Prop. 24 S (2017–2018)

Endringar i statsbudsjettet 2017 under Justis- og beredskapsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet 2017.

1.1 Forslag om endringar

Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Omdisponering, Kommunikasjonskontrollutvalget

Det blir foreslått å redusere løyvinga på kap. 400 post 01 med 0,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 410 post 01, jf. omtale under dette kapittelet.

Parallelljustering

Det blir foreslått å auke løyvinga med 755 000 kroner grunna auka utgifter til arbeid knytta til departementet si rolle som programpartner i Financial Mechanism Office (FMO) i tida 2017–2020. Departementet vil få refusjonar frå FMO i perioden, jf. kap. 3400, post 01.

Kap. 3400 Justis- og beredskapsdepartementet

Post 01 Diverse inntekter

Parallelljustering

Det blir foreslått å auke løyvinga med 755 000 kroner fordi departementet vil få refusjonar frå Finanial Mechanism Office (FMO), jf. omtale under kap. 400, post 01.

Kap. 061 Høgsterett

Post 01 Driftsutgifter

Tilpassing av dommarlønn

Løyvinga dekker faste og variable lønnskostnadar og andre driftsutgifter som følger av Høgsteretts verksemd.

Lønn for høgsterettsdommarar blir regulert av Stortinget kvart år i februar, med verking frå 1. oktober året før. Endringane skal først leggjast fram i samband med revidert nasjonalbudsjett for gjeldande budsjettår for å kompensere for lønnsaukinga, og så fremmast i Prop. 1 S for påfølgande budsjettår. Endringane for perioden 1. oktober til 31. desember 2016 kom for seint for å bli behandla i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2017.

Verkinga av lønnsreguleringa per 1. oktober 2016 (jf. Innst. 230 S (2016–2017) Innstilling fra Stortingets presidentskap om regulering av lønnen for Høyesteretts medlemmer) er på 1,3 mill. kroner, inkl. pensjonsforpliktningar.

På bakgrunn av dette blir det foreslått å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner.

Kap. 410 Domstolane

Post 01 Driftsutgifter

Omdisponering

Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter ved Domstoladministrasjonen, inkl. faste og variable lønnsutgifter og lønnsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar i tingrettane, jordskifterettane og lagmannsrettane.

Det vart i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 overført ei halvårsverking av eit årsverk frå Justis- og beredskapsdepartementet til domstolane. Det blir nå foreslått å omdisponere den resterande halvårseffekten til domstolane.

Det blir derfor foreslått å auke løyvinga på kap. 410, post 01 med 0,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 400, post 01.

Kap. 430 Kriminalomsorga

Post 01 Driftsutgifter

Ullersmo fengsel og Indre Østfold fengsel, avd. Eidsberg – utstyr og inventar

I samanheng med byggeprosjektene ved Ullersmo fengsel og Indre Østfold fengsel, avd. Eidsberg vart løyvinga til kriminalomsorga auka i 2016 og 2017 for å delvis dekke investeringar i utstyr og inventar ved de nye fengsla. Deler av investeringsbehovet dekkes innanfor løyvinga til kriminalomsorga i 2017.

Regjeringa foreslår difor å redusere løyvinga på kap. 430, post 01 med 10,0 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 430, post 45.

Leige av fengselsplasser i Nederland – valutaendringar og prisjustering

Valutaendringar fører til eit mindrebehov knytt til betaling av leige av Norgerhaven fengsel i Nederland i 2017. Det er også eit mindrebehov knytt til at betaling av leiga til Nederland etter avtalen skal prisjusterast etter indeks frå Nederland, som er lågare enn indeksen som er grunnlaget for berekninga av løyvinga i 2017. Samla gjer valuta- og prisendringar ein redusert kostnad på til saman 4,0 mill. kroner i 2017.

Regjeringa foreslår difor å redusere løyvinga med 4,0 mill. kroner i 2017.

Overføring av pensjonsutgifter

Frå 2017 er pensjonsutgifter overførte frå Statens pensjonskasse til kvar einskild statlig verksemd. Løyvinga under kap. 430, post 01 var føresett å dekkje auka pensjonsutgifter også til Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter. Regjeringa foreslår å redusere løyvinga på kap. 430, post 01 med 21,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 432, post 01.

Oppsummering

Regjeringa foreslår ein samla auke av løyvinga på kap. 430, post 01 med 35,9 mill. kroner i 2017.

Post 45 Større innkjøp og vedlikehald, kan overførast

Ullersmo fengsel og Indre Østfold fengsel, avd. Eidsberg – utstyr og inventar

Sjå omtale av kap. 430, post 01 om midla til utstyr og inventar ved Ullersmo fengsel og Indre Østfold fengsel, avd. Eidsberg.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 430, post 45 med 10 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 430, post 01.

Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde mv., kan overførast

Løyvinga dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslate frå forvaring og varetektssurrogat. Domstolane avgjer om personar skal prøvelauslatast frå forvaring for opphald i institusjon eller kommunal bustad.

Samla løyving på posten er 82 mill. kroner i 2017. Kriminalomsorga sine berekningar viser behov for ei samla løyving i 2017 på 68,7 mill. kroner.

Regjeringa foreslår difor å redusere løyvinga på kap. 430, post 60 med 13,3 mill. kroner i 2017.

Kap. 432 Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS)

Post 01 Driftsutgifter

Forsinka oppstart ekstra klasseopptak

I samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2017 vart løyvinga auka med 19,7 mill. kroner til å auke opptaket ved Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter med tre klasser i 2017. De ekstra fengselsbetjentene skal bidra til å dekke behov for fagutdannet personell i nytt fengsel i Agder.

Oppstart av utdanning for dei ekstra klassene blei forsinket med om lag ein månad til oktober 2017. Dette inneberer eit lågare løyvingsbehov i 2017, mot ein tilsvarande auke i 2019.

Regjeringa foreslår difor å redusere løyvinga på kap. 432, post 01 med 6,0 mill. kroner i 2017.

Overføring av pensjonsutgifter

Se omtale av kap. 430, post 01 om overføring av pensjonsutgifter.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 432, post 01 med 21,9 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 400, post 01.

Parallelljustering – høgre inntekter enn forventa

Løyvinga på kap. 432, post 01 dekkjer ordinære driftsutgifter til Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter.

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter er gitt fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3432, post 03. Inntektene på kap. 3432, post 03 er forventa å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2017.

Regjeringa foreslår difor å auke løyvinga på kap. 432, post 01 med 1,5 mill. kroner i 2017, jf. omtale av kap. 3432, post 03.

Oppsummering

Regjeringa foreslår ein samla auke av løyvinga på kap. 430, post 01 med 17,4 mill. kroner i 2017.

Kap. 3432 Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS)

Post 03 Andre inntekter

Posten omfattar mellom anna inntekter frå aspirantanes del av skolebøker, refunderte utgifter frå deltaking i internasjonale samarbeidsprosjekt og forskingsoppdrag.

Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS) er gitt fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01 mot tilsvarande merinntekter på kap. 3432, post 03.

Regjeringa foreslår difor å auke løyvinga på kap. 3432, post 03 med 1,5 mill. kroner i 2017, jf. omtale av kap. 432, post 01.

Kap. 440 Politidirektoratet – politi og lensmannsetaten

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta, politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskolen). Departementet held tilbake ein mindre del av løyvinga til oppfølging av handlingsplanar m.m.

Kompensasjon for betaling av pensjonspremie

Frå og med 1. januar 2017 vart det innført ein forenkla modell for premiebetaling for statlege verksemder med ein fast premiesats på 14 pst., jf. Prop. 1 S (2016–2017) for Arbeids- og sosialdepartementet og Gul bok 2017. Ordninga er meint å vere provenynøytral. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling er det anslått at politiet er underkompensert for pensjonspremie i 2017. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 26 mill. kroner.

Fleire pass

Det er venta ein oppgang i talet på produserte pass. Dette vil gi auka utgifter til politiet på 9,9 mill. kroner i 2017. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga med 9,9 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 01.

Rygge beredskapssenter – omdisponering

Det vert foreslått å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 2,8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 70.

Personalbarnehage – parallelljustering

Justis- og beredskapsdepartementet har for 2017 fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 440, post 01 mot ei tilsvarande meirinntekt på kap. 3440, post 05. Det vert foreslått å redusere løyvinga på kap. 440, post 01 med 0,2 mill. kroner, jf. omtale på kap. 3440, post 05.

Barnefaglig kompetanse – omdisponering

I statsbudsjettet for 2017 vart løyvinga på kap. 490, post 01 auka med 20 mill. kroner for å styrke den barnefaglege kompetansen i heile asylkjeda. Av desse er 7,5 mill. kroner stilt til disposisjon for politiet, men det er venta at kun 3,5 mill. kroner vert brukt i 2017. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 490, post 01, jf. omtale under kap. 490, post 01.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 42,5 mill. kroner.

Post 21 Særskilte driftsutgifter

Løyvinga dekker sideutgifter som politi- og lensmannsetaten har i samband med asylsaker, under dette utgifter til uttransporteringar i asylsaker og andre utlendingssaker. Reduksjon i talet på asylsøkjarar gir mindreutgifter til tolk, språkanalyse og andre variable utgifter knytt til registrering av asylsøkjarar. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga på kap. 440, post 21 med 17 mill. kroner.

Post 23 Sideutgifter i forbindelse med sivile gjeremål

Løyvinga dekker sideutgifter i samanheng med sivile gjeremål. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2017 vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 23 med 6,9 mill. kroner.

Post 25 Retur av asylsøkjarar med avslag og andre utlendingar utan lovlig opphald, overslagsløyving

Løyvinga dekker de variable utgiftene til retur av asylsøkjarar med avslag, bort- og utviste og Dublinere. Løyvinga på posten blei auka med 15,6 mill. kroner i 2017 som følgje av at måltalet for retur av personar utan lovleg opphald blei auka frå 7800 til 9000. På bakgrunn av reduksjon i talet på asylsøkjarar, talet og samansetting på gjennomførte returar og nokre tiltak som er satt i verk for å sikre høy innsats i returarbeidet, er det anslått at det vil kunne returnerast om lag 6000 personer utan lovleg opphald i 2017. På bakgrunn av rekneskapstal og forvente utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga på kap. 440, post 25 med 62,5 mill. kroner.

Post 70 Tilskot

Løyvinga på posten vart auka med 3,1 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 til forstudie (0,3 mill. kroner) og skytebane (2,8 mill. koner) på beredskapssenter Rygge, jf. Innst. 401 S (2016–2017). I første omgang må forstudie blir ferdigstilt, og det er ikkje venta at løyvinga på 2,8 mill. kroner til skytebane vert brukt i 2017. Ubrukt løyving på post 70 er ikkje overførbar til neste budsjettår. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga på kap. 440, post 70 med 2,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 440, post 01. Det vert lagt til grunn at løyvinga vil vere ubrukt og bli overført til 2018.

Post 73 Tilskot til EUs grense- og visum fond

Løyvinga dekker Noregs bidrag til EUs grense- og visum fond. Endringar i valutakurs på utbetalingstidspunktet samanlikna med det som er lagt til grunn i budsjettet gjer at tilskottsutbetalinga i 2017 vart lågare enn forventa. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga på kap. 440, post 73 med 6,2 mill. kroner.

Kap. 3440 Politidirektoratet – politi og lensmannsetaten

Post 01 Gebyr – pass og våpen

Løyvinga dekker inntekter frå gebyr for pass og våpenløyve. Det er venta ein oppgang i talet på produserte pass. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2017, vert det foreslått å auke løyvinga på kap. 3440, post 01 med 48,8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Post 05 Personalbarnehage – parallelljustering

Løyvinga omfattar foreldreinnbetaling og statstilskot til personalbarnehage ved Oslo politidistrikt. Den 30. juni 2017 vart personalbarnehagen avvikla. Det vert på denne bakgrunn foreslått å redusere løyvinga på posten med 0,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Post 06 Gebyr – utlendingssaker – parallelljustering

Løyvinga dekker gebyr i samband med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring og løyve for arbeid, busetting og utdanning. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2017 vert det foreslått å redusere løyvinga på kap. 3440, post 06 med 4,1 mill. kroner.

Post 08 Refusjonar frå EUs grense- og visum fond

Løyvinga dekker inntekter frå EU sitt grense- og visum fond (ISF). Refusjonsutbetalingane vil variere frå år til år. På bakgrunn av forventa betaling for utførte aktivitetar i perioden 2014–2017 vert det foreslått å redusere løyvinga på kap. 3440, post 08 med 9,3 mill. kroner.

Kap. 442 Politihøgskulen

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker lønsutgifter og andre driftsutgifter ved Politihøgskulen.

Økte inntekter pga. økt aktivitet – parallelljustering

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 442 post 01 mot ei tilsvarande meirinntekt på kap. 3442, post 02. Det vert foreslått å auke løyvinga med 1,7 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3442, post 02.

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 442 post 01 mot ei tilsvarande meirinntekt på kap. 3442, post 03. Det vert foreslått å auke løyvinga med 2,3 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3442, post 03.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å auke løyvinga på kap. 442, post 01 med 4 mill. kroner.

Kap. 3442 Politihøgskulen

Post 02 Diverse inntekter

Løyvinga dekker diverse inntekter. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2017, vert det foreslått å auke løyvinga på kap. 3442, post 02 med 1,7 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Post 03 Inntekter frå Justissektorens kurs- og øvingssenter

Løyvinga dekker inntekter frå Justissektorens kurs- og øvingssenter. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2017, vert det foreslått å auke løyvinga på kap. 3442, post 03 med 2,3 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Anna

Justis- og beredskapsdepartementet har motteke ei førebels evaluering av arbeidet med leiing, kultur og haldningar i politiet, jf.: DIFI-rapport 2017:9. Departementet vil kome tilbake til saka i løpet av vårsesjonen 2018.

Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) med underliggjande driftseiningar, medrekna Sivilforsvaret, skular og regionkontor.

Sivilforsvarets innsatsar

Det blir foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner knytt til Sivilforsvarets innsatsar i 2017.

Sivilforsvaret har hittil i år støtta ved 140 hendingar med til saman 2 873 personar. Innsatsen utgjer totalt 28 562 timar. Desse tilsvarer nær mengda innsatstimar i heile 2016 som var 29 968 timar. Forslaget til auke i løyvinga skuldast mellom anna fleire ressurskrevjande leiteaksjonar, innsats i samanheng med brannar og haustens ekstremvêr.

Kap. 3451 Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap

Post 01 Gebyrer

Mindreinntekt gebyrer

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) krev inn avgift til dekning av utgifter for tilsyn retta mot risikofylt verksemd. Avgift blir kravd for fyrsteleddsomsetning av petroleumsprodukt og løysingsmiddel, for ilandføring av petroleumsprodukt i røyrleidning frå sjøområde samt for fyrsteleddsomsetning av sprengstoff og krut. Inntektene er avhengig av føregåande års omsetnings- og/eller produksjonsnivå. Det blir vidare kravt inn avgift for tilsyn med elektriske anlegg på land, i skip og på flyttbare offshoreinstallasjonar samt for tilsyn med elektromedisinsk utstyr i somatiske sjukehus.

DSB vurderer at ved utgangen av året vil det vere ein mindreinntekt på 13,6 mill. kroner under kap. 3451, post 01 knytte til at det er gjennomført færre tilsyn på eltryggleiksområdet enn budsjettert i 2017. DSB har prioritert tilsyn med skip som har medført redusert kapasitet til å gjennomføre tilsyn hos tilsynsobjekt som genererer større inntekter. DSB viser til at tilsyn med skip er prioritert fordi skip ikkje kan leggje frå kai før tilsyn er utført og godkjent.

Kap. 454 Redningshelikoptertenesta

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for innkjøpet av nye redningshelikopter, samt ressursar knytt til oppfølging av prosjektet. Løyvinga inkluderer vidare ein tiltaksplan for dagens Sea King-redningshelikopterflåte, som skal hjelpe til å oppretthalde drift og god beredskap fram til dei nye redningshelikoptera er innført.

Det er ein stor aktivitet i prosjektet for innkjøpet av nye redningshelikopter og der venta at denne vil fortsette ut året. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga med 3,8 mill. kroner.

Post 45 Større innkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga dekker investeringar til den offentlege redningshelikoptertenesta og investeringar knytt til innkjøp av nye redningshelikopter. Løyvinga skal vidare dekke investeringane ved vedlikehalds-, oppgraderings- og modifiseringsprogrammet for Sea King-redningshelikopter.

Løyvinga knytt til innkjøp av nye redningshelikopter vert justert i tråd med det som er realistisk løyving i fastsett styringsramme (P50). Ein del av avsetninga til uvisse vil ikkje bli brukt i 2017. I tillegg er m.a. utbetring av landingsplassar ved sjukehus, utgifter til eigedom, bygg og anlegg og kjøp av diverse utstyr, utsett til 2018 eller seinare. Mottak av dei første redningshelikoptra har blitt noe utsatt. Det vert også høgare valutautgifter enn tidlegare antatt. I tillegg har Justis- og beredskapsdepartementet utlegg til meirverdiavgift som følgje av investeringar i eigedom, bygg og anlegg. På denne bakgrunn blir det foreslått å redusere løyvinga med 43,6 mill. kroner.

Kap. 455 Redningstenesta

Post 21 Særskilte driftsutgifter

Løyvinga på posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap, f.eks. helikopterselskap, og frivillige redningsorganisasjonar i det enkelte redningstilfelle, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell mv.

Det blir foreslått å auke løyvinga under kap. 455, post 21 med 2 mill. kroner. Behovet gjeld utgiftsauke i samanheng med auka kostnader til redningsaksjonar i 2017.

Posten er vanskeleg å gi ein god prognose for, men utviklinga på posten tilseier det av løyvinga vil overskridast. Forbruket på utgiftene varierer med mengda og omfang av redningsaksjonar. Forutan ein generell auke i mengda hendingar, har karakteren til hendingane kravd meir bruk av sivile helikopter- og flyressursar og med det auka utgifter for innleie enn tidlegare. Refusjonar til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta har også auka meir enn vanleg prisutvikling.

Kap. 456 Direktoratet for naudkommunikasjon

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker utgifter knytt til drift av Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap sin avdeling for naud- og beredskapskommunikasjon og staten sine plikter som følgje av avslutning av utbygginga av Naudnett og løyving til ein fellesfunksjon med fullmakter til å forvalte utstyret som er knytt til Naudnett.

Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 456, post 01 mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3456, post 02.

Etablering av grenser for nye politidistrikt og 110-regioner har saman med samlokaliseringa av naudmeldesentralar ført til behov for å programmera om radioterminalar for brann- og redningsvesenet.

Det er behov for å auke dekninga innandørs i bygg som er kritiske for naudetatene. Dette vil føre til auka utgifter til drift, jf. omtale under kap. 3456, post 01.

Løyvinga knytt til utbygging av Naudnett vert justert i tråd med det som er realistisk løyving i fastsett styringsramme (P50). Ein del av styringsramma for 2017 skal flyttast til 2018 grunna endring av betalingsmilestolpar.

Etablering av ein fellesfunksjon for forvaltning av utstyret knytt til Naudnett er foreløpig utsatt i på vente av avklaringar knytt til mandat og oppgåver som skal leggjast til funksjonen. Derfor blir utgiftene knytt til fellesfunksjonen i 2017 lågare enn antatt. Det kjem likevel enkelte utgifter i 2017 til ivaretaking av oppgåver som fellesfunksjonen skal ha.

Samla vert det på denne bakgrunn foreslått å redusere løyvinga med 52,6 mill. kroner.

Post 45 Større innkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga dekker utgifter knytt til avsluttande aktivitet og investering knytt til utbygginga av trinn 2 av Naudnett. Løyvinga dekkjer vidare utgifter for kjøp av utstyr og funksjonslytet som vert initiert av brukarane og skaffa gjennom avtalane til DSB med leverandørar av Naudnett. Løyvinga dekkjer også meirverdiavgift i samband med overføring av eigarskap for utstyr i Naudnett frå DSB til brukerane i etatane.

Eigarskap til utstyr på kommunikasjonssentralane og radioterminalar til Brann blei overført DSB saman med dei andre eigendelane til tidligare Direktoratet for naudkommunikasjon (DNK). Behovet for betaling av meirverdiavgift ved uttak av utstyr til Brann har falt bort som følgje av overdragelsen av verksemda av Direktoratet for naudkommunikasjon (DNK) til DSB. På denne bakgrunnen vert det foreslått å redusere løyvinga med 27,7 mill. kroner.

Kap. 3456 Direktoratet for naudkommunikasjon

Post 01 Abonnementsinntekter

Løyvinga dekker inntekter frå abonnementsordninga i Naudnett. Det er behov for å auke dekninga innandørs i bygg som er kritiske for naudetatene, jf. omtale under kap. 456, post 01. På denne bakgrunnen vert det foreslått å auke løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 02 Variable refusjonar

Løyvinga dekker refusjonar til DSB i samanheng med at enkelte utgifter til drift av direktoratet m.a. skal betales av brukarane. Løyvinga dekkjer også betaling til DSB si driftsorganisasjon for støtte og drift av kommunikasjonssentralar og radioterminalar til brukarane. Vidare dekkjer løyvinga betaling frå naudetatene for ein fellesfunksjon som skal forvalte utstyr på kommunikasjonssentralane og radioterminalar som er knytt til Naudnett.

Etablering av ein fellesfunksjon er førebels utsatt i påvente av avklaringar knytt til mandat og oppgåver som skal leggjast til funksjonen. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga med 18,5 mill. kroner.

Kap. 469 Verjemålsordninga

Post 01 Driftsutgifter

Omdisponering

Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til fylkesmannsembeta og Statens sivilrettsforvaltning, som lønn og andre administrative utgifter. I tillegg skal løyvinga dekke investeringar, naudsynt assistanse frå konsulentar, utstyr og prosjektkostnadar.

Verjemålsstyresmaktene har ikkje klart å nå alle måla med reforma som vart innført i 2013. Fylkesmennene uttrykker uro for utviklinga, da lovpålagte oppgåver blir nedprioritert og tilgjengelegheita overfor brukarane er avgrensa.

Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 1,7 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 472, post 01, jf. omtale under kap. 472.

Kap. 471 Statens erstatningsansvar

Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving

Anslagsendring

Løyvinga på kap. 471, post 71 blir belasta når staten blir dømt eller har inngått forlik om å betale erstatning fordi staten er ansvarleg etter ulovsfesta eller lovfesta erstatningsreglar. Løyvinga på kap. 471, post 71 brukast òg til dekning av sakskostnadane til motparten. Løyvinga på posten er regelstyrt og løyvingsforslaget er eit overslag.

Justis- og beredskapsdepartementet skal bli varsla om saker der kravet kjem til å utgjere 2 mill. kronar eller meir.

På bakgrunn av mottekne varsel om mogeleg erstatningsutbetaling og tidspunkt for ev. utbetaling, venta utvikling og rekneskapstal blir det foreslått å redusere løyvinga med 43 mill. kroner.

Post 73, Rettferdsvederlagsordninga til Stortinget

Anslagsendring

Rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eige ordning der enkeltpersonar som har kome særskilt uheldig ut i sitt møte med det offentlege i forhold til andre på same tid, kan søkje om skjønnsmessig kompensasjon. Søknadane blir avgjort av Stortinget sitt utval for rettferdsvederlag. Ordninga er basert på sedvane og er ikkje nærare regulert i formelle reglar.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga med 3,6 mill. kroner.

Kap. 472 Voldsoffererstatning og rådgjevingskontora for kriminalitetsofre

Post 01 Driftsutgifter

Omdisponering

Løyvinga dekker driftsutgifter til Kontoret for valdsoffererstatning (KFV) og rådgjevingskontora for kriminalitetsofre.

Ved utgangen av september ligg KFV an til eit mindreforbruk på driftsposten i 2017 på om lag 12 pst. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 469 Verjemålsordninga, jf. omtale under kap. 469.

Post 70 Erstatning til voldsofre, overslagsløyving

Anslagsendring

Posten er ei regelstyrt overslagsløyving og skal gå til erstatning i saker etter voldsoffererstatningslova.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga med 52 mill. kroner.

Kap. 475 Bubehandling

Post 01 Driftsutgifter

Anslagsendring

Løyvinga på posten dekker staten sitt ansvar for utgifter til konkursbehandling i tilfelle kor buet eller den som begjærast konkurs (rekvirenten) ikkje dekker utgiftene. Dette er regelstyrte utgifter etter konkurslova § 73.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 18,6 mill. kroner.

Kap. 480 Svalbard

Post 50 Tilskot

Frå budsjettåret 2017 blei utgiftene til arbeidsgivars pensjonsinnbetalingar til Statens Pensjonskasse dekka av verksemdene sjølve. Ved ein inkurie blei ikkje løyvinga til Skattekontoret Svalbard styrkja for å dekke denne utgifta. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 480 Svalbardbudsjettet med 250 000 kroner. Løyvinga skal dekke auka underskot på Svalbardbudsjettet som følgje av behov for å auke løyvinga på Svalbardbudsjettet kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard med 250 000 kroner.

Helikopterulykka på Svalbard 26. oktober 2017 har medført ekstra utgifter til Sysselmannen på Svalbard. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 480 Svalbardbudsjettet med 1 mill. kroner. Løyvinga skal dekke auka underskot på Svalbardbudsjettet som følgje av behov for å auke løyvinga på Svalbardbudsjettet kap. 0005 Sysselmannen med 1 mill. kroner.

Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av Utlendingsdirektoratet (UDI). UDI får meirinntekter knytt til IKT-utvikling for andre verksemder. Løyvinga på posten blir derfor foreslått auka med 12,8 mill. kroner for å handtere denne kostnaden. Det blir foreslått tilsvarande justering av inntektsramma på kap. 3490, post 05.

Vidare blir det foreslått å redusere løyvinga til barnefagleg kompetanse i asylkjeda på posten med 5,8 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 491, post 01 og kap. 440, post 01, jf. omtale under desse postane.

Totalt blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 7 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett.

Post 21 Særskilte driftsutgifter, asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke utgifter staten har til drift av statlege mottak for asylsøkjarar. Det er anslått at talet på asylsøkjarar i 2017 blir 3 750 personar. Dette er ein nedgang på 4 500 personar frå gjeldande budsjett, og isolert sett tyder dette på ein reduksjon i løyvinga på posten.

Løyvingsbehovet på posten er imidlertid høgare enn ei rein volumjustering. Hovudårsaken til dette er at kapasitetsutnyttinga i asylmottaka er lågare enn føresetnadene som ligg til grunn for gjeldande budsjett. Ei låg kapasitetsutnytting gir eit meirbehov fordi UDI betalar for plassar som ikkje blir nytta. Trass i at det har vore ein kraftig reduksjon i talet på plassar i løpet av året, har dette blitt motverka av at det faktiske talet på asylsøkjarar har vore lågare enn det prognosane tilsa.

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 9,2 mill. kroner.

Post 22 Særskilte driftsutgifter, tolk og omsetting

Løyvinga på posten skal dekke utgiftene UDI har til tolking og omsetting i behandlinga av asylsaker. UDI har gjennomført færre intervju enn forventa, hovudsakleg fordi talet på asylsøkjarar i 2017 har vore lågare enn venta.

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 4 mill. kroner.

Post 45 Større innkjøp og vedlikehald, kan overførast

Det blir foreslått å tilføre stikkordet «kan overførast» på posten.

Post 60 Tilskot til vertskommunar for asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak. Som omtalt under kap. 490, post 21, er det ein nedgang i forventa tal på asylsøkjarar i 2017, noko som isolert sett ville ført til lågare løyvingsbehov på posten.

Løyvingsbehovet er imidlertid høgare enn den reine volumjusteringa, hovudsakleg grunna høgare del unytta plassar i asylmottak enn det som låg til grunn for gjeldande budsjett, jf. omtale under post 21. Vidare er det fleire barnehageplassar til disposisjon enn det som ligg til grunn for gjeldande budsjett.

Samla blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 26,7 mill. kroner.

Post 70 Stønader til bebuarar i asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til økonomiske ytingar til asylsøkjarar og flyktningar i tida dei oppheld seg i mottak. Satsane for økonomiske ytingar er differensierte på bakgrunn av søknadsstatus, familiestatus o.a.

Løyvingsbehovet som følgje av ei rein volumjustering av posten tilseier ein reduksjon i løyvinga. Løyvingsbehovet er imidlertid høgare enn det volumjusteringa tilseier.

Årsaken til avviket skuldast fleire forhold som trekkjer i ulike retningar. Det er mellom anna betalt ut tilleggsytingar frå 2016 i 2017. Vidare fører færre asylsøkjarar til lågare utbetaling av basisytingar. Rekneskapstal viser også at prisen som er på sengetøyspakkar, kjøkkenpakkar etc. har vore høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn for berekninga av løyvingsbehovet på posten.

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 0,9 mill. kroner.

Post 71 Tilskot til aktivitetstilbod for barn i asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til ei tilskotsordning for aktivitetstilbod for barn i mottak. Det er venta eit mindreforbruk på posten på 1,8 mill. kroner knytt til tilskot til aktivitetsmidlar for barn i mottak fordi midlar som ikkje blir nytta, til dømes til mottak som blir lagt ned i løpet av året, blir tilbakebetalte på slutten av året. Vidare er kostnadene til informasjonstilbod til au pairar 0,3 mill. kroner lågare enn det som blei løyvd til tiltaket i revidert nasjonalbudsjett 2017.

Samla blir det foreslått å redusere løyvinga på posten med 2,1 mill. kroner.

Post 72 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, overslagsløyving

Løyvinga på posten skal bidra til at personar med endeleg avslag på søknad om beskyttelse og andre personar utan lovleg opphald i Noreg returnerer til heimlandet når det er trygt. Departementet vurderer at det vil vere eit mindreforbruk på posten, mellom anna på grunn av eit lågare tal på returar enn lagt til grunn for gjeldande budsjett.

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 3,7 mill. kroner.

Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast

Løyvinga på posten skal gå til å dekke reiseutgifter for overføringsflyktningar og reiseutgifter for flyktningar som vender tilbake til heimlandet. Det er venta eit mindreforbruk på posten. Hovudårsaken er redusert prognose for talet på asylsøkjarar, lågare kostnader fordi det er inngått ny avtale om assistanse på Oslo Lufthamn og lågare reisekostnader som følgje av endra dollarkurs.

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 4,5 mill. kroner.

Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjente utgifter

Nokre av utgiftene som er knytt til retur og tilbakevending for flyktningar på kap. 490, post 01 og post 72 kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Det er gjort ei oppdatert vurdering av delen som kan ODA-godkjennast, og det blir derfor foreslått å redusere inntektsramma på posten.

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 10,5 mill. kroner.

Post 03 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjente utgifter

Nokre av utgiftene som er knytt til reiseutgifter for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av forslag om reduksjon på kap. 490, post 75, blir det foreslått å redusere løyvinga på posten med 5 mill. kroner.

Post 04 Asylmottak, ODA-godkjente utgifter

Nokre av utgiftene som er knytt til mottak for asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter) På bakgrunn av forslag om reduserte løyvingar på kap. 490, post 21, post 60 og post 70, blir det foreslått å redusere løyvinga på posten med 603,5 mill. kroner.

Post 05 Refusjonsinntekter

Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 12,8 mill. kroner mot tilsvarande auke av løyvinga på kap. 490, post 01, jf. omtale under denne posten.

Kap. 491 Utlendingsnemnda

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21

I samband med behandlinga av Prop. 1 S (2016–2017) vedtok Stortinget å auke løyvinga på kap. 490, post 01 med 20 mill. kroner for å styrke den barnefaglege kompetansen i heile asylkjeda. Av desse midlane blei 5,2 mill. kroner til disposisjon til Utlendingsnemnda. Av desse er 3,4 mill. kroner brukt.

Det blir foreslått å overføre dei resterande midlane disponert av UNE til posten. Midlar som ikkje blir nytta til formålet i 2017 kan overførast til 2018 og nyttast til formålet neste år.

Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 1,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 490, post 01.

Post 21 Særskilte driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttast under post 01

Løyvinga på posten skal dekkje utgifter knytt til nemndmøter. Det er ein reduksjon på 1,5 mill. kroner i utgifter knytt til nemndbehandling i 2017.

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner.

Kap. 496 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

Post 60 Integreringstilskot, kan overførast

Målet med integreringstilskotet er å medverke til rask busetting. Integreringstilskotet skal gi ei rimeleg dekning av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetting og integrering av flyktningar i busettingsåret og dei neste fire åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busettings- og integreringsarbeid.

Behovet for 2017 er anslått redusert samanlikna med gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldast i hovudsak at kommunane som busett flyktningar, tek i mot ein lågare del tilskot for flyktningane busett i 2017 samanlikna med gjeldande budsjett. Dette etterslepet blir i staden utbetalt i 2018.

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 88,2 mill. kroner.

Post 61 Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar, kan overførast

Kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar mottar eit særskilt tilskot. Tilskotet er differensiert med høg og lav sats avhengig av alder til den einslege mindreårige. Tilskotet kjem i tillegg til det ordinære integreringstilskotet.

Behovet i 2017 er anslått redusert samanlikna med gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldast i hovudsak ein reduksjon i talet på einslege mindreårige som det utbetales høg sats for samanlikna med gjeldande budsjett.

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 30,9 mill. kroner.

Post 62 Kommunale innvandrartiltak

Løyvinga på posten skal styrke integreringsarbeidet i kommunane.

Det blir foreslått at løyvinga på posten blir redusert med 4,7 mill. kroner som følgje av lågare behov på ordninga med Jobbsjansen. I 2017 ble innretninga endra og det ble lyst ut fire delordningar. I 2017 har det vært få søknadar frå kommunar på delordningane C Forsøk med lenger programtid for deltakarar i introduksjonsprogrammet og D Utfasing av ungdomsprosjekt som var i drift i 2016. Det låge talet på søknadar på del C er antatt å henge saman med at ordninga er i etableringsfasen.

Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 2,3 mill. kroner på grunn av lågare behov for ordninga med nasjonalt bu- og støttetilbod for personer over 18 år utsatt for tvangsekteskap og æresrelatert vold. Årsaka er at talet på plasser ikkje har auka og at tilbodet ikkje er utvida i 2017. Det vert arbeidde med å utvide tilbodet.

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med til saman 7 mill. kroner.

Kap. 3496 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjente utgifter

Nokre utgifter knytte til busetting av overføringsflyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 27,9 mill. kroner. Årsaka er at prognosen for busette overføringsflyktningar er redusert med 300 personar samanlikna med det som ligg til grunn i gjeldande budsjett. Disse 300 busettingane blir i staden forskyvd til 2018.

Post 02 Særskilt tilskot ved busetting av einslege, mindreårige flyktningar. ODA-godkjente utgifter

Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 546,8 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldast i hovudsak ein feil i talet på einslege mindreårige busett i 2017 som ble lege til grunn for gjeldande budsjett.

Kap. 497 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Tilskotet skal sikre at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 136,9 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Endringa skuldast i hovudsak ein auke i talet på personar som det utbetales persontilskot år 2 for.

Kap. 3497 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjente utgifter

Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 18,9 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldas lågare prognoser for talet på asylsøkjarar i 2017 og dermed ein reduksjon i talet på asylsøkjarar i målgruppa for opplæring i norsk og norsk kultur og norske verdiar. For tilskot til opplæring i norsk kultur og norske verdiar er målgruppa ytterlegare redusert fordi det i gjeldande budsjett ble lege til grunn at ein like stor del av mottaka ville tilby opplæring i norsk kultur og norske verdiar som ordinær norsk for asylsøkjarar i mottak.

Til forsida av dokumentet