Prop. 24 S (2018–2019)

Endringar i statsbudsjettet 2018 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet

Post 30 Miljøtiltak Søve, kan overførast

Staten har teke på seg å finansiere og gjennomføre opprydding etter verksemda til AS Norsk Bergverk ved Søve i Telemark. På grunn av utfordringar med å finne eit godkjend deponi for mottak av massane frå Søve, har tildeling av oppdraget med opprydding tidlegare blitt utsett. Det er for tida berre ein aktuell deponiaktør i Noreg. Planlagt gjennomføring av oppryddinga er i 2019 dersom ein får til ein avtale med deponiet. Det visast til nærare omtale i Prop. 1 S (2018–2019) for Nærings- og fiskeridepartementet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 20,6 mill. kroner, frå 20,6 mill. kroner til 0 kroner.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Noreg er medlem av ei rekkje internasjonale organisasjonar og kommisjonar som er viktige for norsk nærings- og fiskeripolitikk. Ein av desse organisasjonane er det europeiske maritime sjøtryggleiksbyrået (EMSA).

EMSA har til formål å sikre at Europakommisjonen og medlemslanda har tilgjengeleg naudsynt ekspertise og teknisk og vitskapeleg støtte for å gjennomføre eit høgt maritimt tryggleiks-, miljø- og arbeidsmiljønivå og hindre terrorverksemd gjennom eit harmonisert regelverk i EU. Noreg er medlem i EMSA med bakgrunn i EØS-avtalen. Medlemskapet sikrar deltaking i EU sitt lov- og regelverkarbeid og bidreg til å sikre norske interesser.

Noreg sin kontingent til EMSA har auka med om lag 330 000 euro frå 2017 til 2018. Aukinga skuldast mellom anna EU si årlege inflasjonsjustering og ei jamn auke ut frå perioden for langtidsbudsjettet til EU. Auka aktivitet og nye oppgåver til byrået er au med på å påverke kontingentnivået. I tillegg var eurokursen litt høgare på betalingstidspunktet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 3,5 mill. kroner, frå 37,4 til 40,9 mill. kroner.

Kap. 904 Brønnøysundregistra

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Prosjektet med ny registerplattform er noko forseinka, som medfører at enkelte utbetalingar kjem seinare enn planlagt. Det er av den grunn naudsynt å redusere løyvinga for 2018. Kostnadsramma for prosjektet er den same, slik at løyvinga vert flytta frå 2018 til seinare år i prosjektperioden i tråd med justert prosjektplan.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 107 mill. kroner frå 212,1 til 105,1 mill. kroner.

Kap. 909 Tiltak for sysselsetjing av sjøfolk

Post 73 Tilskot til sysselsetjing av sjøfolk, overslagsløyving

Tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk er ei regelstyrt ordning. Overslagsløyvinga er såleis basert på venta utbetalingar etter gjeldande regelverk i budsjettåret 2018. Overslagsløyvinga blei redusert med 5 mill. kroner ved handsaminga av Prop. 85 S (2017–2018), Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018, som følgje av blant anna ein nedgang i talet på sjøfolk i tilskotsmodellen for petroleumsskip i NOR. Nedgangen i denne modellen har halde fram gjennom året, samstundes som talet på sjøfolk i dei andre modellane i ordninga har vore stabil og til dels aukande.

På dette grunnlaget gjer regjeringa framlegg om å redusere løyvinga med 20 mill. kroner, frå 2 025 til 2 005 mill. kroner.

Kap. 912 Klagenemndssekreteriatet

Post 01 Driftsutgifter

Auka saksgang

Så langt i 2018 har talet på klager auka for dei fleste nemndene som Klagenemndssekretariatet betener, og samanlikna med 2017 har sakene blitt meir kompliserte og omfattande å handsame. Vidare vil sekretariatet ha fleire etableringskostnadar i siste kvartal 2018. Med bakgrunn i dette gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke posten med 0,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 912, post 22.

Utgifter til kurs og konferanse

Det visast til omtale under kap. 3912, post 02 om Klagenemndssekretariatet sine utgifter knytt til å halde kurs og konferansar. Med bakgrunn i dette gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke posten med 0,25 mill. kroner mot ei tilsvarande auke på kap. 3912, post 02.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke posten med 0,65 mill. kronar, frå 19,1 til 19,75 mill. kroner.

Post 22 Konkurranseklagenemnda

Det visast til omtale under kap. 912, post 01 Driftsutgifter. Det har vore mindre utgifter enn forventa i 2018 på grunn av lågare saksmengde.

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere posten med 0,4 mill. kroner, frå 2,4 til 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 912, post 01.

Kap. 917 Fiskeridirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Det visast til omtale under kap. 3917, post 01 om refusjonar frå andre statsetatar.

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 7,4 mill. kroner, frå kr 415,3 til kr 422,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 3917, post 01.

Kap. 919 Diverse fiskeriformål

Post 60 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

Som omtala under kap. 3917, post 13 er det avgjort å tildele 6 pst. auka produksjonskapasitet i område med god miljøstatus i 2018 gjennom fastpris og auksjon. Kommunanes og fylkeskommunanes del av vederlaget knytt til denne tildelinga utgjer til saman 3 213,3 mill. kroner. Av dette skal det i medhald til instruksen for Havbruksfondet betalast ut 2 754,7 mill. kroner i 2018.

På denne bakgrunn gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 388,3 mill. kroner, frå 2 366,4 til 2 754,7 mill. kroner.

Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA blir utbetalt i euro. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til anna valutakurs enn den som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2018. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 85 S (2017–2018) Tilleggsbevilginger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018 blei det gitt ei tilleggsløyving på 3,9 mill. kroner for å kompensere for auka eurokurs. Det har no vist seg at anslaget for eurokursen var for høgt, og gjeldande løyving må såleis reduserast med 7,2 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 7,2 mill. kroner, frå 221,2 til 214,0 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Utgifter ved deltaking i internasjonal romverksemd blir utbetalt i euro og amerikanske dollar. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA og EASP-avtalen og i amerikanske dollar til det kanadiske radarsatellittprogrammet, Radarsat. Utbetalingane har vore til andre valutakursar enn dei som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2018.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5,5 mill. kroner, frå 434,3 til 428,8 mill. kroner.

Post 73 EU sine romprogram

Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Eurokurs og framdrift i programma har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2018. Endringane i innbetalingar til EU som følgje av dette utgjer ein reduksjon på 62,7 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 62,7 mill. kroner, frå 355,1 til 292,4 mill. kroner.

Kap. 926 Havforskingsinstituttet, forskingsfartøy

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Det er vald leverandør for design av nytt kystgåande forskingsfartøy. Etter planen vil design av fartøyet halde fram hausten 2018 og våren 2019, og verftskontrakt vil bli inngått i løpet av 2019.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 55 mill. kroner, frå 99,9 til 44,9 mill. kroner.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Særskilde driftsutgifter

I Saldert budsjett 2018 er det løyvd 23,1 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting. Posten skal au dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Dei samla utgiftene for 2018 er anslått til om lag 15,3 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 7,8 mill. kroner, frå 23,1 til 15,3 mill. kroner.

Post 91 (ny) Lån, kan overførast

Gjennom sitt heleigde dotterselskap, Store Norske Boliger AS (SNB), driv Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) med utvikling og utleie av bustader i Longyearbyen på Svalbard. SNB mista sju bustader i snøras i 2015 og 2017, og ønsker nå å skaffe bustader for å oppretthalde si verksemd og for å bidra til bustadtilbodet i Longyearbyen.

På bakgrunn av dette ønsker selskapet å kjøpe tolv bustader på Elvesletta Syd i Longyearbyen. SNSK ønsker i hovudsak å finansiere kjøpet med lån.

I samband med den finansielle omstruktureringa av SNSK-konsernet inngjekk Nærings- og fiskeridepartementet og SNB i desember 2016 ein låneavtale, jf. Prop. 25 S (2016–2017). Det går fram av låneavtala at SNB ikkje kan ta opp ytterlegare gjeld og pantsetje bustader utan samtykke frå departementet. Lånet ble gjeve på marknadsvilkår og med pant i bustader.

Med bakgrunn i dette har styret i SNSK oppmoda departementet om å kunne ta opp lån for å kjøpe bustadene på Elvesletta Syd. Departementet har vurdert oppmodinga frå selskapet. Etter ei samla vurdering, og med bakgrunn i svalbardpolitiske omsyn, har departement kome til at det er formålstenleg at SNB kjøpar dei aktuelle bustadene og at staten yter lån til selskapet. Departementet legg opp til at lånet vil bli gjeve på marknadsvilkår og med pant i bustader. Avdrag og renter vil på vanleg måte bli inntektsført i statsbudsjettet.

Regjeringa viser au til at organiseringa av bustadsverksemda til SNSK-konsernet skal vurderast, jf. omtale i departementet sin Prop. 1 S (2017 –2018). Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om dette.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 27 mill. kroner under ny post 91.

Post 96 Aksjar

Ved Stortinget si handsaming av Prop. 37 L (2017–2018) Endringer i lov om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen (forvaltningen av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond) vart det vedteke å omdanne Fiskeri- og -havbruksnæringas forskingsfond (FHF) til eit statleg heileigd aksjeselskap eid av Nærings- og fiskeridepartementet. Endra lov trer i kraft 1. januar 2019. Namnet på selskapet blir Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfinansiering AS (FHF AS).

Selskapet har eit sektorpolitisk mål (kategori 4-selskap). Selskapet skal ikkje utbetale utbytte eller ta opp lån. All inntekt skal brukast til forskings- og utviklingsformål og til forvalting og administrasjon av selskapet.

Målet med statens eigarskap i selskapet er å styrkje finansieringa av marin forsking og utvikling (FoU), for å leggje til rette for auka verdiskaping, miljøtilpassing, omstilling og nyskaping i fiskeri- og havbruksnæringa.

FHF er finansiert av ei FoU-avgift, som i tråd med føresetnadene ved etableringa, går utanom statsbudsjettet. Selskapet skal forvalte midlane. Det er føresett i Prop. 37 L at aksjekapitalen i FHF AS dekkjast av avgiftsmidla.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å fastsetje og løyve 1 mill. kroner i aksjekapital i Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfinansiering AS. Løyvinga motsvarast av ei tilsvarande tilbakeføring frå Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond til departementet, jf. omtale under kap. 3961, ny post 90. Midlane til aksjekapital er ein budsjetteknisk handtering av etableringa, og vert overførte til Nærings- og fiskeridepartementet før dei leggas formelt inn som aksjekapital.

Vidare gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at departementet gis fullmakt til å overføre eigedelar, rettar og forpliktingar til det nye selskapet, samt fullmakt til å fastsetje åpningsbalansen for selskapet. Det visast til forslag til romartalsvedtak II og III.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 mill. kroner, frå 2 502,5 til 2 503,5 mill. kroner.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 76 Miljøteknologi, kan overførast

Vanlegvis tar det fleire år frå eit prosjekt under miljøteknologiordninga får tilsegn om støttes til det er fullført. Det tar noko tid å organisere prosjekta etter at Innovasjon Noreg har gitt tilsegn før ein kan underskrive kontrakt eller før prosjekta er klare til å starte opp. Prosjekta strekk seg normalt over 3–4 år, og det kan au ta tid før endeleg revisorbekrefta rekneskap føreligg etter at prosjekta er avslutta, slik at sluttutbetaling trekker ut i tid. Det at kvart prosjekt tar lang tid, inneber at mykje av midla ikkje kan utbetalast same år som tilsegn er gitt, og ein vesentleg del av løyvinga må overførast til etterfølgjande år. Av den grunn blei 286,6 mill. kroner av løyvinga for 2017 overført til 2018. I løyvingsreglementet går det fram at ein ikkje skal gjere framlegg om større løyving for eit år enn det ein forventar vil kome til utbetaling same året. For å redusere overføringa av ikkje utbetalt løyving ved utgongen av 2018 utan at tilsegnsramma til Innovasjon Noreg blir redusert, kan løyvinga reduserast samstundes tilsegnsfullmakta for ordninga blir auka med same beløp.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 200 mill. kroner, frå 555,5 til 355,5 mill. kroner. Samstundes gjer ein framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med same beløp, dvs. frå 550 til 750 mill. kroner, jf. forslag til romertalsvedtak III. Ein understrekar at dette er ei rein budsjetteknisk endring som ikkje vil endre ramma som Innovasjon Noreg kan gi tilsegn for under ordninga i 2018.

Kap. 2429 Eksportkreditt Noreg AS

Post 90 Utlån

I samband med Stortinget si behandling av budsjettet for 2018 blei det løyvd 7 mrd. kroner til utlån under staten si eksportkredittordning, som Eksportkreditt Noreg forvaltar. Nytt anslag for utlån under ordninga er 3,8 mrd. kroner. Årsaka til reduksjonen er bortfall og utsetjingar av saker til 2019.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,2 mrd. kroner, frå 7 til 3,8 mrd. kroner.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 01 Gebyrinntekter

Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2018.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 57 mill. kroner, frå 483,1 til 540,1 mill. kroner.

Kap. 3910 Sjøfartsdirektoratet

Post 01 Gebyr for skip og flyttbare innrettingar i NOR

Ved Stortinget si handsaming av Prop. 85 S (2017–2018) vart posten auka på grunn av høgare nybyggingsaktivitet. Talet på nybygg er som forventa, men nybygga meldes inn seinare enn det som vart lagt til grunn i revidert budsjett. Dette fører til at inntektene kjem seinare.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, frå 217,7 til 207,7 mill. kroner.

Kap. 3911 Konkurransetilsynet

Post 86 Lovbrotsgebyr

Konkurransetilsynet har per 1. september 2018 uteståande gebyr på til saman 806,2 mill. kroner. Det er knytt stor usikkerheit om alle uteståande gebyr blir betalt inn i 2018 fordi fristar for klage og anke forfall fyrst mot slutten av året.

I juni 2018 blei Telenor pålagt eit gebyr på 788 mill. kroner for å ha misbrukt si dominerande stilling i den norske mobilmarknaden. Frist for Telenor til å klage er satt til slutten av desember d.å. Også fristen for å klage for partane i El proffen-saka, som gjeld brot på konkurranselova § 10 om forbod mot konkurranseavgrensande samarbeid, er satt til slutten av året. Samla gebyrsum for sistnemnde er på 4,7 mill. kroner. To av dei tre partane involvert i forlagssaka som gjeld påstått kollektiv boikott av ein distributør til massemarknaden for bøker, har rettidig anka dommen frå Oslo tingrett av 21. juni 2018. Konkurransetilsynet legg til grunn at Aschehoug som ikkje anka dommen til Oslo tingrett, innbetaler sitt gebyr på 3,5 mill. kroner innan fristen i haust.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke posten med 3,4 mill. kroner, frå 0,1 til 3,5 mill. kroner.

Kap. 3912 Klagenemndssekreteriatet

Post 02 Refusjonar og andre inntekter

Inntektene på posten gjeld først og fremst refusjonar for kurs og konferansar. Det er forventa refundert om lag 450 000 kroner i 2018.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke posten med 0,25 mill. kroner, frå 0,2 til 0,45 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 912, post 01.

Post 87 Gebyr for brot

Inntektene på posten gjeld gebyr for lovbrot knytt til offentlege anskaffingar. Klagenemnda for offentlige anskaffingar kan pålegge gebyr for ulovlege direkte anskaffingar, og Konkurranseklagenemnda kan pålegge gebyr for brot på konkurranselova og EØS-lova. Oppdatert anslag for gebyr i 2018 er på om lag 1 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke posten med 0,9 mill. kroner, frå 0,1 til 1 mill. kroner.

Kap. 3917 Fiskeridirektoratet

Post 01 Refusjonar og diverse inntekter

Inntektene gjeld i hovudsak refusjonar frå andre statsetatar og inntekter knytt til registrering av pant i akvakulturregisteret m.m. Ein forventar ei inntekt på posten på om lag 7,5 mill. kroner. Av dette gjeld om lag 7 mill. kroner refusjonar for viderefakturerte kostnader til husleige m.m. frå Havforskingsinstituttet.

På dette grunnlaget gjer Nærings og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7,4 mill. kroner, frå 0,1 til 7,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 917, post 01 Driftsutgifter.

Post 13 Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar

Det er fatta vedtak om å tildele 6 pst. auka produksjonskapasitet i områder med god miljøstatus. Det er tildelt auka produksjonskapasitet på eksisterande løyve mot fastpris og som nye løyve gjennom auksjon. Kommunanes og fylkeskommunanes del av midla er 80 pst. og blir utbetalt gjennom Havbruksfondet. 1/8 av dette skal i medhald av instruksen for Havbruksfondet bli utbetalt anna kvart år, neste gong i 2019.

Kommunane og fylkeskommunane sin del av vederlag knytt til tildeling av ny produksjonskapasitet – fastpris

Det er tildelt 2 pst. auka produksjonskapasitet mot fastpris på løyve i områder med god miljøstatus til eit samla vederlag på 945,2 mill. kroner, og 6 pst. mot fastpris på enkeltløyve som tilfredsstiller særskild strenge miljøkrav til eit samla vederlag på 74,6 mill. kroner. Kommunanes og fylkeskommunanes del av desse vederlaga som i medhald av instruksen for Havbruksfondet skal utbetalas i 2018, er 713,9 mill. kroner.

Kommunenes og fylkeskommunenes del av vederlag knytt til tildeling av ny produksjonskapasitet – auksjon

Det er tildelt om lag 4 pst. auka produksjonskapasitet på auksjon mot eit samla vederlag på 2 996,7 mill. kroner. Av dette er vederlag for 81,4 mill. kroner tildelt etter 1. september, og kommunane og fylkeskommunane sin del av dette skal i medhald av instruksen for Havbruksfondet bli utbetalt i 2019. Kommunane og fylkeskommunane sin del av det resterande vederlaget på 2 915,3 mill. kroner, frå auksjonen tilsvarar 2 332,3 mill. kroner, og 2 040,7 av dette skal i medhald til instruksen bli utbetalt i 2018.

Samla vederlag frå tildelinga utgjer 4 016,6 mill. kroner. Kommunane og fylkeskommunane sin del av dette utgjer 3 213,3 mill. kroner. Av desse skal 2 754,7 mill. kroner utbetalast i 2018. Sjå au omtale om kommunane og fylkeskommunane sin del av vederlaget under kap. 919, post 60.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 152,2 mill. kroer, frå 2 864,4 til 4 016,6 mill. kroner.

Post 86 Forvaltingssanksjonar

Inntekter på posten gjeld tvangsmulkt og gebyr for brot knytt til havbruk og tilsvarande sanksjonar etter havressurslova. Det er fakturert gebyr for i underkant av 6,3 mill. kroner så langt i år, og Fiskeridirektoratet forventar ei inntekt på posten på om lag 7 mill. kroner i 2018.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 6 mill. kroner, frå 1 til 7 mill. kroner.

Kap. 3935 Patentstyret

Post 01 Inntekter av informasjonstenester

Som følgje av færre mottekne forundersøkingar, både på patent- og varemerkeområdet, vil Patentstyret sine inntekter bli lågare enn budsjettert.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner, frå 5,3 til 4,5 mill. kroner.

Post 02 Inntekter knytt til NPI

Patentstyret sine NPI-aktivitetar (Nordic patent institute) består av handsaming av PCT-søknadar og NPI-oppdrag. PCT (Patent Cooperation Treaty) er eit internasjonalt søknadssystem som gjer det enklare å søke patent i fleire land. I 2018 har Patentstyret prioritert å handsame PCT-søknadar. Søknadsgebyret til PCT er fastsatt av WIPO (World Intellectual Property Organization) og dekker ikkje dei faktiske kostnadane forbundet med søknadshandsaminga. Inntektene på posten blir derfor lågare enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2018.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, frå 4,5 til 3,5 mill. kroner.

Post 03 Gebyr immaterielle rettar

Som følgje av fleire valideringar av europeisk patent vil Patentstyret sine inntekter bli høgare enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2018. I tillegg har det vore ei viss auke i gebyrinntekter for internasjonale varemerkesøknader.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 11,1 mill. kroner, frå 81,9 til 93 mill. kroner.

Kap. 3936 Klagenemnda for industrielle rettar

Post 01 Gebyrinntekter

Inntektene omfattar gebyr frå verksemder og personar som klagar på Patentstyret sine vedtak. Grunna færre klagar på saker avgjort av Patentstyret er det venta at inntektene i 2018 kjem på om lag 350 000 kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 0,35 mill. kroner, frå 0,7 til 0,35 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 96 Sal av aksjar

I saldert budsjett 2018 er det løyvd 25 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige inntektsbeløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklara eller gjennomførde, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen.

Tilbakekjøpsavtalar

Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar med føremål å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt. Slettinga inneber nedsetting av selskapskapitalen og må vedtakast av ei ny generalforsamling. Dette er ein metode der eigenkapital tilbakeførast til aksjonærane.

Nærings- og fiskeridepartementet har dei siste åra inngått avtalar som forpliktar staten til å delta ved slike tilbakekjøp. Avtalane er utforma slik at staten sin eigardel blir uendra etter kapitalnedsettinga. Avtalane er offentlege og regulerer au utrekning av vederlaget som staten skal ta imot. Nærings- og fiskeridepartementet inngjekk i 2017 slike tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Entra ASA, Telenor ASA og Yara International ASA.

DNB ASA

Generalforsamlinga i DNB ASA ga i april 2017 styret i selskapet fullmakt til å erverve eigne aksjar inntil 1,5 pst. av selskapet sin aksjekapital i marknaden og frå staten. Fram til februar 2018 kjøpte selskapet 16 125 102 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 8 306 871 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i DNB ASA i april 2018. Etter at kapitalnedsettinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 1 242,6 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 34 pst.

Telenor ASA

Generalforsamlinga i Telenor ASA ga i mai 2017 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 30 000 000 eigne aksjar, om lag 2 pst. av selskapet sin aksjekapital. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 16 189 561 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Telenor ASA i mai 2018. Etter at kapitalnedsettinga blei satt i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 2 733,8 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 53,97 pst.

SAS AB – sal av aksjar

Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget, jf. Nærings- og fiskeridepartementets Prop. 1 S (2017–2018), selde departementet 37,8 mill. aksjar i SAS AB i juni 2018. Salssummen utgjorde 596,9 mill. norske kroner. Staten har etter dette inga eigardel i SAS AB.

Eksportfinans ASA – tilbakeføring av eigenkapital

For å tilpasse kapitalstrukturen i selskapet har Eksportfinans ASA i 2018 tilbakeført 500 mill. kroner av eigenkapitalen til eigarane. Av dette fekk staten 75 mill. kroner.

Electronic Chart Centre AS – Tilbakeføring av aksjekapital

Generalforsamlinga i Electronic Chart Centre AS vedtok i juni 2018 at selskapet sin aksjekapital skulle setjas ned med 3,5 mill. kroner, og at tilsvarande beløp skulle tilbakeførast staten som eigar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4 626,8 mill. kroner, frå 25 til 4 651,8 mill. kroner.

Kap. 3961 Selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvaltning

Post 71 Garantiprovisjon, Eksportfinans ASA

Som eigar av 15 pst. av aksjane i Eksportfinans ASA gjekk staten i 2008 inn i ei porteføljegarantiavtale mellom selskapet og aksjonærane for å beskytte eigenkapitalen i selskapet. Garantien blei avvikla 31. desember 2017, jf. nærare omtale i Prop. 85 S (2017–2018) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018.

Det er løyvd 2,7 mill. kroner i garantiprovisjon frå selskapet for 2018. Ettersom avtalen no er avvikla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,7 mill. kroner, frå 2,7 mill. kroner til 0 kroner.

Post 90 (ny) Tilbakeføring frå Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond

Det visast til omtale under kap. 950, post 96 om tilbakeføring frå Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond til aksjekapital for Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfinansiering AS.

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg å løyve 1 mill. kroner på posten.

Kap. 5329 Eksportkreditt Noreg AS

Post 70 Gebyr m.m.

I samband med Stortinget si behandling av budsjettet for 2018 blei det løyvd 20 mill. kroner i gebyrinntekter under eksportkredittordninga. Nytt anslag er 25 mill. kroner. Årsaka til auken er fleire førtidige innfriingar av lån.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner, frå 20 til 25 mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

I saldert budsjett 2018 vart det løyvd 6,7 mrd. kroner til inntekt frå avdrag under eksportkredittordninga. Eksportkreditt Noreg anslår at avdrag på uteståande fordringar i 2018 vil bli om lag 10,5 mrd. kroner. Hovudårsaka til auken er fleire førtidige innfriingar av lån.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,8 mrd. kroner, frå 6,7 til 10,5 mrd. kroner.

Kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet

Post 71 Avgifter immaterielle rettar

Som følgje av færre årsavgifter for patent og lågare gjennomsnittleg klasseavgift på varemerke vil inntektene bli lågare enn budsjettert.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, frå 163 til 153 mill. kroner.

Post 72 Kontroll- og tilsynsavgift akvakultur

Bokførte inntekter gjeld innbetalingar knytt til tidlegare år. Det er no anslått å vere grunnlag for å fakturere avgifter for om lag 28 mill. kroner i 2017.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,6 mill. kroner, frå 29,6 til 28 mill. kroner.

Kap. 5613 Renter frå Siva SF

Post 80 Renter

Siva kan ta opp innlån i statskassa med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid, innafor ei låneramme på 700 mill. kroner. Som følgje av faktisk renteinnbetalingar er det grunnlag for å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner frå 14,9 til 18,2 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til å finansiere utlånsordningane sine til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Ut frå faktiske renteinnbetalingar så langt i år og prognosar for resten av året er det grunnlag for å redusere løyvinga. Årsaka er lågare rentesatsar på innlåna enn det som blei lagt til grunn ved budsjettering av løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 58 mill. kroner, frå 170 til 112 mill. kroner.

Kap. 5629 Renter frå eksportkredittordninga

Post 80 Renter

I samband med Stortinget si behandling av budsjettet for 2018 blei det løyvd 1 800 mill. kroner i inntekter frå renter under eksportkredittordninga. Nytt anslag er 1 680 mill. kroner. Hovudårsaka til reduksjonen av anslaget er færre utbetalingar av nye lån enn venta.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 120 mill. kroner, frå 1 800 til 1 680 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under NFD si forvaltning

Post 85 Utbyte

I høve til tidlegare overslag for utbyte, som blei auka til 20 045,7 mill. kroner i forbindelse med behandlinga av Prop. 85 S (2017–2018), Tillegsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018 er innbetalt utbyte frå selskapa 3 462,5 mill. kroner høgare. Dette skuldast hovudsakeleg at utbyte frå Telenor ASA blei 3 430,8 mill. kroner høgare. Vidare blei utbyte frå Flytoget AS og Entra ASA høvesvis 29,5 og 12,3 mill. kroner høgare, samtidig som utbyte frå Mesta AS blei 11,1 mill. lågare enn lagt til grunn i Prop. 85 S (2017–2018). I tillegg er det nokre små endringar i innbetalt utbyte frå andre selskap.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 462,5 mill. kroner, frå 20 045,7 til 23 508,2 mill. kroner.

Til forsida