1 Innleiing
Regjeringa legg i denne proposisjonen fram forslag om naudsynte endringar av løyvingane under programområde 04 Militært forsvar, for å skapa best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan budsjettet vart vedtatt.
Regjeringa foreslår endringar av teknisk karakter mellom kapittel og postar i forsvarsbudsjettet knytt til flyttingar av oppgåver og ansvar som er gjennomført den siste tida. Vidare er det foreslått endringar av inntekter som til dels har ei motsvarande utgiftsside. Regjeringa legger også fram forslag til endringar for å handtera oppdukkande behov som er strengt naudsynt å handtera med flyttingar innanfor den eksisterande løyvinga frå Stortinget. Vidare foreslår regjeringa å auka løyvinga til den særskilte kompensasjonsordninga for psykiske belastningsskadar som følge av at deltaking i internasjonale operasjonar sidan fleire har blitt innvilga erstatningar enn kva som vart lagt til grunn tidlegare.
Vidare foreslår regjeringa ein auke i løyvinga til Redningshelikoptertenesta for meirutgifter i 2025 på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett. Midlane vert til dels dekka inn gjennom ei rammeoverføring frå Forsvarsdepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett. Sjå nærmare omtale under kap. 1760, post 45 og kap. 1791, post 01.
I denne proposisjonen foreslår regjeringa tekniske endringar i løyvinga til militær støtte til Ukraina. Endringane har til føremål å plassera midlane på dei kapittel og postar der dei vert nytta.
I tillegg foreslår regjeringa å avslutta oppfølginga av oppmodningsvedtak nr. 576 (2016–2017) om lovheimel for å ivareta rettane til fangar.