • 3. Medlemsstatane skal gjennomføre den programplanlegginga som er nemnd i artikkel 31, samstundes som dei tek omsyn til utvekslinga av opplysningar og felles analyse slik det er nemnt i nr. 1 og 2 i denne artikkelen.

  • 4. Det europeiske samordningskontoret skal syte for praktiske ordningar for å lette utvekslinga av opplysningar mellom dei nasjonale samordningskontora og utarbeidinga av den felles analysen.

Artikkel 31

Programplanlegging

  • 1. Dei nasjonale samordningskontora skal utarbeide årlege nasjonale arbeidsprogram for verksemda til EURES-nettverket i dei respektive medlemsstatane sine.

  • 2. I dei årlege nasjonale arbeidsprogramma skal det opplysast om følgjande:

    • a) Den viktigaste verksemda som skal gjennomførast innanfor EURES-nettverket på nasjonalt plan og, dersom det er relevant, på tvers av landegrensene.

    • b) Dei samla menneskelege ressursane og økonomiske midlane som er tildelte for å gjennomføre verksemda.

    • c) Ordningar for å overvake, vurdere og, dersom det er naudsynt, oppdatere den planlagde verksemda.

  • 3. Dei nasjonale samordningskontora og Det europeiske samordningskontoret skal få høve til å gjennomgå alle utkast til nasjonale arbeidsprogram. Etter at den nemnde gjennomgåinga er avslutta, skal dei nasjonale arbeidsprogramma vedtakast av dei høvesvise nasjonale samordningskontora.

  • 4. Dei representantane for partane i arbeidslivet på unionsplan som deltek i samordningsgruppa, skal få høve til å uttale seg om utkasta til nasjonale arbeidsprogram.

  • 5. Ved hjelp av gjennomføringsrettsakter skal Kommisjonen vedta dei malane og framgangsmåtane som er naudsynte for å utveksle opplysningar om dei nasjonale arbeidsprogramma på unionsplan. Desse gjennomføringsrettsaktene skal vedtakast i samsvar med den rådgjevingsprosedyren som er nemnd i artikkel 37 nr. 2.

Artikkel 32

Datainnsamling og -analyse

  • 1. Medlemsstatane skal syte for at det finst framgangsmåtar for å samle inn data om følgjande område med EURES-verksemd som vert gjennomført på nasjonalt plan:

    • a) Informasjon og rettleiing frå EURES-nettverket ut ifrå kor mykje kontakt sakshandsamarane til EURES-medlemmene og -partnarane har med arbeidstakarar og arbeidsgjevarar.

    • b) Sysselsetjingsresultat, medrekna formidling og rekruttering som følgje av EURES-verksemd, på grunnlag av talet på ledige stillingar, jobbsøknader, CV-ar som er mottekne og handsama av sakshandsamarar frå EURES-medlemmene og -partnarane, og talet på arbeidstakarar som følgjeleg er vortne rekrutterte i ein annan medlemsstat, ut ifrå den kjennskapen sakshandsamarane har om dette eller på grunnlag av tilgjengelege undersøkingar.

    • c) Kor nøgde brukarane er med EURES-nettverket, målt mellom anna ved bruk av undersøkingar.

  • 2. Det europeiske samordningskontoret skal ha ansvaret for å samle inn data om EURES-portalen og for å utvikle samarbeidet om arbeidsformidling i medhald av denne forordninga.

  • 3. På grunnlag av dei opplysningane som er nemnde i nr. 1, og på dei områda med EURES-verksemd som er oppførte i det nemnde nummeret, skal Kommisjonen ved hjelp av gjennomføringsrettsakter vedta einsarta detaljerte spesifikasjonar for datainnsamling og -analyse for å overvake og vurdere verkemåten til EURES-nettverket. Desse gjennomføringsrettsaktene skal vedtakast i samsvar med den granskingsprosedyren som er nemnd i artikkel 37 nr. 3.

  • 4. Kommisjonen skal gjevast fullmakt til å vedta delegerte rettsakter i samsvar med framgangsmåten som er nemnd i artikkel 36, for å endre dei områda som er nemnde i nr. 1 i denne artikkelen, eller for i det same nummeret å leggje til andre område med EURES-verksemd som vert utført på nasjonalt plan innanfor ramma av denne forordninga.

Artikkel 33

Rapportar om EURES-verksemd

Samstundes som det vert teke omsyn til dei opplysningane som vert samla inn i medhald av dette kapittelet, skal Kommisjonen annakvart år sende Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein rapport om EURES-verksemda.

Inntil rapporten som er nemnd i artikkel 35, vert lagd fram, skal den rapporten som er nemnd i første leddet i denne artikkelen, innehalde ei statusoppdatering om bruken av denne forordninga.

Kapittel VI

Sluttføresegner

Artikkel 34

Vern av personopplysningar

Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, skal gjennomførast i samsvar med unionsretten som gjeld vern av personopplysningar, særleg direktiv 95/46/EF og dei tilhøyrande nasjonale gjennomføringstiltaka, og forordning (EF) nr. 45/2001.

Artikkel 35

Etterfølgjande vurdering

Kommisjonen skal innan 13. mai 2021 leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein etterfølgjande vurderingsrapport om bruken og verknadene av denne forordninga.

Framlegg til regelverk om endring av denne forordninga kan leggjast ved den nemnde rapporten.

Artikkel 36

Utøving av delegert fullmakt

  • 1. Fullmakta til å vedta delegerte rettsakter vert gjeven Kommisjonen med atterhald for dei vilkåra som er fastsette i denne artikkelen. Det er særleg viktig at Kommisjonen følgjer den vanlege praksisen sin og rådfører seg med sakkunnige, medrekna sakkunnige frå medlemsstatane, før han vedtek dei delegerte rettsaktene.

  • 2. Fullmakta til å vedta delegerte rettsakter som er nemnd i artikkel 32 nr. 4, skal gjevast Kommisjonen for ein periode på fem år frå 12. mai 2016. Kommisjonen skal utarbeide ein rapport om den delegerte fullmakta seinast ni månader før femårsperioden går ut. Den delegerte fullmakta skal lengjast stillteiande for periodar med same lengd, med mindre Europaparlamentet eller Rådet set seg imot ei slik lenging seinast tre månader før utgangen av kvar periode.

  • 3. Den delegerte fullmakta som er nemnd i artikkel 32 nr. 4, kan når som helst kallast tilbake av Europaparlamentet eller Rådet. Ei avgjerd om tilbakekalling inneber at den delegerte fullmakta som er oppført i avgjerda, sluttar å gjelde. Avgjerda tek til å gjelde dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen eller på eit seinare tidspunkt som er oppført i avgjerda. Ho rører ikkje ved rettskrafta til andre delegerte rettsakter som alt har teke til å gjelde.

  • 4. Så snart Kommisjonen vedtek ei delegert rettsakt, skal han melde frå om dette samstundes til Europaparlamentet og Rådet.

  • 5. Ei delegert rettsakt som vert vedteken i medhald av artikkel 32 nr. 4, skal ta til å gjelde berre dersom Europaparlamentet eller Rådet ikkje har gjort innvendingar innan to månader etter at rettsakta er meld til Europaparlamentet og Rådet, eller dersom både Europaparlamentet og Rådet, før den nemnde fristen går ut, har meldt frå til Kommisjonen om at dei ikkje vil gjere innvendingar. Etter initiativ frå Europaparlamentet eller Rådet vert denne fristen lengd med to månader.

Artikkel 37

Utvalsprosedyre

  • 1. Kommisjonen skal få hjelp av det EURES-utvalet som er oppnemnt ved denne forordninga. Det nemnde utvalet skal vere eit utval slik det er fastsett i forordning (EU) nr. 182/2011.

  • 2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 i forordning (EU) nr. 182/2011 nyttast.

  • 3. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 5 i forordning (EU) nr. 182/2011 nyttast.

Artikkel 38

Endring av forordning (EU) nr. 1296/2013

  • 1. I forordning (EU) nr. 1296/2013 vert det gjort følgjande endringar:

    • a) Artikkel 23 vert oppheva.

    • b) I artikkel 24 skal nr. 2 lyde:

      • «2. Programdelen EURES skal være åpen for alle organer, aktører og institusjoner som er utpekt av en medlemsstat eller av Kommisjonen, og som oppfyller vilkårene for å delta i EURES som angitt i europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/58921. Disse organene, aktørene og institusjonene skal særlig omfatte

        • a) nasjonale, regionale og lokale myndigheter,

        • b) arbeidsformidlinger,

        • c) partene i arbeidslivets organisasjoner og andre berørte parter.»

  • 2. Tilvisingar til den oppheva føresegna, som er nemnd i nr. 1 bokstav a), skal forståast som tilvisingar til artikkel 29 i denne forordninga.

  • 3. Nr. 1 bokstav b) i denne artikkelen skal ikkje røre ved søknader om finansiering i medhald av forordning (EU) nr. 1296/2013 som er sende inn før 12. mai 2016.

Artikkel 39

Endringar av forordning (EU) nr. 492/2011

  • 1. I forordning (EU) nr. 492/2011 vert det gjort følgjande endringar:

    • a) Artikkel 11 og 12, artikkel 13 nr. 2, artikkel 14–20 og artikkel 38 vert oppheva.

    • b) Artikkel 13 nr. 1 vert oppheva med verknad frå 13. mai 2018.

  • 2. Tilvisingar til dei oppheva føresegnene skal forståast som tilvisingar til denne forordninga og lesast i samsvar med jamføringstabellen i vedlegg II.

Artikkel 40

Overgangsføresegner

Organisasjonar som 12. mai 2016 vert utpeikte som «EURES-partnarar» i samsvar med artikkel 3 bokstav c) i gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU, eller som yter tenester i avgrensa omfang som «assosierte EURES-partnarar» i samsvar med artikkel 3 bokstav d) i den nemnde avgjerda, kan inntil 13. mai 2019 få unntak frå artikkel 11 i denne forordninga og delta som EURES-medlemmer i samsvar med artikkel 7 nr. 1 bokstav c) ii) i denne forordninga, eller som EURES-partnarar i samsvar med artikkel 7 nr. 1 bokstav d) i denne forordninga, så framt dei pliktar seg til å oppfylle dei relevante pliktene i medhald av denne forordninga. Dersom ein av desse organisasjonane ønskjer å delta som EURES-partnar, skal organisasjonen gje det nasjonale samordningskontoret melding om kva oppgåver han kjem til å utføre i medhald av artikkel 11 nr. 4 i denne forordninga. Det relevante nasjonale samordningskontoret skal melde frå til Det europeiske samordningskontoret om dette. Etter at overgangsperioden er avslutta, kan dei organisasjonane som det gjeld, sende inn ein søknad om å vere med vidare i EURES-nettverket, i samsvar med artikkel 11 i denne forordninga.

Artikkel 41

Ikraftsetjing

  • 1. Denne forordninga tek til å gjelde den 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

  • 2. Artikkel 12 nr. 3 og artikkel 17 nr. 1–7 skal nyttast frå 13. mai 2018.

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Strasbourg 13. april 2016.

For Europaparlamentet

For Rådet

M. SCHULZ

J.A. HENNIS-PLASSCHAERT

President

Formann

Vedlegg I

Felles minstekriterium

(som nemnt i artikkel 10 nr. 2 og artikkel 11 nr. 2)

Avsnitt 1

Yting av tenester

  • 1. Plikt til å ha på plass eigna ordningar og framgangsmåtar for å kontrollere og sikre at gjeldande arbeidsnormer og lovfesta krav vert etterlevde fullt ut, samstundes som det vert teke omsyn til eventuelle eksisterande lisens- og godkjenningsordningar for andre arbeidsformidlingar enn dei offentlege arbeidsformidlingane ved yting av tenester, medrekna gjeldande personvernlovgjeving og eventuelle krav og standardar med omsyn til kvaliteten på data om ledige stillingar.

  • 2. Evne og påvist kapasitet til å tilby arbeidsformidlingstenester og/eller støttetenester, slik det er nemnt i denne forordninga.

  • 3. Evne til å yte tenester gjennom ein eller fleire lett tilgjengelege kanalar, i det minste gjennom tilgang til ein nettstad for organisasjonen.

  • 4. Evne og kapasitet til å vise arbeidstakarar og arbeidsgjevarar til andre EURES-medlemmer og -partnarar og/eller organ som har sakkunnskap om fri rørsle for arbeidstakarar.

  • 5. Stadfesting av at prinsippet om fri tenesteyting for arbeidstakarar vert etterlevd i samsvar med artikkel 21 nr. 3 andre leddet.

Avsnitt 2

Deltaking i EURES-nettverket

  • 1. Evne og plikt til å sikre påliteleg levering av data til rett tid, slik det er nemnt i artikkel 12 nr. 6.

  • 2. Plikt til å følgje dei tekniske standardane og formata for arbeidsformidling og utveksling av opplysningar i samsvar med denne forordninga.

  • 3. Evne og plikt til å medverke til programplanlegginga og rapporteringa til det nasjonale samordningskontoret, i tillegg til å gje opplysningar til kontoret om ytinga av tenester og om dei resultata som er oppnådde i samsvar med denne forordninga.

  • 4. Tildeling av eller plikt til å sikre tildeling av høvelege menneskelege ressursar til dei høvesvise oppgåvene som skal utførast.

  • 5. Plikt til å sikre at personalet oppfyller kvalitetsstandardane, og til å melde dei på dei relevante modulane i det felles opplæringsprogrammet som er nemnt i artikkel 8 nr. 1 bokstav a) iii).

  • 6. Plikt til å nytte EURES-varemerket berre til tenester og verksemd som gjeld EURES-nettverket.

Vedlegg II

Jamføringstabell

Forordning (EU) nr. 492/2011

Denne forordninga

Artikkel 11 nr. 1 første leddet

Artikkel 30 nr. 1 bokstav a)

Artikkel 11 nr. 1 andre leddet

Artikkel 9 nr. 2 bokstav b) og d), artikkel 9 nr. 3 og artikkel 13

Artikkel 11 nr. 2

Artikkel 9 og 10

Artikkel 12 nr. 1

Artikkel 12 nr. 2

Artikkel 12 nr. 3 første leddet

Artikkel 9 nr. 4

Artikkel 12 nr. 3 andre leddet

Artikkel 18 nr. 1 og 2

Artikkel 13 nr. 1

Artikkel 12 nr. 3 og artikkel 17 nr. 1–6

Artikkel 13 nr. 2

Artikkel 17 nr. 7 og 8

Artikkel 14 nr. 1

Artikkel 14 nr. 2

Artikkel 14 nr. 3

Artikkel 15 nr. 1

Artikkel 10 nr. 1 og 2, artikkel 12 nr. 1–3 og artikkel 13

Artikkel 15 nr. 2

Artikkel 9 nr. 3 bokstav a) og artikkel 10 nr. 1

Artikkel 16

Artikkel 17 nr. 1

Artikkel 30

Artikkel 17 nr. 2

Artikkel 16 nr. 6

Artikkel 17 nr. 3

Artikkel 33

Artikkel 18

Artikkel 7 nr. 1 bokstav a)

Artikkel 19 nr. 1

Artikkel 8

Artikkel 19 nr. 2

Artikkel 20

Artikkel 8 nr. 1 bokstav a) iii) og v) og artikkel 9 nr. 3 bokstav b)

Artikkel 38

Fotnoter

1.

TEU C 424 av 26.11.2014, s. 27.

2.

TEU C 271 av 19.8.2014, s. 70.

3.

Haldning frå Europaparlamentet av 25. februar 2016 (enno ikkje offentleggjord i TEU) og rådsavgjerd av 15. mars 2016.

4.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle for arbeidstakarar innanfor Unionen (TEU L 141 av 22.7.2011, s. 1).

5.

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU av 26. november 2012 om gjennomføring av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 med omsyn til arbeidsformidling og vidareføring av EURES (TEU L 328 av 28.11.2012, s. 21).

6.

Sjå særleg Domstolens dom av 3. juli 1986, Debora Lawrie-Blum mot Land Baden Württemberg, C-66/85, ECLI:EU:C:1986:284 nr. 16 og 17, dom av 21. juni 1988, Steven Malcolm Brown mot The Secretary of State for Scotland, C-197/86, ECLI:EU:C:1988:323 nr. 21, og dom av 31. mai 1989, I. Bettray mot Staatssecretaris van Justitie, C-344/87, ECLI:EU:C:1989:226 nr. 15 og 16.

7.

Domstolens dom av 19. november 2002, Bülent Kurz, fødd Yüce, mot Land Baden Württemberg, C-188/00, ECLI:EU:C:2002:694.

8.

Domstolens dom av 26. februar 1992 M. J. E. Bernini mot Minister van Onderwijs en Wetenschappe, C-3/90, ECLI:EU:C:1992:89, og dom av 17. mars 2005 Karl Robert Kranemann mot Land Nordrhein-Westfalen, C-109/04, ECLI:EU:C:2005:187.

9.

Sjå særleg Domstolens dom av 3. juni 1986, R. H. Kempf mot Staatssecretaris van Justitie, C-139/85, ECLI:EU:C:1986:223 nr. 13.

10.

Domstolens dom av 26. februar 1991, The Queen mot Immigration Appeal Tribunal, ex parte Gustaff Desiderius Antonissen, C-292/89, ECLI:EU:C:1991:80.

11.

TEU C 88 av 27.3.2014, s. 1.

12.

Europaparlaments- og rådsbeslutning nr. 573/2014/EU av 15. mai 2014 om økt samarbeid mellom offentlige arbeidsformidlinger (TEU L 159 av 28.5.2014, s. 32).

13.

Rådsforordning (EF) nr. 207/2009 av 26. februar 2009 om fellesskapsvaremerket (TEU L 78 av 24.3.2009, s. 1).

14.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/54/EU av 16. april 2014 om tiltak for å lette utøvelsen av arbeidstakeres rettigheter i forbindelse med fri bevegelighet for arbeidstakere (TEU L 128 av 30.4.2014, s. 8).

15.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1296/2013 av 11. desember 2013 om Den europeiske unions program for sysselsetting og sosial nyskaping (EaSI) og om endring av beslutning nr. 283/2010/EU om opprettelse av den europeiske mikrofinansieringsordningen Progress til fordel for sysselsetting og sosial integrasjon (EUT L 347 av 20.12.2013, s. 238).

16.

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 883/2004 av 29. april 2004 om koordinering av trygdeordninger (TEU L 166 av 30.4.2004, s. 1).

17.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 95/46/EF av 24. oktober 1995 om vern av fysiske personer i forbindelse med behandling av personopplysninger og om fri utveksling av slike opplysninger (TEF L 281 av 23.11.1995, s. 31).

18.

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 45/2001 av 18. desember 2000 om personvern i forbindelse med behandling av personopplysninger i Fellesskapets institusjoner og organer og om fri utveksling av slike opplysninger (TEF L 8 av 12.1.2001, s. 1).

19.

TEU C 222 av 12.7.2014, s. 5.

20.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 182/2011 av 16. februar 2011 om fastsettelse av allmenne regler og prinsipper for medlemsstatenes kontroll med Kommisjonens utøvelse av sin gjennomføringsmyndighet (TEU L 55 av 28.2.2011, s. 13).

21.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, og om endring av forordning (EU) nr. 492/2011 og (EU) nr. 1296/2013 (TEU L 107 av 22.4.2016, s. 1).

Til forsiden