St.meld. nr. 17 (2000-2001)

St.meld. nr. 17

Til innholdsfortegnelse

9 Tolketenester

9.1 Hovudprinsipp

9.1.1 Bruk av tolk

Tilgang på tolketeneste er nødvendig for å sikre at fagfolk og representantar for norske styresmakter og institusjonar skal kunne gi tilnærma det same tilbodet til flyktningar som til befolkninga elles. Bruk av tolk som er godt kvalifisert, er avgjerande for å gi mange flyktningar og andre innflyttarar eit offentleg helse- og omsorgstilbod, særleg dei første åra etter at dei er komne til landet. Tolketenester er òg nødvendige for å sikre rettstryggleiken til den enkelte.

I Noregs lover er bruk av tolk likevel berre nemnt spesielt i domstollova, der det står at tolk skal tilkallast når nokon som ikkje snakkar tilstrekkeleg godt norsk, skal ta del i rettsmøte. Bruk av tolk i offentleg tenesteyting følgjer indirekte av forvaltningslova, der det står at personar har rett til å uttale seg, og at den offentlege parten har rettleiings- og informasjonsplikt. Som hovudregel skal det nyttast tolk når språkleg assistanse er nødvendig for å kommunisere på ein forsvarleg måte. Den offentlege parten er ansvarleg for å tinge tolk og dekkje utgiftene.

9.1.2 Tolkeetiske prinsipp

Å vere tolk er ei krevjande oppgåve både språkleg og etisk. Ein tolk må kunne to språk svært godt. I tillegg må han/ho ha evne og teknikk til å tolke. Tolken må òg ha god kjennskap til saksfeltet for å oppfatte meininga i bodskapen og kunne bruke rett fagterminologi. Tolkeyrket byggjer på ei rad etiske prinsipp: Tolken skal vere upartisk og ikkje gi til kjenne eigne meiningar, men gi att truverdig det dei to partane seier til kvarandre. Tolken har dessutan teieplikt om alt tolken får kjennskap til gjennom oppdraget. Personar som på nokon måte kan bli oppfatta som part i saka, eller som på annan måte er involverte i saka, skal ikkje bli sette til å tolke. Familiemedlemmer skal ikkje brukast som tolk av det offentlege, då dei vil vere inhabile. Barn eller mindreårige skal ikkje i noko høve fungere som tolk.

9.2 Tolketilbodet i Noreg

Det var i 1999 registrert behov for tolking i over 70 språk i Noreg. Behovet for tolking er naturleg nok størst i kommunikasjonen med flyktningar og asylsøkjarar som nyleg har kome til landet. Behovet for tolking oppstår som regel idet ei gruppe flyktningar kjem til ein kommune. Tilgang på tolketenester er ikkje alltid eit kriterium som det blir teke omsyn til ved oppretting av statlege mottak eller ved busetjing i kommunar.

Dei første offentlege formidlingstenestene for tolking i Noreg blei etablerte i slutten av 1970-åra i dei større byane. Ved inngangen til 2000 var det i alt 18 registrerte offentlege tolketenester på landsbasis, som alle var lagde til det kommunale forvaltningsnivået. I Oslo-området finn vi heile sju av dei i alt 18 offentlege tolketenestene. Innlandsfylka og Nord-Noreg er svakt dekte. I tillegg til organiserte tolketenester driv ein del kommunar formidling av tolkar utan å ha ein eigen organisasjon for dette formålet. Somme institusjonar tingar tenester direkte frå tolken. Det er òg kome ein del private formidlingsfirma på marknaden. Med unntak av dei større offentlege tolketenestene, manglar det oftast rutinar for rekruttering i form av opplæring eller testing av dei personane som blir leigde inn som tolk. Det finst derfor inga kvalitetssikring av det tilbodet som blir formidla. UDI har i samband med at dei har teke over asylintervjuet frå politiet, sett i gang eiga kvalitetssikring ved mellom anna å teste dei tolkane som skal nyttast i intervju med asylsøkjarar.

Tilgangen på tolkar er altså i utgangspunktet ulikt fordelt i landet. Somme stader er det opptil fleire vekers ventetid på tolk. Problemet med tilgang på kvalifiserte tolkar råkar særleg mottak og mindre kommunar i utkantstrøk. Lange avstandar gjer her i mange tilfelle tolking til ei kostbar og eksklusiv vare. Dei økonomiske rammene for dekning av utgifter til tolk opnar òg for at tolking lett kan bli ein salderingspost. Særleg ved mottaka, der ein heile tida har behov for språktenester, er ad hoc-løysingar relativt utbreidde. Den mest vanlege nødløysinga, som nok også blir praktisert i ein del kommunar, er å tilsetje tospråklege miljøarbeidarar i ei dobbeltrolle. I samsvar med denne praksisen blir det berre tilkalla tolk utanfrå når ein skal ha samtalar om alvorlege problem. Ein slik praksis kan ha uheldige konsekvensar, for det oppstår lett forvirring om kva funksjonar miljøarbeidaren/tolken eigentleg har. Dette er derfor ein praksis som må brukast med varsemd.

I somme tilfelle blir det rapportert om at bebuarar i mottak som har lært ein del norsk, blir sette til å tolke. Dette er ein svært uheldig praksis av fleire grunnar, men det er særleg nøytralitetsprinsippet og teieplikta – sjølve grunnlaget for tolkefunksjonen – som gjerne blir skadelidande. I røynda kan dette føre til at den som treng tolk, held tilbake viktig informasjon i frykt for sladder. Av praktiske grunnar kan nødløysingar vere påkravde i formidling av informasjon som gjeld reint daglegdagse gjeremål på eit mottak, men det er viktig å vere var for at det å setje feil person inn i tolkefunksjonen, i seg sjølv kan vere eit hinder for kommunikasjon.

Den mest vanlege forma for tolking i offentleg sektor er frammøtetolking, der tolken er fysisk til stades saman med samtalepartane. Fjerntolking er teke i bruk som ei felles nemning på tolking via vanleg telefon eller skjermløysingar. Telefontolking er mykje brukt i utkant-Noreg, der tilgangen på kvalifiserte tolkar er dårleg. Det vil i mange tilfelle vere betre å nytte eit tilbod om telefontolking framfor å nytte ein lite kvalifisert tolk som er til stades. Bruk av telefontolking sikrar òg ein større grad av anonymitet. Dette er særleg viktig i små lokalsamfunn der alle kjenner kvarandre. Ulempa ved telefontolking er at ein ikkje veit kvar tolken oppheld seg, og heller ikkje om andre kan overhøyre samtalen. Ein har heller ikkje høve til å følgje med på kroppsspråk, mimikk o.l. Fordi det gir aktørane høve til å sjå kvarandre, er skjermtolking eit godt supplement til frammøtetolking. Skjermtolking er no under utprøving gjennom eit treårig forskings- og utviklingsprosjekt, styrt av Hordaland fylkeskommune og finansiert av UDI. Tilbodet, som starta i oktober 1999, er organisert som eit samarbeidsprosjekt mellom dei kommunale tolketenestene i Bergen, Grenland, Kristiansand, Oslo, og Trondheim. Erfaringar viser at bruk av skjermtolking i mange tilfelle kan vere eit godt supplement for brukarar i eit land som Noreg, med den geografien og dei avstandane vi har.

9.2.1 Utdanning, opplæring og autorisasjon av tolkar

Eit utdanningstilbod for tolkar på eitt semester blei oppretta ved Universitetet i Oslo i 1985 med støtte frå Kommunal- og arbeidsdepartementet. Universitetet har i perioden 1985–1998 uteksaminert kandidatar i elleve språk. Dei siste to åra har det ikkje vore aktivitet ved tolkeutdanninga. Resultatet er ikkje tilfredsstillande med tanke på at det er registrert eit behov for tolking i over 70 språk i Noreg.

Som eit supplement til tilbodet ved universitetet blei det i perioden 1993–95 gjennomført eit prosjekt med tilbod om tolkeutdanning ved høgskolane i Alta, Volda og Agder. Samla har tilbodet ved universitetet og høgskolane resultert i at 243 personar, fordelt på 15 språk, har gjennomført tolkeutdanning. I tillegg gjennomførte UDI regionale grunnkurs for tolkar i perioden 1987–1990. Kursa var opne for yrkesaktive tolkar i regionane, men gav ingen formell kompetanse. Fram til 1996 blei det også gjennomført lokale opplæringskurs i regi av dei kommunale tolketenestene og støtta av staten. Utdanning og opplæring av tolkar har ikkje vore ei prioritert oppgåve i dei siste åra, men det ligg no føre ei utgreiing om tolkeutdanning som Norgesnettrådet har skrive på oppdrag frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

I 1995 blei den første autorisasjonsprøva for tolkar gjennomført, og frå 1997 har ordninga vore permanent. Prøva blir arrangert ved Universitetet i Oslo, medan Kommunal- og regionaldepartementet finansierer ordninga og gir bevilling til dei som har greidd prøva. Dei første fire åra ordninga blei praktisert, var det 37 tolkar som blei autoriserte. Godt og vel 80 pst. stod ikkje til prøva. Den høge strykprosenten viser kor krevjande tolkeoppgåva er.

9.3 Utfordringar og tiltak

Tolkeverksemd i offentleg sektor framstår som eit samansett og lite regulert felt. Dei rådande forholda kjem delvis av at feltet er prega av geografiske, organisatoriske, strukturelle og økonomiske problemstillingar som ofte grip inn i kvarandre, og som samstundes går på tvers av sektorgrenser. Feltet er i tillegg hemma av generell mangel på kunnskap om kva oppgåve ein tolk har, og om prinsippa som dannar grunnlaget for tolken sin funksjon. Tiltaka som er sette i verk til no, er ikkje tilstrekkelege verken når det gjeld organisering og avlønning eller kvalitetssikring og utdanning. Behovet for regulering av verksemda på tolkefeltet er derfor stort.

Mangelen på tolkar gjer det vanskeleg å oppnå målet om likestilling mellom flyktningar og nordmenn. Det blir òg vanskeleg å sikre rettstryggleiken til den enkelte. Feltet er òg hemma av manglande kunnskap blant fagpersonar om behovet for tolk og konsekvensane ved bruk av ad hoc-løysingar. Utdanning av tolkar har heller ikkje vore eit høgt prioritert område. Utdanningstilbod til tolkar og opplysningsarbeid overfor fagpersonar som nyttar tolk i arbeidet sitt, må derfor prioriterast. Behovet for tolketenester vil truleg berre auke. Mangelen på kvalifiserte tolkar vil bli særleg tydeleg i Oslo når UDI, som er ansvarleg for å intervjue asylsøkjarar, saman med den nye Utlendingsnemnda skal konkurrere på den same tolkemarknaden som andre brukarar (kommune, sjukehus, barnevern o.a.).

Tolkeområdet vil få auka vekt i åra som kjem. Det er nødvendig med meir kunnskap når det gjeld kvalifisering av tolkar, den faktiske bruken av tolk i ulike samanhengar, og finansiering og administrasjon av tolketenester.

Desse tiltaka vil bli prioriterte:

  • UDI får ansvar for å leggje til rette for brukaropplæring av fagpersonar som nyttar tolk i arbeidet sitt.

  • UDI skal leggje til rette for utvikling av gode rutinar i samband med rekruttering og kvalitetssikring av tolkar til offentleg sektor.

  • UDI skal utarbeide retningslinjer for godkjenning av tolketenester.

  • Universitetet i Oslo vil auke talet på språk, arrangere autorisasjonsprøva kvart år og organisere ulike tiltak for å gjere oppmelde kandidatar til autorisasjonsprøva betre kjende med prøvesituasjonen.

  • Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil følgje opp utgreiinga om tolkeutdanning i Noreg (Norgesnettrådet 1999) for å sikre eit betre og meir stabilt utdanningstilbod.

  • Spørsmål som gjeld ansvar for betaling av tolketenester, tilhøvet mellom private og offentlege tolketilbod og arbeidstilhøva for tolkar, må greiast ut med sikte på ei klargjering av ansvarstilhøve.

Til forsiden