3 Interne endringar på kap. 1720 Forsvaret

Tabellen under viser interne endringar under kap. 1720, post 01 og post 71, foreslått i Forsvaret sin plan i tillegg til fordeling av lønskompensasjon 2 for 2025. I samband med ny kapittelstruktur på forsvarsbudsjettet frå 2021, der alle forsvarsgreinene og andre sjølvstendige einingar i Forsvaret, med unntak av kap. 1735 Etterretningstenesta og kap. 1791 Redningshelikoptertenesta, vart samla under nytt kap. 1720 Forsvaret, vert Stortinget informert om dei største endringane internt på kapittelet.

Tabell 3.1 

(i 1 000 kroner)

Forsvaret sin interne fordeling

Saldert budsjett 2025

RNB 2025

Lønskomp. 2 for 2025

Foreslått endring kapittelintern

Samla tildeling

Cyberforsvaret

3 175 749

120 660

41 493

76 493

3 414 395

Forsvarets fellestenester

1 308 804

11 036

21 226

-4 206

1 336 859

Forsvarets høgskole

1 190 926

113 083

22 621

10 321

1 336 951

Forsvarets logistikkorganisasjon

5 145 601

4 234

36 602

13 950

5 200 387

Forsvarets operative hovudkvarter

760 307

251 692

11 831

-19 374

1 004 456

Forsvarets personell- og vernepliktssenter

1 763 619

218 707

60 849

33 501

2 076 676

Forsvarets spesialstyrkar

1 395 619

216 488

25 728

97 736

1 735 572

Forsvarets sanitet

463 282

-16 486

10 632

3 950

461 378

Heimevernet

3 035 421

221 380

29 563

-297 328

2 989 037

Hæren

8 100 374

951 603

136 250

816 738

10 004 965

Luftforsvaret

9 822 227

497 614

104 574

75 987

10 500 401

Sjøforsvaret

5 982 322

719 171

85 682

30 191

6 817 367

Norske styrker i utlandet

1 179 076

-1 178 995

0

81

Kystvakta

1 674 280

-21 236

15 938

109 064

1 778 045

Forsvarsstaben

1 591 118

1 396 775

9 868

-194 198

2 803 563

Sum kap. 1720

46 588 725

3 505 726

612 856

752 825

51 453 686

Nedanfor vert dei største interne endringane skildra:

3.1 Hæren

  • 8,8 mill. kroner – omfordeling av midlar til cyberteknikarar.

  • 5,7 mill. kroner – omfordeling av midlar til fellesøvingar frå Forsvarets operative hovudkvarter.

  • -30,0 mill. kroner – midlar satt av til ny godtgjeringsmodell for reservistar for 2025 som er forsinka. Midlar vert fordelte tilbake til Forsvarsstaben i 2025.

3.2 Sjøforsvaret – Kystvakta

  • -9,0 mill. kroner – reduksjon av utgifter som følge av lågare drivstoffpris.

3.3 Luftforsvaret

  • 22,3 mill. kroner – fordeling av midlar avsett til årsverksoppbygging. Midlar vert fordelte frå Forsvarsstaben.

  • 8,8 mill. kroner – fordeling til tiltak innan Chemical, Biological, Radiological and Nuclear (CBRN). Midlar vert fordelte frå Forsvarsstaben.

  • -6,2 mill. kroner – reduksjon av utgifter som følge av lågare drivstoffpris.

  • -76,0 mill. kroner – reduksjon av utgifter som følge av valutakursendringar.

3.4 Heimevernet

  • -260,0 mill. kroner – midlar satt av til ny godtgjeringsmodell for reservistar for 2025 som er forsinka. Midlar vert fordelte tilbake til Forsvarsstaben i 2025.

3.5 Andre større endringar på kapittel 1720

  • 351,0 mill. kroner – utgifter til pensjon vert fordelt til rett driftseining frå avsetjing hjå Forsvarsstaben.

  • 117,4 mill. kroner – fordeling av midlar til vedlikehaldsorganisasjon som vert flytta til driftseiningane frå avsetjing hjå Forsvarsstaben.

  • 75,9 mill. kroner – omfordeling av midlar i løns- og insentivprosjektet frå Forsvarsstaben til områdetillegg og fjernklientar.

  • 12,4 mill. kroner – midlar til Forsvarets logistikkorganisasjon til løyvingsfinansiert reinhald. Midlar vert omfordelte frå Hæren og Heimevernet.

  • -373,1 mill. kroner – reduksjon av energiutgifter vert samla frå driftseiningar.