St.meld. nr. 3 (1997-98)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1997

Til innholdsfortegnelse

5 Folketrygda for 1997

Sjukepengar

Dei samla utgiftene til sjukepengar frå folketrygda auka med 11,9 pst frå 1996 til 1997 (nominelt). For arbeidstakarar m.v. (post 70) var auken på 19,7 pst. Noko av den sterke veksten på post 70 kjem av at Postverket og trafikkdelen av NSB gjekk ut av statsoppgjeret i 1997. Om ein korrigerer for denne endringa, var veksten i utgiftene på 17,2 pst.

Kvinnene står for over 60 pst av auken i talet på nye sjukepengetilfelle frå 1994 til 1996, og auken i fråversfrekvensen er sterkare for kvinner enn for menn. Auken i sjukefråveret skjer i alle aldersgrupper, men mest i aldersgruppene 30-39 og 40-49 år.

Veksten i sysselsetjinga er ei viktig forklaring på at sjukefråveret i Noreg har auka dei siste tre åra. Auken i sysselsetjinga har til ein viss grad kome i næringar som har eit noko høgare fråversnivå enn gjennomsnittet for alle næringar.

Vidare fører ein strammare arbeidsmarknad mellom anna til at personar med høgare sjukdomsrisiko kjem ut i arbeidslivet. Mange av dei vert “gjengangarar” ( dvs. personar med meir enn eitt sjukepengetilfelle når tida mellom avslutning og start i to påføljande tilfelle er mindre enn 6 månader) på sjukepengar. Analysar viser at dei som er nye på arbeidsmarknaden i ein konjunkturoppgang har høgare sjukefråver enn dei som har vore i arbeid i lengre tid. Førebels analysar tyder på at fråveret auker ikkje berre som ei følgje av at talet på sysselsette aukar, men òg på grunn av at dei som er i arbeid har auka arbeidsdeltakinga si dei seinare åra.

Det er òg grunn til å tru at endringar i andre velferdsordningar på 1990-talet har hatt innverknad på sjukefråveret. Det gjeld mellom anna innstrammingar i uførepensjonsordninga og i særleg grad innskjerpinga av vilkåra for rett til stønad frå 1991, maksimaltid for rehabiliteringspengar og opptrapping av tiltak innafor yrkesretta attføring. Langtidssjuke som utan desse tiltaka truleg ville ha kome på uførepensjon, er i aukande grad kanaliserte inn i medisinsk rehabilitering og yrkesretta attføring og vidare ut i arbeid for ei kortare eller lengre tid, før dei eventuelt kjem attende på sjukepengar.

Våren 1998 blir det lagt fram resultat frå fleire forskingsprosjekt om årsaker til veksten i sjukefråveret dei siste åra og ulike aspekt ved kvinner og sjukefråver. Ein ny samla sentral sjukefråversstatistikk som vonleg kjem i gang i 1998 gir betre høve til å vurdere effekten av ulike tiltak for å redusere behovet for sjukemeldingar.

Den store auken i sjukefråveret sidan 1994 er òg med på å forklare den sterkare tilgangen av personar på rehabiliteringspengar og uførepensjon.

Uførepensjon

Utgiftene til uførepensjon har auka dei siste åra. Dette har samanheng med auke i talet på uførepensjonistar, at nye uførepensjonistar har stadig betre pensjonsopptening som følgje av oppbygging av tilleggspensjonssystemet og høgare yrkesdeltaking.

I 1997 auka talet på uførepensjonistar med 3 pst til vel 246 500. Tilgangsraten, dvs talet på nye uførepensjonistar pr 1 000 ikkje-uføre i folket, var 10,1 pst i 1997, ein auke frå 8,9 pst året før. Utgiftene gjekk opp med 7,4 pst (nominelt).

Auken sidan 1996 er i stor grad påverka av veksten i sysselsetjinga på 1990-talet: Mellom anna som følgje av auka sysselsetjing på 1990-talet, har sjukefråveret auka dei seinare åra. Ei viktig forklaring på dette er at personar med helseproblem lettare kan få innpass på arbeidsmarknaden når det er høg sysselsetjing. På kort sikt kan det føra til redusert tilgang til uførepensjonsordninga. Men med tida vil ein del av desse likevel hamne på uførepensjon, men da på eit seinare tidspunkt enn dei elles ville ha gjort. Mange av desse har hatt fleire periodar med sjukepengar i tida før dei fekk innvilga uførepensjon. Delen av nye uførepensjonistar med fortid som "gjengangarar" på sjukepengar steig frå 26,6 pst i 1995 til 29,9 pst i 1996.

Ein annan grunn til at talet på nye uførepensjonistar veks, er at dei store etterkrigskulla no er komne opp i aldersgrupper kor tilgangsratane til uførepensjon er høgast, relativt sett.

I 1997 har det òg vore ei nedbygging av restansar i uførepensjonssaker både på trygdekontora og i Trygderetten. Dette har ført til høg tilgang til uførepensjon, særleg i siste halvår 1997.

Det har vore fleire regelendringar som gjeld uførepensjonistar i 1997. Dei fleste av desse søkjer å motivere uførepensjonistar til å nytte restarbeidsevna si betre. Av dei viktigaste endringane finn ein at friinntektsgrensa er heva frå ½ G til 1 G, innføring av ei prøveordning med lågare gradering av uførleik enn 50 pst, og utviding av "kvilande pensjonsrett" frå 1 til 3 år om ein freister å ta arbeid. Dette inneber at om freistnaden i arbeid dei tre fyrste åra er mislukka får vedkommande attende den tidligare uførepensjonen, utan å måtte søkje på nytt.

Det er enno for tidleg å seie noko om kva slag verknad desse endringane har hatt.

Medisinsk rehabilitering

Attføring omfatter både yrkesretta attføring (under Arbeids- og administrasjonsdepartementet) og medisinsk rehabilitering (under Sosial- og helsedepartementet).

Utgiftene til rehabiliteringspengar (post 70) steig med 23 pst (nominelt) til 2 423 mill kroner. Veksten i utgiftene kjem av ein sterk auke i talet på rehabiliteringsmottakarar. I tillegg vart post 70 og post 71 Attføringspengar i påvente av attføring, slege saman. Skil ein ut utgiftene på post 71, er auken på post 70 rundt 12 pst. Trenden med nedgang i utgiftene til rehabiliteringspengar som ein såg i 1994 og 1995, er altså snudd.

Ved slutten av 1997 fekk 23 420 personar rehabiliteringspengar, 12,9 pst fleire enn året før. Den kraftige auken dei siste to åra kjem særleg av auke i sysselsetjinga, ein strammare arbeidsmarknad og vekst i talet på langtidssjukmelde. Andre grunnar kan vere auke i talet på returførde saker frå arbeidsmarknadsetaten.

Auken av personar som har vore sjuke fleire gonger siste året og motteke sjukepengar frå folketrygda ("gjengangarar") gjer òg sitt til at talet på mottakarar av rehabiliteringspengar veks. Dei som mottok rehabiliteringspengar og som før dette har vore "gjengangar" på sjukepengar, steig frå 40,1 pst til 43,7 pst. frå 1995 til 1996.

Auken i talet på stønadsmottakarar kjem i alle aldersgrupper så nær som aldersgruppa 65-66 år, og sterkast er auken blant personar i 30-åra.

Sidan 1993 har ein aukande del av stønadsmottakarane som avslutter rehabiliteringspengeperioden vorte uførepensjonistar. Den delen som etter eitt år på rehabiliteringspengar får dagpengar, sjukepengar eller er i arbeid, har gått ned i same periode.

Auken til uførepensjon kan ha fleire grunnar, mellom anna at dei som blir overførte til rehabiliteringspengar er meir sjuke enn før, det vil seia at det skjer ei utsiling i sjukepengeperioden.

Alderspensjon

Talet på alderspensjonistar ved utgangen av 1997 var på 628 250 personar. Dette er rundt 2 000 fleire enn på slutten av 1996. Alderspensjonistane utgjer no 14,2 pst av folket i Noreg. Utgiftene er gått opp med snaut 6 pst og har primært si årsak i at fleire av alderspensjonistane no har rett til tilleggspensjon.

Einsleg mor eller far

Talet på einslege forsørgjarar er om lag uendra frå 1996 til 1997.

Frå 1996 til 1997 auka delen av “aktive” einslege forsørgjarar frå 68,8 pst til 71,9 pst. Desse er heilt eller delvis sjølvforsørjande eller under utdanning. Frå 1. januar 1998 er stønadsordninga for denne gruppa lagt om. Siktemålet med omlegginga er å betre økonomien til einslege forsørgjarar med små barn, og å stimulere til auka sjølvforsyting etter ein overgangsperiode. Tala kan tyde på at det alt i 1997 var ei viss tilpassing til det nye regelverket med auka aktivitetskrav. Dette ser ein òg ut frå at utgiftene til barnetilsyn og særleg utdanningsstønad auka frå 1996 til 1997. Det har vore ein auke på 7 pst av dei som kombinerer overgangsstønad med utdanning frå 1996 til 1997. Av dei som kombinerer overgangsstønad med arbeidsinntekt har auken vore på om lag 960 personar på samme tid. Frå 1995 til 1996 var tala respektive om lag 200 og 500 personar.

Helsestønader

Utgiftene til legemiddel på blå resept auka med 10 pst frå 1996 til 1997. Dei viktigaste årsakene var at nye og dyrare legemiddel, m.a. mot osteoporose, multippel sklerose og HIV/AIDS, som vart omfatta av refusjonsordninga.

Utgiftene til refusjon til privatpraktiserande legespesialistar og allmennlegar auka med respektive 0,5 og 5,3 pst det siste året, medan utgiftene til fastlønstilskott til legestillingar i kommunane gjekk ned med 0,2 pst. For spesialistrefusjonane var dette ein sterk nedgang i veksttakten frå 1995 (9,3 pst) og 1996 (11 pst).

Etter ein nedgang i 1995 og 1996, auka utgiftene til høyreapparat med 14 pst i 1997. Grunnen til dette er særleg at digitale apparat har kome på marknaden. Difor skjer det no ei stor utskifting av analoge apparat.

Av di stadig fleire får diabetes, og at gjennomsnittleg levealder går opp, auker utgiftene til sjukepleieartiklar. Trygdeetaten har dei siste åra forhandla fram prisavtalar på området som har gjeve noko lågare prisar på ein del produkt.

Refusjonsutgiftene ved sjuketransport har på grunn av større volum òg auka i 1997. Prisavtalen med NSB og flyselskapa frå 1995 ga ikkje dei venta innsparingane og er difor forhandla på ny. Avtalen tok til å gjelde frå 1. april 1997 og omfatter no berre SAS. Ein venter at folketrygda vil spare 4-5 mill kroner årleg på dette.