St.meld. nr. 28 (1998-99)

Mot rikare mål

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

1.1 Bakgrunn

Departementet følgjer i denne meldinga opp tidlegare vedtak i Stortinget når det gjeld

  • analyse av grunnskoletilbodet i lys av målet om eit likeverdig tilbod til alle elevar

  • utvikling av eit nasjonalt system for vurdering og kvalitetsutvikling i skolen

Under stortingsbehandlinga av St meld nr 47 (1995–96) Om elevvurdering, skolebasert vurdering og nasjonalt vurderingssystem, jf Innst S nr 96 (1996–97), gjorde Stortinget dette vedtaket:

«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til spørsmålet om oppbygging av et nasjonalt vurderingssystem for grunnskolen i sammenheng med sak om evaluering av Reform 97 som skal legges fram for Stortinget våren 1997.»

I samsvar med dei premissane Stortinget har lagt, har departementet gitt Noregs forskingsråd i oppdrag å evaluere Reform 97, jf St prp nr 1 (1998–99).

I samband med behandlinga av utdanningspolitisk utgreiing 5. juni 1997 vedtok Stortinget:

«Stortinget ber Regjeringen foreta en analyse av grunnskoletilbudet for å få kartlagt om ele­vene får et likeverdig skoletilbud i tråd med enhetsskolens prinsipper. Analysen må inneholde en vurdering av hva årsakene til forskjellene i skoletilbudet skyldes. Økonomiske betingelser og endringer i lovverket for grunnskolen og kommunen er elementer som må vurderes i denne sammenheng. Saken legges fram for Stortinget som melding.»

I St prp nr 1 (1997–98) uttalte departementet følgjande om arbeidet med nasjonal vurdering i grunnskolen.

«Utviklingen av et nasjonalt vurderingssystem for grunnskolen er et virkemiddel for å heve kvaliteten på opplæringa for å ivareta enhetsskolens prinsipper. Departementet vil derfor se Stortingets ulike vedtak om nasjonalt vurderingssystem og kartlegging av grunnskoletilbudet i sammenheng og legge dette fram for Stortinget som en samlet melding våren 1998.»

I juni 1997 oppnemnde departementet eit utval som fekk i mandat å komme med forslag til eit heilskapleg, nasjonalt vurderingssystem for grunnskolen. Utgreiinga frå Moe-utvalet har vore på høring, og forslaga frå utvalet og høringsfråsegnene er ein del av grunnlaget for denne meldinga. Det er gjort greie for forslaga frå utvalet og hovudsynspunkta frå høringsinstansane i vedlegg.

Utdanningsreformene på 90-talet, Reform 94 og Reform 97, har i praksis gitt grunnlag for eit 13-årig opplæringsløp for det store fleirtalet av barn og unge i Noreg. Lovgrunnlaget for grunnskole og vidaregåande opplæring er samla i ei felles opplæringslov. Det er vedteke ein felles generell læreplandel med overordna mål og prinsipp som skal gjelde for både grunnskole og vidaregåande opplæring, og det er innført forskriftsfesta krav om skole- og bedriftsbasert vurdering.

Som følgje av dette meinte Moe-utvalet at eit samla nasjonalt opplegg for vurdering av opplæringa bør femne om både grunnskole og vidaregåande opplæring. Fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget slutta seg til dette i omtalen av nasjonal vurdering i Innst S nr 12 til St prp nr 1 (1998–99). Fleirtalet understreka

«viktigheten av å prioritere arbeidet med stortingsmeldingen om likeverdig opplæring i tråd med enhetsskolens prinsipper og et vurderingssystem for grunnskolen og videregående opplæring. Meldingen vil være et viktig grunnlag for en bred vurdering av situasjonen og kvalitet i norsk skole og for videre kvalitetsutviklingsarbeid. Det er viktig at den enkelte skole gis mulighet til selv å definere målene, sett i forhold til den enkeltes elevs forutsetninger og læreplanverket.»

Departementet følgjer i denne meldinga opp utgreiinga frå Moe-utvalet og innstillinga frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen ved å sjå vurderings- og kvalitetsutfordringane i grunnskole og vidaregåande opplæring under eitt. Analysen og drøftinga av den likeverdige opplæringa, i tråd med einskapsskoleprinsippa, gjeld derimot først og fremst grunnskolen.

I løpet av våren vil Regjeringa leggje fram tre andre meldingar som må sjåast i nær samanheng med denne meldinga. Stortingsmeldinga om vidaregåande opplærin g vil gi eit breitt grunnlag for å vurdere status og utfordring på dette opplæringsnivået, med bakgrunn i den forskingsbaserte evalueringa av Reform 94. Handlingsplanen for rekruttering og stabilisering i læraryrket vil ta opp og drøfte ulike spørsmål som er viktige for å sikre og halde på den kompetansen skolen treng. Også stortingsmeldinga om dimensjonering av høgre utdanning har relasjon til tema som er omtalte i denne meldinga.

1.2 Oppbygginga av meldinga

Meldinga har to hovuddelar. I tråd med vedtaket i Stortinget blir det i 2 - 4 lagt fram ein analyse av grunnskoletilbodet, ut frå målet om å gi likeverdig opplæring til alle i tråd med prinsippa i einskapsskolen. I 5 - 7 drøftar departementet grunnlag og innhald i ein samla nasjonal strategi for vurdering og kvalitetsutvikling i grunnskole og vidaregåande opplæring. Dei to hovuddelane må sjåast i samanheng. Analysen av status og utfordringar i første del inngår naturleg som viktig premissgrunnlag for drøftinga av vurderings- og kvalitetsarbeidet i andre del.

2 inneheld ein kort prinsipiell gjennomgang av det politiske, juridiske og økonomiske grunnlaget for einsskapsskolen og målet om likeverdige opplæringstilbod.

3 inneheld ein analyse av grunnskoletilbodet. Situasjonen i grunnskolen blir vurdert i forhold til ein del lovfesta krav og i lys av økonomiske og demografiske rammevilkår. Spørsmål knytte til kommunale variasjonar når det gjeld ressursgrunnlag og ressursutvikling blir drøfta. Kapitlet inneheld òg aktuell informasjon om læringsresultat og læringsmiljø i grunnskolen, henta frå diverse undersøkingar og forskingsrapportar. Til slutt peiker departementet på nasjonale verkemiddel for å fremje likeverdig opplæring.

4 viser til at ein tilsvarande statusgjennomgang av dei områda som vedkjem spørsmålet om likeverdig opplæring for den vidaregåande opplæringa, finst i ei eiga stortingsmelding om den vidaregåande opplæringa (Reform 94) som blir lagd fram omtrent samtidig med denne meldinga.

5 drøftar grunnlag, mål og premissar for ein samla nasjonal strategi for vurdering og kvalitetsutvikling i grunnskole og vidaregåande opplæring. Systematisk vurderingsarbeid i skole og lærebedrift skal først og fremst tene utvikling, ikkje vere ein reiskap for kontroll. Oppgåver og ansvar for kommunar, fylkeskommunar og stat blir drøfta i lys av det lokale skole- og bedriftsbaserte vurderingsarbeidet, som skal vere berebjelken i ein nasjonal strategi.

6 og 7 omhandlar den statlege medverknaden i eit heilskapleg nasjonalt arbeid med å vurdere og forbetre kvaliteten i grunnskole og vidaregåande opplæring. 6 inneheld ei relativt konkret drøfting av ansvar og oppgåver, initiativ og tiltak i statleg regi. 7 behandlar spørsmål om organiseringa av den statlege innsatsen på desse områda for å styrkje samarbeidet mellom ulike instansar og aktørar.

8 gjer kort greie for administrative og økonomiske konsekvensar av innhald og tiltak i meldinga.

1.3 Oppsummering og konklusjonar

Gjennomgangen av ressursinnsatsen til grunnskoleformål i del 1 i meldinga viser at situasjonen dei siste åra har vore relativt stabil, men dei lokale variasjonane frå kommune til kommune kan vere til dels store. Hovudårsakene til dette er forskjellar i inntektsgrunnlag og økonomisk evne og i strukturelle forhold knytte til geografi og busetjing. I tillegg kjem forskjellar i lokal prioritering.

Dei lokale variasjonane kjem fram mellom anna gjennom analyse av situasjonen sedd i høve til lovfesta krav på ei rekkje område i grunnskolen. Med bakgrunn i økonomiske forskjellar og prinsippet om lokalt sjølvstyre er dette naturleg. Gjennomgangen gir ikkje grunnlag for å konkludere med at det likeverdige grunnskoletilbodet sett under eitt er i fare, eller at forskjellane medfører alvorlege brot på slike krav i kommunane. Departementet ser likevel behov for å følgje utviklinga nøye for å medverke til at kvaliteten på grunnskoleopplæringa utviklar seg tilfredsstillande for alle elevar, uavhengig av kvar i landet dei bur.

Informasjon om læringsresultat og læringsmiljø fortel òg om til dels store forskjellar innanfor og mellom grupper, klassar, skolar og kommunar. Resultata gir mellom anna nyttig informasjon om kjønnsforskjellar, tilpassa opplæring, resultat in-nanfor bestemde fag, bruk av ulike arbeidsformer, samarbeid mellom heim og skole osv. Materialet gir ikkje eintydige signal om samanhengane mellom ressursinnsats og elevane sine læringsresultat, men peiker på at kvaliteten på relasjonane mellom lærar og elevar og elevane imellom er avgjerande for læring og trivsel i skolen.

Departementet vurderer det som ei hovudutfordring å setje eit skarpare søkjelys på sjølve læringsprosessane i grunnskole og vidaregåande opplæring. Det er behov for systematisk utviklingsarbeid i regi av skole og lærebedrift, kommune, fylkeskommune eller stat for å oppnå meir kunnskap om kva for faktorar som har mest å seie for læringskvaliteten i klasserom og verkstader. Departementet ønskjer vidare å prøve ut alternative og meir fleksible modellar for ressursbruk i grunnskolen, først og fremst på ungdomssteget.

Det nasjonale nivået skal først og fremst utfylle og støtte opp om lokal vurderings- og kvalitetsutvikling. Medverknaden frå staten blir drøfta i lys av slike hovudoppgåver som

  • å utvikle rammer og rutinar som sikrar samarbeid og samordning

  • å stimulere til ny kunnskap om kvalitet i opplæringa, kva som fremjar og kva som hindrar god kvalitet

  • å ta initativ og medansvar for målretta kompetanseutvikling på området

  • å gi tilbod om rettleiing og støtte, under dette utvikle praktiske hjelpemiddel til bruk i skole og lærebedrift

  • å hente inn, analysere og vidareformidle relevant og oppdatert informasjon og kunnskap om tilstanden i opplæringssystemet

  • å vidareutvikle kontakten og dialogen med kommunesektoren med sikte på å styrkje kvaliteten og sikre likeverdet i opplæringa i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa

  • å gi eit premissgrunnlag for utdanningspolitiske og faglege prioriteringar og val

Konkrete tiltak i statleg regi er presenterte i desse sju hovudpunkta:

  • Kompetanseutviklingstiltak

  • Ekstern deltaking i lokalt vurderingsarbeid

  • Tilstandsrapportering og informasjonssystem

  • Vurdering av læringsutbyttet til elevar og lærlingar

  • Nasjonal elektronisk ressursbank og møteplass

  • Systematisk områdegjennomgang

  • Utdanningspolitisk utviklingsmelding til Stortinget

Departementet går i meldinga inn for å samordne og styrkje den statlege innsatsen ved at alle oppgåvene til Nasjonalt læremiddelsenter og Eksamenssekretariatet blir overførte til eit nytt nasjonalt utvik­lingssenter for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, i tillegg til at visse oppgåver blir overførte frå departementet. Senteret skal ha eige styre. Meldinga legg opp til å byggje på og vidareutvikle den gjeldande oppgåve- og arbeidsdelinga mellom forvaltningsnivåa.

Til dokumentets forside