2 Noregs deltaking i arbeidet med å utarbeide konvensjonen
2.1 Forhandlingsprosessen
Frankrike tok i 2022 initiativ til å gjere om stiftinga Mercator Ocean International til ein mellomstatleg organisasjon særskilt vigd til havmodellering og prediksjon. Denne prosessen vart innleia på One Ocean Summit i Brest 9.-11. februar 2022, der president Emmanuel Macron var vert og statsminister Støre deltok. Etter invitasjon frå Frankrike underteikna seks europeiske statar (Frankrike, Italia, Noreg, Portugal, Spania og Storbritannia) ei erklæring om omgjering av Mercator Ocean International frå ei privatrettsleg stifting til ein mellomstatleg organisasjon. Noreg har forhandla med desse fem statane om utforminga av konvensjonen. Arbeidet har vore leia av det franske utanriksdepartementet.
Norske aktørar som vil ha mykje kontakt med den nye organisasjonen, har vorte løpande konsulterte (Havforskingsinstituttet, Nansensenteret, Meteorologisk institutt og Norsk polarinstitutt) og har vore med på møte i eigenskap av ekspertar.
Det er gjennomført seks forhandlingsrundar. Desse har gått på omgang mellom statane, og ein av dei vart halde i Bergen. Det har deretter vore gjennomført to høgnivåkonferansar, og det er halde to supplerande møte for å ferdigsstille dei siste spørsmåla i konvensjonsutkastet.
Konvensjonsteksten vart ferdigstilt på ein konferanse i Frankrike 23. april 2025.
Frankrike og Noreg underteikna konvensjonen 9. juni 2025, då Frankrike var vertskap for FNs tredje havkonferanse.
2.2 Nærare om dagens stifting og den nye mellomstatlege organisasjonen
Mercator Ocean International (heretter kalla Mercator) vart oppretta i 1995, og vart i 2014 omgjort til ei privatrettsleg stifting under fransk rett med sete i Toulouse i Frankrike. Mercator har i mange år levert satellittdata til norske kystmodellar. Dette i nært samarbeid med norske aktørar.
Mercator har utvikla komplekse havsimuleringssystem som er i stand til å beskrive, analysere og føreseie den fysiske og biogeokjemiske tilstanden til havet. Mercator fekk i 2014 i oppdrag av EU-kommisjonen å setje i verk ei europeisk havovervakingsteneste, Copernicus Marine Service (CMEMS), som del av det europeiske jordobservasjonsprogrammet. Mercator har frå 2009 hatt ansvar for forløparar til denne tenesta. Mercator er også delansvarleg for tilgjengeleggjering av europeiske miljødata. I 2017 vart det frå fransk side vedteke å styrke Mercator som europeisk aktør ved å invitere vitskaplege partnarinstitusjonar frå fem statar med i stiftinga. Frå Noreg deltek Nansen senter for miljø og fjernmåling (Nansensenteret) på vegner av senteret og tre andre norske institutt (Havforskingsinstituttet, Meteorologisk institutt og Norsk Polarinstitutt).