3 Dei viktigaste forhandlingsresultata
3.1 Generelt
Noreg fekk gjennomslag på sentrale område, mellom anna når det gjeld distribusjon av arbeidsoppgåver mellom statane (sjå pkt. 3.3). Konvensjonen har gitt eit godt resultat som kan sikre ein robust organisasjon for det mellomstatlege samarbeidet om havmodellering. Organisasjonen vil få eit breiare mandat som igjen gjer han enda betre posisjonert til å få oppgåver frå FN og EU. Organisasjonen er meint å bli utvida til alle europeiske statar. Likesinna havnasjonar på andre kontintent vil enten bli inviterte inn eller assosierte.
Noregs krav om å kunne gjere unntak for skattefritak for norske borgarar under visse tilhøve er tilfredsstillande innarbeidd i artikkel 16.3. i vedlegg IV.
3.2 Betydninga for forvaltinga av norske havområde
Noreg har over lengre tid prioritert ein infrastruktur for produksjon, forvalting og deling av havdata. Dette er ein føresetnad for å nå gjeldande klimamål, ivaretake ei berekraftig havforvalting, effektiv fiskeri- og havbruksforvalting og for å leggje til rette for berekraftig vekst i havnæringane. På same måte som for vêrdata må nasjonal innsats kombinerast med internasjonalt samarbeid. Noreg deltek i dag i dei fleste kjende samarbeida på feltet.
Noreg sin føresetnad om ansvar for Arktis og Nord-Atlanteren er innarbeidd i artikkel 5.1. om samarbeid, der det blir slått fast at Mercator i størst mogleg grad skal samarbeide med styresmaktene og nasjonale institusjonar i medlemsstatane sine, spesielt for aktivitetar knytte til kystsonene til medlemsstatane og tilstøytande regionale hav. Slikt samarbeid kan ha form av samarbeidsavtalar med medlemsstatane eller nasjonale institusjonar. Det blir foreslått at Noreg ved ratifikasjon av konvensjonen samtidig underteiknar utkast til samarbeidsavtale utarbeidd i nært samarbeid med dei fire institutta som i dag sørgjer for samarbeidet med stiftinga – Havforskingsinstituttet, Meteorologisk institutt, Nansen senter for miljø og fjernmåling og Norsk Polarinstitutt.