St.meld. nr. 3 (1997-98)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1997

Til innholdsfortegnelse

3 Utgifter

3.1 Totaloversikt over utgiftssida

Løyvingsrekneskapen for 1997 syner at dei totale utgiftene har vore 536,1 mrd kroner mot 534,4 mrd kroner løyvt i nysaldert budsjett. Dette gir ei meirutgift på 1,7 mrd kroner. Denne meirutgiften må mellom anna sjåast i samanheng med ein forventa meirutgift under Forsvarsdepartementet ut frå at store løyvingar vart overført frå 1996 til 1997. Nærare omtale av avvik mellom løyving og rekneskap for 1997 er gitt under punkt 1.3.

Nedanfor er sett opp eit oversyn over utviklinga av dei samla utgiftene under dei einskilde departementa for åra 1993-1997.

Det har vore endring i strukturen på departementa i perioden slik at tala ikkje kan samanliknast direkte. Dette gjeld mellom anna Kommunal- og arbeidsdepartementet. Frå 1994 er rammetilskotttet løyvt under Kommunal- og arbeidsdepartementet med 31,7 mrd kroner med ein tilsvarande samla nedgang under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Kulturdepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Samferdselsdepartementet. Frå 1997 er dei inntektsutjamnande tilskotta løyvde over Kommunal- og arbeidsdepartementet i staden for å overførast frå Skattefordelingsfondet. Løyvingane til inntektsutjamnande tilskott utgjer 12,9 mrd kroner for 1997.

Tabell 3.1 Samla utgifter etter departement 1993 - 1997. (Tal i mill kroner)

Budsjett
DepartementRekneskapS.IIINysaldert budsjettRekneskap
1993199419951996199719971997
Det kongelege hus og Slottsforvaltninga53605458848560
Regjering m.m.72861018890108108
Stortinget og underliggjande institusjoner571545626595664664670
Høgsterett24263448414142
Utanriksdepartementet9 54510 90610 97311 40411 80911 28511 545
Kyrkje-, utdannings- og
forskingsdepartementet26 91117 88418 60719 93421 32721 80222 366
Kulturdepartementet4 3113 6612 8253 9843 0123 0323 027
Justisdepartementet7 5137 8528 1708 9568 8679 1159 310
Kommunal- og arbeidsdepartementet15 13147 12446 67444 68456 59157 10858 551
Sosial- og helsedepartementet30 67112 71814 74416 82619 08018 89219 229
Barne- og familiedepartementet16 00015 92316 30417 36517 68417 83217 825
Nærings- og energidepartementet6 4408 0924 7208 095
Nærings- og handelsdepartementet3 1754 6535 010
Fiskeridepartementet1 8411 7261 7351 7451 7511 7611 871
Landbruksdepartementet15 99815 10116 01614 62313 56713 69913 781
Samferdsledepartementet18 53638 45717 77232 99621 21021 84621 919
Miljøverndepartementet3 0802 6752 7133 4492 3992 6232 817
Planleggings- og samordningsdepartementet7 2896 8767 6087 4697 8518 0857 199
Finans- og tolldepartementet49 30032 03737 12370 39348 64349 36649 304
Forsvarsdepartementet22 74523 86922 96324 09424 14524 31725 443
Olje- og energidepartementet1 1431 7291 584
Ymse utgifter8116084625 2981 94429
Statsbankane21 08632 70736 99943 35045 96153 27652 457
Statleg petroleumsverksemd16 60718 44211 674-8 776-8 591-16 021-16 983
Statens forretningsdrift10 0438 5343 4614 0143 0422 9332 754
Statens petroleumsfond28 02325 57638 51069 88677 69184 97186 808
Sum statsbudsjettet311 871331 037320 490395 342386 534395 146396 726
Folketrygda119 340121 811126 199132 535136 608139 237139 359
Utgifter i alt431 211452 848446 689527 877523 142534 383536 085