6 Vedlegg II Førebels skala for finansielle bidrag for gjennomføring av artikkel 22.1

Organisasjonen skal finansierast med ein kombinasjon av eksterne oppdrag (primært frå EU og IOC/UNESCO) og kontingent frå medlemsstatane.

Kvar medlemsstat skal betale eit årleg økonomisk bidrag i euro til Mercator International Centre for the Ocean.

Dei økonomiske bidraga frå ein medlemsstat skal reknast på grunnlag av staten si gjennomsnittlege bruttonasjonalinntekt (BNI) for dei tre siste åra det er statistikk tilgjengeleg for.