Prop. 21 S (2021–2022)

Endringar i statsbudsjettet 2021 under Justis- og beredskapsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 3410 Domstolene

Post 01 Rettsgebyr

Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med sivile saker, skjønn, skifte, konkurs, tvangsforretningar m.m. I tillegg blir det ført gebyr frå Registereininga i Brønnøysund på posten. Pandemien har ført til ein markant nedgang i talet på behandla konkurssaker. På bakgrunn av dette og rekneskapstal blir det foreslått å redusere løyvinga med 50 mill. kroner.

Post 02 Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene

Løyvinga på posten omfattar inntekter ved at partane i saka betaler gebyr. Det er forventa ein reduksjon i saks- og gebyrinntektene i 2021. På bakgrunn av dette og rekneskapstal foreslår departementet å redusere løyvinga med 3,1 mill. kroner.

Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, enkelte sakkunnige, vitne, rettsvitne m.m. og reiseutgiftene deira. Vidare dekker løyvinga utgifter til tolkar i sivile saker der partane har krav på tolk. Løyvinga på posten dekker òg utgifter til vitne som møter hos eller på annan måte gir forklaring til Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, og utgifter til nødvendige blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2021 foreslår departementet å auke løyvinga med 6,3 mill. kroner.

Kap. 430 Kriminalomsorgen

Post 01 Driftsutgifter

Departementet har i 2021 fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 03 og post 04.

Oppgradering av IKT-system for skuleverksemd i fengsel

Departementet foreslår å auke løyvinga med 13,3 mill. kroner under kap. 430, post 01, mot ein tilsvarande auke under kap. 3430, post 03. Sjå også omtale under kap. 3430, post 03. Løyvinga skal nyttast til oppgradering av «desktop for skolen», som er eit IKT-system for innsette som får skuleopplæring i fengsel.

Utgifter til internasjonalt arbeid

Departementet foreslår òg å auke løyvinga med 20 mill. kroner under kap. 430, post 01, mot ein tilsvarande auke under kap. 3430, post 04. Sjå også omtale under kap. 3430, post 04.

Husleige for Agder fengsel

Statsbygg har gjort ei ny husleigeberekning basert på siste estimat av sluttprognosen for Agder fengsel. Estimatet viser ein betydeleg reduksjon i årleg husleige, og husleiga er derfor sett ned med 40,7 mill. kroner i 2021. Den nye husleigeberekninga viste også at Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) har betalt 32 mill. kroner for mykje i husleige i 2020 som har blitt refundert i 2021.

Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 430, post 01, med 72,7 mill. kroner på grunn av ny husleigeberekning for 2020 og 2021.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 430, post 01, med 39,4 mill. kroner.

Post 60 Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overføres

Løyvinga på posten dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslating frå forvaring og varetektssurrogat. Det er domstolane som avgjer prøvelauslatingar frå forvaring for opphald i institusjon eller kommunal bustad.

Oppdatert prognose tilseier meirforbruk under posten i 2021 på 7,5 mill. kroner.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 430, post 60, med 7,5 mill. kroner.

Kap. 3430 Kriminalomsorgen

Post 03 Andre inntekter

Inntektene på posten omfattar blant anna leigeinntekter for teneste- og leigebustader, refundert kost og husleige, klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadene og tilskot frå andre offentlege verksemder til gjennomføring av prosjekt.

Inntektene under posten er venta å bli 13,3 mill. kroner høgare enn saldert budsjett 2021. Dei auka inntektene kjem som følgje av auka inntekter frå Vestland fylkeskommune til oppgradering av «desktop for skolen», som er eit IKT-system for innsette som får skuleopplæring i fengsel.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 13,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 430, post 01.

Post 04 Tilskudd

Inntektene på posten omfattar tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid under EØS-finansieringsmekanismane. Posten omfattar òg inntekter frå prosjekt der kriminalomsorga får tilskot til å gjennomføre prosjekt i samarbeid med internasjonale organisasjonar eller andre land.

Inntekta under posten er venta å bli 20 mill. kroner høgare enn saldert budsjett 2021. Inntekta under posten kjem i hovudsak frå midlar frå Utanriksdepartementet som er knytte til NORLAUs arbeid i Ukraina. I tillegg kjem ein del av inntekta frå Financial Mechanism Office, knytt til koordinatorrollen for dei internasjonale prosjekta som er finansierte av Norway Grants, og frå midlar til dekning av kriminalomsorga sine utgifter knytte til organisasjonen AMEND sitt prosjekt i USA, som blir gjennomført i samarbeid med University of California.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 20 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 430, post 01.

Kap. 433 Konfliktråd

Post 01 Driftsutgifter

Departementet har i 2021 fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 433, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3433, post 02.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 220 000 kroner, mot ein tilsvarande auke under kap. 3433, post 02. Den auka løyvinga kjem som følgje av auka utgifter til Rusprosjektet, som blir drive av konfliktrådet i Trøndelag.

Kap. 3433 Konfliktråd

Post 02 Refusjoner

Inntektene på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene konfliktråda har i samband med kurs og konferansar. Inntektene på posten er venta å bli 220 000 kroner høgare enn budsjettert.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 220 000 kroner, mot ei tilsvarande auke under kap. 433, post 01.

Kap. 440 Politiet

Post 01 Driftsutgifter

Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3440, post 02, post 03 og post 04.

Forsvarets bistand til politiet knytt til grensekontroll

Forsvaret har meirutgifter som følgje av bistand til politiet til forsterka grensekontroll i samband med covid-19-pandemien ut over det som allereie er løyvd til formålet. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 38,4 mill. kroner for å dekke meirutgifter som følgje av forsterka grensekontroll. Utgiftene blir fakturerte av Forsvaret.

Grenseoppdraget – unntatt plikt om opphald på karantenehotell

Politiet har hatt meirutgifter som følgje av rolla som hjelpefunksjon i nærleiken av teststasjon i samband med unntak frå plikt om opphald på karantenehotell. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 7 mill. kroner. Meirbehovet er knytt til fleire polititilsette for rettleiing av dei reisande, auka kapasitet i grensekontrollen og organisering og drift på utvalde hjelpestasjonar ved dei største grenseovergangane.

Lågare etterspurnad etter pass

Som følgje av covid-19-pandemien har det vore lågare etterspurnad etter pass, og det er venta at den låge etterspurnaden vil fortsetje ut året. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 62,5 mill. kroner som følgje av reduserte utgifter til politiet, jf. omtale under kap. 3440, post 01.

Konsekvensar av ny våpenlov med forskrifter

Som følgje av ny våpenlov med forskrifter er det venta at det blir fleire saker å behandle for politiet. På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 440, post 01, med 5,5 mill. kroner som følgje av auka utgifter til politiet, jf. omtale under kap. 3440, post 01.

Lågare aktivitet i politiinnsats utført for organisasjonar, lag og offentlege etatar m.m.

Som følgje av redusert aktivitet i politiinnsats som er utført for organisasjonar, lag, entreprenørar og offentlege etatar, er det venta reduserte refusjonar. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 01, med 50 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 3440, post 02.

Færre oppdrag i samband med vakthald m.m.

Som følgje av færre oppdrag i samband med vakthald på festivalar, konsertar og fotballkampar osv. er det venta reduserte refusjonar. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 01, med 20 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 3440, post 03.

Styrking av Grensekommissariatet

Det er behov for ei stilling og utstyr hos Grensekommissariatet i 2021. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 448, post 01, med 345 000 kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 440, post 01.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 01, med 81,9 mill. kroner.

Post 25 Variable utgifter ved ankomst, mottak og retur i politiets utlendingsforvaltning

Løyvinga på posten dekker dei variable utgiftene til retur av tidlegare asylsøkarar med avslag og bort- og utviste personar etter utlendingslova.

Som følgje av låg aktivitet er talet på transporteringar etter utlendingslova redusert samanlikna med tidlegare anslag. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 70 mill. kroner.

Post 73 Tilskudd til EUs grense- og visumfond, kan overføres

Løyvinga på posten dekker utgifter knytte til internasjonale forpliktingar, medrekna bl.a. utbetalingar til EUs grense- og visumordning, Det europeiske byrået for operativ forvaltning av store IT-system på området for fridom, tryggleik og rettferd (eu-LISA) og Det europeiske grense- og kystvaktbyrået (Frontex).

Utbetalingane på posten blir utførte når fakturaer for dei internasjonale forpliktingane blir mottekne. Det er uvisst om alle fakturaer som er budsjetterte for 2021, vil bli mottekne i inneverande år. Departementet foreslår derfor at posten blir tilføydd stikkordet «kan overføres».

Kap. 3440 Politiet

Post 01 Gebyr – pass og våpen

Løyvinga på posten dekker inntekter frå behandlingsgebyr for pass og våpenløyvingar.

Lågare etterspurnad etter pass

Gebyrinntektene er venta å gå ned fordi det er produsert færre pass i 2021. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 3440, post 01, med 56 mill. kroner, mot å redusere løyvinga på kap. 440, post 01, med 62,5 mill. kroner.

Konsekvensar av ny våpenlov med forskrifter

Gebyrinntektene er venta å gå opp fordi det blir fleire saker å behandle for politiet som følgje av ny våpenlov med forskrifter, jf. omtale under kap. 440, post 01. På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 3440, post 02, med 5,5 mill. kroner.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 3440, post 02, med 50,5 mill. kroner.

Post 02 Refusjoner mv.

Som følgje av rekneskapstal og venta utvikling i 2021 er det venta mindre refusjonar i politietaten i 2021. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 50 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.

Post 03 Salgsinntekter

Som følgje av rekneskapstal og venta utvikling i 2021 er det venta mindre salsinntekter i politietaten i 2021. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 20 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.

Post 06 Gebyr – utlendingssaker

Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring, arbeidsløyve, utdanningsløyve og permanent opphaldsløyve. På bakgrunn av lågare prognosar for søknader om permanent opphaldsløyve og endra prognosar for del av søknader om statsborgarskap som gjeld barn, som ikkje betaler gebyr, foreslår departementet å redusere løyvinga med 13,1 mill. kroner.

Post 07 Gebyr – sivile gjøremål

Løyvinga på posten dekker gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet, det vil seie gebyr frå tvangsforretningar og forliksrådsbehandling. Som følgje av at namsmannen har arbeidd ned restansar i utleggsforretningar og ein nedgang i talet på utleggsforretningar og forliksrådssaker, blir det foreslått å redusere løyvinga på posten med 150 mill. kroner.

Post 08 Refusjoner fra EUs grense- og visumfond

Posten dekker refusjonar frå EUs grense- og visumfond. Refusjonsutbetalingane vil variere frå år til år, og baserer seg på dokumentert forbruk frå støttemottakarar. Midlane blir derfor forskoterte over statsbudsjettet over kap. 440, post 48.

Det er forventa eit lågare tal på refusjonar frå fondet i 2021 enn opphavleg budsjettert. Seinka refusjonar vil bli utbetalte frå EU seinare år. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 5,7 mill. kroner.

Kap. 444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

Post 01 Driftsutgifter, kan overføres

Løyvinga på posten dekker driftsutgifter for Den sentrale eininga (DSE) i PST i tillegg til enkelte utgifter knytte til drifta av dei lokale PST-einingane i politidistrikta. Innkjøpsprosessar for fleire utviklingsprosjekt er forseinka bl.a. som følgje av covid-19-pandemien, noko som fører til forsinkelser, og det er uvisst når utbetalingane vil skje. Departementet foreslår derfor at posten blir tilføydd stikkordet «kan overføres».

Kap. 446 Den militære påtalemyndighet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter til lønn og andre driftsutgifter. Som følgje av rekneskapstal og venta utvikling i 2021 er det venta at det blir mindrebehov på Generaladvokatembetets budsjett. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 200 000 kroner.

Kap. 448 Grensekommissæren

Post 01 Driftsutgifter

Det er behov for ei stilling og utstyr hos Grensekommissariatet i 2021. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 440, post 01, med 345 000 kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 448, post 01.

Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Post 01 Driftsutgifter

Reduserte inntekter for skule- og kursverksemder

På grunn av covid-19-pandemien er aktiviteten ved kurs- og skuleverksemdene under DSB redusert, og dette gir ein reduksjon i variable kostander for verksemdene.

Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 800 000 kroner.

EUs ordning for sivil beredskap (UCPM) – programperiode 2021–2027

Regjeringa viser til at Stortinget i statsbudsjettet for 2021 har løyvd 37,2 mill. kroner til kontingent i 2021 for deltaking i EUs ordning for sivil beredskap (UCPM) for programperioden 2021–2027, jf. Prop. 1 S (2020–2021), Innst. 6 S (2020–2021); jf. òg vedtak 1160 om innlemming i EØS-avtalen av ein forordning om EUs ordning for sivil beredskap (2021–2027), jf. Prop. 180 S (2020–2021), Innst. 631 S (2020–2021).

Utanriksdepartementet betaler dei årlege kontingentane for Noregs deltaking i EU-programma, og har no fått grunnlaget for innbetalingar av EU-kontingentar for 2021. Kontingenten i 2021 for deltaking i EUs ordning for sivil beredskap blir 58,5 mill. kroner.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 15,3 mill. kroner til dekning av auka nivå på kontingenten i 2021.

Samlokalisering av politiet sin operasjonssentral og brannvesenet sin 110-sentral

I Saldert budsjett 2021 er det lagt til rette for gjennomføring av samlokalisering av politiet sin operasjonssentral og brannvesenet sin 110-sentral i Tromsø. Prosjektet er utsett som følgje av ein ny dialog med helsesektoren.

Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 10,2 mill. kroner.

Prosjekt for oppgradering av brann- og redningsvesenet sine kontrollrom

Oppgraderinga «Midlife Upgrade» for brann- og redningsvesenet sine kontrollrom er finansiert av DSB og dei kommunale 110-sentralane for å sikre at kontrollromma har rett og sikkert utstyr. Det er venta ein kostnad på 14,2 mill. kroner i 2021, som i sin heilskap skal dekkast av dei kommunale 110-sentralane.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 14,2 mill. kroner, mot ei tilsvarande endring på kap. 3451, post 02.

Utstyr i Sivilforsvaret

Løyvinga på posten vart i tråd med Innst. 6 S (2020–2021) auka med 25 mill. kroner i 2021 til regional styrking av Sivilforsvaret. Covid-19-pandemien har gjort det krevjande å gjennomføre meir øving og utdanning i distrikta, og det er derfor større nytte i å anskaffe utstyr for å redusere materiell-etterslepet.

Departementet foreslår på bakgrunn av dette å redusere løyvinga med 25 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 451, post 45.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 451, post 0,1 med 6,5 mill. kroner.

Post 22 Spesielle driftsutgifter – Nødnett, kan overføres

Løyvinga på posten dekker utgifter til drift og vedlikehald og mindre utgifter til utvikling og investering i Nødnett og tilhøyrande tenester. Abonnementsavgifta blir fakturert kundane i Nødnett, og inntektene blir førte på kap. 3451, post 05, Abonnementsinntekter og refusjoner Nødnett.

Utgifter på vegner av Nødnett-brukarane

Løyvinga gjeld utgifter til bl.a. kontrollromsutstyr, utgifter til innandørsdekning utover kontrakten og tunelldekning, som t.d. Statens vegvesen kjøper. Kostnadene blir i sin heilskap dekte av brukarane, med inntektsføring på post 05. Brukarane har anskaffa meir over DSBs kontraktar enn budsjettert.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 12 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 3451, post 05.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga dekker utgifter knytte til større investeringar i Nødnett og til tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet på vegner av brukarane. Utgifter på vegner av brukarane blir dekte inn av refusjonar på kap. 3451, post 04. Vidare dekker løyvinga utgifter til større utstyrsanskaffingar til Sivilforsvaret.

Materiellinvesteringar for auka operativ evne i Sivilforsvaret

Sivilforsvaret er den primære sivile statlege forsterkingsstyrken for uønska hendingar i fredstid, og Sivilforsvaret er trena og har utstyr slik at dei kan støtta politi, brannvesen og medisinsk personell ved større ulukker og naturkatastrofar. Ekstremvêr med etterfølgjande flaum, skred, skogbrann, migrasjon, pandemi og andre uønskte hendingar har ført til ei auke i talet på innsatsar for Sivilforsvaret. For å løysa sin primæroppgave må Sivilforsvaret ha ei betydeleg mengde materiell som må haldast ved like og oppdaterast. Etterslep i materiell, køyretøy, HMS-utstyr og dessutan den tekniske tilstanden til eksisterande utstyr og alder, utfordrar moglegheita til å gi forventa og relevant bistand ved større hendingar. For å ta unna ein del av det betydelege materielletterslepet som Sivilforsvaret har, og for å auke den operative evna gjennom fornying av materiell, vert det gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 25 mill. kroner til utstyrsinnkjøp i Sivilforsvaret, slik at Sivilforsvaret kan gje betre støtte i heile landet ved ulike hendingar.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 451, post 45 med 25 mill. kroner.

Departementet foreslår vidare å auke løyvinga på kap. 451, post 01 med 25 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 451 post 01, jf. omtale under kap. 451, post 01.

Investeringar på vegner av Nødnett-brukarane

Det er i budsjettet for 2021 berekna investeringar på vegner av brukarane på 75 mill. kroner, med tilsvarande refusjonar. Tilbakemelding frå brukarane tilseier noko lågare investeringar. Desse er berekna til 64 mill. kroner. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 11 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 3451, post 04.

Tryggleik i Nødnett

For 2020 og 2021 er det løyvd totalt 65 mill. kroner til tryggleikstiltak i Nødnett, fordelt på investeringar og driftskostnader. Marknaden for slike tenester har endra seg til å i mindre grad bestå av investeringar og i større grad bestå av teneste- og serviceløysingar enn tidlegare. Det vil seie ein lågare investeringskostnad, men høgare driftskostnader enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Samla kostander i kontraktsperioden er uendra, men løyvinga må omfordelast frå investeringar til drift. Departementet foreslår på bakgrunn av dette å redusere løyvinga med 22,7 mill. kroner. Det blir òg vist til forslag i Prop. 1 S (2021–2022) om auka løyving til drift for tiltaket.

Skjermingsverdige objekt

DSB har fått tildelt til saman 73 mill. kroner fordelte på budsjetta for 2019 og 2020 til forsterka sikring av skjermingsverdige objekt i Nødnett. Ubrukt løyving til formålet vart overført frå 2020 til 2021. Arbeidet er no nær ferdig, og DSBs berekningar viser eit estimert underforbruk på 36 mill. kroner. Det var knytt høg grad av uvisse til investeringa. Det vart derfor teke høgd for dette i forslaget til løyving gjennom avsetjing til uvisse kostnader. Mindreutgifta kjem av stram prosjektstyring og tett oppfølging av underleverandørar og av at delar av leveransen har hatt ein lågare kostnad enn opphavleg anteke.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 36 mill. kroner.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 451, post 45, med 19,7 mill. kroner.

Post 60 Refusjoner til kommunene og statsforvalterne mv., kan overføres

Løyvinga på posten dekker kommunane sine kostander i samanheng med karantenehotellordninga. Dette gjeld også enkelte meirutgifter kommunane har fått med heimel i sosialtenestelova som følgje av karantenehotellordninga. Kostnader som statsforvaltaren ev. har til pålagt utvida oppgåver i handteringa av karantenehotellordninga, blir òg dekte gjennom ordninga. Refusjonsordninga blir forvalta av DSB. Vidare dekker løyvinga DSB sine direktekostnader til understøtting av kommunane ved ei eventuell etablering av enkelte nasjonale kapasitetar, og statsforvaltarane sine kostnader ved ei eventuell utviding av oppgåver knytte til karantenehotellordninga. Løyvinga dekker òg UDI sine kostnader i samanheng med dispensasjonsordninga, som har gitt innreisande moglegheit til å søke om unntak frå karantenehotell av sterke velferdsomsyn og få ei avgjerd om dette i forkant av reisa.

Som følgje av innspel om kostnader hittil i 2021, anslag på uteståande krav og inngåtte plikter, er det anslått at løyvinga på posten kan reduserast med 1 480 mill. kroner, slik at ny løyving blir 2 503 mill. kroner. Det er uvisst om kommunane kjem til å sende krav om refusjon for alle kostnader i løpet av 2021. Det blir derfor foreslått at posten blir tilføydd stikkordet «kan overføres». Justis- og beredskapsdepartementet har i 2021 fullmakt til å overskride løyvinga med 850 mill. kroner. Noverande anslag for forbruk på posten tilseier at fullmakta ikkje vil bli brukt.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1 480 mill. kroner.

Kap. 3451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Post 02 Refusjoner driftsutgifter Nødnett

Løyvinga dekker refusjonar til DSB for enkelte driftskostnader til direktoratet som skal finansierast av ei brukarbetalingsordning.

Prosjekt for oppgradering av brann- og redningsvesenet sine kontrollrom

Departementet foreslår å auke løyvinga med 14,2 mill. kroner, mot ei tilsvarande endring på kap. 451, post 01, jf. nærmare omtale under kap. 451, post 01.

Post 03 Diverse inntekter

Løyvinga på posten består av inntekter i samband med kursverksemd ved Noregs brannskule, utleige av Sivilforsvarets anlegg og sal og bortleige av kursplassar og læremateriell m.m. ved skulane. Delar av inntektene kjem frå utnytting av ledig kapasitet ved Sivilforsvarets beredskaps- og kompetansesenter og anlegg.

Reduserte inntekter for skule- og kursverksemder

På grunn av covid-19-pandemien er aktiviteten ved kurs- og skuleverksemdene under DSB redusert. Inntektsnedgangen er berekna til 9 mill. kroner, fordelt på Noregs brannskule (NBSK) med 6,3 mill. kroner, Nasjonalt utdanningssenter for samfunnstryggleik og beredskap (NUSB) med 1,4 mill. kroner og Sivilforsvarets utdannings- og kompetansesenter (SFUKS) med 1,3 mill. kroner.

Kostnadene knytte til kursaktiviteten er hovudsakleg faste.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 9 mill. kroner.

Post 04 Refusjoner større utstyrsanskaffelser og vedlikehold Nødnett

Løyvinga omfattar refusjonar frå brukarar for investeringar og kjøp som brukarane bestiller gjennom avtalane DSB har med leverandørar av Nødnett. Utgiftene blir førte på kap. 451, post 45, og DSB fakturerer kundane for dette.

Tilbakemelding frå brukarane tilseier noko lågare investeringar, jf. omtale under kap. 451, post 45.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 11 mill. kroner.

Post 05 Abonnementsinntekter og refusjoner Nødnett

Løyvinga omfattar inntektene DSB har frå abonnementsordninga i Nødnett. Stortinget har i Innst. S nr. 4 (2004–2005), Innst. S. nr. 104 (2006–2007) og Innst. 371 S (2010–2011) slutta seg til at brukarane skal dekke driftsutgiftene.

Løyvinga dekker refusjonar for tenester og produkt som kundar av Nødnett blir tilbodne utover abonnementsordninga i Nødnett. Det inneber refusjonar for linjeleige til og drift av kommunikasjonssentralutstyr og refusjonar for drift og vedlikehald av nettverkskomponentar som blir bestilte og betalte av enkeltbrukarar. Vidare vil det i samband med utbygginga kunne komme utgifter for DSB som skal refunderast av leverandøren. Omfanget av desse refusjonane varierer.

Utgifter på vegner av Nødnett-brukarane

Departementet foreslår å auke løyvinga med 12 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 451, post 22, jf. omtale under kap. 451, post 22.

Abonnementsinntekter

Brukarbetaling for Nødnett skjer gjennom abonnementsordninga, med inntektsføring på kap. 3451, post 05. Det har vore ein jamn auke i brukarar i Nødnett.

Som følgje av dette blir det foreslått at løyvinga knytt til abonnementsinntekter på kap. 3451, post 05, blir auka med 10 mill. kroner.

Oppsummering

Departementet foreslår ein samla auke i løyvinga på posten med 22 mill. kroner.

Kap. 452 Sentral krisehåndtering

Post 01 Driftsutgifter

Justis- og beredskapsdepartementet viser til tilleggsløyvinga på posten i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021, jf. Innst. 600 S (2020–2021) og Prop. 195 S (2020–2021), til etableringa av graderte løysingar og graderte rom i Krisestøtteeininga (KSE).

Kostnadene blir lågare enn berekninga som blei lagd til grunn. Samstundes er andre kostnader òg reduserte som følgje av covid-19-pandemien.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2,6 mill. kroner.

Kap. 454 Redningshelikoptertjenesten

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter, i tillegg til ressursar til oppfølging av prosjektet. Løyvinga omfattar vidare ein tiltaksplan for Sea King-redningshelikopterflåten som skal bidra til å halde ved lag drift og god beredskap fram til dei nye redningshelikoptera er tekne i bruk. Det blir teke sikte på å setje i drift ein redningshelikopterbase i Tromsø i løpet av 2022. Løyvinga på posten dekker kostnader i samband med dette arbeidet.

Tiltaksplan for Sea King-redningshelikopterflåte

Sea King-helikoptera skal levere fleire flytimar på grunn av at innfasinga av dei nye redningshelikoptera er forseinka. Dette aukar kostnadene for vedlikehald av motorar og komponentar. I tillegg skal det gjennomførast vedlikehaldsprogram for levetidsforlenging av helikopter på enkelte skrog. Sidan ein del av desse kostnadene først kjem seinare, blir det foreslått å redusere løyvinga med 18 mill. kroner i 2021. Vidare vil driftskostnader for 2021 bli 77 mill. kroner lågare enn tidlegare berekna.

Prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 6,5 mill. kroner i samband med lågare utgifter enn budsjettert til konsulentar i prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter.

Oppsummering

Departementet foreslår å redusere løyvinga med til saman 101,5 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga på posten dekker investeringar i samband med kjøp av nye redningshelikopter og etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø.

Prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter

Enkelte tidspunkt for milestolpebetalingane for prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter er endra. Det er behov for å sette av mindre midlar til forventa tillegg og uspesifiserte kostnader. Saman med endringar i utgifter til m.a. helikopterleverandør, utsetjing av utbetring av landingsplassane ved sjukehus, eigedom, bygg og anlegg, oppgradering av IKT og andre mindre endringar i utbetalingar, fører dette til at kostnadene til prosjektet blir høgare enn forventa i 2021. Departementet foreslår å auke løyvinga med 116,9 mill. kroner.

Etablering av redningshelikopterbase i Tromsø

I samband med behandlinga av Innst. 600 S (2020–2021) vart løyvinga under kap. 454, post 45, auka med 8 mill. kroner til etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø. Det vart ved ein feil ikkje teke omsyn til at utgifter til oppgradering av hangar ikkje blir omfatta av nettoføringsordninga for statleg betalt meirverdiavgift. Dette medfører at mva.-utgifter må belastast og løyvast over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet. Departementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.

Oppsummering

Departementet foreslår å auke løyvinga med til saman 118,9 mill. kroner.

Kap. 455 Redningstjenesten

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap, til dømes helikopterselskap, frivillige redningsorganisasjonar, i konkrete redningstilfelle, vidare refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell m.m. Forbruket på posten er vanskeleg å berekne, sidan utgiftene varierer med talet på og omfanget av redningsaksjonar.

Det er eit auka behov på posten som følgje av hendingar som krev større bruk av sivile helikopter- og flyressursar enn tidligare, i tillegg til kostnader knytte til leirskredet på Gjerdrum. Refusjonar til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta har også auka utover vanleg prisutvikling.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 4 mill. kroner.

Kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter m.m.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker hovudsakleg utgifter til juridisk bistand i straffesakene til personar som har rett til advokatbistand i medhald av straffeprosesslova kap. 9 og 9 a. Dette er personar som har status som sikta eller tiltalte, som fornærma eller som pårørande av eller etterlatne etter den fornærma. Posten er regelstyrt. På bakgrunn av analysar av rekneskapstal og forventa utvikling i 2021 blir det foreslått å redusere løyvinga med 22,8 mill. kroner.

Kap. 469 Vergemålsordningen

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker godtgjersle og utgifter til verjer, jf. verjemålslova § 30. Posten dekker òg godtgjersle og utgifter til representantar for einslege mindreårige asylsøkarar i tillegg til nødvendige utgifter til tolk, jf. utlendingslova § 98 f.

Statsforvaltarane har dei siste åra i stor grad fasa ut bruken av advokatverje med timebetaling etter offentleg salærsats i saker som ikkje krev juridisk kompetanse. Samstundes har det vore reduksjon i talet på einslege mindreårige asylsøkarar. Dette har ført til lågare forbruk på posten. På bakgrunn av dette blir det foreslått å redusere løyvinga med 33 mill. kroner i 2021.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til advokat, sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakførsel etter reglane i rettshjelpslova. Fri sakførsel blir gitt i saker for domstolane og for særskilde forvaltningsorgan som fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, kontrollkommisjonen (for psykisk helsevern), smittevernnemnda m.m. I tillegg dekker løyvinga utgifter til advokat og rettshjelp i saker der det heilt eller delvis er løyvd fritt rettsråd etter reglane i rettshjelpslova. Fritt rettsråd er juridisk rådgiving i saker som ikkje er til behandling i domstolane eller eit anna organ.

Dei siste tre åra har det vore ein nedgang i belasta utgifter på dette kapittelet. På bakgrunn av analysar av rekneskapstal og forventa utvikling i 2021 blir det foreslått å redusere løyvinga med 70,6 mill. kroner.

Kap. 471 Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning

Post 71 Erstatningsansvar m.m., overlagsbevilgning

Posten blir belasta når staten blir dømd til, eller har inngått forlik om, å betale erstatning fordi staten er ansvarleg etter ulovfesta eller lovfesta erstatningsrettslege reglar. Posten blir òg belasta når staten betaler ut erstatning utan at det har oppstått usemje om erstatningsansvaret i desse sakene. Posten blir vidare nytta til å dekke sakskostnadene til ein motpart og forseinkingsrenter som har tilkomne fram til éin md. etter at ein dom vart rettskraftig.

Posten er regelstyrt. I samband med NAV-sakene er det utbetalt uvanleg mange små erstatningsbeløp i 2021. På bakgrunn av dette blir det foreslått å auke løyvinga med 27,7 mill. kroner.

Post 73 Stortingets rettferdsvederlagsordning

Løyvinga på posten dekker utbetalingar av rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsordninga er Stortingets eiga ordning der enkeltpersonar som har komme særleg uheldig ut i møte med det offentlege jamført med andre på same tid, kan søke om ein skjønnsmessig kompensasjon. Statens sivilrettsforvaltning er sekretariat for Stortingets utval for rettferdsvederlag.

Den gjennomsnittlege utbetalinga per sak er høgare i 2021. Det har samanheng med at det i 2020 vart behandla fleire saker med søknadsgrunnlag som gir grunnlag for høgare vederlag i den enkelte saka. Utvalet har justert vederlaget noko opp for enkelte sentrale søknadsgrunnlag. Denne utviklinga held òg fram i 2021. På bakgrunn av dette blir det foreslått å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner.

Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning

Post 70 Erstatning til voldsofre, overlagsbevilgning

Løyvinga på posten skal dekke erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova. Løyvinga på posten er regelstyrt.

Posten vart i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021 auka med 30 mill. kroner til lovendringa som vart fremma i mars 2021, der det vart foreslått ei øvre grense for valdsoffererstatning med tilbakeverkande kraft, og i tillegg 40 mill. kroner i ordinær anslagsendring. Det er per september 2021 utbetalt 40,5 mill. kroner til lovendringssakene. Kontoret for valdsoffererstatning (KFV) anslår at det framleis kan komme slike saker til utbetaling i 2021. I tillegg har erstatningsutbetalingane generelt auka på grunn av at ein høgare prosent av sakene enn anslått, blir innvilga. Med bakgrunn i dette blir det foreslått å auke løyvinga med 15 mill. kroner.

Kap. 475 Bobehandling

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker staten sitt ansvar for utgifter til konkursbehandling i tilfelle der buet eller den som ber om konkurs (rekvirenten), ikkje dekker utgiftene. Dette er regelstyrte utgifter etter konkurslova § 73. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2021 blir det foreslått å redusere løyvinga med 28,6 mill. kroner.

Kap. 480 Svalbardbudsjettet

Post 50 Tilskudd

Løyvinga skal nyttast til å dekke underskotet på svalbardbudsjettet, for å sikre at inntektene på svalbardbudsjettet er like store som utgiftene. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 480, post 50, med 14,7 mill. kroner. Når det gjeld sjølve svalbardbudsjettet, har departementet dette forslaget:

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 0005 Sysselmeisteren med 4,0 mill. kroner. 3,8 mill. kroner kjem av auka kostnader til husleige, og 250 000 kroner kjem av dekning av utgreiing av utviding av flyplass.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 0006 Sysselmeisterens transportteneste med 4,6 mill. kroner for å dekke auka utgifter til husleige på kap. 0005, 0011 og 0022, i tillegg til utgreiing av utviding av flyplass.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard med 276 000 kroner for å dekke auka kostnader til husleige.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 0018 Navigasjonsinnretningar, post 01 Drift og vedlikehald, med 1,0 mill. kroner. Utgiftene til drift og vedlikehald av navigasjonsinnretningar på og ved Svalbard har vore lågare enn det som vart løyvd i samband med Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 0019 Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen med 500 000 kroner for å sikre realistisk budsjettering.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard med 313 000 kroner for å dekke auka kostnader til husleige.

Departementet foreslår å auke kap. 3030 Skatter og avgifter, post 70 Skattar m.m., med 13,2 mill. kroner som følgje av høgare berekna skatteinntekter for 2021. Tilskotet til svalbardbudsjettet blir redusert tilsvarande, som ei parallelljustering.

Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Auka behov knytt til covid-19-tiltak: Ordning for kjærastebesøk

Det er eit auka behov på UDI (Utlendingsdirektoratet) sin driftspost knytte til ei ny oppgåve med å handtere søknader om kjærastebesøk som unntak frå covid-19-relaterte innreiserestriksjonar. Auka kostnader er forbundne med saksbehandling og IKT-tilpassingar for å kunne ta imot og handtere søknader, i tillegg til automatisering av søknadsbehandlinga for meir effektiv ressursbruk. Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 1,8 mill. kroner.

Auka behov på grunn av evakuering frå Afghanistan

UDI har nytta betydelege ressursar og ekstraordinært arbeid på å handtere sine oppgåver forbundne med evakueringa frå Afghanistan. Evakueringa førte til at UDI fekk ansvar for å ta imot evakuerte utlendingar og overføringsflyktningar og skaffe mellombels innkvartering til personar som vanlegvis ikkje skal i asylmottak. Det var ikkje planlagt for at det ville bli eit behov for å evakuere personar frå Afghanistan, noko som har medført at UDI har nytta 11,5 mill. kroner i auka utgifter til lønn. Det er anslått at det vil komme ytterlegare lønnskostnader på 3,2 mill. kroner i 2021. Det vil også vere auka utgifter til drift på 1,2 mill. kroner. Det har vore nødvendig for UDI å nedprioritere arbeidet med fleire ordinære oppgåver for å kunne handtere saksbehandling og praktiske forhold ved evakueringa.

Departementet foreslår å auke post 01 med 15,9 mill. kroner for å dekke kostnadene forbundne med evakueringa frå Afghanistan.

Auka refusjonar

Som følgje av auka refusjonar blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 1,0 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3490, post 05.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 490, post 01, med 18,7 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke utgifter staten har til drift av mottak for asylsøkarar, inkludert integreringsmottak.

Færre bebuarar med særskilde behov i asylmottak og reforhandla avtalar

Det er eit redusert behov for løyving knytt til at det er færre bebuarar med særskilde behov, og at enkelte avtalar har blitt reforhandla. Isolert sett inneber dette at behovet for løyving på posten blir redusert med 41,7 mill. kroner.

Auka behov knytt til evakuering frå Afghanistan

I samband med nedtrapping av utanlandsk militær aktivitet i Afghanistan oppstod det ei akutt krise, og det vart bestemt at ein skulle evakuere rundt 1 000 personar. Sjølv om ein del formelt hadde fått eit løyve som overføringsflyktning, var det gjort svært lite saksbehandling. Derfor vart det avgjort at alle skulle inn i mottakssystemet og få fullført si saksbehandling før busetjing i kommunane. Evakueringa har ført til eit auka behov for løyving knytt til innkvartering på 73,7 mill. kroner.

Smitteverntiltak i asylmottak

Sidan mars 2020 har UDI sett i verk fleire tiltak for å avgrense smitte og spreiing av covid-19 i asylmottaka. I hovudtrekk inneber iverksette tiltak auka mottakskapasitet for å sørgje for sosial distansering, redusere trongbudde kår og ha fasilitetar til isolasjon og karantene ved mottaka. Tiltaka for å avgrense smittespreiing medfører òg eit auka behov for bemanning og andre driftskostnader ved mottaka. Tiltaka er sette i verk med heimel i fullmakta gitt av Stortinget til å auke innkvarteringskapasiteten sjølv om det medfører eit auka løyvingsbehov over kap. 490, postane 21 og 60, jf. Innst. 16 S (2020–2021), romartalsvedtak V. Isolert sett inneber dette eit behov for å auke løyvinga på posten med 8,1 mill. kroner. Kostnadsoverslaget føreset at det ikkje skjer større smitteutbrot i mottak resten av året.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 490, post 21, med 40,1 mill. kroner.

Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og oversettelse

Løyvinga på posten dekker utgiftene UDI har i samband med tolking og omsetjing under behandlinga av asylsaker. Løyvinga skal òg dekke kvalitetssikringsarbeid i samband med intervju og omsetjingar.

I løyvinga for 2021 er det lagt til grunn at UDI skulle fatte 2 200 vedtak i asylsaker. Prognosen for talet på vedtak har blitt redusert til rundt 1 700 saker. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 490, post 22, med 2,4 mill. kroner.

Post 60 Tilskudd til vertskommuner for asylmottak

Vertskommunetilskotet skal dekke utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak og omsorgssenter i kommunen.

Redusert behov som følgje av reforhandling av avtalar

Sett bort frå utgifter knytte til evakueringa frå Afghanistan og covid-19-tiltak i mottak, kjem endringar på posten av oppdaterte prognosar på mottak i drift. Det blir utbetalt grunntilskot til fleire kommunar, og det er ein auke i talet på barnehageplassar samanlikna med det som tidlegare er lagt til grunn. Det er samstundes eit lågare behov for løyving som følgje av reforhandling av avtalen med Nasjonalt tilkomstsenter, slik at det blir betalt plasstilskot til 500 færre plassar enn tidlegare. Det er òg eit lågare behov for tilskot til alternativ mottaksplassering i kommunane. Dette gir samla eit redusert behov på 3,9 mill. kroner.

Auka behov knytt til evakuerte frå Afghanistan

Jf. omtale under post 21. Det har blitt oppretta nye mottak for å innkvartere dei evakuerte frå Afghanistan, og dette fører til eit auka behov for vertskommunetilskot. Det er òg eit stort tal barn blant dei evakuerte, og derfor eit auka behov for tilskot til barnehage.

Tiltak for å avgrense smitte og spreiing av covid-19 i asylmottak

Det blir vist til omtale under post 21 om oppdaterte anslag for tiltak for å avgrense smitte og spreiing av covid-19 i asylmottaka. Det blir foreslått å auke løyvinga på post 60 med 1,3 mill. kroner til kapasitetsauke i mottak.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1,2 mill. kroner.

Post 70 Stønader til beboere i asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til stønadsordninga som omfattar økonomiske ytingar til livsopphald for bebuarar i asylmottak som ikkje kan dekke dette sjølv, og andre nødvendige ytingar.

Fleire bebuarar i mottak

Det er forventa om lag 200 fleire bebuarar i mottak i gjennomsnitt i 2021 enn det som er lagt til grunn i samband med revidert nasjonalbudsjett. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner.

Auka behov knytt til evakuerte frå Afghanistan

Det er eit auka behov på om lag 4 mill. kroner knytt til bebuarane i mottak som er evakuerte personer frå Afghanistan.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 5,9 mill. kroner.

Post 72 Internasjonalt migrasjonsarbeid, og assistert retur og reintegrering i hjemlandet, kan overføres

Løyvinga på posten skal bidra til at personar som har fått endeleg avslag på søknaden om vern, og andre personar utan lovleg opphald i Noreg, returnerer til heimlandet. Løyvinga skal òg leggje til rette for at flyktningar kan vende tilbake til heimlandet. Posten finansierer stønadsordningar og tilskotsordningar som kan nyttast til informasjons- og motivasjonsarbeid som skal bidra til assisterte returar eller tilbakevending frå Noreg.

På grunn av covid-19-pandemien har det blitt gjennomført færre returar enn anteke. I tillegg er suspensjonen av utreiseplikt til Afghanistan forlengd til 31. januar 2022, slik at det ikkje blir gjennomført fleire tvangsreturar til Afghanistan i 2021. Prognosen for assisterte returar er nedjustert til 130.

Det er eit lågare behov for løyving på posten, og departementet foreslår å redusere løyvinga med på 4,7 mill. kroner.

Post 73 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., støttetiltak, kan nyttes under kap. 291 post 60

Formålet med posten er å finansiere støtte til arbeidet som FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR), International Organization for Migration (IOM) og ev. andre organisasjonar gjer med overføring av flyktningar.

I løyvinga for 2021 er det lagt til grunn uttak på 3 600 overføringsflyktningar via FN-systemet. Prognosen blir no redusert til uttak av 2 900 overføringsflyktningar i dette sporet. Samtidig blir det gjort betydeleg uttaksarbeid for grupper av asylsøkarar i Afghanistan av UDIs eigne tilsette, jf. meirbehov på post 01. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 3,9 mill. kroner.

Post 74 Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv., kan overføres

Løyvinga skal dekke kontingentar og andre innbetalingar til internasjonale samarbeidsorgan på migrasjonsområdet. Kontingentane som løyvinga dekker, blir utbetalte i utanlandsk valuta. Storleiken på Noregs kontingentar/innbetalingar blir berekna på bakgrunn av prognosar på aktivitet i det aktuelle året. Det er eit lågare behov for løyving, knytt til at aktiviteten i organisasjonane har vore lågare i 2021 enn planlagt. Det lågare behovet kjem også dels av lågare valutakurs. Departementet foreslå å redusere løyvinga på posten med 12,4 mill. kroner.

Post 75 Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, kan overføres

Løyvinga dekker reiseutgifter for overføringsflyktningar og eventuelt mottak av asylsøkarar for å fordele byrde mellom EU/Schengen-land, og reiseutgifter for flyktningar som vender tilbake til heimlandet sitt. Løyvinga dekker òg utgifter i samband med mottak av overføringsflyktningar.

Feil i budsjetteringa

Overføring av ubrukte plassar på kvota frå 2020 som var planlagt nytta i 2021, har ved ein feil blitt finansiert dobbelt. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 18,8 mill. kroner som følgje av dette.

Auka prognose og endra tilkomstmønster

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2021 er det lagt til grunn tilkomst av 3 600 personar i 2021. Oppdatert prognose tilseier tilkomst av 3 900. Endringa kjem dels av ein reduksjon i tilkomstar av overføringsflyktningar via FN-systemet og dels av auka tilkomstar av evakuerte frå Afghanistan. Behovet for løyving på posten aukar med 400 000 kroner pga. dette.

Oppsummering

Departementet foreslår samla å redusere løyvinga på posten med 18,5 mill. kroner.

Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter

Visse utgifter på kap. 490, post 01 og 72, knytte til tilrettelegging for at flyktningar skal kunne vende tilbake til heimlandet, og for at personar med avslag på asylsøknad skal kunne returnere, kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Som følgje av endringar på kap. 490, post 72, og justering i berekningsgrunnlaget på kap. 490, post 01, foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1 mill. kroner.

Post 03 Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, ODA-godkjente utgifter

Reiseutgifter til og frå utlandet for flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand.

På bakgrunn av foreslåtte endringar på kap. 490, post 01 og post 75, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 3490, post 03, med 4,1 mill. kroner.

Post 04 Asylmottak, ODA-godkjente utgifter

Visse innanlandske utgifter knytte til innkvartering av asylsøkarar og flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand.

Inntektsanslaget knyter seg til utgifter over kap. 490, post 21, 60, 70 og 71. På bakgrunn av det auka behovet for løyving på postane 21, 60 og 70 foreslår departementet å auke løyvinga med 50,5 mill. kroner.

Post 05 Refusjonsinntekter

Posten består av refusjon for at andre verksemder nytter UDI sine IKT-system, refusjon for deltaking i europeiske samarbeidsprosjekt og andre mindre refusjonar.

Nettoføring av DUF-refusjonar

I Saldert budsjett for 2021 er det budsjettert med 2,5 mill. kroner i refusjonar for bruk av UDIs IKT-system frå andre verksemder i utlendingsforvaltninga. Som følgje av endra krav til inntektsføring av refusjonar i R-101 vil desse refusjonane nettoførast på UDIs driftspost. Inntektene på posten blir dermed nedjusterte med 2,5 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon på kap. 490, post 01.

Refusjon i samband med nye lokale

UDI har fått 3,4 mill. kroner i refusjon i samband med at ein tredjepart har overteke leigeavtalen til UDIs gamle lokale.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 1,0 mill. kroner, mot tilsvarande auka utgifter på kap. 490, post 01.

Post 06 Beskyttelse av flyktninger utenfor Norge mv., ODA-godkjente utgifter

Utgifter knytte til overføring av flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand.

Som følgje av endringar på kap. 490, post 73, og som følgje av lågare administrative kostnader til International Organization for Migration (IOM), førte over post 01, foreslår departementet å redusere løyvinga med 1,4 mill. kroner.

Post 07 Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter

Utgifter til tolk, omsetjing og informasjon i samband med asylsøkarprosessen kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand.

Som følgje av endringar på kap. 490, post 22 foreslår departementet å redusere løyvinga med 2,3 mill. kroner.

Post 08 Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter

Utgifter knytte til reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet eller til eit tredjeland, og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i sentrale opphavs- og/eller transittland og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell internasjonal bistand ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC.

På grunn av færre returar er utgifter til reintegreringsstøtte og tilskot til assistert retur, som blir utbetalt over kap. 490, post 72, lågare enn tidlegare anslått. I tillegg er delen returar til ODA-land redusert. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 1,4 mill. kroner.

Kap. 491 Utlendingsnemnda

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under post 21

Som følgje av koronasituasjonen har saksinngangen til UNE vore lågare enn det som vart lagt til grunn ved revidert nasjonalbudsjett 2021. Det er også lågare driftskostnader knytt til forseinking i IKT-utviklingsprosjekt og det at aktivitetar som kurs og seminar ikkje har blitt gjennomførte som planlagt. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 11 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttes under post 1

Løyvinga på posten skal dekke utgifter i samband med avvikling av nemndmøte.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,5 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av at UNE har fått eit lågare tal saker om tilbakekall av statsborgarskap enn forventa.

Til forsida av dokumentet