4 Nærare om dei enkelte artiklane i konvensjonen

Konvensjonsprotokollen og fortalen viser m.a. til viktigheita av havet, kor nødvendig det er med ei betre global havforvalting og produksjon og tilgang til havdata for å realisere dette. Fortalen viser også til pliktene partane har når det gjeld Mercator Ocean International og Copernicus Marine Environment Monitoring Services, og pliktene dei har til vitskaplege prinsipp som er formulert av UNESCO osb. Fortalen legg opp til at organisasjonen i stor grad skal samarbeide med andre internasjonale organisasjonar, t.d. EU og FN-organisasjonar.

Artikkel 1 inneheld definisjonar av m.a. sentrale omgrep i havretten, kva som utgjer ein medlemsstat og kva som ligg i delegert oppgåve.

Artikkel 2 fastset at Mercator internasjonale senter for havet skal etablerast som ein mellomstatleg organisasjon etter folkeretten. I tråd med privilegia og immuniteten som blir fastsett i konvensjonen, skal nye Mercator erstatte den tidlegare stiftinga og gå inn i alle kontraktar og avtalar inngått av stiftinga, og overta eigedelane til stiftinga. Mercator skal vere eit eige rettssubjekt i kvar medlemsstat, og skal kunne inngå avtalar og kontraktar, gjere innkjøp og vere part i rettslege prosessar. Mercator skal vere eit folkerettsubjekt som skal kunne inngå avtalar med statar og internasjonale organisasjonar. Dei styrande organa i Mercator skal kunne få hjelp frå rådgjevande komitéar og generaldirektøren. Hovudkvarteret til Mercator skal liggje i Toulouse, Frankrike. Lokaliseringar for særskilde føremål kan leggjast til andre medlemsstatar. Engelsk og fransk skal vere dei offisielle språka til organisasjonen, men det blir opna for at rådet kan auke talet på språk.

Artikkel 3 fastset at føremålet til den internasjonale organisasjonen skal vere å utforme, utvikle og drifte digitale havsystem i verdsklasse, som omfattar marin fysikk, biogeokjemi og økosystem, og å tilby autoritative digitale havinformasjonstenester av generell interesse til medlemsstatar og internasjonal havforvalting, inkludert operasjonelle havprognosetenester.

Artikkel 4 kneset ei rekkje mål og aktivitetar for organisasjonen. Organisasjonen skal gjennomføre forsking, utvikling, drift, tilgjengeleggjering og tenesteproduksjon basert på digitale havdata. Organisasjonen kan også gjennomføre andre aktivitetar enn dei som er oppgitte.

Artikkel 5 slår fast at organisasjonen skal samarbeide med nasjonale styresmakter i medlemsstatane og ei rekkje spesifiserte internasjonale og europeiske organisasjonar. Organisasjonen kan med godkjenning frå rådet inngå avgrensa samarbeidsavtalar med statar som ikkje er medlemsstatar, så lenge dei deler føremåla og prinsippa til organisasjonen.

Noreg sin føresetnad i forhandlingane om ansvar for Arktis og Nord-Atlanteren er innarbeidd i artikkel 5.1., der det heiter:

«Mercator International Centre for the Ocean skal for å oppnå føremålet sitt og for å nå måla sine, i størst mogleg grad samarbeide med regjeringane til medlemsstatane, nasjonale organ og kompetansesentera, særleg når det gjeld aktivitetar knytte til kystsonene til medlemsstatane og tilstøytande regionale havområde. Slikt samarbeid kan ha form av samarbeidsavtalar med medlemsstatar eller nasjonale organ og nasjonale kompetansesenter.»

Artikkel 6 definerer rådet som Mercator sitt øvste organ. Kvar medlemsstat skal ha to representantar kvar, éin med stemmerett. Artikkelen definerer også tilhøvet rådet har til administrasjonen, prosedyre for val av leiar og møtefrekvens.

Artikkel 7 krev m.a. at 2/3 av medlemsstatane må vere representerte for at rådet skal vere vedtaksført. Kvar stat skal ha éi stemme og staten kan miste stemmeretten dersom kontingent ikkje er betalt.

Artikkel 8 definerer kva avgjerder i rådet som krev samrøystes avgjerd: avgjerd om tiltreding av nye medlemsstatar, fastsetjing av vilkåra for assosierte medlemskap, godkjenne avtalar med ikkje-medlemsstatar, vedta oppseiing eller ekskludering, oppløysing, flytting av hovudkvarter osb. Artikkelen definerer til sist kva saker som kan avgjerast med simpelt fleirtal, dvs. som ikkje krev samrøystes vedtak eller to-tredels fleirtal, men spesifiserer også m.a. godkjenning av tilsetjingar og oppseiingar og skiping av rådgivande grupper. Arbeidsspråk er definert som engelsk og fransk, men dette kan utvidast ved eit samrøystes vedtak.

Artikkel 9 fastset samansetjinga av den vitskaplege komiteen, og reglar for oppnemning, attval og fornying.

Artikkel 10 spesifiserer funksjonen til den rådgjevande komiteen, og spesifiserer at rådet kan etablere ein separat finanskomité dersom det ønskjer det.

Artikkel 11 spesifiserer pliktene og myndigheitene til generaldirektøren.

Artikkel 12 slår fast m.a. at rådet skal fastsetje eit eige regelverk for tilsette i organisasjonen, som m.a. regulerer tilsetjing, oppseiing og konflikthandtering. Artikkelen fastset også moglegheit for utsendte tilsette frå medlemsstatane, og slår fast at arbeidsstyrken skal reflektere den internasjonale karakteren til organisasjonen.

Artikkel 13 slår fast at det kvart femte år skal utarbeidast eit forslag til langtidsstrategi for Mercator på ti år, som skal vedtakast av rådet.

Artikkel 14 om finansieringsprinsipp og økonomiske bidrag frå medlemsstatane seier at utgiftene skal samsvare med inntektene og at medlemsstatane skal bidra med ei årleg kvote.

Organisasjonen skal finansierast av ein kombinasjon av eksterne delegasjonar og oppdrag (primært frå EU og IOC/UNESCO) og kvoter frå medlemsstatane. Dei skal utgjere høvesvis ca. 90 % og 10 % av budsjettet til organisasjonen.

Kvar medlemsstat skal betale Mercator eit årleg økonomisk bidrag i euro. Kvoten til medlemsstatane skal utgjere omlag totalt 6 millionar euro, for eit samla budsjett rekna til 60 millionar euro.

Det økonomiske bidraget frå ein medlemsstat skal reknast på grunnlag av statens gjennomsnittlege bruttonasjonalinntekt (BNI) for dei siste tre åra det er statistikk tilgjengeleg for. Dette er standardmodellen som blir brukt for andre europeiske organisasjonar. Det er også vanleg globalt. Dette betyr at Noreg får tildelt ein andel på 2,47 % av den totale prosentdelen av dei 31 rettmessige statane, ifølgje den siste FN-datastatistikken tilsvarande perioden 2021-2023.

Samtidig er det ikkje realistisk for alle Copernicus-statar å ratifisere konvensjonen med ein gong. Difor fastset konvensjonen at det er ein føresetnad for ikraftsetjing at minimum åtte statar som til saman utgjer 50 % av den totale kvoten, har underteikna. I dette tilfellet blir totalkvoten fordelt mellom statane som har ratifisert ved ikraftsetjing. Den norske kvoten, når denne 50 %-grensa er nådd, kan maksimalt utgjere 296 500 euro (dvs. 3,433 mill. kroner med ein valutakurs på 11,58).

Artikkel 15 fastset reglar om budsjettet som skal etablerast i euro, rekneskapsår, budsjettrutinar, budsjettår og kva forhold som skal fastsetjast i økonomiregelverket til organisasjonen. Rådet skal vedta budsjettet til organisasjonen. Dei finansielle bidraga frå medlemsstatane skal følgje av artikkel 8.2. j) og 8.3. d).

Artikkel 16 fastset at alle kontoar og utgifter skal vere underlagt ekstern revisjon.

Artikkel 17 om intellektuell eigedomsrett og regelverk for dataprogram, data og informasjon, slår fast at Mercator skal behalde alle rettar, og at data og informasjonstenester skal følgje Fair-prinsippa for datautveksling. Det vil seie at dataa skal vere moglege å finne igjen, tilgjengelege, samhandlande og gjenbrukbare. Alle medlemsstatar skal ha gratis og ikkje-eksklusiv tilgang til å bruke programvara.

Artikkel 18 ekskluderer ansvar for organisasjonen eller for medlemsstatane for bruk av eller forstyrringar i dei digitale havtenestene som konvensjonen gir opphav til.

Artikkel 19 fastset at Mercator som organisasjon og dei tilsette skal ha privilegium og immunitet på territoriet til medlemsstaten, som er nødvendige for utøvinga av funksjonen deira. Privilegia og immuniteten skal detaljert fastsetjast i protokollen om privilegium og immunitet for Mercator. Denne skal ratifiserast, godtakast eller godkjennast av medlemsstatane. Det skal inngåast ein eigen vertsstatsavtale mellom Mercator og Frankrike.

Artikkel 20 spesifiserer at tvistar mellom medlemsstatane og organisasjonen om gjennomføringa av konvensjonen i første omgang skal handterast av rådet. Dersom konflikten ikkje kan løysast, skal han leggjast fram for eit skilsdomstribunal. Artikkelen spesifiserer samansetjinga av skilsdomstribunalet og fordelinga av kostnader knytte til dette.

Artikkel 21 fastset at konvensjonen skal opnast for underteikning for dei statane som er lista opp i vedlegg I.

Artikkel 22 seier at konvensjonen skal tre i kraft den første dagen i den andre månaden etter datoen for ratifikasjon, godtaking eller godkjenning av ikkje mindre enn ein firedel av statane oppført i vedlegg I, inkludert Frankrike, føresett at dei totale økonomiske bidraga frå desse statane utgjer minst femti prosent av dei totale bidraga i vedlegg II. For alle andre signatarstatar skal konvensjonen tre i kraft den første dagen i den andre månaden etter datoen for deponeringa av statens ratifikasjons-, godtakings- eller godkjenningsdokument. Dersom konvensjonen ikkje har tredd i kraft innan to år, skal det haldast ein konferanse om dette.

Artikkel 23 spesifiserer at etter ikraftsetjing kan andre statar tiltre konvensjonen etter samtykke frå rådet.

Artikkel 24 spesifiserer særskilde forhold for det første budsjettåret, m.a. at det første budsjettåret startar frå konvensjonen har tredd i kraft til 31. desember same år, dersom ikraftsetjinga er første halvår, og året etter viss ikraftsetjinga er i andre halvår. Artikkelen spesifiserer også at dei opphavlege stiftingseigarane skal kjøpast ut i tråd med opphavleg fordelingsnøkkel.

Artikkel 25 angir prosedyre for å endre konvensjonen.

Artikkel 26 regulerer oppseiing av konvensjonen. Alle statar kan seie opp konvensjonen, etter at han har vore i kraft i fire år, ved melding til depositaren. Det blir fastsett reglar for korleis bidraget skal betalast ved ei eventuell oppseiing.

Artikkel 27 fastset prosedyre ved misleghald av plikter og sanksjonar frå tap av stemmerett til eksklusjon.

Artikkel 28 inneheld prosedyre for oppløysing av organisasjonen.

Artikkel 29 regulerer kven som skal vere depositar for konvensjonen og depositaren sine oppgåver.

Artikkel 30 fastset at konvensjonen skal FN-registrerast.