Prop. 78 S (2019–2020)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

2 Nye materiellprosjekt for godkjenning

2.1 Prosjekt 5007 – Artillerilokaliseringsradar

Hæren har i omkring 60 år hatt ein kapasitet til å varsle om og lokalisere fiendtlege bombekastarar, røyr- og rakettartilleri og andre trugslar som til dømes rakettar avfyrte frå improviserte utskytingsinnretningar. Denne kapasiteten vert omtala og nemnd som ein artillerilokaliseringsradar.

Den fyrste radaren vart anskaffa som ein del av den amerikanske våpenhjelpa på 1950-talet. Denne vart avløyst av neste generasjon radar i 1975. Den eksisterande, og tredje generasjon radar, vart teke i bruk i Hæren på slutten av 1990-talet. Radarane, totalt 12 stk., har nådd sin teknologiske levealder og er mogne for utskifting. Fleire av komponentane har gått ut av produksjon og er ikkje mulig å få tak i. Vidare er det av omsyn til sikkerheita til mannskapa naudsynt å integrere ein ny radar på ei pansra køyretyplattform.

Stortinget har vedteke at eit artillerisystem skal vere ein del av Hæren sin framtidige struktur, jf. Innst. 50 S (2017–2018) til Prop. 2 S (2017–2018) Videreutviklingen av Hæren og Heimevernet. Hausten 2017 vart det difor fremma eit prosjekt for Stortinget si godkjenning om kjøp av eit artillerisystem til Hæren, og ein kontrakt med ein sør-koreansk leverandør vart inngått i desember same året. Dei fyrste leveransane kom i desember 2019.

Ein artillerilokaliseringsradar er tett innvevd med eit artillerisystem, og radaren er ein viktig føresetnad for å oppnå ei effektiv eldstøtte frå eit artillerisystem. Radaren gjev Hæren kapasitet til å lokalisere skytande fiendtlege våpensystem hurtig og nøyaktig og svare med moteld.

Prosjektet skal anskaffe fem artillerilokaliseringsradarar med tilhøyrande pansra køyrety, logistikk og materiell for utdanning. Leveringa er planlagt å finne stad innan 2024.

Det nye systemet vil kunne gje støtte til operasjonar nasjonalt og internasjonalt, og aukar operativ tilgjengelegheit og evne. I tillegg sit personalet beskytta i et pansra køyrety, noko som minskar behovet for mannskap til vakthald og sikring.

Anskaffinga av det nye radarsystemet vil bli gjennomførd med konkurranse mellom fleire leverandørar.

I samband med anskaffinga vil det bli stilt krav om at det vert inngått ei avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren innan hovudkontrakten vert signert. Ein avtale om industrisamarbeid skal minst ha ein tilsvarande verdi som hovudkontrakten. Forsvarsdepartementet vil fylgje nøye opp at avtalen vert oppfylt.

Det er gjennomførd ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma – med to unntak. Kostnadsramma er basert på ei analyse som berre inkluderer dei leverandørane som vert vurdert å oppfylle krava til yting, og som samstundes har eit prisestimat som ligg innanfor prosjektet sitt styringsmål. I tillegg gjeld det ei såkalla avgift for gjenkjøp som ikkje er dokumentert. Forsvarsdepartementet vil følge opp dei usikkerheitsreduserande tiltaka som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 1 502 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing for usikkerheit. Prosjektet si styringsramme vert sett til 1 252 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.