St.meld. nr. 17 (2000-2001)

St.meld. nr. 17

Til innholdsfortegnelse

13 Økonomiske og administrative konsekvensar

Regjeringa legg til grunn at prinsippet om sektoransvar blir ført vidare. Det vil seie at fagstyresmaktene i ulike sektorar og på ulike forvaltningsnivå skal ha det same ansvaret for flyktningar som for befolkninga elles. Som hovudregel skal flyktningar omfattast av generelle ordningar og tiltak. På dei ulike områda skal arbeidet rettast inn mot å oppnå best mogleg resultat innanfor dei rammene som gjeld.

Regjeringa foreslår i meldinga å innføre ei ny ordning for busetjing som vil endre den gjeldande oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom ulike forvaltningsnivå. Forslaget inneber at ordninga skal organiserast gjennom utval på to nivå – eit utval på nasjonalt nivå og eit utval i kvart enkelt fylke. Det nasjonale busetjingsutvalet skal ha som oppgåve å fastsetje 1) samla behov for busetjing komande år, og 2) talet på flyktningar som skal busetjast i kvart fylke kommande år. Regjeringa foreslår at både stat- og kommunesektoren skal vere representert i utvalet, og at utvalet skal leiast av ein representant for staten. Busetjingsutvalet i fylka skal fastsetje og tildele dei enkelte kommunane det talet flyktningar dei skal busetje kommande år. Alle kommunene i fylket bør vere representert i busetjingsutvala. Regjeringa foreslår at busetjingsutvala i fylka skal leiast av fylkesmannen.

Det er behov for å konkretisere ytterlegare oppgåvene til utvala, og bestemme kven som skal gjere kva, før ein kan rekne på dei økonomiske og administrative konsekvensane for dei enkelte aktørane. Den nye ordninga vil mellom anna på sikt føre til innsparingar for staten ved at busetjinga skjer raskare, slik at utgiftene til drift av statlege mottak blir reduserte.

Regjeringa foreslår i meldinga å leggje til rette for at barn i alderen frå fire til og med fem år kan få eit tilbod om halvdagsplass i barnehage. Ein halvdagsplass i barnehage for denne målgruppa kostar kr 45 000, inklusiv utgifter til drift og utgifter til språklege assistentar. Utgiftene blir om lag 10 mill. kr per år, dersom alle barn i mottak i den aktuelle aldersgruppa nyttar tilbodet. Dersom ein legg til grunn at 75 pst. av barna i målgruppa nyttar tilbodet, vil utgiftene bli om lag 7,2 mill. kr per år.

Regjeringa foreslår óg å vidareføre ordninga med foreldrerettleiing i mottak. Utgiftene blir om lag 1,1 mill. kr per år, og er knytte til å setje i verk foreldrerettleiing på mottak og til opplæring og rettleiing av foreldrerettleiarar.

Vidare foreslår Regjeringa å styrkje dei fem regionale psykososiale teama med ei stilling kvar, slik at kommunar med statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar og kommunar som buset flyktningar, kan få meir råd og rettleiing. Meirutgiftene blir om lag 2,5 mill. kr per år.

Regjeringa vil setje i verk ei ordning med yrkesprøving for å vurdere fagutdanning frå utlandet. Ein legg til grunn at 250 personar vil gå opp til yrkesprøving kvart år. Utgiftene knytt til personar som går opp til yrkesprøving blir om lag kr 13 500 per person. I tillegg kjem ein administrativ kostnad på kr 5 000 per person. Det vil òg vere behov for kompetansehevingstiltak overfor personale som skal ta hand om yrkesprøvinga. Utgiftene til dette vil vere om lag 1 mill. kr per år. Dei totale utgiftene per år knytt til ei ordning med yrkesprøving blir da om lag 5,6 mill. kr per år.

I tillegg foreslår Regjeringa at dei som ikkje står til språkprøva etter 850 timar med opplæring i norsk, skal få inntil 100 timar ekstra. Førebels berekningar viser at utgiftene kan bli om lag 1,8 mill. kr per år. Dersom dei som tek ut 100 timar ekstra kan halde fram i same klasse som før, vil dei totale utgiftene bli mindre enn det som her er lagt til grunn.

Regjeringa foreslår óg å styrke bemanninga og fagkompetansen ved avdelingane for einslege mindreårige i mottak med ei stilling kvar, i tillegg til tiltak for å heve kompetansen blant dei tilsette. For 16 avdelingar for einslege mindreårige vil utgiftene bli om lag 9 mill. kr per år.

Tiltak for å sikre raskare behandling av asylsøknader og raskare busetjing, eventuelt retur til heimlandet for dei som får avslag på søknaden om asyl, vil på sikt innebere vesentlege innsparingar for staten i form av reduserte utgifter til drift av statlege mottak. Samstundes vil truleg fleire av dei foreslåtte tiltaka i meldinga gjere det lettare for flyktningane å bli sjølvhjelpte kort tid etter busetjing. Tiltak for å styrkje tilbodet til barn og vaksne i mottak, som på kort sikt fører med seg eit behov for meir ressursar, vil på lengre sikt truleg òg innebere innsparingar for hjelpeapparatet. Tiltak for å auke yrkesdeltakinga blant nykomne flyktningar vil på lengre sikt også føre til auka skatteinntekter og reduserte utgifter både for staten og for kommunane.

Til forsiden