St.meld. nr. 28 (1998-99)

Mot rikare mål

Til innholdsfortegnelse

6 Statleg innsats i arbeidet med vurdering og kvalitetsutvikling

Hovudutfordringa i arbeidet med ein samla nasjonal strategi for vurderings- og kvalitetsutviklingsarbeid i skole og lærebedrift er knytt opp til kompetanseutvikling i vidaste forstand. Det er til no bygd opp mykje kunnskap om ressursinnsatsen og rammevilkåra i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Når det gjeld sjølve lærings- og arbeidsprosessane, det utbyttet elevane og lærlingane har av opplæringa og forholdet mellom læringsresultat, læringsmiljø, ressursinnsats og andre rammevilkår, er kunnskapane mindre omfattande og systematiserte. Departementet ser det som ei viktig statleg oppgåve å medverke aktivt til å framskaffe eit betre kunnskapsgrunnlag til bruk i eit systematisk fornyings- og kvalitetsutviklingsarbeid i grunnskole og vidaregåande opplæring.

Dette er grunngivinga for dei tiltaka som blir omtalte i dette kapitlet.

6.1 Kompetanseutvikling

Læring skjer gjennom prosessar der samhandling mellom menneske står sentralt. Det totale læringsmiljøet i klasserom og verkstader er derfor ein viktig føresetnad for motivasjon og læring. I generell del av læreplanverket heiter det mellom anna:

«Et arbeidsmiljø virker godt når alle tar inn over seg at de former vilkårene for hverandre, og at de derfor må ta hensyn til andre. Framgang avhenger derfor ikke bare av hvordan lærerne fungerer i forhold til hver av elevene, men også av hvordan de får elevene til å fungere i forhold til hverandre.»

Departementet ser behov for utviklingsarbeid med sikte på å stimulere arbeidsvilje og innsats hos elevar og lærlingar og å gi dei meir medansvar og medråderett både for sjølve opplæringa og forhold som gjeld tilrettelegging, styring og organisering av opplæringssituasjonen. Tradisjonell organisering styrt av til dels rigid timeplankultur prioriterer i stor grad administrative og personalmessige behov framfor ønske om optimalt handlingsrom for pedagogisk tilrettelegging og tilpassing av opplæringa ut frå føresetnadene til elevane.

Departementet vil bidra til å utvikle og spreie kunnskap om det som kjenneteiknar gode læringsmiljø og opplæringssituasjonar. Det er behov for meir kunnskap om

  • korleis ein kan arbeide med vurdering av eigen praksis og eigne læringsmiljø

  • korleis ein kan utnytte tilgjengeleg informasjon og kunnskap i lokal organisasjons- og kvalitetsutvikling

  • korleis ein kan utvikle læringsmiljø prega av open og samarbeidsorientert endringskultur

  • korleis ein kan utnytte eigen og andre sin kompetanse i kontakt og nettverkssamarbeid med eksterne miljø

For å støtte opp om skole- og bedriftsbasert vurdering vil departementet leggje til rette for at både lærarar, instruktørar og skoleleiarar får høve til å utvikle relevant kompetanse. Lærarar og instruktørar står nærmast til å vurdere praksis, fordi dei kjenner forholda i den enkelte klassen eller lærebedrifta. Samstundes viser røynsle at skoleleiaren er ein krumtapp som motivator og tilretteleggjar for lokalt utviklings- og forbetringsarbeid. Også elevar, lærlingar, foreldre og føresette bør trekk­jast med.

Konklusjon

Departementet vil prioritere desse tiltaka:

  • Satsinga på forsøks- og utviklingsarbeid knytt opp mot systematisk vurderings- og kvalitetsarbeid i skole og lærebedrift skal styrkjast. Departementet set i 1999 i gong eit breitt forsøks- og utviklingsprosjekt innanfor vidaregåande opplæring i eit samarbeid med Kommunenes Sentralforbund og lærar- og elevorganisasjonane. Det vil vidare bli tatt initiativ til eit eige handlingsprogram for forsøks- og utviklingsarbeid i grunnskolen, i eit samarbeid med Kommunenes Sentralforbund, lærarorganisasjonane og Foreldreutvalget for grunnskolen. Siktemålet med å invitere til breitt samarbeid om eit handlingsprogram for forsøks- og utviklingsarbeid er å styrkje engasjementet lokalt. Programmet skal fokusere på utfordringar i det daglege arbeidet i skole og klasserom. Innhald og innretning av programmet vil bli drøfta nærmare med samarbeidspartnarane. Dei enkelte prosjekta skal i hovudsak utformast med utgangspunkt i lokale initiativ og behov - dels innanfor eksisterande rammer og handlingsrom i lov og læreplanverk - dels med grunnlag i eigen forsøksheimel i opplæringslova, §  1–4

  • Iverksetjing av didaktisk og fagdidaktisk forsking med vekt på klasseromsperspektivet- både som langsiktig programforsking i regi av Noregs forskingsråd og som oppdragsforsking. Det er aktuelt å prioritere område der det er dokumentert behov for meir kunnskap som har konsekvensar for utforminga av politikken og utviklinga av faglege strategiar

  • Lærarutdanninga skal kvalifisere studentane teoretisk og praktisk for systematisk skole- og bedriftsbasert vurdering og utviklingsarbeid. Det kan mellom anna vere aktuelt å kople forsøks- og utviklingsprosjekt nærare opp mot praksisopplæring for studentar. Departementet vil utfordre pedagogiske fagmiljø ved universitet og høgskolar til å utvikle fleksible etter- og vidareutdannings­tilbod for lærarar, instruktørar og skoleleiarar, for eksempel gjennom modulbaserte opplegg med kombinasjon av ordinære studium og praktisering av teori gjennom forsøks- og utviklingsarbeid i eigen organisasjon

6.2 Ekstern deltaking i lokalt vurderingsarbeid

Skolen skal som samfunnsinstitusjon vere open for innsyn. Læreplanane føreset av skolar og lærebedrifter utviklar kontakt og samarbeid med eksterne instansar og miljø, først og fremst i lokalsamfunnet. Slik kontakt vil oftast ha uformell karakter, men kan også utnyttast som ledd i systematisk arbeid for å forbetre praksis. Gjennom lokalt, nasjonalt og også internasjonalt nettverkssamarbeid skolar og lærebedrifter imellom, og mellom skole og næringsliv, kan institusjonane hente kunnskap, røynsler, idear og rettleiing til nytte i det lokale eigenvurderings- og utviklingsarbeidet. Røynsler frå andre land viser korleis eksterne instansar er trekte inn i slike prosessar – som inspektørar, samtalepartnarar og rettleiarar.

For å få oversikt over evalueringa av skolesektoren i kommunane gjennomførte Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i 1997 ei landsomfattande undersøking. Det store fleirtalet av kommunane gav uttrykk for at dei ønskte utvida samarbeid med statens utdanningskontor i arbeidet med vurdering. Jamt over ønskjer også skolane ekstern medverknad og innspel utanfrå i arbeidet med lokal organisasjonsutvikling. For eksempel viser ei brukarundersøking som Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag har gjort overfor dei vidaregåande skolane i fylket i 1998, at eit stort fleirtal ønskjer meir kontakt med utdanningskontoret i spørsmål som gjeld kvalitetssikring, fagleg-pedagogisk utvik­lingsarbeid, rettleiing og informasjon.

Noreg har i 1997–98 delteke med både grunnskolar og vidaregåande skolar i pilotprosjektet «Quality Evaluation in School Education». Prosjektet omfatta skolar i 18 land i EU og EFTA. Det overordna målet i prosjektet var å fremje ein kultur for skolebasert vurdering og spreie eksempel på metodar, god praksis og erfaringar. Av dei erfaringane som blir framheva som særleg positive, er konseptet der dei norske skolane har gjort bruk av ein sjølvvald «kritisk ven». Det er utarbeidd ein førebels europeisk rapport om prosjektet, der Noreg blir omtalt på svært ein positiv måte.

Departementet vil utfordre skolar og lærebedrifter til å utnytte samarbeidet med eksterne instansar og miljø som ressurs i skole- og bedriftsbasert vurderingsarbeid. Personar og grupper som kjem utanfrå, vil oppleve og observere det som skjer i skolen og lærebedrifta ut frå ein annan ståstad, med grunnlag i personleg røynsle og kompetanse. I ein konstruktiv og utviklingsorientert kommunikasjon med personalet i skolen kan desse vere viktige samtalepartnarar og leverandørar av vurderingar, idear og forslag til konkrete endringstiltak.

Konklusjon

Departementet vil gå inn for desse tiltaka:

  • Gjennom tilsynsfunksjonen skal dei statlege utdanningskontora styrkje rolla som samtalepartnar og rettleiar for kommunar og fylkeskommunar om lokale utviklingsoppgåver. Ei viktig oppgåve for kontora skal vere å gå inn i dialog med kommunar, fylkeskommunar og skolar om utvikling av gode rutinar for systematisk vurderings- og kvalitetsutviklingsarbeid

  • Det skal gjennomførast eit 3-årig nasjonalt forsøksprosjekt med breitt samansette grupper som skal gå inn og delta som samtalepartnarar og ressurspersonar for skolar, kommunar og fylkeskommunar i arbeidet med vurdering og kvalitetsutvikling. Forsøket skal følgjast opp av eit uavhengig forskingsmiljø. Opplegget vil bli drøfta nærmare med mellom anna Kommunenes Sentralforbund, lærar-, foreldre- og elevorganisasjonane og partane i arbeidslivet. Departementet vil mellom anna leggje følgjande premissar til grunn for vidare drøfting av forsøksprosjektet:

    • Målet med forsøket skal vere å gi støtte og fremje utvikling, ikkje å gjennomføre inspeksjon og kontroll

    • Gruppene skal vere samansette av personar med ulik bakgrunn, med og utan pedagogisk fagkompetanse. Foreldre og kommune- og fylkeskommunenivået skal vere representert

    • Forsøket skal lokaliserast til enkelte fylke, med organisatorisk forankring til dei statlege utdanningskontora. Universitets- og høgskolemiljøa bør trekkjast med i prosessen, dels direkte gjennom representasjon i gruppene, dels som ansvarlege for forskingsbasert oppfølging og evaluering av prosess og resultat

    • Deltaking i forsøket skal vere frivillig. Premissane for gjennomføring av opplegget i kommunar- og fylkeskommunar eller på skolar skal drøftast og avklarast gjennom kontakt mellom dei involverte partane på førehand

    • Tilbakemeldingar frå forsøksgruppene skal ha nytteverdi for dei involverte skolane og kommunane eller fylkeskommunane. Rapportar frå enkeltskolar skal ikkje offentleggjerast

    • Forsøksgruppene skal gjennom meir generelle rapportar gi innspel til lokal og nasjonal utdanningspolitisk debatt og prioritering. Det kan vere aktuelt å bruke forsøket til å følgje opp og sjå nærmare på bestemte område i opplæringa ut frå nasjonale eller lokale prioriteringar

6.3 Tilstandsrapportering og informasjonssystem

Grunnlagsdata for analyse og vurdering av deltaking, struktur og ressursinnsats i grunnskole og vidaregåande opplæring blir henta frå ulike kjelder. Den viktigaste informasjonen kjem gjennom årlege tilstandsrapportar frå dei statlege utdanningskontora og data frå skolar, lærebedrifter, kommunar og fylkeskommunar.

Tilstandsrapportar frå statens utdanningskontor

Statens utdanningskontor leverer årlege rapportar til departementet om tilstanden i opplæringssektoren i sine fylke. Rapportane hentar dels datagrunnlaget frå informasjonssystema for grunnskole og vidaregåande opplæring. I tillegg inneheld dei viktig tilbakemelding og vurdering på grunnlag av den tilsynskontakten og dialogen kontora har med kommunane og fylkeskommunane. Departementet kan i forkant gi signal om forhold som det er av særleg interesse å bli orientert om og få vurdert.

Informasjonssystem for grunnskolen

Gjennom informasjonssystemet for grunnskolen, GSI, hentar departementet årleg inn data frå alle grunnskolar i landet. Systemet har vore i funksjon sidan 1991. GSI gir grunnlag for å vurdere status i forhold til nasjonale standardar og krav og for å gjere vidare analysar på enkeltområde. Statistisk sentralbyrå tok over driftsansvaret for GSI frå 1998. Dette har styrkt kvaliteten på statistikken og gjort det mogleg å få til samordning med annan statistikk som Statistisk sentralbyrå har ansvar for.

Statistikkinnhenting om den vidaregåande opplæringa

Departementet har sidan 1990 henta inn data frå vidaregåande skolar gjennom eit eige informasjonssystem, VSI. Siktemålet med systemet har vore å få oversikt over den samla ressursbruken innanfor vidaregåande opplæring: administrative ressursar, pedagogiske ressursar, ressurssenterverksemd, investering per studieretning eller elev osv.

Data om elevar og lærlingar blir henta inn gjennom dei fylkeskommunalt eigde administrative systema «Linda Inntak» og «Linda Fagopplæring». Systema samlar inn og leverer informasjon om m  a karakternivå, forholdet mellom søknad og inntak, formidling av søkjarar til læreplass, inngåtte lærekontraktar osv. Rapporteringa viser variasjonane i forhold til viktige kriterium som kjønn, alder, studieretning og kurs, elevar med eller utan rett til vidaregåande opplæring, heiltids- eller deltidsutdanning osv.

Oppfølgingstenesta rapporterer manuelt om utviklinga på sitt felt; elevar som går inn i opplæring, arbeid eller andre former for tilbod.

Andre former for statistikk og rapporteringssystem

Sentralt tenesteregister for skoleverket inneheld data om samla personalressursar i grunnskole og vidaregåande skole på landsbasis. Informasjonen gir detaljopplysningar om stillingsbrøk, løn, alder, utdanning og ansiennitet. Sentralt tenesteregister for skoleverket blir administrert av Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Informasjon om ressursbruk i grunnskole og vidaregåande opplæring finst også i kommunale og fylkeskommunale rekneskap. På grunn av forskjellar i rekneskapsføring eller ulik lokal organisering av opplæringsverksemda gir slike rekneskap førebels ikkje noko godt grunnlag for å gjere samanlikningar av situasjonen frå kommune til kommune.

KOSTRA-prosjektet (Kommune-Stat-Rapportering) blei igangsett i 1994. KOSTRA har som mål å forbetre eksisterande datagrunnlag om ressursbruk og tenestetilbod i offentleg sektor samla sett og er eit samarbeidsprosjekt mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Formålet med KOSTRA er både samordning og forenkling av den rapporteringa kommunesektoren gir til staten. Prosjektet inngår som ein del av det programmet regjeringa har for «Eit enklare Noreg». Både GSI, VSI, Linda og STS blir omfatta av KOSTRA. KOSTRA vil leggje betre til rette for samanlikningar mellom kommunar og mellom fylkeskommunar. Ein betre samanheng mellom data for tenesteyting og data for ressursbruk vil gi kommunane og fylkeskommunane eit tenleg verktøy for å gjere relevante samanlikningar, vurdere produktivitet og gjere lokale prioriteringar.

Departementet har gått inn i eit nærmare samarbeid med Statistisk sentralbyrå om utdanningsstatistikk. Samarbeidet omfattar mellom anna publisering av serien Aktuell utdanningsstatistikk, som framstiller og analyserer organisering, struktur og ressursbruk.

Eksamenssekretariatet utarbeider nasjonale statistikkar for karakterfordeling ved eksamen i grunnskole og vidaregåande opplæring. Statistikken kan brytast ned på fylkeskommune-, kommune- og skolenivå. Innanfor vidaregåande opplæring utarbeider departementet karakterstatistikk for standpunktkarakterar og resultat ved lokalt gitt eksamen i alle fag og alle fag- og sveineprøvar.

Gjennom norsk deltaking i OECD-prosjektet INES «International Indicators of Education Systems» er det mogleg å samanlikne situasjonen innanfor bestemte fag og dimensjonar i norsk utdanning med andre OECD-land. Prosjektet publiserer årleg statistikk med opplysningar om deltaking og ressursnivå i utdanninga. Data frå rapporten «Education at a Glance» har fått stor interesse i Noreg.

Konklusjon

  • Departementet tek sikte på å gjennomgå og omorganisere eige arbeid med rutinar og system for statistikk- og anna informasjonsrapportering. Sjølv om utviklinga dei siste åra har vore positiv, finst det eit klart forbetringspotensiale gjennom samordning og forenkling når det gjeld innsamling, analyse og tilbakerapportering til bruk i arbeidet med lokal og sentral vurdering, kvalitetsutvikling og styring av opplæringa i grunnskole og vidaregåande opplæring. Både dataomfang og rutinar for innsamling og tilbakeføring skal først og fremst vurderast ut frå eit brukarperspektiv. Det skal arbeidast vidare med å kvalitetssikre innhald og bruk av brukarundersøkingar

  • Departementet vil vidareføre arbeidet med å forbetre dei eksisterande statistikksystema og vidareutvikle rapporteringsverktøy og rutinar innanfor ramma av KOSTRA. Det vil bli lagt vekt på å sikre mellom anna

    • at statistikk og annan informasjon blir lagd godt til rette for bruk på ulike nivå

    • at omsynet til anonymitet blir ivareteke på ein tilfredstillande måte

    • at det ikkje blir brukt ressursar på å hente inn data fleire gonger eller informasjon som brukarane ikkje ser nytteverdien av

  • Departementet vil på dette området vidareføre eksisterande samarbeidet innanfor OECD-området som ledd i ein samla innsats for å skaffe fram informasjon som er viktig for nasjonal utdanningspolitisk vurdering, kvalitetsutvikling og prioritering

6.4 Vurdering av læringsutbyttet til elevar og lærlingar

Grunnlaget for arbeid med vurdering av læringsprosessar og læringsutbyttet til elevar og lærlingar finst i lov, forskrifter og læreplanverk for grunnskole og vidaregåande opplæring. God vurdering skal først og fremst gi eleven og lærlingen hjelp til å arbeide meir målretta for å få meir ut av læringssituasjonen og oppnå betre læringsresultat.

I samband med innføring av reformene i grunnskole og vidaregåande opplæring har departementet vore oppteke av å få utvikla prøve- og eksamensformer som kan utfordre elevane og lærlingane til å ta i bruk kompetansen sin innanfor eit breiast mogleg spekter av måla i læreplanverket. Dette er nedfelt i forskrifter og retningsliner både for lokalt og sentralt gitt eksamen.

Prøveformer og rettleiing ved eksamen

På grunnlag av fellessensur for skriftlege fag i grunnskolen ligg det årleg føre ca. 20   000 elevsvar i kvart eksamensfag. Tilbakemeldingar har til no jamt over vore knytt opp til karakterfordeling. Det har vore lagt relativt lite arbeid ned i nærmare analyse av elevsvara.

Som oppfølging av behandlinga av St meld nr 47 (1995–96) i Stortinget har Eksamenssekretariatet på vegne av departementet utvikla, prøvd ut og vurdert alternative prøveformer i fleire fag i grunnskolen, mellom anna i matematikk for å reflektere ei større breidd av mål enn det tradisjonell eksamen gjer. Eksempel på slike alternative prøveformer er munnleg prøve med førebuingstid eller prøve gjennomført i grupper med påfølgjande individuell vurdering. Gjennom spørjeundersøkingar har skolane gitt gode tilbakemeldingar på slike forsøk og vist til at prøveformene har verka positivt tilbake på opplæringsprosessen.

I 1998 blei det sentralt i regi av Eksamenssekretariatet laga i alt 677 eksamensoppgåver for vidaregåande opplæring. Ca 155   000 elevsvar blei sensurert. På yrkesfaglege studieretningar er det innført tverrfagleg eksamen og bruk av førebuingstid i ein del fag. Det er vidare gjort forsøk med «open bok-eksamen» og bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi som hjelpemiddel i prøvesituasjonen. Tilbakemeldingar frå lærarar og elevar viser at desse eksamensformene gir nyttige og interessante røynsler med nye måtar å arbeide og lære på, men at det krev meir tid å bruke slike arbeidsmåtar i opplæringa.

Departementet har etter råd frå opplæringsråda fastsett nye retningslinjer for den praktiske delen av fag- og sveineprøva for alle fag med sikte på i størst mogleg grad å prøve den heilskaplege kompetansen til lærlingane. Undersøkingar så langt viser likevel førebels små endringar i prøveformene.

Eksamenssekretariatet har utvikla eksempelsamlingar og ulike rettleiingar for elev- og lærlingvurdering ved både sentralt og lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring. Slike eksempelsamlingar viser seg å bli brukte og blir opplevd som nyttige for det lokale vurderingsarbeidet.

Karakter- og læringsstøttande og diagnostiske kartleggingsprøver

Eksamenssekretariatet har utarbeidd karakter- og læringsstøttande prøver som tilbod på ungdomssteget i grunnskolen. Prøvene blir brukte av eit fleirtal av skolane. Nasjonalt utvikla karakter- og læringsstøttande prøver er tenkte som alternativ til ein del lokalt utvikla prøver. På grunnlag av innsamling og analyse av prøveresultat frå ca. 3 500 elevar per fag sender Eksamenssekretariatet tilbakemelding til skolane i form av rettleiande karakternormer og informasjon om resultat på enkeltdelar av prøvene.

Karakter- og læringsstøttande prøver skal primært kartleggje kor elevane står når det gjeld grunnleggjande kunnskapar og dugleikar ut frå sentrale læringsmål. Prøvene skal vere eit hjelpemiddel i lokal vurdering. Dei skal støtte opp om læringa gjennom å kartleggje område som bør prioriterast i opplæringa, gi eit betre grunnlag for individuell tilpassing av opplæringa og hjelpe elevane i eigenvurderinga av arbeidet deira.

Departementet har vidare engasjert universitets- og høgskolemiljø i utvikling av såkalla diagnostiske kartleggingsprøver i grunnskolen for å kartleggje elevar si forståing og meistring av sentrale område i utvalde fag. Dei diagnostiske kartleggingsprøvene skal kartleggje dugleik i lesing, engelsk og matematikk og gi lærarene hjelp til å finne ut kvar og kvifor forståinga og meistringa til elevane sviktar. Dette gir eit betre fagleg og pedagogisk grunnlag for å organisere og tilpasse opplæringa i klassen og for kvar enkelt elev.

Deltaking i internasjonale undersøkingar

Noreg deltek i OECDs PISA-program, Programme for International Student Assessment.

Prosjektet kartlegg kunnskapane, dugleikane og holdningane til lesing, matematikk og naturfag hos 15-åringane. Programmet femner om eit langt breiare spekter av mål og område enn tilsvarande undersøkingar har gjort tidlegare. Det blir no mellom anna lagt meir vekt på den evna elevane har til å tolke informasjon, dra slutningar ut frå tileigna kunnskap og til å bruke kunnskap i praktiske situa­sjonar. Undersøkinga vil også femne om såkalla «Cross curricular competencies» (CCC), som omfattar brei og handlingsretta kompetanse som ikkje blir fanga opp av enkelte fag aleine.

Vidare deltek Noreg i ei undersøking om demokratiopplæring, Civic Education Study (CIVIC), initiert av The International Association for the Evaluation of Educational Achievement (IEA). Undersøkinga tek sikte på å analysere korleis demokratiopplæring går føre seg og kva som blir lagt til grunn for bruken av sentrale omgrep som demokrati, nasjonal identitet og politisk påverknad. Prosjektet rettar seg mot 14-åringar. Det starta i 1997 og går over 3 år.

Departementet har gitt Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling (ILS) ved Universitetet i Oslo eit særleg ansvar for å følgje opp PISA- og CIVIC-prosjekta i Noreg.

OECD har vedteke prosjektet «Proposal for the 1999 study on what works in improving student motivation for lifelong learning», som vil danne grunnlaget for eit planlagd forskingsprosjekt i Noreg. Intensjonen er å utvikle praktiske strategiar som kan motivere ungdom meir for livslang læring.

Konklusjon

Vurdering av læringsutbytet til elevar og lærlingar fortel noko vesentleg om kvaliteten på det arbeidet som blir gjort i skolen og lærebedrifta. Vurderinga er derfor eit viktig element i systematisk skole- og bedriftsbasert vurdering. Departementet vil peike på at måling av resultat på tradisjonelle prøver og eksamen gir avgrensa informasjon om læringsutbyte i vid meining. Slike resultat kan derfor ikkje brukast som grunnlag for å dra enkle og generelle konklusjonar om kvaliteten på opplæringa.

Departementet ønskjer å motverke auka prøvepress i skolen og at prøveresultat blir nytta som kriterium for samanlikning og rangering mellom skolar. Oppgåver og prøver skal primært ha ein læringsfunksjon og gi hjelp og motivasjon til vidare læringsinnsats. Individuell elev- og lærlingvurdering skal ha fokus på både arbeidsprosessen og resultatet av arbeidet. Sjølve vurderinga må ha ei form som gir rettleiing og hjelp utover det ei rangering gjennom karakterar kan gi. Informasjon frå internasjonale undersøkingar kan gi verdfull kunnskap om innhald, bruk av metodar og faglege prioriteringar, og bør derfor mellom anna stimulere til debatt om kva elevane bør lære og kunne og korleis dei lærer best.

Departementet vil mellom anna satse på desse tiltaka:

  • Systematisk gjennomgang og analyse av elevsvar til eksamen som grunnlag for målretta innsats for å betre kvaliteten på opplæringa. Analysematerialet skal gjerast tilgjengeleg for alle skolar og lærebedrifter og vere til hjelp i arbeidet med å vurdere eige arbeid og læringsutbyttet til elevane og lærlingane

  • Vidare forsøk med å prøve ut alternative vurderings- og prøveformer som kan utfordre elevane og lærlingane innanfor eit breiast mogleg område av mål, oppgåver og arbeidsformer. Det bør vere sterkare fokus på vurdering av utvikling og læring undervegs i løpet av opplæringa enn på ei avgrensa sluttprøve

  • Lokale forsøk med vurdering utan bruk av ka­rakterar på ungdomssteget i grunnskolen, med heimel i §  1–4 om forsøksverksemd i opplæringslova. Siktemålet er å vinne meir kunnskap om korleis dette kan verke inn på avgjerande sider ved opplæringa, som motivasjon, fagleg innsats og læringsutbyte, trivsel, samarbeidsevne osv

  • Vidareføre arbeidet med å utvikle rettleings- og støttemateriell for alle former for lokale og sentrale eksamenar, inklusive munnlege prøver og fag- og sveineprøver. Materiellet skal vere med på å kvalifisere lærarar, sensorar og prøvenemnder betre for vurderingsoppgåvene

  • Vidareutvikle karakter- og læringsstøttande prøver som alternativ til lokale prøver. Desse skal vere til praktisk nytteverdi i læringsarbeidet utover å vere til hjelp ved fastsetting av karakterar

  • Forsøk med obligatorisk bruk av diagnostiske kartleggingsprøver, mellom anna i lesing. Dette inkluderer vurdering av korleis slike prøver kan nyttast for å følgje utviklinga av læringsutbyte på enkelte område over ein lengre tidshorisont, for eksempel frå grunnskole og inn i vidaregåande opplæring

  • Vidareføre norsk deltaking i internasjonale undersøkingar som PISA og CIVIC, som ledd i arbeidet med å samanlikne opplæringssituasjon og læringsresultat nasjonalt med situasjonen i andre land. Kritisk analyse og systematisk oppfølging av resultata ut frå nasjonale føresetnader, med sikte på å styrkje innsatsen på bestemte område og bruken av arbeidsformer som motiverer og gir god læring skal gjennomførast

  • Initiere forsøks- og utviklingsarbeid som kan gi hjelp til systematisk arbeid for å utvikle brei og tverrfagleg kompetanse i eit livslangt læringsperspektiv. Slike prosjekt skal for eksempel omfatte det å bruke kunnskap i nye situasjonar, vurdere eige arbeid, identifisere og løyse problem, planleggje og organisere eigen læringsprosess og arbeide i team

6.5 Nasjonal elektronisk ressursbank og møteplass

Lærarar og skolar etterlyser praktisk hjelp når dei skal gjennomføre systematiske vurdering av eige arbeid. Det gjeld gode metodiske eksempel og kriterium å vurdere praksisen sin ut frå. Ved behandlinga av Innst S nr 96 (1996–97) uttalte eit fleirtal i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen mellom anna følgjande om dei oppgåvene staten har innanfor eit systematisk vurderings- og kvalitetsutviklingsarbeid

«Flertallet ber departementet ta ansvaret for at det blir utviklet hensiktsmessige verktøy, herunder hjelpemidler, metoder og maler for nasjonal vurdering av ressursinnsats, elevenes læringsutbytte, rammefaktorers betydning for læring og utvikling og den interne vurderinga av skolene.»

Departementet vil styrkje den statlege innsatsen for å utvikle tenlege hjelpemiddel til bruk i lokal skole- og bedriftsbasert vurdering og kvalitetsutvikling, mellom anna gjennom forsøks- og utviklingsverksemd.

Konklusjon

  • Departementet vil vidareutvikle bruken av informasjons- og kommunikasjonsteknologi og opprette ein nasjonal elektronisk ressursbank og møteplass for skolar, lærebedrifter, kommunar og fylkeskommunar. Ressursbanken skal gjennom tilknyting til Internett gi tilgang til relevant informasjon og praktiske hjelpemiddel til nytte for lokal eigenvurdering og kvalitetsutvikling. Arbeidet skal samordnast med eksisterande basar på Skolenettet, for eksempel kompetansebasen for grunnskolen og basen for utannings- og yrkesrettleiing

  • Departementet vil leggje til rette for at ein slik elektronisk møteplass skal vere ein open ­«kanal» som alle interesserte kan bruke for å formidle nyttige og verdfulle røynsler og vurderingar for arbeidet med kvalitetsutvikling i grunnskole og vidaregåande opplæring. Departementet vil samarbeide tett med brukarnivåa i arbeidet med å utvikle innhald og tilbod i den elektroniske ressursbanken som mellom anna skal vere

    • database med statistikk og annan informasjon med nytteverdi for planlegging og prioritering på skolar og i kommunar og fylkeskommunar

    • samling av hjelpemiddel til bruk i skole- og bedriftsbasert vurderingsarbeid – i form av idear, sjekklister, informasjon om relevant forsøks- og utviklingsarbeid, kjenneteikn eller kriterium for god undervisning, praktiske verktøy for analyse av data, presentasjon av resultat osv

    • grunnlag for å tilpasse hjelpemiddel og arbeidsverktøy til lokale forhold gjennom kopiering, vidareutvikling og bruk ut frå lokale premissar og behov

    • open møteplass for erfaringsutveksling, nettverkssamarbeid og debatt mellom aktørar som er opptekne av situasjonen i skolar og lærebedrifter: elevar og lærlingar, lærarar og instruktørar, foreldre, skolar, kommunar og fylkeskommunar, organisasjonar osv

6.6 Systematisk områdegjennomgang

Data gjennom statistikk frå skolar og kommunar eller fylkeskommunar, brukarundersøkingar, tilstandsrapportar frå statens utdanningskontor osv gir oftast breie og generelle bilete av situasjonen i grunnskole og vidaregåande opplæring. Dei nasjonale forskingsbaserte evalueringane av Reform 94 og Reform 97 har òg som siktemål å gi eit relativt breitt og overordna oversyn over tilstanden.

Den aktuell utdanningspolitiske debatten fokuserer på si side som regel skarpare på meir avgrensa enkeltområde ut frå meir situasjonsbestemte årsaker eller innspel. Det fører ofte til krav eller forslag om strakstiltak, særskilde handlingsplanar osv. Departementet ser behov for tidvis å setje nærlys på enkelte område gjennom grundig kartlegging og vurdering av tilstand og utfordringar.

Konklusjon

Departementet vil supplere eksisterande rutinar for innsamling og analyse av informasjon om tilstanden i grunnskole og vidaregåande opplæring med meir avgrensa, men djuptgåande systematisk gjennomgang av enkelte område. Målet med slike områdegjennomgangar er å kartleggje og analysere behov for særskild innsats og oppfølging.

Departementet viser i denne samanhengen til omtalen i 3.5.10, der følgjande område er proriterte for forsterka interesse og innsats:

  • Organisering og innhald på ungdomssteget i grunnskolen

  • Utvikling av informasjons- og kommunikasjonsteknologi som pedagogisk reiskap i klasserom og verkstad

  • Differensiering og tilpassing av opplæringa – innhald og organisering

  • Førebygging og meistring av negativ atferd i skolen

Departementet vil, som ledd i gjennomføringa av systematiske områdegjennomgangar, mellom anna vurdere å

  • iverksetje spesielle forskings- eller forsøks- og utviklingsprosjekt og undersøkingar på område der det er særleg behov for ny erfaring og kunnskap

  • innhente informasjon gjennom skole- og bedriftsbasert vurdering.

  • gi særlege oppdrag til statlege utdanningskontor.

  • hente vurderingar gjennom forsøket med eksterne samtale- og rettleiingsgrupper

6.7 Utdanningspolitisk utviklings- melding til Stortinget

Til Stortinget formidlar departementet informasjon som grunnlag for vurdering av tilstanden i grunnskole og vidaregåande opplæring mellom anna gjennom

  • omtale i budsjettproposisjonar og stortingsmeldingar

  • ei årleg utdanningspolitisk utgreiing

Departementet meiner det er behov for å forbetre rapporterings- og vurderingsrutinane ut frå situasjonen i dag. Det krev ei vidareutvikling og fornying av eksisterande system for tilbakemelding og tilstandsvurdering. Siktemålet skal vere å gjere presentasjonen og analysen mindre fragmentert og utvikle meir heilskapleg oversyn og langsiktige linjer i utdanningspolitikken. Dette vil ha konsekvensar for det arbeidet som blir gjort for å skape eit best mogleg oversyn over heile sektoren, men også for satsingar innafor avgrensa område, jf 6.6.

Konklusjon

Departementet vil supplere eksisterande informasjons- og rapporteringspraksis med ei brei utdanningspolitisk melding til Stortinget annakvart år. Meldinga skal

  • ha eit klart utviklingsperspektiv, som grunnlag for drøfting av meir langsiktige strategiar og prioritering for utviklinga i grunnskole og vidaregåande opplæring.

  • byggje på informasjon frå tilstandsrapportar, utdanningsstatistikk, resultat frå forsøks- og ut­vik­lingsarbeid og forsking, diverse nasjonale og internasjonale undersøkingar osv.

  • gi nyttig og enkel informasjon til alle som direkte eller indirekte spelar ei rolle i utviklinga av grunnskole og vidaregåande opplæring på lokalt nivå.

Til forsiden