St.meld. nr. 28 (1998-99)

Mot rikare mål

Til innholdsfortegnelse

8 Administrative og økonomiske konsekvensar

8.1 Administrative konsekvensar

Etableringa av eit nasjonalt vurderingssystem inneber ingen endringar i ansvarsforholdet mellom stat, kommunar, fylkeskommunar, skolar og lærebedrifter. Systemet skal gjennomførast innanfor det eksisterende rammeverket i lov og forskrifter.

Det nasjonale utviklingssenteret skal ha eige styre og direktør. Dei tilsette i Nasjonalt læremiddelsenter og Eksamenssekretariatet blir overførte til det nasjonale utviklingssenteret. Stillingar og driftsmidlar vil bli overførte frå departementet til det nasjonale utviklingssenteret.

8.2 Økonomiske konsekvensar

8.2.1 Drifts- og utviklingskostnader

Den statlege merdverknaden i ein nasjonal strategi for vurdering og kvalitetsutvikling, inklusive opprettinga av eit nasjonalt senter for vurdering og kvalitetsutvikling, skal skje innanfor dagens økonomiske rammer. Det vil vere behov for å overføre ressursar på ulike budsjettkapittel innanfor ansvarsområdet til departementet.

Utviklingskostnadene vil vere bestemte av kva for tiltak som blir sett i verk til ei kvar tid. I dag finst midlane til oppgåver og tiltak, som er tenkte lagde til utviklingssenteret, på ulike budsjettkapittel til departementet. Rammene for vidareføring og prioritering av nye oppgåver og tiltak vil måtte gjerast i samband med dei ordinære budsjettbehandlingane.

8.2.2 Overgangskostnader

Nasjonalt læremiddelsenter og Eksamenssekretariatet er nå lokalisert på ulike stader. Det er eit mål at den nye organisasjonen blir samla på ein plass i løpet av så kort tid som mogleg. Departementet meiner at ein må pårekne overgangskostnader knytt til flytting, infrastrukturkostnader, tekniske tilpassingar.

Det er vanskeleg å pårekne nøyaktige kostnader, men ut frå anslag må ein rekne med totale overgangskostnader på mellom 3 – 5 mill kroner.

8.3 Tidspunkt for etablering av eit nasjonalt utviklingssenter

Departementet meiner at 1.august 2000 vil vere eit høveleg tidspunkt for å iverksetje etableringa av det nasjonale utviklingssenteret for vurdering og kvalitetsutvikling for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.

Til forsiden