St.meld. nr. 3 (1997-98)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1997

Til innholdsfortegnelse

4 Særskilte områder

4.1 Grunnskolereforma

Reform 97 vart sett i verk frå skuleåret 1997-98. Kompensasjon for meirkostnader for kommunane vart utbetalt frå hausten 1997. Kompensasjon for meirkostnader til drift blir utbetalt gjennom rammetilskottet til kommunar og fylkeskommunar.

Kompensasjon for investeringskostnader knytta til Reform 97 blir utbetalt over kap 229 postane 60 og 61. Løyvinga til tilskott til investeringar over kap. 229 post 61 vart ikkje nytta fullt ut i 1997. Årsaka til dette var at nokre av bygga ikkje vart ferdige i tide og at omfanget vart mindre enn det ein hadde rekna med.

4.2 Helseformål

Den somatiske spesialisthelsetenesta:

I St meld nr 24 (1996-97), Tilgjengelighet og faglighet, er det gitt ei utgreiing av dei utfordringar spesialisthelsetenesten står framfor. Dette gjeld dei endringane ein vil få i høve til alderdom og sjukdomspanorama, og endringar i høve til kommunikasjon og samarbeid i framtida. Trass i vokster i ressurstilgang og behandlingskapasitet, har talet på pasientar som ventar på behandling, og tida desse står på venteliste, auka.

Dei viktigaste måla regjeringa har for den somatiske spesialisthelsetenesta er å:

  • skape tryggleik for at hjelp og behandling er til stades når sjukdom råker og funksjonsevna svikter

  • sikre god fagleg kvalitet og tilstrekkeleg kapasitet på dei somatiske spesialisthelsetenestene

  • redusere talet på pasientar og tida desse venter på venteliste

  • betre evna til endring og fleksibilitet for å møte dei nye utfordringane i helsetenesta i høve til sjukdom og omsorg

  • medverke til kompetanseheving ved å sikre gjennomføring av turnusteneste og samarbeid for å auke kapasiteten for spesialistutdanning av legar og anna helsepersonell

  • betre effektiviteten og organiseringa av tenesteproduksjonen i og mellom dei ulike forvaltningsnivå på ein slik måte at ein både sikrar kvaliteten gjennom heile behandlingskjeda og i størst mogleg grad gjer det mogleg med behandling i nærleiken

  • vidareføre reformane med ei desentralisert og lokalt forankra helseteneste, samtidig som Sosial- og helsedepartementet vil styrke dei statlege styringsmidlane for å sikre at dei overordna måla med helsetenesta vert nådd.

Refusjon poliklinisk verksemd ved sjukehusa m.v.

Posten omfatter refusjon for poliklinisk verksemd i offentlege helseinstitusjonar, inkludert radiologi- og laboratorieverksemd. Ved auke i dei generelle løyvingane til sektoren er det sett som viktig å balansere ressursbruken mellom ulike former for behandling. Grunnen til dette er ikkje minst innføring av ny vurderingsgaranti pr. 01.01.98 som vil krevje ei vesentleg styrking av den polikliniske kapasiteten ved sjukehusa. Vidare har innføring av innsatsstyrt finansiering (ISF) kravd ein grundig gjennomgang av visse polikliniske takstar, samt oppretting av nye, for å unngå ein prisstruktur som favoriserer innlegging av pasientar. I 1997 ble det løyvd 2 733,5 mill kroner til poliklinisk verksemd ved sjukehus, noko som tilsa ei auke på 533,5 mill kroner samanlikna med året før. Med utgangspunkt i denne løyvinga vart to forholdvis omfattande revisjonar av gjeldande takstar gjennomført.

Medisinsk teknisk utstyr

Det vart løyvd 150 mill kroner til utstyr i sjukehus. Målet er m.a. å minke flaskehalsproblema i pasientbehandlinga knytta til dagkirurgi. I tillegg til å finansiere medisinsk-teknisk utstyr i sjukehusa, gjekk midlane til å finansiere IT-tiltak i samband med departementets IT-plan “Mer helse for hver bit. Informasjonsteknologi for en bedre helsetjeneste. Handlingsplan 1997-2000.”

Innsatsstyrt finansiering

Innsatsstyrt finansiering (ISF) er ein blandingsmodell der ein vil ta vare på dei positive verknadene av rammefinansiering, samstundes med at ein innfører eit element av stykkprisfinansiering. Den nye finansieringsordninga vart gjort gjeldane frå 1. juli 1997. Finansieringsordninga byggjer på ein refusjon etter pasientaktivitet (DRG-metoden). I 1997 var den aktivitetsavhengige delen av finansieringsordninga 30 pst. Det samla budsjettet for ISF i 1997 var på omlag 2,4 mrd kroner. Det vart i statsbudsjettet for 1997 løyvd 689 mill kroner i samband med innføringa av den nye finansieringsordninga. Videre vart det ført over omlag 1,2 mrd kroner frå dei fylkeskommunale rammene, saman med at det vart omdisponert 777 mill kroner av øyremerka tilskott. Hovedmålsetjinga for finansieringsordninga er å auke talet på pasientbehandlingar. Plantal innhenta frå fylkeskommunane viste ein planlagt auke på omlag 5 pst samanlikna med basisåret 1995.

Andre tilskott

I St prp.nr 83 (1996-97) vart det løyvd 300 mill kroner for å sikre ein tilfredsstillande behandlingsaktivitet ved dei fylkeskommunale sjukehusa i andre halvår 1997. Rapportar frå fylkene og fylkeskommunanes sjukehus varsla ved byrjinga av andre halvåret 1997, at ein vanskelig økonomisk situasjon kunne føre til redusert drift og stenging av sengepostar. Årsaken til den vanskelege økonomiske stoda var ein kraftig utgiftsvokster ved sjukehusa. Hovedårsaka til denne utgiftsvoksteren var legelønoppgjeret hausten 1996. Tal frå Kommunenes Sentralforbund (KS), konkluderar med at gjennomsnittleg auke i lønsutgifter til sjukehuslegar i perioden oktober 1995 til april 1997 var omlag 40 pst. Tal per andre tertial 1997 viser ein auke i talet på behandla pasientar samanlikna med same periode i 1996.

Psykiatri

Psykiatrien har vore eit satsingsområde i 1997. Øyremerkte tilskott til kommunar og fylkeskommunar har auka med til saman 293 mill kroner frå 1996, og var i 1997 på totalt 846,3 mill kroner.

Dei rapportane Sosial- og helsedepartementet har motteke viser at kommunane i 1997 har brukt 320-325 mill kroner av tilskottet for 1997 på 330 mill kroner og 75 mill kroner av overførte, unytta tilskott frå 1996, (til saman 405 mill kroner).

Utviklinga tyder på at kommunane etterkvart har kome godt i gang med etableringa av tiltak for pasientar med psykiske lidingar. Rapportane frå dei fylkeslegane som har gjennomgått kommunane sin bruk av tilskottet for 1997, viser at det er store variasjonar både mellom fylke og enkeltkommunar med tanke på kor stor del av det øyremerkte tilskottet som er brukt kvart einskild år. Bakgrunnen for at øyremerkte tilskot ikkje er nytta fullt ut, er dels uvisse kring statens oppfølging med øyremerkte tilskot i åra framover, dels knapp tilgang på kvalifisert personell til å planleggje tiltak.

4.3 Barnehagesatsinga

I 1997 vart det på kap 856, post 60 utbetalt i underkant av 4,3 mrd kroner i driftstilskot til barnehagane. Alle godkjende barnehagar har rett til driftstilskot. Driftstilskotet vert rekna ut på grunnlag av det faktiske talet på barn i barnehagen om barnet er over eller under 3 år, og deira tildelte opphaldstid. Tilskotet er øyremerka og går til drift av både offentlege og private barnehagar. Ved sidan av tilskot til ordinær drift vert det ytt tilskot til barn med funksjonshemming, tilskot til tospråkleg assistanse, tilskot til barnehagar for nyleg tilflytta flyktningebarn og tilskot til samiske barnehagar.

I samband med gjennomføringa av grunnskolereforma vart det gitt eit ekstraordinært omstillingstilskot til nye småbarnsplassar. Ved overføringa av 6-åringane frå barnehagen til skulen i august 1997, vart det frigitt om lag 24 000 barnehageplassar. For å oppmuntre til at desse plassane vart ført vidare, vart det innført ei ordning med omstillingstilskot. Grunnlaget for tilskotet var talet på nye barn under 3 år som vart teke opp i barnehagen. Tilskotet vart gitt uavhengig av om dei nye plassane skyldast frigjevne plassar etter seksåringane eller var heilt nye barnehageplassar. Ordninga var meint som ei ekstra satsing i samband med grunnskolereforma, og er derfor ikkje ført vidare i 1998.

4.4 Bistandsformål

I 1997 vart det utgiftsført 9 327 mill kroner under budsjettet for utviklingshjelp, tilsvarande 0,87 pst av bruttonasjonalinntekta (BNI) for 1997. BNI for 1997 er utrekna til 1074,2 mrd kroner.

Utgiftene under utviklingshjelpa fordeler seg på følgjande områder:

Administrasjon
(kap 0140, 0141, 0142 og 0143):381 mill kroner
Prioriterte land og regionar
(kap 0150, 0151, 0152 og 0153 som omfattar bilateral utviklingshjelp til Afrika, Asia, Mellom-Amerika, det tidlegare Jugoslavia og Midtausten)2 326 mill kroner
Utvida samarbeid
(kap 0154, 0155, 0156, 0157, 0158, 0159 og 0182 som omfattar utviklingshjelp til opplysningsarbeid, frivillige organisasjonar, forsking, miljøtiltak, kvinner, næringsliv og faglege tiltak)1 938 mill kroner
Utviklingshjelp via internasjonale organisasjonar
(kap 0161, 0163, 0164 og 0165)2 980 mill kroner
Naudhjelp, menneskerettar, fred og demokratibygging(kap 0190, 0191, 0192, 0194 og 0195)1 702 mill kroner
Sum utviklingshjelp9 327 mill kroner

Utbetalingane til utviklingshjelp og overførte beløp til neste budsjettermin viser følgjande tal for perioden 1990 - 1997:

ÅrUtbetaltOverført neste terminOverført i pst av disp. løyving  
19907 576 mill kr421 mill kr6 %
19917 649 mill kr249 mill kr3 %
19927 921 mill kr158 mill kr2 %
19937 203 mill kr503 mill kr6 %
19948 033 mill kr479 mill kr6 %
19957 923 mill kr415 mill kr5 %
19968 492 mill kr481 mill kr5 %
19979 327 mill kr375 mill kr4 %

Utbetalingane under utviklingshjelpa auka nominelt med 9,8 pst (835 mill kroner) frå 1996 til i alt 9 327 mill kroner i 1997.

4.5 Statsbankane

SIVA – Selskapet for industrivekst SF

SIVA - Selskapet for industrivekst SF er ei vidareføring som statsforetak av det tidlegare statsaksjeselskapet Selskapet for industrivekstanlegg, som vart stifta i 1968. SIVA skal medverke til auka verdiskaping og sysselsetjing i distrikta. SIVA sitt opphavlege føremål var å byggje industrivekstanlegg og tilby funksjonelle og rimelege industrilokale på stader der det elles ville vore vanskeleg å oppnå industrietableringar. SIVAs hovudprodukt er framleis næringsareal, men selskapet har sidan 1988/89 utvida aktiviteten til òg å omfatte utviklingsarbeid gjennom rådgjeving, nettverksbygging og indirekte finansieringsverksemd.

Frå og med 1996 har føretaksmøte fastsett den øvre låneramma. Ramma er for 1997 sett til 870 mill kroner. All opplåning til SIVA skal no gjerast frå statskassa, og føretaket skal betale låneprovisjon til staten på 0,4 pst. Pr 31.12.97 hadde SIVA tatt opp 720 mill kroner i lån frå statskassa.

Tabell 4.1 Budsjett og forbruk SIVA 1997 (Tal i 1000 kr)

Kap/postTekstBudsjettRekneskapAvvik
0552/55SIVA17 00017 0000
2426/90Lån til SIVA300 000170 000130 000
4635/74Låneprovisjon1 9501 774176
5341/92Avdrag uteståande fordringar105 000105 0000
5601/78Renter31 40024 5726 828

I statsrekneskapen for kap 2426, post 90 Lån til SIVA for 1997 var det eit underforbruk på 130 mill kroner. Dette har samanheng med at investeringane vart noko mindre enn ein såg føre seg. I tillegg vart det refinansiert noko mindre enn dei tidlegare anslaga skulle tilseie. Det er venta at desse investeringane kjem i løpet av 1998. Mindre låneopptak enn forventa er hovudgrunnen til at SIVA ikkje har betalt så mykje renter som budsjettert.

Den Norske Stats Husbank

Husbanken er underlagt Kommunal- og regionaldepartementet. Verksemda til Husbanken er regulert i Lov om Den Norske Stats Husbank av 1. mars 1946, samt i forskrifter og retningsliner fastsette av departementet. Husbanken har heilt sidan 1946 vore det sentrale gjennomføringsorganet for norsk bustadpolitikk. Verksemda omfattar ei rekke låne- og tilskottsordningar. Husbanken blir ikkje driven på kommersielt grunnlag.

I gjennomføringa av bustadpolitikken spelar tilskott, bustøtte, lån og rettleiing frå Husbanken ei sentral rolle. Både for Husbanken, men óg for kommunane, er det viktig å bruke dei ulike verkemidla, óg kombinasjonar av desse, for å nå dei bustadpolitiske måla. Gjennom Husbanken skal det offentlege påverke investeringar og forbruk i bustadmarknaden.

Husbanken gir lån og tilskott til bustadbygging, bustadfornying, bustadetablering, omsorgsbustader, sjukeheimar, barnehagar m.m. Delar av låne- og tilskotstilbodet til Husbanken er behovsprøvde. Dei behovsprøvde ordningane til Husbanken har fått større vekt dei siste åra.

Låneordningar i Husbanken:

  • Oppføringslån

  • Etableringslån

  • Kjøpslån

  • Utbetringslån

Husbanken forvaltar følgjande tilskotsordningar:

  • Tilskot til byfornying og bustadkvalitet

  • Bustadtilskot til etablering, utbetring og utleigebustader

  • Tilskot til etablering av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar (oppstartingstilskot)

  • Tilskot til kompensasjon for utgifter til renter og avdrag knytta til etablering av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar

  • Tilskot til utvikling av bumiljø, bustadforvaltning og bustadpolitikk

  • Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar m v.

  • Tilskot til gjeldssanering

  • Bustøtte

Samla låneramme i 1997 var 8,5 mrd kroner. Låneramma er blitt fordelt mellom oppføringslån, kjøpslån, etableringslån og utbetringslån. Husbanken gav tilsegn for heile utlånsramma i 1997.

Tabell 4.2 Utlånsverksemda i Husbanken, 1994 - 1997 (Tal i mill kroner)

1994199519961997
Utlånsramme11 3009 9009 0008 500
Til disposisjon1)11 93010 4659 4488 709
Tilsegn9 3499 7457 7768 710
Innfridde tilsegn7 5817 8846 6125 895

1)Til disposisjon er lik utlånsramma pluss overførte midlar

Det er fleire grunnar til at ikkje alle tilsegnene blir omgjort til uteståande lån. Den viktigaste grunnen er at kunden ikkje ønsker å nytte tilsegnet av di han vel å nytta ein annan kredittinstitusjon, til dømes banken som vart brukt som byggelånsbank.

Tabell 4.3 Utlån etter ordning i 1997 (Tal i mill kroner)

Disponert pr. 31.12.97Prosentvis fordeling
Oppføringslån5 18360
Omsorgsbustader/sjukeheimsplassar1 06312
Utbetring7358
Etableringslån og kjøpslån1 61319
Barnehagar1171

Tabell 4.4 Uteståande låneportefølje ved årsslutt (Tal i mill kroner)

1994199519961997
Uteståande lån85 55983 07078 62477 709

Ved handsaminga av St meld nr 34 (1994-95) Om Husbankens rentevilkår og subsidieprofil (jf Innst S nr 40 (1995-96)), gav Stortinget si tilslutning til forslaga om å innføra eit nytt rentesystem i Husbanken som innebar at det ikkje lenger blir løyvd rentesubsidiar over statsbudsjettet. Samstundes vart tilskottsordningane styrka for å kompensera for bortfallet av rentesubsidiane. Dette gjaldt ordningane med tilskott til byfornying og bustadkvalitet, bustadtilskott til etablering, utbetring og utleigebustader og tilskott til utvikling av bumiljø, bustadforvaltning og bustadpolitikk. Husbanken kunne frå 1996 tilby lån med både flytande og fast rente. Renta er kopla opp mot statspapir og tillagt ein margin på 0,5 prosentpoeng.

Husbankens brutto finansieringsbehov ved låneverksemda blir løyvd over kap 2412, post 90 Lån til Husbanken. Avdraga (summen av avdrag, tap og rentestøtte) til Husbanken blir budsjettert over kap 5312, post 90 Avdrag og renteinntektene frå utlåna blir budsjettert over kap 5615, post 80 Renter frå Husbanken.

Norges Kommunalbank

Kommunalbanken si hovudverksemd er å formidle lån til ulike investeringsformål til kommunar, fylkeskommunar og interkommunale selskap. Det blir òg gitt lån til kraftverk, private helseinstitusjonar, andelsvassverk og andre selskap som utfører kommunal tenesteyting.

Utlånsverksemda

Kommunalbanken si utlånsportefølje er jamt fordelt på fylkeskommunar og kommunar i heile landet. Banken prioriterer små og mellomstore kommunar fordi desse ikkje får like gode rentevilkår i marknaden som større kommunar med stort lånebehov.

Kommunalbanken sine låntakarar har kunna velge mellom kortsiktig og langsiktig finansiert rente, med grunnlag i ulike innlånsprinsipp. Kundane har såleis fått tilbod om lån langs heile rentekurva og har kunna sikre seg lånerente avhengig av rentestrategi og krav til sikkerheit når det gjeld rentekostnader.

Kommunalbanken si utlånsramme som er basert på netto utlånsvekst, var i Nasjonalbudsjettet for 1997 sett til null. Banken kunne såleis berre låne ut tilsvarande avdragsinnbetalingane på 2,9 mrd kroner. Samla utlån frå banken var ved utgangen av 1997 på om lag 26,4 mrd kroner. Banken utnytta heile utlånsramma i 1997.

Innlånsverksemda

Kommunalbanken hadde pr 31.12. 1997 samla innlån på 29,4 mrd kroner delt på 13,2 mrd kroner i obligasjonar og 16,2 mrd kroner i sertifikater. Kommunalbanken omsette i 1997 samla for 69,3 mrd kroner.

Kommunalbanken oppnådde i 1997 ei innlånsrente på obligasjonslån som låg mellom 0 og 0,08 pst over statsrenta, med eit gjennomsnitt på 0,04 pst over statsrenta. Marginen mellom staten sine innlån og Kommunalbanken sine innlån i sertifikatmarknaden var i praksis lik null i 1997.

Stortinget har sidan 1996 vedteke at Kommunalbanken skal betale ein garantiprovisjon til staten på 0,15 pst av uteståande innlån.

Kommunalbanken har sidan 1986 ikkje hatt høve til å ta opp lån i valuta med sikring i norske kroner.

Eigenkapital og avkasting

Kommunalbanken har eit krav til avkasting på disponibel eigenkapital på 4 prosentpoeng over risikofri rente.

Rekneskapen for 1997 viste eit overskot på 42,7 mill kroner. Av overskotet er 16 mill kroner disponert til utbytte til staten og 26,7 mill kroner overført reservefondet. Overskotet representerte ei avkasting på den gjennomsnittlege disponible eigenkapitalen på 7,8 pst, noko som tilsvara 4,1 prosentpoeng over risikofri rente.

Banken utgiftsførte 36,5 mill kroner som garantiprovisjon til staten i 1997, basert på gjennomsnittleg innlån i 1997.

I 1997 vart 700 mill kroner av eigenkapitalen (reservefondet) overført til statskassa etter salderinga i Stortinget i desember 1996. I rekneskapen for 1996 vart beløpet ført som gjeld til staten. Beløpet vart ikkje teknisk overført til statskassa før utpå året 1997. Ved utrekninga av avkastninga for 1997 vart beløpet inkludert i den gjennomsnittlege eigenkapitalen for 1997.

Driftskostnadene i prosent av forvaltningskapitalen utgjorde 0,08 pst i 1997. Pr. 31.12. 1997 var forvaltningskapitalen på 34,7 mrd kroner.

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

Da Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) vart skipa var det ein føresetnad at låneordningane skulle finansierast ved innlån frå statskassa. SND kan ta opp lån til valfri løpetid og til ei rente som svarar til renta på statspapir med same løpetid. SND betaler ein låneprovisjon til staten på 0,4 pst.

Låneordningane til SND kan delast i to hovudgrupper - grunnfinansieringsordningar og risikolånordningar.

Det er to grunnfinansieringsordningar i SND. Den eine ordninga er ei vidareføring av den ordninga som vart handsama av Industribanken. Den andre låneordninga høyrde før inn under Fiskarbanken og er retta mot fiskeflåten.

Styringa av utlåna under den opphavlege grunnfinansieringsordninga vart endra i samband med salderinga av statsbudsjettet for 1997. Tidlegare vart ordninga styrt etter eit opplegg bygd på netto utlånsvekst. Frå og med 1997 vart det fastsett årlege innvilgingsrammer.

Etter handsaming av St meld nr 51 (1996-97) Om Statens nærings- og distriktsutviklingsfond vart det gjort endringar i ordninga. Det vart skipa ei ny lågrisikoordning. Denne ordninga kom i staden for grunnfinansieringsordninga. Av lågrisikoordninga kan det gjevast lån til høgare risiko enn frå den tidlegare grunnfinansieringsordninga. Det er lagt opp til ei prioritering av små og mellomstore verksemder og verksemder i distrikta. Ordninga er kommersiell og staten kan krevja utbytte frå ordninga. Dei utbyttereglane som gjeld for grunnfinansieringsordninga gjeld og for lågrisikoordninga.

Risikolånordninga er delt i ei landsomfattande og ei distriktsretta ordning. Til desse ordningane er det løyvd eigne tapsfond. Tapsprosenten og storleiken på tapsfondet fastset nivået på innvilgingsramma under ordninga. Tapsprosenten for åra 1995-97 var 25 pst for den landsomfattande ordninga.

Tabellen viser utviklinga i netto utlånsvekst 1995-96 for grunnfinansieringsordninga og innvilgingsrammene for grunnfinansieringsordninga og for lågrisikoordninga for 1997. For den landsomfattande risikolånordninga er det for åra 1995-97 tatt med storleiken på tapsfonda og rammene. Alle tal er i mill kroner.

199519961997
RammeNyttaRammeNyttaRammeNytta
Grunnfinansieringsordninga, netto utlånsvekst765- 9265- 21
Grunnfinansieringsordninga, ramme400400
Lågrisikolånordninga300300
Risikolånordninga, tapsfond104,5104,25137,5137,57070
Risikolånordninga, ramme418417550550280280

Det har i åra 1995-97 vore sterk etterspurnad etter lån frå SND. Ramma for dei landsomfattande risikolåna var nytta fullt ut allereie ved utgangen av juli 1997. Den 10. oktober 1997 vart det nødvendig å leggje fram ein tilleggsproposisjon med framlegg om ei innvilgingsramme på 300 mill kroner for ei ny lågrisikolånordning, jf St prp nr 2 for 1997-98. Stortinget godkjende den nye ordninga og innvilgingsramma ved vedtak 8. desember 1997, jf Innst S nr 31 for 1997-98.

Statens lånekasse for utdanning

I 1997 var det 50 år sidan Statens lånekasse for utdanning vart skipa. Målet var å gjere studiar ved universitet og høgskular tilgjengeleg for ungdom frå alle samfunnslag. Etter lova om utdanningsstønad som regulerer Lånekassa si verksemd, skal stønadsordninga også medverke til eit effektivt studiesamarbeid og til å sikre tilgang på utdanna arbeidskraft i samfunnet. Sidan 1947 har om lag 1,5 millionar utdanningssøkjande fått stønad frå Lånekassa for å gjennomføre utdanninga si. Omrekna til 1997-kroner er det i denne perioden tildelt om lag 135 mrd kroner i lån og 60 mrd kroner i stipend.

I samband med 50-årsjubileet fekk Lånekassa utført eit forskingsprosjekt for å klargjere om stønadsordninga faktisk oppfyller dei måla som er fastlagde i lova. Forskingsresultata viste mellom anna at 70 pst av studentane i undersøkinga ikkje kunne studere utan at dei fekk stønad frå Lånekassa. Med omsyn til tilbakebetaling så er det låntakarar med lån til vidaregåande utdanning som har størst problem. Låntakarar i etableringsfasen og barnefamiliar der begge foreldre har lån til høgare utdanning er andre grupper som har problem med tilbakebetaling.

Tildelinga av lån og stipend er grunnlagt i forskrifter, og det krevst ikkje økonomisk sikkerheit for å kunne ta opp lån. Låna er rentefrie under utdanninga. Lånekassa hadde i 1997 om lag 715 000 kundar. Av desse var om lag 230 000 under utdanning og 485 000 tilbakebetalarar. Det vart utbetalt lån med i alt 6 287 mill kroner og stipend med i alt 4 112 mill kroner i 1997, det vil seie ei samla stønadsutbetaling på om lag 10,4 mrd kroner. Ved utgangen av året hadde Lånekassa uteståande fordringar på om lag 58 mrd kroner, noko som var ei auke på 2 mrd kroner frå året før.

Det vart innbetalt renter, avdrag og gebyr på til saman 6 132 mill kroner i 1997. Av dette var 2 096 mill kroner ekstraordinære innbetalingar, det vil seie innbetalingar utover den fastsette betalingsplanen. Det kan etter forskriftene bli innvilga rentefritak på grunnlag av sosiale og økonomiske årsaker. I 1997 utgjorde slike rentefritak 252 mill kroner. I 1997 vart det avskrive 365 mill kroner på grunnlag av Lånekassa sine ordningar for ettergjeving av utdanningslån. Av dette utgjorde hovudfagsavskrivinga 174 mill kroner. Ettergjeving ved død og for låntakarar som er uføretrygda utgjorde 101 mill kroner. Ettergjeving av lån for kundar som er busette i Finnmark og Nord-Troms utgjorde 84 mill kroner.

Ved utgangen av 1997 hadde Lånekassa 33 000 inkassokundar, der den samla gjelda var på om lag 3,3 mrd kroner. Gjennom inkassoverksemda vart det i 1997 innkravd 267 mill kroner. Kundar med grovt misleghald av lån vart overførte til Statens innkrevingssentral, noko som medførte avskriving av 230 mill kroner. Lånekassa har utarbeidd ein strategiplan for å styrkje innkrevingsarbeidet med sikte på å redusere tapa. I 1997 fekk Lånekassa tildelt ekstra midlar for å få ei raskare oppfølging av misleghaldne lån.

Statens Landbruksbank

Utlånsverksemda gjennom Statens Landbruksbank blir styrt gjennom rammer for løyving (tilsegn) av nye lån til låntakarane. Tabellen nedanfor viser utviklinga i Landbruksbanken sine utlånsrammer og løyving av nye lån fordelt på næringsføremål og bustadføremål. I tabellen er også teke med utviklinga i samla utlånsportefølje fordelt på dei to føremåla. Tala er i mill kroner.

199519961997
Samla utlån519445804497
Ramme for løyving av nye lån, bustadlån og næringslån400350350
Løyvd:
- bustadlån11377117
- næringslån9584233
Sum nye lån208161350
Avdrag løpande lån690739466
Tap11,37,67,0

Av tabelloversynet går fram at det i 1997 var ein sterk auke i etterspurnaden etter nye lån, slik at heile løyvingsramma vart utnytta.

Utbetalinga av nye lån under kap 2411, post 90 var i 1997 på 345,4 mill kroner mot budsjettert 349,5 mill kroner.

Avdragsinngangen var på 425,5 mill kroner. Det var under kap 5311, post 90 budsjettert med 464,5 mill kroner.

Kap 5601 Renter frå statsbankane, post 82 Statens Landbruksbank var for 1997 budsjettert til 190,5 mill kroner medan rekneskapstalet er 223,2 mill kroner.

Årsaka til avvika i høve til budsjettala for desse postane er avvik i høve til usikre prognosar på tidspunktet for oppsett av budsjett.

I 1997 vart utlånssystemet for næringslån lagt om på same måten som utlån til bustadføremål gjennom Landbruksbanken og Husbanken. Denne omlegginga medførte at ein for Landbruksbanken fekk eit einsarta utlånssystem for begge låneføremåla.

Frå 1997 blir det fastsett ei samla utlånsramme for både bustad- og næringsføremål. Tidlegare fastsette ein særskilde utlånsrammer for dei to føremåla.

Med verknad frå 1997 vart også systemet for innlån lagt om slik at staten sine renteinntekter frå Landbruksbanken er lik banken sine renteinntekter frå låntakarane. Etter omlegginga av lånesystemet mottek Landbruksbanken rentestøtte berre til å dekke underrente på lån til bustadføremål på særskilte vilkår. Rentestøtta til Landbruksbanken var i 1997 på 0,5 mill kr som er det same som budsjettert.