St.meld. nr. 28 (1998-99)

Mot rikare mål

Til innholdsfortegnelse

4 Analyse og vurdering av situasjonen i den vidaregåande opplæriniga

4.1 Innleiing

Ei stortingsmelding om videregående opplæring, som er ein brei gjennomgang av alle sentrale område innanfor den vidaregåande opplæringa etter innføringa av Reform 94, blir lagd fram omtrent samtidig med denne meldinga. Departementet har derfor funne det rett å vise til område i den andre meldinga, som gjeld problemstillingar knytte til det likeverdige opplæringstilbodet.

Den vidaregåande opplæringa, som utgjer bindeleddet mellom grunnskolen og høgre utdanning og arbeidslivet, har vore gjennom ein stor endrings- og omstillingsprosess, representert ved Reform 94. Grunnlaget for Reform 94 ble hovudsakleg lagt i St meld nr 33 (1991–92), Kunnskap og kyndighet, om visse sider ved videregående opplæring, med tilhøyrande Innst S nr 200 (1991–92).

Eit av hovudmåla med vidaregåande opplæring etter Reform 94 er å gi alle unge – uavhengig av bustad, kjønn, sosioøkonomisk bakgrunn, etnisk bakgrunn, alder eller funksjonsevne – likeverdige opplæringstilbod som fører fram til studie-, yrkes- eller delkompetanse. Vidaregåande opplæring skal utvikle dugleik, forståing og ansvar i fag, yrke og samfunnsdeltaking, og leggje eit grunnlag for vidare utdanning og for livslang læring.

4.2 Stortingsmelding om den vidaregåande opplæringa

Status og utfordringar

Meldinga vil gi ei oppsummering og ein status for vidaregåande opplæring etter dei første fire åra med Reform 94. På bakgrunn av denne oppsummeringa, som skisserer utfordringar for den vidaregåande opplæringa i lys av trekk ved samfunnsutviklinga, blir det gjort ei rekkje framlegg til justeringar. Nedanfor blir nokre av hovudområda kort omtalte.

Rett til vidaregåande opplæring

Stortingsmeldinga drøftar kva for effekt retten til vidaregåande opplæring har hatt. Situasjonen for rettselevane, for vaksne som ikkje blir omfatta av retten, for minoritetsspråklege og for elevar og lærlingar som har behov for spesialundervisning er særskilt omtalt. Det blir gjort framlegg om endringar i regelverk, forskrifter og praksis for å redusere forskjellar mellom ulike elev- og lærlinggrupper når det gjeld rett til vidaregåande opplæring.

Tilbodsstrukturen

Meldinga drøftar dei endringar som må gjerast for at kurstilboda på alle nivå i vidaregåande opplæring skal gi nok fagleg breidde og vere tilstrekkeleg desentraliserte, slik at dei utgjer reelle tilbod for alle elev- og lærlinggrupper.

Tilrettelegging av opplæringa

Meldinga drøftar ulike aktuelle tiltak for å få til betre differensiert og tilpassa opplæring innanfor dagens rammer, både for elevar med behov for spesialundervisning, minoritetsspråklege, vaksne og andre med behov for særleg oppfølging.

Til forsiden