10 Konklusjon og tilråding
Ei omgjering av Mercator til ein mellomstatleg organisasjon styrkjer etter alt å døme organisasjonen si evne til å levere relevante havdata. Dette vil også kome kunnskapsgrunnlaget for norske havområde til gode. Organisasjonen vil få eit breiare mandat, som igjen gjer han betre posisjonert til å få oppgåver frå FN og EU.
Skipinga av ein internasjonal organisasjon for havobservasjon og modellering gir etter alt å døme samfunnøkonomiske gevinstar ved at presis rettidig prediksjon blir tilgjengeleg for norske farvatn på ein raskere og rimelegare måte enn ved berre nasjonal produksjon.
Sidan konvensjonen med tilhøyrande vedlegg inneber budsjettvedtak og må reknast for å vera ei sak som er særleg viktig, er Stortingets samtykke til ratifikasjon nødvendig i samsvar med Grunnlova § 26 andre ledd.
Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet tilrår ratifikasjon av konvensjonen. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.