St.meld. nr. 17 (2000-2001)

St.meld. nr. 17

Til innholdsfortegnelse

12 Behov for kunnskap

Dei siste ti åra har Kommunal- og regionaldepartementet arbeidd systematisk for å betre kunnskapsgrunnlaget når det gjeld levekåra til flyktningar som nyleg har kome til landet, det statlege mottakssystemet for asylsøkjarar, situasjonen til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, busetjing og tilbakevending av bosniske flyktningar, politikken for mellombels vern overfor bosniske flyktningar, og effektane av strategiane for busetjing av flyktningar i kommunane dei siste fem åra. I tillegg er ordninga med integreringstilskot evaluert.

Det går for tida også føre seg eit treårig forskings- og utviklingsprogram i samband med norskopplæring for vaksne innvandrarar. I tillegg går det føre seg eit forskingsprosjekt som vurderer politikken overfor flyktningar frå Kosovo i lys av dei erfaringane ein har frå politikken overfor bosniske flyktningar. Det er òg sett i gang eit prosjekt om uttak, mottak og integrering av overføringsflyktningar.

I 1998 og 1999 blei det sett i gang forsøksprosjekt i 16 kommunar for å prøve ut alternativ til dagens kvalifisering og inntektssikring for nyleg komne flyktningar. Endå ti prosjekt er sette i gang hausten 2000. UDI vil også vidareføre eit treårig prosjekt som prøver ut skjermtolking.

Forsking viser at løysingar i stor grad må finnast gjennom justeringar og omleggingar i eksisterande ordningar og politikk, og at det på somme område er behov for endå meir kunnskap og for utvikling av gode arbeidsmetodar. Samstundes er det behov for å følgje opp og jamleg evaluere det arbeidet som blir gjort, både på statleg og kommunalt nivå.

I tida framover vil ein prioritere arbeidet med å evaluere dei omleggingane som skjer og har skjedd på asyl- og flyktningfeltet. Mellom anna vil verksemda til Utlendingsnemnda bli evaluert. I samband med utvikling av asylpolitikken vil det vere behov for meir systematisk kunnskap om årsakene til at menneske flyktar, og om grunnen til at dei vel å søkje tilflukt i Noreg. Det vil også vere behov for å evaluere konsekvensane av at Noreg er knytt til Dublinkonvensjonen og deltek i Schengensamarbeidet.

Når det gjeld det eksisterande mottakssystemet, er det behov både for ei systematisering og evaluering av dei ulike løysingane for mottak som er i bruk i dag, og ei utprøving av alternative løysingar.

Forsøksprosjekta i samband med kvalifisering og inntektssikring blir jamleg evaluerte. På grunnlag av erfaringane med desse prosjekta vil ein vurdere om det er behov for fleire forsøksprosjekt. Ein ser allereie no behovet for å setje i gang forsøk for å stimulere til auka bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i norskopplæringa. Vidare er det behov for forsking som kartlegg kva som er til hinder for at kvinner kan delta i kvalifisering og arbeidsliv. I tillegg er det behov for ei landsomfattande kartlegging av kompetansen til lærarane som underviser i norskopplæringa.

Det er behov for meir forsking som kartlegg omfanget av psykiske lidingar blant flyktningar, og som ser på samanhengen mellom faktorar i asyl- og busetjingsfasen og psykisk helse.

12.1 Statistikk

Kommunal- og regionaldepartementet har dei siste ti åra samarbeidd med Statistisk sentralbyrå (SSB) for å skaffe fram betre statistikk og betre analysar om inn- og utvandring og situasjonen og levekåra til innvandrarar og flyktningar. Det har også vore eit siktemål å få fram statistikk oftare og raskare. Som eit resultat av dette arbeidet blir det årleg publisert statistikk om flyktningar og arbeidsmarknaden, medan det kvartalsvis blir publisert statistikk om arbeidsløyse og tiltak for innvandrarar og grunntabellar som viser arbeidsløyse blant innvandrarar i andre kvartal kvart år. Inntektstal for innvandrarbefolkninga blir publisert årleg i Dagens statistikk. Eit datasett for dei som innvandra i åra 1986–1996, vil når det blir nærmare analysert, gi opplysningar om den viktigaste inntektskjelda for innvandrarar og korleis ho endrar seg med aukande butid.

I ei undersøkinga utført av Statistisk sentralbyrå, Utdanningsstatistikk. Innvandrernes utdanningsnivå fra 1998, fekk ein ein svarprosent på 83. Kvaliteten på data om utdanning er med denne undersøkinga blitt vesentleg betre, og vi har no eit meir korrekt og meir komplett bilete av utdanningsnivået i innvandrarbefolkninga. Analysar av materialet vil bli gjennomførte i åra som kjem.

Statistisk sentralbyrå har eit godt datagrunnlag for å slå fast kor stor innvandringa til Noreg er, men manglar opplysningar på individnivå om kvifor innvandrarane kjem, og kva juridisk grunnlag dei har for opphaldet. Å vite meir om samansetjinga av innvandrarbefolkninga er viktig både for å kunne seie noko om forventa utvikling, og som grunnlag for å gjennomføre longitudinelle undersøkingar. For å få dei ønskte individdata må Statistisk sentralbyrå få data frå det nye Datasystemet for utlendings- og flyktningsaker (DUF), som ein ventar skal vere i drift frå hausten 2001.

Undersøkinga Levekår blant innvandrere 1996 dokumenterer levekåra til åtte ikkje-vestlege innvandrar- og flyktninggrupper (eit utval på 48 000 personar i alderen 16–70 år). I Statistiske analyser nr. 33 blir Innvandring og innvandrere 2000 presentert. Publikasjonen samlar ymse statistikk som omhandlar innvandrarar i Noreg, med vekt på tidsseriar som seier noko om utviklinga innanfor ulike levekårsområde. Aktuell statistikk om Barn og unge med innvandrerbakgrunn, frå mars 2000, presenterer tilgjengeleg statistikk om demografi, utdanning, kriminalitet og barnevern.

Samarbeidet mellom Statistisk sentralbyrå og Kommunal- og regionaldepartementet vil bli ført vidare.

Til forsiden