Prop. 78 S (2019–2020)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

4 Endring av tidlegare godkjente eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt

4.1 Evenes – fasilitetar for maritime patruljefly

Stortinget vedtok gjennom handsaminga av Innst. 346 S (2018–2019) til Prop. 60 S (2018–2019) etablering av fasilitetar for dei nye maritime patruljeflya på Evenes flystasjon. Prosjektet vart godkjent med ei kostnadsramme på 1 800 mill. kroner medrekna innreiing, meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse med eit kostnadsnivå pr. 1. juli 2019. Prisjustert til kostnadsnivå pr. 1. juli 2020 er kostnadsramma 1 842 mill. kroner.

Byggeprosjektet inneber etablering av ein hangar med plass for tre maritime patruljefly (P-8A), der to plassar er knytte til vedlikehald og ein til vask av flya. Vidare inneheld prosjektet administrative fasilitetar både for flyskvadronen og vedlikehaldsskvadronen, ulike verkstadfasilitetar for P-8A, teknisk lager og verkstad- og lagerfasilitetar for bakkeutstyr og redningsutstyr. I tilknyting til desse fasilitetane vert det etablert tre plassar for oppstilling for P-8A, plattform for lasting av ammunisjon og utandørs spyleanlegg for flya.

Fasilitetane skulle lokaliserast på ein kompakt måte på Forsvaret sin eigendom heilt sør på Evenes flystasjon parallelt med og på vestsida av eksisterande rullebanen. Det vart gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet i samband med godkjenninga i 2019. Ekstern kvalitetssikrar konkluderte i sin rapport at prosjektet kunne vidareførast i samsvar med forprosjektet.

Ved handsaminga av prosjektet i Stortinget vart plasseringa av hangaren til dei maritime patruljeflya særskilt diskutert. Avinor og Forsvarsbygg hadde då starta arbeidet med å finne ein betre plassering av hangaren som korkje gav turbulens mot rullebanen eller gjorde det naudsynt med restriksjonar for den sivile lufttrafikken ved Evenes lufthamn. Dei fyrste analysane synte at ei dreiing av hangaren ville vere gunstig.

Sumaren og hausten 2019 vart det gjennomførd nye analysar av turbulenspåverknaden frå hangaren. Ekstern kvalitetssikrar leverte i september 2019 ein ny rapport, der ein såg nærare på både den opphavlege plasseringa av hangaren parallelt med rullebanen og eit alternativ der hangaren vart dreidd slik at han låg parallelt med utfordrande vindretning. Rapporten synte at påverknaden frå vind vart vesentleg redusert ved ei dreiing av hangaren. Ekstern kvalitetsssikrar skreiv i sin konklusjon at det «dreidde» alternativet ville auke risikoen monaleg for at prosjektet ikkje kunne gjennomførast innanfor gjeldande kostnadsramme. I tillegg ville prosjektet ferdigstillast 4–6 månader seinare enn opphavleg planlagt. Den etterpåfølgande risikoanalysen frå Avinor med støtte frå dei sivile flyoperatørane synte fortsatt at risikoen for uynskte hendingar ved landingar på Evenes lufthamn var for høg.

Som ein følgje av risikovurderinga vart det utarbeidd ulike variantar av det «dreidde» alternativet som inneber ei flytting av hangaren omlag 300 meter sørover og litt vestover. Avinor sendte i desember sine tilrådingar for ei lokalisering av hangaren til Luftfartstilsynet. Luftfartstilsynet godkjende lokaliseringa av den nasjonale P-8-hangaren med tilhøyrande operative flater i februar 2020.

Ei flytting av den godkjende løysinga for hangarutbygginga på Evenes 300 meter sørover frå den opphavlege plasseringa vil gje auka behov for taksebanar frå rullebanen og ned til det nye området. I den opphavlege plasseringa parallelt med rullebanen vart det lagt til grunn at dei operative flatene i liten grad trong bruk av kjemikaliar for baneavising. I den nye løysinga vil avrenning til omgjevnadane kunne ha innverknad på det meir sårbare naturverneområdet sør for flyplassen. Etter ei miljømessig vurdering synes ei avrenning frå dei operative flatene i den nye løysinga i større grad å kunne ha innverknad på det meir sårbare RAMSAR-området sør for flyplassen. Etter dialog mellom Forsvarsbygg og miljøstyremaktene (Fylkesmannen i Nordland) ser ein det er formålstenleg å etablere ei betre og meir robust løysing for å handtere overflatevatn og baneavisingskjemikaliar enn tidlegare prosjektert. Dette kostar også meir enn tidlegare rekna med. I tillegg gjev lokaliseringa auka kostnadar til massehandtering.

Det er gjennomført ein analyse av konsekvensar for kostnadar og tid av det nye alternativet som inneber at hangaren vert flytta 300 meter samanlikna med den plasseringa som opphavleg var føresett i prosjektet. Arbeidet med å finne ny lokalisering av hangaren til dei maritime patruljeflya inneber ferdigstilling sumaren 2023, mot sumaren 2022 slik det opphavleg var planlagd. Forsvarsdepartementet tilrår at kostnadsramma for prosjektet vert auka til 2 400 mill. kroner medrekna innreiing, meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetting for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 2 000 mill. kroner.

Forsvaret planlegg å ta i bruk P-8 frå ei mellombels løysing på Evenes frå 1. kvartal 2022 for å starte trening og øving av besetningane så tidleg som mogeleg. Det er ei nødvendig åtgjerd for å halde den operativ evna oppe så mykje som mogeleg i overgangen mellom gammal og ny flytype. For å klare dei operative leveransane med dei nye maritime patruljeflya er det viktig at den permanente fasiliteten står klar sumaren 2023.

Investeringskostnaden for utbygginga på Evenes er, inkludert kostnadsauken for hangaren til P-8A, berekna til 4 980 mill. 2020-kroner. Totalkostnaden er såleis innanfor den berekna verdien (p85) på 5,08 mrd. 2020-kroner som Stortinget tidlegare er informert om ved oversending av konseptvalutgreiinga for Evenes.