St.meld. nr. 3 (1997-98)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1997

Til innholdsfortegnelse

2 Inntekter

2.1 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 1997 syner at samla skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 325 mrd kroner. Sterkare auke i den økonomiske aktiviteten og i sysselsettinga enn lagt til grunn hausten 1996, har ført til at skatte- og avgiftsinntektene vart 5,9 mrd kroner høgare enn i vedteke budsjett for 1997. Skatte- og avgiftsinntektene vart 1,6 mrd kroner høgare enn lagt til grunn i Nysaldert budsjett 1997. Avviket skuldast særleg inntektene frå meirverdi- og investeringsavgifta, som vart 2,2 mrd kroner høgare enn lagt til grunn i Nysaldert budsjett 1997.

Tabell 2.1 syner at dei samla skatte- og avgiftsinntektene har auka frå 287,8 mrd kroner i 1996 til 325 mrd kroner i 1997, ein auke på 37,2 mrd kroner eller 13 pst. Ein stor del av denne auken kjem av ei teknisk omlegging som førte til at skatteinntektene i statsrekneskapen og overføringane på statsbudsjettet auka med 12,5 mrd kroner i 1997. Dersom ein held utanom dei tekniske endringane auka dei samla skattane frå Fastlands-Noreg med 8,7 pst frå 1996 til 1997. Omlegginga gjekk ut på at Skattefordelingsfondet vart lagt ned frå 1997. Heretter blir inntektene frå fellesskatten inntektsført direkte på statsbudsjettet i staden for til Skattefordelingsfondet. Skatteutjamning mv. til kommunesektoren blir frå 1997 løyvd frå statsbudsjettet i staden for frå Skattefordelingsfondet.

Fellesskatten utgjorde 53,4 mrd kroner i 1997, ein auke på 13 pst frå året før. Auken kjem mellom anna av ein reduksjon i skattøyrene for kommunar og fylkeskommunar og motsvarande auke i satsen for fellesskatt.

Skatt og avgift til folketrygda, trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift, utgjorde 98,2 mrd kroner i 1997, og svarar til ein auke på 7,3 pst frå året før.

Inntektene frå meirverdi- og investeringsavgifta utgjer ei av dei viktigaste inntektskjeldene til staten og steig med 8,7 pst til 102,9 mrd kroner i 1997.

Tabell 2.1 Statens inntekter 1993 - 1997. (Tal i mill kroner)

RekneskapS.IIINysald. budsjettRekneskap
1993199419951996199719971997
Skattar på formue og inntekt1)25 85532 44341 25648 74166 33166 83066 777
Arbeidsgivaravgift og trygdeavgift78 17581 41985 46891 53195 76098 30098 192
Tollinntekter1 6811 8112 6472 4552 3662 4972 437
Meirverdiavgift og avgift på investeringar71 93179 32487 59294 691100 670100 750102 902
Avgifter på alkohol5 7766 2806 5196 8887 2867 6107 405
Avgifter på tobakk4 6495 0415 3165 4306 1045 9005 988
Avgifter på motorvogner19 54323 01424 84126 97229 73329 67529 350
Andre avgifter8 7739 57410 10211 10910 83111 85011 934
Sum skattar og avgifter216 383238 906263 741287 817319 081323 412324 985
Renter av statens forretningsdrift1 5791 093484520196178170
Avskrivingar, avsettingar til investeringsformål og inntekter av statens forretningsdrift8 7919 8963 1133 3492 5002 4842 689
Sum inntekter av statens forretningsdrift10 37010 9893 5973 8692 6962 6622 859
Renter frå statsbankane19 07716 89814 85113 1649 5359 0979 419
Renter av statskassens kontantbehaldning og andre krav7 5925 5547 1646 9785 4045 9435 683
Utbytte ekskl. Statoil3961 0491 4802 9244 0394 1854 197
Renteinntekter og utbytte ekskl. statens forretningsdrift og Statoil27 06523 50123 49523 06618 97819 22519 299
Inntekter under departementa18 19517 30210 03218 83014 91315 51218 011
Overføring frå Noregs Bank5 0809 54514 3407 2394 2364 2364 236
Tilbakeføring av midler fra Statens banksikringsfond02606 9694 2169751 175975
Sum andre inntekter23 27527 10731 34130 28520 12420 92323 222
Sum inntekter ekskl. oljeskattar, petroleumsverksemd og tilbakebetalingar277 093300 503322 174345 037360 879366 222370 365
Inntekter frå statleg petroleumsverksemd16 76618 44620 93326 18224 90023 25023 326
Skatt og avgift på utvinning av petroleum26 61424 49727 63733 07842 60044 10044 898
Aksjeutbytte frå Statoil1 2501 0751 6141 8501 6001 6001 600
Sum petroleumsinntekter44 63044 01850 18461 11069 10068 95069 824
Tilbakebetalingar14 71150 16742 11954 78931 02146 60446 131
Overføring frå Statens petroleumsfond28 02325 57636 52925 67323 10622 78922 789
Sum inntekter364 457420 264451 006486 609484 106504 565509 109

1) Overføring frå Skattefordelingsfondet til statsbudsjettet er inkludert i tala fram til 1996. Frå 1997 er fellesskatt inkludert. Skattefordelingsfondet vart lagt ned frå 1997 og førte til at skatteinntektene og overføringane til statsbudsjettet steig med ca 12,5 mrd kroner.

2.2 Avskrivingar, renter og aksjeutbyte

For rekneskapsåret 1997 er det berre små avvik mellom det vedtekne nysalderte budsjettet og rekneskapen for 1997 på avskrivingane,renteinntekter og aksjeutbyte.

Avskrivingane, avsetjingar til investeringsformål og inntekter av statens forretningsdrift er rekneskapsført med 204 mill kroner meir enn løyvd i nysaldert budsjett. Årsaka til dette er sal av eigedomar under statsbygg på 126 mill kroner og ei rekke mindre endringar på dei ulike postane.

Under aksjeutbyte vart det rekneskapsført 12 mill kroner meir enn løyvd i nysaldert budsjett. Renteinntektene viser ein mindre inntekt på 260 mill kroner.

2.3 Inntekter under departementa

Det vart i 1997 rekneskapsført større inntekter under departementa enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Rekneskapen viser meirinntekt på 1 723 mill kroner. Dette heng mellom anna saman med økt omfang av oppdragsinntektar, ulike gebyrer, refusjonar, salgs-og leigeinntekter departementa har.

2.4 Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda i 1997, utenom CO2-avgifta, vart i nysalderingsproposisjonen anslått til 41 100 mill kroner. Det tilsvarande rekneskapstalet for 1997 er 41 855 mill kroner. Anslaget på betalte direkte skattar var om lag 700 mill kroner lågare enn rekneskapstala. Avviket kjem i hovudsak av at selskapa i løpet av desember 1997 foretok ekstra innbetalingar i høve til utskriven terminskatt for 1997 og restskatt for 1996. Rekneskapstala for betalt produksjonsavgift og betalt arealavgift er om lag som anslått i nysalderingsproposisjonen. Anslaga var basert på innbetalingane i løpet av dei ti første månadene av 1997 og anslag på innbetalingane dei to siste månadene.

Inntekter frå avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda var i nysalderingsproposisjonen anslått til 3 000 mill kroner. Rekneskapstalet for 1997 er 3 043 mill kroner.

2.5 Inntekter frå Statens direkte deltaking i petroleumsverksemda

Inntektene frå statens direkte deltaking i petroleumsverksemda er i det alt vesentlige renter og avskrivingar på kapitalen, og vart i nysalderingsproposisjonen anslått til 23 250 mill kroner. Det tilsvarande rekneskapstalet for 1997 er 23 326 mill kroner. Avviket kjem i all hovudsak av at avskrivingane synte seg å bli høgare enn ein rekna med.